GRESKE OG
ROMERSKE GUDAR |
||
Gudar på C |
Forfatta av Aslak Nedregård |
Gresk |
|
Romersk |
|||||
|
|
||||||
|
|||||||
|
|||||||
|
|||||||
|
|||||||
|
|||||||
|
|
||||||
|
|
||||||
|
|
||||||
|
|
||||||
|
|
||||||
|
|
||||||
|
|
||||||
|
|
|
|||||
|
|
|
|
|
|
||
|
|
|
|
|
|
||
|
Cacus
var eit eldsprutande monster som heldt til i ei grotte på Aventin-høgda i Roma. Han var son av smed-guden VULCANUS, og levde av menneskekjøtt. Ein gang stal Cacus oksane
som HERCULES hadde stole frå GERYON. Men Cacus’ søster, Caca, fortalde Herakles kvar oksane
var gøymt, og han tok tilbake oksane og drepte Cacus. (Her
får vi ein skimt av at Cacus/Caca kan har vore dyrka som eit gude-par som
hadde noko konfliktstoff gåande mellom seg, men elles veit vi ingenting
fortalt om Caca). Det gjekk ein bratt sti frå Cacus'
hole på Aventin-høgda til Palatin-høgda,
som vart kalla Cacus’ trapp (Scalae
Caci). Ved Cacus' hole bygde Hercules eit altar til minne om at han hadde
drept monsteret Cacus. Altaret fekk namnet Ara maxima, og det eksisterte i fleire århundrer framover, og
like ved vart kvegmarkanden Forun
Boarium etablert. Kveghandlarar brukte å ofre ein tiend av fortenesta på
Ara maxima, og elles var store, offentlege rituelle høgtider sentrert om
altaret. Før Cacus
vart gjort til monster i diktverket Aenaiden,
var han ein førromersk, italisk eldgud,
som tydlegvis har hatt tilhald i ein aktiv vulkan. Cacus' hole var inngangen
til vulkanen. Eg kjenner ikkje til nokon vulkan i Roma. Kanskje budde Cacus i
vulkanen Vesuv, og myteforteljaren
flytta vulkanen til Roma som eit litterært grep? Folk ottast
guden i vulkan-fjellet - vi veit korleis det gjekk med byane Pompeii og
Herculanum. Det måtte ofrast til guden for at han skulle halde seg i ro.
Krevde han menneske-offer? Men til sist kom Hercules til hjelp, og fekk drept
han. Denne Hercules er den samme som grekarane sin HERAKLES. Det verkar som eit politisk drap - at myteforteljaren
har komponert historien som propaganda for dei olympiske gudane - at dei
greidde å knuse dei gamle gudane som var knytt til natur og naturkreftene. Ville
forfattaren stå opp mot gammal "overtru". Ville han legitimere forbod
mot menneskeofring? Men kva har
oksane (kveget) med saka å gjere? Først stal Hercules kveget til Geryon, og
så stal Cacus kveget frå Hercules, men Hercules greidde å ta kveget tilbake. Truleg er
dette ein svært gammal myte som forfattaren har dikta om. Faktisk liknar
myten svært på den babylonske myten om
Gilgamesh, og då er vi så langt
tilbake i historien som minst 2500 år fvt. Det var
skikk hos mange eldre, greske folkestammer, at når ein storkar gjekk på
friarferd til ei kvinne av høg byrd, så måtte han gjere det storverket å ta
ut på ein heroisk ekspedisjon, for å stele kveg frå ein nabokonge eller
liknande, som han så gav sin tilkomande svigerfar som betaling for bruda. Ei
fager ungjente av høg byrd kunne koste fleire hundre oksar og kyr. Denne skikken er ennå vanleg mange stadar i
Afrika. Ein kan også betale med kamelar. Vi
kjenner historien om Cacus og Hercules frå diktaren/forfattaren Virgil sitt store, episke dikt Aeneiden. Virgil levde i Roma i
første århundre fvt. Her følger myten fritt etter Virgil - det er kong EVANDER som fortel til heroen AENEAS: Desse høgtidssame
seremoniane for guden Hercules, denne rituelle festen, dette altaret,
guddommeleg vigsla, vart ikkje pådytta oss av nokre fantasifulle kjettarar
som ikkje brydde seg om våre gamle gudar. Vi held ved lag desse ritene,
Aeneas, til ære for ein som fridde oss frå grusom fare, og derav er vel
fortent at vi høgtidar han. Sjå opp på den bratte skråninga, og dei
overhengande klippeblokkene! Sjå steinblokkene som ligg strødd omkring! Så
aud er fjellheimen, med knausar som har velta overende - gigantiske
brotstykke! Ei hole var der ein gang, i ei djup bergskore i fjellsida,
unåeleg for solas strålar; med ein bebuar som var ein halv-menneskeleg,
frykteleg skapnad; Cacus. Golvet i hans slott var jamt varmt av ny-spilt
blod, og nagla til palassets skammelege dører kunne du sjå opphengte
mannehovud, gustne og nifse, i forråtning. Dette troll var son av Vulcanus.
Når han rørte sin titanske lekam, pusta han ut sin fars dødelege eld. Men
også til oss, som lenge lengta etter ein dag å få hjelp - brakte tida fridom,
ved guddommeleg hjelp. For den store hemnaren,
Hercules, kom, ærerik etter å ha nedkjempa og røva den treeinige Geryon.
Sigersrik kom han vår veg, drivande på sine store oksar, og kveget hans vart
trengt saman ved elva vår. Cacus vart så sanselaus av sjukeleg begjær, at han
kunne ikkje late noko lovlaust vågestykke vere uprøvd. Han røva fire flotte
oksar frå bølingen, og like mange kviger - svært fine dyr. For at dei ikkje
skulle etterlate seg spor som viste kva veg dei hadde fare, drog han dei
etter rumpene baklengs inn i hola si, og gøymde bytte djupt inne i den
sollause klippa der. Den som leita ville ikkje finne noko spor som leia til
hola. Då Hercules ville fare
vidare med kveget frå grasmarkene dei hadde beita ned, rauta oksane hans
klagande då dei skulle fare. I våre åsar og skogar laud gjenklang av klaginga
til den bortfarande kvegflokken. Og så skjedde det at ei av kvigene som var
gøymt djupt inne i den aude hola, rauta til svar, og avslørte Cacus'
brotsverk. Og djupt krenkt stod
Hercules, son av Alcides, opp i
rasande sinne, og greip sitt våpen, den tunge knotre-klubba. Han la i veg til
toppen av fjellet - rett opp der. Og for første gang såg våre folk Cacus
skikkeleg skremt, med panikk i augene. Han var lynkjapt på beina, og sprang
mot hola si som ein vind - frykt gav hans føter venger. Hans far hadde
konstruert ei mekanisme som heldt ei diger klippeblokk i ballanse, og den
fall nå ned og blokkerte holeinngangen. I neste augeblikk var Hercules der i
raseri. Han kika hit og dit for å finne ein mogleg veg inn, og skar tenner.
Han søkte tre gangar over heile Aventin-høgda i raseri, og tre gangar gjekk
han fåfengt laus på klippeblokka. Tre gangar fall han ned i dalen; utslitt. På toppen av fjellet raga ei høg steinnål av flint, der gribbar bygde sine reir. Denne
steinformasjonen raga noko utover fjellkammen, og Hercules kasta seg nå med
heile si vekt mot sida på nåla, rista ho, og rykte ho laus frå sine djupe
røtter. Så drog han brått og kraftig i, og ved det rykket laud eit toreskrall
over den vide himmel; elvebreiddene sprang frå kvarandre, og elva krølla seg
saman i angst. Men nå kunne ein også skode inn i hiet til Cacus; heile hans
mektige slott låg avdekt og synbært, til sine innste djupner. Det var som om
jorda låg knust og gapande like til sitt djupaste, og avslørte sjølvaste
Underverda; skrømt-egnene som er forhatt av gudane, og du kunne stirre ned i
avgrunnen frå ovan, og sjå åndene der krympe seg under dagslyset som braut inn. Cacus var fanga i sitt
klippekammer- forvirra og sjokka over den uventa lysstraum. Han brølte hjelpelaust medan
Hercules sendte ein regnskur av piler ned på han, og deretter alt han kunne
råke han med - trestammer og enorme steinblokker. Cacus, som ikkje såg nokon
veg ut av klemma, slapp ut ei stor røyksky, slik at eit teppe av røyk breidde
seg over heile hans bustad, og alt vart løynd i røyk. Heile hola hans vart
til ei tjukk, svart skoddenatt som det skaut eldgneistar ut av. Hercules vart så rasande av
dette at han tapte all sjølvkontroll. Han kasta seg ned gjennom elden i eit
kjempesprang, til staden der røyken rulla tjukkast og tettast, og bølga i den
veldige hola, i kvervlande, svarte skyer. Han fekk lagt hand på trollet, som
nå bare spydde puslete flammar inn i mørkret. Hercules tok godt tak, og
bretta Cacus saman i knute. Han tok strupetak på han så augene brast, og han
blødde frå sin tørre hals. Då sprang dørene opp, og eit mørkt avlukke vart
avslørt, og der kom Hercules' stolne kveg fram i lyset - tjuvgodset som Cacus
hadde trekt baklengs inn dit. Vårt folk vart aldri ferdige
med å stirre på det bestialske uhyret - hans grusomme auger, hans andlet, dei
børstegrove håra på hans bryst; den slumrande vulkanen i hans svelg. Sidan den dagen
har vi forretta desse rituala. Nye generasjonar har halde dagen heilag, under
leiing av dagens grunnleggar, Potitius,
og Pinaria-familien - vaktarane
over Hercules-dyrkinga. Altaret, som Hercules sjølv sette opp i lunden her,
skal til evig tid vere for oss, i sannings namn, Ara Maxima. Skildringa
av blodet på golvet og hovuda som er spikra på dørene, tyder på at Evander
ikkje fer med tull når han fortel om den rå Cacus-kulten med menneskeofring.
På eitt eller anna fjell var det eit Cacus-tempel, der så mange menneske vart
ofra at blodet aldri vart kaldt på golvet. Den Cacus som spring opp i panikk
når han får auge på Hercules, må ha vore ein Cacus-øvsteprest. Laga
Hercules slikt veldig oppstyr på grunn av nokre oksar og kviger? Nei, det var
nok større ting som låg bak. Kveget som han fridde var truleg unge menn og
kvinner som vart haldne i fangenskap i Cacus-templet. Vulkan-kulten var
truleg også ein okse-kult, der jomfruer og unggutar vart utkledde som kviger
og oksar, og rituelt ofra for å gi fræve til folk og land. Var
Cacus' søster, Caca, ei av kvigene? Det var rautinga til Caca som avslørte
Cacus' brotsverk for Hercules. Cacus var øvstepresten. Han skulle valdta Caca
på guddommeleg vis, og etterpå skulle ho ofrast til vulkan-guden. Det var bra
Hercules fekk gjort slutt på denne tyranniske kulten. Men kven var Herculers? |
||||||||||||
|
-
sjå KADMOS. |
||||||||||||
Caelestis var ei steingammal himme-gudinne som romarane adopterte frå
kartagarane. Kartagarane kalla ho Tanit,
men romarane døypte ho om. Det ser ut til at romarane til tider såg på ho som
ei utgåve av JUNO. Caelestis reid
på ei løve, og var frå gammalt ei ”Store-Mor-gudinne”. Sjå også DIANA. |
|||||||||||||
Caenis
var datter av lapitten Coronis; (somme
seier av Elatos av Magnesia). Eg trur Caenis var lapitt.
Lapittane budde i Thessalia (sjå KENTAURAR). Caenis vart brutalt valdteken av POSEIDON. Etterpå angra han, og sa
han at han skulle oppfylle kva ønske ho enn hadde. Ho ønskte då å bli ein
mann - ein usårleg krigar, så ho ikkje skulle verte valdteken meir. "Eg
er lei av å vere kvinne", sa ho. Poseidon skapte ho då om til ein
skræmeleg og usårleg krigar som fekk namnet Caenos, og omskapt til mannsfigur
hemna Caenis seg på alle menn ho kom over, ved å drepe dei i strid. Caenos
var så sigersrik at lapittane valde han til konge, og han fekk ein son som
han gav namet Coronis. Caenos vart stormodig av sin suksess. Han sette eit spyd
i bakken midt på marknadsplassen der folk kom saman, og han bad folket ofre
til spydet som til ein gud, og ikkje dyrke nokon annan gud enn spydet. ZEVS vart ikkje blid då han fekk høyre om
dette, og han eggja KENTAURANE til
å prøve å få tatt livet av Caenos. Under bryllupet til PEIRITHOOS gjekk kentaurane til angrep, men Caenos fekk drept
fem-seks av dei utan problem. Caenos var usårleg. Men dei resterande
kentaurane hamra Caenos i hovudet med granstammer, til dei fekk hamra han ned
under jorda. Så stabla dei ei diger tømmervelte over han, og Caenos kovna og
døde av dette. Ein fugl med gule venger flaug ut av tømmervelta, og sjåaren Mopsos, som var til stades, sa at det
var sjela til Caenos. (Forskarar trur fuglen var ein slags gauk - i alle fall
ein fugl som kjem om våren). Då lapittane grov fram liket av Caenos for å
gravlegge han, var Caenos blitt til kvinna Caenis igjen.
Etter desse gamle lovene skulle dronninga
kle seg i kunstig skjegg, for å kunne kommandere hæren. Frå
folkevandringstida kjenner vi til folkestammen Langobardane - deira kvinner tok på seg laus-skjegg og blotta sine
bryst, og ved dette skremde dei ein angripande hær til retrett. Og i Zambesi i Afrika kler ennå dronninga
seg med lausskjegg for å symbolisere at ho er mann og har rett til å regjere. Og i det gamle Egypt tok dronningar på seg lausskjegg
dersom dei skulle opptre som farao. Namnet Caenis tyder "ny". Caenis var ei utgåve av KORE - datter av Mor Jord - DEMETER.
Caenis og Caenos representerte det nye
året. Det nye året måtte bere i seg både eit maskulint og eit feminint
aspekt for å kunne slå ut i bløming. Eg veit ikkje kvifor akkurat treet gran er så sentralt i myten om Caenis, men den evig-grønne grana
symboliserer naturen som overlever vinteren; (dette er opphavet til juletreet). Caenos utanda under ein haug
av gran-stammer, men ein vårfugl flaug ut. Var mai-stanga ei granstamme?
Svenskane brukar bjørk eller bøk, men i Sør-Tyskland vert ei kvista
granstamme pynta som mai-stang under vårfesten. |
|||||||||||||
Calliope
var ei veltalande MUSE. Med henne
fekk APOLLON sonen ORPHEOS. Sjå MUSENE. |
|||||||||||||
|
Callisto -
("den mest strålande"), var ei jordisk kvinne som ZEVS forførte. Arthemis hadde fått løyve av Zevs til å rekruttere
80 nymfer til å vere i hennar følge. Dei var 20 elve-nymfer og 60 hav-nymfer.
Alle var ni år då ho plukka dei ut, og ho forlangte at alle skulle leve
jomfrueleg som ho sjølv. Callisto var ei av desse nymfene, og svært vakker. Zevs omskapte seg slik at han såg ut som
Arthemis, og gjekk til Callisto. Så heiv han maska og tok ho i armane, og
Callisto fekk sonen ARCAS av
dette. Arthemis vart arg på Callisto fordi ho hadde brote jomfru-eiden, så ho
omvandla Callisto til ei bjørne-binne. Arcas fekk vekse opp, og vart ein
dugande jegar. Ein gang traff han på mora si under jakta, og han ville ha
skote ho, om ikkje Zevs i all hast kom til, og rykte dei båe opp til
Himmelen. Callisto vart til stjernebiletet Store Bjørn og Arcas vart til den store stjerna Arcturus i stjernebiletet Boötes. Andre har
hevda at det var Zevs som forvandla Callisto til ei binne, men at HERA fekk lokka Arthemis til å skyte
denne. Ein myte utlegg det også slik at det var Hera som omskapte Callisto
til binne. Det er ikkje godt å vite kva ein skal tru om dette, og kanskje er
det heller ikkje så viktig. Det som
i første omgang er viktig, er at moder-drap
vart forhindra, for det var eit ubøteleg brotsverk. Men i andre omgang:
Kvifor hamna mor og son på stjernehimmelen? Zevs og prestane hans nytta seg
ofte av den strategien, at når nokon skapte så store problem for dei at dei
ønskte dei fjerna frå jordas
overflate, så fekk dei drept desse på eitt eller anna vis. Men for å stagge
folkeleg opprør frå tilhengarane til dei drepte, så utla dei det slik at dei
drepte nå var å finne på stjernehimmelen, og at tilhengarane kunne halde fram
med å dyrke dei der. I
oldtidsbyen Brauron i Attika vart
Arthemis dyrka som "Arthemis frå Brauron". I ein årleg serememoni
her var to småjenter utkledde som bjørnar innslag i ein stor prosesjon. Øvsteprestinna
som representerte Arthemis i seremonien var kanskje også utkledd som bjørn?
Bjørnen var eitt av Arthemis' heilage dyr. Bar Arthemis-prestinna namnet
Callisto? Vart prestinna drept av presteskapet til den innvanderande,
patriarkalske Zevs-kulturen? Ser slik ut. Ein av planeten Jupiters månar er
blitt oppkalla etter Callisto. |
||||||||||||
Calypso var
datter av den gamle havgudinna THETIS og titanen ATLAS (somme meiner NEREOS eller OKEANOS).
Ho budde på den mytiske øya Ogygia i
Det Joniske Hav. Ho vart av historikaren Hesiod
rekna som ei NYMFE (havnymfe, OKEANIDE), men ting tyder på at ho
vart dyrka som gudinne. Calypso hadde ikkje omgang med vanlege folk, men
heldt seg med eit "hoff" av nymfer. Hennar bustad var ei stor
berghole. Då ODYSSEVS var ute
på si lange sjøferd, kom han ein gang til eit trangt strede mellom to klipper.
På eine klippa stod monsteret SCYLLA
og ville ta livet av han - ved andre klippa lurte den trugande
kvervelstraumen CHARYBDIS. Hans skip vart knust, men Odyssevs
greidde å berge seg i land på Calypsos øy. Her tok Calypso seg av han, og ho
vart kjær i han, og Odyssevs vart verande hos ho lenge. Odyssevs' vidgjetne
sjøreise varte i ti år, men i sju av desse ti åra var han hos Calypso på
Ogygia. Det var sju lukkelege og fredfulle år, i motsetnad til resten av
Odyssevs reise, som bare var krig og kamp og djevelskap. Calypso lova Odyssevs ydøyelegheit om han ville inngå ekteskap
med henne, men dette nekta han, for han tenkte på sitt heimland, og si hustru
og sine søner. Men han levde med Calypso i sju år i lukkeleg sambuarskap -
Odyssevs totte han var i Paradis. Paret fekk også to søner, som fekk namna Nausithoüs og Nausinoüs. Til sist fann ZEVS ut
at det kunne vere nok - ein HERO
kunne ikkje leve eit slikt latmannsliv! Odyssevs måtte vidare. Zevs sendte HERMES til Calypso med beskjed om å
setje Odyssevs fri, og han fann ho i grotta hennar. Calypso måtte motvillig
adlyde Zevs' vilje. Ho gav Odyssevs hjelp med å bygge ein flåte; ho sendte
med han godt med proviant, og gav han ein god vind til seglinga. Calypso døde av sorg etter
at Odyssevs hadde dratt. Ofte kan det verke som om
mytene eigentleg er freistnadar på å prøve å forstå menneskenaturen. Odyssevs
hadde funnne lukken hos Calypso, men han fann ikkje roa i lukken. Han måtte
vidare for å oppsøke problem og fiendar, og så hadde han plikt-kjensle overfor
fedreland og familie, og han hadde ei oppgåve (ein misjon) - å hemne urett
som var gjort mot han. Ein psykolog kan prate om dette i mange veker. |
|||||||||||||
Cama
var romersk gudinne for indre organ
– særleg hjertet. |
|||||||||||||
Camenae er
eit fleirtallsord. Romarane
trengte eit motstykke til dei greske MUSENE (sjå desse), så dei fann
opp Camenae (Camenene). Namnet deira tyder ”sangarar”, men medan musene var
vernarar av kunst-artar, så hadde Camenene andre funksjonar. Likskapen med
musene gjekk ikkje vidare enn at dei var ei forsamling av mindre gudinner. Fleire
gamle gudinner vart tatt opp i Camenae-forsamlinga. Nokre av dei var
opphavleg vassnymfer. Camenene hadde ein lund med ei heilag kjelde ved Porto
Capena – ein nordleg byport. Det vart halde fest for dei 13. oktober,
kalla Fortinalia. Då vart lukke-kransar kasta i heilage brønnar. Det
er usikkert kor mange dei var, men leiaren var CARMENTA, og dessutan
er Aegiria, ANTEVORTA, Porrima, Prorsa, Proversa,
POSTVORTA, Tiburtis og Timandra nemnt som tilhøyrande
Camenae. Det
gjekk altså slik til, at romarane kalla saman ein del av sine gamle gudinner
for ditt og datt, og samla dei i eit "gudinne-laug", og dei kalla
så desse gudinnene ved felles-namnet Camenae. Ordet camena tyder på latin "sangerske", så desse gudinnene
var altså eit damekor! Det var ganske sikkert ikkje staten Roma som etablerte
gudinne-flokken Camenae - dei vaks nok fram av folkedjupet i landsbyane.
Gudinner for det nye år, det gamle år, for barnefødslar, helse, kjærleik og
så vidare, var representert ved kvar si prestinne. Så gjekk dei saman fremst
i prosesjonen og sang i kor under Fortinalia-festen, og lukke-kransar vart
kasta i heilage brønnar. Det må ha vore storslagent å vere med på dette! |
|||||||||||||
Camilla
var i romersk mytologi ei jomfrueleg dronning som tilhøyrde folkestammen volscianarane
– ei italisk stamme som romarane førte krigar mot. Camilla var så rask at ho
kunne løpe over havet utan å verte våt på føtene, og gjennom kornåkrar sprang
ho så snøgt at ein knapt såg kornaksa bøye seg der ho for. Jakt var hennar
store lidenskap, og dessutan var ho av det krigerske slaget, og knytt til DIANA-kulten.
Ho vart kalla ”Dianas yndling”. Faren
til Camilla heitte Metabus. Med bark surra han han ein gang Camilla
fast til spydet sitt, og kasta ho over den flaumdigre elva Amazenus,
for at ho skulle unnsleppe ein fiende-hær som forfølgde dei. Før han kasta,
henvendte han seg til gudinna Diana, og sa: ”Diana, du gudinne av skogane -
eg eignar denne ungjenta til deg”. Sjølv stupte Metabus i elva då fienden kom
innpå han, og han greidde å kome seg over på hi sida. Her fann han att spydet
og Camilla. Sidan hadde dei to tilhald saman med gjetarar, og Metabus lærte
opp dattera si i skogfolkets kunstar. Camilla
la aldri hand på spinneteine eller vevstol. Ho fekk lære å bruke boge og
spyd, og med slynga si kunne ho felle fuglar i flukt – traner og svaner.
(Svane smakar pyton – trane veit eg ikkje). Så øvde ho seg i å springe
snøggare enn vinden. Camilla kledde seg i tigerskinn, og mange mødre ønskte å
få ho til svigerdatter. (Vi ser av dette at volscianarane var ein
matriarkalsk kultur, der kvinnene bestyrte). Men
Camilla ville ikkje gifte seg – ho heldt seg trufast til Diana. (Dette tolkar eg slik at Diana
misbilliga at kvinner inngjekk ekteskap med menn). Det ser
ut til at Camilla hadde AMAZONENE som førebilete. Ho leia ein
krigarflokk av ryttarar, og mange kvinner var med i denne flokken. Ho hevda å
vere like mektig som Turnus (sjå JUTURNA). Ein gang leia
Camilla ein hær mot AENEAS og hans invasjonshær av trojanarar. Ho
kjempa i fronten, til fots og med bare bryst. Ho vart drept av Aeneas. I ein
annan myte heiter det at Camilla vart drept i kamp mot etruskarkongen Arruns
og den etruskiske hær. Men Arruns døde kort etter av pil-såra som Camilla
hadde gitt han. Eg
lurer på kvifor elva som Camilla flaug over på farens spyd heitte Amazenus
- eit namn som liknar fælt på Amazonas? |
|||||||||||||
Cancer tyder
"krabbe", og var eit uhyre som prøvde å hjelpe monsteret HYDRA i kampen mot HERAKLES. Men dei to uhyra tapte
denne kampen. Cancer vart til eitt av stjernebileta i dyrekretsen - stjernebiletet vi kallar Krepsen. Det er i tilknyting til HERAKLES at vi møter Cancer i gresk
mytologi. Herakles måtte utføre 12 storverk for å løyse seg frå slaveri; det
var eitt av HERA sine illråder
dette, for ho var så forbanna fordi hennar ektemann ZEVS hadde fått lausungen Herakles med ALKMENE. Det andre storverket til
Herakles var å drepe uhyret som vart kalla Den lerniske HYDRA. Hydra heldt til i eit veldig myrområde, og
hadde giftig pust. Hennar kropp var enorm, og ho hadde 8 eller 9 slangehovud.
Om du kappa av eit hovud, så vaks det med ein gang ut eit nytt og større. Herakles gjekk til kamp mot
Hydra med godt mot, men Hera ville stikke kjeppar i hjulet for han, så ho
sendte ein gigantisk krabbe for å distrahere HEROEN. Krabben kneip tak i Herakles' eine tå, men Herakles
knuste krabben på null komma niks. Som takk for heltmodig innsats sette Hera
krabben på stjernehimmelen, ved sidan av monsteret som Herakles hadde drept i
sitt første storverk - Den nemeiske
løva - LEO. Det var babylonarane som først plasserte
Cancer på stjernehimmelen, og Herakles hadde sitt babylonske førebilete i
heroen Gilgamesh, så her er nok babylonsk
og gresk mytologi knytt ihop. Ofte finn ein slike samanhengar, så truleg har
gresk mytologi sine røtter i Babylonia, eller Sumer. Kanskje har den greske mytologien sine røtter heilt
tilbake til Indus-kulturen? Cancer er det medisinske namnet på sjukdommen kreft. Kreft byrjar på eitt punkt i
kroppen, og greinar det seg ut derifrå, lik beina på ein krabbe. |
|||||||||||||
Canens var ei romersk NYMFE. Ho var
verne-nymfe for sangkunst – ho var den personifiserte sang. Canens var
datter av JANUS, og vart kona til kong PICUS. Picus fekk det
problem at trollkvinna KIRKE vart hugteken i han. Då han avviste ho,
trolla ho han om til ei hakkespett. Canens leita og sang og leita, men
greidde ikkje finne Picus. Til sist kasta ho seg i elva Tiber i
fortviling. Det vart fortalt
at bare stemma vart att av Canens –
dette er nok ei omdikting av EKKO-myten. |
|||||||||||||
Canente
var ei romersk hav-nymfe som sørgde slik over tapet av ektemannen sin at ho
løyste seg opp i tårer. Det ser ut til at Canente og CANENS var samme
person. Sjå CANENS. |
|||||||||||||
– sjå KER. |
|||||||||||||
Cardea
var
romersk vernegudinne for heimen - ho hadde særleg med døropningar og dørhengsler å gjere. Slik strategisk plassert,
fekk ho mykje å gjere med store og små hendingar i heimen og familien. Særleg
verna ho sovande barn mot nattas vonde ånder. Cardea var også kalender-gudinne, som overvaka overgangen
frå det gamle til det nye året. Sjå også POSTVORTA og ANTEVORTA om dette. |
|||||||||||||
(Carmentis) |
Carmenta var ei gammal romersk vass-nymfe som vart påkalla under fødslar. Carmenta var mor til kong EVANDER, og ho hadde spådoms-evner.
Det er sagt at ho brakte skrivekunsten til romarane. Carmenta hjalp kvinnene
i deira arbeid, og ho kunne spå framtida til nyfødte barn. Ho vart feira med
høgtidsdagar 11. og 15. januar. (Sjå også CAMENAE). |
||||||||||||
Carmina (Carmen) var romersk gudinne for ganning (kaste forbanningar over
folk), og anna trolldomskunst. Når Carmina skulle utføre trolldom, brukte ho
magiske vers, og mange kvinnelege poetar kjenner seg knytt til Carmina.
Carmina var kanskje nærknytt til CARMENTA, og kanskje vart ho somme
tider og stadar rekna som ei av CAMENAE-forsamlinga. (Sjå CAMENAE). Carmina likte å halde
seg i nærleiken av friskt, rennande vatn i skog og fjell. Indisier
tyder på at Carmina var av keltisk opphav - ei utgåve av den gamle keltiske
gudinna for trolldom og poesi - Brigid. Det engelske ordet charm som tyder "trolldom",
heiter etter Carmina. Likeeins er det med ordet sjarmere som tyder "fortrylle (fortrolle)". |
|||||||||||||
Carna var for
romarane personifiseringa av fysisk
overleving; (kroppens overleving; kjødeleg overleving). Carna tyder
”kjøtt”. Det engelske ordet carnal
tyder ”kjødeleg”. Kristendommen sette skarpt skilje mellom det kjødelege og
det åndelege. Å bry seg om det kjødelege, sanselege (piker vin og sang), var
mindreverdig i høve til å konsentrere seg om det åndelege, meinte
Kristendommen. Ordet reinkarnasjon;
attføding; som buddhistar og hinduistar m.m. trur på, har namnet Carna som rot - kjøtet (kroppen) vert
født på ny. Det er også hevda at Carna var
vernegudinne for indre organ, som
hjerte, milt, lever. Det var religiøs fest for kjøtt-gudinna Carna 1. juni, i
ein heilag lund nær elva Tiber. Marcus Junius Brutus oppførte eit altar for
Carna på Caelis-høgda. Her vart på
1. juni ofra ein lapskaus av bønner og slakt-avfall, som skulle verke
styrkjande på menneskekroppen. Folk åt offermåltidet saman med bacon, og
meinte dette skulle hjelpe mot magelidingar. Carna overlevde i folketrua i mange
århundrer etter at det vart slutt på offentleg dyrking av ho. Ho hadde
heksekraft, og kunne påkallast for å gi vern mot blodsugande vampyrar, i skap av tårnugler. Korleis
skal ein kunne engste seg for vampyrar i eit land der det ikkje fins
vampyrar? Jau, ein diktar opp farlege tårnugler. Menneska treng noko konkret
å knyte mørkeredsla til (og andre redsler). Når ein har funne noko konkret å
feste angsten til, er det mykje lettare å hanskast med han. Forfattaren Ovid har gitt oss ei skildringa av eit demon-utdrivings-ritualet
som Carna utførte på den nyfødte Procas,
som seinare vart konge av Alba Longa: Ho stryk dørstolpane tre
gangar med ein kvist av jordbærtre. Tre gangar stryk ho så dørstokken med
jordbærtre-greina. Ho skvettar magisk vatn på inngangen. Så held ho opp dei
blodige innvolane av ei to månadar gammal grisepurke, og talar slik:
"Nattfuglar, spar innvolane til guten. For ein liten gut er eit ringt
offer. Ta hjerte for hjerte; eg ber - innvol for innvol. Dette livet gir vi
dykk, i staden for eit betre". Då ho
hadde drept purka, la heksa purkas vitale organ ut på bakken, og forbaud dei
som deltok i ritualet å sjå på dei. Så vart ei hagtorn-grein sett i eit lite
vindu som brakte lys inn i huset. Så var småguten berga, og fargen kom
tilbake i hans bleike andlet. I denne skildringa er ikkje Carna kalla gudinne, men heks. Det ho driv på med, er å jage bort vonde ånder ved hjelp av
ei grein av jordbærtre. Guten er tydelegvis sjuk, og ho tilbyr dei vonde
åndene grise-innvolar som erstatning for gutens innvolar. Ho legg
grise-innvolane ut på bakken, og dei vonde åndene kjem og forsyner seg. (Men
dette får ingen lov å sjå). Hagtorn gav godt vern mot vonde ånder. |
|||||||||||||
Cassandra var datter av kong PRIAM av Troja. Namnet hennar tyder
"mann-fangar". APOLLON lova ho spådomsevner som lønn for at ho
sov med han, men då ho ikkje ville sove med han allikevel, laga han det slik
til at ingen skulle tru på spådommane hennar. Cassandra spådde mellom anna at
prins PARIS' reise til Sparta for å hente HELENA
ville føre ulukke over Troja, og at trehesten som grekarane hadde bygt
inneheldt væpna soldatar. Etter trojanar-krigane tok AGAMEMNON Cassandra til konkubine, og
ho spådde at dei begge to ville bli drept i Mykene. Men ingen trudde
på ho. |
|||||||||||||
Cassiopeia var kona til den etiopiske CEPHEOS. Dei to var dronning og konge
i byen Joppa i Palestina
(nåverande Tel Aviav). Då
Cassiopeia skraut av at både ho og dattera ANDROMEDA var vakrare enn NEREIDENE,
klaga desse til POSEIDON, og han
sendte flaum og eit sjø-uhyre for å herje Palestina. Cepheos rådspurde eit
orakel som var knytt til guden AMMON,
og fekk vite at einaste hjelpa var at Andromeda måtte ofrast til sjø-uhyret,
for at Palestina skulle verte berga. Andromeda vart surra til ei klippe med
sterke lekkjer, og hadde ikkje anna på seg enn masse smykke og juvelar. Men Andromeda vart berga av heroen PERSEOS. Han kom flygande med sine venge-sandalar, heiter det, og fekk
auge på ei naken kvinne som stod bunden der nede. Straks vart han hugteken i
ho, og flaug til Andromedas foreldre, som stod i nærleiken for sjå korleis
det gjekk. Perseos gjorde avtale med dei at han skulle få gifte seg med
Andromeda og ta ho med til Hellas, dersom han greidde å berge ho frå uhyret.
Perseos flaug til vers att. Han var væpna med ein magisk sigd, og dessutan hadde han med seg MEDUSAs hovud i ein sekk. Alle som ser blikket til ei gorgone
vert til stein. Men han fekk ikkje bruk for hovudet, for uhyret jaga etter
Perseos' skugge på havflata. Så han kløyvde uhyrets hovud med sigden, og
landa og befridde Andromeda. Så bygde han tre altar, og ofra ein kalv, ei ku
og ein okse, til HERMES, ATENE og ZEVS. Det vart arrangert bryllup med det
samme, men midt under bryllupsfesten kom kong Agenor med eit hærfølge og krevde Andromeda. Cassiopeia og
Cepheos ville straks oppfylle Agenors ønske. Dei sa dei hadde lova bort
Andromeda under tvang, og Cassiopeia ropte at Perseos måtte døy! Perseos
kjempa mot overmakta, og drepte mange av dei, men heldt på å bli overmanna.
Då fekk han tak i Medusas hovudsom han hadde lagt frå seg i strandkanten, og
vendte dette mot angriparane. Dei vart då alle straks omgjorde til stein -
det var omlag 200 av dei. Poseidon sette bileta av Cepheos og
Cassiopeia på stjernehimmelen - Cassiopeia fanga i ei handlekorg som ei tid
på året vender opp ned, så det ser ganske dumt ut. Dette til straff. Andromeda vart viljug med Perseos, til byen Seriphos. Der vart det meir krig og
spetakkel. Atene sørgde for at også Andromeda hamna på stjernehimmelen etter
sin død. Ho fekk ein ærefull plass på himmelen, som lønn for at ho hadde
halde ekteskapsløftet ho hadde gitt Perseos. |
|||||||||||||
Castalia var ei gresk NYMFE - datter av elvegudeen ACHELOOS, og APOLLON vart hugteken i ho. Ho rømde frå han, og kasta seg i ei
kjelde som låg i DELFI - ved foten
av Parnassos-fjellet. Kjelda fekk
namn etter henne. Vatnet i kjelda var heilagt - det vart brukt til nedvask av
Delfi-templet, og poetar fekk inspirasjon av dette vatnet. Castalia er blitt
rekna å vere verneguddom for fontener
og kjelder. MUSENE søkte inspirasjon ved Castalias kjelde. Castalias
kjelde heiter nå St. Johannes-kjelda. |
|||||||||||||
Castor var født utav samme egg som POLYDEUKES. Desse to vart kalla DIOSKURANE, (Zevs' søner). ZEVS
var far til Polydeukes, medan spartanar-kongen TYNDAREOS var far til Castor. Mora deira var LEDA, datter til kong THESTIOS.
(I ein annan myte heiter det at Leda var datter av titanane KOIOS og FOIBE). Namnet Castor tyder bever. (Sjå under NEMESIS). Castor var HERO, og ein av ARGONAUTANE
som var med JASON på jakt etter Det gylte skinn. (Sjå JASON). Tvillingane var brør av KLYTAIMNESTRA, dronning av Mykene, og HELENA av Troja. I motsetnad til broren sin, var ikkje Castor
udøyeleg. Både Castor og Polydeukes vart dyrka
som guddommar i Romarriket - dei var vernegudar for sjøfararar og soldatar.
Brørne skulle ha levd like før trojanar-krigane, og vore med på mange storhendingar,
som Argonautane sin ekspedisjon, og den
Kalydonske villsvin-jakta, og dei berga HELENA då ho vart bortført av THESEVS. Brørne
var alltid saman, og då Castor vart drept av kveg-eigaren Idas i ein krangel om ein okse, var
Poludukes utrøysteleg. Han bad til Zevs om å få døy, eller at Castor skulle
verte levande att. Zevs høyrde bønna: Dei skulle alltid få vere saman - halve
tida i Underverda og halve tida
med gudane på OLYMPEN. Og brørne
vart markerte på stjernehimmelen, ved stjernebiletet Gemini. |
|||||||||||||
- sjå KEKROPS |
|||||||||||||
Cephissos var ein av elvegudane - POTAMOIANE. Kvar elv hadde
sin guddom, som rådde over flaum og tørke i elva. ZEVS fekk hjelp av elvegudane då han skulle lage
"syndeflaum". Elvegudane symboliserte også udøyelegheit - evig liv, for vatnet i elvane renn tilsynelatande i
det uendelege. Guden hadde oftast samma namn som elva; elva kunne vere
oppkalla etter guden, eller omvendt. Også romarane og germanarane og andre
folkestammer heldt seg med elvegudar. Elveguden hadde samme gemytt som elva
si - somme var svære og treige - andre var kvikke og uvørne. Dei greske elvegudane var avkom av TITANANE OKEANOS og TETHYS.
Tethys var sjølvaste havgudinna, og Okeanos var personifiseringa av storhavet, som ligg omkring alle
land. Potamoiane (elvegudane) var ganske erotiske av seg, og hadde mykje
omgang med vakre elvenymfer - NAJADER. Elvegudane fekk søner og
døtre. Mange greske kongar påstod dei var son av ein elvegud. Elvegudanes
døtre vart oftast najader. Cephissos
heiter i dag på gresk Kifisós, og
har sitt løp ikkje så langt frå Aten,
i det gamle landskapet Boötia. Kephissos
var boötisk elvegud. Med najada LIROPE
fekk han den vidgjetne sonen NARKISSOS.
Han fekk også mange fleire barn - mellom andre kong Daulis av Boötia som kalla ein by opp etter seg, og najada Melaena, som elska med APOLLON, og fødte sonen Delphos, som byen DELFI er oppkalla etter. |
|||||||||||||
- sjå KERBEROS. |
|||||||||||||
Ceres var i romersk mytologi datter av SATURNUS og OPS og gudinne for fræve og jordbruk;
særleg korn - (derav det
engelske ordet cereals for
korn-produkt). Ho var også vernegudinne for mors-kjærleik. Ho og dattera PROSEPHINE
var motstykke til dei greske gudinnene DEMETER
og PERSEPHONE/KORE. Grekarane hevda at Demeters glede over
å treffe att dattera Persephone kvar vår, var årsaken til at all vegetasjon
byrja vekse. Denne tanken vart introdusert i Romarriket i det femte århundre
fvt., og Ceres-kulten som grodde fram, vart svært populær, særleg mellom
plebeiane (lavare lag av folket). Mange seremoniar, opptog og rituale var
knytt til korndyrkinga. Den store festen for Ceres
vart kalla Cerealia, og vart feira
12. til 19. april. Kvinnene gjekk syngande i høgtidssam prosesjon, og ved
kvart vegkryss stemte dei i med ein klagesang, til minne om Ceres’ søking
etter Prosepine. Også døds-rituale var
knytt til Ceres, for når kornet var hausta og vel i hus, så gjekk naturen inn
i vinterens og død. Den viktigaste Ceres-dyrkinga var knytt til Ceres-templet på Aventinarhøgda i Roma, men kvar og korleis Ceres-kulten først oppstod,
er litt uvisst. Truleg var Ceres ei gammal, italisk jordbruks-gudinne, og gudinne for morskjærleik, og nærknytt til mor-jord-gudinna TELLUS. Ceres inngjekk i ein romersk gudinne-triade: Juno-Ceres-Prosepine. Juno høyrde Himmelen til, Ceres Jorda og Prosepine Underverda. Ceres opptrådte tidlegare saman med den gamle gudinna Tellus (Tellus Mater). Når såkornet var komt i jorda, var det Tellus som hadde det vidare ansvaret for det. Seinare vart Ceres stundom dyrka saman med to andre gammal-italiske guddommar - LIBER og LIBERA. Romarane laga seg ein triade-guddom: Ceres – Liber – Libera. Denne triaden ser ut til å vere kopiering av triade-guddommen i den før-greske byen ELEUSIS: Demeter – BACCHUS – KORE (Sjå ELEUSIS). Den største av asteroidane
har fått namnet Ceres. (Sjå også under FEBRUA). |
|||||||||||||
- sjå KETO. |
|||||||||||||
(Romersk for KAOS). "I byrjinga var Chaos". Chaos var urtids-tilstanden før noko var skapt. Chaos
hadde all livskraft og alle muligheiter i seg, men ein guddommeleg vilje
trengtes for å forme Kosmos av
Chaos. Kvar gang menneske ryddar seg ein
buplass i villmarka (eller noko liknande), så gjentar dei skapings-akta -
skaper Kosmos av Chaos. (Ovid): CHAOS var tilstanden før land og hav
vart til - før himmelkvelven var strekt. All natur var hopa saman i ein
uordna haug - ein skaplaus, livlaus og ukoordinert masse. Då fanst inga sol
som kunne gi verda lys - ingen halvmånehorn vistes på ein natthimmel. Jorda
hadde ikkje fått si omhyllande luftkåpe på - den som av si eiga vekt kviler
over jorda. Og havets armar femna ikkje strendene. Sjølv om elementa land,
hav, luft var til stades, så var jorda ikkje fast, og vatnet kunne ikkje
flyte. Der var inga lysning på himmelen. Ingenting hadde fast form - alt var
i vegen for alt anna. I Chaos kjempa varme mot kulde, væte mot tørke, det
mjuke mot det harde og det lette mot det tunge. Endeleg vart denne striden løyst av ein guddom - ei høgare naturkraft som skilde jord frå himmel og hav frå land - sette skilje mellom den klare luft og den sky-svangre atmosfære. Då han hadde frigjort desse elementa, og sortert dei ut av haugen dei hadde vore i - umistydande frå einannan, så batt han dei fast, kvar på sin plass, og forma ei harmonisk eining. Den flammande eter, som er utan vekt, danna himmelkvelven - den flaug til vers og tok plass i dei høgste sfærer. Lufta, som er nærast eteren i lettheit, tok tilhald i regionane derunder. Jorda, som var tyngst av alle element, sakk saman i si eiga vekt, medan det omkransande havet fekk siste egna som var att, og heldt den faste jorda i sitt famntak. På dette
vis laga guddomen - kva guddom det no var - system av Chaos, og distribuerte
alt til kvar sin plass. I Babylon
vart dyrka ei gudinne som heitte Tiamat.
Ho var Chaos, det ubevisste, og ho skapte alle ting. I Den orfeiske mysterie-religionen vart Chaos kalla Natta. Natta var det fulle mørke –
det tomme inkje.
(Sjå KAOS;
sjå URTIDSMYTENE). |
|||||||||||||
Charitene vart av romarane kalla GRATIER. Det var tre av
dei, og dei var personifiseringa av sjarm
og venleik i naturen, og i menneskelivet. Charitene elskar alle vakre
ting, og tilfører menneska talent. Saman med MUSENE er dei inspirasjonskjelder for poesi og
annan kunst. Opphavleg var dei gudinner for fræve og natur, med nær tilknyting til Underverda; (sjå HADES)
og Dei eluesiske mysteria; (sjå ELEUSIS). Den yngste av
Charitene/Gratiene heitte AGLALIA (prakt), og vart stundom hevda å
vere kona til HEFAISTOS. Dei andre heitte EUPHROSYNE
(munterheit) og THALIA (godt humør). Oftast vart det hevda at dei var
døtre av ZEVS/EVRONYME, men stundom heitte det at dei var døtre av DIONYSOS/AFRODITE. Homer fortel at charitene
høyrde med i følget til Afrodite, og bar då namna Pasithea, Cale og EVPHROSYNE.
Opphavleg var truleg Charitene ein gammal gudinne-triade som vart
dyrka ved fleire tempel, og hadde ulike namn ved dei ulike templa. Charitene hadde ein triveleg bustad på OLYMPEN, tett attmed danseplassen til MUSENE. |
|||||||||||||
- sjå KARON. |
|||||||||||||
Charybdis var eit uhyre av ein
virvelstraum som plaga JASON og ARGONAUTANE då dei var på veg heim
frå Colchis med Det gylte skinn. Charybdis heldt
til i det trange stredet mellom Italia og Sicilia, og ho var berykta for å
suge skip ned til havsens botn. Hennar namn tyder "nedesugar". Tre gangar dagleg supte ho
inn enorme mengder vatn, for så å spy det ut att. Tvers overfor
Charybdis dvelte monsteret SKYLLA. Sjøfolk som prøvde å unngå
Charybdis vart angripne av Skylla, og omvendt. Den tidlege Charybdis var ei havnymfe - datter av POSEIDON og GAIA. Ho dreiv mellom anna med å overfløyme landområde, for å
utvide riket til sin far, sjøkongen Poseidon. Dette gjekk på bekostning av
kongeriket til ZEVS, og han greip
snart inn og omvandla Charybdis til eit monster, som måtte site i ei berghole
i Messina-stredet og suge vatn ut
og inn. |
|||||||||||||
Chelone
var ei NYMFE som budde i eit hus ved
ei elv. Ho var den einaste av dei døyelege si ætt som ikkje deltok i
bryllupsfesten til ZEVS og HERA. Chelone orsaka seg med at ho
aldri hadde fått invitasjon. Ved dette vart HERMES fornærma, for det var han som hadde gått rundt og
invitert. Hermes sparke Chelone ut i elva, og Chelones hus sparka han også i
elva. Det landa oppå ho.Hermes dømde Chelone til alltid å bere huset sitt på
ryggen, til å tie til evig tid, og ho fekk aldri lov til å fare heimanfrå
meir. Chelone var blitt omvandla til ei skilpadde,
stakkars. Det greske ordet for skilpadde er nettopp Chelone. |
|||||||||||||
-sjå CHIRON |
|||||||||||||
Homer fortel
at Chimaera var eit uhyre med eldsprutande løvehovud, geitekropp og
slangehale. Namnet tyder "ung ho-geit". Hesiod fortel at ho var av guddommeleg avstamming; diger, sterk
og svært rask til beins, og hadde tre hovud - eit løvehovud, eit geitehovud
og eit slangehovud.Uhyret terroriserte Lykia
- ein region i Lille-Asia. Heroen BELLEROFON
fekk låne hesten PEGASOS av MUSENE, og på denne overvann han og
drepte Chimaera. Først skaut han på ho med mange piler, men Chimaeras
flammande pust smelta pilspissane. Så festa han ei blokk av bly fremst på
spydet sitt, og kasta i gapet på Chimaera. Blyet smelta og rann ned gjennom
strupen på Chimaera, og av dette døde ho. Chimaera hadde skumle foreldre, for ho
var datter av uhyra ECHIDNA og TYFON. Fæle søsken hadde ho
også. Frå Chimaera har vi fått fellesnamnet kimærar for fabeldyr som er ihopsett
av to eller fleire artar/vesen. Chimaera
vart brukt som symbol på kalender-året, som i gammal tid hadde tre årstider.
Dei tre årstidene vart symbolisert ved løve for vår, geit for sommar og slange for vinter. Somme trur at det
eldsprutande løvehovudet til Chimaera viser at ho tilhøyrde ein solkult.
Sidan Pegasos vert rekna å tilhøyre ein månekult, var kanskje kampen
mellom Bellerofon og Chimaera ein kamp mellom Måne og Sol? Då var det kanskje
ein kamp mellom kvinne og mann, om kven som skulle bestemme kvar skapet
skulle stå. For Solguden var alltid mann, og Månegudinna var alltid kvinne. Myten om Chimaera er ei symbol-historie, men meininga er gått tapt. Chimaera er er knytt
til eldre kulturar enn den greske. Vi finn att myten om Chimaera i babylonsk
mytologi. Somt tyder på at ho var ein himmel-guddom. For Bellerofon var
Chimaera i alle høve eit monster som måtte overvinnast - Bellerofon og hans
folkestamme beseira folket som dyrka Chimaera. Men Bellerofon var også
før-gresk - knytt til ein hestekult. Myten om Bellerofon og Chimaera er kanskje
den eldste historia vi kjenner av typen "HELTEN OG DRAKEN". |
|||||||||||||
Chiron (Cheiron) var
ein vis og udøyeleg KENTAUR.
Namnet hans tyder "hand". Det er sagt at han var kentauranes konge,
og residerte frå ei berghole på Pelion-fjellet.
Men lapittane gjekk til angrep på
landet hans, og han måtte rømme. Chiron var læremeisteren til mange HEROAR - mellom andre HERAKLES, ACHILLES, ACTAEON,
PELEOS, ASKLEPIOS og JASON.
Chiron var mellom anna ekspert på plante-medisin, musikk og bogeskyting, og
han hadde spådomsevner. Chiron var udøyeleg, men då han vart såra av
Herakles' giftpil, valde han dauden allikevel, for det var uuthaldeleg å leve
med eit sår av ei slik pil. Han bytte udøyelegheita si med PROMETHEVS,
for å sleppe fri smertene. Så vart Promethevs udøyeleg, og Chiron døde av
Herakles' pil. Ni døgn seinare sette ZEVS
Chiron på stjernehimmelen, som stjernebiletet Kentaurus. (Sjå HERAKLES
og KENTAURAR). Chiron hadde
ei datter som heitte Thea. Somme
sa ho heitte Thetis. Ho var med i ARTHEMIS' jaktlag. Ho vart gravid med
vind-guden AIOLOS, og frykta at
faren ville verte svært vreid om han fekk greie på dette. Ikkje turde ho å
søke hjelp hos Arthemis, men Aiolos var kompis med POSEIDON, og han omgjorde mellombels Thea til ei merr som bar
namnet Ehippe. Thea fødte så eit
føll, som fekk namnet Melanippe.
Melanippe vart kort etter omvandla til ein jentunge. Så omdøypte Poseidon
Melanippe til Arne, og fekk ein barnlaus
mann som heitte Desmontes til å
adoptere ho. Chiron visste ingenting om alt dette. Poseidon vart
hugteken i den vakre Arne, og då ho var gammal nok, sette han barn på ho. Då
Desmontes oppdaga at ho var med barn, vart han djupt såra. Han blinda ho, og
sette ho i eit fangehol, der ho fekk så lite mat at det var bare med nauda ho
levde. Men likevel fødte ho to tvilling-søner der, som Desmontes bad tenarane
sine sette ut på Pelion-fjellet. Ein ikarisk
gjetar fann tvillingane før dei vart offer for villdyr. Han tok dei til seg,
og då den eine av dei likna morfaren hans, Aiolos, gav han han namnet Aiolos. Den andre tvillingen såg han
ikkje noko særskilt ved, så han vart døypt Boötos, som tyder "gjetar". Boötos grunnla seinare
landet Boötia. Chiron var så dyktig i lækjekunst at
han vart kalla "Son av
linde-treet". Avkok av lindeblomst er eit kraftig styrkjingsmiddel.
Sidan Chiron var kentaur, hadde han heste-underkropp (med fire hestebein og
hestehale), og overkroppen til ein mann, med mannehovud og menneskearmar. Men truleg var det slik at Chiron til
vanleg hadde menneske-skap, og bare ved spesielle høve kledde seg ut (eller
omskapte seg), og vart kentaur. Chiron var kentauranes konge, og hans
undersåttar kalla seg kentaurar. Det var eit steinalderfolk som budde i
fjellholer, og dyrka ein heste-guddom. |
|||||||||||||
Chronos var ein av dei 12 TITANANE, og guddom for tida. Han var yngste-son av GAIA og URANOS - han var den yngste av tianane, og vart stamfar til 6 av
dei 12 OLYMPIARANE. Saman med søskena sine, vart Chronos av
faren sin sperra inne ein stad der korkje sol eller måne lyste. Gaia harmdes
over dette. Ho gav Chronos ein skarp sigd til våpen, og bad han gjere opprør
mot faren. Chronos hogg då mannslemmet av sin far Uranos, og kasta han frå
gude-trona. Chronos
tok nå makta i Universet, men liksom faren var han ingen god herskar. Han
hadde den skavanken at han slukte sine barn straks dei var født, for at ingen
av dei skulle få ta makta frå han. Desse slukte han i tur og orden: q
Dattera VESTA q
Dattera HERA q
Dattera DEMETER q
Sonen POSEIDON q
Sonen HADES Kona til Chronos var hans søster RHEA. Ho vart til slutt lei av
ektemannens barne-sluking, og då ho på nytt venta barn, flykta ho til Kreta. Der fødte ho sonen ZEVS. Rhea sette han til oppfostring
hos NYMFENE der, og til geita AMALTHEA, som gav han mjelk i ei
grotte på berget Ida. Så plukka Rhea ein stor stein, som ho sveipte i
bleier og lintøy. Ho for med denne attende til Chronos, som straks slukte
bylten. Då Zevs vart vaksen tvang han med hjelp
frå Gaia Chronos til å spy ut alle borna, og steinen også. Steinen vart sidan
flytta til DELFI. Zevs og hans fem
brør og systre gjekk nå til krig mot Chronos og dei andre titanane. Zevs fekk
hjelp av HEKATONCHIRANE og KYKLOPANE - desse var tidlegare barn av Chronos, som
hadde blitt haldne i fangenskap av faren sin. Så tapte Chronos og titanane
denne kampen, og dei vart forviste til TARTAROS
- djupast nede i Underverda. Sidan kom det til fredsforlik mellom
Chronos og Zevs. Chronos drog nå til Italia. Der skifta han sinn. Saman med
guden JANUS styrte han med
mildskap og visdom i ein tapt gullalder. Romarane kalla han SATURNUS. Andre
har fortalt at Chronos vart herskar i ELYSIUM
- eit før.hellenistisk paradis for
dei dødes sjeler, som låg lengst vest i havet. I Den pelasgiske
skapingsmyten (sjå under EVRYNOME
2), vart Chronos, saman med RHEA,
sett til å bestyre planeten Saturn. Busken kornell er vigd til
Chronos, og heiter truleg etter han. |
|||||||||||||
Namnet Chrysaor tyder
"gylte sverd". Chrysaor var son av POSEIDON og MEDUSA. Då PERSEOS
hogg hovudet av Medusa, sprang Chrysaor fullvaksen ut av henne, i full rustning
og svingande på eit gull-sverd. I ein myte heiter det at vengehesten PEGASOS var Chrysaors bror, og sprang
ut av Medusa saman med Chrysaor. Chrysaor vart gift med ei OKANIDE
som heitte Kallirhoë, og vart far til monstera GERYON og ECHIDNA. Chrysaor spela ein rolle i
rituala ved fleire DEMETER-tempel. Kanskje han representerte måne-sigden - kanskje han symboliserte Demeters ny-måne?
Dei som deltok i rituala bar skinande månesigdar. Demeter var korngudinna,
og sigden var reiskapen som vart brukt å skjere korn. Men Chrysaor bar sverd
og ikkje sigd. Var han ein tidleg jordbruksgud, som i seinare århundre fekk
rollen som krigsgud? Liksom MARS
og Tor? Somme har
lurt på om Chrysaor var ein GIGANT,
men det er lite vi veit om han. At barna hans hadde tilhald i Spania og ved
Gibraltar, kan tyde på at Chrysaor også var knytt til dei aller vestlegaste
egnene ved Middelhavet. At hans bror var Pegasos, kan tyde på at han var
knytt til heste-kultar. Sidan han
symboliserte månen i Demeter-rituale, kan ein tru at han også var knytt
til måne-kultar, men i månekultane var Månen feminin. Så det vert
truleg rettare å knyte Chrysaor til mor-jord-kultar.
Her vart jorda symbolisert til dømes ved jord-gudinna Demeter, og Månen
var det mannlege aspekt som skulle frukte jorda ved å bringe regn. Og Månen
vart kanskje symbolisert ved Chrysaor. Sjå også under PEGASOS. |
|||||||||||||
CHRYSO- |
-
sjå KRYSOMALLOS |
||||||||||||
Chtonia
1 var søster av Clymenos og datter
av Phoroneos. Hennar namn tyder
"jord-gudinne". Chtonia og Clymenos bygde eit tempel for
jordgudinna DEMETER på staden Hermione, nordvest på Pelopponnes. I
dette distriktet vart Demeter kalla Thermasia,
og i det nye templet, som låg på toppen av berget Pron, vart Thermasia dyrka som Chtonia. (Eller Chtonia vart dyrka
som Thermasia). Clymenos
var eit anna namn for Underverdas gud PLUTO. I Hermione-tempel-komplekset låg
tempel for mange gudar - POSEIDON,
ATENE, HELIOS, CHARITENE, SERAPIS, ISIS, AFRODITE, DIONYSOS Melanaigis,
ARTHEMIS Iphigenia, HESTIA, APOLLON Pythaeos, Apollon Horios
(grense-guddom), og ein ukjent Apollon, TYCHE; og det sværaste
templet var for DEMETER Thermasia, som
her vart kalla CHTONIA. Chtonias
tempel låg midt ute på eit stort, freda område som var brulagt med store
steinblokker. CLYMENOS hadde eit
tempel for seg sjølv. To store statuer, av ARES og EILIETHYIA,
høyrde også til tempel-komplekset. Like i nærleiken av templa låg staden der HERAKLES hadde henta helvetes-hunden KERBEROS opp frå Underverda. Det var ein stor festival i Hermione kvar sommar, til ære for Chtonia. Pausanias fortel frå ein slik fest: Fremst, og i fest-skrud går
gudanes prestar og årets embetsmenn, og baketter følger kvinner og menn. Også
barna er i festklede, og får lov å
vere med å ære gudinna. Barna går i kvite kapper, og har blomsterkransar på
hovuda. Kransane er knytt av ein plante som her vert kalla Kosmosandalon - ein slags hyasint.
Mennene leier med seg ei halv-vill ku. Når dei har komt fram til templet, slepp
dei kua laus, og ho renn inn i templet. Dørene vert så stengt. I templet
venta fire gamle koner på kua. Dei fangar ho inn, og ei av dei skjer over
strupen på kua med ein sigd. Så vert dørene åpna att, og ei ku til vert slept
inn; og ei tredje, og ei fjerde ku. Dei gamle konene skjer strupen over på
alle. Alle kyrne må falle ned på samme side som den første kua. Slik foregår
offer-slaktinga i Hermione. Framfor templet står nokre få statuer av Demeter-prestinner, og i
templet er ei trone der dei fire gamle konene sit og ventar på kyrne. Her er
også to ganske nye statuer - ei av Atene og ei av Demeter. Kva meir som gjekk
for seg i templet fekk eg ikkje sjå, og det fekk heller ingen andre sjå. Det
er kanskje bare dei fire gamle konene som kjenner dei vidare seremoniane. Tempelkomplekset
i Hermione vart oppført i hellenistisk tid - altså ganske seint. Vi ser at
nymotens gudar som dei egyptiske Isis og Osiris, i tillegg til
nykonstruksjonen Serapis, vart dyrka her. Så dyrka dei altså også den gamle
Demeter - som øvsteguddom, ser det ut til. Det må ha vore ein kult full av
forvirring i Hermione. |
|||||||||||||
EREKHTEVS vart konge i Aten, og hans
bror Butes vart øvsteprest, for ATENE og POSEIDON. Erekhtevs og hans kone Praxithea fekk fire søner og sju døtre. Ei av døtrene var CHTONIA. Ho vart gift med sin onkel
Butes.Ved dette fekk ho truleg prestinne-status. |
|||||||||||||
Cinyras var son av APOLLON. Han var første konge på Kypros, og AFRODITE
sin øvsteprest. Han grunnla byen Paphos
på Kypros, og gjorde den til regjeringsby. Han fekk sonen ADONIS og dattera MYRRHA. Cinyras var ein mektig konge
over eit mektig rike, for han var også konge over Assyria, og i Anatolia grunnla byen Smyrna - det er den nåverande tyrkiske byen Izmir. Smyrna vart
oppkalla etter Cinyras' datter Myrrha. Når det gjaldt rikdom, vart Cinyras
samanlikna med kong MIDAS. Under trojanarkrigane sendte kong AGAMEMNON
ein delegasjon til Cinyras for å be om støtte, beståande av heroane MENELAUS og ODYSSEVS og heralden Talthybios.
Cinyras lova å sende 50 skip mot Troja, men han sleipa seg unna lovnaden. Han
sendte eitt utrusta krigsskip med
mannskap, og så 49 skip som var modellert av mold og leire, og sokk kort
etter at dei var sjøsett. Men Cinyras påstod at han hadde halde sitt ord ved
dette. På denne tida vart Kypros angripe av den fønikiske kong Belos av Tyros, så Cinyras meinte nok han trengte krigsflåten heime. Ein gang konkurrerte Cinyras og Apollon
om kven som var best til å spele på lyre, og Cinyras tok sjølvmord då han
tapte. (Sikkert bare eventyr dette). På Kreta
vart Cinyras halden for å vere oppfinnaren av kunst og musikk-instrument - i
første rekke fløyta. Det
er sagt at Cinyras hadde samleie med si datter Myrrha, og at det var ho som
var mora til Adonis, og at Cinyras tok sjølvmord på grunn av denne tilburden.
Dette er kanskje bare ryktespinn. |
|||||||||||||
Cleia var ei fjellNYMFE,
og ei av HYADENE, i følge historieskrivaren
Hesiod. Hennar namn tyder
"den vidgjetne". Sjå under HYADENE. |
|||||||||||||
|
Clio var ei av MUSENE. Ho var muse for historie-forteljing. Poetar innleia
gjerne sine episke dikt og sangar med å pris Clio. Clio
vart gravid med kong Pieros av Pella (Makedonia), og fødte sonen HYACINTHOS. Sjå
under MUSENE. |
||||||||||||
Cloacina
var den romerske gudinne for kloakk-rør og andre avlaup. Hovudkloakken
i Roma heitte Cloaca Maxima. Cloacina var også vernegudinne for sex innan ekteskapet. Det
var oppført eit lite tempel for Cloacina på Forum Romanum. Templet var
ein utandørs-konstruksjon - ein
sirkelforma mur av marmorblokker, omhyllande ei statue av Cloacina og ei av
Venus. Templet låg der regnvatn frå det store torget rann ned i
kloakksystemet. Etter kvart byrja romarane å sjå på Cloacina som ei utgåve av
VENUS, og dyrka ho under namet Venus Cloacina. Bilete av ennar
tempel vart prega på myntar under det andre triumvirat. Dyrkinga
av Cloacina oppstod på eit noko underleg vis. Romarane hadde bygd sin store
kloakk ferdig, men ein dag gjekk kloakken tett. Då dei skulle sjå på dette
problemet, fann dei ei stor statue av ei gudinne i kloakken. Dei fekk dradd ho
opp, men skjøna ikkje kva gudinne dette kunne vere. Då kom den sabinske kong Tatius
til, og han meinte det måtte vere ei svært gammal gudinne som hadde vore
gløymt i mange generasjonar. Han lyste så statua heilag, og kalla kalla den
igjenfunne gudinna Cloacina, etter funnstaden. Ei familie av innvols-ormar som
parasitterer på kenguru har fått namn etter Cloacina. |
|||||||||||||
Clotho
var ei av dei tre greske lagnadsgudinnene;
MOIRENE. Dei var kledde i kvite
kjolar, og heitte Clotho, LACHESIS
og ATROPOS. Deira far var mørkret,
EREBOS, og mora var natta, NYX.Sjå MOIRENE. |
|||||||||||||
Clymene skal ha vore datter av TITANANE OKEANOS og TETHYS, og
var såleis ei av dei gamle OKEANIDENE.
Ho vart også kalla ASIA, og gav namn
til dette kontinentet. Det var elles fleire kvinner i den greske mytologien
som heitte Clymene. Clymene vart gift med sin bror, titanen
IAPETOS. Grekarane meinte ho var
menneskas stammor. Ho var mellom anna mor til ATLAS, MENOITIOS, PROMETHEVS, EPIMETHEVS og Hesperos.
Dessutan fekk Clymene, med solguden
HELIOS, sonen PHAËTON og
dattera Dioxippe. |
|||||||||||||
-
sjå KLYTAIMNESTRA |
|||||||||||||
Coelus
var romarane sin versjon av den greske himmelguden
URANOS. Han var ein opphavs-guddom – den personifiserte
Himmel (eller himlar – det var snakk om at det skulle vere så mange som sju
himlar; den eine over den andre). Coelus hadde kona TERRA – ho var den personifiserte landjord, og ho vart også kalla BONA DEA. |
|||||||||||||
-
sjå KOIOS. |
|||||||||||||
Concordia var romersk gudinne for semje, fred og harmoni.
Hennar motstykke var DISCORDIA.
Eit anna namn på Concordia var PAX.
Ho var ei ganske tjukk matrone, og var gjerne utstyrt med ein offerbolle og
eit overflødigheitshorn. Ofte sat ho også med ei olivengrein i handa. Eg trur
at Concordia fungerte som eit viktig freds-symbol i fredsavtalen som romarane
gjorde med Sabinarane. (Sjå DEA DIA). |
|||||||||||||
Conditor var
romersk gud for innhausting av kornavlinga. Han vart biletleg framstilt iført
toga og med sigd i handa. |
|||||||||||||
Romarane laga seg eit gude-pantheon på linje med den greske
forsamlinga av 12 olympiske gudar. Den romerske gudeforsamlinga
vart kalla Consentes Dii. Det var
6 gudar og 6 gudinner:
|
|||||||||||||
Consus var ein romersk fræve-guddom – truleg
eit namn som SATURNUS vart dyrka under. Consus var vernegud for kornkammer.
Hans ektemake skulle vere fræve-gudinna OPS, og muldyret var vigsla til han. Festen for Consus heitte Consualia,
og den historiske valdtekten av sabine-kvinner
var knytt til denne festen. |
|||||||||||||
Copia var ei mindre romersk
gudinne for rikdom og velstand. Ho heldt seg i lag med
lukke-gudinna FORTUNA, og det var
Copia som hadde jobben med å bere Fortunas’ overflødigheits-horn - Cornu Copia. |
|||||||||||||
- sjå KORE |
|||||||||||||
(CORONA) |
Coronis var ei av HYADENE. Faren var PHLEGYAS, og farfaren ARES. Ho
budde ved breidden av innsjøen Beobeis i Thessalia. Coronis vart ei av elskarinnene til APOLLON. Når han måtte ut på reise, etterlet
han ei kvit kråke til å passe på Coronis - at ho ikkje var han utru. Men
Coronis var hemmeleg forelska i ein ungdom som heitte Ischys, og ein
dag fekk ho lurt han inn i sengekammeret sitt, sjølv om ho alt var gravid med
Apollons barn. Kråka flaug til Apollon for å fortelje, men han hadde alt fått
greie på skandalen, og forbanna kråka for at ho ikkje hadde hakka ut augene
på Iscys før han slapp til. Ja, sur var Apollon, og han klaga til
søstera si, ARTHEMIS. Då skaut Arthemis ein bunt piler på Coronis, som
døde av dette. Apollon vart då lei seg, og prøvde å vekke Coronis opp frå
dauden. Dette greidde han ikkje. Så Coronis' sjel drog til TARTAROS og hennar lekam vart lagt på likbålet og
dynka med den siste parfyme etter
tidas skikk. Men då bålet var tent, fortalte Coronis at ho var gravid.
Apollon handla snøgt, og fekk henta HERMES. Denne greidde å berge
Coronis' ufødte son frå flammane - han skar barnet fri med eldlogane. Apollon døypte den nyfødte guten ASKLEPIOS, og brakte han til kentauren CHIRON, som fostra han
opp i hola si. Han lærte han legekunst, og Asklepios vart
legekunstens gud. Under ASKLEPIOS kan du lese ein annan versjon av korleis
Asklepios vart født og vaks opp. Coronis heitte også dattera til Coronaeos, konge av Phocis. Denne Coronis vart forvandla
til ei kråke av ATENE, slik at ho kunne unnsleppe NEPTUN. |
||||||||||||
Corvus er ramnen, og han fungerte som
gudanes sendebod, heitte det i før-romersk mytologi. Han var også ekspert på
å bedrive lureri. |
|||||||||||||
Creon 1 var
konge i Korint (i myten om JASON og MEDEA). Jason og Medea var på
rømmen, og fekk asyl hos Creon. Så fann Jason på at han ville gifte seg med
Creons datter, Glauce. Medea vart sjalu, og gav ho ei krone og ein
kjole som var innsett med gift. Då Glauce tok på dette, fall ho til marka med
store smerter. Jason prøvde å omfamne henne der ho låg døyande, og også han
omkom av gifta. |
|||||||||||||
Creon
2 var konge i Thebes, og bror av
dronning JOCASTA. Sjå ANTIGONE |
|||||||||||||
- sjå KRIOS. |
|||||||||||||
Crocos
var ein yngling som var ulykkeleg forelska i nymfa SMILAX, og vart omskapt til blomst som resultat av dette. |
|||||||||||||
Cuba var romersk vernegudinne for krubbe-barn. Ho fekk dei til å sove.
Ho hadde to søstre som dreiv med det same – CUNINA og RUMINA. Cuba
jobba saman med Edulica, som
velsigna baby-maten, og Portina,
som såg til at morsmjelka var god. |
|||||||||||||
Cunina var romersk vernegudinne
for barn. Sjå CUBA. |
|||||||||||||
Cupido var den romerske
kjærleiks-guden; son av VENUS. Han
var ein liten gut med venger - han var blind, og bar boge og piler. Dei som
vart råka i hjartet av Cupidos piler, vart forelska. Prinsesse PSYKE var så vakker at Venus vart
svartsjuk på ho. Ho beordra Cupido at han skulle lage det til sånn at Psyke
vart kjær i verdas styggaste mann. Men dette skar seg, for Cupido vart sjølv
forelska i Psyke, og han brakte ho til eit fjerntliggande palass, der han
vitja ho om nettene. Han gav seg ikkje til kjenne overfor Psyke, og forbaud
ho å sjå andletet hans. Men ei natt då Cupido hadde falle i søvn, tende Psyke
ein lampe og såg Cupidos andlet. Cupido forlet ho då, og ho vandra fattig og
sorgtung omkring på jorda på leit etter han. Til slutt måtte Cupido bøye seg
for Psykes store kjærleik, og han fekk JUPITER
til å gjere Psyke udøyeleg, slik at dei to kunne vere saman til evig tid. (Psyke
var eigentleg gresk, og hennar elskar var EROS). Cupido vart gjerne avbileta
som ein ungdom, saman med si kjære PSYKE
- saman med VENUS - eller
saman med ei lita gruppe småbarn med venger, AMORINANE. Etter ein tradisjon vart han født av eit sølv-egg. Cupidos' greske motstykke er EROS. Romarane hadde dessutan ein kjærleiksgud som heitte AMOR, som vart samanblanda med Cupido.
Cupido og Amor er truleg to ulike lokale namn på den personifiserte kjærleik. |
|||||||||||||
Cura
var ei italisk (romersk) gudinne vi ikkje veit mykje om, men det er sagt at
ho skapte dei første menneska av leire, og at ho var vernegudinne for menneskas liv. Ho vart også rekna som vernegudinne for helse og lækjing. Namnet hennar tyder ”helse” eller ”lækjing” på latin.
Somme har fundert på om Cura var den samme som den greske KORE, men dette er ganske usikkert. Ein gang medan Cura kryssa ei elv, såg
ho at elvebreidden var av leire. Ho tok noko leire i hendene, og byrja
tankefullt å forme ein mannsfigur. Så stod ho og undra seg over kva ho hadde
laga, og JAHVE (JUPITER?, ZEVS?) kom forbi. Cura bad
han gi leirfiguren liv, og Jahve imøtekom straks hennar ønske. Så ville Cura
at figuren skulle heite etter ho, men dette gjekk ikkje Jahve med på. Han
ville at figuren skulle heite etter han. Dei to krangla om dette, men så kom
jordgudinna TELLUS (GAIA) og sa at figuren skulle heite
etter ho, sidan det var ho som hadde gitt materiale til figurens kropp. Dei
tre bad då SATURN (CHRONOS) dømme i saka. Saturn sa då: ”Jahve – du har gitt figuren liv; lat
Tellus få kroppen (når han døyr). Tellus – du har gitt materiale til figuren;
lat Cura få eige han til han døyr. Og sidan de ikkje kan semjast om namnet på
figuren; kall han homo, for det ser
ut til at han er laga av humus (råtnande strøfall, moldjord, leirjord).” |
|||||||||||||
Cyane var ei NYMFE frå Sicilia. Ho
var ei kjær vennine av PROPSEPINE.
Ho gret slik over tapet av Prosepine at ho vart til slutt til ein brønn. (Sjå
PERSEPHONE). |
|||||||||||||
Cybele
var ei gammal mor-jord-gudinne som
hadde sitt opphav i ANATOLIA (Frygia)
i Lille-Asia. Fordi ho herska over fjella og borgene, var krona hennar forma
som eit forsvars-tårn på ein bymur. Cybele var gudinne for natur
og fræve. Ho vart også titulert som
”Gudanes Mor”. Grekarane
identifiserte Cybele med RHEA, og
ved dette vart ho kona til titanen KRONOS
og mor til Dei olympiske gudane.
Cybele vart innført i Roma år 205 fvt., på råd frå Dei Sibylliske Bøker; sjå SIBYLE.
Etter å ha rådspurt oraklet i DELFI,
vart Cybele henta til Roma frå byen Pessinos
i Frygia. Denne Cybele var ei sølvstatue, og ein svart stein som hadde
falle ned frå himmelen høyrde med. Det var i år 204 fvt., og Roma var under
åtak av Hannibal og hans soldatar,
og det var krisetid. I
Roma fekk Cybele sitt tempel på Palatin-høgda.
Ho vart dyrka som Magna Mater –
”Store Mor”, og som Mater Turrita – ”Mor
som ber tårn” (på hovudet). Hennar fest vart kalla Megalensia og hennar romerske prestar vart kalla Galli. Cybeles
prestar var oppkalla etter elva Gallos
i Frygia. Dei som drakk vatn av denne elva vart gal. Romarane
fann det lett å identifisere Cybele med MAIA,
OPS, RHEA, TELLUS og CERES, og snart var ho ei populær og
sentral gudinne. I keisartida var Cybele ein av dei viktigaste guddommane i
heile det store Romarriket. Cybele-kulten vart offisielt
innført i Romarriket for å styrke soldatane sin moral under den andre puniske
krig. Men då kulten var instituert, vart romarane forskrekka over å erfare at
det i dyrkinga inngjekk frenetiske vigslings-rituale, og at prestane måtte
kastrere seg sjølv før dei kunne utføre offerteneste. Kulten vart sett under
strengt oppsyn av staten, og romarar fekk ikkje lov å bli Magna
Mater-prestar. Den opphavlege
Cybele-kulten vart organisert og styrt av nokre demoniske, ville,
mann-liknande vesen som vart kalla KORYBANTAR.
Galli var namn på prestane som
overtok korybantanes rolle i seinare tid. Prestane leia Cybele-dyrkarane
gjennom orgastiske ritualer, ledsaga av ville skrik og frenetisk musikk frå
fløyter, trommer og cymballar. Gudinna RHEA omgav seg også med Korybantar – desse skulle vere
guddommelege vesen. Rhea var av frygisk opphav liksom Cybele, og mykje tyder
på at Rhea og Cybele er to utgåver av same gudinna (eller to ulike namn på
same gudinna). Cybele hadde ein mannleg
partnar kalla ATTIS, av dei døyelege si ætt. I myten heiter det at han
var gjetar som Cybele var hugteken i. Men Attis sveik ho ved å forelske seg i
ei nymfe. I vreide kasta Cybele galskap over han, slik at han kastrerte seg
sjølv. Han blødde ihjel under eit pinjetre. Og så heiter det at Attis seinare
vart gjenfødt, og at han vart foreina med Cybele på ny. Han vaks inn i
pinjens stamme, er det sagt. Den store festen for Cybele i Roma
vart feira frå 15. til 27. mars. Det var også ein festival for Attis.
Tilhengarane kastrerte seg under eit pinjetre. Dette skulle symbolisere
Attis’ gjenføding. Eit pinje-tre vart hogd ned og brakt til Cybeles tempel,
der det vart æra som guddom og pynta med fiolar som skulle symbolisere
bloddråpane som rann frå Attis. 24. mars vart kalla "Blod-dagen".
Då skar øvstepresten seg i armen og ofra blod til Cybele, akkompagnert av
symballar, fløyter og trommer. Dei andre prestane dansa ein vill dans medan
dei piska seg til blods, så blodet spruta på altaret og det heilage
pinjetreet. 27. mars vart ei sølvstatue av Cybele, med den heilage himmel-steinen
plassert i statuas hovud, bore i prosesjon gjennom byen, og sidan bada i elva
Almo, som er ei sideelv til Tiber. Skulpturar
som er funne av Cybele i Efesos i
Anatolia (distrikt i Lille-Asia), viser ei kvinne med ei mengd bryst (trudde
ein tidlegare) som dekker heile
overkroppens framside. Desse skulpturane er feilaktig blitt kala Diana – eller Arthemis frå Efesos. Nå
veit vi at skulpturane forestiller Cybele, og at det som liknar på klasar med
kvinnebryst er okse-testiklar. Prestane som skulle tene gudinna måtte
kastrere seg, og begrave testiklane sine ved altaret. Seinare, då prestane
kjente seg meir makt-trygge, fann dei på råd for å sleppe unna dette - dei
kastrerte oksar i staden. Dei store okse-testiklane vart konserverte i parfymerte oljar, og under høgtidsam
seremoni, på rad og rekke hengt på den heilage statua av Cybele. Den ekte
Cybele-statua var av tre – kopiane som er funne er laga av stein. Meininga
med desse rituala var at Cybele skulle verte fræva av alle desse testiklane –
ho skulle verte gravid og føde den nye våren, men utan å misse sin jomfrudom.
Ho skulle ikkje ureinast av samleie med nokon mann. (Leier tankane til myten
om Jomfru Maria, dette her). På Sicilia vart Cybele dyrka som
jord-gudinne under namnet Hybia.
Ho vart rekna for å vere menneskas stam-mor. Cybele var av orientalsk opphav, og vart i
nokon grad adoptert av grekarane, og seinare av romarane. I gresk-romersk
litteratur høyrer vi om ho frå år 500 fvt. og framover. Romarane sitt
offisielle namn på ho var Mater Deum
Magna Idaea (Gudanes store mor frå Ida-fjellet). (Sjå IDA). Det ser ut til at Cybeles opphav kan sporast tilbake
til Frygia i Lile-Asia. Ho hadde
eit stort kult-senter ved byen Pessinos
som låg høgt oppe i lia på fjellet Dindymos
(Agditis). Men mange liknande gudinner vart dyrka over det meste av
Lille-Asia, og ikkje alle var frygiske. Cybele var gudommeleg mor for gudar, menneske og
dyr. Ho vart kalla "fjell-mor", og ho var mor for den ville natur.
Cybele-kulten hadde sterke innslag av orgastiske utskeiingar, sjølv dei
romerske statsleiarane prøvde å luke dette bort. Når Galli-prestane kastrerte
seg, så gjentok dei Attis sjølv-kastrasjon. Cybele vart avbileta med si tårn-krone
og med slør, sitande på ei trone eller vogn, og ho hadde gjerne to løver ved
si side. |
|||||||||||||
(CYGNUS) |
Cycnos
var son av kong Poseidon av Colonae - ein by på austsida av
Hellesponten. Cycnos kjempa på trojanarane si side under trojanar-krigane,
men vart drept av ACHILLES i første slaget. Faren hans gjorde han då om
til ei svane, og han flaug bort. Sidan hamna han på stjernehimmelen som
stjernebiletet Cygnus. Namnet hans
tyder "svane". |
||||||||||||
Cyklopane var einauga vesen med tilhald på Sicilia- avkom av GAIA/URANOS. Namnet tyder
"rund-auger". Tre av dei heitte ARGES, STEROPES, BRONTES. Dei hadde bare eitt auge -
midt framme i panna. Dei vart haldne fanga i Jorda (Gaia) av Uranos, men
slapp fri då CHRONOS kastrerte Uranos. Ein annan Cyklop var POLYPHEMOS (sjå denne). På OLYMPEN var Cyklopane arbeidshjelp i
smia til HEFAISTOS. Dei laga
tordenkilar til ZEVS. Til sist
vart dei drept av APOLLON, som var arg fordi Zevs hadde brukt ein av
tordenkilane til å drepe sonen hans, ASKLEPIOS. (Les meir under ARGES.) |
|||||||||||||
Cyparissos
var ein ung mann som APOLLON var
forelska i. Cyparissos drepte ved uhell yndlingshjorten til Apollon, og vart
så lei seg derfor at han forvandla seg til eit tre; sypress. |
|||||||||||||
Cyrene var datter av lapittane sin
øvsteprest Hypseos, og NAJADA Chlidanope. Cyrene var lite husleg av seg - ho ville ikkje site å
spinne og veve, og ho tykte det var dritt å vaske opp. Betre likte ho å jakte
villdyr på Pelion-fjellet. Det
dreiv ho med heile dagen og halve natta - ho sa ho gjorde det for å verne
kvegflokkane til faren. Ein dag kom APOLLON forbi, og han fekk auge på ho medan ho var i brytekamp
med ei diger løve. Han ropte på KENTAUREN
CHIRON - at han måtte kome og sjå. Snart hadde Cyrene drept løva, og
Apollon spurde Chiron kva dette var for kvinnfolk, og om han trudde ho kunne
bli ei høveleg kone for han. Cyrene og Chiron - har desse namna noko felles? Chiron lo. Han skjøna at Apollon godt
visste kven dama var, og at han alt hadde bestemt seg for å få ho. I staden
for å svare på spørsmålet, gav Chiron denne framtids-spådommen: Apollon vil ta med Cyrene over havet,
til Zevs' finaste hage, og gjere ho til dronning over ein mektig by. Byen
skal ligge på ei høgd som reiser seg ute på eit sletteland, og innbuarane
skal Apollon hente frå ei øy. Der i byen skal månegudinna LIBYA motta
Cyrene i eit palass av gull, og ho skal verte dronning over veidemenn og
bønder. Og Cyrene skal føde Apollon ein son der, og HERMES skal vere
jordmor. Guten skal heite ARISTEOS, og Hermes skal bringe han til dei
detroniserte gudane CHRONOS og GAIA - dei gamle guddommane for tid
og jord. Desse to skal mate han med ambrosia og nektar.
Det er mat og drikk som gir evig liv. Når Aristeos vert vaksen, skal han
kallast "Udøyelege Zevs", "Reine Apollon" og "Alle
folkestammers hyrde". Så Apollon tok Cyrene med i gullvogna
si, til staden der ruinane etter oldtidsbyen Cyrene nå ligg, på
Libya-kysten i Afrika. Der venta AFRODITE for å ta imot
dei, og ho førte dei straks til sengs i Libyas gullkammer. Den natta lova
Apollon Cyrene at ho skulle få eit langt og lukkeleg liv med mykje god jakt,
og at ho skulle få styre over eit fruktbart land. Så sette han nokre myrte-nymfer
- døtre av Hermes, til å stelle for ho, og etter ei tid fødte ho Aristeos. Og
Apollon var innom ein snartur for å sjå barnet, og dette resulterte i at ho
også fødte sjåaren Idmon. Ei anna natt sov Cyrene med krigsguden ARES,
og dette resulterte i DIOMEDES - han med dei fæle
menneske-etar-merrene. Myrte-nymfene lærte Aristeos å yste
ost, bygge bikuber og å foredle oleaster til rikt-berande oliventre.
Desse kunstane lærte han bort til andre, og dei æra han som guddommeleg for
det. Aristeos segla frå Libya til Boøtia,
og her viste Apollon han vegen til Chirons hole, der Chiron skulle undervise
han i mysterier. Sidan gifte MUSENE han med AUTONOË, og han vart
far til ACTEON og MACRIS - ho som stelte med DIONYSOS då
han var barn. Dessutan lærte Musene hans lækje-kunst og spådoms-kunst. Så
sette dei han til å gjete nokre saueflokkar som gjekk på beite i forskjellige
villmarker. Here øvde Aristeos seg i jaktkunstane han hadde lært av mora si. Ein dag reiste Aristeos til oraklet i DELFI,
for å spørje kva han skulle finne på. Han fekk høyre at han ville verte teken
vel imot om han drog til øya Ceos (Kos). Aristeos segla straks dit, og fekk greie på at den vonde
Hundestjerna hadde kasta ein pest over øybuarane, som straff for at
dei gøymde IKAROS' drapsmenn. Aristeos samla då alt folket der, let
bygge eit stort altar oppi fjella, og la offergåver til ZEVS derpå.
Samstundes blidgjorde han Hundestjerna ved å avrette Ikaros' mordarar. Hunderstjerna
er himmelens største stjerne, Sirius,
som egyptarane gav namn etter deira gud OSIRIS,
som hadde ein hieroglyf som likna
eit hundehovud. Egyptarane trudde at det var lyset frå Sirius, som saman med
solvarmen gjorde sommaren så heit. Uttrykket hundedagane, som er nokre ekstra varme dagar på seinsommaren,
heiter etter hundestjerna. Då er det flygemaur og masse insekt, og alle er
irritable. Lik flyt opp frå havbotnen, for botnvatnet byter plass med
overflatevatnet. Zevs var nøgd, og baud at Dei
Aegeiske Vindane heretter skulle kjøle heile Hellas med tilknytte øyar i
40 dagar kvart år, frå den dag på året då Hundestjerna viste seg på himmelen.
Dei blæs med kaldluft frå nord og aust. Pesten gjekk over, og folket på Ceos
heidra Aristeos. Og kvart år sidan ofra dei til Hundestjerna rett før ho
viste seg. Så drog Aristeos til Arkadia, og
slo seg sidan ned i Tempe. Men der døde alle biene hans, og lei og
forbitra gjekk han til ein djup kulp i elva Peneios, der han visste at
hans mor Cyrene heldt til saman med najade-søstrene sine. Tanta hans, Arethusa,
høyrde han kalle, og stakk hovudet ut av vatnet. Ho inviterte han ned til
najadenes fagre palass. Dei vaska han i vatn frå eit utømmeleg oppkome, og
etter ein seremoni-fest gav Cyrene han det rådet, at han skulle fange
fetteren hennar, havguden PROTEOS, og tvinge han til å fortelje kvifor
biene vart sjuke. Proteos kvilte middag i ei hole på øya Pharos,
der han var i ly for Hundestjernas varme. Aristeos fann han, og tvang han til
å fortelje: Sjukdommen på biene var straff fordi han hadde forårsaka EVRYDIKE's
død! Sant nok, då Aristeos ein gang elska
med Evrydike på elvebreidden nær Tempe, hadde ho sprunge sin veg, og blitt
bitt av ein slange. (Det same skjedde med OERFEOS og Evrydike, så her er noko
namne-samanblanding eller omdøyping eller anna rot). Aristeos drog attende til
Cyrene og fortalde, og ho rådde han til å reise fire altar i skogen til DRYADENE
- nymfene som pla vere i følge med Evrydike. Her skulle han ofre fire ungoksar
og fire kviger. Han skulle la kroppane verte liggande på altara, og kome
tilbake om morgonen ni dagar etter. Då skulle han ha med gløymsle-valmuer
(opium), ein oppfeita kalv, ein svart sau, for å blidgjere Orfeos' ånd, som
ennå ikkje hadde meldt seg i Underverda, der Evrydike venta på han. Aristeos gjorde som Cyrene
sa, og då han returnerte til altara den niande morgonen, steig svermar av
bier opp frå dei døde skrottane, og slo seg ned i eit tre. (Dette minner om Soga
om Samson i Bibelen). Aristeos fanga
svermane og sette dei i bikuber, og arkadarane hyllar han nå som ZEVS, fordi han hadde lært dei å ale
fram nye bisvermar. Men Aristeos var i sorg
over å vere sonelaus - hans son Acteon var død. Han drog til Libya og bad
mora skaffe han ein flåte. På denne segla han til Sardinia, der han
slo seg ned og dyrka opp øya. Han fekk to søner der, og DAIDALOS kom frå Kreta
og slo seg i lag med han. Men Aristeos grunnla ingen byar på Sardinia. Sidan
farta han omkring mykje - var mellom anna på Sicilia, der han vart hylla og æra av oliven-bøndene. Til sist
hamna han i Trakia, der der han
deltok i mysterie-kulten omkring DIONYSOS.
Han grunnla byen Aristeum, her, og forsvann så sporlaust. Han er sidan
blitt dyrka som gud, både av dei barbariske trakarane, og av siviliserte
grekarar. HISTORISKE
FAKTA: Det var utvandrarar frå øya Tera som grunnla Cyrene på Libya-kysten, i år 691 fvt. Kongen
deira heitte Battus, og han var første konge i eit langvarig dynasti
av kongar i Cyrene. Cyrenarane hevda
at stamfaren deira var ARISTEOS. Battus tyder "tunge-bunden"
(sikkert lite pratsam), og somt tyder på at Battus og Aristoes var same
person. Og Aristeos var son av APOLLON, hevda cyrenarane. Apollon
vart dyrka på Tera. Men CYRENE hadde blitt dyrka i lange tider før
Apollon og Aristeos såg dagens lys. Ho var gudinne i ein tidleg heste-kult i Magnesia, som seinare vart eksportert
til Tera. KENTAURAR høyrde med i
denne heste-kulten. MEIR
OM CYRENE: Cyrene var løve-gudinne. Løver vart ofra til ho. Cyrene er
avbileta naken - i erotisk kos med ei han-løve. Bak ligg eit hanløve-kadaver
med ein bisverm summande omkring. Dette biletet kjenner vi også frå hittittisk
mytologi. Hos hittittane heitte gudinna Hepatu. Og vi kjenner
biletet frå syrisk mytologi. Her heitte gudinna Anatha. I
den oldgreske byen Mykene,
var HERA løvegudinne. Hennar løve-partnar symboliserer Den
Heilage Kongen, som skulle menneskeofrast ved høgsommar, når sola står i
stjernebiletet Leo sitt teikn. (I den egyptiske zodiaken (dyrekretsen)
er denne tida på året symbolisert med ein kniv - kniven symboliserer same
ofrings-ritualet). Heilagkongen bar løve-maske og var kledd i løveskinn, som THESEVS
og HERAKLES. Løve-kadaveret på dei gamle bileta symboliserer fjorårets
heilagkonge. Mange måtte
slåss mot løve- gudinna Cyrene. mellom dei var jødanes' kong David Les meir om Cyrene under ARISTEOS. |
|||||||||||||
|