GRESKE OG ROMERSKE GUDAR

Gudar på   L

Forfatta av Aslak Nedregård

Til Framsida

 

 

 

 

Gresk

 

Romersk

 

 

 

 

LABYRINT

LAODAMEIA

LEO

LIRIOPE

 

LARA

LEMURAR

LIBITINA

 

 

 

 

 

 

 

 

LACHESIS

LAOKOÖN

LETHE

LOCROS

 

LARENTA

LETUM

LIMENTINUS

 

 

 

 

 

 

 

 

LADON

LAOMEDES

LETO

LYCAON

 

LARER

LEVANA

LUA MATER

 

 

 

 

 

 

 

 

LAESTRYGONANE

LAOMEDON

LEUCOTHEA

LYCORIAS

 

LARVAE

LIBENTINA

LUCIFER

 

 

LEUCOTHOË

 

 

 

 

 

LAIOS

LATROMIS

LIBYA

LYCURGOS

 

LATINIUS

LIBER

LUCINA

 

 

 

 

 

 

 

 

LAKEDAEMON

LEARCHOS

LINOS 1

LYNCEOS

 

LATONA

LIBERA

LUNA

 

 

 

 

 

 

 

 

LAMIA

LEDA

LINOS 2

LYSIPPE

 

LAVINIA

LIBERTAS

LUPERCUS

 

 

 

 

 

 

 

 

LAOCOÖN

LERNA

LINOS 3

 

 

 

 

 

 

 

LABYRINT

Tekstboks: MINOTAUROSTekstboks: LABYRINTARTekstboks: KNOSSOSTekstboks: DRØFTINGTekstboks: JULIANSKE
BORG

Den mest vidgjeten labyrinten er labyrinten som tusenkunstnaren DAIDALOS konstruerte for kong MINOS i Knossos på Kreta, som tilhaldsstad for uhyret MINOTAUROS.

I gresk mytologi vert det fortalt om kong MINOS som bura Minotauros inne i labyrinten, og om korleis THESEVS drepte Minotauros i labyrinten, med hjelp frå kong Minos' datter ARIADNE og hennar tråd.

(Sjå også MINOTAUROS, THESEVS, MINOS). 

LABYRINTAR OVER HEILE KLODEN

Av ukjent grunn var det i oldtida labyrintar utbreidde over det meste av kloden. Eg talar her om den klassiske labyrint-form - konsentriske ring-gangar som det var meir eller mindre vrient å finne rette vegen gjennom. Målet var å komme til labyrintens sentrum, og etterpå finne vegen ut igjen. Vandringa gjennom labyrinten vart oftast utført som ein rituell dans.

Ofte var labyrinten laga som ei lav steinsetting; stundom bare som trakka stigar i graset. Slike labyrintar er funne på Island, Brasil, Sumatra, Arizona, India, Egypt - men ingen på Kreta. I Egypt er det utgravd fleire underjordiske, labyrint-aktige katekomber (dødebyar).

I ei hole på Sicilia er det eit 5000 år gammalt måleri av ein labyrint. I Nordens bronse- og jern-alder vart labyrintar markerte med flate steinar  på ei eng, eller helst på ei slette i utmarka/fjellet. På ei høgfjells-slette i Ørsta på Sunnmøre ligg ein slik gammal labyrint som vert kalla Den Julianske Borg. Som fellesnamn vert dei nordiske labyrintane kalla Troja-borger. Kvifor desse labyrintane har nemningar som knyter dei til Romarriket og det gamle Hellas, må vi undre oss på. Og kvifor vert dei kalla borg?

Det er nærliggande å tru at seremoni-dansane som var knytt til labyrintar symboliserte ei vandring inn i Dødsriket (vinter), og deretter ei vandring ut att til livet (ny vår). Då vart kanskje labyrintane brukt i eit reinsings-rituale (vår-reingjering)?  Men labyrintane kan også ha vore knytt til fræve-rituale...vi veit ikkje.

DOBBELT-ØKSA

Ordet "Labyrint" kjem av labrys som tyder "dobelt-øks". Dynastiet etter kong MINOS vart kalla "Huset Av Dobbelt-øksa". Frå så langt tilbake som 5000 år fvt. er det funne dobbelt-økser på Kreta og elles rundt Middelhavet.

 

LABYRINT - GROTTE ELLER KATAKOMBE?

Den eldste kjente kretiske avbileting av ein labyrint, viser ein 7-sirkel-labyrint. Den vert kalla Den klassiske kretiske labyrint. Men det er tvilsamt om denne enkle labyrint-teikninga har noko særleg med kong Minos' labyrint å gjere. Den klassiske labyrint hadde bare ein veg som førte til målet, medan det verkar som labyrinten Daidalos konstruerte hadde eit virrvarr av gangar og blindgangar.

Tidleg på 1900-tallet byrja store arkeologiske utgravingar på Kreta. Etter kvart vart lag på lag av "Den Minoiske Kultur" avdekt. Funna viste at det hadde vore ei kontinuerleg, kulturell utvikling i Knossos, frå år 3000 fvt. til 1150 fvt. Øvste laget er truleg ruinane etter kong Minos' Palass. Jordskjelv har øydelagt det, og fleire eldre, underliggande palass var også øydelagt av jordskjelv.

Det var arkeologen Evans som sette namn på den gamle kulturen han grov i: Den Minoiske Kultur, etter kong Minos som oldtids-forfattaren Homer fortel om. Og frå Minos' gamle palass er det mellom anna gravd fram dobbelt-økser av gull, og veggmåleri som viser rituelle kampar mellom unge heltar og oksar. Også kvinner deltok. Eit vakkert fresko-måleri viser ei ungjente som grip om horna på ein framstormande okse, medan ei anna står bak oksen, klar til å ta imot ho når ho hi kjem i salto over okseryggen. Ein unggut er alt i svev over oksen. Typisk for det minoiske Kreta er at ungjentene var kledde i fotside skjørt, men gjekk med bar overkropp.

Homer fortel at  sju ungjenter og sju unggutar frå Aten kvart år må sendast til Kreta, for å ofrast til monster-oksen. Vart ofringane utførteyre-fektingform for rt ved slik som oksekampar - som ei form for tyre-fekting? I alle høve er det klart at oksar vart nytta i rituelle seremoniar. Ei mengd bilete og gjenstandar er gravd fram - dobbelt-økser, seremoni-horn, gullsegl med dansande figurar, oksestatuer, statuer av gudinner som held dobbelt-øks, og veggmåleri av labyrintar. På kvar side av gudens altar stod ei dobbelt-øks av bronse med to meter langt skaft.

Det er funne ein kretisk mynt som daterer seg til ca. år 500 fvt. - tusen år etter at Den Minoiske Kultur vart borte, som er prega med ein labyrint-figur.

Somme trur at det var sjølve palasset som var labyrinten. Kong Minos' palass vart også kalla Huset til Dobbelt-øksa. Det var fem store palass-kompleks som var bygd saman, og som inneheldt 1500 rom. På ein sentral stad djupt inne i dette tempel-palasset låg heilagrommet der dei religiøse rituala vart utførte.

Homer fortel at DAIDALOS var arkitekt for palasset. Han fortel at Daidalos anla eit svært dansegolv for prinsesse Ariadne i palasset. Her vart det mellom anna vart det utøvd rekke-dans.

At labyrinten var knytt til Knossos, er meir truleg enn at labyrinten var Knossos. I åsane ovanom Knossos skal det ha vore eit komplisert system av katakomber, og ved IDA-FJELLET er funne ei hole som leiar inn til grottegangar. Det var den franske botanikaren Tournefort som oppdaga denne hola i år 1700. Han fortel:

Denne vidgjetne staden er ein underjordisk passasje, forma som eit system av gater, som med tusener av tilfeldige  krok-krær og svingar, penetrerer og breier seg gjennom berget. Ein kan fort rote seg bort - her er tusener av gangar, svingar, slynger, krinkel-krokar og rundvegar, så rotar ein seg først bort, er det lite von om å finne vegen ut att.

A. P. Cockrell fann tidleg på 1800-tallet ei annan opning som førte inn i hole-systemet i Ida-fjellet. Han hadde høyrt om Ariadnes tråd, og hadde med seg ei lang tråd-hespe. Han fortel:

Kroksvingane forvirra oss straks....dei var klart laga med det som formål. Virrvarret av gangar og dei utallige galleria greip meg med noko slag redsle og fasinasjon som eg ikkje kan skildre. For kvart tiande steg måtte vi velje mellom to eller fleire vegar.

Var det palasset som var labyrinten, eller var det holene i Ida-fjellet? Eller var det katekombene ovanom Knossos? Nokon eigentleg labyrint er ikkje funnen på Kreta - ikkje ein slik klassisk labyrint som vi kjenner frå veggmåleri eller prega på myntar, med konsentriske sirkelgangar som ein må finne ut av. Truleg var det heller ikkje nokon vanleg labyrint Homer fortel om, for ein vanleg labyrint greidde ein alltids å finne ut av, bare ein tok noko tid til hjelp. Kanskje var Minos' labyrint ein super-labyrint - "Alle Labyrintars Mor" - ein labyrint av grotter, tunellar, underjordiske rom.

 

Tekstboks: TEIKNINGLACHESIS

Lachesis var ei av dei tre greske lagnadsgudinnene som vart kalla MOIRENE. Dei var døtre av ZEVS og THEMIS. Dei to andre moirene heitte CLOTHO og ATROPOS. Lachesis vart kalla "Spinnerska", for det var ho som spann livstråden til kvart menneske. Namnet Lachesis'  tyder "Ho som utmåler", for ho målte ut kor lang livstråden skulle verte (og kva vegar livet skulle ta). Men det var Atropos som klipte av livstråden når livet var til endes. Det er elles ein del usemje om detaljane, når det gjeld kva rolle kvar av dei tre moirene spela i menneskas liv.

Ein homøopatisk styrke-medisin som vert framstilt av gifta til den farlege giftslangen bushmaster, har fått namnet Lachesis. Den forlengar livet!

Lachesis vart oftast avbileta som ei gammal kone. (Sjå MOIRENE).

 

Tekstboks: DRACOLADON

Ladon var ein slange med mange hovud, og han kunne tale menneskespråk. Det er også hevda at han var ein monstrøs hav-slange. Namnet tyder "han som omkveiler".

Ladon er hevda å vere ein av PHORCIDENE - barn av havguden PHORCYS og havmonstret KETO. I så fall var han bror til monstret ECHIDNA, dei tre GORGONENE, dei tre GRAIARENE; og somme har hevda at også dei tre HESPERIDENE tilhøyrde Phorcidene. Det var ein søskenflokk heilt utanom det vanlege - tre sett med skumle trippel-gudinner, samt monstret over alle monster - Echidna, som er skildra som ei vond og brutal trollkjerring med slangeham.

Det er elles fleire teoriar om kven som var foreldra til Ladon. Somme har hevda at han vart født av sjølvaste Mor Jord, og ingen far hadde. Men 100 hovud hadde han, og hovuda tala ulike språk.

Ladon skulle hjelpe HESPERIDENE - "Kveldens døtre" med å vakte epla deira. Ladon låg i kveil omkring epletreet i Hesperidenes' hage. Kvar denne hagen låg er det ingen som veit, men det var langt i vest... somme trur den kan ha lagt i landet ATLANTIS.

Men Ladon for med svik, og vart på oppmoding frå Atlas drept av HERAKLES. (Ver skeptisk til dette - mykje truleg er det politisk løgn-propaganda). Det heiter at Herakles skaut ei pil over hagemuren, som råka og drepte Ladon. Så avlasta Herakles Atlas med å halde oppe himmel-kvelven, medan Atlas stakk for å hente epla for Herakles. Dette var Herakles' ellevte storverk - å få tak i desse epla.

Somt tyder på at HERAKLES ikkje var namn på ein person, men derimot ein tittel, samansett av orda Hera og orakel. I så fall var "Herakles" ein preste-tittel - ein "herakles" var ein prest, oppnemnt av  ZEVS, som skulle gjere teneste ved eitt eller anna Hera-tempel - tempel som samla seg rikdom ved å selje orakel-svar til fattig og rik. Alle desse  "Heraklesane" var heilag-kongar, som måtte tene under ei Hera-dronning/prestinne. Dei skulle drepast på rituelt vis, når deira regjeringstid var ute, og elles måtte dei vere med på litt av kvart. Den Herakles som var på epleslang, etterfølgde kanskje Atlas som heilag-konge? Han overtok også tittelen Atlas....Atlas tyder  "Lenge lidande". Var "Atlas" også ein tittel - eit preste-konge-namn som gjekk i arv?

Embetet som heilag-konge varte lenger enn eitt år i Hera-kultane - det varte 100 måne-syklusar; altså omlag 8 år.

Det guddommelege ekteskapet mellom Zevs og Hera var eit politisk kompromiss. Som i alle ekteskap, var det ein maktkamp om "kvar skapet skulle stå". I dei byar der Hera fekk overtaket, var regelen at Zevs (kongen) skulle rituelt ofrast etter 8 år. Kongen lurte seg unna dette, ved å utnemne ein annan mannsperson til å representere seg - ein Herakles. Omtrent slik kan eg tenke meg at det gjekk for seg.

Men kva rolle spela var så Ladon i desse intrigene? Dei innvandrande patriarkalske kulturane i Grekarland hadde det med å karakterisere sine verste motstandarar innan det gamle matriarkiet som monster, fordi dei dreiv med trolldom av mange slag, og kledde seg ut som slangar, drakar o.l. Truleg var Ladon ein mektig øvsteprest i ein bystat tilhøyrande den gamle, matriarkalske kulturen - ein maktperson som gjorde kva han kunne for å hindre at dei innvandrande patriarkalske folkestammene fekk politisk (og religiøs) makt.

Kva rolle spela epla i Hesperidenes hage? Det veit vi ikkje, men ein svært viktig rolle hadde dei. Var dei reisepass til Paradis? Gav dei evig liv? Ladon vakta epla så ingen "vantru" skulle få tak i dei, og han la heile sjela i dette vakthaldet. Hesperidene var kvelds-nymfene. Ved "livets kveld" - når ein døyr; vert sjela frakta med båt inn i solnedgangen, til Dødsriket langt i vest. Måtte ein ha med eit eple frå Hesperidenes hage for å sleppe inn i Dødsriket? Dette smakar av "Big Business"!!

Ladon har hamna på stjernehimmelen! Han er stjernebiletet Draco - (Draken).

I somme mytar opptrer Ladon som elve-gud - han er guden i elva Ladon. Elveguden Ladon fekk dattera METOPE, som var  ei elve-nymfe. Ho vart gift med ein annan elvegud - ASOPOS. Elveguden Ladon hjalp ein gang NYMFA SYRINX, då ho vart forfølgd av den kåte PAN. Nymfa bad til Ladon at han måtte forvandle ho til eit siv-rør, og han gjorde så. Pan greidde då ikkje finne Sirynx, sjølv om han meia ned mengder av sirrør langs elvebreidden. Pan gav opp, men laga seg ei pan-fløyte av sivrør.

Det vart oss altså fortalt at Ladon var, elvegud, slange, drake og monster. Dette er uproblematisk. Elvegudane vart gjerne rekna å vere digre, guddommelege monster-slangar. Dessutan må vi rekne med at Ladon vart representert av ein manns-person ved templet der Ladon vart dyrka. Han var ein øvsteprest som kalte seg Ladon, og truleg kledde han seg ut som monsterslange under rituala. Truleg var det eit prestinne-skap som kalla seg HESPERIDENE som bestyrte templet, og templet låg i ein fager og heilag hage, der det vart dyrka magiske epler.

Ladon skal ha hatt orakel-evner.

 

Tekstboks: ODYSSEVSODYSSEVSLAESTRYGONANE

Laestrygonane (Laistrygonane) heitte dei skumle innbuarane på øya Laestrygos. ODYSSEVS kom med skipsflåten sin forbi der, på sin lange veg heim frå Trojanar-krigane. Odyssevs' skip måtte gå til lands for å bunkre vatn, medan resten av flåten hans låg og venta ute på hamna. Då kasta laestrygonane steinblokker frå høge klipper, og knuste alle skipa bortsett frå skipet til Odyssevs. Mannefallet var stort. Dei som låg i vatnet vart spidda med spyd, men Odyssevs kom seg unna. Vel heime kunne Odyssevs fortelje at laestrygonane var kannibalar. Dessutan fortalde han at nettene i landet til laestrygonane var svært korte.

Somme trur at øya til laestrygonane låg i nærleiken av Jylland (Danmark). Kan laestrygonane ha budd på øya Læsø?

I Homers epos Odysseen vert laestrygonanes øy kalla Lamos. Odyssevs og flåten han dreiv med vindane utan styring i seks dagar og seks netter. Då fekk dei sjå Lamos' stolte tårn reise seg i horisonten, og landet Laestrygonias portar viste seg tydeleg mot himmelen. På øya var sauebønder som gjette og stelte sine sauer natt som dag, sidan nettene var så lyse. Desse sauebøndene måtte ha dobbelt så stor forteneste som vanlege sauebønder, meinte Odyssevs.

Inne i ei stor vik låg ei bukt, omkransa av høge klipper som raga mot himmels. I denne naturlege hamna fann Odyssevs' flåte ly for uveret. Dei fortøyde skipa inne i bukta, og mannskapet kunne få kvile. Bare Odyssevs fortøyde skipet sitt utanfor bukta, for han var ikkje heilt trygg på dette landet.

Sidan kleiv dei opp på ei ei høgde, og frå her hadde dei utsyn over vide gras-sletter under seg. Dei såg ikkje spor etter folk eller krøtter, men skyer av røyk velta ut av jord-grunnen.

Då fekk heralden med seg to menn, og desse tre skulle gå for å finne ut kva folk som budde i dette landet. Dei følgde ein veg som var slitt blank av vognhjul; for mykje tømmer vart frakta frå fjella til landets by. Så traff dei brått på dattera til kong Antiphates, ved ei kjelde med krystallklart vatn. Kjelda heitte Artakia, og var byens einaste vassforsyning. Dei helsa frøkena, og spurde kva folkestamme som heldt til i dette landet, og kven som regjerte byen. Jenta svara muntert, og peika ut kongens bustad for dei. Dei drog dit, men då dei steig inn, vart dei møtt av ei ovdiger dronning med eit skræmeleg blikk, så dei vart nærast lamma av redsle. Dronninga ropte på ektemannen sin, og han kom stormande fram og åt opp ein av dei tre utsendingane. Dei andre to greidde å rømme tilbake til flåten.

Snytt for byttet sitt, sprang monstret brølande omkring i byen, og ei mengd veldige kjemper kom stormande ned frå fjella og stimla saman om bukta der flåten låg. Dei reiv laus klippeblokker frå berga, og knuste skipa nedunder. Det vart eit jamrande blodbad, og kjempene kasta seg i sjøen og åt opp dei av Odyssevs' mannskap dei fekk tak i. Heldigvis låg Odyssevs' skip utanfor bukta, og han kappa nå trossene, og kommanderte sine menn til å ro for livet. Dei kom seg unna og var lukkelege for det, men sørgde tungt over sine tapte kameratar.

 

Tekstboks: THEBESLAIOS

Laios var konge i byen Thebes, og det heiter at han var far til OEDIPOS.  (Sjå OEDIPOS).

Dei hadde det ikkje akkurat keisamt; ved kongens hoff i Thebes. Nedunder nemner eg nokre av dei drama og intriger som skal ha gått for seg der... utan at eg kan gå god for at alt er historisk korrekt.

Polydoros gifta seg med Nykteis - datter av Nykteos. Nykteos og hans bror Lykos var søner av Chthonios - ein Sparta-høvding. Sonen til Polydoros og Nykteis var Labdakos, som døde då hans son LAIOS var eitt år gammal. Fordi Laios då var for ung til å regjere, tok hans morfars bror, Lykos, over styringa av Thebes, og regjerte byen i 20 år.

I Lykos' regjeringstid hadde Antiope - datter av Nykteos, ei kjærleiksaffære med ZEVS, og vart sjølvsagt gravid.

Då Lykos oppdaga at hans niese var gravid, rømde Antiope til kong Epopeos av Sikyon, og gifta seg med han. Nykteos tok dette så tungt at han gjorde sjølvmord, men før det fekk han sin bror Lykos til å love å straffe Antiope og Epopeos. Så erobra Lykos Sikyon, og drepte Epopeos. Og han fanga Antiope, og brakte ho tilbake til Thebes. Under heimreisa fødte Antiope tvilling-søner. Dei vart sett ut for å døy i villmarka, men ein gjetar fann tvillingane og tok dei til seg. Gjetaren døypte den ein Zethos, og den andre Amphion.

Zethos vart kugjetar liksom sin fosterfar, medan Amphion vart ein dyktig musikar, som lik ORFEOS kunne flytte fjell og temje villdyr med sin magiske musikk.

I oldtids-dramatikaren Euripides' tapte tragedie "Antiope", krangla dei to tvillingane om kven av dei som hadde det mest verdfulle yrke, og denne feiden mellom arbeidsmannen og kunstnaren vart vidgjeten i oldtida. Då dei to brørne seinare bygde Thebes' festning, vart Zethos avbileta kjempande under eit lass av steinblokker, og Amphion spelande på lyre, medan dei veldige steinblokkene følgde han og fall på plass av seg sjølv.

Men Lykos brakte Antiope tilbake til Thebes, og han fengsla ho og mishandla ho, i samarbeid med si hustru, Dirke. Men ein dag kom Antiopes søner og fridde ho, og dei avsette Lykos. Dirke batt dei med hennar hår til ein vill okse, som slepte ho over stokk og stein til ho døde.

Sidan Dirke hadde vore ein tilhengaer av DIONYSOS, let guden Dionysos ei kjelde springe fram på staden der Dirke hadde utanda. Og Dionysos straffa Antiope ved å drive ho til vanvet. Ho rømde sin veg, og vandra omkring i Grekarland til ein mann som heitte Fokos møtte ho, lækte ho og gifta seg med ho.

Amphion og Zethos tok nå regjeringsmakta i Thebes, og dei jaga tron-arvingen Laios i eksil. Han søkte asyl hos kong Pelops i byen Olympia. Zethos gifta seg med Thebe, og det var nå byen fekk sitt namn Thebes, etter Thebe. Byens gamle namn var Kadmeia (etter kong KADMOS), men heretter vart dette namnet bare brukt om kongsslottet.

Zethos hadde ein son som døde ung, og Zethos døde av sorg over han. Amphion gifta seg med TANTALOS' datter NIOBE, men også hans familie fekk ei tragisk endelikt.

Amphion og Niobe fekk sju søner og sju døtre. Niobe var stolt over at ho fekk så mange barn, og skraut at ho var frodigare enn gudinna LETO, som hadde bare to barn - APOLLON og ARTHEMIS. Leto påla sine to barn å hemne dette, og dei drepte alle Niobes barn. Apollon pilskaut gutane, og Arthemis jentene. Truleg vart Amphion også drept, om han ikkje tok sjølvmord.

Den sørgande Niobe forlet Thebes, og drog til sin far, TANTALOS, i Lille-Asia. Ho klatra opp på Sipylos-fjellet og bad bøner til Zevs, og Zevs omvandla ho til ein stein - ein stein som græt tårer dag og natt.

Når nå både Zethos og Amphion var døde, returnerte Laios frå Olympia på Pelopponnes, og vart konge i Thebes. Men medan han hadde budd hjå Pelops, hadde han blitt kjær i Pelops' son utanfor ekteskap - Chrysippos. Under Dei Nemeiske Leikane sa han at han ville lære Chrysippos å køyre hestevogn, men han kidnappa guten og valdtok han. Chrysippos tok sjølvmord etter dette - om han då ikkje vart drept av sine brør ATREOS og Thyestes, eller av stemora Hippodameia.

Laios gifta seg med JOCASTA, og ho vart dronning i Thebes. Jocasta fødte sonen OEDIPOS. Nå hadde eit orakel spådd Laios at han skulle verte drept av sin son, så han sette den nyfødte Oedipos ut i villmarka, for å bli oppeten av ville dyr. Men Laios vart sidan drept av Oedipos. Meir om dette kan du lese under OEDIPOS.

 

LAKEDAEMON

Tekstboks: Elva EUROTAS

Lakedaemon var ein tidleg konge-tittel i landet Lakonia på Pelopponnes - der byen Sparta etter kvart vaks fram. Namnet Lakedaemon tyder "Djevle-sjøen" eller "Sjø-djevelen", og den til ei kvar tid regjerande konge/øvsteprest, vart halden for å vere manifestasjon av guden (demonen) i sjøen...i dei tider.

Lakonia tyder "sjø-landet". Ein stor sump-sjø dominerte Lakonia den gangen. Den gav usunt klima, og mykje insektplager. Mytologien omkring elveguden EUROTAS og nymfa TAYGETE er nærknytt til sump-sjø-guden Lakedaemon. (Sjå desse).

Ein av øvsteprestane som titulerte seg Lakedaemon, vart gift med Sparta - datter av kongen EUROTAS. Denne Lakedaemon gav byen som hadde vakse fram i Lakonia namn etter si hustru. Men hans svigerfar drenerte bort vatnet i sumpsjøen. Han grov eit utlaup, og elva som vart til ved dette, kalla han Eurotas etter seg, og truleg hevda han å inneha guddomskrefter frå elveguden Eurotas. Guden Lakedaemon rann nok i stor grad bort saman med innsjøen, men historien seier ikkje noko om korleis øvstepresten takla dette. Han overtok likevel som konge etter sin svigerfar.

Den hellenske folkestamma dorarane okkuperte Lakonia på slutten av gresk bronsealder. Dorarane var forfedrene til spartanarane, og eg trur at gudane Lakedaemon og Taygete tilhøyrde den urgamle, doriske religionen, og at guden Eurotas oppstod seinare....då patriarkatet hadde overvunne matriarkatet. 

 

Den slags religion som vart dyrka i det gamle Lakonia, kallar vi panteisme, som tyder "gud er i alt". Dei trudde at alle store og små ting - døde som levande, hadde ei ibuande, guddommeleg kraft. Liksom ei fluge... ein fluge-guddom hadde tilhald i fluga. Korleis kunne ho elles flyge frenetisk omkring? Når fluger opptrådte i svermar, så var deira guddommelege krefter foreina til ei ekstra sterk flugesverm-guddomskraft.  Kunne flugene drive med trolldom? Kunne dei framkalle sjukdom? Kunne dei spionere? Det var best å stå på godfot med fluga, og vise ho ein viss respekt.

Eldstaden i huset hadde ein ibuande guddom, som det måtte ofrast til. Han fekk ein matbit ved kvart måltid, og vart reingjort, pynta og gjort stas på til faste tider. Når guden i eldstaden vart halden i godlage, sørgde han for å gi god kokevarme, og han slokna ikkje ut om natta. Ikkje forårsaka han brann heller. Når eldstaden var i godlune, så brakte han lukke til familien i huset.

Store ting hadde mektigare ibuande guddomskrefter enn små ting. I den digre sump-sjøen var ein mektig guddom. Han gurgla og bobla og frambrakte skodde, og mange skumle vesen hadde tilhald i hans grumsete djup. Planter og dyr som var knytt til sjøen, henta sine guddomskrefter frå han.

Kongen i landet var eigentleg ein sjaman - ein medisinmann og trollmann som hadde fått (eller tatt) embetet med å vere landets øvste religiøse leiar - han var øvsteprest.  Men ein slik øvsteprest mått ha ein mektig guddom i ryggen, om han skulle få respekt. Han valde då å stø seg til guden i sjøen; Lakedaemon - "sjø-demonen".  Guden heitte Lakedaemon, sjøen heitte Lakedaemon, og øvstepresten kalla seg også Lakedaemon - i alle høve når han utøvde sine rituelle prestegjerningar. Fleire årlege, storslagne, rituelle festar var nok knytt til sjøen. Men guden i sjøen var altså ein demon - ein vond guddom som ikkje brakte mykje godt med seg, men som måtte ofrast til og haldast i ære for at han ikkje skulle straffe landet med uår, farsottar og anna elende. Og øvstepresten heldt truleg sine undersåttar i age ved frykt.

Oldtidas panteisme var på mange vis mykje meir avansert enn våre dagars store verdsreligionar, som for det meste baserer seg på meir eller mindre tvilsame, gamle skrifter. Panteismen gjennomstrøymde menneskas kvardag døgnet gjennom. Ein var omgitt av guddomskrefter på alle kantar, og alle dagens og årets gjeremål hadde eit guddommeleg aspekt ved seg.

Om ein ser etter, finn ein mange restar av gammal panteisme og sjamanisme i kristendommen. Med biblar, salmebøker og pynte-kors prøver ein å utdrive vonde ånder. Ein oppsøker helgenbilete eller relikviar for å få lækt sjukdom, for ein trur desse har ibuande, guddommeleg kraft.

 

(Sjå også LERNA og HYDRA).

 

LAMIA

(Lamiaï)

Tekstboks: LAMIA

Lamia var den vakre datter av kong Belos, og ho vart dronning i landet Libya. Det er sagt at Lamias mor var ei dronning som heitte LIBYA, som landet vest for Egypt fekk namn etter. (Sjå LIBYA).

Belos kjenner vi bare som sagn-konge. Somme segner fortel at han var konge i Babylonia - andre at han var konge i Egypt. Og atter andre segner plasserer han som konge både her og der. Det heiter også at han var son av POSEIDON. Belos var kanskje ein gud - guden BAAL.... eller han var fleire ulike kongar/øvsteprestar som påstod seg å vere representantar for guden Baal? (Sjå BAAL).

Lamia skal ha komt frå landet Libya i Afrika, men har truleg utvandra med sitt folk, og slått seg ned i gresk område før grekarane kom dit...truleg via Kreta. Då grekarane kom til området, fekk ZEVS fekk lokka Lamia til sengs. Lamia fødte Zevs mange barn, men dei vart alle drept av Zevs' kone, HERA, som var både sjalu og rasande over Zevs' skamlause framferd. Og Hera la den forbanning på Lamia, at ho til evig tid måtte sjå sine barn bli drept. Zevs prøvde å hjelpe - han gav Lamia den trolldoms-evna at ho kunne ta augene sine ut når ho lysta, og setje dei på plass att når ho ville.

I ein myte heiter det at Hera fortrolla Lamia, slik at ho fortærte sine barn. Noko politisk propaganda ligg nok innbakt her, men "ingen røyk utan eld", som det heiter....det ser ut til at Lamia var knytt til ein kannibal-kult.

Bare eitt av Lamias barn overlevde - dattera SKYLLA. Andre mytar hevdar at Skylla var datter av HECATE, men det går omlag for det samme. Lamia og Hecate var namn på dødsgudinner. Men Skylla vart eit fælt monster; ifølge den greske mytologien.

Lamia vart så forbitra over drapa på barna sine, at ho isolerte seg frå verda i ei berghole, og vart til ei trollkjerring som hemna seg ved å kidnappe og drepe andre sine barn, ved å syge dei tomme for blod. Ho reiv også opp magen på gravide kvinner og fortærte fostera. Desse pasjonane medførte at Lamia vart stygg å sjå til. Men om ho ville, så hadde ho evner til å stelle seg til så ho vart fager og forførerisk som i sin ungdom.

Vi forstår at ei eller fleire prestinner som påstod seg å representere gudinna Lamia, vart lyst fredlause og måte rømme. Lamia søkte tilflukt i fjellholer, og det vart laga mange skræmsels-mytar om ho/dei. Greske mødre fortalde sine barn skumle eventyr om Lamia, for at dei skulle ly.  

Lamia slutta seg etter kvart til ei gruppe av kvinnelege demonar som vart kalla EMPUSAE. Desse demoninnene kalla seg "døtre av HECATE". Hekate var Døds-gudinna, som hadde sine kontakter i UNDERVERDA.

Eg trur at fleire Lamia-kultar som var tvungne til "å gå under jorda", gjekk saman i eit opprørsk forbund, og prøvde ved felles magiske krefter å vinne tilbake si fordums makt. Dei vart som heksene i Mellomalder-Europa, som hadde løynlege samkomer på fjelltoppar og liknande. Og det vart dikta mange skræmsels-mytar om dei:

Empusae (fleirtallsord) var famøse for sine grove, moral-støytande sedvanar. Dei hadde bakpartar som esel, og gjekk i tøflar av klaprande messing. Namnet empusae tyder "inn-tvingarar", og dei kledde seg ut som hunde-tisper, kyr, eller vakre ungjenter. I denne siste utkledninga lurte dei seg til samleie med menn om nettene, eller under middagskvilden.

Lamia vart mor til ei heil slekt av kvinnelege demonar, som vart kalla Lamiae (fleirtallsord). Alle var trollkvinner med andlet og bryst som vakre kvinner, men med slangekropp. Dei ynda seg innpå unggutar, og saug dei tomme for blod.

I landet Kanaan vart Lamia kalla Alukah, som tyder "heste-igle". Heste-igla er ein leddmark som lever i ferskvatn, og som har 30 tenner. Når ein hest kjem for å drikke, sym igla inn i munnen og bit seg fast bak i halsen. Der syg ho blod til ho vert sprengfull. Samme blodtørstige attrå hadde Lamia.

 

Vi finn spor etter Lamia i folketrua i mange kulturar. Lamia vert av somme assosiert med Bibelens' Adams' første kone - Lilith. Profeten Jesaias skildra ho som ei ugle som skrik stygt i natta. I norrøn folketru finn vi Lamia att som Mara, som kjem og valdtek menn om nettene - (mareritt).  Noko som går att i alle kulturar, er at Lamia stør nattesøvnen.

Lamia er ikkje lett å forstå. Ho er dronning av landet Libya. Så er ho også eit monstervesen som riv opp magen på gravide kvinner for å fortære fosteret. Ho har sitt namn etter nokre kvinnelege ørken-demonar med drake-hovud på føtene. Dette stadfestar at Lamia hadde sitt opphav i Afrika. Desse ørken-demonane hadde det med å oppsøke gravplassar og grave opp og fortære lika, så bare knoklane vart att.

Lamia var motstykket til egyptarane si gudinne Neith, som var kjærleiks- og krigs-gudinne. Lamia vart også kalla Anatha og Atene, og den greske folkestamma achaearane ville ikkje ha noko å gjere med dyrkinga av denne gudinna. Ho var frå Afrika, og ho var rå og kannibalistisk og matriarkalsk! I desse tider - før arabarane si erobring av Nord-Afrika, budde det negrar i heile Afrika. Desse negrane hadde kolonisert gresk fastland, via Kreta, og dei hadde brakt Lamia-dyrkinga med seg.  Eg trur vi må innsjå at den eldste Atene var frå Afrika, og knytt til ei negroid folkestamme, som utvandra til gresk område - slo seg ned der og etablerte samfunn, før grekarane kom innvandrande... frå Asia? Den bibelske profeten Jesaias nemnde Lamias ugle-skrik .... Atene hadde ugla som totem-dyr.

I dei fleste byane i gresk område, med negroide innvånarar, som vart okkupert av grekarane, vart Lamia gjort til monster etter okkupasjonen.  Ho vart forklart som ei blodsugande, foster-etande kannibal-dronning, og vart lyst fredlaus og jaga. Men det gjekk annleis i Aten!....her vart Lamia gjort til visdomsgudinne/vernegudinne/krigsgudinne! Dette kan bare forklarast som resultat av påkrevd og framragande diplomat-kunst!

Korleis kan vi forklare tilhøvet mellom Hera og Lamia? Var det to matriarkalske kulturar som konkurrerte om ein patriarkalsk kulturs gunst? Det trur eg! Hera var knytt til ein okse/ku-kult, og ho var Mor-Jord og fræve-gudinne. Lamia var knytt til måne-natt-erotikk- død. Kanskje kom både Hera og Lamia til gresk område via Kreta. (Sjå GARAMANTANE).

Det ser ut til at Lamia var knytt til ein matriarkalsk, negroid kultur med opphav i Afrika, som hadde slått seg ned i gresk område før grekarane kom dit. GORGONENE var kanskje knytt til samme kultur?

(Sjå GORGONENE og LIBYA).

 

LAOCOÖN

- sjå LAOKOÖN

 

LAODAMEIA

Tekstboks: KART:

Laodameia var datter av kong Akastos og dronning Astydameia av byen Iolkos. Hennar farfar var kong PELIAS, som kalla seg "son av POSEIDON". Namnet Laodameia tyder "folke-temjar". Hennar biografi er knytt til hendingar omkring trojanar-krigane, som varte i ni år.

 

Ein gang i sin ungdom vart dronning Astydameia hugteken i heroen og kongs-sonen PELEOS, som hadde komt rømmande til Iolkos for å verte reinsa for eit mord. Men Peleos avviste hennar tilnærmingar, så Astydameia skulda han like godt for valdtekt. Peleos vart jaga frå Iolkos. Kong Akastos prøvde å få drept han, men han unnslapp. Seinare vendte han hemngirig tilbake, og drepte både Akastos og Astydameia.

Dette førte til at Laodameia flytta til nabo-byen Phylake, der ho inngjekk ekteskap med prins PROTESILAOS, som var son av kong Ifiklos og dronning Diomedeia av Phylake. Kort tid etter forlet Protesilaos Laodameia for å delta i trojanar-krigane. Han var kommandør over 40 skip frå Phylake og distrikta omkring, og han var den første som fall då den greske flåten nådde kysten av Troja. Han storma i land og hogg ned fleire motstandarar, men så fall han sjølv. Mange av dei trojanske HEROANE kivdes om kven som var hans banemann - mellom andre HEKTOR. Denne hendinga var viktig, for eit ORAKEL hadde spådd at sigeren skulle tilfalle den strids-part som leid det første manne-tap.

Då Laodameia fekk høyre om sin ektemanns død, bad ho gudane om å få sjå han att ein einaste gang. HERMES leidde då Protesilaos heim frå UNDERVERDA på ein tre-timars visitt. Då han så måtte fare tilbake att til Dødsriket, greidde ikkje Laodameia å leve med sorga. Ho tok livet sitt ved å kaste seg på eit bål, og vart med ektemannen til Underverda.

Det ser her ut til at Laodameia retta seg etter ein gammal, skikk - at enka skulle følge sin avdøde mann på likbålet. Dette var sedvane i fleire indiske og persiske kulturar. I bronsealderens Skandinavia var det vanleg at høvdingar som døde fekk med sine koner i grava, samt tenarskap og kva elles som kunne trengast.

I ein myte heiter det at Laodameia sakna ektemannen så hardt at ho fekk laga ein voks-modell (eller messing-modell) av han, kort tid etter at han hadde fare i krigen. Laodameia tok med denne voks-mannen til sengs, og seinare brukte ho også voksdukka som magisk remedium for å kalle Protesilaos tilbake frå Dødsriket. Det var heilt underleg, men voksdukka vart levande i tre timar! Og Protesilaos tala til ho, og bad ho følge med han til Dødsriket. Straks køyrde Laodameia ein dolk i sitt bryst...eller ho kasta seg på eit enke-bål....det er fortalt så ulikt om dette.

Det er også fotalt slik: Hennar far forlangte at ho skulle ta seg ein ny ektemann. Ho gjorde så, men alle netter tilbrakte ho i eit tempel, der ho sat og omfamna ei statue av Protesilaos. Men ein morgon kom ein vaktmann inn - medbringande epler som skulle brukast under morgon-ofringa. Han fekk auge på Laodameia, og trudde ho sat og omfamna ein elskar. Vakta sprang og varsla kong Akastos, som kom stormande til. Kongen gav då ordre om at statua av Protesilaos skulle brennast på bål, så Laodameia kunne verte frigjort frå sin vonlause lengt etter den avdøde ektemann. Men under brenninga kasta Laodameia seg på bålet og omkom i flammar.

Laodameia må ikkje forvekslast med ei anna Laodameia, som var datter av BELLEROFON. Men det er samanheng  mellom dei to Laodamiae... namnet var eigentleg ein tittel, som vart brukt om måne-prestinner. Tittelen tyder som nemnt "folke-temjar", og mange ulike kongsdøtre og andre kvinner som vart kåra til måne-prestinner fekk denne tittelen.

Mytane om Laodameia og Protesilaos er symbol-historier som eg ikkje kan forklare, men truleg dreier det seg om religiøs maktkamp og politisk maktkamp. Epla som vakta kom berande med har også ei symbolsk tyding, som eg heller ikkje tørr prøve å forklare.

 

LAOKOÖN

Tekstboks: SKULPTURTekstboks: MEIR

Laokoön var prest for APOLLON i Troja under trojanar-krigane. Hans namn tyder noko slikt som "folkets talsmann". Laookoön var også ein sjåar. Han åtvara trojanarane mot å ta inn i byen den digre "offersgåva" som grekarane hadde etterlatt framfor byporten - den vidgjetne trojanske trehest. Trojanarane hadde fått høyre at heste-skulpturen var ei offergåve til ATENE, og at dei skulle verte usynlege dersom dei trilla trehesten inn i byen. Men Laokoön ville at trehesten skulle brennast. Han kasta lansen si mot hesten for å understreke kva han meinte om han. "Eg fryktar grekarane, sjølv når dei kjem med gåver", sa han.

Også dronning CASSANDRA av Troja var sjåerske. Ho åtvara også mot trehesten, men guden APOLLON hadde fortrolla Cassandra på det vis at ingen ville tru på hennar spådommar. Vart Troja sviken av sin eigen gud, Apollon? Eg trur at dei greske sigerherrane sine historie-skrivarar har dikta det til slik.

Antakelig ifølge samme historieskrivarane, så straffa ATENE Laokoön fordi han hadde åtvara mot hesten: Medan han skulle ofre ein okse på altaret for POSEIDON, kom to monster-slangar opp frå havet og kvelte Laokoöns to søner etter ein hard kamp. Laokoön prøde å berge sønene, men slangane spytta eiter og blinda han.

Då det nå var tydeleg å sjå at Laokoön hadde gudane mot seg, vart han rekna som ein "tapar", og trojanarane drog tre-hesten innanfor bymuren, og plasserte han i Atene-templet der i byen. (Folkemassers psykologiske reaksjonsmønstre vert oftast styrt av "krypdyr-hjerna").

Men mange greske soldatar hadde gøymt seg i hestekroppen, og om natta kraup dei ut, fekk opna byportane, og slapp inn dei greske hærstyrkane. Dei fleste av dei trojanske krigarane vart drept på senga.

Laokoön og trojanarane dyrka altså Apollon og Poseidon. Grekarane dyrka Atene. Ein gang var det "valkamp" mellom Atene og Poseidon om kven som skulle verte byen Atens verne-guddom. Atene sigra.

Aten valde seg Atene, men Troja hadde altså Poseidon som øvstegud - i tillegg til Apollon. Det ser av dette ut til at Troja og Aten var to kulturar som var ganske nærknytt kvarandre. Men vi har bare grekarane sine krigs-reportasjar....korleis ville trojanarane ha fortalt om krigen og gudane sine?

Oldtidsforfattaren Vergil fortel om trojanar-krigane i det store, episke diktverket "Aeneiden". Ifølge Vergil, så dyrka trojanarane på den tida særleg  Apollon og Poseidon. (Vi kan ikkje vere heilt sikre på at dette stemmer - Vergil var romar, og levde omkring år 0). Grekarane sette sin lit til gudinna ATENE  (PALLAS ATENE); ifølge Vergil.

I Vatikan-museet i Roma står ein vidgjeten skulptur som viser kampen mellom Laokoön, hans to søner og dei to slangane. Den spanske målaren El Greco gjorde eit vidgjete måleri med samme motiv.

Slangar var som symbol knytt til dei gamle, matriarkalske Mor-Jord-gudinnene. Også Atene omgav seg med slangar, for ho var ei gammal Mor Jord-gudinne. Men monster-slangane som drepte Laokoöns søner var ikkje slangar, men havuhyre. Kom straffa frå Poseidon?

Det ser ut til at i myten om Laokoön, så er (hav)-slangar ganske tilfeldig valgt som eksekutørar av dei atenske gudanes straffedom, og at slangane ikkje hadde nokon særskild symbol-funksjon. Men myten er kanskje ei omdikting av ein eldre myte der slangane hadde ei symbol-rolle?

Den tidlegare Troja-kongen LAOMEDES fekk problemer med Poseidon, som sendte sjømonster for å straffe han. Var det vanleg at Troja vart plaga av sjømonster?

Ein annan person ved namn LAOKOÖN, var ein av ARGONAUTANE.

 

(Sjå også LAOMEDES).

 

LAOMEDES

(Laomedon)

Tekstboks: TROJA

Laomedes regjerte som konge i Troja APOLLON og POSEIDON bygde murane rundt byen. Hans namn tyder "folke-styrar".

Det greske substantivet lao/laos tyder "folk". Vi finn ordet att i det tyske Leute, og i norsk kyrkje-lyd, hus-lyd. Dessutan i namnet på eit land i Asia. Kan hende kjem ordet land også av laos.

Laomedes narra dei to gudane på betalinga, så Apollon sende ein farsott over byen som straff, og Poseidon slapp laus eit sjømonster på byen. Monstret kasta sjøvatn på alle åkrar, og øydela avlingane. (Var det ein orkan?). Laomedes rådspurde oraklet til ZEVS AMMON om kva som kunne blidgjere gudane, og fekk vite at han måtte ofre ei ungjente til sjømonstret, for å berge byen.

Korleis kunne ein konge tilsette to gudar som "entrepenørar"? Det må ha vore to øvsteprestar - representerande Apollon og Poseidon, som påtok seg å oppføre bymurane. Det er ikkje ofte ein omhøyrer at presteskap påtek seg å utføre praktisk arbeid, men her skjedde det altså. Men så vart presteskapa lurt på betalinga! Vi augnar ein maktkamp mellom "dei geistlege" og kongen.

Laomedes prøvde først å få ein mann som heitte Foenodamas til å ofre ei av sine tre døtre, men han nekta. Bystyret avgjorde då at det skulle avgjerast ved loddtrekking kva jente som skulle ofrast. Loddet fall på Laomedes' datter Hesione.

Hesione vart lenka til klipper ved stranda, for at sjømonstret skulle fortære ho. (Dette er ein klar parallell til myten om ANDROMEDA). Hesione låg visst fastlenka i vekesvis. Men den store hero HERAKLES hadde sett dette, og han kom nå til, og fridde Hesione frå lenkene. Han bar ho opp i byen, og sa han skulle drepe monstret, dersom han i betaling fekk dei udøyelege, snøkvite merrene som den gamle trojanar-kongen TROS hadde fått av ZEVS. (Sjå GANYMEDES). Desse merrene kunne trave på vatn og galloppere over kornåkrar slik som vinden; utan å setje spor. Laomedes sa han gjekk med på dette.

Herakles hadde tatt på seg ei tøff oppgåve. Med hjelp frå ATENE fekk han trojanarane til å oppføre ein høg mur. Bak denne muren var Herakles verna medan monstret kom krypande ut av havet og over strand-engene. Då monstret nådde muren, gapte det høgt og brølte, og Herakles kasta seg i full utrustning ned i monstrets gap. Han tilbrakte tre dagar i monstrets mage, og så kom han sigrande ut, men hadde ikkje eit hår att på hovudet.

Men etter at Herakles hadde drept monstret, narra Laomedes Herakles ved å gi han to vanlege hestar. (Vi forstår at Laomedes var ein notorisk avtale-brytar). Herakles vart rasande, og lova krig! Først drog han til øya Paros, og der bygde han altar for ZEVS og APOLLON. Så drog han til den smale landtunga (isthmos) ved Korint, og her proklamerte han Laomedes' undergang. Så drog han til sin eigen by, Tiryns på Pelopponnes, og kalla ut ein hær.

I mellomtida hadde Laomedes fått drept Foenodamas, og seld hans tre døtre til sicilianske handelsmenn. Dei skulle brukast som offer i rovdyr-show på circus. Men på Sicilia vart dei berga av AFRODITE....dette er ei anna historie.

Herakles' skip ankra opp nær Troja, og Herakles gav Oikles ansvaret med å passe skipa. Sjølv gjekk han i land med ein hær, og gjekk til åtak på byen. Åtaket kom overraskande på Laomedes. Han fekk ikkje kalla saman hæren, men utrusta byfolket med sverd og faklar, og gav ordre at dei skulle brenne Herakles' flåte. Oikles kjempa djervt mot angriparane - han kjempa til han stupte. Og mesteparten av Herakles' flåte fekk berga seg unna. Så skunda Laomedes seg tilbake til byen, og etter ei trefning med Herakles' soldatar, greidde han å kome seg innanfor bymurane att, og fekk stengt alle portar.

Nå gjekk det ganske dramatisk for seg - for Herakles hadde blitt gal! Han hadde ikkje tålmod til å beleire Troja, men gav ordre om storming straks. Heroen Telamon kom seg først gjennom muren; på vestsida. Herakles kom i hælane på han, med drege sverd - han tålte ikkje at nokon kjempa betre enn han. Telamon kasta seg snøgt til sides, og byrja lø stein. Herakles vart då forfjamsa, og spurde kva han dreiv på med. Telamon sa at han ville bygge eit altar for "Den sigrande Herakles". Då takka Herakles han for dette, og storma vidare. Han drepte Laomedes og alle hans søner, bortsett frå Podarkes, som var den einaste som hadde stemt for at Herakles skulle få dei to udøyelege merrene. Så herja Herakles byen. Hesione gav han som gåve til kompisen sin, Telamon, og han sette Laomedes' unge son Podarkes på Trojas trone. Podarkes tok då namnet PRIAMOS, og han fekk mange barn som vart vidgjetne. (Sjå PRIAMOS).

Var Herakles ein prest ved eit HERA-orakel som tok affære då det såg ut til at Laomedes' politikk ville bringe byriket Troja i uføre? (Somme trur at Herakles var ein tittel, og ikkje namn på ein historisk person). Hadde desse Herakles-prestane for vane å ruse seg på narkotiske planter slik at dei vart gal og gjekk berserkar-gang? Var det den gamle, matriarkalske gudinna Hera som greip inn då det "balla seg til" for Apollon-dyrkaren Laomedes?

Men det gjekk ille med Troja etter dette; veit vi.

 

LARA

Det før-romerske "gudinne-vesen" Lara var knytt til forfedre-dyrkinga. Ho var ei gammal, folkeleg gudinne, og vart dyrka under mange namn. Ho vart (av Ovid) kalla MUTA, som tyder stum, og ho vart kalla TACITA, MANIA og MANA Genita. (Sjå desse). (Sjå også LARER og MANES).

Lara vart rekna som manene (MANES) si "gamlemor" (stam-mor). Manes var åndene til avdøde. Dei sveiv usynlege omkring mellom dei levande, og måtte haldast i ære og aktast på. Manes vart feira med ein høgtidsfest frå 9. til 13. mai. Denne festen heitte Lemuria - lemures var eit anna namn på manes - dei avdødes ånder. (Nokre halv-aper på Madagaskar vert (av europearane) kalla lemurar, fordi dei innfødte der reknar dei for å vere forfedrenes ånder).

I før-romersk mytologi var lemurane spøkelse - attergangarar. Det er sagt at festen Lemuria vart innstifta til ære for ei rik og mektig frue, som hadde ein visjon: Ho såg REMUS' skugge! Då ROMULUS fekk høyre om denne visjonen/draumen, innstifta han festen Remuria til ære for sin avdøde bror Remus, og festen Lemuria til ære for den visjonære frua, som vart kalla ACCA LAURENTA. Somt tyder på at denne frua, Acca Laurenta, eigentleg var ei luksus-horemamma, men uansett så vart ho opphøgd til gudinne. (Sjå LARENTA og ACCA LAURENTA).

Det er mykje som er uklart om romersk religion. Når det gjeld festen lemuria, så var det kan hende annsleis enn her fortalt! (Sjå om dette under LARVAE).

Lemuria-festen var eldre enn Romulus. Kvar familie og husstand feira Lemuria til minne om sine forfedre/mødre og andre avdøde slektningar. Det vart ofra bønner (belgfrukter) på husaltera i kvar heim. Romulus oppgraderte Lemuria-festen til ein offentleg, fem-dagars fest. Når det gjeld den offentlege festen Remuria, så ser det ut til at den snøgt gjekk i gløymeboka.

Roma fekk namn etter Romulus; som drepte sin bror Remus.  Hadde det gått hin vegen, så ville byen Roma blitt heitande Remuria.

Midt under Lemuria-dagane, på 12. mai, vart MARS-leikane avhaldne, til ære for krigsguden Mars.

Kven var foreldra til dei legendariske romar-tvillingane Romulus og Remus? Det er sagt at faren var krigsguden MARS, og at mora var Lara - mora til forfedre-åndene - MANES. I mytologien hadde altså tvillingane krigsguden Mars til far, og som mor hadde dei Lara - stam-mora til det romerske folk!

Lara var stam-mor til den romerske nasjon. Ho var Romulus og Remus si "gamle gamle-mor", og mor til dei romerske forfedre-åndene - MANES. Som mor til manes vart ho kalla Mana Genita - "opphavs-mora". Vi må bite oss merke i at romarane sine forfedre dyrka ei slik gamle-mor-gudinne. Var dei matriarkalske? Og i så fall, korleis? Korleis var tilhøvet mellom Lara og "Gamle-far" (Mars; Jupiter, etc.)?

Svarte hundekvalpar vart ofra til Lara, slik dei vart ofra til krigsguden MARS under festen Lupercalia (Ulve-festen).

Også prestane til guden QUIRINIUS - flamen quirinalis, ofra hundekvalpar - dei gjorde det under festen Robigalia. I ein periode av Romas historie vart det ofra hundekvalpar til gudane, som substitutt for menneske-offer, som hadde vore det vanlege i ein tidlegare historisk bolk. I denne tidlegare historiske bolken vart det nok gitt menneske-offer til Lara, så ho var ei skummel gudinne - knytt til død, natt og attergangarar.  Månen fekk ikkje lov å lyse på nettene då Lara vart ofra til. 

Lara fekk tilbod om unge gutar - dei vart brakt til hennar ofrings-altar. Eg tenkjer på Romulus og Remus - skulle dei ofrast?  Det var i svært gamle tider - i matriarkatet sine dagar, og Lara hadde posisjon som øvste-gudinne. Ein gang seinare, vart ho fråteken si store makt - vi veit ikkje korleis og når.

Vi kjenner ikkje til kva maktkampar som forårsaka Laras fall, men den kannibalistiske gudinna vart avsett ein gang for lenge sidan. Men i folkedjupet vart ho vidare halden i ære! Det vart ofra til Lara - valmuer, kvitlauk og ull-dokker som vart kalla maniae - altså skulle dei forestille "forfedrene og formødrenes ånder". Slike ulldokker vart også hengt opp i døropningar som vern mot vondskap.

Det er lett å sjå at det dreier seg om formødre/forfedre-dyrking. Åndene til avdøde hadde makt til å verne mot vondskap og frambringe velferd. Valmue er planten ein utvinn det narkotiske stoffet opium av. Og både kvitlauk og ull-dokker var magiske remedier. Ulldokkene kunne representere menneske-offer.

Korleis vart Lara dyrka i steinalder-tid? Vi må spekulere utifrå det usikre vi veit.  Mange urfolk har som skikk å setje sine gamle ut for å døy, når dei ikkje lenger greier ta vare på seg sjølv. Var det slik at romarane sine forfedre overlet sine gamle til Lara? I så fall var endelikta til alle som døde av alderdom, å verte ofra til Lara. Og Lara tok imot dei. Så kom nye tider, og gudinna Lara vart degradert av staten. Men i folkedjupet visste dei likevel ikkje andre stadar å gjere av sine gamle, enn at dei måtte ofre dei til Lara. Staten ville innførte ny politikk og nye gudar, men fattigbøndene på landsbygda heldt seg til gammal sed og skikk. Og Lara var ikkje gløymd og borte - tvertimot så gjekk ho igjen, tvers igjennom Romarrikets vekst og fall. Men under nye namn.

Det vart arrangert ein seremoni i Roma 15. mai, der vestalinnene kasta valmueblomster i Tiber-elva frå Pons Sublicius. Desse valmuene skulle representere offergåver gitt av Romas forfedre. Denne seremonien var til minne om den gang dei nyfødte tvillingane Romulus og Remus, saman med si mor, RHEA SILVIA, vart sett ut på elva Tiber i ei korg, av deira vonde onkel AMULIUS. Dei vart berga av elveguden TIBERINUS, som etterpå gifta seg med Rhea Silvia.

Rhea Silvia var ei av vestalinnene ved VESTA-templet i Roma, men hennar namn tyder "Dronninga frå skogane" eller "Mor Jord av skogen". Ho var ei gammal, matriarkalsk gudinne. (Sjå DIANA).

Det er underleg å sjå, at det gamle namnet på jordgudinna - RHEA, er blitt til Regina (dronning) og Rex (konge). Og om nokon som heiter Roi eller Regine les dette, så heiter også dei etter Rhea.

I bryllupet mellom Tiberinus og Rhea Silvia måtte vestalinnene påta seg den gamle jordgudinna LARENTA si rolle som offer-giversker til elveguden Tiberinus. Dei ofra dokker til han - magiske menneske-figurar som skulle forestille Romulus og Remus.

Kompliserte saker; dette....Elveguden Tiberinus representerte det dynamiske prinsipp, som også kan kallast det maskuline prinsipp. Elva  rann over åkrane (Mor Jord), og fræva. Utan vatn vart jorda liggande aud - det var fræving (vatning) som måtte til for at avling skulle gro.

I landet Alba Longa, nord for Roma, vart det avhalde ein fest 30. april, som vart kalla Feria Latinae. Då hengte dei "pendlar " i trea der - det var dokker i menneske-skap som skulle symboliserer menneskeofring. Våre tankar går til Odin-dyrkinga i Uppsala i Sverike. Slike ofringar vart gjort til Lara/Larenta/Mana Genita.

I ein gammal myte ber JUPITER nymfa Lara om hjelp med å valdta ei anna nymfe - men i staden for å hjelpe han med dette,  så avslører Lara Jupiters planar for Jupiters kone JUNO. Som straff riv Jupiter tunga ut av Lara, og MERKUR fører ho til UNDERVERDA. Her vert Lara valdteken av Merkur, og ho føder eit tvilling-par som får namnet Lares Compitales. Desse gudebarna vert vaktarar av alle vegkryss. (Denne myten er truleg ei mytisk forvrenging av ei historisk hending).

Namnet Lara tyder kan hende "stum", som i overført tyding kan tyde død. Hennar tilnamn Muta tyder også "stum". Fekk Lara tale-forbod? Jupiter reiv tunga ut av Lara. Var det då ho vart stum, eller var ho alltid stum? Er skilnaden mellom levande og døde at dei døde er stumme? Men vi kan forstå kva Jupiter ville framheve: Kvinner skal tie i forsamlingar!  Patriarkatet (ved Jupiter) tok makta frå matriarkatet (ved Lara).

 

LARENTA

Larenta var ei før-romersk Mor Jord-gudinne. Ho vart kalla Dea TACITA – ”Den tause gudinne”, og vart også kalla med mange andre namn. Ho hadde sin eigen festdag - 23. desember, som heitte Larentalia. Det må ha vore ein midtvinter-fest, med reinsing, solsnu og tilhøyrande greier!

Larenta vart dyrka utandørs - i heilage lundar. Dette fortel oss at ho var ei gammal gudinne - frå tida før tempel vart bygd.

Larenta var truleg eit anna namn på LARA. Og det er snakk om ei før-romersk gudinne - frå steinalder-tid.

Under festen Larentalia vart det utført rituale til ære for avdøde forfedre/mødre. Det vart mellom anna ofra til Larenta ved hennar grav i Velabrum-dalen i Roma. (Denne seremonien var sikkert storslagen og kompleks, men rituala veit vi lite om).

Larenta vart også kalla ACCA LARENTIA, og dessutan Larunda. I ein myte heiter det at ho var kona til gjetaren som fann og adopterte tvillingane ROMULUS og REMUS. 

Festen Larentalia vart feira til ære for ACCA LA(U)RENTIA. Latinske ordbøker kan ikkje forklare ordet acca. På gresk tyder substantivet akkô "gal kvinne" eller "troll-kjerring". På sanskrit tyder akka "mor". Vi vel å tru at Acca Laurentia derfor tyder "Mater Larum" (Mora til Larene). (Sjå LARES). Mora til larene vart også kalla LARA, Larunda, Larentina og MANIA.

Det er sagt at Larenta var kona til gjetaren FAUNUS. I så fall har vi endå eit namn på ho: BONA DEA. Det var gjetaren Faunus som fann tvillingane ROMULUS og REMUS. Utsette på elva Tiber, hadde tvillingane blitt berga og fått morsmjelk frå ei ulvinne, heitte det, og etterpå vart dei funne av Faunus. Tvillingane vart i lange tider etter sin død rekna som Romas verneånder - Lares. (Sjå LARER).

Larenta var tvillingane si fostermor - ho var kona til gjetaren som fann dei. Men andre har hevda at Larenta sjølv var ei ulvinne (lupa). Lupa var også ord for ei prostituerte kvinne. Somme meiner dette er grunnen til at Larenta vart feira som ei prostituert kvinne. Om dette veit ingen noko sikkert.

I festen Larentalia inngjekk ei bakvendt feiring av Larenta. Ho vart då feira som maskulin guddom, med rituale som elles tilhøyrde festivalen Parentalia - "gamlefar-festen". Nokon andre enn eg må prøve å forklare dette!

(Sjå TACITA, ACCA LARENTIA, LARA, LARER, LARVAE, MUTA).

 

Tekstboks: LARESLARER

Larer var mindre, latinske verne-guddommar, som var knytt til gammal folketru. Det var ulike grupper av larer. Nokre vart (av romarane) kalla Lares Compitalis. Desse hadde tilhald ved vegkryss, og ved grensemerke der grensene til fire eigedommar møttes. Truleg var det vanleg at vegane/stigane gjekk langs grenselinene. I så fall fall grensekryss saman med vegkryss.

Compital tyder rett og slett "vegkryss", på latin. Opphavleg tyder kan hende compitalis "der fotsteg møtes"? Lar compitalis var staden der du kunne risikere å møte ein framand! Då kunne det verte kamp på liv og død! Det var viktig å ha gode overeinskomstar med alle naboar, om ein skulle unngå kamp.  Ved alle fredsavtalar om grenser og anna, vart det ofra og svore eid til Lares Compitalis. Lares Compitalis verna sidan om desse overeinskomstane, og straffa den som braut grensefreden. Truleg fans det også fredings-avtalar som gjaldt langvegsfarande.

Mykje mystisk var knytt til vegkryss, og grenemerkener der fire eigedommar møtes. Dette var magiske stadar. Om du møter fram i eit vegkryss tre torsdagsnetter på rad....då kan du sjå rare greier og få magiske krefter. Vi kjenner til dette - frå norrøn folketru. Om dei før-romerske stammene veit vi at dei dyrka mektige grense-guddomar med namn som MARS, JUPITER, TERMINUS.

Lares familiares var hushalds-guddommar. Dei var av eit anna slag enn lares compitales. Dei var avdøde forfedres  ånder, som vart dyrka ved husaltar i kvar heim. Slik gudsdyrking av forfedre kjenner vi frå alle himmelstrøk. Forfedrene vart æra og påkalla - som husgudar - gjerne dagleg.....dei var "dei gode ånder", som vernar om heimen og familien, om dei vart haldne i ære og akt.

Somme larer var også verneånder for reisande på land og sjø. Også tjuvar og sjørøvarar hadde sine larer som dei dyrka.

Dei gode hus-åndene, lares, hadde sitt motstykke i LARVAE - plage-ånder som var fulle av vondskap! (Sjå LARVAE).

Ein djupt-skodande teori hevdar at lares familiares opphavleg var guddommar for ein buplass i villmarka - i ei tid då folk budde i skrøpelege lauvhytter, jordgammer og bergholer, og det meste av matstell og klesstell gjekk føre seg under open himmel. Seinare, då huset fekk ein meir dominerande plass i dagleglivet, flytta larene innandørs.

Ordet lar tyder heim eller lægre, leir, (eng. lair) - staden der familien eller stammen budde, for ein kortare eller lengre periode. Sovestaden var viktig - den var heilag. Leirbålet (lare-bålet) var også viktig og heilagt - det lyste opp i den blind-svarte natta. Vakthundane vakta, og stammen sov tett saman og hadde våpna parat. Omkring låg endelause villmarker, med trugande fiendar av mange slag - både naturlege og overnaturlege. Verneguddommar var ei påkrevd trygging mot vondemakter og fiendar. Dei sov med eit ope auge, og sette dessutan sin lit til larene.

Så vaks sivilisasjonen seg fram! Under Den Romerske Republikk hadde kvar heim kun ein husgud, med seinare - i Keisartida, var det to av dei - ein kvinneleg og ein mannleg. Dei to til samans vart kalla LARES - og så vart dei somme tider kalla PENATES (sjå PENATENE).

Det var ein vinterfestival for Larene som heitte Compitalia. Då vart dukker hengt opp i husaltara i alle heimar. Kvart hus hadde eit husaltar for sine larer.

Larene vart avbileta som dansande ungdommar, med drikkehorn i eine handa og matbolle i hi. Dette skulle nok symbolisere velferd. Ofte vart også larene avbileta med slangar, som truleg fungerte som fallos-symbol - dei symboliserte fræve.

Larene var meir sentrale i romersk religionsutøving enn ein før har trudd. Også i stats-religionen vart larer dyrka, kalla lares praestites. Dei var offentlege larer som vakta om byen. I Roma hadde larene sitt eige tempel og altar, ved Via Sacra, nær keisarens palass på Palatin-høgda.

Romarane kalla dei avdødes ånder Lara, men etruskarane kalla dei Lasa. Det vart sagta at Lasa var åndene til folk i vest, og Lara var åndene til folk i aust, men etruskarane sine lasa og romarane sine lara har nok eit felles opphav.

 

OPPGÅVE: Larene vart jamt påkalla under bursdagsfeiringar. Kvifor?

(Sjå LARA, LARENTA, MARS og JUPITER).

 

LARVAE

Tekstboks: LEMURAR

Larvae (fleirtalls-form) vart også kalla Lemurar. Romarane meinte at "larvene" var avdøde personars vonde ånder - skrømt; spøkelse, attergangarar. Larvae var plage-ånder. Fem dagar i mai var det offerfest for plageåndene Larvae, for å blidgjere dei. Festen heitte Lemuria, og varte frå  9. til 13. mai. Avdøde slektningar kom gjerne på vitjing under Lemuria-festen.

Attergangarar var lemurar. Ein måtte gravlegge dei døde på rette måten, elles kunne dei bli lemurar. Ein avdød som ikkje hadde levande slektningar, vart lett til lemur. Ein lemur var altså omtrent det samme som ein zombie. (Sjå også LARER).

Det latinske ordet larva tyder "maske" eller "spøkelse". Samme ord har vi i insekt-larve. Når larve-huda sprekk, kryp det vaksne insekt fram. Larvehuda kan altså sjåast som ei maske som insektet løyner seg bak.

Lemurar er nå nemninga på ei slekt av halvaper som har tilhald på Madagaskar. Dei  innfødte på Madagaskar meinte at deira døde slektningar gjekk att som halvaper. Så kom europearane, og dei kalla halvapene lemurar.

 

LATINIUS

Tekstboks: AENAIDEN

Latinius var latinarane sin gamle heltekonge, og dei tok namn etter han. Han var son av FAUNUS og nymfa MARICA, og skal ha regjert til år 1186 fvt. Hans tronsete var i byen Laurentum. Latinius tok vel imot romarane sin stamfar, AENEAS, då denne kom rømande frå Troja. Aeneas vart gift med Latinus’ datter LAVINIA.

I gresk mytologi heiter det at Latinius var son av ODYSSEVS og KIRKE - at han hadde kona Amata, og dattera Lavinia.

Det er særleg i Vergils episke diktverk Aenaiden, at vi får høyre om Latinius. (Sjå AENEAS).

 

LATONA

Latona er det romerske namn på LETO.

 

Tekstboks: LAVINIUMLAVINIA

Lavinia var datter av latinarane sin gamle konge, LATINIUS, som dei fekk namn etter. Latinius gifta Lavinia bort til romarane sin stamfar, AENEAS, endå han hadde lova ho til TURNUS, kongen i landet Rutulia. Dette vart det krig av, og Aeneas gjekk sigrande ut av krigen. Aeneas grunnla byen Lavinium til Lavinias ære. Ho vart seinare dyrka som jordgudinne og  frævegudinne.

(Sjå AENEAS). 

 

LATROMIS

Latromis var datter av DIONYSOS og ARIADNE. Ariadne var kretisk månegudinne. Ho vart gift med  Dionysos, som særleg er kjent som vingud. Latromis hadde brørne Thoas, TAUROPOLOS, OENOPION, STAPHYLOS og EUANTHES. Desse brørne utvandra med folkeflokkar til ulike greske øyar, medbringande den dionysiske vinkulten, og dei vart stamferde til fleire helladiske stammer. Truleg utvandra også Latromis til ei gresk øy, og vart måneprinsesse der.

 

LEARCHOS

Learchos var son av Athamas og INO. Athamas vart slått av galskap av HERA, og drepte sin son Learchos med eit pilskot. Han trudde han var ein hjort. (Sjå under INO).

LYCURGOS vart slått av ein liknande galskap som Athamas - av RHEA. Det er ein eller anan samanheng her!

 

Tekstboks: KRUKKEMÅLERITekstboks: MÅLERITekstboks: KUNSTLEDA

Leda var datter av kong THESPIOS av Sparta. (Sjå THESPIOS). Ho vart rekna som ein kvinneleg hero - ei HEROINE. Ho vart gift med prins TYNDAREOS, som hadde rømt til Sparta frå Aitolia.

Men ZEVS vart forelska i Leda. Han kledde seg i svane-ham for å forføre ho. Etter langvarig forfølging fekk han sin vilje, på breidden av elva Eurotas, i nærleiken av Sparta. Derpå fødte Leda to egg. Det var eit tvilling-par i kvart egg - frå kvart egg vart eit døyeleg og eit udøyeleg barn klekt! Zevs var far til dei to udøyelege, POLYDEUKES og HELENA, medan Tyndareos var far til dei døyelege, CASTOR og KLYTAIMNESTRA. Polydeukes og Castor vart dei vidgjetne tvilling-HEROANE, kalla DIOSKURANE (Gemini), som heldt saman i tjukt og tynt.

Det er mange ulike teoriar om kven som var far og mor til dei fire som vart klekt av dei to egga. Sidan det er så lenge sidan dette skjedde, er det nok uråd å få saka oppklart nå.

Mytane om korleis Ledas’ egg vart til, er også mange. Somme går ut på at det var NEMESIS som vart valdteken av Zevs, og at Nemesis etterpå kom til Sparta og varp eitt egg. Og Leda kom like etter forbi, og fann eit hyasint-farga egg i sumpane. Leda tok egget heim, og gøymde det innfor brystet. Prinsesse HELENA vart klekt av egget.

Somme påstod at egget hadde komt ramlande ned frå månen, og at HELENA vart klekt av det. Dette kan rime med at Helena var måne-gudinnne, som SELENE... Helena var eit namn for Selene.

Dette minner om eit anna egg som hadde ramla ned frå månen, og som hamna i elva Eufrat i Babylonia. Det vart transportert til land av fisk, ruga av duer... og av dette egget vart den syriske kjærleiksgudinna ASTARTE (Ashareth) (Abrahams kone, Sara) klekt.

Elvenamna Eurotas og Eufrat er ganske like. Kan det vere nokon samanheng? Eg har ein mistanke om at Nemesis-kulten var ein austleg kult, som kom til Sparta med Helena. Historiene om egg vart truleg kokt ihop for å prøve å rettferdiggjere ein tempel-revolusjon.

Var AFRODITE  eit anna namn på kjærleiksgudinna Astarte? Var Bibelens Sara ei kjærleiks-gudinne?

Andre rykte seier at HERMES fekk hand om egget som Nemesis varp, og at han kasta det mellom låra til Leda – ho sat og slappa av på ein divan bare. Der, mellom Ledas lår, vart egget klekt med det samme, og HELENA vart født. Det var ei storhending dette, og til minne om hendinga sette Zevs både svane og ørn  på stjernehimmelen - (stjernebileta Cygnus og Aquila). For Zevs hadde trolla seg om til både svane og ørn for å få viljen sin med Nemesis (Leda). Leda hadde trolla seg om til mange slags dyr - mellom anna gås, for å sleppe frå han. Gåsa kom ikkje på stjernehimmelen.

Leda er blitt innblanda i to ulike mytar om egg. Eine myten handlar om to egg som resulterte i Helena, Klytaimnestra, Castor og Polydeukes. Andre myten handlar om eitt egg, og bare Helena vart født av dette. Det er ikkje godt å vite kva som eigentleg skjedde.

Lada (Leda) er det lykiske ordet for dame, frue, (lady). På øya Delos vart ei tilsvarande prestinne dyrka, som vart kalla LETO (Latona på latin). Også Leto varp to egg, og vart ved dette mor til APOLLON og ARTHEMIS. Det ser ut til at kultane omkring Leda og Leto begge er utsprunge av ei eldre NEMESIS-dyrking.

Det er noko særs mystisk knytt til det hyasint-farga egget. Dei irske (keltiske) visdomsprestane, druidane, leita kvart år etter eit slikt egg langs havstrendene. Dette var ved påske-tider – det var eit påske-egg dei leita etter, og det skulle vere blodraudt! Var Ledas egg dei første påske-egg? Kvifor leita druidane etter slike egg?

I ein myte vert det hevda at Leda vart utnemnd til Nemesis-prestinne i Sparta etter at egga var klekt. Nemesis var månegudinne og hemngudinne. Ho vart dyrka i matriarkalske kulturar som fylla seg på vin under sine religiøse seremoni-festar. Namnet Polydeukes skal tyde noko slikt som "ein som drikk masse vin". Castor tyder "bever" - bever var eitt av dyra Zevs omskapte seg til for å forfølge og forføre Leda. Helena vart månegudinne i Sparta, og seinare bortført til Troja. Klytaimnestra vart kona til den store kong AGAMEMNON av Mykene, som vart hærførar for grekaraner i krigen mot Troja - krigen som måtte førast for å få henta Helena tilbake. Kvifor måtte Helena hentast tilbake? Det handla ikkje først og fremst om kjærleik, men om ei måne-gudinne! Men grekarane var partriarkalske... kvifor var det så viktig for dei å  hente ei matriarkalsk gudinne tilbake?  

Mytane hevdar at guden Zevs valdtok kona til kong Tyndareos. Denne Zevs var ingen gud, men ein konge som kalla seg ved samme namn. Denne Zevs-kongen kom for å erobre land, men hans erobring enda opp med ein diplomatisk fredsavtale. For at ingen av dei stridande partar skulle tape andlet, vart det bestemt at Leda skulle føde barn for begge kongane. Sidan vart det hevda at barna som Zevs var far til var udøyelege - altså guddommelege, medan barna til Tyndareos bare var folk. Vi forstår at Zevs-kongen etter kvart greidde å detronisere Tyndareos.

Men kvifor vart Helena bortført til Troja? Det handla truleg om storpolitikk! Lyriske diktarar har kalla ho "Skjønne Helena", men kanskje var ho ikkje så skjønn at det gjorde noko?

Myten om Ledas og svanen (Zevs) har inspirert mange vidgejtne kunstnarar til å lage måleri og skulpturar.

(Les meir om Leda under NEMESIS og LETO).

 

LEMURAR

- sjå LARVAE.

 

LERNA

Lerna var ikkje noko guddomsvesen....det var namn på nokre sumpar som låg i Mykene-distriktet, sør for Argos; Pelopponnes. Men i desse sumpane hadde uhyret HYDRA - også kalla Den lerniske Hydra, tilhald. Hydra var guddommen i Lerna-sumpane, og vart dyrka og ofra til av den matriarkalske kulturen som budde i distriktet før grekarane invaderte. Som ei viktig symbol-handling måtte Hydra nedkjempast før den greske, innvandrande, patriarkalske kulturen kunne ta makta i området. Dei greske mytane fortel at det var HERAKLES som stod for denne dåden - dette var "Herakles' andre storverk".

Dette uhyret - "Den lerniske Hydra", hadde ni hovud og giftig blod, og dessutan ein kreps til medhjelpar, som heitte CANCER. Både Hydra og Cancer vart etterpå plasserte på stjernehimmelen, så dei var nok ganske importante.

Etter at Herakles hadde hogd det niande hovudet av Hydra, begravde han dette ved vegen som leia frå Lerna til Elaeos, og han la ei diger steinblokk over.

Hydra hadde eit nabo-monster som heitte LAKEDAEMON. (Sjå HYDRA og LAKEDAEMON).

Kven var Herakles? Ingen historisk person kunne ha utretta så mange storverk som Herakles gjorde, så han kan ikkje ha vore ein historisk konge eller helteprins (HERO). Somme har gissa på at hans namn kan vere samansett av Hera og orakel, med -es som genitivs-ending. Var Herakles ein tittel som vart brukt på prestar ved fleire Hera-orakel? Grekarane adopterte Hera etter at dei hadde erobra matriarkalske byar, og ho fekk plass mellom dei sentrale, greske gudane. Dette kan vere som ledd i ein fredsavtale, eller rett og slett fordi grekarane hadde stor respekt for Hera og hennar kult. "Dess fleire gudar, dess betre", ser det ofte ut til at grekarane tenkte. Heras prestar hadde truleg ein anna tittel før grekarane kom og tok kontrollen, men så vart dei omdøypte til Herakles. Og desse heraklesane vart seinare heltefigurar i greske, politiske mytar, som skulle rettferdiggjere grekarane sitt overherredømme.

Hydra var knytt til Den gamle Hera - den matriarkalske, "Mor-Jord-gudinna" HERA.  Hera-prestinnene i Lerna dyrka og ofra til Hydra - eit sump-monster dei hadde dikta opp. Dei brukte monstret Hydra som maktmiddel - som eit skræmsel for å halde folk i age. Folk kom med offergåver til eit Hera-templet, som truleg låg i nærleiken av Lerna. Prestinnene sa at dette måtte til, om Hydra skulle haldast i godlune. Hydra kunne ikkje grekarane underkue eller gjere fredsavtalar med. Ho representerte matriarkatets konservativet prinsipp, og såg bare ei løysing - å kjempe til ho stupte.

 

KUGUDINNA IO (Sjå også IO).

Ein gang (det var lang tid før Herakles kjempa mot Hydra), så var det i landet Argos ei mektig prestinne for gudinna HERA, som heitte IO. Io var datter av elveguden INACHOS. Io vart dyrka som månegudinne, og hennar totem-dyr var ung-kua...kviga. Io vart faktisk rekna som tipp-tipp....?- oldemora til Herakles. Av ein lyrisk skribent vart ho kalla "jenta med ku-auge", og dette var truleg meint som eit kompliment. Io var vakker!

Månegudinna var ei trippel-gudinne med tre aspekt - ungjente, barnefødande mor, gammalkone. Io representerte ungjenta, og Hera representerte truleg den barnefødande mor. Kva då gammalkona i den argolske månegudinne-tripletten vart kalla, er eg usikker på, men sjå under HECATE.

Og det vert hevda - i ein myte - at Io tilrådde dei heilage prestinner i den matriarkalske Io/Hera-kulten å søke samband med ZEVS. Io sa at Zevs storlengta etter å inngå ekteskap med tempel-jomfruene, (vart det hevda), og det heiter også at Io kalla Zevs "Den høgste". Men prestinnene skulle ikkje reie opp seng for Zevs der i templet, sa Io, men ta han med til beitemarkene ved Lerna, der deira mødres kveg hadde beita, slik at Zevs' auge kunne slappe av og få litt pusterom. Io ville så gå til Zevs; underordne seg Zevs; gi etter for Zevs. Men HERA såg dette som eit stort svik. Ho forvandla Io til ei kvige og jaga ho bort, og ho måtte vandre heile verda omkring.

Folka som i landet Argos var knytt til kulten omkring Io, Hera og Hydra, tilhøyrde en gammal steinalder-kultur. Den greske og patriarkalske folke-stammen som kom og invaderte, kalla seg hellenarar - det var truleg prins Xuthos, med sin folkeflokk. Xuthos var son av den store kong HELLEN.  Så heiter det at Xuthos vart stamfar til den hellenske folkestammen ionarane. Vi forstår at ionarane ikkje fekk namn etter Xuthos, men etter kviga Io. Xuthos hadde to brør, DOROS og AIOLOS, som begge vart rekna som stamfedre til  hellenske folkestammer - dorarane og aiolane.

Kulturen i Argos heldt fram med å vere matriarkalsk, også etter ar Xuthos kom dit. Så kom ein ny erobrar som bar namnet Zevs - han kom frå Argos' naboland i nord , og kalla seg "hakkespette-Zevs" - Zevs Picos. (Sjå under den romerske PICUS).  Då vart Io omskapt til ei ku/kvige, og ho rømde sin veg. (Sjå IO og HELLEN).

Men korleis gjekk det eigentleg med Xuthos? Var han stamfar til ionarane, eller var dette bare skryt? Kom han som erobrar, og påstod han at han representerte guden Zevs? Det ser faktisk ut til at Io og Xuthos vart "mann og kone" og fekk barn. Men det ser også ut til at Xuthos seinare måtte rømme frå kongs-stolen han hadde erobra ved dette ekteskapet. Måtte både Io og Xuthos rømme for Zevs Picos?

Myten om at det var HERA som omskapte Io til ei kvige, fordi Hera var Zevs' kone og svartsjuk på Io, er truleg bare oppspinn og politisk propaganda; oppkonstruert av dei patriarkalske grekarane.

 

Io vart altså forvandla til ei kvige, og ho vandra enorme distansar, Heile vegen vart Io forfølgd og stukken av det insektet som heiter kubrems; så det var reint uuthaldeleg. Men omsider kom ho til Egypt, der ho vart kvinne igjen, og fødte sonen EPAPHOS. Epaphos likte å kalle seg "Son av Zevs". Kan det vere at hans far var Zevs Xuthos?

Io kom ikkje einsam til Egypt - ho hadde (meir eller mindre) alle sine matriarkalske, månegudinne-dyrkande undersåttar med seg, og kanskje var også Xuthos og hans folkeflokk med.

Så gjekk det vidare slik til, at Epaphos vart far til prestinna/gudinna LIBYA. Libya vart gift med havguden POSEIDON; eller meir truleg - ein eller annan konge som påstod han var jordisk representant for Poseidon. Med denne Poseidon fekk Libya fleire barn - mellom andre sonen Belos, som ved arv vart konge over Egypt. Belos gifta seg med Anchinoë, som var datter av kong NEILOS. Neilos var gresk namn på ein egyptisk elvegud for elva Nilen, men den Neilos som var far til Anchinë, var nok ein kongeleg manns-person, som påstod seg å vere jordisk representant for Nilens elvegud. Elvegudar vart dyrka på begge sider av Middelhavet den tida.

DANAÏDENE

To av sønene til Belos og Anchinoë, var DANAÜS og AIGYPTOS. Danaüs hadde femti døtre, og Aigyptos hadde femti søner som ville gifte seg med dei. Danaüs rømde med sine døtre, som vart kalla danaïdene, via Rhodos til Argos; landet til hans tipp-oldemor Io. Der styrta han den regjerande kong Gelanor, og ionarane tok så tilbake makta i sitt gamle heimland, ved sine stam-mødres lerniske sumpar.

Men Aigyptos kom etter med sine femti søner, og forlangte femti giftemål. Danaüs kjente seg tvungen til å gå med på dette, men han instruerte alle sine døtre om å ta med ein dolk i bruresenga, og myrde sine ektemenn. Dei gjorde så - 49 av dei, og gravla sine ektemenns hovud i Lernas sumpar. Bare danaïda HYPERMNESTRA gjorde ikkje ekteskaps-drap, for ho vart hugteken i sin ektemann. Danaüs fengsla ho for dette, men sette ho fri snart etter.

Det er fortalt soger om at hovuda til Den lerniske HYDRA eigentleg var hovuda til Aigyptos' søner, som ville hemne ein udåd. Andre segner fortel at det var kroppane til dei 49 sønene som Danaïdene gravla i Lerna, og at hovuda vart gravlagde i Larisa - slotts-templet (citadellet) i Argos. Kva meiner du om dette?

Ein myte hevdar at danaïdene fekk reinsing for sine brotsverk (synder). Zevs gav ordre om dette, og ATENE og HERMES utførte reinsings-rituala. I ein annan myte heiter det at danaïdene framleis vert straffa for sine brotsverk - i UNDERVERDA.

Her er det interessant å sjå korleis hellenarane/ionarane sin gamle tankegang går att i Kristendommen - synd og straff - synd og reinsing/tilgjeving/avlat. Kristendommen er i høg grad tufta på religionar frå gammal tid.

Før desse 49 blodige drapa på Aigyptos' søner, var det ein konflikt mellom POSEIDON og HERA, om kven av dei som skulle regjere i Argos. Eit tribunal, beståande av tre elvegudar, vart utnemnde til å dømme om dette. Dei tre var Io's far INACHOS, og vidare CEPHISSOS og Asterion. Dei tre elvegudane avgjorde at Hera skulle regjere. Poseidon vart forbanna, og tømde elvane for vatn, slik at det vart tørke-katastrofe i Argos kvar sommar. Bare etter kvart sturtregn var det vatn i elvane. I tillegg overfløymde Poseidon mange kystområde i Argos.

Det vart tørke-katastrofe i Argos, men med eitt unntak: Lerna. For det var ein gang, at Danaüs hadde sendt alle sine døtre ut for å leite etter vatn. Ei av dei heitte Amymone, og ho hadde jaktboge med. Og ho sendte ei pil mot noko ho trudde var ein hjort, men råka ein sovande SATYR. Satyren spratt opp, og prøvde å valdta Amymone. Då kom Poseidon stormande. Han kasta treforken sin mot satyren, men forken vart ståande fast i bare berget, og satyren slapp unna. Poseidon spurde Amymone kva ho gjorde der i villmarka, og ho svara at faren hadde sendt ho for å finne vatn. Då bad Poseidon ho om å trekke treforken ut av berget. Amymone gjorde så, og vatn strøymde fram - ein bekk frå kvart av dei tre hola etter gaffel-tindane. Det strøymde vatn  i rik mon frå desse tre kjeldene, og desse vass-straumane vart til Lerna-sumpane.

POSEIDON vart hugteken i Amymone, og han sørgde for at det alltid var vatn i Lerna-sumpane, og ikkje noko vatn var reinare og klarare enn vatnet i Lerna. Vatnet var ei kjærleiksgåve frå Poseidon til NYMFA Amymone - ho var ei av dei 50 døtrene til kong DANAÜS - desse 50 døtrene som vart kalla DANAÏDENE.

Det vart utført rituelle reinsingsbad i Lerna, men sumpane var også knytt til sjukdom.....truleg var Lerna smittekjelde for malaria og liknande lidingar.

Det var vassmangel i bondelandet som sokna til byen Mykene, men det fans heilage brønnar her og der, dedikerte til Danaïdene. Det vart sagt at det var Danaïdene som hadde oppdaga desse brønnane. Fire av brønnane var særskilt heilage.

LEO

Leo er "Den nemeiske løva", som har fått plass på stjernehimmelen. (Sjå under SELENE).

LETHE

Lethe var ei elv som vart kalla "gløymsle-elva". Denne elva hadde sitt laup i Dødsriket - i UNDERVERDA. Dei dødes sjeler måtte drikke av Lethes vatn, for å gløyme plagene dei hadde lidd i Underverda, før dei så kunne tre inn i ELYSIUM. Elysium var dei gamle grekarane sitt motstykke til Kristendommens Himmelriket/Paradis.

 

Det vi har fått greie på om oldtids-grekarane sine forestillingar om tilhøve, reglar og rutiner i Dødsriket, og om  tilhøvet  mellom liv og død, er vagt og sprikande. Vi skal ikkje undre oss over å finne variasjonar og motseiingar, for det handlar trass alt om ein historisk periode som strekte seg over fleire tusen år, og det greske området var dessutan vidstrakt; og så dreide det seg om mange folkeslag, som vandra omkring, fordreiv kvarandre, blanda seg med kvarandre, vart splitta opp og etablerte nye kulturar - gjennom heile perioden. Det meste vi veit om Etterlivet, har vi frå antikke forfattarars skrifter, og sjølv om deira nedskrivingar er gamle og "antikke", så vart dei gjort i ettertid. Og dei antikke forfattarane var på utrygg grunn når dei skulle skrive om Dødsriket i gresk mytologi, og om tilhøvet mellom liv og død i "gamletrua". Dei prøvde vel å skape eit system i forvirringa, og la nok inn personleg uttenkte tolkingar og forklaringar når dei stod fast - gjerne farga av den filosofiske og religiøse debatt som rådde grunnen i deira samtid.

I ein myte heiter det at å drikke vatn frå Lethe skal få ein til å gløyme lidingane ein leid i Underverda. I ein annan myte heiter det at dei avdøde sjelene drakk Lethes vatn for å gløyme sitt jordiske liv, så dei skulle sleppe å lengte tilbake til det. Ein tredje myte hevdar at Lethe skal slette minnet om det lykkelege tilværet i Elysium, slik at ein kan verte født til eit nytt liv på jorda, utan å minnast noko som helst frå sine tidlegare liv; på Jorda eller i Dødsriket.

Ei sjelevandrings-tru kan klart tolkast ut av denne siste myten.

Andre mytar hevdar at ingen kan komme tilbake frå Dødsriket, men at ein lever eit slags "åndeliv" der. Dette livet kan vere bra eller dårleg.... eller fantastisk.  Somme mytar hevdar at gudar og HEROAR levde sine etterliv i ELYSIUM - i "paradisiske tilstandar"...det var langt vest i havet - ved solnedgangen, medan den vanlege mann og kvinne hadde det meir stusseleg i Dødsriket.  "Dei dødes øy" var eit omgrep - for ei egn der sjelene til avdøde levde - og hadde det bra på alle måtar.

Det er liksom "eit guddommeleg påbod"; at det skal vere ein ugjennomtrengeleg "minne-barriære" mellom det eine livet og det neste, i sjelevandrings-religionar. Dersom ein har minner frå sitt forrige liv, så har ein føremoner framfor andre. Slike føremoner er brot på spelereglane, og kan ikkje tolererast! Alle som vert født på jorda, må fødast like uerfarneog uvitande som alle andre! Slik er det også på børsen - det er forbod mot å gjere seg nytte av innside- informasjon. Menneskesamfunnet fungerer ikkje utan eit kompleks, overordna system av reglar. Småbarn vert tidleg opplærte - ved å spele ludo, til dømes - og dei lærer snøgt alle reglane. Det ligg nedfelt i menneskas instinkt - å søke etter etablerte reglar-system som ein kan innrette seg etter, slik at livet kan gjennomlevast så konflikt-fritt som mulig.

Korleis oppstod mytane om Lethe?  I Dødsrike-elva STYX budde ei elve-nymfe, som også heitte Styx, så då trur eg at også Lethe var elve-nymfe, som hadde tilhald i elva Lethe, og at elva fekk namn etter elve-nymfa. Alle elvenymfer var døtre av havguden OKEANOS, heiter det... dei var OKEANIDER. Elve-nymfene var gudinner som hadde tilhald i kvar si elv. Dei tilhøyrde den gamle, matriarkalske kultur, og vart ofra til på spesielle heilag-stadar, der dei hadde sitt eige presteskap. Lethe var ei elv som brått forsvann ned gjennom eit hol i jorda, og vart underjordisk. Ho dukka kanskje fram att i dagen nærare kysten. Lethe er ikkje funne på noko kart, men ein stad må ho likevel ha hatt sitt laup ein gang.

Her følger likt og ulikt som er fortalt om Lethe og Etterlivet:

I tillegg til Lethe, så var det ei anna elv som rann i Underverda - elva STYX. På breidden av Styx samla "skuggane" seg...det var dei avdødes sjeler. Dei prøvde å finne vegen til Etterlivet. Dei måtte mute (bestikke) ferjemannen KARON - så ville han ferje dei over Styx. Gjorde dei ikkje så, så måtte dei vandre mållaust att og fram på Styx' elvebreidd til evig tid. Alle grekarar som vart gravlagde på rett måte, vart gravlagde med ein mynt (obol) under tunga, som skulle vere betaling til Karon. (Var det ein eller annan prest som stakk til seg desse myntane?)

Då trojanar-prinsen AENEAS besøkte Underverda, såg han mange sjeler som vandra langs breiddene av Lethe. Stor var gleda då han traff att faren sin, ANCHISES, der. Anchises fortalde at sjelene skulle til Elysium etter opphaldet i Underverda. Og før dei så deretter kunne verte attfødde på Jorda, måtte dei drikke vatn frå ei anna gløymsle-elv - Styx; for å gløyme lukka dei hadde opplevd i Elysium.

Namnet "Lethe" kunne tyde gløymsle, men også amnesti - ein fekk alle sine vonde gjerningar (synder) gløymd/tilgitt, og kunne vandre vidare til Elysium... (eller verte født på ny?).

Lethe var den personifiserte gløymsle/amnesti. Hennar motstykke var gudinna MNEMOSYNE, som var gudinne for minnet.

Det er sagt at mora til Lethe var usemje-gudinna ERIS, men det trur eg er bare oppdikta tull. I ein myte heiter det at Lethe hadde ETHER til far, og GAIA til mor. Dette reknar eg som spekulering på tynt grunnlag.

Somme mytar vil ha det til at Lethe fekk barn - CHARITENE og DIONYSOS. Tvilsamt!

Det er hevda at det var fem underjordiske elvar i Dødsriket, som skilde Dødsriket frå "Overjorda", der dei levande budde:

 

 

Acheron

Smerte-elva

Phlegeton

Eld-elva

LETHE

Gløymsle-elva

STYX

Hat-elva

Cocytos

Klage-elva

 

Dette verkar oppkonstruert - er heller eventyr enn myte.

(Sjå også HADES).

 

Tekstboks: KARIA

Tekstboks: DELOSLETO

Leto (romersk LATONA) var ei asiatisk måne-gudinne - datter av TITANANE KOIOS og FOIBE. Vi forstår av dette at TITANANE kom frå Asia. Leto vart også rekna som Titan. Somme meiner at Leto i seinare tid fekk plass mellom dei olympiske gudane - at ho vart ein av OLYMPIARANE.

Leto hadde søstera ASTERIA, og begge desse søstrene fekk den lagnad at dei vart valdtekne av ZEVS, ifølge mytologien til dei patriarkalske grekarane.

Det er tippa at Leto's namn tydde "den gøymde", eller "den lysande". Leto var månegudinne - ho var somme tider gøymd - somme tider lysande, slik som Månen.

Leto var månegudinne - som SELENE - så var ho altså TITAN dessutan! Hennar fetter var titanen og solguden HELIOS. Første generasjon av titanar skapte Universet - også Måne og Sol. Leto og Helios tilhøyrde andre generasjon titanar. Leto var den personifiserte Måne - Månens guddommelege kraft. I religionen som Titan-trua tilhøyrer, vart Leto rekna som den første og eldste månegudinne, som Selene og alle seinare månegudinner har henta si kraft frå.

Ein gang vart Letos heimland invadert av patriarkalske, greske stammer, som dyrka ZEVS som øvstegud. Zevs vart forelska i månegudinna Leto, og fann på forføreriske krumspring! Han omskapte seg til ei svane, og greidde å forførte ho. Etterpå la Leto to egg. I kvart egg var eit tvillingpar - eit døyeleg og eit udøyeleg barn var det i kvart egg. Dei fire som vart klekt av egga var: APOLLON og ARTHEMIS... og POLYDUKES og CASTOR. (Dei døyelege var Apollon og Castor. Men Apollon vart dyrka som solgud etter sin død).

Men denne myten om dei to egga med tvillingpar er nok ei seinare oppdikting; av dei patriarkalske grekarane. Svane og egg er bare "eventyr" - kanskje ei kopling til mytane om Leda! Høyr vidare....

Då Leto vart gravid, vart HERA svartsjuk, sjølv om Hera ennå ikkje var blitt kona til Zevs. Og Hera gjorde det ho kunne for å forbitre Letos liv. Ho nekta Leto å føde barn, både på fastland og på øy, og ho sendte slangen PYTHON for å jage ho, så ho aldri skulle finne kvile.

Og Leto vandra verda omkring - ho vart jaga frå stad til stad. Hennar vandring kan minne om vandringa til IO. Leto var på Kreta, og i Aten. Ho var på øya Aegina, og i Athos i Trakia. Ho var på Pelion-fjellet i Thessalia, og på øya Samos. I Lille-Asia var ho på Ida-fjellet, og i byen Fokæa. Ho var på øya Imbros nord i Egearhavet, og på Lemnos og Lesbos. Ho var på Chios utanfor Ionia-kysten, og i Kilikia og Klaros. Ho var i byen Miletos i Karia, og på øyane Kos, Knidos, Naxos, Paros; med meir.

Python var knytt til Jordgudinna - til Mor-Jord-dyrking. Han var knytt til den gamle Hera - ikkje til den "moderne" utgåva av Hera, som vart gift med Zevs. Det ser ut som det var sterk rivalisering mellom Mor-Jord-gudinna og Måne-gudinna. Hera måtte sørge for jordas avling, og skaffe mat til sine mange barn og deira buskap. Leto ville drive erotisk leik i fullmåne-netter. Klart Hera vart forbanna! Ho såg på Leto som ei lettliva og ansvarslaus datter, som dertil prøve å gjere seg meir "populær" enn si mor! Hera slo ned dette "ungdoms-opprøret" - i første omgang. Og vi kjenner til mange liknande oppgjer - alltid vert dei servert oss som rivalisering mellom Zevs' kone Hera, og dei mange elskarinnene til Zevs. Men truleg eksisterte konflikten mellom Mor Jord og Datter Måne lenge før Zevs kom og blanda seg inn.

Havguden POSEIDON såg Letos fortvilte flukt, og tykte synd om ho. Med treforken sin tørrla han øya Delos, som før hadde vore ein grunne i havet. Og Zevs forvandla Leto til ein vaktel, som flaug til Delos. Der vart ho seg sjølv att, og lutande mot eit tre fødte ho. Dette treet var ei daddel-palme hevdar somme... andre seier oliventre.

Men fødselen vart ikkje unnagjort på ein-to-tre! Mange gudinner var til stades ved fødselen; mellom andre RHEA, THEMIS og AMFITRITE, som var Poseidons kone. Men veene varte i ni dagar og netter, for gudinna for barnefødslar, EILEITHYIA, hadde ennå ikkje dukka opp. Somme påstår at det var Hera som hefta ho; andre har sagt at ho hadde så lang reiseveg, for ho måtte hentast frå landet til HYPERBOREANE, i det fjerne nord. Det var regnboge-gudinna IRIS som henta Eileithyia. Som takk fekk Iris eit hals-smykke brodert med gulltråd.

Då fødselsgudinna Eileithyia hadde komt, slo Leto armane om ei trestamme, og knelande fødte ho først ARTHEMIS og kort etter APOLLON.

Så heiter det at Leto tok reinsings-bad i elva Kenkhrios. Men denne elva renn nær byen Efesos i Lille-Asia, og somme påstår at Letos fødsel foregjekk her, og ikkje på Delos. I så fall stødde Leto seg til ein sypress under fødselen.

Straks etter fødselen fann Python ho, og ville valdta ho. Men då skaut den fire dagar gamle APOLLON Python-slangen med ei sølv-pil. Etter kvart tok så Apollon kontroll over ORAKLET i DELFI - etter Python. (Det er her fortalt om ei politisk/geistleg makt-overtaking).

I ein myte heiter det at på øya Delos kom øy-nymfa Delos til Leto, og forlangte at ho skulle sverje, ved STYX  - at hennar barn aldri skulle forlate fødestaden sin.

I ein annan myte heiter det at Hera hadde kasta den forbanning på Leto, at ho ikkje kunne føde barn på ein stad der sola skein. Poseidon hjalp då Leto, ved å gøyme øya Delos under havets bølger, så Leto kunne føde under eit tjukt tak av havvatn.

Seinare tvang Hera Leto bort frå Delos, og plaga ho på mange vis. Leto rømde med sine nyfødte barn, og kom ein dag til ein vass-dam i Karia, i Lille-Asia. Her vart Leto håna av kariske bønder, (sjå KER), men Zevs forvandla alle desse bøndene til korn-spirar.

Var det slik korn fekk sitt namn (eng. cerials)? Vart korn kalla etter den kariske gudinna KER? Heiter den romerske korngudinna CERES etter Ker? (Sjå KER og KORYBANTANE).

I ein annan myte om dette, heiter det at lykiske bønder nekta Leto å drikke av dammen. Leto trygla og bad, men bøndene nekta ho å kome nær vatnet. Leto nekta å gi seg, men bøndene truga ho, og grumsa til vatnet med bein og armar. Fordi dei var så vonde og vanskelege, og fordi dei var så glade i dammen sin, så omskapte Leto dei til froskar, som sidan har plaska og kvekka der i dammen.

(Det ser ut til at feiden mellom Hera og Leto varte ved, med sigrar og tilbakeslag for begge partar).

Det var i nabotraktene der....i byen Thebes, ei månegudinne som kalla seg NIOBE. Eg veit ikkje kvifor dei krangla - Niobe og Leto¸ men Niobe håna Leto fordi ho hadde bare to barn, medan Niobe hadde 14, som var mykje penare. Denne hån vart hemna av Apollon og Arthemis, som drepte alle Niobes barn med sine dødelege piler. Niobe sørgde slik over barna sine at ho vart til ei marmor-søyle. (I ein myte heiter det at Leto sparte Niobes datter Kloris, fordi ho bad om nåde. Det er sagt at Leto hadde lett for å tilgi).

GIGANTEN TITYOS prøvde ein gang å valdta Leto. Det gjekk dårleg. (Sjå TITYOS).

Leto vart dyrka over heile Hellas, men særleg i Lykia i Lille-Asia. På Delos og i Aten var der eigne tempel for Leto, men oftast vart ho dyrka saman med barna sine, Apollon og Arthemis, i templa deira.

I Egypt var eit tempel for gudinna Wadjet (sjå under Egypt), på ei flytande øy kalla Khemmis; ved oldtidsbyen Buto. Herodotos meinte at Wadjet måtte vere egyptarane sitt namn på Leto. Men han tvilte på at øya Delos var flytande.

Om du samanliknar mytane om Leto med mytane om LEDA, så finn du mykje likt, men også mykje ulikt. Truleg har detaljar "smitta" frå eine myte-tradisjonen til den andre. Leda var knytt til Sparta, medan Leto var knytt til Delos, DELFI og Lykia.

LETUM

Letum var eit digert monster, meinte romarane, som hadde tilhald i Underverda. Namnet tyder ”død”...jamfør ordet letal. Letum kunne minne om den norrøne Midgardsormen.

 

LEUCOTHEA

Leucothea tyder "Den kvite gudinne". Ho var ei havgudinne. Det var kongsdattera INO som vart omskapt til havgudinna Leucothea. Ino kasta seg i eit elvestryk, med sin son Melicertes i armane, for å unnsleppe sin gale far. Begge omkom. Men ZEVS ville lønne Ino fordi ho hadde fostra opp sonen hans DIONYSOS, så han skapte Ino om til havgudinna Leucothea: så slapp ho å hamne i Dødsriket TARTAROS. (Sjå INO. Les også om Halia under RHODE).

 

LEUCOTHOË

Leucothoë var datter av ein babylonsk konge, og hadde ei søster som heitte Clytie, Clytie var sjukeleg hugteken i solguden APOLLON, og sat kvar dag og stirde på og lengta etter han, medan han køyrde over himmelen i solvogna si. Men Apollon la ikkje merke til Clytie - han såg bare Leucothoë, som var så kvit og fin. Og Clytie sørgde og gråt natt og dag, fordi Apollon aldri såg henne. Til sist grodde ho fast i bakken, og vart til planten solsikke, og denne planten vender seg stadig etter sola; heile dagen.

Leucothoë vart straffa av faren sin, fordi ho hadde forført Apollon. Han let ho levande begrave. Men Apollon stenka hennar grav med nektar, så ho vaks opp til eit tre med velluktande, kvite blomar. Dette treet er heimehøyrande langt aust i Asia.

 

LEVANA

Levana var ei romersk vernegudinne for nyfødte babyar. Namnet hennar tyder ”løftar”. Dette heng saman med ein gammmal skikk romarane hadde – at faren løfta den nyfødte babyen opp og plasserte han ved moras bryst, dersom han vedkjente seg babyen. Dersom faren ikkje godkjente babyen, var babyen ille ute. Om ikkje snille folk forbarma seg over han, vart han sett på skogen, kasta til hundane eller sendt på ein flåte nedover elva. Levanas store oppgåve var å få fedre til å godta sine nyfødte barn.

Vi kjenner ein parallell skikk frå norrøn vikingtid. Dersom faren godtok det nyfødte barnet, tok han det opp og sette det på kneet sitt. "Han knesette barnet", heitte det. Då vart det jubel!

Det var helst høvdingar som heldt seg med slike skikkar. Ein høvding fekk mange barn, med koner og friller. Barn hadde arverett og andre rettar, og høvdingar valde ofte med pragmatiske baktankar ut kva barn han ville vedkjenne seg. Vi har ennå spor etter denne skikken i vår kristne kulturarv, i omgrepa lausunge og uekte barn.

 

LIBENTINA

Libentina var romersk gudinne for sexuell vellyst. I ymse erotiske samanhengar vart Libentina brukt som eit namn på kjærleiksgudinna VENUS. Libentinas namn kan tyde noko slikt som "den elskande"... jamfør tysk lieben = "elske".

 

Tekstboks: ROMERSKE
GUDAR
LIBER

Liber var gammal før-romersk (italisk) fræve-gud for åker og eng. Han hadde eit kvinneleg motstykke - LIBERA. Liber og Libera var eit gudepar. Dei vart høgtida og feira saman med korngudinna CERES.

I den romerske kalender var det høgtidsdag for Liber og Liberia 17. mars. Festen Liberalia vart feira denne dagen. I Liberalia-festen inngjekk også ein overgangs-seremoni for unggutar som skulle bli menn (vaksne). Under festen vart desse "komfirmantane" høgtidssamt avkledde sine ungdoms-klede, og så fekk dei ta på seg manns-toga (toga virilis) for første gang.

Under Liberia-festen fekk slavane lov å tale fritt og seie kva dei ville - alle skulle vere frie og uavhengige under denne festen. Gamle koner, pynta med eføy-kransar på hovudet, selde småkaker som vart kalla liba, bakt av honning, mjøl og olje. Kjøparane fekk kakene steikt på staden, i små panner, og kakene vart rekna som heilage offergåver.

I byen Lavinium vart Liber feira i ein heil månad kvart år - for å få god grøde.

Då gresk kultur kom på mote i Romarriket, i siste hundreåra før år 0, fekk romarane ein mani med å sette greske namn på sine gamle gudar. Liber vart kalla DIONYSOS, og ved dette vart han også gud for vin. Romarane hadde også namnet BACCHUS på vinguden, så Liber vart også kalla Bacchus. (Så vart det drukke mengder med vin under Liberalia.) Libera vart kalla KORE, og den gamle Ceres vart til DEMETER. Greske og romerske mytar og religiøse seremoniar vart samanblanda, og gudsdyrkinga vart snart ganske komplisert og utflytande.

Er det nokon samanheng mellom gudeparet for fræving av markens grøde - Liber og Libera, og fridomsgudinna LIBERTAS? Slavane fekk te seg som frie borgarar under Liberalia-festen. Eit fenomen vi ofte finn i gamle kulturar, er spesielle dagar på året då lov og skikk og bruk ikkje skulle gjelde - då alle kunne oppføre seg så uhøvisk og lauslivd som dei ville. Barn fekk lov å rise sine foreldre (fastelavens-ris). Slavane vart sett i høgsete, og servert herlege rettar av sine eigarar. Alle kunne ligge med alle - det var fri sex under desse festdagane. Menn kunne gå i kvinneklede, og omvendt.

Desse skikkane var knytt til nyårets reinsingsfest. Det nye året byrja i mars, den gangen. Det gamle året skulle reinsast bort - det var vår-reingjering. I Noreg var festen gjerne knytt til saue- og heste-slepp om våren, og var vill og erotisk; inspirert av dei kåte hestane.

Fridomsgudinna LIBERTAS er av yngre dato. Kanskje var det under vårfesten Liberalis ho oppstod, som ei gudinne for den fridom som folk opplevde under Liberalia-festen. Libertas fekk namn etter Liberalia, som altså heitte etter Liber og Libera? Og  fransk liberté og engelsk liberty er ord som har sine røtter i ein eldgammal vår-reinsingsfest?

(Sjå LIBERA og LIBERTAS).

LIBERA

Libera var kvinneleg motpart til den romerske fræve-guden LIBER. (Sjå denne).

Tekstboks: FRIDOMSSTATUALIBERTAS

Libertas var for romarane vernegudinne for personleg fridom. Libertas er truleg av nyare dato...(sjå under LIBER). Først var Libertas ei folkeleg gudinne for personleg fridom - så vart ho gjort til romersk stats-gudinne, og fekk rolla som vernegudinne for romar-borgarane sine konstitusjonelle rettar. I seinare tid vart ho i tillegg dyrka som fridomsgudinne for Romar-staten. Ho vart knytt til JUPITER, og hadde tempel på Forum Romanum og på Aventinarhøgda. Ho vart avbileta på mange romerske myntar, med laubærkrans og spyd, og med eit spesielt hovudplagg...ei filt-lue med mange lange taggar som sprikte i alle retningar. Dette hovudplagget vart kalla pileus, og slavar som skulle setjast fri brukte å bere pileus under frisetjings-seremonien.

Fridoms-statua ved innseglinga til New York skal forestille Libertas.

I det gamle Roma vart det feira ein fest 10. desember, som vart kalla Lux Mundi...("Verdas Lys"). Festen vart feira med fakkeltog, og hadde nok sitt opphav i ein gammal midtvinters solsnu-fest. Libertas hadde ei sentral rolle i denne festen, og det er nok årsaken til at fridomsgudinna i New York ber fakkel. Og det ho har på hovudet, er altså ei filt-lue.

(Sjå LIBER).

 

LIBITINA

Libitina var ei gammal før-romersk (og romersk) gudinne for gravplassar, lik og gravferder. Namnet hennar tyder "død". Ho vart dyrka i heilage lundar.

Servius Tullius var 6. konge i Roma-staten... (dette var før keisar-tida). Servius Tullius var ikkje romar, men etruskar....romarane og etruskarane var i union på den tida. Det vart ofra til Libitina i ein heilag lund på Esquilin-høgda, og Servius Tullius forordna at ein mynt ("lucar Libitinae") skulle betalast her, ved alle dødsfall. Her hadde gravferds-agentane (libitinarii) sine kontor. Mot betaling påtok dei seg alle arrangement som høyrde gravferda til, og dei selde eller leigde ut naudsynt utstyr. Libitinarii førte også protokoll over alle døde.

"Libitina" har blitt ord for gravferdsbyrå, for gravferdsutstyr, og for døden (poetisk).

I seinare tid vart Libitina assosiert med den greske dødsgudinna PERSEPHONE, som romarane kalla PROSEPINE. Ho vart også ihoprota med fleire andre gudinner - mellom andre VENUS og AFRODITE, men dette var i nedgangstidene, då Romarriket var på veg mot kaos og oppløysing.

 

Tekstboks: MARDUKLIBYA

Libya var kongsdatter - datter av ein egyptiske konge i Memfis, som grekarane kalla EPAPHOS. Hennar farmor var ku-gudinna IO, som hadde vandra frå distriktet Argos på Pelopponnes til Egypt, der ho fødte Epaphos. Og det heiter at Libyas farfar var ZEVS.

Kven var så Libyas mor? I ein myte heiter det at mora var ei NYMFE som heitte Memphis. I ein annan myte heiter det at Libyas mor var den etiopiske dronning CASSIOPEIA, som regjerte i Joppa i Palestina (nåverande Tel Aviv). Men det er uvisst kven som var mora til Libya.

Namnet Libya skal tyde "småregn; drypande regn". For grekarane var Libya ei mystisk, framandlandsk gudinne. Ei anna slik gudinne heitte Ethiopia, og ei tredje Skythia.

Havguden POSEIDON vart forelska i Libya, og slikt vert det barn av! I Egypt fødte Libya tvilling-sønene AGENOR og Belos. Agenor vart mektig konge i Fønikia. Belos vart konge i Egypt, og han vart dyrka som guddom etter sin død. Frå Bibelen kjenner vi han som BAAL og Beelzebub - ein heidensk "avgud" - ein av "Satans falne englar".

Belos/Baal var elles knytt til den egyptiske gud AMON. I den (langt seinare) puniske hovudstad Karthago (i nåverande Tunisia), vart guden Baal-Hammon dyrka; ein dobbel-guddom - Belos og Amon. (Sjå BAAL).

Belos fekk sønene AIGYPTOS og DANAÜS. Oldtids-historikaren Apollodoros fortel at mora til desse to gutane heitte Anchinoë, og at ho var datter av Nilens elvegud, Hapi, som på gresk vart kalla NEILOS.

Aigyptos vart konge i Egypt, og etter som eg forstår, så kalla grekarane hans land Egypt, etter han.

Danaüs vart konge i landet Libya, og han kalla landet han regjerte over opp etter farmora si - han kalla landet Libya. Då må vi tru at gudinna Libya vart rekna som stammor for landet Libya, og for Libyas folk.

Somme tekstar har greidd å skilje gudinna Libya frå landet Libya - dei kallar gudinna Lybie.

 

Libya vart dyrka som måne-gudinne, som si farmor Io. I levande live var ho truleg - i ein periode - øvsteprestinne ved eit tempel i Memfis - i landet Egypts eldste tider. Eg trur at ho seinare reiste, med sin son Belos, til Libya, og vart mektig øvsteprestinne der. Der hadde, ganske sikkert, Libya også funksjon som regnmakar-gudinne, som hennar namn ("Småregn") tyder på. Libya var prestinne og gudinne i det nedbørsfattige Libya - ein region der folk var avhengige av regn mest av alt, for å overleve. Og regn og måne heng saman. (Sjå HYADENE).

Gudinna Libya gav namn til den del av verda som grekarane kalla Libya...det var i Nord-Afrika - frå Egypt... og så langt mot vest som dei gamle grekarane trudde det fans land.

Ein mytisk kvinne-figur heitte LAMIA. Ho skal ha vore datter av Poseidon og Libya. Lamia vart dronning i landet Libya, men mytane fortel at ho utvandra til gresk område. Her vart Zevs hugteken i ho. HERA forvandla då Lamia til eit monster, og drepte alle barna ho fekk med Zevs. Og Hera la den trolldom på Lamia, at ho aldri kunne late att augene, men alltid måtte sjå korleis hennar barn vart drept. Zevs prøvde å hjelpe Lamia - han gav ho evna til å ta augene ut for kvile, og setje dei på plass att etterpå.

 

Men Lamia vart til ei skummel hemn-gudinne, som prøvde å få tak i andre mødres barn, for å ete dei.

Som monster hadde Lamia slangekropp, og bryst og hovud som ei kvinne. Somme har hevda at Lamia var namn på gudinna som kontrollerte demonane Laminæ - små, afrikanske monster, som kvitra lik fager fuglesang. Men denne kvitringa drepte barn!

Lamias demonar vart kalla Laminæ eller LEMURAR, og dei var knytt til Døden. Dei var dei avdødes ånder.

Vi ser at Lamia var knytt til jord-symbolet slange. Då kan vi kanskje tru at også Libya (Lybie) var slange-gudinne og jord-gudinne, i tillegg til at ho var måne-gudinne? Men kanskje tilhøyrde Libya ein gudinne-triade, der Libya representerte måne, regn og forår; ei ukjent gudinne representerte jord, avling og etterår, medan Lamia representerte død og vinter?

(Sjå LAMIA).

 

Den eldste lakonske konge heitte Lelex. Lakonia var riket der byen Sparta seinare vart hovudstad. Lelex  var konge i ein matriarkalsk kultur, som hadde ei jord-gudinne som øvstegudinne. Kong Lelex  kalla seg "son av Jorda", men andre har påstått at han var son av Poseidon og Libya, og derved etterkomar av Io. Det er fortalt at Lelex  skal ha komt til Lakonia frå Egypt. Kom han saman med Lamia?

(Sjå MYLES).

Diodoros Sikolos hevda at Belos etablerte ein koloni ved breidden av elva Eufrat i Babylonia, og tok kontroll over presteskapet der - som kalla seg kaldearar, og dreiv med astrologi. Oldtids-historikaren Pausanias fortel om to gudar - den eine heitte Zevs Ammon, og vart dyrka i Libya, og den andre heitte Zevs Belos, og vart dyrka i Babylonia. Pausanias meinte desse to gudane var to utgåver av den babylonske guden Marduk.

 

LIMENTINUS

Limentinus var ein folkeleg, romersk hushalds-guddom, som hadde tilhald i dørstokkane. Limentinus var gammal - eldre enn byen Roma... han var frå steinaldertid. Steinalderfolk var/er panteistar... steinalder-gudstrua kallar vi panteisme. Det tyder "Gud er i alt".

Limentinus var dørstokkanes ibuande, guddommelege kraft. Det var to dørstokkar - ein under døra, og ein over. Dørstokkane hadde ein viktig symbol-funksjon. Dei var grensa mellom husstanden/heimen... og verda utanfor. Dørstokkane var heilage. Ein passerte ikkje dørstokkane, korkje ut eller inn, utan å sende ein tanke til Limentinus. Å forflytte seg frå inne til ute eller omvendt, er ein overgang - ei situasjons-endring, som kan medføre fare...i alle høve opplevast som litt skummelt, og det gir tryggleik, for ei så "drastisk" handling, å be til Limentinus om støtte og vern.

Framande burde ikkje tre inn over dørstokken før dei vart innbedne. Om dei gjorde så, så fornærma dei både husstanden og husstandens familiegudar, og ein kunne rekne med å verte straffa for slik framferd.

I gamle Noreg, der det var kaldt å stå ute og vente på å bli innbedd, hadde dei ein ekstra dørstokk innanfor inngangsdøra. Framfor denne kunne ein gjest stå til han vart innbedd.

Før-romarane levde i små jordbruks-landsbyar. I desse landsbyane hadde kvar familie eit sett med familie-gudar, som i den seinare keisartida vart kalla Dii Familaris, for familiene heldt fram med å dyrke desse gamle familiegudane, sjølv om Roma-staten dyrka mektige, offentlege gudar. Limentinus var altså dørstokk-guden. FORCULUS var guden i døra; CARDEA var gudinna for dørhengslene, VESTA var gudinne for eldstaden¸og så vidare.

I tillegg til Dii Familari, så heldt folk seg med Lares Familares, som var personlege verneånder - kvar medlem av husstanden hadde si verneånd. Mennenes verneånder vart kalla genii og kvinnenes heitte junii. (Sjå LARER).

 

LINOS 1

Linos 1 var son av Ismenios, og var musikklærar for den unge HERAKLES. Herakles slo han i hovudet med ein lyre, og Linos døde av dette.

Eg skriv om 3 figurar som vart kalla Linos. Alle tre var knytt til musikk, så det er mulig at alle er samme Linos, som er blitt knytt til tre ulike mytar. Eller var Linos ein preste-tittel?

 

Tekstboks: KONGEREKKETekstboks: MASTIFFTekstboks: KART ARGOS E4LINOS 2

(Linos av Argos) Linos 2 var lin-plantens iboande, guddommelege kraft.

Argos var av dei eldste av alle greske bysamfunn. Innbuarane vart kalla argivar. Fordi Argos i tidlege tider var det greske maktsentrum, vart argivar ofte brukt som nemning for heile det greske folk.

Kong Crotopos av Argos hadde ei datter – Psamathe. Ho fekk ein son med APOLLO, som vart døypt Linos. Men Psamathe var livredd for at Crotopos skulle få greie på hennar nedkomst, så ho sette Linos ut i fjella. Nokre gjetarar fann han og tok seg av han, og han vart sauegjetar. Men ein tragisk dag vart Linos drept av Crotopos' mastiffar (kamphundar). Psamathe viste stor sorg for dette, og Crotopos skjøna då at ho var mora til Linos. Han dømde ho til døden, og ho vart avretta.

Apollon vart svært arg for drapa på Psamathe og Linos, og han sendte hemn-gudinna POENE for å straffe argivane. Poene drog omkring og tok småbarn frå foreldra. Ein HERO som heitte Coroebos greidde å få tatt livet av ho, men då byrja ein pest å herja Argos, og den ville ingen ende ta.

Argivane bad då oraklet i DELFI om gode råd, og oraklet rådde dei til å sameine Linus og Psamathe. Dei argivske kvinnene prøvde å få til dette ved å synge sørgesangar over sjelene til dei to. Slike sørgesangar heiter ennå linoi, og det vart skikk å arrangere ein årleg festival med sørgesang for Linos og Psamathe. Sidan Linos vaks opp saman med sauer, vart festivalen kalla Arnis og månaden då festivalen vart halden fekk namnet Arneios (etter ARIES - Væren).

Men pesten gjekk ikkje over, og til slutt måtte Coroebos fare til oraklet i Delfi og be om nåde for drapet på Poene. Øvsteprestinna ved oraklet, PYTIA, tilgav han, men på det vilkår at han ikkje vende tilbake til Argos. Ho sa at han i staden skulle ta tripoden hennar (ein heilag krakk med tre bein), og gå på vandring med den, og at han skulle bygge eit Apollon-tempel på staden der han først mista tripoden i bakken.

Coroebos tok ut på vandring med tripoden. Då han kom til Geraneia-fjellet mista han krakken, og han bygde då eit Apollon-tempel der, og sidan grunnla han byen Tripodisci attved, og tok residens der. I byen Megara finn vi Coroebos’ grav, og ei gruppe-statue som illustrerer drapet på Poene.

 

Somme som har rekna på det, meiner at Crotopos var konge i Agos ca. år 1510 fvt. Myten om Linos 2 er ei symbolhistorie som fortel om maktkamp mellom Crotopos og Apollon. Apollon vart født på øya Delos, då den gamle, matriarkalsk kultur ennå regjerte der, men dette var akkurat i dei tider då patriarkiet var i ferd med å tilrive seg makta. Apollon vart ein viktig aktør her. Han underkua prestinneskapet ved templet, og let seg dyrke som øvstegud. Han erobra så oraklet i Delfi, og detroniserte Pytia.

 

Bak myten om Linos, Apollon, Crotopos og  Coroebos skimtar vi storhende - så viktige hendingar at dei gav namn til ein av årets månadar. Her er maktkamp og kulturkamp. Apollon prøvde seg først med å sette barn på kongsdattera og prestinna Psamathe, men Crotopos slo tilbake, og drepte mor og son. Då kom Poene og kidnappa småbarn. Dette verkar som eventyr, men det kan vel hende at Apollon hadde ein krigar-bande av kvinnelege berserk-soldatar, som iførte seg skumle masker og terroriserte argivane. Men Crotopos soldatar, under leiing av Coroebos, fekk omsider nedkjempa desse. Så kom den fæle pesten - truleg var det eit lagnads-lune som kom Apollon til hjelp....eller hadde han greie på biologisk krigføring?

Vi forstår, utan at det går klart fram av myten, at Apollon sigra i maktkampen, og at Crotopos måtte underordne seg. Oraklet i Delfi befalte Crotopos hær-førar Coroebos å vandre bort, og dermed miste Crotopos hæren sin.

Dei klagesyngande kvinnene som kvart år mintes Linos og Psamathe, ønskte seg den gamle, matriarkalske kulturen tilbake. Myten om at Linos vart riven i filler av hundar, kan vere ei symbolhistorie, som fortel om rituelle gutedrap. Kvart år vart ein unggut kåra til konge, valdteken av prestinner utkledde som tisper eller ulvinner, og etterpå riven i filler?? Kanskje nedla Apollon forbod mot slike gutedrap?  At sørge-festen vart kalla Arnis, kan tyde på at offerguten var bytt ut med ein offer-vær. (Frå Bibelen veit vi at Abraham kom ut for eit liknande dilemma).

 

Linos hadde også rolla som lin-gud - som  lin-planten ibuande, guddommelege kraft. Dette må bety, at den unge heilagkonge som kvart år vart rituelt ofra, vart ofra for at linavlinga skulle verte god. Linos representerte det maskuline - han skulle fræve linåkeren. Linåkeren tilhøyrde Mor Jord - det feminine, og vart representert ved prestinner som let seg fræve av Linos. Ungguten som årleg vart ofra, heitte alltid Linos. Linos var namnet på linguden Linos, som ungguten Linos skulle representere.

Dyrking og bruk av lin kom til gresk område frå Kreta. Lin vart planta i sandjord om våren, og hausta om sommaren. Lintøy var eksklusivt - Apollon-prestane kledde seg i lintøy. At Linos vart riven i filler av kamphundar, kan symbolisere lin-hakking – den mekaniske prosessen med å slå linstenglane med ”lin-hakker” for å frigjere fibrane.

At Linos fekk tilhald hos sauegjetarar, kan vere ei symbolhistorie som fortel at ein tidleg lin-produksjon i Argos midlertidig opphøyrde, til fordel for ullvare-produksjon.

Mora til Linos – Psamathe, var den personifiserte sand eller sandstrand. I denne sand vart linen sådd. Når kvinnene sang for å sameine Psamathe og Linos, var det for å bringe linen tilbake til Mord Jord, så han kunne fødast på ny. Sangen var altså knytt til såinga av linfrø.

Haustinga av lin var akkompagnert av melankolsk klagesang og tunge, rytmiske slag med lin-hakker. Men under såinga hoppa ungdommen i ring om eit festbål, for at linen skulle gro høgt. Var Linos også opphavet til rytmisk musikk?

 

LINOS 3

Linos 3 vert av somme hevda å vere son av Oeagros og MUSA CALLIOPE. I så fall var han bror til ORFEOS. Andre rykte påstår at Linos 3 var son av APOLLON eller HERMES, og fleire muser er nemnt som hans mor.

Linos 3 var den største poet og musikar som verda har sett. Apollon drepte han i svartsjuke over dette, og fordi Linos hadde komponert balladar til ære for DIONYSOS og andre gamle HEROAR. Dessutan hadde Linos dikta eit epos om skapinga. Han skreiv ned sine vers med pelasgiske skriftteikn på pelasgisk – språket til det før-greske steinalder-folket pelasgarane.  (Sjå under EVRYNOME 2 ).

Linos innførte rytme og melodi i gresk musikk. Han var eit slags universal-geni, og underviste mellom andre Orfeos. Etter hans død vart klagesangar sunge for han over heile verda. Ved Helikon-fjellet er ei grotte der Linos er portrettert på grotteveggen. Offergåver som tidlegare vart gitt til MUSENE, vart etter Linos død ofra til han.

Linos vart begravd ved byen Thebes, er det sagt. Philip – far til Alexander den store, følgde ein draum han fekk, og tok Linos’ knoklar heim til Makedonia og gravla dei der. Så fekk han ein ny draum, og brakte knoklane tilbake til Thebes.

I motsetnad til Linos 2, så vert Linos 3 framstilt i mytane som ein motstandar/rival av Apollon. Linos 3 var nok lingud som Linos 2 - det vil seie at han var ein eittårs heilagkonge som skulle representere linguden. Linos 2 vart drept rituelt av sine eigne, slik skikken var. Apollon straffa argivane for dette. Då ein ny heilagkonge - Linus 3 vart utvald av argivane, drepte Apollon han straks, for han ville ikkje vite av meir rituell ofring av unge menn.

Det kan hende at Apollons bakanforliggande agenda for å gå til kamp mot det argivske prestinne-skapet, var å få kontroll over lin-produksjonen. Men når det gjeld tekstilar, så er det ikkje lett for menn å hamle opp med kvinnene. Nå skal eg fortelje om tilstandane i dei  austerrikske alpane, mykje seinare i historiens laup:

Menn kunne ikkje vere med på innhaustinga av lin. Heller ikkje kunne dei delta i tørkinga, bløytinga og hakkinga. Og ikkje måtte dei kome i spinne-rommet. Lin-gudinna heitte Harpatch (harpie?). Ho var ei fæl trollkjerring, med andlet og hender inngnidd med sot. Kvar mann som møtte henne vart straks omfamna, tvungen til å danse, valdtatt og til sist innsmurd med sot.

Kvinnene som slo lin vart kalla Bechlerinnen. Dei jaga og fanga alle menn som kom nær dei under arbeidet.  Den stakkar dei fekk tak i vart lagt i bakken; dei skreva over han, batt han på hender og føter, pakka han inn i stry (strie), gneid hans hender og andlet med kløande lin-avfall, og rubba han så mot den grove barken på eit felt tre. Til sist heiv dei han ned ei bakkeskråning.

Ved byen Feldkirch la bare kvinnene mannen ned og skreva over han. Andre stadar åpna dei buksesmekken hans og fylte trusa med lin-avfall. Dette klødde så fælt at mannen måtte springe bort med buksa i handa. Nær Salzburg drog bechlerinnene buksene av mannen og truga med å kastrere han. Når han hadde sprunge sin veg, reinsa dei plassen ved å brenne kvist og slå ihop sigdar.

Kva som gjekk føre seg i spinne-rommet var svært løyndomsfullt, men det er fortalt at kvinnene sang ein klagesang der, som heitte ”Linens Plage”.

Kastrerte kvinnene i Argos ein mann kvart år under lin-haustinga? Symboliserte denne mannen Lin-ånda – linen som måtte maltrakterast for å kunne nyttast til tekstilar? Vart sigdar slått saman for å påkalle Måne-gudinna? Hadde Linos’ lyre strengar av lin? Vart produksjon av lintøy sett på som ”magisk handverk” ? Var det viktig for kvinnene at menn ikkje fekk kunnskapar om linproduksjon?

 

LIRIOPE

Liriope var ei NAJADE - det vil seie ei elve-NYMFE. Ho var datter av TITANEN OKEANOS og TITANINNA TETHYS. Hennar auge var skinande grøne, men hennar elv var djup, og rann kolande svart gjennom djupe skogar. Elveguden CEPHISSOS kveila seg ein gang om ho - det var ein valdtekt; og etterpå fødte Liriope sonen NARKISSOS, som det vart mykje spetakkel med. Det er sagt at Liriope miste sitt laup og vart til ein dam, som Narkissos låg og spegla seg i. Men ein skal ikkje tru alt ein høyrer! (Sjå NARKISSOS).

 

LOCROS

Landet Locris bestod av to regionar, beliggande på kvar si side av Parnassos-fjellet. Og landet Pochis låg imellom. Locris var eit gammalt og lite land utan militær styrke, og det gjorde ikkje så mykje av seg.

Eine delen av Locris låg ved kysten av det greske fastland, innanfor øya Euboea, og vart kalla Locris Opuntia. Her låg byen Opos, og innbuarane vart kalla opontar.

Andre delen av Locris låg ved nordkysten av Korint-bukta, omkring byen Naupactos, og vart kalla Locris Ozolis. Innbuarane her vart kalla ozolae.

Såleis gjekk det til at Locris vart delt i to regionar:

Kong Locros vart rekna som stamfar til lokrianarane. Før han tok namnet Locros, kalla han seg Amphictyon, og det heiter at han var son eller soneson av DEUKALION. Locros'  hustru heitte Protogeneia. Hennar namn tyder "den førstefødte". Ho var datter av DEUKALION, så Locros gifta seg altså med søstera si, eller med tanta si.

Protogeneia fekk to søner - Aethlios og Opos. Locros var den døyelege far til desse to sønene, men det heitte at ZEVS var deira guddommelege far.

Aethlios vart far til ENDYMION, som vart konge i landet Elis. Endymion vart far til AETOLOS, som vart stamfar til aetolarane. Så er det ikkje meir å seie om Locros' son Aethlios.

Men ein gang vart det konflikt mellom Locros og hans andre son, Opos, og konflikten enda med at Locros måtte overlate trona til sin son, og utvandre med ein folkeflokk for å finne nytt land. Han slo seg ned på dei vestlege liene av Parnassos-fjellet, og grunnla riket som vart heitande Locris Ozolis. Slik vart det to Locris.

Mot slutten av det sjuande århundre fvt. grunnla dei ozoliske lokrianarane ein by i Sør-Italia, som dei kalla Locri. Landet som var knytt til denne byen vart kalla Det epizephyriske Locris, for i området låg eit nes som heitte Zephyrion. Dette var første greske koloni i Italia.

Lokrianarane var militært underlegne i høve til sine nabofolk, og Locros måtte kvart år sende to ungjenter som offergåve til PALLAS ATENE i Aten. (Sjå IODAMA).

Bymurane til Opos kan ennå sjåast, ei dryg mil søraust for den nåverande byen Atalante. Byen Opos vart grunnlagt av kong Opos - og han kalla seg son av Zevs.

Ein seinare konge som regjerte i Opos heitte Ajax Oielos, og han arrangerte idrottsleikar som vart kalla Aiantea. I Opos var det på den tid eit altar for AJAX. (Sjå AJAX II)

Lokrianarane avslo å kjempe på gresk side i persar-krigane. I Pelopponnes-krigen kjempa dei på Spartas side. I krigen mellom Filip V av Makedonia og romarane gjekk dei over på romersk side i 197 fvt., men det lokriske presteskap stødde Filip til han leid endeleg nederlag. Så vart byen Opos råka av eit stort jordskjelv.

Sjå også IODAMA og ZALEUKOS.

 

LUA MATER

Lua Mater var ei skummel romersk gudinne. Krigsfangar vart ofra til ho, ved at dei vart kasta på bål. Mange gamle indoeuropeiske stammer praktiserte denne skikken. Også våpen som var erobra frå fienden vart kasta på Luas bål. Det er uvisst kva hennar namn tyder, men kan det vere "flamme-mor"?

Lua Mater vart ofte dyrka saman med SATURNUS - det heitte at ho var Saturnus' datter, men somme påstod at ho var hans hustru.

 

Tekstboks: SATANISMETekstboks: DJEVELENTekstboks: CEYXTekstboks: ISFUGLLUCIFER

Lucifer er eit latinsk gude-namn, som tyder "Lys-berar". Det er innfløkt detektivarbeid å finne plausible fakta om denne før-romerske guden, men eg har komt til at Lucifer var solgud - han var omtrent identisk med den greske solguden HELIOS, som opphavleg kom frå Babylonia, der han vart kalla Helal. Lenger tilbake i historien har eg ikkje greidd å spore Lucifer, men Sola har vore dyrka som guddom frå dei eldste tider.

I romersk astronomi var Lucifer namn på planeten Venus. Dette var før Venus heitte Venus...den gang kalla romarane den sterkt-lysande planeten Lucifer.

 

Planeten Venus går i bane mellom Sola og Jorda. Han er vår næraste nabo-planet, og den sterkast lysande himmellekam etter Månen. Men Venus har fasar liksom Månen, og derfor varierer han mykje i lysstyrke. Venus følgjer Sola over himmelen - somme tider går han føre Sola, og somme tider etter. Når Venus går føre Sola, ser vi han som morgon-stjerne, før soloppgang. Når Venus går etter Sola, ser vi han som kvelds-stjerne, etter solnedgang. I oldtida var det mange som leid av den villfaring, at dei trudde morgonstjerna Venus og kveldsstjerna Venus var to ulike himmel-lekamar.

Helal/Helios var solgud, men då romarane skulle innlemma denne solgud i sitt "pantheon", mistolka dei han til å vere gud for morgonstjerna Venus, som dei altså den gang kalla Lucifer -"Lysberar".

 

I dei gamle myte-tradisjonane heitte det at Lucifer var son av morgonraudens gudinne AURORA (gresk EOS), og dessutan, som ein parantes, at han var far til Ceyx (gresk Kyknos) - ein konge i Thessalia (gresk område), som omkom på havet, men etterpå vart forvandla til ein isfugl. (Sjå PHOEBOS).

I gammal toscansk gudstru heiter det at Lucifer var solgud, og bror til månegudinna DIANA, og at han med Diana fekk dattera ARADIA.

Namnet Lucifer er brukt i kristen tradisjon, som namn på "Den falne Engel" - på Djevelen. Bare ein stad i Bibelen er Lucifer nemnd - i Esaias 14,12. Slik heiter det i den gamle, engelske "King James Bible" (andre utgåve):

How art thou fallen from heaven, O Lucifer, son of the morning! [how] art thou cut down to the ground, which didst weaken the nations!

Ein fann seinare ut at denne omsetjinga var feil - det latinske namet Lucifer kunne omogleg ha hamna i dei gamle hebraiske skriftene. Det var ikkje Lucifer Gud tala om, men ein brutal, babylonsk konge, som hadde drept ei mengd israelittar. I nyare Bibel-omsetjingar er namnet Lucifer erstatta med "du strålende stjerne". Omsetjarane har meint at det latinske namnet Lucifer som hadde snike seg inn i dei gamle tekstane, måtte bety planeten Venus. I Norsk Bibelselskaps omsetjing av 1930 heiter det:

Hvor er du ikke falt ned fra himmelen, du strålende stjerne, du morgenrødens sønn! Hvor er du ikke felt til jorden, du som slo ned folkeslag!

 

I den opphavlege (hebraiske) bibelteksten vert den døyande, babylonske kongen kalla slik: "Helal, son av Shahar". Dette kan omsetjast til " Sol, son av Morgongry". Og vi forstår av dette, at mytane om Lucifer har vandra frå Babylonia, via Grekarland til Roma. Når vi veit at den greske solguden heitte HELIOS, så forstår vi at Helal tyder "Solgud", for al tyder "gud". Det var Sola som var morgonraudens son - ikkje planeten Venus!

Babylonarane brukte samme namn på sol og gud - hal (hel). Englane vart rekna som mindre guddommar (stjerner?), og hadde namn som Gabri-hel, Mika-hel, Uri-hel, Rafe-hel, der -hel tyder "sol, lys". Vi finn ordet att i tysk - hell tyder "lys".

 

I kristen tradisjon er Lucifer ein av Guds englar - ein av dei mektigaste og mest framsynte. Lucifer vart "Den falne Engel", som er betre kjent som Satan. Satan tykte mykje var gale i måten Gud styrte verda på. Gud brydde seg ikkje om at verda var full av sjukdom og liding, krig og hungersnaud, hat og hemn; bare folk dyrka og æra han, og ofra og bad til han. Til sist vart det så ille at Satan freista å gjere opprør i Himmelen. Men opprøret vart mislukka. Gud slo ned opprørarane med hard hand, og Satan vart jaga  frå Himmelen. Sidan baksnakka Gud Satan mykje - sa han var Den Vonde, Djevelen, Dødsrikes herskar, Freistaren, Fienden... nett slik president Bush omtalar muslimske fridomskjemparar.

Kristendommen greidde å gjere Solguden Lucifer til Mørkets Fyrste. Vellukka propaganda-arbeid!

 

(Sjå også HEOSPHOROS, DIANA og ARADIA).

 

LUCINA

Lucina var romersk vernegudinne for barnefødslar. Det var ho som brakte barn fram i lyset. Den romerske mor-gudinna JUNO vart stundom kalla Juno-Lucina.

 

LUNA

Tekstboks: NY-HEIDENDOM

Luna var eit romersk (og før-romersk) namn på måne-gudinna. Namnet er kanskje av sabinsk opphav, og har kanskje noko med ulv (lupus) å gjere. I nokre gamle mytar heiter det at Månen vert slukt av ein ulv. Fans det ein gang eit guddommeleg par som heitte Lupus og Lupuna?

Luna har makt over fødsel og død - over flo og fjøre, og kvinnenes menstruasjons-syklusar. Luna påverkar også sinns-stemningar - ein kan vere i dårleg lune. Det vert sagt om ein som er uvanleg skiftande i sinn, at han er lunefull.

Sterkast verkar Lunas kraft når det er fullmåne. Folk med ustadig sinnelag vert lettast slått av galskap når det er fullmåne. Somme vert var-ulvar. Eit engelsk ord for "sinnsjuk" er lunatic.

Luna vart i fleire greske bysamfunn dyrka under namnet SELENE. (Sjå SELENE; sjå MÅNEN). Romarane kalla ho seinare DIANA og HECATE. Det var så mange månegudinner! Dei hadde alle sine røter i dei gamle, matriarkalske samfunna.

Folk i oldtida undra seg mykje over Månens ulike fasar. Stundom kunne Månen minne om eit ku-horn, så kua (ikkje oksen) vart dyrka i mange kulturar, som lekk i månedyrkinga. Kornbønder tykte Månen kunne likne på ein sigd, så sigden vart eit månesymbol, og ein studerte Månen for å sjå når det var på tide å skjere kornet.

Månen hadde tre fasar - veksande, full og minkande. Eit prestinneskap, beståande av tre prestinner (triade), bestyrte som oftast Måne-dyrkinga. Ei var ungjente - ho var lettliva og romantisk elkovssjuk - ho var våren som skulle kome med regn og bringe ny avling. Ei var vaksen kvinne/fødande mor - ho var ansvarsfull og hardt arbeidande, og hausta årets avling. Ei var gammalkona på dødens terskel - ho var vinteren, då alt liv skulle visne bort, slik at ein ny vår kunne kome. Ho drog til formødrene og forfedrene i Dødsriket - ho representerte Døden,som var ein viktig del av livet.

I dei varme Middelhavs-landa dyrka dei heller Månen enn Sola, for Sola var farleg heit, og kunne svi avlingane. Men Månen hadde fræve-kraft, meinte dei, og kunne bringe regn. Og sidan det var kvinnene som styrte i oldtida, så gjorde dei Månen til ei feminin gudinne, medan Sola vart maskulin guddom. På fransk heiter det la Lune og le Soleil. På fransk heiter mandag etter Luna; (lundi).

 

(Sjå MÅNEN og DIANA).

 

LUPERCUS

Lupercus' namn tyder ”Ulve-vaktaren”. Han var før-romersk vernegud for bønder, og særleg for gjetarar. Dei som dyrka han vart kalla luperici. Dei ofra to geiter og ein gjetar-hund til han, på hans årlege festdag, 15. februar. Lupercus’ heilagdom var ei grotte som heitte Lupercal. Det var her ROMULUS og REMUS dia ei ulvinne som hadde tatt seg av dei. Og det var her gjetarane fann dei to tvilling-brørne, som vart Romas grunnleggarar - det vil seie Romulus, for han drepte Remus.

I det før-greske riket Arkadia vart det dyrka ein gud som heitte FAUNUS, som likna mykje på Lupercus.

15. februar feira romarane Lupercalia - ein religiøs fest som dei ikkje kjente opphavet til. Noko som var uvanleg med denne festen, var at ingen gude-tempel var involvert. Og romarane var usikre på kva gud dei feira - om det var det Lupercus, Faunus eller avlings-guden Inuus, men Lupercalia var ein svært populær fest. Festen vart feira på Palatinarhøgda, framfor grotta som heitte Lupercal. I legendene heitte det at denne grotta var ulvehiet der tvillingane Romulus og Remus vart dia av ei ulvinne.

Under Lupercalia mintes romarane "gamle dagar", då dei var eit lite gjetar-samfunn som budde i halm-tekte hytter på Palatinarhøgda, og vart regjert av Romulus. Oldtids-historikaren Dionysoso av Halikarnassos har fortalt at ei slik hytte, bygd av staur og siv, stod att på Palatinarhøgda som minne, omlag år 60 fvt. Denne hytta vart rekna som heilag, og vart godt vedlikehaldt. Arkeologar har funne tufter etter mange slike hytter på Palatinarhøgda, og dei er datert til omlag år 800 fvt.

Lupercalia-festen heiter nok etter ordet lupus, som tyder "ulv", eller Lupercus som tyder "ulve-vaktar". Ulven var geite-gjetarane sin verste fiende. Til festen var også knytt eit reinsings-rituale, og eit fræve-rituale. To geiter og ein gjetar-hund vart ofra, og nokre prestar som vart kalla luperci smurde blod på panna til to unge menn. Så tørka dei blodet bort, og under denne handlinga skulle dei unge mennene le. Så sprang luperci, kun ikledd lendeklede, rundt om på området, og piska alle som stod i deira veg med skinnremser frå dei ofra geitene. Unge kvinner ville gjerne bli piska slik, for dei trudde dette skulle hjelpe dei med å føde mange barn. Under Lupercalia-festen var det mykje løyer og drikking.

Lupercalia var så populær at den overlevde Kristendommens religiøse maktovertaking. I år 494 evt. bestemte paven at 15. februar skulle feirast som reinsingsfest for Jomfru Maria. (Liksom Krist-kyrkja omgjorde midtvinter-festen Jul til minnehøgtid for Jesu' fødsel)

 

LYCAON

(Lycaeon)

Tekstboks: LYCAONTekstboks: VARULVAR

(Lykaion)

Lycaon var son av PELASGOS – den første mann... ifølge Den Pelasgiske skapingsmyten. Lycaon var høvding over Pelasgarane - ei (kanskje negroid) stamme som heldt til i gresk område før dei greske stammene ankom. (Sjå KER og EVRYNOME 2).

Lycaon siviliserte landet Arkadia, og vart konge der. Det er sagt at Lycaon var ein ulve-konge, som regjerte i ein ni-års-syklus. Hans dronning var den ni-faldige gudinna Nônacris.

Lycaon innførte ZEVS-dyrkinga i Arkadia. Ein gang ville han teste ZEVS - om han var så guddommeleg og så allvitande som rykta sa. Så han serverte Zevs menneskekjøtt (sin eigen son) som offergåve. Zevs greidde lett testen, men vart dugeleg fornærma, og hemna seg ved å skape Lycaon om til ein ulv. Men han fekk behalde sitt menneskesinn. Dessutan vart Lycaons hus råka av lynet - av ein av Zevs' torden-kilar.

Lycaon hadde 22 søner (somme hevdar 50). Dei gjorde mykje vondt, og rykta om illgjerningane deira nådde Zevs på OLYMPOS. Zevs kledde seg då ut som ein fattig vandrar, og kom på vitjing til dei. Dei serverte han innmat-suppe av sau og geit, men i vondskap hadde dei også blanda i hjerte og nyre av ein av brørne sine, Nyctimos, som dei hadde drept. Men Zevs let seg ikkje lure. Han heiv unna bordet, og skapte alle brørne om til ulvar, bortsett frå Nyctimos som han gjorde levande att.

På veg tilbake til Olympos slapp Zevs laus ein stor flaum, for han var arg på menneskeheita, og ville utrydde alle menneske. Men kong DEUKALION vart åtvara av faren sin, TITANEN PROMETHEVS, som han hadde vore i Kaukasus og vitja. Deukalion bygde eit skip - ei ark, og fylte denne med proviant. Så gjekk han ombord, med kona si, PYRRHA. Og det kom ein veldig sønnavinden med styrtregn. Alle elvar vart flaumdigre, og havet steig skræmeleg snøgt. Alle byane langs kysten og på slettene vart vaska bort, og til slutt var heile verda overfløymd, bortsett frå nokre få høge fjelltoppar. Det såg ut til at alt levande var utrydda, bortsett frå Deukalion og Pyrrha. Arka dreiv om på havet i ni døgn, før vasstanden byrja minke. Arka stranda på Parnassos-fjellet (på Etna seier somme). (Les meir under DEUKALION).             

Nônacris var ein by nord i Arkadia. Byen og dronninga hadde samme namn. Høge fjell låg omkring byen. Frå desse fjella byrja elva STYX sitt laup – elva som fortsatte under jorda; Styx’ nedste laup omslynga UNDERVERDA.

I byen Nônacris var ei heilag kjelde. Her draup vatn frå berget ned i ein bolle. Det var vatn frå elva Styx, og det var svært kaldt. Ein liten ringvegg var mura kring bollen.  Folk svor eidar til dette vatnet frå Styx, når dei skulle vere sikre på å bli trudd. Ein eid til dette vatnet måtte ikkje brytast, for det rann ned til Dødsriket med beskjed. Dersom ein braut ein slik eid, måtte ein stå til ansvar i Etterlivet!

Mange kjente personar var knytt til byen Nônacris, mellom andre EVANDER, ATALANTA, CALLISTO, som vart kalla ”Nônacris’ Frue”, og HERMES.

 

VARULVAR

Til alle tider, så vidt vi veit, er det blitt fortalt historier om varulvar – om menneske som har gått i ulveham. Gamle varulv-historier frå Midt-Austen er blitt innblanda i den greske mytologien.

Virgil påstod at den første varulv var Moires; ektemaken til lagnadsgudinna Moera (sjå MOIRENE). Av kona si lærte Moires magiske løyndommar – mellom anna korleis ein kunne kome i kontakt med dei døde.

Filosofen Sokrates underviste i det berømte Lycaeos i Aten. Lycaeos tyder noko sånt som ”Ulve-templet”. Her vart ein gang Apollon Lycaeos dyrka. Denne “Ulve-Apollon” vart gift med ei ARTHEMIS, i skap av ei ulvinne. Ho var frå byen Troezen, som låg ikkje så langt frå Aten. Denne Trozen-Arthemis påtok seg jobben med å reinse ORESTES, etter at han hadde drept mora si. Ho ofra ni menn, og brukte blodet deira som reinsingsmiddel.

Pausanias meinte at Apollon opphavleg var ein egyptisk guddom, og at hans egyptiske namn var Up-Uat, som var eit gammalt namn på den egyptiske guden Anubis.

Innslaget av ulvar i gresk mytologi har kanskje noko med kannibalisme å gjere – rituell kannibalisme, som seinare vart fordømt og forbode, men som somme likevel ville prøve å halde i hevd. Så kledde dei seg ut som ulvar - ein kan ikkje forby ein ulv å ete menneskekjøtt!?

Lycaos-fjellet (Ulve-fjellet) ligg/låg i Arkadia. Her var tilhaldstad for ein kult som dyrka Ulve-Zevs. Det var ei årleg samling på fjellet, og prestane tilbereidde ein heilag gryterett, der noko menneskekjøtt var iblanda. Dei som fekk desse bitane vart til varulvar, og dei kunne ikkje verte menneske att utan at dei greidde å avhalde seg frå menneskekjøtt i ni år.

Vi ser at tallet 9 var viktig i den pelasgiske Nônacris-kulturen, og at kong Lycaon heldt seg med 9 koner - ei forsamling av 9 prestinner. Dette må vel bety at det pelasgiske samfunnet var patriarkalsk? Ni gudinner/prestinner/koner var ikkje vanleg. Dei matriarkalske måne-kultane vart regjert av trippel-gudinner, men her er det altså snakk om 3x3! MUSENE var ni i tall. Hadde musene noko med pelasgarane å gjere?

 

LYCORIAS

Lycorias var ei NEREIDE - ei hav-nymfe. Ho var ei av dei femti døtrene til havguden NEREOS og havgudinna DORIS. Nereidene heldt seg mykje saman med havguden POSEIDON, når han var ute på tokt.

(Sjå NEREIDENE).

LYCURGOS

Lycurgos var ein konge i distriktet Trakia. Der var han konge over edoniarane. Hans namn tyder (kanskje) "ulve-arbeid". Landet Edonia vart seinare ein del av landet Mak-edonia.

Lycurgos er særleg kjent for ein feide han hadde med DIONYSOS... det er fortalt så mangt om korleis denne feiden gjekk for seg:

I ein myte heiter det: Etter si lange hærferd i Asia, vende Dionysos heim til Europa, og vart reinsa av RHEA for alle drapa han hadde gjort i galskap. Rhea innførte så Dionysos i sine mysterier. Så vart Dionysos angripen av kong Lycurgos, som hadde "gått heilt berserk", og Lycurgos tok heile Dionysos' hær til fange, bortsett frå Dionysos sjølv, som kasta seg i havet, og søkte tilflukt i ei av THETIS' undervass-grotter.

Då greip Rhea inn. Ho slo Lycurgos med galskap. Han fekk hallusinasjonar, og hogg ned sin eigen son - han trudde han hogg ned ein vinranke (i andre mytar heiter det eiketre). Før Lycurgos kom til seg sjølv att, hadde han kappa nase, øyre, fingar og tær av sin døde son - han trudde at han dreiv og stussa vinranken. Heile Trakia vart lamma av gru over denne gjerninga, og åkrane slutta å gi avling. Då dukka Dionysos opp att frå grotta i havet, og kunngjorde at Trakia ville verte plaga med uår heilt til Lycurgos vart drept. Då edoniarane fekk vite dette, greip dei Lycurgos, og brakte han opp på Pangaeum-fjellet. Der batt dei han mellom fire ville hestar, som reiv lekamen hans i filler.

I ein annan myte heiter det: Dionysos fann på at han skulle invadere Trakia, og han kom til edoniarane sitt land, ved elva Strymon i Trakia, der Lycurgos regjerte. Dei to hærene møttes i slag, og Dionysos sigra. Dionysos drepte Lycurgos, og innsette Charops som ny konge over edoniarane, som lønn for den hjelp Charops tidlegare hadde gitt han. Og han instruerte Charops i dei løynlege innvigslings-ritane. Og Charops hadde ein son, Oeagros, som vart konge over edoniarane etter han, og som også åtte kunnskapane om dei løynlege innvigslings-ritane. Oeagros vart dyrka som elvegud, og var far til den vidkjende HEROEN ORFEOS, som vart guddommeleg-gjort av APOLLON. Det er hevda at dei edonittiske kvinnene, som nå hadde gått over til Dionysos-dyrking (og drakk seg fulle på vin), drepte Orfeos av begjær. Som straff vart dei omskapte til eike-tre... sikkert av Apollon. (Sjå ORFEOS og MAENADENE).

I ein tredje myte heiter det: Lycurgos tok sjølvmord etter nederlaget i krigen mot Dionysos.

I ein fjerde myte heiter det: Lycurgos jaga barne-pleierskene til DIONYSOS med ein okse-påk, og skremde også Dionysos, så han hoppa på sjøen. Men THETIS berga han, og seinare kom Dionysos tilbake til Trakia, forbanna avlingane og gjorde Lycurgos gal. Lycurgos drepte sonen sin, lemlesta seg sjølv, og vart riven i bitar av sitt eige folk.

Ein okse-påk er ein staur til å jage oksar med. Dette reiskapet har nok ei symbol-tyding i denne myten, og vidare resonnement gir som resultat at i denne myten vert Dionysos rekna å tilhøyre ein ku-okse-kult. Dette høver med ein annan myte, som hevdar at Dionysos var son av ku-gudinna IO.

Men det er dårleg samsvar mellom desse oksemytane om Dionysos og vingud-mytane om han. Ein må tru at nokon har prøvd å skrøne ihop historier, men på ei anna side så heiter det at Io oppretta ein DEMETER-kult i Egypt. Demeter var datter av Rhea.

Eg trur Dionysos var ein notorisk opportunist - han kalla seg vekselvis "son av... Rhea, Demeter, PERSEPHONE eller Io. Han var stiftar av ein ny religion - som Muhammed, Buddha eller Jesus, og uansett kva kulturar han måtte overtyde om si guddomsmakt, så følgde han det smarte rådet han hadde funne på - å kalle seg son av gudinna dei ulike kulturane rekna som si guddommelege stammor.

Det er mektig drama i symbol-mytane om Lycurgos - ein veldig kulturkamp vart utkjempa - eine parten tapte og andre parten vann, og så etterpå, skulle desse åtburdene forklarast! Vonde, brutale og slette illgjerningar måtte givast heltemods glans - mytografane måtte gjere seg diplomatisk sleipe og slu!

Kven var dei to partane i feiden? Lycurgos tilhøyrde ein ulve-kult. Han vart slitt i filler mellom hestar. Truleg dreier det seg om merrer, og truleg var Lycurgos heilag-konge i ein matriarkalsk kult. Prestinnene var merrer, og heilag-kongen Lycurgos var ulv .... det måtte vere ein merr-ulv-kult! Kvinnene dominerte, og dei såg på mennene som plagsomme "urokråker", som dei utnytta så lenge dei hadde nytte av dei, og så drepte dei mennene på rituelt vis. Dette liknar mykje på tankegangen til AMAZONENE. Amazonene drepte alle gutebarn dei fødte, og gjorde seg fruktbare ved å røve og valdta menn frå nabostammer. Og territoria til amazonene og edoniarane overlappa truleg kvarandre i periodar.

Kvifor vart Lycurgos ein hovudperson i denne mytekretsen, når han var konge i eit matriarkalsk samfunn? Kvifor får vi ikkje vite namnet på kvinna/kvinnene som sat med makta? Eg trur forklaringa er at det var kongen og mennene si plikt å opptre som soldatar/krigarar, når riket var truga. Og så var det sigerherrane - Dionysos og hans folk, som fortalde korleis det gjekk. Dei fortalde om han dei kriga mot - det var Lycurgos.

Så var det den gamle TITANINNA RHEA....ho vart dyrka som stammor for folkestammer med ein ganske annleis kultur - ein kultur som i mangt og mykje stod i sterk motsetnad til kulturane til amazonene og edoniarane. Rhea fødte ZEVS, som vart far til Dionysos. Rhea fortalde Dionysos mysterier, som han brakte vidare til Charops, som brakte dei vidare til sin son Oeagros (ein elvegud), som brakte dei vidare til sin son Orfeos. Mysteria... dei løynlege innvigslingsritane... må vere utgått frå Dei Eleusiske Mysterier". (Sjå under DEMETER).

I ein annan myte-tradisjon heiter det at APOLLON var far til Orfeos. Apollon var (uekte) son av Zevs. Apollon oppførte eit orakel for Orfeos' avhoge hovud på øya Lesbos, og her vart nok Rheas mysterier haldne i hevd. Og mykje finkultur høyrde med!...musikk, sang, drama, historieforteljing, lyrikk, korsang, osv. Alle dei ni musene hadde fullt opp å gjere!

Apollon bygde altså opp eit orakel omkring Orfeos' avhogde hovud. Denne myten minner om den norrøne (germanske) guden Odin, og hovudet til jotnen Mime. Jotnen Mime var så klok at han visste alt, men vart halshogd. Odin "galdra" over hovudet, så det kunne tale til han, og Odin hadde Mimes hovud ståande i bokhylla som eit leksikon, så å seie, etter som det utlagt i norrøn mytologi. Men kan det vere ein samanheng mellom Orfeos' og Mimes hovud? Heldt Odin seg med orakel? Det er mykje truleg at Odin drog gjennom Trakia på si "folkevandring" frå Ashov (på nordsida av Svartehavet) til Skandinavia.

Eg ser eit veldig floke av lause trådar som kan knytast ihop på fleire vis; men best å stogge... før eg set fram for store teoriar på tynt grunnlag! Det må vere kulturhistoriske samanhangar å finne i mytane om Lycurgos og Dionysos, men det er eit stort arbeid å finne dei rett!

Omfram dette, så kan ein også undre seg på TITANINNA THETIS si rolle i dramaet. Og det var så mange som søkte tilflukt i grotter den tida... er det holebuarar (meir eller mindre) desse mytane handlar om?

Og kvifor vart Oeagros dyrka som elvegud? Elvegudar tilhøyrde ein eldre religion enn dyrkinga av himmelgudar som ZEVS/JAHVE. Heldt Dionysos-dyrkarane seg med to religionar - ein gammal og ein ny? Det er ganske mulig, for slikt ikkje er så uvanleg.

Og kvifor fans det eit tempel for ein guddom som vart kalla Ulve-Apollon? (Sjå under HYPERMNESTRA).

 

LYNCEOS

Tekstboks: MESSENIA

Det var minst fem manns-figurar som heitte Lynceos i gresk mytologi. Her skriv eg om ein av dei... han som var son av kong Afareos og dronning Arene av byen Messene på Pelopponnes. Han hadde ein god bror som heitte Idas. Lynceos og Idas var først gode venner, og så bitre fiendar av DIOSKURANE - tvillingane POLYDEUKES og CASTOR.

Lynceos var også med på Den kalydonske villsvinjakta. (Sjå MELEAGER).

Lynceos' namn tyder ”skarp-auga som ei gaupe” (Lynx). Saman med broren sin, Idas, styrte Lynceos bystaten Messene på Pelopponnes. Idas var den sterkaste, men Lynceos hadde så skarpt syn at han kunne sjå i svartaste mørke, og dessutan oppdage nedgravde skattar.

Systemet med to samkongar oppstod i mykensk tid... det var i tida då minna om landet ATLANTIS ennå var levande. I Atlantis styrte to og to brør kvar sin landslut. Dei var ti brør, som to og to styrte dei fem områda Atlantis var inndelt i. I eit slikt samkongepar styrte den eine kongen med religionen, medan den andre tok seg av det verdslege. Før reformasjonen fungerte det på samme vis i Noreg - kongen tok seg av det profane (verdslege), og erkebispen tok seg av det okkulte. Og det var jamt ein maktkamp mellom konge og erkebisp, om kven av dei som skulle eige flest bondegardar. Korleis er det i dag?

 

I Sparta styrte brørne CASTOR og POLYDEUKES (POLLUX). Polydeukes styrte med religionen - han hadde høgare posisjon enn Castor. Det var sagt at Polydeukes var son av guden ZEVS, og såleis udøyeleg. Den udøyelege kongen fungerte som ein yppersteprest og seremonimeister, medan hans døyelege samkonge tok seg av den praktisk styringa av landet, samt utanrikspolitik og krigføring. Sidan Sparta kriga seg til å bli mektigaste byen på Pelopponnes, vart Poludeukes og Castor det mest ovundra samkonge-paret av alle slike, og vart eit ideal som andre samkonge-par prøvde å strekke seg etter.

 

Lynceos vart drept av Polydeukes. Slik gjekk det til:

OLYMPOS var full av glede, musikk og mat. Gudane brydde seg ikkje om kva som foregjekk på Jorda, for dei feira bryllup mellom PELEOS og THETIS. Alle gudane var til stades, bortsett frå ERIS - stridens gudinne. Ingen hadde invitert ho, og ho var rasande for å ha blitt oversett slik. Så, midt under festen, trilla Eris eit gulleple inn i festsalen, og på eplet stod skrive: "Til den vakraste".

"Eplet er mitt", ropte HERA.

"Nei, det er mitt", meinte ATENE.

"De tar begge feil - eplet er meint for meg", påstod AFRODITE.

Det vart stopp i festinga, og musikken døde hen av gudinnenes kiv. Så ropte dei alle tre, at ZEVS skulle avgjere kven av dei som skulle ha eplet.

Men Zevs var for smart til å gjere seg til dommar i denne kiv. Han kika ned på Ida-fjellet, og der fekk han auge på ein gjetar. "Gjetaren der... han skal avgjere", sa himmelens konge, og peika langt der ned. Og dei tre gudinnene klivra ned frå Olympos til Ida-fjellet, for å legge saka fram for sin dommar - gjetaren.

"Dersom du vel meg som den vakraste, så skal eg gjere deg til verdas rikaste og mektigaste mann, og du skal få regjere eit land så stort som Asia", tilbaud Hera han.

"Dersom du seier at eg er vakrast", byrja Atene, "så skal eg gjere deg klokast og edlast av alle, og du skal vere usynleg på slagmarka".

Då steig Afrodite fram for gjetaren, og med si mest overtydande røyst sa ho: "Om du vel meg som den fagraste, så vil eg gi deg den vakraste kvinna i verda til elskarinne - DEN SKJØNNE HELENA!

Gjetaren var ung og ganske fåvetug. Løftet om den skjønne Helena oppfylde alle hans sexuelle fantasiar, og han ønskte seg ingenting anna. "Afrodite er den vakraste", proklamerte han. Ved dette skaffa han seg to varige fiendar - Hera og Atene!

Men så var det så underleg, at denne unge gjetaren, som heitte Alexander, faktisk var prins av Troja! Hans eigentlege namn var PARIS, og han var son av kong PRIAM og dronning HEKABE av Troja. Priam hadde 50 barn, og det såg ut til at hans kongedømme skulle vare evig. Men ei natt, då  Hekabe venta endå eit barn, drøymde ho at ho fødte ein eldebrann! Det var ein skræmeleg draum, og ho gjekk til ein sjåar for å få tydd draumen.  

"Barnet du ber skal øydelegge Troja og alle innbuarane med", fekk ho fortalt av sjåaren. Derfor var Hekabe i stor angst då barnet var bore, og ho sette gute-barnet ut i villmarka - i liene under Ida-fjellet. Men barnet døde ikkje der, for ein bjørn fann det og gav det die. Etter noko tid vart "bjørne-barnet" funne av nokre gjetarar, og dei kalla guten ALEXANDER, og lærte han opp til gjetar.

Gjetaren Alexander hadde mektige fiendar i Hera og Atene, men Afrodite tok han under sine venger. Ho fortalde han korleis han hadde blitt født, og ho lærte han å sjarmere (sjarmere tyder "trolle/fortrolle") alle han ville til å gjere kva han bad dei om. Så bad ho han fare til Troja og gjere krav på si prinse-vørdsle der. "Frykt ikkje, Paris", sa ho, "eg skal alltid rettleie deg".

Så drog Paris til Troja for å møte sine foreldre... kong Priam og dronning Hekabe.

Medan Paris prøve å vinne innpass i sin familie, så sette det nygifte paret Thetis og Peleos bu, og fekk sonen ACHILLES. Det såg på alle måtar ut til å vere ei tid med fred og fordragelegheit for alle. Den skjønne Helenas søster, dronning KLYTAIMNESTRA, fødte kong AGAMEMNON av Mykene fire barn; først dattera IPHIGENIA, og så tvillingane ORESTES og ELECTRA. Til sist fekk dei dattera Chrysothemis.

Hera fødte kong MENELAOS ei datter som vart kalla Hermione. Men all denne fred var bare "orkanens auge"!

 

LYNCEOS og IDAS var blitt kjent med TYNDAREOS-sønene Castor og Polydeukes. Som unge gutar tevla dei heile tida om kven som var best. Ein dag dei var samla alle fire, utfordra dei kvarandre til å stele krøtter i Arkadia. Dei lukkast med kveg-tjuveriet, og dei bestemte at Idas skulle dele røvar-byttet mellom dei.

Idas drepte ei av kyrne, og delte ho i fire. Han utfordra så til ete-konkurranse, og sa at halvparten av krøttera skulle gå til den som åt opp sin del av kua først, og resten til andremann. Og før dei andre hadde fått tenkt seg om, så hadde Idas ete opp sin del. Så tok han for seg ku-fjerdingen til bror sin, og åt opp også den. Så lo Idas og Lynceos, og dreiv med seg heile krøtter-fangsten heim.

På den tida var Idas og Lynceos forlova med to søstre - døtrene til Leusippos. Castor og Polydeukes visste om dette, og dei spora seg fram til Leusippos' hus. Dei spionerte, og såg at dei to unge døtrene, Foibe og Hilaira, var svært vakre. Castor og Polydeukes' far - kong TYNDAREOS, hadde sagt at det var på tide dei fann seg koner, og dei to spionane fann ut at Foibe og Hilaira, som begge var prestinner, var akkurat midt i blinken som koner. Foibe var prestinne for ATENE, og Hilaira var prestinne for ARTHEMIS. Om dei bortførte desse to og gifta seg med dei, ville dei få seg vakre og høgborne hustruer. Og Leusippos ville få verdige svigersøner, tenkte dei, og dei to konene ville få vakre heimar. På toppen av dette, ville tvillingane få siste stikk mot Idas og Lynceos. "Dette var den perfekte hemn"; og så bortførte dei Foibe og Hilaira, og Polydeukes gifta seg med Foibe, og Castor gifta seg med Hilaira.

Polydeukes og Castor fekk kvar sin son. Foibe fødte Polydeukes sonen Mnesilios, og Hilaira fødte Castor sonen Anogon. Men ikkje lenge etter høyrde dei spottord frå gamle kjenningar. "Så de gøymer dykk bak kvinnfolk for å få oppreist for gamle klagemål", vart det hædeleg spurt dei. Og ropa var følgd med rå lått. Castor greip då sverdet sitt og ville gå ut. "Gløym det", sa Polydeukes, og greip sin brors arm. Men Castor rista seg laus, og gjekk ut i sinne.

"Vel, her kjem han", terga Lynceos - og Castor såg svart av sinne. Han bråsvinga sverdet, og kom uventa på Lynceos. Hans neste sverdhogg var døyeleg, og Lynceos vart liggande i ein blodpøl.

Idas såg på Castor. Så såg han på sin døde bror. Han sprang til Lynceos og lyfte opp hans blodige lekam, og så såg han på Castor igjen. "Ber du ingen anger", skreik han til Castor. "Det var bare ein spøk!" Men Castors andlet viste ingen anger. Castor treiv om sverdet på ny, og gjekk etter Idas. Idas slapp ned broren sin, og greip også etter sverdet. Kampen var kort, for Idas var rasande hemntørst. Først hogg han Castor i låret, og så slakta han han som eit offerdyr.

Då kom Polydeukes ut, og såg dei to døde kroppane. Idas stod der utfordrande med sitt sverd lyft, og Polydeukes gjekk til åtak og såra han. Og Polydeukes angreip gang på gang, til Idas døde av blodtap.

Så løfta Polydeukes Castors døde lekam, og bad til far Zevs, "Lat meg få dele mi udøyelegheit med Castor. Eg greier ikkje å leve eit evig liv utan han!"

Zevs høyrde kva hans son bad om, og sa: "Dersom du ønsker å dele di udøyelegheit med Castor, så må du alltid vere med han". Og Polydeukes sa han gjekk med på det, og han tok sin brors hand, og dei steig begge opp til himmelen.

Sønenes død gjekk så hard inn på Tyndareos at han sa frå seg trona. Hans ord var lov, og Menelaos og Helena vart konge og dronning over Sparta.

Lynceos døde barnlaus.

 

Tekstboks: MEIRTekstboks: AMAZONERLYSIPPE

Lysippe var ei av AMAZONENE - ho var ei tidleg Amazone-dronning, som slo seg ned ved Svartehavet, og ho er mellom anna kjent for å ha grunnlagt byen Themiscrya. Ho var ei svært intelligent kvinne, og ein dyktig hærførar. Ho har fått mykje av æren for utforminga av samfunns-systemet til amazonene.

Amazonene heldt seg til matriarkalsk arvefølgje, og Lysippe lovfesta at mennene skulle utføre alt husleg og heimleg arbeid, medan kvinnene skulle ha ansvaret for styringa og krigføringa. Dei braut armar og leggar på alle gutebarn, så dei vart vanføre og korkje kunne krige eller vandre langt, men måtte halde seg nær husa.

Truleg hadde Lysippe eit namn vi ikkje kjenner - truleg var Lysippe namnet som grekarane kalla denne amazone-dronninga med.

Det heiter at der dronning Lysippe først slo seg ned med folket sitt, var ved breidden av den mektige elva som nå heiter Don. Lysippe hadde ein son, som heitte Tanais. Han krenka kjærleiksgudinna AFRODITE ved å vanære det heilage ekteskap. Dessutan mislikte Afrodite sterkt at han var slik ein valdeleg krigshissar. Og Afrodite straffa Tanais ved å gjere han hugteken i mora si. For ikkje å begå incest, kasta Tanais seg i elva og drukna seg, og elva vart sidan heitande Tanais etter han. Lysippes son Tanais vart til ein elve-gud!

Og seinare vart Tanais kalla Don. Og somme har hevda at elva Donau (også kalla Danuba og Duna), også heiter etter Tanais. Somme har sett fram ein teori om at dette også gjeld elva Tana i Finnmark.  I England fins ei elv som heiter Don, og i Skottland fins ei anna elv som heiter Don.

Den russiske Don renn ut i Ashov-havet (ein del av Svartehavet), og herifrå trur ein det var at den germanske høding Odin og flokken hans vandra ut, mot vest og nord - og mange andre folkestammer følgde omlag samme vandrinsveg, i hundreåra då Mellom- og Nord-Europa vart invadert av folkestammer frå aust.  

Vart Tanais dyrka som elvegud både her og der? Mangt kan tyde på det. Hans namn kan tyde "Den strøymande"; ("tanande" på nynorsk).

I gammal tid vart elva Donaus nedre laup kalla Ister. Og somme har sett fram ein teori om at namnet på den russiske elva Djnestr er ei samansetjing av Tanais og Ister. Då var Tanais elvegud, og Ister elve-nymfe, og dei to levde i elve-guddommeleg ekteskap.

 

Myten om Tanais og Afrodite er nok ein symbol-myte, men vi må rekne med at myten vert presentert oss i gresk utgåve. Afrodite var den greske gudinne for erotisk kjærleik. Om amazonene hadde ei kjærleiks-gudinne som tilsvarte Afrodite, så må det ha vore før Lysippes kultur-revolusjon, for etterpå vart det truleg omtrent tabu for amazoner å dyrke noko slik gudinne.

Kva var det for heilagt ekteskap Tanais skulle ha brote? Amazonene vart sterkt imot å inngå ekteskap med menn, men det var kanskje etter Lysippes kultur-revolusjon? Var det ein hard kultur-kamp mellom amazoner den gang... kanskje mellom to sam-dronningar? Då var nok den eine av desse Lysippe - det var ho som degraderte mennene til slavar og forbruks-vare. Ville den andre dronninga ta meir omsyn til mennene?

Av denne kultur-kampen kunne det ha oppstått ein myte, som seinare vart omdikta av grekarane. Uansett, så vart nok Tanais drukna i elva på rituelt vis.

For å unnsleppe Tanais' attergangar, rømde Lysippe med sine døtre langs sørkysten av Svartehavet, og dei slo seg ned på slettene der elva Thermodon (nåheitande Terme Çay) renn ut i Svartehavet. Her grunnla amazonene tre byar, og kvar av desse tre byane vart hovudstad for ei amazone-stamme.

Lysippe grunnla den mektige byen Themiscyra, og la under seg alt land, like til elva Tanais. Med alt krigsbyttet finansierte ho oppføringa av mektige tempel for ARES og ARTHEMIS Tauropolos. Dyrkinga av Arthemis Tauropolos var ein kult som Lysippe innstifta, og truleg dreide det seg om ein ORAKEL-kult.

Det var grekarane som kalla gudane ved Lysippes tempel for Ares og Arthemis. Amazonene hadde nok andre namn på desse to, men det dreide seg altså om ein maskulin og ein feminin guddom. Tauropolos er også eit gresk namn, som burde tyde "byen i landet Tauros". Landet Tauros låg på Krim-halvøya (i alle fall i ein periode). Både tartarar og taterar hevdar å stamme frå Tauros, men dette riket er yngre enn amazone-rika.

Så hevdar nokre forskarar at namnet Tauropolos har ei anna tyding - at det tyder "Okse-temjar". Dette kan gi meining, fordi Arthemis Thauropolos vart dyrka i mange byar; det er utgravd fleire ulike tempel for denne gudinna, og ved desse templa er funne veggmåleri som viser ei kvinne som sit i ride-sal på ein okse. Var gudinna ei oksetemjar-gudinne? Var oksen hennar maskuline gude-partnar? Men Ares tyder "vær"! Har dei greske mytografane feiltolka amazonene sin religion? Det er mykje mulig, for dei tok det ofte lett med kjeldekritikk, og dessutan fokuserte dei mykje på å "vri det til" slik at framande religionar samsvarte best mulig med gresk gudstru.

Men under gresk namn vart kulten omkring Arthemis Tauropolos populær, og det vart oppført tempel for denne gudinna mange stadar. Ein trur at også den mektige DIANA-kulten ved Nemi-sjøen på den italienske halvøya, vart nytt til Arthemis Tauropolos. (Sjå DIANA).

Det er fortalt om amazonene at dei kom frå Kaukasus-traktene, og hadde ei tusenårig kulturhistorie bak seg før vi møter dei i den greske mytologien. Dei var inndelt i fem klanar, som alle rekna seg å stamme frå ei felles ur-mor - ei legendarisk dronning. Kvar klan vart til ei kvar tid regjert av to dronningar - der den eine bestyrte religionen, og den andre tok seg av det praktiske. Amazonene levde nomadisk, og budde i telt av dyrehuder, eller i jordhytter når dei budde fast på samme stad i noko tid. Dei ulike klanane gjennomførte årlege vandringar etter faste vandringsruter. Truleg hadde dei kveg-flokkar, og dei vandra for å finne godt beite for kveget, i dei ulike årstider.

Amazonene brydde seg ikkje det minste om kva som var sømeleg for kvinner (ifølge grekarane). Dei var krigarar, og dei var dei første som byrja med ryttar-tropper (kavalleri). Dei bar messing-bogar og korte, halvmåne-forma skjold... (dette tyder på at dei dyrka ei Måne-gudinne). Deira hjelmar og krigsrustning var laga av dyrehuder.

Amazonenes kulturhistorie gjekk inn i ein ny fase då dei byrja etablere byar som var bebudde på heilårsbasis, som Themiscyra. Amazone-dronningane var blitt svært mektige nå, og dei bygde seg residens-byar med tempel for gudinner og gudar, og med bymurar omkring. Hæravdelingar av amazoner deltok i mange av krigane som grekarane utkjempa, på eine eller andre sida - oftast som leige-hærer, ser det ut til.

Men etter denne stormakts-perioden, vart amazone-riket utmanøvrert av andre folk og riker, og bukka etter kvart under.

Lysippe vart drept i strid, men hennar etterkomarar ekspanderte vestover og erobra Trakia, og dessutan Frygia i sør. Tre vidgjetne amazone-dronningar - Marpesia, Lampado og Hippo, la under seg store delar av Lille-Asia og Syria, og grunnla byane Efesos, Smyrna, Cyrene, Myrine, Thiba og Sinope. I Efesos oppførte dei ein skulptur av ARTHEMIS under eit bøketre, og Hippo ofra til Arthemis. Så vart det framført ein skjold-dans, og etterpå ein rund-dans, med virvel-tromming i bakken og skjerande blåsing i plystrer. (For ATENE hadde ennå ikkje funne opp fløyta).

Det vart seinare bygd eit tempel omkring denne Arthemis-statuen i Efesos - meir strålande enn Apollon-templet i DELFI, og Arthemis-templet i Efesos er blitt rekna som eitt av verdas sju underverk. To elvar, som begge bar namnet Selenos, rann omkring templet - kvar sin veg. (Sjå SILENOS 1).

Amazonene erobra også byen Troja, og tok stort krigsbytte der. PRIAM var då endå bare barnet. Hovudstyrken til amazonene drog heim med krigsbyttet, medan ein mindre flokk vart att for å konsollidere stillinga. Men så vart dei angripne og drivne ut av barbariske stammer, og amazone-dronninga Marpesia vart drept i denne striden.

HERAKLES kom til amazonene ved Thermodon-elva, var dei tre amazone-byane her regjerte av dronningane HIPPOLYTA, ANTIOPE og Melanippe.

(Sjå også AMAZONENE og SILENOS 1).

 

Til framsida:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

                                                                                             

 


 

1