I tidleg kristen tid vart det lest frå apokryfe bøker i mange kristne sekter når dei hadde religiøse samlingar. Teologien i desse bøkene samsvarte ofte ikkje med det som etter kvart vart offisiell kristendom, og dei apokryfe bøkene vart forbodne. Men mange sekter fortsette i løynd med å bruke apokryfe bøker, m.a. gnostikarane.
Det ser ut til at mange av dei apokryfe bøkene er fri dikting, (som ofte fuskar på seg ein åndeleg autoritet til å vere forfattar), med formål å vere til åndeleg oppbygging i meinigheitene. Andre er salmar og hyllingar til Herren. Mange er filosofisk/teologiske debattinnlegg, som forfektar ulike syn på tilhøve mellom Gud og menneskje - om Guds vesen - om liv, død, frelse, etterliv, synd og moral.
Nokre av dei apokryfe bøkene var gamle som Mosebøkene, men vart sensurert bort frå dei kristne sin Bibel avdi dei ikkje samsvarte med kyrkjetoppane sitt vedtekne teologiske syn.
Apokryfe skrifter tyder Skjulte
skrifter (gresk). I protestantisk teologi vert dei apokryfe bøkene kalla "Pseudepigrafiar"
Deutero
tyder etter, seinare. Kanon tyder påbud, rettesnor, forskrift.
Dei 7 deuterokanoniske bøkene er:
Tobits bok
judits bok
Baruks bok
SALOMOS VISDOM
Siraks bok
første makkabear-bok
andre makkabear-bok
(Dessutan tilføyingar til Esters bok og Daniels bok)
SEPTUAGINTA
Dette er
namnet på den gamle greske omsetjinga av jødane sitt Gamle Testamente. Namnet
kjem frå latin: septuaginta tyder sytti. Det var 70 (eller 72) omsetjarar
som vart utvalde av dei jødiske øvsteprestane til å utføre omsetjinga av dei
fem Mosebøkene til gresk. Denne omsetjinga vart gjort på oppfordring av den
egyptiske kong Ptolemaios II (282 - 246 fvt.), som samla bøker til Biblioteket
i Alexandria. Resten av Det Gamle Testamentet vart omsett seinare.
Så vart den greske omsetjinga av Mosebøkene og dei fleste av dei resterande
omsette bøker frå Det Gamle Testamentet samla i den første kristne kyrkjas
Bibel, og denne fekk namnet Septuaginta.
Men
mange av bøkene i jødane sitt Gamle Testamente mangla. Desse vart omsett
seinare - (ca. 300 evt.), og brukt av jødiske meinigheiter rundt om i
Romarriket. Bare brotstykke er vara av desse.
I det første århundre etter år 0 var det usemje
mellom jødane i Romarriket om kva bøker som høyrde til deira heilage
skrifter. Det fans mange konkurrereande lister over kva som var kanon.
Og dei kristne meinigheitene hadde byrja utarbeide sine eigne kanon-lister. For
å demje opp for Kristus-kulten (den kristne kyrkja), møttes nokre jødiske
rabbinarar i Jamnia i år 90 evt., for å fastslå kva bøker som var Det
sanne Guds ord. Dei erklærte at mange bøker, mellom anna dei fire
evangelia, ikkje tilhøyrde kanon. Og dei ekskluderte dei deuterokanoniske
bøkene frå kanon - noko som Luther seinare tok ad notam.
Denne jødiske kanon som vart til i Jamnia fekk
namnet Javneh-kanon. Den vert nytta av dei fleste jødar i dag. Men somme
jøde-kyrkjer, m.a. den ethiopiske, har Septuaginta som kanon.
Den Kristne Kyrkja avviste Javneh-kanonet. Dei
fire evangelia etter Matteus, Markus, Lukas, Johannes var fundamentet i
Krist-kyrkja, så den saka var klar. Dessutan: Dei deuterokanoniske bøkene hadde
Jesus og disiplane hans nytta seg av, så dei kunne ikkje avvisast. Apostlane
brukte Septuaginta!
Det vart mykje disputas då Luther ville ekskludere
dei 7(+2) deutrokanoniske bøkene frå kanon. Misjonærane i den eldste kristne
kyrkja hadde brukt mykje stoff frå dei deuterokanoniske bøkene i sine preiker
og brev. Også mange protestantar meinte at Luther gjorde gale.
DEN KATOLSKE KYRKJAS KANON
Den heilage skrifts kanon - både for Det
Gamle- og Det Nye Testamentet vart endeleg fastslått på Synoden i Roma i 392
evt. under pave Damasus I. Og same kanon vart bekrefta på Det andre
store kyrkjemøtet i Nikea i 787.
Martin Luther plasserte dei deuterokanoniske bøkene bakerst i Bibelen, som eit tillegg. Også fire bøker frå det Nye Testamentet fall i Luthers unåde - Hebrearbrevet, Jakobs Openberring, Judas Openberring og Johannes Openberring. Desse hadde for mange tilvisingar til dei deuterokanoniske bøkene. Seinare førte den protestantiske kyrkja desse tilbake til kanon. Men dei deuterokanoniske bøkene vart strokne også frå tillegget i Bibelen, i 1827.
Dei deuterokanoniske bøkene tilrådde at ein skulle
be for dei avdøe sine sjeler, slik at dei kunne verte reinsa for syndene sine.
Dette smakte for mykje av avlat og skjærseld. I Middelalderen
(også før) var den katolske kyrkja sabla korrupt. Folk vart tilrådd å gi bort
alt dei åtte til kyrkja, for å få syndsforlating så dei kunne kome til
Himmelen. Den som kunne betale, kunne gjere kva synd han ville, og likevel få
tilgiving og frelse. Det var dette Luther reagerte mest på av galskapane til
"Pave-kyrkja".
Luther begrunna avvisinga av dei deuterokanoniske
skriftene med at heller ikkje dei europeiske jødane nytta desse. Katolikkane
forsvarte sitt standpunkt med at jødar i Afrika nytta dei deuterokanoniske
skriftene.
Liste over apokryfe bøker
Dei apokryfe bøkene er mange og mykje varierte i form og innhald. Her
er nokre av dei viktigaste:
Gammal-testamentlege:
1. Første Esdras bok
2. Første Makkabear-bok (deuterokanonisk)
3. Andre Esdras bok (a.k.a. 4. Ezra)
4. Andre Makkabear-bok
(deuterokanonisk)
5. Tredje Makkabear-bok
6. Fjerde Ezras bok ( a.k.a. 2. Esdras)
7. Fjerde Makkabear-bok
8. Baruchs bok (deuterokanonisk)
9. Bel og draken (tillegg til Daniels bok)
10. Daniel og Susanna
(Tillegg til Daniels bok) (deuterokanonisk)
11. Tillegg til Esthers
bok (deuterokanonisk)
12. Judiths bok (deuterokanonisk)
13. Jeremias brev
14. Azariahs bøn (Tillegg til Daniels bok)
15. Manassehs bøn
16. Salme 151
17. Sirachs bok (deuterokanonisk)
18. Tobits bok (deuterokanonisk)
19. Salomos visdom (deuterokanonisk)
Pseudepigrafar -
Gammaltestamentlege:
(Dette er bøker som med urette er tillagt
diverse forfattarar).
1. Enoks framtidssyner (apokalypse) ...etiopisk versjon
2. Enoks framtidssyner ...(Slavonske bok om Enoks løyndommar)
3. Fjerde Baruchs bok (a.k.a. Jeremias krønike (historisk forteljing))
4. Adam og Evas bok (Latinsk versjon)
5. Adam og Evas liv ...(Slavonsk versjon)
6. Adam og Evas liv ...(Gresk versjon) (a.k.a. Moses framtidssyner (apokalypse))
7. Historia om Ahikar
8. Adams framtidssyner (apokalypse)
9. Fragment av Moses framtidssyner
10. Enoks bok ( annan versjon)
11. Josef og Aseneth
12. Aristeas brev
13. Isaias martyrium
14. Jeremias krønike (paraleipomena) (a.k.a. 4. Baruchs bok)
15. Esdras åpenbaring
16. Avhandlinga til Den Store Seth
17.
Abrahams testamente
18.
Salomons testamente
19. Testamenta til dei tolv patriarkane
Nytestamentlege apokryfe
forteljingar:
1. Endreas gjerningar
2. Andreas gjerningar og martyrium
3. Andreas og Matteus gjerningar
4. Barnabas gjerningar
5. Bartolomeus martyrium
6. Johannes gjerningar
7. Gjerningane til John Prest
8. Historia til tømmermannen Josef
9. Johannes bok om Marias dø
10. Marias bortgang
11. Mattus gjerningar og martyrium
12. Matteus martyrium
13. Paulus gjerningar
14. Gjerningane til Paulus og Thecla
15. Peters gjerningar
16. Gjerningane til Peter og Andreas
17. Gjerningane til Peter og Paulus
18. Gjerningane til Peter og dei 12 apostlane
19. Filips gjerningar
20. Pontius Pilatus sitt brev til Tiberus
21. Pilatus overgir seg
22. Pilatus død
23. Thaddeus gjerningar
24. Thomas gjerningar
25. Gjerningane til Thomas Utfordraren
26. Thomas sitt avsluttande arbeid
1. Adams framtidsspådommar
2. Esdras åpenbaringar
3. James første framtidssyner
4. James andre framtidssyner
5. Framtidssynene til John Prest
6. Moses åpenbaringar
7. Paulus framtidssyner
8. Paulus åpenbaringar
9. Peters framtidssyner
10. Paulus syner
11. Peters åpenbaringar
12. Sedraks framtidssyner
13. Stafanus åpenbaringar
14. Thomas framtissyner
15. Framtissynene til Den Heilage Jomfru
€€€€€€€€€€€€€€€€€€€€€€€€€€€€€€€€