Boka er
truleg skriven i år 104 fvt. Referanser i kapittel 16 tyder på at boka er blitt
til rett etter den hasmoniske kong Johanan Hyrcanus I sin død. Dei
fleste som har forska på boka meiner at ho er blitt skriven i Palestina.
I
komposisjon og stil liknar Første Makkabearbok på Samuels-bøkene og
Konge-bøkene. I boka er nemnt mange Bibel-profetiar som skal prove at "Det
hasmoniske dynasti" er innsett av Gud.
Første
Makkabearbok er tatt med i Septuaginta (sjå "Liste over
apokryfe bøker"), men fins ikkje i Den Hebraiske Bibel. Boka er
deuterokanonisk - dvs. ho er ikkje tatt med i Den Protestantiske
Bibel, men er å finne i Den Romersk-katolske Bibel.
INNHALDET I BOKA
Første Makkabearbok er ei historisk
beretning. Fleire diplomat-brev og kongelige proklamasjonar er å finne i
boka, og forskarane meiner desse er autentiske (ikkje oppdikta).
Boka
fortel historien til Det Hasmoniske Dynasti (konge-slekt), og gir mykje plass
til å fortelje om korleis dette dynastiet kom til makta. Første hovud-person
som vert introdusert, er Mattathias, som har fem søner. Desse mennene
vert leiarar i ein revolt mot Selucid-dynastiet. Opprøret lukkast, og
jødane frigjer seg.
Striden startar då selucid-kongen Antiochus Epiphanes vanheiligar tempelet. Judah Makkabeus går til krig for å ta tempelet tilbake og reinse det, og han lukkast med dette. Han etablerer ei hasmonisk makt innanfor Selucid-riket. Hans bror, Jonathan, held fram med striden. Han er jødane sin leiar og øvsteprest, og han styrkjer hasmoniarane si makt. Under neste bror ved makta - Simon, greier jødane å frigjere seg fullstendig. Simons son, Johanan Hyrcanus I, vert første hasmoniske konge til eit sjølvstendig jøde-folk.
|
Kapittel 2
|
Kapittel 10
|
Kapittel 3
|
Kapittel 11
|
Kapittel 4
|
Kapittel 12
|
Kapittel 5
|
Kapittel 13
|
Kapittel 6
|
Kapittel 14
|
Kapittel 7
|
Kapittel 15
|
Kapittel 8
|
Kapittel 16
|
Kapittel 9
|
INNLEIING
|
2) Han utkjempa mange slag, inntok festningsverk, og drepte mange av verdas kongar.
3) Han rykte fram til verdas ender, og utplyndra mange riker. Då all motstand var slått ned, kom han i godlune, og hans hjerte vart opplyft.
4) Han samla ein stor hær, og styrte over land og riker og prinsar, og dei vart hans undersåttar.
5) Etter dette vart han sjuk, og skjøna at han skulle døy.
6) Då samla han om seg sine mest trufaste offiserar - dei som hadde vakse opp saman med han frå ungdommen, og han delte sitt rike mellom dei medan han ennå var i live.
7) Og etter at Alexander hadde regjert i tolv år, utanda han.
8) Så byrja offiserande å styre - kvar på sin stad.
9) Dei sette alle på seg krune, etter Alexanders død. Og slik gjorde sønene
deira etter dei, i mange år. Og dei utøvde mange vonde gjerningar på jorda.
10) Frå dei kom ei syndefull rot - Antiochus Epiphanes - son av kong Antiochus.
Han hadde vore gissel i Rom. Han byrja si regjering i det 137. år av det greske
kongedømmet.
11) I desse dagar kom lovlause menn frå Israel. Dei misleidde mange ved å seie:
"Lat oss gjere ei pakt med heidningane omkring oss, for etter at vi braut
med dei, har ulykke komt over oss.
12) Mange tykte vel om dette framlegget
13) og nokre av folket gjekk oppeldna til kongen. Han bad
dei om å merke seg heidningane sine lover og vedtekter,
14) så dei bygde ein skule (gymnasium) i Jerusalem etter heidensk skikk,
15) og fjerna merka etter omskjeringa, og fordømte den heilage pakta (med Gud). Dei slo seg i hop med heidningane, og selde seg til vondskapen.
16) Då Antiochus såg at riket hans var trygt, bestemte han seg for å verte konge over Egypt, slik at han kunne regjere over to kongeriker.
17) Så han invaderte Egypt med ein stor hærstyrke, med stridsvogner og elefantar og hestetropper, og med ein stor flåte.
18) Han utfordra kong Ptolemaios (den femte, 205 - 180 fvt.) til strid, og
Ptolemaios snudde om og rømde, og mange vart såra og fall.
19) Og dei inntok dei befesta byane i landet Egypt, og plyndra landet.
20) Etter å ha underkua Egypt, vende Antiochus om, i det
143. år. Han gjekk mot Israel, og kom til Jerusalem med ein stor hærstyrke.
21) På hovmodig vis gjekk han inn i heilagdommen, og røva paktarka, den sjuarma
lysestaken og alt utstyret.
22) Han tok også bordet med skodebrødet, begera for
offer-kalken, skålene, røykelseskara av gull, forhenget, krunene,
gulldekorasjonane framfor templet; han røva alt.
23) Han tok sølvet og gullet, og dei kostesame kara. Han tok
også dei løynde skattane han fann.
24) Han tok alt og drog heim til sitt land.
Han myrda og tala med stort hovmod.
25) Det var stor sorg i alle landsbyane i Israel.
26) Høvdingar og eldre stønna i fortviling
ungjenter og unge menn veikna
kvinnenes venleik falma
27) Alle brudgomane sang sørgesangar
og ho som sat i brudekammeret var i sorg.
28) Til og med landet sjølv skalv for sitt folk,
og alle i Jakobs hus gjekk kledde i skam.
29) To år seinare sende kongen ein skatteoppkrevjar til byane i Judea, og han
kom til Jerusalem med ein stor hærstyrke.
30) På løgnaktig vis tala han til dei med fredsame ord, og dei trudde han; men
brått gjekk han til åtak, og gjorde alvorleg skade på byen, og han drepte mange
av israels-folket.
31) Han plyndra byen og sette han i brann, og han reiv husa
i byen, og murane omkring husa.
32) Kvinner og barn vart tatt til fange, og alt bufeet vart røva.
33) Så befesta skatteoppkrevjarane Davids by (Betlehem) med ein sterk mur og sterke tårn, og dette vart festninga deira.
34) Og her stasjonerte dei eit syndefullt folk - lovlause menn. Desse styrkte
sin posisjon
35) ved å samle store lager av våpen og mat - dei henta leivningane av Jerusalem og samla dei der, og dei vart eit stort trugsmål.
36) Det vart ein fare som truga tempelet;
eit varig, vondt trugsmål mot Israel.
37) På kvar side av tempelet let dei det flyte med uskuldig blod;
og dei skjenda til og med tempelet.
38) På grunn av dette rømde Jerusalems innbuarar;
byen vart tilhaldstad for framande;
byen vart framand for sitt folk,
og bybarna svikta byen.
29) Byens tempel vart aud som ein ørken;
høgtidene vart til jamring,
og sabbatane vart til skam,
ære vart til forakt.
40) Vanæren vart nå stor som byens tidlegare glans;
byens herlegdom vart til jammer.
41) Så skreiv kongen til heile kongeriket, at alle skulle vere eitt
folk,
42) og at alle skulle gi avkall på sine tidlegare skikkar.
43) Alle heidningane aksepterte kongens befaling. Også mange av Israels-folket adopterte med glede kongens religion; dei ofra til avgudsbilete og vanheilaga sabbaten.
44) Og
kongen sende brev med bodberarar til Jerusalem og byane i Judea; han påbaud dei
å følge skikkar som var framande for landet.,
45) han forbaud brennoffer og offergåver og offerdrykk i
tempelet, for å vanheilage sabbaten og høgtidene.
46) For å skjende tempelet og prestane
47) let han prestane bygge alter og heilag-stadar og tempel for avgudsbilete - dei måtte ofre svin og ureine dyr,
48) og la sine søner gå uomskorne. Dei måtte skjemme seg ut med alt som var ureint og vanheilagt,
49) så dei skulle gløyme lova, og endre alle skikkar.
50) "Og den som ikkje lyder kongens befaling skal døy."
51) Brev med slike ord skreiv han til heile kongeriket. Og han peika ut
inspektørar som skulle overvake alle, og han påla byane i Judea å gjere
ofringar - by for by.
52) Mange av folket - alle som sveik lova, slo seg i lag med dei framande, og dei gjorde vonde ting i landet;
53) dei fordreiv Israels-folket til alle gøymestadar der dei kunne søke
tilflukt.
54) Nå, på femtande dag av Chislev, i det
etthundre-og-førti-fjerde år, plasserte dei ein vanheilag styggedom på
brennoffer-altaret. Dei bygde også altar i byane rundt om i Judea,
55) og brann røykelse ved husdørene og i gatene.
56) Lovbøkene som dei fann reiv dei i stykker og kasta dei
på elden.
57) Vart pakt-boka funnen i nokons eige, eller om nokon levde etter lova, så
vart han etter kongens påbod dømt til døden.
58) Dei heldt fram med å utføre ugjerningar mot Israel - i månad etter månad, mot dei dei fann i byane.
59) Og på den tjue-femte dag i månaden utførte dei ofringar på altaret som var plassert oppå brennoffer-altaret.
60) På kongens befaling drepte dei kvinner som hadde fått barna sine omskorne,
61) og familiene deira, og dei som hadde omskore dei; og barna hengte dei frå halsane til mødrene sine.
62) Men mange i Israel stod fast, og var fast bestemt i sine hjerte at dei
ikkje skulle ete urein mat.
63) Dei valde å døy, heller enn å verte tilsvina av mat eller skjende den
heilage pakta - og dei døydde.
64) Og ein stor vreide kom over Israel.
1) I desse dagar drog Mattathias, son av Johanan, son av Simeon, ein prest av Joaribs søner, frå Jerusalem og slo seg ned i Modein.
2) Han hadde fem søner, Johanan Gaddi,
3) Simon,
kalla Thassi,
4) Judah,
kalla Maccabeus,
5) Eleazar, kalla Avaran, og Jonathan, kalla Apphus.
6) Han såg heilagbrødene som vart gjort i Judea og Jerusalem,
7) og sa:
"Alas! Kvifor vart eg født for å sjå dette,
mitt folk i ruinar, heile byen i ruinar,
og måtte vere til stades når alt vart overgitt til fienden,
tempelet gitt til framande?
8) Hennar (Jerusalems) tempel er blitt som ein mann utan ære
9) hennar gylte kar er blitt brakt i fangenskap.
Hennar barn er blitt drept i gatene,
hennar ungdom av fiendens sverd.
10) Kva nasjon er det som ikkje har inntatt hennar palass
og tatt krigsbytte frå henne (Jerusalem).
11) All hennar utsmykking er blitt fjerna;
no ikkje lenger fri - ho er slavebunden.
12) Og sjå - våre heilage plassar, vår venleik
og vår glans er blitt øydelagt;
vanheiliga av heidningane.
13) Kvifor skal vi lenger leve?"
14) Og Mattathias og sønene hans reiv i stykker kleda sine,
kledde seg i sekkefiller og jamra høglytt.
15) Då kom kongens offiserar - dei som dreiv fram fråfallet - til byen Modein,
for å få bybuarane der til å gi offergåver.
16) Mange frå Israel kom til dei; og Mattathias og sønene hans var også der.
17) Då tala kongens offiserar slik til Mattathias: "Du er ein leiar,
høgvyrd og æra i denne byen, og du har støtte i dine søner og brødre.
18) Ver no du den første til å gjere som kongen befalar - som alle heidningane og alle menn i Judea og dei som er att i Jerusalem har gjort. Då skal du og sønene dine teljast mellom kongens venner, og du og sønene dine vil verte løna med sølv og gull og mange gåver."
19) Men Mattathias svara og sa med høg røyst: "Sjølv om alle riker som
lever under kongens styring lyder han, og har valt å følge hans befalingar;
noko som fjernar kvar ein av dei frå deira fedres religion,
20) så vil likevel eg og mine søner og mine brødre leve etter våre fedres pakt.
21) Det ligg oss fjernt å fornekte lova og skikkane.
22) Vi vil ikkje adlyde kongens ord ved å vende oss bort frå trua vår, korkje mot høgre eller venstre."
23) Då han var ferdig med å seie fram desse orda, kom ein jøde fram for alees åsyn for å gjere ofringar på altaret i Modein, etter kongens befaling.
24) Då Mattathias såg dette vart han vreid, og hans hjerte kom i opprør. I
rettferdig harme sprang han fram og drepte mannen på altaret.
25) I same vending drap han kongens offiserar, som ville
tvinge dei til å gjere ofringar, og han reiv ned altaret.
26) Slik brann hans hug for lova, som Phinehas gjorde mot Zimri, son av Salu.
27) Då ropte Mattathias ut over byen med høg røyst, og sa: "Lat kvar ein som kjenner eldhug for lova og vil leve etter pakta kome til meg!"
28) Og han og sønene hans rømde ut i åsane, og let etter seg
alt dei åtte i byen.
29) Då drog mange av dei som søkte lov og rettferd ut i villmarkane for å slå
seg til der,
30) dei og sønene deira, konene og buskapen, for vondskapen
tyngde dei hardt.
31) Og det vart rapportert til kongens offiserar, og til troppene i Jerusalem, Davids by, at menn som hadde fornekta kongens befalingar hadde trekt ut til gøymestadar i villmarkane.
32) Mange forfylde dei og tok dei att. Dei slo leir tvers overfor dei, og
førebudde seg på slag mot dei på sabbats-dagen.
33) Og dei sa til dei: "Nok av dette! Kom fram og gjer som kongen befalar, og de skal få leve."
34) Men dei sa: "Vi vil ikkje kome fram, og ikkje vil vi gjere som kongen befalar og derved vanheilage sabbats-dagen."
35) Då var fienden snare å gå til angrep på dei.
36) Men dei forsvarte seg ikkje - kasta ikkje stein på dei, og prøvde ikkje å blokkere gøymestadane sine,
37) for dei sa: "Lat oss alle døy i vår uskuld; himmel og jord skal vitne for oss at de drep oss urettvist."
38) Så vart dei angripne på sabbaten, og dei døde, med koner
og barn og bufe. Dei var tusen som døde.
39) Då Mattathias og vennene hans fekk høyre om dette, sørgde dei djupt over
dei.
40) Og kvar sa til sin nabo: "Dersom vi alle gjer som våre brødre har
gjort og nektar å slåss mot heidningane for våre liv og vår tru, vil dei snart
utrydde oss frå jorda."
41) Så dei tok ei avgjerdsle den dagen: "Lat oss kjempe
mot kvar den som kjem for å angripe oss på sabbats-dagen; lat oss ikkje alle
døy som våre brør i gøymestadane sine."
42) Då kom eit kompani med Hasideanarar og slo seg i hop med dei - mektige israelske krigsmenn. Kvar ein av dei ville ofre seg for lova.
43) Og alle som hadde rømt for å sleppe unna sine lidingar
slo seg saman med dei og styrkte flokken.
44) Dei organiserte ein hær, og hogg ned syndarar i raseri og lovlause menn i vreide. Dei som slapp unna rømde til tryggheit hjå heidningane.
45) Og Mattathias og venene hans drog omkring og reiv ned altara;
46) med makt omskar dei alle uomskorne gutar som dei fann
innanfor Israels grenser.
47) Dei jaga og straffa sine motstandarar, og det gjekk godt
med alt dette.
48) Dei berga lova ut av hendene på heidningar og kongar, og dei let aldri syndarar få overtaket.
49) Nå nærma tida seg då Mattathias skulle døy, og han sa til sine søner: "Hovmot og misnøye gror hjå folket. Det er ei ulming i tida - det kan verte opptøyer og øydeleggingar.
50) No, mine barn, stå trufast ved lova, og vigje liva dykkar til pakta til våre fedre.
51) Minnes gjerningane til fedrene - kva dei gjorde i si
tid; og de skal vinne ære og dykkar namn skal aldri bli gløymt.
52) Vart ikkje Abraham funnen trufast då han vart prøvd, og vart ikkje dette rekna han til ære?
53) Josef, då han var i naud - han levde etter boda, og vart konge i Egypt.
54) Phinehas, vår far - fordi han var sterk i trua, mottok
han pakta om evig presteskap.
55) Josva - fordi han utførte Herrens befaling, vart han dommar i Israel.
56) Caleb - fordi han vitna i forsamlinga, fekk han arv i landet.
57) David - fordi han var barmhjertig, arva han kongetrona til evig tid.
58) Elijah (Elias) - fordi han heldt fast ved lova, vart han teken opp i
himmelen.
59) Hannaniah, Azariah og Mishael var faste i trua og vart
berga frå flammane.
60) Daniel - fordi han var skuldfri slapp han unna løvenes
munn.
61) Og merk dykk, frå generasjon til generasjon, at ingen som set sin lit til Han vil mangle styrke.
62) Frykt ikkje for syndaren sin tale, for hans prakt vil
verte til ormar og møkk.
63) I dag vil han vere opplyft, men i morgon vil han ikkje vere å finne, for han har gått tilbake til støvet, og hans planar vil verte til inkjes.
64) Mine barn - ver modige og veks dykk
sterke i lova, for ved den vil de vinne ære.
65) Høyr no: Eg veit at dykkar bror Simeon har kloke råd. Lytt alltid til han - han skal vere
dykkar far.
66) Judah Maccabeus har vore ein stor krigar frå sin ungdom.
Han skal leie hæren for dykk, og utkjempe slaget mot folkegruppene.
67) De skal samle om dykk alle som følger lova, og hemne vondskap som vert gjort mot folket dykkar.
68) Lat heidningane få full betaling tilbake, og ta omsyn til kva lova krev."
69) Så velsigna han dei, og vart henta til sine fedre.
70) Han døde i det eitt-hundre-og-førti-sjette år og vart gravlagt i gravmælet
til fedrene sine ved Modein. Og heile Israel sørgde over han med stor klage.
3) Han auka sitt folks herlegdom
Lik ei kjempe tok han brystplata på
Han væpna seg og gjekk i slag
og verna
folket med sitt sverd
4) Som ei løve kjempa han
som ei
ungløve brølande etter bytte
5) Han leita opp og straffa dei lovlause
han brente
dei som plaga folket hans
6) Lovlause menn veik unna i angst for han
og alle illgjerningsmenn vart utrygge
det kom
frelse frå hans hand
7) Han forbitra mange kongar
men gledde Jacob med sine gjerningar
og hans
minne skal signast til evig tid
8) han gjekk gjennom byane i Judea
og rudde landet for ugudelege
slik reinsa
han Israel for vondskap
9) Han vart vidgjeten til verdas ender
han vart
ein samlingsmann for dei lidande
10) Men Apollonius samla saman heidningane og ein stor
hærstyrke frå Samaria, for å gå til kamp mot Israel.
11) Då Judah fekk greie på dette, gjekk han Apollonius i møte, og han nedkjempa han og drap han. Mange vart såra og fall, og resten av styrken rømde unna.
12) Så tok dei hærfang, og Judah tok Apollonius' sverd, og brukte det alltid
sidan når han gjekk i krig.
13) Nå fekk Seron, general over den syriske hær, høyre at Judah hadde samla ein stor styrke, og deri ein kjerne av trufaste menn som aldri svikta han i kamp.
14) Og Seron sa: "Eg skal få meg eit namn og vinne ære
for kongeriket. Eg skal gå til krig mot Judah og flokken hans, som viser forakt
for kongen."
15) Og igjen samla ein stor hær av ugudelege menn seg om han, for å ta hemn
over Israels søner.
16) Då han kom til stigningane ved Beth-horon, gjekk Judas
mot han med ein liten hærflokk.
17) Men då dei såg armeen som kom mot dei, sa dei til Judah:
"Korleis kan vi, få som vi er, kjempe mot ei slik stor og sterk hær? Og vi er svake, for vi har ingenting
ete i dag."
18) Judah svara: "Det er lett for mange å verte
innringa av få, for slik Himmelen ser det, er der ingen skilnad på å verte frelst
av mange eller få.
19) Sigeren kjem ikkje an på storleiken på hæren, for styrken kjem frå
Himmelen.
20) Dei kjem mot oss med hovmod og lovløyse, for å knuse oss og våre kvinner og barn, og for å øydelegge oss;
21) men vi kjempar for våre liv og våre lover.
22) Han åleine vil slå dei til jorda framfor oss, så de skal
ikkje ottast dei."
23) Då han var ferdig med talen, storma han brått mot Seron og hæren hans, og dei vart slått til jorda framfor han.
24) Dei forfylgde dei ned frå Beth-horon til slettene; åtte hundre av dei fall,
og resten rømde inn i landet til filistarane.
25) Då byrja Judah og brørne hans å verte frykta, og
heidningane omkring dei vart fylt med angst.
26) Hans ry nådde kongen, og heidningane tala om hærtoga til Judah.
27) Då kong Antiochus høyrde desse rapportane, vart han svært arg, og han henta og samla alle hærstyrkane i kongeriket sitt. Ein svært sterk hær vart det.
28) Og han opna kistene sine og delte ut ei årsløn til alle, og han bad dei halde seg klare.
29) Då såg han at skattkistene var tomme for pengar, og at inntektene frå
landet var små, på grunn av usemje og ulykkene han hadde stelt i stand ved å
bryte lovene som hadde vore styrande for landet frå dei eldste tider.
30) Han frykta at han ville ha mindre midlar enn før til å
dekke sine utgifter, og til gåver som han pla dele ut meir overdådig enn kongar
før han.
31) Han vart svært uroa over dette, og bestemte seg for å dra til Persia og samle inn inntektene frå landskapa der, og reise ein stor pengesum.
32) Han lot Lysias, ein høgvyrd mann av kongeleg ætt, vere
att for å ta seg av kongens saker frå elva Eufrat til grensene mot Egypt.
33)Lysias skulle også ta seg av sonen hans, Antiochus, til
han kom att.
34) Og han etterlet til Lysias halvparten av troppene og elefantane, og gav han ordrer om kva han skulle gjere. Når det gjaldt innbuarane i Judea og Jerusalem,
35) skulle Lysias sende ein styrke mot dei, for å nedkjempe og knuse Israels styrke og det som var att av Jerusalem. Han skulle forvise dei og minnet om dei frå landet,
36) flytte framande folkeslag inn i heile territoriet deira, og fordele landet mellom desse.
37) Så tok kongen med andre halvdelen av troppene sine, og drog ut frå sin
hovudstad Antioch, i det 147. år. Han kryssa elva Eufrat, og drog vidare
gjennom dei øvre provinsane.
38) Lysias valde seg ut Ptolemy, son av Dorymenes, og Nicanor og Gorgias. Dei
var mellom dei mektigaste av kongens venner.
39) Og han gav dei førti tusen soldatar og sju tusen
ryttarar, for å gå inn i Judea-landet og øydelegge det, som kongen hadde
befalt.
40) Og dei tok av stad med heile styrken, og då dei var
framme slo dei leir på slettene ved byen Emmaus.
41) Då handelsmenn i området høyrde kva som var i emning,
tok dei med sølv og gull i store mengder; og fotlekkjer, og kom til leiren for
å få kjøpe Israels søner til slavar. Og hæravdelingar frå Syria og Filistar-landet kom saman med dei.
42) Nå såg Judah og brørne hans at det auka på med motgang,
og at framande styrkar hadde lægra seg i territoriet deira. Dei hadde også fått
høyre kva kongen hadde befalt skulle gjerast for å utrydde Israelsfolket ein
gong for alle.
43) Men dei sa til kvarandre: "Lat oss attreise folket
vårt frå øydelegginga, og kjempe for folket og tempelet".
44) Og meinigheita samla seg for å gjere seg klar til strid, og for å be om miskunn og medkjensle.
45) Jerusalem var ubebodd som ei villmark;
ikkje ein av hennar barn gjekk inn eller ut.
Heilagdomen var trampa ned,
og sønene til framande hadde tilhald i palasset;
det var tilhaldsstad for heidningar.
Gleda var teken frå Jacob;
fløyta og harpa hadde slutta spele.
46) Så samla dei seg og drog til Mizpah, tvers overfor Jerusalem, for Israel hadde tidlegare hatt ein bøne-stad i Mizpah.
47) Dei fasta den dagen, kledde seg i sekkefiller og strødde aske over hovuda sine, og dei reiv i stykker kleda sine.
48) Og dei
opna lovboka for å få råd om dei saker som heidningane rådspurde gudebileta
sine om.
49) Dei kom også med preste-kjolane og dei første frukter og tiende, og dei vekte opp avlidne nazarittar;
50) og dei ropte høgt mot himmelen og sa:
"Kva skal vi gjere med alt dette?
Kvar skal vi føre det?
51) Tempelet er trampa ned av vanheilage,
og dine prestar sørgjer i skam.
52) Og sjå, heidningane har samla seg mot oss for å øydelegge oss,
du veit kva
planar dei har med oss.
53) Korleis skal vi makte å stå imot dei,
dersom du ikkje gir oss hjelp?"
54) Så bles dei i trompetane og ropte høgt.
55) Etter dette peika Judah ut leiarar for folket; leiarar
for tusen, leiarar for hundre, leiarar for femti og leiarar for avdelingar på
ti.
56) Og han sa til husbyggarane, til embetsmennene, til dei som planta vinåkrar, og til dei som engsta seg, at kvar skulle fare heim til sin stad, som lova baud.
57) Så marsjerte hæren ut, og slo leir sør for Emmaus.
58) Og Judah sa: "Mot dykk opp og ver tapre. Tidleg i
morgon skal de vere klar til å kjempe mot desse heidningane som har samla seg
mot oss for å øydelegge oss og heilagdommen vår.
59) Det er betre for oss å døy i kamp enn å sjå ulukka råke
landet vårt og heilagdommen vår.
60) Men som viljen til han i Himmelen er; slik vil det
gå"
3) Men Judah fekk greie på dette, og han og hans tapre menn tok ut for å angripe kongens styrkar i Emmaus
4) medan avdelinga ennå var borte frå leiren.
5) Då Gorgias kom til Judahs leir om natta, fann han ingen
der, så han leita etter dei i åsane, for han sa: "Desse mennene rømer for
oss."
6) Ved daggry kom Judah til slettene med 3000 mann, men dei var ikkje rusta og
væpna som dei skulle ynskt .
7) Og dei såg leiren til heidningane, sterk og befesta, med ryttarar omkring -
og desse mennene var trena i krigføring.
8) Men Judah sa til mennene som var med han: "Frykt ikkje at dei er mange,
og ver ikkje redd når dei går til angrep.
9) Hugs korleis våre forfedre vart berga ved Raudehavet, då
farao med sine styrkar forfylgde dei.
10) Og lat oss nå rope mot Himmelen, for å sjå om Han er med
oss, og hugsar pakta med våre fedre. Om han vil knuse hæren som står framfor oss i dag.
11) Då vil alle heidningane få kunnskap om at der er ein som
bergar Israel."
12) Då dei framande såg opp og såg at dei kome mot dei,
13) sprang dei ut frå leiren for å kjempe. Då bles Judahs menn i trompetane
14) og gjekk i strid. Heidningane vart slått, og rømde ut på slettene,
15) og alle dei som låg bakerst fall ved sverdet. Dei
forfylgde dei til Gazara, og til slettene ved Idumea, og til Azotus og Jamnia,
og 3000 av dei fall.
16) Då vende Judah og styrkane hans om,
17) og han sa til folket: "Ver ikkje grådige etter å
plyndre, for det ligg ein strid framfor oss;
18) Gorgias og styrkane hans er i åsane ikkje langt unna. Men stå nå mot våre fiendar og nedkjemp dei, og etterpå kan de plyndre så mykje de lystar."
19) Straks Judah var ferdig med talen sin, dukka ei avdeling fram frå åsane.
20) Dei såg at hæren deira var sett ut av spel, og at jødane brann leiren deira, for røyken som steig opp viste kva som hadde hendt.
21) Då dette gjekk opp for dei vart dei fylt med angst, og då dei også såg at Judahs hær gjekk ut på slettene for å krige,
22) rømde dei alle inn i Filistarlandet.
23) Då vende Judah tilbake for å plyndre leiren deira, og soldatane hans tok
mykje gull og sølv, og klede som var farga i blått og sjø-purpur, og store
rikdommar.
24) På heimvegen sang dei salmar og prisa Himmelen, for Herren er god og hans
nåde evigvarande.
25) Og det var ein gåverik dag for Israel.
26) Dei av framand-folket som hadde komt seg unna, drog til Lysias og meldte
kva som hadde gått føre seg.
27) Då han høyrde det, kom han i forvirring og mismot, for det hadde ikkje gått med Israel som han hadde tenkt, og sakene hadde ikkje ordna seg slik som kongen hadde befalt han.
28) Men året etter mønstra han 60 000 utvalde fotsoldatar og
5 000 ryttarar, for å kue Israelsfolket.
29) Dei kom inn i Idumea, og leira seg ved Beth-zur, og
Judah kom dei i møtes med 10 000 mann.
30) Då Judah såg at fienden hadde ein sterk hær, bad han til
Herren og sa: "Du vere velsigna, O Israels bergingsmann, som knuste
angrepet frå mektige krigarar med handa til David, tenaren din, og gav
filistar-leiren over i handa til Jonathan, sonen til Saul, og til væpnaren
hans.
31) Så lat Israel, ditt folk, gjere skade på denne hæren og lat dei skjemmast av sine fotsoldatar og av sine ryttarar.
32) Fyll dei med mismot; smelt deira manndom; lat dei skjelve ved nederlag.
33) Slå dei til jorda med sverda til dei du har kjær, og lat dei få visse om namet ditt. Ære vere deg!
34) Så gjekk begge sider til åtak, og det fall 5 000 mann av Lysias hær - dei fall i strid.
35) Og då Lysias såg sine menn på flukt, og såg motet til Judas' soldatar, og
korleis dei kjempa med livet som innsats, drog han av stad til Antiokia og hyra
leigesoldatar, for å invadere Judea på ny, med ein endå større hær.
36) Då sa Judah og brørne hans: " Sjå, fienden vår er knust. Lat oss gå og
reinse heilagdommen og ære Herren.."
37) Så samla heile hæren seg, og dei gjekk til Zions Berg.
38) Og dei fann heilagdomen forlatt - altaret vanæra, og dørene svidd av brann. I forgardane vaks villbusker i tjukke kratt, slik som i åsane. Og dei såg at prestane sine rom låg i ruinar.
39) Då reiv dei kleda sine i filler, og sørgde med stor klage, og strødde aske over seg.
40) Dei fall med andleta mot bakken, og bles i signaltrompetar, og ropte mot Himmelen.
41) Då sette Judah menn til å nedkjempe dei i festninga - til slutt fekk han
reinsa heilagdomen.
42) Han valde ut skuldfrie prestar som var trufaste mot lova,
43) og dei reinsa heilagdomen og tok bort dei tilsukla
steinane til ein urein stad.
44) Dei vurderte kva dei skulle gjere med
brennoffer-altaret, som hadde blitt vanheila.
45) Og dei fann at det var best å rive det ned, så det ikkje skulle bringe skam over dei, for heidningane hadde vanheiliga det. Så reiv dei ned altaret,
46) og dei sette steinane til lagring på ein høveleg stad på tempel-høgda, til det kom ein profet som fortalde dei kva dei skulle gjere med dei.
47) Så tok dei etter lovas krav uhoggen stein, og bygde eit
nytt altar som likna det gamle.
48) Dei bygde også oppatt heilagdommen og innreiinga i tempelet, og vigsla
forgarden.
49) Dei fekk laga nye heilag-kar, og brakte lysestaken, røykelses-altaret og tempelbordet inn i tempelet
.
50) Så brente dei røykelse på altaret og tente lysa på lysestaken, og desse gav lys til tempelet.
51) Dei plasseret brødet på bordet, og hengte opp forhenga. Slik avslutta dei
alt det arbeidet dei hadde utført.
52) Tidleg om morgonen, på den 25. dag i den 9. månad, som er månaden til Chislev; i det 148. året,
53) stod dei fram og gav offergåve, slik som lova pålegg, på
det nye brennoffer-altaret dei hadde bygd.
54) På same årstid og på same dag som heidningane hadde vanheilaga det, vart det innvigd med sang og harpe og lutt og cymballar.
55) Heile folket fall med andletet mot jorda, og tilbad og
lova Herren, som hadde signa dei.
56) Og dei feira vigslinga av altaret i 8 dagar, og gav brennoffer i glede; dei
gav eit offer for fridom og frelse.
57) Dei pynta tempel-fasaden med gullkruner og små skjold;
dei reparerte portane og romma til prestane, og isette nye dører.
58) Det var ei stor glede mellom folket, og skamma som heidningane hadde lagt
over dei vart teken bort.
59) Då bestemte Judah og brørne hans og heile Israels-folket at kvart år på denne tida skulle truskap til altaret feirast med glede og fest i åtte dagar, med oppstart den 25. dag i månaden Chislev. Og så bestemte vidare Judah og brørne hans og heile Isreaels-folket at kvart år
60) på den dagen då dei befesta Zions-berget med høge veggar og sterke tårn omkring, å halde heidningane unna, så dei ikkje kunne kome og trakke dei ned som dei før hadde gjort.
61) Og han stasjonerte ein garrison der for å halde
festninga. Han befesta også Beth-zur, slik at folket kunne ha ei festning mot
Idumea.
1) Då heidningane i grannelaga fekk høyre at altaret var bygd opp att, og at tempelet var innvigd på nytt, vart dei svært arge,
2) og dei bestemte seg for å drepe alle Jacobs etterkomarar som budde blant dei. Så dei byrja å drepe og tyne dei.
3) Men Judah gjekk til krig mot sønene til Esau i Idumea, ved Akrabattene. Han tilføyde dei eit knusande nederlag, og han audmjuka dei og drepte dei.
4) Han kom også i hug vondskapen til sønene til Bæan, som alltid var eit farleg trugsmål mot folket, og som overfall dei på landevegane.
5) Han jaga dei inn i tårna deira, og han gjekk til åtak på dei, knuste dei totalt, og brente med eld tårna deira og alle som var inni.
6) Så vende han om for å kjempe mot Ammonittane. Her møtte
han på ein sterk og folkerik flokk, med Timotheus som leiar.
7) Han utkjempa mange slag mot dei, og til slutt var motstandarane knuste - han
slo dei til jorda.
8) Han tok også Jazer og landsbyane der. Så drog han heim
til Judea.
9) Nå samla heidningane i Gilead seg mot israelittane som budde i deira distrikt, og la planar om å utrydde dei. Men dei rømde til Dathema og forskansa seg bak festningsverka der,
10) og dei sende Judah og brørne hans eit brev, der det stod: "Heidningane omkring oss har samla seg mot oss for å knuse oss.
11) Dei har planar om å kome og innta festninga vi har rømt inn i, og Timotheus er leiar for hærstyrken deira.
12) Så nå må de kome og berge oss frå våpna deira, for mange av oss har falle,
13) og alle brørne våre som var i landet Tob er drept. Fienden har tatt deira kvinner og
born og eignelutar, og har drept om lag eitt tusen mann der."
14) Og nett medan dei las dette brevet, kom andre sendebod, med sundrivne klede, frå Galilea, og dei gav ein liknande rapport;
15) dei sa at ein stor flokk hadde samla seg mot dei -
soldatar frå Ptolemais og Tyros og Sidon, og alle heidningane i Galilea,
"for å gjere oss til inkjes."
16) Då Judah og folket hadde høyrt desse meldingane, vart det kalla saman til eit stort møte, for å bestemme kva dei skulle gjere for sine brør som var komne i ulukke, og som vart angripne av fiendar.
17) Då sa Judah til Simon, bror sin: "Utvel dine menn, og dra ut og berg dine brør i Galilea; eg og Jonathan, min bror, skal fare til Gilead."
18) Men han etterlet Joseph, son av Zechariah, og Azariah, ein av folket sine leiarar, saman med resten av hæren i Judea, for å verne landet;
19) og han gav dei dette oppdraget: "Ta vare på dette folket, men gå ikkje til krig mot heidningane før vi kjem att."
20) Så fekk Simon med seg 3 000 mann til Galilea, og Judas tok med 8 000 og drog mot Gilead.
21) Og Simon kom til Galilea og utkjempa mange slag mot heidningane, og
heidningehæren vart knust.
22) Han forfylgde dei til Ptolemais byportar. Så mange som 3 000 av heidningane fall, og han slo heidningane.
23) Så tok han jødane i Galilea og Arbatta, og deira koner
og born og alt dei åtte, og brakte dei til Judea under stor jubel.
24) Judah Makkabeus og Jonathan gjekk over Jordan-elva, og vidare tre dagsmarsjar inn i øydemarkane.
25) Dei traff på nabatéarane, som tok vennleg imot dei, og fortalde dei alt det som hadde hendt med deira brør i Gilead:
26) "Mange av dei er innestengt i Bozrah og Bosor, i Alema og Chaspho,
Maked og Carnaim"....alle desse byane er sterke og store.....
27) "og somme av dei er stengt inne i dei andre byane i Gilead. Fienden er i ferd med å gjere seg klar - i morgon har dei planlagt å drepe dei alle på ein dag."
28) Då snudde Judah og hæren hans snøgt om, og dei tok vegen gjennom villmarkane til Bozrah; og han inntok byen, og med sverd-egget drepte han alle menn der. Så rana han byen, og sette fyr på han.
29) Han drog derfrå om natta, og dei gjekk heile vegen til festningsverka ved Dathema.
30) Ved daggry fekk dei sjå ein stor hær - så mange at dei kunne ikkje teljast, som bar på stigar og frakta krigsmaskiner for å innta festninga og angripe jødane innanfor.
31) Og Judah såg at slaget hadde byrja, og at byen ropte mot Himmelen, med
trompetar og høge skrik,
32) og han
sa til mennene i hæren sin: "Kjemp for brørne dykkar i dag!"
33) Så gjekk han bakfrå til åtak på fienden med tre kompani, som bles i trompetar og ropte høgt i bøn.
34) Og då hæren til Timotheus skjøna at det var Makkabeus som kom mot dei, rømde dei unna, og han gav dei eit stort nederlag. Så mange som 8 000 av dei fall den dagen.
35) Så vende Judah seg mot Alema, gjekk til angrep på byen, og tok han. Han
drepte alle menn i byen, og plyndra og brende han.
36) Derifrå marsjerte han vidare, og tok Chaspho, Maked og
Bosor, og dei andre byane i Gilead.
37) Etter desse hendingane samla Timotheus ein ny hær og slo
leir tvers overfor Raphon, på andre sida av bekken.
38) Judah sende ut spionar, og dei kom tilbake og fortalde til han: "Alle heidningane rundt oss har samla seg om Timotheus. Det er ein svært stor styrke.
39) Dei har også hyra arabiske leigesoldatar til hjelp, og dei ligg i leir på hi sida av bekken, klar til å gå i kamp mot deg." Og Judah gjekk dei i møtes.
40) Då Judah og hæren hans nærma seg elvestraumen, sa Timotheus til offiserane i hæren sin: "Dersom han kjem seg over til oss først, greier vi ikkje å stå imot han. Han vil heilt sikkert slå oss.
41) Men dersom han viser frykt og slår leir på andre sida av elva, skal vi krysse over, og vi skal slå han".
42) Då Judah nærma seg elva, stasjonerte han hæren sine
skrivarar ved breidden, og gav dei denne ordren: "Tillat ingen å raste,
men sørg for å få alle med i striden."
43) Så gjekk han som første mann over, og heile hæren følgde han. Alle heidningane
vart slått der han gjekk fram, og dei heiv våpna og rømde inn i det heilage
tempelområdet i Carnaim.
44) Men han inntok byen, og brente tempelet med eld, og alle som var der inne.
Slik vart Carnaim erobra. Dei greidde ikkje lenger å stå imot Judah.
45) Så samla Judah alle israelittane i Gilead, fattige og rike med koner, born og eignelutar - ein svært stor flokk vart det - for å fare til Judea.
46) Så kom dei til Ephron. Dette var ein stor og sterk by som låg ved vegen, og
dei kunne ikkje gå rundt byen korkje til høgre eller venstre, men måtte gå
gjennom byen.
47) Men byfolket stengde dei ute, og blokkerte byportane med
stein.
48) Og Judah sende dei ein høvisk forespurnad: "Lat oss få passere gjennom landet dykkar så vi kan kome til landet vårt. Ingen av oss skal skade dykk; vi vil bare gå gjennom til fots." Men dei nekta å opne for han.
49) Då sende Judah melding ut til hæravdelingane, at kvar
mann skulle lægre seg der han var.
50) Så slo hærstyrkane leir, og sloss så mot byen heile
dagen og heile natta, og byen fall i Judahs hender.
51) Med sverdegget drap han kvar mann der, og han raserte og
plyndra byen. Så passerte han gjennom byen til dei slagne.
52) Og dei kryssa Jordan-elva og kom ut på dei store
slettene før Beth-shan.
53) Og Judah jaga på etternølarane, og mota opp folket heile vegen til dei kom til Judea-landet.
54) Så gjekk dei opp på Sions-berget med fryd og glede, og ofra brennoffer, for ingen av dei hadde falle på vegen heim.
55) Nå, medan Judah og Jonathan var i Gilead, og Simon og bror hans var i Galilea framfor byen Ptolemai,,
56) fekk Joseph, son av Zechariah, og Azariah, kommandøren over heime-hæren,
høyre om deira tapre bragder og den heroiske krigen dei hadde utkjempa.
57) Då sa dei: "Lat oss også skape oss eit namn; lat oss gå til krig mot
heidningane omkring oss."
58) Og dei gav ordrer til mennene i hærstyrkane sine, og så sette dei på marsj mot Jamnia.
59) Og Gorgias og mennene hans kom ut av byen for å møte dei i slag.
60) Då vart Joseph og Azariah slegne på flukt, og fienden
forfylgde dei til Judeas grenser. Så mange som 2 000 av israels-folket fall den
dagen.
61) Slik leid folket eit stort nederlag, for dei ville utøve
heltedåd, og lydde ikkje etter kva Judah og brørne hans hadde sagt.
62) Men dei tilhøyrde ikkje den folkestammen som hadde
mottatt Herrens lovnad om frelse for Israel.
63) Judah og brørne hans vart høg-æra i heile Israel, og mellom heidningane - alle stader der namnet deira vart nemnt.
64) Folk samla seg om dei og prisa dei.
65) Så drog Judah og brørne hans av stad og kriga mot sønene
til Esau i Sørlandet. Han inntok Hebron-landet og landsbyane der, og reiv ned
murane og brente festningstårna der.
66) Så marsjerte han vidare for å innta Filisterlandet, og passerte gjennom Marisa.
67) Den dagen fall nokre prestar som ville utøve heltedåd,
for dei gjekk til slag på uklokt vis.
68) Men Judah svinga av til Azotus i Filisterlandet. Han
reiv ned altara der, og sette fyr på dei graverte bileta av gudane deira. Han
plyndra byane, og drog så heim til Judea.
1) Kong Antiochus var på veg gjennom dei øvre provinsane, då han fekk høyre at Elymais i Persia var ein by som var vidgjeten for sine rikdommar av sølv og gull.
2) Byens tempel var svært rikt, og hadde i forvaring gylte skjold, brystplater og våpen etter Alexander, son av Philip, første makedonarkongen som hadde regjert over grekarane.
3) Så han
drog dit og prøvde å innta byen og plyndre han, men han makta det ikkje, for folket
i byen fekk greie på planane hans
4) og dei sigra over han i eit slag. Så rømde han derifrå,
og i stort mismot drog han heim til Babylon.
5) Då kom nokre menn til han og fortalde at hærstyrkane hans som hadde gått inn i landet Judea var blitt slått;
6) at Lysias hadde gått fremst med ein stor styrke, men hadde snudd om og
flykta for jødane; at jødane hadde vakse seg sterke med våpen, forsyningar og
flust med bytte som dei hadde tatt frå arméane dei hadde slått;
7) at dei hadde rive ned skrekkfiguren som han hadde reist
på altaret i Jerusalem, og at dei hadde reist opp att dei sterke murane omkring
heilagdomen, og også omkring byen hans, Beth-zur.
8) Då kongen fekk høyre dette, vart han forbløffa og sterkt
rysta. Han gjekk til sengs og vart sjuk av mismot, for sakene hadde ikkje gått
slik som han hadde planlagt.
9) Han låg der i mange dagar - utslått av mismot, og han kom
til at han var i ferd med å døy.
10) Så han kalla saman alle venene sine og sa til dei:
"Augene mine er sømnlause, og eg er nedbroten av sorg.
11) Eg sa til meg sjølv: 'For ei naud som har komt over meg! Og for ein djup straum eg har plumpa i! For eg var venleg og ein elska herskar.'
12) Men nå kjem eg i hug vondskapane eg gjorde i Jerusalem. Eg tok alle kara av sølv og gull; og eg sende soldatar for å drepe folket i Judea utan god grunn.
13) Eg veit det er på grunn av dette at desse plagene har råka meg; og sjå, eg
omkjemst av djup sorg i eit framandt land."
14) Så kalla han på Philip, ein av venene sine, og utnemnde
han til herskar over heile kongeriket sitt.
15) Han gav han kruna og kappa og seglet, og bad han vere
rådgjevar for sonen sin, Antiochus, og fostre han opp slik at han kunne verte
ny konge.
16) Så døde
kong Antiochus der, i det 149. år.
17) Og då Lysias fekk greie på at kongen var død, insette han kongens son, Antiochus, som ny konge. Lysias hadde fostra han opp som barn, og han gav han namnet Eupator.
18) Nå fortsatte mennene i festninga å halde Israel innesperra i tempelet. Dei
prøvde på alle vis å skade dei, og å styrkje heidningane.
19) Så Judah bestemte seg for å knuse dei, og samla alt
folket for å vinne seier.
20) Så dei samla seg og beleira festninga i det 150. år. Og
han let bygge beleiringstårn og andre krigsmaskiner.
21) Men ein del av festnings-styrken slapp unna beleiringa,
og nokre av dei ugudelege israelittane fylgde dei.
22) Dei drog til kongen og sa: "Kor lenge skal du
svikte i å utøve rettferd og i å gi oss hemn over våre brør?
23) Vi var glade for å få tene under far din - å leve etter hans bod og fylgje hans ordrer.
24) Av den grunn har vårt folks søner beleira festninga og
blitt våre fiendar. Vidare har
dei drept alle av oss som dei fekk tak på, og dei har tatt arven vår.
25) Og dei har ikkje bare strekt ut hendene sine mot oss,
men også mot alle grenselanda sine.
26) Og sjå... i dag har dei gjort åtak på festninga i Jerusalem for å ta ho, og dei har befesta både tempelet og Beth-zur.
27) Og dersom du ikkje er snar og hindrar det, vil dei gjere
større ting, og du vil ikkje vere i stand til å stoppe dei."
28) Kongen vart vreid då han høyrde dette. Han samla alle sine vener,
kommandørane over hærstyrkane og embetsmennene.
29) Og leigesoldatar kom til han frå andre kongeriker og frå
øyane i havet.
30) Hæren hans talde 100 000 fotsoldatar, 20 000 ryttarar og
32 krigselefantar.
31) Dei drog gjenom Idumea og gjekk til åtak på Beth-zur, og
dei kriga i mange dagar og bygde krigsmaskiner, men jødane gjorde utfall og
sette eld på desse, og kjempa med mannsmot.
32) Så marsjerte Judah ut frå festninga, og slo leir ved
Beth-zechariah, rett overfor leiren til kongen.
33) Tidleg om morgonen stod kongen opp, og for med hæren på storm-marsj langs vegen til Beth-zechariah, og troppene hans gjorde seg klare til slag, og bles i trompetar.
34) Dei synte
elefantane druesaft og morbær, for å eldne dei til kamp
35) og dei fordelte dyra på sidene. Ved kvar elefant stasjonerte dei tusen mann med panserbrynje, og fem hundre utvalde ryttarar vart knytt til kvar elefant.
36) Desse posisjonerte seg i høve til elefanten, og kvar han
gjekk så fylgde dei med, og dei veik aldri frå han.
37) Og på elefantane var tre-tårn - sterke og armerte. Desse var festa på kvart dyr med spesielt seletøy, og i på kvar elefant var fire krigarar, og dessutan ein indisk elefant-drivar.
38) Resten av ryttarsoldatane vart stasjonert på hærens to
flankar (sider), for å plage fienden medan dei sjølve var verna av falanksen.
39) Då sola fall på skjolda av gull og messing, lyste det av åsane - dei glødde
som flammande faklar.
40) Nokre av kongens tropper var spreidd utover høgdedraga, og nokre tropper
var nede på sletta. Og dei marsjerte stødig fram i god orden.
41) Alle som høyrde larmen frå denne veldige flokken medan
den marsjerte fram, og klankinga frå våpna deira skalv, for hærstyrken var
veldig og sterk.
42) Men Judah og hæren hans møtte dei i slag, og seks hundre
menn av kongens hær fall.
43) Og Eleazar, som vart kalla Avaran, såg at ein av
elefantane var utstyrt med kongeleg våpen. Han var større enn dei andre, så han
rekna med at kongen var på han.
44) Så han ofra livet for å berge folket sitt og vinne seg
eit namn for ettertida.
45) Modig sprang han midt inn i hærstyrken for å kome fram til kongens elefant. Han drepte menn til høgre og venstre, og dei spreidde seg til begge sider der han for fram.
46) Han kom seg under elefanten, og stakk han nedanfrå og drepte han. Men
elefanten fall over han, og han døde.
47) Og då jødane innsåg kor mektig kongen var, og med kva
styrke han angreip festninga, snudde dei om og flykta.
48) Soldatane i kongens hær gjekk etter dei mot Jerusalem,
og kongen let hæren sin slå leir i Judea og på Sions-berget.
49) Han inngjekk fredsavtale med mennene i Beth-zur, og dei
evakuerte byen, for dei hadde ikkje nok forsyningar til å stå imot ei beleiring,
sidan det var sabbats-år i landet.
50) Så kongen tok Beth-zur, og stasjonerte ein vaktstyrke
der.
51) Så leira han seg framfor heilagdommen i mange dagar. Han let bygge stormings-tårn, krigsmaskiner til å kaste eld og stein med, pilskyte-maskiner og katapultar.
52) Jødane laga også krigsmaskiner, for å stå imot, og kjempa i mange dagar.
53) Men dei hadde ikkje mat på lager, for det var det sjuande året. Dei som hadde berga seg i tryggleik frå heidningane til Judea hadde brukt opp dei siste forsyningane.
54) Få menn var att i heilagdommen, for dei som var att hadde lidd av svolt, så
mange av dei hadde fare heim til heimstadane sine.
55) Då fekk Lycias høyre at Philip, som kong Antiochus hadde utvald til å
oppsede sonen sin, (også med namn Antiochus), til å verte konge,
56) var komt heim frå Persia og Media med hærstyrkane som hadde vore med kongen, og at han prøvde å ta kontroll over lands-styringa.
57) Då gav han snøgt ordre om å bryte leiren, og han sa til kongen (Antiochus jr.), til offiserane og til mennene: "Vi vert veikare for kvar dag, og forsyningane våre med mat skrumpar inn. Byen vi kjempar mot er sterk, ovårt lands affærer legg stort press på oss.
58) Lat oss
nå få ei semje med desse mennene, og gjere fredsavtale med dei og heile landet
deira,
59) og gå med på at dei får leve etter lovene sine som dei
før har gjort, for det var fordi vi avskaffa lovene deira at dei vart sinte og
gjorde alt det dei har gjort."
60) Kongen og offiserane tykte vel om talen, og han sendte
eit fredstilbod til jødane, som dei aksepterte.
61) Og kongen og offiserane avla eid. På desse vilkåra evakuerte jødane festninga.
62) Men då kongen gjekk opp på Sions-berget og såg kor sterk
festninga var, braut han eiden sin, og gav ordre om å rive ned festningsmuren.
63) Så tok han snøgt av stad, og vende tilbake til Antioch. Her fann han at Philip hadde tatt kontroll over byen, men han gjekk til kamp mot han, og tok byen med makt.
1 Makkabear, kapittel 7 Til kap. 1
1) I det 151. år reiste Demetrius, son av Seleucus, ut frå Roma. Han segla med nokre få menn til ein by ved kysten, og der byrja han å regjere.
2) Medan han var i ferd med å etablere seg i det kongelege palasset til forfedrene sine, tok hæren Antiochus og Lysias til fange, for å føre dei til han.
3) Men då han fekk greie på dette, sa han: "Lat meg
sleppe å sjå andleta deira!"
4) Då tok hæren og drepte dei, og Demitrius tok sete på sitt kongerikes trone.
5) Så kom alle Israels lovlause og ugudelege menn til han; Alcimus var leiaren
deira - han ynskte å verte øvsteprest.
6) Og dei bar fram for kongen denne skuldinga mot folket: "Judah og brørne hans har drept alle våre vener, og dei har fordrive oss frå landet vårt.
7) Send nå ein mann du har lit til; lat han fare og sjå alle øydeleggingane Judah har brakt over oss og over kongens land, og lat han straffe dei og alle som gir dei hjelp."
8) Da valde kongen Bacchides, ein av kongens vener, guvernør i provinsen på hi
sida av elva; han var ein av rikets mektige menn, og trufast mot kongen.
9) Og han sende han, saman med den ugudelege Alcimus som han
hadde gjort til øvsteprest; og han befalte han å ta hemn på Israels søner.
10) Og dei tok ut, og kom med ein stor styrke til
Judea-landet; og Bacchides sende bodberarar til Judah med eit svikefullt tilbod
om fred.
11) Men dei lytta ikkje til desse orda, for dei såg at dei
hadde komt med ein stor styrke.
12) Så kom ein tropp av skrivarar til Alcimus og Bacchides for å be om rettferdige fredsvilkår.
13) Det var hasidearane som var dei første av Israels søner som bad om fred,
14) for dei hadde sagt til kvarandre: "Ein prest som ættar frå Aron er med hæren, og han vil ikkje gjere oss skade."
15) Og dei vart møtt med venlege ord, og denne eiden vart gitt dei: "Vi skal
ikkje skade dykk eller venene dykkar."
16) Så dei leit på dei. Men Bacchides greip seksti av dei og drepte dei på ein dag, slik som det står i skrifta:
17) Kjøtet til dine heilage, og blodet deira
tømte dei ut omkring - rundt Jerusalem,
og der var ingen som kunne gravlegge dei."
18) Då vart folket råka av frykt og gru, for dei sa: "Det fins inga
sanning eller rettferd hos dei, for dei har brote avtalar og eidar som dei har
sverja."
19) Då drog Bacchides bort frå Jerusalem, og slo leir i Beth-zaith. Og han let
gripe mange av mennene som hadde gått over til han, samt nokre av dei som budde
der i landet. Han drepte dei alle, og heiv lika i ei djup kløft.
20) Han sette Alcimus til å styre landet, og etterlet han ein hærstyrke til
hjelp med dette. Så drog Bacchides tilbake til kongen.
21) Alcimus streva etter å verte øvsteprest,
22) og alle dei som var til plage for folket slo seg ihop
med han. Dei fekk kontroll over landet Judea, og påførte Israel mykje skade.
23) Og Judah såg all vondskapen som Alcimus og dei som var med han påførte Israels søner. Det var verre enn det heidningane hadde gjort.
24) Så Judah drog omkring i alle distrikta rundt om i Judea,
og tok hemn på mennene som hadde desertert, og han hindra byfolket i å fare ut
på landsbygda.
25) Då Alcimus såg at Judah og dei som var med han hadde
vakse seg sterke, og han skjøna at han ikkje kunne stå imot dei, vende han
tilbake til kongen, og hadde med vonde skuldingar mot dei.
26) Då sende kongen Nicanor, ein av sine utkåra prinsar, som
hata og avskydde Israel, og han befalte han å knuse folket.
27) Og Nicanor kom til Jerusalem med ein stor hærstyrke, og han sende dette svikefulle fredstilbodet til Judah og brørne hans:
28) "Lat det ikkje bli nokon strid mellom meg og deg.
Eg skal kome til deg med nokre få menn, for å møte deg til fredssamtalar andlet
til andlet.
29) Så kom han til Judah, og dei helsa fredfullt på kvarandre. Men fienden var
klar til å gripe Judah.
30) Judah fekk greie på at Nicanor hadde kome til han med
svik, så han vart redd han, og ville ikkje møte han fleire gonger.
31) Då Nicanor skjøna at planen hans hadde mislukkast, gjekk
han fram for å møte Judah i slag nær Caphar-salama.
32) Omlag fem hundre av hæren til Nicanor fall, og resten flykta inn i Davids-byen.
33) Etter desse hendingane gjekk Nicanor opp på
Zions-berget. Nokre av prestane kom ut frå tempelet saman med nokre av dei
eldste, for å helse han med fred, og for å vise han brennofferet som skulle
ofrast til kongen.
34) Men han håna og fornedra dei og tala hovmodig til dei,
35) og i vreide svor han denne eiden: "Om ikkje Judah og hæren hans fell i mine hender denne gongen, så skal eg brenne opp dette huset om eg kjem trygt tilbake." Og så drog han ut i stort raseri.
36) Då gjekk prestane inn og
stod framfor altaret og tempelet, og dei gret og sa:
37) "Du valde dette huset til å verte kalla med ditt namn,
og til å vere for ditt folk eit hus for bøn og påkalling.
38) Ta hemn på denne mannen og hæren hans,
og lat dei falle ved sverdet;
hugs deira vanvørdsle,
og lat ingen av dei få leve lenger."
39) Nå gjekk Nicanor ut frå Jerusalem og slo leir i Beth-horen, og den syriske
hæren slo seg saman med han.
40) Og Judah hadde leir i Adasa med 3000 mann. Då heldt Judah bøn og sa:
41) "Då sendeboda frå kongen tala vanvørdsleg, gjekk
engelen din fram og slo ned 185 000 av assyrarane.
42) Knus hæren som står framfor oss i dag på same vis. Og lat folk få vite at
Nicanor har tala vanvørdsleg om tempelet, og lat han bli straffa for denne
vondskapen."
43) Så møttes hærene til slag på den trettande dag i månaden Adar. Hæren til
Nicanor vart knust, og han sjølv var den første som fall i slaget.
44) Då hæren hans såg at Nicanor hadde falle, kasta dei frå
seg våpna og rømde.
45) Jødane forfylgde dei ein dags marsj, frå Adasa til
Gazara, og medan dei for etter dei bles dei kampsignal på trompetane.
46) Og menn kom ut frå alle landsbyar rundt om i Judea, og dei avskar fienden og jaga dei tilbake til forfølgjarane, slik at dei alle fall ved sverdet. Ikkje ein av dei overlevde.
47) Så tok jødane krigsbytte, og dei skar av Nicanors hovud og høgre hand, som
han så hovmodig hadde strekt fram, og sette på utstilling rett utanfor
Jerusalem.
48) Folket jubla og feira dagen som ein stor gledesdag.
49) Og dei erklærte at dagen skulle feirast kvart år på den trettande dagen i Adar.
50) Så hadde Judea-landet fred i nokre få dagar.
8) landet India og Media og Lydia. Desse provinsane tok dei
frå han, og gav dei til kong Eumenes.
9) Grekarane la planar om å gå mot dei og knuse dei,
10) men romarane fekk
greie på desse planane, og dei sende ein general mot grekarane. Mange av
dei vart såra og fall, og romarane tok deira kvinner og barn til fange. Dei
erobra landet, plyndra og reiv ned festningsverka; og grekarane har vore slavar
under romarane sidan.
11) Dei
resterande kongerika og øyane - alle som opponerte mot dei, knuste og slavebatt
dei.
12) Men mot sine vener og dei som leit på dei, har dei vore venlege. Dei har kua kongar nært og fjernt, og alle som har høyrt gjetord om dei fryktar dei.
13) Dei dei vil hjelpe og gjere til kongar, gjer dei til kongar, og dei avset
kven dei vil frå trona. Og dei vert æra høgt.
14) Trass alt dette har ingen av dei sett på seg krone eller bore purpur som maktmerke,
15) men dei har bygt seg eit senats-hus, og kvar dag drøftar 120 senatorar kontinuerlig folkets saker, for å styre dei best mulig.
16) Kvart år utvel dei ein mann som skal styre over dei og
føre kontroll med alle landa deira. Alle gir full støtte til denne mannen, og det fins inga misunning eller
sjalusi mellom dei.
17) Så Judah valde Eupolemus, son av Johannes, son av Accos, og Jason, son av Eleazar, og sende dei til Roma for å tinge om vennskaps-samband og allianse.
18) Dette for å fri seg frå åket, for han såg at det greske
kongeriket slavebatt Israel fullstendig.
19) Dei drog til Roma - ei svært lang reise, og dei gjekk inn i senats-kammeret og tala slik:
20) "Judah, som også vert kalla Makkabeus, og brørne hans og heile jødefolket har sendt oss til Dykk for å be om fred og allianse, slik at vi kan verte Dykkar vener og allierte."
21)
Romarane tykte vel om tilbodet,
22) og her er sitat av brevet dei skreiv på bronsetavler som svar, og som sendemennene fekk med tilbake til Jerusalem som prov på fred og allianse:
23) "Måtte alt gå vel for romarane og for landet til
jødane, på sjø og land til evig tid. Og måtte sverd og fiende halde seg langt
borte frå dei.
24) Dersom Roma eller nokon av deira allierte undersåttar vert først råka av
krig,
25) skal landet til jødane opptre heilhjerta som deira
allierte, slik dei meiner situasjonen krev.
26) Og til fienden som fører krigen, skal dei ikkje utlevere
korn, våpen. pengar eller skip, slik som Roma har bestemt. Og dei skal stå ved
forpliktingane sine utan å krevje noko vederlag.
27) På same vis, om krig kjem først til jødane, så skal
romarane velvillig opptre som deira allierte, slik som dei best meiner
situasjonen krev.
28) Og til fienden skal dei ikkje gi korn, våpen, pengar
eller skip, slik Roma har bestemt, og dei skal halde desse forpliktingane, og
vere utan svik.
29) Med desse ord inngår romarane ein pakt med jøde-folket.
30) Dersom begge partar vert samde om å gjere tillegg eller
stryke noko i denne pakten etter at den har trått i kraft, skal dei gjere dette
med diskresjon, og alle tillegg eller strykingar dei gjer skal gjelde.
31) Og når det gjeld misdådane som kong Demetrius gjer mot jødane, så har vi
skrive til han som følgjande" 'Kvifor har du lagt åket ditt tungt på
jødane, våre vener og allierte?
32) Dersom dei nå ein gong til ber oss om hjelp mot deg, så
skal vi forsvare deira rettar og kjempe mot deg på sjø og land.'"
1 Makkabear, kapittel 9 Til Kap 1
1) Då Demetrius fekk vite at Nicanor og hæren hans hadde falle i strid, sende han Bacchides og Alcimus inn i landet til jødane for andre gang, saman med høgre ving av hæren.
2) Dei for etter vegen som leier til Gilgal, og angreip
Mesaloth i Arbela, og dei tok byen og drap mykje folk.
3) I den første månad av det 152. år gjorde dei eit angrep på Jerusalem.
4) Så marsjerte dei vidare, og drog til Berea med 20 000
fotsoldatar og 2 000 ryttarar.
5) Nå hadde Judah leiren sin i Elasa, og med han var 3 000
utvalde menn.
6) Då dei såg den store hæren som kom mot dei, vart dei
svært redde, og mange av dei rømde frå leiren, så det til sist var bare 800 av
dei igjen.
7) Då Judah såg at hæren hans hadde rømt unna og at slaget
stod for døra, vart han hugbroten, for han hadde ikkje tid til å få samla
krigarane att.
8) Han vart mismodig, men han sa til dei som var tilbake: "Lat oss reise oss og gå mot fiendane våre. Kanskje kan vi slå dei."
9) Men dei prøvde å frårå han dette, og sa: "Det er vi
ikkje i stand til. Lat oss heller berge oss sjølve no, og lat oss kome tilbake
saman med våre brør for å kjempe mot dei. Vi er for få."
10) Men Judah sa: "Slett ikkje skal vi gjere noko slikt
som å røme frå dei. Om vår time er komen....lat oss døy tappert for våre brør,
så ingen skal tvile på vår krigar-ære."
11) Då marsjerte hæren til Bacchides ut fråleiren og stilte
seg i slag-formasjon. Kavaleriet var delt i to kompani, og slyngekastarane og
bogeskytarane gjekk fremst i hæren, saman med alle offiserane.
12) Bacchides var på høgre ving. Med dei to ryttar-kompania
på sidene, rykte hæren fram til ljomen av trompetar, og Judahs menn bles også i
trompetane.
13) Jorda skalv av larmen frå hærene, og slaget rasa frå
morgon til kveld.
14) Judah såg at Bacchides og sterkaste del av hæren hans var ute på høgresida. Og alle hans tapre menn gjekk med han,
15) og dei nedkjempa høgre ving, og forfylgde dei så langt som til
Azotus-berget.
16) Då dei på venstre ving såg at høgre ving var knust, snudde dei om og fylgde tett etter Judah og mennene hans.
17) Det vart ein desperat kamp, og mange på begge sidar vart
såra og fall.
18) Også Judah fall, og resten av hæren hans rømde.
19) Så tok Jonathan og Simon og gravla sin bror Judah i
grava til far deira, ved Modein,
20) og dei gret over han. Og heile Israel klaga stort over
han. Dei sørgde i mange dagar, og sa:
21)
Korleis har den mektige falle - Israels frelsar!"
22) Resten av Judahs gjerningar - og hans krigar og tapre
bragder - og hans stordom, er ikkje blitt fortalt, for dei var mange.
23) Etter Judahs død utvikla lovløyse seg i alle deler av Israel. Alle misgjerningsmenn dukka fram.
24) I desse dagar oppstod ein stor hungersnaud, og landet overgav seg med
misgjerningsmennene til fienden.
25) Og Bacchides valde ut dei ugudelege, og sette dei til å
styre landet.
26) Dei søkte og leita etter Judahs tilhengarar, og brakte dei til Bacchides, og han hemna seg på dei og brukte dei til løyer.
27) Slik kom stor liding over Israel. Så gale hadde det ikkje vore sidan dei tider då
profetane slutta å opptre mellom dei.
28) Då samla alle tilhengarane av Judah seg, og sa til Jonathan:
29) "Sidan din bror Judah døde, har vi ikkje hatt nokon
som han som kan gå mot fiendane våre og Bacchides, og som kan handskast med dei
i landet vårt som hatar oss.
30) Så i dag har vi valt deg til å ta hans plass som vår styrar og leiar; til å leie kampen vår."
31) Og Jonathan tok då på seg leiarskapet, og tok plassen
etter Judah, bror sin.
32) Då
Bacchides fekk greie på dette, prøvde han å drepe han.
33) Men Jonathan og Simon, bror hans, og alle som var med
han fekk vite om dette, og dei rømde ut i villmarkane i Tekoa og slo leir ved
breidden av Asphar-dammen.
34) Bacchides fekk greie på dette på sabbatsdagen, og han
sette over Jordan med heile hæren sin.
35) Og Jonathan sendte folkehopen, med bror sin, Johanan,
som leiar, til nabatearane, som var venene deira, for å be om å få lagre alt
forrådet dei hadde med hjå dei.
36) Men sønene til Jambri frå Medeba kom ut og tok Johanan
og alt forrådet han hadde, og drog av stad med det.
37) Etter desse hendingane vart det rapportert til Jonathan
og bror hans, Simon, følgjande: "Sønene til Jambri feirar eit stort
bryllup, og fører bruda - ei datter av ein stormann frå Kanaan, frå Nadabath
med eit stort følgje."
38) Og dei hugsa blodet til bror deira, Johanan, og gjekk og
gøymde seg bak fjellet.
39) Dei lyfte augene og kika, og såg ein prosesjon tumle
fram med mykje pakk-gods, og at brudgommen kom ut med venene og brørne sine for
å møte dei med tamburinar og musikarar og mange våpen.
40) Så storma dei på dei frå bakhaldet, og byrja drepe dei. Mange vart såra og fall, og resten rømde opp i fjella. Og dei tok alt godset deira.
41) Slik vart bryllupet vendt til sorg, og musikarane måtte
spele gravsalmar.
42) Og då dei til fulle hadde hemna blodet til bror sin,
vende dei tilbake til våtmarkane ved Jordan.
43) Då Bacchides fekk høyre om dette, kom han på
sabbatsdagen med ein stor hærstyrke til Jordans breidder.
44) Og Jonathan sa til dei som var med han: "Lat oss stå
opp og kjempe for våre liv, for i dag stiller ting seg annleis enn før.
45) For sjå! Slaget står framfor oss og bak oss. Jordans vatn er om oss på begge sider, med våtmarkar og villnis. Vi kan ikkje sleppe unna nokon veg.
46) Rop nå mot himmelen at de må gå klar fiendens våpen."
47) Så byrja slaget, og Jonathan gjekk fram for å slå
Bacchides, men han unnveik og trakk seg til bakrekka.
48) Då hoppa Jonathan og mennene hans i Jordan og symde over
til andre sida, og fienden gjekk ikkje etter dei over Jordan for å angripe.
49) Og omlag 1 000 av Bacchides menn fall den dagen.
50) Då drog Bacchides tilbake til Jerusalem og bygde sterke byar i Judea -
festningane i Jericho, Emmaus, Beth-horon, Bethel, Timnath, Pharathon og
Tephon, med høge murar og portar og slåer.
51) Og han plasserte vaktstyrkar i festningane, for å trakassere Israel.
52) Han befesta også byen Beth-zur, og Gazara og palasset, og han plasserte
tropper og store matlager der.
53) Og han tok sønene til leiande menn i landet som gissel,
og sette dei under vakt i palasset i Jerusalem.
54) I det 153 år, i den andre månaden, gav Alcimus ordre om å rive ned murane omkring den indre tempelgarden i tempelet. Han reiv ned profetane sitt verk!
55) Men han fekk bare så vidt byrja med dette, for nå fekk Alcimus hjerneslag,
og arbeidet hans vart forhindra. Han miste taleevna og vart lamma, slik at han
ikkje kunne seie eit ord og ikkje gi befalingar.
56) Og Alcimus døydde så, med mykje smerte.
57) Då
Bacchides fekk høyre at Alcimus var død, vende han tilbake til kongen, og Judas
land fekk ro i to år.
58) Då slo alle dei lovlause seg saman, og sa: "Sjå!
Jonathan og mennene hans lever i fred og tryggleik. Lat oss hente Bacchides
tilbake, og han vil fange dei alle på ei natt."
59) Og dei drog og samrådde seg med han.
60) Bacchides sette då ut med ein stor hærstyrke, og han
sende løyndebrev til sine allierte i Judea, og bad dei gripe Jonathan og
mennene hans. Men dei greidde ikkje dette, for planen deira vart kjendt.
61) Og Jonathans menn greip omlag femti av mennene som var leiarane for lands-sviket, og drap dei.
62) Så drog Jonathan med sine menn og Simon seg tilbake til
Bethbasi i villmarkane. Han bygde opp att dei delene av byen som hadde blitt
nedrivne, og befesta byen.
63) Då Bacchides fekk greie på dette, samla han styrkane sine, og gav ordrer
til mennene i Judea.
64) Og han tok ut og gjekk til åtak på Bethbasi. Han kjempa mot byen i fleire
dagar, og let bygge krigsmaskiner.
65) Men Jonathan etterlet Simon, bror sin, i byen, medan han
sjølv drog ut på landet. Han la ut med bare nokre få menn.
66) Han drap Odomera og brørne hans og sønene til Phasiron i
telta deira.
67) Så byrja han angripe. Han gjekk til kamp med styrken
sin, og Simon og mennene hans gjorde utfall frå byen, og sette fyr på krigsmaskinene.
68) Dei kjempa mot Bacchides, og dei greidde slå han. Dei påførte han eit smerteleg nederlag - planen hans og hærtogets hans hadde mislukkast totalt.
69) Så han harmdes mykje over dei lovlause mennene som hadde rådd han til å
gjere inntog i landet, og han drap mange av dei. Så bestemte han seg for å fare
heim til sitt eige land.
70) Då Jonathan fekk vite om dette, sende han ombodsmenn til han for å gjere
fredsavtale, og få frigitt fangane.
71) Bacchides samtykte og gjorde som Jonathan bad. Og han
svor at han ville ikkje prøve å skade han så lenge han levde.
72) Han frigav fangane som han tidlegare hadde teke i landet
Judea. Så vende han om og drog heim til sitt eige land, og kom aldri meir til
Judea.
73) Slik vart det slutt på ufreden i Israel. Og Jonathan slo
seg ned i Michmash. Og han byrja styre folket. Og han jaga dei ugudelege ut av
Israel.
8) Dei vart sjokka då dei høyrde at kongen hadde gitt han autoritet til å rekruttere tropper.
9) Men mannskapet i festninga frigav gisla til Jonathan, og han sendte dei heim
til foreldra deira.
10) Og Jonathan slo seg ned i Jerusalem og byrja restaurere og gjenreise byen.
11) Han instruerte arbeidsfolka til å bygge murane av rettskoren stein, og til å legge murane rundt Sions-berget, for at forsvarsverka skulle verte betre. Og slik gjorde dei det.
12) Då rømde dei framande som var i festninga som Bacchides hadde bygt.
13) Kvar av dei forlet sin plass og drog heim til sitt eige
land.
14) Bare i Beth-zur var nokre att, som hadde brote lover og
ordrar. For dette var ein fristad for flyktingar.
15) Nå fekk kong Alexander høyre om alle løfta som Demetrius hadde sendt til Jonathan, og menn fortalde han om slaga som Jonathan og brørne hans hadde utkjempa, om dei tapre dådane dei hadde gjort, og om alle vanskane dei hadde overvunne.
16) Så han sa: "Kan vi finne ein annan slik mann? Kom nå; vi vil gjere han
til vår venn og allierte."
17) Og han skreiv eit brev og sendte til Jonathan, med følgjande ord:
18) "Kong Alexander sender helsingar til sin bror Jonathan.
19) Vi har høyrt om deg at du er ein mektig krigar og verdt å vere vår venn.
20) Så i dag har vi utnemnt deg til å vere øvsteprest i landet ditt. Og du skal kallast kongens venn" (og han sendte han ei purpurkappe og ei gullkrone) "og du skal stå på vår side og halde vennskap med oss."
21) Då tok Jonathan på seg den heilage klednaden. Det var i
det eitt hundre og sekstiande året, under tabernakel-festen, og han rekrutterte
tropper og utstyrte dei rikeleg med våpen.
22) Då Demetrius fekk høyre om dette, vart han fortørna og sa:
23) "Kva er det vi har gjort? Alexander har vunne
framom oss i å inngå vennskap med jødane, for å styrke seg sjølv.
24) Eg skal også skrive oppmuntrande ord til dei, og love dei ære og gåver, for å få deira støtte."
25) Så han sendte dei følgjande melding: "Kong Demitrius helsar
jøde-folket.
26) Vi har erfart at du har halde dine avtalar og teke vare
på vennskapet med oss, og at du ikkje har teke side med våre fiendar, og dette
gler oss.
27) Hald no fram med å stø oss, så skal vi løne deg godt for
dette.
28) Vi vil gi deg mange føremoner og gåver.
29) Hermed er du og alle jødar fritekne frå å betale skatt og saltavgift og avgift til krona,
30) og ikkje skal eg samle inn tredelen av alt korn og halvparten av all frukt
på trea - eg avstår dette frå denne dag og vidare fram. Eg vil ikkje samle inn
denne avgifta i Judea eller frå omliggande distrikt som høyrer Judea til,
Samaria og Galilea, frå denne dag og til evig tid.
31) Og rikdommane og inntektene til Jerusalem og byens omland skal vere heilage og frie for skatt.
32) Eg avstår all kontroll over festninga i Jerusalem til øvstepresten, slik at han kan stasjonere menn der etter sitt eige val til å vakte ho.
33) Og kvar ein jøde frå Judea-landet som er teken til fange
i kvar ein del av kongeriket mitt, skal eg setje fri utan vederlag, og
embetsmennene skal løyse dei frå kvegskatten deira.
34) Og alle festar og sabattar og nymåne og høgtidsdagar, og dei tre dagane før
og dei tre dagane etter ein fest...lat desse alle vere dagar til kvile og fred
for alle jødar som har tilhald i kongeriket mitt.
35) Ingen skal ha makt til å presse dei for noko, eller
plage nokon av dei, kva det så gjeld.
36) Lat
jødar verte innrulla i kongens hærstyrkar i eit tal på tretti tusen mann, og
lat dei få same underhald som alle dei andre i kongens hær.
37) Lat somme av dei verte stasjonerte i kongens store
festningar, og lat somme av dei få leiande stillingar i kongeriket. Lat deira
leiarar og offiserar vere av deira eige folk, og lat dei leve etter sine eigne
lover, nett slik kongen har befalt det skal vere i Judea-landet.
38) Når det gjeld dei tre distrikta av Samaria som er blitt
tillagt Judea, skal desse vere knytt til Judea på slikt vis at dei står under ein
regent, og skal ikkje adlyde andre enn øvstepresten.
39) Byen Ptolemais med omland gir eg som gåve til tempelet i Jerusalem, til å avhjelpe tempelets naudsynte utgifter.
40) Eg løyver også årleg femten tusen sølv-sheklar av kongens toll-inntekter
frå høvelege stader.
41) Og alle andre løyvingar som dei offisielle embetsmennene
ikkje har utbetalt som dei gjorde dei første åra, skal dei frå no av betale ut,
til tempeltenesta.
42) Vidare - dei fem tusen sølv-sheklar som embetsmennene
mine har mottatt kvart år av tempel-inntektene....denne innkrevjinga skal også
stoppast, for det er inntekter som tilhøyrer prestane som gjer teneste i
tempelet.
43) Og einkvar som søker tilflukt i tempelet i Jerusalem, eller i eitt av tempelområda, fordi han skuldar kongen pengar eller har anna gjeld - lat han bli fri frå gjelda og få att all sin eigendom i riket mitt.
44) Lat kostnadane med å bygge opp att og reparere tempelet verte betalt med
kongens tollinntekter.
45) Og lat kostnadane med å bygge opp att murane omkring
Jerusalem og forsterke dei heile vegen rundt, og kostnadane med å bygge opp att
murane i Judea, også verte betalt med kongens tollinntekter."
46) Då Jonathan og folket høyrde desse orda, trudde dei
ikkje på dei, og aksepterte dei ikkje, for dei hugsa dei store misgjerningane
Demetrius hadde gjort i Israel, og kor hardt han hadde undertrykt dei.
47) Dei heldt seg til Alexander, for han var den første som hadde tala til dei om fred, og dei var hans allierte i alle hans dagar.
48) Nå samla kong Alexander ein stor styrke og gjekk til
krig mot Demetrius.
49) Dei to kongane møttes i slag, og hæren til Demetrius måtte røme, og
Alexander forfølgde han og nedkjempa han.
50) Han let hæren stå hardt på til sola gjekk ned, og
Demetrius fall den dagen.
51) Så sendte Alexander ambassadørar til kong Ptolemaios i Egypt, med følgjande
melding:
52) "Sidan eg har vendt heim til riket mitt og tatt sete på mine fedres trone og befesta mi makt....for eg knuste Demetrius og fekk kontroll over vårt land;
53) eg møtte han i slag, og han og hæren hans vart knust av
oss, og vi har tatt sete på trona i kongeriket hans....
54) lat oss derfor nå inngå vennskap med kvarandre. Gi meg
di datter til kone, og eg vil bli svigerson din, og vil gi gåver til deg og
henne som svarar til dykkar vørd."
55) Kong Ptolemaios svara og sa: "Lukkeleg var dagen då du kom tilbake til dine fedres land og tok sete på trona i kongeriket deira.
56) Og no vil eg gjere som du skriv til meg og bad om, men møt meg ved
Ptolemais, så vi kan sjå kvarandre, og eg vil bli din svigerfar som du har
sagt."
57) Så drog Ptolemaios ut frå Egypt - han og dattera hans, Cleopatra, og kom til Ptolemais i det eitt hundre og seksti-andre året.
58) Kong Alexander møtte han, og Ptolemaios gav han Cleopatra, datter si til
gifte, og dei feira bryllup i Ptolemais med mykje pomp og prakt, som kongar
gjer.
59) Så skreiv kong Alexander til Jonathan, og bad han kome og møte han.
60) Og han drog ut med pomp og prakt og møtte dei to kongane. Han gav dei og
vennene deira mange gåver, og vart vel motteken.
61) Ein bande låke, lovlause menn frå Israel samla seg omkring han og kom med skuldingar mot han, men kongen brydde seg ikkje om dei.
62) Kongen gav ordre om å ta klednaden av Jonathan og kle han i purpur, og så
vart gjort.
63) Og kongen gav han sete ved si side, og han sa til offiserane sine: "Gå med han til sentrum i byen og erklær at ingen skal kome med skuldingar mot han om noko sak, og lat ingen plage han med noko som helst."
64) Og då klagarane hans såg kva ære som vart gitt han,
ifølgje proklamasjonen, så rømde dei alle.
65) Slik æra kongen han, og gjorde han til ein av vennene sine, og gjorde han
til general og guvernør i provinsen.
66) Og Jonathan returnerte til Jerusalem i fred og glede.
67) I det eitt hundre og seksti-femte året kom Demetrius, son av Demetrius, frå Kreta til sine fedres land.
68) Då kong Alexander fekk høyre om dette, ana han uråd, og vende tilbake til Antiokia
69) Og Demetrius gjorde avtale med Apollonius, guvernør i Kølesyria, og han samla ein stor hær og gjekk til krig mot Jamnia. Så sendte han følgjande melding til øvstepresten Jonathan:
70) "Du er den einaste som gjer oppreist mot oss, og eg har blitt til lått og skam på grunn av deg. Kvifor opponerer du mot oss i fjell-landet?
71) Om du nå har tru på styrken din, så kom ned på sletta og møt oss, og lat oss måle styrke med kvarandre der, for eg har med meg styrkane frå byane.
72) Spør og høyr kven eg er, og kven andre det er som stør oss. Menn vil fortelje deg at du kan ikkje motstå oss, for dine fedre vart to gangar jaga på flukt i sitt eige land.
73) Og nå vil du ikkje vere i stand til å stå imot ryttarane mine og ein slik hær på slettene, der det ikkje fins stein eller småstein, eller nokon stad å røme."
74) Då Jonathan høyrde desse orda av Apollonius, vart han oppglødd. Han valde ut ti tusen mann, og drog ut frå Jerusalem, og Simon, bror hans, møtte han for å hjelpe til.
75) Han slo leir framfor Joppa, men byfolka stengte portane,
for Apollonius hadde ein garrison i Joppa.
76) Så gjekk dei til kamp mot byen, og mennene i byen vart
redde og opna portane, og Jonathan fekk kontroll over Joppa.
77) Då Apollonius høyrde dette, mønstra han tre tusen
ryttarar og ein stor hær, og drog mot Azotus, som om han ville fare vidare.
Samstundes rykte han inn på slettene med andre styrkar, for han hadde store
ryttar-tropper og sette sin lit til dei.
78) Jonathan forfølgde han til Azotus, og hærene gjekk i slag.
79) Nå hadde Apollonius i løynd halde att tusen ryttarar bak
dei.
80) Jonathan forstod at det var eit bakhald bak han, for dei omringa hæren hans
og skaut piler på mennene hans frå tidleg morgon til seint på ettermiddagen.
81) Men mennene stod fast, som Jonathan beordra, og fiendens hestar vart trøytte.
82) Då rykte Simon fram med styrkane sine og baud fallanksen slag (for ryttarane var utslitt); dei vart overkøyrt av han, og rømde,
83) og ryttarane var spreidd over sletta. Dei rømde til Azotus, og gjekk inn i Beth-Dagon, tempelet til guddommen deira, for å søke trygd.
84) Men Jonathan brende Azotus og byane omkring, og plyndra
dei. Og han brende tempelet til Dagon og dei som hadde søkt tilflukt der med
eld.
85) Talet på dei som fall ved sverd eller eld kom opp i åtte tusen mann.
86) Då drog Jonathan derifrå, og gjekk til angrep på Askalon. Og mennene i byen kom ut for å møte han med store gåver.
87) Og Jonathan og dei som var med han kom tilbake til Jerusalem med stort krigsbytte.
88) Då kong Alexander fekk høyre om dette, sette han Jonathan endå høgare i ære,
89) og han sendte han eit gull-spenne, slik det er skikk å gi til kongens venner. Han gav han også Ekron med omland til eige.
DAGON er ein gammal
mesopotamisk vegetasjons-gud. Han var far til Baal. Nament hans tyder korn.
Han lærte menneska betre dyrkingsmetodar,
og fann opp plogen. I Filisterlandet var der Dagon-tempel i meir enn 2000 år,
sjølv om Baal tok over som øvstegud i dei fleste deler av Midt-Austen.
Dagon er ein av dei aller eldste gudar vi
kjenner. Ras Shamra-tekstane hevdar at Dagon er den same som EL - den
eldste og øvste av alle dei semittiske gudane. Israels gamle profetar hadde El
med i namna sine - Esekiel, Daniel, Elieser, Eli, Samuel, osv.
Dagon-tempelet i Ashdod var i bruk heilt
fram til år 0. Dagon vart avbileta som halvt menneske og halvt fisk.
1 Makkabear, kapittel 11 Til Kap. 1
1) Då samla kongen av Egypt styrkar så tallrike som sandkorn på stranda, og mange skip; og han prøvde med knep å få hand om Alexanders kongerike, så han kunne legge det til sitt eige kongerike.
2) Han kom til Syria med vennlege ord, og folket i byane åpna portane for han og gjekk ut for å møte han. For kong Alexander hadde beordra dei til å ta imot han, sidan han var Alexanders svigerfar.
3) Men då Ptolemaios hadde komt seg inn i byane, stasjonerte han styrkar der - ein garrison i kvar by.
4) Då han kom til Azout, viste dei han det nedbrente Dagon-tempelet, og at
Azout og landsbyane omkring var øydelagt, og lika som låg omkring, og dei
forkola kroppane til dei som Jonathan hadde brent i krigen - dei hadde samla
desse saman i haugar langs ruta der Ptolemaios drog fram.
5) Dei fortalde også kongen kva Jonathan hadde gjort for å kaste skuld på han,
men kongen sa ikkje noko.
6) Jonathan møtte kongen ved Joppa med pomp og prakt, og dei helsa kvarandre og
tilbrakte natta der.
7) Og Jonathan gjekk med kongen så langt som til den elva dei kallar
Eleutherus; så vende han tilbake til Jerusalem.
8) Og kong Ptolemaios fekk kontroll over kystbyane så langt som til Seleucia
ved sjøen, og han dreiv på med å legge vonde råd mot Alexander.
9) Han sende utsendingar til kong Demetrius, som sa: "Kom, lat oss gå i
forbund med kvarandre. Eg skal gi deg til gifte dattera mi, som var kona til
Alexander, og du skal få styre over kongeriket til far din.
10) For eg angrar no på at eg gav han dattera mi, for han har prøvd å ta livet av meg."
11) Han kasta skuld på Alexander, for han trådte etter kongeriket hans.
12) Og han tok frå han dattera si og gav ho til Demetrius. Hans tilhøve til Alexander vart kaldt, og fiendskapen mellom dei fastna.
13) Så gjekk Ptolemaios inn i Antiokia og tok på seg Asias
krone. Slik fekk han to kroner på hovudet - Egypts krone og Asias krone.
14) Men kong Alexander var på Sicilia på denne tida, for folket i denne
regionen gjorde opprør.
15) Då Alexander fekk høyre kva som gjekk føre seg, gjekk han til slag mot
Ptolemaios. Ptolemaios gjekk mot han med ein stor styrke, og jaga han på flukt.
16) Og Alexander rømde då til Arabia for å kome i tryggleik, og kong Ptolemaios feira sigeren.
17) Og arabaren Zabdiel hogg hovudet av Alexander og sendte til Ptolemaios.
18) Men kong Ptolemaios døde tre dagar etter, og troppene hans i dei befesta
byane vart drept av innbuarane der.
19) Så Demetrius vart konge i det eitt hundre og seksti-sjuande året.
20) I desse dagar samla Jonathan mennene i Judea for å angripe festninga i
Jerusalem, og han let bygge mange krigsmaskiner til dette formålet.
21) Men nokre lovlause menn som hata landet sitt, gjekk til kongen og
rapporterte at Jonathan hadde beleira festninga.
22) Då han høyrde dette vart han sint, og han drog med ein gong til Ptolemaios, og han skreiv til Jonathan og bad han stogge beleiringa, og møte han i forhandlingar hos Ptolemaios så snøgt som råd.
23) Då Jonathan høyrde dette, gav han ordrer om å halde fram med beleiringa, og han valde ut nokre av dei eldste i Israel og nokre av prestane, og sette også seg sjølv i fare,
24) for han reiste til kong Ptolemaios, og hadde med gull og sølv og klede og mange andre gåver. Og han oppnådde vennskap med han.
25) Sjølv om somme lovlause menn frå landet hans heldt fram med å kome med skuldingar mot han,
26) handsama kongen han slik forgjengarane hans hadde gjort;
han gjorde stor ære på han, framfor augene til alle vennene sine.
27) Han innsette han i embetet som øvsteprest, og gav han alle dei
ære-tilvisingane han før hadde hatt, og let folk sjå at han var ein av hans
næraste venner.
28) Då bad Jonathan kongen om å gi skattefridom til Judea og
dei tre Samaria-distrikta, og han lova han 300 talentar.
29) Kongen samtykte, og gav Jonathan ein skriftleg avtale om dette. Innhaldet
var som følgjer:
30) "Kong Demetrius til hans bror Jonathan av jødanes nasjon, helsar.
31) Denne kopien av brevet som han skreiv angåande deg til vår slektning Lasthenes, har vi også skrive til deg, så du får vite kva det seier.
32) Kong Demetrius til sin far Lasthenes, helsar.
33) Til nasjonen av jødar, som er våre venner og oppfyller
sine plikter mot oss, har vi bestemt å gjere godt, for den gode viljen dei
viser oss.
34) Vi har slått fast at dei skal ha til eige begge territoria av Judea, og dei
tre distrikta Aphairema, Lydda og Rathamin; desse med alle områda som
tilgrensar, skal takast frå Samaria og leggast til Judea. Til alle som gjer
ofringar i Jerusalem har vi gitt fritak frå dei kongelege skattane som kongen
tidlegare mottok frå dei kvart år, av åkergrøden og treas frukter.
35) Og andre avgifter som dei før skulle betale til oss, og skattar og
salt-minene og krone-skatten - vi gir dei fritak frå alt dette.
36) Og inkje av dette skal endrast frå no og til evig tid.
37) Ta no derfor og lag kopi av dette, og la det bli gitt til Jonathan og la det bli slått opp på ein lett synberr stad på det heilage fjellet."
38) Når kong Demetrius no såg at det var blitt fred i landet
og at der ikkje var nokon opposisjon mot han, permitterte han troppene sine -
kvar drog heim til seg, bortsett frå dei utanlandske leigesoldatane som han
hadde rekruttert på øyane. Men alle troppene som hadde tent fedrene hans la han
for hat for dette.
39) Trypho hadde tidlegare vore ein av Alexanders støttemenn. Han såg at alle
troppene knurra mot Demetrius. Då gjekk
han til arabaren Imalkue, som fostra opp Antiochus, den unge sonen til
Alexander,
40) og bad innstendig om at Antiochus vart overlatt til han, så han kunne verte konge i sin fars stad. Han rapporterte også til Imalkue kva Demetrius hadde gjort, og fortalde korleis Demetrius' tropper hata han. Og han heldt seg der i mange dagar.
41) Nå sendte Jonathan oppmoding til Demetrius om at han fjerna troppene i festninga i Jerusalem, samt troppene i dei andre festningane, for dei heldt fram med å kjempe mot Israel.
42) Og Demetrius sendte denne meldinga til Jonathan:
"Ikkje bare vil eg gjere dette for deg og landet ditt, men eg vil tildele
deg og landet ditt stor ære, om eg finn eit høve.
43) Men nå må du gjere vel og sende meg menn til hjelp, for troppene mine har
gjort opprør."
44) Så Jonathan sendte tre tusen trufaste menn til han i Antiokia, og då dei kom til kongen fryda han seg.
45) Då samla bymennene seg i byen i eit tal på 120 000, og dei ville drepe
kongen.
46) Men kongen rømde inn i palasset. Då tok bymennene hovudgatene i byen, og
dei gjekk til kamp.
47) Så kalla kongen jødane til hjelp, og dei samla seg alle om han, og spreidde seg så ut over byen, og den dagen drepte dei så mange som 100 000 mann.
48) Dei sette fyr på byen og tok stort bytte den dagen, og dei berga kongen.
49) Då bymennene såg at jødane tok kontroll over byen som dei ville, svann motet deira, og dei ropte denne bøna til kongen:
50) "Gi oss fred, og få jødane til å slutte å krige mot oss i byen vår."
51) Og dei kasta ned våpna sine og overgav seg. Og jødane oppnådde ære for
kongens auge, og mellom alt folket i kongeriket hans, og dei returnerte til
Jerusalem med stort krigsbytte.
52) Så sat Demetrius på trona i landet sitt, og det var ro i landet.
53) Men han heldt ikkje ord med det han hadde lova, og det kjølna mellom han og Jonathan. Han gjengjeldte ikkje tenestene Jonathan hadde gjort han, men undertrykte han mykje.
54) No kom Trypho tilbake, og med han var ungguten
Antiochus, som byrja regjere - og han sette på seg krona.
55) Alle troppene som Demetrius hadde sendt heim samla seg om Antiochus, og dei
kriga mot Demetrius. Han måtte rømme, og vart ettersøkt.
56) Og Trypho fanga elefantane og tok kontroll over Antiokia.
57) Så skreiv den unge Antiochus til Jonathan og sa: "Eg innset deg som øvsteprest, og set deg til styrar over dei fire distrikta, og gjer deg til ein av kongens venner."
58) Og han sendte han gulltallerkar og bordservise, og gav
han rett til å drikke av gullbeger, kle seg i purpur og bere gullspenne.
59) Han gjorde bror hans, Simon, til guvernør frå Ladder i Tyros til Egypts
grenser.
60) Då tok Jonathan ut, og for over elva og inn mellom byane, og alle hærstyrkane i Syria samla seg om han som allierte. Då han kom til Askalon møtte folket i byen han, og helsa han med ære.
61) Derifrå drog han mot Gaza, men mennene i Gaza stengde for han. Han nedkjempa dei, brann ned forstadane og plyndra.
62) Då bad folket i Gaza Jonathan om nåde, og han gjorde fred med dei og tok sønene til styringsmennene som gissel og sendte dei til Jerusalem. Og han gjekk gjennom landet så langt som til Damaskus.
63) Då fekk Jonathan høyre at offiserane til Demetrius hadde
komt til Kadesh i Galilea med ein stor hær, for å ta makta frå han.
64) Han gjekk for å møte dei, men etterlet sin bror, Simon, i landet.
65) Simon slo leir framfor Beth-zur, kjempa mot byen i mange dagar og omringa
han.
66) Då bad dei han gi dei fredsvilkår, og han gjorde det. Han førte dei bort, tok over byen og stasjonerte ein garrison der.
67) Jonathan og hæren hans leira seg ved breidden av Genesaretsjøen. Tidleg om morgonen marsjerte dei til Hazor-sletta,
68) og sjå... hæren til utlendingane møtte han på sletta. Dei hadde sett opp eit bakhald for han i fjella, men sjølve møtte dei han andlet til andlet.
69) Så storma mennene frå bakhaldet fram og gjekk inn i slaget.
70) Alle Jonathans menn rømde - ikkje ein av dei var tilbake, bortsett frå
Mattathias, son av Absalom, og Judas, son av Chalphi, kommandøren over
hærstyrkane.
71) Jonathan reiv kleda sine, heiv støv i hovudet og bad.
72) Så gjekk han tilbake til slaget mot fienden og gav han
inn. Og fienden rømde.
73) Då mennene hans som var på flukt såg dette, kom dei tilbake til han, og
deltok i forfølgjinga så langt som til Kadesh. Der hadde dei leiren sin, og der
leira dei seg.
74) Så mange som 3 000 av utlendingane fall den dagen. Og Jonathan returnerte til Jerusalem
1 Makkabear, kapittel 12 Til Kap. 1
1) Når no Jonathan fann at tida talte for han, valde han menn og sendte dei til Roma for å stadfeste og fornye vennskapet med romarane.
2) Han sendte også liknande brev til spartanarane og til andre stader.
3) Så drog dei til Roma og trådte inn i senats-salen og sa: "Jonathan, øvstepresten, og den jødiske nasjon har sendt oss for å fornye det tidlegare vennskapet og alliansen med Dykk."
4) Og romarane sendte med dei brev til alle land og byar,
med bod om at det vart sørga for at sendemennene fekk reise trygt tilbake til
Judea.
5) Dette er ein kopi av brevet som Jonathan skreiv til spartanarane:
6) "Jonathan, øvstepresten, nasjonens senat, prestane og resten av det jødiske folk, til sine brør spartanarane, helsar.
7) Alt for lang tid sidan vart eit brev sendt til Onias,
øvstepresten vår, frå Arius, som var kongen Dykkar, som fastslo at De er våre
brør, slik som den medbrakte kopien viser.
8) Onias tok imot utsendingane med stor ære, og mottok brevet, som inneheldt
ein klar avtale om allianse og vennskap.
9) Derfor, sjølv om vi eigentleg ikkje treng det, sidan vi set vårt lit til dei
heilage bøkene som er i våre hender,
10) har vi bestemt oss for å fornye brorskapet og vennskapet med Dykk, slik at
vi ikkje vert framande for Dykk, for lang tid har gått sidan De sendte brevet
Dykkar til oss.
11) Derfor minnes vi Dykk jamnleg ved alle høve, både i
festane våre og på høgtidsdagane våre, ved alle ofringar vi gjer og i våre
bønner, slik det er rett og sømeleg å minnes brør.
12) Og vi gler oss over at det går Dykk vel.
13) Når det gjeld oss, så har vi vore omgitt av mykje konflikt og krig. Kongane i nabolanda har ført krig mot oss.
14) Vi ville ikkje plage Dykk eller andre av våre allierte med desse krigane,
15) for vi har hjelpa som kjem frå Himmelen til å stø oss på, og vi vart frigjort frå våre fiendar, og våre fiendar vart audmjuka.
16) Derfor har vi no valt ut Numenius, son av Antiochus, og
Antipater, son av Jason, og vi har sendt dei til Roma for å fornye vårt
tidlegare vennskap og allianse med dei.
17) Dei har fått ordre om også å gå til Dykk, og helse Dykk og levere dette
brevet frå oss, som omhandlar fornyinga av brorskapet vårt.
18) Og ver no så gode å sende oss svar på dette."
19) Dette er ein kopi av brevet spartanarane sendte til Onias:
20) "Arius, konge over spartanarane, til Onias,
øvstepresten, helsar.
21) I skriv som omhandlar spartanarane og jødane, er det slått fast at dei er
brør og er av Abrahams ætt.
22) Og no når vi har fått greie på dette - ver vennleg å skrive til oss om korleis det går Dykk.
23) Vi, for vår del, skriv til Dykk at kveget Dykkar og
eignelutane Dykkar skal tilhøyre oss, og våre skal tilhøyre Dykk. Vi har gitt
sendemennene våre ordre om å straks meddele Dykk dette."
24) No fekk Jonathan greie på at kommandørane til Demetrius hadde komt tilbake,
med ein større styrke enn før, for å gå til krig mot han.
25) Så han marsjerte ut frå Jerusalem, og møtte dei i
Hamath-distriktet, for han ville ikkje gi dei nokon muligheit til å invadere
landet hans.
26) Han sendte spionar til leiren deira, og dei kom tilbake og rapporterte til
han at fienden stilte opp i formasjon for å falle over jødane om natta.
27) Så då sola gjekk ned, kommanderte Jonathan mennene sine til å halde seg vakne med våpen i hende, for å vere klare til slag kva tid som helst på natta, og han stasjonerte vaktpostar rundt om leiren.
28) Då fienden fekk greie på at Jonathan og mennene hans var
budde til slag, vart dei redde og slått av frykt, så dei tende bål i leiren sin
og drog seg tilbake.
29) Men Jonathan og mennene hans fekk ikkje greie på dette før om morgonen, for dei såg båla brenne.
30) Då forfølgde Jonathan dei, men han nådde dei ikkje att, for dei hadde kryssa Eleutherus-elva.
31) Då vende Jonathan om og gjekk mot dei arabarane som vert kalla zabadearane, og han knuste dei og plyndra dei.
32) Så braut han leiren og gjekk til Damaskus, og marsjerte gjennom heile den regionen.
33) Simon gjekk også ut, og marsjerte gjennom landet så
langt som til Askalon og festningsverka i nabolaga der. Så vende han seg mot
Joppa, og tok byen ved overrasking,
34) for han hadde høyrt at dei var reide til å overgi festninga til mennene som
Demetrius hadde sendt. Og han stasjonerte ein garrison der for å halde vakt.
35) Då Jonathan kom tilbake, kalla han folkets eldste saman til møte, og han la
planar med dei om å bygge festningsverk i Judea,
36) å bygge murane omkring Jerusalem endå høgare, og å bygge
ein høg barriere mellom festninga og byen for å skilje desse slik at festninga
vart isolert, og slik at garrisonen der ikkje kunne gå ut og kjøpe inn mat.
37) Så gjekk dei til dugnad for å bygge på byen. Deler av muren i dalen i aust
hadde falle, og seksjonen som vart kalla Chapenatha vart reparert.
38) Og Simon bygde i Adida i Shephelah. Han forsterka byen og installerte portar med boltar.
39) No prøvde Trypho å verte konge i Asia og sette på seg krona, og å gjere oppreist mot kong Antiochus.
40) Han frykta at Jonathan ikkje ville tillate dette, og kunne gå til krig mot
han, så han ville prøve å få han fanga og drept, og han marsjerte ut og kom til
Beth-shan.
41) Jonathan gjekk ut for å møte han med 40 000 utvalde stridsmenn, og han kom til Beth-shan.
42) Då Trypho såg at han hadde komt med ein stor hær, vart han redd for å gå til strid mot han.
43) Så han mottok han med ære og tala vel om han til alle
vennene sine, og han gav han gåver og gav ordrer til sine venner og til
troppene sine, at dei skulle lyde han som dei pla lyde Trypho sjølv.
44) Så sa han til Jonathan: "Kvifor har du rusta alle desse folka når vi
ikkje er i krig?
45) Send dei no heim, og vel deg ut nokre få menn som skal
vere med deg, og ver med meg til Ptolemais. Eg skal overgi byen til deg, og
også dei andre festningane og troppene som er att og alle embetsmennene, og så
vil eg vende om og fare heim. For dette er grunnen til at eg er her."
46) Jonathan leit på han, og gjorde som han sa. Han sendte frå seg troppene, og
dei for heim til Judea.
47) Han heldt tilbake 3 000 menn hjå seg - 2 000 av dei let
han stå att i Galilea, medan han tok med seg 1 000.
48) Men då Jonathan kom inn i Ptolemais, stengte mennene i Ptolemais portane og greip han, og alle mennene hans som hadde gått inn i byen saman med han drepte dei med sverd.
49) Så sendte Trypho tropper og ryttarar inn i Galilea og ut på den store sletta, for å utrydde alle Jonathans soldatar.
50) Men desse skjøna at det hadde gått gale med Jonathan, og dei trudde han hadde omkome saman med mennene sine, så dei mota kvarandre opp, og marsjerte på i tett formasjon, klare til kamp.
51) Då forfølgjarane såg at dei ville kjempe for livet, vende dei om.
52) Så Jonathans menn nådde alle trygt tilbake til Judea, og dei sørgde over Jonathan og følgjet hans, og var i stor frykt. Og alle i Israel sørgde djupt.
53) Og alle landa omkring dei prøvde å øydelegge dei, for dei sa: "Dei har
ingen leiar eller hjelpar. Lat oss derfor no gå til krig mot dei, og utrydde
minnet om dei hjå menneska."
4) Av dette har alle mine brør omkome for Israels sak, og eg åleine står att.
5) Og no - eg har ingen tankar om å prøve å berge livet mitt
i trengselstider som måtte kome, for eg er ikkje betre enn brørne mine.
6) Men eg vil hemne landet mitt og heilagdomen og dykkar koner og barn, for
alle nasjonar har hatsamt gått saman om å knuse oss."
7) Folket fekk motet tilbake
då dei høyrde desse orda,
8) og dei svara med høg røyst: "Du skal vere vår leiar
i plassen etter Judah og din bror Jonathan.
9) Lei våre kampar, og vi skal gjere alt som du seier."
10) Så samla han alle soldatane og skunda seg å gjere ferdige murane omkring Jerusalem, og han forsterka byen på alle sider.
11) Han sendte Jonathan, son av Absalom, til Joppa, med ein
bra stor hær. Jonathan jaga bort okkupantane der, og sette seg fast i byen.
12) Då drog Trypho ut frå Ptolemais med ein veldig hær for å invadere
Juda-landet, og Jonathan (bror til Simon) var
med han som fange.
13) Og Simon slo leir i Adida, ved utkanten av sletta.
14) Trypho fekk høyre at Simon hadde teke plassen etter Jonathan, bror sin, og
at han var i ferd med å gå i slag mot han, så han sendte sendemenn til han og
sa:
15) "Det er på grunn av pengane som Jonathan, bror din, skuldar det kongelege skattkammer i samband med embeta han hadde, at vi held han i arrest.
16) Send oss nå hundre sølv-talentar og to av sønene hans som gissel, slik at han ikkje vil gjere oppreist mot oss når han vert sett fri. Så skal vi frigi han."
17) Simon skjøna at dei tala med svik, men han let hente pengane og dei to sønene, slik at ikkje folket skulle vende seg mot han i fiendskap; for dei kunne seie:
18) "Simon omkom fordi han ikkje sendte Trypho pengane og dei to sønene."
19) Så han utleverte sønene og dei hundre talentane, men Trypho braut lovnaden sin, og sette ikkje Jonathan fri.
20) Etter dette gjekk Trypho fram for å invadere landet og øydelegge det, og han for i ein omveg langs vegen til Adora. Men Simon og hæren hans marsjerte fram parallellt med han, kvar han så for.
21) Mennene i festninga sendte no mange bod til Trypho, og trygla han om å kome dei til hjelp gjennom villmarkane, og å sende dei mat.
22) Så gjorde han heile kavalleriet sitt klart til å dra ut, men den natta fall det tungt med snø, og han ombestemte seg på grunn av snøen. I staden marsjerte han inn i Gilead-landet.
23) Då han kom til Baskama drepte han Jonathan, og han vart gravlagt der.
24) Så vende Trypho om og drog heim til sitt eige land.
25) Og Simon sendte folk for å hente beina til Jonathan, bror sin, og gravla han i Modein, hans fedres by.
26) Og heile Israel klaga storleg over Jonathan, og sørgde
over han i mange dagar.
27) Og Simon let bygge eit monument over grava til faren og brørne sine. Han
bygde det høgt så det syntes, med polert stein framme og bak.
28) Han bygde også sju pyramidar ved sidan av kvarandre, for sin far og mor og
fire brør. (Den sjuande pyramiden hadde han kanskje tenkt til seg
sjølv?)
29) Og framfor pyramidane anla han ein opphøgd steinplatt,
og han let reise høge søyler mellom pyramidane, og på toppen av søylene sette
han krigsrustningar som eit permanent minne, og ved sidan av rustningane
utskorne skip, slik at dei kunne sjåast av alle som segla på havet.
30) Dette var gravmælet han bygde i Modein. Det står der ennå i dag.
31) Trypho handla med svik mot den unge kong Antiochus. Han drepte han
32) og vart konge i hans stad, og sette på seg Asias krone.
Og han brakte store katastrofer over landet.
33) Men Simon forsterka festningane i Judea, og omgav dei alle med murar - med høge tårn og sterke veggar og portar og boltar, og han lagra matforråd i festningane.
34) Simon valde også ut menn og sendte dei til Demetrius, kongen, med bøn om å
få frigjort landet, for Trypho gjorde ikkje anna enn å utplyndre.
35) Kong
Demetrius sendte han eit oppmuntrande svar på bøna, og skreiv han eit brev, som
følgjer:
36) "Kong Demetrius til Simon, øvsteprest og venn av kongen, og til dei eldste og til jødanes nasjon, helsar.
37) Vi har mottatt gullkrona og palmegreina som De sendte
oss, og vi er klare til å inngå ein generell fredsavtale med Dykk, og å skrive
til våre embetsmenn at dei skal gi Dykk fritak frå skattar.
38) Alle rettane vi har gitt Dykk er framleis gjeldande, og festningane De har
bygd skal vere i Dykkar eige.
39) Vi orsakar alle mistak og krenkingar som er gjort mot Dykk til denne dag, og ettergir kronskatten De skuldar, og alle andre skattar som har blitt innkrevd i Jerusalem skal ikkje lenger krevjast inn.
40) Og om nokon av Dykk er kvalifisert til å verte innrullerte i vaktstyrkane våre, så lat dei verte innrullerte, og lat det vere fred mellom oss."
41) I det eitt hundre og syttiande året vart heidninganes åk
teke av Israel,
42) og folket byrja skrive i sine dokument og kontrakter: "I det første år
til Simon, øvsteprest og kommandør og leiar over jødane."
43) I desse dagane førte Simon krig mot Gazara, og omringa
byen med tropper. Han bygde ei beleiringsmaskin, førte den til byen, og knuste
og inntok eitt av tårn.
44) Mennene i beleiringsmaskina hoppa ut og sprang inn i byen, og det oppstod
stor tumult.
45) Mennene i byen, med koner og barn, sprang opp på bymurane med rivne klede, og ropte ut med høg røyst til Simon at han måtte gjere fred med dei.
46) Dei sa: "Handsam oss ikkje etter våre vonde handlingar, men etter din nåde."
47) Så Simon gjorde avtale med dei, og stogga kampen. Men han dreiv dei ut av byen og let reinse alle hus som hadde avgudsbilete, og så gjekk han inn i byen under salmesang og lovprising.
48) Han rydda byen for alt som var ureint, og innsette menn
til å overvake lova. Han forsterka også festningsverka i byen, og let oppføre
eit hus til seg sjølv der.
49) Mennene i festninga i Jerusalem var forhindra frå å gå ut på landsbygda for
å handle. Så dei var svært svoltne, og mange av dei omkom av svolt.
50) Så dei ropte til Simon om å få fred, og han gav dei det. Men han dreiv dei ut og reinsa festninga for all ureinsle.
51) På den tjue-tredje dag i andre månad, i det eitt hundre og sytti-første året, gjekk jødane inn i Jerusalem-festninga med lovprising og palmegreiner, og med harper og cymballar og streng-instrument, og med salmar og songar - for ein stor fiende var blitt knust og fjerna frå Israel.
52) Og Simon erklærte at kvart år skulle denne dagen feirast med jubel. Han
forsterka befestingane av tempel-høgda langs festninga, og han og mennene hans
slo seg til der.
53) Og Simon såg at Johanan, sonen hans, hadde blitt vaksen,
så han gjorde han til kommandør over alle styrkane, og han tok tilhald i Gazara. (Johanan
Hyrcanus, konge frå 134-104 fvt.)
1) I det eitt hundre og sytti-andre året samla kong Demetrius styrkane sine og marsjerte inn i Media, for å søke hjelp slik at han kunne gå til krig mot Trypho.
2) Då Arsaces, konge av Persia og Media, høyrde at Demetrius hadde invadert territoriet hans, sendte han ein av kommandantane sine for å ta han levande.
3) Og han drog ut og slo Demetrius' hær, og fanga Demetrius og brakte han til Arsaces, som sette han i arrest.
4)
Judea-landet hadde fred i alle Simons dagar.
Han ville det beste for landet sitt;
hans styring var god for folket,
og så var æra dei viste han, alle hans dagar.
5)
Som krona på verket sitt gjorde han Joppa til hamneby,
og åpna veg til øyane i havet.
6)
Han utvida landets grenser
og fekk full kontroll over landet.
7)
Han tok ei mengd fangar;
han styrte over Gazara og Beth-zur og festninga (citadellet),
og han fjerna alt ureint frå festninga,
og det var ingen som sette seg opp imot han.
8)
Dei pløgde sitt land i fred;
markenes avling auka,
og også avlinga av frukter frå trea på slettene.
9)
Gamle menn sat i gatene:
dei tala alle om gode ting;
og ungdommen bar æresmerke og krigsmundur.
10)
Han sørgde for mat til byane,
og utstyrte dei med forsvarsmedel,
til hans ry nådde verdas ender.
11)
Han etablerte fred i landet,
og Israel jubla i glede.
12) Kvar mann sat under sitt vintre og fikentre,
og dei hadde ingen å engste seg for.
13)
Det var ingen tilbake i landet som kunne føre krig mot dei,
og konganes makt var knekt i denne tida.
14)
Han fekk folket sitt til å rette ryggen;
han granska lova,
og straffa kvar lovlaus og vond mann.
15)
Han gjorde tempelet strålande i prakt,
og skaffa meir tempel-utstyr.
16) Dei fekk høyre i Roma, og så langt borte som i Sparta, at Jonathan hadde døydd, og dei vart svært leie for det.
17) Då dei fekk høyre at Simon, bror hans, hadde blitt øvsteprest i hans stad, og at han styrte over landet og byane der,
18) skreiv dei til han på bronse-tavler for å fornye vennskapet og alliansen som dei hadde inngått med Judah og Jonathan, brørne hans.
19) Og
tavlene vart lest opp for forsamlinga i Jerusalem.
20) Dette er ein kopi av brevet som spartanarane sendte: "Regentane og byen til spartanarane til Simon, øvstepresten, og dei eldste og prestane og resten av det jødiske folk, våre medbrør, helsar.
21) Sendemennene som kom til vårt folk har fortalt oss om Dykkar ære og stordom, og dette gledde oss mykje.
22) Og det dei sa har vi notert i våre offentlege skriv, som følgjer:
'Numenius, son av Antiochus, og Antipater, son av Jason, sendemenn frå jødane,
har komt til oss for å fornye vennskapet deira med oss.
23) Det har vore ei glede for vårt folk å motta desse mennene med ære, og å legge eit avskriv av orda deira i våre offentlege arkiv, slik at spartanar-folket kan ha ein kopi. Og folket vårt har sendt ein kopi av dette til Simon, øvstepresten.'"
24) Etter dette sendte Simon Numenius til Roma med eit stort gull-skjold som vog eitt tusen minas, for å stadfeste alliansen med romarane.
25) Då Israels-folket hadde fått høyre alt dette, sa dei: "Korleis skal vi få takka Simon og sønene hans?
26) For han og brørne hans og huset til far hans har stått fast. Dei har kjempa og stått imot Israels fiendar, og gitt landet fridom."
27) Så dei let lage ein inskripsjon på bronse-tavler, og
sette denne på søyler på Sions-berget. Dette er ein kopi av det dei skreiv:
"På den attande dag av Elul, i det eitt hundre og sytti-andre året, som er
tredje året til øvstepresten Simon,
28) i Asaramel, i den store forsamlinga av prestane og folket og nasjonens
regentar og dei eldste i landet, vart følgjande proklamert oss:
29) "Sidan det ofte er krig i landet, har Simon, son av
Mattathias, ein prest av Joarib's søner, og hans brør, utsett seg sjølv for
fare og stått mot landets fiendar, for å verne om heilagdomen (tempelet) og lova, og
dei brakte stor ære over landet sitt.
30) Jonathan vart vald av folket, og han vart øvsteprest, og vart trykt til
folkets bryst.
31) Og då fiendane bestemte seg for å invadere vårt land og legge hand på heilagdomen,
32) så stod Simon opp og kjempa for sitt land. Han brukte mykje av sine eigne pengar. Han væpna mennene i landets hærstyrkar, og betalte ut løn til dei.
33) Han bygde festningsverk om byane i Judea og Beth-zur på grensa til Judea,
der våpna til fienden tidlegare hadde vore lagra, og han stasjonerte ein
garrison av jødar der.
34) Han bygde også festningsverk i Joppa ved havet, og i Gazara, som ligg på grensa mot Azotus, der fienden tidlegare heldt til. Han stasjonerte jødar der, og gav desse byane alt dei trengte til gjenoppbygging.
35) Folket såg Simons truskap og all æra han hadde oppnådd å
vinne for landet sitt, og dei kåra han til sin leiar og øvsteprest, fordi han
hadde gjort alt dette, og for den rettvise og lojalitet han hadde vist andsynes
nasjonen. Han søkte på alle vis å løfte sitt folk.
36) Og i desse dagar gjekk alt godt som han styrte med, slik at heidningane
vart jaga frå landet, og det vart også mennene i Davids by, Jerusalem, som
hadde bygd seg eit citadell i byen, og frå dette gjorde utfall mot tempelet og
skjenda det og ureina det mykje.
37) Han stasjonerte jødar i citadellet og forsterka det, for tryggleiken til
landet og byen, og han bygde murane omkring Jerusalem høgare.
38) På grunn av alt dette gav kong Demetrius han øvsteprest-embetet,
39) og han gjorde han til ein av kongens venner, og viste han stor ære.
40) For han hadde høyrt at romarane kalla jødane sine venner og allierte og medbrør, og at romarane hadde mottatt sendemennene frå Simon med ære.
41) Og jødane og prestane deira bestemte at Simon skulle
vere leiaren deira og øvsteprest til evig tid, til ein litande profet måtte
dukke opp,
42) og at han skulle regjere over dei, og at han skulle ta vare på heilagdomen
og innsette menn til å styre med den og over landet og våpenlagra og
festningsverka, og at han skulle ta vare på heilagdomen,
43) og at han skulle verte lydd av alle, og at alle kontrakter i landet skulle verte skrivne i hans namn, og at han skulle vere kledd i purpur og bere gull.
44) Og ingen av folket eller prestane skal ha løyve til å
omgjere nokon av desse avgjerdslene eller motseie han, eller til å kalle saman
folk utan hans løyve, eller til å kle seg i purpur eller ta på seg gull-spenne.
45) Einkvar som handlar mot desse avgjerdslene eller omgjer nokon av dei, kan
verte straffa."
46) Og alt folket var samde om å gi Simon rett til å handle
etter desse avgjerdslene.
47) Så Simon takka ja til å verte øvsteprest - til å vere regent og folkeleiar
for jødane og prestane, og til å vere vernemann for dei alle.
48) Og dei gav ordrer om å inskribere erklæringa på bronse-tavler, og å sette desse opp på ein godt synleg stad på tempelområdet,
49) og om å deponere kopiar av erklæringane i tempelet, slik
at Simon og sønene hans kunne ha tilgang til dei.
1) Antiochus, son av kong Demetrius, sendte eit brev frå øyane i havet til Simon, øvsteprest og folkeleiar over jødane, og til heile nasjonen.
2) Innhaldet var som følgjer: "Kong Antiochus til Simon, øvsteprest og folkeleiar og til nasjonen av jødar, helsar.
3) Då nokre ufordragelege menn har tatt kontroll over kongeriket til fedrene
våre, og då eg har tenkt å krevje kongeriket tilbake, slik at eg kan gjenreise
det til sin tidlegare glans, og sidan eg har rekruttert ein hærskare av
leigesoldatar og har utstyrt krigsskip,
4) og har sett meg føre å gå i land i landet slik at eg kan reise sak mot dei som har øydelagt landet vårt og rasert mange av byane i kongeriket mitt,
5) vil eg derfor no stadfeste overfor Dykk alle ettergjevingar av skattar som kongar før meg har innrømt Dykk, og alle fritak frå anna betaling som dei har innrømt Dykk.
6) Eg gir Dykk løyve til å slå Dykkar eigne myntar til betalingsmiddel for landet Dykkar,
7) og Jerusalem og tempelet skal fristillast. Alle våpen De har tilverka, og alle festningar De har bygt og har hand om, skal forbli Dykkar.
8) Eikvar gjeld De måtte ha til det kongelege skattkammer, og all framtidig gjeld av dette slag skal ettergjevast Dykk frå no og til evig tid.
9) Når vi har tatt kontroll over kongeriket vårt, vil vi ære Dykkar nasjon og tempelet Dykkar storleg, slik at heile verda kan sjå Dykkar glans."
10) I det eitt hundre og sytti-fjerde året tok Antiochus ut og invaderte sine fedres land. Alle troppene samla seg om han, slik at det vart få som fylgde Trypho.
11) Antiochus forfølgde Trypho, og på si flukt kom han til Dor, som ligg ved havet;
12) for han visste at vanskane hadde innringa han, og at troppene hans hadde forlate han.
13) Og Antiochus gjekk til kamp mot Dor, og med han var 120 000 fotsoldatar og 80 000 ryttarar.
14) Han kringsette byen, og krigsskipa deltok i slaget frå
sjøsida. Han pressa byen hardt både frå land og sjø, og tillet ingen å gå inn
eller ut av byen.
15) Då kom Numenius og følgjet hans frå Roma, med brev til kongane og landa,
der det stod som følgjer:
16) "Lucius, romersk konsul, til kong Ptolemaios, helsar.
17) Jødanes sendemenn har komt til oss som våre venner og allierte, for å fornye vårt gamle vennskap og allianse. Dei var sendt av øvstepresten Simon, og det jødiske folk,
18) og hadde med eit gullskjold som vog tusen minas.
19) Derfor har vi bestemt oss for å skrive til kongane og landa at dei ikkje må prøve å skade jødane eller føre krig mot dei eller deira byar og land, eller alliere seg med dei som krigar mot dei.
20) Og vi har med glede tatt imot skjoldet dei gav oss.
21) Derfor: Dersom svikfulle menn har rømt frå landet deira til Dykk, skal De
overgi dei til øvstepresten Simon, slik at han kan straffe dei etter lova
deira."
22) Konsulen skreiv det same til kong Demetrius og til Attalus og Ariarathes og Arsaces,
23) og til alle landa, og til Sampsames, og til spartanarane, og til Delos, og til Myndos, og til Sicyon, og til Caria, og til Samos, og til Pamphylia, og til Lycia, og til Halicarnassus, og til Rhodos, og til Phaselis, og til Kos, og til Side, og til Ardus og Gortyna og Cnidus og Cypros og Cyrene.
24) Dei sendte også ein kopi av alt dette til øvstepresten Simon.
25) Kong Anrtiochus heldt fram med å beleire Dor, og kasta heile tida troppestykar mot byen, og han let lage krigsmaskiner. Og han heldt Trypho fanga så han kom korkje ut eller inn.
26) Og Simon sendte 2000 utvalde menn til Antiochus, og sølv og gull og militær-utrusting.
27) Men Antiochus nekta å ta imot dette, og braut avtalane han tidlegare hadde inngått med Simon, og vart framand for han.
28) Han sendte Athenobius, ein av vennene sine til han, for
å forhandle, og han sa: "Du har kontroll over Joppa og Gazara og festninga
i Jerusalem. Det er byar som tilhøyrer mitt kongerike.
29) Du har herja desse distrikta. Du har gjort mykje skade i landet, og du har
erobra mange byar i kongeriket mitt.
30) Så nå må du overgi byane du har erobra og skattepengane til dei stadane du har tatt utanfor Judeas grenser,
31) eller gi meg 500 sølvtalentar for dei, og for all
øydelegginga du har gjort, og for skattepengane til byane - 500 talentar til. Elles vil vi kome og erobre
Dykk."
32) Og Atenobius, kongens venn, kom til Jerusalem, og då han såg Simons prakt, og møbleringa med gull- og sølvplater og all hans velde, vart han ovundra. Han rapporterte kongens ord til Simon,
33) men Simon gav han dette svaret: "Ikkje har vi erobra framandt land eller tatt framand eigedom, men kun arven etter fedrene våre, som ein gong vart urettvist tatt av våre fiendar.
34) No når vi har muligheit til det, held vi fast på fedrearven vår.
35) Når det gjeld Joppa og Gazara, som du krev, så har desse byane øvd stor skade på vårt folk og land. For desse byane vil vi betale deg 100 talentar." Athenobius svara han ikkje med eit ord,
36) men returnerte i vreide til kongen og rapporterte desse orda og Simons prakt som han hadde sett den. Og kongen vart svært arg.
37) No
gjekk Trypho ombord på eit skip og unnslapp til Orthosia.
38) Då gjorde kongen Cendebeus til øvstkommanderande over kyst-distriktet, og gav han tropper av fotsoldatar og ryttarar.
39) Han gav han ordre om å føre krig mot Judea, og å bygge opp Kedron og befeste byportane, og å føre krig mot folket. Kongen sjølv forfølgde Trypho.
40) Så Cendebeus kom til Jamnia, og byrja å provosere folk og invadere Judea, ta folk til fange og drepe dei.
41) han bygde opp Kedron, og stasjonerte tropper og ryttarar der, så dei kunne gjere raid langs hovudvegane i Judea, slik kongen hadde befalt han.
1) Johanan drog ut frå Gazara og rapporterte til Simon, far sin, kva Cendebeus hadde gjort.
2) Og Simon kalla saman sine to eldste søner, Juda og Johanan, og sa til dei: "Eg og brørne mine, og huset til mine fedre har utkjempa Israels krigar frå vi var unge og fram til i dag, og det har laga seg slik for oss at vi har frigjort Israel mange ganger.
3) Men no er eg vorten gammal, og de er ved Herrens nåde komt i vaksen alder. Ta no plassen etter meg og brørne mine, og gå ut og kjemp for landet vårt; og må hjelpa som kjem frå Himmelen vere med dykk."
4) Så Johanan valde ut frå folket 20 000 fotsoldatar og ryttarar, og dei marsjerte mot Cendebeus, og slo leir for natta i Modein.
5) Tidleg om morgonen stod dei opp og marsjerte ut på sletta. Ein stor hærstyrke av infanteri og kavaleri kom mot dei, og mellom hærene låg ei elv.
6) Då stilte Johanan og hæren hans opp mot dei. Og han såg at soldatane var redde for å krysse elva, så han sette over først, og då mennene hans såg dette, kryssa dei over etter han.
7) Så fordelte han hæren, og sette ryttarar midt mellom fotsoldatane, for fienden hadde eit svært stort kavalleri.
8) Så bles dei i trompetar, og Cendebeus og hæren hans vart drivne på flukt, og mange av dei vart såra og fall. Resten rømde inn i festninga.
9) Då vart Judah, bror til Johanan, såra, men Johanan forfølgde fienden til Cendebeus nådde Kedron, som han hadde bygt.
10) Fienden rømde også til tårna som låg på markene i Azotus, og Johanan sette eld på Azotus, og omlag 2000 av fienden fall. Så vende Johanan trygt tilbake til Judea.
11) No hadde Ptolemaios, son av Abubus, blitt utpeika til guvernør over slettene omkring Jeriko, og han hadde mykje sølv og gull,
12) for han var svigerson til øvstepresten.
13) Han vart høg på pæra. Han bestemte seg for å få kontroll over landet, og la
svikfulle planar mot Simon og sønene hans, for å utmanøvrere dei.
14) No var Simon på vitjing til byane i landet for å høyre kva dei trong, og
han gjekk ned til Jeriko med sønene sine, Mattathias og Judah, i det eitt
hundre og sytti-sjuande året, i ellevte månad, som er månaden til Shebat.
15) Sonen til Abubus møtte dei på svikfullt vis ved ei lita festning som vart kalla Dok, som han hadde bygt. Han arrangerte ein stor fest for dei, men hadde gøymt soldatar der.
16) Då Simon og sønene hans var fulle, sprang Ptolemaios og mennene hans opp, greip våpna sine, og sprang mot Simon i fest-hallen, og drap han og hans to søner og nokre av tenarane hans.
17) Slik gjorde han ei stor misgjerning, og vart fordømt til evig tid.
18) Så skreiv Ptolemaios ein rapport om det som hadde hendt, og sendte til kongen, og bad han sende han tropper til støtte, og å overgi byane og landet til han.
19) Han sendte andre menn til Gazara for å gjere det av med Johanan. Han sendte brev til kapteinane, og bad dei kome til han, så han kunne gi dei sølv og gull og gåver,
20) og han sendte andre menn for å ta kontroll over Jerusalem og tempel-høgda.
21) Men somme sprang i førevegen, og fortalde Johanan i Gazara at hans far og brør hadde omkome, og at "han har sendt ut menn for å drepe deg også."
22) Då Johanan fekk høyre dette, vart han storleg sjokkert.
Og han greip mennene som hadde komt for å myrde han og drepte dei, for han
hadde fått greie på kva ærend dei hadde.
23) Resten av Johanans gjerningar og krigane hans og dei tapre dådane han utførte,
og festningsmurane han bygde, og kva han oppnådde,
24) sjå...det er fortalt i krønikene til øvsteprestane, frå
tida då han vart øvsteprest etter sine fedre.
Til Kap. 1
S L U T T