Pyramidane 

 

 

 


I Giza ligg m.a. pyramidane til Menkaure, Kherfren og Khufu på rekke. Dei vart bygd ca. 2500 fvt.

 

Egyptarane meinte at det ved solnedgangen var ei trapp som førte opp til Himmelen og Livet etter døden. Når solstrålar skin gjennom eit hol i skylaget, kan lys-effekten likne på ei trapp eller ei skrå flate. I pyramide-forma prøvde egyptarane å gjenskape denne lys-effekten - denne trappa til Himmelen. Og pyramidane vart gjerne reiste i Vest - i ørkenområda der sola gjekk ned.

 

Egyptarane hadde lært seg matematikk og gjorde geometriske utrekningar og målingar alt 3000 år fvt. Desse kunnskapane nytta dei også når dei konstruerte pyramidane.  Dei hadde ei lengde-eining som vart kalla cubit. Dette var lengda av under-arma - frå albogen til den utstrekte langfinger, pluss handsbreidda til regjerande farao. Denne kongelege lengde-eining vart gravert inn i ei granittblokk som standard. For kvar ny farao vart altså lengde-eininga cubit endra. (Ein må tru at egyptarane etter kvart fann ut at dette var upraktisk, og at dei med tida utarbeidde ein varig standard for lengdemål).

 

Pyramidebyggarane brukte cubit-"tommestokkar" av tre på byggplassen. Den kongelege arkitekt hadde ansvaret for at alle måla vart rette. Ved kvar fullmåne måtte dei ta med cubit-måla sine til den kongelege cubit-standard, for å kontrollere dei mot denne. Det var døds-straff for å skulke unna denne plikta.

 

Største pyramiden ved Giza er bygd med ein feilmargin på 0,05% - ikkje så verst!

 

Før pyramidane vart påfunne, laga dei egyptiske kongar og storfolk seg gravmæle som er kalla masteba. Dette var store, blokker mura av mudder - rektangulære i grunnform, og med loddrette veggar (rektangulær, rettvinkla prisme). Så laga nokon ein masteba i stein. Den kongelege arkitekt Imhotep byrja så sette masteba på masteba - dimensjonane vaks.

 

Eldste pyramiden er kong Djoser (3. dynasti) sin trappe-pyramide i  Saqqara. Den vart bygd ca. år 2650 fvt., og er eldste kolossal-monument vi kjenner. Pyramiden er i 6 etasjer - i trappe-form. Arkitekten var  Imhotep, og han er blitt vidgjeten, gení-erklært og guddommeleggjort. "Han som åpna steinen" vart han kalla. Trappe-pyramiden var som 6 mastebaer sett oppå kvarandre - minkande i storleik oppover. Men grunnflatene var kvadratiske - ikkje rektangulære. Og byggmaterialet var store, tilhogde steinblokker.

Djoser's etterfølgar, Sekhemhet, fekk også laga seg ein trappe-pyramide i Saqqara.

Like nord for Saqqara låg Dashur. Her ligg Den raude pyramide - oppført av kong Snefru (4. dynasti). Dette er den første ekte pyramide - bygd 60 år etter pyramiden til Djoser. Veggane har hellingsvinkel på 43 grader. Men Snefru bygde seg to pyramidar til, Maydum-pyramiden og Den skeive pyramide. Den skeive pyramide (knekk-pyramiden) stig opp med hellingsvinkel på 54 grader, men halvvegs oppe flatar han til 43 grader. Dette er den 3. største av pyramidane i Egypt. Inne i pyramiden er støttebjelkar av sedertre importert frå Libanon. Treverket er mest ikkje skadd av årtusena som har passert.

Under desse tidlege dynastia var nok kongsmakta på sitt høgste, sidan kongane kunne presse undersåttane til å oppføre slike veldige byggverk. Snefru sin etterfølgar var kong Kheops (Khufu) (2551-2528). Han bygde sin pyramide lenger sør, ved Giza - det vart største egyptiske pyramiden - Kheops-pyramiden. Bare Quetzalcoatl-pyramiden i Mexico var større - mykje større.

Kheops-pyramiden var opphavleg 150m høg, og bygd av 2,3 million steinblokker. I snitt var blokkene på 2,6 tonn. Fagarbeidarar arbeidde i skift på 3 månader, saman med ein permanent styrke av lokale steinarbeidarar. Andre arbeidslag arbeidde i steinbrota i Tura og Aswan, og mange streva med å frakte steinblokkene nedover Nilen, frå brota til byggplassen. Der var bustadar for 4000 arbeidsfolk ved Giza under bygginga av Kheops-pyramiden.

Kheopspyramiden hadde slette veggar. Den var bygd som ei mange-trinna trapp, og så vart avsatsane mellom trinna sletta med innlagt kalkstein. Men kalksteinen har blitt fjerna eller har forvitra. Veggane heller 52 grader - dette vart sidan normal-hellingsvinkelen for pyramidar.

Kvar pyramidane stod i eit mur-omkransa område med mange relieff og veggmåleri, og kanskje var også pyramidane måla eller forgylla. Aust for Kheops-pyramiden ligg Kheop's døds-tempel, og på kvar side av dette er nedgravd to skip. Desse skulle truleg kongen bruke på si ferd til Dødsriket. Mellom templet og pyramiden var anlagt ein storslått prosesjons-veg.

Khefren-pyramiden er nest største egyptiske pyramide, og ligg sør for Kheops-pyramiden. Til denne høyrer Den store Sfinxen. Den forestiller ein vaktande guddom, i form av ei løve og med Khefrens andlet. Skjegg og nase er skote sund av mamelukkane. Seinare vart Sfinxen til dels assossiert med Solguden, og pilgrimar valfarta til han. Mellom potane står ein stele som kong Thutmosis IV sette der. På denne er nedskrive kva kongens drøymde ei natt han var på jakt og sovna ved Sfinxen: Sfinxen viste seg for han, og bad han fjerne sanden som dekte Sfinxen. Til gjengjeld skulle Thutmose verte farao.

Den tredje konge-pyramiden ved Giza er pyramiden til Mykerinos. Den er ein god del mindre enn dei to andre, og ser ut til å vere oppført i hast. Ikkje vart pyramiden skikkeleg ferdiggjort heller, men har byggblokker som veg oppmot 200 tonn, så det var ikkje teknikken det skorta på.

I tillegg til konge-pyramidane er mange mindre pyramidar oppførte for diverse storfolk.

 

 

 

 

 

I kamra inni pyramidane var måleri og relieff, med motiv frå hagebruk, jakt, musikk, dans - mange gudebilete - bilete av avdøde med familie og undersåttar - skulpturar av folk og heilage dyr (biller (skarabear), falkar, sjakalar, etc) - her var hieroglyf-tekstar som fortalte om avdøde og hans bragder, og med bøner og smiger til gudane, for å sikre avdøde evig liv.

Avdøde var mumifisert, og lagt i kiste - ofte var fleire kister utanpå kvarandre, så det vart som ei russisk babuska-dukke. Kistene var rikt utsmykka - mykje gull, og lekamen til den avdøde i finaste mundur var skulpturert på kistelokket. Kista var gjerne lagt i ein sarkofag - ei diger steinkiste, som stod i pyramidens gravkammer. Fleire mumier - koner og slektningar til avdøde med meir, fekk også gjerne plass i pyramiden, i same gravkammer og i andre gravkammer.

 

 

1