LITT SMÅSTOFF OM EGYPTISK KULTUR

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her kan du lære å lese og skrive hieroglyfar:

http://www.rostau.demon.co.uk/AEgyptian-L/learning/learning.html

 

 

 

INNHALD PÅ DENNE SIDA:

 

Litteratur - skrift - språk

Tempel

Aristokratiet

Musikk og dans

Labyrintar

Arbeidsliv

Presteskapet

Obeliskar

Handel

 

Kalender - høgtidsdagar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

LITTERATUR - SKRIFT - SPRÅK

Det gamle egyptiske språket vart tala til langt inn i Middelalderen. Då vart siste varianten - koptisk - fortrengt av arabisk språk. Egyptisk skriftspråk forsvann  med oppløysinga av Det Gamle Egyptiske Rike.

 

Fram til 1821 var det ingen som kunne lese dei gamle egyptiske inskripsjonane, men då studerte den franske språkforskaren Champollion Rosettasteinen, der same tekst var gjentatt på tre ulike språk. Han greidde ved dette å tyde hieroglyfane.

 

Opphaveleg var egyptisk skrift sett ihop av ideogram - biletsymbol. Etter kvart vart det til at desse symbola kunne representere fonogram (lydsymbol). Bilete av ugle kunne tyde ugle, eller lyden m. Symbolet hus kunne bety hus eller lyden «pr».


Symbola forandra seg over tid. Symbolet for barberkniv endra seg etter som nye typar barberknivar kom i bruk.

 

Hieroglyfane kunne skrivast i alle retningar - frå høgre, venstre, nedanfrå, frå midten og ut. Symbol som t.d. falk, vende nebbet den vegen teksten skulle lesast.

 

Mindre enn ein prosent av egyptarane kunne lese og skrive hieroglyfar - dei egyptiske bilet-skrift-teikna. Det var mest spesialutdanna skrivarar, prestar og adelsmenn som mestra kunsten. Skrift var eit maktmiddel. Skrivar-utdanninga kunne ta meir enn 12 år. Det var hard skule med streng disiplin, men ein skrivar var velsedd. Prestane stod for skriveopplæringa.

 

Hieroglyf tyder «heilage ord» og vart mykje nytta i seremoniell dekor på veggmaleri, krukker og liknande. Men hieroglyfane hadde guddommeleg og magisk kraft. Oftast fortalde dei gamle inskripsjonane om kongens storverk og bragder, og han tilhøve til guddommane.

 

I tillegg til veggmåleri og monumentale inskripsjonar, vart tekstar skrivne på papyrusrullar, t.d. Den Egyptiske Dødebok. Papyrus gjorde at skrivekunsten utbreidde seg fort. To lag papyrus-marg vart lagt over kvarandre i vinkel, fukta, hamra og tørka. Dette "papiret" var utruleg haldbart.

 

Dei eldste hieroglyfane vi kjenner er frå rundt år 3100 fvt. Det kan synast som dei er oppfunne under kulturpåverknad frå Mesopotamia, Babylonia, Assyria. Rundt år 2600 fvt. kom ei enklare skrift, hieratic, som var greiare å nytte til daglegbruk. Men faraoane mislikte denne nye skrifta, og motarbeidde bruken av ho. Eldre hieroglyfar var meir kunstferdige enn nyare, og vart mest brukt i høgtidssame tekstar.

 

Rundt år 600 fvt. vart hieratic avløyst av sekh shat (demotisk). Namnet tyder "dokument-skrift". No hadde byråkratiet vakse seg veldig, og all aktivitet skulle bokførast. Sekh shat tok idé frå skrifta i Sumer-riket, men utvikla seg ikkje til kileskrift som i Sumer. Det vart halde fast ved bilet-teikn.

 

På Rosetta-steinen er tekstane skrivne med hieroglyfar, med sekh shat og på gresk med greske bokstavar.

Om Rosetta-steinen:                           http://cs.oberlin.edu/classes/cs115/lect29n1.html

Om hieroglyf-alfabetet:             http://www.mcn.net/~jimloy/alpha.html

            Om hieroglyfar og litt av kvart: http://webmail.gs.bergen.hl.no/~ikt146/fanaa/forside.html

 

 

MUSIKK OG DANS                    tilbake

Mange veggmåleri viser dansescener og musikarar i samspel, t.d. på dobbelfløyte. Gjerne er det kvinner og ungjenter som dansar og spelar. Ved dei ulike høgtidene høyrde dans og musikk med.

 

PRESTESKAPET                         tilbake

 

Prestane studerte astronomi, for himmelen var vesentleg i religionen. Ved reising av heilag-bygg var det viktig at solstrålane fall effekt-fullt til rett tid. Den 19. juni står Sirius opp samstundes med Sola, og dette var første dagen i det nye året. Like etter kom flaumen i Nilen.

 

Med tida vart presteskapet mektig. Prestane var omskorne, og avbarbert alle kroppshår. Under rituala bar dei kvit klednad og dyreskinn.

 

Farao var øvsteprest, og stod for dei viktigaste rituala, til dømes offerhandlingar som hadde som formål å gi god avling.

 

 

TEMPEL                                     tilbake

 

Egyptarane bygde mektige tempel som fungerte som høgvyrdig arena for seremoniane til herskarane. Templa hadde også ekskluderande funksjon - dei var såleis gjerne omgitt av enorme murveggar. Dei veldige søylegangane vende innover - frå utsida såg ein bare ein steil vegg. Meir og meir heilage tempelrom påfølgde kvarandre lineært innover mot ein axis. På begge sider av spasergangen mot det høgheilage, stod finx-statuer på rekke for å intensifisere og fortette opplevinga av heilagvandring. Det var også dei egyptiske templa som introduseret bruken av søyle og overliggar.

 

I det gamle Egypt var taka i tempelromma på innsida mala blå med gule stjerner, band og hieroglyfar; samt andre himmelske symbol.

 

 

 

 

LABYRINTAR                               tilbake

 

Bygningar med intrikat arkitektur - til å tulle seg vekk i. Av dei mest berømte labyrintar er gravkammeret til Amenemhet III, som bestod av 3000 rom.

 

 

OBELISKAR                                   tilbake

 

Fire-sidig avsmalnande steinsøyler som endar i ein pyramideforma topp. I gamle Egypt vart ofte par av slike monolittar plasserte på kubiske soklar, og brukt som inngangsportal til tempel. Dei er blitt knytt til soltilbedinga. Toppane var stundom kledd  med bronse eller gull, og sidene var gjerne kledd med hieroglyfar med skrytord og minneord om faraoar.

 

Obeliskar opptrer gjennom heile Egypts historie - dei gigantiske i Midt-Konedømmet, og mindre utgåver frå tidlegare og seinare tid.

 

KALENDER - HØGTIDSDAGAR                tilbake

 

Året hadde 12 månader på 30 dagar kvar. I tillegg var 5 ekstra dagar, til minne om Osiris, Isis, Horus, Seth, og Seths hustru Nefthys.

 

Feiring av nyår og hausttakkefest strekte seg over fleire dagar. Fødsel og død vart feira med private seremoniar i familiene. Elles var det mange store, religiøse festdagar året igjennom, med prektige opptog og mange seremoniar.

 

ARISTOKRATIET                                tilbake

 

 - prestar, høgare byråkratar, etc., levde i luksus - hadde gjerne flotte byhus på to-tre etasjer, der dei var omgitt av tenarar. Egyptiske tropper henta slavar frå Syria og Nubia. Så hadde dei villa på landet, der dei ferierte som rike landeigarar. Det vart arrangert festar med musikk, øl og vin, og gås som hovudrett. Dei flotta seg med dyre klede, parfyme, sminke - augemaling av grøn malakitt brukte både kvinner, menn og ungar. Denne augefargen vart trudd å ha medisinsk effekt - dessutan jaga han insekt bort, og hjalp mot sollyset.

 

Kvinnene hadde friare stilling enn i andre kjende oldtidskulturar. Dei kunne drive si eiga forretning - drive med kjøp og sal, og dei kunne sette opp sitt eige testamente.

 

 ARBEIDSLIV                                  tilbake

 

Folk flest arbeidde hardt heile året. Utanom onnene bygde dei pyramidar etc.

Bøndene bygde pyramidar i flaum-månadane. Arbeidet må ha vore svært slitsamt, men det ser ut til at arbeidarane vart handsama ganske bra. I løpet av 10 dagar hadde dei ein fridag. Dessutan var det fri i offisielle høgtider, slik som nyår og haustfest, som kunne strekke seg over fleire dagar. Det var i det heile mange religiøse høgtidsdagar som vart feira i Egypt, med pomp og prakt.

 

HANDEL                                            tilbake

Farao styrte med all utanrikshandel, og arrangerte ekspedisjonar til nabo-landa. Tømmer var viktig importvare - det trengtes til bjelkar i husa. Det var stor sedertre-handel med Byblos på Libanon-kysten. Med tida fekk Egypt sin eigen handelsflåte.

 

Frå Nubia vart kjøpt elfenbein, gull, ibenholt og skinn. Ein gong vart ein dansande dverg frå det indre Afrika henta til KONG PEPI II, og denne sette kongen ekstra stor pris på.

 

Karavaner drog med byggesett til skip gjennom ørkenen til Raudehavet. Der sette dei skipa saman, og segla til landet Punt (ved Somalia), for å kjøpe myrra. Til kulturane ved Middelhavet, særleg Byblos og Kreta, selde egyptarane papyrus, saltfisk, oksehuder, alabast og gull.

 

 

1