GRESKE OG
ROMERSKE GUDAR |
||
Gudar på E |
Forfatta av Aslak Nedregård |
Gresk |
|
Romersk |
|||||
|
|
|
|||||
|
|
||||||
|
|
||||||
|
|
||||||
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
||||||
|
|
||||||
|
|
||||||
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
||||||
|
|
|
|||||
|
|
|
|
||||
|
|
|
|
|
|
|
|
-
sjå EKKO |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Echidna
var eit uhyre som halvt såg ut som ei vakker kvinne - halvt som ein flekkete
slange. Hennar auge var svarte. Namnet hennar tyder "hoggorm". Her
er tre teoriar om kven som var foreldra til Echidna:
Echidna
vart kalla "Mor til alle monster", men sjølv om ho fødte ei mengd
monsterbarn, så var dette ei overdriving. Ei tid levde ho i ei djup grotte i
Asia, der ho åt menneske rå, og med sin bror og ektemann, TYPHON, fekk ho fryktelege monster-barn: q
ORTHROS q KERBEROS q HYDRA (Den Lerniske) q CHIMAERA Med
sonen sin Orthros, fekk ho enda to barn: q
SFIX (Den
Thebanske) q Den Nemeiske Løve Ein gang stal
Echidna hestane til HERAKLES, og vilkåret ho sette for å levere dei
tilbake, var at han skulle ha samleie med ho. Herakles gjekk like godt med på
det, og resultatet vart trillingar! - Agathyrsos, Gelanos og Skythes.
Han siste vart stamfar til og konge over skytarane. ZEVS sparte Echidna som utfordring til
framtidige HEROAR.
Gudane ordna ho ei grotte under eit berg; lengst mulig vekk frå alle gudar og
menneske. Her skulle ho ligge og føde fleire fæle monsterbarn, som heroane
kunne kjempe mot og utøve heltedådar. Til sist vart Echidna drept medan ho
sov, av Argos Panopes -
soneson av ARGOS - kjempa med dei hundre augene. Echidna var nok ei lokal gudinne som ein gang vart dyrka
ein stad i Lille-Asia, eller deromkring. Kulten vart styrt av eit
prestinne-skap, og dei forkynte at gudinna budde i ei fjellhole der på
staden. Gudinna viste seg aldri anna enn i skummel forkledning som monster.
Innbuarane i distriktet var vettskremde, og betalte angstfullt skattar og
avgifter av ulikt slag til prestinneskapet. Menneske-ofring inngjekk i
rituala når gudinna skulle hyllast. Så ser vi at Zevs og dei andre gudane til
den innvandrande patriarkalske kulturen fekk jaga Echidna frå hola hennar,
til ein fjern stad der ho ikkje kunne gjere større skade. Men detaljane
omkring denne dramatiske hendinga er ikkje overlevert til ettertida. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
-
sjå EKKO |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Edusa var romersk vernegudinne for skrikande babyar. Ho lærte småbarn å
ete. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Egeria var ei gammal vass-nymfe som opphavleg var
heimehøyrande i det latiske distriktet omkring byen Alba Longa. Ho vart påkalla under barnefødslar. Ho vart den
religiøse rådgjevaren til kong Numa,
som var konge i Roma ca. år 700
fvt. Ho hjalp han med å utarbeide dei
første lovene for staten Roma. Opphavleg var ho knytt til den mektige DIANA-kulten ved Nemi-sjøen. Ho var gudinna som hadde tilhald i ei heilag kjelde
der. Det var på ein stad ved sjøen som heitte Le Mole, at ei kjelde spruta ut av basalt-berget, og strøymde i
grasiøse kaskadar ned mot sjøen. Det var seinare anlagt vassmøller her. Gravide kvinner ofra til Egerias kjelde, og drakk
av hennar vatn. Dette skulle lette fødselen - fødslar var skumle greier i
gamle dagar, og ofte gjekk det gale. Utanfor Romas bymurar - ved Porta Capena, låg ein heilag lund med nok ei kjelde som var
vigsla til Egeria. Vatnet frå denne kjelda kunne lækje sjukdommar. Kvar dag
henta vestalinnene vatn herifrå,
for å vaske templet til VESTA. Dei
bar vatnet på hovudet; i leirkrukker. Ein trur det vart utvandrarar frå distriktet ved
Nemi-sjøen (frå byen Alba Longa),
som brakte Egeria frå Nemi til Roma, og altså fann ei ny kjelde for ho her.
Romarane fekk på eitt eller anna vis makt over Alba Longa, men såg på folka
her som nærskyldingar, og inviterte dei til å busetje seg i Roma. Vi
veit altså at Egeria var knytt til Diana-kulten ved Nemi-sjøen. (Sjå under DIANA). Var Egeria ei vassnymfe som hadde tilhald i
ei heilag kjelde ved ei heilag eik i ein heilag lund ved Nemi? Eller var ho
eike-gudinne som hadde tilhald i ei diger eik? Var Egeria eit aspekt ved
Diana; på det vis at Diana symboliserte heile den mektige skog, medan Egeria
representerte eit enkelt, heilagt tre? Dei
tidlege romerske kongane vart haldne for å vere guddommelege. Dei hadde
ansvaret for regn og vind, kulde og tørke. Dei hadde ansvaret for at avlinga
vart god, og for krigslukka. Mange symbolske rituale var innstifta for å
markere og oppretthalde kongens guddommelege status. Mellom anna inngjekk han
guddommelege giftemål med ei gudinne. Kongen deltok visst i ein slik
bryllups-seremoni ein gang i året. I Diana-kulten ved Nemi feira dei ein
årleg heilagfest der Mai-dronninga
gifta seg med Mai-kongen.
Bryllupet skulle gynne årets avling. Det var eit bryllup mellom den døyelege skogkongen og den udøyelege skogdronninga. Var kong Numa ein av hovudpersonane
i desse bryllupa, eller var det slutt på denne tradisjonen på Numas tid?
Egeria var gudinna som kong Numa rådførte seg med om guddommelege
stats-saker. Om han ikkje sjølv gifta seg med ho, så kan det vere at han på
ulike vis heldt ho levande og i hevd, som hans forfedres gudommelege brud. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Egestes
var den personifiserte fattigdom i
romersk folketru. Forfattaren Virgil påstod
ho var ein kvinneleg demon som var heimehøyrande i Underverda. Egestes var knytt til Sicilia, og vart særleg dyrka i den sicilianske byen Segesta. Ho vart nok dyrka som
gudinne her - kanskje symboliserte ho alderdom
og død i ein gudinne-triade? Byen
Segesta vart grunnlagt av ein fyr som heitte Acestes - kanskje var Egestes hans guddommelege kone? Korleis
Egestes vart knytt til fattigdom, er ei uløyst gåte. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eileithyia var datter av ZEVS og HERA og søster til ARES og HEBE. Ho hjalp kvinner under fødslar. Også HERA og ARTHEMIS kunne opptre som "Eileithyia" - hjelpe til ved fødslar. Stundom var det to gudinner som hjalp til ved barnefødslar. Då vart desse kalla eileithyiai (fleirtal). Dei hjalp ZEVS då ATENE skulle fødast - dei var søstre; døtre av HERA, og likt kledde. Vi har to teoriar om Eileithyias opphav: 1: Ho kom frå HYPERBOREANE - folket som budde nordanfor nordavinden, til Delos for å hjelpe LETO, då ho skulle føde ARTHEMIS og APOLLON. 2: Ho vart født i ei hole nær Amnisos på Kreta. På Kreta var der ein sterk Eileithyia-kult - særleg i byane Lato og Eleutherna. Gudinna er nemnt i inskripsjonar i Linear-B-alfabet frå Knossos. I Amnisos-grotta var ein stalagmitt som vart halden for å vere ein skulptur av Eileithyia. På Kreta vart Eileithyia dyrka frå kong MINOS si tid til Romarriket gjekk under. Også i kristen tid blomstra Eileithyia-dyrking opp på Kreta frå tid til annan. På gresk fastland kan funn av mange
terrakotta-figurar av ei kvinne som tek seg av babyar tyde på at Eileithyia
vart dyrka også der, i den mykensk kultur,
som var samtidig og nærknytt til den
minoiske kultur på Kreta. Det har vore tempel og heilagdommar for Eileithyia i gresk og hellenistisk tid i Aten, Tenea og Argos, og i Aigion finn vi mange spor etter ho. Her var ei tre-statue av ho, med andlet, hender og føter av marmor; og ho var kledd i vakre klede. Ho heldt ein fakkel i kvar hand, som skulle symbolisere at ho brakte nyfødte barn frå mørket og ut i lyset. (Både ARTHEMIS og PERSEPHONE bar stundom slike faklar). |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eirene tyder "Freden".
Romarane hadde eit motstykke i PAX.
Eirene var ei av dei tre HORAENE -
årstidsgudinner; døtre som ZEVS
fekk med THEMIS. Ho var ei av årstidene.
(Grekarane hadde tre årstider - forår,
etterår og vinter). Eirene og søstrene hennar var gudanes hjelparar når det
gjaldt fræve og god avling - dei hjalp DIONYSOS,
PERSEPHONE og DEMETER, og ofte spela dei på lag med
kjærleiksgudinna AFRODITE. Horaene var ikkje ekte gudinner; dei
vart oppfunne av dei tidlege filosofane. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ekko var ei fjell-NYMFE (OREADE). ZEVS
fekk Ekko til å opphalde kona si, HERA,
med prat, slik at ho ikkje fekk spionert på han når han dreiv på med sine
erotiske sidesprang. Men då Hera fann ut av dette, tok ho i raseri talegåva
frå Ekko, slik at bare siste lyden i kvart ord Ekko sa kunne høyrast. (versjon
1) Med PAN
fekk Ekko sonen IYNX. Seinare vart
ho ulukkeleg forelska i NARKISSOS,
men denne kunne bare elske sitt eige spegelbilete. Dette pinte Ekko slik at
ho tærtes bort, og bare halve røysta hennar vart att av ho. (versjon 2) Slik gjekk det for seg med
Ekko og Hera og Narkissos: Ekko var ei vakker nymfe, som elska skogane og
fjella, og ho dreiv mykje med villmarks-idrettar. Ho var ein av ARTHEMIS yndlingar, og var ofte med
Arthemis på jakt. Men feilen med Ekko var at ho var så prate-glad, og alltid
ville ho ha siste ordet. Ein dag leita Hera etter sin
ektemann Zevs - ho hadde mistanke om at han var ute og flørta med nymfene. Ho
var nær ved å ta dei på fersken, men brått dukka Ekko opp, og skravla i veg
så gale at Hera mista all konsentrasjon, og nymfene greidde å stikke seg
vekk. Då vart Hera bra arg, og sa
til Ekko: "Du skal få betale for bruken av tunga di som du har narra meg
med. Di tunge skal miste si talegåve, bortsett frå at ho skal få lov å svare
tilbake, slik du likar så godt. Framleis skal du få siste ord, men aldri skal
du få snakke først." Ein dag fekk Ekko auge på NARKISSOS - ein vakker undom som
jakta i fjella. Ho vart hugteken i han, og følgde i hans spor. Ho ville så
gjerne tale med han, men det var ikkje lenger i hennar makt å starte ein
samtale. Utålsamt venta ho på at han skulle tale først, og sine svar hadde ho
tenkt ut. Ein dag hadde Narkissos komt bort frå
jaktkameratane sine, og ropte høgt: "Kven er her?" "Her", svara Ekko. Narkissos kika omkring seg, men såg ingen, og
ropte så: "Kom!" "Kom!" svara Ekko. Då ingen kom, ropte Narkissos
igjen: "Kvifor unngår du meg?" Og Ekko sendte same svar i retur. "Lat oss kome
saman," ropte Narkissos. Jenta svara med same ord, frå djupet av sitt
hjerte, og storma fram for å kaste armane om halsen på Narkissos. Han rygga
unna, og utbraut: "Hald deg unna - eg vil heller døy enn at du skal få
meg!" "Få meg," svara ho,
men det var nyttelaust. Han forlet ho, og ho sprang djupt inn i skogen og
gøymde seg i skam. Sidan heldt ho seg i holer og mellom steile
fjell-klipper. Hennar lekam visna hen i sorg, og til sist var alt kjøtt
borte. Knoklane hennar vart til berg, og alt som var att av ho var stemma.
Med stemma er ho ennå klar til å svare alle som ropar på ho, og ennå er det
alltid Ekko som får siste ord. Dette var ikkje einaste
gangen Narkissos var brutalt avvisande mot andre. Han avviste også alle dei
andre nymfene, som han hadde avvist stakkars Ekko. Ein dag var det ei jente som
forgjeves hadde prøvd å vekke hans attrå. Då framsa ho ei bøn, om at han ein
gang sjølv måtte få prøve korleis det var å vere forelska men verte avvist.
Hemn-gudinnene (ERINYENE) høyrde
bøna, og ville oppfylle ho. Der var ei klar kjelde, med
vatn som sølv; men aldri førte gjetarane sine kvegflokkar dit, og
fjellgeitene drakk heller ikkje av kjelda, og ingen andre av skogens dyr.
Lauv eller greiner fall aldri på kjeldas klare vassflate, men graset grodde
friskt omkring kjelda, og bergveggar skjerma ho for sola. Ein dag kom Narkissos til
denne dammen, varm og tørst, og utslitt av jakta. Han kasta seg ned for å
drikke, og såg sitt eige bilete i vatnet. Han trudde det var ei vakker
vass-ånd som budde i kjelda. Han vart liggande og stire ovundrande på dei
vakre augene, og dei krølla hårlokkane; dei runde kjakane og den elfenbeinskvite
halsen; dei skilde leppene og den atletiske sunnheit og helsegode glød. Han
vart hugteken i seg sjølv. Han senka sine lepper for å kysse; han greip med
hendene ned i vatnet for å omfamne den vakre skapnaden. Då forsvann
skapnaden, men kom fram att kort etter, og fornya fasinasjonen. Narkissos
greidde ikkje rive seg bort frå dette. Han gløymde alle tankar om mat og
kvile, medan han hang over kjelda og stirte på sitt spegelbilete. "Kvifor unngår du meg,
du vakre skapnad?" spurde han spegelbiletet. "Mitt andlet er vel
vakkert? Nymfene elskar meg, og eg kan sjå på andletet ditt at også du
tykkjer om meg. Når eg strekkjer ut mine armar gjer du det same, og du smiler
til meg og synes tiltrekt av meg!" Hans tårer fall i vatnet og
størte biletet. Då han såg det vart borte, utbraut han: " Forbli! eg
tryglar deg! Lat meg i det minste få stire på deg, om eg ikkje kan få røre
ved deg.!" På dette vis, og med mange
liknande geberder, nøra han elden som brann i han, slik at han gradvis mista
sin sunne farge, si gode helse, og venleiken som før hadde sjarmert nymfa
Ekko. Men Ekko var ennå i nærleiken, og då han utbraut "Alas,
alas!", så svara ho med same ord. Narkissos visna hen, og døde til slutt. Og då
hans skugge vart rodd over elva STYX,
lente den seg over båtrekka og kika på seg sjølv i vatnet. Nymfene sørgde over Narkissos så dei reint
tærtes bort. Også Ekko sørgde, og når nymfene slo seg for brysta, så slo ho
mest av dei alle. Dei bygde eit stort likbål for Narkissos, men då dei skulle
legge hans lekam på bålet, så var den ingen stad å finne. I staden fann dei
ein blome - purpur i hjertet, og med kvite blad omkring. Dei la blomen på
bålet, og blomen heiter Narkissos til minne om han. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vi har motstridande
opplysningar om hav-NYMFA Elektra
1, men ho skulle vere ei av PLEIADENE
- i så fall ei av dei sju døtrene til ATLAS
og PLEIONE. Ho budde i Samothrake. ZEVS vart forelska i ho,
og brakte ho til OLYMPOS. Ho gjorde motstand, men Zevs fekk viljen
sin, og ho fødte sonen DARDANOS. Seinare, i sorg over Dardanos' død,
trekte Elektra seg tilbake til egnene nordom den nordlege polarsirkelen, og
hennar stjerne i stjernehopen Pleiadene vart då usynleg. Ein annan stad heiter det at Elektra var ei av OKAENIDENE
- døtre av OKEANOS og TETHYS, og at ho var mor til IRIS og HARPIENE, som ho fekk med
THAUMAS. Elektra var
verne-gudinne for rav, som var eit svært verdfullt materiale. Rav er
klumpar av furu-kvae - av ein utdøydd furu-art, som har hamna i sjøen, og
etter tusener av år i saltvatn er blitt omdanna og forsteina. Rav vert brukt
i smykker og andre pyntegjenstandar. Dersom ein gnir på ein klump rav, vert
han elektrisk ladd. Ein kan
observere dette ved at han tiltrekker seg småbitar av ulike materiale - til
dømes papir. Det var ved omgang med rav at europearane først oppdaga
fenomenet elektrisitet, og elektrisitet har fått namn etter dette
smykke-materialet, som har namn etter Elektra. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elektra 2 var datter av
kong AGAMEMNON og dronning KLYTEMNESTRA, og var såleis ei eldre søster av ORESTES. Ho og Orestes drepte
Klytemnestra for å hemne drapet på faren. Elektra vart gift med Pylades,
og fekk sønene Medon og Strophios. Namnet hennar tyder
"rav". Psykologen Jung har funne opp uttrykket Elektra-kompleks,
som eit motstykke til Freuds Oedipos-kompleks. Det handlar om
dattera som er sjalu på mora, og vil ha faren sin for seg sjølv. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elektryon var son av PERSEOS og ANDROMEDA, og vart konge i Mykene.
Han sette nevøen sin, AMFITRYON,
til å styre byen, medan han sjølv drog ut i hærferd. Og han lova Amfitryon at
han skulle få gifte seg med dattera hans, ALKMENE. Seinare drepte Amfitryon Elektryon ved eit uhell - han
kasta ei klubbe på ei av Elektryons kyr, men klubba spratt tilbake frå
kuhorna, og slo i hjel Elektryon. Namnet hans tyder "Den skinande".
Alkmene
var høgrare og vakrare enn alle andre kvinner, og ho elska Amfitryon høgare
enn alle andre kvinner kunne elske sin mann. Med sine svarte auge var ho
vakker som AFRODITE. Amfitryon
vart landsforvist av Elektryons bror Sthenelaus,
og rømde til Thebes. Alkmene rømde med, men ho nekta å sove med Amfitryon før
han hadde hemna drapet på hennar brør, som hadde blitt drept då dei var i Argos for å stele kveg. Amfitron drog
ut og hemna drapa, men før han kom seg tilbake til kona si, var ZEVS der, og utgav seg for å vere
Amfitryon. Alkmene sov med Zevs, og vart overraska då Amfitryon kom tilbake
endå ein gang. TEIRESIAS - den
blinde sjåaren, kunne forklare dei kva som hadde hendt. Men då Alkmene hadde
født sonen HERAKLES, skrytte Zevs
av at det var han som var faren. Men HERA
vart forbanna for dette, og byrja lage ugreier. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
DEI ELEUSISKE
MYSTERIA Det utvikla seg ein eigen kult omkring DEMETERog PERSEPHONE. Denne oppstod i byen Eleusis, nær Aten ca. 700-500 fvt. Det var ein mysterie-religion
med innvigslings-rituale, og mangfaldige seremoniar. Filosofane Platon og Aristoteles var mellom dei mange som
deltok i vigslings-rituala i Eleusis. Seremoniane i Eleusis vart arrangert
årleg i nærare 2000 år - frå mykensk tid til Romarrikets undergang. Seremoniane
vaks seg mektigare frå år til år, og hadde sitt høgdepunkt under Romarriket
si velmaktstid. Fleire tusen "mystae" frå alle land omkring
Middelhavet vart då vigsla i den årlege vigslingsseremonien. Mystae vart dei kalla, dei som deltok
i rituala. Dei fekk del i løyndommar som dei måtte love å aldri avsløre, og
så vidt vi veit var det aldri nokon som braut denne lovnaden. Ved historisk
detektivarbeid har ein langt på veg greidd å rekonstruere innhaldet i dei
ulike rituale, men mysterias djupaste løyndommar kjenner vi ikkje. Noko anna
merkverdig ved mysteria er at sjølv om mange lovprisa dei som sitt livs
største oppleving, så utvikla det seg aldri nokon kult eller ny religion
omkring mysteria. Mysteria var knytt til DEMETER, KORE, AFRODITE,
APOLLON - mange av dei større greske og romerske gudar hadde plass i
rituala, men nokon særeigen eleusisk guddom vaks aldri fram. Dei Eleusiske Mysteria
vart dei mest heilage og høgtidssame av alle greske høgtidsfestar. Folk tok
ut på pilgrimsvandring frå nær og fjern - dei samla seg først i Aten,
og vandra derifrå til Eleusis på rituelt vis. Dei tidlege
kyrkjefedrene fordømde Dei Eleusiske Mysteria, men mysteria pågjekk fleire
hundre år inn i kristen tid, og influerte i stor grad på Krist-kyrkjas lære
og praksis. Dei
Eleusiske Mysteria utbreidde Demeter/Persephone/Kore-kulten i Romarriket.
Romarane omdøypte Demeter til CERES,
og Persephone til PROSEPINE. I
hellenistisk tid vart Demeter assosiert med den egyptiske gudinna ISIS, og ein mysterie-religion
omkring Isis kom til som eit framhald av Demeter/Ceres-kulten. Du kan lese meir om Dei Eleusiske Mysteria under DEMETER. Sjå også under TRIPTOLEMOS. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elysium - også
kalla Dei Elyseiske Marker,
var eit før-hellenistisk Paradis - eit
land der det herska evig fred og lukke. Diktaren Homer fortel at Elysium var landet som låg aller lengst vest i
verda, og dit vart HEROANE førte,
med kropp og sjel, og gjort udøyelege. Og der kunne dei alle drive på med det
dei likte aller best, og hugtyngsle og sjukdom fans ikkje.
Menneskets
fem tidsaldrar (FIVE Ages of Man) Dette er tidsaldrane menneskeheita har
gjennomlevd på Jorda. Dei er følgande: Gull-alderen: Dette var i tida då CHRONOS
regjerte - det herska fred og harmoni. Menneska eldes ikkje, men døde
fredfullt. Denne menneske-rasen døde ut. Sølv-alderen: Desse menneska levde i 100 år som
barn utan å verte vaksne. Så vart dei brått gamle, og døde. ZEVS
utrydda desse menneska, på grunn av deira gudløyse. Bronse-alderen: Desse menneska var harde og
krigerske. Deira verktøy og reiskapar var laga av bronse. Dei drepte
kvarandre i krigar. Helte-alderen: I denne bolken levde edle halvgudar
og heltar (heroar). Denne rasen døde ut, og drog til ELYSIUM. Jern-alderen: Dette er tid-bolken vi lever i nå.
Menneska kivar og slåss. Dei må streve for å overleve. Ein dag vil ZEVS
utrydde denne rasen. Med tida fekk Elysium status som tilhaldstad for dei velsigna døde - dit kom sjelene til heroar, poetar, prestar m.m., og der levde dei i fullkomen lukke - omgitt av gras-enger, trelundar og milde vindar; og eit rosa lys skein evig der. I romersk
mytologi var Elysium ein del av Underverda, der dei rettferdig døde fekk si lønn. Andre såg på Elysium som eit
mellombels Paradis. Gjennom Elysiums
mjuke, grøne enger flaut elva LETHE
- Gløymsle-elva. Alle sjeler som
skulle attfødast til eit nytt liv på Jorda måtte drikke av Lethe, så dei
ikkje skulle minnast noko frå opphaldet sitt på Dei elyseiske marker. Aristoteles
fann ut at alle religionar hadde ein slik opphøgd og fager tilhaldsstad for gudane sine. I klassisk tid hadde
ikkje menneska tilgang til slike
stader for sine sjeler. Dei dødes øyar (Dei velsignas øyar, Dei dødes øy) vart stundom
assosiert med Elysium. Dit kom gudar, halvgudar og gudanes yndlingar. Sjå
under SIRENENE). |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Empusae
er eit fleirtallsord. Det var nokre motbydelege, kvinnelege demonar. Dei var
døtre av dødsgudinna HECATE, og
hadde esel-bakkropp med sandalar (eller hovar) av messing. Empusae hadde det
med å skremme vettet av reisande, men ein kunne jage dei bort ved å rope
stygge ord mot dei. Då rømde dei med fæle skrik. Empusae
kunne omskape seg til tisper, kyr eller vakre ungjenter, og i sistnemnde skap
prøvde dei å få samleie med menn om nettene eller under middagssøvnen. Menn
som hamna i deira famn vart sugd tom for alle livskrefter, og døydde til
slutt. Empusae
vart rekna å vere kannibalistiske, og somme meinte dei kunne omskape seg til
vampyr-flaggermus. På sine eldre dagar slutta den libyske gudinna LAMIA seg til Empusae. Ein trur
Empusae kom til Grekarland frå Palestina.
I Palestina vart dei kalla Lilim,
og ein meinte dei var barn av Lilith
- Adams første kone. Også desse
hadde esel-bakpartar, og eselet symboliserte kåtskap og grusomheit.
Lilith var ei kanaanittisk Hecate (døds-gudinne). Så seint som i
Middelalderen laga jødane seg amulettar for å verne seg mot Lilith. Hecate regjerte i dødsriket TARTAROS i tidene før HADES kom på banen. Ho gjekk i
messing-sandalar. Hecate tilhøyrde ein gudinne-triade. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Endymion var ein vakker gut frå
Lille-Asia. Han var son av ZEVS og
nymfa Calyce. Han var av aiolane si stamme, men av "dei
døyelege" si ætt. Han la under seg landet Elis; nordvest på Pelopponnes.
Han fekk fire søner med kona si, men med månegudinna SELENE fekk han femti døtre! Endymion
var ein høvding som kom frå Karia
i Lille-Asia. Han erobra altså landet Elis. Endymion tilhøyrde folkestamma aiolane (sjå AIOLOS), medan Elis var befolka av folkestamma pelasgarane (sjå PELASGOS). For å verte godteken som konge over Elis, måtte
Endymion inngå ekteskap med alle Elis' femti måne-prestinner. Desse
måneprestinnene representerte gudinna HERA,
og opererte mellom anna som regnmakarar.
Endymion let det stå til, og feira svære bryllup. Då hans regjeringstid var
til endes, vart han høgtidssamt ofra, og det vart oppført eit HERO-tempel for han ved byen Pisa i Elis. (Pisa skal tyde noko slikt som "freds-gravlund"). Namnet
Endymion fekk nok den kariske høvdingen etter at han kom til Elis. Endymion
tyder noko slikt som "påverknad". Det dreier seg om måne-påverknad.
Fleire romantiske myter er blitt til,
om kjærleiken mellom Endymion og Månegudinna: Endymion vart forelska i
månegudinna SELENE. Selene
gjengjeldte kjærleiken. Ho ville ha han hos seg kvar natt. Dei møttes i ei
berghole. Ho kyssa han i sømn, og ho bad ZEVS gi Endymion evig liv og
evig ungdom, slik at ho kunne omfamne han der i berghola til evig tid.
Zevs gjekk med på dette, og dyssa Endymion i evig søvn. Og kvar natt kom
Selene til han. Somme meinte
at Endymion sov på Latmos-fjellet
nær Milete i Lille-Asia, der dei
gamle grekarane også trudde at grava hans var. Men Endymion døydde aldri, og eldest
heller ikkje. Han ligg ennå i søvnen sin, og ser ut som ein fager unggut. For
å kunne sjå mest mulig til Selene, fekk Endymion hjelp av HYPNOS (søvnen), slik at han kunne
sove med opne auge. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Enyo var ei gresk/libyisk krigs-gudinne og "øydeleggerske
av byar". Namnet hennar tyder "krigslyst". Stundom vart ho
avbileta som datter av ARES. (Eller ho var mora hans...eller søstra?).
Enyos safran-gule kappe var tilsøla med blod, og ho var svært valdeleg av
seg. Enyo var ei av dei tre GRAIARENE - dei tre gamle, grå søstre. Dei var alle tre døtre av havguden PHORCYS og havuhyret KETO. Ein gang ein stad opptrådte dei
tre graiarene som trippelgudinne, og dei kunne likne på ei tidleg ATENE, som også var trippelgudinne. Romarane assosierte Enyo med BELLONA. (Sjå også under GRAIARENE). |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eos tyder ”Morgonrauden”. Eos var
datter av TITANANE HYPERION og THEIA, og ho var søster til HELIOS (Sola) og SELENE (Månen). Eos har nattlægjet sitt i aust. Ved
kvart morgongry står ho opp – ho har rosa fingrar og safran-gul kjole. Ho
stig i vogna si, som vert trekt av hestane PHAËTON 2 og Lampos,
og rir til OLYMPOS for å varsle
gudane om at hennar bror Helios snart vil vise seg. Når Helios dukkar opp
vert ho HEMERA, Dagen, og ho
reiser med han over himmelen til det kveldar. Då vert ho HESPERA, Kvelden, og himmelens kveldsraude er varsel om at Helios
har gjort unna dagsreisa si, og har komt trygt fram til vest. Med
ASTRAEOS vart Eos mor til dei fire
vindane, BOREAS, EUROS, ZEPHYROS,
NOTOS - dessutan til HEOSPHOROS
og stjernene. Eos
vart avbileta som gudinne med rosa fingrar, som opna himmelportane for vogna
til solguden Helios kvar morgon. Ho var svært lett på tråden, og levde eit
liv fullt av intrigar. Ho var likevel noko blyg eller lettskjemd – i alle
høve hadde ho det med å raudne når ein elskar kom til ho, og derfor er
soloppgangen ofte så raud. Eos
kraup til sengs med krigsguden ARES,
og for dette vart AFRODITE sjalu
på ho, og gjorde ho ved forbanning til nymfoman. Ho fekk attrå til døyelege
unggutar – mellom andre ORION,
KEPHALOS, GANYMEDES og TITHONOS. Eos
var ulukkeleg forelska i ORION.
Eos gav Orion synet tilbake då han var blinda. Eos bad gudane gjere Tithonos
udøyeleg, men gløymde å be om at han fekk evig ungdom. Så han vart eldre og
eldre, og var til sist som ei lita grashoppe å sjå til. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Epaphos var son av ZEVS og IO. Io fødte han då ho nådde Nilen's breidder, etter å ha vandra
vidt omkring i skap av ei kvige.
For HERA var rasande på Io, så ZEVS hadde omskapt ho til kvige for
at ho skulle unnsleppe Heras vreide. (Sjå under IO). I Egypt fekk Io
nå tilbake sitt menneske-skap. Straks Epaphos var født, gav Hera ordre til KORYBANTANE (Kuretane),
at dei skulle kidnappe han og bortføre han til Babylon. Dei gjorde så,
og Zevs drepte dei for dette, sjølv om det var dei som vakta Zevs' krubbe då
han som reivunge låg i dekning i si hole på Kreta. Dronninga av Babylon hadde tatt seg av Epaphos, og Io drog og henta han tilbake til Egypt. Og Epaphos vart konge over Egypt, og grunnla byen Memphis. Memphis vart grunnlagt av Egypts første
farao, den stormektige Menes, i år
ca 3920 fvt., og påstanden om at Epaphos var grunnleggaren, verkar som
historieforfalsking. Men dyrkinga av guddommelege kyr og oksar er uhorveleg
gammal, så nokon slags samanheng kan det likevel vere, mellom Io, Epaphos,
Apis og Memphis. Io var ku - hennar son Epaphos
skulle altså verte Egypts heilage okse APIS. I Memphis vart Apis dyrka
som ein framtoning av byens vernegud Ptah. (Men etter kva vi veit;
ikkje så tidleg som under farao Menes). Den heilage oksen heldt til i templet
Apieion, og truleg var det oppretta eit orakel for han her.
Alle avdøde heilag-oksar vart dyrka under namnet Oserapis, som er
samansett av namnet på dødsguden OSIRIS og Apis. Ein eigen
guddom utvikla seg frå desse døde oksane - SERAPIS, som vart dyrka i
middelhavslanda under hellenismen. Epaphos var også kjent under
namnet PHAËTON; (sjå under PHAËTON 1). Dette gjer ikkje
problemet Epaphos enklare, for Phaëton var son av solguden HELIOS.
Betyr dette at Zevs ein stad ein gang vart dyrka som solguden Helios? Det er
truleg - for Zevs betyr rett og slett "Gud", og vi veit at Zevs
vart rekna som Himmelgud og Øvstegud, og i nyare tid var det nok
nærliggande for mange kulturar som kom i kontakt med grekarane, å kalla
øvsteguden sin Zevs. For å doble forvirringa kan eg
berette at det er sagt at Epaphos vart gift med elvenymfa Memphis, som
var datter av Nilens elvegud NEILOS. (Gresk namn på Nilens
elvegud). Epaphos grunnla ein by som han gav namn etter kona si. Nå hadde
ikkje egyptarane nokon elvegud, men Nilens egyptiske elve-gudinne heitte Hapi, så vi må
ta dette med nokre klyper salt. Med
nymfa Memphis fekk Epaphos dattera LIBYA, som vart stammor til libyarane. I ein
myte heiter det at Epaphos' kone var dronning CASSIOPEIA. Han skal
vere stamfar både til libyarane, pygmeane og etioparane,
og dessutan ei stamme av underjordiske. For at
Epaphos ikkje skal verte for innvikla, skriv eg ikkje meir om han. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Epigonane tyder "Dei etter-fødte".
Epigonane var sju søner av sju kongar som hadde lidd nederlag i ein
legendarisk krig mot byen Thebes.
Dei gjekk saman om å hemne sine fedre, og la Thebes i grus. Namnet deira skal
tyde at dei vart født etter at alle store heroiske krigsdådar var unnagjort.
Likevel utmerka ein av dei, DIOMEDES
seg, ved å verte ein av dei største atenske HEROANE under trojanarkrigane. (Les
om Epigonane under ADRASTOS). |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Epimethevs
var son av TITANEN IAPETOS og
OKEANIDA CLYMENE. Hans namn tyder "etter-tenkande gud".
Epimethevs og hans bror Promethevs kjempa på ZEVS' side då CHRONOS
vart styrta av gudetrona. ZEVS ville hemne seg
for at Epimethevs' eldre bror, PROMETHEVS,
("fortenkande gud") hadde stole elden
frå han. Då Promethevs skulle gifte seg med PANDORA, sendte Zevs ei
øskje med Pandora som bruregåve til hennar tilkomande. Men Promethevs ante
uråd, så Pandora vart gift med
Epimethevs i staden. Han opna øskja, og ut flaug sjukdom, lidingar og plager,
som sidan har vore menneskas lodd. Det einaste som vart att i øskja var håpet.
Det var til stor skade for menneskeætta at Epimethevs opna Pandoras øskje.
Myten fortel som så, at då tida var
inne då alle døyelege skapnadar skulle skapast, så gav gudane form til alle levande vesen, og bad
så brørne Promethevs og Epimethevs om å tildele kvart vesen sine særmerkte eigenskapar. Det var Zevs
som ville det slik - han ville lønne dei to brørne fordi dei hadde støtta han
i kampen mot Chronos. Epimethevs sa til Promethevs at han
gjerne ville ta på seg heile jobben med dette, og så kunne Promethevs etterpå
sjekke resultatet. Promethevs gjekk med på dette. Epimethevs gav styrke til somme dyr, og
fart til andre. Somme gav han våpen, og andre ikkje, men dei fekk andre
eigenskapar som gjorde at dei kunne overleve. Somme gav han venger så dei kunne
fly frå fare, og andre fekk evne til å grave seg ned i jorda. Han ordna det
slik at ingen artar skulle verte utrydda. Han tok også omsyn til årstidene,
og gav alle dyr evner til å motstå både kulde og varme. Og han sørgde for
høveleg mat til alle artar, slik at somme beita gras, andre åt frukter, og
nokre skulle leve på kjøtt. Epimethevs trudde han hadde gjort ein
god jobb, for det såg ut til at alle dyreartane skulle trivast bra og leve
godt. Men han hadde gløymt menneska!
Då Promethevs kom for å sjå kva Epimethevs hadde gjort, oppdaga han at
Epimethevs ikkje hadde gjort noko som helst for at menneska skulle greie å
overleve. Promethevs skjøna at han måtte gjere noko drastisk om dette skulle
gå bra. Så han stal visdom og kunnskapane om handverk frå ATENE og HEPHAISTOS, og han stal elden
frå ZEVS, så menneska skulle ha
noko å hjelpe seg med. Elden, visdommen og kunnskapane om handverk var
Promethevs' gåve til menneska. Gudane kalla Promethevs tjuv for dette, og særleg Zevs var
dugeleg harm på han, fordi han hadde stole elden. Promethevs skjøna at han og
broren låg tynt an, og han åtvara Epimethevs mot å ta imot noko slags gåve
frå Zevs. Men Epimethevs var godtruande, og han tok imot gåva Pandora kom med
- Pandoras øskje. Eigentleg var
det visst ei leirkrukke Pandora kom med. Før dette hadde menneska levd
lukkeleg fri for lidingar, sjukdommar og plager, men då Epimethevs opna
Pandoras krukke slapp alt dette laus, og menneskas liv vart svært
lidingsfullt og vanskeleg - bare håpet var att i krukka. Og menneska måtte
trøyste seg med at "Så lenge der er liv, er der håp!". Epimethevs og Pandora fekk datra PYRRHA, som vart gift med Promethevs'
son DEUKALION. Dette ekteparet var
dei einaste to menneska som overlevde Den
Store Flaumen, i arka dei hadde bygd seg. Epimethevs og Promethevs hadde to brør
til - ATLAS og MENOITIOS. Dei fire brørne var mellomledd mellom gudar og menneske. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Equestris
var romersk vernegud (eller gudinne) for husdyr
- han/ho hadde særleg med hestar og esel å gjere, som namnet viser. Namnet
tyder "heste-arta", men kan kanskje betre omsetjast til
"riddarleg" - (alle Mellomalderens riddarar var hesteryttarar). Equestris vart gjerne knytt til
gudinna for hell og lukke - FORTUNA.
Det var høgtidsfest for gudinna Fortuna
Equestris 13. august. Ho var vernegudinne for ryttarsoldatar og familiene
deira; både i krig og kvardagsliv. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Erato var ei av MUSENE - døtre av ZEVS
og MNEMOSYNE. (Sjå MUSENE). Musene spela og sang og deklamerte heile dagen, for å underhalde
gudane på OLYMPOS. Erato var muse for lyrikk - det er poesi som oftast handlar om kjærleik. Men Erato er
også omtala som FJELLNYMFE, og å vere
fjellnymfe (OREADE) var kanskje
hennar opphavlege rolle. Ho skal ha vore ei av nymfene på NYSA-fjellet, som ingen er sikker på
kvar låg. På Nysa-fjellet fostra oreadene opp DIONYSOS-barnet. Som takk for dette gjorde Dionysos ein avtale
med trollkvinna MEDEA: Når
oreadene på Nysa-fjellet vart gamle, skulle dei brått verte ungjenter igjen,
og til sist skulle dei hamne på stjernehimmelen som stjernehopen HYADENE. Det ser ut til å versere
mange ville rykter om NYMFENE og
deira opphav. Erato er også nemnt som NAJADE
(elve-nymfe), og datter av havguden
OKEANOS. Namna til Najadene var Cisseis, NYSA, ERATO, Eriphia, BROMIE og Polyhymno. Eratos namn må faktisk omsetjast til "lidenskapleg".
Ho var den mest kjente av nymfene, og den mest dyrka. Ho var muse for
romantisk poesi og også teater-kunstarten miming.
Når ho vart portrettert, sat ho som regel og spela på ein lyre. Ordet lyrikk kjem av lyre. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ercynia
var eit namn som vart brukt om VENUS
på Sicilia. Dei aller fleste
romerske gudar hadde lokale namn. På Sicilia vart Venus dyrka på Eryx-fjellet. Eryx + Venus; det vart
til Ercynia. Sicilianarane forestilte seg at gudinna på ein måte hadde tilhald
i fjellet, så ho fekk namn etter fjellet. Eller var det omvendt? I
eldre tider styrte kvar by mest for seg sjølv, og utvikla sine lokale kultar,
bestyrt av prestinnene ved det lokale tempel. Religionen var limet som heldt samfunna saman, og
makta hadde dei som bestyrte
religionen. Kultane vart utforma etter lokale behov, og var i stadig endring. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Erebos er knytt til Skapings-mytane. Namnet Erebos tyder
"Mørkret" -
Erebos var mørkrets guddom. Erebos var
i KAOS, saman med søstra si, NYX
- (Natta). Erebos var også far til ETHER
- egna mellom Jord og Himmel. (Sjå
under CHAOS). Erebos og Nyx frigjorde seg frå Kaos -
dei omfamna kvarandre; og skapte ved dette EROS - kjærleiken. (Det påstår i alle fall filosofen Aristophanes). Med Erebos fekk Nyx barna ETHER (Det klare, øvre luftlag), og HEMERA (Dagen). Dødsrikets ferjemann, KARON,
skal også vere son av Erebos/Nyx, og dei tre lagnadsgudinnene MOIRENE var deira døtre. Vidare
avla Erebos og Nyx tvillingbrørne HYPNOS
(Søvnen) og THANATOS (Døden).
Begge desse levde i Underverda.
Det er sagt at døds-åndene KER og KERES også var barn av Erebos. I seinare mytar vert Erebos skildra som jordas brennande, underjordiske regionar. Det heiter at dødsriket HADES var delt i to: Først var Erebos, som dei dødes sjeler måtte vandre gjennom like etter døden. Etterpå kom sjelene til Dødsrikets djupare regionar, TARTAROS, der TITANANE sat fastlåst. Det ser ut til at Erebos ber
både konstruktive og destuktive krefter i seg. Han
representerte det livsfiendtlege mørkret, men saman med natta, Nyx avla
han Ether og Hemera - Lyset og Dagen; og dessutan kjærleiken - EROS. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
HEFAISTOS prøvde å valdta ATENE, men Atene kasta hans sæd bort,
og sæden råka GAIA. Av dette fekk
Gaia ein son, som ho avviste. Atene tok seg av gutebarnet, og gav det namnet Erekhthevs. Så la ho gutebarnet i eit
skrin, og gav skrinet til kong KEKROPS
si datter AGLAUROS. Erekhthevs-barnet var eit uhyre - halvt
slange og halvt menneske, og Aglauros måtte love å aldri opne skrinet. Men
Aglauros vart omskapt til stein av HERMES, og hennar mor og to søstre
lurte seg til å kike ned i skrinet. Dei fekk slik angst av synet at dei heiv
seg ut frå Akropolis' klippe. Athene vart rasande over denne
skandalen. Så fostra ho sjølv opp barnet, og Erekhthevs vart seinare konge
over Aten. Han gjorde mykje for å
fremje dyrkinga av Atene - han innstifta mellom anna den årlege Pan-Atenaea-festivalen. Erekhthevs
opptrer stundom i kombinasjon med BOREAS
- Nordavinden. Boreas-Erechtevs vart
Athenes svigerbror, og han vart feira med orgier med masse fallos-symbol,
(korger fulle av slangar), som skulle gynne grøderike åkrar i det komande år.
Erekhthevs tyder "Den oppreiste"
- (han som har ereksjon). (Sjå også BOREAS). Kong Erekhthevs den første er hevda å vere
son av Pandion og NYMFA Zeuxippe. Han var ein tidleg konge i Aten. Han rekna seg som son av Gaia, og kalla seg "Den
jord-fødte". Han vart oppfostra av Atens vernegudinne Atene, som hennar
eige barn. Erekhthevs vart dyrka som guddom, saman med Atene; på Akropolis. Medan han ennå levde, vart
han assosiert med havguden POSEIDON;
og KEKROPS - Atens mytiske
grunnleggar, som også var halvt menneske og halvt slange. Slangen var også
Erechthevs heilage dyr, og somme trur at Erekhthevs og Kekrops var ein og
samme person. Somme meiner at Kekrops var son av Erekhthevs. Ifølge
legendane regjerte Erekhthevs Aten frå sitt palass på Akropolis. Some mytar
hevdar at Poseidon drepte Erekhthevs med treforken sin, men andre hevdar at
Zevs drepte han med ein tordenkile. Etter hans død vart hans palass ombygd
til tempel. Homer påstår at dette
var det første templet på Akropolis i Aten. (Vi forstår at grekarane såg på
Erechtevs som ein "heidensk" guddom som tilhøyrde matriarkatet si
tid, og at dei fekk han avsatt/fjerna). Atene og Poseidon kivast om kven av dei som
burde vere mektigaste guddom i Aten. Det vart arrangert ein konkurranse
mellom dei. Poseidon slo i bakken med treforken sin, og ei saltvass-kjelde
fløymde opp. Atene kasta spydet sitt i bakken, og opp vaks eit oliven-tre.
Atene vann konkurransen, men då det vart bygd eit tempel på staden der dei
hadde konkurrert, så fekk templet namnet Erekhtheion.
Dette templet vart rive og bygd på nytt i år 500 evt., men ber framleis
namnet Erekhtheion. Erekhthevs har altså fått æren for etableringa av den årlege Pan-Atenae-festivalen til ære for Atene. Under festivalen fekk kult-statuen av Atene Polias, som i den tida stod i Erekhtheion-templet, ny peplos - (ein ny, fin klednad i ull). Statuen av Atene var laga av gull og elfenbein. Statuen bar eit skjold, og på innsida av skjoldet var Erekhthevs heilage slange inngravert. Det var den vidgjetne, greske skulptøren Pheidias som hadde laga statuen. Det
er mykje å grunde på, angåande Erekhthevs og hans tilknyting til byen Aten.
(Sjå også ERICHTHONIUS). |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Erichthonius var son av VULCANUS, hevda romarane. Han var
misdanna – hadde drage-føtter. ATENE
putta han etter fødselen i ei boks, og gav han til døtrene til KEKROPS. Dei fekk streng beskjed om
ikkje å opne boksa. Dei gjorde sjølvsagt dette allikevel, og då dei såg
Erichthonius vart dei så skremt at dei hoppa utfor Akropolis’ klippe og
omkom. Erichthonius vart seinare til stjernebiletet Auriga, som tyder ”vognføraren”, og det er sagt at det var
Erichthonius som fann opp hestevogna. Det er noko uklart kva stjernebiletet Auriga
har namn etter. Romarane kalla ei hestevogn ( som vart brukt i travlaup) for auriga. Somme meiner det er POSEIDON som køyrer vogna Auriga -
andre tippar på HEFAISTOS/VUKANUS.
Så er der ein myte om at Erechthevs trengte ei vogn - han kunne ikkje gå, då
han hadde ein slanges bakkropp. Likare var det ikkje med Erichthonius (som
altså var samme person) - han hadde drakeføter. Det er sagt at Erichthonius
fann opp hestevogna, men i myten heiter det at tusenkunstnaren Hefaistos/Vulkanus
konstruerte vogna for sonen sin. Kanskje er det bare den tomme vogna som er
plassert på stjernehimmelen? (Sjå også EREKHTHEVS). |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Erinyene
vart også kalla FURIER ("dei
sterke") - dei var dei tre hemngudinnene frå Underverda: q
TISIPHONE - mord-hemnerska q
MEGAERA - den svartsjuke q
ALECTO - den evig rasande Oftast heiter det at Erinyene var døtre
av GAIA og URANOS, men stundom vert dei kalla døtre av NYX (Natta). Og det heiter at dei vart født av blod som fall til
jorda då Uranos vart kastrert. Erinyene levde i Underverda, men kom
til jord-overflata for å forfølge dei vonde. Dei var nådelause, og brydde seg
inkje om formildande omstende. Dei straffa alle som gav falsk forklaring,
braut reglar for gjestfridom eller myrda slektningar. Erinyene var ikkje pene å sjå til. Dei
hadde venger - dei hadde sprellande slangar til hår, og blod draup frå augene
deira. Dei forfølgde brotsmenn/kvinner - torturerte dei - jaga dei i alle
land, og dreiv dei til galskap. Diktaren
Aiskylos skreiv skodespelet
"Eumenidene". Det handlar om då Erinyene forfølgde ORESTES, og ville straffe han fordi
han hadde drept mora si, KLYTAIMNESTRA.
Dette fordi ho hadde drept faren, AGAMEMNON.
Orestes rømde heilt til Aten. Her
tok ATENE affære, og kalla saman
retten Areophagos. Ved Atenes
avgjerande stemme, vart Orestes frifunnen. Etter rettssaka aksepterte
Erinyene å få ei ny rolle, som vaktarar av lov og rett i Aten, og dei vart
sidan kalla EUMENIDENE. Men dette
er altså noko Aiskylos har dikta ihop. Sjølv om vi kjenner historia om korleis
Erinyene vart til Eumenidene frå Aiskylos' skodespel, så har truleg handlinga
ein historisk bakgrunn. Erinyene var ein gudinne-triade - altså eit
presteskap styrt av tre mektige prestinner, i ein av Atens nabobyar. Dei
hadde dømt Orestes til døden for hans brotsverk, men Orestes greidde å rømme
til Aten, og la saka fram for Atenes mektigare domsstol. Her vart han
frikjent. Erinyene var truleg tilstades og klaga på dommen. For å blidgjere
dei; for at ikkje Aten skulle hamne i konflikt med dei truleg noko mektige
erinyene; sikkert som eit smart, politisk trekk, fekk erinyene tilbod om høge
dommar-embete i Aten. Erinyene takka ja til dette ærefulle tilbodet. Men dei
måtte heretter dømme etter Atens lover. Slik trur eg det omtrent kan ha vore. Sjå også EUMENIDENE. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eris var gudinne for usemje og
strid. Ho var vanskeleg og vondskapsfull, og det ho likte best, var å lage
problem for andre. Ho heldt seg alltid ihop med sin tvillingbror, krigsguden ARES, og følgde han overalt. Ho hadde
eit gull-eple som skein så fagert at alle ville eige det. Det er sagt at Eris og Ares var barn av
ZEVS og HERA. Eldre myter fortel at Hera fødte tvillingane ved jomfrufødsel, etter å ha rørt ved ein
spesiell plante. Denne planten var truleg slåpetorn,
som er rekna som ein magisk plante over det meste av Europa. Alle
gudane kom til bryllupet mellom PELEOS
og THETIS, bortsett frå Eris. Ho var ikkje beden, og dugeleg
fornærma var ho for dette. Ho heiv eit gull-eple inn i forsamlinga. På eplet
stod følgande inskripsjon: "Til
den vakraste". Under tvil gav
den trojanske prins PARIS eplet
til AFRODITE, kjærleiksgudinna.
Denne handlinga forårsaka trojanarkrigane,
og frå denne hendinga har vi uttrykket "Stridens eple". Når Eris kastar
eplet inn mellom venner, vert det fort slutt på vennskapet. Når ho kastar
eplet inn mellom fiendar, vert det krig.... for Eris gylte eple er
"stridens eple". Eris
øydela også bryllupet til PEIRITHOOS
og Hippodamia. (Sjå under PEIRITHOOS). |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eros vart kalla AMOR eller CUPIDO av romarane.
Men den greske kjærleiksguden var
Eros. Han var den skjemtsame guden som med usynlege piler skaut kjærleik i
menneskas hjerte. I Den
Orfeiske Skapingsmyten vart Eros til då EREBOS (Mørket) og NYX
(Natta) omfamna kvarandre. Eros heldt GAIA
og URANOS (jord og himmel) ihop,
slik at Universet kunne formast. (Sjå under URTIDSMYTENE). I ein annan myte heiter det at ARES og AFRODITE fekk sonen EROS
- ein liten gut som flaug omkring og skaut kjærleikspiler, og ikkje ein gang
skåna si eiga mor. I Den
Orfeiske Skapingsmyten (sjå under URTIDSMYTER),
heiter det at Eros vart klekt av verds-egget,
og at han var den første av gudane. For hans erotiske kjærleik og sexuelle
attrå trengtes for at dei andre gudane skulle verte unnfanga. Det inngår i
denne myten at Eros var jamngammal med GAIA
og TARTAROS, og at han var utan
eigentlege foreldre. Sjå også PHANES. Eros er brå, uberekneleg og uregjerleg.
Han kjem raskt og uventa som ein kastevind, og gjer folk bråforelska. Men han
likar å tøyse og tulle med folk, og forårsakar mange kjærleiksintrigar og
kjærleiksdrama. Trubadurane syng om han, og poetane påkallar han i sine
ulukkelege kjærleiksdikt. Ordet erotikk
kjem av Eros. Eros vart avbileta som ein yngling med
boge og pilkogger. Han kunne også bere på ein pisk, og hadde gjerne eit par
kvite venger på ryggen. Slangen var
totem-dyret til Eros. Det
vart oppreist heilage monument for Eros i form av stein-fallosar. Eros vart særleg dyrka i Aitolia i Lille-Asia, i ein matriarkalsk måne-gudinne-kult. Sjå under THESPEOS.
Sjå også PSYKE, AMOR og CUPIDO. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Erysikton
var son av Triopas, og han fekk
datra Mestra, som seinare vart
gift med Autolycos (konge i ein ulve-kult), og Mestra vart mor til ANTIKLEIA og mormor til ODYSSEVS. Erysikton
var rik og mektig, men han var ein vantru mann, og ein gang hogg han ned eit
tre i ein heilag lund. Det var den heilage lunden som pelasgarane hadde planta for DEMETER
i Dotium. Landsbyen Dotium låg nær
Ossa-fjellet i Thessalia.
(Sjå om pelasgarane under PELASGOS).
I
treet som Erysikton og mennene hans hogg ned bodde ei DRYADE, som døde ved dette. Dei andre dryadene klaga til DEMETER, og bad ho hemne drapet på
søstra deira. Og
Demeter straffa Erysikton hardt for hans heilagbrot. Ho påførte han ein
umetteleg hunger. Samme kor mykje Erysikton åt, så greidde han ikkje stille
hungeren etter meir mat. Ein skulle tru han vart tjukk av dette, men
Erysikton vart bare skrinnare og skrinnare. Han selde alt han åtte for å
skaffe mat, og til slutt var datra Mestra det einaste han hadde att. Mestra
hadde ein gang blitt valdtatt av POSEIDON,
og på grunn av dette hadde ho fått evne til å omskape seg. Nå selde Erysikton Mestra som
slave, og av dette fekk han ein god slump meir pengar å kjøpe mat for. Men
Mestra omskapte seg og rømde heim til faren, og han kunne selje ho på ny og
på ny. Men til sist vart Erysikton så fortvila at han åt seg sjølv. Erysiktons namn tyder
"jord-opprivar", og det er mulig at hans eigentlege brotsverk ikkje
var å hogge ned eit heilagt tre, men å pløge jord utan å ha bedt Demeter om
løyve først. Men det er uansett like gale! |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eteokles var
son av OEDIPOS og JOCASTA. Han skulle regjere byen Thebes
annankvart år, i veksling med broren sin, POLYNIKES. Men då Eteokles
hadde regjert i eit år, nekta han å overgi trona til broren. Då leia
Polynikes og seks andre høvdingar eit angrep mot Thebes. (Dei sju mot Thebes).
Brørne drepte kvarandre. (Sjå under ANTIGONE). |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
(Aether) |
Ether var "Den klare luft" - "Dei øvre luft-lag".
NYX (Natta) elska med EREBOS
(Underverdas mørke), og av dette fødte Nyx Ether og HEMERA
(Dagen). (Det
nedre luftlag, som var fuktig og
tungt, heitte Aer). Ether
fødte barna GAIA (Jorda), URANOS (Himmelen) og THALASSA (Havet). |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||
- sjå EVANDER. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Euantes var son av DIONYSOS og ARIADNE. Han
vart født på Kreta, og var bror
til mellom andre OINOPION. Somme
trur Euanthes var son av Oinopion. Som sine brør, vart
Euanthes stamfar til ei gresk stamme. Denne stamma var truleg Kikonane, som heldt til på sørkysten
av Trakia. Her ligg ein oldtidsby
som heiter Marioneia eller Maroneia. Det er truleg samme by som
byen Ismaros, som ODYSSEVS herja på si heimreise frå Trojanarkrigane. Odyssevs drepte alle
i byen, borsett frå ein APOLLON-prest som heitte Maron. Denne Maron
skal ha vore son av Euanthes. Euanthes brakte med seg frå
Kreta kunsten å lage vin. Raudvinen
frå Marioneia var kjent for framifrå kvalitet. Odyssevs skjenka CYKLOPANE fulle på raudvin frå
Marioneia. Mange gamle myntar frå Maroneia har bilete av hestar, og hesten
var truleg byens totem-dyr. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eudore var ei av HYADENE.
Hennar namn tyder "den gavmilde". |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eumenidene
var tre Jord-gudinner (NYMFER) som
vart dyrka i Aten og omkring i Attika. Dei hadde med fræve å gjere, men var også
vernegudinner for moral og det sosiale liv. Dei vart titulerte
som "den vennlege", "den ærverdige", "den
vakre", men vart ofte portrettert som GORGON-liknande uhyre med slangehovud og blod-drypande auge -
dette truleg avdi dei i seinare tid vart ihopblanda med ERINYENE - dei tre hemn-gudinnene frå Underverda. Det er sagt at ATENE
gav Eumenidene dommar-embete i Aten. Sjå ERINYENE. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Europa var datter av AGENOR, ein fønikisk konge i Tyros, og søster av KADMOS, som ifølge legenden var
grunnleggaren av byen Thebes. Namnet hennar tyder "breidt
andlet". Ein morgon då Europa samla blomster ved stranda, såg ZEVS henne, og han vart sjølvsagt
forelska. Han skapte seg om til ein vakker, kastanjefarga okse, og lokka ho
til å klatre opp på ryggen sin. Så strauk han over havet med ho, til øya Kreta. Der tok Zevs tilbake sitt
menneske-skap, og Europa fødte han tre søner; MINOS, RHADAMANTHYS og
Sarpedon. Dei to første vart begge
domsmenn i Dødsriket. Seinare vart Europa gift med kong Asterios av Kreta. Dette ekteskapet
var barnlaust, men Asterios adopterte sønene Europa hadde fått med Zevs, og
gjorde dei til tronarvingar. (Les meir under MINOS). Gudinna Europa er elles
eldre enn den greske mytologien. Ho var ei måneprinsesse som triumferande reid på soloksen. Namnet Europa (breidt andlet) kan
også omsetjast til "fullmåne". Ho var Store Mor-gudinna for store landområde - ho hadde kanskje sine
røtter i Indus-kulturen i
nåverande Pakistan, og var nok også knytt til Sumer, Babylonia, Assyria
og Persia, med meir. Frå aust
breidde hennar dyrking seg innover Aust-Europa i steinalderen. I tillegg til
å vere månegudinne var ho også jordgudinne
- ho var sjølvaste jorda som
menneska levde av, og av dette vart ein heil verdsdel oppkalla etter henne.
På moderne euro-myntar kan du sjå henne, ridande på ein okse. Som
datter av Agenor kan vi seie at Europa, som ho dukkar fram frå historiens
mørke og viser seg for oss, var frå Fønikia.
Fønikarane vart også kalla kanaanittar,
og dei hadde tilknyting til Babylonia. Evangelistane
i Nytestamentet sette liten pris på Europa. I Johannes Openbaring vert ho
skildra som ei hore som er pynta med gull og edelsteinar, og som rir over
mange vatn på ryggen av eit beist. Og Johannes kallar ho "Babylons
skjøge". |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Euros
var
gud for austavinden. Han var son av
titanen ASTRAEOS og Morgonrauden, EOS. Han var bror til dei tre andre
vindane, BOREAS, ZEPHYROS og NOTOS. Euros brakte varme
og regn frå aust. Romarane kalla han Eurus.
(Sjå AQUILO). Dei fire vindane vert i somme kjelder kalla søner av AIOLOS - han var ein mektig konge i Thessalia, og vart kalla
"Vindanes gud". |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Eurotas
var ein tidleg konge av byen Sparta
i landet Lakonia. Han var son
eller bror av sin forgjengar, kong MYLES.
Eurotas hadde datra Sparta, som
byen har fått namn etter. Sparta gifta seg med LAKEDAEMON, son av ZEVS
og PLEIADA TAYGETE. (Det heiter i ein annan myte at Lakedaemon vart gift med
NYMFA Taygete, som var ei niese av
pleiada Taygete). Namnet Lakedaemon tyder
”Djevlesjøen”. Det låg ein utrivleg sump-sjø ved byen Sparta den gangen, og
landskapet heitte Lakedaemon (seinare Lakonia) etter denne sjøen. Ekteskapet
mellom Sparta og Lakedaemon er truleg ei symbolhistorie, som skildrar at det
vart inngått union mellom by og distrikt. Byen Sparta vart hovudstad i
landskapet Lakonia. Truleg vart det inngått ekteskap mellom prinsesse Sparta
og prins Lakedaemon for å stadfeste denne unionen. At desse to bar same namn
som byen og landskapet er ikkje så merkeleg – det var vanleg skikk deromkring
i tidlege tider, at fyrstane kalla distriktet/byen dei rådde over etter seg,
eller at dei kalla seg sjølv med same namn som distriktet/byen. I trivial-litteraturen finn vi ofte
uttrykket ”...svarte han lakonisk”.
Lakonisk tyder ”kjenslelaust, sløvt,
tamt”. Lakonarane viste aldri kjensler. Om
dei var sinte, glade eller sorgtunge, så viste dei det ikkje når dei tala. Eurotas drenerte Djevlesjøen. Han let
grave eit elvelaup slik at vatnet i sjøen rann i elv ut til havet, og sumpane
vart til godt jordbruksland. Denne elva har runne sidan, og ho heiter Eurotas etter kongen. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||
Euryale var ei av dei tre GORGONENE.
Namnet hennar tyder "Den som brøler langt". I ein tradisjon er ho
mor til ORION. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eurybia var ei havgudinne - datter av jorda, GAIA og havet, PONTOS. Namnet hennar tyder "Vid makt". Eurybia gifta
seg med sin bror, titanen KRIOS,
og ho vart mor til ASTRAEOS, PALLAS og PERSES.
Eurybia var ei noko lokal havgudinne, og ho vart ofte titulert
med namnet til dei mektigare havgudinnene THETIS eller TETHYS.
Elles veit vi lite om Eurybia. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eurysthevs
var fetter av HERAKLES' mor, ALKMENE, og han var konge i Mykene. HERAKLES slava for han i 12 år. (Sjå under HERAKLES). |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Euterpe var ei MUSE. Sjå MUSENE. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
(Euandros) (Evandros) (Euander) |
Evander
var ein pelasgisk konge i Arkadia som regjerte omlag 600 år
etter den store "syndefloda". Namnet hans tyder ”Godt menneske” ("God
Mann”). Han hevda å vere son av HERMES
– mora skulle vere nymfa CARMENTA.
(Om pelasgarane - sjå PELASGOS). Evander
utvandra med folket sitt til Italia,
og her grunnla han ein koloni – byen Pallantheum,
der nåverande Roma ligg. Palatinarhøgda
har namn etter denne gamle byen. Frå Arkadia hadde Evander med seg gudar –
mellom dei FAUNUS, som han
oppretta kult for i Pallantheum. Ein
gang kom heroen AENEAS til Evander
for å be om hjelp; han var på flukt med folket sitt, etter trojanarkrigane.
Evander gjorde først eit offer til HERKULES
(Herakles), som hadde drept monsteret CACUS
der på staden, og så gav han Aeneas 500 ryttarar, under kommando av sonen
sin, Pallas. Evander innførte alfabetet - det pelasgiske alfabet til Italia. Mora hans,
Carmenta , utarbeidde seinare det
latinske alfabetet, med 15 bokstavar. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||
Evnomias namn kan omsetjast til "Orden", eller
"god lov". Ho var ei av dei tre HORAENE - årstidsgudinner; døtre som ZEVS fekk med THEMIS.
(Sjå under HORAENE). |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Evphrosyne var ei av dei tre CHARITENE, som romarane kalla GRATIENE. Dei var opphavleg ein gudinne-triade. Namnet til Evphrosyne tyder
"munterheit". (Sjå CHARITENE
og GRATIENE). |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
(Eurydice) |
Evrydike var ei fager NYMFE
- ho tilhøyrde tre-nymfene (DRYADENE). Ho vart kona til
mestermusikaren ORFEOS. Like etter
at dei hadde gifta seg, vart Evrydike bitt i foten av ein slange, og ho døde.
Orfeos sørgde fælt, og drog til Underverda for å leite etter kona si. Han
spela lyre og sang for dødsguden HADES,
og bad han sleppe fri Evrydike. Hades vart så rørt av musikken, at han gav
Orfeos løyve til å ta kona si tilbake. Men han sette eitt vilkår: Orfeos
måtte ikkje snu seg og sjå på Evrydike før dei var vel ute. Dei hadde nesten gjort unna oppstiginga frå Dødsriket, men så vart Orfeos så overstrøymande full av kjærleik og iver at han måtte snu seg for å sjå om Evrydike følgde med, og dermed forsvann Evrydike ned i Dødsriket for alltid. Orfeos prøvde endå ein gang å hente Evrydike, men KARON nekta å ferje han over elva STYX. (Sjå under ORFEOS). Det oppstod religiøse kultar omkring
Evrydike (stundom kalla Evrynome), der ho vart dyrka som Månegudinne,
og der menneske-ofring høyrde med i rituala. Offera vart drept med
slangegift. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||
Evrymedon var ein av TITANANE. I Den pelasgiske skapingsmyten (sjå under EVRYNOME 2), vart Evrymedon, saman med THEMIS, sett til å bestyre planeten Jupiter. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Evrynome
1 var datter av kong Nisos av Megara.
ATENE underviste Evrynome til ho vart like vis som gudane. Hennar namn
kan omsetjast til noko sånt som "den som veit det meste". Ho
gifta seg med GLAUKOS, og vart mor til BELLEROFON. Andre hevdar at det var POSEIDON
som var far til Bellerofon, men det er truleg på grunn av at Glaukos kalla
seg Poseidon når han som øvsteprest utførte tempel-seremoniar. Glaukos var
elles knytt til ein hestekult, og
han ofra til Poseidon ved å drukne hestar i havet. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Evrynome
2 vart også kalla OREITHYIA, og ho var ei av NEREIDENE (hav-nymfer) - døtre av OKEANOS og THETIS. Evrynome
overtok rolla som fræve-gudinne i Aten
etter HERSE. (Sjå HERSE). Med ZEVS fekk Evrynome tre døtre, CHARITENE, som romarane kalla GRATIENE. Dessutan fekk Evrynome ein son med Zevs - elveguden ASOPOS. Evrynome
var skapings-gudinne. Ho fostra opp
smed-guden HEFAISTOS. Nordavinden BOREAS (OFION) dansa med Evrynome og
frukta ho. Barna vart dei to HEROANE
som vart kalla BOREADANE. Den pelasgiske skapings-myten (Sjå under PONTOS om Den Orfeiske
skapingsmyten). (Dette er ein myte frå steinaldertid, som muligens
skriv seg frå eit folk som hadde tilhald i nåverande Libya, men myten var
også kjent i område fjerntliggande frå Libya, som i Britania og i Kaukasus). I Den pelasgiske skapingsmyten var Evrynome gudinne for all materie. Ho steig naken ut av KAOS, men fann ikkje noko ho kunne setje foten ned på for å kvile.
Verda var tom. Då delte ho verda inn i Hav
og Himmel, og ho dansa i einsemd på
bølgene. Ho dansa mot sør, og bak henne kom ein vind i rørsle. Med denne
vinden byrja skapings-akta. Evrynome greip nordavinden der ho dansa, og ho
gneid han mellom hendene, og fram kom den store hav-slangen OPHION (BOREAS). Evrynome dansa vidare for å halde seg varm – villare og
villare. Snart vart Ophion kåt, og han krølla seg om ho og frukta ho. Ophion
vart fræve-givar ved dette – og
derfor er det at merrer vender baken mot nordavinden når dei vil verte med
føll, men ikkje har ein hingst tilgjengeleg. Evrynome vart nå omvandla
til ei due. Ho hekka på bølgene, og då tida var inne la ho Verdsegget. Ho bad Ophion krølle seg
sju gangar om egget for å verme det, og etter ei tid vart egget klekt – det
klovna i to, og ut kom deira barn. Det var alle verande ting – sol, måne,
planetar, stjerner – Jorda, med sine fjell, elver, tre, planter og levande
vesen. Evryome og Ophion sette bu på fjellet OLYMPOS. (Eit seinare tillegg?) Ophion ergra
Evrynome ved å hevde at det var han
som var Universets skapar. Så ho knuste hovudet hans med hælen, sparka ut
tennene hans, og forviste han til dei mørke, underjordiske holene. Her har vi ein parallell til Bibelens myte
om Eva og slangen i Paradis. Gud sa til slangen: ”Hat vil eg setje mellom deg
og kvinna og mellom di ætt og hennar ætt. Kvinna skal krase ditt hovud, og du
skal hogge ho i hælen”. Her er mykje å grunde på. Symboliserer slangen penis? I steinalderen kom prestinner
berande på ei korg med penisar til fræve-rituala. Det var mest truleg ei korg
med levande slangar. Symboliserer
slangen sex-lyst? I Bibelen vert kvinna dømt til å føde sine barn med smerte.
Var slangen både elska og hata? Har menneska hatt eit problematisk tilhøve
til sex i alle tider? Og kva samband er det mellom Første Mosebok og den
gamle greske skapingsmyten? Nå skapte Evrynome dei sju planet-kreftene, og ho sette ei
Titaninne og ein Titan til å bestyre kvar av dei:
Det første mennesket var PELASGOS. Han var stamfar til Pelasgarane. Han sprang ut av Arkadias jord, og fleire andre
menneske grodde fram etter han. Pelasgos lærte dei å bygge hytter og ernære
seg på eikeneter. Og han lærte dei å sy seg tunika av svinelær – slike som
fattigfolk ennå brukar i Euboea og i Phocis. (Nedskrive
for nokre årtusen sidan). Drøftingar omkring den
pelasgiske skapings-myten I denne steinalder-tida fans ikkje gudar og
prestar – bare gudinner og prestinner. Kvinna var det dominerande kjønn, og
mannen var hennar angstfulle offer. Farskap var eit ukjent omgrep. Ein trudde
at kvinnene vart fræva av vind, ved å ete bønner eller ved å svelge eit
insekt. Arv gjekk frå mor til datter. Slangar var reinkarnerte døde. Evrynome
var den vidvandrande – ho var Månen.
Sumerane, som budde ved elvane
Eufrat og Tigris, kjente Evrynome. Dei kalla ho Iahu, som tyder ”opphøgd due”. Då mennene omsider tok styringa i
Babylonia (Sumer), skar guden Marduk
ei due i to. Denne symbolske handlinga vart utført kvart år sidan i
Babylonia, under vårfesten. Ritualet skulle stadfeste at nå hadde mennene
makta. I religiøs kunst frå middelhavsk steinalder,
finn vi titt slangen saman med kvinna. Også egyptarane og hebrearane brukte
denne symbolikken. Pelasgarane var født av jorda – dei hevda at dei hadde
spirt av Ophion (Boreas) sine tenner, som var sådde i jorda. (Ein variant av
dette er då kong KADMOS sådde
drake-tenner). Pelasgarane
var kanskje den kulturen som arkeologane har gitt namnet
”Krukkemålar-folket”. Dei innvandra frå Palestina til det greske fastland om
lag år 3500 fvt. Sju århundre seinare innvandra helladane frå Lille-Asia, og dei fann då at Pelopponnes var
bebodd av Krukkemålar-folket. ”Pelargi” er eit oldtids-namn på fuglen stork. Storken var kanskje pelasgarane
sin totem-fugl? Helladane var brydde over pelasgarane sine religiøse festar
med sterke innslag av sex-orgier. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|