GRESKE OG ROMERSKE GUDAR

Gudar på   K

Forfatta av Aslak Nedregård

Til Framsida

 

 

 

 

Gresk

 

Romersk

 

 

 

KADMOS

KENTAUR

KERBEROS

KLOTHO

KRIOS

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

KAOS

KENTAUROS

KERES

KLYTAIMNESTRA

KRONOS

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

KARON

KEPHALOS

KETO

KOIOS

KRYSOMALLOS

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

KEKROPS

KEPHISSOS

KIRKE

KORE

KURETANE

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

KELAENO

KER

KLEITO

KORYBANTANE

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tekstboks: DRAKENTekstboks: MEIRKADMOS

Kadmos var son av kong AGENOR i Tyros, og hans søster var den vidgjetne prinsesse EUROPA.

Ein gang vart Europa kidnappa av ZEVS - i skap av okse. Han bortførte ho; truleg til Kreta. Agenor beordra då sønene sine, Kadmos, PHOENIX og Cilix å fare på leit etter ho. Han sa dei fekk ikkje kome heim før dei hadde funne ho. Oppgåva var håplaus, så alle tre brørne måtte gå i eksil. Phoenix grunnla landet Fønikia, Cilix grunnla Cilicia, medan Kadmos grunnla (erobra) den viktige byen Thebes i Boötia, ikkje langt frå Aten, og han kalla byen Kadmeia.

Då Kadmos hadde sett seg i hovudet at han ville grunnlegge ein by, rådspurde han oraklet i DELFI kvar byen helst burde ligge. Oraklet sa at han skulle finne ei beitande ku ikkje langt frå oraklet, og at han skulle følge denne. Der kua la seg til for å kvile, der skulle han bygge byen.

Kadmos fann kua, og kua vagga av garde. Då ho til sist la seg til for å jorte, bad han mennene sine hente vatn så han kunne utføre ei ofring for ATENE. Han hadde visst tenkt å offer-slakte kua!

Men då mennene skulle hente vatn, gjekk dei seg på ein monster-slange, som var vigsla til krigsguden ARES, og slangen drepte dei alle. Så kom Kadmos til valplassen, og han gjekk til kamp mot slangen, og greidde til sist å få livet av han. Då høyrde han ei røyst som tala til han, og spådde at han sjølv skulle verte ein slange til slutt.

Så sat Kadmos der med ei bytomt, men ingen til å hjelpe seg å bygge byen. Men så kom Atene til, og ho rådde han til å så slangens tenner i jorda der. Han så gjorde, og fram av tennene sprang det væpna krigarar. Dei byrja straks å kjempe mot kvarandre, til dei var bare fem levande att. Desse fem vart stamfedrene til den thesbanske adels-stand. Men Kadmos måtte gjere teneste for Ares i åtte år, som bot for at han hadde drept monsterslangen, for slangen var son av Ares.

Sidan gifta Kadmos seg med HARMONIA, datter av Ares og AFRODITE, og paret fekk døtrene SEMELE, AUTONOË, AGAVE og INO - (sjå KRYSOMALLOS). Kadmos skulle også ha fått sonen POLYDOROS, som seinare vart konge av Thebes, men dette er litt usikkert.

Kadmos brakte alfabetet til Grekarland. Dette var det første greske alfabet. Frå før hadde grekarane bare eit primitivt alfabet med kun konsonantar - Kadmos kom med vokalane. (Sjå under MOIRENE).

Harmonia fekk to bryllupspresangar av Kadmos, som vart vigjetne. Det var ein kjole og eit halskjede. Det var gudane som hadde laga desse gåvene. Somme har hevda at HEFAISTOS gav kjedet til Kadmos, medan andre har påstått at han fekk det av si søster Europa, som hadde fått det av Zevs. Det er også sagt at Atene eller AFRODITE brakte dei to gåvene. Halskjedet bestod av to kvesande slangar, med gapa vendt mot kvarandre. Mellom slangegapa stod ei ørn av gull, og med vengane dekorerte med gul jaspis og månestein. Elles var heile kjedet mesterleg pynta med glitrande glimesteinar.

På sine eldre dagar drog Kadmos og Harmonia frå Thebes og reiste til Illyria. Der vart dei forvandla til slangar, som røysta hadde spådd. Og Zevs gjorde dei udøyelege, og sendte dei til Dei elysiske marker.

 

Slangen som Kadmos kjempa mot, vart kalla "Den boötiske drake". Opphavleg var draken ein maktsjuk og grusom prins ved namn Abas - arveprins til byen og landet ELEUSIS.  Han var så freidig at han gjorde narr av korn- og fræve-gudinna DEMETER, men det skulle han ikkje gjort! Demeter vart guddommeleg harm, og straffa Abas ved å skape han om til ei lita firfisle.

Seinare, då menneskeætta skulle utryddast, tilrådde dei tre lagnads-gudinnene, MOIRENE, at firfisla Abas vart sett på denne saka.  Firfisla vart då servert skikkeleg kraftkost - ho fekk  fråtse på skulderbladet til den begravde himmelguden URANOS. Abas vaks fælt av denne dietten, og fekk veldige krefter. Snart var han "Drakanes Konge".

Kadmos fekk hjelp av PROMETHEVS og smedguden HEFAISTOS i kampen mot draken. Dei laga han eit skjold med spegel-effekt. Då Kadmos gjekk mot den eldsprutande draken, heldt han skjoldet framfor seg, og draken såg sitt eige spegelbilete. Draken vart så støkt at han drog pusten, og dermed anda han inn sine eigne flammar, og omkom ved dette.

 

Då Kadmos utvandra frå Tyros, hadde han med ein krigarhær og eit stort folkefølge. Leitinga etter si søster Europa var kanskje eit påskot, men Kadmos drog ut for å finne nytt land der han kunne slå seg ned med folket sitt. Det var vanleg i oldtida, at når folketallet i ein by vart for stort, så utvandra kongssøner med delar av folket. Soga om kua er ei symbolhistorie, men den fortel oss at Kadmos og folket hans tilhøyrde ein ku/okse-kult, og altså var kveg-drivarar. (Sjå INO og IO).

Abas var nok Kadmos' sterkaste motstandar, som han måtte nedkjempe før han kunne grunnlegge Thebes. Det heiter om draken Abas at han vakta ei heilag kjelde, og drepte alle som kom for å hente vatn der.  Eg trur Abas vart øvsteprest i ein slangekult, og at han kledde seg ut som slange under rituala, for å halde sine undersåttar i age. I hans tempel (eller fjellhole) var ei heilag kjelde, og under somme seremoniar vart det utført menneskeofring der. Offera måtte gå til kjelda for å hente vatn, men vart rituelt drept under dette ærendet.

 

Kongen som hadde regjert landet som Kadmos nå okkuperte, heitte Ogygos, og hans folk vart kalla ektenarar. Landet hadde visst ikkje vore befolka før Ogygos' tid. Byen Thebes vart i lange tider kalla "Det ogygiske Thebes". Kadmos kalla som nemnt byen Kadmeia, men byen heitte Thebes før det, og dette gamle namnet kom snart i bruk att.

 

Såinga av draketenner vil eg tolke slik, at Kadmos' hær (og folk) vart desimert i krigane mot Abas og hans hær, men Kadmos sigra til slutt, og han skaffa seg meir folk ved at hans folk inngjekk ekteskap med den nedkjempa fiendens kvinner (og menn?). Draketenner var då symbol på Abas' tidlegare undersåttar, (orakel-språk). Av dette må vi også rekne med at såing av draketenner, på eitt eller anna vis, inngjekk i bryllupsrituala når det vart inngått ekteskap mellom Kadmos' folk og Thebes' ur-innvånarar.   (Sjå under PLUTOS 2).

Dei mennene som vaks opp av drake-tennene som Kadmos sådde, vart kalla spartii. Desse hadde ikkje andre tankar i hovudet enn å prøve ta livet av kvarandre. Men i det minste fem spartii overlevde. Historia om dette symboliserer truleg ein periode med maktkampar og borgarkrig.

Undersåttane til Abas var truleg eit undertrykt og plaga folk. Abas kalla seg "Son av krigsguden ARES", og han var nok ikkje særleg god. Då  preste-tyrannen var drept, og undersåttane fekk frie tøylar, var det mykje lidd vondskap som måtte ut, og dei gjekk laus på kvarandre.

Vi forstår at namnet på byen Sparta har noko med spartii å gjere.

 

I ein myte heiter det at Kadmos ikkje sådde alle draketennene. Atene tok vare på halvparten, og ho gav dei til kong AEËTES av Colchis. Mykje seinare sådde JASON desse, men mennene som vaks fram byrja straks å myrde kvarandre, og ingen av dei overlevde.

Vi kjenner namna til dei fem spartii som overlevde Kadmos' såing av draketenner. Dei vart dei mektigaste menn i Thebes, etter Kadmos.

Chthonios var den første. Hans etterkomarar erobra Thebes' trone frå Kadmos' etterkomarar, og førte mange krigar.

Echion var den andre. Han vart gift med Kadmos' datter Agave. Dei fekk sonen PENTHEOS. (Sjå PENTHEOS).

Hyperenor var den tredje.

Peloros var den fjerde.

Udaeos var den femte.

Tekstboks: PYTHAGORASKAOS

Kaos er gresk for det romerske CHAOS. Kaos tyder "Gapet". Det dreier seg om verds-gapet - det store, tomme rom - det første som var, før verda vart til.

I oldtida og under antikken vart det framsett mange mytar og teoriar om Kaos. Kaos var noko som opptok filosofane. Dei prøvde å skildre korleis tilstandane var før verda vart skapt, og desse tilstandane kalla dei Kaos. Kaos tyder "gapet" men også "uorden", i overført meining. Det motsette av Kaos var orden - Kosmos. Filosofane framsette mange ulike teoriar om korleis Kosmos vaks fram av Kaos, som denne:

Kaos og GAIA (Jorda) var motstykke, og i fellesskap frambrakte dei verda og gudane. I Kaos var EREBOS  (Mørkret) og NYX (Natta). Desse to var bror og søster....

Kaos var ein tilstand utan orden. Naturens lover hadde ennå ikkje byrja verke, så alt var eit einaste rot. Himmel, jord og vatn var samanrøra til lapskaus, men ingen menneske eller gudar har sett Kaos, så ingen kan fortelje om det. Lys fans ikkje i Kaos, og tida hadde ikkje byrja gå. Det var evig natt og evig vinter.

Universet - Kosmos var i Kaos - i kvile-tilstand - som ei moglegheit. Kanskje skulle verda aldri verte til - det var kanskje størst sjanse for det? Men så skjedde noko - ein uballanse kom i Kaos, og skapinga byrja! Og først igangkomen, så var skapinga utstoppeleg! Kosmos vaks fram av Kaos - orden vaks fram av uorden! Skapinga eksploderte fram!

 

Du kan gjenta skapingsakta - lage Kosmos av Kaos, ved til dømes å rydde rommet ditt. Alle må delta i skapinga, for slik er skapinga sin natur. Og oppfyller du ikkje livs-oppdraget ditt, så kan alt ende i suppe, lapskaus, Kaos igjen. Vil du det?!

 

Kosmos tyder på gresk "ordna oppstilling", og matematikaren og astronomen Pythagoras tok ordet i bruk om stjernehimmelen (ca 500 fvt.).. Seinare vart Kosmos brukt som namn på heile Universet.

(Sjå under CHAOS og URTIDSMYTENE).

 

KARON

(Charon)

Tekstboks: PLUTOMÅNE

Karon var ein gammal, gretten ferjemann som frakta dei dødes sjeler over elva STYX, til HADES sine heimar i Dødsriket. Grekarane la ein mynt, "obol", under tunga på sine døde. Det skulle vere lønn til Karon.

Karon var son av natta NYX og mørkret EREBOS. Porten til Underverda (Dødsriket) låg på hi sida av elva Styx. Bare sjelene til avdøde som hadde gjennomgått gravferds-rituala på rett vis, fekk kome i Karons båt. Dei som ikkje hadde fått rett gravfred, og som Karon ikkje ville ta med i båten, måtte vente i 100 år ved Styx' breidder.

I andre greske myte-tradisjonar heiter det at dei avdødes sjeler vart brakt til Karon av HERMES, og at Karon ferja dei over elve Acheron.

Var Styx og Acheron to namn på samme elv? Det veit vi ikkje. Acheron og Karon er like namn. Namnet på elva kunne kanskje skrivast A-karon? Heitte elva etter Karon, eller var det omvendt?

Det heiter at det var fem elvar i Dødsriket, og at Acheron var den største av dei. Acheron vart faktisk halden for å vere verdas nest største elv, etter sjølvaste havet, OKEANOS, som var den store verdselva som rann omkring alle land. Men medan Okeanos rann oppe i dagen, så var Acheron ein underjordisk straum, og hadde sine laup djupt under jordas tørraste ørknar.

I Nordvest-Hellas renn også i dag ei elv som heiter Acheron, og det er sagt at denne ei ei grein av den store Acheron. Det er også hevda at ei grein av Acheron dukkar fram i dagen i Tyrkia.

Dersom levande folk ville vitje Dødsriket, måtte dei ha med ei spesiell tregrein av gull. Det heiter i ein myte at Den kumenske SIBYLE kunne skaffe ei slik.

Karon er blitt avbileta både som ein uflidd olding, som ei beingrind, og som ein "demon" med venger med ein dobbel-hammar i handa. Denne dobbel-hammaren er truleg den samme som Tors hammar frå norrøn mytologi, men korleis dette heng saman, veit eg ikkje.

Karon kjenner vi også frå etruskisk mytologi, under namnet Charun. Her var han ikkje ferjemann, men ein figur som henta avdødes sjeler til Dødsriket. Dei som ikkje ville gå med han friviljug, jaga han på med ein piggstav.

Planeten Plutos måne har fått namn etter Karon.

 

(Sjå også HADES).

 

KEKROPS  (Cecrops)

Kekrops var Atens andre konge, og han vart første konge over heile Attika. Han vart født av Jorda, og var elles utan foreldre. Frå midja og ned var han skapt som ein slange eller drake.

Det eldste namn på byen Aten var Akte, etter byens første konge, Akteos. Kekrops vart gift med Akteos' datter Agraulos, og slik kom han til kongsmakt. I Kekrops' regjeringstid vart byen kalla Kekropia. Kekrops og Agraulos fekk døtrene HERSE, AGLAUROS og Pandrosos. (Legg merke til skilnaden på Agraulos og Aglauros).

I Kekrops' regjeringstid tevla ATENE og POSEIDON om kven av dei som skulle vere byens verne-guddom. Dei gav kvar si guddommelege gåve til byen. Poseidon stakk treforken sin i Akropolis' klippe, og ei saltvass-kjelde spruta fram. Verdas første hest sprang også fram av jorda ved dette, heiter det i ein myte, men dette må takast med ei klype salt, sjølv om Poseidon var knytt til heste-kultar. Merka etter treforken kan ein ennå sjå bak Erectheion-templet.

Atenes gåve var eit oliventre - verdas første, påstod grekarane. Nå fekk kvinnene matolje til kokinga!

I ein myte heiter det at alle byens menn stemte på Poseidon, medan alle kvinnene stemte på Atene. Så var det ei kvinne meir enn det var menn, og Atene gjekk sigrande ut av tevlinga. Kekrops bygde så tempel for ATENE, og dyrka ho som si  vernegudinne.

I ein annan myte heiter det at ingen likte Poseidons gåve noko særleg, for saltvatn hadde dei nok av frå før. Uansett så vart Atene kåra til byens vernegudinne, og byen vart kalla Aten etter ho.

Kekrops vart konge over heile Attika. Men hans rike var truga av kariske sjørøvarar (sjå KER), og aggressjon frå Boötia. For å få betre orden og kontroll med sitt rike, delte Kekrops Attika inn i 12 styringsområde. Så fann han på å halde folketeljing. Kvar innbuar måtte kome og legge frå seg ein småstein. Då alle steinane var talde, kom ein til at Attika hadde 20 000 innbuarar.

Kekrops innførte ZEVS-dyrking i Aten, og gjorde slutt på menneske-ofring. Han vart gravlagd på Akropolis, og grava kunne skodast fram til år 400 fvt., men så vart ho øydelagt under ein krig.

 

Då Aten ein gang var beleira av ein fiende-hær, spurde atenarane oraklet i DELFI om råd. Oraklet svara at ein atenar måtte friviljug la seg ofre, om byen skulle verte berga. Då Kekrops' datter Aglauros fekk høyre dette, kleiv ho til topps på borga Akropolis og kasta seg utfor murane. Atenarane bygde eit tempel på Akropolis for Aglauros, og det vart innstifta ein årleg fest til hennar ære, kalla Aglaureia.

 

Mytane omkring Kekrops fortel om konfrontasjon mellom ulike kulturar. To store religions-kampar får vi høyre om. Den første er mellom Poseidons heste-kult og ein  jordbruks-kult representert ved Atene. Det var to folkestammer som skulle leve saman i Aten. Den eine hadde dyrka den maskuline gud Poseidon, og andre stamma hadde dyrka gudinna Atene. Ved ei eller anna form for folkeavstemming vart Atene kåra til felles vernegudinne for begge dei to folkestammene.

Den gamle Atene var månegudinne, og knytt til ein streng, matriarkalsk kult, der årleg menneske-ofring inngjekk i rituala. Kven var det som skulle ofrast under den store årsfesten? Det var Kekrops! Kvart år vart ein mann utvald til å vere heilag-konge. Han skulle vere konge i eitt år, og vart hylla, feira og ofra til. Han vart kledd i slangeham, og dyrka som jord-guddom. Slangen var eit sterkt jordsymbol. Då hans år som heilag-konge var omme, skulle han ofrast - for å fræve jorda, slik at neste års avling skulle verte god. (I det gamle Thebes hadde dei slange-kongen Abas...(sjå under KADMOS), så truleg tilhøyrde Aten og Thebes samme kult-tradisjon i si tidlege historie).

I antikke tekstar kan vi lese at svarte immigrantar (negrar) frå landet Kanaan hadde busett seg i Aegea og i Argolis. Dei kalla seg "Søner av Abas". Seinare vart delar av deira område i Argolis erobra av ei folkestamme som vart kalla melampodane.

Den andre store religionskampen arta seg som ein revolusjon, planlagt og gjennomført av Kekrops og hans tilhengarar. Vi veit ikkje korleis, men Kekrops nekta å la seg ofre. I staden tok han makta og styringa. Han avskaffa menneskeofring, og innførte Zevs-dyrking utan noko forutgåande folkeavstemming. Han konstituerte patriarkatet med makt!

Sjølv om Kekrops fekk innført Zevs og patriarkalsk styring, så kunne han ikkje radere bort Atene - til det var gudinna og hennar presteskap for mektig. Men Atene måtte finne seg i at hennar guddommelege rolle vart endra. Hennar prestinner fekk ikkje lenger valdta kongar, for deretter å rive dei i filler med tennene, og spreie dei i småbitar over heilage åkrar.

Zevs vart øvstegud, men Atene var alltid ei mektig gudinne i Attika, så lenge folk trudde på dei gamle gudane.

Som vernegudinne for Aten måtte vel Atene utstyrast med sverd? Var det slik ho byrja sin karriære som krigsgudinne?

Kekrops' datter Aglauros fungerte truleg som øvsteprestinne ved Atene-templet.  Ho kasta seg altså i døden, for å berge Aten frå ei beleiring. Hennar stup frå Akropolis' klippe vart nok utført som lekk i ein høgtidssam seremoni.

(Sjå også HELLEN og AGLAUROS, og les meir om Abas under KORYBANTANE).

Tekstboks: UHYREKELAENO

Det heiter i ein myte at Kelaeno var ei av dei sju NYMFENE som vart kalla PLEIADENE - døtre av ATLAS og PLEIONE.

Elles er Kelaeno kjent som ei av dei tre HARPIENE. Harpiene var flygande uhyre - dei var Dei tre hemn-gudinnene - døtre av havguden THAUMAS og OKEANIDA ELEKTRA.

Dei tre harpiene heitte OKYPETE, AELLO og KELAENO. Kelaenos namn tyder "Skrikar". Ho vart også kalla Podarge. Harpiene straffa kriminelle gjerningar. Dei hadde kvinne-hovud og rovfugl-kropp. Mykje nifst er fortalt om korleis harpiene straffa forbrytarar. Dei kunne snappe bort all deira mat, så dei leid svelt-dauden, eller også omskape maten til dei skuldige, så den vart umogleg å ete.

(Les meir under HARPIENE).

 

Tekstboks: BILETETekstboks: MEIRTekstboks: MAGNESIA
C4 på kart
KENTAUR

Kentaurane var ein rase av mytiske vesen med hestekropp og hovud og armar som menneske. Slike vesen, som er blanda av to eller fleire artar, vert kalla kimærar.

Kentaurane var barn og barnebarn av den store KENTAUROS. Dei var heimehøyrande i distriktet Magnesia, som låg på Thessalia-kysten. Deira formødre var merrene som beita i liene under Mont Pelion, og som Kentauros hadde parra seg med.

I tidleg gresk mytologi hadde Kentaurane hestekropp påkopla to manns-overkroppar, stundom med slangehale - og dei to kroppane vende seg mot kvarandre og dansa. Slik var tradisjonen i Mykene og på Kreta. I arkaisk kunst var det SATYRAR som vart avbileta som mann/hest, (men seinare som mann/geit).

 

Kentaurane var eigentleg  ei gammal folkestamme frå steinalder-tid. I deira kultur i Magnesia stod dyrking av hestar sentralt. Hestane var vigsla til Månen. Det vart arrangert heste-dansar som skulle påkalle regn. Vårkåte hingstar vart sleppt inn til merrene, og folk kledde seg ut som hingstar og merrer og dansa like kåte. Det var viktig for årets avling at vårregnet kom rikeleg.

Kentaurane hadde eit nabo-folk som vart kalla Lapittar. Ein gang, då PEIRITHOOS var konge over Lapittane, gjorde Kentaurane krav på Peirithoos' kongerike. Hellenar-kongen THESEVS, (sjå under HELLEN), som hadde gått i forbund med Lapittane, jaga Kentaurane bort. Men Kentaurane slo tilbake, og invaderte Peirithoos’ territorium. Lapittane måtte rømme heilt til Malea på sørspissen av Pelopponnes, der dei så slo seg til.

Som Thesevs, deltok også HERAKLES i stridar mellom Lapittar og Kentaurar. Som Thesevs, var då også Herakles kledd i løveskinn. Løva var hestanes farlegaste fiende.

 

At folkestamma Kentaurane er blitt knytt til fabelvesenet hestemann, må skrive seg frå religions-utøvinga deira, der inngjekk erotiske seremoniar der deltakarane, utkledde som hestar, dansa og hora for å påkalle regn og fræve.

Av dei olympiske gudane var det POSEIDON som hadde med hestar å gjere, men eg har elles ikkje funne noko kontaktpunkt mellom kentaurane og Poseidon.

Når ein ny kentaur-konge skulle kårast, vart det arrangert ein seremoni der den nye konge, utkledd som hingst, dansa krigsdans saman med symbolske motstandarar, utkledde som forskjellige villdyr.

Som Lapittane, hevda Kentaurane at dei nedstamma frå IXION, som var ein mektig øvsteprest i ein gammal eike-kult. Ixions steinalder-kultur hadde lært seg å dyrke ein spesiell eike-art med etande neter.

Lapittane og Kentaurane hadde ein felles heste-kult. Dei var primitive fjellstammer som hadde tilhald i Nord-Hellas, og dei låg i stadig strid med kvarandre. Hellenarane (Helladane), som invaderte som erobrarfolk, nytta seg av dette – dei utmanøvrerte fjellstammene ved å sette dei opp mot kvarandre; (splitt-og-hersk-taktikk).   

I rituala til Kentaurane og Lapittane inngjekk sex-orgier som eit viktig element. Dei monogame Hellenarane tykte dette var fæle greier.

Kentaurane og Lapittane var folk av yngre steinalder (neolittisk kultur). Dei overlevde i dei arkadiske fjella og på Pindus-fjellet heilt fram til klassisk tid. Restar av språket deira kan ein ennå finne i Albania.

To vidgjetne kentaurar var NESSOS, som forårsaka Herakles' død, og FOLOS, som delte mat med Herakles. Men den mest vidgjetne av alle kentaurar var den vise CHIRON.

I bryllupet til Peirithoos prøvde kentaurane å valdta bruda og alle dei andre lapitt-kvinnene. Dette førte til eit stort slagsmål, og kentaurane måtte rømme derfrå.

Namnet Kentaur (Centauros) er mystisk. Ein har grunda på kva det tyder. Romarane hadde til tider nokre hær-avdelingar på 100 mann som vart kalla centurion. Kentaurane skulle vere 100 i tall. Kan nemnet deira ha samanheng med det latinske centurion? Centauros kan også tyde 100 oksar - cent taures, men det høver dårleg som namn på ein heste-kult.

 

Som nemnt var Kentaurane heimehøyrande i landskapet Magnesia. Der var i gammal tid ein heste-kult, (som på Søre Sunnmøre i tidleg  jernalder). Ei gudinne var sentral i denne heste-kulten - truleg bar ho namnet CYRENE. Kulten fekk ein avleggar på øya Tera, og seinare slo kolonistar frå Tera seg ned i Libya, og grunnla byen Cyrene. Dei dyrka Cyrene og APOLLON, og dei kalla hamneområdet i Cyrene for Apollonia. Eg veit ikkje korleis det var med hestane, men kentaurar, og særleg kentauren CHIRON, spela ei viktig rolle i mytologiane i Magnesia, på Tera og i Cyrene.

 

 

Tekstboks: LISTE OVER KENTAURAR
Abas	Deltok i bryllupet til PEIRITHOOS. Kjempa mot Lapittane og rømde.
Agrios	Måtte gi tapt i tvekamp mot HERAKLES.
Amfion	Prøvde å stele vin frå FOLOS, men vart drept av HERAKLES.
Amykos	Son av kentauren Ophion. Var i bryllupet. Kjempa mot Lapittane. Drept av Pelates.
Anchios	Prøvde å stele vin frå FOLOS. Måtte gi tapt i tvekamp mot Herakles.
Antimachos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Caeneos.
Afareos	Vart drept av Thesevs i bryllupet til Peirithoos.
Afidas	Vart drept av Phorbas i bryllupet til Peirithoos.
Arctos	Deltok i bryllupet til Peirithoos, og kjempa mot Lapittane.
Areos	Deltok i bryllupet til Peirithoos, og kjempa mot Lapittane.
Argios	Prøvde å stele vin frå FOLOS, men vart drept av Herakles.
Asbolos	Spåmann som prøvde å telje dei andre Kentaurane frå å gå i slagsmål med Lapittane i bryllupet til Peirithoos.
Bienor	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Thesevs.
Bromos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Caeneos.
CHIRON	CHIRON var ein kentaur som utmerka seg med sin visdom. (Sjå CHIRON).
Chromis	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Peirithoos.
Chthonios	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Nestor.
Clanis	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Peleos.
Crenaeus	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Dryas.
Cyllaros	Gift med Hylonome. Deltok i bryllupet. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av eit spyd.
Daphnis	Prøvde å stele vin frå FOLOS, men vart drept av Herakles.
Demoleon	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av PELEOS.
Dictys	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Peirithoos.
Dorylas	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av PELEOS.
Doupon	Prøvde å stele vin frå FOLOS, men vart drept av Herakles.
Dryalos	Son av kentauren Peuceos. Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane.
Echeklos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Ampyx.
Elatos	Prøvde å stele vin frå FOLOS. Herakles skaut ei pil som gjekk gjennom arma hans, og råka CHIRON i kneet.
Elymos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Caeneos.
Eurynomos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Dryas.
Eurytion	Ubehøvla type. Vart drept av Herakles.
Eurytos	Den villaste av Kentaurane. Det var han som starta slagsmålet i bryllupet til Peirithoos. Vart drept av Thesevs.
Faecomes	Kjempa i bryllupet. Drept av heroen Nestor.
Flegraeos	Kjempa i bryllupet. Drept av PELEOS.
FOLOS	Folos var ein dyktig spåmann. Han rømde frå kampen under Peirithoos' bryllup. Så drog han ei av Herakles' giftpiler ut av ein annan kentaur, men fekk sjølv eit risp av pila, og døde av dette.
Frixos	Prøvde å stele vin frå kentauren FOLOS, men vart drept av Herakles.
Gryneos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Exadios.
Helops	Deltok i bryllupet. Kjempa mot Lapittane. Rømde, men vart spidda av  trestamme.
Hippasos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Thesevs.
Hippotion	Prøvde å stele vin frå FOLOS, men vart drept av Herakles.
Hodites	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Mopsos.
Homados	Prøvde å stele vin frå FOLOS. Så prøvde han å valdta Alcyone, barnebarn av PERSEOS. Vart drept i Arkadia.
Hylaeos 1	Prøvde å valdta ATALANTA, men ho skaut han.
Hyaleos 2	Vart drept av Herakles, men vi veit ikkje korleis.
Hyaleos 3	Var med DIONYSOS på hans misjonsreise til India. vart drept av den indiske general Orontes.
Hyles	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av PELEOS.
Hylonome	Kona til kentauren Cyllaros. Då ho såg han vart drept av eit spyd, kasta ho seg på samme spydet og døde også.
Imbreos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Dryas.
Iphinoos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av PELEOS.
Isoples	Prøvde å stele vin frå FOLOS, men vart drept av Herakles.
KENTAUROS	Stamfar til Kentaurane. (Sjå KENTAUROS).
Latreos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Caeneos.
Lycabas	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane, og rømde.
Lycidas	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av Dryas.
Lycopes	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av THESEVS.
Lycos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av PEIRITHOOS.
Medon	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane, men rømde så bort.
Melanchaetes	Prøvde å stele vin frå FOLOS, men vart drept av HERAKLES.
Melaneos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane, men rømde så bort.
Mermeros	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane, men vart såra og rømde.
Mimas	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane.
Monychos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Heroen Nestor heiv seg på ryggen hans, og greidde å temje han.
Nedymnos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane. Vart drept av THESEVS.
NESSOS	Nessos var ein svart kentaur. Han rømde frå kampen i Peirithoos' bryllup. Seinare prøvde han å valdta DEIANEIRA, men vart drept av Herakles.  (Sjå under DEIANEIRA).
Ofion	Far til kentauren Amykos.
Orios	Prøvde å stele vin frå kentauren FOLOS, men vart drept av Herakles.
Orneos	Deltok i bryllupet til Peirithoos. Kjempa mot Lapittane, men rømde så bort.
Perimedes	Son av kentauren Peuceos. Deltok i bryllupet, og kjempa mot lapittane.
Petraeos	Deltok i bryllupet, og kjempa mot lapittane. Drept av Peirithoos.
Peuceos	Far til kentauren Perimedes.
Pisenor	Kjempa i bryllupet, og rømde.
Pylenor	Vart såra av Herakles. Etterpå vaska han seg i elva Angrios, og sidan har det lukta merkeleg av denne elva.
Pyrakmos	Kjempa i bryllupet. Drept av Caeneos.
Pyraethos	Kjempa i bryllupet. Drept av Perifas.
Rhoekos	Prøvde å valdta ATALANTA, men ho drepte han.
Rhoetos	Kjempa i bryllupet. Drept av Dryas.
Rifeos	Kjempa i bryllupet, og rømde.
Styfelos	Kjempa i bryllupet. Drept av Caeneos.
Teleboas	Kjempa i bryllupet. Drept av Nestor.
Thaumas	Kjempa i bryllupet, og rømde.
Thereos	Bjørnefangar. Kjempa i bryllupet. Drept av THESEVS.
Ureos	Kjempa i bryllupet, og rømde.

 

KENTAUROS

Det heiter at Kentauros var halvt hest og halvt mann - altså ein kimær. Han var avla av nordavinden BOREAS og ei merr. I ein annan myte heiter det at Kentauros vart født av ei sky, etter at IXION hadde hatt samkvem med ho. Ixion var mektig øvsteprest i ein gammal, lapittisk eike-kult. Ein gang prøvde han å forføre HERA, men ZEVS skapte ei sky som likna på Hera, så Ixion mistok seg, og sette barn på denne skya - det er sagt at skya heitte NEFELE. Etterpå fødte skya monsteret Kentauros, og han vart stamfar til dei ville og rå KENTAURANE. (Sjå KENTAUR).

 

Stjernebiletet som heiter Kentauros skal forestille kentauren CHIRON.

 

Tekstboks: PROCRISTekstboks: KEPHALOSKEPHALOS

Kephalos kalla seg son av HERMES og HERSE. Men i røynda var hans far kong Deïon, og farfaren var den store kong AIOLOS. Og mora til Kephalos heitte Diomede, og var datter av Aiolos' bror Xuthos.

Kephalos hadde ein bror som heitte Ceryx, som vart første herald (utropar) ved Dei Eleusiske Mysteria. (Sjå DEMETER).

Kephalos' namn tyder "penis-hovud", så han var nok ein fyrig kar. Kephalos var heilag-konge i byen Thorikos i Attika. Her levde han i ekteskap med PROCRIS - datter av kong ERECHTHEVS. Erechtevs var ein preste-konge som vart dyrka for si fræve-gjevande manndomskraft - hans namn tyder "oppreist (penis)", og Kephalos overtok nok denne rolla etter svigerfaren. Historisk er vi nå i første fase av gresk statsdanning i Attika.

Mest av alt likte Kephalos å jakte. På sine mange jakt-turar traff Kephalos ofte på den elskovssjuke og nymfomane morgonraudens gudinne EOS, som prøvde å forføre han. Men Kephalos avviste ho, for han hadde lova Procris evig truskap. Men Eos sa til han at Procris ville selje seg til kva mann som helst for gull. Dette ville ikkje Kephalos tru noko på, men då omskapte Eos han, så han likna ein vidgjeten skjørtejegar ved namn Pteleon, og sa at nå kunne han gå og prøve lokke Procris til sengs ved å tilby ho ei gullkrone, så skulle han få sjå! Kephalos gjorde så, og han erfarte då at Procris var lett å forføre. Då gjekk han til Eos og elska med ho, utan dårleg samvet.

Eos fødte Kephalos sonen PHAËTON, men denne guten vart røva av AFRODITE, som sette han til å vere nattevakt ved dei største heilagdommane hennar...(heilage lundar). Phaëton var planeten Venus, som stundom kom fram på morgonhimmelen før soloppgang, og stundom skein han på kveldshimmelen etter solnedgang. Han var Morgonstjerna og Aftenstjerna.

Alle i Aten håna Procris fordi hennar ektemann hadde forlatt ho, så ho orka ikkje vere der meir, men rømde til Kreta. Her la kong MINOS an på ho. Han lokka ho med store gåver - ein magisk jakthund ved namn Laelaps, som la ned bytte på kvar jakt, (sjå AMFITRYON); og ho fekk også eit spyd som traff sitt mål i kvart kast. Både hunden og spydet hadde Minos ein gang fått i gåve av ARTHEMIS.

Men nå var det slik at Minos' kone, PASIPHAË, hadde fortrolla Minos, slik at det var ikkje sæd som kom ut av han under samleie, men ormar, skorpionar og tusenbein. Som motgift mot denne plagen gav Procris Minos eit avkok av magiske røtter, som trollkona KIRKE hadde laga til. Kuren verka, men snart vart Procris engsteleg for at Pasiphaë også skulle forhekse ho, så ho skunda seg heim til Aten, i forkledning som ein vakker unggut, og ho kalla seg Pterelas. Ho såg aldri kong Minos igjen.

Procris traff nå på Kephalos som var på jakt i skogane, og ho vart med han på jakta. Kephalos kjende ho ikkje att, men vart imponert over hennar dyktige jakthund og magiske spyd. Han bad om å få kjøpe hunden og spydet for ei stor sum i sølv, men Procris ville ikkje selje utan at Kephalos gjekk i seng med ho. Kephalos gjekk så med på dette, og i senga avslørte Procris gråtande at ho var hans hustru. Så var ekteparet omsider gjenforeina, og Kephalos hadde sidan mykje glede av hunden og spydet.

Men i skogane sprang Arthemis omkring, og ho ergra seg nå stort over at hennar dyre gåver skulle gå frå eine ekteskapsbrytaren til den neste, og ho ville straffe. Ho la mistanke i hovudet på Procris, om at Kephalos ennå var henne utru med Eos.

Ein morgon då Kephalos drog ut på jakt, sneik Procris seg etter han, kledd i ein svart tunika. Kephalos høyrde noko rasle i buskene, og hunden Lealaps tok stand. Kephalos kasta då spydet som aldri bomma etter det han trudde var eit bytte-dyr, og Procris fall død om. Domstolen Areiopagos dømde Kephalos fredlaus for dette drapet.

Kephalos søkte då tilflukt i byen Thebes, og der fekk kong AMFITRYON låne hunden Lealaps, for å nedlegge Den teumessiske reve-tispa som herja i Kadmeia. Denne revetispa var fortrolla slik at ho aldri kunne fangast eller drepast, og ho forlangte at eit menneskebarn skulle ofrast til ho kvar månad, for at ho skulle halde fred. Korleis skulle det nå gå? Det var bestemt av gudane at revetispa aldri kunne fangast, og det var også bestemt av gudane at Lealaps aldri let eit bytte sleppe unna! ZEVS fekk eit problem som ergra han storleg, men han løyste problemet på den måten at han omskapte både hunden og tispa til stein.

Sidan hjalp Kephalos kong Amfitryon i ein krig mot  teleboane og taphianane, som enda med siger for Amfitryon. Som takk for hjelpa fekk Kephalos ein del av det erobra land i gåve - øya Kefallonià, som er den største av dei ioniske øyar. Øya fekk namn etter Kephalos, som vart mektig konge her. Kefallonià vart seinare også kalla Tetrapolis (fire byar), for då Kephalos døde delte hans fire søner øya mellom seg, i fire bystatar. Sønene heitte Pali, Krani, Sami og Proni.

 

EOS var gudinne for morgonrauden - ho var det personifiserte daggry. Det var ein tradisjon i gresk folketru, at morgonrauden tok dei avdødes sjeler bort frå jorda ved daggry, og brakte dei til etterlivet. Når Eos la seg etter Kephalos, var det fordi ho ønskte å bringe ein ungdom med seg til Dødsriket. Det var AFRODITE som hadde trolla på Eos ein sterk attrå til unge menn. Kephalos levde farleg i sin flørt med Eos, og det var kjærleiken til Procris som berga han.

 

KEPHISSOS

-sjå CEPHISSOS.

 

KER

(Car)

Tekstboks: SIRIUS-MYSTERIETTekstboks: DOGON-FOLKETTekstboks: CARIA

Ker var i si tid øvste-gudinne for den libiske folkestamma garamantane. Denne folkestamma frå det gamle Libya hevda at deira stamfar – Garamas, var eldre enn GIGANTANE. Han vaks ut av Mor Jord KER, og var hennar førstefødte, påstod dei.

Ker vart også kalla Q’re, Car og Gara. Truleg har oldtids-riket Karia i Lille-Asia sitt namn etter Ker, og må ha hatt tilknyting til Libya. På eitt eller anna vis ser det ut til at Ker var knytt til måne-trippel-gudinna HECATE, men først og fremst ser det ut til at vi her har med den opphavlege Mor-Jord-gudinna RHEA å gjere. (Sjå RHEA og HECATE).

Ordet Ker for "Mor Jord" må tidleg ha blitt innlemma i gresk språk, for det greske ordet keramos tyder "av jorda". Ordet keramikk er avleia av keramos.

Ein bør merke seg garamantanes påstand om at Garamas var eldre enn gigantane. Kva folk som brakte gigantane på banen i vår klodes religions-historie, er så langt ein historisk løyndom, men garamantane meinte altså at Garamas var eldre enn desse.

Ker vart somme stadar i somme epokar dyrka som trippel-gudinne knytt til Månen. Vi kjenner til ei tidleg måne-mor-gudinne som heitte Arthemis Caria (caryatis). Denne gudinna var nok eit utspring av den gamle Ker.

Til Ker-kulten var knytt ein livgarde (eller presteskap) av unge krigarar med glattbarberte hovud, kalla KURETAR eller KORYBANTAR. Desse skal ein gang ha stått vakt omkring reivungen ZEVS, då han var nyfødt og sårbar; for å verne han  mot CHRONOS. Kvar gang Zevs vrælte, larma kuretane med musikk-instrumenta sine, så ikkje Chronos skulle høyre.

Denne myten fortel at garamantane hadde ein finger med i spelet då ZEVS vart til. Zevs vart født på Kreta, og mora var RHEA, heiter det i gresk mytologi. Så var nok Rhea eit anna (nyare) namn for Ker. Eg set fram ein teori om at Kreta i før-minoisk tid vart kolonisert av garamantar frå Libya, og at øya Kreta har sitt namn etter garamantanes store gudinne; Ker. (Sjå KORYBANTAR og ZEVS).

Ker gav namn til folkestamma kararane og til fleire andre folkestammer. Ker var mellom anna knytt til bi-røkt. (Sjå MELISSA). Eika var Ker-kultens heilage tre – I Libya vaks ein eike-art med etande neter, og denne innførte garamantane til Kreta, og kan hende også til Grekarland. Desse eikenetene var viktig basis-næring før kornslaga kom på banen.

Nokre garamantar slo seg ned i landskapet Ammon nordaust for Daudehavet, og dei hadde felles kult og kultur med folket som den gang var busett i DODONA, sjølv om den geografiske avstanden var stor. Ein må rekne med at det var garamantar som hadde slått seg ned i Dodona også. Dette var omlag år 3000  fvt. Ei gammal eik vart dyrka som orakel både i Dodona og i Ammon - ein lytta til vindens susing i eikekrona, som var gudanes røyst, og i eika budde heilage duer, som også forkynte gudanes planar og vilje og gode råd. (Sjå DODONA).

Herodotos fortel at garamantane vart eit mektig og fredeleg folk, og at dei dreiv kvegbruk, og dyrka dadlar og korn. Byen Megara skal ha blitt grunnlagt av Ker.

 

GARAMANTANE

Eit forskarmiljø som kallar seg afro-sentrikarar set fram teoriar om at dei eldste folka i gresk (og europeisk) område tilhøyrde negroide, afrikanske stammer. Dei hevdar at (nokre av) dei eldste kolonistane som etablerte seg i "Grekarland" var negrar som kom via Kreta. Dette folket frå Kreta vart kalla garamantar, og det er hevda at dei tala eit mande-språk som går under namnet malinke. Malinke har med landet Mali å gjere - Mali var i oldtida ei høg-kultur-samfunn i Afrika. Langs elva Nigers breidder bur nå eit folk som kallar seg Jarama eller Jarma, og dette folket er mykje truleg i slekt med Garama(ntane). Før garamantane kom til Kreta, skal dei ha hatt tilhald i eit område i Sahara som heitte Fezzan. (Libya vart brukt som eit meir diffust namn på områda vest for Egypt).

Oldtidshistorikaren Appolonius Rhodius fortel at gudinna ATENE vart født ved Triton-sjøen i Libya. (Sjå TRITON).  Ho kom til Egypt, og her vart ho kalla Neith. Ho kom til Kreta, og her vart ho kalla Nia. Heile vegen var det garamantane som brakte med seg gudinna, , og i Grekarland fekk ho namnet Atene. Litterære oldtids-kjelder hevdar at garamantane også brakte med seg gudinna DEMETER og guden AMON.  Demeter var knytt til korn-dyrking i Grekarland, men så vidt eg skjønar kjente ikkje garamantane til korndyrking. Fekk Demeter ny rolle etter at korndyrkinga vart oppfunne? Amon hadde eit orakel i Libya, og det ser ut til at han vart rekna som Himmel-gud, liksom Zevs, Jupiter og Jahve. Amon vart også dyrka som øvste maskuline guddom og skapingsgud i Egypt. Så har vi vidare Ammon-kulturen nordaust for Daudehavet. Det er folket vi kjenner frå Bibelen som ammonittar, og dei skal ha vore i nærslekt med hebrearane (israelittane). Her er mange gåter!

Etter dei afro-sentriske teoriane så kom garamantane til Kreta og grunnla nokre byar der, men drog snart vidare til Attika/Aegea, og grunnla nye byar. Det var rundt år 3000 fvt. at garamantane skal ha busett seg i Aegea - på fastlandet og på øyane omkring. Oldtids-historikaren Hesiod foretel at dei levde i fred og harmoni i "Før-Grekarland", og at deira konstitusjon praktiserte ei matriarkalsk arveline. Men Hesiod romantiserte kanskje fortida? Det er rimeleg å tru at garamantane vart rastlause og aggressive okkupantar. Dei oppretta handelsstasjonar og ville drive handel, men likså gjerne dreiv dei truleg med valdeleg røveri.

Noko  tid seinare bygde kong MINOS av Kreta opp ein stor krigsflåte, og hærtok og avsette dei garamantiske (kariske) dronningane som regjerte over bystatane i Aegea. Minos innsette sine søner som herskarar i staden. Minos anklaga garamantane (kararane) for å drive med pirat-verksemd.

Seinare grekarar og romarar har skildra garamantane som mørk-huda. Oldtids-geografen Ptolemaios skildrar ein garamant-slave som "svart som bek".

Garamantane brakte altså med seg gudinna KER (også kalla Kar), og ved hennar namn vart garamantane også kjent som kararar. Kararane vart av grekarane rekna som etterkomarar av garamantane. Deira kultur var matriarkalsk opptil oldtidshistorikaren Herodotos' dagar, og truleg endå lenger. Kararane koloniserte delar av Attika, og ved byen Laureium dreiv dei sølv-miner.

På grunnlag av arkeologi og klassisk litteratur prøver C. A. Winters (1983) å prove at afrikanske negrar grunnla den eldste greske sivilisasjon, og at dei kom frå det gamle Sahara. Dei kom til Aegea i to bølger, hevdar han. Første bølge var Garamantar som tala språket malinke. Andre bølge var folket som vart kalla pelasgarane - dei var egyptarar, fønikarar og aust-afrikanarar. (Sjå PELASGOS).

Winters slår fast at garamantane grunnla byar i Trakia, minoisk Kreta og Attika. Desse garamantane vart kalla kararar av dei indo-europeiske grekarane. Garamantane (eller kararane) levde opphavleg i Fezzan i Sahara. Dei vart skildra av klassiske forfattarar som svarte eller mørkhuda.

Sjølv om dei ulike urinvånarane som var busette i Grekarland i førgresk tid - i "Helte-tida" hadde ulikt opphav, vart dei alle kalla pelasgarar av dei ariske grekarane. I nokre greske myter får vi å vite at verdas første mann var PELASGOS, som var stamfar til pelasgarane. Pelasgarane bestod av ulike (svarte?) stammer, kalla achaenarar, kadmearar, lelegar, kararar og garamantar.

 

Det vi veit om garamantane i seinare tider enn dette, er at nokre av dei hadde tilhald i Djado-oasen omkring år 0, og at dei vart erobra av romarane i år 19 fvt. På denne tida vart dei kalla cushite-berberar. I andre århundre evt. vart dei erobra på nytt – nå av dei matriarkalske lemta-berberane. Seinare flytta dei til breiddene av øvre Niger-elva, og blanda seg med negerfolk som budde der, og overtok også språket til desse. I våre dagar finn vi her etterkomarane til garamantane i ein einaste landsby – Koromantse. Det vidgjetne SIRIUS-MYSTERIET har sitt utspring i Koromantse.

 

KERBEROS

Kerberos var ein hund som tente under dødsrikets guddom HADES. Han var vakthund i Underverda. (Sjå HADES og HERAKLES).

Kerberos var avkom av stormguden TYFON og uhyret ECHIDNA. Han hadde to fæle søstre - HYDRA og  CHIMAERA. Han hadde tre knurrande hovud og piskande drake-hale. Han vakta inngangen til Underverda (HADES). Han slapp ingen levande inn, og ingen døde ut - med nokre unntak; nokre få HEROAR unnslapp i særhøve Kerberos. Den eine var den store musikar ORFEOS, som sjarmerte hunden med sitt lyre-spel. Og HERAKLES fanga hunden med nevane, og brakte han til kong EURYSTHEVS. Dette var Herakles' tolvte storverk.

I romersk mytologi heiter det at den vakre ungjenta PSYKE og den trojanske prins AENEAS greidde å roe Kerberos med ei honning-kake, så han slepte dei forbi.

Kerberos liknar noko på den egyptiske guddom Anubis, som hadde hundehovud, og som ledsaga dei døde til Underverda. Det ser elles ut til at Kerberos utvikla seg frå den gamle dødsgudinna HECATE. Hecate vart stundom avbileta som ei hunde-tispe, fordi hundar pla ete på døde kroppar, og etterpå hylte dei mot Månen.

 

KERES

Keres heiter Ker i eintall, men må ikkje forvekslast med gudinna KER. Keres var døtre av NYX – Natta. Somme kjelder hevdar at faren var EREBOS (Mørkret). Keres var svarte døds-ånder med venger, som brakte liding og sjukdom over folk. Dei fortærte liv. Dei vart kalla ”Hades’ raske hundar”. Dei fauk gjennom luft - over skog og hav og fjell, og kunne slå ned på alt levande, gjerne når det minst var venta. Dei gjorde innhaustings-abeidet for HADES - dei henta sjeler til Dødsriket.

Det heiter også at keres var søstre av HYPNOS - (søvnen), og THANATOS - (den personifiserte død). Keres var heimehøyrande i den gamle greske folketrua. Under ein religiøs festival som heitte Anthesteria, prøvde ein å jage keres bort frå hus og heim.

Anthestereria var ein av dei fire årlege festivalane som atenarane feira til ære for DIONYSOS, og denne religiøse festen vart feira kvart år frå 11. til 13. dag i månaden Anthesterion (februar-mars). Festen sentrerte om å feire mogninga av forrige års vin, samt å feire vårens byrjing. Festens første dag vart kalla Pithoigia, som tyder "åpning av vinkara". Det vart ofra til Dionysos av den nye vin, og så fekk alle drikke - husfolk som tenarar og slavar. Romma og drikkebegra var pynta med vårblomar, og det var også alle barn som var eldre enn tre år.

Andre dag heitte Choes, som tyder "beger-festen". Det var ein dag for løyer. Folk kledde seg ut - mange som Dionysos, og gjekk på vitjings-rundar til kjenningar. Somme deltok i drikke-konkurransar, medan andre ofra vin på grava til avdøde slektningar. På denne dag arrangerte staten Aten ein underleg og løyndomsfull seremoni, i ein av heilagdommane til Dionysos - ein heilag lund som var avstengt resten av året. Her vart arrangert bryllup mellom basilissa - kona til dåverande øvsteprest, og vinguden Dionysos. Basilissa hadde 14 atenske matroner som brurepiker - kalla geraerae (gamlekjerringar), som var utvalde av øvstepresten (basileos), og eidsvorne til ikkje å røpe løyndommane ved seremonien.

Tredje dag vart mellom anna brukt til å jage keres bort, som vin jagar bort alle sorger og all sut.

 

KETO

Keto var ei havgudinne eller eit sagn-uhyre som hadde tilhald i havet. Ho var datter  av havet - PONTOS, og havnymfa MAIA. (Andre kjelder hevdar at mora var sjølvaste GAIA). Namnet hennar tyder "kval". Med sin bror PHORCYS fekk Keto fleire uhyre-døtre (hav-nymfer), som vart kalla PHORCIDENE.

Desse var:       

q       dei tre GRAIARENE.

q       ECHIDNA

q       dei tre GORGONENE, som tok tilhald i Libya.

q       dei tre HESPERIDENE?

q       dessutan uhyre-sonen LADON

Keto var personifiseringa av havets farar og redslar. Namnet hennar vart nemning for alle digre sjøuhyre som det vart fortalt sjømanns-historier om. Hebrearane hadde eit sjøuhyre tilsvarande Keto, som dei kalla Rahab. Jødefolket kalla sine verste fiendar for "Rahab" etter dette uhyret; til dømes vart skjellsordet Rahab brukt om Egypt og Babylonia. Babylonarane sitt sjøuhure heitte Tiamat.

 

Tekstboks: KIRKE 2Tekstboks: KIRKEKIRKE

Kirke vart kalla "trollkvinne" av greske mytografar. Ho regjerte på øya Aæea, langt vest i Det Tyrrhenske Hav, nokonstad mellom Italia og Sardinia. Namnet hennar tyder "hauk". Det vart påstått at ho var datter av solguden HELIOS, og at ho var søster av kong AEËTES, som regjerte langt i aust - bortanfor Svartehavet. Det er hevda at mora til Kirke og Aeëtes var okeanida PERSEIS - datter av OKEANOS.

Helios tok Kirke med i solvogna si, og brakte ho vest til øya Aæea. Broren Aeëtes var med på turen, men han vart med faren heim att til landet Aea aust for Svartehavet, der han seinare vart konge, og han regjerte frå byen Kolchis. Aeëtes totte at søstera var ført svært langt bort heimanfrå.


OM KIRKE OG ODYSSEVS

På heimveg frå si lange sjøferd, gjekk ODYSSEVS og mennene hans i land på øya til AIOLOS - guden for vindane.

(Aiolos var rekna som stamfar til ei stor folkestamme - aiolane - som regjerte i gresk område i før-gresk tid..... Sjå AIOLOS).

Aiolos gav Odyssevs i gåve ein sekk som alle vindane var stengt inne i, bortsett frå Vestavinden - ZEPHYROS. Vestavinden skulle føre Odyssevs' skip heim til Ithaka, og vestavinden gav så god bør at snart var Ithaka i sikte. Då la Odyssevs seg ned for å sove litt. Men mennene hans trudde det var ein skatt i sekken, og dei opna for å sjå. Alle vindane fauk ut, og dreiv skipet tilbake til Aiolos' øy.

Aiolos trudde nå at Odyssevs hadde gudane mot seg, så han jaga Odyssevs og mannskapet hans bort. Dei dreiv for vindane - heilt nord til lastrygonane sitt land. Nokre meiner at det var forfedrene til nordmenn, svenskar og danskar han traff på her...at Odyssevs truleg hadde hamna på Jylland. Lastrygonane var store og sterke, og dei prøvde å drepe Odyssevs og mennene hans, og kapre skipet. Men Odyssevs kom seg vidare i ei fart, og landa ved øya Aia (Aæea), der den vakre Kirke regjerte. Nokre av Odyssevs menn gjekk i land for å granske tilhøva der, og dei vart hjarteleg mottekne av Kirke. Men Kirke var ei heks! Ho gav mennene ein trolldrykk, og slo dei med tryllestaven sin. Dei vart då til grisar, og ho jaga dei ut på "svinestien". (Tydelegvis fekk men mennene sterk narkotika.... så dei rulla seg og plaska i søle?)

Mennene vart snart sakna, og Odyssevs gjekk på leit etter dei på øya. Då møtte han guden HERMES, som gav han ein urt som gjorde han immun mot Kirkes trolldom. Då Kirke baud Odyssevs av troll-drykken, drog han sverdet og forlangte at ho skulle befri mennene hans, og avlegge eid på at ho aldri skulle skade han meir. Kirke gav etter, og Odyssevs gifta seg like godt med ho! Dei budde saman som ektefolk på øya i eitt år, og dei fekk sonen TELEGONOS, som seinare drepte faren sin ved eit mistak.

Så fekk Odyssevs heimlengt, og ville fare vidare. Kirke bad han først ta ein tur ned i Dødsriket til HADES, og rådføre seg med sjåaren der; TEIRESIAS, om heimreisa og framtida. Teiresias spådde at det ville gå dei ille om dei slakta oksane til solguden HELIOS når dei kom til øya Thrinikia. Etter at denne spådommen var gitt, kom skuggane til alle dauingar og viste seg for Odyssevs, så han skunda seg opp att.

Korleis kan denne episoden tolkast? Kunne Kirke utstede pass til Dødsriket?? ...Men det går klart fram at: Helios måtte ikkje utfordrast! Kirke frykta makta til den solgud-dyrkande, patriarkalske kulturen som var i ekspansjon. Dessutan får vi vite at oksar var totem-dyr for Helios-dyrkarane på Thrinikia.

OM KIRKE OG JASON

Også JASON og MEDEA var innom Kirke's øy. Dette paret var på flukt frå kong AEËTES - far til Medea. Medea må såleis vere Kirke si brordatter?  (Sjå MEDEA).

Medea hadde teke med lillebroren sin, og ho hakka han i bitar med ein grov kniv, og strødde bitane på stigen bak seg. Aeëtes vart hefta med å gravlegge bitane, slik at ikkje den døde sonens ånd skulle heimsøke han. Så nådde Jason og Medea fram til Kirke. Ho arrangerte reinsings-seremoni for den myrda lillebroren; men sende dei så frå seg.

Vi forstår at Kirke vanskeleg kunne akseptere søsken-drap.

OVID fortel

at Kirke dreiv med bønner og ganningar, og at ho sang ukjente sangar for å hylle ukjente gudar. Ved hjelp av desse sangane kunne ho framkalle månemørking, og ho kunne pakke sin fars (Helios') glitrande solstrålar inn i mørke regnskyer.

Myten om Kirke er tydeleg ei symbol-historie. Vi forstår at Kirke vart landsforvist - ho vart sendt så langt bort at bortvisarane vona å aldri verte plaga meir med ho. Det må ha vore ein religiøs-politisk makt-kamp. Vi må rekne med at Kirke ikkje kom åleine til Aæea - ho hadde nok sine trusfellar med seg - det var ein heil kult, eller ei heil folkegruppe som vart sendt i asyl. Det verkar praktisk usannsynleg at nokon skulle ta jobben med å bringe ei heil folkegruppe frå austenden av Svartehavet til Det Tyrrhenske Hav, så truleg vart dei bare kommandert ombord i skip, og truga til å komme seg lengst mulig vekk.

Kirkes kult var matriarkalsk, og nok knytt til dyrking av måne-gudinna.  Øya Aæea må ha fått namn då Kirke kom dit, for namnet har tydeleg rot i namnet på landet ho kom frå - Aea, som tyder "Jorda".

Kirke rekna seg nok som datter av den store månegudinna SELENE, og rekna sin guddommelege far, solguden Helios, for ein "tøffel-helt". Kirkes biologiske mor, PERSEIS, var nok ei øvste-prestinne som vart dyrka som Selenes jordiske representant. Det gjekk kanskje slik for seg, at ein jordisk representant for Helios fræva Perseis, som så fødte Kirke. Kirke etterfølgde Pereis som øvste-prestinne for Selene. Men så vart altså Kirke jaga ....av patriarkalske solgud-dyrkarar. Var det hennar eigen familie som jaga ho? Var Aeëtes verkeleg hennar bror? Det er mulig - halvbror; om ikkje anna. Aeëtes vart kanskje født til å vere heilag-konge i eitt år .... for så å ofrast. Men så greidde han å tilrive seg makta, fordi dei politiske vindane hadde snudd. Mennene tok makta frå kvinnene, og dei kvinner som protesterte vart forviste. Og så vart det laga mange skumle historier om "trolldommen" som Kirke dreiv med på øya langt der vest.

Omtrent slik kan det ha gått for seg.... men eit moment vi må akte på, er at truleg stod konflikten mellom to ulike folkestammer - ei innfødt stamme med matriarkalsk kultur, og ei gresk/hellensk/arisk? stamme med patriarkalsk kultur.... som hadde innvandra - slått seg ned i mindre familiegrupper - vakse seg sterkare etter kvart, og til slutt overtatt makta.

Folk som vitja øya Aæea den gangen, har fortalt at Kirke budde i eit steinhus i ei rydning i skogen i eit lite dalføre. Ho sat vanlegvis på ei trone - ikledd purpurfarga kjole og med gyllent slør. Dei som oppvarta ho kalla seg NEREIDER og NYMFER, og jobben deira var kun å plukke plantar og blomar frå Kirkes urtehage, og sortere dei i korger. Kirke rettleia dei - og dessutan sang ho fagre sangar med vakker røyst, medan ho vov blendande, vakkert tøy. Veving var eitt av gudinnenes favoritt-gjeremål.

Andre har fortalt at Kirke vart oppvarta av fire jenter. Den eine dekte stolane med dukar. Den andre trekte sølv-brett bort til stolane, og plasserte gullkorger på bretta. Den tredje blanda vinen. Den fjerde henta vatn, og gjorde opp eld for å varme vatnet.

Vi forstår at Kirke dyrka medisinplantar og magiske urter - i stor skala, og at ho sat på trone og vart dyrka som gudinne (eller øvste-prestinne) kvar dag. Ho administrerte haustinga og tilbereiinga av urtene, og dessutan sat ho ved vevstolen og vov dei fagraste tøyer.  Dette får meg til å tenke på ARACHNE, som måtte kapp-veve med ATENE, og som Atene fortrolla til ein eddekopp, fordi Atene tapte. Arachne var frå byen Kolophon i Lille-Asia.

Atene var ei gudinne som vart "adoptert" og gitt ny rolle av den immigrerande, patriarkalske kulturen. Atene var for mektig til å bare kunne jagast bort.... i motsetnad til Arachne og Kirke, som nok var "søstre i lagnad".

Det ser ut til at gamle-kulturens måne-prestinner hadde sterk erotisk dragnad på preste-kongane og høvdingane til den patriarkalske kulturen som hadde fått makta. Dei var stadig på friar-føter. Mellom andre så sverma GLAUKOS, PICUS, ODYSSEVS og JASON for Kirke.

 

KLEITO

I Herodotos' myte om landet ATLANTIS heiter det at Kleito var ei kvinne som fødte POSEIDON fem tvillingpar med søner. Den førstefødte av desse sønene var ATLAS, og han gav sagn-riket namn.

I andre mytar heiter det at Atlas' mor var CLYMENE. Kleito tyder noko slikt som "vidgjeten", og var kanskje eit namn som vart brukt om Clymene?

 

KLOTHO

- Sjå CLOTHO.

 

KLYTAIMNESTRA

Klytaimnestra var halvsøster av "den skjønne" HELENA. Dei to søstrene hadde brørne CASTOR og POLYDEUKES, og det heiter at desse fire søskena vart klekte frå to egg. Mora deira var LEDA, og far til Klytaimnestra var Sparta-kongen TYNDAREOS. (Sjå LEDA).

Klytaimnestra vart gift med kong Tantalos (den yngre) av byen Pisa i Arkadia...(på Pelopponnes).

Med hjelp frå TYNDAREOS, fekk AGAMEMNON kongsmakta i Mykene. Så gjekk Agamemnon til krig mot kong Tantalos (den yngre), som var ein nær slektning av han - dei var begge etterkomarar av TANTALOS den gamle. Agamemnon drepte Tantalos (den yngre) og hans nyfødte barn, og tvang seg så til ekteskap med hans enke, Klytaimnestra.

Klytaimnestras brør, CASTOR og POLYDEUKES, ville nå gå til krig mot Agamemnon, men han hadde fått ny støtte hos Tyndareos, så dei måtte gi opp dette. Då Castor og Polydeukes seinare fall i ein annan slektsfeide, gifta Agamemnons bror, MENELAOS, seg  med deira andre søster, HELENA.

Klytaimnestra fekk barn med Agamemnon: sonen ORESTES og døtrene ELECTRA, IPHIGENIA og Chrysothemis.

Då prins PARIS av Troja bortførte Helena, byrja Trojanar-krigane. Både Agamemnon og Menelaos var ute i krig i ti år, og då Agamemnon var vel heimkomen frå krigen, let Klytaimnestra han myrde då han skulle stige ut av badestampen.

Klytaimnestra gifta seg så med Aegisthos, som hadde hjelpt ho med drapet på Agamemnon. Orestes vart ny konge i Mykene.

Orestes hemna seinare drapet på faren sin, ved å drepe si mor, Klytaimnestra, og hennar nye ektemann. (Sjå meir under IPHIGENIA, AGAMEMNON, LEDA og TYNDAREOS).

 

KOIOS

(Coeos)

Koios var ein av TITANANE - son av GAIA og URANOS. Koios gifta seg med søstera si, titaninna PHOEBE (Foibe), og dei fekk døtrene ASTERIA og LETO. Leto vart mor til APOLLON.

I Den pelasgiske skapingsmyten (sjå under EVRYNOME 2), vart Koios, saman med METIS, sett til å bestyre planeten Merkur. Koios' namn tyder noko slikt som ”intelligens, kunnskap, visdom”. (Sjå TITANANE).

 

Tekstboks: MYSTERIERTekstboks: MEIR

Tekstboks: KOREKORE

Kore var datter av den store gudinna DEMETER. Namnet tyder "ungjente/datter".

Kore var "vårens jomfru". Ho var ei sutalaus og lystig jente, som var høgt elska av mora si. Ein gang dansa ho i vårens blomster-enger, og kom bort frå følget sitt. Då kom HADES - Dødsrikets herskar, opp gjennom jordskorpa, grabba tak i Kore og røva ho med seg ned til Underverda. Etter denne bortføringa fekk Kore namnet PERSEPHONE - "Dei Dødes Dronning". Kore og Persephone var såleis namn på to ulike aspekt av Demeters datter - ho heitte Kore medan ho levde på jorda, og Persephone når ho var mellom dei døde i Dødsriket.

I lange tider vandra Demeter rundt på jorda på leit etter Kore. Ho gløymde å skape vår, så vinteren varte og varte, og jorda vart kald og aud. Til sist gjekk ho til ZEVS og forlangte å få tilbake Kore. Zevs erklærte då at Kore skulle returnerast til Demeter, men bare dersom ho ikkje hadde ete av dei døde sin mat. Dessverre hadde Persephone ete nokre få granateplefrø i Underverda, og derfor fekk ho bare vere på jorda halve året. Andre halv-året måtte ho vere hos Hades.

Det er sagt at Kore trivdes både på Jorda og i Underverda. Ho tykte synd på dei fortapte sjelene som vandra omkring i TARTAROS, og prøvde å rettleie dei. Kvar vår vende Persephone tilbake til Jorda, og vart til Kore. Då byrja alle vekster å gro og bløme.

Kore vart symbol både for vårens og vinterens komme. Med våren kom ho - med vinteren drog ho bort. Ho vart avbileta med fakkel, krone, septer og kornband. Flaggermus var symbol for døden som venta ho.

Kore symboliserte vår og liv - Persephone symboliserte vinter og død. Kva rolle hadde så Demeter? Dei gamle grekarane delte året i tre årstider - forår (vår/sommar), etterår (sommar/haust) og vinter. Demeter var nok gudinne for etteråret, då årets avling vart innhausta. Såleis representerte Kore, Demeter og Persephone kvar si årstid - til saman representerte dei heile året. Dei tre gudinnene var tre aspekt av ei trippel-gudinne - dei var ungjenta, mora og gammal-kona.

Men det ser ut til at Demeter hadde ei hovudrolle - ho var mora, som kvar vinter leita etter si avdøde datter, Perephone, for at ein ny vår skulle komme med Kore.

Mot trippel-gudinna stod Dødsrikets fyrste, Hades. Han krevde sin rett - livet tok uvergeleg slutt ein gang! Og Persephone vart Dødsrikets dronning, og grekarane var redde for å nemne hennar namn, for dei ottast dødens makt.

Men hadde dei gamle grekarane von om attføding? Om så var, så var nok denne vona ganske utrygg. I andre mytar får vi vite at det var svært vanskeleg å sleppe fri frå Dødsriket når ein først hadde hamna der. Men det var i alle høve ei trøyst i kvar ny vår som kom, med ny livskraft, nye spirar og ny bløming.

 

Agia Kore

Etter    Elena Vlahu Scott

Agia Kore er namn på ei lita gresk-ortodoks kyrkje; namnet viser tilbake til førkristen tid. Dei tallrike gamle kyrkjer og kapell som ligg strødd rundt om i det greske landskap, ligg ofte langt frå busetnadar, og svært ofte har det vist seg at dei er reist på fundamenta etter tidlege "heidenske" tempel, og ofte mura av samme byggmateriale.

Agia Kore ligg på ein slik audestad, ved Mont Olympos. Det heiter at kyrkja har namn etter ein kyrkje-helgen - Sancta Agia Kore, men i røynda ber kyrkja namnet til den old-greske vår-gudinna Kore. Underlege rituale vert utført ved denne kyrkja, og innvendig er kyrkja dekorert med marmor-relieff i oldtids-stil - ikkje med dei vanlege ikonmåleria vi elles finn i gresk-ortodokse kyrkjer.

Agia Kore ligg på Mont Olympos' aust-skråning, langt nord i Hellas, nær oldtids-byen Dion og den gamle landsbyen Brontou. Kommunen heiter Pieria. Heile kommunen er velkjent for sine mange gamle heilagstadar. Dei gamle grekarane meinte at gudane hadde sine tronstolar her, og også dei ni MUSENE. Dion var i oldtida eit stort kultsenter for dei 12 olympiske gudane og dei ni musene.

Under utgravingane i Dion er mellom anna funne eit DEMETER-tempel, som er eldste kjente tempel i Makedonia, datert til ca. år 500 fvt. Namnet Dion kjem av det greske namnet på ZEVS - gudanes konge, (jfr. deus). Byen vart bygd til Zevs' ære, nær Mont Olympos, som av Homer er skildra som "gudanes bustad". Ifølge Homer skal også Demeter i ein periode hatt tilhald på Olympos-fjellet.

Brontou er næraste landsby til Agia Kore, og ligg 2 km frå kyrkja og 7 km frå Dion. Namnet Brontou tyder "han som tordnar", og landsbyen heiter altså etter tordenguden Zevs. Brontou har ein nyare bydel, og ein "gamleby" der det vert gjort utgravingar. Her er funne mange graver frå hellenistisk tid. Herifrå går ein smal, gammal sti til Agia Kore.

Inne i kyrkja har ei grunnvasskjelde sitt utspring. Folk meiner at vatnet frå kjelda er heilagt, og kan utrette mirakel - lækje sjukdommar for dei som vitjar kyrkja og drikk av kjelda. Presten Savvas Sampsonoglou, som forrettar i kyrkja, fortel at mange pilgrimar kjem for å verte kurerte, og mange har blitt lækte - også hans eigen son. Han hadde eit infisert leggsår som ingen lege kunne lækje, men det gjorde vatnet frå kjelda.

Mange av dei gamle gude-templa hadde heilage kjelder og fontener, særleg Demeter-templa. Dei gamle tempelprestane måtte vaske hendene i kjelda for å reinse sjela før dei utførte rituala.

Inne i kyrkja veks også eit gammalt tre, som lokalfolket meiner er heilagt. Kyrkja vart bygd omkring dette treet, og ein passar vel på at treet ikkje vert skadd, og at det får vekse fritt. I gammal tid spela tre ei viktig rolle ved oppføring av tempel. I ei kyrkje på Samos vaks det heilage piletreet ut av altaret.

Agia Kore tyder "heilage datter". På oldgresk kan Agios tyde "vigd til gudane, heilag, heil, rein". Kore kunne tyde "jente, ungdame, jomfru, datter". Demeter var mor-jord-gudinne og korn-gudinne,og Kore var hennar datter. I Demeter-templa vart ofte Kore dyrka i tillegg til Demeter.

Heilagkvinna Sancta Agia Kore er ikkje offisielt anerkjent av den gresk-ortodokse kyrkja, for ingen skriftlege historiske kjelder fortel noko om ho. Hr. Tsakiridis har skrive ei forteljing om ho, som ser ut til å vere sett saman av ulike mytar som er overlevert munnleg gjennom generasjonar. Slik er forteljinga:

Agia Kore var ei ung jente som var uvanleg vakker. Ho levde under den tyrkiske okkupasjon av det greske land.  Ein tyrkisk aga (hærførar) ville ha ho til kone. Agia Kore søkte dekning på Mont Olympos. Tyrkarane kom etter ho, men Agia Kore sprang unna, til ho kom til ein bratt bergvegg. Ho prøvde å gøyme seg her, men tyrkarane oppdaga ho.  Då var det at ei stor steinblokk som stod der opna seg for ho, og forma ei hole.  Agia Kore kraup inn i hola, og opninga stengdes bak ho.  Tyrkarane greidde ikkje å finne ho, og gjekk forbløffa derifrå.

Hr. Tsakiridis gir fleire variantar av forteljinga:

...Agia Kore vart drept då ho kasta seg utfor eit høgt stup, ......

......ho forsvann i jordas indre......

Det er slåande at ein gammal myte om Persephone har same tema: Demeter fann ei hole ved kjelda i Kyane, og der gøymde ho Persephone. Persephone forsvann i jordas indre då Hades bortførte ho i gullvogna si.

Ein 100 år gammal prest som hadde tenestegjort i Eleusis - byen som i oldtida var sete for Demeters hovudtempel, fortalt i 1929 ei liknande historie:

Ei heilag kvinne ved namn Demetria budde i Aten i gamletida. Ho hadde ei datter som var vakrare enn alle andre kvinner. Ein tyrkisk hærførar vart kjær i denne jenta, og tok ho med til Epiros.

Dei gamle mytane om Demeter, Kore/Persephone og Hades, eksisterer altså ennå i dag i folketrua - noko modifisert.

I Agia Kore er eit marmor-relieff som i full storleik viser ei ungjente med kveite-aks i hendene. Dette relieffet vert dyrka som eit ikon av den gresk-ortodokse kyrkja. Om relieffmakaren veit prestane bare å fortelje at han er død, og kvifor ungjenta held kveiteaks, har dei inga forklaring på. Men i oldtida vart både Demeter og Kore avbileta med kornaks.

Alle gresk-ortodokse kyrkjer har ein heilagdag då dei feirar namnet til helgenen sin. Men kyrkjelyden som soknar til Agia Kore har to slike heilagdagar. Første mai er stor vårfest-dag. Heile Hellas feirar denne første vårdagen. Markens grøde vert høgtida og prisa.

Den andre store heilagdagen ved Agia Kore vert kalla "Dagen til den Heilage Ande". Den vert feira i juni, på dagen etter "Sjelenes Laurdag". Denne laurdagen er til minne om dei døde. I oldtida kalla grekarane dei døde "Folket til Demeter". Hr. Sampsonoglou fortel denne historien:

I påska - då Kristus stod opp, vitja sjelene til dei døde Jorda. Og då Den Heilage Ande steig ned i pinsa, måtte dei døde sjelene tilbake til Underverda, slik som Persephone måtte, i den oldgreske trua.

Kvart år, på desse to høgtidsdagane, kjem omlag 12 000 pilgrimar til Agia Kore. Alle trur dei kan verte lækte eller velsigna av heilagkvinna og hennar heilage vatn. Rundt kyrkja, og på greinene til trea omkring, heng folk allslags tøystykke - handklede, skjorter, babyklede, sko.....som votiv-gåver (takkoffer-gåver) til heilagkvinna. Denne skikken er korkje anerkjent eller godtatt av den ortodokse kyrkja, men kyrkjelyden held allikevel på han, både ved Agia Kore og ved mange andre gamle heilagstadar i Middelhavslanda. Offergåvene vert kalla Sklavoi, som tyder "slavar".

I oldtida vart det ofra liknande votivgåver. Rikfolk gav kostelege tekstilarbeid til gudane og templa, og fattigfolk gav det dei kunne avsjå. Dei eleusiske mysteria heitte den vidgjeten hyllings-festen for Demeter som vart feira i byen ELEUSIS, og som gjekk over fleire dagar. Dei fleste deltakarane gav sine nye fest-antrekk til Demeter. Somme tok kleda med heim og brukte dei til å reive babyar i, før templet fekk overta dei. I Aten ligg ei lita kyrkje kalla Agia Marina, på fundamenta etter eit gammalt tempel. Mødre bringer sine sjuke barn hit, kler av dei og lar kleda vere att i kyrkja, i forvissing om at dette vil lækje barna.

Vi ser at mange rituale frå oldtida har overlevd heilt fram til vår tid!

 

KORYBANTAR

(Kuretar)

 

Korybantane vart kalla demonar av grekarane. Det var nok fordi dei kledde seg ut som demonar og dansa ville, ekstatiske  dansar til støyande musikk med masse tromming. Korybantane vart også kalla kuretar, og dei var knytt til kulten som dyrka gudinna KER, og heitte etter ho. Folkestamma som dyrka Ker kalla seg garamantar, og nokre av dei vart seinare kalla kararar av grekarane.

Mykje tyder på at gudinna Ker vart brakt til Europa frå Afrika, men garamantane si forhistorie er også blitt knytt til landskapet Frygia i Lille-Asia.

Ker var jordgudinne. Some stadar vart ho dyrka under namnet RHEA, og også jordgudinna Rhea hadde korybantar omkring seg, som hylla ho med dans og rytmisk musikk. Korybantane var eit slags presteskap. Dei dreiv mykje med magi, og dei brukte rytmisk musikk for å kome i trance - for å oppnå kontakt med guddommane.

Då Rhea skulle føde ZEVS, rømde ho til Kreta for at ikkje Zevs' far, CHRONOS, skulle sluke han. Her på Kreta var det korybantar som vakta Zevs, så ikkje faren skulle finne han. Og dei tok seg av Zevs' oppseding, og underviste han i vitskapar og handverk. Det er fortalt at det særleg var ei gruppe på 3 korybantar som tok seg av Zevs.

 

Skal vi prøve å tolke myten om Chronos, Rhea og Zevs på eit jordnært plan, så kan Chronos ha vore ein konge/øvsteprest som ikkje ønskte etterkomarar som kunne truge hans makt-posisjon. Hans hustru - ei øvste-prestinne for jordgudinna Rhea, ville det annleis, og ho greidde å berge unna eitt av barna ho fekk med Chronos - Zevs. Og Rheas presteskap, korybantane, hjalp henne med dette. Då Zevs vart vaksen detroniserte han sin far og tok makta sjølv. Var dette Rheas plan? Trengte Rhea sonen Zevs for å hevde si makt mot Chronos, og så vart det ein strek i rekninga då Zevs sjølv tok makta? Eller var Chronos ein tyrann som Rhea ønskte å styrte, og ho oppseda  Zevs med dette mål for auget? Var det eigentleg korybantane som stod mot Chronos? Og var Rhea ei tempel-prestinne som stod under kontroll av korybantane?

 

I CYBELE-kulten heitte også presteskapet korybantar, og det ser ut til at korybantar også var knytt til dyrkinga av HECATE og DIONYSOS. (Sjå KER, RHEA, CYBELE, SIBYLE, HECATE og DIONYSOS).

Korybantane skal ha tilhøyrd eit primitivt naturfolk (frå Afrika eller Frygia?), og det er framsett påstandar om at dei var etterkomarar av dei gamle TITANANE. Desse var 7 i tall, og regjerte over kvar sin vekedag. Kulturen som korybantane tilhøyrde praktiserte 7-dagars-veke. Men dei var ein innvandrar-kultur, og møtte motstand hjå dei som frå før budde i gresk område. Grekarane adopterte titan-guden Zevs (og fleire andre av korybantanes titan-gudar, men for å markere avstand til korybantane sin kultur, så laga grekarane seg ei 12-dagars veke, og dyrka 12 øvste-gudar, som er blitt kalla Dei Olympiske Gudane. Noko tid seinare kom det til ein veldig krig - Titan-krigen. (Sjå under TITANANE).

 

I ein myte heiter det at Zevs drepte korybantane med ein tordenkile, fordi dei hadde gøymt unna hans son EPAPHOS, som han hadde fått med IO.  (Sjå IOog EPAPHOS).

I ein annan myte heiter det at det var korybantane som arrangerte Zevs' gravferd.  Vi må tolke desse to sjølvmotseiande mytane som politisk propaganda. Både grekarar og garamantar dyrka Zevs, og det var usemje mellom dei om kven som var Zevs' rettmessige folk. 

 

Det er hevda at den old-gamle folkestamma abantane, som regjerte på øya Euböa, var etterkomarar av garamantane (kararane) - folket som dyrka jordgudinna KER under tilsyn av det korybantiske presteskap. Det heiter at abantane sin kultur på Euböa var grunnlagt av kong Abas. Abas vart kalla slange-konge og drake. Draken var eit jord-symbol og eit fræve-symbol. Det var slangen som fræva Mor Jord - KER. Abas var konge i den før-greske byen Thebes. (Sjå under KADMOS og KEKROPS).

Abantane kjempa seinare på gresk side under Trojanarkrigane, under leiing av sin konge - Elphenor. Abantane kjempa helst med spyd, og dei hadde langt, flagrande hår.

 

KRIOS

Tekstboks: TITANANE(Kreios)

Krios var ein av TITANANE - son av GAIA og URANOS. Han gifta seg med søstera si, EURYBIA, og vart far til ASTRAEOS, PALLAS og PERSES.

Det er lite vi veit om Krios, men det er fortalt at han var den ansvarlege gud for Universets styring. Han hadde makta over himmel, hav, jord og Underverda. Denne makt arva hans sone-datter HECATE, (datter av Perses) etter han, heiter det.

Titan-krigen var slutt (sjå under TITANANE), vart Krios og hans titan-brør lenka fast i Dødsriket - TARTAROS, av ZEVS. Men seinare tok Zevs dei til nåde, og dei fekk fare til ELYSIUM.

I Den pelasgiske skapingsmyten (sjå under EVRYNOME 2), vart Krios, saman med DIONE, sett til å bestyre planeten Mars.

Folkestamma garamantane (sjå under KER) hevda at dei var etterkomarar av titanane.

 

KRONOS

- sjå CHRONOS.

 

KRYSOMALLOS

Krysomallos var ein geitebukk med venger, og med skinn av gull - "Det gylte skinn". (Sjå JASON). Krysomallos vart sendt av HERMES for å berge FRIXOS og HELLE - barna til den boøtiske kongen Athàmas, samt deira mor, NEFELE. Athamas var blitt lei av kona si, og hadde tatt INO, datter av kong KADMOS til ny kone. Ino hata stebarna - særleg Frixos, for ho ville at hennar eigne barn skulle arve trona. Nefele bad til gudane om hjelp, og Hermes forbarma seg og sendte Krysomallos. Krysomallos kom flygande og snappa barna, og flaug til vers med dei på ryggen. Så flaug han mot aust, men då han kryssa stredet mellom Europa og Asia, ramla Helle av ryggen hans og hamna i sjøen. Hav-stredet der ho drukna vart sidan kalla Hellespont  - (Helles sjø).

Geitebukken fekk berga Frixos trygt til Kolchis - eit land ved Svartehavet som vart styrt av kong AEËTES. Der vart han hjerteleg motteken. For å takke gudane ofra Frixos Krysomallos i Zevs-templet der. Og Frixos gav Aeëtes det gylte skinn i gåve, og han hengte det til tørk på eit eiketre ved ei heilag hole. Ein drake som aldri sov skulle vakte skinnet der.

Mange år seinare kom JASON og ARGONAUTANE og henta skinnet under stor dramatikk. (Sjå JASON).

Krysomallos' gylte skinn er eit viktig sentreringspunkt i den gresk mytologi, men kva dette skinnet eigentleg symboliserer, har eg ikkje greidd å finne ut av ennå.

 

KURETANE

- sjå KORYBANTANE.

 

 

Til framsida

 

 

      

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

                                                          

 

1