Boka til Tvilaren (Utfordraren) Thomas

 

                Omsett til nynorsk av Aslak Nedregård.... frå professor John D. Turner si engelske omsetjing.

 

 

 

 


DETTE er dei løyndesame orda som Frelsaren sa til Judas Thomas, og som eg, Mahaias, skreiv ned; medan eg gjekk bak dei, og høyrde kva dei samtala om:

 

Frelsaren sa:

 - Bror Thomas...medan du lever her på Jorda ... lytt til meg, og eg skal gje deg svar på spørsmål du har gruvla over. Sidan det er sagt at du er min tvillingbror og beste følgesvein; tenk etter, og gjennomtenk kven du er, korleis levemåten din er, og kva mål du har sett for livet ditt. Om du vil kallast min bror, så høver det seg ikkje at du prøver å gløyme ditt sjølv. Eg veit du forstår dette, for du har alt skjøna at eg er kunnskap og sanning.

 

Så når du følger meg - sjølv når du trur at du ikkje forstår, så har du likevel alt funne den rette visdom, og du skal kallast "Han som kjenner seg sjølv". For han som ikkje kjenner seg sjølv, han kjenner inkje, medan han som kjenner seg sjølv, han skjønar djupna i alt verande.

 

Difor - bror Thomas, har du forstått kva problem menneska gruvar over utan å finne svar på - kva spørsmål dei i si vankunne strir med, utan å finne løysingar på.

 

Då sa Thomas til Herren:

 - Det er difor eg ber deg svare på mine spørsmål før du dreg bort (fer til himmels), og dersom du fortel meg desse løyndommane, så kan eg sidan fortelje dei vidare. Men eg har forstått at det er vanskeleg å bere fram sanninga til menneska.

 

Frelsaren svara og sa:

 - Dersom det du ser tykkjest deg uforståeleg; korleis kan eg då snakke til deg om det du ikkje kan sjå? Dersom det er vanskeleg for deg å forklare sanninga i den synlege verda; korleis kan du då forklare den himmelske - den som tilhøyrer sfærer du ikkje kan sjå? Og korleis kan de kallast lærarar?...i dette er de læresveinar, som ennå ikkje har nådd til fullkomen innsikt.

 

Nå svara Thomas, og sa til Frelsaren:

 - Fortell oss om desse tinga som du seier er usynlege - som ligg løynt for vårt åsyn!

 

Frelsaren sa:

 - Alt som lever, [planter og?] dyr er avla [av jorda?]. Det kan alle lett sjå. [...][...]. Også det som tilhøyrer verda de ikkje kan sjå har sine røtter og får si næring. Men dei levande skapningane de kan sjå; dei overlever ved å fortære skapningar som liknar på dei sjølve, og dette gjer at lekamane deira endrar seg. Og lekamar som endrar seg vil visne og døy, og har inga von om noko liv sidan. For deira lekamar er dyriske. Og slik lekamane til dyra døyr, vil også [menneske-lekamen?] døy. Nærar dei seg ikkje ved samkvem med kvarandre, liksom dyra nærar seg av kvarandre? Viss [menneska?] også nærar seg av kvarandre; korleis kan dei då vere annleis skapt enn dyra? ...Difor vil de vere som barn til de vert fullkomne.

                                                                                                         

Og Thomas svara:

 - Difor seier eg deg, Herre, at desse som talar om ting som er usynlege og vanskelege å forklare, er liksom bogeskytarar som skyt sine piler ut i nattmørkret. Rett nok skyt dei piler som andre bogeskytarar, men dei skyt mot mål dei ikkje kan sjå. Men når lyset kjem og gøymer mørkret, då kan vi sjå kva mål kvar av dei har råka. ...O du, vårt lys - opplys oss, Herre!

 

Jesus sa:

 - Det er i lyset at lyser lever.

 

Thomas tala og sa:

 - Herre ...dette synlege lys som skin for menneska si skuld; kvifor stig det opp og går ned?

 

Frelsaren sa:

 - Du kjære Thomas. Sjølvsagt skin det synlege lys for dykk; ikkje for at de skal forbli her, men for at de skal verte født her. Og når ein gang alle utvalde legg av seg det dyriske; då vil dette lyset vende attende til sine kjelder, og desse kjeldene vil velkome lyset, for lyset er deira gode tenar.

 

Og Frelsaren heldt fram, og sa:

 - O, du lysets uutgrunnelege kjærleik! O, du sviande eld som brenn menneskas lekamar like til margen - som gløder i dei natt og dag - som brenn i menneskas lemar og gjer sinna deira drukne og deira sjeler forvirra; [som plagar?] kvinner og menn [både dag?] og natt, og som [uroar dei?], både på synleg og usynleg vis. For menn [dregst mot?] kvinner, og kvinner mot menn. Difor er det sagt: Kvar den som søker sanninga frå sann visdom; han skaffar seg venger så han kan flyge, og med desse vil han rømme frå lystene som etsar menneske-sinnet.

 

Og Thomas svara og sa:

 - Herre, det er nett dette eg ber deg om hjelp med, sidan eg har forstått at du er den som kan vise oss vegen; som du seier.

 

Igjen svara Frelsaren og sa:

 - Difor er det naudsynt for oss (meg?) å tale til dykk, for dette er læra om den fullkomne sanninga. Og dersom de nå vil søke det fullkomne, så må de merke dykk mine ord. Gjer de ikkje det, så skal dykkar namn vere "Uvitande", sidan det er umogleg for ein klok mann å ha omgang med ein tosk. For den kloke mannen er fullkomen i all kunnskap, men tosken ser ingen skilnad på det gode og det dårlege. Ja, den kloke mannen vil få næring frå sanninga, og vil verte som eit tre som gror ved den slyngande elv. Og han vil sjå at mange - sjølv om dei har venger; så higar dei etter synlege ting - ting som ligg langt frå sanninga. For den som leiar dei er elden, og elden gjev dei ein illusjon av sanning, og vil skine på dei med ein forgjengeleg venleik - fange dei i eit søtt mørkre, og halde dei opptekne med skrøpelege gleder. Og han vil blinde dei med umettelege lyster og brenne sjelene deira. Han vil vere som ein staur som står fast i deira hjarte, og som dei aldri kan få trekt ut. Som ved eit munnbigsel vert dei leia av han, dit deira lyster higar. Og elden har læst sine lekkjer om føtene deira, og bunde alle deira lemar med dei beiske band til åttrå etter synlege ting - ting som skiftar og forgår kva tid det skal vere. Dei har alltid søkt nedvegs. Når dei døyr går dei inn i alle skapnadar i den forgjengelege verda.

 

Thomas svara og sa:

 - Det er lett å sjå, og det er også sagt ...at mange er det som ikkje veit [at dei har ei?] sjel.

 

Og Frelsaren svara og sa:

 - Velsigna er den kloke mann som søkte etter sanninga, og når han fann ho så heldt han seg til ho, og frykta ikkje dei som ville vill-leie han.

 

Thomas svara og sa:

- Er det bra for oss, Herre, å halde oss ihop med våre eigne?

 

Frelsaren sa:

 - Ja, det er tenleg. Og det er bra for dykk, sidan det som er synleg mellom menneske vil gå i oppløysing - for deira lekamar vil gå i oppløysing. Og når lekamane vert til inkjes, vil lekamane forbli i den synlege verda - i tinga vi kan sjå. Og då vil elden som dei ser gi dei smerte (i erstatning) for kjærleiken til trua som dei før åtte. Dei vil falle tilbake til den synlege verda. ...Men dei som har syn for det usynlege - som er fri frå kjærleik til det synlege; dei vil verte friløyste frå dette livet og elden si svie.

 

 - Etter kort tid vil det som er synleg gå i oppløysing. Så vil formlause skuggar dukke fram, og midt mellom gravene vil desse skuggane til evig tid ruge over lekamane - utgyte smerte og forderve sjelene.

 

Thomas svara og sa:

 - Kva kan vi seie om dette? Kva skal vi fortelje den blinde mannen? Kva skal vi lære desse ulukkelege døyelege som seier: Vi kom for å gjere godt og ikkje vondt! Og likevel seier dei vidare: Hadde det ikkje vore for kjøtets lyst, så hadde vi ikkje hatt laster..

 

Frelsaren sa:

 - Dette er sant: Desse folka skal de ikkje sjå på som menneske, men som dyr. For slik dyra fortærer kvarandre, slik fortærer også menneske av dette slag kvarandre. Nei, desse folka er forviste frå Kongeriket, sidan dei har kjærleik til eldens sødme. Dei er daudens tenarar, og deira gjerningar er øydeleggande. Dei oppfyller fedrenes lyster. Dei skal kastast i avgrunnen, og lide under dei plager som følger av deira beiske og vonde sinn. Å hige attover - det er deira svøpe, utan at dei veit om det, og dei skal forlate sine lekamar - ikkje med tålsemd, men i desperasjon. ...Og dei gler seg over [...][...] galskap og øydelegging. Dei trår etter øydelegging utan å innsjå sin galskap; og dei trur likevel dei er vise. Dei [...] sin lekam [...]. Dei har bare tankar for seg sjølv, for deira tankar er opptekne med deira kvardags gjerningar. Men dette er elden dei skal brenne i.

 

Og Thomas svara og sa:

 - Herre, kva skal den gjere som har omgang med desse. Eg har medynk med dei - det er mange nok som talar låkt om dei.

 

Frelsaren svara og sa:

 - Lytt til kva eg vil fortelje dykk, og tru på sanninga! ...Dei som sår og det som vert sådd skal fortærast i flammar - i flammar og vatn - og skal løynast i mørkrets graver. Og etter ei lang tid skal dei bere fram dei vonde treas frukter - verte straffa - verte rivne i hel av ville dyr og slakta av menn. Regnet og vinden og lufta og lyset som skin over dei ropar at dette må skje.

 

Thomas svara:

 - Du har visseleg overtydd oss, Herre. Nå skjønar vi i våre hjarte at det er klårt det må vere slik, og at dine ord er klåre nok. Men desse orda du seier oss, er låttelege og usle for verda, for dei vert ikkje forstått. Så korleis kan vi forkynne dine ord, når verda ikkje vil høyre dei?

 

Frelsaren svara og sa:

 - I sanning seier eg dykk, at han som høyrer dykkar ord og snur seg bort, eller hånar eller ler av dykk, han skal gjevast i handa til Herskaren i det høge, han som rår som Konge over alle makter. Og Herskaren skal vende han, og kaste han frå Himmelen og ned i avgrunnen, og han skal leve som fange på ein trong og mørk stad. Og ikkje kan han snu på seg, og ikkje røre seg, for Tartaros djupner er store, og Hades tunge liding er nådelaus. Desse vil aldri tilgi - dei vil forfølge han evig. Dei vil gi han i hendene på engelen Tartarouchos som skal plage han med eld. Eit regnver av eldgneistar piskar mot andletet til den forfølgde. Om han rømer mot vest, så kjem han i elden. Om han snur mot sør, så finn han også elden der. Vender han mot nord, vert han også der møtt av sydande eld. Og ikkje finn han vegen mot aust så han kan rømme dit og verte berga, for den vegen fann han ikkje då han hadde tilhald i sin lekam, og då kan han heller ikkje finne vegen på dommens dag.

 

Og Frelsaren heldt fram:

 - Ve over dykk, de gudlause; som ikkje har håp - som lit på det som aldri vil skje! Ve over dykk, for hjulet som sviv i dykkar sinn! Ve over dykk når flammane brenn i dykk - dei skal fortære dykkar kjøt og legge sjelene dykkar opne, så de er reide til å møte dykkar medlidande! Ve over dykk, fangar, for de skal ligge bundne i grotterom! De ler! De finn glede i dykkar gale latter! De ser ikkje at de går i fortapinga - de skjønar ikkje stoda dykkar, og ikkje skjønar de at de lever i mørkre og daude! Tvertimot - de er drukne av eld og fulle av hat. Dykkar sinn er forvirra av elden som har bu i dykk. Og de finn sødme i gifta og slaga de får av dykkar fiendar! ...Og mørkret steig opp for dykk liksom lyset, for de bytte bort dykkar fridom med slaveri! De gjorde dykkar hjarte mørke, og bytte bort tankar med toskeskap, og dykkar tankar vart fylte med røyken frå elden som brenn i dykk! Og lyset dykkar er gøymt bak skyer - gøymt bak kledebunaden de har kasta over dykk! De vart gripne av håpet som ikkje fins. ...Og kven er det de har trudd på? Veit de ikkje at de har levd mellom desse som [...  ...   ...]? De lever på feil vis, og ensar ikkje at lyset frå Sola som ser og dømmer alt og alle, skal krinse over alle ting og binde sine fiendar. De legg ikkje ein gang merke til Månen - ser ikkje korleis han (ho) natt og dag skodar ned - på lekamane til slaktarane dykkar! Ve over dykk som har hug til intimt samvær med kvinner og har ureinande samleie med dei! Ve over dykk som er fanga i dykkar lekamars kjødelege drifter, for desse vil råke dykk med skade! Ve over dykk som er i hendene på vonde demonar! Ve over dykk som lystar lemane med eld! Kven er det som skal bringe dykk regn og forfriskande dogg som kan sløkke den flammande elden i dykk? Kven skal få Sola til å skine på dykk for å splitte mørkret i dykk og fordrive mørkret og det ureine vatnet?

 

Sola og Månen vil bringe dykk vellukt, saman med lufta og anden og jorda og vatnet. ...For dersom Sola ikkje skin på desse lekamane, så vil dei visne og døy nett som ugras. Dersom Sola skin på ugraset, så overgror og kjøver det vindruene, men dersom vindruene overgror og legg skugge over ugraset og alt anna kvas som gror omkring - og dersom vindruene får utbreide seg og bløme, så vil vindruene vinne landet dei gror i - kvar stad dei har skuggelagt og dominert. Og når dei mognar så gjev dei rikeleg avling for sin herre, og det gler han seg stort over, for han ville fått mykje plage med ugraset før han fekk rykt det bort. Men vindruene greidde åleine å fjerne det og kjøve det, og det døydde og vart til mold.

 

Så heldt Jesus fram, og sa til dei:

 - Ve over dykk, for de tok ikkje imot læra, og slike vil slave med preiking [...]. De vil kaste dykk inn i [disputtar?] [...] som vil fortvile dei. [...] Kvar dag vil de drepe dei, for at dei skal kunne stå opp frå det døde. ...Velsigna er de som kjenner snublesteinane og som skyr det framande. Velsigna er de som er håna og ringeakta for dykkar Herres kjærleik til dykk. Velsigna er de som græt og er kua av desse utan håp, for de skal frigjerast frå alle band. Vak og be at de ikkje vil vere i kjøtet, men at de skal frigjerast frå dette beiske liv. Og når de ber så vil de finne kvile, for de har lagt bak dykk all liding og skam. For når de er fridd frå lekamens lidingar og attråer, vil de motta kvile frå Den Gode, og de vil regjere i samvirke med Kongen. De vert eitt med Han, og Han vert eitt med dykk; frå nå av og til evig tid ... Amen.

 

Dette var boka Thomas Tvilaren skreiv til Prefekten.

Hugs meg også, brør, i Dykkar bøner. Fred vere med helgenane og alle heilage.

 

                                               [...] =  Ord som ikkje kan tydast i originalteksten.

                                               [bla bla?]  = Eg har gissa ei tyding der ord ikkje kan tydast i originalteksten.

 

                                               Ved nokre høve har eg lausrive meg frå den engelske omsetjinga for å få betre logisk

                                               samanheng i teksten.

 

 

                                               Dette Thomas-evangeliet vart funne ved Nag Hammadi i Egypt i 1945, saman med mange

                                               andre koptiske skrifter.

                                              

                                               Det er fleire skrifter som har fått namn etter Thomas - er dedikert til han, eller

                                               hevdast vere skrivne av han.

 

                                                                                                                © Aslak Nedregård

                                                                                                                                                                 Storeløkken 56

                                                                                                                                                                 6011 ÅLESUND

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                         aslak.nedregard@adsl.no

 

                                              

 

1