RELIGIONSHISTORIE:

 

 

KVA TRUDDE EGYPTARANE PÅ?

 

I DEI ELDSTE TIDER

Dei eldste egyptarane var forferdre-dyrkarar, men då større bysamfunn vart grunnlagt, vaks det fram lokale guddommar. Slike guddommar kunne til dømes representerte Nilen, og vart då gitt framtoning som dyr som levde i og omkring Nilen.

 

GUDEBILETE

I før-dynastisk tid - før egyptarane vart samla under kongar, trudde også egyptarane på høgare makter, som dei teikna bilete av. Somme forskarar trur egyptisk presteskap fann opp og tok skrivekunsten i bruk for å fortelje folkemassene om dei høgare maktene. Skrivne tekstar vart  føyd til gudebileta for å gi nærare forklaringar.

 

RELIGIONENS KJERNE

 

           Den gamle egyptiske religion er svært komplisert, men vi veit mykje meir om tru og religionsutøving nå, enn vi gjorde for bare 20 år sidan. Tidlegare dømde ein dei gamle egyptarane å vere primitive, overtruiske – dyrkarar av ei mengd merkelege gudevesen med dyrehovud. No er det allmenne syn at den egyptiske trua faktisk var svært djuptenkt, og bar i seg ei unik forståing av naturens orden.

           Ein kan lett mistyde dei gamle egyptarane til å vere polyteistar (trudde på mange gudar), men egyptologane meiner no at dei gamle egyptarane var monolateristar (trudde på ei stor guddomsmakt som manifisterte seg i utallige former). Det var ei altomfattande, suveren guddomsmakt som stod bakom det heile. Denne guddomsmakt vart mellom anna kalla  NETJER. Netjer var unik – han skapte seg sjølv, og var utilgjengeleg der han kvilte i sitt eige verande.

           Dei mange namn og avbildingar som Netjer vart gitt, gav guddommen form og personlegdom. Den store, æve-guddom var ufatteleg for folk flest, så dei trivdes betre med å forhalde seg til falkar og sjakalar. Den store guddomsmakt vart folkeleggjort på dette vis – det var godt å ha ei konkretisert utgåve av guddomsmakta å halde seg til når det skulle ofrast og feirast.

           Ein trur at egyptarane kanskje hadde så mange som 4000 namn for NETJER. Her er nokre av dei mest brukte:

 

Aker
Amen
Amen-Ra
Amenet
Amset
Anpu
Anubis
Anuket/Anket

Apep
Apis
Apophis
Apuat
Aset
Aten
Atum
Ausar
Bast
Bat
Bes
Buto

Duamutef
Four Sons of Heru
Geb
 


 

Haidith
Hapi
Hapy

Harendotes
Harmachis
Haroeris
Harpocrates
Harseisis
Har-wer
Hathor
Heka
Heqet
Heru
Heru-akhety
Heru-behdety
Heru-em-Akhet
Heru-nedj-it-ef
Heru-pa-khered
Heru-sa-Aset
Heru-sema-tawy
Her-wer
Hethert
Hike

 
 
 

Horakthy
Horus
Imhotep

Imset(y)
Isis
Khenty-Amenti
Khepera
Khnum
Khonsu
Maahes

Ma'at
Mayet
Mertseger

Meshkhenet
Mihos
Min
Montu
Mut
Nebt-het
Nefertem
Neith
Nekhbet
Nephthys
 
 
 

Nit
Nun
Nut

Orion
Osiris
Pesedjet
Ptah
Qebshenef
Ra
Ra-Heru-akhety

Renenet
Sachmis
Sah
Satet
Seb
Sebek
Sekhmet
Serapis
Serqet
Seshat
Set
Seth
Shu

Sobek
Sokar
Sokaris
Sopdet
Sothis
Suchos
Sutekh
Ta-tenen
Taweret
Tayet
Tefnut
Tehuti
Tem
Thoth
Thoueris
Udjat

Unnefer
Wadjet
Wennefer
Wepwawet
Wesir
Wesir-hapi
Yinepu

 

FORVIRRANDE MANGE GUDDOMMAR

Tekstane fortel at dei formene av guddommen som egyptarane dyrka hadde mange menneskelege eigenskapar. Dei åt og drakk, jakta, kriga, elska. Dei vart født, og dei døde. Ulike guddoms-framtoningar var populære i ulike distrikt og til ulike tider. Men ofte var det overlapping i tid og geografi, og ofte gjekk det slik at to guddoms-framtoningar med tida smelta saman til ein. Av dette forstår du at det er ikkje lett å greie ut om den egyptiske religion på noko beinkløyvd vis.

Religionen var den viktigaste kulturberar i det gamle Egypt, sjølv om religionen aldri vart organisert i noko fast teologisk system. Egypts religiøse kultur inneheld myter, animisme og utallige guddoms-manifestasjonar. Den mest vidgjetne av  mytene greier ut om eit hierarkist, guddommeleg dynasti, og gir ei forklaring på verdas framkomst. 

            (animisme = tru på natur-ånder som har tilhald i steinar, tre, elvar osv).

            (dynasti = kongehus).

 

SKAPINGSMYTENE (Kosmogoniar)

Egyptisk skapings-mytologi er kompliserte greier. Det vart utvikla minst fire ulike skapingsmyter (kosmogoniar) i gamle Egypt, til ulike tider. Men nokre element er sams for alle  kosmogoniane. Alle hevda at i opphavet eksisterte bare Urhavet – NUT (NU). Og det første tørre land, Ur-jorda steig ut av Nut, som ein stor holme av mold og stein. I alle kosmogoniane heiter det at det stod eit tempel på denne Urjorda, og den første trappe-pyramiden skal truleg symbolisere denne første haug av landjord. 

 

Alle kosmogoniane deler trua at skapingsprosessen gjekk langsamt fram. Og dei er også einige om at gudane faktisk levde på jorda i desse tidlegaste tidebolkar.

 

Heliopolis-kosmogoni fortel vidare:

Først vart ATUM skapt - han var øvstegud i byen Heliopolis. Somme hevda at Atum skapte seg sjølv - andre hevda at han var son av Nut. Somme hevda at han dukka fram på Urjorda - andre hevda at han var sjølve Urjorda. Med tida vart Atum assosiert med solguden RA, slik at dei to guddommane vart til ein, under namnet RA-ATUM. Og Ra-Atum var lyset som kom fram og fortrengte Nut's mørke. Ra-Atum hadde inga kone, så han mastruberte fram andre gudar. Egyptarane syntes det var greitt å gjere det på denne måten - det viste Ra-Atums manndoms-styrke.

 

Ra-Atum fødte tvillingar. Han spytta ut sonen SHU, som vart gud for luftlaget (atmosfæren), og han spydde ut dattera TEFNUT, som vart gudinne for verds-ordninga. Tvillingane vart fostra opp av Nut, og til rådgjevar hadde dei RA's auge.

(Kva er Ra.s auge? Ra var anna namn på Atum. Hans auge var Sola. Sola såg alt som gjekk føre seg på Jorda. Vi finn att dette i Kristendommen: Gud ser alt).

Shu og Tefnut fekk saman sonen GEB, som vart guddom for Jorda, og dattera NUT, som vart guddom for Himmelen. Desse to søskena vart mann og kone, og vart foreldre til ISIS, OSIRIS, NEFTHYS og SETH. Isis og Osiris fekk sonen HORUS.

Det er mulig at det var prestane i Heliopolis som innførte desse fem siste gudane.

 

EIN ANNAN VERSJON AV MYTOLOGIEN I HELIOPOLIS:

I Heliopolis hadde dei ei ni-guds-gruppe av gudar og gudinner:

 

NUN

Urhavet – eksisterte før skapinga. Fylte Universet. Hadde ikkje overflate.

ATUM (TEM)

Universets skapar; Solguden

SHU

Luftlagets guddom

TEFNUT

Gud for den faste landjord

NUT

Himmel-gudinna

OSIRIS

Gudanes konge, herskar i Underverda, Nil-guddom, grødeguddom.

ISIS

Gudanes dronning – grøde, magi, kvinnesak, himmeldronning.

SETH

Mørkets guddom. Sjef for dårlege tider og vonde, nedbrytande krefter.

NEFTHYS

Hustru til Seth.

 

I skapingsmyten i Heliopolis heitte det at i byrjinga var Universet fylt av eit Urhav, som vart kalla NUN. Vatnet i dette havet var stivt og urørleg, og det fans inga overflate – Urhavet fylte heile ”Altet. Folk i Heliopolis hevda at grunnen som byen låg på var sjølvaste jordguden Geb, og at Heliopolis var gudanes fødestad. Skapingsakta hadde funne stad der byen låg. Prestane hevda også at templet deira stod på staden der den første landjord, ”Ur-haugen”, hadde lyft seg ut av Urhavet. Det var i den tid gudane levde og var kongar på Jorda – det var i Gullalderen. Fred og rettferd rådde på Jorda. Dei seinare kongane var gudanes etterfølgarar, og dei hadde mandat frå gudane til å oppretthalde denne fred og rettfred – gudommeleg lov og orden.

 

MEIR FORVIRRING

Det er mykje sjølvmotseiing i dei gamle tekstane om kva gud som vart dyrka som øvstegud. Somme tekstar prisar Horus høgst, medan andre dyrkar Nut. Andre igjen, hevdar at Atum sette Geb til å styre over gudane, som den fremste mellom likemenn. Prestane frå Heliopolis første stordomstid meinte seg å representere Geb og Nut - ikkje Atum. I ein periode var det solguden Ra som stod fram som den fremste av gudane, men seinare overtok Osiris denne rollen.

 

Kosmogoni II

I ein annan egypiske kosmogoni, eksisterte åleine Ur-havet i byrjinga. Så kom sola, RA, ut av eit egg (ut av ein blomst i somme versjonar), som dukka fram på havflata. Ra frambrakte fire barn - gudane SHU og GEB, og gudinnene TEFNUT og NUT. Shu og Tefnut vart Luftlaget; som stod på Geb som vart Jorda, og lyfte opp Nut, som vart Himmelen. Ra bestyrte alt. Geb og Nut fekk seinare to søner - SET og OSIRIS, og to døtre - ISIS og  NEFTHYS. Osiris etterfølgde Ra som konge over Jorda; assistert av Isis, hans søster og kone. Men Set hata bror sin, og drap han. Isis balsamerte Osiris med hjelp frå guden ANUBIS, som ved dette vart gud for balsamering. Isis’ guddommelege krefter gjenoppliva Osiris, og han vart høvding i Underverda - verda til dei døde. HORUS, som var son av Isis og Osiris, slo seinare Set i ein hard kamp, og vart konge over jorda - første egyptiske konge, i mytologien.

 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


ULIKE GUDAR FOR ULIKE SOSIALE KLASSER

Vi veit at Kristendommen er delt inn i mange ulike kyrkjer og sekter, som skil seg meir eller mindre frå kvarandre i tru og gudsdyrking. Slik var det også i det gamle Egypt. I Egypt var det også slik at arbeidarane hadde sine gudar, og kjøpmenn dyrka kjøpmanns-gudar. Bønder dyrka sine bondegudar på sin måte, medan prestane dyrka andre gudar igjen. Og kvar konge - farao, valde gjerne sjølv kva gud han ville dyrke, støtte seg til, representere. Men her var det mange politiske og makt-strategiske omsyn han måtte ta. Egyptarane såg på kongen som jordisk representant for den guddom som kongen stødde seg til og dyrka.

 

ULIKE GUDAR FOR ULIKE DISTRIKT

Kva guddom som var mektigast kunne variere. Det avhang helst av kva gud kongen valde seg. Så kom det an på kva by kongen valde seg som hovudstad. Særleg i distrikta omkring hovudstaden vart kongens gud dyrka. Distrikt som låg fjernare frå hovudstaden dyrka gjerne andre guddommar.

 

Ein gud vart dyrka på ein måte ein stad, og på ein annan måte ein annan stad. Ein guddom hadde også ulike namn frå stad til stad. Egyptarane trudde på namne-magi. Dei trudde at om du skreiv namnet til fienden din på ein gjenstand og så knuste denne, så ville fienden din få skade av dette - kanskje døy. Kjente du namnet til nokon, så hadde du makt. Å seie fram namnet til ein guddom (eller skrive det), kunne hjelpe for det meste. Kvar gud hadde fem namn, som gjerne viste til kva element han stod for (jord, himmel, vatn, eter), eller viste til hans himmelske lekam, eller til eigenskapar ved guden.

 

NI-GUDS-GRUPPER OG TRIADAR

Ut av skapingsmytene kom konseptet med ni-gud-gruppe og tre-guds-gruppe (triade). Ei treguds-gruppe skulle bestå av far, mor og son. Det kom på mote at kvar by valde seg ei niguds-gruppe og ei treguds-gruppe. Her er skjema over ei niguds-gruppe i Heliopolis:

 

NI-GUDS-GRUPPE (dei 9 med blå bakgrunn):

 

NU = Ur-vassmassene

RA (TEM) (ATUM) (Sola). Vart født av eit egg som flaut opp frå Ur-vassmassene. Fekk 4 born:

GEB (SEB)

Jorda

NUT

Himmelen

SHU

Himmelkvelven

TEFNUT

Lufta

GEB og NUT fekk desse fire barna:

 

 

SETH

Mørke og vondskap

 

 

NEFTYS

Seths kone

 

 

OSIRIS

Etterfølgde RA som øvstegud. Vart konge i Underverda.

 

 

ISIS

Osiris' kone

 

 

ISIS og OSIRIS fekk sonen:

 

 

HORUS

Første konge over Egypt.

 

 

 

Kvart lokalt tempel i Egypt hadde si eiga ni-guds- og tre-guds-gruppe. Men den sværaste ni-guds-gruppa var den med Ra, hans barn og barnebarn. Denne gruppa vart dyrka i Heliopolis, som var senter for soldyrking.

 

 

 


OM LOKALE GUDDOMMAR

Opphavet til dei lokale guddommane er uklart; nokre av dei vart adopterte frå andre religionar, og andre var opphaveleg dyre-guddommar frå førhistorisk Afrika. Gradvis vart dei inkorporerte i ein komplisert religiøs struktur, men heller få av dei lokale lokale guddommane vart storvørde over større område av Egypt. I tillegg til guddommane som alt er nemnt, så inkluderte gruppa av viktige egyptiske guddommar gudane AMON, TOTH, PTAH, KHNEMU og HAPI, og gudinnene HATHOR, MUT, NEIT og SEKHET. Deira vørd varierte med kor politisk sentral  byen dei vart dyrka i var til eikvar tid. Til dømes var ni-gudane i Memfis, toppa av ein triade samansett av far Ptah, mor Sekhet og sonen IMHOTEP (ein farao). Slik vart Ptah under Memfis-dynastiet ein av dei største gudane i Egypt. Likeleis, då Theben var hovudstad, fekk ni-gudane til Theben mest vørdsle, leia av far Amon, mor Mut og sonen KHONSU.

 

KONGANE VERT SØNER AV RA

I tida då dei ulike regionane fekk meir med kvarandre å gjere, vart stundom ekte guddommar ihopblanda med framifrå menneske som vart glorifiserte etter sin død. Imhotep, som eigentleg var førsteminister under farao Djoser, vart såleis dyrka som halvgud etter sin død.

Frå det femte dynasti byrja faroane å krevje guddommeleg arverett til trona for sine etterkomarar, og frå då av vart dei dyrka som søner av Ra. Mindre guddommar - somme kun for demonar å rekne, fekk også plass i dei lokale guddommelege hierarkia.

 

Dei første faraoane følte nok sin status som ganske utrygg, og det var truleg for å sikre makta si at konseptet med gudekonge vart innført. Ved dette vart farao ansett å vere guden Horus si lekamleggjering på Jorda. Horus var son av Isis og Osiris. Slik fekk farao både kongemakt og himmelsk makt. Når han døde kom han til gudane. Farao hadde guddommeleg allmakt over alt som Himmelen frambrakte og som Jorda produserte.

Faraos religiøse rolle vart i stor mon delegert til øvsteprestane hans, som agerte som mellomledd mellom Jord og Himmel. Eit offentleg presteskap oppstod for å halde i hevd minnet til avdøde faraoar og konene deira. Presteembetet gjekk ofte i arv frå far til son, gjennom mange generasjonar.

 

PROVINS-GUDAR

Då Egypt-samfunnet organiserte seg i provinsar (nomar som det heitte i den Ptolemaiske bolken), fekk den guddom som vart dyrka i kvar provins-hovudstad forrang. Dei to kongedømma som vaks fram, og til sist vart sameina, vart symboliserte  ved to gudinner - WADJET - Cobra-gudinna i Nedre Egypt, og NEKHBET - Gribbe-gudinna i Øvre Egypt. Egyptarane som adopterte desse nye guddommane, gav ikkje opp sine gamle gudar, men intensiverte heller gudsdyrkinga av desse, som no fekk nye roller. Medan dei underkasta seg Wadjet, kunne også eit Nedre Egypt-samfunn dyrke eit utval lavare guddommar - forfedre, deira eigen lokal-guddom, og eit knippe gudar som representerte elementa og naturkreftene.

Trusforestillingar vandra og blanda seg. Herodot fortel at i Theben, hovudstad i Øvre Egypt, dyrka dei krokodilleguden SOBEK, som hadde sitt hovud-kultsenter i byen Crocodilopolis i Nedre Egypt.

 

AMON-RA

Alle høvdingar vart rekna å ha overnaturlege (guddommelege) evner. Kvar landsby hadde sin eigen skyts-guddom, og høvdingen budde nær guddommens tempel. Byen Naquda hadde guden SETH som vernegud - han var framstilt som eit langsnuta dyr. Med tida fekk alle gudane felles mytiske legender spunne om seg.

Den einaste gud som vart gjennomført dyrka gjennom heile Egypts historie, var solguden Ra - høvding over dei himmelske guddommar, og med tida vart tradisjonen, at frå han ætta dei egyptiske faraoane. I Midt-kongedømmet (2134-1668 fvt.) var Ra-kulten statsreligion, og Ra vart gradvis knytt ihop med guden Amon, og under det Thebanska dynasti oppstod AMON-RA.

 

AKHENATON - EIN FÆL KJETTAR

I det 18. dynasti nydøypte Amenhotep III solguden til ATON, eit gammalt namn på Solas kraft. Hans son og etterfølgar Amenhotep IV, revolusjonerte egyptisk religion ved å proklamere Aton å vere den einaste og sanne gud. Han omdøypte seg sjølv til Akhenaton, som tyder "Aton er nøgd". Denne første kjende monoteist (dyrkar av kun ein gud), var så fundamentalistisk at han fjerna ordet "gudar" frå alle inskripsjonar, og reiv gudebilete og tempel. Og nådelaust forfølgde han Amons prestar.

Akhenatons religion overlevde ikkje, sjølv om den influerte sterkt på filosofien i tida. Etter Akhenatons død vende Egypt tilbake til den gamle, monolateristiske tradisjon.

 

KORLEIS SÅG GUD UT?

Sden store guddom vart titt biletgjort som skabelonar med dyrehovud og menneskekropp. Ulike dyr eller fuglar gjenspegla karaktertrekk ved guddommen. Til dømes hadde RA haukehovud, og haukar vart ofra til han, for skuld deira raske flukt over himmelen. HATHOR, gudinna for kjærleik og latter, hadde kuhovud, og kyr vart ofra til ho. ANUBIS hadde sjakal-hovud, for desse dyra herja i ørkenen i gammal tid. MUT hadde gribbe-hovud, og THOT hadde Ibis-hovud. PTAH hadde menneske-hovud, sjølv om han stundom vart representert ved ein okse, kalla APIS. På grunn av guddommen dei var tilknytt, vart nemnte dyra høgt respekterte, men dei vart ikkje dyrka før mot slutten av det 26. dynasti.

Guddommane vart også representerte med symbol - til dømes med solskive og haukevenger, som var element i konganes hovudpryd.

 

 

 


KJERNEN I RELIGIONEN

var vona om evig liv etter døden. Farao og andre høgt priviligerte skulle stige opp til Himmelen i ein båt. Verdslege skulle ha evig liv bak den verdslege horisont - i eit tilvære fritt for alle plager. Religionens syn på mennesket minner mellom anna om keltisk religion.

 

Sjølvet bestod av 3 komponentar:

 

AKH               ånda, som forlet lekamen, og sameinar seg med verdsguddommen etter                  

                        døden.

 

BA                  sjela. Kunne etter døden flakke omkring på eiga hand som ein fugl. Men vende alltid tilbake til den døde lekamen til slutt.

 

KA                  livskrafta i lekamen. Grav-offera var gåver til Ka.

 

Egyptarane prøvde på alle vis å sende med Ka det som trengtes av mat, utstyr, etc. for eit evig liv. Men magi måtte til. I tillegg til mat, vart det i grava plassert reiskaper og såkorn, statuettar av arbeidsfolk - den døde vart skulpturert, osv.

Sjå meir om dette under DØD-Reinkarnasjon.

 

Egyptarane vende seg gjerne til avdøde forfedre med sine problem, for å få hjelp. Dei døde kunne forhandle med gudane. Dette viser at gammal forfedre-dyrking eksisterte ved sidan av presteskapet sine store guddomar. Som i alle kulturar – den egyptiske regjerings-klassen nytta religionen som middel til å kue undersåttane. Farao og embetsstandens makt var gudegitt, og udiskutabel. Men folk flest dyrka religion på sin eigen, folkelege måte på si.

 

Kjernen i offentlege egyptiske livs-filosofi var fokusering på og orientering mot Døden og Etterlivet.

 

 

 

 

1