DØDEN

REINKARNASJON

Ideen om at døden bare er eit mellombels avbrot før attføding, går langt tilbake i Egypts førhistoriske tid. Som naturen vart attfødd kvart år, og Nilen fløymde - slik verka det naturleg at menneskjelivet også skulle fødast på nytt. Men sjølv om dei trudde på attføding, var egyptarane svært oppetkne av døden. Dei minte kvarandre på døden ved høve; ei tredukke i kiste vart bore rundt av ein tenar verd lystige festar, og folk vart rådde til å glede seg medan dei levde. Egyptarane trudde og håpte på eit godt liv etter døden, men dei var langt frå trygge på dette, og dei mange gravrituala var nok magiske hjelperåder som skulle gynne attfødinga. Det var viktig at kroppen var intakt, for at sjela skulle ha ein tilhaldstad, så lika vart preserverte etter beste økonomiske evne. Ørknen, Deshret høyrde dauden til. Dei døde vart gravlagde i Deshret, der dei vart godt preserverte i tørr sand og tørr luft - dei fattigaste fekk ei grunn grav i sanden, medan faraoane bygde seg svære pyramidar.

Verda har ikkje sett maken til Egypts gravseremoniar og gravutstyr. Egyptarane trudde at menneskjets livskraft bestod av fleire fysiske element - det viktigaste var KA. Ka likna ein kopi av kroppen, og levde saman med kroppen livet igjennom. Etter døden skilde Ka seg frå kroppen, for å ta bu i dødsriket. Men Ka kunne ikkje eksistere om kroppen ikkje var intakt, og derfor vart alle midlar tekne i bruk for å preservere kroppen - balsamering om mumufisering etter tradisjonelle metodar; opphavet vart truleg Isis si balsamering av Osiris. I tillegg vart tre- og stein-statuer av den døde lagt i gravkammeret, som erstatning om mumiem skulle bli øydelagt. Dess fleire statuer, dess tryggare var ein. Gravene var i ørknen, der det var tørrast, og enorme gravmæle reist, m.a. som vern mot varmen.

Etter å ha forlatt kroppen, vart Ka oppsøkt av ei mengd farar. Derfor var gravene dekorert med Dødeboka, inskripsjonar som gav oppskrift på korleis ein skulle overvinne desse farane. Etter å ha nådd dødsriket, vart Ka stemna til dom framfor Osiris, kongen i dødsriket, og 42 demonar. Dødeboka gav også oppskrift på korleis ein best skulle te seg framfor desse. Om dommarane kom til at den døde var ein syndar, vart Ka dømt til svolt og tørst, og til å bli reven i filler av grusomme skarprettarar. Fall domen godt ut, kom Ka til dei himmelske egner - Yarus markar. Der vaks kornet 12 fot høgt, og tilværet var som eit opphøgd jordeliv. Derfor fekk den døde med seg i grava alt som trengtes av utstyr for dette andre livet. Dei som levde i dødsriket måtte betale for seg ved å jobbe for Osiris, t.d. på kornåkrane. Men ein kunne sleppe unna dette arbeidet ved å ha med seg statuer av seg sjølv i grava, som då kunne gjere arbeidet i staden for den døde.

GRAVMONUMENT

Det var venta av kvar farao at han bygde seg eit gravmæle meir imponerande og uforgjengeleg enn forgjengaren sitt

MASTABA

Dei eldste gravmæla til faraoane i den heilage byen Abydos, vart kalla mastaba. Det var klassisk, arketypiske firkanta byggverk oppmura av tørka leire-murstein, omgitt av kammer stappfulle av alt regenten måtte trenge i etterlivet - mat, våpen, møblar.

GRAVUTSTYR

I Egypts tidlege historie vart tenarar sett på som essensielt for eit godt etterliv, og dei vart ofra for å følgje sin herre på reisa til underverda, saman med konkubiner, dvergar og hundar. FARAO DJER, som regjerte rundt 2900 fvt., fekk med seg 580 medlemmer av hoffet i døden. Men praksisen med menneskeofring varte bare ein kort periode - så vart menneskje representerte i grava ved dukker og avbildningar. Med tida vart gravutstyret rasjonalisert. I staden for store matforråd, fekk den døde med seg ein ljå, så han kunne skaffe mat sjølv. Veggmåleri vart substitutt for saker som var upraktisk å leggje i grava.

Veggmåleria i gravkammera hadde gjerne motiv frå den avdøde sin daglege dont i levande live; t.d. gjetarar som har samla inn kveg for oppteljing.

 

DØDEBOKA (DEN EGYPTISKE DØDEBOKA)

er namn på mengder av inskripsjonar frå gravkammer. Desse var oppskrifter på korleis Ka skulle verne seg mot dødsrikets farar, og korleis best te seg framfor domarane. Liknar i mangt Den Tibetanske Dødeboka. (Sjå over, under "reinkarnasjon").

PYRAMIDAR

Frå Abydos vart faraos nekropol flytta til Saqqara.

Om mengda av forråd og gjenstandar i gravene vart moderert, så vaks mausolea jamt, frå dei første tider; ein var 5 m høg og med 70 rom. Prestar bar jamt inn mat. Store steinar skulle hindre gravrøvarar.

Samstundes med utviklinga av pyramidane, segla solguden RA opp til å bli landets hovudgud. Pyramidane skulle symbolisere solstrålane som slo gjennom skydekket.

KONG DJOSER I (ca 2650-2630 fvt) bygde i Saqqara 6 mastabas av minkande storleik oppå kvarandre. Ypperstepresten IMHOTEP var arkitekten. Denne trappe-pyramiden skulle symbolisere ei trapp til himmelen, 62m høg, og omgitt av ein 10m høg mur, meir enn 1km lang, med 12 falske og 1 ekte port. Innanfor muren var gravmæla til faraos slekt, og andre heilage bygg.

Femti år seinare bygde farao SNEFRU pyramide med 8 trinn, og han fylte trinna med pukk og grus, for deretter å kle heile bygningen med kalkstein. og slik fekk pyramidane si klassiske form.

Det vart vanleg å erstatta mursteinane med blokker av kalkstein, samt granitt i innvendige rom. Slik fekk pyramidane glatte sider.

KHEOPS-PYRAMIDEN

Rundt år 2575 fvt. vart Kheops (Khufu)-pyramiden i Giza påbyrja. Byggetida var ca 23 år. I grunnen er sidene 230m. Forma er perfekt geometrisk, og storleiken eit prov på desse faraoane si enorme makt. Grunnflata er kvadratisk. Høgd 146m. Den inneheld 2.3 million steinblokker med snittvekt 2,5 tonn. Tyngste blokkene veg 15 tonn. Pyramiden er kledd med perfekt tilhogd kalkstein.

SFINXEN

Kheops son KHEFREN bygde ein pyramide like ved, med SFINXEN ved sidan av - ein kjempeskulptur med løvekropp og Khefren sitt hovud. Sfinxen er 75m lang - eit mytisk dyr som vaktar heilage stader. Sfinxen vart hogd ut av ei klippe som stod att etter steinbrytinga for pyramide-byggmaterial.

SEINARE PYRAMIDAR

Store menneskjelege ressursar gjekk med til pyramidebygginga, slik at det etter kvart røynde på makta til farao. Khefrens son MENKAURE bygde ein pyramide som knapt var tredjeparten så stor som faren sin. Menkaure vart hugsa som ein god farao, medan forfedrane hans vart rekna som tyrannar.

Neste farao, SHEPSEKAF, bygde masteba. Men så overtok pyramidane igjen, men mykje mindre no. Men no vart det bygd tempekl for RA. Det vart reist rundt ein open plass med mange alter, og eit lukka kammer som vart kalla årstidenes rom. Midt på plassen stod ein obelisk.

MUMIAR

Med tida kom pyramidar ut av bruk - vart erstatta av gravkammer i ørkenen. Men ørkenvarmen gjorde at lika gjekk i oppløysing. Dette problemet måtte løysast om den dødes fysiske integritet skulle bergast. Balsamering vart løysinga. Tidleg balsameringsteknikk gjekk ut på å pakke kroppane inn i harpiks-impregnert lintøy. Teknikken vart kalla mumifisering, av det arabiske moumiya, som tyder bek, tjøre, asfalt. Med tida vart teknikken forbetra, og meir komplisert.

Innvolane vart tekne ut, og kroppen lagt i eit kar med natron. Så vart kroppen tørka, og fylt med lintøy innsett med harpiks. Ansiktet vart gjerne dekt med grøn maling, og liket bandasjert og kledd.

Mumien vart plassert i ei eller fleire kister inni kvarandre; av menneskjeform, og dekorert med mytologiske scener etc. Som farao, ville rikmannsfamilier preservere sine døde. I mindre målestokk anla dei familiegraver i ørkenen, gjerne i klynger omkring faraos grav. Dei døde vart balsamerte, og namna til dei døde vart minna av prestar, mot betaling. Vidare minna religiøse inskripsjonar i gravkammera namnet til den døde. Sjølv lavare funksjonærar hadde konstruerte graver, simplast eit enkelt kammer hogd inn i fjellet.

MINNESEREMONIAR FOR DEN DØDE

Egyptarane la mykje alvor i å gi folk og ting namn, og namnet vart sett på som eit levande vesen.

I tempel og i heimane vart den døde minna etter gravleggjinga, og den dødes namn vart æra i daglege bønner. Det vart også dagleg ofra mat til den dødes ånd.

1