Aslak Nedregård:
om byar, øyar,
land, landskap etc. frå oldtidas Egypt.
ABU GORAB - her bygde kong Niuserre Izi (5. dynasti) eit soltempel.
ABÜ SIMBEL ligg ved Nilen i sørlege Egypt, sør for Aswan. Tilhøyrde Nubia, og var i lang tid kult-plass for Amon-Ra. Her ligg to gamle tempel som vart utskorne i sandsteinsklipper omkring 1250 fvt., under Ramses II. Det største templet går 55 m inn i fjellet, og inneheld ei rekke kammer og hallar som leier inn mot ein sentral heilagdom. Ramses II tileigna dette templet til hovudgudane i Heliopolis, Memphis og Theben. Templet er orientert slik at strålane frå morgonsola lyser opp statuene av dei 3 gudane og Ramses II i det inste heilagrommet. Tempelfasaden er utsmykka med 4 sitjande kolossalstatuer av Ramses II; alle over 20 m høge. Templet har mange inskripsjonar og relieff - mange av særskilt historisk verdi. Ein relieff-serie teiknar slaget mellom egyptarane og hetittane ved Kadesh. To av statuene av Ramses II har greske inskripsjonar frå det 6. århundre fvt. Desse var skrivne av greske leigesoldatar, og er av dei eldste greske inskripsjonar vi kjenner.
Det mindre templet tileigna Ramses II dronninga si, Nefertari, og til gudinna Hathor. Her er fasaden smykka med mindre statuer av Ramses II, Nefertati og borna deira.
Templa i Abü Simbel er viktigaste monumenta frå gamle Nubia, og var ukjende for Vesten til 1812, då dei vart oppdaga av sveitsaren Johann Ludwig Burckhardt. I 1964 vart det igangsett eit internasjonalt prosjekt for å berge templa frå Nasser-sjøens oppdemming. Templa vart skorne i bitar, og remontert 64 m høgare oppe.
Kung Sahure
hadde eit større dioritt-brot vest for Abu Simbel.
ABU SIR er eit grav-område i ørkenen med mindre pyramidar, litt sør for Giza. Dette gravområdet inneheld graver til kongar og dronningar frå 5. dynasti (2470-2350 fvt.), m.a. pyramiden til Niuserre Izi og hans to dronningar. Her er også ein del sjakt-graver frå 6. århundre fvt. På botnen av ei slik sjakt låg Iufaa begravd - han var prest og palassadministrator
ABYDOS...her hadde Egypt's tredje og fjerde konge, Wadj og Den sine gravmæle. Abydos ligg 165 km nord for Luxor. Kvart år kom tusenvis av pilgrimar hit for å ære guden Osiris. Dei hadde med så mange keramikk-krukker med offergåver at byen fekk tilnamnet "Mor Potteskår".
I tidenes morgon streifa Abydos' gamle sjakal-guddom, WEPWAWET, omkring i utkanten av ørkenen her, og vakta gravene.
AKHETATON heitte hovudstad som vart grunnlagt
av farao Akhenaton.
Noverande Tall 'al Amärinah. Les meir under guden ATON.
ALEXANDRIA vart grunnlagt av Alexander den store, Makedonaren. Han ville ha ein skikkeleg hamneby i Egypt. Alexandria vart ny hovudstad i Egypt, og vart snart verdsby - senter for handel og lærdom i antikkens verd. Det gjekk handelsruter frå Alexandria til Raudehavet, med samband vidare til arabarlanda og India. Byen fekk ei stor jødisk befolkning, og ei stor gresk befolkning.
Alexandria ligg på Deltaet, ved Midelhavskysten, og er i dag Egypts nest største by, med om lag 4 million innbuarar.
Biblioteket i Alexandria
Det var dei første kongane av Ptolemai-dynastiet som fekk i stand det vidgjetne biblioteket. Ptolemaios II let omsetje all egyptisk litteratur til gresk. Også det egyptiske språk vart nå skrive med greske bokstavar. Det egyptiske skrivarane la til 7 nye bokstavar til det greske alfabetet, for særeigne egyptiske språklydar. Dette skriftspråket er i dag kjent som koptisk.
Presten Maneto skreiv Egypts historie. Forskningssentret Mouseion var knytt til biblioteket. Her møttes og arbeidde filosofar, matematikarar, astronomar, geografar, historikarar og diktarar. Den julianske kalenderen vart utforma her. Den var i bruk til år 1586 evt., då pave Gregor III fekk finpussa på skotårsdagane og laga Den gregorianske kalender, som vi brukar den dag i dag. Biblioteket betalte underhald til mange vitskapsmenn som hadde sitt virke andre stader i Romarriket.
Biblioteket i Alexandria skulle innhalde omlag 700 000 papyrus-rullar. I siste hundreår før år 0 vart biblioteket brent under krigshandlingar, og sidan vart det som var att av biblioteket herja og brent fleire gangar.
Ca. år 600 evt. utgav Muhammed Koranen. Koranen påbaud muslimane å erobre verda. Den arabiske hærføraren Amr ibn al-As (Amru) erobra Egypt i år 640 evt. Han brukte bibliotekets bokrullar som brensel for å varme opp Alexandrias meir enn 4000 offentlege badeanstaltar. Han uttalte at ”dersom bøkene har innhald som står i Koranen, så er dei overflødige, og har dei innhald som ikkje står i Koranen, så hadde dei ingen verdi for sanne truande”.
Ei tilsvarande kulturell tragedie
skjedde om lag tusen år seinare på Yucatan (Mexico). Her øydela den spanske
biskop Landa det han kunne finne av
maya-indianarane sine skrifter. Bare 6 bøker vart tatt vare på, og dei har
hamna i europeiske museum. Slike religiøst fanatiske idiotar burde setjast i
forvaring.
Romarane fekk berga ein del av bøkene frå biblioteket i Alexandria, og oppretta eit bibliotek i Roma av desse. Men no er nyleg eit nytt, storslagent bibliotek oppført i Alexandria, med internasjonal støtte. Det er teikna av det norske arkitektfirmaet ”Snøhetta”.
------------
Fyrtårnet på Pharos
Fyrtårnet på øya Pharos, som låg ved
innseglinga til Alexandria hamn og var knytt til byen med ein molo, vart rekna
for å vere eitt av verdas sju underverk. Det var ein kombinasjon av festning,
sjømerke og praktbygg. Fyrtårnet var meir enn 120 m høgt. I nedste etasje var
300 rom. Her budde mekanikarar, arbeidarar og soldatar. Etasjen over var
åtte-kanta. Over denne raga tårnet. Eit hydraulisk maskineri transporterte
brensel til toppen av tårnet. Her var ein stor parabol-spegel som reflekterte
sollyset om dagen og flammane frå eit bål om natta. Her var også verdas første
kikkert – ei linse slipt av gjennomsiktig stein. Gjennom denne kunne ein sjå
skuter på havet som ikkje var synlege med det blotte auge. Fyrtårner på Pharos
er nå borte vekk.
------------
Apostelen Markus preika og forkynte i Alexandria, og den første skole for kristen, religiøs undervisning vart grunnlagt her, i år 190 evt., av Pantanæus, ein kristen vitskapsmann. Samstundes kom romarane sitt første angrep på dei kristne her i byen.
Under keisar Konstantin den Stor vart Konstantinopel
hovudstad i Romarriket, og Alexandria fekk ei nedgangstid. Men byen har
overlevd, og er livskraftig i dag.
AMARNA
- sjå Tall al'Amärinah
ASWAN heitte på gammalt SYENE. Ligg i sørlege Egypt, ved Nilen, ved Nasser-sjøen.
(Aswan-dammen). Sjå SYENE. Byen har mange arkitektoniske
fornminne.
ASYUT er ein by frå vår tid. I dei eldste tider vart det hevda at øvre laup av Nilen enda her.
ATLANTIS Det
var prestane i Sais som fortalde Solon om Atlantis. Dei hadde skrivne kjelder om eit øykontinent
vestanfor Herakles’ søyler
(Gibraltar) – eit storslagent og fantastisk rike, med ei stor befolkning.
Hustaka var tekte med gull, og riket hadde ein mektig flåte og ein stor hær.
Det egyptiske namnet på det legendariske Atlantis var Aaru eller Aalu eller Amenti. Ei gammal egyptisk tru var at
sjelene drog til dette landet langt vest i havet etter døden.
Platon fortel at Atlantis var større enn Libya og Asia til
saman. Frå Atlantis kunne ein segle vidare til eit kontinent på andre sida av
det store verds-havet. Platon skildra Atlantis som eit jordisk paradis. Her var
mektige fjell, grøderike enger, seglbare elvar og rike mineralforekomstar. Atlanterhavet er oppkalla etter
Atlantis.
Dette svære kontinent, Atlantis,
forsvann på ein dag og ei natt frå jordas overflate. Det sakk i havet i ein
veldig naturkatastrofe. I følge Platon skulle dette ha gått for seg 9000 år før
hans tid – altså for 11 500 år sidan. Eg trur Atlantis må ha lagt der vi
no har Atlanterhavs-ryggen, eit
høgdedrag som går nord/sør på Atlanterhavets botn, og rekk frå Island til
Bouvetøya. Dagens øygrupper i Atlanterhavet kan vere restane etter det gamle
Atlantis.
Namnet på den
greske guden Atlas har samanheng med
namnet Atlantis. Herodot fortel at på hans tid budde det i Marokko eit folk som
vart kalla atlantar, og som skulle stamme frå Atlas. Dei var merkelege
folk som ikkje hadde draumar. Av ukjent grunn forbanna dei kvar dag sola når ho
stod opp og gjekk ned.
I Herodot’s myte
om Atlantis heiter det at Atlas var son av POSEIDON
og kvinna KLEISTO. Kleisto fødte fem
tvillingpar - den førstfødde var Atlas. Poseidon delte Atlantis i ti deler, gav Atlas den største og beste
delen, og gjorde han til herre over brørne sine. Langt sør i landet bygde kongane
ein kosteleg by, som også vart kalla Atlantis. Bysentrum var omgitt av fleire
konsentriske ringar, vekselvis av jordvollar og kanalar. I sentrum stod eit
underverk av eit tempel for Poseidon. Dette låg på bakketoppen der Kleisto
hadde unnfanga Atlas. Poseidon gav Atlas evne til å gå gjennom havet.
I fleire
generasjonar herska dei ti kongane over landområda sine etter lovene som
Poseidon hadde gitt dei. Vekselvis kvart femte og sjette år kom dei saman og
gjennomførte ein lang og komplisert seremoni, der ein vill okse, som var fanga
i rennesnare, vart ofra. Blodet vart helt over heilage bronsesøyler i templet,
og så sat monarkane i raude kapper og drøfta rikssaker. Vedtak vart nedskrivne
på gulltavler.
Ei av Bahama-øyane
heiter Bimini. På havbotnen nordom
Bimini er funne ruinar etter eit oldtidssamfunn, med lange steinsette
prosesjonsgater og rektangulære bygningar. Liknande funn er gjort i
Florida-stredet, utanfor Haiti og utanfor Cuba. Det ser ut til at dei noverande
karibiske øyane var ein del av Atlantis. Det er også funne pyramidar på
havbotnen, og den atlantiske kultur hadde kanskje ihopehav med Maya-kulturen på Yucatan, for den
oppførte liknande pyramidar. Aztec-indianarane i Mexico hevda å ætte frå eit
land aust i havet som heitte Aztlan.
BABYLON...kult-stad for Amon-Ra i Nedre Egypt.
BIRKET QUARUN (Faiyum-sjøen). Nær Kairo. I landsbyar
omkring denne sjøen er funne tusenvis av papyrus-dokument frå tida etter
Alexander den store. Nokre av desse er kjelder til bøker i det gamle
testamentet, og til gamle greske skrifter. Sjå Fayum.
BUTUS ...kult-stad for Amon-Ra på deltaet i Nedre Egypt.
CROCODOPOLIS...vart grunnlagt av Egypt's første konge, Menes. Byen vart anlagt i eit sump-område som var ynda jaktmark for dei gamle faraoane. Amenemhet I (12. dynasti) drenerte sumpane. Ved dette oppstod ein stor innsjø, som i dag heiter Birket Quarun, og der Crokodopolis låg, ligg i dag byen Faiyum.
DANDARAH (DENDERA)
- ein by der
Ptolemaiane bygde tempel for egyptiske gudar. Låg ved ein skarp elve-sving litt
nord for Theben.
I Egypts seinare historie hevda prestane i
Dandarah at guden NUT hadde sin heimstad i denne byen. På
tempelveggane skreiv dei at ISIS'
fødestad var her, i templets fødekammer. Her fødte Nut eit mørkhuda barn som ho
kalla Khnemet-Ankhet (Kjærleikens
Dronning). Då Nut såg barnet, uttalte ho "As....(sjå......eg er blitt di mor). Dette
var opphav til namnet AST for ISIS.
DASAHUR...her let kong Snefru oppføre sine tre pyramidar - Maidum-pyramiden, Den bøygde pyramide og Den raude pyramide. Mange av kongane frå 12. dynasti let oppføre sine gravmæle nær inntil Snefru's pyramidar.
DELTAET - Nilens utlaup i Middelhavet. Sjå under NILEN.
DIOSPOLIS - gresk namn på Theben; tyder himmelsk by, eller gudanes by.
Det var mange byar som bar dette namnet, særleg i Syria – dette var kultstadar for Amon-Ra.
EDFU...oldtidsby sør i Egypt. Her er funne namnet til Egypt's tredje konge, Wadj.
EL-AKMUNEIN - sjå HERMOPOLIS
ELEFANTINE var ei elveøy ved første katarakt. Viktig kultplass, og i sentrum av det eldste Egypt-riket, KENSET. KHENMU (KHNUM) var hovedguddom på Elefantine. I Kong Djoser si regjeringstid vart Egypt råka av 7 år med tørke. Då tilrådde hoffarkitekten Imhotep at Djoser let bygge eit tempel for Khnum ved Elefantine. Dette hjalp på tørken.
Kong Huni bygde ei stor festning på øya.
Fayum (Fayyoum) ligg på vestbreidden av Nilen, nokre mil sør for Kairo, og vert hevda å vere Egypts største oase. Men det er ingen naturleg oase - vasskjelda er ein kanal frå oldtida som kjem frå Asyiut ved Nilen.
I førhistorisk tid var Fayum eit sumpland der flaumvatn frå Nilen samla seg. Eldste spor etter bosetning i Egypt er funne ved Fayum-sjøen. No har Fayum-sjøen krympa inn og blitt like salt som Middelhavet, og befolknings-eksplosjonen har gjort området til slumstrøk. Men for 7 - 8000 år sidan var det eit rikt sumpland her, med mykje fisk og fuglar og anna vilt. Her var krokodiller og flodhestar, og i skogsområda omkring beita elefantar, villsvin og antiloper. Arkeologane har funne pil- og spydspissar av flint, og harpunar av bein. Bebuarane dreiv med jakt og fiske. Men også med jordbruk. Ein har funne rydningsøkser og sigdar, laga av skarp flint, og steintrau som vart brukt til å male korn. Keramikk-kar vart brukt i matlaginga - kjeler, bollar, fat og koppar. Maten vart kokt på store, åpne eldstadar. Og korn-avlinga vart lagra i kornsiloar - runde hol i jorda - halvannan meter djupe og halvannan meter i tverrmål. Desse var kledd med stråmatter for at kornet skulle halde seg tørt og reint. Det er funne nærare 200 slike på dei to buplassane som er utgravd ved Fayum.
Steinalderfolka ved Fayum tok seg også tid til å pynte seg og lage seg vakre klede. Dei malte seg med oker (jord-farge), og brukte perler og ringar av vakre steinslag. Pyntegjenstandar av skjell og strutse-egg viser at folka hadde handels-kontakt med folk lenger sør i Afrika.
Dei gamle faraoane gjekk mykje på jakt i Fayum. Amenemhet I (12. dynasti) drenerte sumpane ved å demme opp for flaum-vatnet. Ved dette oppstod eit stort vass-reservoar (Birkat Qarun). Grekarane kalla dette reservoaret for Moeris-sjøen.
Etter oppdemminga byrja egyptarane dyrke opp sumplandet, og Fayum blomstra opp. Under Ptolemaiane vaks velstanden til nye høgder. Ein tok i bruk greske vass-hjul, og det vart anlagt terasser. Birkat Qarun krympa inn, og det vart vunne 1200 km2 nytt jordbruksland.
Amenemhet III (12. dynasti) bygde gravmælet sitt ved Fayum - eit kjempemessig pyramide-anlegg som no ligg att som ein haug mudderstein. Ein kan klatre til topps, og få svær utsikt. I tilknyting til pyramiden ligg eit dødstempel som er blitt skildra som Labyrinten av klassiske forfattarar. Det har no komt i sterkt forfall, men kunne i si glanstid overstråle pyramidane ved Giza.
Nå er Fayum forslumma av overbefolkning, og Fayum-sjøen er salt som Daudehavet.
Noverande namn på eit område sørom Kairo,
og Egypts viktigaste turist-mål. Her ligg dei store pyramidane til Khufu (Kheops), Kefren og Mykerinos. Dessutan den store Sfinxen.
HELIOPOLIS
Namnet er gresk, og tyder "Solgudens by". Byen låg like nordom Memfis, der deltaet byrjar utbreie seg. Heliopolis var sentrum for soltilbeding. Ni-guds gruppa som vart dyrka her, var Ra og hans barn og barnebarn. RA var solguden. I Theben vart Ra slått ihop med Amon til Amon-Ra.
I Heliopolis hadde dei ei ni-guds-gruppe
av gudar og gudinner:
ATUM (TEM) |
Universets skapar; Solguden |
SHU |
Luftlagets guddom |
TEFNUT |
Gud for den faste landjord |
NUT |
Himmel-gudinna |
OSIRIS |
Gudanes konge, herskar i Underverda,
Nil-guddom, grødeguddom. |
ISIS |
Gudanes dronning – grøde, magi, kvinnesak,
himmeldronning. |
SET |
Mørkets guddom. Sjef for dårlege tider og
vonde, nedbrytande krefter. |
NEFTHYS |
Hustru til Seth. |
NUN |
Urhavet – eksisterte før
skapinga. Hadde ikkje overflate. |
I skapingsmyten i
Heliopolis heitte det at i byrjinga var Universet fylt av eit urhav, som dei kalla NUN. Vatnet i dette havet var stivt og
urørleg, og det fans inga overflate – urhavet fylte heile ”altet”. Folk i Heliopolis hevda at grunnen som
byen låg på var sjølvaste jordguden Geb, og at Heliopolis var gudanes fødestad.
Skapingsakta fann stad der byen låg. Prestane hevda også at templet deira stod
på staden der den første landjord, ”Urhaugen”,
hadde lyft seg ut av urhavet. Det var i den tid gudane levde og var kongar på
Jorda – det var i Gullalderen. Fred
og rettferd rådde på Jorda. Dei seinare kongane var gudanes etterfølgarar, og
dei hadde mandat frå gudane til å oppretthalde denne fred og rettfred –
gudommeleg lov og orden.
I Heliopolis vart dessutan oksen MNEVIS dyrka. Sjå APIS.
Så tidleg som i farao Pepi I's tid hadde himmelgudinna NUT ein heilagdom i Heliopolis. Nuts heilage sycamor-tre skulle vekse i Heliopolis. Byens templer og heilagdomar er ofte nemt i Dødeboka.
I Dødeboka kap. CIX, kan vi lese at i Heliopolis vaks to turkis-farga sycamor-tre (det eine eller begge må ha vore Nuts heilage sycamor), og at Solguden kom fram mellom stammene til desse når han skulle byrje si reise over Himmelen. Ved treas leggar vart guddommen APEP - personifiseringa av mørke og vondskap, nedkjempa av STORE KATT RA. Mellom treas greiner kunne trøytte sjeler søke tilflukt under den brennande middagsheiten om sommaren. Her fekk dei mat og drikke av Nut sjølv, og dei fekk site til bords med dei guddommelege døtrene og sønene til Nut.
Mange legender er spunne om dei heilage sycamorane i Heliopolis. Her skulle Jomfru Maria, i følge Den Koptiske Kyrkja, ha kvilt seg under sin flukt til Deltaet. Jesus-barnet skal ho ha gøymt i eine treets hole stamme. Plutarch attgir ei egyptisk legende om at Isis skal ha gøymt Osiris' sundskorne kropp i same tre-stamma.
Ved sycamorane i Heliopolis vaks også dei heilage balsa-tre - av deira olje vart framstilt den dyre balsam som dei kristne i Egypt og Abyssinia sette slik pris på. Ordet baptisme/baptisere (døype) har si rot i namnet på desse trea. Ved same trea la ”Den Store Kaklar” - jordguden GEB sitt egg - Sol-egget. Balsam-trea vart vatna med vatn frå fontena Ain Shems (Solas Auge) - ei kjelde som låg i nærleiken.
I Sol-tempelet i Heliopolis heldt dei heilage løver som dei tilbad - truleg knytt til SHU og TEFNUT.
Folk i Heliopolis hevda at grunnen som byen låg på var jordguden Geb, og at Heliopolis var gudanes fødestad. Skapingsakta skulle ha funne stad der byen låg.
Heliopolis var ein viktig kult-stad for Amon-Ra i seinare tid.
HENEN-SU - svært gammal kultstad som utvikla sin eigen mytologi/religion/teologi. Det er etter som eg forstår denne byen som seinare får det gresk/latinske namnet Herakleopolis Magna. Sjå denne. Sjå også under guden KHNEMU.
HERAKLEOPOLIS MAGNA...Kult-stad for Amon-Ra i Midt-Egypt. Hadde byen eit tidlegare namn - Henen-Su? Under 9. og 10. dynasti fekk ein familie av lensherrar herifrå mykje makt i Egypt, og fekk oppretta ein viss orden, etter kaotisk politiske tilhøve som hadde vore i tida førut. Herakleopolis Magna gjekk sine eigne vegar når det gjaldt mytologi og gudsdyrking. Sjå under guden KHNEMU (Khnemu-Her-Shef).
HERAKLEION ... Tidleg på sommaren år 2000 fann undervass-arkeologar ruinane etter dei tre oldtidsbyane Herakleion, Canopus og Menouthis. Eit internasjonalt forskings-team hadde då arbeidd i to år med avansert teknologisk utstyr utanfor nordkysten av Egypt, på 5 - 10 meters djup. Ruinane som vart avdekka er omlag 2 500 år gamle. Bygningane som er funne er overraskande godt haldne; likeeins tempel, hamneanlegg og kolossalstatuer. Funna vitnar om ein overdådig/dekadent livsstil - dette rimar med kva som framgår av skriftlege kjelder vi har frå oldtida. Dette er største marinarkeologiske funn som nokon gong er gjort, og viser at mykje arbeid attstår for undervassarkeologien i Egypt. Det meste av ruinane skal forbli på havbotnen - bare somme gjenstandar skal hentast opp.
Desse tapte byane som no er attfunne, var vidgjetne for rikdom og kunst, og for dei mange templa som var vigde til ISIS, SERAPIS og OSIRIS. Tilhengarar av desse ulike kultane kom alle på pilgrimsreise hit.
Herakleion var ein av viktigaste hamne- og handels-byane i Egypt, før Alexandria vart anlagt i 331 fvt. Byen vart truleg bygt i 7. eller 6. århundre fvt. (under Sein-kongedømet si tid), men etter å ha mist sin posisjon som hovudhamn, vart byen truleg øydelagt i eit jordskjelv. Velta veggar og søyler tyder på det. Funn tyder på at denne ulykka hende i 7. eller 8. århundre evt.
Etter jordskjelvet vart ruinane oversvøymt av havet - no ligg dei ute i Abu Qir-bukta, ca. 7 km frå land. Med byane Canopus og Menouthis gjekk det likeeins.
Nye funn 2001 -
marinarkeologiske utgravingar, Herakleion: Mellom dei mest
oppsiktsvekkande nye funn, er ei uskada, flat granitt-støtte, som er nesten
identisk med den som vart funnen i 1989, og som no er utstilt på Egyptisk
museum i Kairo. Begge granittstøttene
har inngravert ei forordning frå farao NECTANEBO I (380-362 fvt.). Han
legg 10% skatt på alle varer frå Hellas, for å
finansiere bygginga av eit tempel for gudinna NEIT. Ei statue i rosa
granitt av elveguden HAPI, er funnen i Herakleion-ruinane, saman med to
statuer av ein uidentifisert farao og hans viv. Tilhøyrande inskripsjonar fortel
at statuene har stått i eit tempel for guden AMON. Amon var hovedguden i
Herakleion, og største tempelet i byen var truleg Amon-templet.
Den greske historikaren Diodoros
fortel at Zevs son, Herakles, anla ei demning i Nilen. Folka som
budde der, bygde eit tempel for han, og kalla byen sin Herakleion etter
Herakles.
HERMONTOS
Denne byen låg i Midt-Egypt, nær Luxor. Her vart oksen BUKHIS dyrka.
HERMOPOLIS (HERMIPOLIS) (EL-AKMUNEIN) (UNNI)
Denne byen låg omlag midtvegs mellom Theben og Memfis. Her var mellom anna tempel for himmelgudinna NUT. I Hermopolis vart mellom anna dyrka ei gudinne
kalla NEHEMAUIT –
(same guddom som AMAUNET?). Nehemauit vart til tider samanblanda med gudinna TEFNUT.
HET-SESHESH
I denne byen skulle himmelgudinna NUT ha født dattera NEPTHYS.
IDFÜ
Ein stad i nærleiken av Luxor, Karnak og Deir al Bahri; der gamle Theben låg. I det 3. århundre fvt. bygde Ptolemaiane eit stort tempel her.
JUPITER-OASEN...kult-stad for ANON-RA i den libyske ørken.
KADESH.....her stod eit stort slag mellom egyptarane og hetittane.
KARNAK...nordlege del av gamle Theben. (Sjå LUXOR). Her er utgravd verdas største tempel -
tileigna AMON-RA
(15. - 12. århundre fvt.).
KENEMET ...(Farafra) Oasar i Libyske ørken. Kult-stad for AMON-RA.
KENSET...eldste namn på Egypt. Omfatta første katarakt, med øyane Elefantine og Philae, samt Sahel, Senmut mm.
KHEMMIS...Øy i Nilen, (Nedre Egypt).
Kult-stad for AMON-RA
.
KONGANES DAL..med fleirfaldige gravmæle; ligg
tvers overfor den moderne byen Luxor. Nær
desse er utgravd ein steinhoggar-landsby, som fortel mykje om livet til
steinhoggarane.
LATOPOLIS..by som m.a. dyrka gudinna MENHIT, og til tider samanblanda ho med TEFNUT.
By i austlege Sentral-Egyp, ved Nilen, tett inntil Karnak. Luxor er sørlege halvdel av gamle Theben, medan Karnak er nordlege halvdel. I desse to byane er store arkeologiske utgravingar. Tvers overfor Luxor ligg Konganes Dal. Her er ruinar etter store tempel, bygd i 14. århundre fvt.
MEMPHIS ...Egypts eldste hovudstad. Vart grunnlagt av Egypt's første konge, Menes.
Det store templet i Abü Simbel vart av Ramses II m.a. tileigna hovudguden i Memphis. Ni-guds-gruppa som vart dyrka i Memphis, var leia av triaden far PTAH, mor SEKHET og sonen Imhotep. Imhotep var førsteminister under farao Djoser i det 5. dynasti. Då Memphis var hovudstad, vart Ptah ein av største gudane i Egypt.
I Memfis vart m.a. dyrka gudinna SEKHET, og til tider vart ho samanblanda med gudinna TEFNUT. Ein del av Memfis vart kalla "Tefnuts Hus", og det er truleg at Tefnut her vart dyrka på heilagdagar, og at løver inngjekk i seremoniane.
I seinare tid var Memfis kultstad for AMON-RA.
MENDES... Kult-stad for AMON-RA i Nedre Egypt.
MEROE...Kult-stad for AMON-RA i Nubia.
METELIS...Kult-stad for AMON-RA i Nedre Egypt.
NAPATA...Kult-stad for AMON-RA i Nubia.
NAQADA - her gjorde arkeologen Sir Flinders Petrie utgraving av 3000 graver frå neolittisk tid (den Baldarianske periode - ca. 3400 fvt.). Jordbruk, kopar, pottemakeri, veving.
NO - gammaltestamentleg namn på Theben; tyder "by".
NO-AMON - gammaltestamentleg namn på Theben; tyder "Amons by".
NUBIA..var statsdanning sørom Egypt - sør for 2. katarakt. Det ser ut til at det var mykje slektskap mellom religionane i dei to landa. I Nubia var m.a.dyrka ei gudinne som heitte APSIT, og denne vart til tider samanblanda med den egyptiske gudinna TEFNUT.
PHILAE...elve-øy ved første katarakt, og i sentrum av eldste egyptiske rike - KENSET.
PI-RAMESSE var
ein
by på deltaet, der Ramses II og etterfølgarane hans budde.
Noverande by Quantir er identifisert som gamle Pi-Ramesse.
QUANTIR ligg 29 km sørom Tanis. Quantir er blitt identifisert
som den gamle hovudstaden til Ramses II og
eterfølgaren hans, Pi-Ramesse.
QUERTI ...”to grotter”. Kultstad ved første katarakt, der ein i eldste tider trudde Nilen hadde sitt opphav.
SAIS er egså kjent under namnet Zau.
Byen som i dag ligg på tomtene til gamle Sais heiter Sa el-Hagar.
Sais låg på Deltaet, og var Egypts hovudstad
under 26. dynasti. Gjennom det meste av Egypts historie har Sais vore ein
viktig by, og her er gjort arkeologiske funn frå heilt tilbake til gamle kong AHA si tid.
Byen var hovudstad i 4. nome (administrativt var Egypt delt inn i nomer). I tida rundt 730
fvt. var Sais sterkt innblanda i maktkampen mellom kongar av 24. dynasti og
nubiske kongar av 25. dynasti.
Klima og jordsmonn er våtsamt i traktene rundt
Sais, så tidas tann har verka sterkt. Alle byggverk frå oldtida er sterkt
ruinisert. Og lite arkeologisk arbeid er blitt gjort her, før i dei aller
seinaste åra. Det er funne spor etter ein festningsmur som omkransa heile byen.
Sais var viktigaste kult-senter for gudinna NEIT, og Neit-templet må minst ha vore like mektig og storslagent
som templet i Karnak.
Kong Ahmose
II (26. dynast) reiste mange byggverk i Sais – dei fleste knytt til
Neis-templet. Han oppreiste søyler og kolossalstatuer, og ein mektig
prosesjonsveg til templet, med sfinxar med menneskehovud oppstilte på begge
sider. Kongane av 26. dynasti anla sine graver i tempelgarden til Neit-templet.
Andre gudar som vart dyrka i Sais, var OSIRIS, HORUS, SOBEK, ATUM, BASTET, NEKHBET, WADJET, HATHOR. For
Osiris var det anlagt storslagent område med ein heilag innsjø, der det vart
arrangert ein årleg festival til minne om den gang då ISIS lappa i hop Osiris etter at SETH hadde hogd han i bitar.
Det var prestane i Sais som fortalde Solon om Atlantis.
Dei hadde skrivne kjelder om eit øykontinent vestanfor Herakles’ søyler (Gibraltar) – eit storslagent og fantastisk rike,
med ei stor befolkning. Hustaka var tekte med gull, og riket hadde ein mektig
flåte og ein stor hær. Det
gyptiske namnet på det legendariske Atlantis var Aaru eller Aalu eller Amenti. Ei
gammal egyptisk tru var at sjelene drog til dette landet langt vest i havet
etter døden.
SAQQUARA (Sjå også "DØD")
Saqqara var
gravby (nekropol) for Egypt's gamle hovudstad Memfis. Ligg like sør for Cairo
og Giza. Egypts første konge, Menes,
har sitt gravmæle her - likeså Egypts fjerde konge, Den. Kong Djoser
bygde den første pyramide - Trappepyramiden
her. I den er inkorporert gravmælet til hans forgjengar, kong Sanakhte. Kong Sekhemhet (Djoser
Teti) etterfølgde Djoser. Han byrja også å bygge seg ein pyramide i Saqqara,
men denne vart aldri ferdig-gjort. Dessutan ligg pyramidane til Teti og Userkaf
ved Saqqara, samt fleire mastebas, og eit tempel for SERAPIS.
Gravene frå Det Gamle Riket si tid i Saqqara er smykka med veggmåleri av den avdøde, hans kone og barn, godsforvaltarar, formenn, skrivarar, handverkarar og bønder. Måleria viser kvardagslivet til den avdøde, og vakre eignelutar er avbileta - stolar med sete av flettverk, senger med lærmadrasser - og møbelbeina er gjerne forma som bakbein av okse eller løve.
APIS
I Saqqara var
heilagdom for oksen APIS. Denne guden vart importert frå aust
ca. 5 - 300 fvt. og vart foreina med guden OSIRIS til SERAPIS
I Saqqara er mange små sfinxar gravde ut i sanden,
samt statuer av falkar og andre dyr.
Det skjedde då ein stor okse-skulptur vart gravd fram i
nyare tid, at mange kvinner heiv seg på han og reid, så tydeleg er gammal kult-tradisjon om oksens
fruktbarheits-fremjande effekt ikkje gløymt.
I Saqqara er eit underjordisk tunell-system med
okse-sarkofagar - dog alle tomme. Dei tre hovud-tunellane er 300m lange, 3m
breide og 8m høge. Nisjer og kammer til høgre og venstre - alle med tomme
sarkofagar. Men mumien til Khaemwese,
Ramses II´s son, vart funnen her i ein tre-sarkofag.
Saqqaras grav-tunellar er blitt kalla Serapeion (gresk). Serapis er ei samandraging av APIS og OSIRIS (gresk tolking).
SENMUT...del av første egyptiske rike, KENSET, omkring første katarakt.
SYENE var gamle namnet på byen Aswan,
som ligg ved Nilen sør i Egypt. Viktig by med steinbrot som skaffa granitt til
tempelbygginga. Størst velstand var det i byen i romar-tida.
TANIS vart stundom
brukt som hovudstad, frå 11. til 8. århundre fvt. Masse hogd stein med Ramses II´s namn er funne her.
TALL AL`AMÄRINAH (AMARNA) er noverande namn på den gamle hovudstaden Akhetaton som vart grunnlagt av Akhenaton (1352 - 1336 fvt.). Byen ligg ved Nilen, nord for den moderne
byen Asyüt. Byen fungerte som hovudstad så lenge Akhenaton levde. Dette
var ein spesiell epoke i Egypts historie, og er blitt kalla
"Amarna-perioden". I 1887 fann ein bonde 400 skrift-tavler i Amarna,
skrivne i alfabetet akkadisk cuniform. Tavlene var deler av
korrespondanse som Akhenaton og hans far og forgjengar Amenhotep III
hadde hatt med egyptiske landshøvdingar i Palestina og Syria, og med kongar i
Babylonia, Assyria og Mitanni, og dei er blitt kjent under namnet
"Amarna-breva". Tavlene gir oss mykje informasjon om Amarna-perioden.
THEBEN
Det store templet i Abü Simbel vart av Ramses II m.a. tileigna hovudguden i Theben.
På egyptisk heitte byen Weset eller Newt – ein oldtidsby som i mange århundre var hovudstad i det gamle Egypt. Theben låg på begge sider av Nilen - omlag 725 km frå noverande Kairo. I dag ligg Karnak og Luxor omlag der Theben låg. Namnet Theben er ei gresk form. Grekarane kjende også byen som Diospolis - "gudane sin by". I det gamle testamentet vart byen nemnt No, som betyr "by", eller No-Amon, (Amons by). Strødd omkring i det gamle byområdet ligg ei mengd ruinar av gamle tempel, gravplassar og andre oldtidsmonument.
Theben er nemnt i historiske kilder frå så tidleg som det gamle kongedømmet, (2755-2255 fvt). Gravstadar som daterer seg frå det 6. dynasti (2407-2255) er utgravd i den eldste nekropolen (dødebyen), som ligg på Nilens vestbreidd. Bibelens namn på Theben (No-Amon), indikerer at byens gud var AMON- opphaveleg den egyptiske gud for fruktbarheit - seinare AMON-RA -gudanes far. Ni-guds-gruppa som vart dyrka i Theben var toppa av triaden far AMON, mor MUT og sonen KHONSU. Det meste av inntektene frå karavane-tollen vart skjenka til Amon. Det var m.a. gull, sølv, elfenbein, krydder, sjeldne dyr og planter. Ruinane etter Amons tempel, som er av dei best bevarte og storslagne monument frå Eypts oldtid, ligg i Karnak.
Under faraoane i det niande og tiande dynasti (2230-2035), vaks Theben fram som administrasjonssenter for ei mektig grein av guvernørar. Guvernørane (nomarkane) i Theben utfordra med suksess faraoane i Heracleopolis, og vann full kontroll over Egypt omlag 2035 fvt.
Ved dette vart Theben hovudstad i Egypt. Byen heldt denne statusen til Akhenatons regjering, (1350-1334 fvt). Mange store tempel, avenyen med sfinxar, fleire vakre gravmæle og tallrike andre monument vart reist omkring Theben i denne perioden.
Kort etter Akhenatons død vart Theben på ny hovudstad i Egypt. Som tida gjekk, bygde mange faraoar fleire fantastiske monument i byen, særleg det 19. og 20. dynasti - (1293-1070 fvt.). Assyrarane herja Theben i det sjuande århundre fvt.. Sjølv om Theben vart delvis gjenoppbygd - så minka byens makt gradvis etter kollapset til det 31. dynast i 332 fvt.. Seinare vart byen øydelagt av romarane i det 1. århundre fvt.
Om
oldtidsruinar i Theben - sjå Luxor
og Karnak. Luxor-tempelet vart bygd
av Amenophis III - oldebarn av Thutmose III. Gravmæle
i Konganes dal er av dei viktigaste
oldtidsminnesmerka. Andre vidgjetne ruinar er Ramesseum - eit tempel bygd i Ramses
II´s regjeringstid (1279-1212 fvt.); dessutan Medinet Habu - templet til Ramses
III (1182-1151 fvt), og templet til dronning
Hatshepsut.
I seinare tid var Theben kult-stad for AMON-RA.
UNNI - sjå Hermopolis.
WADI SABUA...Kult-stad for AMON-RA i Nubia.
XIOS...Kult-stad for AMON-RA i Nedre Egypt.
ZAWIETH EL-ARYAN...ligg i Giza-ørkenen. Her står ein eldre pyramide som ein trur tilhøyrer kong Khaba.