Tekstboks: N I L E N
 

 

 

 

 

 


Nilen var basis for Egypts sivilisasjon og økonomiske suksess. Dei eldste jordbruks-samfunna hadde ikkje lært om gjødsling, så etter å ha dyrka jorda nokre år, vart ho utarma, og bøndene måtte flytte til andre stader og dyrke ny jord. Med slik stadig flytting var det ikkje råd å etablere nokon "super-sivilisasjon". Men Nil-flaumen gjødsla markane og åkrane på naturleg vis, med slam frå det indre av Afrika. Dette gav grunnlag for fast busetnad, og ein super-sivilisasjon som den egyptiske. Andre store oldtids-samfunn vart til på liknande vis, til dømes ved hjelp frå elvane Indus og Eufrat/Tigris.

 

Nilens laup strekker seg over meir enn 6 700 km, frå Ekvatorial-Afrika til Middelhavet, og om våren fyller monsunregnet ved Nilens kjelder opp elva. Flaumvatnet når Egypt til sommaren, og fløymer over ei 1000 kilometers strekke med flat dalbotn og etterlet eit næringsrikt, svart fludium av slam. Mellom juli og oktober er det knapt buandes i Nildalen, men når flaumen trekker seg tilbake er landet perfekt for jordbruk, og avlinga vert overdådig. I april når Nilen sitt lavaste nivå, og jorda byrjar tørke ut og sprekke opp. I dei påfølgande vekene ber egyptarane til gudane om teikn på at neste flaum er i kjømda.

 

Flaumen var ikkje trygg å lite på. Vart han lav, vart det hungersnaud, og ved storflaum kunne heile samfunn verte vaska bort. Det ubereknelege ved Nilen vart sett på som gudommeleg styring frå ovan, som prov på ein universiell orden som egyptarane måtte rette seg etter.

 

Med Nilometer vart flaumstanden i Nilen målt. Nilometer var trappetrinn plasser langs Nilens breidder. Nilometer vart brukt til å berekne årets skattekrav til jordeigarane.

 

Hundestjerna Sirius varsla egyptarane om når flaumen i Nilen var ventandes. (Sjå også under gudinna Hathor). Det var i juli-august. Når Sirius for første gang på året viste seg på aust-himmelen som morgon-stjerne, var det tida for flaumen. Damanlegg, sluser, kanalar o.l. måtte setjast i stand, og så venta ein i spaning for å sjå om flaumen vart stor eller liten. Ved lav flaum kunne ein vente dårleg avling det året, og det var fare for hungersnaud.

 

Området der Nilen munner ut i Middelhavet vert kalla Deltaet. Fordi slam stadig vert fylt i havet, vert det bygd opp mudder-bankar, og elva må jamt finne seg nye laup gjennom desse. Det  vert mange elvelaup som spriker ut i vifteform, og saman med kysten dannar ein trekant. Denne trekanten vart den første bokstaven D (Δ) (D for delta). Deltaet var det rikaste jordbruks-området i Nedre Egypt.

 

Egyptarane rekna Nilen for guddommeleg og heilag. Nilens luner vart vurdert å vere gudommeleg styrt, og «gåva frå Nilen» trudde egyptarane vart som dei hadde fortent. I ein lang og viktig periode i egyptisk historie var HAPI elvas gudinne. (Les meir om Nil-kulten under gudinna HAPI).

 

Planter og dyr som var knytt til Nilen vart rekna å vere heilage - krokodille, flodhest, ibis, papyrus, lotusblomst, osv. Også naturfenomen som dukka opp samstundes med flaumen fekk tilknyting til det guddommelege.

 

Nilen var Egypts mor. Det var Nilen som gav landet næring, fræve, liv. Bare Etter-livet opptok egyptarane tilsvarande som Nilen.

 

 

 

1