HADES
|
Hades var Dødsrikets
gud - konge i Underverda. Hans
romersk motstykke var PLUTO. Hades
var son av CHRONOS og RHEA, og bror
til dei olympiske gudane ZEVS, POSEIDON, HESTIA, HERA, DEMETER.
(Mytane fortel så mangt
ulikt om Hades, så om du opplever det eg skriv om han som samansurium, så er
du inne på noko.)
Hades vart slukt av sin far, Chronos,
straks han var født. Seinare vart han sett fri av Zevs, og Zevs gjorde han
til herskar i Underverda.
Hades
var nå konge over Dødsriket i Underverda. Han hadde dronninga PERSEPHONE, som han hadde bortført
frå verda ovanfor. Han var hardhjarta og nådelaus, og tok ikkje notis av
korkje bøner eller offergåver.
Underverda (Dødsriket) tok namn etter
sin herskar, og vart også kalla Hades.
Underverda var delt i to regionar: EREBOS
- dit dei døde kjem straks etter døden, og TARTAROS - ein djupare-liggande region, der mange av TITANANE ein gang sat i fangenskap.
Tartaros var ein mørk og usæl stad, der skuggar og skodde-aktige skabelonar
dreiv omkring.
Inngangen til Underverda vart vakta av
ein vill hund med tre hovud og slangehale, som heitte KERBEROS (CERBERUS). Rundt Underverda flaut elva STYX. Sjelene til dei døde vart
frakta over elva av den gamle, gretne ferjemannen KARON. Om lekamen ikkje var jordfesta på rett vis, så vart sjela
avvist av Karon, og måtte flakke fredlaus om langs Styx’ breidder.
I somme
mytar heiter det at Dei rettferdig døde
vart ført til Underverda av HERMES.
Ein stad langt nede i Underverdas
mørke ligg palasset til Hades og Persephone. Mange portar fører inn til
palasset, og her er stappfullt med gjester. Omkring palasset ligg vide,
skuggefulle marker, som er heimsøkte av mange skrømt og attgangarar.
For å kome til Hades'
Dødsrike, må sjelene først ferjast over elva Styx, av ferjemannen Karon. På
andre breidden ventar vakthunden Kerberos. Om nokon levande prøver å lure seg
inn i Dødsriket, vil han straks rive dei i filler.
Så kjem sjelene til Dei Asfodeliske Marker. Her sviv
sjelene til avdøde HEROAR
formålslause omkring, saman med utallige andre sjeler, som kvitrar og kvin
lik flaggermus. Dei kvitrar at dei heller ville vere slave for ein bonde utan
jord, enn å vere konge over Dei Asfodeliske Marker. Einaste gleda dei har, er
når etterkomarane deira på jorda gir dei blod-offer. Når dei får drikke
offerblodet, kjenner dei seg nesten som menneske igjen; for ei kort stund.
Nedunder Dei Asfodeliske
Marker ligg EREBOS (Mørkret), og
her står Hades' palass. Her er skummelt og dystert. På venstre side av
palasset veks kvite sypressar, og mellom dei renn gløymsle-elva LETHE.
Når sjelene kjem hit, vil mange kaste seg ned og drikke, men dei som har fått
kunnskapar om dødens mysterier, let vere. Dei drikk heller av Minne-kjelda, som ligg på høgre side
av palasset, ved eit kvitt poppeltre. For dei som drikk av Lethe gløymer at
dei har levd, men dei som drikk av Minne-kjelda får ta sine livs-minner med
inn i døden.
Framfor palasset møtes tre
vegar. Der ventar ein stor flokk av nydøde på sine dommar. Og der sit dei tre
dommarane i Dødsriket - MINOS, RHADAMANTHYS og AIAKOS. Rhadamanthys dømmer asiatar, og Aiakos dømmer europearar.
I tvilstilfelle og i vanskelege saker, let dei Minos dømme. Sjelene vert
dømde til å følge ein av dei tre vegane. Dei som korkje er vonde eller gode,
må gå tilbake til Dei Asfodeliske Marker. Dei som er vonde må gå til
straffe-markene i TARTAROS, og dei
som er gode får gå til Dei Elyseiske
Frukthagar. (Sjå ELYSIUM).
Hades var ein sjalu og påhalden type.
Han viste seg bare på jorda i naudsynte ærend, eller når han fekk brålyst på
kvinnfolk. Ein gang ville han forføre nymfa Minthe, og ho var storleg imponert over gullvogna han kom
køyrande i, trekt av hans fire svarte hestar. Men Persephone hadde ana uråd,
og ho kom og omskapte Minthe til ein krydderplante, og det var det.
Hades hadde liten peiling på kva som
foregjekk i Oververda, eller hos gudane på OLYMPOS. Men av og til dunka folk knyttnevane i bakken og påkalla
Hades med eidar og forbanningar, og av dette kunne han få nokre hint om
verdas gang.
Hades' mest dyrbare eige var usynlegheits-hjelmen, som han fekk av CYKLOPANE i takkegåve, fordi han
slapp dei fri frå Tartaros på oppmoding frå Zevs.
Hades vart
også etter kvart kjent under namnet PLUTO
- romarane sette dette namnet på Hades. Pluto vart fyrste i den romerske
Underverda, og den gamle Pluto likna i alle måtar på Hades.
Men med
tida vart trua slik at ein kunne påkalle Pluto om ein ville verte rik. Pluto
vart vernegud for kapitalistar! Det heitte at han bestyrte avlingane
som vaks fram av jorda, og alle skattar av mineral og edle metall som fans i
jorda. Men ei grov, mytologisk
mistyding ligg bak dette! Pluto vart forveksla med den greske guden PLUTOS! Plutos var gud for rikdom, men korkje Hades eller den
gamle Pluto brydde seg noko særleg om gull og diamantar. (Sjå PLUTOS 2 og PLUTOS 1).
Ved kristen influens vart Hades namnet på
staden der dei gode fekk løn og dei vonde vart straffa - eit slags Helvetes
kontor, der dine gode og vonde gjerningar vart vegd mot einannan. Hadde du synda mot Herren, var det likast
du hadde hugsa på å betale mykje pengar (avlat) til kyrkja, og betalt
prestane for å be for di sjel. Då slapp du lettare unna skjærselden -
elden som skulle brenne bort syndene dine, slik at du kunne bli frelst og få
kome til Himmelen. Og domstolen som skulle vurdere dine gjerningar
hadde altså sete i Hades.
Det
vart aldri ofra til Hades, og heller ikkje vart det bygd tempel for han.
Han heldt seg godt gøymt i Underverda, og vart kalla "Den usynlege". Det heitte også at
han var gud for dei usynlege, kven
nå det var.
Folk
var redde for å nemne Hades ved namn, for det innebar påkalling av ulykke og
død.
(Sjå
også TARTAROS, THANATOS, PERSEPHONE, CHRONOS).
|
HARMONIA
|
Harmonia var
ei gresk gudinne for harmoni og semje (einigheit). Ho var datter av ARES og AFRODITE (somme seier ZEVS
og ELEKTRA). Ho vart gift med kong
KADMOS, som vart grunnleggar av
den viktige greske byen Thebes.
Giftarmålet vart feira med eit storslagent bryllup, med både gudar og
menneske som gjester. Men under bryllupet mottok ho i gåve av Kadmos eit
hals-smykke og ein kjole, som dessverre hadde forbanning i seg - den som åtte
desse eignelutane var dødsmerkt! (Les meir om bryllupet under PLUTOS 2).
Harmonia vart mor til INO og SEMELE. Harmonia vart ei folkekjær
dronning. Både Harmonia og Kadmos vart omskapte til slangar på slutten
av livet.
(Sjå
også KADMOS).
|
HARPIENE
|
Harpiene var tre flygande uhyre med
overkropp og hovud som kvinne, men dei hadde
nebb, venger, stjert og klør som ein rovfugl. Namnet tyder ”fangarar, snapparar”. Dei var døtre
av THAUMAS og ELEKTRA.
Harpiene var den personifiserte stormvind,
og dei kunne flyge med vindens fart. Dei snappa med seg menneske liksom ei
vindkule tek tak i eit tørrlauv om hausten, og drog bort med dei. Det var
helst brots-menn og -kvinner harpiene bortførte; til HADES, der dei skulle få si straff.
Harpiene heitte AELLO, KELAENO og OKYPETE. (I somme mytar vert Kelaeno
kalla Podarge).
Ein gang sendte ZEVS harpiene til kong Phineos
av landet Perea, for å plage
han. Zevs var irritert på Phineos fordi han kunne spå framtida, og såleis
avslørte Zevs' framtidsplanar. Harpiene stal maten frå Phineos, og grisa han
til. Etter ei tid fekk HERMES
overtala Zevs til å gi seg med dette tullet, men det var verre å få overtala
harpiene - dei heldt fram som før.
JASON og ARGONAUTANE (eller var det BOREADANE?)
kom Phineos til hjelp. Argonautane ville drepe Harpiene, men IRIS gjekk i forbøn for dei, så dei
vart i staden jaga til øygruppa Strofadene, og der levde dei sidan,
heiter det i ein myte.
I ein annan myte heiter det at harpiene
skal ha hatt tilhald i ei hole på Kreta.
JASON
kom ein annan gang ut for harpiene, då han var på tur saman med den trojanske
prins AENEAS. Det var snakk om ein sverm av harpier, så nå var dei
altså fleire enn tre.
Harpiene var fagre kvinner med venger - slik
heitte det i tidleg gresk mytologi. I endå eldre tider vart dei truleg dyrka
som ei Trippel-gudinne, ein eller annan stad. Somt tyder på at
sjølvaste ATENE opphavleg var ei av harpiene. Seinare vart dei til
flygande monster med trollkjerring-fjes og krokete, skarpe klør. Dei greip
folk (brotsmenn?) og flaug med dei til Underverda, der dei straffa og
torturerte dei. Dei som vart utsette for dette vart aldri meir å sjå, men det
stanka stygt på staden der dei var tatt. Det er elles mykje sagnstoff om
harpiene, og somme påstod at dei formeira seg, og vart ganske mange etter kvart.
|
HEBE
|
Hebe var HERAs einaste datter, og faren var ZEVS. Hennar namn tyder "ungdom". Ho symboliserte den tidlege pubertet. Hebe var ungdommens gudinne. Romarane kalla Hebe JUVENTAS, som også tyder ungdom.
Hebe
hadde brørne ARES og HEFAISTOS, og halv-søstera EILEITHYIA.
Hebe
serverte mat og drykk for gudane på OLYMPOS,
og hadde ansvaret for gudanes ambrosia - eit magisk næringsmiddel som
gudane åt for ikkje å eldast. Det var også Hebe som skjenka det gudommelege nektar - i gull-bollar.
Då
HERAKLES vart henta opp til Olympos, vart Hebe gift med han. Som gift
frue kunne ho ikkje lenger arbeide som servitør, og den trojanske prins GANYMEDES fekk nå jobben med å
servere gudane.
Nå underheldt Hebe med dans på Olympos, saman med GRATIENE,
HARMONIA og AFRODITE. Det vart sagt at Hebe hadde så vakre anklar.
Hebe stelte i stand badet når ARES skulle bade, og hjalp HERA
med å sesse seg i vogna si. Hebe vart
avbileta som ei ungjente med kjole utan krage; berande på eit drikkebeger.
I mange bysamfunn var
Hebe gudinne for tilgjeving. Ho
kunne gi brotsmenn tilgjeving. Straff-fangar som var sette fri, gav lenkene
sine som offergåve til Hebe - dei plasserte dei i ein av hennar heilage lundar;
til dømes i byen Phlios i Argolis.
I Aten
var eit altar for Herakles og Hebe. Innanfor festninga i den argolske byen Phlios var ein heilag sypress-lund,
som var eldre enn nokon kunne minnast. I byens eldste periode vart gudinna
som vart dyrka i denne heilage lunden kalla Ganymeda. Seinare vart ho kalla Hebe, og innbuarane i Phlios
påkalla særleg Hebe for å få tilgjeving for brotsverk. (Kanskje
ungdoms-kriminalitet?).
Alle som oppsøkte Hebes heilage lund fekk full
tilgjeving, og frisette fangar brakte sine lenker til lunden, og skjenka dei
som offergåve til Hebe. Og det var ein årleg, religiøs fest for Hebe, kalla Bergflette-skjering. (Av mjølkesafta
av bergflette vart det brygga ein rusdrykk).
Hebe
vart dyrka av poetar, som datter av Hera, i eit tempel-kompleks. Her var to
tempel - eitt for Herakles, og eitt for Hebe. Ved desse templa vart det
oppdretta hanar og høner. Høner og hanar vart haldne i kvar sine
innhengningar, og by-regjeringa betalte for foret. Fuglane var vigsla til
Hebe og Herakles. Hønene vart fora i Hebes tempel, og hanane i templet til
Herakles. Ein kanal med klart vatn rann mellom dei to templa. Aldri kom ei
høne inn i Herakles tempel, men i parringstida flaug hanane over kanalen til
Hebes tempel, og parra seg med hønene der. Så flaug hanane tilbake til
Herakles-templet, medan hønene byrja ruge. Når kyllingane var klekte, kom
hanane og henta alle dei nyfødte hanekyllingane, og tok seg av oppsedinga av
dei, medan hønene tok seg av hønekyllingane.
|
HECATE
|
Hecate var datter av TITANANE PERSEOS og ASTERIA. Hecate representerte mørke og terror - ho var "Fru
Vinter" og hadde bustad i UNDERVERDA.
Likevel vart ho sett på som ei fræve-gudinne.
På månelause netter vandra ho over jorda med eit kobbel ulande hundar. Ho var
gudinne for trolldom og heksekunst,
og vart dyrka av magikarar og hekser. Det vart ofra svarte lam og hundar til
henne. Om nettene lurte ho ofte ved vegkryss. Her plaga ho vegfarande, med
hjelp frå hundane sine. I norsk folketradisjon er vegkryss mykje nemnt som
åstad for trolldom/magi. ARTHEMIS var kusine av Hecate, og var også
knytt til magi og trolldom.
Hecate vart ofte avbileta med tre
kroppar eller tre hovud, og med slangar tvinna om halsen. Ho kunne også
avbiletast som ei hunde-tispe,
fordi hundar brukar ete døde kroppar. Og etterpå hyler hundane mot Månen. Ein
kan augne ei tilknyting til den egyptiske dødsguden Anubis, som hadde
hundehovud. Dei tidlege grekarane plasserte ei lita statue av Hecate ved
inngangsdøra si, for å verne heimen mot vonde ånder. Treet svart-poppel var vigsla til Hecate.
Hecate har fått æren for oppdaginga av rusmidlet aconit, som vart utvunne av planten Venusvogn. (Sjå under SEMELE).
Hecate vart hylla dei
siste tre dagane i kvar månad (måne-månad).
I somme greske distrikt vart månegudinna SELENE dyrka som triade-gudinne,
saman med Arthemis og Hecate. Då representerte Selene fullmånen, medan Arthemis var den veksande og Hecate den minkande
måne. Arthemis symboliserte ungjenta;
Selene symboliserte kvinna i fruktbar
alder, medan Hecate symboliserte gamlekona
som snart skulle døy. Vidare symboliserte dei tre måne-gudinnene forår, etterår og vinter. Slik var det i dei gamle, matriarkalske
måne-dyrkar-kultane. Namna til dei tre gudinnene i gudinne-triaden varierte
frå by til by.
Hecates
namn tyder noko sånt som "fjern makt", og meininga med dette er at
Hecate var gudinne for magi. Ho vart
elles kalla med mange namn. Ho vart kalla Trivia eller Triformis (tre-faldig),
og meininga med desse namna var at ho representerte Månens tre fasar -
veksande, full og minkande. Men Hecates trefaldigheit symboliserte også at ho
hadde makt over Jord, Himmel og Underverd. Ein meinte av Hecate i
Underverda var gudinne for død og fødsel; på Jorda var ho menneskas hjelpar, og i Himmelen var
ho månegudinne og gudinne for veret.
På Jorda
var Hecate jaktgudinne, og i denne
rollen vart ho kalla ARTHEMIS
eller DIANA (også andre namn).
Jakt var viktig i denne tida - jordbruket var knapt oppfunne. På Himmelen var
Hecate månegudinne og kjærleiksgudinne, og vart kalla SELENE eller LUNA (med meir). Som dødsgudinne i Underverda vart ho mellom anna
kalla KORE (på foråret), DEMETER (på etteråret), og PERSEPHONE (om vinteren).
Hecate
vart kalla Antea eller Antaia. Dette namnet tyder
"møterske". Ho møtte menneska i deira draumar og visjonære syner.
Det var Antaia som sendte draumane til menneska. Ho var også gudinne for angst og mareritt, og ho kunne hjelpe folk med å overvinne angst. Som
Antaia var Hecate også gudinne for skrømt
og gjenferd.
Hecate
vart kalla Propylaia, som tyder
"port-vakterske". Ho var vernegudinne for portar og dører, og verna
heimane mot vonde ånder. Ho var vernegudinne for familien, og i alle heimar
var det små familie-altar for Propylaia - eitt inne, og eitt framfor
inngangsdøra. Bilete av Propylaia vart hengt over inngangsdøra.
Hecate
vart kalla Propolos, som tyder
"leiar". Ho leia dei avdødes sjeler til Dødsriket, og også tilbake
til Jorda, når dei skulle fødast til eit nytt liv. Propolos var formidlerske
mellom Underverda og Oververda. Vi forstår av dette at Hecate-dyrkarane
trudde på sjelevandring.
Hecate
vart kalla Phosphoros, som tyder
"lys-bringerske". Ho var Månen som gav lys i nattemørket, og ho
lyste også for dei avdødes sjeler, så dei kunne finne vegen til Underverda.
Phosphoros oppsøkte gravplassar, vegkryss, slagmarker og andre stadar der
menneske omkom, for å samle deira sjeler og bringe dei heim til Underverda.
Phosphoros kunne også opplyse menneskesinnet, og var gudinne for visdom og visjonar.
Hecate
vart kalla Brimo, som tyder
"stygg; grusom". Ved dette namn vart Hecate påkalla for å gi vern,
og for å påføre fiendar skade.
Hecate
vart kalla Kourotrophos, som tyder
"barne-vernerske". Ved dette namn vart ho påkalla for å verne
barna. Ved Kourotrophos' hjelp vaks småjenter opp til vakre kvinner, og
smågutar vaks opp til sterke menn.
Hecate
vart kalla CHTONIA og DEMETER som tyder "Mor
Jord". Chtonia vart påkalla for at avlinga
skulle verte god. Ho var også Dødsrikets gudinne, og vernegudinne for
alle ånder, sjeler og alle jordiske
vesen. Chtonia kjente alle løyndommar og mysterier, og ho herska over elementa.
Hecate
vart kalla Enodia, som tyder
"ho som er på vegen". Ved dette namn vakta Hecate om reisande på
vegane, og kvar gang ein vandringsmann kom til eit vegkryss, så påkalla han
Enodia, og ho hjalp han med å finne rette vegen vidare.
Hecate
vart kalla Trioditis, som tyder
"tre-vegs". Trioditis var herskarinne over vegkryss der tre vegar
møttes. Dette var særs farlege stadar, der ånder og demonar gjerne hadde
tilhald. Ved slike vegkryss var der også portar som førte ned til Underverda.
Sterk magi var knytt til desse vegkryssa, og Trioditis hadde stor makt. Ho
var nærknytt til Underverdas ånder og skuggevesen, og kunne fritt vandre
mellom Underverda og Oververda. Dei kristne gravla udøypte ved slike
vegkryss, og dei frykta heksene som heldt til her.
Hecate
vart kalla Cleidukos, som tyder
"ho som har ansvar for nøklane". Cleidukos hadde tre nøklar; ein
for Himmelens port, ein for Dødsrikets port, og så hadde ho nøklen for eit
lukkeleg liv på jorda. Cleidukos kunne gi livs-lukke, men ho kunne også
stenge for lukka.
Hecate
vart kalla Angelos, som tyder
"sendebod". Det er same ord som engel
i Bibelen. Angelos er eitt av dei eldste namna på Hecate. Som barn vart
Angelos plassert i eit vegkryss, og der kom nokre NYMFER og henta ho. Då ho vart vaksen, tok ho namnet Hecate.
Angelos var bodberar mellom den eine verda og den andre verda - mellom
menneske og ånder - mellom døde og levande. Ho kunne påkallast for å jage
bort vonde ånder, og ho var døds-engelen
som viste avdødes sjeler vegen til Underverda. Ved dette likna ho på HERMES.
Hecate
hadde mange aspekt, men jamt var ho tre-einig.
I ein kult vart Hecate dyrka under fire namn. Samnamnet for denne gudinna var
HECATE, og så hadde Hecate tre under-namn - ARTHEMIS, SELENE og PERSEPHONE. På Jordas overflate
opptrådte Hecate som Arthemis; i Himmelen var ho Selene, og i Underverda
Persephone. Hecate var tre gudinner i eitt - tre gudinner som henta sine
krefter frå ei felles, guddommeleg energi-kjelde.
Arthemis
var Hecates første aspekt. Ho var jomfrua - ungjenta. Ho var jord-gudinne, og
herskarinne over villmarker. Og ho var jakt-gudinne, og gudinne for kjelder
og lyskjelder; for fræve og natur. Ho var gudinne for fødsel og for den
veksande måne. Ho var skapings-gudinna.
Selene
var Himmel-dronning, Månegudinne, mor-gudinne og gudinne for kjærleik og
fræve. Ho var livets gudinne, og gudinne for flo og fjøre. Ho var fullmånen;
vernegudinne for familie og hushald, og for elskande par. Selene verna om
sjølve livet.
Persephone
var det mørke aspekt ved Hecate. Ho var gudinna for landet under havet - ho
var Dødsrikets dronning. Ho herska over skuggevesen og avdødes sjeler. Når
livet var komt til endes, så tok ho det. Men ho var også gudinne for
attføding. Ho var gudinna for den minkande måne.
Somme
trur at Hecate opphavleg kom frå Egypt,
og at ho i Egypt representerte kvinna midt i livet. I ein gresk kult vart ho
dyrka som eit aspekt av ein himmelsk gudinne-triade. Jomfrua heitte HEBE; mora heitte HERA, og gamlekona heitte HECATE.
Den store månegudinna Hecate bestyrte livets gang, naturens gang,
årets rytme og liv og død. Ho var den allmektige!
Sjå også under
EMPUSAE og HEKABE.
|
HEFAISTOS
|
Hefaistos (romersk VULCANUS) var eldens gud,
og ein dyktig kunst-smed. Han var
vanfør og halt. Han hadde sterke armar og sveittande bryst, men var godmodig,
snill og fredsam. Han vart avbileta med smitang og filthue. Smia hans låg
under eldsprutande fjell.
Hefaistos var son av ZEVS og HERA, (somme seier at Hera fødde Hefaistos ved jomfrufødsel,
fordi ho var forbanna på Zevs). Men Hefaistos vart rekna som ekte bror av ARES og HEBE.
Hera ville drepe Hefaistos då ho såg
han var vanfør, men NEREIDENE THETIS
og EVRYNOME redda han og tok seg
av han. Dei let han bu i ei grotte under vatn. Der lærte han seg smedkunst.
Han laga fine smykke og gode våpen. Då Hera fekk sjå eitt av desse smykka,
tvang ho THETIS til å fortelje kven som hadde laga det, og då ho fekk
greie på kven som var meister-smeden, tok ho Hefaistos tilbake til OLYMPOS, og der gav ho han ei god
smie. Han fekk CYKLOPANE til
handtlangarar, og i den nye smia smidde han mellom anna Zevs' torden-kilar.
Zevs hadde slukt si datter ATENE, men fekk fæl hovudverk av
dette, for ho hadde hamna i skallen hans. Hefaistos hjalp Zevs ved å kløyve
skallen hans med ei øks, og ATENE sprang ut av Zevs' panne i full
rustning. Ho likna METHIS så pass
at det var tydeleg at Methis var mora. Methis var ei av dei gamle TITANANE - første-kona til Zevs, og
jamgod med han i visdom.
Kona til Hefaistos vart
kjærleiksgudinna AFRODITE. Ho var
vakker og han var stygg - dei andre gudane lo av dei.
Fjerde dagen etter at han var født,
ville APOLLON ha pil og boge, og
Hefaistos laga dette til han.
Då ORION
vart blinda av OINOPION, gav
Hefaistos han ein ung gut, som geleida han til EOS. Der fekk han synet tilbake. Etterpå laga Hefaistos ei
bronsehole til Oinopion, der han kunne gøyme seg for Orions hemn.
Ein gang skulle Hefaistos lage våpen
til Atene. Det var under Trojanar-krigane,
og ho ville ikkje ha våpen av Zevs. Hefaistos ville ikkje ha betaling - han
ville gi våpna av kjærleik, sa han. Men POSEIDON
fann på ein grov spøk. Han fortalde Hefaistos at Atene var på veg for å
hente våpna, og at ho dessutan var full av attrå til han. Så då Atene kom til
smia, gjekk Hefaistos karsleg innpå ho. Atene drog seg unna, men sæden hans
kom på hofta hennar. Ho tørka den vekk med ein ulldott som ho kasta til
jorda. Dotten fall i bakken nær byen Aten,
og fræva GAIA. Gaia vart rasande,
og ville ikkje oppdra barnet ho fekk ved dette. Barnet var EREKHTHEVS. Atene tok då til seg
barnet, og sette det i fostring hos AGLAUROS
- eldste datter av kong KEKROPS.
Atenarane
feira Hefaistos (saman med Atene) i ein stor byfest, kalla Khalkeia (Smedfesten).
Det er sagt at HERA henta Hefaistos til Aten då ho skjøna kor dugeleg han var i
smedkunst. Men somme trur at Hafaistos
eigentleg var ein heilag-konge på
øya Lemnos, som skulle rituelt
ofrast etter å ha vore konge i eitt år. Han vart berga ved at aiolane okkuperte Lemnos. Aiolane
brakte Hefaistos til det greske fastland - kanskje for hans store smedkunsts
skuld?
Landa i Asia hadde gode smedar. I gresk område
var ingen smed dyktigare enn Hefaistos på Lemnos, så han vart guddommeleg-gjort. Det var vanleg at ein som
hadde gjort storverk eller oppfinningar som var til stor, allmenn nytte, vart
gjort til guddom. Og ettersom mytene laga seg til, så vart Hefaistos også gud
for eld og vulkanar. Fønikarane
hadde ein smedgud som heitte Chursor,
og som likna mykje på Hefaistos. Chursor hadde funne opp jernet. Alle som fann ut korleis metall kunne utvinnast og
brukast, vart gjort til guddommar. I Anatolia, på slutten av andre årtusen
fvt., var alle dei hittittiske preste-kongane smedar. Og dei guddommelege
smedane vakta nøye på sine patentar - om dei vart kvarmanns-eige, så ville
den guddommelege (politiske) makt som smedkunsten gav dei, verte sterkt
redusert.
Men då framstillinga av jern vart oppdaga,
viste det seg at løyndommane om dette metallet var vanskelegare å
hemmeleghalde enn løyndommane om kopar og tinn. Snart vart smedkunsten nærast
allemannseige, men før dette hadde grekarane gjort den avdøde Hefaistos til
ein av dei tolv Olympiske Gudane.
Men på Kreta
var Hefaistos ukjendt. På Kypros,
derimot, vart han dyrka saman med AFRODITE.
Hefaistos og Afrodite vart det guddommelege ekteparet som alle lo av, fordi
han var så stygg og ho var så vakker.
|
HEKABE
(Hecuba)
|
Hekabe
var knytt til byen Troja.
Somme meiner at Hekabe var datter av kong Dymas og NYMFA Eunoë.
Hekabe vart dronning av Troja, og kona til kong PRIAMOS. Ho vart mor til mellom andre HEROEN HEKTOR og prins PARIS.
Hekabe fødte Priamos 15 av hans 50 søner. Det er også hevda at ho fekk ein
son med APOLLON, som heitte Trolios.
Hekabe fødte mange barn, og levde eit
dramatisk liv. Etter trojanar-krigane
vart ho gitt i krigsbytte til ODYSSEVS. Men i Trakia blinda og drepte ho kong Polymestor, som hadde røva
og drept ein av sønene hennar, og som straff for dette vart ho forvandla til
ei tispe. Etter at Hekabe var
forvandla til tispe, kalla grekarane ho Maera.
Rett før Paris' fødsel drøymde Hekabe
ein vond draum - at ho kom berande på ein pudding, og ut av den taut det
enorme mengder med giftslangar. Då ho vakna, skreik ho ut at byen Troja og IDA-fjellet stod i brann.
Ein av sønene til kong Priamos heitte Aesakos. Han hadde spådomsevner, og
hadde truleg eit slags øvsteprest-embete. Han spådde Hekabes draum slik, at
barnet som var venta skulle verte til øydelegging for landet. Nokre få dagar
seinare proklamerte Aesakos at ei kvinne av kongeleg byrd som fødte barn på
denne dag måtte drepast, og også barnet. Priamos let då si søster Cilla drepe, og barnet ho fødte den
dagen. Men same dag, før kvelden fall på, fødte Hekabe PARIS, og sjølv om mange sjåarar kom med åtvaringar, så orka
ikkje Priamos å ta livet av Hekabe og Paris. Men han tikalla sjefs-gjetaren
sin, og overlet Paris til han, og bad han ta babyen med ut i villmarkene og
drepe han der. Men gjetaren var heller ikkje noko råskinn, så han sette bare
Paris ut på IDA-fjellet. Men her
kom ei bjørnebinne og gav Paris mjelk. Etter fem dagar gjekk gjetaren tilbake
dit, for å gravlegge babyen, men då han såg at den lille guten ennå levde,
tok han dette som eit guddommeleg varsel, og bar guten heim til seg i
niste-pungen sin. Det er av dette Paris fekk sitt namn, for Paris tyder
"pung" på gresk.
Gjetaren skar tunga av ein hund, og gav
denne til kong Priamos, som prov på at Paris var død. (Men
somme seier at Hekabe gav gjetaren ein stor sum pengar, for at han skulle
spare sonen hennar og ta seg av han).
Paris vaks opp hos
gjetaren, og ein gang vann hann eit stort
hestelaup. Hekabe framstilte han då for Priamos som sigershelt, og ho
fortalde at Paris var Priamos' son. Priamos gleddest storleg ved dette, og
tok Paris til seg, trass alle åtvaringar frå sannseiarane.
Hekabe hadde mellom alle sine andre
barn, tvillingane Helenos og CASSANDRA. Eitt år, då det vart
arrangert bursdagsfest for tvillingane i templet til Den Thymbreiske Apollon,
vart dei to trøtte av alle leikane, og sovna i eit hjørne. Foreldra drakk seg
fulle på vin, og då dei drog heim, gløymde dei å ta tvillingane med. Då
Hekabe seinare vende tilbake til templet, fekk ho sjå at dei heilage slangane
dreiv og slikka barna i øyrene, og ho skreik i angst. Slangane rømde då
straks inn i eit laurbær-kratt, men sidan hadde tvillingane profetiske evner.
Hekabe fekk oppleve Trojas fall. Ho
hadde forkjærlegheit for Trojas farlege fiende, ODYSSEVS, og ein gang hadde ho berga Odyssevs frå den visse død.
Ho fekk så Odyssevs til å love at alle trojanarar som overgav seg skulle
verte spart.
Diktaren Homer skreiv vondt om Hekabe. Han kunne ikkje godta ei
herskarinne av det "barbariske" Troja som eit godt menneske, så han
kalla ho ved fleire monster-namn, som SKYLLA,
HECATE og Maera.
Vi
forstår av dette at Homer og den
greske kulturen han tilhøyrde, la vinn på å sverte Hekabes namn. Ho var
fiendens dronning og gudinne, så det var god politikk å tale nedlatande om
ho. Hekabe tilhøyrde byen Troja, som grekarane kjempa mot. Paris' bortføringa
av Den skjønne HELENA av Sparta var stridens eple. Dei
patriarkalske grekarane køyrde propagandakrig ved sidan av krigen på
slagmarka. Slik tilstanden var den gangen, er det vanskeleg utifrå overlevert
litteratur å seie om Hekabe var ei utgåve av den gamle Hecate, eller om dette
var gresk svertings-propaganda.
Maera var Hekabes himmelske
symbol - det var Den Vesle Hundestjerna.
Når denne stjerna første gang på året viste seg på himmelen, så vart det
utført menneskeofring i byen Marathon.
Av dei menneska som vart ofra her, er IKARIOS
den som er mest kjent.
Hekabes namn tyder "Den som drog
langt bort", og då var det nok Dødsriket ein tenkte på, som låg langt
borte frå dei levande si verd.
Nå er
det mykje som tyder på at Hekabe var ei utgåve av dødsgudinna HECATE. Dorarane assosierte den egyptiske dødsguden Anubis (med hundehovud), med den doriske Dødsrike-herskaren -
hunden KERBEROS, som i seinare tid
vart omtalt som "Dødsrikets vaktar". I det gamle Grekarland fans
ville og forvilla hunder. Dei brukte å ete lik dei kom over, og dette gjorde
hunden til dødssymbol.
Somme har hevda at dødsgudinna Hecate var
hund før ho blei gudinne med menneskeskap. Andre har motsatt hevda at den
antropomorfe (menneske-forma) Hecate vart forvandla til ein hund eller
hundetispe. Hecate vart stundom avbileta som ei hundetispe.
|
HEKATON-
KHEIRANE
|
Hekatonkheirane var tre avkom
av URANOS og GAIA.
Dei var digre uhyre med 100 hender kvar, (og femti hovud, seier somme). Dei
var søsken av CYKLOPANE og TITANANE.
CHRONOS var den yngste
at titanane. Han gjelda faren sin, Uranos, med ein sigd, og blodspruten stod
i havet. Av dette blod vart ERINYENE,
GIGANTANE og skognymfene DRYADENE født. Desse vert då på ein
måte halvsøsken til hekatonkheirane. Så fødte Gaia for seg sjølv monstret TYPHON, som hadde hundre hovud og tok
tilhald i vulkanen Etna, der han
ligg og spyr ut lava når han finn det for godt. Typhon vert vel halvbror til hekatonkheirane?
Det var litt av ein bande å invitere til familietreff!
Dei tre hekatonkheirane
hadde namn: BRIAREOS, Kottos og GYES. Dei var dei mest skræmelege av alle Uranos’ barn.
Fordi dei var farleg
sterke, sperra Uranos hekatonkheirane inne under jorda; i TARTAROS. Cyklopane hamna også der.
Men seinare sette CHRONOS dei alle fri, etter at han og dei andre
titanane hadde gjort opprør mot Uranos. Men straks etter vart Chronos krona
til titananes høvding, og då sendte han dei stakkars hekatonkheirane tilbake
til Tartaros. Det er sagt han var sjalu på dei fordi dei var så karslege og
velstelte. I Tartaros vart dei vakta av eit kvinnevesen som heitte Campe. Ho var ganske svær; var delvis
dekt med fiskereist, og til hår hadde ho giftslangar.
Men ZEVS trengte hjelp av hekatonkheirane og cyclopane i hans
opprøret mot Chronos, så han drog til Tartaos og slo i hjel Campe. Han gav
cyclopane og hekatonkheirane nektar
og ambrosia for å vekke dei til
liv, og dei vart med på Zevs’ side i den store striden mellom Zevs og TITANANE/GIGANTANE. Dette var i stridens tiande år, og
den lange striden enda nå med siger for Zevs. Hekatonkheirane var særleg
dugelege til å hive stein.
Atter seinare gjorde
titanane nytt opprør mot Zevs, men titaninna THETIS henta hekatonkheiren Briareos til hjelp, og han kom og
skræmde dei angripande titanane på flukt ved å vise musklar.
Etter sigeren sette Zevs hekatonkheirane til å vakte dei fengsla
titanane i TARTAROS (Underverda). Zevs tok seinare titanane til nåde,
og hekatonkheirane vart permitterte. Kottos og Gyes drog då til havets
kjelder, og slo seg til der. Briareos vart gift med POSEIDONs datter Cymopolea,
men ingen veit kvar dei to budde. Då AENEAS
lenge etter steig ned i Dødsriket, fekk han auge på Briareos der - han sat
attmed Falske draumars alm.
(Sjå også TITANANE og
GAIA).
|
HEKTOR
|
Hektor var
trojansk prins - son av kong PRIAMOS og dronning HEKABE, og han deltok i trojanar-krigane og var trojanarane
sin største HERO. Han var gift
med Andromache. Hektor drepte ACHILLES'
venn PATROKLOS, og vart sjølv
drept av Achilles, som drog hans daude lekam etter vogna si i triumf - rundt
heile byen Troja; tolv dagar på rad.
Liket vart frikjøpt av Hektor’s far, kong Priamos. Andromache vart gitt som krigsbytte til NEOPTOLEMOS,
etter at grekarane hadde herja Troja.
|
HELENA
(Helen)
|
Helena var uekte datter av ZEVS, og datter av LEDA. Namnet hennar tyder "lys". Ho var ein lokal
variant av månegudinna SELENE.
Hennar jordiske stefar var TYNDAREOS, og ho vaks opp hjå han i Sparta.
Zevs kom til Leda i svane-ham, og
forførte ho. Etterpå la Leda to egg. I begge var eit døyeleg og eit udøyeleg
barn - DIOSKURANE i det eine
egget, og Helena og KLYTAIMNESTRA
i det andre.
Helena var altså udøyeleg, og så vakker
at ingen hadde sett maken. Ho hadde utallige beilarar – DIOMEDES, AJAX og
mange andre. Men ved Tyndareos vilje vart ho gift med MENELAOS, som vart konge av Sparta etter Tyndareos. Det var mykje
politikk inne i biletet. Vart Helena gift med den eine greske prinsen, så
kunne andre greske prinsar utfordre til krig. På råd frå ODYSSEVS fekk Tyndareos dei andre beilarane til å avlegge eid på
at dei aldri skulle skade ekteparet Menelaos/Helena. Tyndareos slakta ein
hest, og alle friarane stod på skinnet som var flådd av hesten og svor.
Men AFRODITE var forbanna på Tyndareos, og straffa han ved å la alle
hans tre døtre – CLYTEMNESTRA,
Timandra og Helena begå ekteskapsbrot. Afrodite
bortførte Helena for å gi ho som mutingsgåve til prins PARIS av Troja, som hadde kåra Afrodite til ”verdas vakraste”.
Slik byrja Trojanarkrigane - grekarane skulle skaffe Helena tilbake.
(Sjå også
under LETO).
|
HELIADENE
|
Heliadene var søstre av APOLLONs son PHAËTON.
Phaëton køyrde ein gang villmann i Apollons solvogn, og ZEVS måtte til
sist skyte han ned. Heliadene gret ukontrollert i fire månadar over Phaëtons
død. Gudane forbarma seg til sist over dei, og omskapte dei til poppel-tre som veks ved elvebrieddene,
og let sitt lauvverk sørgmodig lute over vatn. Heliadenes tårer vart
forvandla til rav.
Heliadene er
oppkalla etter solguden HELIOS. I denne myten er altså Apollon og
Helios to namn på samme guddom.
|
HELIOS
|
Helios var Solguden - han var Sola. Helios var son av TITANANE
HYPERION og THEIA.
Helios var alltid hardt arbeidande. Han stod opp i aust kvar
morgon, og køyrde solvogna si over heile himmelen, før han gjekk ned i OKEANOS (havet) i vest. Om natta
flaug han tilbake til aust i eit gylt beger.
Helios såg alt som skjedde om dagen.
Frå solvogna si hadde han utsyn over heile verda. Det var Helios som hadde
gitt menneska synet i gåve, og han
heldt orden med døgnets timar.
Helios var av dei tidlege gudane. APOLLON, lysets gud, vart hans arvtakar på OLYMPOS. Apollon var meir åndfull enn sin forgjengar Helios.
Helios var gift med Okeanos' datter PERSE,
og hadde to døtre med ho - KIRKE
og PASIFAE. Så hadde han to søstre
som hjalp han i arbeide med å overvake verda. Det var EOS - Morgonrauden, og SELENE
- Månegudinna.
Helios var avbileta som ein vakker,
skjegglaus mann. Han hadde purpur-fagra kappe, og hans krone var solas aura.
Han køyrde ei gullvogn som vart trekt av fire eldsprutande hingstar med
venger.
Helios
opptrer i svært mange av dei greske mytane. (Sjå under linken "HELIOS").
Helios barn har glitrande, skinande
auge, som gjer at dei er lett attkjennandes.
Helios
fekk mange udøyelege og døyelege barn, med mange kvinner og gudinner. Her
er ein ufullstendig oversikt. (Mange av opplysningane som er overlevert er
sjølvmotseiande).
|
BARN
|
MOR
|
TYPE
|
|
Phaethousa
|
Neaera
|
Udøyeleg
|
Neaera
var ei havnymfe eller elvenymfe. Phaethousa gjette sin fars udøyelege
storfe på den heilage øya Thrinakie.
|
Lampetia
|
Neaera
|
Udøyeleg
|
Lampetia
var ei NYMFE som gjette sin fars
udøyelege sauer på den heilage øya Thrinakie.
|
PHAETON
|
CLYMENE
|
Udøyeleg
|
Phaeton
var einaste guddommelege son av Helios.
|
Aigle
|
CLYMENE
|
Udøyeleg
|
Aigle var ei NYMFE - truleg ei av OKEANIDENE. Men mange hevar at
Aigle var datter av ZEVS/EVRYNOME.
|
PHOEBE
|
CLYMENE
|
Udøyeleg
|
|
KIRKE
|
PERSEIS
|
Udøyeleg
|
Kirke var ei heks. Perseis var ei OKEANIDE
|
CHARITENE
|
Aigle
|
Udøyeleg
|
Det
er også sagt at ZEVS/EVRONYME
var foreldra til Charitene.
|
HORAENE
|
SELENE
|
Udøyeleg
|
Selene var månegudinna. Horaene var dei 4 årstidene. I
somme myter heiter det at CHRONOS
var far til Horaene.
|
Astris
|
KETO
|
Udøyeleg
|
Keto var ei OKEANIDE. Astris var ei nymfe, og vart stammor til eit mektig, indisk
kongehus. Det var visst DIONYSOS
som hadde ført Helios til India. Dionysos var både erobrar og misjonær, men
idiske kongar gjorde oppreist mot han.
|
|
Anaxibia
|
|
Anaxibia var NAJADE (elvenymfe) i elva Ganges i India. Ho måtte rømme for Helios, og ARTHEMIS gøymde ho bak Koryphe-fjellet.
|
|
Klytie
|
|
Ein
gang elska Helios OKEANIDA Klytie,
men då han slo opp, vart ho forvandla til ein plante som elskar sol
(heliotropium?)
|
Aix
|
|
Udøyeleg
|
Aix var ei NYMFE som skein så strålande, at
gudane forlangte at ho skulle plasserast på jordas underside.
|
|
|
|
|
Mange kongar og
dronningar hevda at dei var barn av Helios - her er nokre:
|
Augeias
|
Nausidame
|
Døyeleg
|
Nausidame var prinsesse av
kongeriket Elis. Augeias vart konge der.
|
Aloios
|
|
Døyeleg
|
Av
kongeriket Korint. Vart konge
over Korint etter sin far Helios.
|
Thersanon
|
LEUCOTHOË
|
Døyeleg
|
Thersanon
var konge på øya Andros. Han var
ein av ARGONAUTANE. Leucothoë
var persisk prinsesse. Ho vart drept av sin far, då han oppdaga at ho hadde
elska med Helios.
|
Okhimos
|
RHODES
|
Døyeleg
|
Okhimos
var ein av dei sju samkongane i
kongeriket Rhodos.
|
Kerkaphos
|
RHODES
|
Døyeleg
|
Kerkaphos
var ein av dei sju samkongane i
kongeriket Rhodos.
|
Makar
|
RHODES
|
Døyeleg
|
Makar
var ein av dei sju samkongane i
kongeriket Rhodos.
|
Aktis
|
RHODES
|
Døyeleg
|
Av
kongeriket Rhodos. Aktis var ein
av sju kongar som regjerte Rhodos i fellesskap.
|
Tenages
|
RHODES
|
Døyeleg
|
Tenages
var ein av dei sju samkongane i kongeriket Rhodos.
|
Triopas
|
RHODES
|
Døyeleg
|
Triopas
var ein av dei sju samkongane i kongeriket Rhodos.
|
Kandalos
|
RHODES
|
Døyeleg
|
Kandalos
var ein av dei sju samkongane i kongeriket Rhodos.
|
Elektryone
|
RHODES
|
Døyeleg
|
Prinsesse
av kongeriket Rhodos.
|
PASIPHAË
|
PERSEIS
|
Døyeleg
|
Dronning
av kongeriket Kreta. Var mektig
troll-kvinne. (Perseis vart også
kalla Kreta)
|
AEËTES
|
PERSEIS
|
Døyeleg
|
Av
kongeriket Kolchis. Aeëtes hadde
trolldomsevner, og hadde fått lære mykje magi av sin far Helios.
|
Phasis
|
Okyrhoe
|
Døyeleg
|
Elvegud
og konge av Kolchis. Okyrhoe var
ei OKEANIDE.
|
PHAETON
|
CLYMENE
|
Døyeleg
|
Av
kongeriket Egypt. Køyrde
villmann med Helios' solvogn.
|
Lampetie
|
CLYMENE
|
Døyeleg
|
Av
kongeriket Egypt
|
PHOEBE
|
CLYMENE
|
Døyeleg
|
Av
kongeriket Egypt
|
Aigle
|
CLYMENE
|
Døyeleg
|
Av
kongeriket Egypt
|
HELIADENE
|
CLYMENE
|
Døyeleg
|
Av
kongeriket Egypt. Heliadene vart
forvandla til poppel-tre.
|
Aithon
|
|
Døyeleg
|
Aithon
fornærma ein gang DEMETER, og ho
straffa han med ein umetteleg hunger. Aithon var kanskje den samme som den
thessaliske kong Erichthonios.
|
Kamiros
|
RHODES
|
Døyeleg
|
Kamiros
var ein av dei sju samkongane på Rhodos. Han var son eller soneson av
Helios.
|
PERSES
|
PERSEIS
|
Døyeleg
|
Perses
vart konge over Kolchis.
|
Vi ser at Helios vart dyrka både i
Egypt, Rhodos, Kreta, på mange greske øyar, og i Korint. I India og Persia
hadde dei eit fiendtleg tilhøve til han.
Etter at kristendommen vart stats-religion i
Romarriket, var det i periodar streng straff (dødsstraff) for å studere
soloppgangen eller solnedgangen. Dei geistlege (prestar og kardinalar) såg på
dette som hylling til den gamle Solguden, som nå var forboden og tabu.
Sjøfolk fekk ikkje lov å ta merke etter solhøgda, og bønder fekk ikkje bruke
kalenderen for å avgjere når det var tid for å så, hauste, etc. Og det var
forbode å nemne stjernebileta med namn, for desse bar gudenamn frå den gamle
mytologien.
Sjå også PHANES, PHAETON og APOLLON
|
HELLE
|
Helle var søster av FRIXOS. Ho drukna
i Hellesponten. Helle var ein
variant av månegudina SELENE.
Hennar namn tyder "lysande". Sjå under KRYSOMALLOS.
|
HELLEN
|
Grekarane (hellenarane)
rekna kong Hellen som sin stamfar. Hellen var son av DEUKALION og PYRRHA.
Dette ekteparet vart spart i ein "syndeflaum" som utrydda alt anna
liv på jorda, fordi dei hadde så sterk gudstru. (Sjå DEUKALION).
Hellen slo seg ned i Thessalia, og med NYMFA Orseis fekk han tre søner - AIOLOS, DOROS og Xuthos.
Aiolos etterfølgde Hellen på trona i Thessalia. Doros emigrerte til Parnassos-fjellet. Aiolos og Doros
vart stamfedre til dei to greske folkestammene aiolane og dorarane. Xuthos vart stamfar til akaiarane i Mykene, og til ionarane. Men Xuthos overgav trona
til svigerbroren sin, KEKROPS.
Xuthos vart så upopulær for dette at han vart landsforvist.
Somme reknar med, utifrå
namnet, at den historiske Hellen gjorde teneste som øvsteprest (heilagkonge)
i eit tempel for månegudinna SELENE,
som i Thessalia vart dyrka under namnet HELLE,
Helene eller Helena. Det heiter at første folkestamma som kalla seg hellenarar kom frå Thessalia.
Forteljingar om syndeflaumar kjenner
vi frå mange gamle religionar, og det er sterke likskapstrekk mellom dei.
Jorda har truleg blitt råka av fleire katastrofe-flaumar, men det er kanskje
ein og same flaum det vert fortalt om i religionane kring Middelhavet, i
Sentral-Asia og i Arabarlanda. Gudane ville hemne seg på/straffe menneska,
men eitt menneske-par overlevde alltid utreinskinga, og førte menneskeslekta vidare.
Ein
teori er at det var ein stor meteor som kolliderte med Jorda og skapte ein
verdsomfattande katastrofe. Ein annan teori går ut på at Gibraltar-stredet
har klappa saman fleire ganger opp gjennom historien. Når Middelhavet vart avskore
for tilgang på vatn frå Atlantarhavet, tørka det etter kvart inn, og folk
kunne busetje seg der det før hadde vore hav. Når så Gibraltar-stredet åpna
seg att, fløymde vatn inn frå Atlanteren og laga flaum-katastrofe.
|
HEMERA
|
Hemera representerte Dagen
i oldtids-historikaren Hesiods
kosmologi. Hemera gav lys
til dei dødelege - menneska. (Gudane trengte altså ikkje lys for å sjå).
Hemera
oppstod (vart født) då NYX (Natta)
steig opp frå den mørke Underverda - TARTAROS.
ETHER (det klare luftlag) vart også
født ved dette. Hemera og Ether fekk saman dattera TETHYS, som også vart kalla Pelagos, og Thalassa. Tethys var sjølvaste Havet - Mor Hav.
|
HEOSPHOROS
|
Heosphoros var son av EOS og ASTREAOS. Hans namn tyder "lys-berar", og Heosphoros
var morgonstjerna. Med
morgonstjerna meinte grekarane planeten Venus,
når den stod opp før sola om morgonen. Heosphoros var ganske perifer i gresk
mytologi.
Heosphoros
vart på latin kalla LUCIFER, som
også tyder "lys-berar". (lux = lys; ferre = frakte). Dei tidlege
kristne rekna Lucifer som ein av dei mektigaste av alle Jahves englar. Så vart han engelen som gjorde opprør mot Jahve
(sikkert med god grunn), og han vart kalla "den falne engel", og Satan.
På hebraisk vart Heosphoros kalla Helel, som tyder "den lysande
gud".
|
HERA
|
Hera var datter av CHRONOS og RHEA, og
søster til ZEVS, HESTIA, DEMETER, POSEIDON, HADES. Hennar romerske motstykke var JUNO.
Faren, Chronos, slukte Hera straks ho
var fødd. (Les om dette under CHRONOS).
Då Zevs hadde fridd Hera og hennar
søsken frå Chronos' mage, vart ho oppfostra i Arkadia av Temenos,
som var son av den første mann – PELASGOS.
Dei fire HORAENE (årstidene) fekk oppdraget med å vere
barnepiker.
Det er sagt at Hera var tvillingsøster
av Zevs. Zevs var ein fæl kåting, og han oppsøkte ho i Knossos på Kreta (andre seier på Thornax-fjellet i Argolis,
som sidan er blitt heitande Gaukefjellet).
I byrjinga hadde Zevs liten framgang med sin kurtise. Han fann då på å skape
seg om til ein forpjuska gauk, og Hera tykte synd på denne stakkars gauken,
og ville verme den i fanget sitt. Men då vart gauken til Zevs att, og valdtok
ho. Hera valde å gå med på giftemål for å unngå skamma.
Alle gudane vart inviterte til Zevs og
Heras bryllup, og dessutan alle menneske og dyr. Gudane gav svære gåver. Av
Rhea fekk Hera eit tre med gullepler. Bryllupsnatta vart tilbrakt på øya Samos, og varte i 300 år. Hera bada
jamnleg i ei kjelde nær Argos, og
kvar gang ho bada, vart ho til jomfru att.
Offisielt fekk Hera og Zevs barna ARES, HEFAISTOS og HEBE. Men
somme har påstått at Ares, og hans søster
ERIS, vart til då Hera rørte ved ein spesiell blomst, og at Hebe vart til
då Hera ein gang rørte ved eit salatblad. Hera påstod at Hefaistos hadde komt
til ved jomfrufødsel. Hefaistos
nekta først å tru dette. Han sette mora si fast i ein mekanisk stol, og tvang
ho til å sverje ved elva STYX at
det var sant. (Den før-helladiske kulturen kjente ikkje
til at menn hadde noko med barnefødslar å gjere - dei trudde at kvinnene vart
gravide på grunn av vindane, eller
liknande).
Hera var stolt og majestetisk - og
herskelysten. Vogna hennar vart trekt av fargestrålande påfuglar. Ho var verne-gudinne for heim og ekteskap, og ho var dronning på OLYMPOS - gudanes palass.
I mange distrikt opptok Hera arven
etter den eldre månegudinna SELENE,
som saman med SOLA vart dyrka i
tida før Den olympiske gudefamilie dukka
fram på den mytologiske scene i Hellas. Kulten til den gamle Hera hadde sine
hovudsete på øya Samos, og i Argos.
Hera var ofte usamd med Zevs om korleis
verda burde styrast. Ein gang fekk ho i raseri i stand eit opprør. Zevs fekk
greie på dette, og henta til Olympos ei fæl kjempe med hundre hovud - HEKATONKHEIREN BRIAREOS. Denne glodde
ilsk på dei opprørske gudane, og dei skræmdes til tukt.
Hera var svartsjuk på Zevs' mange
elskarinner og barna desse fekk med han. Ho sendte ormen PYTHON for å plage LETO,
som fekk tvillingane APOLLON og ARTHEMIS med Zevs.
Ein gang lokka Zevs fjell-nymfa EKKO til å opphalde Hera med prat, så
ho ikkje skulle få tid til å utspionere sidespranga hans. Då Hera skjøna
samanhengen, vart ho så rasande på Ekko at ho tok halve stemma frå henne,
slik at bare siste lyd i kvart ord Ekko sa kunne høyrast.
Zevs måtte skape IO om til ei kvige, for å verne ho mot Hera. Hera tok då kviga,
og sette ARGOS til å vakte på ho.
Men Zevs og HERMES fridde Io og
drepte Argos. Hera sette Argos’ hundre auge på påfugl-halen - påfuglen var
favoritt-dyret hennar.
I
steinaldertid vart Hera hylla under tittelen ”himmelsk ku”. Io var kviga
(ungkua), som truga med å tilrive seg makta frå Hera. (Den unge tar over og
den gamle må vike).
|
|
Hera la Zevs' son HERAKLES for hat, og gjorde seg flid med å gi han vanlagnad. Ho
sendte slangar som skulle ta livet av han alt då han var reivunge, og seinare
fekk ho dei fæle AMAZONENE til å
gå til krig mot han. Men då Herakles omsider døde og vart teken opp til
gudane, gjorde ho seg til venns med han, og gav han dattera si, HEBE, til hustru.
JASON fekk hjelp av Hera då han
skulle hente Det gylte skinn i
landet Kolchis. Hera ordna det så
prinsessa der, MEDEA, vart
forelska i Jason. Medea var trollkunnig, og dette kom godt med.
Ein gang krangla Hera, ATENE og AFRODITE om kven av dei som var penast. Den stakkars prins PARIS av Troja måtte vere dommar. Alle tre lova muter (bestikkingar) -
Hera lova at Paris skulle verte herskar over Europa og Asia. Men han kåra
likevel AFRODITE - ho hadde lova å
gi han den skjønne HELENA til
hustru. Hera og Atene vart då rasande, både på Paris og Troja.
I
den oldgreske byen Mykene var Hera løve-gudinne.
Det fans løver i Søraust-Europa på den tida. Eg har skrive meir om
løve-gudinna under oppslagsordet CYRENE.
Så langt
gresk mytologi. I gresk gudetru var Hera herskarinne på
Olympos, i kraft av at ho var Zevs’ hustru. Men faktisk er Hera-dyrkinga
mykje eldre enn Zevs-dyrkinga. Den går tilbake til ei tid då den skapande
kraft - den store guddomsmakt, vart halden for å vere av ho-kjønn - den
mektigaste guddom var Mor-gudinna.
Og
mor-gudinna Hera hadde mange utsjånadar. Stundom vart ho avbileta som ein
fugl. Ho vart dyrka over store område, og dei eldste og viktigaste templa var
vigsla til ho.
At Hera seinare vart underkasta Zevs og framstilt som hans
sjalu hustru, er eit resultat av den største av alle revolusjonar; samfunna
gjekk over frå å vere kvinne-styrte
til å verte manns-styrte. Mytologien måtte tilpasse seg denne
radikale, sosiale endringa.
For ti-tusener av år sidan fokuserte
menneska på kvinnekroppen i
gudsdyrkinga si. Det kan vi lese av holemaleri, og av det hopetall små
steinskulpturar av gravide kvinner som er gravde fram frå europeisk
steinalder - super-fruktbare kvinne-skulpturar med digre bryst og rumper.
Barnefødslar
vart sett på som det viktigaste av alt. Barna skulle oppretthalde stammen -
dei var forsikring mot at stammen døydde ut. Barnefødslar gjorde stammen
mektig som sjølvaste våren - våren
som gav nytt liv til all grøde etter vinter-døden. Og vårens kraft vart sett
på som ei kvinneleg kraft, og kvinna vart dyrka som livgjevar.
Mange
tusen år seinare, for omlag 6-7000 år sidan, budde dei europeiske etterkomarane
av desse steinalderfolka i landsbyar.
Dei tilbad fuglar, slangar, og Jorda. Dei mektigaste
gudane var feminine, for det var kvinna som kunne frambere nytt liv.
Ein trur
at maskuline guddommar ikkje hadde stort å seie før det vart oppdaga at det
var mannen som gjorde kvinna gravid. Tidlegare trudde ein at kvinna vart
gravid av vind eller havbølger, eller andre naturlege og overnatulege
fenomen. Men sjølv etter at det var oppdaga at mannen hadde del i framveksten
av nytt liv, så vart kvinne-guddommen - ”Store Mor” halden høgst i ære, i
alle dei gamle kulturane i Europa. Det var fred mellom dei ulike
menneske-samfunna i den tida, og det var rikeleg med mat til alle. Det var Gullalder og Sølvalder....det hevda i alle fall seinare tiders
fortids-romantikarar.
Men så
skjedde det endringar, og ein langvarig periode med vald og krig byrja. Det
kom ein Jernalder. Europa vart invadert av folkeslag frå dei
veldige sentral-asiatiske steppene. Dei hadde med seg språk som var i slekt
med dagens fransk, italiensk, tysk og engelsk. Og dei hadde med ein Himmelgud - den øvste maskuline
guddom, som i seinare gresk mytologi vart kalla Zevs.
Dei
gamle, fredsame folkesamfunna i Europa var lette bytte for dei våpenføre,
innvandrande indo-europeiske folkestammene.
Somme stadar tok indoeuropearane heilt over - andre stadar blanda dei
seg med dei fastbuande, og kulturane vart også blanda.
Men
somme kom seg unna indo-europearane. Hardføre fjellfolk gjekk til kamp -
stundom måtte dei oppgi sine landsbyar, men dei fann seg nye stadar å slå seg
ned - dei fordreiv andre folk føre seg - det vart ein ”domino-effekt” - ein
kjede-reaksjon ...mellom anna vart Mykene
invadert av den gamle helladiske
stamma vi kjenner som dorarane.
Den
gamle orden ser ut til å ha halde ut lengst på Kreta, som var verna mot
invasjon frå land av det store Egear-havet. På Kreta overlevde Den minoiske kultur heilt fram til
ca. år 1000 fvt..
Men etter kvart måtte feminine
guddommar vike plassen for maskuline. Dette er den mest omseg-gripande revolt
i europeisk kulturutvikling. Frå denne overgangstida har vi mange av dei
viktigaste greske gude-sogene - det ser ut til at dei vart forfatta for å
skildre og forklare denne brytningstida - den store kamp om makta mellom ”Mor
Jord” og ”Far Himmel”.
Zevs’
mange kjærleiks-affærar kan ha utgangspunkt i dei mange seremoniane som vart
arrangerte for å foreine ”Himmelguden” i ekteskap med fleirfaldige lokale
mor-gudinner - for å få i stand fred og sam-eksistens mellom dei gamle
innvånarane og erobrar-folket. Mykje kiv, konkurranse og makt-kamp var det
nok. Zevs byrja føde barn - ATENE
sprang ut av panna hans. Så var han ikkje dårlegare enn Hera/Mor Jord. (Også
Atene var av før-gresk opphav).
Likevel vart det langtfra slutt på den gamle
Hera/Mor Jord-dyrkinga. Den heldt fram i det skjulte, og i forkledning, som fræve-kultarr, og patriarkane måtte
også akseptere at dei gamle kvinne-guddommane vart dyrka åpenlyst. Atene vart
som ein arvtagar etter Hera. Sidan det var ”jerntid” vart ho også
krigs-gudinne. Ho var fugle-gudinne som Hera, og hennar heilage fugl var ugla - ”MINERVAs ugle”. Og
denne heilage ugla er gammal...gammal.
|
HERAKLES
|
Romarane kalla Herakles for HERCULES.
Herakles
vart mykje dyrka i antikken, og det fans tempel for han overalt. Romarane
nytta namnet hans i understrekande bannord (mehercule!, merde!). Kvinner,
hundar, grisar og fluger fekk ikkje kome inn i templa hans. Bier og hestar
var bra. Han var ein gammal heilag-konge.
Skulle han ofrast, eller ikkje? Hans eigenskapar var dødsforakt og mannsmot.
Han bar alltid med seg ei treklubbe
til våpen. Sogene om han er mange, og heng ikkje alltid bra ihop. Herakles
var ein HERO. Hero-tida
(heltetida) opphøyrde då Herakles' ættlingar - Heraklidane, vende tilbake til Pelopponnes. (Sjå HYLLOS).
FORHISTORIEN
TIL HERAKLES FØDSEL: ALKMENE var datter av kong ELEKTRYON av Mykene. Alle hennar brør hadde falle i strid mot eit nabofolk.
Kongen lova Alkmene til den som kunne ta hemn på sønenes banemenn. Prins AMFITRYON frå Thebe meldte seg. Først vart det giftarmål, og så for prinsen ut
for å ordne opp. Men i himmelen sat ZEVS, og han fekk auge på Alkmene,
og vart straks hugteken. Han forkledde seg som Amfitryon, og lest som han var
Amfitryon som kom heim som sigerherre. Han skjenka også Alkmene eit
gullbeger. Alkmene skjenka då Zevs sin kjærleik. For å seinke Amfitryon frå å
kome heim, fekk Zevs HERMES til å
stoppe solas gang, slik at elskovsnatta fekk vare i tre døgn. Og knapt var
Zevs dradd sin veg, så kom Amfitryon heim etter vel utretta ærend. Men han
skjøna etter kvart at nokon hadde vore der med svik, og han såg at
gullbegeret var nett eitt han sakna frå sigersbyttet sitt. Sint og lei gjekk
Amfitryon med begeret til den blinde sjåaren TEIRESIAS, som straks avslørte Zevs. Amfitryon vart då smigra
over å ha hatt ein så fornem rival.
På
OLYMPOS skrytte Zevs av barnet HERAKLES, som snart skulle fødast av
Alkmene i Mykenes kongeborg, og han lova at barnet skulle få makt både over
menneske og gudar. Men HERA vart
avundsjuk, og laga intrigar og trollkunstar slik at lovnaden kom til å gjelde
ein samtidig født fetter av Herakles' mor - EURYSTHEVS.
HERAKLES
OPPVEKST: På
sin første dag - straks han var født, måtte Herakles kvele to digre slangar
som Hera hadde sendt for å ta livet av han. Sidan fekk Herakles lenge fred
for Hera, og hadde i ungdomsåra dei beste lærarar. Men stundom var han
ulydig. Då musikklæraren, LINOS 1,
kjefta på han, slo han denne ihjel med lyren.
Herakles
hadde valet mellom å leve i lyst eller å leve med ansvar, og han valde det
siste. Han drog til byen Thebe og
fridde byen frå undertrykkande nabofolk. I takksemd gav kongen av Thebe han
si datter MEGARA til ekte.
Herakles levde nokre år i lukkeleg familieliv der i byen, men så kom Hera på
banen att. Ho gjorde han besatt av vansinn, og han drepte kone og barn. Då
han kom til seg sjølv, drog han i fortviling til oraklet i DELFI for å høyre korleis han kunne
sone for denne synda. Oraklet befalte han i 12 år å tene hos sin mors fetter,
kong Eurysthevs, som herska i byen Tiryns
på Pelopponnes.
ÅR I TENESTE: Eurysthevs var livredd
Herakles, og sendte han på mange livsfarlege oppdrag for å skaffe han av
vegen. Men desse oppdraga meistra Herakles med glans - dei vart sidan
heitande Herakles' 12 storverk:
1:
JAKTA PÅ DEN NEMEISKE LØVA: Dette usårbare
udyret terroriserte traktene omkring Nemea.
Herakles klemde løva ihjel, og flådde ho med hennar eigne klør, som var det
einaste som beit på ho. Dette løveskinnet likte Herakles sidan å gå kledd i.
2:
KAMPEN MOT HYDRA: Dette
var ein frykta, mangehovuda giftorm, med hovud som vaks fram att ettersom dei
vart avhogd. Hydra hadde dessutan ein diger kreps til hjelpar - CANCER. Herakles' unge slektning, Iolaos,
hjalp til med å brenne halsane med glødande jern, ettersom Herakles hogg.
Herakles trampa krepsen under foten, og det eine av Hydras hovud, som var
udøyeleg, grov han ned under eit fjell. Etter kampen dyppa han alle sine
piler i Hydras blod, så dei vart til ufeilbarlege døds-piler.
3:
DEN ERYMANTHISKE GALTEN:
Denne villgrisen herja på den skogkledde åsen Erymanthis. Herakles jaga han fram og attende over ein snøbre,
til galten var utmatta og let seg fange i nett. Då Herakles kom heim til
Eurysthevs med galten, vart denne så redd at han sprang og gøymde seg i ei
stor krukke.
4:
ARTEMIS' LYNRASKE HIND:
Denne hjorten ville Eurysthevs ha fanga. Herakles brukte eit heilt år på
dette oppdraget.
5:
DEI STYMFALISKE FUGLANE: Dette var menneskeetande monster-fuglar som i tusental
hadde tilhald ved sjøen Stymfalos
i Arkadia. Herakles skulle jage dei vekk. Sjøen låg djupt inne i ein tjukk
skog. Fuglane hadde søkt tilflukt der, i redsle for å verte etne av
monster-ulvar. Herakles fekk då av ATENE
ein diger bronsekjele, som han slo mot eit berg som raga over sjøen. Fuglane
vart oppskræmde av denne larmen, og tok til vengene. Nokre skaut han, og jaga
resten.
6:
REINGJERE AUGIAS FJØS:
Kong Augias i landet Elis åtte enorme hjordar med oksar og
geiter, men fjøset hadde ikkje vore reingjort i manns minne. Herakles fekk
oppdraget, og han grov nytt leie for elva Alfeos, så ho rann tvers gjennom fjøset.
7:
TEMJE DEN KRETISKE OKSEN: Denne hadde POSEIDON
sendt opp frå havet, og oksen vart far til MINOTAUROS. Herakles fanga oksen, og tok han med til Mykene. Der sette oksen på sprang til
Marathon.
8:
DRAPET PÅ KONG DIOMEDES: Denne kongen i Trakia
fora hestane sine med menneskekjøt, til ære for POSEIDON. Nå vart Diomedes sjølv mat for hestane.
|
|
9:
HENTE AMAZONDRONNINGAS GYLTE BELTE: Amazon-dronninga heitte HIPPOLYTA, og beltet skulle Herakles
bringe til kongsdattera i Mykene.
Amazonene levde mannlause, og røva menn når dei trengte fedre til sine barn.
Alle gutebarn drepte dei. Dei skar av seg høgre brystet for betre å kunne
kaste med spyd og skyte med boge. Hippolyta hadde fått beltet av krigsguden ARES,
som æresmerke for utvist mot. Hippolyta vart forelska i Herakles, og ville gi
han beltet i elskovspant. Nå blanda Hera seg inn. Forkledd som amazone hissa
ho alle mot Herakles, som ho sa ville bortrøve Hippolyta. Amazonene angreip
til hest, men Herakles slo Hippolyta ihjel med beltet, og kom seg unna med beltet.
10:
HENTE GERYONS OKSAR: Herakles
måtte vestover mot storhavet (Atlantarhavet), der GERYONs oksar beita på saftige enger på ei stor øy langt vest i
havet. Geryon var ei kjempe med tre kroppar og tre hovud, seks armar og seks
bein. Herakles kom til Atlasfjella,
som den gang stod som ein mur mellom Afrika og Spania. Men Herakles braut ein
passasje - det nåverande Gibraltar-stredet.
To søyler sette han til støtte - "Herakles'
søyler".
Vi veit at
Gibraltar-stredet i tidlegare tider fleire gangar har vore stengt. Når ikkje
vatn frå Atlantaren fekk renne inn i Middelhavet, så tørka dette meir eller
mindre ut, på grunn av den sterke fordampinga. Når så Gibraltar-stredet åpna
seg att, rann ein gigantisk foss av atlantarhavs-vatn inn i Middelhavet, som
på få år fyltes att. Det er merkeleg at myte-forfattarane hadde kunnskap om
dette, for forskarane meiner at det er omlag 5 million år sidan sist gang det
skjedde at Gibraltar-stredet klappa saman.
Herakles truga så til seg solgudens gylte beger (sjå HELIOS), og med dette segla han
vestover - lenger vest enn nokon hadde løyve til. OKEANOS prøvde med veldige bølger å få skipet hans til å synke,
men Herakles skræmde han, og kom velberga fram til Geryons øy. Han drepte dei
tre kroppane til Geryon og hunden ORTHROS,
og stal kveget.
Dei to siste storverka var dei største:
11: HENTE HESPERIDENES GYLTE EPLE: HESPERIDENE heldt til lengst i vest. På vegen møtte Herakles GIGANTEN ANTAIOS, som var son av GAIA
og POSEIDON. Det vart brytekamp,
og kvar gang Herakles slengte Antaios i bakken, fekk denne fornya styrke, som
han henta frå si mor Gaia - "Mor Jord". Då fann Herakles på å løfte
Antaios til vers, og han heldt han i lufta til han døde.
Då Herakles la seg til kvile etter
kampen, vart han overfalt av PYGMEANE
- eit dvergfolk som kraup på Herakles som maur - hogg og stakk til han fekk
kosta dei av seg. Under eple-oppdraget måtte Herakles også drepe slangen LADON, som var sett til å vakte epla
for Hesperidene.
Omsider kom Herakles til ATLAS, Hesperidenes far, som bar
Himmelkvelven på skuldrene sine. Herakles overtalte Atlas til å hente seg
epla - han skulle halde Himmelen for han så lenge. Då Atlas kom tilbake,
ville han heller sjølv bringe epla til Eurysthevs, men Herakles fekk lurt seg
fri. Han bad Atlas hjelpe seg med å halde Himmelen eit lite bel, slik at han
fekk lagt seg ei pute på skuldrene. Men då Atlas greip fatt i himmelkvelven,
strauk Herakles sin kos.
12:
HENTE HUNDEN KERBEROS FRÅ UNDERVERDA: Den trehovuda helveteshunden Kerberos
skulle hentast frå Underverda. Der nede traff Herakles THESEVS og PEIRITHOOS,
som sat fastlåst på kvar sin stein. Herakles fekk fridd Thesevs, men ikkje
Peirithoos, som hadde vore så frekk å legge seg ut med sjølvaste PERSEPHONE. Så møtte Herakles hunden
Kerberos, som hadde slangar rundt alle hovuda og nedover rygg og hale. Hunden
for laus på Herakles, og gøydde så heile Underverda rista. Herakles tok
kvelartak, la lenke om halsane, og førte Kerberos til Eurysthevs. Denne vart
så skremt, at Herakles straks måtte sende hunden tilbake.
Med desse 12 storverka hadde Herakles
gjort plikttenesta si for Eurysthevs.
ANDRE
STORVERK (Kanskje oppdikta).
·
Befrukte
alle kong THESPIOS' 50 døtre på ei natt. Dette skulle vere det
travlaste av alle Herakles' storverk.
·
Drepe
den egyptiske kong Busiris, som
ville ofre alle utlendingar til høgare makter. (Var det OSIRIS?).
·
Hente
ALKESTIS tilbake frå Dødsriket.
Seinare historier om
Herakles fortel om moralsk forfall:
OMGANG
MED KENTAURAR: På
ei vandring traff Herakles ein hyggeleg KENTAUR
ved namn FOLOS, som trakterte han
med god mat. Men vin var det ikkje snakk om, for den hadde alle kentaurane i
felles-eige. Herakles tok seg likevel til rettes med vinen. Frå alle kantar
kom nå kentaurar som hadde kjent lukta av vin, og dei ville gå til åtak på
Folos fordi han hadde skjenka Herakles av vinen. Herakles gjekk på dei, og
skaut nokre av dei med sine gift-piler. Folos døydde også, då han rykte ut ei
pil for å berge ein av sine. Nå vart Herakles rasande. Han jaga alle
kentaurane, og dei søkte tilflukt hos den vise og udøyelege kentauren CHIRON. Chiron hadde ein gang vore
Herakles' lærar, og han prøvde å tale Herakles til rettes. Herakles skaut ei
pil i kneet hans. På grunn av smertene oppgav Chiron si udøyelegheit, og
gjekk i døden. Då vart Herakles så rasande at han drepte resten av
kentaurane.
SLAVE
HJÅ DRONNING OMPHALE: Herakles forelska seg i IOLE - datter av bogeskytaren Eurytos i Oikalia. Den som kunne overgå Eurytos og hans fire søner i
bogeskyting, skulle få Iole. Herakles prøvde seg, og sigra. Men Eurytos var
redd for at Herakles skulle drepe barn og hustru som han før hadde gjort, og
vegra seg. Ein av Ioles brør stødde Herakles, men Herakles drepte han i
vansinn. På nytt måtte han til oraklet i DELPHI,
men APOLLON vegra seg for å
hjelpe. I sinne greip Herakles PYTIAS
tripod (krakk med 3 bein), og ville fare sin veg med den. Zevs kom til og
fekk roa partane, og oraklet dømde Herakles til i tre år å vere slave for
dronninga OMPHALE i Lydia. Omphale kledde Herakles i
kvinneklede og sette han til kvinnfolkarbeid, medan ho sjølv tok hand om
løveskinnet og treklubba hans. (Hendingar frå denne
perioden av Herakles' liv har vore mykje brukt i halvpornografisk, komisk
teater).
Då
dei tre åra var omme, drog Herakles til Kalydon
i Aitolia, og gifta seg med den vakre kongsdattera DEIANEIRA. Men først måtte han kjempe mot elveguden ACHELOOS - ein annan beilar. Acheloos
kjempa i okseham, men fekk eine hornet avbrote, og tapte kampen. Under
bryllupet drepte Herakles munnskjenken sin i galskap, og i sorg ville han gå
i eksil med si nye kone. Ved ei elv tilbaud kentauren NESSOS seg å frakte jenta over. Herakles symde etter. Vel over
sette kentauren på sprang med jenta, og ville valdta ho. Herakles drepte han
med pil. Døyande fann kentauren på hemn. Han bad jenta ta vare på noko av
blodet hans, og sa det var kjærleiksmiddel. Det var det ikkje!
|
|
HERAKLES-BARN: Med MEGARA hadde Herakles sonen HYLLOS
og dattera MAKARIA. Kong EURYSTHEVS prøvde å forgjere desse
søskena, men dei tok rotta på han med hjelp av ein hær frå Aten.
Herakles fekk med prinsesse AUGE av Mysia sonen TELEFOS.
Herakles elska ein ungdom som heitte HYLAS. Denne dukka opp i soga om Det gylte skinn. (Sjå JASON). Hylas skulle hente vatn i ei
kjelde ved Mysias kyst, men nymfene som budde i kjelda vart forelska og drog
han i vatnet. Herakles oppgav ekspedisjonen han var på med ARGONAUTANE, og leita etter Hylas i
sorg og fortviling. (Dette temaet vart mykje
dramatisert og omdrøfta i antikken).
Ein gang drog Herakles tilbake til Oikalia - herja byen, og tok til
fange bogeskyttarens vakre datter, IOLE,
som han framleis var forelska i. Deianeira kjende seg forsmådd, så ho sendte
Herakles ei ny, fin drakt, med blod frå kentauren NESSOS smurd på innsida - ho trudde ho smurde elskovsmiddel på
drakta. Herakles kledde seg i denne drakta til sigers-ofringa, men Nessos'
blod var døyeleg gift - drakta hang fast til kroppen, og hud og kjøtstykke
følgde med då Herakles prøvde å rive ho av. Han forstod at dauden venta, og
gjekk opp på fjellet Oite - bygde
eit bål og steig opp på det. Men ingen ville tenne bålet, før gjetaren FILOKTETES kom forbi. Han tende
bålet, og Herakles gav han bogen og pilene. Heroen vart løfta til himmels i
ei tordensky. Han vart helsa velkomen av Zevs, og teken opp i gudanes krets
på OLYMPOS. Sjølv Hera let seg nå
forsone - ho gav han si datter HEBE, ungdommens
gudinne, til hustru.
Den greske historikaren Diodoros fortel
av Zevs' son, Herakles, anla ei demning i Nilen. Folka som budde der bygde eit tempel for han, og kalla
byen sin Herakleion etter Herakles.
Oldtids-historikaren Herodotos påstår at Herakles var
heimehøyrande i landet Fønikia.
Her var eit mektig tempel for han, og framfor templet stod to mektige
"Herakles-søyler" - den eine av reint gull - den andre av smaragd.
Våre dagars psykologar vil ikkje ha problem med
å diagnostisere Herakles som hyperaktiv.
|
HERCULES
|
Hercules var romarane sitt namn på HERAKLES. Hecules var den første
figur som romarane adopterte frå gresk mytologi. Det var ROMULUS som ordna dette, då han grunnla Roma, for Herakles hadde drept det eldsprutande monstret CACUS, som hadde hatt tilhald i ei
grotte på Aventin-høgda.
Hercules
fekk si statue og sitt altar på okse-marknaden i Roma – Forum Boarum, for striden med Cacus hadde handla om oksar.
Altaret vart kalla Ara Maxima, og
forretningsmenn ofra til Hercules. Dei gav han gjerne ein tidel (tiend) av
profitten sin. Skal tru kven som nytte godt av desse pengane?
|
HERMAFRODITOS
|
Hermafroditos var ein vakker unggut;
son av HERMES og AFRODITE. Han vart oppfostra av NAJADER på fjellet IDA – det er nok Ida-fjellet
austanfor Troja det er snakk om
her. Då Hermafroditos var 15 år, fekk han stor reiselyst, og for vidt
omkring. Særleg var han glad i å oppsøke elvar. Han kom så langt som til Lycia – det var vest i Lille-Asia, og
til dei kariske byane nær ved. Her fann han ein dam med så reint vatn at
han såg botnen klart, og omkring var siv-enger og mjukt, grønt gras. Her
heldt vass-nymfa SALMAKIS til.
Salmakis likte ikkje å springe på jakt i skogane saman med ARTHEMIS og dei andre nymfene. Dei hadde
bedt ho lage seg eit spyd og bli med, men ho ville heller tilbringe dagane
med å bade i dammen, stelle med sin vakre kropp og kjemme håret med
buksbom-kammen sin, og finne på nye frisyrar. Så studerte ho spegelbiletet
sitt i dammen, og når ho vart søvnig utpå dagen, så tok ho på sin
gjennomsiktige kjole, og la seg til å sove i graset. Vi kjenner typen!
Ein dag ho plukka blomster ved dammen,
såg ho Hermafroditos kome. Ho vart straks brennande hugteken, men ho tok seg
tid til å stelle og pynte på seg, før ho viste seg for han. Ho spurde kven
han var, og sa at om han var forlova, så ville ho vere elskarinna hans, men
var han ikkje, så ville ho gifte seg med han. Hermafroditos var sjenert og
uvan med kvinnfolk, så han raudna og vart ståande mållaus. Så ville ho kysse,
og la armane om han. Men Hermafroditos fausa ho vekk, og skreik at han sprang
sin veg om ho ikkje heldt opp. Salmakis vart redd då, og sa ho ville gå, så
han kunne få vere ved dammen i fred. Ho stakk inn i buskene, men la seg på
lur og spionerte.
Hermafroditos trudde seg nå åleine, og
fann ut han ville ta eit bad i det klare vatnet. Han kledde seg naken, og
stupte uti. Nå vart Salmakis fylt av brennande attrå, og ho reiv av seg
kleda, storma fram frå buskene og heiv seg i dammen. Hermafroditos kjempa
imot, men ho klamra seg til han med bein og armar, og kyssa og kyssa. ”Du kan
kjempe det du orkar, din skurk”, ropte ho, ”men du vert aldri kvitt meg!” Og
ho påkalla gudane, og bad om å få vere eitt med Hermafroditos til evig tid.
Og gudane stødde oppunder, og då dei to låg saman i graset, så grodde
kroppane deira saman til ein lekam. Dei to vart blitt til ein person, som korkje var mann eller
kvinne, men litt av begge deler.
Hermafroditos
klaga sin naud til Hermes og Afrodite. Han bad dei gjere dammen magisk, slik
at alle menn som sidan bada i den ville bli til hermafrodittar (tvekjønna). Foreldra bønhøyrde han, og få turde
sidan bade i Salmakis’ dam.
|
HERMES
|
Hermes vart
kalla MERKUR av romarane.
Etruskarane dyrka også ein gud ved namn Hermes - dette betyr at Hermes ikkje
var særgresk, men vart dyrka av fleire folkestammer. Hermes var i følge den
greske mytologien son av ZEVS og MAIA. Maia var datter av TITANEN ATLAS. Hermes vart født i ei fjellhole på Cyllene-fjellet
i Arkadia. Eitt av namna han vart
kalla ved, var Hermes Cyllenios. Hans
heilage fugl var hanen, og hans
heilage dyr var væren og skilpadda.Når han vart avbileta, var
han gjerne kledd som gjetar eller omvandrande handelsmann, og i tillegg til
den berømte staven sin, bar han gjerne på ein pengepung.
Hermes
tilhøyrde dei 12 Olympiske gudane,
og han var dei olympiske gudane
sin bodberar - i hovudsak var han
bodberar for ZEVS. I somme mytar
får vi høyre at Zevs også hadde ein annan bodberar - IRIS. Då er Zevs solguden som skal til å stå opp om morgonen, men
først kjem morgonrauden - Iris, og
ber bod om at Zevs snart kjem.
Hermes vart
avbileta som ein ungdom med gylt stav i handa - Mercurius-staven, og han hadde sandalar med venger, og hjelm. På
somme avbiletingar hadde også hjelmen venger. Ved hjelp av vengene kunne
Hermes reise med stor fart; ingen bodberar var snøggare enn han.
Ein bør gi seg tid til å grunde over Hermes' rolle som gudanes bodberar/gudanes sendebod. Hermes
kom til menneska med bod frå gudane om kva gudane ville at menneska skulle
gjere, eller korleis dei skulle forhalde seg i åndelege spørsmål ... kva
gudane krevde av menneska, og kva menneska kunne forvente av gudane. I Det Gamle Testamentet hadde Enok ei liknande rolle.
Hermes verna
om handel og samferdsel, og derfor
fekk han statuer av seg oppsett i handelsgatene.
Hermes hadde
også jobben med å føre dei avdødes sjeler til Underverda; (sjå HADES).
I denne rolla vart han kalla Psychopompos (sjele-førar).Vidare var han guddom
for søvn og draumar. Han var atletane sin vernegud, og vart dyrka
i folkebad (gymnasia) og på idrettsplassar. Han var også poetane sin
verne-gud, og gud for makt og rikdom. Makt og rikdom
vart i dei gamle bondesamfunna målt etter storleiken på kvegflokkane, og ei
av Hermes sine tidlege roller var å vere verneguddom for buskap.
Det er sagt at Hermes fann opp alfabetet. Sjå om dette under MOIRENE.
Hermes tedde
seg ofte som ein lurendreiar og tjuv. På sitt livs første dag drepte Hermes
ei skilpadde; sette strengar på skalet, og laga verdas første lyre, (streng-instrument). Så kraup
han tilbake til vogga, og spela på lyren så det skikkeleg svinga. Same dag
stal han kveget til broren sin, APOLLON,
og let kvegflokken gå baklengs, så broren ikkje skulle finne ut av spora. Han
måtte gi Apollon lyren sin for å blidgjere han etter dette spikket. Apollon
var ein stor musikk-elskar, og vart meister på lyre. Apollon gav Hermes
Mercurius-staven i motgåve, og den bar Hermes sidan alltid med seg. Hermes
fann opp eit musikk-instrument til - fløyta syrinx.
Mercurius-staven var omslynga av to ormar, og vi kjenner ikkje
meininga med desse ormane. Men særleg brukte Hermes staven når han førte
avdødes sjeler til Dødsriket. Det er sagt at Hermes kunne gi døde livet tilbake
med staven, om Hades gav løyve til det. Det var fleire guddommar i antikken
som nytta ein slik eller liknande stav - også dei egyptiske faraoane.
Romarane kalla staven caduceus, og
fredsgudinna PAX vart stundom
avbileta med ein slik stav. Caduceus vart også kalla "herold-stav",
og det var vel slik at når Herakles lyfte staven, så var alle forplikta til å
lye etter kva han hadde å seie. Staven var eit merke som viste at Herakles
hadde autoritet frå Zevs.
Hermes fann opp mange nye idretts-greiner innanfor kapplaup og
hestesport, og han var oppfinnar av bokse-sporten.
Då Zevs
skulle lure seg til samleie med ALKMENE,
fekk han Hermes til å stogge sola i tre døgn, for at dei skulle få ei
skikkeleg lang natt.
Hermes var
truleg far til skog-guden PAN. Om
kven som var mora, er så ulikt sagt, men somme har påstått det var PENELOPE. Hermes overlet etter kvart
til Pan å vere verne-guddom for buskapane
til bøndene.
Her er ei
liste over nokre av Hermes' elskarinner og avkom:
|
|
ELSKARINNE
|
BARN
|
MYTOGRAFISK
|
AFRODITE
|
Peitho
|
Hermes'
datter Peitho var den personifiserte overtaling
og forføring. Dette er
eigenskapar som handelsfolk har god bruk for.
|
AFRODITE
|
TYCHE
|
Sjå TYCHE
|
AFRODITE
|
EVNOMIA
|
Sjå EVNOMIA
|
AFRODITE
|
HERMAFRODITOS
|
Sjå HERMAFRODITOS
|
PENELOPE eller
DRYOPE
|
PAN
|
Pan hadde
geiteklauvar, og mora stygdes over dette. Men Hermes brakte Pan til OLYMPOS, og han vart svært populær
mellom gudane der. Han var skoggud
og gjetargud, med meir.
|
Chione
|
Autolykos
|
Autolykos
vart stor-tjuv som faren, (sjå SISYFOS).
Dessutan vart han farfar til ODYSSEVS.
|
Merrene til DIOMEDES
|
Abderos
|
Abderos
vart HERAKLES' våpen-berar. Ein
gang han skulle passe merrene til DIOMESDES
medan Herakles var ute og kriga, tok merrene laus, og drog Abderos etter
seg så han vart riven i filler. Herakles gravla han, og grunnla byen Abdera omkring grava, og innstifta Dei Abderiske Leikane til hans
minne.
I ein myte heiter det også at merrene åt opp Abderos. Då åt dei
sin eigen son, ifølge andre mytar. Vi forstår at Diomedes' merrer ikkje var
hestar, men prestinner som kledde seg ut som merrer under rituala. Rituala
var kannibalistiske - Abderos var ein heilag-konge som vart rituelt
valdteken, riven i filler og oppeten av prestinner i ekstase.
|
HERSE
|
KEPHALOS
|
Hans namn
tyder truleg penis-hovud.
|
Aglaulos
|
Eumolpos
|
Eumolpos
var ein av grunnleggarane av Dei
Eleusiske Mysteria.
|
Pandrosos
|
Ceryx
|
Hans namn
tyder herold, og han vart stamfar
til ein Atensk prestefamilie, kalla Kerukes.
|
Den romerske
historikaren Cicero meinte Hermes
måtte ha vore fem ulike personar. I Romarriket var han (Mercurius) gud for gjetarar, reisande, talarar, kjøpmenn, deklamatørar, lommetjuvar
og landevegsrøvarar. Han var også
vernegud for mål og vekt.
Alt som barn
utmerka Hermes seg som tjuv - han
stal gudanes dyraste eignelutar ved kløktige kupp. Zevs vart så imponert over
hans løynderåder at han tok han i personleg teneste, og gav han hjelm og
sandalar med venger.
I Roma feira
kjøpmenn Mercurius-fest 15. mai.
|
|
Ein gang fekk Hermes attrå
til HERSE, då han såg ho gå i prosesjon mot Akropolis med ei heilag korg med
fallos-symbol på hovudet. ATENE nekta han å gjere valdtekt på ho, men på noko
vis fekk han ordna seg allikevel.
Hermes spela truleg ei sentral rolle under ein stor, årleg
fræve-festival i Aten. Under rituala kom Herse berande på ei korg med fallos-symbol (buktande slangar, som
symboliserte lange penisar). Herse tilhøyrde ein prestinne-triade, som
tenestegjorde under ATENE. Dei to
andre prestinnene heitte Aglaulos
og Pandrosos. (Sjå AGRAULOS). Hermes ville elske med
Herse, men Aglaulos vart sjalu og stilte seg mellom dei. Hermes forvandla ho
like godt til ein stein, heiter det, men i røynda vart nok konflikten løyst
på anna vis, utan at vi veit korleis.
Hermes fekk sonen KEPHALOS
med Herse. Hans namn tyder hovud,
heiter det, men eg trur at hans namn tyder penis-hovud, og at denne sonen ikkje var nokon son, men eit
symbol for Hermes' erigerte penis.
Hermes fekk også søner med dei to andre trippel-prestinnene.
Med Aglaulos fekk han sonen Eumolpos,
og med Pandrosos fekk han Ceryx. Namnet Ceryx tyder herald (utropar), og Ceryx vart
stamfar til eit preste-kollegium i Aten, som vart kalla Kerukes. Om Eumolpos er det også sagt at han var son av POSEIDON og Chione. Her må vi grunde på tilhøvet mellom Hermes og Poseidon.
Poseidon var Atene sin maskuline gude-partnar i Aten. Korleis kom så Hermes
inn i biletet?
Eumolpos hadde eit dramatisk liv - han var skiftevis rømling
og konge. Av dette kan vi forstå at det var religions-kampar på gang på denne
tida. Til sist kom Eumolpos til byen ELEUSIS,
der han deltok i etableringa av Dei
Eleusiske Mysteria. Mange gåter er det i dette!
Hermes hjalp HEROEN PERSEOS då denne skulle drepe GORGONA MEDUSA. Hermes viste Perseos vegen til GRAIARENE, og dei forklarte han vegen
til Nymfene i Nord, som gav han magiske
våpen. (Sjå PERSEOS).
Hermes
bønhøyrde dronning NEFELE, og
sendte geitebukken KRYSOMALLOS med
gullskinn og venger, for å berga Nefeles barn, FRIXOS og HELLE frå
stemora INO. (Sjå KRYSOMALLOS).
Det vart
oppført tempel for Hermes over heile det greske område, men særleg i Arkadia
vart han mykje dyrka. På idrettsplassar og i gymnasia (bade- og
trenings-senter) stod statuer av han.
Om vi skodar
langt bakover i tida, finn vi ein eldre Hermes, med ei anna guderolle. Han
var ein fallos-guddom - ein
stein-penis som raga opp frå bakken som ein bautastein. Han representerte den maskuline fræve. Desse heilage
steinane var firkanta i tverrsnitt, og heitte herma; herav har Hermes fått namnet sitt. På toppen av ein herma
var gjerne plassert ei byste av Hermes' hovud - som oftast med kraftig
skjegg, og rundt sokkelen var herma pynta med skulpturerte, mannlege
kjønnsorgan.
I fleirtall
heitte herma hermai. Desse
"utropsteikn" for manndomskraft vart ofte oppført som
grense-steinar. Vi veit at hannane av mange dyreartar markerer sitt revir
(omåde) ved legge att luktspor, klore bark av trestammer og liknande. Mennene
i desse tidlege menneske-samfunna markerte sitt revir på liknande vis, ved å
oppføre hermai - kom ikkje her!
Hermai vart
også brukt som vegmerke - dette er nok knytt til Hermes' rolle som vernegud
for vegfarande og handelsmenn. At også landevegsrøvarar dyrka Hermes som sin
vernegud, gjer saka noko komplisert.
I Aten
vart hermai oppsett framfor bustadhus, for å bringe god lukke til familien.
God lukke handla nok om å få mange barn, så i denne samanheng var Hermes
fallos-guddom.
Ei natt, i 415 fvt., vart dei fleste
heramai i Aten vandalisert og knust. Det var akkurat då den atenske
krigsflåte førebudde seg til angrep på Syracus; under Pelopponnes-krigen. Ein fann ikkje ut kven dei skuldige var, men
somme trudde det var atenske freds-aktivistar, og andre trudde det var
sabotørar frå Syracus.
For Babylonarane var Hermes guden som brakte rikdom.
Renessanse-menneska
i Italia såg på Hermes som ein
ulukkes-bringar.
Germanarane
assosierte Hermes med Odin
(Wodan).
Etruskarane kalla
han Turms - han var gudanes
sendebod, og leia dei dødes sjeler til Dødsriket.
Egyptarane
assosierte han med Thoth - gud for
magi, alkymi og astrologi, og som også vart rekna som oppfinnar av hieroglyfane og kalenderen, og som brakte
dei avdøde til Dødsriket.
Sumerarane kalla
Hermes Gud, og rekna han som ein regngud og fræve-gud.
Assyrarane kalla
han Nabu, og rekna han som ein
herold, og som ein himmelsk sekretær som førte reknskap over menneskas
gjerningar. Han var visdoms-gud, og ansvarleg for korleis det komande året
skulle bli.
|
HERMES
TRISMEGISTOS
|
I hellenistisk tid slo
mange grekarar seg ned i Egypt, og grunnla heile greske samfunn der. Der
dreiv hovudsakleg med handel. Dei fann på å slå saman Hermes med den
egyptiske dødsguden Anubis. Dette
vart ein ny kombinasjonsguddom som fekk namnet Hermanubis.
Ein av sein-antikkens
Egypt-farga mysterie-religionar dyrka Hermes med alvor og andakt, under
namnet Hermes Trismegistos - den
tredobbelt store Hermes. Denne dyrkinga hadde sitt senter i den mektige egyptiske
byen Shmun. Mange greske
immigrantar slo seg ned i Shmun, og som følge av dette, vart i Shmun den
gamle, egyptiske gud Thoth bytta
ut med Hermes. Byen Shmun fekk også nytt namn - Hermopolis, oppkalla etter Hermes. Den eldgamle Thoth var
sendebod for den egyptiske sol- og himmel-guden Ra, og hjalp også til med å bringe avdødes sjeler til Dødsriket.
Grekarane fann ein klar samanheng mellom Hermes og Thoth.
For
egyptarane var det viktig å begrave den avdødes kropp slik at den ikkje råtna
eller vart skadd på andre måtar. Mumiene vart preparerte og godt innpakka, og
lagt i digre steikister (sarkofagar), som var plassert i gravkammer djupt
nede i ørkensanden eller i pyramidar. Korkje vatn, luft, lys eller småkryp skulle
ha muligheiter til å trenge inn. Gravene var "hermetisk lukka", og
ordet hermetikk har si rot frå
namet Hermes.
Det
heiter at Hermes Trismegistos var forfattar av Dei Hermetiske Bøker - 36 535 bøker om visdom, magi og egyptisk
historie. Eigentleg var det nok Egypt.guden Thoth som hadde forfatta desse bøkene. Dei var gøymt under
Himmelen, og bare ein verdig - ein
som ville bruke bøkenes magiske visdom til menneskeheitas beste, kunne finne
dei. Ingen har ennå funne dei hermetiske bøkene, så om du treng ei utfordring
og oppgåve i livet....
Den
egyptiske historikaren Manetho
henta sin kunnskap om Egypt i gammal tid frå nokre søyler han fann, med
inskripsjonar som den gamle guden Thoth
hadde gjort. Det er kanskje av dette at Thoth har fått æren for å ha oppfunne
alfabetet (hieroglyfane), og kanskje
av dette har Hermes fått æren for alfabetets oppfinning.
Hermes
Trismegistos vart dyrka for sin store visdom - "han som var
allvitande". Han var ein himmelsk guddom, og tok bu i hjarta til dei som
trudde på han. Hermes var både i himmelen og hos menneska - han var både
guddommeleg og menneskeleg - slik Kristus
påstod om seg sjølv. Så var Hermes Trismegistos guden som magikarar og
medisinmenn påkalla når dei ville påverke naturens gang. Krist-kyrkja påkallar ennå sin guddom på samme vis - med bøner og
forbøner.
Kulten
omkring Hermes Trismegistos hadde stor påverknad på utviklinga av Kristendommen og Islam. Kulten var nærknytt til Stoismen og Ny-Platonismen.
Kristkyrkja agiterte seinare sterkt mot Hermes Trismegistos, og såg på hans
kult som ein farleg motstandar.
Den
seinare filosofien som oppstod omkring Hermes Trismegistos, var noko av
grunnlaget for at den europeiske
renessansen kunne vekse fram - ein freistnad på frigjering frå Kyrkjas
bandlegging på tanke og fornuft. Det var arabarane som først greidde å
frigjere tanken frå presteskapets undertrykking, og i det 13. århundre evt.
blomstra renessansen fram i Italia, med radikal nytenking på alle plan. Men
snart slo kyrkja tilbake, og all nytenking vart fordømt som kjetteri og
spotting av Gud. Jorda skulle vere flat! Ennå i dag har vi ikkje greidd å
frigjere oss frå Kyrkjas bandlegging av tanken, i samme grad som
renessanse-menneska i Italia greidde det for 500 år sidan.
Hermes
Trismegistos gjorde mange nyttige og store oppdagingar og oppfinningar. Han lærte
folk korleis dei kunne skrive ned sine tankar og formulere sine talar. Han
koreograferte seremoniane for dyrkinga av kvar einskild gud, han nedteikna
stjernenes vandringsbaner, han fann opp musikk, kroppsøving, aritmetikk,
medisin, metallurgi, lyren med tre strengar. Han oppdaga stemmas tre tonar -
den skarpe frå etteråret, den grove frå vinteren, og den jamne frå foråret.
Han lærte grekarane å tolke sine observasjonar.
Den
mest vidkjende av Dei Hermetiske Bøker heitte "Visjonen". Den
forklarte korleis Kosmos har
utvikla seg og skal utvikle seg, og også korleis menneske-sjela har utvikla
seg og skal utvikle seg vidare. I ein periode vart denne boka kalla
"Enoks Bok", men så fann ein ut at dette var feilaktig namngjeving.
Det
er usikkert kva det greske namnet (eller tittelen) trismegistos tyder. Tre forslag er: "tre gangar stor",
"den tredje største", "tre gangar velsigna". Det heitte
at Hermes Trismegistos sat inne med all verdas kunnskap, så namnet har
kanskje noko med dette å gjere.
I Første
Mosebok heiter det at i tida like etter skapinga, så fans det ennå kjemper på jorda - dei gjekk omkring
mellom menneska. Thoth var ei slik
kjempe. Dei Hermetiske Bøker var eigentleg Thots Bok. Denne boka var skriven med underlege, magiske
hieroglyfar og andre symbol, som gav åndeleg makt til dei som visste korleis
dei skulle lesast. Ein kunne utvide medvetet, slik at ein oppnådde direkte
kontakt med det guddommelege. Thots bok inneheldt "mysterier"!
Thots bok inneheldt nøkkelen til udøyelegheit!
Legendene
hevdar at Thots Bok vart oppvara i eit gullskrin i templets innste heilagrom.
Det fans bare ein nøkkel til skrinet, og den vart vakta av ein prest som vart
titulert "Mysterienes Meister".
Bare han kjente innhaldet i boka. Då landet vart hærtatt av framande
styrkar, greidde presteskapet å flykte med boka til eit anna land - dei transporterte ho i forsegla
innpakking i ei heilag boks. Det går
rykter om at sigøynarane har boka
i eige nå. Sigøynarar vert kalla gipsies
på engelsk. Dette namnet tyder "egyptarar". Sigøynarane var SERAPIS - dyrkarar. Då dei måtte
rømme frå Egypt, brakte dei Thots Bok med seg. Boka skal vere på 78 blad, og
vert også kalla "Den Bohemiske TAROT",
og "Boka om Chaos".
Det
oppstod ei eigen religiøs filosofi omkring Hermes Trismegistos, kalle Hermetismen. Denne filosofien hadde
sitt hovudsete i Alexandria. Den
likna i mangt på Buddhismen. Ei
samtidig og nærknytt filosofi-retning var Gnostisismen.
|
HEROANE
|
Dei fleste av dei greske heroane var
kongar eller kongssøner som utførte heltegjerningar som gav dei legendarisk
ettermæle. Ordet Hero kjem av HERA, for mange av heroane hadde
vigsla seg til denne gudinna. Deira lekamar låg i tryggleik i Mor Jord
(Hera), medan deira sjeler reid til Heras’ Paradis på BOREAS
(Nordavinden) sin rygg. Dette hevda ein gammal historieforteljar.
I ettertid har tittelen Hero fått
tydinga "helt". Heroane utøvde veldige heltedådar på krigens
slagmark, eller dei kjempa og overvann drakar og andre uhyre. Heroane var
super-elite-soldatar. I tillegg til sitt veldige mot; sine kjempekrefter og
makelause våpenførleik, fekk dei hjelp av gudar og gudinner, som utstyrte dei
med magiske våpen av mange slag. Det var vanleg at heroane (som kongane)
påstod seg å ha ein gud til far eller ei gudinne til mor.
Det låg
mykje politisk psykologi bak hero-dyrkinga. I krigstider var kongen og sønene
hans hærførarar - for ulike hæravdelingar. Når eit slag var vunne, så fekk
hærføraren æren, og det vart ofte smurt tjukt på, så han vart skrytt opp i
skyene. Seinare generasjonar la til endå mykje meir, så heroanes krigar-evner
vart ganske overjordiske. Heilag-Olav
var ein slik hero for det norske folk.
Mange av
hero-legendene er symbol-historier, som eigentleg fortel om religionskamp
mellom den gamle matriarkalske kulturen og den innvandrande patriarkalske
kulturen. Det er patriarkatet som har komponert mange av desse legendene, og
dei fortel om heroar som overvinn dei gamle gudinnene og deira prestinneskap,
representert ved uhyre og monster av mange slag.
Mange
av heroane utførte sine heltedådar under Trojanar-krigane.
Det fans også kvinnelege heroar - Heroiner. Desse utmerka seg sjeldan i
krig og kamp. Heller var dei objekt for heroanes attrå. Dei hadde rolle som
kjærast, elskarinne, kone, mor, forførarinne, intrigemakerske, profetinne,
magisk hjelperske, "stridens eple".
LISTE
OVER HEROAR OG HEROINER
|
ACHILLES
|
Son av kong Peleos og sjønymfa THETIS
|
AGAMEMNON
|
Konge av Mykene
|
AJAX
|
Gresk kongsson
|
ALCESTIS
|
Dronninga til kong ADMETOS
|
ALCMENE
|
Mor til heroen HERAKLES
|
ANCHISES
|
Far til heroen AENEAS
|
ANDROMACHE
|
Kona til den
trojanske heroen HEKTOR
|
ANDROMEDA
|
Datter av dronning CASSIOPEIA
|
ANTIGONE
|
Datter av heroen
kong OEDIPOS
|
ARIADNE
|
Datter av kong MINOS
|
ATALANTA
|
Prestinne i ein
matriarkalsk jegar-kult
|
ATREOS
|
Son av kong PELOPS av Elis
|
BELLEROFON
|
Son av kong GLAUKOS av Korint
|
CASSANDRA
|
Datter av kong PRIAM av Troja. Hadde profet-evner
|
CASSIOPEIA
|
Dronning av Etiopia
|
CASTOR
|
Son av dronning LEDA av Sparta
|
DANAË
|
Mor til heroen PERSEOS
|
DEIANEIRA
|
Kona til heroen HERAKLES
|
DIOMEDES
|
Konge av Argos
|
ELEKTRA
|
Datter av kong AGAMEMNON
|
HEKTOR
|
Prins av Troja
|
HEKABE
|
Dronning av Troja
|
HELENA
|
Datter av dronning LEDA av Sparta
|
HERAKLES
|
Den største av alle
heroane. Son av ZEVS og ALCMENE
|
HIPPOLYTA
|
AMAZONE-dronning
|
HIPPOLYTOS
|
Son av heroen THESEVS og HIPPOLYTA
|
KADMOS
|
Grunnleggar av byen Thebes
|
KLYTAIMNESTRA
|
Dronninga til kong AGAMEMNON
|
ODYSSEVS
|
Hovudperson i det
store diktverket Odysseen
|
OEDIPOS
|
Konge av Thebes
|
ORION
|
Son av havguden POSEIDON
|
ORFEOS
|
Son av guden APOLLON
|
PANDORA
|
Første kvinne
|
PARIS
|
Prins av Troja
|
PENELOPE
|
Kona til heroen ODYSSEVS
|
PENTHESILIA
|
AMAZONE-dronning
|
PENTHEOS
|
Konge av Thebes
|
PERSEOS
|
Son av dronning DANAË av Argos
|
POLYDEUKES
|
Son av dronning LEDA av Sparta
|
TELEFOS
|
Son av heroen HERAKLES
|
THESEVS
|
Konge av Aten
|
|
HEROPHILE
|
- sjå SIBYLE.
|
HERSE
|
Herse
var datter av kong KEKROPS; hennar
søstre var AGLAUROS og Pandrosos. Herse var ei av tre
gudinner i ein gudinne-triade som
hadde sitt tempel på Akropolis i Aten. Herse bar ei heilag korg med
fallos-symbol i prosesjon til Akropolis, då ho vart valdteken av HERMES, med ATENES velsigning. Herse var fræve-gudinne,
skapingsgudinne som den gamle Hera,
og ho var EVRYNOME sin forgjengar.
(Les meir under HERA og AGLAUROS).
|
HESPERIDENE
|
Hesperidene var dei sju fagre døtrene
til ATLAS. (Sjå også PLEIADENE,
som var eit anna namn på dei). Det er sagt at PLEIONE var mora deira, men det er mange motseiingar om dette i
mytologien. Somme meinte at Pleiadene og Hesperidene var dei samme, medan
andre hevda at dei var to ulike NYMFE-flokkar.
Hesperidene
budde med sin far, Atlas, i vakre hagar i solnedgangens land. Her vakta dei
over nokre gylte eple, som HERAKLES til
sist greidde å røve frå dei. Hesperidenes hagar var ei gåve frå GAIA
til HERA, og låg i nærleiken av Atlas-fjella - langt i vest, der sola går ned om
kvelden. Hesperidene hadde med kveld
å gjere - deira namn kan omsetjast med "kvelds-nymfene". Dei
var ikkje udøyelege.
Det går mange teoriar om kven som var
foreldra til Hesperidene. Her er fem av teoriane:
FAR
|
MOR
|
EREBOS
|
NYX
|
PHORCYS
|
KETO
|
ZEVS
|
THEMIS
|
ATLAS
|
HESPERIS
|
ATLAS
|
PLEIONE
|
Det er også emne til diskusjon om talet på
hesperider var 3, 4 eller 7, og kva kvar av dei heitte. Her er tre teoriar om
dette:
Versjon 1:
|
Apollodorus:
|
Plinius:
|
|
|
|
AIGLE (aegle)
|
AIGLE
|
AEGLE
|
ARETHUSA
|
ARETHUSA
|
|
ERITHEIA
|
ERITHEIA
|
ERYTHEIS
|
HESPERE
|
|
HESPERE
|
HESPEREIA
|
HESPERIA
|
|
HESPERUSA
|
|
|
HESTIA
|
|
|
Hesperidene var jomfruelege, og heldt
seg ofte i lag med jaktgudinna ARTHEMIS.
Då ORION ein gang forfølgde dei,
bad dei gudane om hjelp, og ZEVS forvandla
dei til duer som flaug opp på stjernehimmelen, og så vart dei til
”Sjustjerna” - Pleiades - ein
stjernekonstellasjon i stjernebiletet Taurus.
I ein annan myte heiter det at
Hesperidene tok sjølvmord då dei fekk høyre at deira åndelege søstre, regnmakar-prestinnene
HYADENE hadde omkome.
Hesperidene
var tempel-prestinner ved ein kultstad lengst vest i Middelhavet. Hyadene
hadde ein tilsvarande posisjon, men lengst i aust - ved Bosporos eller Svartehavet. Begge desse
prestinne-skapa måtte gi tapt for ein innvandrande, patriarkalsk kultur.
Plinius meinte hesperidene heitte Hespere,
Aegle og Erytheis, og at
dei heldt til i ein frukthage som GAIA (Mor Jord) gav til HERA,
og som låg nær megalitt-byen Lixus
i nåverande Marokko, og at det hadde vore eit tempel for Herakles her. Somme
kalla Hesperidene " Nattas (NYX') døtre", men
andre sa dei var døtre av ATLAS, og at dei sang så vakkert.
Hesperidenes
sang var ein kvelds-sang - vesper, som det heiter i latinsk
kyrkje-liturgi. Dei sang når Sola gjekk ned.... dei sang for ein
avdød konge - Solas representant på Jorda....dei sang for Sol-kongen og Sol-guden.
Ved
solnedgang deler horisonten Sola i to, samstundes med at Sola får farge som
eit eple. Kuttar du eit eple på tvers, ser du at kjernehuset formar ei
femtakka stjerne. Denne stjerna skal vere eit kjærleiks-symbol. I kjernehuset
er også eple-kjerner. Horisonten sår desse når han kløyver sol-eplet i to, og
neste morgon spirer ei ny sol fram på himmelen.
Herakles drepte slangen LADON, som i utgangspunktet skulle hjelpe
Hesperidene med å vakte epla deira, men som for med svik.
Det heiter at dei gylte
epla som Hesperidene vakta i sine hagar, var ei bryllupsgåve frå HERA til ZEVS. Epla var ei gåve frå Mor Jord til Far Himmel, då desse to
elementa inngjekk ekteskap. Desse epla gav evig liv, liksom Iduns epler i den norrøne mytologien.
Zevs bad sin bror ATLAS passe på
epla, og Atlas sette draken LADON
med hundre hovud, og sine døtre Hesperidene til vaktarar. Men i eldre myter
heiter det at Hesperidene prøvde å stele epla frå Atlas. Om vi kjente til
endå eldre myter, ville vi kanskje få høyre at Atlas hadde stole epla frå
Hesperidene, og at Hesperidene prøvde å stele dei tilbake.
Vi må rekne med at Hesperidene var prestinner i
ein matriarkalsk kult, og at denne kulten vart undertrykt av dyrkarane av dei
patriarkalske gudane Zevs og Atlas. Zevs hadde tiltvunge seg ekteskap med den
matriarkalske Jord-gudinna Hera, og som Heras ektemake krevde så Zevs retten
til epla. Hera var alt gjort makteslaus, men Hesperidene fortsatte kampen mot
patriarkatet. Men til sist måtte også Hesperidene gi tapt. Herakles stal
epla, og Hesperidene hamna på stjernehimmelen. Frå ein så fjern posisjon
kunne dei ikkje lenger stikke kjeppar i hjula for Zevs og flokken hans.
|
HESTIA
|
Hestia hadde sitt romerske motstykke i VESTA. Hestia var datter av CHRONOS
og RHEA og ho var søster til HERA, DEMETER, POSEIDON, HADES. Namnet hennar tyder hjerte,
og namnet hennar tyder også ovn,
eldstad, for eldstaden var "heimens hjerte". Du har høyrt
uttryket "brennande hjerte"? Faren slukte Hestia og hennar
søsken straks etter fødselen, men ZEVS
tvang sidan Chronos til å spy ut att alle barna han hadde slukt.
Det er
sagt at ei av HESPERIDENE også heitte Hestia. Det må vere ein eller
annan samanheng her, men den kjenner vi ikkje.
Hestia var mellom anna gudinne for heimen, og eldstaden i alle
heimar var hennar heilage altar og trone. Ho var gudinne for den heilage elden. Hestia vart gjerne
trudd å ha bu i oskehaugen. Her låg trekol og glødde over natta, slik at ein
kunne blåse fram ny eld neste dag.
Hestia tilhøyrde dei tidlege gudane,
som har røter tilbake til Den
allmektige mor-gudinna frå steinalderen. Under ofrings-seremoniar vart
det første offerdyret vigsla til Hestia.
I
steinalderen hadde ein ikkje kunnskap om at det trengtes ein mann for å fræve
ei kvinne. Barn kom kun av kvinna, meinte dei
- ho var den fruktbare. Jordas grøde var det også kvinna som stod bak,
meinte dei vidare, og ”Mor Jord” måtte velsignast av kvinnene for å gi god
grøde. I mange av dei gamle europeiske kulturar fekk kvinnene stor makt ved å
ha posisjon som fræve-givar (fruktbarheits-givar). Dei gamle kulturane var
meir eller mindre matriarkalske.
Mannen si rolle var å verne kvinner og barn mot fiendar, uvér, ville dyr og
andre farar. Denne mannsrolla er godt rotfesta også i vår tid.
Eitt
av Hestias symbol er Den Evige Flamme.
I hennar tempel brann elden natt og dag, og vart nøye vakta av prestinner. Om
elden døydde ut, så slokna livet! I gamle tider var ein avhengig av brannar
etter lynnedslag eller likande, for å skaffe seg eld. Ein tidleg Zevs (eller Tor) brakte elden til menneska. Så
vart elden nørt natt og dag på eit heilagt altar, og familiene kunne kome til
altaret og hente eld til heimane sine. Kanskje måtte dei betale ei avgift?
Kanskje vart det påbod om at alle heime-eldar skulle sløkkast til visse
tider, og at ny eld måtte hentast ved altaret? Når ein ny by vart grunnlagt,
så vart det bygd eit Hestia-altar på ein sentral plass i den nye byen, og eld
til altaret vart henta frå ein naboby. Omkring by-altara for Hestia vart det
bygd tempel med sirkelforma grunnflate.
Sidan
eldstaden i heimen var sentral i familiens daglege rytme når det gjaldt
måltida, så vart Hestia vernegudinne for dei
daglege gjeremål - ho vart vernegudinne for skikk og bruk, for gjestekjærleik
og for heimens tradisjonar.
Hestia vart dyrka kvar dag, når det vart fyrt opp i ovnen. Alle nyfødte vart
haldne opp framfor ovnen, for at Hestia skulle velsigne dei og anerkjenne dei
som familiemedlemmar. Elden i ovnen skulle vaktast av ei kvinne i familien
som var jomfru. Før alle måltid byrja, vart det sagt fram ei bordbøn retta
til Hestia, og kasta ein matbit i ovnen, som ei offergåve til ho. Også ved
måltidas slutt vart det bedt og ofra til Hestia.
Hestia
vart ein av dei 12 medlemmane av Den
Olympiske Gudefamilie - ho var den førstefødte av barna til CHRONOS og RHEA, hevda grekarane. Men seinare måtte ho avstå sin plass på OLYMPOS til DIONYSOS.
Hestia vart oftast avbileta
fullstendig tildekt i ei sid kappe. Også håret hennar var tildekt - ho var
jomfrueleg. Eselet var det dyret
som oftast vart ofra til ho.
I dei gamle greske heimane var
nesten alltid ei søyle plassert framfor utgangsdøra. Denne søyla vart kalla herm, og var dedikert til guden HERMES. Og midt i huset stod ovnen,
som altså var dedikert til Hestia. Symboliserte desse to gjenstandane det
mannlege og det kvinnelege aspekt? Hermes måtte alltid ut og fare - vidt
omkring; erobre og oppdage. Hestia var den heimlege tryggleik, som alltid tok
vel imot den som kom heim.
Sjå også VESTA.
|
HIPPONA
|
Hippona var opphavleg ei gallisk
vernegudinne for hestar, som vart kalla Epona.
Romarane adopterte ho, og ho vart særleg dyrka av ryttarsoldatar.
|
HIPPOLYTA
|
Hippolyta
var
datter av krigsguden ARES. Mora
til Hippolyta heitte Otrera, og
var dronning over AMAZONENE.
Hippolyta vart AMAZONENE-dronning
etter ho. Alle amazonene rekna seg som døtre av Ares.
Kult-dyret til amazonene var hesten. Hippolytas namn tyder
"Den skræmelege hest".
Hippolyta vart den mektigaste av
amazone-dronningane, og var den vakraste og sterkaste kvinna i si tid.
Gullbeltet ho bar var eit amazonsk dronning-regalia.
Hippolyta vart forelska i Herakles, og var villig til å gi han beltet i gåve,
men Hera, som hata Herakles som pesten, blanda seg inn. Ho utkledde seg som
amazone, og sette ut rykte mellom dei andre amazonene at Herakles hadde komt
for å bortføre Hippolyta. Så gjekk alle amazonene til kamp mot Herakles, og
han trudde Hippolyta hadde forrådt han - drepte ho og stakk av med beltet.
(Herakles niande storverk).
Hippolyta er blitt samanblanda med
amazone-dronningane ANTIOPE og MELANIPPE. Det er dårleg samsvar
mellom dei ulike mytane om Hippolyta, så eitt eller anna må vere feil. I ein
myte heiter det at Hippolyta, som også vart kalla Antiope, drog friviljug med
Herakles til Aten og gifta seg med
THESEVS. I ein annan myte heiter
det at Hippolyta, saman med si søster Pentesilia
og ein hær av skytarar, beleira
Aten for frigjere Antiope, som Herakles og Thesevs hadde bortført. Dei slutta
fred og trekte seg tilbake då Antiope stod fram og sa at ho friviljug ville
gifte seg med Thesevs. Eg reknar med at denne myten er komponert for å pynte
på dei historiske hendingane - truleg vart amamazonehæren krigens taparar.
Dei måtte be om nåde for ikkje å verte slakta ned, og atenarane sette då som
krav i fredsavtalen, at Antigone skulle inngå ekteskap med Thesevs -
atenaranes konge.
Thesevs og Antigone fekk sonen HIPPOLYTOS - oppkalla etter
dronning-tante Hippolyta. Dette var nok eit politisk smart trekk. Hippolyta
vart blidgjort, og mindre ihuga på å hemne nederlaget. Når atenarane hadde
underkua eit nabofolk, pla dei arbeide for å oppnå fredeleg sameksistens;
gjerne ved å ære dei underkua.
Hippolyta
vart til sist drept av si søster Pentesilia - det var ei jaktulykke, heiter
det. Pentesilia vart nå ny amazone-dronning, sjølv om mange av amazonene
sette seg imot dette. Og dei tre hemngudinnene - FURIENE, plaga sidan Pentesilia.
|
HIPPOLYTOS
|
Hippolytos var son av AMAZONA
ANTIOPE og Atens konge, heroen THESEVS.
Han var oppkalla etter Antiopes søster HIPPOLYTA.
Stemora Phaedra vart forelska i han, men han avviste ho, så ho skulda
han for å ha ærekrenkt ho, og så tok ho livet av seg. Thesevs trudde på
Phaedras skuldingar, og bad POSEIDON straffe Hippolytos. Poseidon
sendte ein okse frå havet, som skræmde Hippolytos' hestar så dei velta vogna
hans. Hippolytos semdes med faren sin før han døde av skadane etter veltet.
(Sjå også under VIRBIUS).
Dersom dette er ei symbol-historie, så kan
det dreie seg om at mange atenarar, deriblant Phaedra, mislikte at Atens
arveprins var av amazonsk avstamming.
Så vart Hippolytos myrda eller snikmyrda, og myten om Poseidon vart
konstruert for å pynte på denne politiske skandalen.
|
HIPPOMENES
|
Hippomenes har også blitt kalla Melanion. Han vann over ATALANTA
i kapplaup, og ved dette fekk han Atalanta til kone. Han fekk hjelp frå AFRODITE med kapplaupet. Ekteparet
vart seinare forvandla til løver, avdi dei hadde fornærma gudane. Dei fekk
sonen PARTHENOPHAEOS. (Sjå også ATALANTA).
|
HONOS
|
Honos var ein mindre romersk guddom, som hadde med soldat-ære å gjere. Når krigsguden
Mars gjekk i krig, var Honos ved hans side, saman med ein annan gudefigur – VIRTUS. Honos tyder ”ære” – Virtus
tyder ”mot, tapperheit”. Det engelske ordet honor (ære) skriv seg frå Honos, og også militær-uttrykket ”å
gjere honnør”.
|
HORA
|
Hora var kona til den romerske guden QUIRINUS. Ho var gudinne for tida, og for venleik. Oldtids-historikaren Ovid påstod at ROMULUS
og kona hans, Hersilie, vart gjort
udøyelege, og levde i Himmelen som gudeparet Quirinus/Hora. Det ser ikkje ut
til at Hora vart dyrka i særleg grad.
|
HORAENE
|
Horaene var
gudinner for årstidene. Det er sagt at dei var døtre som ZEVS fekk med rettferdsgudinna THEMIS. Andre kjelder hevdar at faren
var CHRONOS eller HELIOS.
Somme tekstar hevdar at det var tre
horaer: EVNOMIA, DIKE og EIRENE, medan andre tekstar nemner ti
eller tolv horaer. Dei vart dyrka som årstids-gudinner. Horaene var vaktarar
i Himmelen og på OLYMPOS. Dei
stengte og åpna Himmelens portar ved å trekke skyer framfor, eller fjerne
skydekket. Dei sytte også for gudanes hestar; fora dei med ambrosia og
spente dei for vogn når ein av gudane skulle ut på køyretur. Det var HELIOS
som sette dei i arbeid.
Horaene heldt orden på liva til folk.
Dei gav glans og høgtid til viktige hendingar i livet, som fødslar og
bryllup. Då gudane skapte PANDORA av leire, var Horaene til stades.
Dei gav Pandora ei krone av vårblomster. Og då AFRODITE vart født, var
det Horaene som ønskte ho velkommen til verda, og kledde ho i himmelsk klednad.
Dei pynta ho med krone og øyrepynt av gull, og gylte halsband og slike
juvelar som horaene sjølv pynta seg med når dei dansa for gudane.
Her følger ei liste over horaer - til
saman 20 namn. Kven som er dei 3, 10, eller 12 rette får du finne ut sjølv.
Acte
|
|
ANATOLE
|
Tyder daggry. Vakta Austanvind-porten i HARMONIA's
palass. Har gitt namn til landet Anatolia.
|
Auge
|
Tyder morgonrauden.
|
Auxo (Auco)
|
|
Carpo
|
Tyder fruktbringerske.
Ho vart dyrka lokalt i Aten.
|
DIKE
|
Vernegudinne for Lov og Rett. Levde på Jorda i Gull-
og Sølv-alderen; for så til Himmelen.
|
Dysis
|
Tyder solnedgang. Vakta Vestanvinds-porten
i HARMONIA's palass.
|
EIRENE
|
Vernegudinne for fred.
|
Elete
|
|
EVNOMIA
|
Vernegudinne for orden, disiplin.
|
Evporia
|
|
Gymnastica
|
Ho var til stades
når det vart drive gymnastikk -
truleg morgon-gymnastikk.
|
Hesperis
|
Mor til HESPERIDENE,
som heldt til lengst vest i havet, der sola gjekk ned. (Anna namn på PLEIONE?)
|
Mesembria
|
Tyder ettermiddagen. Vakta Sønnanvinds-porten ved HARMONIA's palass.
|
Musica
|
Ho var til stades
når musikk vart utøvd.
|
Nymphe
|
Ansvarshavande for badetid.
|
Orthosie
|
|
Pherusa
|
|
Sponde
|
Vernegudinne for
drikkoffer som vart gitt før middagsmaten vart inntatt.
|
Thallo
|
"Blomsterbringerske".
Ho vart dyrka lokalt i Aten, som ungdommens vernar.
|
Vi forstår at mange av horaene som er
nemnt i tabellen ikkje hadde med årstider å gjere, men med ulike tidspunkt i
døgnets rytme.
|
HYACINTHOS
|
Hyacinthos var son av kong Pieros av Pella i Makedonia, og musa CLIO.
Han var ein svært vakker mann. Ei trakisk konge - Thamyris var den
første vi kjenner til som vart forelska i han, og han adopterte Hyacinthos
som elskar. Det er sagt at Thamyris var verdas første homse. Ein gang utfordra Thamyris MUSENE i ei
musikk-tevling, for å imponere faren sin. Musene sa at om han vann, så skulle
han få elske med dei alle, men tapte han, så skulle dei gjere med han kva dei
ville. Thamyris tapte, og Musene blinda han og tok frå han hans musikalske
gåver. Han vert ennå straffa i Underverda for å ha utfordra Musene.
Så var Hyacinthos elskaren til APOLLON, men her hadde han
Vestavinden, ZEPHYROS, som
rival. Zephyros drepte i svartsjuke Hyacinthos ein dag han spela med
klinkekuler saman med Apollon - han bles ei klinkekule hardt i hovudet på
han.
I ein annan versjon heiter det at dei
tre øvde diskoskast, og at då Apollon kasta diskosen, så bles Zephyros
diskosen tilbake så han råka Hyacinthos i hovudet. Apollon prøvde å berga han
med lækjande urter, men Hyacinthos utanda. Det einaste Apollon kunne gjere,
var å lage ein blome av Hyacinthos’ blod - hyasinten. På hyasinten kan vi sjå merke etter salvane som
Apollon smurde på Hyacinthos.
Hyacinthos vart gravlagt ved
Apollon-templet i byen Amyclae, og lakedemoniarane feira ein årleg festival for han, kalla Hyacinthia.
Somme har hevda at ATENE, AFRODITE og ARTHEMIS brakte
Hyacinthos til Himmelen og gjorde han udøyeleg.
|
HYADENE
|
Hyadene var dei fem døtrene
til ATLAS og AETRA. Dei var søstre av HESPERIDENE
(PLEIADENE). Det er også skrive at dei var NYMFER
som var knytt til DODONA - byen
med det vidgjetne oraklet.
Sterkast er Hyadene knytt
til NYSA-fjellet - eit fjell vi ikkje veit kvar låg, men Trakia,
Tyrkia og India er nemnt. Det er mykje mulig at mange fjell vart kalla Nysa,
og at kvart av dei hadde sine
regn-nymfer - Hyader. Hyadene
fekk i oppdrag av HERMES å fostre
opp DIONYSOS-barnet, som seinare
vart vinguden Dionysos, og
Dionysos-kultar var knytt til desse fjella, og truleg tyder namnet Dionysos Deus Nysos - "Guden frå
Nysa". Det er hevda at Dionysos kom frå India eller Asia.
Ordet hyade har med
regn å gjere. Hyadene var regn-makarar.
Når det var fare for at tørken skulle øydelegge avlingane, så hjalp Hyadene
til med å skaffe regn. Hyadene var prestinner som hadde tilhald i eit
primitivt natur-tempel ved toppen av eit høgt fjell. Folk dyrka dei, og kom
med offergåver til dei for at dei skulle sørge for rikeleg med nedbør.
Hyadene arrangerte spektakulære seremoniar for å ordne med dette. Truleg var
det musikk og regndans, og kanskje deltok heile folket i dansen? Når Dionysos
med tida vart innblanda i seremoniane, vart det nok eit skikkeleg spetakkel.
Hyadene vart nemnt med
nokre spesielle tituleringar - dei vart kalla "dei høge, dei lamme, dei
hugheite, dei brølande, dei rasande". Før Dionysos kom på banen, vart
det drukke eit slags øl under
hyade-festivalane. Når Hyadene vart kalla "dei lamme", så var det
visst fordi dei drakk seg døddrukne. I somme antikke tekstar heiter det at Nysa
var namn på ei av Hyadene, men eg trur heller at Nysa var eit fellesnamn
for Hyadene, eller kanskje var Nysa tittelen på øvsteprestinna under
forretting av regnmakar-ritene, for ordet nysos
tyder "lam". Eg vonar dei hadde noko slags dispril!
Som lønn for oppfostringa
av Dionysos, sette ZEVS Hyadene på stjernehimmelen. Stjernehopen Hyades
er Oksens Hovud i stjernebiletet Taurus. Hyades kjem til syne og vert borte frå stjernehimmelen i
april og november. Det var i desse månadane regn brukte komme. Namnet hyades tyder "dei som gjer våt" eller "dei som
skaffar regn". Hydro tyder "vatn".
I andre mytar heiter det at
Hyadene var søstre eller døtre av Hyas,
og at dei døde av sorg då Hyas ein gang vart drept i ei jaktulykke. Kven var
Hyas? Han var son av ATLAS, og
knytt til landet Libya. Elles veit
vi lite om han.
Det er uklart om Hyadene
var 3, 5, 6 eller 7. Namna på Hyadene varierer mykje i dei ulike antikke
tekstane. Dette kan rime med at dei vart dyrka på ulike fjell - då er det
rimeleg at kvar kultstad hadde sine eigne namn på dei. Her følger ein tabell
over namn på Hyadene slik ulike forfattarar la dei ut, samt namna på
stjernene i stjernehopen Hyades:
Hesiod:
|
Pherecydes:
|
Homer:
|
Hyginus fabula:
|
Hyginus astr:
|
Stjernene:
|
PHAESYLE
Lysstråle
|
AESULA
|
PHAISYLE
|
KISSEIS
|
PHYTO
|
PHYTO
|
CORONIS
Kråke
|
CORONIS
|
KORONIS
|
NYSA
|
CORONIS
|
CORONIS
|
CLEIA
Den vidgjetne
|
DIONÉ
|
KLEEIA
|
ERATO
|
PEDILE
|
DIONÉ (THYENÉ)
|
PHAEO
Den dimme
|
POLYXO
|
PHAIO
|
ERIPHIA
|
POLYXO
|
POLYXO
|
EUDORE
Den gavmilde
|
EUDORA
|
EUDORE
|
BROMIS
|
EUDORA
|
EUDORA
|
|
AMBROSIA
|
|
POLYHYMNO
|
AMBROSIA
|
AMBROSIA
|
|
|
|
|
THYONE
|
PEDILÉ
|
|
HYDRA
|
Hydra var eit uhyre - ein
giftig vass-slange med mange hovud. Ho var avkom av ECHIDNA og TYPHON.
HERA fostra opp Hydra - ho ville
bruke uhyret for å få tatt rotta på HERAKLES.
Som utvaksen tok Hydra tilhald i eit sump-område ved byen Lerna, og
vart kalla Den Lerniske Hydra. Hydra angreip buskap og bønder i området,
og åt dei med sine mange hovud. Ho terroriserte distriktet i mange år.
Elva Lerna renn gjennom dette sump-området. Det er ei elv som aldri
tørkar ut. Ho spring fram frå tre kjelder - det var POSEIDON som hogg treforken sin fast i bakken her, då han drepte
ein SATYR som ville valdta kong DANAÜS' datter Amymone. Amymone var på vandring for å finne hjelp med å skaffe
vatn, for det var tørkekatastrofe. Poseidon elska nå med Amymone, og så sa
han at om ho drog treforken hans laus frå bakken, så skulle vatn kome.
Amymone gjorde så, og tre vasskjelder taut fram der gaffel-tindane hadde
stukke bakken. Dei vart til elva Lerna.
Eitt av HERAKLES' storverk var å drepe Hydra.
Han dyppa så pilene sine i Hydras blod, så dei vart dødeleg giftige.
Hydra har fått plass på stjernehimmelen som eige stjernebilete.
|
HYGIEIA
(Hygea)
|
Hygieia
var datter av
lækjekunstens gud, ASKLEPIOS, og barnebarn av APOLLON. Ho var
vernegudinne for helse.
Ho hadde sentral rolle i dei mange Asklepios-kultane som etter kvart oppstod.
Ho vart identifisert med helse, og stundom vart ho kalla "Helsa". Saman med faren sin
vart ho i ein periode vidt dyrka i den greske og romerske verda.
I sjette århundre fvt. var
Asklepios/Hygeia-dyrkinga av lokal art. Men så fekk kulten positiv omtale av
Apollon-oraklet i DELFI. Og i åra 429 og 427 fvt. vart Aten råka av harde pest-epidemiar.
Det samme skjedde i Roma i 293
fvt. Desse epidemiane førte til at dyrkinga av Asklepios og Hygieia skikkeleg
tok laus.
Heilagdommane (templa) for Asklepios og
Hygieia vart kalla Asklepion. Dei eldste spor vi har funne etter
Asklepios/Hygieia-kulten leier til ein landsby som heitte Titane, i nærleiken av byen Sicion - ikkje langt frå Mykene. Her grunnla Asklepios'
soneson, Alexanor, eit Asklepion. I seremoniane her vart
Hygieia-statuer dekt med kvinnehår i store mengder, og innsvøypt i finaste
babylonske kapper. Samme seremoni vart utført ved eit Asklepion på øya Pharos.
Vi kjenner også til eit gammalt Asklepion ved byen Trikke
(nåverande Trikala i Thessalia). Store Asklepia vart seinare oppført i Epidauros,
Korint, Kos og Pergamon.
Det vart komponert mange sangar og
skrive mange teaterstykke for Hygieia. Dei største skulptørar laga statuer av
ho. Ho vart gjerne avbileta saman med Asklepios, som ei fager, ung kvinne i
ein enkel kjole, som fora heilage slangar som bukta seg rundt ho, frå eit
fat. Heilage slangar inngjekk i rituala ved Asklepios-templa. Stundom opptrer
Hygieia saman med Telesforos - ein dverg med hette på hovudet. Han er
symbol på rehabilitering (friskne til att etter sjukdom). I somme myter
heiter det at han var bror av Hygieia. Hygieias namn har vi i ennå
i ordet hygiene.
I Romarriket fekk
Asklepios/Hygieia-kulten så høg vyrd at Asklepios vart assosiert med SOLA
og Hygieia med MÅNEN. I Roma vart Hygieia først
kalla Valetudo, men etter kvart
vart ho assosiert med den gamle italiske gudinna SALUS, som alt i år 302 fvt. hadde fått sitt tempel i Roma.
Hygieias rolle vart gjennom tid noko endra i Roma.
Det er mulig at den eldste Hygieia var ein historisk person, men truleg
heitte ho ikkje Hygieia. Asklepios har fått æres-tittelen "Lækjekunstens
far". Han forska i naturmedisin, og mellom anna laga han mange medisinar
av slangegift og andre slange-ekstraktar. Det er kjent at slangar inneheld
proteiner som har antibiotisk verknad (som penicillin). Har du eit sår som
ikkje vil gro, så skal du la ein slange slikke det. Asklepios' hospital var
eit tempel der heilage slangar kveila seg i mange heilag-rom. Han gav si
datter ansvaret med å stelle slangane. Lækjekunst var guddommeleg, som alt
anna i oldtida, og Asklepios' datter vart slange-prestinne. Alle seinare
Asklepios-hospital som vart oppretta, måtte ha ei slange-prestinne - ei
Hygieia.
Då Asklepios/Hygieia-kulten vart innført i Aten, eksisterte det alt ein kult for
ei helse-gudinne der, som vart dyrka under namnet Atene-Hygieia. Om Asklepios hadde ei datter, så heitte ho truleg
ikkje Hygieia, men Hygieia vart nå ein tittel for alle prestinner som tente
som slange-ansvarlege ved Asklepios-templa.
|
HYLAS
|
Hylas
var ein yngling som HERAKLES forelska
seg i. Namnet tyder "frå
skogane". Saman med Herakles reiste Hylas ut som ein av ARGONAUTANE.
Då Argonautane la til land på øya Kios
for at Herakles skulle få lage seg ei ny åre, bøyde Hylas seg ned for å
drikke av ei kjelde. Men ei nymfe hadde tilhald i kjelda, og ho greip han om
halsen og drog han under. Herakles vart fortvila, og vart verande ved kjelda
for å prøve å berge Hylas, så argonautane måtte segle vidare utan han.
|
HYLLOS
|
Hyllos var son av HERAKLES og MEGARA.
Hans namn tyder "skogsmann". Han vart ein stor hærførar, og var
lenge Herakles’ våpenberar. Han gifta med stemora si; den oikhaliske
prinsessa IOLE - dette for å oppfylle farens ønske. Ioles far var
dorisk høvding, og ved dette ekteskapet fekk Hyllos støtte av dorarane.
Kong EURYSTHEVS i Mykene ville
utrydde alle Herakles' søner, før dei vart vaksne og kunne trå han etter
makta på Pelopponnes. Herakles
barn vart kalla Heraklidane. Dei
søkte nå hjelp frå byen Aten, og
det kom til eit stort slag som Eurysthevs tapte. Han rømde då unna i vogna
si, men Hyllos innhenta han og hogg hovudet av han.
Hyllos og Heraklidane hadde hatt sin
base ved Elektra-porten i byen Thebes. Nå invaderte dei Pelopponnes,
og la under seg alle byane der. Men året etter vart Pelopponnes ramma av pest,
og eit orakel påstod at grunnen var at Heraklidane hadde komt for tidleg
tilbake. Hyllos trekte seg då tilbake til den doriske byen Maraton. Så rådspurde han APOLLON-oraklet i DELFI om når det var rett tid å innta
Pelopponnes. Oraklet rådde han til å vente til tredje avling. Hyllos tolka
svaret slik at han skulle vente i tre år, og tredje året gjekk han igjen mot
Pelopponnes. Ved det smale eidet Isthmos
vart hæren hans møtt av kong ATREOS,
som hadde overtatt den mykenske trone. Han reid i spissen for ein arkaisk
hær.
For å unngå unaudleg mannefall,
utfordra Hyllos kven som helst av Atreos' høvdingar til tvekamp. Han sa at
dersom han vann, så ville han overta den mykenske trona, men om han tapte, så
skulle ikkje han og dei andre Herakles-sønene vere til plage dei neste femti
åra. Kong Echemos av Tegea tok mot utfordringa, og duellen
vart halden på grensa mellom Korint
og Megara. Her fall Hyllos, og han
vart gravlagd i Megara. Dei fleste av dei andre Heraklidane trakk seg så
tilbake til dorisk område, men nokre av dei fekk slå seg ned på Pelopponnes.
Oraklet
i Delfi forklarte seinare at svaret dei gav Hyllos skulle tydast slik at han
skulle vente i tre generasjonar - ikkje i tre år.
|
HYMEN
|
Hymen
var romersk for HYMENAIOS. Han
var romersk bryllups-guddom, og det er hevda at han var son av VENUS.
(Sjå HYMENAIOS).
|
HYMENAIOS
|
Hymenaios var gresk (og
romersk) guddom for bryllup. Han vart også kalla HYMEN. Det var tradisjon at det vart sunge spesielle sangar
for brudeparet på bryllupsnatta. Ein såg det slik at Hymenaios var i
sangen - at desse sangane var den personifiserte Hymenaios - at sangane hadde
Hymenaios ibuande i seg. Sangane var helst unisone (einstemte), og vart
akkompagnert av lyre, fløyte, basun og andre instrument. Planten myrt
var vigsla til Hymenaios, og ein batt bryllups-kransar av myrt.
Også ved andre festar og
høgtider var det vanleg å påkalle Hymenaios.
Hymenaios vart avbileta som
ein bevenga kjærleiksgud i safran-gul klednad. Han hadde skap som ein ung
mann, og heldt ein bryllups-fakkel i eine handa. Gjerne bar han også ein
blomsterkrans, av majoram og roser eller myrt. Det var ikkje uvanleg at han
vart avbileta saman med kjærleiksguden EROS. Han vart ofte nemnt i
kjærleiksdikt og sangtekstar. HERA og GRATIENE tok også ofte
del i bryllups-seremoniane. Også når gudane feira bryllup pla Hymenaios ha
eit ord med i laget.
Det er sagt at Hymenaios
var son av DIONYSOS og AFRODITE, men eit rykte går; at mora til
Hymenaios var musa CLIO (KLEIO),og at faren var av menneskeætt. I ein
annan tradisjon er han son av APOLLON og musa CALLIOPE.
Ein
brennande fakkel symboliserer kjærleik. Orda elske/elskov kjem av eld /eldhug. Det engelske ordet
love har same opphav - lue/loge (flamme).
Hymenaios
har gitt namn til kvinnas jomfruhinne, hymen. Hymen tyder også hinne, og eg veit
ikkje om guden heiter etter hinna eller om hinna heiter etter guden.
For inngåing av ekteskap
har vi uttrykket "Å bli smidd i Hymens lenker".
Frå
Evripedes: Trojanske kvinner:
Då den
trojanske prinsesse CASSANDRA skulle gifte seg med kong AGAMEMNON, kom ho feiande inn i
seremoni-salen med ein fakkel i kvar hand. Eine fakkelen sette ho i eit
fakkel-stativ på veggen, og så vende ho seg til denne fakkelen medan ho
skreid omkring og tala:
Lyft
fakkelen og kast fram flammen!
Lat
veggane fløyme i heilagt ljos!
Tilbed den
allmektige Hymen, brudlaupets gud!
Agamemnon,
herre over min ungjente-lekam, konge av Argos... ta meg!
Himmelens
velsigning fell på meg og på deg.
Høyr våre
tilbedingsrop, Hymen, brudlaupets gud!
Så vende
Cassandra seg til mora si, Hekuba:
Mor, sidan
du hulkar og græt deg veik med tårer, og er høgt i sorg over min kjære døde
by og min myrda far,
så har eg
brakt dei (sjølv) - faklar for mi brudlaupsnatt - blafrande ljos og dansande
loge; til din ære, Hymen, gud for det heite begjær!
Mørkets
dronning, send gløden du elskar å låne ut til den rituelle velsigninga av den
nygifte jomfru!
Dansarar,
kom! Løys dykkar trippande føter, ville av ekstasens vin! Forgyll min faders
glade lagnad!
Gud
Apollon, lei denne heilage rituelle dans! I din tempel-gard, under ditt
udøyelege
laurbærtre.....eg, di prestinne
kallar på deg!
Hymen,
mektige gud, Hymen, Høyr!
Kom og
dans, mor, dans med meg; fortroll maktene med lystige ord, syng høgt di
datters
brudlaups-song!
Snurr vilt
og fall i reinaste ekstase!
Trojas
jenter, ikle dykk dykkar ljosaste klednad; kom og syng min brudlaups-song!
Hyll
elskaren!
Kjærleik og
lagnad ventar meg!
Frå Ovid: Metamorphoses: Bryllupet mellom PERSEOS og ANDROMEDA:
Med veivande faklar
leia Eros og Hymen vigsla. Dei parfymerte røykelses-eldane brann fulle og
feite, og strålane var dekt av blomsterkransar. Lyre, fløyte og basun lydde
på båe sider - glade prov på lukke.
Når
Hymenaios var med på festen, gjekk det gjerne så vilt for seg at lokalet
styrta saman. Det er sagt at Hymenaios omkom under kvart bryllup, avdi
festsalen rasa saman over han.
I ein myte heiter det at den
opphavlege Hymenaios ein gang sang saman med ARIADNE under ein
Dionysos-fest, og at han sang til han mista stemma. Til minne om denne
hendinga vart høgtidssangar sidan kalla hymenaios (hymen O
Hymenenaios).
I ei historie heiter det at Hymenaios
var ein ung mann av lav byrd, som var forelska i ei fornem kvinne. Det var
smått med von om at det kunne verte til noko, men ein gang deltok dama i ein
fest for DEMETER i Eleusis,
og Hymenaios hadde forkledd seg som kvinne for å få vere med på leiken. Men
så vart heile selskapet røva av piratar - bortført og ilandsett på ei aud øy.
Her drakk piratane seg fulle, og Hymenaios greidde å overmanne dei. Så drog
han til Aten, og lova at han skulle berge dei bortførte kvinnene, om han fekk
gifte seg med ei av dei. Alt enda godt - det vart eit lukkeleg ekteskap, og
sidan vart Hymenaios påkalla under alle høgtider i Aten.
I
ein myte heiter det at Magnes, gjetaren til Apollon, hadde ein son med
namn Hymenaios, som Apollon var forelska i.
|
HYPER-
BOREANE
|
Hyperboreane
var eit mystisk sagnfolk. Namnet tyder Dei
som bor bortanfor Nordavinden (BOREAS).
APOLLON skal ha hatt mykje med
Hyperboreane å gjere, og han sette stor pris på denne kontakten. Det heiter
ein stad at han reid til Hyperboreanes land på ryggen av ein GRIFF.
Somme
trudde at Hypeerboreane dyrka Boreas som hovudgud. I ein legende heiter det
at Hyperboreane hadde bare eitt bein, med ein fot så diger at dei brukte den
som parasoll under middagssøvnen.
Hyperboreanes
land var eit lukkeland der innbuarane alltid var nøgde og levde godt.
Omkring
år 500 fvt. oppstod det kultstadar i gresk område der Hyperboreane vart dyrka
som guddommar. Desse kultane var sentrert om døden og Dødsriket. Ein
trudde at dei avdødes sjeler kom til eit land langt borte i vest eller nord -
til eit Paradis, og at dette var landet til Hyperboreane.
Øya
Delos var eit viktig senter for denne
kulten., og kulten ser ut til å ha hatt forgreiningar til Nabatea, Palestina, Bretagne og Dei
Britiske Øyane. Også i Aten
oppstod ein Hyperborear-kult. Dei ulike Hyperborear-kultane heldt jamnleg
kontakt med kvarandre. Utsendingar vart sendt omkring.
Hyperborear-dyrkarar
som heldt til ein stad nord for elva Po,
sendte gåver til Delos, innpakka i halm. (Antakeleg kom desse gåvene frå
distrikt som låg svært langt nord for Po. Po vart rekna som grense-elva
mellom verda til dei levande og verda til dei døde). I eldre tid var det to
unge jomfruer som brakte desse gåvene, som ein trur for ein stor del bestod
av rav. Dei to jomfruene heitte Hyperoche og Laodice. Fem menn følgde dei, og desse mennene vart kalla Perpherees. Dette namnet viser truleg
til at dei kom frå periferien -
altså frå område nær verdas ende, der dei sjeldnaste skattar er å finne.
Då
det hendte ein gang at desse gåvebringarane forsvann på vegen heim, så vart
gåvetransporten lagt om til eit stafett-system, der gåvene vart brakt frå
land til land i etapper, før dei på siste etappe nådde fram til Delos. Men i
lange tider vart det halde ein årleg sørgefest i Delos, over dei to jomfruene
som forsvann. Alle barn på Delos klipte då av seg håret. Det vart også ofra
til forfedrene til dei to jentene - desse forfedrene heitte Arge og Opis. Dei var dei første Hyperboreane som kom til Delos, og dei
kom for å ære APOLLON og ARTHEMIS. Etterfølgarane deira kom
for å ære EILEITHYIA.
Underlige
hendingar må ligge bak her. Eileithyia kom til Delos for å hjelpe LETO då ho skulle føde Apollon og
Arthemis. Ho var altså jordmora til dei to mektige gude-tvillingane. ZEVS hadde skapt seg om til svane, då han forførte Leto. Svaner
var knytt til Hyperboreane sitt land. Var Eileithyia også ei svane?
Somme
har hevda at Hyperboreane heldt til i Libya;
andre at dei var britonar; andre igjen meinte dei hadde tilhald i Kaukasus. Eit Paradis i det fjerne vest er også foreslått, eller at landet
deira låg i det fjerne nord – dit villgåsa flyg om sommaren. I ein tradisjon
heiter det at Hyperborear-landet var eit nordleg Paradis eller Dødsrike, dit
dei avdøde drog - i skap av svaner. Svaner vart rekna som dødsfuglar. Sjelene
reiste til Paradis som svaner. Før dei drog, helsa dei med to trompet-støt.
HERAKLES skal ha gått over elva Po,
og der-nordanifrå-einstad ha henta vill
oliven frå Hyperboreane, og brakt til byen Olympia. (Og i same rennet innstifta han Dei Olympiske Leikane.) (Det er
nok noko som er blitt feil her, for vill oliven høyrer ikkje heime i nord).
PERSEOS drog langt mot vest for å
kome til Hyperboreanes land. Somme
har sett fram ein teori om at sivilisasjonen som stod bak Stonehenge i England høyrde til Hyperborear-kulten.
Satyren SILENOS fortalde ein gang til kong MIDAS: "Bortanfor havet ligg eit enormt kontinent, utan noko
landbru som bind det til kontinenta Europa, Afrika eller Asia. Der er mange
vakre byar, befolka med lukkelege kjemper som lever lange liv. Dei lever
etter eit svært spesielt lovsystem. Ein gang sette ein enorm flåte ut på
havet frå dette landet (ATLANTIS)
- det skal ha vore ti million mann - for å oppsøke Hyperboreane sitt land.
Men dei returnerte etter å ha funne ut at landet til Hyperboreane ikkje var
så bra som deira eigne heimland."
Med utgangspunkt i skriftene til
oldtids-geografar, har ein berekna at Hyperboreanes land låg ein stad mellom Nord-Møre og Lofoten. Her skulle vere midnattsol - i alle fall var det dagslys
heile døgnet. Folket her sov vintersøvn i seks månadar, heitte det, og dei
hadde geiteføter. (Geitebønder som heldt dyra i hus om vinteren). Her fans
også GRIFFAR, som vakta
gullskattar. (Skattane var truleg rav).
Skytarane påstod det var umulig å kome til Hyperboreanes land, for det låg
bak høge fjell som var dekt med veldige dungar med fjør. (Herodotos meinte at
all denne fjøra måtte vere snø).
Hyperboreane sendte offergåver til Delos, innpakka i halm. Desse gåvene
vart sendt via dei vanlegaste handelsruter.
Diktaren Pindar skreiv i 498 fvt. eit dikt til ære for Hippocleas frå Thessalia, som hadde vunne "Gutanes dobbel-fot-laup" ved
Dei Pythiske leikane i DELFI. I diktet fortel han om heroen PERSEOS, som ein gang var på fest hos
Hyperboreane:
Ikkje
med skip og ikkje til fots kunne du finne den fantastiske vegen til
Hyperboreanes
møteplass.
Men
ein gang vitja folkehøvdingen Perseos heimane deira, og festa saman med dei.
Han
såg dei ofre herlege masse-slakt av esel til guden.
Under
festivalane til dette folket, og i deira bøner, vert Apollon hylla aller
mest, og guden
ler når han ser dei erigerte esel-pikkane.
Musene
er ikkje fråverande i Hyperboreanes skikkar ....
overalt
ser du jenter i feiande dans, og du høyrer lyrenes sterke akkordar og
fløytenes
kvin.
Jentene
pyntar håret med gylte laurbær-greiner, og frydar seg lysteleg.
Ingen
sjuke, og ingen krøkt gamling er å finne i denne heilage menneskerasen.
Frie
for strev eller strid lever dei utan frykt for den strenge NEMESIS.
Dei
har pusta tapperheitas ande, sidan den gang då DANAËs son kom til denne
forsamlinga av velsigna menn... og det var ATENE som førte han dit.
Esel
og laurbær høyrer ikkje heime i nord - Pindar var truleg unøyaktig her. Danaë
var mora til Perseos. Somt tyder på at danskanes stamfar, Wodan (Odin, Gamle kong Dan) dyrka Danaë som si stammors-gudinne.
Perseos var kanskje ein nær slektning av Odin, som kom på besøk for å sjå
korleis det stod til? Perseos kom seg truleg til festen ved hjelp av
venge-sandalane sine, som han hadde fått av Nymfene i Nord. Men kven var desse nymfene?
Medan
Odin hadde trekt med folkflokken sin mot nord, så invaderte Perseos
Grekarland, og han måtte overvinne dei matriarkalske trippelgudinnene GORGONENE for å få siger her.
Sjå Også DANAË og PERSEOS
|
HYPERION
|
Hyperion
var ein av dei mannlege TITANANE (av
dei eldste gudane), son av GAIA og
URANOS. Han var ein Sol-gud.
Hyperion tyder "Han som går høgt oppe". Det er sagt at han førte
overoppsyn med alt som gjekk for seg på Jorda. Han gifta seg med
titan-søstera si, THEIA, og fekk
tre barn med ho:
·
HELIOS - (Sola) (son)
·
SELENE - (Månen) (datter)
·
EOS - (Morgonrauden) (datter)
I Den pelasgiske skapingsmyten (sjå
under EVRYNOME 2), vart Hyperion,
saman med Theia, sett til å bestyre Sola.
Etter
Titan-krigen lenka ZEVS Hyperion fast i TARTAROS saman med brørne hans. Men
seinare sette Zevs dei alle fri, og det er sagt at dei då slo seg ned i ELYSIUM.
|
HYPERMNESTRA
|
Hypermnestra var prinsesse i Libya - datter av kong DANAÜS.
Danaüs hadde broren AIGYPTOS, som
hadde underlagt seg Egypt, og gitt
landet namn etter seg. Aigyptos hadde femti søner, og Aigyptos forlangte at
desse skulle gifte seg med Danaüs' femti døtre, som vart kalla DANAIDENE. (Ved dette ville Aigyptos slekt få kontroll
over både Egypt og Libya).
Med hjelp frå ATENE bygde Danaüs eit skip - det
første skip med to skrog, og rømde så med sine femti døtre til Rhodos. Her kosta Danaidene
oppføringa av eit tempel for Atene, og Danaüs gav ei Atene-statue. Templet
var også eit minnetempel for tre av Danaidene, som døde her på Rhodos. Tre
byar er oppkalla etter desse: Lindos, Ialysos og Cameiros.
Dei segla vidare frå Rhodos
til Pelopponnes, og steig i land
nær byen Lerna, der Danaüs
proklamerte at han var guddommlege utvald (av Atene) til å verte konge over Argos. Kong Gelanor av Argos lo av dette, men kalla likevel saman rådet sitt
for å drøfte saka. I grålysninga kom ein gal ulv ned frå fjella, og angreip
bølingen som gjekk på beite. Leiaroksen vart drept, og Gelanors rådsmenn vart
skræmde, og meinte denne hendinga varsla at Danaüs ville erobre trona med
makt, om ikkje Gelanor gav ho frå seg godviljug. Så vart det slik.
Danaüs var overtydd om at
denne ulven var APOLLON i
forkledning, og til Apollons ære let han oppføre det vidgjetne templet for Ulve-Apollon i Argos. Danaüs vart så
mektig ein konge, at alle pelasgarane
kalla seg Danaer etter han. Danaüs
bygde også ei stor festning i Argos, og hans døtre innførte DEMETERS mystrerie-kult frå Egypt, og
let dei pelasgiske kvinnene få innføring i denne. Mysterie-kulten vart kalla Thesmophoria. Seinare invaderte dorarane Pelopponnes, og
Thesmophoria-kulten vart då nærast utrydda, men fekk vid utbreiing elles i
Hellas - mellom anna i Aten.
Men nå kom Aigyptos' femti
søner frå Egypt, og forlangte å få gifte seg med Danaidene. Dei omringa
festninga, og då festninga mangla vatn, måtte Danaüs gi seg på det, og eit
massebryllup vart planlagt. Danaüs skulle bestemme para. Somme par vart
utvalde etter deira mødres rang - andre fordi brudgom og brud hadde namn som
likna på kvarandre, men dei fleste para vart til ved loddtrekning.
Under bryllupet delte
Danaüs i løynd ut skarpe stilettar til sine døtre, som dei gøymde i håret.
Ved midnatt, i ektesengene, stakk alle brudene sine ektemenn i hjertet, og
drepte dei. Alle, bortsett frå Hypermnestra, for ho var blitt kjær i sin
ektemann, LYNCEOS. Danaüs ville gi
Hypermnestra dødsstraff for dette, men dei argivske dommarane frikjente ho.
Som takk for dette oppførte ho ei statue av Den sigersrike AFRODITE i templet til Ulve-APOLLON, og ho oppførte også eit tempel for Den overtydande ARTHEMIS.
Hypermnestra og Lynceos
fekk sonen Abas, og Abas fekk
tvillingsønene AKRISIOS og Proëtos, som var dødsfiendar omtrent
frå fødslen av.
Lynceos gjorde Hypermnestra til stammor for alle argivske
kongar, og ho fekk løyve til å fare strake vegen til ELYSIUM då ho døde.
|
HYPNOS
|
Hypnos vart kalla SOMNUS av romarane. Hypnos var den personifiserte søvn i gresk
mytologi. I norsk utgåve var han Ole
Lukkøye eller Jon Blund.
Hypnos var son av NYX (Natta) og EREBOS (Mørkret), og han var tvillingbror til THANATOS (Døden). Hypnos var
"Den lille Død", og Thanatos var "Den store Død". Både
Hypnos og Thanatos har tilhald i Underverda.
Hypnos gav ENDYMION evne til å sove med opne auge, slik at han kunne sjå
jenta han var forelska i - månegudinna SELENE.
Med Pasithea fekk Hypnos tre søner. Ofte var han i hop med
tvillingbroren sin, Thanatos, og dei likte å halde til i ei hole ved
gløymsle-elva LETHE. Hypnos sende
både gudar og menneske inn i søvn - han rista ei våt grein over dei - ei grein
som var dyppa i Lethes vatn. Eller han kunne helle saft frå eit horn i augene
deira.
Hypnos
er avbileta som ein naken, ung mann, med venger fest til tinningane, eller
som ein skjeggete mann med venger fest på skuldrane. Det oppstod i periodar
mindre Hypnos-kultar rundt om i Hellas.
|
Til framsida
|