GRESKE OG ROMERSKE GUDAR

Gudar   D

Forfatta av Aslak Nedregård

Til Framsida

 

 

 

 

 

 

Greske

 

Romerske

 

DAGEN

DAIDALOS

DANAË

DANAÏDENE

DANAÜS

DAPHNE

DEIANEIRA

DEIMOS

DEINO

DELFI

DELFINOS

DELPHI

DELPHINOS

DEMETER

DEUKALION

DIKE

DIOMEDES 1

DIOMEDES 2

DIONE

DIONYSOS

DIOSKURANE

DODONA    

DORIS

DOROS

DRYADER

DRYOPE

 

 

 

 

 

 

    

       

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

DEA DIA

DEA MARICA

DECUMA

DEIPHOBE

DIA

DIANA

DISCORDIA

DIS PATER

DYRRHA

 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

DAGEN

 (DAG)

 

- sjå HEMERA

Tekstboks: DAIDALOSDAIDALOS

Daidalos var ein dyktig handverkar i Aten som hadde lært kunstane sine av ATENE. Han var treskjere-meister, men dreiv også med mange andre kunster. Han drepte nevøen sin TALOS, og vart jaga frå Aten for dette. (Sjå under PERDIX).

Daidalos rømde til Kreta, og arbeidde for kong MINOS og dronninga hans, PASIPHAË. (Sjå under MINOS).

Det var Daidalos som konstruerte Labyrinten, der uhyret MINOTAUROS huserte.

I Minos' palass, Knossos, dreiv Daidalos mykje med å skjere tredukker. Desse var ledd-delte, og dei ulike ledda vart haldne saman med streng. Dukkene vart hengt opp i frukt-trea, for å gi god avling. Dei hang der og dingla i vinden, som offergåver til GAIA. Det er funne restar av nokre av dukkene som Daidalos laga.

Men Minos sette Daidalos i fengsel fordi han hadde røpa løyndomar om labyrinten til THESEVS. I fengslet konstruerte Daidalos venger til seg og sonen sin, IKAROS. Han laga vengene av fjør og voks. Ved hjelp av vengene greidde dei å rømme, men Ikaros flaug for nær sola, voksen smelta, og han fall ned i Det ikariske hav.

Minos jakta på Daidalos i mange land. Då han kom til Sicilia vart han drept av døtrene til kong Kokalos, som hadde teke seg av Daidalos.

 

Tekstboks: NORRØNTDANAË

Danaë var ei jordisk kvinne som ZEVS forførte - han kom ned frå himmelen som eit gyllent regn. Ho var datter av ACRISIOS, konge av Argos. Sonen som Danaë fødte Zevs var heroen PERSEOS. Eit orakel spådde at Perseos skulle drepe morfaren sin, så Acrisios stappa Danaë og Perseos i ei kiste, og sendte dei til havs. Men dei overlevde, og spådommen vart oppfylt. (Les også om Halia under RHODE).

Somme forskarar trur at Danaë vart dyrka som gudinne av den norrøne høvding og seinare gud Odin, som vandra frå traktene på nordsida av Svartehavet til Danmark og seinare til Sør-Sverike. På gammaltysk heitte Odin Wodan. Siste lekk i dette namnet er Dan.  Danmark er oppkalla etter gamle kong Dan - altså Odin. Odin/Wodan er igjen  oppkalla etter Danaë. (Danmark kunne altså godt heite Odinmark).

Odins flokk kalla seg Æsar (fleirtall av Ås), fordi dei utvandra frå byen Ashov. Etter Danaë vart dei skandinaviske språka kalla dansk tunge(mål).

Ein annan flokk som utvandra omtrent samstundes, kalla seg Vanar, for dei kom frå traktene ved Van-sjøen i det indre av Lille-Asia. Vanane vart kalla vandalar og vender. Dei grunnla eit rike på Nord-Jylland som heiter Vendsyssel.

Æsane og Vanane hadde ulike gudar, men då dei to kulturane kom i trugande nærkontakt med kvarandre, kom dei fram til at det var betre å nytte seg av diplomatiet enn å slå kvarandre ihjel. Dei utveksla gudar med kvarandre, som gissel. Desse gudane vart truleg barn av høvdingar, som etter sin død vart guddommeleggjorde.

 

DANAÏDENE

Danaïdene var dei 50 døtrene til kong DANAÜS, son av kong Belos. (Belos var son av OSIRIS, og Babylons grunnleggar.) Deira farbror var kong Aegyptos av Arabia, som også erobra Egypt og gav namn til dette landet. Danaüs vart sendt av sin far for å regjere Libya.

Danaïdene hadde forskjellige mødre - NAJADER, HamaDRYADER, egyptiske prinsesser frå Elefantin og Memphis, etiopiske prinsesser, osv. Sjå under DANAÜS.

 

DANAÜS

Danaüs var son av den egyptiske kongen Belos og dronning Anchinoe. Han hadde 50 døtre, (sjå DANAÏDENE), og ein tvillingbror, Aegyptos, som hadde 50 søner. Aegyptos ville få slutt på ein strid med broren sin ved å gifte sine 50 søner med Danaüs' 50 døtre. Danaüs og døtrene rømde då til Argos, men Aegyptos' 50 søner kom etter dei. Så enda det med eit digert bryllup, men Danaüs gav kvar av døtrene sine ein kniv som dei skulle drepe mennene med på bryllupsnatta. Bare HYPERMNESTRA gjorde ikkje dette. Danaüs sette ho i fangenskap, men slapp ho seinare fri.

Som straff for morda vart dei 49 søstrene, som vart kalla DANAÏDANE, dømt av gudane til å fylle dei lekke krukkene i Underverda med vatn - til evig tid.

 

DAPHNE

Daphne var ei fjell-NYMFE som var datter av elve-guden Peneios. APOLLON bar attrå til ho. Det gjorde også Apollons rival Leucippos ("Kvite Hingst"). Denne hadde kledd seg ut som ei nymfe, for å kunne delta i nymfene sine festar. Apollon kjente til dette, og ein dag rådde han nymfene til å ta nakenbad, så dei kunne få greie på om alle i flokken var av kvinnekjønn. Leucippos vart då avslørt, og nymfene reiv han i filler.

Sidan gjekk Apollon på Daphne for å få viljen sin med ho. Daphne ropte på Mor Jord (GAIA) for hjelp, og Gaia omskapte ho til eit laurbærtre. Apollon måtte nøye seg med å kle seg i ein krans av lauvverket hennar, og å pynte lyren og pilkoggeret sitt med laurbær-greiner. Slik vart laurbær-kransen til.

Daphne var inga fryktsam nymfe - tvertimot; hennar namn var eigentleg Daphoene - "den blodige". Ho vart dyrka som gudinne ved Tempe-kløfta, der ho hadde sitt tempel. Denne gudinna hadde evig orgasme. Hennar prestinner, MAENADENE, tygde konstant laurbær-blad. Desse blada inneheld kalium-cyanid. Rusa på blada storma dei ut i landskapet ved fullmåne, og gjekk til angrep på uheldige vandrarar. Dei reiv i stykker barn av dyr og menneske, og valdtok vaksne.

Dei innvandrande patriarkalske folkestammene utrydda Maenadene - bare nokre laurbær-lundar stod att som minner etter dei. Og det var forbode å tygge laurbær sidan. Bare prestinna PYTHIA ved oraklet i DELFI fekk ruse seg på planten.

(Historien om Apollon og Daphne symboliserer den innvandrande patriarkiske kulturs overtaking av makta frå den gamle matriarkalske kulturen, der trippel-gudinner regjerte).

Tempe-kløfta er ein ravine-dal som ligg nord i Thessalia. Gjennom kløfta renn elva Pineios (Peneos), (Peneios) mot Egearhavet. Det er sagt det var POSEIDON som hogg ut kløfta med treforken sin, mellom Olympos-fjellet og Ossa-fjellet. Somme stadar utvidar kløfta seg til ein svært fruktbar dal, der elva går breid og i vide slynger. Mange festningsverk vart bygd oppover dalen, for å stagge inntrengarar. Etter Daphne si storheitstid vart det reist eit tempel for Apollon på elvas høgre breidd. Kvart niande år vart ein delegasjon sendt til Tempe-ravinen for å hauste laurbærblad som skulle flettast til sigerskransar for vinnarane av Dei Pythiske Leikane. (Sjå under DELFI).

 

DEA DIA

Dea Dia var ei tidleg romersk gudinne for korndyrking og jordbruk. Ho vart ofte assosiert med den romerske korn-gudinna CERES og jordgudinna TELLUS, men Dea Dia var ei gudinne for seg sjølv, og ikkje eit anna namn på nokon av desse to. Prestane hennar heitte Fratres Arvales, og dei æra Dea Dia med ein festival som gjekk over tre dagar i mai eller juni. Det var ein festival som var flyttbar, og kunne tilpassast kornets mogningstid. Under denne festivalen velsigna prestane åkrane og ofra til maktene i Underverda.

Frates Arvales kan omsetjast med ”åkerbrørne”. Desse prestane til Dea Dia var 12 i tal. Dei vart kalla Fratres Arvales fordi dei gjorde offentlege ofringar for å gynne åkranes fræve. I ein legende heiter det at det var ROMULUS som innførte dette presteskapet. Romulus hadde ei ”barnepike” som heitte ACCA LARENTIA. Ho hadde 12 søner, men ein av dei døde. Då tilbaud Romulus seg å bli adoptivsonen til Acca Larentia, og ta plassen etter den døde. Det vart slik, og Romulus kalla seg og sine 11 nye brør for Fratres Arvales.

Romarane gjorde forbund med den mektige folkestamma Sabinarane. I samband med dette måtte dei utforme ein felles-religion som dei to folkestammene kunne semjast om. Det vart nedlagt mykje arbeid med dette. Sabinarane hadde eit prestekollegium på 12 som vart kalla Sodales Titii. Dei hadde ansvaret for sabinarane sine religiøse seremoniar. Presteskapet Fratres Arvales vart kanskje institusjonalisert av romarane for at dei skulle ha sitt motstykke til sabinarane sine Sodales Titii?

Ein inskripsjon frå Keisar Elagabalus si tid (han vart keisar i år 218 evt.), skildrar dei ulike seremoniane til åkerbrørne. Elagabalus vart utnemnd til å vere ein av åkerbrørne, og i denne rollen gav dei han eit anna namn – Marcus Aurelius Antonius Pius Felix. Inskripsjonen inneheld mellom anna eit salmevers, som ein trur er minst likså gammalt som Dea Dia-kulten.

Seremoniane som Fratres Arvales utførte, handla om å gi liv. Også fangar og fredlause hadde rett til å delta i seremoniane. Under seremoniane bar prestane ein krans fletta av kornaks (spicea corona), som var festa til hovudet med eit kvitt band. Det skulle vere 12 prestar, men i relieff og liknande frå den tida, ser vi aldri fleire enn 9. Kvart år vart ein ny øvsteprest utnemnd. Han tala til folket frå CONCORDIA-templet  Capitol. (Concordia-templet var elles den faste samlingsstaden til åkerbrørne).

På første og siste (tredje) dag av Dea Dia-festen møttes åkerbrørne i huset til øvstepresten sin, for å gjere ofringar til Dea Dia. Første dag var til fest-førebuing. Den midterste festdagen var den viktigaste. Då samlast prestane i Dea Dias heilage lund. Den heilage lunden låg vel ei mil utanfor Roma, ved femte milestein på vegen Via Campana, på elva Tibers høgre breidd. Her var eit tempel, eit amfi-teater og fleire offer-altar. Her ofra prestane først to grisungar og ei kvit ku, for å gynne jordas fræve. Siste offerdyret var det viktigaste – det var ein feit sau. Rituala fortsatte med vinofring og brenning av røykelse. Og tørre og friske kornaks vart handsama. Det var servert brød som var baka på første festdagen, og pynta med laurbærblad. Til slutt dansa prestane i templet til ein urgammal salme, som dei sang frå ei gammal salmebok. Teksten var på eit gammalt språk som ikkje vart forstått i keisartida. Salmen byrja slik: Enos lases iuvate.

Etter salmen følgde eit måltid, og så var det hestelaup i amfiteatret. Alle for så inn til byen, og åkerbrørne overnatta i huset til øvstepresten.

På den tredje festdagen vart det servert eit offermåltid, og til slutt vart keisaren hylla.

Kvar bonde arrangerte også sin private offerfest for Dea Dia, kalla Ambarvalia. Ambarvalia kan omsetjast med ”rundt-omkring-gåing”. Eit offerdyr vart leia tre gangar rundt korn-åkrane, følgd av ei lystig forsamling av bønder og onne-arbeidarar. Dei dansa og sang, og spela sikkert på instrument. Så lovsang dei korngudinna CERES, og takka ho for at ho var til stades. Dei ofra mjelk, honning og vin til ho. Så vart offerdyret rituelt slakta som gåve til Dea Dia. Når dette var unnagjort, kunne kornskurden byrje.

I keisartida hadde åkerbrørne også andre oppdrag enn å stå for programmet under Dea Dia-festivalen. Dei framsa eider og gjorde ofringar under haust-takkefesten, og under keisar Tiberius utførte dei offerhandlingar ulike stadar langs Romas gamle grenser. Eg trur det var ein skikk frå ”gamle dagar” som Tiberius ville halde i hevd ved dette. (Sjå under TERMINUS).

Omkring år 400 evt. måtte Dea Dia og prestane hennar gi tapt for Kristendommen, som ikkje lenger ville vite av slik heidenskap.

Men den katolske kyrkja arrangerte også seremoniar med å gå i prosesjon rundt kornåkrane, med salmar, bøner og velsigningar til markens grøde. Desse seremoniane strekte seg over tre dagar i kvitsøndags-veka. Den reformerte kyrkja ville ikkje vite av denne skikken, for den medførte så mykje ugudeleg spetakkel. I staden gjorde soknepresten ein inspeksjonsrunde gjennom kvart kyrkjesokn, og gav åkrane guds velsigning.

 

DEA MARICA

Dea Marica var ei førromersk gudinne for sump og myr.

Dea tyder "gudinne", og Marica tyder "myr". Sump heiter marshes på engelsk, og myr og mar er like stavingar. Mare tyder hav, og Atlanterhavet er blitt kalla "Blå-myra". Nokon samanheng?

 

DECUMA

Tekstboks: CUMAE(Decima)

Decuma var romersk gudinne for barnefødslar. Saman med NONA og MORTA utgjorde ho dei tre lagnadsgudinnene PARCENE. Dette siste var eit nyare påfunn, influert av den greske mytologien om MOIRENE.

Det ser ut til at Decuma er lite forska på. Som lagnadsgudinne var det Decuma som bestemte livslengda til dei nyfødte. Å decimere tyder "å ti-dele" eller "forminske drastisk". Var det Decuma (Decima) som avgjorde om livet skulle verte kort? Eller er Decuma samandraging av Dei Cumae - "Gudinna frå byen Cumae"? (Sjå også under DEIPHOBE).

 

DEIANEIRA

Deianeira var ei vakker kongsdatter i Kalydon i Aitolia - datter av ALTHAIA. Det er usemje om kven som var faren - somme held på DIONYSOS. Namnet hennar tyder "mann-drepar". Ho var søster av MELEAGER. Deianeira vart HERAKLES' andre-kone. Det vart bryte-kamp mellom Herakles og elveguden ACHELOOS om kven som skulle få ho. Under kampen omgjorde Ascheloos seg til ein kvit okse, men Herakles braut av han eit horn, så Ascheloos gav seg.

Då Herakles drepte munnskjenken sin i bryllupet, vart det til at Herakles og Deianeira ville rømme i eksil. Dei kom til ei elv, og der arbeidde KENTAUREN NESSOS som ferjemann. Herakles kom seg over elva på eiga hand, men han overlet til Nessos å frakte Deianeira over. Men Nessos prøvde å valta Deianeira midt ute i elva. Herakles skaut han med ei gift-pil. Den døyande Nessos bad Deianeira ta vare på blodet hans - det ville gjere Herakles forelska i ho til evig tid, sa han. Så då Deianeira sidan ein gang frykta at Herakles var meir kjær i IOLE enn i ho, smurte ho det giftige blodet frå Nessos på Herakles' drakt - ho trudde dette skulle gjere Herakles kjær i ho. Men det vart Herakles' bane. Alt kjøt vart etsa av kroppen hans. Han let seg brenne på eit bål for å sleppe fri smertene. Men sidan hamna Herakles   OLYMPOS som udøyeleg. Deianeira drepte seg sjølv med sverd.

 

DEIMOS

– sjå PHOBOS

 

DEINO

- sjå GRAIARENE

 

DEIPHOBE

Deiphobe vart kalla Den cuméiske sibyle. Ho var ei prestinne av gamle-sorten.

For lenge sidan, på tida då Roma vart grunnlagt, kom ei gammal og ukjent kone til Roma for å treffe kong Tarquinius. (Kong Tarquinius Superbus regjerte i åra 534-510 fvt.)

Kona sa ho kom til han for å drøfte stats-affærer. Ho ville selje han ni bøker. Tre hundre gull-denarar vile ho ha i betaling. Kongen trudde ikkje sine eigne auge og øyre. Bøker? Kva bøker? Kva var det med denne gamle kjerringa?

   - Eg vil selje deg ni bøker, sa ho, - dei fortel kvar verda går.

Kongen forstod ikkje, og ho måtte forklare nærare:

   - Mine bøker fortel om verdas framtid, og korleis det skal gå med verda, sa ho.

Men sjølv om dette høyrdes fantastisk ut, tykte kongen at prisen var for høg, og sendte kona bort.

Så gjekk det nokre veker, for kona gjekk heile vegen frå Roma til Cumae, som ligg på nordsida av Napoli-bukta, og vegane mellom Roma og Cumae har alltid vore lange. Og ho gjekk ut att frå Cumae, og returnerte gjennom bondelandet Campania. Så møtte ho atter opp i kongens audiens-kammer og presenterte seg.

   - Kva er det nå du vil? sa kongen, for ho var ei svært gammal kone.

   - Eg vil selje deg seks bøker, svara ho.

   - Og prisen? spurde kongen.

   - Det har eg alt fortalt - tre hundre gull-denarar, svara ho.

   - Prisen er for høg, meinte kong Tarquinius.

Så gjekk det noko tid, for kona var ikkje så ung som før, og vegane mellom Roma og Cumae har alltid vore lange. Men så kom kona for tredje gang og søkte audiens ved kongens hoff.

   - Eg har tre bøker å tilby, sa ho til kongen.

   - Og prisen? ville han vite.

   - Same pris; tre hundre gull-denarar, svara kona.

   - Kva har hendt med dei andre seks bøkene, spurde kongen.

   - Eg har brent dei, svara ho.

Kong Tarquinius kjøpte dei tre gjenverande bøkene, som fortalde om verdas framtid og lagnad, for tre hundre gull-denarar. Ho som selde var Den cuméiske sibyla, i eigen høge person.

Så bad kongen sibyla om å rekonstruere dei andre seks bøkene, men dette nekta ho. Etter å ha lest dei tre bøkene han hadde kjøpt, spurde kongen igjen sibyla om å gjere dette, men ho nekta fortsatt.

Så vaks Roma i makt og velstand, og vart til eit kongedømme; så til ein mektig republikk, som erobra Gallia under Julius Caecar. Til sist var Romerriket eit verdsomspennande imperium, men så vart Caesar knivstukken på Romas torg. Og i alle desse århundra hadde ikkje romarane kunnskap og forståing om kva som var imperiets mål og meining, og til sist braut det heile saman. Hadde romarane hatt dei seks brente bøkene, så kunne det nok gått annleis!

I eit strengt vakta skattkammer i Jupiter-templet på Capitolhøgda, vart dei tre gjenverande sibylliske bøkene oppvara. Presteskapet spurde bøkene til råds når Roma vart råka av jordskjelv og andre katastrofer. Teksten i bøkene var skriven i greske heksameter-vers. Bøkene vart øydelagt i ein brann i år 83 fvt.

Etter denne brann-katastrofen sendte presteskapet utsendingar til ulike orakel for å prøve å samle inn liknande profetiar, og dei fekk ordna seg ei samling, som dei nytta til omlag år 400 evt., då general Flavius Stilicho øydela bøkene. Han var ein vandal, (sjå under DANAË), men han hadde vel sine grunnar?

 

Virgil skildrar den cuméiske sibyle slik: Ho skiftar framtoning og andletsfarge. Hennar hår står rett til vers. Hennar bryst kvesler og hiv etter pust. Hennar ville hjerte slår tunge slag. Skum frådar om hennar lepper, og hennar røyst er fæl. Ho vandrar att og fram i hola si, og gestikulerer som om ho vil fordrive gudane frå sitt bryst.

Folk gjekk til den cuméiske sibyle for å få spådommar og gode råd om framtida. Ho sat på ein tripod (krakk med tre bein), og skreiv sine svar på mange eike-blad. Så la ho desse blada utfor hola si, og let vindane blåse dei hit og dit. Når rådspørjaren så fekk samla saman blada, var det ein rebus å få stokka dei rett, slik at han kunne finne eit orakel-svar som gav meining.

Den cuméiske sibyle drakk alltid nokre dråpar laurbærsaft før ho gav orakelsvar.

Det romerske senat beordra to patrisarar til å skrive oppatt dei tre sibylliske bøkene som var tapt i brannen, etter minne. Kort etter var ti menn sett på jobben. Så vart tallet på nyskrivarar auka til femten, og etter kvart fekk heile presteskapet jobben med å prøve å rekonstruere dei oppbrente bøkene. Med tida var ein slags kopi ferdig, og Julius Caesar gav denne til øvsteprestane sine. Kopien av dei tre sibylliske bøker vart oppvara og vakta i underjordiske kammer på Kapitol-høgda. Men også kopiane vart brann-offer - i år 83 evt.

I løpet av vinteren 218 fvt., som var ei ulykkeleg tid for Roma, mottok byen mange vonde varsel:

                1. Ein seks månadar gammal baby ropte "Viktoria!".

                2. Ein okse klatra opp i tredje etasje i eit hus og hoppa ut.

                3. Fantom-skip viste seg på himmelen.

                4. Håpets tempel vart råka av lynet.

                5. Ein ulv stakk av med sverdet til ei portvakt.

Då våren kom (år 217 fvt.), tok Hannibal ut frå sitt vinterkvarter for å fullføre si erobring av Romarriket. Våren gav mange vonde varsel, både i Italia og på Sicilia. Sola var mindre enn vanleg, og så såg det ut som ho ville kollidere med månen. Så dukka to månar fram på dag-himmelen. Så delte himmelen seg i to - det vart ei revne i himmelen som skein med eit glødande lys. Så såg det ut som heile himmelen tok fyr. Og under ein kraftig regnstorm i byen Capua, fall den eine av dei to månane ned. Og så kom same varsel som hadde komt då den greske byen Thebes fall - ei heilag kjelde rann full av blod.

Folk vart hysteriske, og til slutt beordra den cuméiske sibyle dei til å setje seg i vegkryss og be til Den Trefaldige HECATE, og så måtte dei hente frå Asia den svarte steinen til sjølvaste Mor CYBELE, og dessutan Cybele sjølv, til vern i denne lagnadstid. (Sjå CYBELE).

Arkeologane har nå funne holene til dei cuméiske sibyler, ved byen Cumae, med stolpar og oppmuringar, tunellar og steinsetjingar. Det var eit kvinneleg presteskap, som mellom anna dreiv med orakel-spådommar. Den cuméiske sibyle inngjekk i staten Roma sitt øvste-presteskap.      

 Den romerske historikaren Varro lister opp 10 sibyler, som heldt til i:

PERSIA

(Kaldea). Vart nytta av Alexander den store.

LIBYA

Sibyle som heitte Lamia, som tyder "Medusas slange".

DELFI

Sibyla i DELFI, på Parnassos-fjellet i Hellas.

KIMMERIA

Denne sibyla heldt til ved Avernus-sjøen i Italia.

ERYTHREA

Denne sibyla hadde truleg tilhald i Babylon. Ho forutsa trojanarkrigane.

SAMOS

Denne sibyla på Samos var knytt til gudinna HERA.

CUMAE

Kultstaden for denne sibyla var nokre bergholer ved byen Cumae ved Napoli-bukta. Vi kjenner namna på nokre av dei: DEIPHOBE, AMALTHEA, HEROPHILE, Demophile, Taraxandra.

HELLESPONTEN

Denne sibyla trådte fram på historiens scene i Troja, på den tida då Solon og Kyros den store levde.

FRYGIA

CYBELE-prestinner som profeterte i Ankara i Tyrkia.

TIBURTINE

Sibyle som profeterte i Tirana i Albania.

Seinare har ein komt på 4 sibyler til, med sine orakel-senter:

COLOPHON

 

RHODOS

 

EFESOS

I Tyrkia

SICILIA

 

 

Truleg så er dei kimmeriske sibyler og dei cuméiske sibyler dei same. På Acropolis i Cumae stod eit orakel-tempel for APOLLON. Ein underjordisk veg gjekk frå det søraustlege distriktet av byen Cumae, gjennom Grillo-fjellet, til breiddene av Avernus-sjøen. Heilagdommen til den cuméiske sibyle var tileigna prestinne-dronninga PROSEPINE, som hadde blitt valdteken av HADES på Sicilia.

Ein tidleg kristen vitja den cuméiske sibyle kort tid etter at hennar prestinneskap var offisielt avskaffa - omlag år 50 fvt. Han  vart ført på ein rundtur i templet ved Cumae, og fekk vite kvar sibyla hadde reinsa seg. I ein sid seremoni-kjole gjekk ho så einsam inn i sitt kammer, sette seg på trona, og avga sine orakelsvar. Ved enden av hennar kammer var eit heilagt, indre kammer, kalla adyton.

Den cuméiske sibyle vart høgæra av dei tidlege kristne - ikkje bare på grunn av hennar spådomsevner, men også fordi ho hadde forutsagt Kristi fødsel. Få kristne av i dag har peiling på dette.

Ein sarasensk krigsflåte herja og øydela Cumae i år 915 evt.

 

Tekstboks: FOTODELFI

Om ORAKLET I DELFI ...sjå også under APOLLON. Sjå også DODONA.

 

Ved hjelp av orakel kunne folk rådspørje guddomar eller andre åndsmakter om saker som låg dei på hjertet. Eit orakel var gjerne knytt til spesielle stadar, og i oldtida var det mange orakel i traktene omkring Middelhavet - større og mindre. Egyptarane brukte orakel flittig. Til dei mest vidgjetne orakla kom det folk langvegsfrå for å få råd:  når var det lurt å starte ein krig?... kven burde ein gifte seg med?... kva burde ein vakte seg for? og liknande.

Orakla vart administrert av eit presteskap, og oftast var det bygd eit tempel for eine eller andre guden på staden. Og "klientane" betalte gåver til orakla for hjelpa. Orakla var nok ein smart måte å loppe folk på, ved å spele på folks tru på guddomar og overnaturlege krefter. Og det var stor velstand hos presteskapet ved dei mest populære orakla.

Guddommen som var knytt til eit orakel meddelte seg ved hjelp av diverse media (eintal: medium). Det kunne likne på spåing i kaffe-grut - til dømes kunne ein studere korleis eit dyr eller ein dyre/fugle-flokk tedde seg, og så vart framferda til dyra tolka av presteskapet, som så kunne gi klienten eit svar - ofte ved nokre uklare verse-strofer, slik at klienten måtte tyde seg fram til ei meining sjølv. Då hadde presteskapet ryggen fri om rådet slo feil - dei kunne hevde at det var klienten som hadde tolka versa deira på feil måte.

Oraklet i Delfi var det mest vidgjetne i den greske oldtids-verda. Delfi var ein gresk by som låg i skråninga opp mot Parnassos-fjellet, ved Korint-bukta i nåverande Fokis-distriktet. Oraklet var vigd/knytt til guden APOLLON. Namnet skriv seg frå at Apollon også vart kalla Delphinios som tyder delfin, og han kom symjande inn Korint-bukta forkledd som delfin den gangen han skulle styrte GAIA frå høgsetet.

 

Nok ein gang høyrer vi her om ein mann-gud som kom og styrta ei kvinne-gudinne frå trona. Oraklet i Delfi hadde vore dyrka i lange tider før Apollon viste seg på  historiens spelebrett.

 

Grekarane meinte at Jordas sentrum låg her i Delfi - verdas navle, kalla Omphalos. Det var ZEVS som fann ut dette. Han let to ørner flyge frå kvar sin ende av verda, og dei møttes i Delfi. Omphalos - verdas navle - var ein stor, oval, halvkuleforma stein som låg midt i Apollon-tempelet.

I førhistorisk tid skal oraklet i Delfi ha vore vigd til jord-gudinna GAIA. Den gang heitte Delfi Pytho, og ein fann orakelsvara ved å lytte til bølge-skvulp og susinga i trekronene. Ein mytisk kvinne-skapnad, kalla HEROPHILE, meir kjend som SIBYLE, sang fram orakelsavara i gåte-form. Sidan har alle spåkvinner fått namn etter ho. Gaia delte heilagdomen (templet) med POSEIDON, som i dei tider var gud for jordskjelv og vatn.

I ein myte heiter det at Apollon overvann og drepte Gaia si "vakt-bikkje" - slangen PYTHON. Så jaga han Gaia frå heilagdomen, og tok makta sjølv, saman med DIONYSOS. Etter denne hendinga fekk Apollon tilnamnet Pythia-Apollon, og ein heilag slange vart knytt til Apollon-kulten. Men til straff for drapet på Python måtte Apollon slave ni år for kong ADMETOS som gjetar, før han kunne ta styringa i Delfi.

 

Slå opp på THEMIS, så får du meir å grunde på!

 

Presteskapet ved oraklet i Delfi utvikla kompliserte rituale som vart nytta når oraklet skulle rådspørjast. Desse vart sentrert omkring ei spesielt utvald prestinne, kalla PYTHIA. Oraklet fekk også namn etter ho - oraklet heitte altså Pythia, og hadde tilhald i tempelet i Delfi. Slik var det på Apollon si tid. I Gaia si tid heitte kanskje oraklet SIBYLE.

 

Ved Delfi seiv det opp lystgass frå ei djup, vulkansk sprekke i jorda. Over denne sprekka var det bygd eit stort tempel. Prestinna Pythia sette seg over sprekka på ein tripod (krakk med 3 bein), og let seg ruse av gassen. Dessutan hadde ho tygd store mengder laurbær-blad, som også gir rus-effekt. I transe mumla Pythia fram utydelege ord, og desse vart tolka av ein høgsteprest, og så lagt fram som Apollons orakel-svar. (Slik var det i seinare tid - etter at Apollon hadde teke makta i heilagdommen).

Før oraklet kunne tre i aksjon (i Apollon si tid), måtte preste-medhjelparane, kalla theopropes (som kun var menn), gjennomgå eit innvikla reinsings-rituale. Dette skjedde ved ei heilag, vulkansk kjelde som låg like ved - Den castilianske kjelda. På liknande vis gjennomgjekk også Pythia eit reinsings-rituale. Konsultasjonen byrja med ofring av eit dyr. Dyret måtte vere i god form, og ikkje skjelve når dei spruta kaldt vatn på det. Så kom klientane inn. Spørsmåla dei ville stille hadde dei på førehand skrive ned, og desse vart nå overlevert til ein prest. Denne presten bad så Pythia om å få svar av Apollon. Det Pythia mumla, oversette høgste-presten til hexameter-vers. Versa var alltid noko uklare, og lette å mistyde. Til dømes spurte kong Krøsos om han burde invadere Persia. Han fekk til svar at om han invaderte, så ville eit mektig rike gå under. Han fekk blod på tann og invaderte, men det var hans eige rike som gjekk under.

 

 

Kvart fjerde år vart det arrangert Pythiske leikar ved Delfi. (Før år 582 fvt. vart dei arrangert kvart 8. (9.) år). Desse leikane var til minne om den gang då Apollon tok styringsmakta i Delfi etter å ha jaga Gaia, og teke straffa for dette ved å trelle ni år for kong Admetos. Det var idrettsleikar, og det var musikk og teater. Amfi-scena i Delfi hadde plass til 5000, og stadion hadde plass til 7000.

 

Fabel-diktaren Aesop levde frå 620-560 fvt. Han var frygisk slave, men på grunn av sine litterære evner vart han med i kong KRØSOS sitt hoff. Etter ei reise til Delfi hadde Aesop stått fram og kritisert presteskapet ved oraklet. Han kalla dei Apollons parasittar. Dette kosta han livet – han vart myrda av dei rasande prestane.

 

Ein gang stal HERAKLES tripoden til Pythia.

Ved Delfi ligg nå eit mykje interessant museum, men bergsprekka med lystgass er borte….Nei, vent! Her er siste nytt:

 

Orakelet i Delfi gikk alltid ned i kjelleren og pustet inn hellig damp før hun ga sine svar. Nå har en arkeolog og en geolog ved en tilfeldighet funnet ut hva hun pustet i seg.

Av JON R. HAMMERFJELD
Dagbladet, t
irsdag 19. mars 2002 23:48,
oppdatert 23:51

Historikere har avfeid Orakelet I Delfi som en myte. De fant ingen kilde til gasser eller damp som steg opp fra gulvet og avfeide det hele.

Men de hadde ikke undersøkt tempelet i Delfi i Hellas godt nok.

I 1200 år skal herskere, krigsherrer og nysgjerrige ha valfartet til Orakelet i Delfi for å få råd. Hun, det var alltid en kvinne, stakk alltid ned i kjelleren for å puste inn de hellige gassene som strømmet opp fra gulvet, før hun ga sine svar.

I en stille transe ga hun sine profetier, men av og til var hun rasende.

Kanskje ikke så rart. For gassene hun pustet i seg kan være lumske dersom de ikke doseres riktig.

Oppdaget ved en tilfeldighet

I 1981 var geologen Jelle Zeilinga de Boer i Hellas for å gi regjeringen råd om hvor de burde plassere et atomkraftverk i området rundt Delfi. Under en undersøkelse sprengte de bort litt stein, og en sprekk mellom to steinlag viste seg. Sprekken gikk helt opp til tempelet. de Boer undersøkte det, men regnet med at det var kjent.

Først i 1995 ble han klar over at hans oppdagelse var ukjent for resten av verden.

Siden den gang har han undersøkt stedet, melder The New York Times.

Nå har de Boer fått hjelp av en arkeolog og to kjemikere til å legge fram betydelig bevis for at historiene om orakelet faktisk kan ha rot i virkeligheten.

Pustet inn hydrokarbon

Forskerteamet fant ut at det strømmet etengass opp fra kjellergulvet i tempelet.

Gassen ble tidligere brukt for å bedøve pasienter. I mindre doser kan en bli oppstemt. Det kan da også forklare hvorfor Orakelet i Delfi av og til ble sint. Det var ingen måte å bestemme hvor store doser man fikk i seg.

- Vi ville bare se om det var noen geologiske holdepunkter for fortellingene til Plutarch og andre kilder, sier de Boer.

 

DELFINOS

Delfinos var knytt til TYPHON. Då POSEIDON ville gifte seg med NEREIDEN AMFRITITE og ta ho med seg ned i havet, rømde ho til Atlas-fjella. Men Poseidon sendte fleire ulike sendebod for å godprate med ho - mellom anna ein delfin - Delfinos. Han prata så vel om Poseidon at Amfritite gjekk med på bryllup. Til takk sette Poseidon Delfinos på himmelen som stjernebilete.

I andre myter heiter det at Delfinos (eller Delphinios) var eit anna namn på APOLLON, fordi han hadde det med å forkle seg som delfin. Då Apollon først kom til DELFI var han utkledd som delfin, og Delfi har namn etter dette.

 

DELPHI

- sjå DELFI

 

DELPHINOS

- sjå DELFINOS.

 

DEMETER

Demeter var i følge den klassiske greske mytologien datter av CHRONOS og RHEA, og ho vart rekna som ein av dei 12 OLYMPIARANE. Ho var søster til HESTIA, HERA, POSEIDON, HADES. Demeter og alle desse søskena vart slukt av faren straks dei var født, men den yngste broren, ZEVS, som ikkje vart slukt, tvang Chronos til å spy ut alle sine slukte barn.

Med ZEVS fekk Demeter dattera PERSEPHONE. Men HADES vart kjær i Persephone, og bortførte ho heim til seg i Underverda. Då sørgde Demeter slik at ho forsømte åkrane - det kom inga avling, og det vart hungersnaud. Då sendte ZEVS HERMES til Hades med krav om at han skulle returnere Persephone frå Underverda. Hades gjekk med på dette, men før han slapp jenta fri, let han henne ete nokre magiske granateple-frø. Verknaden av desse var at ho kjende seg tvungen til å vere hos Hades fire månadar kvart år.

Då Demeter fekk Persephone tilbake, vart ho så glad at ho let vår og sommar gro fram samstundes, og det vart frukter og anna avling å hauste, i store mengder.

Men kvar haust måtte Persephone returnere til Hades, og stor sorg kom då over Demeter. Det var Demeters sorg som forårsaka den golde vinter, då alt planteliv døde. I denne tida gjekk Demeter kvilelaus omkring på jorda og leita etter Persephone.

Persephone vart forresten kalla KORE når ho var på jordas overflate, og heitte Persephone bare når ho var i Dødsriket.

DEMETER eitt år var på fortvila leit etter PERSEPHONE, skapte ho seg om til ei merr for å sleppe unna POSEIDON, som var hugteken i ho. Ho var ikkje i stemning for kjærleikseventyr. Ein kveld gjekk ho på beite saman med bølingen til Oncos – ein son av APOLLON, i ein fjelldal vestom Argos. Men Poseidon var i farta – han hadde skapt seg om til ein fyrig hingst, og kom og bedekte ho. Avkommet vart nymfa Despoena og villhesten ARION. Demeter var etterpå så rasande, at ho i landskapet her sidan vart dyrka som ”Den Rasande Demeter”. (Sjå KORE; sjå PERSEPHONE).

 

Demeter var fræve-gudinne og gudinne for korn og grøde. Det er usikkert kva hennar namn tyder, men "Jordas mor" er foreslått. Om namnet er samandraging av dei-mater, kan det tyder "Gudanes mor" eller  "Guds-mor".

CERES var Demeters romerske motstykke.

Demeter var mor- og fræve-gudinne i matriarkalsk, før-gresk tid. Truleg hadde ho mange lokale namn, og i gresk-romersk tid meinte mange at ho likna mykje på den egyptiske ISIS. Vi kjenner til at ho vart dyrka i nåverande Ukraina, og nok har ho hatt vid utbreiing, og vore dyrka som øvste guddom i mange kulturar før ho kom til grekarane. Til tider vart Demeter, som frævegudinne, identifisert med RHEA og GAIA.

Historikaren Apollodoros fortel at på den tida då Pandion var konge i Aten (1462-1423 fvt), kom Demeter og DIONYSOS til Attika. Demeter vart tatt imot av kong Celeos av ELEUSIS, medan Dionysos tok inn hos IKARIOS - ein atenar av høg byrd. Dionysos lærte Ikarios å lage vin.

Demeter lærte folket i Eleusis å pløge opp åkrar og så korn - ein slags kveite var det dei først sådde. Demeter samarbeidde med kong Celeos' son TRIPTOLEMOS om jord-dyrkinga, og han vart guddommeleggjort som heilagkonge for dette.

Den første kornåkeren vart anlagt på Den Rhariske Sletta ved Eleusis. Eleusis er ein liten by 14 km frå Aten.

Folk i Eleusis kunne nå etter kvart verte jordbrukarar - før hadde livsgrunnlaget vore fedrift, jakt, fiske og sanking. Eleusarane kunne verte bufaste bønder, og ved dette vart Demeter også dyrka som vernegudinne for det organiserte bondesamfunn.

Og kunnskapane om åkerbruk utbreidde seg i Grekarland frå Eleusis.

Demeter vart også dyrka som vernegudinne for ekteskapet, og ho vart dyrka av kvinner av alle sosiale lag. I gresk-romersk tid kom kvinner frå alle egner omkring Middelhavet til Eleusis for bli vigsla til Demeter, så dei kunne få delta i Dei Eleusiske Mysteria.

Demeter vart gjerne avbileta sitjande - ei mild kvinne med kornaks, frukter og ein fakkel. Fakkelen brukte ho om vinteren, når ho leita etter Persephone. Fakkelen var også symbol for vona om att sola og lyset skal vende tilbake etter den mørke vinter. Demeters fakkel måtte ikkje slokne, men brenne som ein evig eld. Dei gamle bondesamfunna i Skandinavia hadde mange skikkar knytt til lysbrenning midtvinters. Eit lys måtte brenne heile natta ved vintersolkverv, og ein turde knapt puste, for bles lyset ut så vart det uår, og i verste fall ville sola gløyme å snu, og aldri meir kome tilbake.

Demeters heilage dyr var slangen, som symboliserer jord og mold, for det er der han kryp, og grisepurka, som symboliserer fræve, for ho føder så mange barn.

 

Tekstboks: MEIRTekstboks: BILETETekstboks: DEMETER

DET STØRRE ELEUSISKE MYSTERIUM

DET ER STRENG STRAFF FOR Å AVSLØRE LØYNDOMMANE VED DEI ELEUSISKE MYSTERIA, MEN EG SATSAR PÅ AT DENNE LOVA ER FORELDA, OG TAR SJANSEN:

Det vart arrangert to store, årlege, religiøse festar knytt til Demeter (og Persephone) i Eleusis - kalla Dei mindre eleusiske mysteria og Dei større eleusiske mysteria.

Dei større eleusiske mysteria vart feira ved haustjamndøgn, og varte i ni dagar.  Dei byrja på den 15. dag i månaden Boedromion. I hellenistisk tid byrja festen i Aten og fortsatte i Eleusis. Det var eit mektig multi-media-show, og foregjekk omlag slik:

FØRSTE DAG

Denne første festdag vart kalla Agurmos, som tyder "samling". Då samla dei avdødes sjeler seg på himmelen. Dei samla seg ved himmelens nordport, ved stjernebiletet CANCER, og gjekk så derifrå over Mjelkevegen og skulle så vandre gjennom Planetanes ringar, og deretter byrja på nedstiginga til jorda.

Og nye kandidatar som skulle vigslast til Dei større eleusiske mysteria, hadde førebudd seg ved å faste og leve ærbart i ni dagar. Dei fasta så lenge sola var oppe. Dei kunne ete om nettene, men somme matrettar var tabu. (Minner svært om Islam dette).

Og på denne første dagen kalla Atens magistrat, Archon Basileos, deltakarane saman ved den malte søylehallen. Han hadde med seg ein øvsteprest og ein fakkelberar, og ein utropar som inviterte alle til å delta i mysteria., men åtvara dei som ikkje hadde løyve. Dette gjaldt kriminelle - særleg mordarar, og folk som ikkje kunne tale gresk, for dei ville ikkje forstå kva som vart sagt under seremoniane.

Så vart deltakarane mint om at dei måtte halde seg tause, og dei måtte sverje å aldri fortelje utanforståande om seremoniane og vigslingsrituala. Så vaska deltakarane hendene i eit basseng ved inngangen til templet Eleusinion, og trådte inn.

ANDRE DAG

Utroparen gav alle beskjed om å gå til sjøen. På denne dag fall dei avdødes sjeler inn i SATURNS ring. Her fekk dei utlevert farkostar eller vogner, og derfor vart dagen kalla Elasis, som tyder "vogn". Saturn hadde ansvar for flo og fjøre, og floa vart kalla "Saturns tårer". Kvar fest-deltakar hadde med seg ein grisunge, og så sprang dei ut i sjøen og tok eit reinsingsbad. Grisungane vart også reinsa her, for seinare ofring.

TREDJE DAG

Det vart tent eit stor offerbål, der grisungane vart ofra. Denne dag fall dei avdødes sjeler inn i JUPITERS ring. Jupiter styrte aust-himmelen, der elden høyrde til. (Jupiter = Zevs).

FJERDE DAG

Denne dag fall dei avdødes sjeler inn i MARS' ring. Mars representerte krigslyst, vågemot og verdslegheit, og deltakarane skulle motarbeide påverknaden frå Mars ved å halde seg innandørs og i stille ro heile denne dagen.

FEMTE DAG

Denne dag fall dei avdødes sjeler inn i  SOLAS ring. Dette vart feira på storslagent vis - det var ein pompøs og storpynta festdag. Deltakarane gjekk i prektig opptok frå Aten mot Eleusis. Første stopp var ved Det heilage fikentreet. Det var her jorda åpna seg, og Hades brakte Persephone ned til Underverda. Det gjekk ein heilag veg forbi her, opp gjennom eit pass. Langs vegen stod mange heilage monument. Deltakarane gjekk ein etter ein i andakt langs denne vegen. På toppen av passet stod templet for solguden APOLLON. Herfrå gjekk den heilage vegen bratt ned mot sjøen.

SJETTE, SJUANDE OG ÅTTANDE DAG GJEKK I EITT

Grekarane rekna at dagen enda ved solnedgang. Straks sola har gått ned, byrja så ein ny dag. Den sjette festdagen, straks etter at sola hadde gått ned, nådde festdeltakarane AFRODITES tempel, som låg nær havstranda. Dei avdødes sjeler hadde nå trådt inn i VENUS ring. Underverda (HADES) låg midt mellom Sola og Månen, og dei avdødes sjeler skulle nå reise inn i Underverdas mørke.

Og prosesjonen gjekk vidare med tente faklar over bakkekammen, og vidare til Rhetoi-sjøane. Desse sumpsjøane symboliserte elva STYX som renn rundt Underverda. Mytologien fortel at når folk døde, så vart sjelene deira frakta over elva Styx av ferjemannen KARON. Her ved innsjøane vart deltakarane møtt av båtar, og alle måtte betale ein mynt til ferjemennene for å verte ferja over til hi sida.

Båtturen gjekk gjennom mudder og mørke, og tusen froskar kvekka. Men så fekk passasjerane auge på folk som stod begravd til halsen i mudderet. Dette var brotsmenn og brotskvinner. At dei stod her i sumpane, symboliserte at dei var etla til å hamne i Hades' mørke. Men dei skulle få reining i dei seinare seremoniane.

Rheitos sumpsjøar låg omlag 7 km frå Eleusis, så det var ennå lang veg att. Då dei var framme ved andre breidden, vart deltakarane møtt av etterkomarane til Orokos, som etter legenden var den første mann som hadde budd i dette distriktet. Desse batt safrangule ull-sløyfer rundt høgre arm og venstre legg på deltakarane, slik at dei lett kunne identifiserast som mysterie-deltakarar - "Mystae".

Toget gjekk vidare i mørkret. Nå skulle Mystae krysse brua over den vesle elva Dephissos. Og snart fekk dei auge på noko skummelt - monstret Empousa, som omskapte seg i eitt sett. Snart var det ei ku, så eit muldyr, så ei jente, så ei bikkje...brått stod monstrets andlet flammande i full fyr!

Og prosesjonen gjekk vidare til Den Rhariske Slette. På engene her samla alle Mystae seg, for her skulle domen stande. Dommarar delte Mystae inn i tre grupper: Dei som vart dømt for vonde, Dei som vart dømt for gode, og Dei som vart dømt midt imellom; og det vart dei fleste.  Dei vonde måtte nå gå til venstre og ned brattskråninga til stranda, og så rundt bukta. Dei gode vart leia oppover til Eleusis' tempel. Og resten - alle dei som korkje var vonde eller gode, måtte heile resten av natta vandre omkring i mørkret på Den Rhariske Slette.

Dei som var dømt for vonde vart altså leia ned skråninga til havstranda. Ein einsleg fakkelberar gjekk fremst, så det lange toget gjekk i mest stummande mørke. Og medan dei gjekk der i angst og gru,  fekk dei høyre den nifse duringa til Rhombos. Det var  skarpe, trillande og summande lydar som verka heilt utanom-jordiske. Larmen auka i styrke, så det høyrdest som fjern torden, og til sist som brølande oksar.

(Du kan få fram denne lyden ved å knyte ei lita rombe-forma og tynn trefjøl i ein vel meteren lang hyssing, og snurre denne fort rundt over hovudet. På norsk heiter instrumentet hurre, og kan brukast til å påkalle ånder).

Så vart dei vonde Mystae leia rundt bukta, og kom omsider tilbake til Rheitos-sjøane, på staden der brots-menn og -kvinner stod til halsen i gjørma. Og dei fekk gå vidare, men høyrde så gøying frå halsande hundar, som kom nærare og nærare. Snart dukka digre skrømt-framtoningar av nifse kamphundar fram av mørkret og jaga etter dei vonde Mystae, så dei sprang livredde omkring.

Dei Mystae som var dømt gode, vart ført oppover den Rhariske sletta og inn mellom dei høge steinveggane som omslutta Eleusis' tempelområde. Dei kom til den vidgjetne "latter-lause steinen", der DEMETER hadde brukt å site, attmed den heilage brønnen. Her dansa dei gode Mystae ringdans rundt den heilage brønnen. Himmel og hav deltok også i dansen. Zevs' ETHER, med alle sine stjerner, byrja danse. Månegudinna dansa, og saman med henne dansa dei femti døtrene til havguden NEREOS.

Det foregjekk aktivitetar det meste av natta. Til slutt vart dei som vandra omkring på Den Rhariske Sletta leia til tempelområdet i Eleusis. Brotsmennene og kvinnene som stod i mudderet vart også henta. Dei kom i laup oppover mot templet. Medan dei sprang reiv dei av sine tilsøla klede, for dei måtte gå nakne inn i vigslingstemplet Telestrion. På toppen av bakken fekk dei vaska seg, og strøymde så saman med alle Mystae til Telestrion. Her vart det stopp, for der var ingen inngang å sjå. Her vart mykje ståk og knuffing, og folk var nervøse, og det svimla for mange av dei.

Brått går ei dør opp, og alle strøymer inn i templet. Alle er nakne nå, men vel innanfor får dei utlevert nye, kvite lin-kapper til å ha på seg.  Så vert Mystae ståande innanfor, i nesten totalt mørkre.  Så... brått opnar døra til Anaktoran seg på vidt gap, og innanfrå heilagdommen strålar lyset av eit veldig bål. Nå står alle dørgande stille, for det heilage ritualet skal byrje. Utroparen sit på trona si på ei plattform til venstre for inngangsdøra. Nå reiser han seg opp. Han er høg, ærverdig, bydande, og med langt, kvitt skjegg. Han er kledd i ei sid, flagrande, purpurraud kappe. Han slår på Echeion - ein veldig gongong, så dei høyrest som torebrak. Med ei lys og kraftig stemme ropar han på KORE. Då går eit teppe til sides, og den strålande Kore viser seg i ein straum av lys. Ho svevar innover golvet, før ho stig opp mot Anaktorans tak. Der vert ho hengande i lause lufta medan ho strålar ut lys i alle retningar.

Nå følger den heilage preika. Den heilage teksten vert henta fram frå dei to steinane som heiter Petroma, og lest opp for Mystae. Tekstane fortel mellom anna om Underverda, Hades, og kva som går for seg der, og Mystae får forklart meininga med dei symbolske drama dei har gjennomgått. Når ein kjem til Hades, er der tre muligheiter. Dei som ikkje har fått reinsa seg medan dei levde på jorda, vil hamne i Hades. Er dei i tilleggg vonde brotsmenn, vil dei fortapast djupt i Underverdas mørkre. Dei som korkje er vonde eller gode eller reinsa, vil vandre omkring på Hades' mørke marker - eit skuggetilvere i ein slags drøymetilstand, til evig tid. Men dei som er reinsa, vert født på ny, til eit velsigna liv i eit slags Paradis.

Forestillingane om dette lukkelandet som dei velsigna sjelene skulle leve i, var tydelegvis lite konkrete. Eg reknar med at forestillingar om etterlivet...frå mange ulike religionar, var ihopblanda her i Eleusis.

Dei heilage tekstane fortel vidare at gudane hadde ei god meining med å la Hades bortføre PERSEPHONE. Utroparen ropar ut at ved dette har frævegudinna Brimo født sonen Brimos. (Dette kan eg ikkje forklare)  Nå ser Mystae eit levande gutebarn midt inne i flammane til det store bålet. Han ligg lukkeleg og glad og kosar seg i flammehavet.

Gudinna har nå komt til. Offermåltidet byrjar. Mystae drikk Kykeon, og dei et kaker frå den mystiske kista. Dei vert straks rusa, og opplever at heile templet spinn rundt og duvar opp og ned. Søylene vaklar og bendar seg. Dørstokken gløder med eit strålande lys, og det høyrest eit tungt dønn, som kjem det frå jordas indre.

 

Så veivar vigslingsprestane med dei heilage faklane, og digre slangar kjem krypande fram frå altaret. Dei kveser og lyfter sine skjellkledde halsar. Dei glir mot dei syngande prestinnene. Og nå dukkar HECATE fram, med sine tre hovud. Saman med ho kjem Iacchus (AIAKOS), den ungdommelege - hans tempel er pryda med eføy. Tre gangar ropar Mystae høgt: Iacchus! Nå kjem AFRODITE fakkelberaren til hjelp, og Mystae vert leia til CHARITENE, som viser dei til rettes i den heilage senga, der dei skal motta vigslinga.

Når alle Mystae ligg på plass i senga, byrjar vigslinga. Mystae vert slått med vigslings-staven, og trer så inn i ein dødsliknande tilstand, og får døds-krampe (rigor mortis). Sjelene forlet kroppane, og straks viser seg for dei...dei blomsterpryda Elysiske Marker, bada i guddommeleg lys, og der er himmelsk dans og fager sang. (Sjå ELYSIUM).

Nokre utvalde kunne få vigsling av tredje grad - Epotica. Desse låg også i den heilage senga, men deltok ikkje i dans og sang på Dei Elysiske Marker. I staden fekk dei store syner og opplevde foreining med gudane.

NIANDE DAG

Ved nattestid vart Mystae gjenoppliva frå sin dødstilstand. Mange under fekk dei nå oppleve - gudar og demonar og englar viste seg i storslagne framtoningar, og underlege, flammande figurar rasa gjennom lufta. Og der var mange orakel å gå til for rådspørjing.  Når det lysna av dag, drog alle tilbake til Aten.

 

DEUKALION

Deukalion var son av PROMETHEVS. Ein syndeflaum har fått namn etter han –”Deukalions flaum”. Deukalions hustru var PYRRHA.

ZEVS hadde blitt dugeleg fornærma av LYCAON sine søner. Han hadde vitja dei, og blitt servert menneskekjøtt. (Sjå meir om dette under LYCAON).

På veg tilbake til OLYMPOS slapp Zevs laus ein stor flaum, for han ville utrydde alle menneske. Men kong DEUKALION vart åtvara av faren sin, titanen PROMETHEVS, som han hadde vore i Kaukasus og vitja. Deukalion bygde ei ark og fylte den med proviant, og gjekk ombord med kona si, PYRRHA. Så kom sønnavinden med styrtregn. Alle elvar vart flaumdigre, og havet steig skræmeleg snøgt. Alle byane langs kysten og på slettene vart vaska bort, og til slutt var heile verda overfløymd, bortsett frå nokre få høge fjelltoppar. Det såg ut til at alt levande var utrydda, bortsett frå Deukalion og Pyrrha. Arka dreiv om på havet i ni døgn, før vasstanden byrja minke. Arka stranda på Parnassos-fjellet (på Etna seier somme). Då det var trygt å gå av borde, ofra Deukalion og Pyrrha først til Zevs, og gjekk så ned til THEMIS-templet ved breidden av elva Cephissos. Taket var dekt med alger, og altaret var vått og kaldt. Her bad dei inderleg om at menneskeheita skulle få oppstå på ny.

Langt borte sat Zevs og mottok bønene. Han let seg overtale, og sendte HERMES med bod om at kva dei så bad om, så skulle det straks bli innvilga. Themis stod fram i eigen person, og sa: Svøyp hovuda dykkar i klede, og kast beina til mora dykkar bak dykk. Deukalion og Pyrrha stussa, for dei hadde då kvar si mor! Etter noko grubling fann dei ut at det var ”Mor Jord” Themis hadde meint. Hennar bein var steinane langs elvebreidden, fann dei ut det måtte vere. Så dei dekte hovuda med klede, og gjekk framlutt og plukka stein langs elvebreidden, som dei heiv bak over skuldra. Av steinane som Deukalion heiv vaks det fram menn, og frå Pyrrha sine steinar kom kvinner. På det viset gjenoppstod menneskeætta, og sidan har ordet for menneske – laos, og ordet for stein ­– laas, lapis, vore nærskylde i mange språk på Jorda.

Så seint som år 200 evt. kunne ein i Attika sjå eit hol i jorda. Ned gjennom det holet skal syndeflods-vatnet ha runne. (Les meir om Deukalions flaum under ZEVS.)

Men det var fleire enn Deukalion og Pyrrha som hadde overlevd Deukalions flaum. Megaros, son av Zevs, hadde blitt vekt frå søvnen av traner som skreik at han måtte rømme til toppen av Gerania-fjellet, og Kerambos frå Pelion hadde nymfene skapt om til ein skarabé, som flaug til toppen av Parnassos-fjellet. Og ved Parnassos-fjellet låg byen Parnassos. Folket her var etterkomarar av POSEIDON. Dei vart vekt om natta av ulvar, som leia dei til toppen av fjellet. Då dei etterpå grunnla ein ny by, kalla dei denne Lycorea, etter ulvane. (Sjå LYCAON).

Den store flaumen vart til liten nytte. Nokre av parnassarane emigrerte til Arkadia, og der heldt dei fram med menneskeofring. Ein unggut vart ofra, og innvolane hans vart kokt saman med andre ingredienser, til ei suppe som vart fortært av nokre gjetarar ved elvebreidden. Den gjetaren som blei servert gutens nyre e.l. (bestemt ved loddtrekning); han hylte som ein ulv - reiv av seg kleda og hengte dei på ei eik, symde over elva og vart varulv. I åtte år måtte han vandre omkring mellom ulvar. Men greidde han i denne tida å late vere å ete menneskekjøtt, kunne han symje tilbake over elva, ta på seg kleda som ennå hang i eika, og verte menneske att.

Det heiter at Deukalion var bror til ARIADNE av Kreta, og far til Orestevs, konge over dei ozoliske lokrianarane; (gresk folkestamme). Orestevs planta første vinranken. Broren hans, Amphicryon, var den første som fann på å blande vin med vatn. Dette var bra, for så vart ikkje folk så fulle.

 

DIA

- sjå DEA DIA.

 

Tekstboks: BØNNTekstboks: NEMI-SJØENTekstboks: SKULPTURTekstboks: DIANADIANA

Eg skriv namnet hennar med store bokstavar, for Diana var ei svært sentral gudinne over store delar av Europa. Ho var kvinners vernegudinne, og ho var gudinne for lys, og gudinne for fred og semje mellom folkeslag, byar og land. Ho hadde altså ei rolle som fredsgudinne, mellom anna.

Den eldste Diana var nok ei fræve-gudinne, som BONA DEA. Ho vart dyrka av kvinner, som "ho som gav fræve og letta fødslar". Namnet hennar var kanskje opphavleg Diviana – ”den skinande”.... av same rot som orda Deus, Teos, Tei, Dei, Devil?? Ho vart stundom assosiert med LUCINA – vernegudinna for barnefødslar. Av dette må ho ha hatt noko med LUCIFER å gjere – Lucifer var den personifiserte planeten Venus som morgonstjerne, og namnet hans tyder ”lysberar”. Diana var søster til Lucifer, og ho vart kona hans, heitte det. Dei fekk dattera ARADIA.

Diana som opphavs-guddom (skapingsgudinne) vart også kalla Diana Caelestis - ”Himmelske Diana”. (Sjå CAELESTIS).

 

Då Diana seinare vart kopla med den greske ARTHEMIS, vart ho også gudinne for natur - for bekkar og elvar og dei ville dyra; ho vart gudinne for jakt, og dessutan månegudinne; om ho ikkje var det frå før.

Diana vart også kopla med den tidleg-greske Underverds-dronninga HECATE, som var kusina til Arthemis – også ei månegudinne.

Diana vart særleg dyrka av kvinner, og kunne hjelpe til med å lette fødslar. Å føde barn var livsfarlege greier i gamle dagar. Diana vart dyrka i mange samfunn. Vi veit det var ein svært tidleg Diana-kult på Tifata-fjellet nær Capua, ( i denne tida brukte ein naturen som tempel). Diana vart dyrka i heilage lundar og skogar. Ho vart kalla Diana frå skogen. Seinare vart Dianas viktigaste kult-stad Diana-templet ved Nemi-sjøen i det gamle riket Alba Longa. Dette er ein krater-innsjø som ligg i fjella nord for Roma. Den vart kalla ”Dianas spegel”. Ved sjøen låg byen Aricia, og her låg det mektige templet for Diana Nemorense. Presten hennar budde i Aricia, og om ein mann greidde å drepe han med ein boge laga av eit tre frå skogen, skulle han sjølv verte prest. Det var visst slikt at når ein øvsteprest hadde stått i embetet ein fast periode, så dukka ein utfordar fram av skogen og baud Diana-presten på tvekamp med pil og boge. Desse tvekampane må ha vore høgdramatiske forestillingar! (Minner om dei førgreske samfunna sin skikk med heilagkongar, dette).

To mindre guddommar hadde også tilhald i Diana-templet ved Nemi-sjøens breidd – kjeldegudinna EGERIA og den fallistiske kåtingen VIRBIUS. Skumle legender fortel at det foregjekk blodige rituale ved templet til Diana ved Nemi-sjøen. Alle framande som kom dit vart ofra på altaret hennar.

Det er gjort arkeologiske utgravingar ved Nemi-sjøen, og det ser ut til at Diana-templet også fungerte som kurbad. Utgravingane viser også at Diana vart dyrka under namnet Diana Lucina i Aricia. Og det er funne offergåver som viser at Diana er blitt påkalla for å få god jakt, for å gi foreldre barn, og for å lette fødslar. Eld var sentralt i Diana-rituala.

Fakkel-tog vart arrangert til Dianas ære. Seinare vart det bygd tempel for ho på Aventin-høgda i Roma, der lavklassene dyrka henne. Slavar kunne søke asyl i templet hennar. Festivalen for Diana var 13. august.

Diana vert avbileta som ei jakt-gudinne med pil og boge, og med hjortar omkring seg. (Sjå også under CAMILLA og FERONIA).

 

 

Det er mange legender om Diana og Aradia – dattera ho fekk med Lucifer. Det ser ut til at minst fire utgåver av Aradia  har vore historiske personar. I Mellom-alderen vart Aradia heksedronning – ei heilag kvinne eller ei kvinneleg utgåve av Kristus. Denne Aradia levde i Italia i det 14. århundre. Ho underviste i heksekunst – lokka kvinner til hekseri, og var vernegudinne for hekser.

Diana delte seg i to deler, for at mørke og lys skulle skiljast. Den lyse delen vart Lucifer. Diana forførte Lucifer ved hjelp av trolldom. Lucifer hadde ein katt som sengevenn. Diana bytta plass med den; elska med Lucifer, og resultatet var dattera Aradia.

Diana vart tidleg interessert i magi, og ho ville utvikle denne vitskapen. Ho kledde seg ut som ei jordisk kvinne, og vandra omkring for å undervise i magi og trolldomskunst. Ho såg at det var harde tider for folk. Mange var undertrykt, og ho bestemte seg for å lære desse magi, slik at dei kunne verje seg mot undertrykkarane. Med tida vart Diana så mektig og vidkjent at ho ikkje kunne gå omkring i forkledning lenger. Då overlet ho oppgåva med å utbreie heksekunst til Aradia, etter å ha gitt ho full opplæring.

Aradia kledde seg som pilgrim, og drog vidt omkring. Ho lærte og forkynte religionen frå gamletida – religionen til Diana - månedronning og alvedronning - dei fattige og undertryktes vernar. Og Aradias venleik og visdom vart vide kjent, og folk dyrka ho og kalla ho ”Den vakre pilgrim”.

Aradia hadde eit raudt strømpeband som symbol.

 

Eg trur at vi med legendene om Aradia er ved eitt av  kjernepunkta vedrørande hekse-tradisjonane i Europa. Dei undertrykte, som Diana og Aradia ville hjelpe, var den gamle, matriarkalske kultur, som var blitt undertvungen av ein innvandrande, mannsdominert          kultur – (germanske stammer). Den gamle kvinnekulturen prøvde å vinne makta tilbake, med magi, trolldom, hekseri og alle slags løynderåd. I løyndom dyrka dei sine gamle månegudinner og frævegudinner, og dei møttes nattestid på skumle stadar – i djupe skogar og på heilage fjell. Her heksa og trolla dei etter beste evne, for å skade undertrykkarane. Då Kristendommen kom til makta var det bare å stå på, for den var kanskje ein endå verre undertrykkar. Heksene tende store bål og dyrka Diana Lucina og Lucifer, medan krist-prestane korsa seg i mørkeredsle.

 

               

I ein myte heiter det at det var ORESTES som oppretta Diana-kulten ved Nemi-sjøen. Orestes hadde drept kong Thoas av Chersonese (på Krim-halvøya). Så rømde Orestes med søstera si til Italia. Han hadde med eit gudebilete av ei Diana frå Krim (ei taurisk Diana), gøymt i ein bunt trestokkar. (Taurarane heiter no tartarane; eit tyrkisk folkeslag, ettersom eg forstår).

Då Orestes døde vart beina hans frakta frå Aricia til Roma, og brent framfor Saturnus-templet.

 

Ein latinsk diktator som heitte Egerius dedikerte templet ved Nemi-sjøen til Diana, på vegne av byane Tusculum, Aricia, Lanuvium, Laurentum, Cora, Tibur, Pometia og Ardea. Dette skal ha hendt omlåg år 500 fvt.

 

Tekstboks: DIKEDIKE

Dike var den personifiserte Rettferd. Ho var ei av dei tre HORAENE - årstids-gudinner - døtre av ZEVS og THEMIS. Dike var vernegudinne for rettferd og orden, og ho og søstrene assisterte fræve-guddommane DIONYSOS, PERSEPHONE og DEMETER. Ofte var dei også saman med AFRODITE. Dike levde på Jorda i Gullalderen og Sølvalderen, men då Bronsealderen kom, busette ho seg i Himmelen. Dike sat ved ZEVS´ høge side, når han sat på OLYMPOS og gav lover og avsa dommar.

Somme har påstått at Dike var datter av titanen ASTRAEOS og titan-dattera EOS. Dike er blitt kalla Astrae som tyder "stjerne".

 

Tekstboks: BILETEDIOMEDES 1

Diomedes 1 var konge over bistoniarane i Trakia, Han var son av krigsguden ARES og prinsesse CYRENE. Cyrene var kanskje ei NAJADE, sidan farfaren var elveguden Peneos.

Diomedes 1 var berømt for dei fæle hestane han åtte - nokre menneske-etande merrer, som han fora med turistar og andre framande som han kom over. Ein av heltedådane til HERAKLES var å stele merrrene frå Diomedes, og bringe dei frå Trakia til Mykene. Straks Herakles fann hestane, skræmde han bort hestepassarane, og jaga hestane ned til stranda. Diomedes høyrde levenet, og sette etter Herakles. Då Herakles såg han kome, overlet han merrene til ein av mennene sine, og gjorde seg klar til kamp. Kampen vart kort. Herakles klubba ned Diomedes og mennene  hans, og let merrene få fråtse på dei. Merrene hadde i forkant av dette ete opp hestepassaren til Herakles, for han hadde ikkje greidd å halde styr på dei.

 

Tekstboks: MEIRDIOMEDES 2

Diomedes 2 var konge av Argos og son av kong Tydeos - ein av "Dei sju mot Thebe", då OEDIPOS sine to søner kjempa om makta i denne byen. (Sjå under ADRASTOS).

Diomedes var ein av dei fremste heroane i Trojanar-krigane - han var ein av dei som var inne i trehesten, og han drepte fleire framståande trojanske krigsheltar, og med hjelp frå ATENE såra han kjærleiksgudinna AFRODITE og krigsguden ARES, som begge kjempa på trojanarane si side. Då han vende heim frå krigen, fekk han greie på at kona hans hadde vore utru, og han drog til Apulia og gifta seg oppatt der.

 

DIONE

Dione var eit anna namn på jord-gudinna, GAIA, (GEA, RHEA.) (Sjå under DODONA).

Vi veit lite om den greske gudinna Dione, men ho var nok eldre enn TITANANE og OKEANIDENE. Homer påstod ho var mor til AFRODITE, og at ho fekk Afrodite med ZEVS.

Namnet Dione kan vere ei feminin form av Zevs - Zevs vart også kalla Dias; Dias og Dione - det kunne vere eit gude-par.

Dione var gudinna for eike-treet der kjærleiks-duene hadde reira sine. Oraklet i DODONA var vigsla til Dione, og ein due/bøk(eik)-kult skal ha halde til her. Men ein gang skal Zevs ha erobra dette oraklet. Erobringa innbefatta valdtekt av Dione, og slik vart Zevs og Dione foreldre til Afrodite. (Dette er ennå eit eksempel på at ein partriarkalsk kultur kom og overvann ein tidlegare matriarkalsk kultur, og også kult-staden Dodona fekk sin myte om denne storhendinga).

 

Det er også hevda at Dione var mor til DIONYSOS (også med Zevs). Dionysos byrja truleg sin karriære som ein heilag-konge (eittårs-konge som skulle drepast rituelt av øvsteprestinna kvart år i den sjuande månad -september). Mange gamle gudinner har av den grunn fått rollen med å vere mora hans - Dione, IO, DEMETER, PERSEPHONE; for desse gudinnene hadde øvsteprestinner som bar gudinnas namn når dei utførte det rituelle drapet;... men før dette hadde dei sexuell omgang med heilagkongen, og fødte gutebarn som skulle bli nye heilagkongar.

I Den pelasgiske skapingsmyten (sjå under EVRYNOME 2), vart Dione, saman med CRIOS, sett til å bestyre planeten Mars. (Sjå også under FEBRURA).

 

Ting tyder på at i matriarkalsk tid var det bøke-treet som vart dyrka i Dodona, og gudinna heitte RHEA. Og då den patriarkalske kulturen invaderte og sigra over den matriarkalske kulturen, så vart Rhea valdteken av Zevs og omdøypt til Dione, og det heilage treet skulle ikkje vere bøk lenger, men eik; som var eit sterkare og meir maskulint tre.

 

Det er ei av dei viktigaste og merkelegaste hendingane i Europas kulturhistorie som ligg i dette dramaet. Mennene tok makta frå kvinnene, som tidlegare hadde styrt samfunnet, politisk og religiøst. Det vart brukt våpen i denne krigen som i andre krigar, men også i stor grad list, politisk press, forhandlingar og muting. Kvinnene kunne ikkje mennene utrydde - det ville vore for gale! Dei vart kua, og måtte underkaste seg ein ny samfunnsorden, som var diktert av mennene. Truleg gjekk utviklinga stegvis fram over lengre tid, og truleg opplevde den invaderande manns-styrte kulturen fleire tilbakeslag før den vann sin endelege siger. (Eller korleis gjekk det eigentleg?)

 

Det er interessant å sjå kva plass tre har hatt i dei religiøse kultane. Bøk og eik - mann og kvinne. I norrøn mytologi er det Ask og Embla - ask og alm. Hos dei gamle keltarane hadde kvar samfunns-stand sitt heilage tre. Rogn har vore dyrka som heilag-tre i nordlege egner, og apalen (epletreet) med sine frukter, er sentral i så mange kultar. (I Midt-Austen var det granat-eple det dreide seg om). Adam og Eva åt av kunnskapens tre og gøymde seg bak fiken-blad; ATENE introduserte oliventreet, osv.

Som Zevs tok over oraklet i Dodona, tok den egyptiske gud AMON over oraklet i Siwwa-oasen. Israel-folkets Jehova tok over acasie-tre-oraklet i Ishtar (1. Krønikarbok, XIV 15), og APOLLON erobra heilagdommane i DELFI og Argos. I Argos fekk profetinna  drive på som før. I Delfi vart innsett ein prest som skulle tyde spådommane til prestinnene, som spådde i mystiske hexameter-vers. I Dodona gav både due-prestinnene til Dione og orakel-prestane til  Zevs spådommar.

 

DIONYSOS

Dionysos (romersk parallell til BACCHUS), var son av ZEVS. Mora var månegudinna SEMELE. Det er også hevda at DIONE var mora til Dionysos (også med Zevs), og fleire eldre gudinner er blitt haldne for å vere mora hans - IO, DEMETER, PERSEPHONE. I ein tradisjon heiter det at Dionysos vart født ved jomfrufødsel.

Dionysos var gud for vin og vegetasjon, og det var han som lærte menneska korleis dei skulle dyrke druer og lage vin. Det var kvinnene som dyrka Dionysos, med Dionysos-festar der dei drakk mykje vin på rituelt vis. Rusen var teikn på at guden var til stades.

Dionysos´ namn er på noko uklart vis nærknytt til den kretiske guden ZAGREOS, som studom er blitt kalla ”Den første Dionysos”. Les meir om dette under ZAGREOS.

 

Somme har tolka namnet Dionysos til "Deos Knossos" - gud frå Knossos (på Kreta). (Sjå ARIADNE.)

 

Eg tolkar namnet Dionysos til "Gud frå Nysa" - Nysa var byen som låg ved det legendariske Nysa-fjellet, som ingen kjenner den geografiske posisjonen til. (Sjå NYSA - sjå BACCHE).

 

Dionysos var uvenn med Herakles-sonen TELEFOS. (Sjå denne.)

Dionysos byrja truleg sin karriære som eittårs heilag-konge, som skulle drepast av øvsteprestinna i den sjuande månad kvart år (september). Han hadde samleie med Mor-jord-prestinna på ein åker for å fræve jorda, og så vart hans blod skvetta på markane av same grunn. Når ein mann hadde svangra ein kvinne, så hadde han utført si gjerning, og det var ikkje bruk for han meir. Slik tenkte dei i det gamle matriarkatet - som skorpion-kvinner.

Det var truleg mange prestar og kongar som kalla seg Dionysos, men vår historiske Dionysos overlevde det rituelle drapet. Kanskje vart ein stedfortredar drept - kanskje vart han bare liksom-drept, sånn reint symbolsk.

Dionysos vart seinare ein legendarisk og populær gud for vin og fest og moro. Men han hadde også ei mørk side - han vart kultfigur i halslause mysterie-religionar: Han vart ekstatisk og orgastisk tilbedt av kvinner. Desse kvinnelege Dionysos-dyrkarane vart kalla MAENADER eller bacchantar (frå Dionysos' romerske motstykke BACCHUS). Dei forlet sine heimar, for å vandre omkring i villmarkene og ekstatisk tilbe Dionysos. Dei kledde seg i skinn av dådyr-kalv, og folk trudde dei hadde okkulte krefter. Gjerne gjekk dei til angrep på vegfarande med valdtekter og rituelle drap.

Dionysos var god mot dei som æra han, men brakte galskap og øydelegging over dei som ringeakta han, heitte det. Dionysos døde kvar vinter, og vart gjenfødt til våren. Hans tilhengjarar hadde von om gjenføding etter døden - liksom Dionysos og markas grøde kjem att kvar vår.

Dionysos vart mykje brukt som figur i gresk teater, og store, årlege festivalar vart arrangert til hans ære, med framføring av stor-dramatiske teaterstykke. Dionysos vart avbileta med drikkehorn og vingreiner.

Den store Dionysia heitte største Dionysos-festivalen. Den vart arrangert i Aten, og varte i 5 dagar kvar vår. Aeskylos, Sofokles og Euripides skreiv mektige tragedier til denne festivalen.

Frå 5. århundre fvt. vart Dionysos også kjent av grekarane som BACCHUS. Namnet skriv seg frå dei høge skrika som ledsaga festane til gudens ære - orgier i tøylesløyse og rus. Under namnet Bacchus vart Dionysos populær i Romarriket, i 2. århundre fvt. Festane fekk namnet bacchanalia, og nå kunne også menn delta. For å delta i festen måtte mennene verte ein Bacchus og kvinnene ei Bacché.  Dette vart dei ved å gjere seg fulle og ekstatiske på vin, musikk, sang, dans og sex. Dei var då inspirerte av guden. Bacchus frigjorde dei frå den traurige kvardag med arbeid og plikter. Der vin vart drukke, var Dionysos/Bacchus til stades, og livet vart ein fest. Livet vart fulleina - slik det var meininga at livet skulle vere. Men ofte var festane ganske så rå, og dette førte til at det romerske senat forbaud dei i 186 fvt.

Men Bacchus-festane dukka opp att i ny og ne; her og der  - dei levde vidare - legalt eller illegalt. (Sjå også under BACCHUS om dette).

Tekstboks: ORCHOMENOS

 

Meir om Dionysos: Dionysos fekk ein kald velkomst då han kom til verda. Den nyfødte guten med horn i panna og slange-krone, vart på HERAS ordre riven i filler av TITANANE, og dei kokte bitane i ei gryte. Eit granat-epletre vaks opp der blodet hans hadde runne i jorda. (Granat-epletreet symboliserer død og gjenføding. Fruktene sprekk opp som eit sår (død) og viser frøa sine (gjenføding).

Dionysos hadde ei kløktig farmor - RHEA, og ho rekonstruerte han og gav han livet tilbake. Og Zevs gav PERSEPHONE i oppdrag å bringe Dionysos i tryggleik, og ho tok han til kong ATHAMAS av Orchomenos (I Boøtia, vest for Thebes). Dronninga her heitte INO. Dionysos vart  gøymt hos prestinnene, utkledd som jentunge, og  her vart han oppdratt. HERA hemna seg på kongen og dronninga ved å slå dei med galskap - dette førte til at Athamas drepte sonen sin LEARCHOS - han mistok han for å vere ein hjortebukk.

Så fekk HERMES i oppdrag av Zevs å mellombels omskape Dionysos til ein geitebukk. Og  nokre NYMFER fekk i oppdrag å ta hand om han - det var MACRIS, NYSA, ERATO, BROMIE og BACCHE - dei var fjell-nymfer som heldt til på Nysa-fjellet. Dei stelte Dionysos-bukken i ei hole på dette fjellet, forkjælte han, fora han med honning og skjemte han bra bort. Som takk for hjelpa sette Zevs nymfene på stjernehimmelen - dei vart til den opne stjernehopen Hyades (sjå HYADENE).

Nysa-fjellet fann Dionysos opp vin. For dette er han sidan blitt feira.

Då Dionysos vart vaksen kjente Hera han att som Zevs' son, sjølv om oppsedinga hadde gjort han til ein feminin framtoning, samt gjort han gal. Han streifa om i alle verdsdelar, i følge med læraren sin SILENOS, og ein vill bande av SATYRAR og MAENADER. Satyrane var skapningar som var halvt mann, halvt geitebukk. Men på tidlege vasemåleri er Dionysos avbileta saman med KENTAURAR - halvt mann, halvt hingst.

Våpna som Dionysos' følge brukte, var stokkar av bergflette (eføy) med ei pinjekongle på toppen. Ein slik stokk vart kalla thyrsos. Dessutan var dei væpna med sverd, slangar og skræmande okse-brølarar?. Dei bar korger med drueklasar. På tidlege vasemåleri bar dei store vifter som vart brukt til å reinske bygg-korn, og dette kan tyde på at kulten rusa seg på øl før vin vart oppfunne. Hestar symboliserte øl og nektar, og bygg kunne det bryggast øl på. Var Dionysos eldre enn vinen, eller hadde han ein øl-konsumerande forgjengar som han overtok trona etter...kan det ha vore skogguden PAN?

Dionysos segla til Egypt, og brakte vinen dit. Han gjekk i land på hamna i Faros - dette var største hamna i Middelhavet.

Mellom libyarane ved Nil-deltaet var nokre Amazon-dronningar, og Dionysos inviterte desse til å gå med han i krig mot TITANANE, for å gjen-innsette kong AMON på trona. Dionysos og amazonene nedkjempa titanane, og dette var Dionysos' første siger som hærførar. (Meir om dette seinare).

Så drog Dionysos mot India. Ved Eufrat kom han i kamp med kongen av Damaskus. Dionysos flådde denne levande. Så bygde han bru over Eufrat av vinrankar og bergflette. Zevs sendte han ein tiger som hjalp han over elva Tigris - som har fått namnet sitt av denne hendinga. Dionysos kjempa seg fram til India, og erobra heile landet. Her lærte han indarane å lage vin. Dessutan laga han lover, og grunnla fleire store byar.

På heimvegen vart han angripen av amazoner, men han jaga dei heilt til Efesos (i Lille-Asia). Nokre av dei tok tilflukt i ARTHEMIS-templet der, og unnslapp. Etterkomarar av dei bur ennå i Efesos. Andre amazoner flykta til Samos. Dionysos for etter dei med skip, og drepte så mange at slagmarka er blitt heitande Panhaema (blod overalt). Ved byen Phloeum døde nokre av elefantane han hadde hatt med frå India, og beina av desse kunne ein ennå sjå der i siste århundra fvt.

Så drog Dionysos heim via Frygia, der farmora hans, RHEA, reinsa han for alle synder og drap han hadde gjort under si galskaps-ri. Så lærte ho han trolldomskunstene sine. Så gjekk Dionysos til angrep på Trakia. Men ikkje før hadde troppene hans landa ved munningen av elva Strymon, så vart dei angripne av edonarane sin konge LYCURGOS, som tok heile hæren til fange. Bare Dionysos slapp unna  - han stupte i sjøen og tok tilflukt i grotta til THETIS.

Rhea tok nå affære. Ho ordna det slik at den fanga hæren greidde sleppe fri, og ho gjorde kong Lycurgus gal, slik at han drepte sonen sin, Dryas, med ei øks - trudde han hogg ned ei eik. (Dette har samanheng med ein årleg fest der ei eik vart hogd ned og kvista på rituelt vis). Lycurgus skar nase, øyre, fingrar og tær av den døde sonen, før han kom til seg sjølv. Heile Trakia skræmdes av denne nifse hendinga.

Nå kom Dionysos tilbake frå havet, og proklamerte at edonarane sitt land ville plagast med galskap til dei kvitta seg med kongen sin. Dei let då kong Lycurgus slitast i bitar av ville merrer.

Dionysos møtte ikkje meir motstand i Trakia, og reiste gjennom landet. Så kom han til sitt kjære Boøtia. Her vitja han byen Thebes, og inviterte kvinnene der til å vere med på eit fyllekalas på Cithaeron-fjellet. Kong PENTHEOS mislikte utsvevingane til Dionysos, og arresterte han saman med alle MAENADENE. Men så vart Pentheos råka av galskap - han sette ein okse i band i staden for Dionysos. Og maenadene slapp unna igjen. Dei drakk seg gale på vin, og herja og drepte. Dei reiv kalvar i bitar, og så storma heile festarlaget mot kongen, og reiv han i filler. Mora til kongen, Agave, var med i fylleslaget,  og ho leia angrepet på sonen sin, og det var ho som reiv hovudet av han. (Agave var månegudinne-prestinne) i øldrykk-festane som vart arrangert før vinen kom).

På heimlege trakter, i byen Orchomenos, ville Dionysos også arrangere eit stort vin-party. Han kledde seg ut som ungjente, og gjekk rundt i byen for å inviterte damer. Dei tre døtrene til Minyas ville ikkje kome. Då skapte Dionysos seg om til løve, okse og panter, og dreiv jentene til galskap. Jentene heitte Alchitoë, Leucippe og Aristippe. Dei ville gi eit offer for å verte frelste frå galskapen - dei trekte lodd, og loddet fall på sonen til Leucippe, som dei då ofra. Dei reiv han i bitar og åt han opp. Så sprang dei som gale omkring i fjella til HERMES skapte dei om til fuglar - (somme seier flaggermus).

Sidan vart denne hendinga halden i minne i Orchomenos med ein årleg fest, kalla Agrionia. Dei kvinnelege deltakarane let som om dei leitar etter Dionysos, men dei finn han ikkje...vert einige om at han må vere langt borte hos MUSENE. Så set dei seg i ein sirkel og held på med gåte-leik, til Dionysos-presten kjem stormande frå templet med eit sverd, og drep den første av dei han får tak i.

Då heile Boøtia hadde anerkjent Dionysos som guddom, for han på ei reise til dei aegeiske øyane, og han arrangerte fyllefestar og spreidde terror kvar han for. Då han kom til Ikaria, fann han at skipet hans ikkje var sjødyktig meir, og han leigde skips-plass med nokre tyrrenske sjøfolk som sa dei skulle til Naxos. Men det viste seg at desse var sjørøvarar. Dei ville ta Dionysos med til Asia og selje han som slave. Men Dionysos fekk ein vinranke til å vekse opp frå dekk og slynge seg om masta. Og bergflette grodde rundt seglverket. Årene vart til slangar, og sjølv vart han til ei løve. Han fylte skuta med fantom-dyr og skrikande fløytemusikk, så dei vettskræmde piratane jumpa over bord og vart til delfinar.

I Naxos møtte Dionysos den vakre ARIADNE som THESEVS hadde forsmådd - nå som kretisk måne-gudinne. Dei gifta seg straks, og ho fødte han søner: OENOPION, THOAS, STAPHYLOS, LATROMIS, EUANTHES, TAUROPOLOS. Desse vart stamfedre til greske stammer. Seinare sette Dionysos brudekrona til Ariadne på stjernehimmelen.

 

Frå Naxos kom Dionysos til Argos, og her straffa han PERSEOS som hadde motarbeidd han. Han slo Argos-kvinnene med galskap, slik at dei byrja ete sine eigne barn rå. Perseos bad om nåde, og let bygge eit tempel der til ære for Dionysos.

Då Dionysos til sist hadde lagt under seg heile verda, for han til Himmelen, og han sit nå ved Zevs' høgre hand, som ein av dei 12 store gudane. (Kristendommen har nok henta idé frå denne myten). Den sjølvutslettande HESTIA gav Dionysos setet sitt på OLYMPOS - ho var bare glad for å sleppe unna all familiekranglinga.

Dionysos tok ein tur, via sumpen LERNA, til TARTAROS¸ der han bestakk PERSEPHONE med ei myrte-gåve, og fekk frigitt si døde mor, SEMELE. Ho steig opp frå Underverda saman med Dionysos, og heldt seg først i skjul i Arthemis-templet i Troezen. For at ikkje andre sjeler skulle verte misunnelege, skifta ho namn til THYONE, og så steig ho opp til gudane på Olympos. Zevs stilte husvære til hennar disposisjon, og HERA raste, men sa ikkje noko.

 

Tekstboks: BILETETekstboks:   VIN

EIN KONKLUSJON: Dionysos må vere ein historisk person, liksom dei germanske gudane Odin, Njord og Frøy. Han var hærførar av dimensjonar - ein tidleg Alexander den store eller Djengis Khan. Han ville dyrkast som guddom (liksom Farao). Og den egyptiske kong Amon (Ammon) var nok eitt av hans førebilete. Mange av faraoane kalla seg etter guden Amon, som vi kjenner frå egyptisk mytologi som øvstegud, solgud, "Gud av Theben". Namnet Amon tyder "Den Gøymte".

Dionysos hjalp altså ein av Amon-faraoane tilbake på trona etter denne hadde blitt styrta. Amon likte å opptre som vær - så var det ikkje rart at Dionysos ville herme han og vere geitebukk. Og det var Titanane som var Amon's motstandarar - altså må ei tidleg gresk folkestamme ha gjort okkupasjonar i Egypt, og innsett sine gudar.

Dionysos hadde funne opp vin - dette rusmidlet vart ein sensasjon, og Dionysos brukte vinen for alt den var verdt. Han brakte vinrankar til Egypt og India. Han arrangerte seremoniar der alle drakk seg fulle og gale på rituelt vis. Ville sex-orgier høyrde med. Så var han troll-kunnig - han kunne gjere folk gale. Kongerike etter kongerike måtte bøye kne for Dionysos' brutalitet, galskap, vin og trollkunster. Men han var rastlaus, og kunne aldri slå seg til ro. Når eitt land var erobra, hasta han mot det neste, under fyll og spetakkel. Så noko keisarrike vart det ikkje. Men mykje stoff å spinne myter på.

OM VIN: Vinrankar grodde ville på søraust-kysten av Svartehavet. Kom Dionysos frå traktene her? Låg Nysa-fjellet her? Vinkulten spreidde seg frå Lille-Asia til Egypt, Libya, Kreta og til India, og kom til Mellom-Europa i bronsealderen. Dei gamle grekarane importerte først vin frå Kreta. Med vinen følgde laus-slopne, rituelle festar - mellom anna kalla "baccanalar" etter romarane sitt namn på Dionysos - "Bacchus". Desse festane avløyste tidlegare rus-seremoniar på øl, mjød eller andre rusmiddel. Å kome i ekstase, var eit mål med desse orgiene.

"Vin" kjem av det kretiske ordet "oinos", og er opphavleg namnet på vinranken - busken som vindruene veks på - ein klatrande slyngplante. I norsk språk finn vi att ord-stammen i vinde, vikle, vier, vidje, vivendel, vindel, vingle, vondel.

 

VIDARE OM DIONYSOS: Han vaks opp i eit kvinne-kvarter (prestinner?), som vart regjert av månegudinna SEMELE. Mykje truleg fekk han rollen å vere den årlege prins som skulle ofrast på vårfesten når han kom i puberteten. Han må ha overlevd dette på noko vis, og greidd å skaffe seg stor makt. Dette var kanskje på det tidspunkt i middelhavs-landas historie då mannen tok over rollen som stammens og familiens overhovud i religion og kvardagsliv.

Dionysos hadde horn...antakeleg ein hjelm eller ei maske med horn. Geitebukk, vær, okse eller hjort vart ofra til han - det skilde seg frå distrikt til distrikt. Dionysos-orgiene gjekk føre seg på eit fjell. Ein ung mann hadde rollen som Dionysos, og han tumla omkring som ei jerpe som spelar skadd for å lokke rovdyr vekk frå ungeflokken. Så vart han (i eldre tider) riven i filler av prestinner utkledde som merrer, og eten, delvis rå, delvis kokt. Kanaanittane hadde også slike festar omkring tabernaklet. Med tida vart års-prinsen spart - ein ungfole vart drept i hans stad. Det var på dei tider då patriarkalsk religion byrja vinne makta over den gamle matriarkalske.

Dionysos' stokk, "thyrsi", var laga av ei tynn pinje-stamme som ein bergflette-stengel hadde fletta seg omkring. På enden var montert ei pinje-kongle. Staven symboliserte ein eldre rus-kult. Den øl-liknande rusdrykken som gudane på OLYMPOS drakk, var brygga på pinje-sevje, iblanda bergflette-ekstrakt, og søta med mjød av gjæra honning. Gudane kalla denne drykken for nektar.

Dionysos var mørkets gud – i motsetnad til Apollon, som var lysets gud. Dionysos vart født om vinteren; som slange (panter) - han vart til løve om våren, og drept og fortært som geitebukk, vær, okse eller hjortebukk ved midtsommar, under ein midtsommar-fest.

Dionysos' trolldomskunster minner oss om den egyptiske guden Osiris. Dionysos var også i Egypt - førte krig og deltok i den politiske maktkampen der - truleg eit storpolitiske verds-drama som har gått i historisk gløymebok.

Heras' hat mot Dionysos kan tolkast som konservatismens kamp mot den nye vin-kultusen. På 6-700-tallet fvt. innførte Periander av Korint, Cleisthenes av Sicyon og Peisistratus av Aten dionysus-kulten i sine byar. Så kom vinen også til Himmelen - på OLYMPOS måtte HESTIA gi frå seg setet sitt til Dionysos - dette i 5- århundre fvt. Men vi veit konkret at Dionysos alt i 13. århundre fvt. hadde guddoms-status.

Ved oraklet i DELFI låg Dionysos' gravstein. Her vart han gjenfødt kvart år. Og han vart gjenfødt av ein mann, slik det er sagt at Muhammed skal bli. (Difor går menn i somme muslimske sekter med rævsid brok, for å gi plass for ein gude-fødsel). (Og israelittane hadde liknande forestillingar).

Delfi-prestane meinte APOLLON var den udøyelege utgåva av Dionysos. Den opphavlege Dionysos vart rekna som halvgud - altså ikkje udøyeleg.

OM BERGFLETTE: Dersom du stikk hol på bergflette-stenglar i mars, tyt det ut ein gummi-masse. Kok denne i urin, og du får eit blod-raudt fargestoff kalla "lake". Grekarane og romarane brukte dette fargestoffet til ansiktsmaling. Det symboliserte mannleg fertilitet. Frå dette til krigsmaling er vegen ikkje lang, og dei romerske generalane som kom heim i triumf, let seg male i fjeset med lake. Bergflette høyrde mars månad til, som den romerske krigsguden MARS. Dei fem-kanta blada til bergflette symboliserer RHEA si skapings-hand.

Dionysos var ifølge tradisjonen son til Zeus, og den jordiske kongsdatter Semele var mora. Under hellenismen utvikla Dionysos-kulten seg til å bli verdig og høvisk. ORFEOS-mysteria var knytt til Dionysos. På same måte som ISIS-mysteria, var Orfeos-mysteria eit hellenistisk fenomen, og skilde seg skarpt frå dei eldre, ville orgier (gresk; orgia=heilage riter).  (Sjå under ORFEOS).

For å vera med i Bacchanalia , (Dionysos- eller Bacchus-festen) , måtte deltakaren verte ein bacchus (maskulin) eller ei bacché (feminin). Av tilhengarane vart Bacchus kalla Lysios (Frelsaren), han som frelste dei frå det daglege, traurige strev, og brakte dei til ein ekstatisk tilstand basert på "det naturlege livsflyt". 

Vinen var det dominerande dionysiske symbol for fulleininga av livet. Vinen representerte tilstadeveret av guden. Det dionysiske vin-ritualet vart (ifølge Luther) inkorporert i kristendommen gjennom Johannes-evangeliet, der det vert fortalt om Jesus' første offentlege opptrinn, då han gjorde krukker med vatn om til vin. Dette liknar på "Det dionysiske mirakel".

 

 

I Dei Eleusiske Mysteria (sjå DEMETER og ELEUSIS), inngjekk eit rituelt måltid der deltakarane åt Dionysos' lekam og drakk hans blod - dei åt brød og vin. Men i gammal tid høyrde menneske-ofring med i dei årlege Dionysos-seremoniane. MAENADENE var Dionysos' prestinner.

Dionysos-prestar kunne somme stadar finne på å kle seg i panter-skinn, og Dionysos vart assosiert med panteren. Dette er nok ein attributt som vart overførte frå ein annan gale-mattias - den gamle skogguden PAN.

 

Tekstboks: MÅLERITekstboks: REGILLUS-SLAGETTekstboks: TEMPELDIOSKURANE

Dioskurane var eit tvilling-par som heitte CASTOR og POLYDEUKES. Dioskuri tyder "Zevs søner". Romarane sitt namn på Polydeukes var POLLUX. Tvillingane vart klekt av same egg, og vart kalla Zevs-tvillingane. Zevs var far til Polydeukes, medan TYNDAREOS var far til Castor. Mora deira var LEDA - datter av kong THEISTOS.

Etter at Zevs hadde vore ihop med Leda, fødte ho to egg. I kvart egg var det to barn - det eine døyeleg og det andre udøyeleg. Ut av det eine egget kom Polydukes og Castor - ut av det andre kom HELENA og KLYTAIMNESTRA. (Det var Polydeukes og Helena som var udøyelege).

Castor var ein dyktig heste-temjar, medan Polydeukes utmerka seg som boksar. Dioskurane var innblanda i mange storhendingar. Dei henta søstera si, Helena, frå Sparta, etter at THESEVS hadde kidnappa ho. Dei var også med JASON og ARGONAUTANEDen kalydonske villsvinjakta.

Under ein strid med fetterane, Idas og LYNCEOS, (det dreide seg om dioskuranes valdtekt av Levkippos' to døtre), vart Castor drept. Zevs gav då Polydeukes to val:

1) Han skulle verte utdøyeleg og få bu på OLYMPOS.

2) Han skulle få vere ihop med broren sin - annankvar dag på Olympos og annankvar dag i Underverda.

Polydukes valde det siste - dei to brørne var uskiljelege. Og etter at dei var døde, vart dei dyrka som gudar. Dei var vernegudar for sjøfararar og for rettferd.

Det er fortalt at Dioskurane dukka opp på slagmarka, på kvite hestar, i slaget ved Regillus-sjøen i år 496 fvt. Dei hjalp romarane til siger her. Etter slaget kom dei til Roma, og let hestane drikke av fontena til JUTURNA. Kort tid etter vart det reist eit tempel for Dioskurane på Forum Romanum, og framfor Peters-kyrkja i Roma står dei hogd i marmor.

Slaget ved Regillus var det avgjerande slaget, som gav romarane full kontroll over alle folkestammene i Latium. Pollux og Castor var fiendens gudar. Romarane oppførte eit felt-tempel for desse gudane før slaget, og ofra til dei. Det var eit sleipt triks som romarane ofte nytta seg av  – å innynde seg hos og søke hjelp frå fiendens gudar. Etter sigeren bygde altså romarane tempel for Dioskurane i Roma. Kanskje var det i takksemd, eller kanskje hadde dei lova dioskurane dette templet.

Dioskurane finn vi på stjernehimmelen som stjernebiletet Gemini (Tvillingane).

Dioskurane er også å finne i fønikisk mytologi – her er dei kalla Kabirane.

(Sjå også POLLUX, POLYDEUKES og CASTOR).

 

DISCORDIA

Discordia var romersk gudinne for strid og usemje. Ho heldt seg ihop med MARS og BELLONA. Mars var faktisk broren hennar. Ordet discord tyder usemje på latin og engelsk. Hennar motstykke var fredsgudinna CONCORDIA. Discordia likna på den greske ERIS

DIS PATER

Dis Pater var ein romersk gud for Rikdom og Underverda, men hans guddommelege biografi er ganske kronglete.

Romarane sine forfedre hadde ingen forestillingar om noko Underverd eller Dødsrike. Dis Pater var den greske guden for rikdom, PLUTOS, som romarane adopterte. Dis Pater kan omsetjast til "Rike Far", og i 249 fvt. innførte Roma dyrking av Dis Pater som eit element i statsreligionen; som gud for rikdom.

Den greske rikdomsguden Plutos var son av DEMETER og IASION. Han vart født på Kreta, ute på ein fruktbar åker. Han vart vernegud for kveg og avling, og det var kveg og avling som gav rikdom. Men så byrja grekarane å assosiere Plutos med ein annan gresk gud, med eit svært likt namn - PLUTO (Pluton). Pluto var gud for rikdommane i jordas indre - sølv og gull og kopar og jern, med meir. Snart visste ikkje grekarane skilnad på Plutos og Pluto - dei kalla begge Pluto, og sidan Pluto styrte med saker i jordas indre, vart han også gud for Underverda, og ved dette ihopblanda med Underverdas gud HADES. Snart såg ikkje grekarane nokon skilnad mellom Pluto og Hades heller, og då romarane adopterte den samansatte guddommen Pluto, fekk dei Underverd og Dødsrike med på kjøpet. Men romarane kalla han Dis Pater, og dyrka han nok helst for å få rikdom og makt.

I Mellomalderen fekk Dis Pater ein ny rolle - han vart assosiert med LUCIFER, og Kyrkja gav han jobben med å vere demon i Helvete. Helvete var inndelt i fire avdelingar, og Dis Pater fekk ansvaret med å bestyre avdelinga der gjerrigknarkar og øydeland vart straffa for syndene sine.

Dis Pater vart til tider også assosiert med den etruskiske dødsguden ORCUS.

 

Tekstboks: PYRRHOSTekstboks: DODONADODONA

I byen Dodona låg Oraklet i Dodona. Sjå også DELFI.

 

Dodona ligg i Nordvest-Hellas - i Epirus-distriktet. Her var frå gammalt av (3. årtusen fvt.), ein heilag lund med eit orakel for ZEVS. I dei eldste tider vart Mor Jord (GAIA eller RHEA) dyrka her. Tidleg i 2. årtusen fvt. vart eit heilagt bøketre sentralt element i Dodona-kulten.

 

I løpet av det 14. og 13. århundre fvt. vart ein Zevs-kult etablert i Dodona. Då vart det heilage bøketreet bytta ut med eit eiketre, for eika var Zevs' heilage tre. Og den gamle jordgudinna vart omdøypt til DIONE. Ho vart kona til Zevs, og Zevs vart også kalla Dias. Det guddommelege ekteparet levde mellom greinene i det heilage treet, og orakel-prestane lytta til susinga i lauvverket, og kunne fortelje kva gudane sa.

 

Oraklet i Dodona låg i landet til ei folkestamme som kalla seg Molossarane. (Sjå MOLOSSOS). I dei eldste tider var det ingen heilag-bygningar ved Dodona - Homer fortel i Iliaden at prestane sov på bakken med uvaska føter. Ca. 435 fvt. skreiv Herodot at prestinner hadde tatt over for prestane. Desse prestinnene kalla seg dover (pleiader) (= duer) - dette har truleg rot i legenden om to prestinner frå Theben i Egypt som vart røva av fønikarane. For å unsleppe skapte dei seg om til to svarte duer. Den eine flaug til Libya, og grunnla ein heilagdom der. Den andre dua landa i treet i Dodona, og befalte at ein heilagdom skulle grunnleggast der.

 

Tidleg i 4. århundre fvt. vart eit lite tempel bygd i Dodona; tileigna Zevs. Hundre år seinare befalte kong Pyrrhos at det skulle arrangerast eit stort stemne her kvart fjerde år, med musikk og idrettsøvingar. Han let også oppføre diverse byggverk her, mellom anna ein kraftig mur til vern om oraklet og det heilage treet. Og her vart bygd tempel for HERAKLES og DIONE, og eit teater med steingolv og scene av tre.

 

Dodona vart både politisk og religiøst senter for Nord-Hellas, men fekk aldri så mykje å seie som Apollon-oraklet i DELFI. Aetoliarar øydela heilagdomen under ein invasjon i 219 fvt., men den vart gjenreist med hjelp frå kong Filip V av Makedonia. Templa vart nå bygd større, og eit stort stadion vart anlagt.

 

I 167 fvt. vart oraklet nok ein gang øydelagt - nå av romarane. I år 31 fvt. vart det gjenoppbygd av keisar Augustus. I 391 evt. vart det heilage treet hogd ned av kristne, og det vart slutten for oraklet i Dodona.

 

DORIS

Doris var ei av dei havnymfene som vart kalla OKEANIDENE; døtre av OKEANOS/TETHYS. Foreldra var også guddommar som høyrde det våte element til. Doris hadde mange søstre; (sjå under OKEANIDENE).

Doris vart dyrka som havgudinne fleire stadar i det austlege Middelhav. Ho vart gift med halvbroren sin, sjøguden NEREOS ("Havets gamle mann"). Desse to fekk 50 vakre døtre, som vart kalla NEREIDENE - tre av dei var THETIS, AMFITRITE og GALATEA. (Sjå under NEREIDENE).

Dette er all kunnskap som er om Doris. Så vidt ein veit vart ho ikkje dyrka ved noko tempel, og hadde ingen prestar eller prestinner. Kanskje vart ho sett på som Det personifiserte havet?

DOROS

Doros var son av HELLEN, og soneson av DEUKALION – mannen som overlevde syndefloda. Doros var dorarane sin mytiske forfader. Landet han slo seg ned i kalla han Doris. Dorarane var det første som kom og slo seg ned på Pelopponnes - dei grunnla byane Sparta, Korint og Argolis. Dorarane hevda også at dei var etterkomarar av HERAKLES, og dei kalla seg "Heraklidane".

 

Tekstboks: TEIKNINGDRYADER

Dryader er NYMFER som er knytt til tre og skog. Dei er treas ånder. Tidlegare var dei frie åndelekamar - så tok dei skap som ymse treslag. Dryadene kan sjå ut som kvinner med grønt hår, og med sevje i blodårane. Det fins også mannlege dryader, men dei er sjeldne. Det er ulike grupper av dryader. Hamadryader er knytt til eik, og meliader er knytt til frukttre. Og vi har mange fleire. Somme har hevda at dryadene vart født av blodet frå URANOS' avhogde lem.

Dryadene var ein del plaga av SATYRAR, som for etter dei for å elske og valdta. Det er sagt at ORFEOS' hustru EVRYDIKE var ei av dryadene.

Erysichthon var ein kar som trengte stolpar til ein stor hall han ville bygge. Han byrja hogge på største eika i ein heilag lund. I eika hadde ei hamadryade tilhald. Ho gret og bad han stogge, men Erysichthon hogg ned eika, og drepte derved hamadryada. (Men DEMETER straffa han sidan hardt for dette).

 

Tekstboks: OETA kart D4DRYOPE

Dryope var ei gresk NYMFE, og datter av EURYTOS (somme seier Dryops).

Dryope gjette farens kveg på fjellet Oeta. Og der leika og dansa ho i ledige stunder saman med hama-dryadene. (Sjå DRYADER).

Men ein dag fekk APOLLON auge på den vakre ungjenta, og hugteken vart han. Så han omskapte seg til ei skilpadde, og kraup opp i Dryopes fang. Så skapte han seg om til ein slange, slik at hamadryadene rømde for livet, så han fekk vere åleine med Dryope.

Ikkje lenge etter denne hendinga gifta Dryope seg med Andraemon, og ho fødte sonen Amfissos, som hadde kjempekrefter. Som ung bygde han ein heil by - Oeta, og eit tempel for Apollon. Men ein dag Dryope bad i dette templet, kom hamadryadene og bortførte ho.

Ei heilag kjelde sprang fram på staden der hamadryadene hadde henta Dryope, og eit poppel-tre vart planta ved kjelda. Amfissos bygde eit tempel for hamadryadene, og ingen kvinner fekk gå inn i dette templet. Og han arrangerte idrettsleikar her, til hamadryadenes ære.

Denne myten er ei symbolhistorie som fortel om ein konflikt mellom ein gammal, matriarkalsk eike-kult og Apollon-kulten som Amfissos ville innføre. Amfissos vart (på eitt eller anna vis) så hardt pressa at han måtte bøye unna, og ære-hylle hamadryadene (prestinnene i eike-kulten). Amfissos ville vere son av Apollon, og dikta ei historie om korleis han vart unnfanga. Mora hans, Dryope, var kanskje øvste-prestinne i eike-kulten. Ho støtta Amfissos og hans freistnad på å innføre Apollon, men så greip dei andre hamadryadene inn og fjerna ho med makt.

 

DYRRHA

- romersk for PYRRHA.

 

 

 

Til framsida

 

 

 

 

 

 

 

 

 




 

 

 

                                                                                             



 

 

 

 

 

 

 

 

 


1