Truleg er minst 80% av Gamle Egypt ennå ikkje utgravd. Men dei funn som er gjort til nå overgår fleirfaldige gangar alt anna som arkeologar har gravd fram frå jorda. Eg skriv bare bitte lite grann om dei arkeologiske utgravingane i Egypt:
I 1960-åra byrja arkeologisk arbeid i det
sørlege Egypt, og arkeologane fann spor etter sein-paleolitiske
kultur-samfunn som mellom anna dyrka bygg. Dette er eldste jordbrukarane vi
veit om som sådde og hausta i slammet som låg att etter Nilens årlege flaum.
Etter kvart dukka neolittiske kulturar fram med ekte jordbruk og
pottemakeri - samt vevkunst. Desse kulturane
kulminerte i den såkalla "Tasianske fase" som gjekk
over i den første "metall-bearbeidande periode"- "den Badarianske
fase". Det var i den badarianske periode at kopar først vart nytta,
til pynt, reiskapar og våpen.
(paleo tyder tidleg, og litos tyder stein.
Seinpaleolitisk = seint i tidleg (eldre) steinalder)
(neolittisk = tilhøyrande nyare (yngre) steinalder)
SIR FLINDERS PETRIE starta opp systematisk og metodisk gransking av gamle egyptiske funn ca. 1880. I 1894-95 avdekka han omlag 3000 graver i Naqada, som brakte fram i lyset perioden like før byrjinga av Egypts historiske tid, omlag 3400 fvt. Seinare granskingar kunne skilje kulturen i Øvre Egypt frå kulturen i Nedre Egypt, som var påverka av kulturar i Midt-Austen, og kanskje var befolka av ein annan rase, med andre pottemakar-stilar (dekor med folk og båtar), og med ein annan stil på metallarbeida.
I følge tradisjonen samla kongen i sør - Menes, alle bysamfunna i omlandet til eitt rike i byrjinga av den dynastiske periode, (ca. 3100 fvt.). Fleire kosmetikk-palettar frå denne tida er gravert med slagmotiv og jaktmotiv - den flottaste var i kong Narmer's eige. Narmer var kanskje eit anna namn på Menes? Liknande graveringar på steinar og septer og handtak knyter kulturen til Midt-Austen. Dei eldste hieroglyfar skriv seg også frå denne tida.
Eldste historia til Nord-Egypt var ukjend til nylige utgravingar frambrakte spor frå den før-dynastiske og tidlege dynastiske periode. No dukka det fram overdådig utstyrte gravmæle etter sterke familier av regentar. Gravmonumenta i Naqada, Abydos og Saqqärah dukka fram, og hadde mykje å fortelje om kulturen i denne tida.
Dronning Hetepheres (omlag
2600 fvt.) hadde møblar dekorert med
innlagt gull. Kong Menkaure (ca.
2578-2553 fvt.) er kjend for skifer-statua som er funnen etter han. Denne er nå
i Boston i USA.
ROSETTA-STEINEN vart oppdaga i 1799 - ei stor, svart basalt-blokk - nå i British Museum, med inskripsjonar med hieroglyfar, demoisk skrift og gresk skrift, av same tekst. Rosetta-steinen hjalp Jean Francoise Champollion til å desiffrere (tyde) hieroglyfane. I 1822 greidde han å løyse gåta med hieroglyfane. Det er egyptiske prestar som har laga forfatta tekstane på Rosetta-steinen - dei fortel om ekteskapet mellom Ptolemaios V og Cleopatra I.
Massevis av egyptiske inskripsjonar på steinblokker etc. har hamna i private samlingar, og er ikkje tilgjengelege for ålmenta.
KAIRO MUSEUM vart grunnlagt i 1858, og fekk etter kvart delvis kontroll med skattejakta på gamle egyptiske minnesmerke.
British Museum: http://www.thebritishmuseum.ac.uk/world/world.html
Kairo Museum: http://www.powerup.com.au/~ancient/museum.htm