GRESKE OG
ROMERSKE GUDAR |
||
Gudar på J |
Forfatta av Aslak Nedregård |
Gresk |
|
Romersk |
|||
|
|
|
|||
|
|
|
|||
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|||
|
|
|
|
||
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
||
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Jahve var Hebrearane sin “Gud i Himmelen”. Namnet tyder
“Eg er” eller “Eg vere”. Namnet vart skrive på mange vis: Yhwh, Jah, Jahveh, Jahweh, Jehovah,
Yahve, Yahwe. Namnet hans burde helst ikkje uttalast – det var farleg!
Når heilage tekstar vart lest, vart Jahve kalla Adonai, som tyder ”Herre”. (Sjå ADONIS). Bibelske
profetar, som Esekiel, samtalte
med Jahve - ein trur dette skjedde i nærleiken av oldtidsbyen Nippur i Mesopotamia. Dei kristne brakte med seg Jahve til Roma, kort tid
etter år 0. Han vart kalla Pater Deus (Far
Gud), og vart eine lekken i ein triade-guddom: Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. |
|||||||||||||||||||||||
Jana var den guddommelege ektemaken til JANUS.
Romarane adopterte Janus og Jana frå etruskarane.
Dette gudeparet vart også dyrka av andre italiske, før-romerske folkestammer.
I dei djupe steinalderskogane i Nord-Italia vart Jana dyrka som DIANA, og Diana vart omdøypt til Jana.
Ho vart henta ut frå sine djupe skogar, og fekk tempel i Roma. På Sardinia vart Jana
dyrka som GIANE, og her var ho ei
stormektig gudinne. Jana skal ha vore knytt til MÅNEN,
og særleg til mysteria omkring Månen. (Sjå DIANA, GIANE, JANUS og LUCIFER). |
|||||||||||||||||||||||
Janus var ein øvstegud (og
høvding?) i Latium (Italia) i ein
tapt gullalder - dette var ein
lang fredsperiode. Ein gang fekk Janus
storbesøk - det var ein annan mektig gud som kom til han - som flyktning.
Somme har fortalt at denne gud i naud var CHRONOS, som måtte rømme for sin son ZEVS, som ville ta livet av han. Andre sa at guden heitte SATURNUS, og at han var på rømmen frå
sin son JUPITER. Mange
har hevda at den greske Chronos og den romerske Saturnus var ein og samme
guddom, kalla ved to ulike namn, og at
det var likeeins med Zevs og Jupiter. Men eg trur ikkje dette stemmer heilt.
Eg trur at desse gudane oppstod uavhengig av kvarandre på ulike stadar, og at
det var seinare at dei fekk samanblanda sine mytologiar slik at dei vart meir
og meir like kvarandre. Eg trur det var Chronos som kom til Janus. Hans son,
Zevs, var ein aggressiv type, som var knytt til eit erobrar-folk. Etter det
lille vi veit om den gamle Jupiter, så hadde han eit meir fredsamt lynne, og
dreiv ikkje med slektsfeider, krigar og erobringar i særleg grad. Så
eg trur det var Chronos som kom til Janus, og truleg hadde han ein stor
folkehop med seg, for truleg var han høvding for ein bystat som måtte rømme
for Zevs' erobrar-hærer. Så gjestmild var Janus, at
han gjekk med på å dele si guddoms-makt med Chronos. Kanskje gjekk Janus med
på dette for å avverge ein blodig krig, eller kanskje var det fordi han hadde
fiende-folk som truga hans rike, og han ville styrke si militære stilling ved
å gå i samband med Chronos og folket hans. Chronos fekk løyve av Janus til å
bygge seg eit tempel i Latium. Janus vart stundom kalla CHAOS
- dette fordi han var ein guddom frå dei aller eldste tider – før Universet
kom i orden. Janus fann opp (innførte) jordbruket
i Latium, og han laga lover. Han
fann også opp pengesystemet (myntar),
og Janus’ andlet vart prega på mange romerske myntar. Janus regjerte i ein gullalder - det var fred og overflod;
folk var ærlege, og staten hadde utforma eit godt lovsystem. Sivilisasjon hadde vakse fram. Under
Janus vart latinarane ført ut av steinalderen. Etter sin død vart Janus
guddommeleggjort, og han vart seinare
Romas vernegud. Janus var Universets ivaretakar. Når noko nytt
skulle iverksetjast, måtte Janus påkallast. Han var gud for framvekst av alt
nytt, og han var guddom for tidas gang. Om byrjinga var bra, vart slutten god,
trudde romarane, og ofra til Janus. Janustempla var tallrike, og kvar av
dei hadde sitt eige presteskap. Opphavleg var Janus mykje knytt til vatn -
han hadde tilhald ved bruer og vadestadar. Seinare fann ein han ved
alle slags inngangar og utgangar. Janus vakta dører og portar - namnet hans tyder dør. Han heilag-gjorde dagens
første time, første dag i kvar månad og første dag i kvart år. Første januar
var stor høgtidsdag for Janus. Januar
fekk namn etter Janus. Dette var etter den nye romerske kalender – i den
gamle var Mars første månad i året. Ved
dette forstår vi at romarane dyrka guden Mars før dei byrja dyrke Janus.
Janus vart adoptert av romarane frå ei gammal, italisk folkestamme, som hadde
dyrka han frå førhistorisk tid. Mars hadde ei liknande forhistorie. Han vart
adoptert av romarane tidlegare enn Janus, men etter kvart ser det altså ut
til at Janus overgjekk Mars i popularitet i Roma. Når romarane ville gå til krig, vart
Janus påkalla. Så lenge Roma låg i krig, stod begge inngangane til
Janus-templa åpne, slik at Janus lett kunne kome ut og vere romarane til
hjelp. Når det var fred var inngangane stengt, men det var ikkje så ofte. Janus vart påkalla ved fødslar, bryllup og ved markering av andre små og store hendingar i folks
liv. I kvar heim vart det bedt morgonbøn til Janus, og han vart påkalla for å
gi sin støtte i alle huslege gjeremål. Med nymfa VENILIA fekk Janus
dattera CANENS – ho var ei NYMFE;
ho var den personifiserte sang. Det heitte også at Janus
sat ved Himmelens port, saman med HORAENE, og sjekka kven som gjekk
inn og ut. Dette er nok eit nyare påfunn. Janus hadde to skjeggete andlet. Eit slikt
dobbel-andlet vert kalla Janus-andlet.
Eine andletet vende fram, og det andre bak. Uttrykket "å ha
Janus-andlet" vert brukt om ein uberekneleg person - som kan vere blid i
eine augneblinken, og så brått verte sur og tverr. (Eller bere i seg liknande
motsetjingar). Tidlege Janus-skulpturar hadde eitt andlet
utan skjegg og eitt med. Desse skulle sikkert symbolisere ungdom og alderdom
– det nye og det gamle. I høgre hand heldt gjerne Janus ein nøkkel. Det var kong Numa som bygde Janus-templet på Forum Romanum. Numa tilhøyrde
folkestamma sabinarane, og han
vart Romas andre konge, etter Romulus; (sjå under ROMULUS). Templet hadde to inngangar - den eine vende mot aust og
den andre mot vest. Inngangane symboliserte byrjinga (soloppgangen i
aust) og slutten (solnedgangen i vest). Midt imellom inngangane stod
Janus-statua, med sine to andlet. Når dei romerske hærene skulle ut i krig,
utmarsjerte dei gjennom dette Janus-templet. Numa hadde eit pasifistisk
sinnelag. Han bestemte at Janus-templet skulle vere steng når det var fred,
og dørene skulle stå opne når det var krigstilstand. Så gjorde han
fredsavtalar med alle nabofolka, og stengte templet. Legenden seier at Janus kom
romarane til hjelp ein gang då sabinarane
hadde hærtatt byen. (Sjå under ROMULUS). Det er sagt at Janus var den første
gudehøvding som oppførte tempel,
men dette må sterkt betvilast. Men Janus utvikla storslagne, religiøse
rituale og festivalar. Gamle
filosofar grunda mykje på Janus' natur. Somme kom fram til at han var ei
foreining av Sol og Måne - at han var både solguden APOLLON, og månegudinna DIANE. Janus fekk (med tida?) ein
guddommeleg ektemake som vart kalla JANA.
Ved å endre litt på rettskrivinga, vert Jana til Diana, og Janus vert til Dianus. Namnet Dianus liknar på Deus og Zevs. Dianus vart dyrka i somme kulturar som Dianas
guddommelege ektemake, og han vart også kallla LUCIFER - "den lysande gud". Lucifer var knytt til
skapings-mytar. Med
endå litt endra rettskriving, kan Diana verte til GIANE - namnet til den mektige, sardinske gudinna. Kor mange
gåter ligg innbakt i alt dette? (Sjå JANA,
DIANA, GIANE og LUCIFER).. Det ertruskiske ordet jauna
tyder "dør". Janitor er
eit latinsk ord for "dørvakt". GRESK-INFLUERTE MYTAR OM JANUS: Janus
var ein døyeleg som kom frå Thessalia. Han vart gift med Camese og dei fekk mange barn; mellom
andre elveguden TIBERINUS, (elva
som renn gjennom Roma). Det vart også påstått at Janus gifta seg med nymfa JUTURNA – det høvde seg vel bra,
sidan ho hadde sitt eige tempel med kjelde
tett attved Janus’ tempel på Forum Romanum. Med
Juturna fekk Janus sonen FONTUS (Fons) - verneguddom for alle kjelder. I
ein myte heiter det at Janus fekk ein son med nymfa CARNA, som vart konge i bystaten Alba Longa. (Sjå CARNA). SPEKULASJONAR: Janus
kan minne om den litauiske guden Janis. Janis var ein noko skummel
type som vart feira ved midtsommar. Han var fræve-guddom. Men Janus hadde
kanskje sitt opphav i Toscana
eller Etruria? Etruskarane hadde ein gud dei kalla Ani – ein gud som heldt til i den
høgaste himmel. I Babylonia og
deromkring dyrka dei ein gud som heitte Anu.
Men om desse gudane har noko med Janus å gjere, er bare spekulasjonar. Var Janus
eldre enn JUPITER?? Var han eldre enn MARS??
Både Jupiter og Mars var gamle som alle haugar. For meg verkar det som Janus
tilhøyrde ein annan myte-tradisjon enn Jupiter og Mars. Han var knytt til ein
skapingsmytologi, og var ein gud
som eksisterte før Verda vart til (??) Primært var guden Janus knytt til
tidas gang. Tida var knytt til Sola
og Himmelen. Elvane var også knytte til tida, med sine årlege flaumar. Hadde
han status som himmelgud? Grekarane
sin CHRONOS var gud for tida. URANOS var grekarane sin himmelgud,
men eg har ikkje funne noko som tilseier at romarane kopla Janus med Uranos
eller Chronos. Grekarane
hadde ein figur som hadde noko felles med Janus - det to-hovuda hunde-uhyret ORTHROS,
som også var ein kalender-guddom. |
|||||||||||||||||||||||
|
Jason var son av Aeson; som var konge i byen Iolkos i
Thessalia. Halvbroren til Aeson, PELIAS,
tok trona frå Aeson. Jason var bare barnet då, og han vart gøymt unna. Då
Jason vart vaksen vende han tilbake til Hellas, og krevde kongsmakta. Pelias
lova at Jason skulle få trona, men at han først måtte hente Det gylte skinn, eit geitebukk-skinn
av gull som var familiens frårøva eigedom. (Sjå underr INO). Pelias trudde ikkje Jason
skulle greie denne oppgåva, men Jason samla eit mannskap på 50 unge adelsmenn
og HEROAR frå alle delar av
Hellas, for å sigle med seg på skipet Argo.
Mellom dei var HERAKLES, ORFEOS,
CASTOR, POLYDEUKES og PELEOS.
Dei vart kalla ARGONAUTANE. Dei sigla frå Iolkos til
øya Lemnos, og vidare mot Svartehavet via Mysia (eit landt på austsida av
Egearhavet). Var så innom Trakia. Tidleg på ferda miste dei Herakles, som
mønstra av for å leite etter sin venn og våpenberar HYLAS. Argonautane berga kong Phineos av Trakia frå sveltedauden -
landet hans var herja av HARPIENE
- nokre flygande uhyre med kvinnehovud, som stal og grisa til maten i landet.
Som takk forklarte Phineos
dei korleis dei skulle kome forbi SYMPLEGADENE
- nokre troll-klipper som vakta inngangen til Svartehavet, og klappa ihop
når noko kom imellom dei. På Phineos' råd slapp argonautane laus ei due då
dei kom til Symplegadene. Desse klappa saman og drepte dua, og argonautane
passerte så snøgt, medan Symplegadene var i ferd med å opne seg att. Etter ei strabasiøs og
lidingsfull sjøreise kom argonautane til landet Kolchis på austkysten av Svartehavet, der kong AEËTES hadde hand om det gylte skinn.
Aeëtes sa han ville gi frå seg skinnet dersom Jason spente hans to
eldpustande oksar med messingbein for plogen, og pløgde opp ein åker, for
etterpå å så åkeren med tennene til den draken som KADMOS, byen Thebes'
grunnleggar, hadde drept for lang tid sidan. Aeëtes visste at av draketennene
ville det skyte opp ein hær av krigarar som ville vende seg mot Jason. Men HERA kom Jason til hjelp. Aeëtes hadde ei datter, MEDEA, og Hera ordna det slik at
Medea vart forelska i Jason. Medea var troll-kunnig, og gav Jason ein amulett
som gjorde han usynleg den dagen eldprøven stod. Og samme natt greidde han å
stele Det gylte skinn frå ein
drake som vakta det - også ved hjelp av denne amuletten. Som takk lova Jason at han
alltid ville elske Medea, og at han ville gifte seg med ho straks dei var
trygt tilbake i Hellas. Medea måtte drepe broren sin, Apsyrtos, for at dei
skulle sleppe unna. På heimreisa greidde skipet Argo å kome seg forbi det
seks-hovuda uhyret SKYLLA, og
virvelstraumen CHARYBDIS.
Hav-nymfer, sendt av HERA, berga
skipet frå ein øydeleggande storm ved Libya-kysten. Så sigla dei via Kreta,
og med skip, mannskap, Medea og
skinnet, kom Jason tilbake til Hellas. Mannskapet vende så heim, kvar til sin
by, og Jason tok Medea og skinnet med til Pelias. Medan Jason var borte,
hadde Pelias tvunge Jasons far til å gjere sjølvmord, og Jasons mor hadde
døydd av sorg. Jason bad Medea hjelpe han med å hemne dette. Og Medea greidde
å innbille Aeëtes' døtre at faren ville få evig ungdom dersom dei hakka han i
bitar og kokte han i ei spesiell urtesuppe. Dette vart gjort, men oppskrifta
var letal. Så drog Jason og Medea til Korint, og her fekk dei to søner. Men
Jason sveik Medea, og gifta seg med dattera til kongen av Korint. Medea vart
fortvila og rasande. Med trolldom fekk ho drept den unge bruda. Etterpå
drepte ho sønene sine, for at dei ikkje skulle verte mishandla av
korintarane. Jason vart rasande for dette, og ville drepe Medea, men ho stakk
av i ei vogn trekt av to drakar. (Sjå også MEDEA). |
||||||||||||||||||||||
Jocasta var dronning i Thebes, og gift med kong LAIOS. Jocasta vart også
kalla Iokaste og Epikaste. Med Laios fekk ho sonen OEDIPOS,
som seinare drepte faren sin utan å vere klar over kven han drepte. Så gifta
han seg med Jocasta, også utan å vite at ho var mora hans. (Sjå under OEDIPOS og ANTIGONE). Med Oedipos fekk Jocasta
sønene POLYNICES og ETEOKLES, og døtrene ISMENE og ANTIGONE.
Jocasta hengte seg då ho vart klar over at ho var gift med sonen sin. ((Les
meir under OEDIPOS). |
|||||||||||||||||||||||
Juno 1 var det romerske motstykket til HERA. I romersk litteratur var Juno søster til JUPITER, og ho
vart også andre-kona hans. (Men i somme mytar heiter det at Juno vart gift
med SATURNUS.) I romersk mytologi var Juno
gudanes dronning. Ho var Juno Lucetia
- gudinne for himmel og lys, som også hjalp til under barnefødslar (brakte barnet ut i
lyset). Ho var månegudinne, og ho var kvinnenes vernegudinnne -
dei romerske kvinnene dyrka ho mykje. Ho vart dyrka under mange namn: Juno Pronuba styrte med giftarmål; Juno Regina var rådgivar og vernar av den romerske stat. På
årsfesten for Juno Regina vart ho ført i triumftog frå den etruskiske byen Veii til Roma – dette til minne om at
Roma sigra over Veii i år 396 fvt. Juno Sospita
var vernegudinne for arbeid og barneoppseding. Juno berga ein gang Roma då
gallarane ville angripe byen. Dei
heilage gjessene i templet hennar slo allarm før gallarane fekk samla seg til
angrep, og dette hjalp romarane å berge byen. Gjessene hadde tilhald i eit
tempel som var vigsla til ein rådgivar-variant
av Juno som vart kalla Juno Moneta. Moneta tyder ”åtvarar”. Myntverket låg
tett attmed, og ord for pengar, (monet, money, mynt), har sitt opphav i Juno
Moneta, fordi adresssa til myntverket var ad
Monetam. Første mars kvart år var
offentleg festdag for Juno. Festen vart kalla Matronalia (matre
= ”mor”). Månaden Juni er oppkalla etter Juno, og dette skal vere beste
månaden å gifte seg på. Gås og påfugl var heilage symbol for Juno. Greske Hera-mytar
smitta over på Juno: Juno var mor til
HEBE, MARS og VULCANUS. Ho var ganske bråsint, og sjalu på
Jupiter, som rente etter kvinnfolk heile tida. Ho la jamt planar for korleis
ho skulle hemne seg på Jupiter og elskarinnene hans. Ein gang tok ho stemma
frå EKKO, slik at ho aldri kunne uttale anna enn svar. (Samme soga er
fortalt om ZEVS/HERA/EKKO). Ein gang forvandla Juno
Jupiters elskarinne CALLISTO til ei bjørnebinne. Så viste ho Callistos
son Arcas, som var jegar, vegen til hiet. Han drepte då mora si. Og
Jupiter måtte setje mor og son på stjernehimmelen, for å tilfredsstille Juno.
Dei vart til Store Bjørn og Lille Bjørn. Jupiter fekk ei
datter, MINERVA (sjå ATENE)¸
som vart til på magisk vis. Ho vart født ut av hovudet på Jupiter. Juno vart
sjalu for dette. Som mottrekk fekk ho tak i den magiske planten som gir
kvinner evne til å føde barn utan hjelp frå menn. Ved hjelp av denne sjeldne
blomsten vart Juno gravid, og fødte krigsguden MARS. Saman med visdomsgudinna MINERVA kom Juno med i den nye,
himmelske gudefamilie. Juno
var også namn på kvinners verneånder. Sjå under GENIUS. Det var
sterke motsetnadar mellom Juno og Romas grunnleggar, AENEAS. Juno ville forhindre at Aeneas fekk grunnlagt Roma. Men
Jupiter stilte seg på Aeneas side. Her dukkar opp nok ein gang ....maktkampen
mellom kvinner og menn. Juno vart dyrka som månegudinne veit vi; det betyr at ho var ei av dei gamle
fræve-gudinnene som vart dyrka i eit tidleg, kvinnestyrt samfunn – eit
matriarkat; som regjerte i desse egnene før dei krigerske romarane kom og tok
makta. Juno hadde sin kong TURNUS,
som ho sette inn i kampen mot Aeneas, men Turnus og Juno leid nederlag. Det ser ut
til at det omtrent var fast skikk i Middelhavs-bysamfunna – den tida, at når
patriarkatet hadde overvunne matriarkatet, så medførte ikkje dette
nedslakting eller slavebinding av den tapande part. I staden kom partane fram
til ei semje slik at dei kunne leve
fredeleg saman. Religions-ordninga var alltid eit sentralt punkt i denne
semja. Patriarkatet sin gud var av maskulin art, og han skulle vere sjefen,
men matriarkatet si øvste-gudinne fekk vere med ho også, som ei god nummer
to. Det vart som eit ekteskap slik vi kjenner det frå før kvinnefrigjeringa -
mannen var familiens overhovud; innbilte han seg i alle fall. |
|||||||||||||||||||||||
Kvar romersk kvinne hadde ei Juno som
verneånd. Les meir under GENIUS. |
|||||||||||||||||||||||
JUPITER |
Jupiter
vart
romarane sin ”øvste-gud”. Namnet
burde eigentleg skrivast Iuppiter.
Den eldste Jupiter vi kjenner til vart dyrka i landskapet Latium, der byen Roma seinare vart
grunnlagt. Denne Jupiter hadde sitt tempel på Monte Cavo, aust for Albanarsjøen.
Det fins ikkje lenger spor etter dette templet. Jupiter var øvste guddom
for eit samband av 47 latinske byar. Kvar vår og haust var det store
seremoniar ved templet hans. Då Roma hadde slått seg opp til å bli den
fremste av dei latinske byane, fekk Jupiter nytt tempel på Kapitol-høgda, i år 509 fvt. Her vart
han dyrka i ulike ”utgåver”. Av dei eldre utgåvene var Jupiter Feretrius - ”Han som
råkar”, og Jupiter
Elicius - "Han som framkalla lyn på himmelen". Ein stad
som var råka av lynet måtte reinsast ved at det vart utført eit spesielt soningsrituale der. Som Romas vernegud vart
Jupiter kalla Jupiter
Optimus Maximus – ”Den beste og største”. Som Jupiter Fidius var han vaktar av
lovene, forsvarar av sanninga og
vernar av rettferd og sømmelegheit. Han var også vaktar av
all eigedom, og vernegud for alle avtalar. ”Ved Jupiter” svor romarane
når dei skulle avlegge eid på at dei snakka sant. Jupiter delte templet sitt
på Kapitol med MINERVA og JUNO. Når dei romerske hærene kom
heim etter eit sigersrikt hærtog, gjekk dei i triumfmarsj til Jupiters tempel. Det stod eit anna Jupiter-tempel på Forum i Roma – det er sagt at det var
reist av ROMULUS. Det var vigsla
til Jupiter
Stator – ”Han som stansar”. For då romarane rømde for sabinarane (sjå under QUIRINUS), bad Romulus til Jupiter at
han måtte stogge dei, og det var der dette templet vart oppført at den
romerske hær stogga, fekk nytt mot, gjekk mot sabinarane og vann siger. I Roma vart Jupiter dyrka
som himmelgud – han var
"Himmelens Herskar". Hans totem-dyr var ørna, for ho høyrer himmelen til. Han var regngud, og gud for tore og
lyn. Han hadde samme rolle som mange gamle
indoeuropeiske himmelgudar. Han var øvste vernegud for staten og statens
lover, og det var ved han at kongane hadde sin rett til å herske. Den seinare kristne kulturen har halde på
denne tradisjonsarven – alle kongar og keisarar må vigslast og innsetjast av
GUD. Jupiter endra
seg i takt med Romarriket. Frå gammalt var romarane bønder. Dei dyrka Jupiter Lucetius, som var gud for sol og måne.
Som Jupiter Elicius var han gud for
vind, regn, storm, tore, lyn. Jupiter Dapalis
var gud for såing, og Jupiter Liber var
gud for skapingskrefter. Jupiter Terminus var gud for grensesteinane på markene – (sjå under MARS og TERMINUS). Jupiter Latiaris var gud for alle latinske
stammer. Då Romarriket
vart mektig, vart Jupiter ein militant gud. Nå fekk han krigerske og
maktfulle namn, som: Jupiter Stator
Jupiter
Feretrius Jupiter
Victor Jupiter
Optimus Maximus Jupiter Conservator Orbis
Før alle
militær-operasjonar vart nå Jupiter påkalla, og han fekk alltid s del av
krigsbyttet som offergåve. Årleg vart det arrangert idrettsleikar med sirkus
og anna spas til Jupiters ære. Hovudtemplet til
Jupiter var hans tempel på Kapitol-høgda - det heitte Capitolum Vetus.
Oftast vart Jupiter avbileta som ein eldre mann med skjegg. Planeten Jupiter
var største planeten, og fekk namn etter guden. Som Jupiter Feretrius meiner somme at Jupiter hadde noko med eit heilagt tre å gjere, kanskje eit verdstre, slik som den norrøne guden Odin. Eg veit ikkje kva dei bygg
dette på. Det vart bygd eit tempel
for Jupiter Feretrius på Capitol, der våpen tekne frå fiendar vart oppvara
som heilagt krigsbytte. Det er hevda at det var Romulus som bygde dette
templet. Som Jupiter Lapis vart Jupiter assosiert med magiske steinar som det vart sverga eid til. Stein vart brukt
som fyrtøy – til å slå gneistar med når ein skulle tenne eld – det kom lyn frå steinane. Somme
forskarar meiner at forlauparen til Jupiter var ein gammal stein, eller ein dunge heilage flintsteinar som vart
oppvara på altaret i eit primitivt steintempel. Med flint kan ein slå gneistar
– gneistar er små lyn - små lys. Men gneistar kan også gje eld, og den heilage, gamle steinen,
eller den gamle dungen med flint-bitar, var truleg tilhaldsstad for guden som
gav menneska eld. I gresk
mytologi heiter det at PROMETHEVS
stal elden frå ZEVS, og brakte den
til menneska. Den gamle Zevs og den gamle Jupiter hadde altså eit fellestrekk
her - det var dei som hadde elden. Eld var
svært viktig for steinaldermenneska. Den gav både varme og lys i nattemørket.
Den gav vern mot farlege naturånder og ville dyr. Med elden kunne ein
tilbereie mat, rydde skog, og tilogmed smelte jernmalm! Elden var heilag, og
vart dyrka som guddom i seg sjølv. Jupiter gav
menneska eld frå gneistar av flintstein. Zevs' eld kom frå brannar etter
lynnedslag. Den gamle romerske guden VULCANUS
hadde kanskje ei liknande forhistorie. Hans eld kom frå brannar etter
vulkan-utbrot? Så vart
Jupiter og Zevs ihoprøra, og Jupiter byrja med torever og tordenkilar, og han
vart himmelgud og lysgud. Jupiter hadde si eldste guderolle i
steinaldersk panteisme. (Panteisme
er tru på guddommelege naturkrefter som har tilhald i stein, tre, fjell,
elvar, lundar, osv). Både gresk og romersk religion var faktisk ganske
gjennnomsyra av panteisme – mest i folketrua, men også i dei offisielle
stat-religionane. Då steinalder-stammene utvikla seg til meir siviliserte
bysamfunn, fekk gudane menneske-skap, og det vart bygd storslagne tempel for
dei. Men det var gjerne den heilage lunden eller den heilage kjelda ved
templet som vart rekna å ha sterkast guddomskraft. Her
er noko av mytologien som vart spunne omkring Jupiter etter at han vart
assosiert med Zevs: Jupiter tok
over hovudsetet i den romerske gudeverda etter sin far, SATURNUS, som
han styrta frå trona. Mora til Jupiter var Store-Mor-gudinna RHEA.
Saturnus ville svelge Jupiter, men Rhea greidde å berge han unna, og
fekk gøymt han på Kreta. Her vart han oppfostra av NYMFER, og fekk mjelk av ei geit. Jupiter
vann ein stor strid mot TITANANE.
Han blinda dei, og sende dei til TARTAROS
for å verte straffa til evig tid. Så vart det stor gude-konferanse, og
Jupiter vart vald til verdas herskar. Det første han gjorde då han vart vald
til gudanes konge, var å dømme ATLAS
til å bere Himmelen på sine skuldrar. Etter å ha styrt verda i eonar
(mange svært lange tidsbolkar), vart Jupiter lei menneskas svik, valdshandlingar
og krigar. Han utrydda alle innbuarane på Jorda, bortsett frå eitt par - DEUCALION
og kona hans, DYRRHA (PYRRHA). Jupiter nytta lyn for å straffe sine fiendar. Han bar ei
brystplate som likna ei stormsky. Han hadde ei ørn som han nytta som
sendebod. Ørna var Jupiters heilage symbol. NAMNET JUPITER Jupiter vart også kalla Jove, Iove, Iovis og Jovis, og somt tyder på at dette er samme namn som det bibelske Jahve.
Dei gamle romarane skreiv namnet
hans som Iuppiter. Eit
anna gammalt namn på han var Diespiter. Eg legg fram to mulige
forklaringar på dette namnet: I Dios = ”gudar”, piter
(pater) = ”far” > Gudars far Dios/dies ser ut til eigentleg
å bety lys, dagslys, lysande, skinande -
gudane var altså ”dei lysande”. II Deus = “gud”, piter (peter) = “stein” > Gudestein - ”lysande stein”. (ZEVS'
namn kjem også av Deus). Den
keltiske himmelguden heitte Esus,
og dette namnet har si rot i eit gammal-keltisk ord for lys. På latin har vi eit ord....jublar, som tyder ”overstrålande”. Etruskarane
og toskanarane hadde himmelgudar som likna både på Jupiter og Zevs – dei
hadde tordenkilar, og bar namn som
tydde lys; eller liknande. Desse
himmelgudane opptrådte i triadar.... himmelguden
regjerte saman med to gudinnner, liksom Jupiter inngjekk i triade med Juno og Minerva. ANCILE Jupiter
laga eit skjold som fekk namnet Ancile.
Det var på skap omlag som eit 8-tall. Jupiter gav dette skjoldet som gåve til
kong Numa. Numa var sabinaren som vart andre konge i Roma. (Sjå under ROMULUS). Det var forviklingar mellom sabinarane og romarane. Under kong ROMULUS hadde romarane røva seg
sabinske kvinner til ektemakar, og desse konene gjorde det vanskeleg for
romarane å gå til krig mot sabinarane. Sabinarane ville ikkje lenger la seg
styre av romerske kongar, så romarane sa at ein sabinar kunne verte konge
etter Romulus, men at romarane skulle bestemme kven. Numa var ein høgakta og
djuptenkt fredsforkjempar. Han hadde liten hug til å vere konge (han sa at romarane
heller trengte ein kaptein), men han såg seg forplikta til å ta jobben. Numa påstod at skjoldet Aancile kom ramlande ned frå himmelen som
gåve frå Jupiter. For å hindre at det vart stole, let han lage 11 skjold som
var nøyaktig lik Ancile, og han gav dei 12 prestane som vart kalla salii ansvaret med å ta vare på dei
12 skjolda. Skjolda vart oppvara i Regia
– kongebustaden som Numa oppførte, og som seinare husa øvstepresten Pontifex Maximus. Sali-prestane bar dei 12 skjolda i prosesjon gjennom byen kvart år i
byrjinga av Mars månad. Krigsguden Mars vart påkalla. Salii framførte ein
trestep-dans medan dei sang hymner til Mars og slo på skjolda med sverd.
Sangane var på latin. Mars Vigila
(Mars, vakn opp!), heitte ein av dei. Ancile
vart vigsla til krigsguden MARS.
For romarane vart skjoldet eit mektig heilag-grip – ein stats-talisman som
gav vern og god lukke. Før romerske soldatar gjekk i krig, oppsøkte dei Mars’
tempel og svinga skjolda sine – då vart noko av Anciles magiske kraft
overført. Eg trur skjoldet
Ancile var eit påfunn av kong Numa. Han spela på overtru for å gi romarane
noko å samle seg om – noko som kunne ta tankane deira bort dei frå
krigslyst og innbyrdes krangel. "Mannen i gata" var primitiv
og religiøs i tankegangen – Numa var ein intellektuell som låg framfor si tid
i tenking. Og Ancile-påfunnet vart
visst svært vellukka – romarane trykte skjoldet til sine bryst. Numa gjorde fleire smarte politiske trekk. Han fann opp
gudinna FIDES, og påstod det var
eit kjærleikssamband mellom ho og Jupiter. Fides var ei nykonstruert utgåve
av den sabinske gudinna Dia Fidius.
Den nye Fides vart vernegudinne for ærlegdom
og lojalitet til statsstyringa. Det
vart bygd eit tempel for ho på Capitol,
og her underteikna Roma avtalar med andre statsmakter. Numa ville gjere Roma
til eit samfunn som var styrt av lov og rett, og Fides skulle vere eit nyttig
reiskap for han i dette. Mange mytar fortel om barn som Jupiter
skal ha fått med ulike kvinne-figurar. Her er nokre av dei:
I Roma vart Jupiter til tider dyrka som eine parten
i ein triade-guddom. Vi kjenner til
to gude-triadar som Jupiter vart
medrekna i: I: JUPITER-MARS-QUIRINIUS II: JUPITER-JUNO-MINERVA Triade I vart nok dyrka i ufreds.-tider, medan
triade II vart dyrka i meir fredelege tider. Det
var ein høgtidsfest for Jupiter 19. august. Festen heitte Vinalia. Hans prest – flamen, ofra då eit søye-lam til han,
og hausta dei første druene. Så var det ein fest for Jupiter 11. oktober, på
samme dag som gudinna MEDITRINA
vart feira. Ho var gudinne for lækjedom,
vin og helse. Romarane rekna kanskje denne dagen for haustjamdøger. Meditrina fekk kanskje
vere med fordi ho dreiv med lækjedom liksom MINERVA? Minerva var part i ein av Jupiters triadar. |
||||||||||||||||||||||
Justisia var romersk gudinne for
lov og rett. Ho vart avbileta som ei kvinne som held eit overflødighietshorn
(cornucopia) og ei skål-vekt. Vekta brukte ho til å avgjere kven som var mest
skuldig/uskuldig - kven som hadde handla mest rettvist, når det var rettssak
mellom to partar. I seinare avbiletingar har Justisia fått bind for augene,
og er utstyrt med skål-vekt og sverd. Bindet for at ho ikkje skal la seg
påverke av moment som ikkje høyrer saka til når ho dømmer i retten, og sverdet
symboliserer at ho også eksekverer straffa. |
|||||||||||||||||||||||
Juturna var datter av kong Daunus, som regjerte over folkestamma rutilane, i det sørlege Italia. Mora
var nymfa VENILIA. Opphavleg var Juturna ei gammal italisk gudinne for
elvar. Det heiter at JUPITER
ein gang valdtok Juturna. Som plaster på såret, og som oppreising, gjorde han
Juturna til ei NYMFE, som vart
romersk verne-gudinne for elvar og innsjøar. JUNO var først ganske forbanna på Juturna fordi ho hadde hatt
samkvem med Jupiter, men ho var ikkje langsint, og tilgav etter kvart. Her er eit framlegg til korleis denne romerske
symbol-myten kan tolkast: For det første
vart Jupiter assosiert med den greske ZEVS, og tillagt Zevs'
kvinneforførande handlingsmønster. Og romarane erobra landet til rutilane,
der Juturna vart dyrka som gudinne. Juturnas prestinner vart avsett eller
drept. Av dette vart det politisk uro og opprørs-tilstandar. Ei gudinne var
drept! For å
dempe gemytta påstod romarane at Jupiter ville utnemne Juturna til romersk
vernegudinne for elvar og innsjøar. Dei erobra rutilane kunne nå reise til
Roma, og treffe att si gudinne der, og sjå at ho vart halden høgt i ære av
romarane. Dette styrkte deira sjølvkjensle; gemytta fall til ro, og dei slo
seg til tåls med å vere underlagt Roma. Juturna hadde ein bror som heitte Turnus (Juturnus).
Han var konge over rutilane. Så vart det ufreds-tider! Den trojanske HEROEN og høvdingen AENEAS, som hadde rømt frå Troja etter grekarane sin endelege
siger i Trojanarkrigane, kom til
elva Tibers munning med sitt folk
og sin hær, og der vart han gjestmildt mottatt av kong Latinus av Latium, og
han vart trulova med hans datter, LAVINIA.
Men kong Turnus hadde også fridd til Lavinia! Lavinias mor heitte Amata, og ho var tanta til Turnus, og
såg gjerne at hennar datter vart gift med han. Gudinna JUNO
mislikte sterkt at Aeneas kom og prøvde blande seg. Nå fekk ho oppeldna
Turnus til å gå til krig mot Aeneas og Latinus. Juturna deltok også i
kampane, for å hjelpe broren sin. Til sist vart det nærkamp - mann mot mann.
Turnus sprang ut av stridsvogna si, og han fall i tvekamp mot Aeneas. Til minne om denne historiske hendinga reiste romarane
eit tempel for Turnus og Juturna på Marsmarkene,
og heldt ein årleg fest 11. januar, kalla Juturnalia. Alle
som arbeidde med å bygge akvedukter og kanalar, feira Juturnalia særskildt. Det var nok i fredsforhandlingane etter denne krigen at
Juturna vart gjort til romersk gudinne. Det vart også feira ein annan årleg høgtidsfest der
Juturna vart påkalla og hylla. Denne festen heitte Volcanalia, og vart arrangert 23. august. Under denne festen vart
det ofra til VULCANUS, NYMFENE og Juturna, og det dreide seg
om brannvern. Roma var mykje plaga
av katastrofe-brannar, Vulcanus vart påkalla for å halde styr på elden, og
Juturna vart påkalla for å skaffe vatn til å sløkke elden. Nymfene vart vel
påkalla for at lukka skulle vere god med omsyn til lauseld? Myten om at Aeneas kom
til Latinus og vart vel mottatt, minner mykje om myten om at CHRONOS kom til JANUS og vart vel mottatt. (Sjå JANUS). Ein eller annan samanheng er det sikkert mellom desse to
mytane. Janus hadde forresten hatt ei forhold med Juturnas mor, VENILIA, og som resultat av dette
fekk Venilia dattera CANENS, som
altså var Juturnas halvsøster. Første lekk i namnet til Juturna kjem av det latinske
verbet iuvo, som tyder "eg hjelper". Resten av namnet hennar
er avleidd av det latinske verbet torno,
som tyder "å dreie rundt". Juturna hjalp til med å dreie
rundt....det handla om å dreie rundt Årets
hjul, slik at årstidene skifta og etterfølgde kvarandre på normalt vis.
Viktig var det at sola greidde å få snudd seg ved midtvinter, slik at ho
byrja stige på himmelen att. (Sjå FERONIA).
Når det gjaldt Juturna, så hadde ho kanskje særleg ansvar for at vårflaumen
kom i elvane når han skulle. Juturna gav
vern mot vassmangel. Ho hadde ei heilag kjelde i Roma. Kjelda låg på Forum Romanum, bak templet til POLLUX
og CASTOR. Denne kjelda, eller dammen, vart kalla Lacus Juturnae, og det er sagt at Pollux og Castor vaska sveitten
av hestane sine i denne kjelda, etter å ha vunne sin store siger ved Regillus-sjøen. Hellenistiske
forfattarar meinte at den old-romerske guden JANUS måtte vere knytt til vatn, og dei dikta opp ein myte om at
Juturna vart gift med Janus, og at dei to fekk sonen FONTUS, som vart vernegud for alle vass-kjelder og fontener. Juturna
var vernegudinne for brønnar og kjelder. I tillegg til den heilage
kjelda på Forum Romanum, hadde ho ein heilag brønn ved Lavinium, med vatn som kunne lækje sjukdommar. Ho var også vårens
gudinne, for våren brakte nedbør og flaum i elvane. Legg også merke til at på engelsk er ordet for vår
og kjelde det samme. |
|||||||||||||||||||||||
|
Juventas kunne også verte kalla Juventus. Namnet tyder
"ungdom". Ho var romarane si ungdoms-gudinne,
og ho var særleg vernegudinne for unge
menn. Etter Den andre puniske krig
vart Juventas assosiert med grekarane si ungdoms-gudinne HEBE. Juventas gav guddommeleg og
ungdommeleg livskraft. I det store tempel-komplekset på Kapitol var eit Juventas-kapell, i forgarden til Minerva-templet. Her ofra unge menn
ein mynt til Juventas før dei tok på seg manns-togaen for første gang. Dessutan
gav dei offergåver til Juventas for å fremje makta til den romerske stat. Juventas hadde også eit
tempel på Circus Maximus. Ein eller annan stad i verda har Juventas ei heilag
ungdomskjelde, som gir evig ungdom til den som får drikke av ho. Som hos grekarane: Før dei maskuline gudane overtok styringa, var det
feminine guddommar som regjerte - i det før-romerske samfunnet. På
Kapitol-høgda regjerte ein ungjente-mor-bestemor-triade, beståande av Juventas-Juno-Minerva.
Juventas var gudinne for lækjedom og sann ungdom, men ho vart tidleg gløymt.
Hebe overtok arven etter ho. Som Juno
og Minerva, har Juventas truleg eit etruskisk opphav. Etruskarane var eit
folkeslag som heldt til i Italia før romarane kom. Etruskarane buddde i Etruria - romarane kalla dei også for
"tuskarar", og distriktet dei heldt til i heiter nå Toscana. I dei eldste kjelder om Roma-staten er ikkje
Juventas nemnt. Ho kom på banen seinare, omtrent samtidig med MARS. Etter Den andre puniske krig vart greske element introdusert i romersk
mytologi. Dei sibylliske bøkene (sjå
DEIPHOBE), beordra i år 218 fvt.
romarane å arrangere ein divan-festival
for Juventas, der deltakarane skulle ligge på puter og innta eit heilagt
måltid. I samband med denne festivalen skulle HERCULES få takkoffer. (Koplinga
mellom Juventas og Hercules kjem seg av at i gresk mytologi, så heitte det at
den greske ungdoms-gudinna HEBE
var kona til HERAKLES). |
||||||||||||||||||||||
|