Den store Sfinxen i Giza har hovudet til ein mann og kroppen til ei løve. Den er frå ca. 2500 fvt., og har vore reparert fleire gonger opp gjennom historien.
Khefren-pyramiden er nest største egyptiske pyramide, og ligg ved Giza, sør for Kheops-pyramiden. Til denne høyrer Den store Sfinxen. Sfinxen forestiller ein vaktande guddom, i form av ei løve og med Khefrens andlet. Skjegg og nase er skote sund av mamelukkane. Seinare vart Sfinxen til dels assossiert med Solguden, og pilgrimar valfarta til han. Mellom potane står ein stele som kong Thutmosis IV sette der. På denne er nedskrive kva kongens drøymde ei natt han var på jakt og sovna ved Sfinxen: Sfinxen viste seg for han, og bad han fjerne sanden som dekte Sfinxen. Til gjengjeld skulle Thutmose verte farao.