Egypts kongar, faraoar, herskarar..

Frå oldtid til år 300 evt.

(Samla ihop av Aslak Nedregård)

                               

 

Sjå også "Historisk tabell"

 

 


Lite er kjendt om faraoane i dei eldste dynastia, men monumenta dei bygde til minne om seg ovundrar vi oss over.

DYNASTI = kongehus....ei ubroten slektrekke med kongar/dronningar som etterfølger kvarandre.                                                                    


FARAO tyder "Store Hus". Det er  frå Bibelen vi kjenner dette ordet som tittel på egyptiske kongane.

 

dddddddddddddddddddddddddd

3300    vart Øvre Egypt samla under ein herskar.

 


          DYNASTISK OVERSYN:                        

                                                                                  

 

PERIODE

HERSKARAR

 

 

 

 

Førhistorisk tid

1. -  2. dynasti

 

Det gamle Kongedømmet             

3. -  6. dynasti

 

Første Mellomperiode

7. - 11. dynasti

 

Mellom-Kongedømmet         

11. - 12. dynasti

 

Andre Mellomperiode                   

13. - 17. dynasti

 

Det nye Kongedømmet        

18. - 20. dynasti

 

Tredje Mellomperiode               

21. - 24. dynasti

 

Sein-kongedømmet                        

25. - 26. dynasti

 

Første Persiske Periode             

27. - 28. dynasti

 

Seinkongedømmet held fram 

29. - 30. dynasti

 

Andre persiske periode    

31. dynasti

 

Gresk-romersk periode    

Makedonske dyn. og Ptolemaiane

 

Romersk provins

Romerske keisarar

 

 

 

 

 

                                                                                                                 

jjjjjjjjjjjjjjjjjjjj

F Ø R H I S T O R I S K   T I D

                                           Til TOPP

 

2920 - 2770...........F Ø R S T E  D Y N A S T I

1  2920 (Ca) MENES (AHA) (NARMER?)

Menes var ein legende-konge det går segner om. Vart truleg også kalla Narmer .

Det er sagt at han Øvre og Nedre Egypt; at han grunnla byen Memphis, og gjorde den til hovudstad i riket.

 

Æraen til den store egyptiske sivilisasjon strekker seg frå kong Menes' kroning til keisar Augustus' erobring ca. år 0.

 

Memphis låg på ei øy i Nilen og var såleis lett å forsvare. Og vidare er det sagt at Menes grunnla  byen Crocodopolis. Menes sende tropper på raid mot nubiarane i sør, og utvida landet sør til første katarakt.

 

(Katarakt = fossefall/fossestryk i Nilen. Elva fell i "trappetrinn" ettersom ho renn nord mot Middelhavet. Første katarkt ligg nærast havet, og så tel ein fleire katarakter sørover).

 

Menes' førstedronning heitte BERENIB, men ho var ikkje mor til hans etterfølgjar, DJER. Mor til Djer var NEITHOTEP. Menes døde på mystisk vis - han vart angripen av ville hundar og krokodiller i Faiyum. Menes gravmæle ligg i Saqqara - den vidgjetne "dødebyen" ved Memphis. Menes skal ha blitt 63 år gammal.

 

2  2903?  ITI (NEITHHOTEP)

Iti var ei av dronningane til Menes Ho regjerte nokre år for son sin, DJER.

 

 

 

 

 

 

 

3  2900 DJER

Djer var andre konge i første dynasti, og regjerete frå Memphis som faren, Aha (Menes). Han bygde eit palass ved Memphis, og regjerte Egypt i 50 år. Han førte suksess-rike krigar mot hyksos-folket på Sinai-halvøya. Namnet hans er funne på ein inskripsjon ved Wadi Halfa  like sør for første katarakt. Dette var truleg meint å vere eit grensemerke for rikets utstrekking.

 

     Dronninga til Djer var HERNEITH. Han vart gravlagt i eit gravkompleks som er kalla Gud Osiris' sanne grav. Han hadde fleire hundre hoffolk med seg i grava.

 

4  WADJ

Wadj var tredje konge av første dynasti. Gravsteinen hans har hamna i Louvre-museet i Paris. Den er av kalkstein og tilskoren av skulptøren Serekh. Gravsteinen vart funnen ved den gamle byen Abydos der Wadj hadde sitt gravmæle. Det er funne kun eitt anna hieroglyf-spor etter Wadj - nær byen Edfu i Sør-Egypt.

 

Dronninga til Wadj var MERENEITH, som fungerte som rådgjevar for etterfølgjaren til Wadj -   kong DEN.

 

5  DEN   (UDIMU)

Den vart konge som barn. Dronning MERENEITH fungerte som rådgjevar for han første styringsåra. Den styrte Egypt i nesten 50 år. Han var ein atletisk og energisk kar - også med kunstnarlege evner. Han dreiv krigføring på Sinai for å sikre seg mineral-ressursane der. Han bygde sitt gravmæle i Abydos, men vart gravlagt ved Saqqara.

 

6  ANEDJIB

Anedjib regjerte i 14 år frå Memphis. Han innførte og krona seg med Egypts dobbeltkrone, som var utstyrt med symbola for både Øvre- og Nedre Egypt. Denne skulle vise at han var konge over begge dei to rika. Men historikarar tvilar på at han hadde full kontroll over nedre Egypt, for adelsmennene i nord gjorde stadig opprør mot han. Dronninga hans heitte BETREST. Det var ho som var i slektsline med dei tidlegare kongane - Anedjib fekk altså kongemakta ved giftemål. Betrest vart mor til etterfølgjaren SEMERKHET.

 

7  SEMERKHET

Semerkhet var son av kong ANEDJIB og dronning BETREST. Han regjerte i åtte år. Det er funne ein gravstein med namnet hans, men elles er få spor funne etter han.

 

8  KAA

 

 

 


2770 - 2650 ...........A N D R E   D Y N A S T I

 

9  HETEPSEKHEMWY

Hetepsekhemwy var første konge i andre dynasti. Namnet hans refererer til både Horus og Seth (gudar). Hetepsekhemwy regjerte i meir enn 35 år. I hans regjeringstid råka eit stort jordskjelv områda rundt Bubastis på Nil-deltaet. Somme historikarar trur at bror hans gjorde militær-kupp og tok over makta.

 

10  RENEB

HETEPSEKHEMWY vart styrta ved militær-kupp, tok Reneb over makta. Hans kongelege segl er funne ved Saqqara og nær Hermopolis.

 

11  NINETJER

Ninetjer var 3. konge i andre dynasti. Han valde Memphis som hovudstad og regjerte i nesten 40 år. Han vart vidgjeten for sine store fest-arrangement og fantastiske tempelbygg.

 

12  PERIBSEN

Peribsen var 4. konge av andre dynasti. Han var ikkje rettmessig arvtakar etter NINETJER - han var ein outsider som fekk stelt i stand kupp mot Ninetjer. Han stødde seg til guden Seth. Vi kjenner lite til Egypts historie under Peribsens regjeringstid. Han bygde seg eit stort gravmæle ved Abydos. 

 

13  KHASEKHEMWY

Khasekhemwy var 5. konge av andre dynasti. Det var truleg han som endeleg fekk skikkeleg sameina Øvre- og Nedre Egypt. Vi veit lite om han, men han heldt mange krigar. I Kairo Museum står ei statue av han - eldste arbeid i hard stein vi kjenner frå gamle Egypt. Khasekhemwy fekk laga ein veldig dørstolpe i granitt i templet i Hierakonpolis, og han bygde mange av gravkompleksa i Saqqara og Abydos.

 

 

 


                                                                                                       Til TOPP

DET GAMLE KONGEDØMMET

Pyramidanes tidsalder. I denne perioden vart pyramidane i Giza og Dahshur bygd.

 

2650 - 2575..........  T R E D J E   D Y N A S T I

14  2650 - 2630  SANAKHTE  (NEBKA)  

Sanakhte var grunnleggjar av 3. dynasti. Han var eldre bror av kong DJOSER. Han er lista opp i Abydos' kongebok og i andre gamle papyrusar. Hans gravmæle i Saqqara vart sinare inkorporert i Trappe-pyramiden til kong Djoser.

15  2630 - 2611  NETJERYKHET  (DJOSER)

Djoser fekk laga seg trappe-pyramiden i Saqqara til gravmæle. I hans regjeringstid var Imhotep førsteminister (visir) og hoff-arkitekt, og det var han som stod for bygginga av denne første pyramiden, samt eit veldig og vakkert gravkompleks omkring denne. Imhotep vart seinare halvgud og guddom - og figurerte som son i triaden som vart dyrka i Memphis, med far Ptah og mor Sekhet.

Som sin forgjengar var Djoser son av KHASEKHEMWY. I hans regjeringstid vart Egypt råka av sju år med tørke. Djoser bad om råd frå Imhotep og ein av guvernørane sine, Medir. Dei bad han fare til øya Elefantine ved Aswan og bygge eit tempel for guden Khnum, som ein trudde rådde for Nilens flaumar. Tørken gjekk over, og folk gav bygginga av templet æren for dette.

16  2611 - 2603  SEKHEMKHET  (DJOSER TETI) (TCHESER)

Sekhemkhet var 3. konge av tredje dynasti. Namnet hans er hogd i ei klippe nær Wadi Maghara. Han bygde seg ein pyramide i Saqqara, men denne vart ikkje ferdig-gjort. I pyramiden står hans sarkofag av alabast. Han hadde ein vizir som heitte Mater som styrte Øvre Egypt og Nubia for han. Det var stor hungersnaud i Egypt under Sekhemkhet si regjeringstid - meir om dette i artikkelen om guden KHNEMU.

17  2600 (Ca) HETEPHERES   

Hetepheres var ei dronning. Ho hadde møblar med gull-innlegg.

 

18  2603 - 2599  KHABA

Khaba var 4. konge av tredje dynasti. Pyramiden ved Zawiet el-Aryan i Giza-ørkenen trur ein er kvilestaden hans.

 

19  2599 - 2575  HUNI

Huni var 5. konge av tredje dynasti. Han let bygge ei stor festning på Elefantine-øya, og ein pyramide ved Meidum. Dronninga hans heitte MERESANKH I. Ho var mor til etterfølgjaren SNOFRU. Den berømte vismannen Kagemi var vizir under Huni.

 

 

 


2575 - 2467........F J E R D E   D Y N A S T I

20  2575 - 2551  SNEFRU (SNOFRU)

Snefru var første konge av 4. dynasti. Snefru var ein stor militær-strateg. Han førte krig mot nubiarane og libyarane, og inskripsjonane på Palermo-steinen fortel om desse krigane. Han byrja handel med Middelhavs-landa, og igangsatte fleire store byggverk rundt om i Egypt. For å skaffe Egypt tømmer sende han ein flåte på 40 skip til Libanon. Der let han sette opp ei minnestøtte over denne stor-hendinga. Han oppførte sitt gravmæle ved Dasahur, og her inngjekk m.a. tre pyramidar - Maidum-pyramiden, Den bøygde pyramide og  Den raude pyramide. Den bøygde pyramide meiner ein er eit mellomstadium mellom trappe-pyramide og ekte pyramide.

 

Snefru vart gudommeleg-gjort av kongane av 12. dynasti. Mange kongar frå den tida let oppføre sine gravmæle nær inntil Snefru's pyramidar.

 

21  2551 - 2528  KHUFU  (KHEOPS)

Khufu  bygde største pyramiden i Giza. Hans etterfølgjar var RADJEDEF som han fekk med ei frille. Etter han følgde kong KHEFREN - Khufu sin son med dronning HENUTSEN. Ei miniatyr-statue av Khufu står i Kairo Museum, og denne er einaste avbileting ein har funne av han.

22  2528 - 2520 RADJEDEF

Radjedef var ein son som Khufu fekk med ei frille (konkubine). Han drap bror sin, Prins Kewab, som var rettmessig tronarving, og han gifte seg med enka etter han, HETEPHERES. Første-dronninga hans var KENTETENKA. Han bygde ein av pyramidane i Giza, ved Abu Rowash.

 

23  2520 - 2494  KHAFRE  (KHEFREN)

Khafre bygde nest største pyramiden i Giza. Det er også han som let oppføre Den store Sfinxen. Kairo Museum har ei statue av Khafre med ein vernande falk over.

24  2494 - 2490  Ukjendt konge.

25  2490 - 2472  MENKAURE (MEN-KAU-RA)  (MYCERINOS)

Menkaure er kjend for ei fin skifer-statue han fekk laga av seg, og som no befinn seg i Boston. . Han var son av KHEFREN, og bygde ein mykje mindre pyramide i Giza enn sine forgjengarar, men pyramiden var tekt med kostesam Aswan-granitt. Hans basalt-sarkofag var dekt med fine dekorasjonar. Dronninga hans heitte KHAMERERNEBTY..

 

26  2472 - 2467  SHEPSESKAF

Shepseskaf bygde masteba og tempel for Ra. Han regjerte i ein svært vanskeleg politisk periode, og var i mange konfrontasjonar med ulike presteskap. Mange stormenn ville frigjere seg frå kongsmakta, og gjorde opprør. Shepseskaf gjorde ferdig monumenta som forgjengaren hans hadde påbyrja. Nokre inskripsjonar tyder på at Shepseskaf ikkje var av kongeleg avstamming. Gravmælet sitt la han til Saqqara.

 

 


2465 - 2323 ........F E M T E   D Y N A S T I

No erklærte faraoane seg som etterkomarar av Solguden, og oppnemnde seg til guddommar.

Dei titulerte seg med "Sa Ra" (Solgudens Son).

27  2465 - 2458  USERKAF 

Userkaf var grunnleggar av 5. dynasti. Dronninga hans heitte KHENTKAUSES, og var av kongeleg blod. Han gifte seg med ho for å få kongsmakt. Vi kjenner ikkje denne perioden så godt, men Userkaf bygde ein flott pyramide ved Saqqara. Det var ein epoke med storslagen arkitektur og dekor. Pyramiden var konstruert til å fungere som kapell under ofringar, og som eit døds-tempel for kongen. Tempelgården har firkanta granittsøyler i alle hjørner, og vakre relieffar på veggane.

 

28  2458 - 2446  SAHURE

Sahure var 2. konge av 5. dynasti. Han etablerte Egypts marine styrkar, og sendte ein flåte til landet Punt. Og han dreiv handel med Palestina. Pyramiden hans har tempelgard med søylerekker, og med krigsflåten hans avbileta i relieff. Men det meste av krigføringa til Sahure dreide seg om kampar mot libyarane i Vest-ørkenen.

 

Sahure byrja anlegge eit større gravområde, og han hadde eit dioritt-steinbrot vest for Abu Simbel.

 

29  2446 - 2426  NEFERIKARE KAKAI

30  2426 - 2419  SHEPSEKARE INI

31  2419 - 2416  RANEFEREF

32  2416 - 2392  NIUSERRE IZI

Niuserre Izi var 6. konge av femte dynasti. Han er kjent for oppføringa av Soltemplet ved Abu Gorab og pyramiden ved Abu Sir. Relieffa i gravkamret i pyramiden skildrar krigar mot libyarane om områda i Vest-ørkenen, og mot asiatane i Sinai. Han let etter seg hieroglyfar ved Wadi Maghara som forklarer lægjet til mineralgruver i Egypt og i tilstøytande område. Niuserre Izi hadde to dronningar - REPUTNEB og KHENTIKUS. Dei vart gravlagt nær ved han, i Abu Sir.

 

33  2396 - 2388  MENKAUHOR

Menkauhor var 7. konge av 5. dynasti. Han gjorde ikkje så mykje av seg som dei andre kongane av femte dynasti. Han bygde ein pyramide i Dashur, men bare ruinane er att av den. Det fins ei lita alabast-statue av Menkauhor i Kairo Museum. Han sende tropper til Sinai for å skaffe material til gravmælet sitt.

 

34  2388 - 2356  DJEDKARE IZEZI 

Djedkare Izi var 8. konge av 5. dynasti. Han var energisk og lur, og fekk hand om alle mineral-ressursane i Egypt, ved Wadi Hammamat og Wadi Halfa. Hans arving var Prins REMKUY, men han døde før han fekk tatt over trona.

 

35  2356 - 2323  WENIS 

Wenis var 9. konge av 5. dynasti. I hans regjeringstid vart det etablert karavane-handel med nabolanda. Ein inskripsjon ved Elefantine viser ein giraff som vart brakt til Egypt saman med andre eksotiske dyr. Eit vase-maleri viser slagscener frå Wenis' regjeringstid. Ein stor hungersnaud råka Egypt i denne perioden.

 

Wenis hadde to dronningar - NEBET, som var mor til Prins Wenisakh, og KHENUT. Kongen vart gravlagt i Saqqara i eit storslått gravmæle med veggane dekt med "pyramide-tekstar".

 

 

 

 


2323 -  2152 ........S J E T T E   D Y N A S T I

36  2323 - 2291  TETI 

Teti var grunnleggjar av 6. dynasti. Han hadde dronninga IPWET, som var datter av kong WENIS - siste konge av 5. dynasti. Ipwet var mor til Tetis etterfølgjar, PEPI  I. Ein trur det var dronninga som skaffa Teti kongsmakt. Teti arva det meste av hoffet etter Wenis. Teti vart myrda av vaktstyrkane sine av mystiske grunnar.

    

Teti la meir land under Abydos, og namnet hans er inskribert i Hatnub. Han bygde ein pyramide i Saqqara som i moderne tid vert kalla "Fengsels-pyramiden". Ei statue i svart og rosa granitt er funne av Teti. Tetis svigerson var Mereruka. Han var kongens vizir, og vart gravlagt i ein mastaba i Saqqara.

 

37  2289 - 2255  PEPI I  (MERYRE)

I gravtekstane til Pepi I kan vi lese: "Pepi har kome frå Pe med Pe's ande. Han møter kledd som Horus, og i kjolen til Thoth. Isis går framfor han, og bak går Nephthys. Ap-uat har åpna portane for han, og Shu lyfter han opp. Annu's sjel hjelper han opp trappene og bringer han fram for Nut som strekker fram hendene mot han.

 

Pepi I var son av TETI og dronning IPWET. Pepi I var ein progressiv statsmann, og tok over leiinga av dei militære styrkane. Han angreip beduinane i Sinai og i sørlege Palestina. Han leia også hærtog mot Nubia for å få etablert garnisonar og handels-stasjonar i utkantane av riket. Han bygde seg ein imponerande pyramide, som fekk namnet Mennefermare, og distriktet omkring fekk namn etter pyramiden. Hovudstaden, som opphavleg heitte Hiku-Ptah, vart omdøypt til Nennefer, og sidan til Menfi. (Gresk: Memphis).

Pepi bygde tempel i Tanis, Bubastis, Abydos, Dendera og Koptos. Ei kopar-statue av Pepi I vart oppdaga i Hierakonpolis. (Kairo Museum). Hans første kone forsvann. Ho hadde leia eit harem-komplott som prøvde å styrte kongen. Pepi I gifte seg så med to døtre av ein stormann, og kalla dei begge ANKHNESMERYRE. Ei av dei vart mor til PEPI II.

 

38  2255 - 2246  MERENRE NEMTYEMZAF

Merenre var son av PEPI I, og eldre bror av etterfølgjaren, PEPI II. Han var konge nokre få år før han brått døde.

 

39  2246 - 2152  PEPI II  (NEFERKARE)

Pepi II styrte 94 år, og vart 100 år gammal. Med han døde det gamle kongedømmet ut. Han var son av PEPI I og dronning ANKHNESMERYRE II. Han var 6 år gammal då han kom på trona, og mora styrte for han.

   

Pepi II sende handels-ekspedisjonar til Punt og Nubia. Hans koner var dronningane NIT, ANKHNESPEPI, WEDJEBTEN og IPUIT. Han bygde pyramiden sin ved Saqqara.

 

Ein inskripsjon fortel om ein handelstur til Nubia med karavane. Karavaneleiaren Harkhuf fekk tak i ein dansande dverg, og skreiv til ni år gamle Pepi II og fortalte at han var på veg heim med denne. Pepi II sin skrivar skreiv eit svarbrev til Harkhuf...her er utdrag av brevet:

 

                        Du fortel i ditt brev at du er trygt nedkomen frå Yam med hæren, og at du har med mange vakre

                             gåver som Hathor, Dronninga av Yamu, har gitt til kongen av Øvre- og Nedre Egypt.

 

                             Du fortel også i brevet at du har med ein dverg som dansar guddommeleg, frå landet til folket som

                             bur ved horisonten; lik dvergen som guds skattmeister, Baurded, brakte heim frå Punt i kong Isesi

                             si tid. Du skriv til min Majestet at aldri har andre reisande henta noko liknande frå Yam.

 

                            

                             Kvart år oppfyller du din herres ønske - reiser natt og dag med karavanen. Men nå må du straks

                             kome nord til hoffet. Du må ha med dvergen, levande, sunn og frisk, for å glede hjertet til kongen                 

                             av Øvre- og Nedre Egypt.  

                            

                             Når du får han om bord i skipet, så set pålitlege folk til å vakte om han, på begge sider av

                             fartøyet, så han ikkje fell i vatnet!

 

                             Når han søv om nettene, så lat pålitlege folk sove ved sidan av han. Inspiser han ti gangar kvar

                             natt, for min Majestets ønsker meir å sjå denne dvergen enn alle andre varene frå Sinai og Punt.

 

                             Om du kjem til hoffet, og har med deg dvergen, levande og frisk, så vil min majestet gi deg

                             mange store utmerkingar, som vil vere dine søners søner til ære i evig tid. Når det vert kjent kva

                             min Majestet har gjort for deg, så vil heile folket seie: "Kan noko måle seg med den ære-merka            

                             Harkhuf mottok då han kom ned frå Yam?"

 

PS: Brevet fortel om eit land som vart kalla Yam eller Yamu, og at dronninga der heiter Hathor. Dette er namnet på ei egyptisk gudinne. Dette kan tyde på at det var nære samband mellom gudsdyrkinga i Yam og Egypt.

 

 

 

     2242     SLUTT PÅ DET GAMLE KONGEDØMMET


       

                                                                                     Til TOPP

        FØRSTE MELLOMPERIODE

Dette var ei uroleg tid. Det kom til samanbrot i sentral-styringa, og ulike kongar regjerte samstundes i ulike deler av riket. Til sist fekk kong MONTUHOTEP etablert orden frå sin hovudstad i Theben.

 

2150 -  2135......SJUANDE OG ÅTTANDE DYNASTI

 

40  NETRIKARE

41  MENKARE

42  NEFERKARE II

43  NERERKARE III

44  DJEDKARE II

45  NEFERKARE IV

46  MERENHOR

47  MENKAMIN I

48  NIKARE

49  NEFERKARE V

50  NEFERKAHOR

51  NEFERKARE VI

52  NEFERKAMIN II

53  IBI I

54  NEFERKAURE

55  NEFERKAUHOR

56  NEFERIRKARE II

 

Dei 6 følgjande kongane veit ein ingen ting om, anna enn namnet.

57  WADJKARE

58  SEKHEMKARE

59  ITI

60  IMHOTEP

61  ISU

62  IYTENU

 

2135 - 1986.....NIANDE OG TIANDE  DYNASTI

 

(Kongar som regjerte frå byen Hereaklopolis som låg i Nedre Egypt, noko sør for Memfis.)

 

63  NEFERKARE VII

64abcde...mange kongar med namn   KHETI

65  MERI-HATHOR??

66  MERIKARE
 

 

2074 - 1986  ELLEVTE  DYNASTI (Før gjenforeininga)

 

67  2074 - 2064  INYOTEF I  (SEHERTAWY)

Inyotef  I var grunnleggjar av 11. dynasti. Han valde Theben som hovudstad. Han var son

av Mentuhotep I ("den eldre"). Egypt var delt då Inyotef I tok over trona, og han prøvde å sameine Øvre- og Nedre Egypt. (Under det 9. og 10. dynasti vart Øvre Egypt regjert av kongar i Herakleopolis. Inyotef vart gravlagd i gravkomplekset han let bygge i Memphis.

 

68 2064 - 2015  INYOTEF II  (WAHANKH)

Inyotef II var andre konge av 11. dynasti. Han var ein yngre bror av Inyotef I. Han flytte hovudstaden til Theben. Han drog på hærtog mot sine allierte herakleopolitanarar i Assyut. Fiendane hans øydela byen Thinis og skjemde gravene der. Inyotef tok dei alle til fange, men stogga så krigen mot herakleopolitanarane. Han byrja å handle med dei, og han greidde å trygge grensene til Øvre Egypt utan å måtte gå til fleire krigar.

 

Inyotef's dronning var NEFERUKAYET. Namnet hans er funne inskribert på ei gravstøtte.

 

PS: Det var alvorlege konflikter i Egypt Inyotef II si regjeringstid. Han flytte hovudstaden frå Memfis i Nedre- til Theben i Øvre Egypt, og så førte han krig mot herakleopolitanarane som budde i Nedre Egypt, nær den gamle hovudstaden. Og det ser ut til at Inyotef II på slutten av si regjeringstid bare styrte over Øvre Egypt, og at kongane i Hereaklopolis hadde kontrollen i Nedre Egypt. Måtte han flykte frå Memfis, eller valde han å flytte til Theben for å sikre si makt der?

 

2035...........Theben vert hovudstad.

 

69 2015 - 2007  INYOTEF III  (NAKHHTNEBTEPNEFER)

Inyotef III var tredje konge i 11. dynasti. Han styrte frå Theben. Han greidde å halde på makta i alle områda som forgjengarane hans hadde lagt under seg. Han forsvarte byen Abydos mot mange hereaklopolitanske angrep. Hans namn er inskribert på ein fjellvegg i Silsileh-fjella. Dronning AOH var førstekona hans, og mor til etterfølgjaren MONTUHOTEP II. Han vart gift med søster si, NEFERU. Inyotef III hadde ei dronning til, kalla HENITE.

 

70 2007 - 1986  MONTUHOTEP I (MONTUHOTEP II)

Sjå Montuhotep II.

 

                                                                                     Til TOPP

1986 - 1759....MELLOM-KONGEDØMMET.

Denne perioden er prega av stor utanrikshandel og enorme byggprosjekt. Smykke-kunsten vart perfeksjonert. Det kom ein lang tidbolk med gjenoppblomstring og framgang, men til sist dukka nye interne problem opp.

 

1986 - 1937.......ELLEVTE  DYNASTI (Etter gjenforeininga)

71 1986 - 1956  MONTUHOTEP II  (NEBHEPETRE)

Ved gjenforeininga av Øvre- og Nedre Egypt vart Montuhotep I omdøypt til Montuhotep II. Han  var fjerde konge av 11. dynasti, og vart første konge i MELLOM-KONGEDØMMET. Han inntok byen Hereaklopolis, som var hovudstaden til kongane av det rivaliserande 10. dynasti. Etter denne sigeren styrte han heile riket frå Theben. Montuhotep II kriga mot libyarane på deltaet, og mot asiatane på Sinai. Han bygde sitt gravkompleks ved Deir el Bahri. Der vart også hans koner og hoffolk gravlagde. Hans sarkofag (diger gravkiste av stein) inneheldt viktig informasjon om egyptisk språk på slutten av Første Mellomperiode. Ved Deir el Bahri vart også utgravd 60 soldatar som hadde døydd av strids-sår. Dei var sveipte i likklede med kongelege segl.

 

PS: Vi ser at Montuhotep II sette pris på soldatane sine - han var nok ein krigførar-konge.

 

72 1956 - 1944  MONTUHOTEP III  (SANKHARE)

var femte konge av 11. dynasti og son av MONTUHOTEP II og dronning TEM. Han var oppteken av kunst, og gjorde mykje gjenoppbygging etter krigane. Så fekk han i gang handel med områda ved Raudehavet, (truleg med handelsfolk frå Den Arabiske Halvøya, og kanskje varer frå India).

 

Montuhotep III var med å få i gang dei store steinbrota ved Wadi Hammamat. Han bygde ein heilagdom til guden Thot nær Deir al Bahri. Gravtemplet hans vart aldri ferdigbygt.

 

73 1944 - 1937  MONTUHOTEP IV  (NEBTAWYRE)

Montuhotep IV var sjette konge av 11. dynasti, og son av MONTUHOTEP III og dronning IMI. Han gjekk i sin fars fotspor, og dreiv stort med gruvedrift og steinbrot. Han fekk laga seg eit enormt sarkofag-lokk som vart hogd i Wadi Hammadi, og lekta ned Nilen til gravstaden hans. Montuhotep IV grunnla hamnebyen Kuser ved Raudehavet. Egyptarane trengte ei hamn der dei kunne bygge skip for sjøreiser til landet Punt. Montuhotep sin etterfølgjar, AMENEMHET, vidareførte dette arbeidet.

 

 


1937 - 1759..........T O L V T E   D Y N A S T I

74 1937 - 1908  AMENEMHET I  (SEHETEPIBRE)

Då Montuhotep IV døde gjorde hans vizir Sehetepibre statskupp og overtok trona. Eller kanskje overførte Montuhotep makta til han før han døde? Sehetepibre kriga mot libyarane, og mot asiatane på Sinai. Der bygde han ein stor mur - prinse-muren, for å verne rikets grenser mot aust. Han bygde også ein handels-stasjon ved Kerma i Nubia. Han grunnla ein ny hovudstad på grensa mellom Øvre- og Nedre Egypt, og kalla denne Itj-Tawy - det betyr "handtak for to land".

 

Mellom Sehetepibre's mange koner var NEFRUTOTENEN - ho var mor til SENWOSRET I. Denne vart samkonge med Sehetepibre frå 1971. Sehetepibre tok namnet AMENEMHET I, og dette viser til guden Amon. Frå hans regjeringstid startar ein gullalder i egyptisk historie. Amenemhet I vart myrda. Hans  kongelege testamente er funne i nokre papyrus-rullar. Her vert lista opp kva plikter ein konge har, og kva folket treng for å leve godt. Testamentet slår fast at ein konge står andsynes farar som dei omkring han ikkje kjenner til. Og at ein god konge må tåle einsemd og personlege offer.

75 1917 - 1872  SENWOSRET I  (KHEPEKARE)  (SESOSTRIS I)

Herodotos fortel at Sesostris var ein veldig erobrar, og Plinius den eldre fortel om årsaken til dette: Då Sesostris vart født, befalte far hans at alle gutebarn i landet som var født på same dag, skulle fostrast opp i det kongelege palasset saman med han. Då Sesostris var gammal nok til å overta styringa av landet, var han omgitt av ein stor skare jamnaldringar som han var fortruleg med, og som trufast stødde han. Med deira hjelp la han under seg store landområde, og bygde 100 tempel for gudane, til minne om sine sigrar. Då han vart gammal vart han lei av alt, og tok livet sitt.

Senwosret I var andre konge av 12. dynasti, og son av AMENEMHET I og dronning NEFRUTOTEN. Han styrte saman med far sin i meir enn ti år. Medan han var ute på eit krigstokt fekk han melding om at faren var død.

Senwosret I utvida Egypts grenser til området mellom andre og tredje katarakt (fossefall i Nilen). Han grunnla festninga ved Kerma, og dreiv gruvedrift på kopar, gull og granitt. Etter å ha trygga Egypts grenser, oppførte han mange storslagne byggverk langs Nilen, og pussa opp eksisterande tempel. Han bygde seg eit gravkompleks ved Lisht. Hans pyramide var samansett av fleire etasjer fylt med sand, og ytterflata kledde han med kalkstein. Eit ekstra kalksteinslag vart lagt utanpå alt dette. Hans son, AMENEMHET II, var samregent med han, og overtok trona då Senwosret I døde i sitt 45. regjeringsår.

76 1875 - 1840  AMENEMHET II  (NUBKAURE)

Amenemhet II var samregent med far sin i tre år. Då faren, SENWOSRET I, døde, vart Amenemhet II den tredje konge av 12. dynasti. Sitt einaste krigartokt gjorde han mot Nubia. Heller enn å gjere krigs-ferder mot nabo-landa, sette han fokus på  innenriks-saker og adels-standen. Desse adelsmenn styrte som grevar/hertugar? rundt om i provinsane (grevskapa) og var kongens representantar. Dei hadde eigne hærer, og forsvarte sine eigne grenser. I tider då landet hadde veike kongar, gjorde adelsmennene seg mykje uavhengige, og dei mislikte å ta imot ordrer frå kongen. Amenemhet II vart gravlagt i Dashur.

 

771842 - 1836  SENWOSRET II  (KHAKHEPERRE) (SESOSTRIS II) Senwosret II var son  av AMENEMHET II. Kom heim og tok makta. Byrja langvarig kamp mot guvernørane. Han var fjerde konge av 12. dynasti, og styrte landet i 3 år for sin sjuke far, før han overtok trona. Senwosret II starta opp mange jordbruks-prosjekt i Faiyum, og gjorde store myrområde om til åkermark. Han hadde som mål å gjere Egypt økonomisk sterkt. Han gjorde mange krigstokt mot Nubia, og flytte Egypts grenser lenger mot sør. Han heldt kontrollen med gruvene i Nubia og Sinai, og vann ut mineralar og metall. Han bygde seg ein pyramide ved Faiyum, men denne vart øydelagt av RAMESSES II.

 

78 1836 - 1817  SENWOSRET III  (KHAKAURE) (SESOSTRIS III) Senwosret III var femte konge av 12. dynasti. Han var son av SENWOSRET II. Han var "ein folkets mann", og støtta framveksten av middelklassen. Dette var bønder, handverkarar, kjøpmenn og handelsfolk. Han førte også grensekrigar, og utvida grensene inn i Nubia til Wadi Halfa. Han bygde gravkompleks ved Dashur for sine koner og døtre.


79 1817 - 1772 AMENEMHET III  (NIMAATRE)

Amenemhet III bygde seg største labyrint med 3000 rom, som gravmæle.

 

Ei hymne frå tida viser at guden Aton vart sett på som Solas materialiserte kropp, og at guden Ra hadde bu i denne kroppen. Aton representerte solskiva - det synlege symbol på den store Solguden. Under Amenhotep III, vart meir vørdnad tillagt Aton, og omkring han sentrerte seg den største religiøse og sosiale revolusjon som gjennom tidene har råka Egypt.

Amenemhet III var son av SENWOSRET III og dronning SEBEKSHEDTY-NEFERU. Han var sjette konge av 12. dynasti., og han var ein konge som markerte seg sterkt. Han bygde ferdig dei store vass-hjula ved Faiyum, som overførte vatn frå Nilen til Moeris-sjøen. Vatningssystemet og flaum-kanalane drenerte sumplandet. 153 600 mål grøderikt land vart vunne frå sumpane.

Amenemhet III let oppføre to kolossalstatuer av seg sjølv nær nydyrkingsfelta. Mellom hans mange byggverk er ein vidgjeten labyrint, også kjent som "Hawara-pyramiden" - eitt av den gamle verda sine største underverk. Det sentrale gravkamret i pyramiden var uthogd av ei veldig granitt-blokk som måtte ha vegd 110 tonn. Han hadde først laga seg ein gravstad ved Dashur, men oppgav denne for grav-pyramiden ved Hawara.

Amenemhet III dreiv gruvedrift på kopar i Sinai og andre stader, og hadde mange steinbrot. Han bygde hus til gruvearbeidarane, og sette soldatar til å verne dei mot beduinane.

 

80 1772 - 1763  AMENEMHET IV  (MAAKHERURE)

Amenemhet IV var sjuande konge av 12. dynasti. Han var truleg son av AMENEMHET III, og samstyrte med han i ein periode. Eit tempel ved Medinet Madi i Faiyum var truleg bygd av dei to kongane i fellesskap. Amenemhet IV var gammal då han overtok trona. Han hadde ingen mannlege etterkomarar, og vart etterfylgd av si søster, NEFERUSOBEK.

 

81 1763 - 1759  NEFERUSOBEK  (SOBEKKARE)

Neferusobek var droning - regent nr. 8 i 12. dynasti. Ho skal ha vore datter av AMENEMHET III og halvsøster av AMENEMHET IV. Hennnar namn er notert i kongelister i Karnak, Saqqara og Turin. Tre statuer og ein Sfinx er funne ved deltaet - som ein trur kan knytast til Neferusobek. Krokodilleguden SOBEK stødde ho seg til.

 

 


                                                                                     Til TOPP

1760 - 1539  ANDRE MELLOMPERIODE

No invaderte og erobra Hyksos-folket Egypt. Innimellom vann thebanske prinsar makta tilbake. Til slutt sigra Khamose over Hyksos-folket.

 

1783 - 1620............T R E T T A N D E   D Y N A S T I

81 1783-xxxx  NEFERUSOBEK (SOBEKKARE)

Kvifor Neferusobek er lista både i 12. og 13. dynasti veit eg ikkje. Ho var ei gal dronning, og ho må ha gift seg med ein eller annan, slik at tronarven kom i hendene på ei ny slekt.

Etter Neferusobek regjerte 70 ulike faraoar i 150 år. Dert var ei borgarkrigs-tid.

*

*

*

82 1696 - 1686  NEFERHOTEP I

Neferhotep I var 22. konge av 13. dynasti. Han var son av ein tempel-prest i Abydos. Han var ikkje av kongeleg blod, men farens posisjon gjorde at han slo seg opp til konge. Hans namn er funne inskribert på steinar i Byblos, og ved Aswan er funne tekstar som fortel om styringstida hans. Det ser ut til at hans makt rakk frå deltaet til Nubia.

 

83 1685 - 1685  SIHATHOR

84 1685 - 1678  SOBEKHOTEP IV

85 1678 - 1674  SOBEKHOTEP V

86 1674 - 1664  IAIB

 

 

Så regjerte 39 kongar i ein 20 års periode - det var småkongar - det var ei tid med politisk oppløysing.

 

88 1783-1779 WEGAF

89 AMENEMHAT-SENEBEF
90 SEKHEMRE-KHUTAWI
91 AMENEMHAT V

92 SEHETEPIBRE I
93 IUFNI
94 AMENEMHAT VI
95 SEMENKARE
96 SEHETEPIBRE II
97 SEWADJKARE
98 NEDJEMIBRE
99 SOBEKHOTEP I
100 RENISENEB
101 HOR I
102 AMENEMHAT VII
103 SOBEKHOTEP II
104 KHENDJER
105 IMIRA-MESHA
106 ANTEF IV
107 SETH
108 SOBEKHOTEP III
109 1696 - 1686  NEFERHOTEP I

110 1685 - 1685  SIHATHOR

111 1685 - 1678  SOBEKHOTEP IV

112 1678 - 1674  SOBEKHOTEP V 

113 1674 - 1664  IAIB

114 1664 - 1641  AY (EJE)

Ay var 27. konge av 13. dynasti. Han var frå Avaris - ein by som låg aust på deltaet, og han var ikkje av kongeleg byrd. Mykje hyksos-folk budde i Avaris. Desse asiatane kontrollerte Nedre Egypt fram til 1500 fvt. Ay bygde seg ein pyramide nær Avaris, men bare ruinar står att av templa hans.

115  INI I
116 SEWADJTU
117 INED
118 HORI
119 SOBEKHOTEP VI
120 DEDUMES I
121 IBI II
122 HOR II
123 SENEBMIU
124 SEKHANRE I
125 MERKHEPERRE
126 MERIKARE

 

 


1640...........F J O R T A N D E   D Y N A S T I

   Regjerte i konkurranse med 13. og 15. dynasti.

 

127 NEHESI

128 KHATIRE
129 NEBFAURE
130 SEHABRE
131 MERIDJEFARE
132 SEWADJKARE

133 HERIBRE
134 SANKHIBRE

135 KANEFERTEMRE

136 NEFERIBRE

137 ANKHKARE

 

1640............15.   D Y N A S T I  

 

    Regjerte i konkurranse med 14., 16. og 17. dynasti.

 

138 SALITIS

Salitis var av Hyksos-folket, og første konge av 15. dynasti. Under heile periode til 15. dynasti var Nedre Egypt styrt av herskarar av Hyksos-folket. Dette var asiatar som innvandra over Sinai og slo seg ned på deltaet. Dei kontrollerte heile deltaet og Nedre Egypt. Med tida vart dei mektigare, og etablerte sine eigne dynasti - ( 15. og 16. dynasti).

 

Salitis vert rekna å vere grunnleggjaren av det 15. dynasti - det store Hyksos-dynastiet. Namnet hans er kanskje avleia av sultan, som tyder "Stor konge". Salitis hærtok Memfis, og utnemnde seg sjølv til den høgste av alle kongar.

139 BNON

140 APACHNAN  (KHIAN)

Apachnan var tredje konge av 15. dynasti, og vart rekna å vere ein av dei store Hyksos-kongane. Somme indisier tyder på at han også hadde stor makt i Øvre Egypt, og også var ein makt-faktor på Kreta og andre øyar i Middelhavet.

141 APOPHIS  (AUSERRE APEPI)

142 KHAMUDI

Khamudi var siste konge av 15. dynasti, og den siste av dei store Hyksos-kongane. Obelisken hans er funnen nær oldtidsbyen Avaris. No vart Hyksos-folket angripne av hæren til Kamose I, (17. dynasti). Kavaris måtte gå i forhandlingar, og hæren hans måtte trekkje segvekk frå Avaris og det meste av deltaet. Sidan braut faraoane i Øvre Egypt denne ferdsavtalen, og dreiv Hykso-folket ut av Egypt. Sidan gjorde Thebanske kongar av 18. dynasti fleire krigsraid mot Hyksos-byar i Midt-Austen.

 

 


xxxx - xxxx .......16.  D Y N A S T I

143 ANAT-HER
144 USER-ANAT
145 SEMQEN
146 ZAKET
147 WASA
148 QAR
149 PEPI III
150 BEBANKH
151 NEBMAATRE
152 NIKARE II
153 AAHOTEPRE

154 AANETERIRE
155 NUBANKHRE
156 NUBUSERRE
157 KHAUSERRE
158 KHAMURE
159 JACOB-BAAL

 (Namnet tyder på at han var av israelsk ætt, og dyrka guden Baal.)
160 YAKBAM
161 YOAM
162 AMU

 

xxxx - xxxx ............ 17.  D Y N A S T I

163 ANTEF V
164 RAHOTEP
165
SOBEKEMZAF I
166 DJEHUTI
167 MENTUHOTEP VII
168 NEBIRAU I
169
NEBIRAU II
170 SEMENENRE
171 SUSERENRE
172 SOBEKEMZAF II
173 ANTEF VI
174 ANTEF VII
175 xxxx - xxxx  TAO I  (SENAKHTENRE)

I 100 år herska Hyksosfolket i Nedre Egypt, og krevde skatt av Øvre Egypt. Men Theben rusta seg til kamp. Tao I var far til TAO II. Han hadde dronninga TETISHERI.

 

176 xxxx - xxxx  TAO II  (SEKENENRE) (DJEHUTIO)

Tao II var 14. konge av det Thebanske (Øvre Egypt) 17. dynasti. Han var son av TAO I og dronning TETISHERI. Tao II hadde m. fl. dronninga AHHOTEP. Egypt var delt - Hyksos-folket sine 15. og 16. dynasti regjerte i Nedre Egypt. Tao II fekk melding frå kong Apophis, herskar i Hyksos-hovudstaden Avaris, at flodhestane i den heilage dammen ved Theben heldt han vaken. Tao II tok dette som ei fornærming. Det var 100 mil frå dammen til Apophis' sovekammer! Tao II erklærte krig, men vart snart drept i eit slag. Mumien hans viser merke etter strids-økser, sverd og lanser. Han hadde beinbrot i rygg, ribber og skalle. Arvingen hans, KAMOSE, overtok trona og krigen.

.

177 xxxx - xxxx  KAMOSE  (WADJKHEPERRE)

Kamose var 15. konge av 17. dynasti. Han var son av TAO II og dronning AHHOTEP, og han var bror av AHMOSE I. Han fortsette farens krig mot Hyksos-folket. Han gjekk i krigen med hest og vogn. Han hadde fått laga stridsvogner som var lettare og meir manøvrerbare enn kva som var i tidlegare tider. Han allierte seg med Medjay-folket. Desse nubiske soldatane svært dyktige i nærkamp, og kjempa i fremste rekke. Kamose slo motstandarane ved Nefrusy, og trakk så inn i Baharia-oasen. Så segla han opp og ned Nilen på jakt etter fleire fiendar.

 

Kamose døydde barnlaus, og tok bror hans, AHMOSE I, over trona. Kamose var siste konge av 17. dynasti. Med Ahmose I byrja  18. dynasti og Det Nye Kongedømmet.

 

 


                                                                                     Til TOPP

1539 - 1069  DET NYE KONGEDØMMET

Ekstrem velstand og gjenoppblomstring av byggprosjekt pregar byrjinga av denne perioden. Men mot slutten av det 19. dynasti si regjeringstid hadde presteskapet fått mykje makt, og korrumperte sentralstyringa. Under det 20. dynasti vart graver røva av myndigheitene. Preste-embeta vart arvelege, og presteskapet byrja få verdsleg makt. Samfunns-styringa braut saman.

Under det 18. dynasti byrja egyptarane å kalle kongen sin for "Farao". Namnet tyder "Store Hus", og var opphavleg namnet på palasset til kongen. I Bibelen er dei egyptiske kongane kalla farao (utan å namngi kongen), og på grunn av dette er det blitt vanleg i dei kristne kulturane å kalle alle egyptiske kongar for farao.

 

1539 - 1295 .......18.   D Y N A S T I

 

178 1539 - 1514  AHMOSE  (NEBPERENRE)

 

179 1514 - 1493  AMENHOTEP I  (DJESERKARE)

Amenhotep I var son av AHMOSE og dronning AHMOSE NEFRETIRI. Han var 2. konge av 18. dynasti. I hans første regjeringsår oppstod det eit Libyisk opprør. Amenhotep I slo libyarane i to slag, og hindra at deltaet vart invadert. Så kriga han mot nubiarane, og sigra også over dei. Han førte mange krigsfangar til Theben. Ved sin død fekk Amenhotep I den sjeldne ære å verte erklært guddommeleg  av presteskapet.

 

Amenhotep I let oppføre det vidgjetne Karnak-templet i Theben. Han nytta fleire steinsortar, mellom anna alabast frå Hatnub. Han reparerte og pussa opp mange gamle tempel langs Nilen. Han var første konge som bygde seg gravmæle som ikkje låg tilknytt eit tempel. For å verne seg mot gravrøveri vart gravmælet kamuflert i fjell i Theben.

 

Amenhotep I hadde ein son som døde som barn. Amenhotep I hadde ein hærførar som heitte THUTMOSE, og som var gift med søstra hans. Han overtok trona då Amenhotep I døde.

 

180 1493 - 1481  THUTMOSE I  (AKHEPERKARE)

Thutmose I var tredje konge av 18. dynasti. Han var hærførar for AMENHOTEP I. Han var ikkje av kongeleg byrd, men vart gift med AHMOSE, ei søster av Amenhotep I, og vart vigsla til konge då svigerbroren døydde barnlaus.

 

Thutmose bygde på Amon-templet i Karnak, med søyler og statuer. Han gjorde hærtog inn i Nubia, og trengte  inn i landområda sør for 3. katarakt (fossefall i Nilen). Han sigra over den nubiske høvdingen i ein duell, og drog heim til Theben med kroppen til den falne høvding hengande i framstamnen på skipet.

 

Større krigar førte Thutmose I på deltaet, mot Hyksos-folket. Han nedkjempa mange folkestammer, og nådde til sist heilt fram til elva Eufrat. Til minne om sine sigrar let han oppføre ei hypostyle-hall (tempelbygg i gresk stil) ved Karnak, der alle søylene var av seder-tre. Thutmose I gjorde Egypt mektig og stabilt, og såra frå tidlegare nederlag vart lækte.

 

181 1481 - 1479  THUTMOSE II  (AKHEPERENRE)

Thutmose II var 4. konge av 18. dynasti. Han vart gift med halvsøster si, HATSEPSUT, som vart regent etter han. Med ei lavare kone hadde han sonen THUTMOSE III.

 

182 1473 - 1458  HATSHEPSUT  (MAATKARE)

Hatsepsut var 5. herskar av 18. dynasti, og datter av THUTMOSE I og dronning AHMOSE. Ho gifte seg med halvbror sin THUTMOSE II. Denne hadde ein son med søster til Hapsetsut, som fekk namnet THUTMOSE III. Då Thutmose II døde i 1479 fvt., var det meininga at Thutmose III skulle etterfølgje han, men på grunn av hans unge alder tok Hatsepsut hand om styringa. Dei styrte saman til 1473, fvt., men då erklærte Hatsepsut seg å vere farao. Ho kledde seg i mannsklede og brukte til og med laus-skjegg, og styrte landets affærer. Guden Amon's øvsteprest, HAPUSENEB,  støtta henne.

Då Hatsepsut bygde sitt storslåtte tempel ved Deir el Bahari, fekk ho laga relieff som viste hennar guddommelege fødsel som Amons datter.

I 1458 fvt. leia Thutmose III eit opprør med tanke å få trona tilbake. Hatsepsut forsvann då, og sidan har ingen sett ho, men klippegrava hennar ligg ved Deir el Bahari.  Thutmose III øydela hennar tempel, heilagdomar, statuer og relieff, så han var tydelegvis ikkje særleg glad i tanta si.

Hatsepsut var første store kvinne i kjend historisk tid. Det var eit sterkt brot på sedvane at ho utnemnde seg til farao. Ho påstod at guden Amon-Ra hadde uttalt følgjande: "Velkommen mi vakre datter, min favoritt, konge over Øvre- og Nedre Egypt, Maatkare, Hatsepsut. Du er konge, og skal styre dei to landa.

 

Hatsepsut regjerte i 20 år, og i denne tida blomstra økonomien i Egypt. Ho bygde ut handels-samband, m. a. til landet Punt, og ho fekk ført opp storslagne tempel, samt at ho restaurerte mange gamle tempel. Det var ei fredeleg tid, og nabolanda betalte sine fastsette avgifter til Egypt.

 

 

183 1479 - 1425  THUTMOSE III (MENKHEPER-RA)

Thutmose III var ein stor herskar. Han er blitt kalla "Egypts Napoleon". Han var ein stor hærførar og ein stor statsmann. Han var ein dyktig ryttar, bogeskytar og idrettsmann, og gav støtte til dyktige kunstnarar. Thutmose III arva trona som barn, men tanta HATSEPSUT styrte for han i byrjinga. Så utnemnde ho seg til farao, og ville ha styringa åleine. Då Thutmose III vart vaksen, gjorde han opprør og vann trona tilbake. Han øydela alle byggverk som Hatsepsut hadde reist til minne over seg sjølv, men sidan styrte han landet med skjønsemd og mild hand. Han hadde liten sans for det pompøse og storslagne, og likte ikkje sjølvskryt.

 

Naboland som Egypt hadde teke overherredøme over, byrja no ruste seg til opprør. Ein allianse av prinsar frå Kadesh og Megiddo (vest for Genesaret-sjøen) samla ein stor hær. Også mesopotamarane og slektstammene deira i Syria nekta å betale skatt, og erklærte seg fri frå Egypt. Men Thutmose III let seg ikkje skræme. Han drog ut med ein hær, kryssa Sinai-ørkenen og marsjerte til byen Gaza, som framleis var lojal mot Egypt. Historien om dette felttoget er godt kjent, for skrivaren Tjaneni førte dagbok, og denne vart seinare gravert på tempelveggane i Karnak.

 

Under dette første felttoget sitt, viste Thutmose III seg som eit militær-geni. Han skjøna kor viktig det var med samband og gode forsyningsliner, og føremonene med raske framstøyt og overraskande angrep. Han var av dei første kjente krigførarar som nytta sjøstridskrefter til støtte.

 

Han valde Megiddo som første angrepsmål. Byen spela ei nøkkelrolle i opprøret, og måtte takast for ein kvar pris.Vel komen til Aaruna, heldt Thutmose III krigsråd med generalane sine. Det var to vegar til Megiddo - ein lang, lett og slett rundt fjella, og ein smal og bratt klatreveg over fjella. Fienden venta at egyptarane skulle kome den lette vegen. Generalane til Thutmose rådde også til å ta den lette vegen. "Går vi over fjella", sa dei, "så kjem vi gjennom med bare ein og ein mann og ein og ein hest. Dei som kjem igjennom vil kome i kamp, medan mesteparten av hæren vår ennå står i Aaruna". Men Thutmose svara til dette: "Om eg lever, om Ra har meg kjær og om min far Amon stør meg, så vil eg gå den smale veg. Lat dei som vil gå vegane de tykkjer er best, og lat dei som vil følgje meg." Då soldatane høyrde denne modige talen, ropte dei i kor: "Vi vil følgje Dykkar Majestet kvar enn Dykkar Majestet går".

 

Thutmose leia sine menn til fots gjennom fjella - hest bak hest og mann bak mann. Kongen førte an. Det tok fortroppene 12 timar å nå dalen på andre sida, og endå 7 timar før siste troppene var gjennom. Thutmose sjølv venta ved utgangen av passet til sistemann var trygt igjennom.

 

Egyptarane kom brått og uventa bakpå motstandarane, og tvang dei til å reorganisere sine tropper i ei fart. Der er sagt der var 300 allierte kongar samla - kvar med sin eigen hær - til saman ein veldig armé. Men då dei såg Thutmose og hæren hans kome veltande imot, miste dei motet og rømde til byen Megiddo. "Som skræmt av ånder forlet dei hestane og vognene sine av sølv og gull".

 

Den egyptiske hæren var ung og uerfaren, og byrja plyndre slagmarka i staden for å nytte høvet til å ta byen med det same. Thutmose vart rasande for dette, og sa til dei: "Om ikkje kongens tropper hadde gitt seg over til å øydelegge fiendens utstyr, kunne vi tatt Megiddo med det same. Og kongane over alle land i nord er no fanga i Megiddo. Og la vi under oss Megiddo, så la vi under oss tusen byar.

 

Megiddo var befesta. Ei vollgrav var gravd rundt bymurane, og murane var forsterka med ein strek pallisade av tømmer. Thutmosde gav ordre om at ingen skulle sleppast ut gjennom byporten, utan at dei signaliserte at dei ville overgi seg.

 

Beleiringa varte i sju månadar, men til sist sendte dei beleira kongane ut sine søner og døtre for å be om fred. "Alle desse ting som dei hadde brakt for å føre kamp mot min Majestet - no kom dei med desse tinga som gåve til min Majestet, medan dei sjølve stod på bymuren og prisa min Majestet, og bad om at livets pust vart gitt til deira naseborar".

 

Dei fekk overgi seg på gode vilkår. Dei måtte sverje ein truskaps-eid: "Vi vil aldri meir gjere vondt mot Menkheper Ra, vår god Herre - ikkje i vår levetid, for vi har sett hans makt, og han har nedlate seg til å gi oss pust."

 

Thutmose III er samanlikna med Napoleon, men ulikt Napoleon tapte han aldri eit slag. Han gjorde 16 hærtog til Palestina, Syria og Nubia, og han handsama alltid dei overvunne folka godt. Han etablerte ei slags Pax Egyptiaca i heile sitt emperium. Syria og Palestina var takksame for freden, og heile området kom i ei velstandstid ein aldri hadde opplevd før.

 

Thutmose III sin påverknad på egyptisk kultur er djuptgåande. Han vart ein nasjonalhelt som vart påakta i lange tider etter sin bortgang. Hans namn vart halde i ære like til siste dagar av gamle Egypts historie. Han let utføre mange fagre byggverk ved Karnak, og sette opp mange obeliskar rundt om i Egypt. Ein av dei er feilaktig blitt kalla "Cleopatras Nål". Den står nå i London. Ein annan obelisk står i Central Park i New York, ein i Roma og ein i Istanbul.

 

 

184 1427 - 1392  AMENHOTEP II  (AKHEPERURE)

Amenhotep II var 7. konge i 18. dynasti. Han var ein barsk regent, og meister i hestekøyring og bogeskyting. Medan han var prins fekk han kommandoen over flåtebasen ved Memphis. Asiatane gjorde opprør i hans første år som konge, men til ingen nytte. Sitt andre styringsår tilbrakte han i Syria, med å slå ned fleire opprør. Han returnerte i triumftog til Egypt, med fanga offiserar hengande med hovuda ned frå stamnene på skipa. Så vart dei halshogne av Amenhotep sjølv, under ein seremoni.

 

Amenhotep II døde 45 år gammal, og son hans, THUTMOSE IV overtok trona. Leivningane etter Amenhotep II viser teikn på ein stoffskifte-sjukdom, som truleg var årsak til hans tidlege død. Han byfde tempelgarden ved Luxor, som seinare vart utsmykka av TUTANKHAMON og HOREMHEB. Amenhotep II har gravmælet sitt i Konganes Dal  i  Theben.

185 1392 - 1382  THUTMOSE IV  (MENKHEPERURE)

Thotmose IV var 8. konge av 18. dynasti. Han hadde m.a. dronninga MUTEMWIYA, og han var far til neste konge, AMENHOTEP III. Som ung mann sovna han ei natt under ein jakttur ved Sfinxen ved pyramiden til kong Khefren. Han drøymde då at Sfinxen viste seg for han og bad han fjerne sanden som dekte han. Til gjengjeld skulle Sfinxen gjere han til konge. Thutmose IV har sett opp ein minnestele mellom potane til Sfinxen der draumen er inskribert.

 

186 1382 - 1344  AMENHOTEP III  (NEBMAATRE) (MEMNON)

Amenhotep III var 9. konge av 18. dynasti.. Han var son av THUTMOSE IV og dronning MUTEMWIYA. Han gifte seg med TIY, datter av Yuya som var embedsmann i Nedre Egypt, og gjorde teneste  som prest for guden Amon i byen Hermontos ved  Luxor. Tiy var ikkje av kongeleg byrd, så dette var eit uvanleg ekteskap. Men Amenhotep var rett og slett forelska!

 

Egypt kunne glede seg over ei fredfull tid under Amenhotep III's styre, og sto no på høgda av si makt. Amenhotep kunne konsentrere seg om byggverk og kunst. Han gifte seg med døtre av fleire utanlandske kongar - mellom anna ei mitannisk prinsesse (Assyria?), og ei prinsesse frå Babylon. Dette sikra hans maktposisjon. I si regjeringstid bygde han mange tempel større. Han bygde Malkata på vestbreidden ved Theben, sør for Medinet Habu. Dette komplekset var ein miniatyrby, med kontor, bustadar og offentlege rom. Tett ved anla han ein innsjø for dronning Tiy, og ved sjøen bygde han eit palass for haremet sitt, og eit palass til dronninga. Sjøen var 3600 cubit lang og 600 cubit breid. Ein cubit (kongeleg cubit) er lengda av kongens underarm frå albogen til langfingerspissen, pluss ei breidd av kongens handflate.

 

Ferdig med sjøen og palassa, arrangerte han ein stor fest, der han og dronninga segla på sjøen i ein farkost som vart kalla "Skjønnhetenes fat".

 

Ved Theben bygde også Amenhotep sitt gravmæle, men det er øydelagt. Einast står att nokre kolossal-stein-statuer som hadde vakta portane - "Memnon-kolossane". Eine paret forestiller Amenhotep og Horus sitjande på kvar si trone. Skulpturane er 19,5 meter høge.

 

På nordsida av gravmælet stod eit anna par kolossalstatuer, som avbileta dronning Tiy og Amenhoteps mor. Desse vart øydelagt i eit jordskjelv. Under spesielle vertilhøve kunne ein høyre musikk frå dei nedramla statuene. Egyptarane meinte at det var gudane som laga musikken. Den som fekk høyre statuenes musikk hadde gudane med seg. Besøkande kom frå nær og fjern for å høyre musikken. Keisar Hadrian var der i 130 evt. Det vart slutt på musikken i 199 evt., då statuene vart restaurert.

 

Amenhotep brukte mange år på utbygge og forskjønne det store templet Karnak. Han oppførte fleire nye tempel der, og så bygde han ein "allé" av sfinxar som knytte Karnak ihop med Luxor. Amenhotep III har også fått æren for templet i Luxor - han skal ha bygd dette til ære for guden Amon (Amon-Khamutef).

 

Amenhotep døypte om guden Amon til Aton, som var eit gammalt nemning for solas fysiske kraft. Amenhotep døydde midt i sine femti, og vart etterfylgt av den vidgjetne AKHENATON.

 

Eit problem oppstod då Akizzi, guvernør i Khatti (hovudstad i landet til hetittane), ein gong kidnappa og stakk av med ein skulptur av Solguden. Han krevde store mengder gull i løysepengar frå egyptarane, og han påstod at i gammal tid hadde egyptarane adoptert Solgud-dyrkinga frå syrarane. Syrarane hadde oppkalla seg sjølve etter namnet på Solguden. Er den assyriske gud Assur den same som egyptaranes Osiris???

 

Akizzi skreiv brev til farao Amenhotep III om dette, og titulerte farao som "Sa Ra" (Solgudens son). Frå det V dynasti bar alle egyptiske faraoar denne tittelen. Dette brevet frå Akizzi stemmer med ein gammal tradisjon om at solgud-dyrkinga slik ho manifisterte seg i Heliopolis, var ein kopi av solgud-dyrking som denne vart utøvd i Heliopolis i Syria. ( Så kan det kanskje vere spor å finne av Solgud-dyrking like tilbake til Babylon, Mesopotamia, Ur?).

Amenhotep III oppmuntra til realisme innan kunsten. Dette var noko nytt - eit brot med flate-figurar og den markante symbolismen.

 

 

187 1352 - 1336  AMENHOTEP IV  (AKHENATON)

Amenhotep IV var 10. konge av 18. dynasti. Under hans styre minka makta til det egyptiske riket, og hetitt-riket byrja verte trugande. Han hadde dronninga NEFERTITI, som vart historisk berømt. Amenhotep IV vart oppfostra av foreldra sine, TIY og AMENHOTEP III, på tradisjonelt vis, til Amon-dyrking. Men Amenhotep IV ville heller dyrke Aton - den gamle solguden som vart dyrka i eldre tider. Han hadde eksentiske religiøse idéar, truleg inspirert av Nefertiti - han gjorde guden Aton til einegud, og forfølgde Amon-prestane. Han skifte namn til Akhenaton, som tyder "Atons tenar", og anla byen  Akhetaton,  som vart ny hovudstad (noverande Tall al´Amärinah). Dronning Nefertiti døypte han om til NEFER-NEFERU-ATON, som tyder "skjønn er Atons skjønnheit".

Denne perioden i egyptisk historie er kalla Amarna-perioden etter den nye hovudstaden, og Akhenaton vart kalla ”kjettar-kongen”. Han sendte embedsmenn rundt om i landet for å øydelegge Amon-statuer og avvikle kult-stadane. Han krevde at skattane til dei mektige templa i Teben, Memphis og Heliopolis skulle tilfalle trona. Korrupsjon blomstra av dette. Folk vart opprørte over Akhenatons djuptgåande reformer, og det kom til oppreister mot han.

I Akhenatons 12. regjeringsår skifte han ut Nefertiti med ei av hennar 6 døtre, MERITATEN.

Akhenaton er av mange rekna å vere den mest særmerkte av alle Egypts kongar, særleg fordi han ville innføre abstrakt monoteisme og utrydde den gamle fleirguds-trua. Akhenatons religion overlevde ikkje, sjølv om den influerte sterkt på tenkinga i tida. Etter Akhenatons død gjekk Egypt tilbake til innfløkt polyteisme, med Amon-Ra som øvstegud.

 

Det kan hende at dei hebraiske profetanes monoteisme er inspirert av Akhenaton/Nefertiti.

Akhenaton introduserte ei heilt ny og intim uttrykksform i egyptisk kunst. Kolossalstatuer av han sjølv, måleri frå hans private bustad, bystene av Nefertiti og Tiy - dei forfinar og flatterer ikkje kongen og hans familie - dei avslører på realistisk vis både venleik og forfall.

Men denne kunst-renessansen vart kortvarig. Akhenaton vart svært upopulær fordi han stengde dei gamle tempela, og han var så oppteken med sine reformer at han gløymde å ta seg av landets politiske saker. Då svigersonen TUTANKHAMON kom til makta vende Egypt tilbake til sine tradisjonelle verdiar. (Meir å lese om Akhenaton under Guden Aton).

188 1341 -1337  NEFERNEFERUATON (NEFERTITI)

Nefertiti var 11. herskar av 18. dynasti. Ho var regent nokre år etter at AKHENATON var død.

 

189 1337 -1336  SMENKHARE  (ANKHKHEPERURE)

Smenkhare var 12. herskar av 18. dynasti. Eg trur han var son av AKHENATON  og NEFERTITI. Namnet viser at denne kongen var dyrkar av Amon (-men) og Ra (-re). S i byrjinga på namnet viser kanskje til Osiris? Han døydde 25 år gammal av mystiske årsaker.

 

190 1336 - 1327 TUTANKHAMON  (NEBKHEPERURE)

Tutankhamon var 13. herskar av 18. dynasti. Han var bare 8-9 år gammal då han kom på trona. Han var son av Amenhotep III og ei av konkubinene hans, og vart gift med  tredje datter av AKHENATON og NEFERTITI. Ho heitte ANKHSENPA-ATON , men skifte namn til ANKHESEN-AMON, og både ho og Tutankhamon dyrka dei gamle gudane av Theben.

Kongeparet hadde i byrjinga tilhald ved el Amarna, men seinare flytte dei til Memphis, der dei pussa opp ein residens etter AMENHOTEP III. Ein minne-stele etter denne restaureringa fortel om Tutankhamons strev med å stabilisere styringa og bringe dei gamle templa og gudane tilbake til ære etter Amarna-perioden. Han betalte prestane og staben ved palassa frå si eiga lomme. Ved Medinet Habu bygde han sitt gravmæle med to kolossal-statuer, men dei vart knabba av hans etterfølgjarar.

Tutankhamon døydde 19 år gammal av ein hovudskade. Han vart gravlagt i Konganes Dal. Utanom mumien av kongen vart to mumifiserte foster funne i sarkofagen som var forsegla med Tutankhamons namn. Ein trur det er to av hans barn som var dødfødte.

Når det gjeld kunsthandverk er ingen grav funnen meir imponerande enn grava til Tutankhamon. Dei fleste av skattane frå grava er no i Egypisk Museum i Kairo.

Tutankhamon gjenoppretta Theben som hovudstad.

Tutankhamon si grav vart opna i 1922 av den britiske arkeolog Howard Carter. Tutankhamon passa ikkje inn i den kjente arverekka av egyptiske kongar. Men det var tydeleg at det var grava til ein stor konge som var funnen. Var han son av Amenhotep III, eller var han bror av Smenkhare? Og det er stilt spørsmål om Tutankhamon i røynda var ei kvinne, for nitid gransking av klesbitar frå grava tyder på at han hadde relativt svært hoftemål. Men farfaren, Akhenaton, såg visst likedan ut. Kanskje var det ein arveleg sjukdom som forårsaka feittansamling i hoftepartiet??

No (nov. 2000) er det planlagt å ta DNA-prøver av mumien til Tutankhamon for å prøve å finne ut av dette. I desember 2000 vil egyptiske og japanske forskarar reiser til Konganes dal, Luxor, og ta prøver av mumien i gravkamret. Prøvene vil verte analyserte i Kairo, i eit høgteknologisk laboratorium som er finansiert av eit japansk universitet. Resultata skal foreligge i januar 2001.

191 1327 - 1323  AY  (KHEPERKHEPERURE)

Ay var 14. herskaren av 18. dynasti. Han etterfølgde TUTANKHAMON på trona. Han var gift med ei prinsesse av kongehuset, som heitte THI, og det var gjennom ho han arva trona. Før Ai vart konge var han Aton-tilhengar, men gjekk så over til gamletrua.

 

Etter Ai's død kom ein periode med uro og anarki. Det vart kamp om kven som skulle overta trona. Vi veit lite om hendingane i denne tida, men makta til XVIII dynasti vart knekt.. 

 

192 1323 - 1295  HOREMHEB  (DJESERKHEPERURE)

Horemheb var 15. herskar av 18. dynasti. Han var hærsjef i TUTANKHAMON si regjeringstid. Då Turtankhamon døydde tok AY over trona. Ay sette pris på Horemheb, og let han halde fram som militær leiar. Då Ay døydde utan arving, vart Horemheb konge.

Å bringe landet tilbake til lov og orden var fanesaka til Horemheb. Då han hadde komt seg i orden, flytte han til Memphis, og byrja å arbeide med innanrikssaker. Han returnerte tempel-eigedomar til presteskapa, og landeigedomar til dei gamle eigarane. (Akhenaton hadde teke mange beslag). Horemheb restaurerte mange bygg-kompleks, og bygde meir på Karnak. Han oppførte heilagdomar og tempel for guden Ptah. Han krevde at hans regjeringstid skulle reknast frå då AMENHOTEP III døydde, slik at heile styringa til AKHENATON vart viska ut.

Horemheb bygde seg gravmæle i Konganes Dal. Han formana høgare embetsmenn at dei ikkje skulle snyte dei fattige, og ikkje misbruke slavar og eigedom. Han lova dødsstraff for dei som braut hans påbod. Akhenatons hovudstadAmarna vart nå forlatt av innbuarane - når byen ikkje lenger var hovudstad, var det ikkje noko å ta seg til med der. Under Horemheb si regjeringstid forfall byen totalt. Folk kom og reiv ned bygningane, for å nytte byggmateriala andre stadar. Horemheb gjekk inn for å få fjerna alle spor etter Akhenaton, og mindre enn 25 år etter Akhenatons død var det meste gjort.

 

Horemheb hadde ingen arving, så han kåra ein militær leiar som sin etterfølgjar. Det var RAMESSES I.

 

 

 


1295 - 1186 ..........19.  D Y N A S T I

 

193 1295 - 1294  RAMESSES I  (MENPEHTYRE)

Ramesses I var første konge av 19. dynasti. Han var son av militær-leiaren Seti. Ramesses starta ei militær løpebane, og avanserte til trops-kommandant, kavaleri-oberst, og til sist general. Ei kort tid etter vart han vizir for kong HOREMHEB. Han var også øvsteprest for guden Amon, og dette vervet gav han styringa over alle templa i Egypt.

 

Horemheb døydde utan arvingar, så Ramesses tok over trona. Han hadde dronninga SITRE, som var mor til SETI I. Denne var alt ein erfaren militær leiar.

 

Ramesses I vart først gravlagt i Konganes Dal, men hans grav vart seinare vandalisert, så prestane flytte lekamen hans til Deir el Bahri.

 

 

194 1294 - 1279  SETI I  (MENMAATRE)

Seti I var andre konge av 19. dynasti. Han var son av RAMESSES I og dronning  SITRE. Som sin far var Seti ein dyktig militærleiar. I eit krigstokt mot Asia førte han tre divisjonar med

60 000 soldatar i kvar. Han tok tilbake egyptiske utpostar, og befesta byar i syrisk område. Han utplyndra Palestina, og brakte Damaskus tilbake under egyptisk kontroll. Han gjorde nye forhandlingar med hetittane, som var på veg til å bli den mektigaste staten i området.

 

Seti I og hans etterfølgjar, RAMESSES II, kriga mot Kadesh. I Karnak fullførte han farens plan om å omgjere plassen mellom andre og tredje søylerad til ein diger hypostyle-hall.

 

Seti I bygde sitt storslagne gravmæle-kompleks ved Abydos. Grava si bygde han i Konganes Dal. Skoren 300 fot inn i berget var det den største grava i området. Med seg i grava hadde han meir enn 700 "shabti". Dette er utskorne steinar eller trefigurar, som skulle følgje han til "Etterlivet" og hjelpe han med å oppfylle gudane sine ynskje.

 

Grava til Seti I i Konganes Dal vart vandalisert, og lekamen hans vart flytta til Deir el Bahri.

 

195 1279 - 1213 RAMESSES II  (USERMAATRESETEPENRE) 

Ramesses II var 3. konge av 19. dynasti. Han var son av SETI I og dronning TUYA. Han vart kalla Ramesses den store, men storheita sikra hans seg mest ved å drive veldig propaganda for seg sjølv ved å oppføre storslagne minnesmerke. Han levde i 96 år; regjerte i 67 år, og hadde 200 koner og konkubiner, 111 søner og 60 døtre.

             

 Den ujamne fordelinga mellom søner og døtre tyder på at mange jentebarn vart drept (eller adoptert bort?).

Ein av sønene, Prins Kha-m-was, var øvsteprest for guden Ptah, og guvernør i  Memphis. Han hadde ansvaret for å få restaurert Unas pyramide. Denne sonen vart gravlagt i Serapiet. (Serapier er veldige, tunellforma, underjordiske gravkamre med sarkofagar i nisjer langs veggane - tileigna Osiris og Apis).

Ramesses II overlevde sine første 13 arvingar.  I sine første regjeringsår styrte han saman med far sin, SETI I, og var med han på mange krigstokt mot Libya og Nubia. 22 år gammal var Ramesses II på eit stort hærtog mot Nubia saman med to av sine søner.

Seti I og Ramesses II bygde eit palass i Avaris, der Ramesses I hadde byrja grunnlegge ein ny hovudstad. Då Seti I døydde i 1290 fvt, tok Rasmesses II over trona. Som fersk farao måtte han vise styrke andsynes nabo-maktene, og kjempa i 20 år mot hettittane. Han utkjempa eit stort slag mot hetitt-kongen Muwatalli (1315-1296) i Kadesh i Syria. Det heldt på å gå gale. Ramesses hadde delt hæren sin i fire divisjonar, oppkalla etter Amon, Ra, Ptah og Seketh. Sjølv køyrde han stridsvogn i spissen for Amon-divisjonen. Ra-divisjonen låg ei lita halvmil bak. Han hadde bestemt seg for å slå leir utanfor Kadesh, men hettitthæren låg på lur. Dei overraska Ra-divisjonen ved ein vadestad, og slo den på flukt. Ra-divisjonen flykta rett mot Amon-divisjonen, og spreidde panikk. Halve hæren til Ramesses var på flukt, og han sjølv vart omringa av 2500 hettitt-stridsvogner, og hadde bare livgarden sin til støtte. Med desse få mennene greidde han likevel å slå seg gjennom fiendens rekker, og slapp unna. Han klaga på soldatane sine etter dette - at dei var feige. No tok hettittane pause i striden for å plyndre egyptarane sin leir. Ramesses fekk tid til å omgruppere sine to andre divisjonar. No vart det hard kamp i fire timar, til begge sider var utslitte, og Ramesses trakk seg tilbake Han sa seg å ha vunne ein stor siger, men greidde ikkje å svekke hetittane si makt i Syria..

Etter mange års strid kom det til fredsforhandlingar, og dei to nasjonane inngjekk ein ikkje-angreps-avtale, ein forsvars-allianse mot felles fiendar, ein avtale om fange-utveksling, og           - Egypt skulle hjelpe Syria å slå ned indre opprør. Ramesses vart trulova med dottera til hettitt-kongen Hattusili III, og 13 år seinare tok han henne til hustru. Ho fekk namnet UERET-MA-A-NEFERU-RA som tyder "Den store som ser Ra's venleik". Ei anna form av namnet hennar var MAATHORNEFERURE.

 

Utgreiinga om det vidgjetne slaget mot syrarane ved Kadesh er inskribert på veggane i Ramesses II sitt døds-tempel ved Abu Simbel. Dette templet var hogd inn i sjølve berget, og er no demontert og flytta høgare opp i landskapet, pga. oppdemminga av Nasser-sjøen. Fasaden har 4 kolossalstatuer av Ramesses sjølv -  mest 30 m høge. Bak ligg ein hall som var hogd 55 m inn i berget, bak denne ligg eit høg-heilagrom med kolossalstatuer av 8 kongar, som sit på to rekker mot kvarandre. Det er hovudgudane for Heliopolis (Ra-Harakhte, Memphis (Ptah) og Theben (Amon Ra), samt gudinna Hathor, og Ramesses II sjølv som guddommeleggjort; dronninga hans  NEFERTATI, og borna deira. Ved soloppgang skin sola på Ramesses. Veggane er dekorerte med relieff-skildringar av slaget ved Kadesh - 1100 figurar; hæren på marsj, slagscener, fiendens flukt og scener frå leirlivet.

 

Ramesses II var modig i strid, men som hærførar var han likevel ein klossmajor. Kanskje var det for å kompensere dette at han sidan brukte enorme ressursar på å bygge storslagne minnesmerke over seg sjølv. Namnet hans finn ein overalt i Egypt på byggverk og skulpturar. Han fjerna gjerne namna på skulpturane til forgjengarane sine, og skreiv på sitt eige. Den minste lille reparasjon han gjorde på eit tempel - så signerte han for heile byggverket.

For å nemne fleire av hans byggverk; han bygde hypostyle-hallen i  Karnak som er verdas største -vidare eit gravmæle ved Abydos, Ramesses-kolossane ved Memphis, ein enorm gravstad ved Theben, nybygg ved Luxor-templet, og det vidgjetne Ramesseum.

 

Ramesses II budde mesteparten av si regjeringstid i byen Pi-Ramesses på deltaet. Mellom Ramesses II sine koner var NEFERTATI, dronning ISTNOFRET, hans to døtre BINTHANATH og  MERYTAMON, og hetitt-prinsessa MAATHORNEFERURE.

Ramesses II vart opphavleg gravlagt i Konganes Dal, men fordi det var så mykje gravrøveri under det 21. dynasti, flytte prestane Ramesses II sin lekam til ein "opplagsplass", der verdifulle materiale, slik som bladgull og halvdelsteinar vart fjerna. Lekamen vart deretter pakka om og flytta til grava til ei dronning av 18. dynasti - INHAPI. Lekamane til RAMESSES I og SETI I enda opp på same stad. Frå før var lekamen til AMENHOTEP I plassert der. Syttito timar seinare vart alle lekamane flytta igjen - denne gang til ein kongeleg gøymestad i grava til øvstepresten Pinudjem II.

 

Om dette har prestane skriftleg utgreidd, på lintøyet som dekte lekamane. (Den systematiserte likrøveriet som prestane utførte vart gjort under dekke av at dei ville verne lika mot  vanlege tjuvar.

 

I Ramesses II sine siste regjeringsår hadde heile vestsida av deltaet falle i hendene på framande makter, og på austsida vart egyptarane fortrengt av innvandrande folkegrupper. Ramesses sine ressurskrevjande bygningsarbeid hadde øydelagt landets økonomi, og folket var blitt fattige. Pga. dette vanstyret stod no Egypt i fare for å misse kontroll over heile deltaet.

 

 

196 12?? - 1213  KHAEMWESE

Khaemwese var son av Ramses II og, kan hende styrte han nokre år for sin gamle far. Han bygde søylegang i Luxor, var i konflikt med hettittane, og budde i byen Pi-Ramesse på deltaet som faren hadde grunnlagt, slik som sine etterfølgjarar.

 

197 1213 - 1203  MERENPTAH  (BAENREHOTEPHIRMAAT)

Merenptah var 4. konge av 19. dynasti. Namnet tyder "Den som Ptah elskar". Sine første regjeringsår nytta han til å førebu krig mot inntrengjarane på deltaet. For 400 år sidan hadde gjetarkongar av Hyksos-folket okkupert Nedre Egypt. No var Egypt igjen truga av inntrengjarar. Den libyiske høvdingen Meryawy hadde bestemt seg for å angripe og okkupere deltaet. Han trudde dette skulle gå lett, så han tok med kone og barn og alle sine eignelutar på hærtoget.

 

Natta før det avgjerande slaget hadde Merenptah ein profetisk draum. Han såg guden Ptah stå ved sidan av seg, og halde fram eit sverd. Guden sa: "Ta dette, og fordriv all frykt".

 

Merenptah hadde plassert bogeskytarar i strategiske posisjonar, og dei let pilene hagle over invasjons-hærene. Etter seks timar tok sverd-soldatane over. Då motstandarane byrja vise teikn til samanbrot, slapp Merenptah laus stridsvognene på dei. Han hadde lova folket sitt at han skulle få lagt fienden på buken som ein notfangst med fisk, og han heldt lovnaden. Triumf-songen hans viser at han ikkje såg på nedkjempinga av libyarane som ein stor siger, men som eit vel utført oppdrag:

                        Stor glede har komt til Egypt. Folket talar om sigrane som Kong Merenptah

                                   har vunne mot Tahenuen:

                        Så elska han er - vår sigersrike herskar!

                        Så framragande han er mellom gudane!

                        Så lykkeleg han er - den kommanderande Herre!

                        Set deg glad ned og prat - eller gå lange turar langs vegane,

                                   for nå er der ingen frykt i folkets hjerte.

                        Festningane er forlatt, brønnane er gjenopna; budberarane driv dank under

                                   brystverna - i ly for sola; soldatane søv - sjølv grense-speidarane går

                                   på åkrane som dei lystar.

 

                        Buskapane på markane treng ingen gjetarar når dei kryssar flodstraumar.

                        Ikkje lenger høyrer vi rop i natta: "Stopp! Det er nokon som kjem. Nokon kjem

                                   som talar framandt språk!"

                        Alle kjem og går med sang, og sukkande klagesang høyrer vi ikkje lenger.

                        Byane er på ny folkesett, og husbonden et av grøda han sjølv har sådd.

                        Igjen viser Gud godhug for Egypt, for Kong Mernptah vart født - bestemt til

                                   å verte hennar (Egypts) vernar.

 

Innhaldet i siste lina tyder på likskapar med hebraisk (gamletestamentleg) religion - det er tale om ein gud, som vender seg mot eller frå folket. Og tidlegare i diktet er det snakk om profetiar.

 

Sigeren over libyarane berga Egypt frå yttarlegare ruinering, men dårleg økonomi og politisk forfall heldt fram. Egypt sende ei skips-ladning korn til hettittane som var råka av hungersnaud. Dette viser at alliansen med hettittane stod ved lag. Men i resten av 19. dynasti si styringstid var det kiv om trona. Kongane var veike styringsmenn, og det vart politisk kaos. Prinsar og småkongar stridde mot kvarandre, og det vart lovlause tider.

 

 

 

198 1200 - 1194  SETI II  (USERKHEPERURESETEPENRE)

Var 5. konge av 19. dynasti.

199 1194 - 1188  SIPTAH  (AKHENRESETEPENRE)

Var 6. konge av 19. dynasti.

200 1188 - 1186  TAUSERT  (SITREMERITAMION)

Var 7. konge av 19. dynasti.

 

 


1186 - 1069.............20.   D Y N A S T I

201 1186 - 1184  SETAKHT  (USERKHAUREMERYAMON)

Setakht var 1. konge av 20. dynasti. Han nekta å anerkjenne dei to foregåande kongane, så han daterte byrjinga av regjeringstida si tilbake til året då Seti II døde, (1194). Truleg arva han trona frå TWORSE - enka etter Seti II, som hadde prøvd å fungere som dronning-farao etter mannens død. Setakht hadde byrja verte gammal då han overtok trona, men han greidde å oppretthalde ro og orden i ein kort periode. Gravmælet hans var ikkje ferdigbygt då han døde, så han vart lagt i grava til Tworse. Sarkofagen hans er funnen i grava til AMENOPHIS II, men denne var tom, og mumien er ikkje funnen.

 

Setakht var far til RAMESSES III, og dronninga hans var Ramesses III si mor, TIYE-MERENESE.

 

202 1184 - 1153  RAMESSES III  (USERMAATREMERYAMON)

Ramesses III var 2. konge av 20. dynasti. Han var son av SETAKHT, og var den siste store konge av Det Nye Kongedømmet. Han overtok trona etter farens to korte styringsår. To gangar i si regjeringstid førte han krig mot libyarane. Han samanlikna seg sjølv med krigsguden Menthu, og var trygg på sine evner. Han motstod eit angrep frå "Sjø-folket" (var det fønikarane?) i sitt åttande år som konge. Etter å ha sigra over Sjø-folket og teke mange fangar, gjekk han til angrep på palestinske stammer, og sigra igjen. Han skattla alle han hadde vunne over, men Egypt hadde store finans-problem i denne tida. Arbeidarar streika for høgare løn, og det var generell uro i alle samfunnslag. Eit mislukka opprør i haremet førte til at mange måtte bøte med livet - embetsmenn og kvinner inkludert. I løpet av sine 31 år som konge bygde Ramesses III det veldige gravmælet Medinet Habu, tre tempel-heilagdomar ved Karnak som var tileigna gudane Amon, Mut  og Khon - dessutan eit palass ved  Leontopolis, like nordom noverande Kairo.

Grava til Ramesses III ligg i Konganes Dal. Mumien hans vart funnen i eit løynde-kammer ved Deir el-Bahri, og er no ved Kairo Museum. Ein trur Ramesses III var omlag 65 år då han døydde.

 

 

203 1153-1147  RAMESSES IV (HEKAMAATRESETEPENAMON)

Ramesses IV var son av Ramesses III, og 3. konge av 20. dynasti. Han regjerte i 6 år. Han overlevde eit harem-oppprør som hadde til formål å neglisjere hans krav på trona. Han plasserte eit dokument i gravmælet til far sin - dette er kjent som Papyros Harris I, og skildrar i detalj  styringstida til RAMESSES III.

Ramesses IV var i førti-åra då han vart konge. To bautaer er funne ved Abydos, som fortel om hans ærlegdom og særmerkte tiltru til gudane. Meir enn 8000 arbeidarar frakta stein til heilagdomen.. Ramesses IV påla øvstepresten  Mont og andre embetsmenn å vitje heilagdomen.

Ramesses IV er også kjent som vidareførar av Karnak-templet, som vart påbyrja av hans far, Ramesses III. Og han oppførte eit tempel ved Asasif, på vestbreidden av Nilen ved Theben. Hans gravmæle vart funne i Konganes Dal, og mumien hans er no ved Kairo Museum. Leivningane viser ein liten, skalla mann, med lang nase og gode tenner.

 

204 1147- 1143  RAMESSES V (USERMAATRESEKHEPERENRE)

Ramesses V var 4. konge av 20. dynasti. Han var son av RAMESSES IV og dronning  TA-OPET. Mumien hans vart funnen i grava til AMENOPHIS II, og er no ved Kairo Museum. Mumien viser at han døde av koppar 35 år gammal. Han fekk ikkje gjort ferdig grava si i Biban el-Moluk, men hans etterfølgjar, RAMESSES VI tok denne i bruk. Det einaste minnesmerke som elles er funne etter Ramesses V er ein stele (minneplate) som vart oppdaga ved Gebel Silsilh.

 

 

205 1143 - 1136  RAMESSES VI  (NEBMAATREMERYAMON)

Ramesses VI var 5. konge av 20. dynasti. Med makt og ran tok han trona frå sin nevø og forgjengaren RAMESSES V, men let han få verdig gravferd med full seremoni. Ramesses VI fjerna tidlegare kongar sine namn på inskripsjonar i Sinai, og påførte sitt eige namn. Han oppførte statuer i Bubastis, Koptos, Karnak og Nubia. Etter at grava hans vart vandalisert, måtte prestane spikre mumien fast til eit brett for å gi han ei verdig gravferd.

 

206 1136 - 1129  RAMESSES VII  ( USERMAATRESETEPENRE)

Ramesses VII var 6. konge av 20. dynasti. Truleg var han son av RAMESSES VI. Han bygde gravmælet sitt i Konganes Dal, og to andre monument har han bygd. Han hadde ein son som døde ung.

 

207 1129- 1126  RAMESSES VIII (USERMAATREAKHENAMON)

Ramesses VIII var 7. konge av 20. dynasti. Truleg var han son av RAMESSES III. Mumien hans er aldri funnen, og alt minne etter han er ein inskripsjon ved Medinet Habu og nokre veggtavler. Gravmælet hans er også funne - det var ganske smålåte.

 

208 1126 - 1108  RAMESSES IX  (NEFERKARESETEPENRE)

Ramesses IX var 8. konge av 20. dynasti. I hans regjeringstid var det ein skandale - gravene i dødebyen ved Theben vart røva. Og egyptarane måtte føre krig mot libyiske røvarbandar. Han hadde ein son som heitte Montuherkhopshef, men som døde ung. Ramesses IX si grav er funnen i Konganes Dal.

 

209 1108 - 1099  RAMESSES X  (KHEPERMAATRESETEPENRE)

Ramesses X var 9. konge av 20. dynasti. I hans regjeringstid opplevde Egypt streikar - arbeidarane streika fordi dei ikkje fekk utbetalt lønn. Bare få monument er funne etter Ramesses X. Han etterlet seg ei grav i Konganes Dal.

 

210 1099 - 1069  RAMESSES XI  (MENMAATRESETEPENPTAH)

Ramesses XI var 10. og siste konge av 20. dynasti, og siste konge i Det Nye Kongedømmet. Han styrte i ei tid med mykje uro og opprør. Han var ein heller veik regent. Visekongen av Nubia - Paneshi, kom frå Elefantine til Theben for å prøve å løyse ein strid som hadde oppstått mellom øvsteprestane til guden Amon og andre grupperingar. Samstundes vart landet råka av ein hungersnaud som fekk namnet "Hyenens År". Paneshi let sin embetsmann HRIHOR vere att i Theben for å halde orden. Denne vart snart Amons øvsteprest, og utnemnde seg også til kongens vizir. Med dette hadde han gjort opprør mot. Paneshi. No tok Paneshi full kontroll over Nubia, så Egypt miste makta si her. Hrior styrte no med politikken i Egypt - Ramesses XI levde maktlaus og tilbaketrukken. Teknisk sett var han konge til han døde, men Hrihor styrte med alle dei politiske sakene i Øvre Egypt.. Etter Ramesses XI's død delte Hrihor og SMEDES Egypt mellom seg.

 

Ramesses XI's død markerte slutten på 20. dynasti og Det Nye Kongedømmet. Hans grav er i Konganes Dal.

 

 


                                                                                    Til TOPP

1070 - 715   TREDJE MELLOMPERIODE

Hovudstaden vert flytta frå Tanis til Libya, så til Nubia, så til Theben, til Sais, og så tilbake til Nubia og til sist til Theben.

1070 - 945  ....... 21. D Y N A S T I

211 1070 - 1044  SMEDES (HEDJKHEPERRESETEPENRE)

                                      (NESBANEB-DJEDET)

Smedes var 1. konge av 21. dynasti. Han var embetsmann under RAMESSES XI. Han byrja sin maktkamp i byen Tanis. Der var han øvsteprest for guden Amon, og han vart også visekonge (vizir) for Nedre Egypt. Hrihor var ein annan embetsmann - han var Amons øvsteprest i Øvre Egypt, og visekonge der. Saman heldt desse to Ramesses XI borte frå makta. Då Ramesses XI døde, delte dei Egypt mellom seg. Dette var starten på 21. dynasti. Smedes var frå landområdet Djede, og hadde ingen arverett til trona. Einaste spor etter Smedes som er funne, er ein ramponert inskripsjon på ein pillar i eit steinbrot ved Gebelen.

 

212 1044 - 1040  AMENEMNISU (NEPHERCHERES)

                                           (NEFERKAREHIKWAST)

Amenemnisu var 2. konge av 21. dynasti. Han regjerte i 4 år - truleg som co-regent med PSUSENNES I.

 

213 1040 -   992  PSUSENNES I

(AKHEPERRE-SETEPANAMUN PSIBKHAEMNE)

Psusennes I var 3. konge av 21. dynasti, og er truleg den best kjente av kongane i dette dynastiet. Hans grav er utgravd i Tanis, og funnen heilt intakt. Mumien hans var av ein gammal mann. Der var eit gravkammer til i gravmælet - tileigna hans kone og søster, dronning MUTNODJME. Men ein gong har hennar mumie og gravgods blitt fjerna, og kong AMENOPE's mumie og gravgods vart plassert der i staden. Amenope vart flytta frå ei anna grav, ikkje langt unna. Også fleire andre mumier vart funne i grava. Desse er truleg blitt flytta dit for at dei skulle unngå gravøydeleggingar som foregjekk i området.

 

 

 214 993 -   984  AMENOPE (AMUNEMOPE) (AMENOPHTHIS)

                                      (USERMARE-SETEPENAMUN)

Amenope var 4. konge av 21. dynasti. Det er mulig det var han som skreiv ei av dei mest vidgjetne egyptiske visdomsbøkene, kjent som "Amenopes Instruksjonar". Her gir han råd til sin son om ærlegdom, integritet, sjølvkontroll og mildheit. Han skriv at det er med guds hjelp at fred og harmoni kan oppnåast.

 

215  984 -   978  OSOCHOR

Osochor var 5. konge av 21. dynasti.

 

 216  978 -   959  SIAMUN (AMUNEMOPE) (AMENOPHTHIS)

                                      (USERMARE-SETEPENAMUN)

Siamun var 6. konge av 21. dynasti. Det var han som forsegla det kjente løynde-grav-anlegget ved Der el-Bahri. Elles veit vi lite om han.

 

217  959 -   945  PSUSENNES II (PSIBKHAEMNE)                                                                    (TITKHEPERURE-SETEPENAMUN)

Psusennes II var 7. og siste konge av 21. dynasti. Nokre inskripsjonar på monument er einaste spor etter han.

 

 


945  -  712.........22. D Y N A S T I

218  945  -   924  SHESHONQ I  (SHOSHENQ I)

                                      (HEDJKHEPERRE-SETEPENRE)

Shoshenq I var 1. konge av 22. dynasti. Tidlegaste inskripsjon med namnet hans er funne i ein lang tekst ved Abydos, der han er titulert som "Store Høvding av Meshwesh, Prins over Prinsar". Far hans var Nemrat, som var son av Fru Mehetemwaskhe. Då faren døde, bad Shoshenq kongen på den tida - det må truleg ha vore PSUSENNES II av 21. dynasti - om løyve til å oppføre ein gravheilagdom til hans ære ved Abydos.

 

Son til Shoshenq vart gift med Psusennes II si dotter, MAKARE. Ting tyder på at maktskiftet frå 21. til 22. dynasti gjekk fredeleg for seg. Shoshenks kone, KAROMA, var mor til OSORKON I, som vart tronarving.

 

Shoshenq let utføre mange byggprosjekt i Egypt. Han anla ein ny forgard med søylerekker og triumf-port ved Karnak, som ei utviding av hypostylehallen i Amon-templet. Inkje bygg-arbeid hadde blitt gjort i Karnak sidan slutten av 19. dynasti. Shoshenq gjorde vellukka krigføringar mot Kongeriket Judea og Kongeriket Israel. Grava hans er i Tanis.

 

219  924 - 909  OSORKON I (SEKHEMKHEPERRE-SETEPENRE)

Osorkon I er 2. konge av. 22. dynasti. Ting tyder på at SHOSHENQ II var co-regent i deler av hans regjeringstid.

 

220  909 -     ??   TAKELOT (USERMARE-SETEPENAMUN)

Takelot I var 3. konge av 22. dynasti. Det ser ut til at SHOSHENQ II var co-regent også i deler av hans regjeringstid (som under forgjengaren).

 

221   ?? -   883  SHOSHENQ II (HEQAKHEPERRE-SETEPENRE)

Shoshenq II ser ut til å ha vore med-regent til begge sine to forgjengarar. Så var han i ein periode einekonge, som 4. konge av 22. dynasti. Mumien hans er funnen ved Tanis, i grava til PSUSENNES I.

 

222  883 -   855  OSORKON II (USERMARE-SETEPENAMUN)

Osorkon II var 5. konge av 22. dynasti. I hypostyle-hallen i Luxor finn vi inskripsjonar som fortel om ein stor flaum i Nilen i tredje år av hans regjeringstid: "Alle templa i Theben såg ut som myrmarkar".

 

Då Osorkon II var 22 år høgtida han Seth-Festivalen. Han bygde ein portveg av granitt ved det store templet ved Bubastis, og dekorerte portvegen med scener frå festivalen.

 

I Osorkon II si regjeringstid veikna Egypts makt, og assyrarane truga freden. Egypts maktområde rakk ikkje så langt som før, og kongen prøvde å skape alliansar med Palestina og Syria.

 

Ting tyder på at Osorkon II hadde ein sam-konge - HARSIESE - som var Amon-øvsteprest i Theben. Kan hende var han son av Osorkon II. Grava til Osorkon II er funnen ved Tanis. Den er konstruert av store steinblokker med fleire indre gravrom. Fleira andre mumier er funne i grava, mellom anna munien til TAKELOT II.

 

223 860 -   835  TAKELOT II (HEDJKHEPERRE-SETEPENRE)

Takelot II var 6. konge av 22. dynasti. Han var far til Amon-øvstepresten Osorkon. Denne Orsokon er ansvarleg for den lange inskripsjonen på Bubastis-porten. I følge inskripsjonen var det i Takelots 15. regjeringsår krigshandlingar i nord og sør, og landet vart råka av store omveltingar.

 

Takelot II sine leivningar er funne i ein sarkofag han har rana til seg frå byen Tanis - ein sarkofag frå Mellomkongedømet si tid. Hans "Himmelske krukker" (Canopic jars) vart funne saman med mumien. Dette er urner som vart brukte til å oppvare større organ av kroppen - lunger, tarmar, mage og lever, under balsameringa. Hans "Ubashi-figurar" var også i grava. Dette er ca. 10 cm høge keramikk-statuer av menneske - meininga med dei var at dei skulle vere arbeidsfolk og tenarar for kongen i Etterlivet.

 

224  835 -   783  SHOSHENQ III (USERMARE-SETEPENRE)

Shoshenq III var 7. konge av 22. dynasti. I hans 28. regjeringsår vart ein "Apis-okse" født. Dette er skrive på ein "Serapium-stele" av ein prest som heitte Pediese. Shoshenq III si grav er funnen ved Tanis, og var konstruert på same vis som gravene til PSUSENNES I  og OSORKON II.

 

225 783 -773 PAMI (USERMARE-SETEPENRE PIMAY) (PEMAY)

Pami var 8. konge av 22. dynasti. Namnet hans tyder "Katten".

 

226  773 -   735  SHOSHENQ IV (AKHEPERRE-SETEPENRE)

Shoshenq IV var 9. konge av 22. dynasti. Serapium-stelen i Pasenhor  er laga i hans 37. regjeringsår. I hans tre siste regjeringsår fekk han problem med den assyriske kongen Tiglathpileser III. Denne hadde erobra Damaskus, og heldt så fram med å hærta mange byar i det nordlege Israel. Folket i desse byane brakte han som fangar til Assyria. Tidlegare i historien hadde Egypt ein gong alliert seg med Damaskus, Israel og nokre andre nasjonar for å stogge frammarsjen til den tidlegare assyrar-kongen Shalmaneser III, og greidde dette ved byen Qarqar. Det er ikkje noko som tyder på at Shoshenq IV prøvde å kome sine tidlegare allierte til hjelp.

 

227  735 -   712  OSORKON IV (AKHEPERRE-SETEPENAMUN)

Osorkon IV var 10. og siste konge av 22. dynasti. I hans regjeringstid sendte Hosea, konge av Israel sendebod til Egypt. Hosea bad om hjelp mot assyrarkongen Shalmaneser V. Men Osorkon IV sendte inga hjelp. Samaria vart erobra, og israelarane vart deportert til Assyria. Så truga assyrarkongen Sargon II Egypt. For å unngå angrep sendte Osorkon IV rike gåver til han, og det hjalp - assyarkongen trengte ikkje inn i egyptisk område.

 

 

 


828  - 725..........23.  D Y N A S T I

 

228  828 -  803  PEDUBASTE  I (PETUBASTIS)

                                      (USERMARE-SETEPENAMUN)

Pedubaste I var 1. konge av 23. dynasti. Han er nemnt fleire gonger i inskripsjonar i Karnak. Ein trur han var son av Amon-øvstepresten Harsiese.

 

229  777 -  749  OSORKON  IV

Osorkon IV var 2. konge av 23. dynasti.

 

230 740 -  725  PEFTJAUWYBAST

Peftjauwybast var 3. konge av 23. dynasti.

 


725 - 715..........24.  D Y N A S T I

 

231 725 -  720  SHEPSESRE TEFNAKHT  I

     Tefnakht var 1. konge av 24. dynasti. På Piankhy-stelen er han kalla "Høvding over Vest, Høvding av Me og Høvding av Sais". Han titulerer dessutan seg sjølv som profet, og gir seg sjølv mange konglege titlar. Han ville erobre nytt land, men dette resulterte i at Egypt vart invadert frå sør.

 

232 720 -  715  WAHKARE BAKENRANEF

Bakenranef var 2. konge av 24. dynasti. Namnet hans er funne på ein vase i ei etruskisk grav ved Tarquinia - 10 mil nordvest for Roma. Papyrus-planter som er teikna på vasen tyder på at vasen er laga på deltaet. På vasen ser vi Bakenranef i selskap med gudar og gudinner, mellom anna gudinna Neith av Sais.

 

 

                                                                                     Til TOPP

715-399 SEINPERIODEN - SEINKONGEDØMMET

Nubia vart invadert av Assyria. Hellenarane hjelper til med å reetablere orden. Frå det 25. dynasti kjem ein renessanse innan kunsten, som viser tilbakevending til stilen frå det gamle kongedømmet.

712 -  657 .........25.  D Y N A S T I

233 712 -  698  SHEBAKA (SHABAKA)

Shebaka var 1. konge av 25. dynasti. Han dreiv med nokre byggprosjekt i si regjeringstid. Fjerde tårnport i Karnak har ein inskripsjon som fortel om Shebakas restaurering av inngangsporten. Han byrja også arbeide med ein andre tårnport framfor THUTMOSE III sitt tempel, Medinet Habu.

 

Shebakas søster, AMUNIRDIS I, spelte ei svært sentral rolle, politisk og religiøst. I Theben vart ho kalla "Amons guddommelege kone". Grav-templet hennar ligg ved Medinet Habu, framfor templet til RAMESSES III.

 

234 698 -  690  SHEBITKU (SHABATAKA)

Shebitku var 2. konge av 25. dynasti. Han var nevø av forgjengaren SHEBAKA. I Shebaka si regjeringstid hadde Egypt forhandla seg fram til fred og samarbeid med assyrarane. Men Shebitku hadde ein annan politikk - han ville føre krig. Ein stele frå Kawa fortel at Shebitku ber sine brør, mellom dei TAHARQA, om å kome frå Nubia  til han i Theben. På ein annan stele vert det fortalt at då Jerusalem var under angrep av assyrarane, så gjekk kongen av Kush (Etiopia) mot kong Sennacherib av Assyria. Shebitku ville vere med i denne krigen mot Sennacherib, og ein egyptisk hær vart sendt til Palestina, under leiing av Shebitkus bror, Taharqa.

 

235 690 -  664  TAHARQA

Taharqa var bror av SHEBITKU, og 3. konge av 25. dynasti. Taharqa vart krona då Shebitku døde. Han let utføre byggverk både i Nubia og i Egypt. Han bygde ein søylegang til første tempelgarden ved Amon-templet i Karnak. Ei av søylene er 21 m høg, og står ennå. I Taharqa si regjeringstid truga assyrarane igjen. Dei gjorde ein vellukka invasjon, og erobra Memfis, såra Taharqa og bortførte hans familie og eigedom. Men Taharqa overlevde angrepet. Ein trur han døde i 664 fvt., og han vart gravlagt i pyramiden sin i Nuri, nær Napata.

 

236 664 -  657  TANTAMANI

Tantamani var 4. og siste konge av 25. dynasti.

 

 


664 -  525 .........26.  D Y N A S T I

 

237 664 -  610  PSAM-TIK I ( gresk:PSAMMETICHOS  I)

Psam-Tik I var 1. konge av 26. dynasti.

 

HERODOTOS: Egyptarane trudde dei var dei eldste av alle folk. Psam-Tik ville finne ut om dette stemte. Han tok to nyfødde born frå foreldra deira, og let dei vekse opp under streng kontroll av ein som hadde ordre om å

      ikkje tale til dei. Då borna etter eit par år hadde komt over pludre-stadiet og hadde byrja forme ord, så var det første ordet dei sa bekos. Det er karisk, og tyder brød. Då måtte egyptarane medgå at det eldste av alle folk var kararane, som budde i det sydvestre hjørnet av Lille-Asia.

 

238 610 -  595  PSAM-TIK II (gresk: PSAMMETICHOS  II)

Psam-Tik II var 2. konge av 26. dynasti.

 

239 589 -  570  APRIES

Apries var 3. konge av 26. dynasti.

 

240 570 -  526  AMASIS

Amasis var 4. konge av 26. dynasti.

 

241 526 -  525  PSAM-TIK III (gresk: PSAMMETICHOS  III)

Psam-Tik III var 5. konge av 26. dynasti.

 


                                                                                     Til TOPP

525 - 399  FØRSTE PERSISKE PERIODE

525 -  404 ........27.  D Y N A S T I

I denne overgangstida er nemnt  Iufaa - ein prest og palassadministrator - hans              mumie vart funne i 1999. Persarane innførte kamelar til Egypt. Dette fekk mykje å seie - særleg for oasane i ørkenen, som no blomstra opp og vart folkerike.

242 525 -  522  KAMBYSES

Kambyses var første regent av 27. dynasti. Han var konge av Persia, og hadde lagt Egypt under seg. PSAM-TIK III fekk halde fram som konge, men så prøvde han å gjere oppreist mot Persia. Kambyses fekk han då drept. Ein inskripsjon på ei statue som fortel at Kambyses drog til Sais for å tilbe guden Neith, og reetablere inntektene og festivalane til templet der. Men Herodotos fortel at Kambyses gjorde mange forkastlege ting mot Egypts religion og tradisjonar, og til sist vart han gal.

 

Ein gong misste Kambyses ein hær på 50 000 mann - alle omkom i ein sandstorm i ørkenen.

 

243 521 -  486  DAREIOS  I (DARIUS I)

Dareios I var 2. regent av 27. dynasti. Han var son av Hystaspes og medlem i Kyros-familien. Han heldt til i Egypt då KAMBYSES regjerte, og Dareios handsama egyptarane med respekt og velvilje. Som regent arbeidde han med ferdig-gjeringa av kanalen som skulle binde saman Nilen med Raudehavet. Han påbygde Serapium ved Saqqara, og reiste eit stort Amon-tempel i el-Kharga - ein oase i sørvest. I hans regjeringstid tapte persarane slaget mot grekarane ved Marathon. Denne hendinga synte at det store persiske imperiet ikkje var uovervinneleg, og eit opprør fylgde i Egypt.

 

244 486 -  466  XERXES  I

Xerxes I var 3. regent av 27. dynasti. Han var son av DAREIOS I. I farens regjeringstid hadde egyptarane byrja eit opprør mot det persiske overherredømet. Xerxes I fekk slått ned dette opprøret i sitt andre regjeringsår. Det er sagt at slavane hadde harde kår under Xerxes I. Om dette stemmer er ikkje visst, for Xerxes I var mykje involvert andre stader, og brydde seg ikkje så mykje om Egypt.

 

245 465 -  424  ARTAXERXES  I

Artaxerxes I var 4. regent av 27. dynasti.

 

246 424 -  404  DAREIOS  II

     Dareios II var 5. regent av 27. dynasti. I si regjeringstid gjorde han arbeid på Amon-templet i Kharga-oasen. I denne tida var det mange utlendingar i Egypt - mest grekarar og jødar.

 

 


404 -  399........ 28.  D Y N A S T I

247 404 -  399  AMYRTAIOS (AMYRTEOS)

Amyrtaios var einaste konge av 28. dynasti. Ein trur han var frå Libya. Han styrte Egypt frå Sais i 6 år. Han byrja sitt styre då DAREIOS II  døde, og opprør blussa opp på nytt i Egypt. Så vart Egypt frigjort for ei kort tid. På Elefantine-papyrusen er eit dokument om ein låneavtale som vart gjort i hans 5. regjeringsår. Dokumentet viser at han var godsett som konge både over Øvre- og Nedre Egypt. Han må ha drive persarane ut av heile landet!

 

 


                                                                                     Til TOPP

399 -  343  SEINKONGEDØMMET HELD FRAM

399 -  380 ........ 29.  D Y N A S T I

248 399 -  393  NEFERITES  I (NEF'AURUD)

Neferites I var første regent av 29. dynasti. Han sende ei gåve til spartanarane, etter å ha inngått ein allianse med Sparta mot Persia. Men persarane røva denne gåva då dei egyptiske skipa nådde Rhodos. Egyptarane visste ikkje at Rhodos hadde gått over til persarane.

 

249 393 -  393  PSAMMUTHIS

Psammuthis var 2. eller 3. regent av 29. dynasti.

 

250 393 -  380  HAKORIS (HAKOR) (ACHORIS) (HAGOR)

     Hakoris var 2 . eller 3. regent av 29. dynasti. Hakoris regjerte i 13 år og bygde mange monument over heile Egypt. No var det fred mellom Persia og Sparta, og persarane hadde frie hender til å angripe Egypt. Det vart krig i tre år. Egypt var relativt sterkt på denne tida, og allierte seg med Kypros. Egypt frigjorde seg frå Persia. Hakoris grav er ikkje funne.

 

251 380 -  380  NEFERITES  II

Neferites II var 4. og siste regent av 29. dynasti. Han var son av HAKORIS, og overtok trona etter han. Han regjerte i 4 månader, før han vart kasta frå trona av grunnleggjaren av 30. dynasti, NECTANEBO I. Neferites tyder "Hans store er velståande".

 

 


380 -  343 .........    30.  D Y N A S T I

 Desse var dei siste Egypt-fødte kongane.

 

252 380 -  362  NECTANEBO  I (NAKHTHORHEBE)

Nectanebo I var første regent av 30. dynasti. Før han vart konge var han general i hæren til Egypt. Truleg var han på eitt eller anna vis i slekt med NEFERTITES I. Nectanebo I la harde skattar på egyptarane, for han trengte midlar til å erobre Syria frå Persia. Våren 373 fvt. byrja den persiske armeane røre på seg. Dei gjekk inn i Egypt, og kom så langt som til Nilens utlaup. Men to av kommandantane over den persiske hæren kunne ikkje verte einige om strategien vidare. Medan dei krangla kom flaumen i Nilen; deltaområdet vart overfløymd, og persarane gav opp erobringa og trekte seg tilbake. Med litt hjelp frå Nilen hadde egyptarane stoppa invasjonen, og det kom ei tid med fred. Nectanebo I reparerte og bygde monument over heile Egypt. I dei marin-arkeologiske utgravingane av ruinbyen Herakleion, som no ligg på 30 meters djup utanfor Nil-munningen, er funne inskripsjonar med skattereglar som Nectanebo I har forordna.

 

253 365 -  360  TEOS (TACHOS) (DJEHO)

     Teos var 2. regent av 30. dynasti. Han var son av NECTANEBO I. Han tok over trona då faren døde, og byrja straks planlegge angrep på persarane. Han fekk hjelp av den greske handels-standen, men hans eigne generalar mislikte leiarskapet hans, og heile opplegget enda i fiasko. Både grekarar og egyptarar forlet han, og han fann på å røme til Persia via Arabia. Persarkongen Artaxerxes II gav han asyl, og han levde i Persia resten av livet.

 

254 360 -  343  NECTANEBO II (NEKHTHORHEBE)

     Nectanebo II var 3. og siste konge av 30. dynasti, og han var den siste ekte egyptiske farao. Han vart konge etter TEOS sitt mislukka hærtog mot persarane. Teos rømde til Persia, medan Nektanebo II returnerte frå hærtoget til Egypt som farao. Han bygde mange monument rundt om i landet, og klok av skade ville han ikkje føre meir krig mot persarane. Men Fønikia og  Kypros førte krig mot persarane, og Nectanebo II sende nokre tropper for å støtte dei. Persarkongen Artaxerxes III slo ned desse troppene, og gjekk så mot Egypt. Han hadde lært av sin forgjengar, og venta til Nil-flaumen var over. Han angreip på tre ulike stadar samstundes. Nectanebo II trakk seg tilbake til Memfis og trudde han skulle greie å halde stand der, men byen fall. Han samla saman så mange eignelutar han greidde, og rømde til Etiopia.

 

 

 


                                                                                     Til TOPP

    343 -  332  ANDRE PERSISKE PERIODE

 

343 -  332   31.  D Y N A S T I

 

255 343 -  338  OCHUS  (ARTAXEXES  III)

Ochus var første konge av 31. dynasti. Han hadde vore konge i Persia i 20 år då Persia la under seg Egypt, og Ochus vart så konge over Egypt også. Han var son av Artaxerxes II. Egypt regjerte han over i 6 år. I år 338 fvt. vart han myrda av sin eigen kommandant, Bagoas.

 

256 338 -  336  ARSES

Arses var 2. regent av 31. dynasti. Han var yngste son av OCHUS. Han etterfølgde faren då denne vart myrda. Arses vart også myrda, i 336 fvt., av farens mordar Bagoas.

 

257 335 -  332  DARAIOS  III  CODOMANNUS

Daraios III var 3. og siste regent av 31. dynasti. Han regjerte i 6 år før ALEXANDER DEN STORE gjorde invasjon. Alexander forfølgde Daraios III utan å få tak i han. Daraios III vart seinare myrda av ein av sine eigne generalar - Bessus, som var satrap (landshøvding) i Bactria.

 

 

 


                                                                                              Til TOPP

332 -  395 evt.  GRESK-ROMERSK PERIODE

332 -  303   MAKEDONSKE   DYNASTI

258 332 -  323  ALEKSANDER DEN STORE

Alexander den Store vart kalla Makedonaren". Egyptarane tok imot han med åpne armar då han invaderte Egypt i 332 fvt., for dei hadde fått nok av hardstyret til persarane. Alexander vitja Amon-oraklet ved Siwa, og oraklet erklærte at han var "Son av Amon". Korleis dette eigentleg gjekk føre seg er uklart - i ei utlegning heiter det at ein av prestane ved templet der helsa han med orda "min son" då han ankom. Dei som var i Alexanders følgje såg ikkje presten, og trudde dei høyrde ei guddommeleg røyst. Alexander vart i alle høve sett på som guds son etter denne hendinga, slik som dei gamle faraoane hadde blitt.

 

Alexander den Store påbyrja bygginga av byen Alexandria, men levde ikkje så lenge at han fekk sjå byen ferdig. I 331 fvt. forlet han Egypt, og etterlet Cleomenes av Naukratis der som landshøvding. Denne stillinga gjorde sidan PTOLEMAIOS krav på, og i Alexander den Store utnemnde han til satrap (landshøvding) over Egypt.

 

259 323 -  316  PHILIP ARRHIDAEUS

Philip Arrhidaeus var konge over Makedonia og Egypt m.m. etter ALEXANDER DEN STORE.

 

260 316 -  304  ALEXANDER  IV

Alexander IV etterfølgde PHILIP ARRHIDAEUS som konge over Makedonia og Egypt.

 

 

305 -    30   P T O L E M A I A N E

Dynastiet vart grunnlagt av Alexander den Store sin general Ptolemaios, som vart utnemnd til guvernør (satrap) over Egypt av Alexander. Han utnemnde seg sjølv til uavhengig herskar i 305 fvt, og tok namnet PTOLEMAI  I  SOTER. Kongedømmet gjekk vidare under hans etterfølgjarar PTOLEMAI II PHILADELPHUS, og PTOLEMAI III EUERGETES, som konkurrerte med eit anna makedonsk dynasti, Selusidane frå Syria, om overmakta i Middelhavs-regionen. I periodar styrte Ptolemaiane også Cyrenaica (i nord-aust-Libya), Palestina og Kypros.

Ptolemaiane hadde Alexandria som hovudstad - ein verdsby med stor gresk og jødisk populasjon. Byen vart eitt av største handels- og lære-sentra i antikkens verd. Ptolemaiane adopterte mange av egyptarane sine skikkar og tradisjonar. Som Alexander den store, let dei seg portrettere på offentlege monument, i egyptisk stil og iført egyptisk kledning, og dei deltok i Egypts religiøse rituale. Dei tok vare på Egypts arkitektoniske tradisjonar frå gammalt, og reiste tempel for egyptiske gudar i Idfü, Dandarah, og andre stadar. Likevel var styringa deira; dominert av greske og makedonske byråkratar, lite populær. Egyptisk nasjonalisme stod sterkt hos folket, og uttrykte seg i opprør innimellom.

261 323 - 285  PTOLEMAIOS  I  SOTER  I

Ptolemaios Soter var konge i Egypt frå 323 - 285. Han var grunnleggjaren av Det Ptolemaiiske Dynasti, som varte i omlag 300 år. Han var bondefødd makedonar, og vart general i ALEXANDER DEN STORE sin hær. Då Alexander døde i 323, vart riket hans delt mellom etterfølgjarane. Ptolemaios vart satrap i Egypt og Libya. Han var ein sjølvstendig regent, og engasjerte seg i langvarige krigar mot andre makedonske høvdingar. Han måtte gi opp Kypros og Hellas, men stod imot invasjon frå Egypt og Rhodos. Dessutan okkuperte han Palestina og Cyrenaica. I 305 fvt. tok han tittelen konge. Alexandria var hans hovudstad, og han grunnla biblioteket der. Han dreiv Egypt som eit forretningsforetak - ville få mest mulig profitt ut av landet. Han etterlet seg bare få byggarbeid, m.a. templet Kom Abu Billo, som han tileigna gudinna Hathor - "Frue av Mefket".  I 285 fvt. abdiserte han til fordel for sønene sine.

Ypperstepresten MANETO levde under Soter og hans etterfølgjar. Han skreiv eit verk om Egypts historie, på gresk - "Aigyptiaka. Han delte kongeættene inn i 30 dynasti. Han byrja med kong Menes, og avslutta med Nektanebo II i 30. dynasti. Maneto vert sett på som Egypts første historikar.Vi kjenner bare brotstykke av verket.

 

Det ptolemaiske verdsbiletet er oppkalla etter Ptolemaios I. Han utvida og tildels endra det klassiske verdsbiletet radikalt. Jorda var framleis i sentrum, men himmelen vart inndelt i 8 "etasjer" - sfærer. Ytste sfæra tilhøyrde Saturn. Så følgde innover sfærene til: Jupiter, Mars, Sola, Venus, Merkur, Månen. Mellom desse 7 sfærene og Jorda låg den åttande himmel-sfæra, mellom planet-sfærene og Jorda. Denne sfæra var busett og kontrollert av demoniske vesen. Og gudane, som heldt til i Måne-sfæra hadde over-styring med desse demonane.

Dette ptolemaiiske verdsbiletet var del av basis for utviklinga av hellenistiske religionar, og det var anerkjent heilt fram til renessansen, då det kopernikanske (heliosentriske) verdsbiletet overtok.

262 282 -  246  PTOLEMAIOS  II  PHILADELPHUS

Ptolemaios II Philadelphus var 2. regent av Ptolemai-dynastiet. Philadelphus tyder "søsken-kjærleg". Han var son av  PTOLEMAIOS I, og etterfølgde faren på trona. Mora heitte  BERINICE I (døydde før 283 fvt.). Ptolemaios II si  krigføring mot den selusidiske kongen Antiochus I, la grunnlaget for det ptolemaiiske Egypt som leiande sjømakt i Aust-Middelhavet. Landets økonomi vart brakt under statleg kontroll, og kulturlivet blomstra ved Ptolemaios II´s hoff. Dei greske poetane Callimachus og Theocritus var der. Ptolemaios II auka talet på bøker ved biblioteket i Alexandria - var heilt manisk med å få tak i bøker, og han deltok aktivt i litteratur og vitskap. På hans oppfordring vart jødane sitt Gamle Testamente omsett til gresk, av 70 omsetjarar som dei jødiske øvsteprestane valde ut. Denne greske utgåva av GT fekk namnet Septuaginta.

Ptolemaios II bygde ferdig kanalen mellom Raudehavet og Nilen.

Ptolemaios II var gift med si søster, ARSINOE II. Han starta ein tradisjon med å feire far sin kvart fjerde år - inspirert av grekarane sine Olympiske leikar.

 

263 246 - 222  PTOLEMAI III (EUERGETES  I) 

Ptolemaios III var son og etterfylgjar av Ptolemai II, og 3. konge av Ptolemai-dynastiet. Han var gift med søster si, BERENIKE. Han gjenforeina Cyrenaica (i Libya) med Egypt, og invaderte selusidane sitt kongedømme i Syria, for å hemne morda på søstera si og sonen hennar - arvingen til selusid-trona. Herved etablerte han egyptisk flåte-dominans i Egeerhavet. I sin tredje krig mot syrarane fann han inngangsporten til Axumitt-kongeriket - som var viktig for elfenbeins-handelen. Ptolemaios III var ein liberal herskar, og utvida boksamlinga i Alexandria-biblioteket. I hans regjeringstid var Egypt på det mektigaste i den ptolemaiske perioden - makta til ptolemaiane minka under svake kongar i det 2. og 1. århundre fvt., då romarane byrja interessere seg for Egypt.

 

264 222 -  205  PTOLEMAIOS  IV  PHILOPATOR

Ptolemaios IV Philopator var 4. regent av Ptolemai-dynastiet. Philopator tyder "glad i far sin". Ptolemaios IV gifte seg med søstera si, ARSENOE III, og ekteparet vart dyrka som "dei fars-elskande guddommane" - (Theio Philopatores). Ptolemaios IV døde i 204 fvt. Dronninga styrte vidare noko tid, men to av Ptolemaios' mektigaste ministrar fekk ho myrda.

265 205 -  180  PTOLEMAIOS V   EPIPHANES

Ptolemaios V var 5. regent av Ptolemai-dynastiet, og han var konge i Egypt frå 205 - 180 fvt. Han var son av PTOLEMAIOS IV PHILOPATOR og  ARSINOE III. Han vart konge etter farens død - 5 år gammal. Mora var ihuga på å styre for han, men to av dei mektigaste ministrane, Sosibius og Agathokles fekk ho drept. Og sidan vart Ptolemaios V styrt av eine rådgjevaren etter den andre.

I byrjinga av Ptolemaios V si  regjeringstid vart Antiochus III av Syria og Philip V av Makedonia samde om å dele Egypts utlands-provinsar mellom seg, og Egypt vart kraftig svekka. Ptolemaios V vart offisielt krona i 197 fvt. Det var om denne hendinga det egyptisk presteskapet publiserte inskripsjonen på Rosetta-steinen - på tre språk. I 193 fvt. gifte Ptolemaios V seg med CLEOPATRA I.  Han døde 28 år gammal, etter å ha slått ned dei siste opprøra på deltaet.

 

266 193 - 145.........CLEOPATRA I

Cleopatra I var 6. regent av Ptolemai-dynastiet. Ho var ei selusidisk prinsesse som vart gift med PTOLEMAIOS V.

 

267 180 -  145  PTOLEMAIOS  VI PHILOMETOR

Ptolemaios VI var farao i to periodar, frå 181-164 og 163-145. Han var 7. regent av  Ptolemai-dynastiet. Son av PTOLEMAIOS V  og CLEOPATRA I. Då faren døde tidleg, overtok han trona som barn. Mora styrte for han, men fire år seinare døde ho også, og to rådgjevarar, Eulaeus og Lenaeus, hjalp han vidare med styringa av landet.  Han vart gift med søstera si, CLEOPATRA II. I 164 fvt. vart sonen, PTOLEMAIOS VII NEOS PHILOPATOR samkonge med han.

I Ptolemaios VI si regjeringstid vart Egypt invadert av den selusidiske kongen Antiochus IV, og Ptolemaios VI rømde i 164 fvt. frå Alexandria til Roma, der han oppheldt seg forkledd som arbeidsmann. Makedonarane bestemte då at Ptolemaios VII skulle styre Egypt åleine i farens fråver. Men onkelen hans PTOLEMAIOS VIII EUERGETES II reiv til seg makta. Men han regjerte så ille, at alexandrinarane snart trygla om å få Ptolemaios VI tilbake. Då Antiochus trakk seg tilbake, vart denne henta heim frå Roma, og Ptolemaios VI og VII regjerte ei tid som samkongar att. Men dei kom i konflikt med Ptolemaios VIII. Ved romersk voldgift i mai 163 fvt. vart riket delt - Ptolemai VIII fekk styre det vestlege Cyranaica.

Då selusid-kongen Demetrius I døde, i 150 fvt., vart Ptolemai VI tilbudt selusid-krona av folket i Antiokia, men han avslo til fordel for den rettmessige arvingen., Demetrius II. I 145 døde Ptolemaios VI av såra han fekk i eit slag - slaget som resulterte i endeleg nederlag for Demetrius II´s rival, Alexander Balas.

 

268 164 -  145  PTOLEMAIOS  VII  NEOS PHILOPATOR

Ptolemaios VII var  samkonge med far sin (sjå over). Han vart einekonge i Egypt i eitt år i tida då faren, Ptolemaios VI var flyktning i Roma, men han vart snøgt utmanøvrert av onkelen sin, PTOLEMAIOS VIII EUERGETES II.

 

269 170 - 163 og 145 - 116  PTOLEMAIOS  VIII  EUERGETES  II                                                             (PHYSCON)

Ptolemaios VIII var 8. regent av Ptolemai-dynastiet. Han var son av PTOLEMAIOS V, yngre bror av PTOLEMAIOS VI og onkel til PTOLEMAIOS VII. Han vart også kalla PHYSCON. Han regjerte Egypt i mesteparten av tida då Ptolemaios VI var i landflyktigheit. Greske skribentar kalla han ein grusom despot, men egyptiske skrifter krediterer han for administrative reformer og eit liberalt syn på det religiøse. I alle høve - alexandrinarane ville ha Ptolemaios VI tilbake, og han vart henta heim. Riket vart no delt - Ptolemaios VIII fekk Vestlege Cyrenaica å styre, medan Ptolemaios VI styrte resten av Egypt.

 

Då Ptolemaios VI døde i 145, skulle sonen, PHILOPATOR, overta styringa, og mora, CLEOPATRA, skulle hjelpe han med det. Men no kom Ptolemaios VIII tilbake, gifte seg med Cleopatra II, og fekk Philopator drept under bryllupsfesten. Så drog han til Memfis som farao, og forviste mange av alexandrinarane som hadde stått mot han. Han gifte seg også med datter til kona si, CLEOPATRA III. Han døde i 116 fvt. Det Ptolemaiiske Riket vart permanent delt etter hans død. I sitt testamente gav han Cyrenaica til sin uekte son Ptolemaios Apion, og Egypt og Cypros til si andre kone, CLEOPATRA III. Ho skulle sjølv få velje ein av sønene sine som regent etter seg.

 

270 116 -  107  CLEOPATRA  III & PTOLEMAIOS  IX  (SOTER  II) (LATHYROS)

Cleopatra III var PTOLEMAIOS VIII´s andre kone. Han testamenterte ho å verte hans etterfølgjar. Ho skulle velje som med-regent ein av sønene ho fekk med han. To søner hadde ho fått med Ptolemaios VIII - PTOLEMAIOS IX PHILOMETOR SOTER II (LATHYROS), og PTOLEMAIOS X ALEXANDER I. Dessutan hadde ho tre døtre - CLEOPATRA IV, CLEOPATRA TRYPHAENA og CLEOPATRA SELENE.

Cleopatra III mislikte Lathyros, så ho valde den yngre Alexander som medregent. Lathyros vart guvernør på Cypros. Alexandrinarane mislikte dette valet. Dei henta Lathyros heim frå Cypros, og sende Alexander dit i staden. Lathyros vart gift med søstera si, Cleopatra IV. Men mora omgjordet dette giftemålet, så han fekk Cleopatra Selene som kone i staden.

 

Cleopatra IV reiste så til Cypros, der ho reiste ein hær, og ho ville gifte seg med Alexander. Dette vart ikkje noko av, så ho drog med hæren til Syria. Ved å bruke hæren som medgift, vart ho gift med Antiochus IX Cyzicenus, som var son av Antiochus Sidetes og Cleopatra Thea.

 

271107 - 88  CLEOPATRA  III & PTOLEMAIOS X ALEXANDER I

Cleopatra III, greidde omsider å jage Lathyros frå landet (i 107 fvt.) ved å skulde han for å prøve å myrde henne. Han etterlet seg kone og to søner. Og no kom broren, Alexander, tilbake frå Cypros og tok over trona. Lathyros søkte tilflukt på Cypros.

 

Men Cleopatra III vart snart lei av Alexander også, og jaga han frå Alexandria. I 101 fvt. kom han tilbake - han lot som om han ville prøve å verte forlikt med mora. No greidde han å få mora myrda, og tok trona tilbake. Men snart vart han jaga frå landet, fordi han selde ALEXANDER DEN STORE si gullkiste for å skaffe pengar. No var han sleip og testamenterte kongsmakta si til Romarriket - i testamentet var ein passus om at ingen kunne krevje kongsmakta så lenge han var i live. På dette testamentet fekk han låne mykje kapital av pengeutlånarar i Roma, slik at han greidde å skaffe seg ein stor krigsflåte. Men i 88 omkom han i eit sjøslag ved Cypros.

 

272 88 -  81   PTOLEMAIOS IX  SOTER  II (LATHYROS)

ALEXANDER I omkom i eit sjøslag, vart Lathyros henta heim frå Cypros, for å prøve å få orden på Det Ptolemaiiske Riket. Han døde 62 år gammal, og etterlet seg ingen mannlege arvingar. Dattera, CLEOPATRA BERENICE, tok over styringa.

 

273  81 -    80  CLEOPATRA BERENICE

Cleopatra Berenice var datter av PTOLEMAIOS IX SOTER II (LATHYROS). Ho vart gift med farens bror og rival - PTOLEMAIOS X ALEXANDER I, og vart enke i 88 fvt.  Då faren døde i 81 fvt., regjerte ho åleine i eitt år, men vart så tvungen til å gifte seg med hennar mykje yngre steson (eller son?), PTOLEMAIOS XI ALEXANDER II. Han myrda henne 19 dagar etter bryllupet.

 

274 80 -    80  PTOLEMAIOS  XI  (ALEXANDER  II)

Ptolemaios XI Alexander II var son av PTOLEMAIOS X ALEXANDER I. Då onkelen, PTOLEMAIOS IX døde, regjerte stemora (eller mora?) hans, CLEOPATRA BERENICE i eitt år, men så vart det forlangt at han gifte seg med henne. Nitten dagar etter bryllupet myrda han si nye mor-kone, men han vart sjølv lynsja av alexandrinarane i eit folkeopprør, for mora hadde vore svært vellikt.

 

275  80 -    58  PTOLEMAIOS  XII  NEOS DIONYSOS (AULETES)

Ptolemaios XII Neos Dionysos var uekte son av PTOLEMAIOS IX. Han hadde ein yngre bror som vart guvernør på Cypros, og Ptolemaios XII kom til Alexandria for å overta styringa etter at PTOLEMAIOS XI hadde blitt myrda av folkehopen. Folk håna han ved å kalle han Bastarden eller Fløytespelaren. Sjølv kalla han seg Theos Philopator Philadelphos Neos Dionysos. Bare i historiebøker vert han kalla Ptolemaios XII. Han var gift med søstera si, CLEOPATRA V TRYPHAENA, og han vart far til den vidgjetne  CLEOPATRA VII, som vart den siste av ptolemaiane.

 

I 59 fvt. greidde han skaffe nok pengar til å kjøpe seg fred av Cæcar, som no var konsul i Roma. Men han vart jaga frå Alexandria i 58 fvt. Dette var delvis fordi han hadde vist seg veik då romarane okkuperte Cypros. I hans fråver regjerte dronninga, Cleopatra V Tryphaena, og deira eldste datter, BERENICE IV. Cleopatra V døde omlag eit år seinare, og Berenice IV heldt fram som einestyrar. Ho vart tvungen til å gifte seg med Seleucus Kybiosaktes, men kort tid etter fekk ho han kvælt.

 

I 55 fvt. kom Ptolemaios XII tilbake og tok tilbake trona.

 

276  58 -    55  BERENICE  IV

Sjå over. Etter å ha myrda sin første ektemann, vart Berenice IV gift med Archelaus. Men no hadde faren, PTOLEMAIOS XII, skaffa seg kapital og støtte, og han kom tilbake til Egypt. Han slo hæren til Archelaus, og tok tilbake trona. Noko av det første han gjorde, var å få dattera henretta.

 

277 55 -    51  PTOLEMAIOS  XII  NEOS DIONYSOS

Sjå over. No var Ptolemaios XII konge for andre gang.

 

278 51 -    47  CLEOPATRA  VII & PTOLEMAIOS  XIII

Våren 51 fvt. døde PTOLEMAIOS XII, og han hadde testamentert trona til si 18 år gamle datter, Cleopatra VII og hennar yngre bror Ptolemaios XIII, som då var 12 år. Cleopatra vart født i 69 fvt. i Alexandria. Ho hadde to eldre søstre, CLEOPATRA VI og  BERENICE IV, samt ei yngre søster, ARSINOE IV. Til familien høyrde også ein yngre bror - PTOLEMAIOS XIV. Cleopatra VI døde truleg som barn, og Berenice IV vart halshogd av far sin.

 

Då Ptolemaios XII døde, vart Pompei, ein romersk leiar, sett til å ta seg av barna som var att. I dei neste 200 år var Egypt i allianse med Romarriket. Det Ptolemaiiske Riket var på retur i makt, medan Romarriket si makt var veksande. By etter by fall i romarane sine hender, og Egypt kunne ikkje gjere anna enn å be om ein fredsavtale. Under dei siste ptolemaiane hadde Roma fått meir og meir kontroll i Egypt. Egyptarane måtte betale skatt til Roma, for å unngå okkupasjon. 

 

Etter egyptisk lov måtte Cleopatra vere gift med enten ein bror eller son, om ho ville regjere landet. Ho gifte seg då med sin yngre bror, Ptolemaios XIII. Han skulle då vere sam-regent, og etter lova skulle han som mann vere første-regent. Men Cleopatra brydde seg lite med dette. Snart let ho vere å ta med hans signatur på offentlege dokument. Og ho let trykke sitt eige portrett og namn på egyptiske myntar. Men riket hennar hadde skrumpa inn. Syria og Cyrenaica hadde gått til romarane - det herska anarki i utkantane, og hungersnaud landet.

 

Cleopatra var ei makedonsk dronning med sterk vilje. Ho drøymde om å bygge eit stort verds-imperium. Ho lukkast nesten med dette. Ho gjekk med lidenskap inn for å nå sine mål, men ho var også kaldt bereknande. Etter kva vi veit, hadde ho ingen andre elskarar enn Cæcar og Antonius. Mange trur at alt ho gjorde det som ho meinte måtte gjerast for å berge Aexandria, uansett kva det måtte koste.

 

I 48 fvt. hadde Cleopatra uroa mektige embetsmenn ved hoffet i Alexandria med nokre av sine handlingar. Ho hadde mellom anna lete leigesoldatane sine drepe sønene til den romerske landshøvdingen i Syria, då dei kom med bøn frå faren om hjelp mot Partharane. Ei gruppe menn, leia av Theodotus, evenukken Pothinus og ein halvt gresk general - Achillas, kasta ho frå trona og innsette hennar yngre bror, Ptolemaios XIII, i staden. Dei meinte han ville verte mykje lettare å halde styringa med, og dei let seg oppnemne som hans regjerings-rådsmenn.

 

Cleopatra rømte visst til Thebaid. I åra frå 51 - 49 fvt. vart Egypt råka av uår og hungersnaud. Regntida slo ikkje til i indre Afrika, og nil-flaumane uteblei. Kongen signerte eit dekret i år 50 fvt., som forbaud skipingar av korn til andre hamner enn Alexandria. Han gjorde truleg dette for å gjere det vanskeleg for Cleopatra og hennar tilhengjarar, som hadde tilhald andre stadar. Men utan å bry seg om dette, reiste Cleopatra ein hær av dei arabiske stammene som budde aust for Pelusium. På denne tida hadde ho og søstera, Arsinoe, flytta til Syria. Dei vende no heimover via Ascalon, der Cleopatra hadde ein mellombels base.

 

I mellomtida hadde Pompei lidd nederlag i eit slag mor pharsar-kongen Pharsalus, i august 48 fvt. Han rømde etter slaget mot Alexandria, for å søke tilflukt hos Ptolemaios XIII. Pompei innsåg ikkje kva miskreditt han hadde komt i av nederlaget, før det var for seint. Han vart myrda straks han steig i land i Alexandria. Den unge Ptolemaios XIII stod ved dokkene og overvar drapet.

 

Fire dagar etter kom Cæcar til Alexandria. Han hadde med 3 200 legionærar og 800 kavaleri-soldatar. Tolv soldatar prosederte fremst, med den romerske fane - påteikna ein risbunt og ei øks som  vende bladet ut. Dette var eit teikn på autoritet, som klart synte kva hans intensjonar var. Ptolemaios XIII rømde til Pelusium, og Cæcar inntok det kongelege palass og byrja gi ordrer.

 

Evenukken Pothinus kom tilbake til Alexandria med Ptolemaios. Cleopatra dukka også opp - ho ville ikkje misse sjansen til å delta i forhandlingar. Ho hadde lete seg smugle gjennom fiendens rekker innrulla i eit teppe. Ho kom i Cæcars varetekt, og elska med han om natta. Både ho og broren vart kalla inn for Cæcar neste morgon. Ptolemaios skjøna at søster-kona hans var blitt kjærast med Cæcar. Han sprang då ut av hallen, og ropte og skreik at han hadde blitt sviken, og han prøvde med dette å få til ei folkereisning mot Cæcar og Cleopatra. Men han vart snart fanga av Cæcars vaktsoldatar, og brakt tilbake til palasset.

 

Ein trur Cæcars plan var å gjere Cleopatra VII til eineherskar i Alexandria, som ein marionett for Romarriket. Men i november samla Pothinus Ptolemaios' soldatar, og omringa Cæcar i Alexandria med 20 000 mann. Dette vart kalla Alexandria-krigen, og under denne krigen brann deler av biblioteket opp, og også nokre av dei store lagerbygga vart brent. Men Cæcar greidde å få hand om fyrtårnet på Faros, og ved dette kontrollerte han innseglinga til hamna. Cleopatras søster, Arsinoe, greidde å unnsleppe, og rømde til Achillas. Den egyptiske hæren og det makedonske folket kåra ho no til dronning. Cleopatra tilgav aldri søstera si for dette.

 

Krigen førte til at Pothinus vart avretta av Cæcar, og Achillas vart drept av Ganymedes. Ptolemaios XIII drukna i Nilen då han prøvde unnsleppe.

 

279 47 -    44  CLEOPATRA  VII & PTOLEMAIOS  XIV

No vart Cleopatra VII ved hjelp av Cæcar eineherskar i Egypt. Men no var kravet frå alexandrinarane og dei egyptiske prestane at ho måtte gifte seg med lillebror sin, Ptolemaios XIV, som var 11 år. Cæcar meinte det vart mykje styr, men han ville gå med på mykje for å få hand om Egypts veldige ressursar, og æren for å ha brakt dette under Romarriket. Men Cleopatra spelte sine kort som best ho kunne - ho vart snart gjort gravid av Cæcar. No venta Cæcar ein son som ville verte arving til den egyptiske trona, og dette tykte han var storveges. Han tok med Cleopatra på ein to månadars bryllupstur i båt oppetter Nilen. Dei gjorde stopp i Dendera, der Cleopatra vart hylla som farao. Cæcar brydde seg ikkje om å motta slik ære. Han forlet bare båten for å ordne med nokre viktige syriske affærer. Nokre få veker etter hyllingsferda vart CÆCARION (PTOLEMAIOS CÆCAR) født - 23 juni 47 fvt.

 

I juli 46 vende Cæcar tilbake til Roma. Han mottok mykje ære, og vart utnemnd til diktator for ti år. Feiringane varte gjennom september og oktober, og han fekk henta over Cleopatra og hennar hoff. Men dei konservative republikanarane i Roma mislikte sterkt at han flytte saman med Cleopatra. Hennar sosiale åtferd gjorde ikkje saken betre. Ho opprørte mange. Ho hadde byrja kalle seg sjølv Den nye Isis, og dette førte til mykje folkesnakk. Ho levde i stor luxus, og fekk laga ein gull-statue av seg, som Cæcar plasserte i templet til Venus Genetrix.

 

Cæcar erklærte offentleg at Cæcarion var hans son. Mange vart opprørte over at han planla å gifte seg med Cleopatra, utan å bry seg om lovene mot bigami og mot å gifte seg med utlendingar. I mars 44 vart dette problemet løyst. Cæcar vart myrda utanfor senatsbygninga i Roma - nokre av hans senatorar planla og fekk gjennomført dette. Mange av senatorane meinte at Cæcar var eit trugsmål mot republikken - dei trudde han hadde plan om å erklære seg som keisar.

 

280 44 -  30  CLEOPATRA  VII & PTOLEMAIOS  XV  CESARION

Etter mordet på Cæcar rømde Cleopatra heim til Alexandria med Cæcarion. Vel heime fekk ho myrda sin gemal og bror, Ptolemaios XIV, og ho sette så Cæcarion på trona som sin medregent. Han var då fire år. Ho kom til eit Egypt som leid av sjukdom og hungersnaud. Vatnings-kanalane hadde blitt vanstelt medan ho var borte, og avlingane hadde vore ringe. I dei komande åra, frå 43 til 41, var det også elendige avlingar.

 

For å prøve sikre seg at Cæcars tidlegare løytnant, Dolabella, skulle godkjenne Cæcarion som konge, sende Cleopatra han dei fire legionane som Cæcar hadde lete stå att i Egypt. Men Cassius fekk hand om desse legionane - dette førte til at Dolabella gjorde sjølvmord. Cleopatra ville så støtte Markus Antonius og Octavian (han som seinare vart Augustus) med ein stor hærflåte, men ein voldsom storm hindra at ho fekk gjennomført dette.

 

I tida som følgde passa Cleopatra nøye på kven som ville verte den neste som kom til makta i Roma. Etter at Brutus og Cassius hadde blitt drept, og Antonius, Octavian og Lepidus stod fram som sigerherrar, visste Cleopatra kven ho ville få med å gjere. Octavian var svært sjuk, og drog heim til Italia. Det var Antonius ho måtte passe på.

 

Cæcarion ville få formell rett til å verte konge etter Cæcars offisielle gravferd, som fann stad i Roma 1. januar år 42 fvt. Triumviratet Octavian/Antonius/Lepidus styrte no Romarriket, og dei hadde ikkje gløymt Cleopatras hjelp til Dolabella.

 

Cleopatra vart invitert av Antonius til Tarsus i 41 fvt. Ho hadde studert han nøye, og visst korleis ho skulle forføre han. Han var ikkje så smart - han hadde hang til drikking og var kvinnfolk-gal - han var ganske vulgær og hadde store tankar om seg sjølv, og store ambisjonar. Så sjølv om Egypts økonomi var på samanbrotets rand, sette Cleopatra opp eit show for Antonius som ikkje ein gong PTOLEMAIOS PHILADELPHOS kunne gjort sværare. Ho kom roande med årar av sølv, purpur-segl og erotar som vifta henne. Nereide-kammerjenter stod ved roret, og ho sjølv var kledd som Afrodite, kjærleiksgudinna. Dette var ein svært utpønska entré. Det var eit vulgær-teater berekna på å tiltrekke ein vulgær mann. Antonius tykte vel om tanken å få seg ei Ptolemaiisk kone av kongeleg blod. Hans tidlegare og noverande koner var knapt av middelklasse.

 

Cleopatra og Antonius tilbrakte vinteren 41/40 i Aleksandria. Første tida fekk Cleopatra han til å gjere kva ho ville - mellom anna fekk ho han til å myrde søstera si, Arsinoe. Seinare misste ho makta over han. Antonius tok frå ho Cypros. Kanskje var det Cleopatra som vart utnytta i forholdet - Antonius trengte pengar, og Cleopatra kunne vere generøs når ho trudde ho hadde nytte av det.

 

Våren 40 fvt. forlot Mark Antonius Cleopatra og drog heim. Han såg henne ikkje på fire år. Kona hans, Fulvia, hadde blitt med i ein oppreist mot Octavian - ho rømde til Antonius i Hellas, og hadde eit kraftig oppgjer med han. Så vart ho sjuk og døde. Antonius forlikte seg med Octavian ved å gifte seg med søstera hans, Octavia. Ho hadde nyleg blitt enke - ho var vakker og intelligent. Frå sitt første ekteskap hadde ho 13 barn.

 

I mellomtida hadde Cleopatra født tvillingar, ein gut og ei jente, i Alexandria. Antonius sitt første barn med Octavia vart ei jente - hadde det blitt ein gut, så hadde kanskje historien falle annleis ut. Antonius var framleis tent på idéen om å sikre seg ptolemaiane sine skattar og rikdommar. Han reiste frå Italia for å gjere avtale med Partarane. Octavia hadde nettopp født han ei jente til, og ho blei med han så langt som til Corcyra. Her orsaka han seg med at han ikkje ville utsetje henne for krigens farar, og sende ho heim. Han sa ho ville gjere meir nytte for seg i Roma, ved å pleie freden med Octavian.

 

Men det første Antonius gjorde då han kom til Antiokia, var å sende bod på Cleopatra. Han godkjente tvillingborna sine offentleg, og dei fekk namna ALEXANDER HELIOS og CLEOPATRA SELENE. Han gav Cleopatra VII store landområder som Egypt hadde god bruk for. Ho fekk Cypros, Sicilia-kysten, Fønikia, Coele-Syria, Judea og Arabia. Dette gav Egypt høve til å bygge ein stor skipsflåte, av tømmer frå Sicilia.

 

Antonius ville føre krig mot Partarane, og han lånte pengar av Cleopatra til dette. Han tapte denne krigen i 36 fvt., og stod no djupt i gjeld til Cleopatra. Og dei hadde nettopp fått deira tredje barn.

 

Då Antonius vende tilbake frå Syria, møtte Cleopatra Antonius og det som var att av flåten med mat, klede og pengar. Tidleg i år 35 fvt. kom han til Egypt med henne. Men Octavia venta på ektemannen sin i Aten, med forsyningar og forsterkningar. Han sende henne brev, og bad henne fare heim til Roma.

 

No var Octavian forbanna på Antonius, og utfordra han til krig. Han reiste tropper og hærflåte, og krigen såg ut til å vere uunngåeleg. Hadde Antonius no reist heim til Roma, kunne det gått bra, men Cleopatra gjorde alt for å halde på han. Gjennom alt dette var Octavia fullstendig lojal mot Antonius.

 

I 34 fvt. gjorde Antonius eit hærtog mot Armenia, som enda med siger og økonomisk vinning. Han feira sigeren med ein parade gjennom Alexandria, med Cleopatra tronsett på ei paradevogn som Den Nye Isis. Sjøv presenterte han seg som Den Nye Dionysos - som ledd i hans plan om å verte gresk-romersk keisar. Nokre få dagar etter vart det arrangert ein meir moderat seremoni, der barna fekk sine kongelege titlar, og med Antonius ved deira side på trona. PTOLEMAIOS XV CÆCARION vart gjort til samregent med mora, og vart kalla Kongen over Kongar. Og mora, Cleopatra VII vart kalla Dronning over Kongar - ein høgare posisjon enn den Cæcarion hadde fått.

 

Alexander Helios (Sola) fekk tittelen Store Konge over det Selusidiske Rike meda det var på sitt mektigaste. Cleopatra Selene (Månen) fekk tittelen Dronning over Cyrenaica og Kreta. Og Antonius og Cleopatra sin yngste son fekk tittelen Konge over Syria og Lille-Asia. Han var då to år gammal.

 

Cleopatra drøymde om å herske over heile verda. Ho lukkast nesten. Hennar favoritt-munnhell var: "...så sikkert som at eg snart skal bringe rettferd til romaranes hovudstad".

 

I 32 fvt. skilde omsider Antonius seg frå Octavia. Dette tvang Vest-Romarriket til å godkjenne hans forhold til Cleopatra VII. Han hadde alt sett hennar namn og portrett på ein romersk mynt - ein sølv-denar. Denne mynten vart snart å finne i alle egner omkring Middelhavet. Octavian såg på denne handlinga av Antonius som eit endeleg brot. Han erklærte no krig mot Cleopatra, utan å nemne Antonius namn. I krigserklæringa vart Cleopatra håna - ho vart kalla skjøge og fordrukken orientalar. Octavian kjende eg truleg ikkje trygg, og mange forventa vel at Den Nye Isis  og Antonius ville gå sigrande ut av striden, og i samarbeid starte ei ny bølge med verdserobringar frå Alexandria.

 

Men det gjekk slik at Octavians flåte slo Antonius ved Actinum i Hellas, 2. september 31 fvt. Octavians admiral, Agrippa, stod for denne sigeren. I eit knapt år etter dette forsvarte Antonius halvhjerta Alexandria mot Octavians framrykkande styrkar. Då han omsider var fullstendig slått, tok han sjølvmord ved å falle over sitt eige sverd, i 30 fvt.

 

Etter Antonius død vart Cleopatra VII brakt til Octavian, der ho fekk forklart sin nye rolle. Octavian ville ikkje ha noko med henne å gjere - inga forhandling, inga forsoning. Ho skulle arbeide som slave i Alexandria. (Cleopatra hadde audmjuka søstera si, Arsinoe, på same vis).

 

Cleopatra nekta å godta ein slik lagnad, så ho ho fekk brakt i ein asp (egyptisk cobra) til seg, gøymt i ei korg med fikenar. Ho døde 12. august 30 fvt., 39 år gammal.

 

I egyptisk religion trur ein at den som døyr av slangebitt er sikra evig liv. Gløymt vart Cleopatra VII i alle fall ikkje. Den einaste i verdshistorien som overgår Cleopatra i vidspurnad, må vere Alexander den store. Han var også makedonar.

 

Etter Cleopatra VII sin død vart Cæcarion kvælt, og dei andre av Cleopatras barn vart oppfostra av Octavia.

 

Det som ofte vert gløymt når ein skal fortelje om Cleopatra VII, er hennar genialitet og hennar kjærleik til landet Egypt. Ho var ei skarptenkt kvinne, som snakka flytande 9 språk. (Latin var ikkje eitt av dei). Ho var matematikar, og ei dyktig forretningskvinne. Ho hadde ein veldig respekt for Cæcar, som hadde intelligens og visdom som kunne måle seg med hennar eigen. Antonius derimot, dreiv henne nesten til galskap med sin mangel på intelligens og vulgære stormannsgalskap. Ho heldt ut med han, og planla det meste av det han utførte. Ho kjempa for sitt land - ho var ein karismatisk person - ho var den fødte leiar og ein ambisiøs regent - ho hadde fortent betre enn å måtte døy for eiga hand.

           

 

 


Cleopatra VII sin død set sluttstrek for æraen til alle dei egyptiske kongane. No vart det romerske keisarar som styrte i Egypt. Ptolemaiane var av makedonsk avstamming, men dei styrte i Egypt som egyptarar, som faraoar. Cleopatra VII vart den siste av Egypts faraoar.

 

 

                                                                                              Til TOPP

30 fvt. -  EGYPT VERT ROMERSK PROVINS

281  30 fvt. -  14 evt.  AUGUSTUS (OCTAVIAN)

Octavian fekk keisar-namnet Augustus. Han var romersk konsul i triumvirat frå 63 fvt. Seinare vart han keisar. Frå 30 fvt. til 14 evt. hadde han også makta i Egypt.

Augustus var Cæcars einaste mannlege etterkomar. Som 18-åring arva han ¾ av Cæcars stor rike. I diktatoren Cæcars testamente stod det vidare at Cæcar adopterte han som sin son. Etter at dette vart kunngjort, titulerte ungguten Octavian seg som Caius Julius Cæcar Octavianus. Han vart også kalla Cæcar den yngre. Etter 27 fvt. vart han kjent som AUGUSTUS. Han var den største politiske leiar som den antikke verda har fostra. Då han kom til Roma etter mordet på Cæcar, hadde han ikkje anna å lite på enn namnet han hadde arva, og sin ungdom. Men han heldt hovudet kaldt og spelte sine kort godt, og med kvart kom han i leiinga for dei som ville hemne Cæcar. Han var klok, moderat og pliktoppfyllande, og vann støtte i alle viktige samfunn i Middelhavsverda. Så populær vart han i mange provinsar, at han vart guddommeleggjort, og månaden då han gjorde sine siste erobringar fekk namn etter han - August.

Augustus levde i 76 år. I hans siste leveår vart det halde ei opplesing over alt det gode han hadde gjort for Romarriket. Teksten skulle inskiberast på Augustus sitt gravmæle. Originalen i Roma vart borte, men ein kopi er å finne i Augustus-templet i Ancyrna.

Trass ufred med germanarane ved Romarriket sine grenser i nord, var det ei fredfull tid i Romarriket under Augustus, og det var stor økonomisk framgang. Augustus vart heidra med mange statuer og tempel.

282  14 evt. -   37 evt.  TIBERIUS

I byrjinga styrte Tiberius bra, og prøvde ta seg vel av rikets interesser. Han tok ofte sete i tribunalet, og omgjorde nokre av senatet sine vedtak. Han var sterkt imot moralsk forfall. Så forbaud han framande religionar - særleg den egyptiske og den jødiske. Alle innbuarar som hadde hang til slik "overtru" måtte brenne sine seremoniklede og anna kult-utstyr.

 

Tiberius var lite generøs. Med tida vart han gjerrig og grådig. Han fråtok mange nasjonar og stormenn deira gamle rettar til mineralar og til skatteinnkrevjing. Han vart også ein svært grusom mann. Han utførte mange udådar under dekke av å skulle heve den offentlege moral. Han likte å sjå folk lide. Han fann på alle slags vondskapar, og var aldri lens for offer. Ikkje ein dag gjekk utan ei avretting. Han let grupper av alexandrinske grekarar utøve ekstrem vold mot jødar og synagogane deira. Eigedomar vart storma og plyndra - offer vart dregne ut og brent til døde, eller hogd i bitar på torget.

 

Tiberius vart svært upopulær, og vart mykje klandra. På sine gamle dagar angra han sine synder. Han døde 77 år gammal, i eit hus på landet. Lekamen vart brakt til Roma, og kremert med høvisk seremoni. 

 

283 Gaius Caligula 37-41 evt.
284 Claudius 41-54
285 Nero 54-68
286 Galba 68-69
287 Vespasianus 69-79
288 Titus 79-81
289 Domitianus 81-96
290
Nerva 96-98
291 Trajanus 98-117
292 Hadrianus 117-138
293 Antoninus Pius 138-161
294 Marcus Aurelius 161-180
295 Lucius Verrus
296 Commodus 180-192
297 Septimus Severus 193-211
298 Caracalla 198-217
299 Geta 209-212

 

................................  Så gjekk det noko tid:

 

Ca. år 300 evt:   KEISAR THEODOSIUS  stengde templa, og innførte kristendommen som stats-religion Egypt.

Seinare vart islam offisiell religion i Egypt.

                 

 

 

 

 

1