(Samtidig med Buddha levde Vardhamana
i India. Han vart grunnleggar av ei trusretning som vart kalla Jainismen.)
Buddhismen er ein av største verdsreligionane - ein religion som oppstod i
Nordaust-India, basert på læra til Siddharta Gautama, som
er kjent som Buddha, som tyder "Den opplyste".
Læra starta som ei
kloster-rørsle innanfor tidas dominerande Brahman
(hindu-prest)-tradisjon, men
utvikla seg snart i ei klart eiga retning. Ikkje bare avviste Buddha sentrale
aspekt ved hinduistisk filosofi -
Buddha kravde også autoritet over presteskapet: han forkleina verdet til Veda-skriftene, og avviste den heilage kulten som var basert
på desse. Vidare opna han rørsla si for medlemmer av alle kastar, og nekta for
at ein persons åndelege verde avhang av føde-byrd.
Buddhismen er i dag
kløyvd i to hovudgreiner:
Theravada -"Dei gamles
veg"
og Mahayana - "Den
store sirkelen"
....tilhengarar av Mahayana likar å kalle Theravada
for "Det mindre køyretøyet", Hinayana.
Buddhismen
har blitt dominerande religion - i India, men i Sri Lanka, Thailand, Myanmar
(Burma), og Laos; Theravada
har hatt mest å seie i desse landa.
Mahayana er blitt dominerande i Kina, Japan, Taiwan,
Tibet, Nepal, Mongolia, Korea og Vietnam; og har også vore viktig i India.
Freistnadar på å telje opp verdas buddhistar har gitt varierande resultat -
mellom 150 og 300 million - det er ikkje lett å setje eit eksakt tal, for å
vere buddhist ekskluderer ikkje dyrking av andre religionar samstundes,....og
Kina har offisielt vore ateistisk, så det er vanskeleg å tallfeste læras
"underground" influens der.
Først fleire hundreår
etter Buddhas død vart det skrive komplett biografi over han. Bare
fragmentariske nedteikningar om livet hans har vi frå dei tidlegaste kjeldene.
Vestlege vitskapsfolk reknar fødeåret hans å vere 563 fvt.
Siddharta Gautama, Buddha, vart fødd i Kapilavastu, nær noverande grense mellom India og Nepal. Han var son av ein mektig stormann,
og mora var fyrstedatter. Men mora døde då Gautama vart født. Tradisjonen
fortel at hans fødsels-spåmenn såg teikn på ein stormann - at han hadde
potensiale i seg til å verte ein stor vismann, eller høvding i eit storrike.
Den unge prinsen vaks
opp i verna luksus. Seksten år gammal gifte han seg, men i ein alder av 29 år
innsåg at hans liv til då hadde vore tomt og meiningslaust. Han gav då avkall
på alt som knytte til det verdslege, og byrja å søke opplysing og fred, samt
søke frigjere seg frå attfødings-syklusen. Han praktiserte no Yoga i fleire år - eit liv i streng askese, og han
vandra ikring og lytta til heilage menn.
(askese = forsaking, øving i sjølvtukt)
Etter noko tid kom
Siddharta til at yoga-teknikken var fruktlaus, og i staden slo han inn på ein
middelveg mellom askese og sjølv-utsletting. Ein dag sat han under eit bo-tre
(somme seier pipal-tre) i
Bodh Gaya i Bihar,
og mediterte. Her kom
klarsynet over han som ei openberring.
Så grubla/mediterte
han seg etter kvart fram til djupare
stadier av opphøgd erkjenning, og nådde til sist det høgopplyste sinns-nivået
han hadde søkt etter. No vart han kalla Buddha (Den Opplyste), eller Tathagata (Den som
har funne Sanninga).
Då Buddha hadde funne
denne største sanning, gjekk han gjennom ein periode med grubling og indre
strid. Så, i ein park i den gamle heilag-byen Benares byrja han
forkynningsferda si. Og han vandra frå stad til stad, medan han preika om den
nye sanninga han hadde funne. Han samla snart ein flokk disiplar omkring seg,
og organiserte dei i ein munke-orden som vart kjent under namnet Sangha. Med dette heldt han fram resten av livet.
Ca. år 485 fvt. døde
Buddha, omgitt av disiplane sine. Han vart altså ca. 78 år gammal.
Liket vart brent, og
oska og andre leivningar (tennene) vart tekne godt vare på.
Kort etter hans død
vart det organisert eit slags "buddhistisk kyrkje-samfunn", med munkekloster og nonnekloster. Det vart
nedskrive ei stor samling Buddha-ord. Denne skriftsamlinga vart kalla Tipitaka (Dei Tre Korgene). Samlinga inneheldt m.a. filosofiske utleggingar,
utleggingar om læra, og praktiske råd for klosterlivet.
Buddha var ein munnleg
lærar - ingen skrifter fins etter han. Læra hans vart nedteikna av seinare
disiplar. I kjernen av Buddhas lære finn vi oppfyllinga av Dei Fire Høge Sanningane:
1: Livet er liding.
Dette er meir enn ei erkjenning av at lidinga er til stades i jordelivet
- det er ei erklæring om at i sin natur er
essensen av menneskelivet liding, frå fødsel til død. Ikkje ein gong døden gir fred - Buddha trudde på hinduane
si lære om syklisk
liv - at ny fødsel fylgde etter døden.
2. All liding har sin årsak i kunnskapsløyse om røynda sin natur, og den
higen, begjær og grådigheit som denne kunnskapsløysa medfører.
3. Ein kan fri seg frå lidinga ved å overkome kunnskapsløyse og tilknytinga
til det
verdslege.
4. Vegen ein må gå
for å gjere ende på lidinga, er Den
Edle Åttespora Vegen, som
består av:
Rette
synsmåtar
Rett
tale
Rett
livsførsel
Rett
streben
Rett
tanke
Rett
ettertanke (kontemplasjon)
Desse 8 spora vert
gjerne inndelt i 3 kategoriar, som utgjer hjørnesteinane i Buddhas lære:
Moral,
Visdom og Konsentrasjon
(Samadhi)
Innsmett:
DRØFTING AV
BUDDHAS LÆRE: Den sanninga Buddha hadde komt fram til hadde ikkje noko med religion å gjere - det var
ein livs-filosofi. Slik Buddha hadde tenkt det,
var det altså ikkje meininga at buddhismen skulle verte nokon religion. Han
meinte at det ikkje fans gudar, og han trudde ikkje menneska hadde noko sjel.
Men etter Buddhas død tok dei religiøse driftene i folkemassene kontrollen, og Buddha vart dyrka som guddom. Alle stader der Buddha hadde vore vart heilage stader, og tennene hans vart viktige relikvier. Mange buddhist-kloster hevdar dei har i eige ei av Buddhas tenner, og storslagene heilagbygg (pagodar og stupa'er) er bygd for å huse desse tennene. Folk kjem til pagodane med bøner og offergåver.
Buddha trudde på sjelevandring, men ikkje på den måten at identiteten til ein person på nokon måte var den same frå liv til liv. Men det nye liv vart påverka av gode og dårlege handlingar som var gjort i liva før. Det går altså ikkje an å seie: "I mitt tidlegare liv var eg arabisk prinsesse". Men: Handlingane til ei arabisk prinsesse som levde ein gong, kan påverke ditt liv på godt og vondt.
Målet som Buddha tilrådde å stebe mot med sin filosofi, var å oppnå Nirvana
-
den store tomheit og fred. For å strebe mot Nirvana må ein arbeide med å
nøytralisere kreftene som dirigerer livet. Ein må fri seg frå kroppens krav og
medmenneskas krav - ein må søke absolutt tomheit og likevekt. Nirvana er Det
Store Inkje (ingenting). Men det er Nirvana som er røynda (verkelegheita) - livet er
uverkeleg.
Ein kom ikkje til tomheit og likevekt ved askese (faste, site på
spikermatte, grave seg ned, gå naken omkring og påføre seg lidingar). Jag etter
liding vert like feil som jag etter velferd - ein vert ego-fiksert,
kropps-fiksert - ein bind seg til det verdslege ved det ein kavar med og
strebar etter. Den verkelege sanning må ein søke ved å leve eit liv i likevekt
- ved å gjere seg uberørt av lidenskapar,, begjær og andre krefter som prøver å
gripe styrande inn i livet.
BUDDHISMEN
VERT TILPASSA INDIA: Den reine buddhistiske lære var for metafysisk
(oversanseleg) for folk flest. Dei kravde både noko handgripeleg, og noko meir
guddommeleg. Derfor oppstod det snart ein rik flora av legender om Buddhas liv
og gjerningar. Desse vart blanda med gammal tru, og om ikkje lenge hadde heile
den gamle indiske gudeskaren fått plass i den nye religionen som hadde oppstått
av Buddhas lære. Buddha vart gudekonge, men han var omgitt av dei andre gudane,
og med hærskarer av overnaturlege vesen frå dei ulike primitive religionane.
Det var vel ikkje dette Buddha hadde tenkt seg.....?
Helgenar kom til å spele ei viktig rolle i religions-utøvinga. Viktigast
av desse var dei såkalla bodhisattva - fromme menn som hadde nådd
så langt at dei kunne gå inn i Nirvana når dei ville, men som ville vente litt
med dette, for å kunne gå omkring og hjelpe folk ei rid.
Somme buddhist-munkar og eremittar (einebuarar) vart dyrka som
heilagmenn, ennå medan dei levde. Dei hadde nådd så langt i erkjenning, at dei
kunne bli Buddha når dei ville. (Det vart etter kvart vanleg tankegang at det
fans ein heil haug med Buddha'ar).
I si opphavlege form fornekta buddhismen dei gamle heilag-bøkene frå
indisk oldtid, og tok avstand frå gamle sosiale tradisjonar - først og fremst kastevesenet. Buddhismens nye
og demokratiske menneskesyn vart godt motteke av dei breide lag av folket, men
vart for radikalt for dei herskande klasser - kshatriya og brahman. Og makta
rådde.... - på 1100-tallet evt. var buddhismen nesten borte i India. Men
buddhismen har i stor grad prega indisk filosofi, livshaldning og kunst.
Buddhismen hevdar mennesket
består av fem aggregat ( knipper), Skandhas:
kroppen
kjenslene
sansinga
grobotn for karma
medvet
Eit
menneske er bare ein mellombels samlingsstad for desse aggregata, og dei er i
stadig endring. Ingen er den same i to påfølgande augeblikk. Buddhistane
fornektar at aggregata, individuelt eller i kombinasjon med kvarandre, kan
sjåast på som eit uavhengig eksisterande sjølv, eller som ei sjel
(atman). Dei ser det som eit mistak å
tru på noko slags varig sameining mellom aggregata ein person er ihopsett av. Buddha lærte at
å tru på eit slikt ego,
førte til egoisme, begjær, og til sist til liding. Derfor lærte han om Anatman,
dvs. fornektinga av ei permanent sjel. Han såg det slik at all eksistens ber i
seg desse tre elementa:
Anatman (ingen
sjel)
Anitya (forgjengelegheit)
Dukkha (liding)
Doktrinen
om anatman gjorde det naudsynt for Buddha å omtolke dei indiske ideane om
stadige attfødingar i ein utanom-jordisk syklus, kjend som Samsara.
Han lærte i staden om Pratityasamutpada - ei 12-kjeda lekkje av
årsaker. Desse viser korleis kunnskapsløyse i eit gjennomlevd liv kan resultere
i at ein ny kombinasjon av aggregat oppstår, med påfølgjande utvikling av
medvit og kjensler, begjær og klamring til livet. Dette resulterer så til at
eit nytt individ vert til - ein ny
syklus med fødsel, alderdom og død. Med denne årsaks-kjeda er eitt liv knytt i hop med
det neste. Det ein oppnår ved dette er ein straum av fornya eksistens - ikkje
ein permanent, individuell eksistens som vandrar frå liv til liv; ingenting kan
overførast frå eitt liv til det neste.
KARMA (Filosofi)
Læren
om Karma er nær knytt til desse
ideane om Pratityasamutpada. Karma består av ein persons handlingar, og
handlinganes etiske konsekvensar.
Menneskelege handlingar fører til attføding.
Gode handlingar gir konsekvent lønn, medan dårlege handlingar medfører straff.
Korkje ufortent glede eller ufortent straff fins i verda - verda vert styrt av ei
universell lov. Og den som vil frigjere seg frå rundgangen fødsel/død/fødsel/død,
bør leve utan å utføre handlingar.
Utviklinga
av Karma vert styrt av ei naturens moral-lov - ikkje av eit system med
guddommeleg domsavseiing. Det Karma ein har, bestemmer slike forhold som kva
art ein tilhøyrer, venleik, intelligens, livslengde, rikdom og sosial status. I
følgje Buddha kan Karma av ulike typar føre til attføding som menneske, dyr,
eit sveltande gjenferd, ein helvetes-bebuar, eller til og med til ein av
hindu-guddommane.
Buddhismen har aldri fornekta gudars eksistens, men gir dei inga
spesiell rolle i menneska sitt tilvære. Dei lever lange, lykkelege liv i
himmelen, men er underlagt same lagnad som andre skapningar, og kan risikere å
døy og verte attfødde i ein lavare eksistens. Gudane er ikkje universets
skaparar; dei styrer ikkje menneskas lagnad, og Buddha avviser at det har noko
verde å be eller ofre til dei.
Når det gjeld å kome fri frå attfødings-syklusen, er det betre å vere menneske
enn å vere gud, for gudane har det så bra at dei gløymer å søke etter sann
opplysing og frelse.
NIRVANA (Filosofi)
Det største mål på Buddhas veg, er frigjering frå rundgangen i det
fysiske tilværet, Samsara, med tilhøyrande liding. Ein når dette målet ved å kome til Nirvana - eit opphøgd nivå,
der hugen til grådigheit, hat og dumskap er kvalt.
Nirvana må ikkje forvekslast med total oppløysing - Nirvana er ein
medvits-tilstand som ikkje kan definerast med ord. Etter å ha oppnådd Nirvana,
kan det opplyste individet halde fram å leve, og fri seg frå all attverande Karma, til det når eit stadium av endeleg nirvana; Parinirvana
i dødsaugeblikket.
I
teorien kan alle oppnå nirvana, men eit realistisk mål er det bare for
medlemmane i munke-samfunnet. I Theravada Budhisme, er eit individ som har kome til
opplysing ved å følge den åtte-spora vegen, kjend som ein Arhat
- ein
verdig - eit slags heilag-menneske.
For dei som ikkje maktar å nå det store mål, er delmålet ei betre attføding ved betra
Karma. Dette
er lettare oppnåeleg. Dette mindre målet vert vanlegvis søkt av verdslege
buddhistar, i von om at dei etter kvart vil nå eit liv der dei kan oppnå
endeleg opplysning, som medlemmer av Sangha - (Buddhas munke-orden).
Etikken
(moralen)
som leier til Nirvana, er individuell og
sjølv-sentrert. Den involverer dyrkinga av fire dyder, kjende som Palassa til Brahma:
kjærleik
medkjensle
sympatisk glede
sinnsro
Men
etikken
som leier til ei betre attføding, er sentrert omkring oppfyllinga av
individets plikter mot samfunnet. Den involverer handlingar som omsorg, gåver til
Sangha (munkeordenen), samt observanse på dei fem rettesnorene som dannar
grunnlaget for buddhistisk etikk. Rettesnorene forbyr drap,
tjuveri, stygt språk, usømeleg sex og bruk av rusmiddel. Ved å følge desse rettesnorene kan dei tre dårlege røter:
lyst,
hat og galskap, vinnast over.
FØRSTE UTVIKLING
Kort
før sin død, nekta Buddha sine disiplar å peike ut sin etterfølgjar. Han bad
disiplane arbeide seg fram til eiga frelse ved flid. I denne tid eksisterte
Buddhas lære bare i munnleg tradisjon, og snart stod det klart at det trengtes
ny basis for å halde trussamfunnet sameina.
Munkeordenen
innkalla tidvis til møter, for å semjast om saker vedrørande lære og praksis.
Fire av desse møta er i tradisjonen blitt sett på som hovudsamlingar.
HOVUDSAMLINGANE
Første
hovudsamling var i byen Rajagrha (noverande Rajgir), kort etter Buddhas død. Møtet vart styrt
av munken Mahakasyapa, og hadde som mål å rekne
opp og kome til semje om kva Buddha eigentleg lærte, og om kva som var rett
munkeliv.
Omlag
eit hundreår seinare skal eit nytt møte ha funne stad i Vaishãli. Mål med dette møtet var å
finne ut av ti diskutable munke-praksisar:
bruk av pengar
drikking
av palmevin
samt
andre utartingar som munkane i Vaijian-samfunnet bedreiv.
Møtet
erklærte desse handlingane som ulovlege. Somme religionsforskarar sporar
opphavet til første hovud-splid innan buddhismen til dette møtet - dei hevdar
at resultatet av møtet vart eit skisma (brot) mellom Mahasanghikas (den store
samling)
og den strengare Sthaviras,
(dei
eldre). Men det er meir truleg at spliden mellom
desse to grupperingane oppstod under eit anna møte som vart avhalde 37 år
seinare, som resultat av stadig auka spenning innan Sanghaen omkring
disiplinære spørsmål, rolla til lekmannsrørsla, og Arhats (heilagmennenes)
natur.
Med
tida førte vidare kløyvingar innan desse grupperingane til 18 retningar som divergerer (skil seg) i
filosofiske spørsmål, religiøse spørsmål og synet på disiplinen. Av desse 18
sektene, overlevde bare THERAVADA.
Det
tredje hovudmøtet i Pãtaliputra (noverande Patna), vart innkalla av kong Asoka
i det tredje århundre fvt. Det vart leia av munken Mogaliputta
Tissa, og
arrangert for å reinse munkane og luke ut eit stort tal falske munkar og
kjettarar som hadde knytt seg til ordenen for å oppnå kongeleg proteksjon
(vern). Dette møtet motgjekk anstøtelege synspunkt, og utstøtte berarane av
desse.
Under
dette møtet vart samlinga av buddhistiske skrifter (TIPITAKA)
gjort (etter
møtets meining) ferdig, med eit tillegg av subtil filosofi (ABHIDHARMA) til doktrinen (DHARMA) og
kloster-læra (VINAYA), som var blitt deklamert ved
det første hovud-møte. Eit anna resultat av det tredje hovud-møte, var
utsending av misjonærar til forskjellige land.
Eit
fjerde hovud-møte, under leiing av Kong Kanishka, vart halde i ca. år100 evt. i
Jãlandar eller i Kashmir. Kanskje deltok begge dei
buddhistiske avgreiningane i dette møtet, som hadde som målsetjing å skape fred
mellom dei ulike sektene, men Theravada-buddhistane nekta å gi avkall på sin
originalitet (sitt sanne opphav).
UTVIKLING AV BUDDHISTISK LITTERATUR
I
fleire århundre etter Buddhas død, vart dei verbale tradisjonane etter Buddha
og det som vart bestemt under hovudmøta overført munnleg. Endeleg, i det første
århundre evt. vart alt nedskrive. Nokre tidlege retningar skreiv ned på språket
sanskrit. Sjølv om nokre einskilde
tekstar er berga for ettertida, har ingen komplett kanon overlevd på sanskrit.
Derimot har heile Theravadas kanon overlevd på Pali
- ei populær-dialekt som utvikla seg frå sanskrit.
Den
buddhistiske kanon (samling av heilag-bøker) er kjent som TIPITAKA eller
dei tre korgene, fordi den består av tre
skrift-samlingar:
Sutra Pitaka -
ei samling foredrag
Vinaya Pitaka - reglane for munke-vesenet
Abhidharma Pitaka - som inneheld filosofiske, psykologiske og
doktrinelle
(læremessige) diskusjonar og utgreiingar.
SUTRA PITAKA er hovudsakleg sett saman av
dialogar mellom Buddha og andre folk. Den inneheld fem grupper med tekstar:
Digha Nikaya (samling av lange
samtalar)
Majjhima
Nikaya (mellom-lange samtalar)
Samyutta
Nikaya (samling gruppe-samtalar)
Anguttara
Nikaya (samtalar om forskjellige emne)
Khuddaka Nikaya (samling av ulike
tekstar)
I
denne femte gruppa er Jatakas - omhandlande historier frå
Buddhas liv, og Dhammapada (religiøse setningar) - ei
samling av Buddhas utsegner om mental disiplin og moral, særleg populære.
VINAYA PITAKA inneheld meir enn 225 reglar som skal styre livet til
buddhist-munkane og nonnene. Til kvar av dei høyrer med ei historie som
forklarer den opphavlege grunnen til regelen. Reglane er ordna etter kor streng
straff ein får om ein bryt dei.
ABHIDHARMA PITAKA består av sju uavhengige arbeid. Desse inkluderer
detaljerte klassifikasjonar av psykologiske fenomen, metafysiske analysar, og
ei omgreps-ordbok over religions-tekniske uttrykk. Trass sin tekniske
autoritet, har denne tekstsamlinga liten influens på den vanlege buddhist. Den
komplette versjon, med mange utvidingar, fins også i tibetansk og kinesisk
utgåve.
To ikkje-kanoniske
tekstar som nyt stor autoritet innan Theravada-buddhisme, er Milindapanha´en (spørsmåla
til Kong Milinda). og Visuddhimagga'en (vegen til
reinsing). Milindapanha skriv seg frå 2. århundre evt. Den har form av ein
dialog, og omhandlar ei rekke fundamentale spørsmål innan buddhistisk tenking.
Visuddhimagga er meisterverket til den mest akta buddhistiske kommentatoren, Buddhaghosa, som levde tidleg i det femte århundre fvt. Det
er eit storverk som omhandlar buddhistisk tankegang og meditasjons-praksis.
Theravada-buddhistar
har tradisjonelt ansett Tipitaka´en å vere orda etter Siddhartha Gautama, nedteikna etter
minne. Mahayana-buddhistar har ikkje avgrensa sine tekstar til kun å omfatte
den ordrette læra til Buddha - faktisk har dei aldri bunde seg til nokon
fastlåst kanon av heilage skrifter. Ulike skrifter har vore autorative i ulike
greiner av Mahayana-buddhismen, og i
ulike periodar i historiens laup.
Av dei mest sentrale
Mahayana-skriftene er følgande:
Saddharmapundarika Sutra (den gode lovs lotus´ Sutra)
Vimalakirti Sutra
Avatamsaka
Sutra (Garland Sutra)
Lankavatara
Sutra
Prajnaparamita
(visdoms-øvingar) (samling av fleire skrifter)
Alt i dei første år av
buddhismens utvikling vart det usemje om meisterens lære, og dette resulterte i
dei 18 tradisjonelle
Buddha-sektene. Samla, som
gruppe, vart desse sektene etter kvart ansett å vere for konservative og
bokstavtru i ankerfestinga til meisterns bodskap. Og Theravada, mellom dei, vart anklaga for å vere for individualistisk,
og å bry seg for lite om behova til lekfolk og kvarmannsfolk. Denne misnøyen
leia til at ein liberal (frisinna) fløy av munkevesenet byrja på eit brot med
resten av munkane i det andre hovudmøte, i 383 fvt.
Medan dei meir
konservative munkane heldt fram med å dyrke Buddha som den absolutte og ultima
opplyste lærar, utvikla retninga Mahasanghikas eit nytt konsept. Desse såg på Buddha som eit himmelsk,
allstadsverande, transcendentalt (gjennomsiktig, usynleg, overjordisk) vesen.
Dei spekulerte i at den menneskelege Buddha var ei personifisering av den
himmelske Buddha, som var skapt for å vere menneska til hjelp. Ved denne
forståinga av Buddhas natur, vart Mahasanghikas lære på mange vis eit utspring
for Mahayana.
Thervada
vart kalla"Det Lille Køyrety" ("Den Lille Farkost") - kvart menneske måtte
åleine finne vegen til Nirvana, og det var ein svært vanskeleg veg å gå. Bare
få meistra å gå denne vegen.
Mahayana vart kalla "Det Store Køyrety" ("Den Store
Farkost") - vegen til
frelse/Nirvana var breid. Einkvar kunne gå den. Det er god hjelp i bønner og
ofringar til helgenar, heilagdommar og kloster. Presteskapet kan vise alle
vegen til fromheit, som er vegen til sanning/frelse/Nirvana.
Opphavet
til Mahayana er i stor mon dunkelt. Sjølv namna til innstiftarane er ukjende,
og forskarar er usamde om Mahayane oppstod i Sør-India eller i Nordvest-India.
Læra vart utvikla mellom det andre århundre fvt. og første århundre evt.
Spekulasjonane
omkring den himmelske Buddha heldt fram i lang tid etter år 0, og kulminerte
med mahayana-doktrinen
om Buddhas trefaldige natur, eller trippel-kropp, (Trikaya).
Dei tre sidene ved Buddha skal vere:
Saft-lekamen (kjernen)
Lykksaligheits-lekamen
Forvandlings-lekamen
Saft-lekamen
representerer Buddhas ultimate natur. Den er utan form, er uforanderleg,
absolutt, og vert omtala som det universelle medvet. Saft-lekamen manifesterer
seg (gjer seg synleg) ved å ta himmelsk form som lykksaligheits-lekam. I denne form sit Buddha som
ein guddommeleg herskar og preikar i himlane. Til sist trer Buddhas natur fram
i menneske-form på Jorda, for å omvende menneska. Denne framtoningen er kjend
som forvandlings-lekamen. Buddha har vist seg slik utallige
ganger. Mahayana anser den historiske Buddha, Siddhartha Gautama, kun å vere
eitt av mange eksempel på forvandlings-lekamens opptreden på jorda.
Det
nye Mahayana-konseptet om Buddha, muliggjorde idear om himmelsk nåde og stadige
åpenbaringar - noko som manglar i Theravada. Trua på Buddhas himmelske
manifestasjon, førte til ein andektig stillstand i Mahayanas filosofiske
utvikling. Somme forskarar har skildra Mahayanas tidlegaste utvikling som
"Hindufisering av Buddhismen".
Innsmett:
LIKSKAPAR MED KRISTENDOMMENS
TRE-EININGHEIT:
Har
Mahayana henta inspirasjon frå Kristendommen? Det kan sjå slik ut: lykksaligheitslekam = Gud
forvandlingslekam = Kristus
saftlekam
= Den Heilage Ande
Og kva med åpenbaringar og himmelsk nåde? (bare ein teori)
Eit
anna viktig trekk ved Mahayana er Bodhisattva - den opplyste
tilstand, som idealet som den gode buddhist skulle strebe mot. Ein
Bodhisattva er ein person som har oppnådd perfekt opplysing, men som utset sitt
inntrede i endeleg Nirvana, for å vere med å hjelpe
andre "søkande" til frelse. Ein Bodhisattva overfører gode
gjerningar, samla gjennom mange liv, til mindre heldige vesen. Medkjensle og kjærleik
er kjenneteikn på ein Bodhisattva. Mahayana meiner ein Bodhisattva er meir
heilag enn ein Arhat, som er Theravadas
ideal-individ. Spesielle Bodhisattva, slik som Maitreya, som representerer Buddhas
kjærleik, og Avalokitesvara eller Kuan-yin,
som representerer Buddhas medkjensle, er blitt fokusert i populær-gudsdyrking
innan Mahayana.
TANTRISME
Frå
det 7. århundre har ei ny form for buddhisme, kjent som Tantranisme,
utvikla seg ved samanblanding av Mahayana og nord-indisk tradisjonell folketru
og magi. Lik Hindu-tantranisme, som oppstod omlag samstundes, så skil
Buddhist-tantranisme seg frå Mahayana ved sterkt å vektleggje heilage
handlingar. Også kjent som Vajrayana, (diamant-vogna), er tantranisme full av
esoterisk (mystisk) tradisjon. Kultens innviings-seremoni inkluderer inntrede i
Mandela, ein mystisk sirkel - eit
symbol-kart over det åndelege univers. Viktig i tantranisme er også bruk av Mudra
- rituelle handlingar, og Mantra, heilage stavingar, som vert
sunge omatt og omatt som fokuserings-objekt for meditasjon.
Vajrayana
vart dominerande form for Buddhisme i Tibet, og vart også brakt via Kina til
Japan, der læra framleis vert dyrka av Shingon-sekta.
UTBREIING FRÅ INDIA
Buddhismen
spreidde seg fort i India. Kong Asoka sende ut misjonærar til Sør-India, og til
nordaustre deler av landet. I følge inskripsjonar frå Kong Asokas tid vart også
misjonærar sende til landa omkring Middelhavet, men desse gjorde ingen suksess.
Kong
Asokas son Mahinda, og dattera hans Sanghamitta har fått æren for å ha omvendt
Sri Lanka til Buddhismen. Buddhisme vart med ein gong stats-religion på Sri
Lanka.
I
følge tradisjonen vart Theravada brakt til Myanmar (Burma)
frå Sri Lanka, i Kong Asokas regjeringstid, men det fins ikkje sikre spor etter
den her før i 5. århundre evt. Frå Myanmar spreidde Theravada seg til noverande
Thailand i det 6. århundre. Den vart adoptert av thai-folket, då dei seinare
invaderte frå Sørvest-Kina mellom 12. og 14. århundre. Thai-kongedømmet gjorde
Theravada til stats-religion. I det 14. århundre vart Theravada adoptert av
kongehuset i Laos.
Både
Mahayana og Hinduisme hadde byrja få influens i Khambodsja ved slutten av 2.
århundre evt. Men etter 14. århundre, under Thai-influens, tok Theravada
gradvis over som hovud-religion her.
Omkring
år 0 vart Buddhisme brakt til Sentral-Asia. Herifrå inntok den Kina, via
handelsrutene, tidleg i 1. århundre evt. Den vart motarbeidd, og i periodar (
446, 574-77, og 845) forfylgd av ortodokse konfusianarar, men slo likevel rot, og
påverka Kinas kultur - samt at Buddhismen vart tilpassa kinesiske tilhøve.
Kinesisk Buddhisme gjekk tilbake etter forfølgingane i 845, sjølv om Zen-Buddhisme
(Ch´an =
meditasjon) og den fromme Reint Land-sekta framleis forblei viktig.
Frå
Kina fortsette Buddhismens spreiing. Konfusius-autoritetar la hindringar i
vegen for spreiing til Vietnam, men Mahayana byrja likevel å hevde seg her så
tidleg som 189 evt. I følge tradisjonen kom Buddhismen til Korea i 372. Over
ein periode på fleire hundre år vart Korea så gradvis omvendt til Buddhismen.
Buddhismen
kom til Japan frå Korea. Den var kjent i Japan tidlegare, men det offisielle
introduksjons-år er 552 evt. Den vart proklamert å vere statsreligion i Japan i
594, av Prins Shõtoku.
Buddhisme
vart først introdusert i Tibet av utanlandske hustruer av kongen der, i 7.
århundre evt. Midt i neste århundre var den blitt ei viktig kraft i tibetansk
kultur. Ein nøkkel-figur i utviklinga av tibetansk buddhisme var den indiske
munken Padmasambhava, som kom til Tibet i 747.
Hans hovudmål var å utbreie Tantrisk Buddhisme, som vart hovudforma av
buddhisme i Tibet.
Indiske
og kinesiske buddhistar kjempa om overtaket, og kinesarane vart til sist
utmanøvrert og jaga frå Tibet nær slutten av 8. århundre.
Omlag
7 århundre seinare fekk tibetanske buddhistar ein idé om at abbedane i dei
store klostra var reinkarnasjonar av vidgjetne Bodhisdattvas. Etter kvart vart
øvste-abbeden kjent som
Dalai Lama. Dalai Lama styrte Tibet som
eit teokrati (preste-styre) frå midten av 17. århundre til Tibet vart okkupert
av Kina i 1950.
NYE SEKTER
Fleire
viktige nye buddhistiske sekter oppstod i Kina, og blomstra der og i Japan, og
også andre stader i Aust-Asia. Mest viktige var:
Ch´an (Zen)
Amidisme
(Pure Land - Reint Land).
Zen forfekta meditasjons-praksis
som middel til å oppnå ein (plutseleg) intuitativ innsikt i eins indre
Buddha-natur. Zen vart grunnlagt av den indiske munken Bodhidharma,
som kom til Kina i 520. Zen tilrår praksis og personleg opplysing, heller enn
doktriner og studier av skrifter. Zen-munkane rakar hagen sin kvar dag. Den er
strødd med singel (småstein), og med riva lagar munken eit fast stripe-mønster
i singelen. Sentralt i hagen er eit lite steinbedd med utsøkte planter som må
vatnast. Slike rutinar/rituale er viktige i zen-praksis.
Zen-munken
komponerer Haiku-dikt:
Morgentåkens streif Fårene
ser gjeteren
Langs tranens hals Stå
opp fra sitt leie
Dråper på trærnes bladverk En ny dags bris
kjærtegner beitemarkene
I
staden for meditasjon, vektlegg Pure Land tru på og tilbeding av Buddha Amitabha, også kalla Buddha for evig lys. Dette skal vere middel til attføding og
inntrede i eit evig Paradis, kalla Pure Land. Attføding i dette vestlege
Paradis avheng av krafta og nåden til Amitabha, heller enn lønn for eit reint
liv. Tilhengarane ærer Amitabha ved utallige repetisjonar av frasen
"Hylling til Buddha Amitabha". Men dog; ei einaste ærleg framseiing
av desse orda kan vere nok til å garantere inntrede i Pure Land.
Ei
spesiell Japansk sekt av Mahayana er Nichiren
Buddhisme,
som har namn etter sin grunnleggar som levde i det 13. århundre. Nichiren
trudde at Lotus-Sutraen inneheldt kjernen i Buddhas
lære. Essensen i læra kan illustrerast ved formuleringa "Hylling til
Lotus-Sutraen", og ganske enkelt ved å repetere desse orda, kan
tilhengarar nå den opphøgde opplysing.
KLOSTER-LIV
Frå
først av vart dei mest entusiastiske tilhengarane av Buddha organiserte i
munke-flokkar
- Sangha.
Medlemmane var kjenneteikna ved at dei barberte hovuda, og bar kjolar av usydd,
orange tøy. Dei tidlege buddhist-munkane, Bhikkus, vandra frå stad til stad -
bare i regntida, då det var vanskeleg å reise omkring, slo dei seg i hop i
samfunn. Kvart organisert munkesamfunn som etter kvart kom til, var uavhengig
av andre, og demokratisk organisert. Kloster-livet vart styrt etter reglane i Vinaya Sutra
- ei av dei tre kanoniske skriftsamlinganne. Kvar fjortande-dag vart eit formelt
munke-møte, Uposatha, avhalde i kvart
munke-samfunn. Sentralt i denne seremonien, var formell framseiing av Vinaya-reglane, og offentleg syndsvedkjenning. Sangha hadde ordenar både
for munkar og nonner - noko som var ganske eineståande etter indisk tradisjon.
Theravadan-munkar og -nonner levde i sølibat (fekk ikkje gifte seg), og ernærte
seg ved å motta offer på daglege rundturar i heimane til lek-tilhengarar. Zen-skulen tok
etter kvart avstand frå at medlemmar av sangha skulle leve av offer. I
reglementet for sekta kom det til at medlemmane skulle arbeide på markane for å
tene sitt brød. I Japan tillet den populære Shin-skulen, ei grein av Pure Land, sine
prestar å gifte seg og stifte familie. Blant dei tradisjonelle funksjonane til
buddhist-munkar er organisering av gravferder og minne-høgtider til ære for
avdøde. Sentrale element i slike seremoniar er skrift-sang og overføring av
gode gjerningar til den avlidne - dette meint å vere han til hjelp i
etterlivet...
KVARMANNS-BUDDHISME
Lek-Buddhisme
er individuell meir enn samlande. Frå dei tidlegaste tider har lekfolk og
Sangha-medlemmar som felles religions-utøving hatt Dei tre tilfluktene. Desse er:
Eg søker tilflukt i Buddha.
Eg søker tilflukt
i Dharma.
Eg søker tilflukt
i Sangha.
Sjølv
om Buddha teknisk sett ikkje vert dyrka i Theravada, vert høgakt vist gjennom
stupa-kultusen. Ein stupa er eit kuppelforma, heilagt-bygg som inneheld ein
relikvie. Desse stupane har historisk samanheng med indo-europearane sine
gravrøyser. Tilhengarar går omkring stupaen i retning med klokka, berande på
blomster og røykelse som teikn på ærefrykt. I byen Kandy på Sri Lanka vert ei
tann av Buddha æra ved ein populær festival på Buddhas bursdag. Buddhas bursdag
vert feira i alle buddhistiske land. I Theravada er feiringa kjent under namnet
Vaisakha, etter namnet på månaden då
Buddha vart fødd. I Theravada-buddhistiske land er seremonien kjend som Pirit,
som tyder vern, og då
vert det framsagt magiske vers frå Pali-kanonen, med formål å drive ut vonde
ånder, lækje sjukdom, velsigne nye bygningar og oppnå andre føremoner.
I
Mahayana-land er seremoniar meir viktige enn i Theravada-land. Bilete av Buddha
og Bodhisattvas på tempel-alter og i heimane til tilhengarane, vert fokusert på
ved tilbedinga. Bønner og salmar høyrer til ved gudsdyrkinga, samt ofring av
frukter, blomster og røykelse. Ein av dei mest populære festivalane i Kina og
Japan er Ullambana-festivalen, då det vert ofra til dei
dødes ånder og til svoltne attgangarar. Det er sagt at under denne feiringa er
portane til den andre verda opne, slik at avdøde sjeler kan vende tilbake til
Jorda for ei kort stund.
BUDDHISME I DAG
Ei
gjennomgåande sterk side ved Buddhismen har vore religionens evne til å
tilpasse seg vekslande tilhøve og ulike kulturar. Den står i motsetnadstilhøve
til materialismen - både den vestlege og den
marxist-kommunistiske varianten. Buddhismen ser ingen motsetnad mellom
seg sjølv og moderne vitskap. Tvert imot hevdar den at Buddha oppmuntra til
eksperimentell tilnærming til spørsmåla om evig sanning.
I
Thailand og Myanmar står Buddhismen framleis sterkt. I reaksjon på anklagar for
å vere sosialt amoralsk, har munkar involvert seg i mange velferds-prosjekt.
Sjølv om Buddhismen i India nærast døydde ut mellom 8. og 12. århundre, så
blomstra den i 1956 opp på ny, i mindre skala, ved omvending av 3,5 million
lav-kastar, under leiing av Bhimrao Ramji
Ambedkar. Ein
liknande buddhistisk renessanse oppstod på Sri Lanka frå byrjinga av 19.
århundre.
Buddhismen
har hatt det vanskelegare under dei kommunistiske regima i Asia. I Kina, til
dømes, eksisterer den ennå, men under streng overvaking og regulering av
regjeringa. Mange kloster er blitt omgjort til skular, helsestasjonar - eller
brukt til andre offentlege formål. Munkar og nonner har måtte ta seg verdsleg
arbeid, ved sidan av sin religiøse funksjon. Etter å ha okkupert Tibet, og
etter at Dalai Lama og andre buddhist-leiarar hadde rømt derfrå til India, har
Kina prøvd å undergrave buddhistisk influens der.
Kun
i Japan, etter 2. verdskrig, har ekte nye buddhist-rørsler oppstått. Mellom
desse må nemnast Sõka Gakkai - Verdi-skapings-samfunnet, ei lek-rørsle som er tilknytt
Nichiren-buddhisme. Den er kjent for effektiv
organisering, aggressive misjonsteknikkar og bruk av masse-media, samt for sin
nasjonalisme. Den lovar sine tilhengarar materiell velstand og verdsleg lykke.
Sidan 1956 har den vore involvert i japansk politikk, og stiller kandidatar til
ymse offentlege val, under fana til Kõmeitõ, (Det reine
Regjeringsparti).
Veksande
interesse i Vesten for asiatisk kultur og åndelege verdiar, har ført til
utvikling av ei stort tal sekter som trår etter å studere og praktisere
Buddhisme. Zen har hatt stor framgang i USA, og omfattar no meir enn eit dusin
meditasjons-sentre og mange kloster. Interessa for Vajrayana har også auka.
Som
buddhismen så smått og etter kvart får rotfeste i Vesten, byrjar den igjen å
tilpasse seg nye omgjevnadar. Det ser ut som ei ny, amerikansk utgåve av
Buddhisme etter kvart kan verte forma.
Brev motteke
25. januar 2001:
Hei Aslak
Jeg
har nettopp lest utdrag av din omfattende artikkel om Buddhisme på hjemmesiden
din. Det ser veldig bra ut, informsjonsrik og nyansert.
Kanskje
du er interessert i å vite at Sangharakshita, engelskmann som ble ordinert i
India, hjalp Dr. Ambedkar med massekonverteringen av lav-kastene. Senere
started han en Buddhistorden og organisasjon - den Vestlige Buddhistorden (VB -
eller the Western Buddhist Order) og den Vestlige Buddhistordens Venner (VBV -
eller the Friends of the Western Buddhist Order). Dette er altså nok et nytt
skudd på den gamle stamme.
Nå
har jeg som det første ordensmedlem i denne ordenen flyttet hjem til Norge,
etter 11 år i England, og started Oslo Buddhistsenter. Du vil derfor kanskje
lage en lenke fra din side til denne adressen:
metta - med vennlig hilsen
Gunaketu