GRESKE OG ROMERSKE GUDAR

Gudar   B

Forfatta av Aslak Nedregård

Til Framsida

 

 

 

 

 

 

Gresk

 

Romersk

 

 

BAAL

BACCHE

BASILISK

BELLEROFON

BOREADANE

BOREAS

BRIAREOS

BRISEIS

BRITOMARISMARIS

BROMIE

BRONTES

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

BACCHUS

BEFANA

BEGOE

BELLONA

BONA DEA

BRONTES


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

BAAL

Tekstboks: BAALTekstboks: BIBELENTekstboks: STELE

Baal var ein  fræve-guddom som som mellom anna vart dyrka av semittiske folkestammer, og som i hellenistisk tid vart populær i delar av Romarriket. Han vart mellom anna dyrka under namnet Jupiter Dolichenus. Truleg kalla grekarane han Belos. (Sjå LIBYA).

Baal likna kanskje på den romerske guden SATURNUS, for då romarane eksporterte Saturnus til Nord-Afrika, omdøypte nordafrikanarane han til Baal Hammon eller Baal Amon. Amon var ein stor guddom i Egypt og Libya, og Amon vart samanlikna med ZEVS, så det vart mykje forvirring då dei ulike folke-kulturane ved Middelhavet lærte kvarandre å kjenne.

Baal er den "heidenske avguden" som ofte er nemnt i Det Gamle Testamentet. Baal vart dyrka av israelittane sine nabofolk og fiendar, kanaanittar, filistrar (palestinarar), fønikarar, etc. Også mange av israels-stammenes kongar dyrka til tider Baal. I Bibelen vert Baal også kalla Beelzebub eller Baalzebub, og han vert forklart som ein av Satans falne englar.

Det tidlegaste vi veit om Baal, er at han i det 14. århundre fvt. vart dyrka av semittiske folk. Dei dyrka guden Baal, eller gudane Baal - for Baal var eit abstrakt  guddoms-omgrep som kunne dyrkast i fleire ulike aspekt.

Somme trur det kan vere ein samanheng mellom Baal og den norrøne guden Balder, som var son av Odin. Balder tyder "Baals son", meiner dei. (Sjå ADONIS).

Namnet Baal tyder "meister" eller "eigar". Dette er namn som mykje vart brukt på  store guddommar i gamle religionar. Men i Syria og Persia vart namnet Baal brukt på mindre guddommar.

Den store Baal var frå Kanaan. Han var fræve-guddom, og son av El - kanaanittane sin øvsteguddom. El var også israelittane sitt namn på øvsteguden; (Herren). Det var ein stor, årleg festival for Baal. Dyrkarane feira Baals død, og Baals gjenoppståing. Rituelle sex-orgier inngjekk i festivalen. Så vart det brent røykelse, og gitt brennoffer til guden. Også menneskeofring tydde ein til når ein meinte det var påkrevd for å blidgjere guden.

Baal-templa hadde mange prestar, og tilhengarane var inndelt i ulike grupper. Alle kledde seg i spesielle antrekk under seremoniane. Prestane dansa ein vill dans rundt altaret. Dei sang frenetiske hymner, og kutta seg med knivar for å påkalle gudens merksemd.

(Det var ikkje oppført særleg mange tempel for Baal - det ser ut til at han oftast vart dyrka utandørs).

 

Fønikarane var jordbruksfolk som kanaanittane, og dei tok etter den kanaanittiske Baal-dyrkinga. Baal hadde hos fønikarane ein feminin kompanjong - ASTARTE (Ashtoreth); som i mangt var lik den greske AFRODITE. Har Afrodite sine røter i Fønikia? Ashtoreth var eigentleg namnet på ei høg tremast som var plassert midt på seremoni-plassen, ved sidan av altaret til Baal ....truleg fagert pynta. Dei eldste av desse mastene var kanskje store tre som var kvista så bare stammen stod att. Var Afrodite opphavleg ei trestamme? (Hugs at JUPITER opphavleg var ein stein). Har svenskane si mai-stang si rot i stanga til Astarte?

Når Astarte vart avbileta, dansa ho ofte ein ekstatisk dans saman med to hesteføll. Ho heldt to slangar i hendene, som ho løfta høgt over hovudet. Slangane var fallos-symbol og fræve-symbol, og symbol for naturens evige liv. Ein slange har skap som ei elv, og i elva renn vatnet ustoppeleg; ei elv døyr aldri!

Både Baal og Astarte var fræve-guddommar. Baal var Solguden, og Astarte var Månegudinna.

 

Baal-prestane fortalde folket at Baal framkalla tørke, pest, krig og andre ulukker, dersom han var misnøgd med korleis han vart akta. Så folk dyrka Baal under tyngjande framtids- angst, og gav store offergåver til Baal-templa. I krisetider vart det ofra menneske - som regel barn. Desse menneskeoffera vart ikkje dedikerte til Baal, men til den vonde guden Moloch.

Fønikarane var ein sjøfarande nasjon, og det var dei som utbreidde Baal-kulten i Middelhavs-verda. Det vart vanleg å pryde bygningar med bilete av solguden Baal.

 

Forskarar trur Baal oppstod i tidleg steinalder, då animisitske religionar var det vanlege. Animisme dreier seg om at alle plantar og dyr, og alle gjenstandar, jordflekkar, elvar, dammar, sjøar, hav, vindar, regnver, osv., har ei guddoms-ånd i seg, som gjer at dei lever. Desse natur-åndene heitte på hebraisk Baal; i fleirtall Baalim.  Når ein krokus skyt opp om våren, så er det krokusens baal som står bak - krokusens baal er krokusens livskraft. Ein åker har sin baal, såkornet har sin baal, og såmannen har sin baal. Steinalderfolka var omgitt av alle slags baalim; på alle kantar, i sitt daglege virke, og dei passa nøye på å vise dei respekt. Dei gjekk ikkje gjennom ei dør utan å be dør-ånda om løyve.

Som alle ting hadde si baal-ånd, så hadde alle ting også si ashtoreth-ånd  - ei maskulin kraft og ei feminin kraft. Ashtoreth heitte ashtoroth i fleirtall.

Seinare havna alle baalim og ashtoroth i Himmelen, og der var dei mange. I Det Gamle Testamentet høyrer vi om Elohim, som tyder hærskarar av gudar (og gudinner). Også ordet Gad, og som ein trur er opphavet til ordet gud, tyder "stor flokk". I denne himmelske gudeflokken var også Astarte å finne, som ei av dei fremste gudinnene, ved sidan av  Lilith.

Lilith var Adams første kone, men paret fungerte dårleg, fordi Lilith var så eigenrådig. Så Herren jaga Lilith, og laga ei ny kone til Adam av eitt av ribbeina hans. Var Adams første-kone ei gudinne?

 

Var Baal far til ATENE? (Sjå under LAMIA).

 

BACCHE

Bacche  var ei fjellnymfe (OREADE). Ho var også ei av HYADENE. Hyadene vart sett på stjernehimmelen av ZEVS som takk for at dei tok vare på DIONYSOS-bukken, då denne måtte ligge i dekning for HERA's vreide.

HERA's ordre greip TITANANE Zevs' nyfødte son Dionysos. Han hadde omskapt seg til ein hornete geitebukk med slange-krone, men allikevel reiv dei han i bitar og kokte bitane i ein kjele. Der Dionysos' blod hadde fukta marka vaks eit granat-epletre opp.

Dette er ein symbolmyte som skildrar ein ofrings-seremoni som hadde til hensikt å fræve jorda. Var bukken ein utkledd prins? Var det slik Dionysos byrja sin karriære? For han overlevde på noko vis:

Bestemor RHEA kom etterpå til, og fekk liv i Dionysos att. Og Zevs bad PERSEPHONE bringe barnet til kong Athamas av Orchomenos og hans dronning INO. Dionysos fekk vekse opp i Athamas' harem, forkledd som kvinne, men Hera vart så vreid for dette, at ho slo Athamas med galskap, slik at han drepte sonen sin, fordi han trudde sonen var ein hjort.

Då bad Zevs HERMES om å omskape Dionysos til eit bukke-kje, og bringe han til nymfene på Det helikonske Nysa-fjellet. Nymfene som hadde tilhald her heitte MACRIS, NYSA, ERATO, BROMIE og BACCHE. Dei oppdrog Dionysos i ei fjellhole; forkjælte han, og mata han med honning. Som takk for dette plasserte Zevs nymfene på stjernehimmelen, som stjernehopen Hyades.

Dei som vart æra ved å få plass på stjernehimmelen, hadde som regel blitt drept av politiske grunnar.   Bacche og dei andre nymfene på Nysa-fjellet vart drept av Zevs-dyrkarane.

 

Det er noko underleg med Nysa-fjellet. Forskarar trur det låg ein stad i Afrika eller Asia, men ingen veit kvar. Eg trur at eit mektig prestinne-skap av NYMFER heldt til på dette legendariske fjell. Ei av nymfene heitte NYSA, men det verkar ikkje som ho vart rekna for å vere mektigare enn sine "med-nymfer". Det ser ut til at ein i det gamle Hellas prøvde å lage kopiar av Nysa-fjellet, her og der - som for eksempel av Helicon-fjellet i Boötia, der Dionysos ifølge myten vart oppfostra i ei fjellhole.

Nymfene på Nysa-fjellet må ha vore særs mektige og vidspurde. Ved Nysa-fjellet låg byen Nysa, og truleg tyder namnet DIONYSOS "Guden frå Nysa". Sidan Dionysos hadde mykje med India å gjere, er det mulig at byen Nysa og Nysa-fjellet låg i India eller Pakistan (Indus-kulturen?).

Sidan nymfene på Nysa-fjellet hamna på stjernehimmelen under namnet Hyades, som kan tydast som "regn-makarar", er det mykje truleg at kulten ved Nysa-fjellet var fokusert på å mane fram regn - altså var det ein fræve-kult som var heimehøyrande i ei egn der det var knapt med nedbør. Det var fem nymfer på Nysa-fjellet - eit uvanleg tall i førgresk mytologi.

Kvifor prøvde grekarane å kopiere Nysa-fjellet? Var det på grunn av tørke-katastrofer?

 

Deltakarar i den romerske vinguden BACCHUS sine rituelle vinorgie-festar vart kalla Bacche. Har dette nokon samanheng med nymfene på Nysa-fjellet? I så fall må Bacchus vere oppkalla etter nymfa Bacche. Bacchus og Bacche - det høyrest rimeleg - eit gudepar. Og Bacchus var den romerske utgåva av den greske Dionysos. Dette impliserer at Bacche vart rekna å vere Bacchus/Dionysos' guddommelege hustru. Men Bacche var nok mykje eldre enn Bacchus. Av ein eller annan grunn fekk Bacchus namn etter Bacche.

At den romerske vinguden fekk namnet Bacchus og ikkje Dionysos, må sjøfararane som brakte Bacchus til Roma ta ansvaret for.  

 

Tekstboks: BILETETekstboks: Da VinciBACCHUS

Bacchus var eit nyare innslag i den romerske gudegalleriet (sjå også BACCHE). Bacchus vart dyrka som vingud, og det heitte at han var son av JUPITER og den trakiske månegudinna SEMELE. I gresk mytologi vert Bacchus kalla DIONYSOS. Men Bacchus og Dionysos var to namn på samme person/gud.

Den romerske stats gudsdyrking var svært formell, og strengt organisert. Mange lengta etter noko meir karismatisk – ei gudsdyrking som gav ei meir personleg, indre, åndeleg oppleving. Så då nokre handelsmenn innførte Bacchus og hans vin og drikkeorgier til Roma, vart denne kulten snart populær. Mange romarar meinte at vin hadde sine positive, sosiale effektar, så Bacchus vart sett på som fremjar av sivilisasjon, lov og rett, kjærleik og fred. Det var frå ca. år 200 fvt. at Roma byrja feire offisiell Bacchus-fest - bacchanalia; 16. og 17. mars. Men senatet forbaud desse festane allereide i 186 fvt., fordi dei medførte mykje kriminalitet og sexuelle utskeiingar. Lova vart nå slik at maksimum fem personar kunne delta i ein Bacchus-fest. (Sjå også STIMULA)

Semele var heimehøyrande i Trakia. Då ho fekk sonen Bacchus med ZEVS (rom. Jupiter), vart HERA (rom. JUNO) arg på Semele, og pønska ut ein plan for å få drept ho. Juno kledde seg ut som Semeles gamle pleierske, Beroe, og kom og prata med Semele. Sa det var ikkje sikkert det var Jupiter som kom og elska med henne, men ein kar som utgav seg for å vere han. "Eg vonar det er Jupiter", sa ho, "men folk er ikkje alltid den dei gir seg ut for å vere. For å vere trygg på at han er Jupiter, skal du be han kome til deg kledd slik han er når han er i Himmelen".

Semele ville prøve dette rådet, og bad Jupiter om å oppfylle henne eit ønske. Jupiter lova, og svor ved elva STYX, som alle gudane frykta.

Zevs prøvde å stoppe Semele då ho byrja seie fram sitt ønske, men ho var for kvikk i praten. I djup fortviling drog han opp til Himmelen, og kledde seg i sin himmelske mundur. Han væpna seg ikkje som då han kriga mot GIGANTANE, men prøvde å kle seg så kvardagsleg som råd. Slik dressa entra han Semeles sengekammer, men ho var ikkje udøyeleg, og vart brent til oske av hans glans.

For å berge Bacchus frå Juno, sette Jupiter han i fostring hos Dei nysakiske nymfene, som budde på Nysa-fjellet. (Sjå BACCHE). Under oppveksten her læret Bacchus  korleis vinrankar skulle dyrkast, og korleis vin skulle tilverkast av vindruenes saft.

Men Juno var ennå etter han, og ho slo han med galskap, så han tok ut på vandring utan mål og meining. Men då han kom til landet Frygia lækte hans farmor, gudinna RHEA han, og forklarte han korleis han skulle lære menneska å lage vin. Han drog så vidare mot India, og underviste undervegs. Hans lære vart svært populær i India, og han returnerte i triumf, og lærte så grekarane å lage vin.

 

Men nokre greske prinsar var imot Bacchus, for dei likte ikkje all galskapen som vindrikkinga førte med seg. Då han kom til sin fødeby, Thebe, forbaud kong Pentheos der heile hans vin-kult. Men Bacchus drog vidare omkring, og menn og kvinner (helst kvinner), gamle og unge, kom til han og ville vere med i hans triumf-tog. Bacchus vart stormodig, og bad folket føre kong Pentheos til han, så skulle han snart få han til å gi avkall på dei gamle gudane, og gå med han. Bacchus' næraste venner bad han la vere å opponere mot dei gamle gudane, men Bacchus var stormodig.

Kong Pentheos sendte ein vaktstyrke for å gripe Bacchus, men bacchanalane dreiv dei vekk. Vaktstyrken greidde likevel å fange ein av Bacchus-tilhengarane, og brakte han fram for kongen.

Her er det noko rart: Pentheos tyder "fem gudar". Det var fem nymfer på Nysa-fjellet. Hadde den thebanske kongen nær tilknyting til nymfene på Nysa-fjellet?

Kong Pentheos sa til Bacchus-tilhengaren: "Du fyr, du skal straks dømmast til døden, og avrettast som ei åtvaring til andre som fer på gale vegar. Men sjølv om det storleg ergrar meg å utsetje avstraffinga av deg, vil eg at du skal fortelje kven du er, og kva dei går ut på dei ritane som du likar å delta i!"

Den fanga Bacchus-tilhengar svara uredd: "Mitt namn er Acetes, mitt land er Maeonia, mine foreldre var fattige folk utan åkrar eller buskap eg kunne arve, men dei etterlet meg ei fiskestang og eit garn og ein fiskehandel. Eg dreiv med dette noko tid, til eg vart lei av å vere stadbunden. Då lærte eg meg navigasjon - å finne fram på havet etter stjernene.

Og dette skjedde ein gang vi var på segltur til Deos, og vi kom til øya Dia (tett ved Kreta), der vi gjekk i land. Neste morgon sendte eg mennene for å hente vatn, og sjølv gjekk eg opp på bakkekammen for å sjekke vindretninga. Då eg kom tilbake til skipet, viste det seg at mennene mine hadde gjort eit røvarkupp, dei hadde funne ein vakker unggut sovande, og kidnappa han. Dei trudde han måtte vere av adelsætt - kanskje ein kongsson, og at dei kunne få store løysepengar for han. Eg observerte hans bunad, hans ganglag og andlet, og noko sa meg at han var meir enn av dei døyelege si ætt. Eg sa til mine menn: "Kva guddom som bur i denne kroppen veit eg ikkje, men nokon må det vere." Eg bad guten om orsaking for valden vi hadde gjort mot han, og  bad han velsigne vår handelsferd.

Men Dictys, ein av mine beste menn til å klivre masta og entre i tauvverka, og Melanthos, min styringsmann, og Epopeos, som var kommando-ropar, sa alle som ein: "Spar dine bøner til oss! Har du ikkje sans for å tene pengar?"

Eg sette meg imot då dei heldt fram med å føre fangen ombord. "Dette skipet skal ikkje fornedrast av slikt valdsverk", sa eg, "Eg har større part i skuta enn nokon av dykk". Men Lycabas, ein vanskeleg fyr, greip meg om halsen og prøvde å kaste meg over bord, og eg greidde så vidt å berge meg ved å klamre meg til tauverket. Dei andre bifalla handlinga til Lycabas.

Men då riste Bacchus (for han var det verkeleg) av seg sløvskapen sin, og sa: "Kva gjer de med meg? Kva kranglar de om? Kven brakte meg hit? Kvar har de tenkt å føre meg?

Ein av mannskapet svara: "Frykt ikkje. Fortell oss kvar du vil fare, og vi tek deg dit." "Naxos er heimen min", sa Bacchus, "og om de tek meg dit skal de verte godt løna."  -  Dei lova å føre han dit, og bad meg navigere skuta til Naxos. Naxos låg mot styrbord, og eg trimma segla for å segle dit, då nokre av mannskapet kviskra til meg at eg skulle segle i motsatt retning, og ta guten til Egypt og selje han som slave der. Eg vart fortvila, og sa: "Lat nokon annan føre skuta".   Så trekte eg meg vekk frå heile vondskapsgjerninga deira. Dei forbanna meg, og ein av dei sa: "Tru ikkje at du er den einaste som kan styre skuta!" Så tok han min plass ved roret, og segla bort frå Naxos.

Då sa guden - han lest som han nett hadde oppdaga deira forræderi - han såg utover havet og lest ha gråt i røysta: "Sjømenn, dette er ikkje strendene de lova å ta meg til! Øyene der borte er ikkje heimstaden min! Kva har eg gjort sidan de handsamar meg slik? De oppnår liten ære ved å plage ein fattig gut".

Eg gret då eg høyrde hans tale, men mannskapet lo av oss begge, og sette skuta i skarp fart over havet. Men brått og merkeleg stogga skuta midt på havet, som om vi skulle ha gått på grunn. Mennene var forbina. Dei sette alle klutar til og sleit ved årene, men ingenting hjalp. Det vaks bergflette oppetter årene så dei ikkje kunne røre dei, og bergflette klamra om segla, med tunge klasar av bær. Ein vinranke, full av drueklasar, vaks oppetter masta og langs skips-sidene. Og vi høyrde fløytemusikk, og angen av krydra vin breidde seg om oss. Guden sjølv bar ein krans av vinblad, og heldt eit spyd i handa, som var innhylla i bergflette. Tigrar kraup saman ved føtene hans, og mange artar av gaupe og flekka panter leika omkring han. Mennene vart gripne av angst og galskap. Some hoppa i sjøen. Andre, som var i ferd med å gjere det same, såg at deira kompanjongar i sjøen gjennomgjekk ei forvandling. Kroppane deira vart flate, og enda i ein krokete hale. Ein mann utbraut: "Kva mirakel er dette?" Og medan han tala vart munnen hans diger; naseborane utvida seg, og kroppen hans vart dekt av skjell. Ein annan, som kjempa ved årene, opplevde at armene hans krympa til korte finnar. Ein annan, som prøvde å ta tak i noko tauverk, opplevde at armene hans var borte. Han krumma sin deformerte kropp og jumpa i sjøen. Det som hadde vore beina hans, hadde blitt til to endefinnar på ein sigdforma spord. Heile mannskapet hadde blitt til delfinar som symde omkring skuta - stundom over vatn - stundom under vatn, piska opp skum, og spruta vatn frå breide naseborar. Av tjue menn var eg den einaste att, og eg skalv av redsle. Men guden sa til meg: "Frykt ikkje, men styr mot Naxos". Eg adlaud, og då vi kom dit, då tente eg altarlys og heldt Bacchus-rituale.

Nå utbraut Pentheos: "Vi har kasta bort nok tid på denne dumme historia. Før han bort, og avrett han straks!" Og Acetes vart ført bort og fengsla. Men då dei skulle klargjere avrettings-reiskapane, åpna fengselsdørene seg, og lekkjene fall av han, og då dei skulle ha tak i han, var han ingen stad å finne.

Pentheos tok ingen åtvaringar. I staden for å sende andre, drog han sjølv til staden der Bacchus vart høgtida. Berget Kitheron krydde og levde av tilbedarar, og bacchanal-skrika ljoma over alt. Ropa opp-eldna Pentheos, slik lyden av trompetar eggjar ein strids-hest. Han storma gjennom tjukk-skogen, og nådde ei åpen slette der han kunne skode bacchus-ritualas høgdepunkt. Då fekk kvinnene auge på han - fremst av dei hans eiga mor, Agave, og blinda av gudens ånd ropte ho ut: " Sjå, der er villsvinet - det digraste monster som herjar i skogane her. Kom søstre! Eg vil vere den første til å delgje til villsvinet!"

Heile kvineflokken rausa på han - han prøver å snakke godt for seg, men dei går på han og skadar han. I fåfengd ropar han etter sine tanter - at dei skal verje han mot hans gale mor. Men Autonoe grip ei arm; INO den andre, og dei riv han i stykker mellom seg, medan Agave skrik "Siger, Siger! Vi har gjort det! Vår ære er stor!"

 

Dei religiøse festane for Bacchus vart kalla bacchanalia. Under festane vart det mellom anna framført høge rop/skrik. Grekarane kalla desse ropa bacchus, og det så tidleg som i 5. århundre fvt.

Staten Romas gudsdyrking var offisiell statsreligion. Men mykje gudsdyrking gjekk føre seg "underground" i dei lokale småsamfunna. Det var her Bacchus/Dionysos-dyrkinga gjekk føre seg som verst, med sex-orgier, svartekunst og ....eg seier ikkje meir.

 

Bacchus har fått ein hegre oppkalla etter seg; vinhegreArdeola bacchus.

 

BASILISK

Sjå under GRIFF.

 

BEFANA

Befana (La Befana) var ein italisk mytefigur. Befana var ei gammal kone ....stygg og fæl, men smilande, og veldig snill. Kvart år, på natt til 6. januar, delte ho ut sukkertøy til alle snille barn. Dei som ikkje hadde vore snille fekk kolklumpar.

Befana kan minne om Julenissen. Men ho vart gjerne avbileta som ei gammal kone som reid på eit kosteskaft gjennom lufta. Ho var kledd i eit digert svart sjal, og var elles dekt av sot, fordi ho entra ned gjennom skorsteinane når ho skulle bringe gåver til barna. Barna hengte opp strømpene sine ved eldstaden, og Befana fylte dei med kandissukker eller kolklumpar. I Italia var det vanleg at barna fann ein sukkerklump farga svart av sukkerkulør, så den likna ein kolbit. For heilt snille, heile året igjennom, kunne ingen barn ha vore, meinte Befana. (Hefrå altså; skikken med julestrømpe).

Den natt Befana var venta, vart det sett fram noko mat og vin til ho. Og Befana rydda og kosta golvet reint etter seg, for ho var svært husmoderleg.

Det ser ut til at Befana høyrde kristendommen til, og var knytt til den kristne høgtidsdagen Epiphania, som tyder "tilsynekomst". Både Austkyrkja (Konstantinopel), og Vestkyrkja (Roma) feira denne dagen. Vestkyrkja feira dagen 6. januar. På norsk har dagen fått namnet Heilage Tre Kongars dag.

Kyrkja må ha byrja feire Epiphania før ho vart delt mellom to pavar. Men somt av innhaldet i Epiphania-feiringa verkar ganske "heidensk", så vi kan rekne med at Epiphania-feiringa var ein gammal italisk tradisjon som Kyrkja adopterte.

 

BEGOE

Begoe var ei etruskisk gudinne (NYMFE) som hadde med lyn og torden å gjere, og som vart adoptert av romarane.

Ein trur Begoe var forfattaren av boka Ars fulguritarum, som var ei lærebok i kunsten å reinse stadar som var blitt råka av lynnedslag. Denne sakrale boka vart oppvara i APOLLON-templet i Roma, saman med Dei Sibylliske Bøker og andre bøker om trolldom.

Begoe var mykje trollkunnig. Ein gang drepte ho ein diger okse ved å kviskre namnet på "Den Høgste" i oksens øyre.

Om det var ZEVS eller JUPITER eller ein annan himmelgud som kasta tordenkilar ....staden der lynet hadde råka, var farleg, og måtte reinsast før folk kunne opphalde seg der att. Begoe hjalp med dette, og ho skreiv ned sine oppskrifter i ei bok, med tanke på seinare slekter.

 

 

Tekstboks: PEGASOSTekstboks: BILETEBELLEROFON

Bellerofon var ein ung mann og HERO - prins av byen Efyra (nåverande Korint) - son av GLAUKOS, soneson av SISYFOS. Mora hans var EVRYNOME 1. Bellerofon drepte ein kar som heitte Belleros, og fekk namn etter denne gjerninga. Ved eit uhell drepte han også broren sin; måtte rømme landet, og tok inn som gjest hos kong Proetos av Argos (eller var det av Tiryns?).

Denne kongens hustru, Anteia (Steheneboea), vart forelska i Bellerofon. Då han avviste ho, vart ho så fornærma at ho klaga han falsk for kongen, og sa han hadde tedd seg uhøvisk mot ho. Kongen ville ikkje bryte gjestevennskapet ....han var redd at FURIENE ville straffe han for det. Så han sendte Bellerofon med eit forsegla brev til sin svigerfar Iobates, konge av Lykia i Lille-Asia. I brevet stod det at overbringaren av brevet måtte drepast, for han hadde skjenda Proteos' kone og Iobates' datter. (Temaet i denne myten minner om historien om  Josef og Potifars hustru ....det er mange mytar som sentrerer om dette tema).

For å oppfylle Proetos' krav, sendte kong Iobates Bellerofon i kamp mot eit fælt, kvinneleg uhyre som heitte CHIMAERA, som hadde slangehale, geitekropp og eit løvehovud som spruta eld.

Nå spurde Bellerofon sjåaren Polyeidos om råd om korleis han skulle meistre Chimaera, og denne rådde han til å temje venge-hesten PEGASOS. PALLAS ATENE ordna det slik at Bellerofon greidde dette, ved hjelp av eit gull-bigsel ho gav han. Ved hjelp av Pegasos vann Bellerofon over uhyret Chimaera. Han flaug høgt over uhyret og skaut ei mengd med piler. Men drake-elden smelta pilspissane. Så festa han ein svær blyklump fremst på spydet sitt, og sendte dette i gapet på Chimaera. Drake-elden som flamma i kjeften hennar smelta blyet, og det rann ned gjennom halsen hennar, og ho vart dødeleg såra.

Men Iobates viste inga takksemd over at Chimaera var tatt av dage. Nå sendte han Bellerofon mot dei krigerske solymianane og deira allierte, AMAZONENE. Solymianane var Israels-folkets hær under leiing av kong Salomo (Solyman). Den veldige hæren av amazon-kvinner var ute etter å hemne drapet på Chimaera. Korleis desse to hærene vart allierte, er eit stort spørsmål. Men Bellerofon flaug over dei på Pegasos, og slapp store steinblokker i hovudet på dei.

Sidan måtte Bellerofon kjempe mot ein bande kariske sjørøvarar (sjå KER), leia av Cheimarrhos, ein rå og brautete krigar som segla eit skip med løvehovud og slangehale. Heller ikkje sigeren over desse brakte Iobates i godlune. Tvert imot sendte han slottsvakta for å arrestere Bellerofon. Bellerofon steig då av hesten, og bad til POSEIDON, at han skulle oversvømme landet etter kvart som Bellerofon steig fram. Poseidon høyrde bøna, og medan Bellerofon nærma seg Iobates' palass, kom svære bølger langsomt rullande bak han. Då lyfte alle kvinner i landet kjolane sine til livet, og kom stormande mot Bellerofon og baud seg fram som betaling, om han ville stoppe sin land-overfløymande frammarsj. Bellerofon vart så forlegen over dette, at han rømde med halen mellom beina.

Iobates vart nå overtydd om at Bellerofon måtte vere uskuldig i åklagane om å ha fornærma dattera hans. Som plaster på såret fekk han Iobates' datter Filonoë til kone, og han skulle verte arving til den lykiske trone. Iobates prisa også kvinnene i landet, (dei xanthianske kvinnene), og baud at i ettertida skulle arv reknast etter mor og ikkje etter far. (Ei elv i Lille-Asia, nær Troja, heitte Xanthos, men vart helst kalla Scamander. Dei xanthianske kvinner var nok kalla etter denne elva, eller distriktet omkring).

Dette er noko å legge merke til! Ein patriark som i takkoffer gir matriarkatet makta tilbake! Truleg ligg det mykje politisk renkespel og maktkamp bak myten om Bellerofon og Iobates.

I sigers-rus ville Bellerofon nå flyge til OLYMPOS' topp på Pegasos. Men då sendte ZEVS ein hestebrems som stakk Pegasos, så han steila og kasta Bellerofon av. Pegasos kom åleine til Olympos, og Zevs sette han på stjernehimmelen. (I ein annan myte heiter det at Zevs brukte Pegasos som pakkdyr for tordenkilar.)

Bellerofon landa i eit tornekratt, og vart invalid og blind. Han vandra einsam omkring på jorda, og heldt seg i skjul til døden tok han.

 

Pegasos' sentrale plass i myten om Bellerofon, tyder på at Bellerofon var knytt til ein heste-kult. Desse kultane var heimehøyrande i somme av dei gamle matriarkalske kulturane. Prestinnene rusa seg på vaginal-utflod frå kåte merrer, og så kledde dei seg ut som merrer med man gul som månen, og jaga ein fyrig hingst. Denne hingsten kunne vere ein hingst, eller det var ein heilag-konge utkledd som hingst.

Bellerofon måtte fange ein vill-hingst; dette inngjekk også i rituala. Pegasos tilhøyrde fjell-nymfene på Helikon-fjellet, så dei var nok sentrale i heste-kulten. (Sjå BACCHE).

Då hingsten var innfanga, var det rituell dans som enda i ville sex-orgier, og mange stadar overlevde ikkje hingsten (den årlege heilag-kongen) festen. Greidde Bellerofon å unnsleppe? Vart det sett på som ei stor skam å unndra seg ritualet med å verte riven i filler av ekstatisk kåte kvinnfolk utkledde som merrer? Ja, i alle fall denne myten konkluderer slik: Bellerofon overlevde, men kunne sidan ikkje vise seg for folk.

Pegasos hamna på stjernehimmelen. Det var ei stor ære, men det betyr nok at Pegasos vart drept, men vart æra etter sin død, ved å få plass på stjernehimmelen.

Solymianane, trur somme forskarar, kan vere folket til Bibelens kong Salomo, som byen Jerusalem heiter etter, og som let seg dyrke som sol-gud. Amazonene høyrde MÅNEN til, så Bellerofon måtte kjempe mot hærene til både sol og måne. Og han kjempa mot løvekultar, geitekultar og slangekultar. Han vart støtta av Atene og Poseidon, fekk heider og ære, men vart så slått til jorda av Zevs. Det må ha vore ei skikkeleg heksegryte av storpolitiske maktkampar omkring Bellerofon. Kva som eigentleg gjekk for seg, på det religions-politiske plan, finn vi truleg aldri ut.

Bellerofons far, GLAUKOS, dyrka ein hestekult. Også han sleit i religions-politiske maktkampar. (Sjå GLAUKOS).

 

Tekstboks: BELLONABELLONA

Bellona var krigs-gudinna i romersk mytologi. Ho var søster og hustru til krigsguden MARS. Ho vart ofte identifisert med den greske krigs-gudinna ENYO. Dei gamle latinarane hadde også ei krigsgudinne, som heitte Nerio, og skulle vere kona til Mars. Bellona var kanskje ei seinare utgåve av denne. Somme trur at romarane arva Bellona frå toskanarane.

Det vart bygd eit tempel for Bellona i Roma, i 296 fvt., på Campus Martinus på utsida av bymuren, nær altaret for Mars. Her tok romerske senatorar imot ambassadørar frå utlandet. Det var festdag for Bellona 3. juni. Ho vart avbileta med hjelm og sverd, spyd og fakkel.

Framfor Bellonas tempel stod krigssøyla, columna bellica. Når romarane erklærte krig, vart det halde seremoniar ved denne søyla. Bellona deltok gjerne i krigane saman med Mars, og ho var svært populær mellom soldatane.

Også etruskarane dyrka Bellona. I Etruria var menneske-ofring knytt til Bellona-dyrkinga. Truleg var Bellona ei mektig og sentral gudinne som vart dyrka i mange område før romarane adopterte ho.

 

Tekstboks: BONA DEABONA DEA

Bona Dea var romersk fræve-gudinne. Namnet hennar tyder "Den Gode Gudinne". Ho vart særleg dyrka av romerske husfruer - ja, det var bare kvinner som dyrka Bona Dea. Ho overvaka både jomfrudom og fruktbarheit (fræve). Ho var datter av guden FAUNUS, og vart stundom kalla "FAUNA".

Bona Dea hadde eit tempel med stor urtehageAventinar-høgda, men dei heilage rituala for ho (4. desember) vart utførte i huset til ein høgare romersk embetsmann. Bare kvinner kunne delta, og alt som hadde med menn å gjere vart fjerna - til og med matskåla til ein hankatt. Ved desse løyndomsfulle samkomene var det forbode å nemne orda vin og myrt, for ein gang hadde Faunus drukke Bona Dea full og piska ho med ein myrte-kvist, og prøvd å valdta ho. Grisepurker vart ofra til Bona Dea.

Det var fest for Bona Dea på 1. mai. Heller ikkje på denne festen fekk menn lov å vere til stades.

Bona Dea var også lækje-gudinne, og sjuke vart handsama i tempelhagen hennar, med medisinske urter. Bona Dea vart avbileta sitjande på ei trone, med eit overflødigheitshorn i handa. Ho omgav seg med slangar - slangar var symbol på lækjedom. (Sjå HEFAISTOS). Vigsla slangar vart haldne i templet hennar i Roma. Ofte var Bona Dea å finne avbileta på romerske myntar.

 

BOREADANE

Boreadane var dei to sønene som BOREAS (konge over Nordavinden) fekk med OREITHYIA (EVRYNOME 2). Oreithyia var datter av kong EREKTHEVS av Aten og hans dronning Praxithea, men vart også kalla datter av OKEANOS.

Dei to boreadane heitte Calais og Zetes og var tvillingar - dei vart HEROAR, og etersom dei vaks til, grodde det ut venger på ryggane deira. Boreadane fekk også to søstre. (Sjå BOREAS).

Boreadane var med JASON og ARGONAUTANE på deira store ekspedisjon. På denne ekspedisjon nedkjempa boreadane dei nifse HARPIENE, men regnbogegudinna IRIS bad for harpiene, så boreadane drepte dei ikkje.

Under gravferds-leikane for kong

 

 

 

Tekstboks: BOREASBOREAS

Boreas vart også kalla OPHION (Ofion) Han var grekarane sitt namn på Nordavinden - han var den guddommelege krafta i Nordavinden - han var den personifiserte nordavind. Som alle vindar vart Boreas avbileta som monster med slangehale. Han hadde stort skjegg og kjempekrefter, og alltid var han i følge med andre vesen.

Boreas var kvinneleg guddom i hebraisk-egyptisk mytologi. På latin vart Boreas kalla AQUILO, (ørn).

Folket som vart kalla Pelasgarane (folk frå yngre steinalder som hadde lært seg krukkemåling) er sagt å vere klekte av Boreas’ tenner. Dei kom til Hellas frå Palestina 3500 år fvt.  Helladane, som migrerte til Hellas frå Lilleasia via Kykladane, fann 700 år seinare pelasgarane busette på Peloponnes.

Boreas var son av EOS og ASTRAEOS og bror til dei tre andre vindane, ZEPHYROS, EUROS og NOTOS. Han hadde to søner, to døtre og seks merrer som kunne galloppere over åkrane utan å øydelegge avlingane

Boreas dansa med skapingsgudinna EVRYNOME (OREITHYIA), og sette barn på ho. Med EVRYNOME fekk Boreas sine to søner, som vart kalla BOREADANE. (Les om dette under EVRYNOME 2).

Boreas opptrer stundom i kombinasjon med guden ERECHTHEVS. Denne dobbelt-gud - Boreas-Erechthevs, vart ATENE sin svigerbror.

Boreas-kulten ser ut til å ha oppstått i Libya - til minne om då HERMES vart kjær i EVRYNOME's  forgjengar HERSE, medan ho bar ei heilag korg i rituell prosesjon. I korga var slangar som hadde rollen som fallos-symbol. Hermes valdtok Herse med ATENE si velsigning.

Religiøse festar for Boreas vart også arrangerte i Britania og i Kaukasus - Boreas kom frå Paradis, som vart trudd vere i Det Fjerne Aust, eller i landet som grågåsa flaug til om våren.

Ein tidleg teori gjekk ut på at barnefoster var reinkarnasjonar av avdøde forfedre, og at dei kom inn i sine nye mødre ved brå vindkast. Romarane prøvde ved hjelp av denne teorien å forklare korleis Jomfru Maria kunne verte frukta av Den Heilage Ande.

Særleg merrer var mottakelege for å verte frukta av Boreas. Romarane trudde i lang tid evt. at spanske merrer vart frukta av Boreas. KENTAUROS var avkom av Boreas. LAOMEDES' merrar hadde Boreas til far.

Boreas blæs om vinteren frå Trakia, (frå Haemus-fjella og Strymon). Han blæs og har med seg regn, og når våren kjem, ser ein at han har frukta heile Attika-landet.

Boreas-kulten spreidde seg frå Aten til Trakia, og vidare til Troad, der EREKTHEVS (ERECHTHONIUS) hadde 3000 merrer.

Boreas hjalp atenarane i striden mot Persia ved å senke Xerxes' flåte - 400 skip strauk med i ein veldig storm, og Boreas fekk årleg takkoffer-gåver til for dette.

HEROANE var heilage kongar som var vigde til HERA. Deira lekam var trygt forvara under jorda - deira sjeler reid til Heras' Paradis på Boreas rygg.

Stundom vart den destruktive nordavinden Boreas identifisert med PYTON eller TYFON - eit slangevesen som heldt seg saman med DELFINUS.

 

BRIAREOS

Briareos var ein av dei tre HEKATONKHEIRANE; veldige kjemper med 50 hovud, som ZEVS henta til OLYMPEN for å hjelpe til med å slå ned eit opprør, igangsett av HERA. Poseidon gav Briareos evne til å gå gjennom havet. Les meir under HEKATONKHEIRANE).

 

BRISEÏS

Briseïs var ei vakker jente som heroen ACHILLES røva til seg under Trojanarkrigane. Men kong AGAMEMNON forlangte å få overta Briseïs, og dette førte til at Achilles gjekk til teltet sitt og stura, og nekta å kjempe meir. Seinare fekk Achilles Briseïs tilbake.

 

BRITOMARIS

I ei hymne til  ARTHEMIS vert Britomaris skildra som den NYMFA Arthemis likte aller mest. Ho var framifrå hjortejegar. Men opphavleg var ho ei gudinne frå Kreta, som vart adoptert av Arthemis-kulten. Kong MINOS var sinnsjukt hugteken i ho, og jaga etter ho over heile Kreta. Ho gøymde seg i eik og myr, men kunne ikkje riste han av seg. Han jaga etter ho i ni månadar utan stans, og til sist fekk han auge på ho ute på ei klippe. Ho kasta seg utfor klippa, men vart fanga i eit fiske-nett, og sidan er ho blitt kalla "Fiske-garnets Frue".

BROMIE

(Bromis)

Bromie var ei fjellnymfe; ei av HYADENE. Desse vart sett på stjernehimmelen av ZEVS som takk for at dei tok vare på DIONYSOS-bukken då denne måtte ligge i dekning for HERA's vreide. (Les meir under BACCHE).

 

BRONTES

Brontes var ein av dei tre CYKLOPANE - einauga monster; avkom av URANOS/GAIA. Hans to brør var STEROPES og ARGES.

Som alle Uranos' barn, vart Cyklopane innestengt i jordas indre. ZEVS frigjorde dei, og som takk gav Cyklopane han tordenkilar. Cyklopane hjalp sidan Zevs i hans kamp mot TITANANE. Cyklopane laga ein framifrå jaktboge som dei gav i gåve til ARTHEMIS.

 

BUBONA

Bubona var den romerske verne-gudinna for hestar og kveg. Opphavleg var ho ei gallisk gudinne som heitte Epona, og romarane adopterte ho.

 

 

 

  

                                  Til framsida

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

                                                                          


1