GRESKE OG ROMERSKE GUDAR

Gudar   G

Forfatta av Aslak Nedregård

Til Framsida

 

 

 

 

Gresk

 

Romersk

 

GAIA

GALATEA 1

GALATEA 2

GANYMEDES

GARA

GE

GERAS

GERYON

GIGANTANE

GLAUKOS

GORGOPHONE

GORGONENE

GRAIARENE

GRIFF

GYES

 

GENIUS

GLAUCUS

GRATIENE

 

 

 

 

 

 


 

 

 

GAIA

(Ge)

Tekstboks: NILGAUTekstboks: GAURTekstboks: GAIA

Jordgudinna Gaia vart dyrka under mange namn. Så langt tilbake i steinalderen som vi har greidd å finne spor etter menneske, så har vi funne spor etter Gaia - små, namnlause steinfigurar som forestiller ei smellfeit kvinne med digre bryst og diger rumpe. Vi kallar dei "Venus-figurar" - det er skulpturar i lommeformat; dei er funne i Ukraina, Tyskland, Tyrkia, Syria, Egypt, Spania, osv. Somme er eldre enn 50 000 år.

Ho vart kalla Gaia, og ho vart kalla GE, eller Gea eller Gaea. Ho var ei gammal Jord-gudinne og også Mor-gudinne. Ho var Mor-Jord.

Dei få, skriftlege kjeldene vi har, gir oss bare eit vagt bilete av Gaia. Ho vart dyrka under  mange namn. Ho var indo-europeisk, men andre folkestammer på vår klode hadde også sine mor-jord-gudinner, så Gaia kan nærast sjåast som ei fellesgudinne for heile menneskeætta. (Det greske ordet geografi kjem av Ge).

Eit fellestrekk ved dei fleste av Mor-Jord-gudinnene var at dei var opphavs-guddommar. Mor Jord eksisterte frå det augeblikk då verda vart til. Så inngjekk ho guddommeleg ekteskap med Himmel-guden, og fødte barn. (I den greske mytologien heiter det at ho byrja føde barn ved jomfru-fødsel, utan å inngå ekteskap med nokon manns-guddom).

I Sveits/Austerrike/Tyskland tyder ordet gau "land-distrikt". På avestan-persisk tyder gaith "verden". På gammal-gotisk tyder gauja "land", og dei engelske orda earth og area kjem også av Ge/Gea/Gaia.

I Nord-Tyskland, i romar-tida, hadde dei ei gudinne som heitte Gesahenae eller Gaudiae. Om ho var germansk eller keltisk, veit vi ikkje. Den sumeriske kultur i Mesopotamia hadde ei jord-gudinne som heitte Ki, og ho var den samme som Ge/Gaia. Ki var kona til himmelguden An (Anu). Som URANOS, var Anu skapingsguden, som saman med Ki skapte verda. Og Ge fekk sonen CHRONOS, medan Ki fekk sonen Enlil. Chronos og Enlil vart begge øvste-guddommar etter sine foreldre.

Frå India kjenner vi hindu-guddommane Gau og Gauri, som var indiske utgåver av Gaia. Gau inngjekk ekteskap med himmelguden Dyaus (namnet liknar på ZEVS), og ekteparet fekk namnet Dyavaprthivi. Dette ekteparet vart foreldre til stormguden Indra. Og Gau måtte liksom RHEA (ei anna namn på Gaia), gøyme sitt barn for faren. For Indra, liksom CHRONOS og ZEVS, var lagnadsbestemt til å detronisere sin far.

Hindu-gudinna Gauri er ei av fleire Mor-Jord-gudinner som vart kalla "Den store, kosmiske ku". Dei greske ionarane dyrka gudinna IO, som dei også kalla seg opp etter, og Io var ei slik kosmisk ku.

Ein av verdas største ku-rasar heiter gaur, og er heimehøyrande i Aust-Asia.  sanskrit heiter ku gaus. I Nord-India fins ein stor antilope-art som heiter nilgau, og namnet tyder "blå ku". Kyr er ennå heilage i India.

steinalder-jordbruket og -februket vart oppfunne og innført, vart Mor Jord symbolisert ved kua. Oksen skulle sette kalv på kua, og derfor vart oksen mektigaste symbol for fræve. Men i dei gamle tidene var det kua som var sjefen - det var ho-kjønnet som styrte og regjerte. I dei gamle tidene, då Gaia - Mor Jord vart dyrka som hovud-guddom, kommanderte kvinnene over mennene. Samfunna var matriarkalske. Men i dei fleste av steinaldersamfunna greidde mennene å gjennomføre revolusjon - før eller seinare, og innføre patriarkiet, som var samfunns-system der menn regjerte. Då vart oksen dominerande over kua. (Sjå TAUROS). Omveltinga frå matriarki til patriarki er kanskje den største revolusjonen som har vore i mennenskas historie.

Men kva har ku med jord/distrikt/land å gjere? Det kan ha samanheng med ein gammal skikk: Når ein høvding eller eit folk ville ta eit nytt landområde i eige, så spente dei kyr (eller oksar) for ein plog, og pløgde ei fôr rundt heile området. Denne fôra markerte grensa for deira nye landområde. Det var gjerne faste reglar for korleis denne rituelle pløginga skulle utførast. I somme kulturar fekk ein til dømes ikkje ta meir land enn ein greidde å pløge rundt frå soloppgang til solnedgang. Og det nye landområdet fekk kanskje namn etter kua som drog plogen; på eitt eller anna vis?

Når etruskarane skulle grunnlegge ein ny by, så spente dei ei kvit ku og ein kvit okse for ein kopar-plog. Kua gjekk innst, og plogen skulle også halle innover. Så vart det pløgd ein omkrins, som markerte kvar bymuren skulle gå. Det skulle vere tre portar i bymuren, og når tospannet kom dit ein port skulle vere, så vart plogen løfta opp. Fôra som plogen pløgde var heilag, og det var hard straff for å overtre denne grensa. Men der portane skulle vere, kunne kvarmann passere. (Men portvakter kontrollerte likevel kven som gjekk ut og inn).

Korleis skal vi forstå uttrykket Store kosmiske ku? Jau, Kosmos var den rake motsetnaden til Kaos. Før skapings-akta var alt bare kaos - uorden og rot. Då Jord og Himmel skapte verda, laga dei Kosmos av Kaos. Det vart natt og dag, land og hav; planetane byrja gå i bane, og årstiden kom på rekke og rad, i kosmisk orden.

Når ein familie ryddar seg ein bondegard i villmarka - bygg hus og hage, ryddar stein og lagar åker; kan vi seie at dei gjentar skapings-akta - lagar Kosmos av Kaos. Dersom du har det fælt rotete på rommet ditt, så kan du også gjenta skapings-akta. Når du er ferdig, kan du kalle deg Den lille, kosmiske ku.

I brahmanismen er Gaurunani (Vaurunani) kona til Varuna. Den gamle indiske guden Varuna kontrollerte sol og måne, natt og dag, ved hjelp av sine tusen auge (stjernene). Han var allmektig og allvitande, liksom ZEVS; liksom Bibelens Jahve.

I Egypt finn vi att den store kosmiske kua som Net. Ho vart gift med sin bror Geb, og hans namn tyder jord; altså hadde egyptarane både ein feminin og ein maskulin jord-guddom.

Sumer-kulturen varte frå år ca. 4000 fvt til 3000 fvt. Det ser likevel ut til at gresk og sumerisk mytologi hadde eit sams opphav, som påverka religionen over eit område som minst strekte seg frå India til Egypt. Denne mytologien må ha oppstått i yngre steinalder, og må ha komt til Grekarland med dei eldste innvandrande steinalderbøndene.

I det austlege Anatolia hadde dei ein himmelgud som heitte Anu. Dette var nok samme himmelgud som den sumeriske Anu, og den greske Uranos. Anatolia heiter truleg etter Anu.

Den hittittiske himmel-guden Anus var opphavleg munnskjenk for ein endå eldre himmelsk bestyrar - Alalus. Etter ni år kjempa Anus mot Alalus, og sigra. Så fordreiv han Alalus ned til Underverda. (Zevs gjorde det på samme vis med Chronos.

JORD OG HIMMEL MÅTTE SKILJST: Hittittane i Anatolia hadde ein myte som fortalde at Anus skilde Himmel frå Jord ved hjelp av ein koparkniv. Mange århundre seinare gav den greske jordgudinna Ge ein sigd til Chronos, for at han skulle skilje ho frå Uranos. Av dette må vi tru at den greske mytologien her har lånt sitt innhald frå Anatolia eller Levanten - anten i mykensk tid, eller i "dei mørke århundra" før, som vi lite kjenner til. Men det er også mulig at grekarane arva denne myten frå dei før-greske pelasgarane, (sjå PELASGOS), som igjen hadde arva den frå Anatolia.

 

 

 


Her listar eg opp nokre namn på gamle jordgudinner:

  • CYBELE
  • MAIA
  • IO
  • OPS
  • RHEA
  • TELLUS (romersk)
  • TERRA
  • DEMETER
  • CERES
  • MAGNA MATER (romersk)

 

Og dei var fleire; dei var mange. Kvar kultur og kvar by hadde si jordgudinne, men somme av dei vart mektigare og meir vidgjetne enn andre. Det var i det gamle matrarkatets dagar. Samfunna vart regjert av kvinner og feminine guddommar. Og jordgudinna var gjerne den mektigaste; dei kalla ho Mor - Mor Jord; Store Mor.

 

Eg trur at jordgudinnene var eldre enn månegudinnene. Månegudinnene var erotiske, kannibalistiske og lunefulle, og vart mykje dyrka av matriarkalske kulturar i tidleg gresk tid. Mange månegudinner vart også dyrka som jordgudinne. (Sjå IO, DEMETER, SELENE, TELLUS, MÅNEN). Tilhøvet mellom jordgudinna og månegudinna kan vere eit interessant studium.

 

 


Grekarane adopterte den gamle jordgudinna Gaia - dei kalla ho også GEA eller GE.

Her følger noko av den greske mytologien om Gaia, slik dei patriarkalske grekarane la den ut:

 

Gaia var datter av KAOS. Ho vart til i Opphavstida - då var einast eit stort tomt rom i verda. Så byrja Gaia føde barn - ho fekk desse barna ved jomfru-fødsel:

 

  • TARTAROS = Underverda
  • URANOS = Himmelen
  • PONTOS = Havet
  • OUREA = Fjella


Gaia vart så knytt ihop med URANOS.... av EROS, kjærleiken, som vart født samtidig med Gaia. Ved denne foreininga; Jord og Himmel knytt ihop av Eros; kunne Universet verte forma.

 

Ekteskapet mellom Gaia og Uranos gav som resultat at Gaia fødte:

·        TITANANE.........................."Dei eldre gudane".

·        CYKLOPANE.......................tre ein-auga kjemper: ARGES, STEROPES og BRONTES

·        HEKATONKHEIRANE......tre gigantiske råskinn - uhyre med hundre armar.

·        GIGANTANE.......................veldige kjemper med femti hovud

 

Og med havguden PONTOS fekk Gaia desse hav-guddommane:

  • NEREOS
  • THAUMAS
  • PORCHYS
  • CETO
  • EURYBIA.

 

Siste barna som Gaia fekk, var monstret TYPHON, som har tilhald under vulkanfjellet Etna, og monstret ECHIDNA, som heldt til i ei grotte i Asia. Men i somme myter heiter det at også dei tre hemngudinnene frå Underverda - ERINYENE, og manna-ask.nymfene, MELIA'ENE, var døtre av Uranos og Gaia.

Uranos ville sperre sine barn, TITANANE, inne ein stad der korkje sol eller måne skein - i TARTAROS. Uranos hadde angst for titananes store styrke. For å verne barna sine frå Uranos (og Cyklopane og Hekatonkheirane), gøymde Gaia titanane i kroppen sin. Men det var ei stor plage å gå med så digre ungar i magen, så etter ei tid bad ho sin yngste son CHRONOS (sjå under TITANANE) om hjelp:

Gaia bad Chronos kastrere Uranos. Denne handlinga skulle skilje jord og himmel (Gaia og Uranos), og hindre at nye monster-avkom vart født. Skapings-akta var ferdig nå, så jord og himmel måtte skiljast.

Og Gaia gav Chronos ein ubøyeleg sigd til våpen. Chronos la seg på lur til Uranos kom for å ligge med Gaia. Midt under elskoven skar han ballane og lemmet av han. Blodet spruta, og då bloddråpane råka jorda, fødte jorda (Gaia) GIGANTANE, ERINYENE og MELIA'ENE. Melia'ene var manna-ask-nymfer - dei var DRYADER som hadde tilhald i manna-asketre. Uranos' lem fall i havet, og her vart det far til kjærleiksgudinna AFRODITE.

Gaias siste monster-avkom var den gruvelege draken TYPHON - eit monster med hundre hovud, og ECHIDNA. Det er sagt at Gaia fekk desse to fæle barna med TARTAROS. Typhon måtte nedkjempast av Zevs, og ligg nå inni fjellet Etna og spyr ut eld.

Det var etter at Chronos hadde skilt Gaia og Uranos, at Gaia fekk barn med Pontos; havgudane NEREOS, THAUMAS, PHORCYS, KETO og EURYBIA.

I ein myte heiter det at Typhon (Pyton) hadde tatt kontroll over oraklet i DELFI, som Gaia opphavleg bestyrte, men at Typhon seinare vart drept av APOLLON, som så tok over oraklet.

Gaia var vernegudinne for eidar. Ein kunne sverje ved Gaia, om ein ville verte trudd - det var få som turde bryte ein slik eid.

 

Gaia fekk hindra at Chronos slukte den nyfødte ZEVS. Ho hjalp Zevs' mor, RHEA, å reive inn ein stein, og Chronos slukte denne bylten. Seinare detroniserte Zevs Chronos frå gudetrona, og sette han og dei andre TITANANE fast i TARTAROS (Underverda). Då tok Gaia parti med sine barn, og starta krig mot Zevs. Ho sendte andre av barna sine til kamp mot Zevs - Gigantane, Hekatonkheirane og Typhon. Denne striden er kalla Gigant-striden. Det var Zevs som til slutt sigra. (Sjå under GIGANTANE).

Myten om Gigant-striden er nok ei symbol-historie, som fortel om eit opprør mot Zevs og dei nye, olympiske (greske) gudane, etter at dei først hadde greidd å etablere seg. Mor Jord og kvinnene ville prøve å ta makta tilbake.

Grekarane prøvde å minimere den gamle Gaia-dyrkinga. Dei utnemne Gaia som mor til den andre store gude-slekta - OLYMPIARANE, som etterfølgde den første store gudeslekta - TITANANE. Ved dette meinte grekarane at dei skulle få pensjonert Gaia, utan at ho trong tape andlet. (Dei måtte ta politiske omsyn til Gaia-tilhengarar som dei hadde underlagt seg).

Men Gaia-dyrkinga heldt fram, og var ennå vital. Gaia vart dyrka i mange kulturar under mange namn. Ein skulle aldri stikke spade i jorda eller hauste ein åker utan å be Gaia om løyve. Gaia var mor til gudar og menneske og alt levande. Ho var mors-kjærleiken, og ho var jorda som menneske, dyr og planter er skapt av. Ho var jorda som vart fræva og gav grøde. Ho gav føde til alle landbuande skapnadar, og ho velsigna kvinnene med mange barn. Og mange stadar dyrka dei ho som ku - Den store, kosmiske ku. (Sjå IO, OPS, RHEA, CYBELE, TELLUS, DEMETER, CERES).

Og kva med oksen? Jau, han vart også dyrka. (Sjå TAUROS).

 

 

GALATEA 1

Galatea 1 var ei kvinne som PYGMALION skapte til seg sjølv. Alle kvinnene på Kypros var prostituerte, så for å få seg ei anstendig kone, fann han på å spikke seg ei sjølv, av elfenbein. AFRODITE gav Galatea liv. Namnet hennar tyder "mjelke-kvit".

 

GALATEA 2

Galatea 2 var ei NEREIDE som CYKLOPEN POLYPHEMOS vart forelska i. Men Galatea var kjær i Acis, son av FAUNUS. Polyphemos skar skjegget sitt med ein ljå og kjemde håret med ei rive, men Galatea var framleis ikkje interessert. Då Polyphemos ein gang kom over Galatea og Acis medan dei elska, rauk han på dei. Galatea hoppa i havet, men Acis vart knust av ei diger steinblokk som cyklopen heiv.

 

Tekstboks: AQUARIUSGANYMEDES

Ganymedes var son av TROS - kongen som gav namn til byen Troja. Ganymedes var ein svært vakker mann. ZEVS omskapte seg til ørn, og bortførte han frå faren, og innleia så eit homosexuelt forhold med han. Og Zevs gjorde Ganymedes til gudanes munnskjenk (kelnar).

Tros sørgde tungt over tapet av sin son. Som erstatning sendte Zevs han to raske merrer, og ein vinranke av gull, som HEFAISTOS hadde laga. Zevs sendte også HERMES til Tros med melding om at Zevs hadde gjort Ganymedes udøyeleg.

I ein periode var homosexualitet høgaste mote blant rikmenn i Aten. Å elske med kvinner var ansett som bondsk og tarveleg. Myten om Ganymedes skriv seg truleg frå denne tida.

I ein annan myte heiter det at det var morgonrauden, EOS, som først forførte Ganymedes, og gjorde han til sin elskar, og at Zevs overtok Ganymedes frå ho.

Ganymedes fekk overta HEBEs jobb som servitør på OLYMPOS, og med å halde styring med nektar og ambrosia- drykk og mat som gav gudane evig liv. HERA vart sjalu og forbanna, fordi Zevs var forelska i Ganymedes, og fordi hennar datter Hebe ikkje fekk skjenke gudane lenger. Ho gjorde seg så vrang, og stellte i stand så mykje ugreier, at Zevs måtte gi seg på det. Han sette Ganymedes på stjernehimmelen for å få fred. Ganymedes vart til stjernebiletet Aquarius - "Vassmannen" - han som skjenkar vatn (og nektar) til gudane. Stjernebiletet Aquila - "Ørna", forestiller Zevs i forkledning.

Det er mykje mulig at myten om Ganymedes som munnskjenk på Olympen bygg på ei mistyding av eit vegg-relieff, som eigentleg skildrar Ganymedes’ heilage bryllup med ei prestinne-prinsesse.

 

GE

- sjå GAIA.

 

GARA

- sjå KER.

 

GENIUS

Genius var frå først den gamle stamfar til dei før-romerske stormanns-familier. Familien Genius var eldst av alle romerske famiier. Då Genius og hans familie døde, fekk dei tilhald i Underverda, og frå Underverda vakta og verna familien Genius etterkomarane sine, gjennom dei mannlege familie-medlemmane. Det var altså ein typisk forfedre-kult, dette; av patriarkalsk art.

Seinare vart Genius eit fellesnamn for romerske verne-ånder. Fleirtalsforma er genii. Kvar mann (ikkje kvinnene) hadde ein eller fleire genii. Ein manns genii vart født samtidig med mannen, og levde så lenge han levde. Ein manns genii delte hans gode og vonde dagar – gleder og sorger. Genii kunne bu i mannens kropp, eller ha tilhald i eit møbel, ein hage, ei vasskjelde eller liknande, som var knytt til han. Mannen ofra til sine genii på bursdagen sin, for å få visdom og framgang. Av dette forstår vi at genii hadde med visdom/intelligens å gjere, og derav har vi ordet geni, for ein person som er særs skarp i tankegangen.

Genii var mennenes hjelparar og vernarar. Ved festlege høve vart det ofra til genius – vin, kaker, blomster. Det var vanleg å sverje ved sin genius, når det var viktig å verte trudd. Når ein slave svor ved sin herres genius var det endå meir truverdig. Når ein ville be nokon om noko, var det ein skikk å rette bøna til genius til den ein ønskte hjelp av.

Også byar, hus, skogar og liknande kunne ha sine verneånder. I den seinare kristne kultur vart genii omdøypte til skytsenglar.

Verneåndene vart avbileta som små, nakne ungdommar med venger. Verneånder for hus og anna upersonleg vart avbileta som slangar. Eventyrfiguren Pinocchio hadde ei grashoppe som genius - ho sat på skuldra hans og prøvde å kviskre han gode råd, men det var ikkje alltid han høyrde etter.

Kvinnene hadde sine eigne verneånder. Ei kvinne hadde si JUNO. Nå var også Juno gudanes dronning, så kvinnene såg vel på sine personlege Juni som små ”avleggarar” av den store mor-gudinna Juno. Ved fødslen fekk kvar kvinne seg tildelt ein bit av den store Junos vernande kraft. Desse kvinne-verneåndene vart elles kalla med mange namn – Virginalis (for ungjenter), Matronalis (for fruer), Pronuba (for bruder), Iugalis (som vernarar av ekteskapet), med meir.

Jan Potocki fortel om ein spansk rikmanns-jøde som møter ein genius av 27. rangklasse; i skap av ein rabbinar – ein fot høg, med blå kappe, blå hud og blå skrivepult.

 

GERAS

Geras var den persionifiserte alderdom. Han vart avbileta som ein liten, innskrumpa olding. Hans mor var Natta; NYX. Utan samleie med nokon slags manns-figur, greidde Nyx å føde den forhatte Geras... hans namn tyder "elde", og den kald-hjarta ERIS...hennar namn tyder "strid".

Gudane vert aldri råka av alderdom og død. Men alle andre vert innhenta av Geras, om dei ikkje døyr i ung alder. Dei vil kjenne at kroppens krefter minkar og minkar med tida. Døyelege har ikkje noko forsvar mot alderdommen, men mange trur at AFRODITE kan utsetje den.

Likevel kjem ei tid då alderdom kan bli til ungdom. Det er når Universet stoppar si vandring framover, og vender om. Då kjem dei døde opp frå jorda - først er dei gamle, men så vert dei yngre og yngre - dei vert til babyar, som minkar inn og til sist vert borte. Dette er heller ikkje så bra.

Mange seier at beste måten å døy på, er å døy av alderdom. Død som kjem av sjukdom eller skade kan vere brutal og smertefull, medan Geras' død kjennes god.

TITHONOS fekk evig liv i gåve, men ikkje evig ungdom. Nå er han så elda at han er heilt lam, og har det ikkje bra.

 

Tekstboks: TEIKNINGGERYON

Geryon var eit monster med tre hovud. Namnet hamns tyder "skrikaren", og han var son av CHRYSAOR og Callirhoë. Det var tiande storverket til HERAKLES, å stele kveget til Geryon, og bringe det til Mykene. I denne Herakles-myten heiter det at Geryon var verdas sterkaste mann, og at han var konge i Tartessos i Spania. Han var født med tre hovud, seks hender og tre overkroppar.

Geryons kveg gjekk på beite på ei øy langt i vest, som heitte Erytheia. (Denne øya låg truleg ved nåverande spanske by Cadiz). Kveget var svært staseleg og vakkert, og vart vakta av den gigantiske gjetaren Evrytion - son av ARES, og vakthunden ORTHROS, med to hovud, som var avkom av monstra TYPHON og ECHIDNA, og som tidlegare hadde vore i ATLAS' eige. Dødsrikets gud, HADES hadde kveget sitt på beite i nærleiken.

Herakles og følget hans reiste til Geryons øy i eit gullbeger. Straks dei var komt til lands, klatra dei opp på Arbas-berget, og sov der første natta. Men vakthunden Orthros spora opp Herakles på berget, og gjekk til angrep, saman med Evrytion. Herakles drepte dei begge med klubba si, og fortsatte med å leite etter Geryons kyr. Gjetaren Menoetios sprang til Geryon og melde frå om dette, og Geryon drog straks ut for å ta røvarane. Han møtte Herakles ved Anthemos-elva, og det vart kamp. Gudinna HERA kom til for å hjelpe Geryon, for hennar hat til Herakles var umåteleg. Men Herakles skaut ein skur av giftpiler. Også Hera vart råka; i brystet. Geryon døde av pilsåra, og av hans blod vaks det opp eit kirsebærtre med steinfrie bær.

Somme har hevda at også ein drake med sju hovud vakta Gerons kyr, og at Herakles også drepte denne. Så førte Herakles Geryons kyr til kong EURYSTHEVS i Mykene. Det må ha vore ein lang og tungvindt dyretransport!

Den historiske Geryon (Gayon) var konge...truleg over store område av nåverande Sør-Spania, og dessutan over dei balleariske øyane; Mallorca, Menorca og Ibiza. Hans mor heitte Kallirhoë, og det heiter at ho var datter av havguden OKEANOS. Ved dette forstår vi at ho var guddommeleg dronning, eller øvsteprestinne i Geryons rike. Geryons far, CHRYSAOR, var også guddommeleg av seg - han vart født på dramatisk vis, av MEDUSAs blod, og var bror til vengehesten PEGASOS. Og han vart dyrka som månegud.

Det er fortalt at kong Geryon hadde eit orakel-tempel i nærleiken av nåverande by Padova (Padua), som ligg i Italia, ikkje langt frå Venezia. Keisar Tiberius skal ha vore ein av dei som søkte råd ved dette oraklet. Kva tilknyting Geryon hadde til Padova, veit eg ikkje.

 

Tekstboks: JANIDENTekstboks: TEMPELTekstboks: FOTOGIANE

Giane er ein gudinne som vi kjenner frå Sardinia. Det heitte at ho var ei skogsånd som dreiv med spinning, og at hennar fingerneglar var av bronse. Eg trur at Giane var ei utgåve av gudinna som var heimehøyrande i dei djupe skogane ved Averna-sjøen i Italia - ho som vart dyrka som "DIANA frå skogane". (Sjå DIANA).

På Sardinia var Giane ei mektig gudinne, som vart dyrka som Store-Mor-gudinne av Rasna-folket som kom og slo seg ned der, ca. år 1250 fvt.

Rasna-folket var truleg samme folket som dei vi kallar etruskarane. Romarane kalla dei tusci¸ og landskapet Toscana er oppkalla etter dei. Sjølv kalla dei seg Rasna. Mystisk og gåtefullt er Rasna-folket, for vi kjenner så lite til deira historie. Ein trur at dei var ikkje indoeuropeiske, men av semittisk avstamming.

Rasna utvandre frå Lydia i Lille-Asia (meiner dei fleste forståsegpåarar), etter ein fjorten-årig tørke-katastrofe.  Rasna fann på  boteråder mot hungersnauden. Dei fann opp terningspel og andre slags spel, og så spela dei annankvar dag, og åt mat annankvar dag. Men dette hjalp bare ei stund. Så bestemte kongen at halve befolkninga skulle utvandre, og det var loddtrekning. Kongens eldste son skulle leie utvandrarane. Dei drog til Smyrna (Izmir), og bygde seg skip, og sette så ut på havet. Vi veit at ein flokk av Rasna-folket slo seg ned i nåverande Spania. Og somme av dei kom altså til Sardinia; truleg via Spania.

 

På si folkle-vandring må den flokken av Rasna-folket som slo seg ned på Sardinia, ha fått lære skoggudinna DIANA å kjenne; for deira mor-gudinne Giane ber i seg så mange av Dianas karaktertrekk. Giane-kulten på Sardinia er ganske eineståande, så ein kan undre på om kanskje Rasna-folket brakte med seg ein flokk av dei gamle Diana-dyrkarane frå Averna-sjøen til Sardinia.

Rasna-folket etablerte seg fleire stadar på den italienske halvøy. Dei grunnla byen Cumae ved nåverande Napoli, (sjå DEIPHOBE), og fleire bystatar i Etruria i nærleiken av Roma. Det var tolv mektige og sjølvstyrte etruskar-byar på den italienske halvøy, men det ser ut til at den etruskiske kulturen på Sardinia utvikla seg i ei særeigen retning.

Etruskarane på det italienske fastland dyrka ikkje Giane. Kvar etruskar-by hadde sine eigne guddommar.  Vi kjenner til tre etruskiske hovud-guddommar - Tinia, Uni og Menvra, som tilsvarte romar-gudane JUPITER, JUNO og MINERVA. Men i somme av etruskarbyane var andre guddommar meir sentrale. JANUS og JANA vart dyrka i somme etruskar-byar, og særleg Janus vart ein sentral guddom i det romerske pantheon.

Men Janus, Jana, Tinia, Uni og Menvra kjenner vi frå ca. år 600 fvt. - øvstegudinna Giane på Sardinia kjenner vi frå år 1200 fvt. Og Giane kjenner vi bare frå Sardinia.

På Sardinia fortalde Giane-dyrkarane sitt folks historie i eit mektig syngespel som vart framført ein gang årleg, og som er blitt kalla Janiden.

Giane sin maskuline, guddommelege motpart heitte Gianus. Den etruskisk/romerske JANA hadde JANUS som "ektemake", og her var det Janus som bestemte kvar skapet skulle stå - romarane var patriarkalske. Men den gamle DIANA hadde ikkje nokon mannleg motpart, "Dianus", å bryne seg på, og eg trur at Gianes motpart, Gianus, er ei uoriginal tillemping som vi ikkje bør feste oss så mykje ved.

Namnet Diana tyder "den skinande", og Giane tyder nok også det. Det var mykje vanleg å kalle gudar slik, og Deus og Zevs har samme rot. Jupiter tyder "den skinande stein", og Djevel tyder "den skinande gud".

Det er funne eit tretti-tall underjordiske "brønn-tempel" for Giane på Sardinia. Desse konstruksjonane er eineståande i verda. Dei er gjerne hogd inn i høge fjelltoppar, og heilagt vatn var sentralt element i arkitekturen - ein brønn; og gjerne rennande bekkar som førte til brønnen. Desse templa trur eg var meint å skulle kopiere Dianas heilage, vulkan-krater-sjø - Averna-sjøen. Giane hadde tilhald i det heilage vatnet.

Det er funne underlege relieff-skulpturar i desse brønn-templa - ein gud med to andlet, liksom Janus, men eine andletet er av kvinne, og det andre av mann. Skulpturane symboliserer foreining av mann og kvinne, og kan tolkast som symbol for det heilage ekteskap. Dei kan også tolkast som guddommeleg ekteskap, men det går sikkert ut på det samme. På gammal-etruskisk vart dei to andleta kalla Ana og Ane, som tyder "Ho" og "Han". Ein slik skulptur som både er mann og kvinne, kan vi kalle ein androgyn skulptur. Skulpturen held stavar av gull og sølv i hendene, og dansar i ein oval som er forma av to drakar som bit kvarandre i halen. På utsida av ovalen er plassert fire hovud - eitt i kvart hjørne (eg veit at ovalar ikkje har hjørne, men...). Hovuda er av ein gammal mann, ein kalv, ei løve og ei ørn.

Eit sangvers høyrde med til den androgyne dansen:

            Dansaren ser begge vegar, og held nøklane

            som framviser dei stigande og synkande malstraumane.

            Hans dans går til jordas indre, og heile jordas indre byrjar danse,

            og jorda vaknar av hans dans.

 

Sangverset fortel om ein geysir - ein kokande, vulkansk innsjø, som stig og fell; og om ein rituel dans som vart dansa til den pulserande vulkan-sjøen.

I bronsealdren gravla sardinarane sine døde i uthogde bergholer. I kristen tid vart desse gamle holegravene kalla Domus de Janas, som tyder "heksenes hus". Dette vil eg tolke slik; at Rasna-folket kalla dei dødes ånder for Giane/Gianus, og tenkte seg at dei dødes ånder levde vidare i guddommen Giane - at dei inngjekk i den store Giane, og vart ein del av ho.

 

(Sjå DIANA, JANUS, JANA, DEIPHOBE).

GIGANTANE

Tekstboks: KALKIDIKI

Gigantane var kjemper med 50 hovud - avkom av GAIA og URANOS. Dei fleste av dei sprang fram av blodet som fall på jorda frå Uranos' avhogde lem. (Sjå URANOS).

Gigantane var enorme, fryktinngytande vesen med 100 armar og veldige kroppskrefter. Ein gang storma dei OLYMPOS - fjellet som Dei Olympiske Gudane regjerte frå.

Ein av gigantane heitte ANTAIOS. Han hadde Gaia til mor og POSEIDON til far. Han kjempa mot HERAKLES og tapte.

Ein av gigantane heitte ORION - han var ein stor jegar. Han vart født ved at POSEIDON urinerte på eit skinn. Urin har namn etter han.

Gigantane sprang ut av Jorda (Gaias lekam) då Uranos' blod traff bakken, etter at han var blitt kastrert av Chronos. ERINYENE sprang fram samstundes, og kanskje også MELIA'ENE.

Gigantane likna noko på menneske, men var skræmelege å sjå til. Kroppen var dekt med skjell, og enda i ein øgle-hale. Håret var i veldig vase, og skjegget var som gammal skog. Dei bar lange, skinande spyd i sine gorilla-håra hender. Men sjølv om dei var av guddommeleg opphav, var det mulig å få drept dei. Då måtte dei råkast av våpna til ein døyeleg og ein udøyeleg samstundes. I nokre myter heiter det at gigantane var udøyelege så lenge dei heldt seg på bakken i sitt eige heimland, for her fekk dei heile tida fornya livskrafta si frå jorda. Det er tippa at gigantane sin fødestad var i villmarkene på halvøya Kalkidiki.

Gigantane var mange fleire i tall enn TITANANE - kanskje så mange som hundre. Ofte arrangerte dei stilige festar, og gudane var inviterte. Gigantane ofra menneske til gudane. På desse festane vart ei mengd menneske rituelt slakta og ofra.

Gudane trivdes bra saman med Gigantane. Gigantanes krefter overgjekk all forstand. Med lettheit reiv dei laus veldige klippeblokker, og kasta dei så langt avstad at dei vart borte i det fjerne.

Gigantane var nokre skumle figurar. Vi forstår at dei var preste-høvdingar i ein kultur som dreiv med menneske-ofring i stor stil. Dei må ha tilhøyrd ein maskulint styrt kultur, for ingen av gigantane var av hokjønn. Deira kjempekrefter er nok oppskrytt mange gangar gjennom historiens laup, men ein gang må dei ha eksistert her på kloden - som grusomme tyrannar. Var dei neandertalerar, eller tilhøyrde dei kjempene som vi kan lese om i Bibelen?

Historien om Gigant-striden er oppdikta litteratur, som må takast med nokre klyper salt:

GIGANT-STRIDEN

Gaia var opprørt over lagnaden til titanane, etter den store Titan-krigen. (Sjå TITANANE). Sjølv om ho skikkeleg hadde lagt seg i selen for å hjelpe Zevs til makta, så kunne ho ikkje uthalde å sjå sine sønner og døtre i fangenskap i TARTAROS, dit Zevs hadde sendt dei. Så då ho fekk augene opp for gigantanes veldige krefter, så egla ho dei opp til å gå til krig mot OLYMPARANE - Zevs og dei andre olympiske gudane. Og Zevs og brørne hans fekk nå nok ein kamp å bryne seg i.

Slik braut det laus ein veldig krig, som vart kalla Gigant-striden. Gigantane gjekk til åtak utan varsel. Brått kom ein hagl-skur av klippeblokker, faklar og brennande trestammer over olymparane. Gigantane reiv laus fjell, og klaska eine fjellet oppå det andre, for å nå Olympens topp, der gudanes palass stod. Jord og himmel vart endevendt, og det var komplett kaos. Land søkk i havet, og elvar byrja renne hin vegen. Fjellkjeder skalv som ospelauv - Olympos, Ossa, Pelion, Pindus, Paggaion og Athos vart hivd omkring.

Så byrja slaget. Dei olympiske gudane greip sine våpen og gjorde seg klare til kamp. Gudane var under kommando av Zevs. Nå var han ikkje bare væpna med tordenkilar og lyn, slik som under Titan-krigen, men han hadde også Aigis - skjoldet som var laga av skinnet til geita AMALTHEA. Dette skinnet var digert som ei uvérs-sky, og MEDUSA hadde brukt det som hovudsjal. Alle som såg det vart panikkslagne eller forsteina.

Som nestkommanderande stilte Zevs' lojale datter ATENE - krigsgudinna. Hennar fødsel er legendarisk - ho sprang full-væpna ut av Zevs' pannebrask. Med si rustning, og med GORGON-hovudet på brystet, så kjempa ho betre enn ein mann. Det er grunnen til at Zevs seinare vart kalla gigantophonos og gigantoletor, medan Atene vart kalla gigantoleteira, som tyder "Gigant-slakterske".

Zevs hadde også støtte av sigers-gudinna NIKE, og hennar fæle mor Styga. Så hadde han som kompani-kommandantar APOLLON, POSEIDON og HEFAISTOS. Ein dag under striden, då solguden HELIOS var heilt forkomen, berga Hefaistos han opp i vogna si.

Gudinnene kjempa også for Zevs som best dei kunne - HERA, AFRODITE, ARTHEMIS, HECATE og dei tre lagnads-gudinnene; MOIRENE (Fates). Bare DEMETER ville ikkje delta i krigen, for ho var så knytt til jorda, og var vernegudinne for all avling på den heilage jord.

Kvar gud og gudinne drepte minst ein av Gigantane. Av dei mest vidgjetne Gigantane som fall, var Porphyrion, Alcyoneos, Encelados, Ephialthes, Eurytos, Clytios, Polybotes, PALLAS, Hippolytos, Gration, Agrios og Thoas.

Striden pågjekk i lange tider, men Olymparane kunne ikkje vinne siger. Då fekk Atene høyre om ein svært gammal orakel-spådom, som sa at gigantane bare kunne overvinnast dersom nokre døyelege kjempa saman med dei udøyelege. Då Zevs fekk høyre dette, sendte han Atene for å hente hans to døyelege sønner, HERAKLES og DIONYSOS.

Nå byrja Gaia å leite etter ein magisk urt som kunne gjere gigantane usynlege for våpna til dei døyelege. For å hindre henne i dette, forbaud Zevs HELIOS (Sola), SELENE (Månen) og EOS (Morgonrauden) å stige opp på himmelen. Det var stummande mørke i dagesvis, til Zevs sjølv fann den magiske urten, og fekk øydelagt den.

Og nå kunne Zevs gå for siger. Snart var Herakles der, og han kjempa side om side med Atene, og drepte mange gigantar med pilskota sine. Når han vart sliten, hoppa han opp i Zevs' vogn og pusta på litt.

Dionysos hadde med seg SATYRANE og KORYBANTANE. Dei reid på esel, og desse avskrekka gigantane ein god del, med sine fæle hyl og raut. Dionysos hadde også med som våpen sin thyrsi - ein lang stav som var omkveila av bergflette-stammer. Dei to døyelege sønnene til Zevs vart løna for heltmodig innsats ved å verte gjort udøyelege.

Alcyoneos var gigantanes store høvding og hærførar. Herakles traff han med ei pil. Alcyoneos gjekk i bakken med eit fælt skrik. Men då Herakles skulle til å juble, såg han at giganten stod på føtene att, og løfta trugande sin veldige kropp. Han greip ei veldig klippeblokk, og ville kaste denne mot Herakles. Men Atene greidde å stoppe han. Så forklarte ho Herakles, som stod der med store auge, at Alcyoneos var udøyeleg så lenge han berørte bakken i heimlandet sitt. Då greip Herakles giganten, og bar han på sin sterke rygg utanfor Phlegras grenser, og skaut han død med ei ny pil. Alcyoneos' døtre heitte Alcyonidene. Dei vart nå så fortvila over sin fars død, at dei kasta seg i havet, og vart omskapte til isfuglar.

Alcyoneos' gigant-bror heitte Porphyrion. Han hadde kongeleg arverett til Delos og DELPHI, og Gaia hadde lova at han skulle få gifte seg med Heras datter HEBE. Han storma nå mot Herakles for å hemne sin bror. Han ville knuse Herakles med eit fjell, men heldigvis fann Zevs på eit knep i siste liten. Han bad Afrodite om å fylle Porphyrion med attrå til Hera, som stod tett attmed han. Så Afrodite sendte sin son EROS mot Porphyrion, og brått miste han all interesse for Herakles, og storma etter Hera. Då han hadde fått rivd av ho kjolen, såg Herakles sin sjans, og skaut han med ei pil.

Seinare vart Herakles omringa av femten gigantar. Då kom Afrodite han til hjelp. Med si guddommelege kraft forflytta ho Herakles til ei berghole. Så viste ho fram sin vakre kropp for gigantane. Dei byrja straks å springe etter ho. Ho leia dei inn i hola, men inngangen var så trang at dei måtte krype inn ein i gangen. Og Herakles greidde då å få drept dei alle femten.

Krigsgudinna Atene brukte ikkje slik kvinnelist, men kjempa som ein mann med sitt spyd og sin hellebard. Ho kjempa først mot giganten Pallas; i lange timar. Han var umåteleg sterk,

 

men Atene brukte krigslist og strategi. Ho drepte han og flådde han, og av huda laga ho seg eit skjold som gjorde ho usårleg.

Då Encelados såg korleis det gjekk med Pallas, så rømde han, men Atene jaga etter. Sidan det såg ut som ho ikkje kunne nå han, så tok ho øya Sicilia og kasta etter han. Giganten vart knust av Sicilia, og vulkanen Etna oppstod av hans dødskamp.

Polybotes var i kamp mot Poseidon. Det vart eit frykteleg sjøslag. Veldige bølger løfta seg så høgt at dei nådde URANOS' palass i den øvre atmosfære (ETHER). Men Poseidon hadde fordel av å vere på heimebane. Han greidde å få inn mange stikk på Polybotes med treforken sin, som CYKLOPANE hadde smidd til han. Heile havet vart farga raudt av Polybotes' blod. Polybotes tok då til flukt, men Poseidon tok øya Kos og heiv etter han, og knuste han med den. Øya Nissyros vart danna ved dette.

Apollon kjempa mot giganten Ephialtes. Han skaut sine magiske piler som eit regnver over giganten, men det såg ikkje ut til å plage han det minste. Då kom Herakles til hjelp - han hadde lært av Atene om korleis gigantane henta sine livskrefter. Ephialtes var ein slik som bare kunne drepast om han vart råka av våpna til ein døyeleg og ein udøyeleg samstundes. Og Apollon skaut han i hans høgre auge, medan Herakles skaut han i hans venstre auge. Nå var Ephialtes blinda, og han døydde av blodtapet frå mange sår. Gaia tok hemn for dette ved å sende Ephialtes inn i draumane til folk, og sidan har menneska vore plaga av mareritt i sine draumar om nettene. På gresk heiter mareritt ephialtes.

Dionysos og hans satyrar greidde å jage Eurytos på flukt. Dionysos jaga etter han, og fekk drept han med eit slag av thyrsi. Men Dionysos var ennå så oppjaga og rasande, at han bad sin far Zevs, om å omskape han til ei løve. Zevs gjorde så, og Dionysos åt opp den døde Eurytos. Eurytos' bror Peloreos såg dette, og han ville ta hemn. Han greip Pelion-fjellet og heiv det mot Dionysos, Satyrane og Korybantane. Men då var krigsguden ARES der. Han greip fjellet i lufta, og berga Dionysos frå den visse død. Så tok Poseidon opp jakta på Peloreos, og fekk drept han med treforken etter at han hadde kasta seg i elva Spercheios.

 

Eurymedon var også ein gigant-høvding. Han vart drept av Zevs etter ein veldig kamp. Eurymedon meinte at han ville verte universets herskar dersom han greidde å drepe Zevs, så han var i kampens heite på stadig utkik etter han. Snart fekk han auge på dei gnistrande tordenkilane, og sprang rasande mot Zevs. Gaia ville hjelpe til - ho fylte Eurymedons kropp med tusenvis av hoggormar. Men Zevs verna seg med skjoldet Aigis, og så greidde han å halde Gorgon-maska opp framfor Eurymedons åsyn, og då vart han lamma av redsle. Zevs heiv ein tordenkile mot han, og han omkom i eit flammehav.

Under Gigant-krigen eksperimenterte Hefaistos i sin guddommelege verkstad, med å lage våpen av mange slags metall. Han smelta jern, stål og kopar, og kasta raudglødande metall på gigantane. Ved dette greidde han å drepe den farlege giganten Mimas. som var i kamp mot Zevs og Atene, og pressa dei hardt. Då Mimas merka at det hade tatt fyr i kroppen hans, vrælte han og rulla seg på bakken. Han vart til Mimas-fjellet i Erytria.

HERMES med vengene var svikefull også i denne krigen. Han drog ned til HADES og bad onkelen sin, den svarthuda PLUTO, om å få låne hjelmen cynea, som kunne gjere han usynleg. Så flaug han opp att til slagmarka med den magiske hjelmen på hovudet, og gjekk mot Hippolytos. Giganten såg kampesteinar som vart løfta frå bakken og spratt mot han. Snart var han såra og skadd over heile kroppen, men han såg ingen motstandar. Då tenkte han at han hadde blitt gal av alt oppstyret, og rømde. Hermes jaga etter, og fekk drept han.

Hecate greidde å brenne Clytios til døde med sine utallige faklar. Han vart utslitt av å verje seg, og tok til sist fyr. Jaktgudinna Arthemis skaut Gration til døde med sine guddommelege piler. Zevs' døtre, Moirene, kjempa ved Zevs' side med sine bronseklubber, og dei drepte Agrios og Thoas. Deira bror, den fæle Adamastor, prøvde å unnsleppe sin lagnad ved å rive opp heile Rhodope-fjellkjeda, og kaste den mot dei. Helios kom akkurat då forbi i vogna si, og han greidde å skifte retning på fjella, og berga gudane i siste augeblikk. Så gjekk ein stor flokk av gudar mot den utemjelege Adamastor - det var Zevs, Hermes, Apollon, Ares, Hefaisos, Herakles og Dionysos; og dei fekk livet av han etter ein svært langvarig kamp.

Resten av gigantane vart drept av Zevs' tordenkilar og Herakles' piler. Så sette alle gudane seg ned for å kvile, i stor glede over sigeren. Dei byrja så å bygge oppatt sitt guddommelege palass, som var ganske rasert.

Fleire tusen år etter Gigant-krigen, kunne folk finne beinrestar etter drepte gigantar i jorda. Og dei tala om klipper som gudane hadde kasta; som klippeblokka i Lycaonia, som Zevs hadde kasta. Og dei tala om alle øyane som hadde blitt til i havet, etter all fjellkastinga under Gigant-krigen - Nissyros, Lemnos, Porphyrione. Og dei tala om fjell som Mimas, og vulkanar som Vesuv og Etna, som heldt gigantar begravd under seg.

Andre hevdar at Gaia har begravd sine barn djupt nede i jorda, eller at ho har omskapt dei til fjell.

 

GLAUCUS

Glaucus var ein romersk havgud.

Glaucus var ein fiskarmann. Ein dag han trekte garna sine til lands, var fangsten plenty med  fisk av mange slag. Og han tømte sine garn, og byrja sortere fangsten på grasbakken. Han arbeidde på ei fager øy som låg midt i elva; ubodd - og vart ikkje brukt til beitemark heller. Det var bare Glaucus som kom til denne øya i elva.

Brått byrja fiskefangsten å vakne til liv att. Dei slo med finnane, som om dei var i vatnet, og så sprella dei seg veg ut i vatnet og symde bort - heile fiskefangsten. Glaucus forstod ikkje dette. Hadde ein eller annan gud blanda seg inn, eller var det ei magisk kraft i graset her? "Kva urt har slik kraft?" spurde han seg sjølv, og byrja samle og smake på kva han fann av gras. Etter å ha ete nokre av urtene, vart han slått av ein umetteleg lengt etter vatn. Han kasta seg i elva, og elvegudane tok vel imot han, og opptok han i vassgudanes brorskap. (Glaucus døydde av forgfting her - det er tydeleg).

Vassgudane vende seg til havets herskarar, OKEANOS og TETHYS, med bøn om at alt døyeleg ved Glaucus skulle verte vaska bort, og hundre elvar vaska over han. Då miste han alle formeiningar om kven han hadde vore før, og då han kom til seg sjølv att, så fann han seg endra i kropps-let og sinnelag. Håret hans var sjø-grønt, og hang etter han i vatnet. Han var breid om skuldrane, og lår og leggar var blitt til ein fiskespord. Havgudane kom symjande til han og skrytte av hans nye utsjånad, og han tyktes med seg sjølv å vere ganske fin å sjå til.

Ein dag i havet fekk Glaucus auge på den vakre vassnymfa SKYLLA - ho låg og sløva seg på stranda. Så vassa ho ut i ein grunn poll, og skylte sine lemmer i det klare vatn. Glaucus vart hugteken i ho, og viste sitt andlet over vassflata. Han prøvde tale godord til ho, men ho rømde bort, og stogga ikkje før ho hadde klatra opp på ei høg klippe, der ho hadde oversyn over  stranda og havet. Her vende ho hovudet, for å sjå om Glaucus var ein gud eller eit sjødyr. Ho såg han var vakker i skap og farge. Glaucus lyfte seg halvvegs ut av vatnet, og lente seg mot klippa medan han sa: "Jente...eg er ikkje noko monster, og ikkje noko sjødyr; men ein gud."

"Korkje PROTEOS eller TRITON ragar høgare enn meg", sa Glaucus. "Ein gang var eg døyeleg, og jakta omkring i havet for å skaffe meg næring til å overleve, men nå har eg blitt til ein del av havet". Så fortalde han korleis han hadde blitt omskapt, og korleis han hadde blitt til ein havgud. "Men kva hjelp er det i dette?" spurde han, "Om det ikkje kan røre ditt hjerte?". Og han skravla vidare på dette vis, men Skylla symde snøgt bort.

Nå var Glaucus desperat av attrå, men han kom på at han ville rådspørje trollkvinna KIRKE. Han symde til hennar øy, og helsa ho så høfleg han kunne. Han bad ho lindre hans kjærleikssorg. "Eg kjenner urtenes kraft betre enn nokon", sa han, "for det er dei som omskapte meg! Eg elskar Skylla! Eg skjems over korleis eg har tigga om hennar gunst, og kor forakteleg ho har handsama meg. Eg tryglar deg om å bruke din trolldom og dine verksame urter, om du har nokre igjen - ikkje for å kurere min kjærleik; for det ønsker eg ikkje, men for å få Skylla til å dele min kjærleik!".

Og Kirke svara til dette - ho var ikkje kjenslelaus overfor den attraktive, sjøgrøne guden: "Du burde heller søke ei som har attrå til deg - du er verdt å verte hugsøkt, heller enn at du må søke fåfengt etter kjærleik. Ver ikkje nølande - vit kva du er verdt! Det gjer meg mykje fortenkt, at sjølv eg - ei stor gudinne; og lærd om urter og trolldom - ikkje veit korleis eg skal motstå deg. Men om Skylla foraktar deg, så forakt henne. Møt ei som er rede til å møte deg på halvvegen, slik at vi begge kan rekke heim i god tid."

Til desse orda svara Glaucus: "Før skal det gro tre på havsens botn, og sjøgras på fjelltoppane, før eg vil slutte å elske Skylla."

 

Tekstboks: BLÅ MENNGLAUKOS

Glaukos var son av SISYFOS og MEROPE, og far til BELLEROFON. Han budde ved Pontiae; nær Thebes. For at merrene hans skulle verte ekstra spreke og vinne vogn-kapplaup, let han dei ikkje få parre seg. AFRODITE vart rasande over dette. Ho klaga han til ZEVS - at han hadde gått så langt som å fore merrene på menneske-kjøtt. Zevs gav Afrodite løyve til å straffe Glaukos som ho meinte best. Afrodite tok då merrene ut om natta, og let dei få drikke av ei heilag kjelde som var vigd til Afrodite. Og ho let merrene få beite gras på ei eng kalla hippomanes, som låg ved kjelda.

Dette skjedde like før JASON skulle arrangere gravferds-leikane for PELIAS. Desse gjekk for seg på strendene ved Iolkos. Glaukos stilte til start, men straks han hadde sett merrene for vogna, så steila dei og velta vogna, og drog Glaukos langs bakken, heile stadiets lengde og tilbake. Så åt dei han levande.Glaukos' gjenferd, kalla Taraxhippos (heste-skræmar), heimsøker ennå strendene ved Korint, der det vert arrangert hestelaup, og det skjer ofte dødsfall når Taraxhippos har skræmt hestane.

 

GORGOPHONE

Gorgophone var datter av PERSEOS, og ho vart gift med kong Perieres av Messina. Hennar namn tyder "fælt-skrikande", så du burde kanskje unngå å tre inn på hennar kjøkkengolv med skitne støvlar. Men Gorgophones fæle skriking var truleg innslag i eit religiøst rituale.

Gorgophone overlevde ektemannen sin, og gifta seg oppatt med spartanaren Oebalos. Ho var den første enke som gifta seg oppatt. Skikken hadde før vore slik, at kona tok sjølvmord når ektemannen døde – gjerne ved å kaste seg på likbålet hans, slik skikken har vore i delar av India like fram til våre dagar.

 

Tekstboks: GORGONGORGONENE

Gorgonene var dei tre skræmelege døtrene til havguden PHORCYS, og hans guddommelege hustru KETO. Gorgonene likna drakar, og var kledde med drake-skjell av gull. Dei hadde buktande gift-slangar til hår, digre venger på ryggen, og runde, stygge fjes. Tungene deira hang alltid ut, og dei hadde digre støyt-tenner i kjeften. Dei levde lengst vest i havet, og var frykta av alle, fordi blikket frå ei gorgon kunne forvandle folk og HEROAR til stein. Det er også sagt at gorgonene vakta nedgangen til Underverda.

Gorgonene var tre i tall - dei tre var ei trippel-gudinne - dei var ein gudinne-triade.

Ei av gorgonene var MEDUSA. Ho var mor til vengehesten PEGASOS, som ho fekk med POSEIDON. Dei to andre var STHENO og EURYALE. Dei to var udøyelege, medan Medusa var døyeleg. I sin ungdom var dei alle tre vakre, men ein gang elska Medusa med POSEIDON i eitt av templa til ATENE, og Atene vart så forarga over dette, at ho omvandla Medusa til eit venge-monster med stirande auge, digre tenner, utstikkande tunge, messing-klør, og med slangar til hår. Alle som møtte blikket til Medusa vart sidan forvandla til stein.

PERSEOS hogg hovudet av Medusa, sprang Poseidons barn, CHRYSAOR og PEGASOS ut av hennar døde lekam.

I somme tempel brukte prestinnene å kle seg ut som gorgoner for å skræme folk til å halde seg unna tempelromma der heilage og magiske rituale vart utførte. Her var løyndommar som måtte haldast skjult. Og når ei slik utkledd prestinne viste seg for folk under rituala, så vart folk ganske bleike, og vende seg snøgt bort for ikkje å verte til stein.

Det er sagt at også ATENE kledde seg som gorgon for å avskrekke - det var ei Atene-prestinne som synte seg med gorgon-maske, og det var nok temmeleg nifst å sjå!

Under Gigant-striden bar Atene ei gorgon-maske på brystet. (Sjå under GIGANTANE).

 

Eit steinhovud eller eit bilete av ei gorgon vart ofte plassert eller malt på tempel og graver for å skræme bort vonde makter. Soldatar kunne bere skjold med eit påmalt gorgon-hovud. Eit gorgon-hovud, kalla gorgoneion, vart også gravert på somme gamle, atenske myntar. Folk laga seg dørklinger forma som gorgon-hovud, for å verne heimen mot vonde ånder, og gorgon-hovud vart også prega i botnen på drikkebeger; kanskje for å avverge forgifting - for det var eit høg-frekvent brotsverk i eldre tider, å gift-myrde folk ein ville ha av vegen. Gorgon-andletetet skræmde bort all vondskap.

Det er mulig at gorgon opphavleg var ei magisk maske.

 

            Og dei er tre, gorgonene, med venger alle,

            og slange-hår; dei nifsaste av døyelege,

            som ingen mann skal møte,

            og sidan trekke livsens ande.

 

Sjå også under PERSEOS.

 

GRAIARENE

Graiarene var tre kvinnelege uhyre (tre gamle damer), (grå-konene), som hadde KETO til mor og PHORCYS til far. Dei var kusiner av NEREIDENE, og søstre til GORGONENE. Graiarene levde i eit fjellområde i Libya, nær innsjøen Tritonis. Dei var lyse av andlet og likna på svaner, men dei var født gamle og grå-håra. Dei hadde bare eitt auge og ei tann på deling, men tanna var skarp som ein barberkniv.

Dei tre graiarene heitte ENYO, PEMPHREDO og DEINO - (krigersk, kveps og skræmeleg). Ein gang rådspurde PERSEOS Graiarene om Dei Stygiske Nymfene - han trengte nokre reiskapar frå desse for ekspedisjonen til Gorgonenes land. Perseos tok beslag i auget til Graiarene, og nekta å gi det tilbake før dei hadde forklart han vegen til Dei Stygiske Nymfene.

Perseos var son av ZEVS. Hans politiske målsetjing var å bekjempe matriarkatet og matriarkatets trippel-måne-gudinner. Både Gorgonene, Graiarene og Dei Stygiske Nymfer var slike gudinne-triader som Perseos ville ta rotta på. Og Perseos vann siger over dei matriarkalske trippel-prestinnene.

Svaner var i gresk tradisjon symbol for død. Graiarene hadde med alderdom og død å gjere. Men ein gang var dei  ei trippel-månegudinne, som representerte både fødsel, liv og død.

At Graiarene var dårleg stelt når det gjaldt tenner og auge, er truleg bare ei mistolking av eit gammalt måleri.

 

GRATIENE

Gratiene var romersk namn på dei greske CHARITENE. Dei var overnaturlege vesen - døtre av ZEVS og EVRYNOME, og dei heldt seg gjerne ihop med AFRODITE, og underheldt mellom anna med dans i bryllups-festar. Gratiene var personifiseringa av venleik og gratie, og vart avbileta som nakne, dansande ungjenter. Under festlege lag på OLYMPOS, underheldt dei også med dans. Dei tre gratiene heitte AGLALIA, EVPHROSYNE og THALIA.

Somme har hevda at  gratiene var døtre av PHORCYS og KETO, og eg meiner dette er meir truleg enn at Zevs og Evrynome var foreldra deira.

(Sjå også CHARITENE).

 

GRIFF

(Gryphon)

Tekstboks: SKYTIATekstboks: GRIFFTekstboks: MOSAIKKTekstboks: BASILISK

Griffane var kimærar (sjå under CHIMAERA) - monster-vesen med løvekropp, ørnehovud og ørnevenger. På ryggen var dei kledd med fjør. Deira klør var så svære at folk laga drikkebeger av dei. Griffane bygde reir som fuglar, men i staden for å legge egg i reira, la dei ein agat (edelstein) der.

Griffane henta gullklumpar og edle steinar i dei store fjellheimane i Kaukasus, og bygde kunstferdige reir av desse. Instinktivt visste dei kvar det var skattar å finne i jorda. Av denne grunn var det mange modige menn som prøvde å rane griffanes reir, så griffane måtte årvakent vakte reira.

Griffane var heimehøyrande i Skytia - der opptrådte dei i flokkar. Folket som den gang budde her, vart kalla arimaspiar, og dei hadde bare eitt auge, slik som CYKLOPANE.

Somme forskarar meiner at griffane liknar på det assyriske fabeldyr k'rub, som var opphavet til dei englane i Bibelen som vert kalla kjerubar.

For grekarane symboliserte griffane fart og styrke. APOLLON reid på ein griff, og griffane vakta skattane til HYPERBOREANE, i det fjerne nord. Griffane vart også sett på som ei utgåve av hemngudinna NEMESIS, og det vart griffane som roterte Nemesis' lykkehjul.

I eldre tider vart griffane portretterte som djevelske vesen som jakta på menneske-sjeler. I kristen tid vart griffen eit symbol for Jesus - dei symboliserte hans dobbeltnatur som både menneske (løve som var knytt til jorda) og gud (ørn som var knytt til himmelen). Griffen vart også symbol for HEROAR, og i Mellom-alderen pryda griffen mange heraldiske våpen-merke. Løva var dyras konge, og ørna var fuglanes konge, så griffen var svært kongeleg av seg.

Både løva og ørna symboliserte dessutan Sola. Ved dette vart griffane lys-makter, som kriga mot mørke-maktene. Mørkemaktene vart ofte avbileta som slangar og basiliskar. Basiliskar var farlege, øgleliknande vesen

 

GYES

Gyes var ein av dei tre HEKATONKHEIRANE - hundrearma uhyre; barn av GAIA og URANOS

 

 

 

Til framsida

 

 

 

 

 

 

1