GRMYT   M                                    Til framsida:

 

MACRIS

MARS

MELIAENE

MERKUR
MOLOSSOS

MAENADENE

MARSYAS

 

 

 

MAGNA MATER

MEDEA

MELISSA

MEROPE

MUSENE

 

MEDUS

 

METIS

 

MAGNES

MEDUSA

MELISSEOS

METOPE
MYRMIDONANE

 

 

 

MIDAS

 

MAIA

MEGAERA

MELPOMENE

MINERVA

MÅNEN

 

 

 

MINOS

 

MAKARIA

MEGARA

MEMNON

MINOTAUROS

 

 

 

 

 

 

MANES

 

MENELAOS

MITRA

 

 

 

 

 

 

 

MANIA

MELEAGER

MENOITIOS

MNEMOSSYNE

 

 

 

 

MOIRENE

 

 

 

MACRIS var ei fjellnymfe - ei av HYADENE. Hyadene vart sett på stjernehimmelen av ZEVS som takk for at dei tok vare på DIONYSOS-bukken då han måtte ligge i dekning for HERA's vreide. Dette skjedde på NYSAFJELLET, og Hyadene vart også kalla Nyseïdene Dei var: Macris, Erato, Bromie, Bacche og Nysa.

 

 

Tekstboks: LINK:
 


MAENADENE  - sjå link:

 

 

 

MAGNA MATER  tyder "Store Mor". Ho var romarane si store mor-gudinne og natur-gudinne - "Mor Natur". GAIA og TERRA var gamle namn på Magna Mater. Mange av dei større gudinnene kunne få rolla som Magna Mater. CYBELE var i lange periodar den mest nytta. Cybele var importert frå Frygia som Store Mor-gudinne.  

Magna Mater-kultar kjenner vi heilt frå steinalder-tid, mellom anna frå den tyrkiske oldtidsbyen Catal Huyuk. Her hadde dei også ein okse-kult. Dyrka mennene oksen medan kvinnene dyrka Jord-gudinna? Jorda måtte gjerast fruktbar, og oksen var eit fræve-symbol.

Malta var eit stort kultsenter for Magna Mater - kanskje også Stonehenge i England. Nokre forskarar trur at det ligg ein gammal heilagdom for Jord-gudinna under Peterskyrkja i Roma. Rituala trur vi vart utført i friluft på heilage stader (som Stonehenge), eller i grotter, som vart rekna å ver spesielt heilage sidan dei symboliserer jordas indre. Det vart utført menneske-ofring. Les meir om dette under FORORD til greske gudar.

 

Tekstboks: LINK: Tekstboks: LINK 2:
 

 

 


 

MAGNES (Fleirtallsord). Nemning som romarane brukte på dei avdøde sine ånder.

 

MAIA var ei av dei sju NYMFENE, kalla PLEIADENE - døtre av ATLAS og OKEANEIDA PLEIONE. Til tider vart dei ihopblanda med ein annan flokk av nymfer: HESPERIDENE.

 

Her er liste over Pleiadene, med sexual-partnarar og avkom:

 

 

PLEIADE:

Partnar:

Barn:

 

 

 

1. Electra

Zevs

Dardanos

2. Taÿete (Taigete)

 

 

3. Maia

Zevs

Hermes

 

Pontos

Keto

4. Calaeno (Kelaeno)

 

 

5. Alcyone

 

 

6. Asterope (Sterope)

 

 

7. Merope

Sisyphos

Galucos

 

 

Maia fekk sonen HERMES med ZEVS. Med PONTOS fekk ho dattera KETO, som vart eit hav-uhyre, og mor til ei rekke andre uhyre. Maia var den mest populære av Pleiadene, sidan ho var mor til Hermes. Ho vart dyrka i Romarriket, og fekk månaden mai oppkalla etter seg.

Tekstboks: LINK:
 

 

 


MAKARIA var datter av HERAKLES/MEGARA. Sjå HERAKLES.

 

MANES  (Dette er eit fleirtallsord). Manes var dei avdøde sine ånder, hevda romarane.

 

MANIA var ei romersk/etruskisk døds-gudinne. Ho var også vaktpost i Underverda, saman med Mantus - ein etruskisk gud. Namnet Mania er gresk, og tyder galskap. Mania var rekna å vere mor eller bestemor til attergangarar (spøkelse). Og truleg var ho mor til hushalds-guddommane LARENE og NANENE.

MARPESSA var romersk gudinne- datter av Evenus, og barnebarn av ARES. Ho fekk eit problem: APOLLON var forelska i ho, men det var også Idas - ein av ARGONAUTANE. Så skjedde den galskapen at Idas snappa Marpessa opp i vogna si, og Evenus tok sjølvmord då ham innsåg at han ikkje kunne få dattera si tilbake. Så tok Apollon Marpessa frå Idas, på same måte som Idas hadde stole jenta frå far sin. Då Apollon og  Idas møttes til kamp, blanda ZEVS seg inn, og sa at Marpessa kunne velje mellom dei to friarane.

 

MARS var romersk motstykke til den greske krigsguden ARES, men opphavleg var Mars ei utgåve av DIONYSOS. Mars var romarane sin krigsgud - ein av gudane dei sette høgst. I tidleg romersk historie var han gud for vår, grøde, fræve, og han verna om krøttera. Mars var også jord-gud, og han vart seinare gud for død og gud for krig. Hans heilage tre var bergflette - bergflette-stammer vart brukt som stav og slagvåpen.

Mars var son av JUPITER og JUNO. Somme kjelder hevdar at Mars var far til ROMULUS og REMUS, med vestalinna RHEA SILVIA som mor. Desse to brørne var Romas grunnleggarar, og romarane kalla seg av den grunn "Søner av Mars".

Templet på Capitol var største heilagdom for Mars. Dette delte han med JUPITER og QUIRINIUS. Eit anna viktig Mars-tempel var templet til "Mars Gradivus" (han som går fremst i striden) - i dette templet hadde romarane samling før dei gjekk i krig.

Forum Augustus låg templet "Mars Ultor" - (hemnaren).  Campus Martius (Mars-markene låg utanfor murane, og var også dedikerte til Mars. Her trente soldatane drill og krigskunst.

Mars sine lanser vart oppvara i Regia på Forum Romanum. Dersom desse lansene rørte på seg, så var dette varsel om krig. Ein hærførar som skulle leie armeen i krig, måtte flytte på lansene, medan han uttalte: "Mars Vigila" (Mars er vaken).

Det var fleire fest-dagar til ære for Mars. 1. mars..."Feriae Marti". 19. oktober var "Armilustrium". På denne dagen vart soldatanes våpen rituelt reinsa, og sette på lager for vinteren. Kvart femte år var ein Mars-fest som vart kalla "Souvetaurilia". Ein gris, ein sau og ein okse vart ofra (sus, ovis, taurus). "Equirria" var 27. februar og 14. mars. Då vart det arrangert hesteløp. "Tubilustrium" var 23. mars. Då skulle krigs-trompetane reinsast.

Mars' prestar, som også var prestar for Quirinius, vart kalla Salii. Namnet tyder "hopparar". Dette kjem av at dei hoppa i prosesjon gjennom gatene, medan dei sang Carmen Saliare. Mars hadde også nokre prestar for seg sjølv åleine, kalla "Dei flammande martialis".

Mars vart avbileta som krigar i full rustning, med skjold og toppa hjelm. Hans heilage dyr var ulven og hakkespetta, og han hadde to følgesveinar - Fuga og Timor, som var personifiseringane av flukt og frykt. Mars månad er oppkalla etter Mars. Krigar vart gjerne starta om våren.

Tekstboks: LINK: Tekstboks: LINK 2: Tekstboks: LINK 3:
 

 

 

 


MARSYAS var ein SATYR. Namnet hans tyder "kjempar". Ein gang var han så dristig at han utfordra APOLLON til musikk-tevling. Han hadde fått tak i ei fløyte som ATENE hadde laga, men så hivd frå seg. Apollon satte som vilkår at den som vann konkurransene skulle få gjere med taparen det han ville. Apollon vann, og flådde så Marsyas levande. Blodet vart til ei elv som ennå heiter Marsyas.

Tekstboks: LINK:
 

 

 

 


MEDEA var datter av kong AEËTES - konge i landet Colchis. Ho var prestinne for HECATE, og ho var kusina til KIRKE og omgangen med desse gjorde henne etter kvart svært trollkunnig. Ho brukte trollkunstene sine til å hjelpe JASON, i byte for Jasons lovnad om evig truskap, og at han ville ta henne med til Hellas. Jason var på jaskt etter å få tak i Det Gylte Skinn, og ho hjalp han (ved å gjere han usynleg), til å få tak i det.

Medea sigla så frå Colchis med Jason og ARGONAUTANE. Ho hadde med sin yngre bror APSYRTOS. For å sleppe unna farens forfølging, drepte Medae broren, og strødde kroppsdelane hans på havet. Faren vart då hefta med å samle desse opp.

 (I ei anna myte heiter det at det var Jason som drepte Apsyrtos, som Aeëtes hadde sendt for å stoppe rømlingane).

Heime i Hellas viste det seg at Jasons vonde onkel, PELIAS, hadde drept Jasons' foreldre. Medea hjalp til med hemnen. Ho slakta ein gammal sau og kokte han i bitar. Med Pelias' døtre som tilskodarar, sa ho eit trylleformular over gryta, og eit friskt saue-lam hoppa då ut av denne. Døtrene ville gjere far sin ung på same vis. Medea gav han sovemedisin, og døtrene slakta og kokte han. Men Medea var no forsvunnen, og det vart ikkje liv i Pelias meir.

Etter dette rømde Jason og Medea til Korint, og fekk to søner og to døtre. Dei levde lukkelege der, til Jason vart forelska i Glauce, dattera til kong CREON av Korint. Medea drepte prinsessa ved å gi ho ein forgifta kjole. Ho drepte også dei to sønene sine, så ikkje Creon skulle få ta hemn på dei.

For sønedrapa måtte Medea så røme for Jason, og ho flaug til Aten i ei kjerre med venger. Her vart ho sambuar med kong AEGEUS, og fekk sonen MEDUS med han. Ved sine trolldomskunster vart ho klar over at Aegeus, utan å vite det, var far til heroen THESEVS, som no ankom Aten. For at ikkje han skulle stikke kjeppar i hjulet for planane hennar, inviterte ho han til ein bankett, og gav han eit gift-beger å drikke. Aegeus var med på komplottet - han frykta Thesevs som rival om makta. Men heldigvis gjorde Thesevs kjent at han var Aegeus' son, før han drakk, og Aegeus slo då begeret ut av hendene hans.

Medea måtte rømme til Asia. Ho hadde med sonen Medus, som vart stamfar til medearane: Landet deira vart kalla Medea.

Tekstboks: LINK:
 

 

 

 

 


MEDUS var son av MEDEA og kong AEGEUS av Aten. Medus var med mora si då ho måtte rømme frå Aten. Dei slo seg ned i Asia, og Medus vart stamfar til medearane, og grunnla nasjonen Medea.

 

MEDUSA  ("den utspekulerte") var ein av dei tre GORGONENE - nokre fæle uhyre - døtre av havguden PHORCYS og kona hans KETO.  Medusa var mor til CHRYSAOR og venge-hesten PEGASOS. Det var havguden POSEIDON som var far til desse to. Chrysaor og Pegasos sprang ut av halsen på Medusa då ho vart drept av heroen PERSEOS.

Den som fekk sjå Medusas fæle hovud vart til stein. Med Medusas hovud greidde Perseos å forsteine kong Polydectes og livgarden hans. Det er sagt at aegearane var skapt av huda til Medusa, som ho vrengte av seg då Perseos fekk tak i ho.

Det er sagt at Medusa var ei vakker kvinne før ATENE oppdaga at ho hadde elska med Poseidon i Atenes tempel. Som straff forvandla Atene henne til eit monster, med utståande auge, svulmande tunge og slangar til hår. Seinare fann Atene på å kle seg ut som Medusa når ho ville avskrekke publikum. Prøv å lage deg ei Medusa-maske, så skal du sjå det verkar! 

(Sjå meir under GORGONENE).

Tekstboks: LINK 1: Tekstboks: LINK 2:
 

 

 

 

 


MEGAERA tyder "Den svartsjuke".  Ho var ei av dei tre ERINYENE - hemngudinner frå Underverda.

 

MEGARA  var datter av kong CREON av Thebe. Ho vart HERAKLES' første hustru. I vansinn som HERA kasta over han, drepte han ho og borna han hadde med ho.

 

MELEAGER  var son av dronning Althaia av Calydon. Ved fødslen var dei tre MOIRERENE der, og gav han kvar si gåve. CLOTHO bestemte at han skulle bli tapper og modig, LACHESIS gav han overmenneskeleg styrke, og ATROPOS la eit vedtre på elden, og bestemte at han skulle leve til dette var brent opp. Althaia drog då treet or elden, og vakta godt på det.

Då Meleager vart vaksen, forelska han seg i ei arkadisk ungjente som heitte ATLANTA. Atlanta var fager men mannhaftig, og hadde ikkje hug på å gifte seg. Ho ville kappspringe med alle friarane sine, og gifte seg med den som slo ho i tevling. Men dei som tapte drepte ho med dolk.

Mange friarar hadde omkome ved dette, men Meleager var betre budd. Av AFRODITE hadde han fått tre gylte eple frå HESPERIDENE sine hagar, og under kapplaupet heiv han frå seg desse rett framfor Atlanta, og ho greidde ikkje late vere å plukke dei med seg. Såleis vart ho hefta, og Meleager vann kapplaupet.

Atlanta vart no viljug med Meleager heim til Calydon. Der herja då ein fæl villgalte av enorm storleik. Meleager og Atlanta - samt ein stor skare vidgjetne jegarar drog ut for å ta galten. Atlanta var den som først såra galten. Meleager drepte den til sist, og skjenka hovudet til Atlanta. Dei andre jegarane mislikte dette - særleg Meleagers to morbrør, og dei prøvde rykke hovudet frå Atlanta. Meleager kom til hjelp, og drepte morbrørne sine. Då mor hans fekk vite dette, vart ho harm og heiv vedtreet på elden.

Tekstboks: LINK:
 

 

 

 

 


MELIA`ENE var NYMFER som høyrde manna-ask-treet til.  Dei vart født av GAIA - ho vart gravid då ho vart råka av URANOS' bloddråpar råka av  bloddråpar. Dette skjedde då CHRONOS kastrerte Uranos.


MELISSA vart også kalla (MELITTA). Ho var ei NYMFE - (datter ?? av kong MELISSEOS av Kreta). Det  kan hende det var Melissa som oppfostra ZEVZ-barnet på geitemjølk frå geita AMALTHEA, då han var gøymt i ei hole på berget IDA på Kreta, så ikkje faren, CHRONOS skulle sluke han. Det er sagt at bier kom med honning til Zevs. Namnet Melissa har med honning og bier å gjere - melitta tyder honning-bi.

Melissa vart personifisert som bi-dronning, og det er sagt at det var ho som lærte menneska å bruke honning.

Her vert det vanskeleg: Det er sagt at Melissa og MELISSEOS var ein og same person, og at Melisseos ikkje var far til nymfene IO og ADRASTEIA, men tvertimot mor deira, og då under namnet Melissa. Som bi-dronning slukte Melissa kvart år sin mannlege sex-partnar.

Vi veit ikkje mykje konkret om Melissa. Truleg er viktig kunnskap gått tapt. Slik vert Melissa eit mysterium. Eitt er sikkert - ho hadde ei viktig rolle i opphavs-mytene - dei som handla om detroniseringa av Chronos.

Melissa var også namnet på prestinnene til DEMETER og ARTHEMIS, og

Melissa er det latinske namn på plante-slekta mynte. På norsk har vi ordet melis av Melissa.

 

MELISSEOS var ein legendarisk, kretisk konge - far til nymfene IO og ADRASTEIA, som pleide ZEVS då han som barn låg i dekning på Kreta. Det er også hevda at Melisseos var far til MELISSA.

 

MELPOMENE var ei av musene. Sjå MUSENE.

 

MEMNON var ein etiopisk konge som deltok i trojanar-krigane.

Memnon var son av TITHONOS og EOS. Han kom med ein hær av etioparar for å berge Troja, som var beleira av grekarane. Han utførte mange heltebragder under striden - drap mellom anna ANTILOKOS - son av NESTOR. Memnon vart drept av ACHILLES i siste slaget. Eos gråt då sine modige tårer, og ZEVS vart rørt derved, og gjorde Memnon udøyeleg.

 

MENELAOS var bror av AGAMEMNON og konge av Sparta. Han vart gift med "Den Skjønne HELENA" - vakrast av alle kvinner. Ho vart røva av prins PARIS av Troja. Då tok Agamemnon leiinga over den greske hæren, og drog mot Troja for å hente ho tilbake. Menelaos var førar for ei avdeling av hæren. Krigen vart langvarig, men til sist kunne Menelaos bringe Helena tilbake til Sparta. Paret fekk dattera Hermione. Etter sin død kom dei til Dei Elyseiske Markar, der dei levde vidare til evig tid.

Tekstboks: LINK:
 

 

 




MENOITIOS var son av IAPETOS/CLYMENE og  bror av ATLAS, PROMETHEVS, EPIMETHEVS. Desse fire brørne var mellomledd mellom gudar og menneske.

 

MERKUR var romersk motstykke til HERMES. Merkur var gudanes sendebod. Han var son av JUPITER/MAIA. Maia var datter av titanen ATLAS. Merkur var gud for handel og kjøpmannskap, og likna i mangt på den greske Hermes. Romarane byrja dyrke Merkur i 495 fvt.- då eit tempel vart innvigd til han, nær Circus Maximus. 15. mars var festdag for Merkur.

Tekstboks: LINK 3:
Tekstboks: LINK 1: Tekstboks: LINK 2:
 

 

 

 


MEROPE  var ei av dei sju nymfene HESPERIDENE (PLEIADENE) - døtre av ATLAS og PLEIONE. Ho gifte seg med SISYPHOS (han var av døyeleg ætt), og med han fekk ho sonen BELLEROFON. Pleiadene hamna på stjernehimmelen (Sjustjerna), men Merope skin ikkje like klart som sine søstre - det er sagt at det er avdi ho gifte seg med ein døyeleg.

 

 

METIS  var datter av OKEANOS og TETHYS. Ho vart ZEVS' førstekone. Då Zevs første gang la sin hug etter Metis, skapte ho seg om til mangt for å sleppe unna Zevs, men til slutt fekk han tak i ho, og ho vart gravid med ei datter - ATENE.

Eit orakel spådde at Metis skulle føde eit jente-barn, og at om ho fekk eit barn til, skulle dette verte ein gut som skulle detronisere Zevs. Zevs ana uråd. Han lokka til seg Metis, og brått opna han munnen og slukte ho. Dette vart slutten for Metis, men Zevs hevda at ho sidan hadde tilhald inni han, og fungerte som rådgjevar for han.

Etter ei tid vart Zevs råka av fæl hovudverk, og måtte få hjelp av smedguden HEFAISTOS til å opne hovudet. Ut kom PALLAS ATENE, i full rustning med sverd og lanse. Sidan Metis døde før Atene vart født, rekna grekarane henne ikkje som mor til Atene.

Metis var ei av dei gamle TITANANE, gudinne for visdom....ho var jamvis med Zevs.

Tekstboks: LINK:
 

 

 



METOPE var ei elvenymfe - datter av elva LADON. Ho gifte seg med elveguden ASOPOS, og fekk to søner og tjue døtre. Ei av dei var AEGINA, som vart bortført av ZEVS.

 

MIDAS var ein konge av Frygia som var mykje plaga. Han gjekk omkring og sa at PAN var vinnaren i ei musikk-tevling mellom han og APOLLON, endå det var Apollon som hadde blitt utropt til vinnar. Apollon vart irritert, og skapte Midas' øyrer om til esel-øyrer. Midas gøymde øyrene sine under ein stor hatt, men barberaren hans fekk auge på dei. Barberaren hadde vanskeleg for å halde på løyndommar, men han gjorde sitt beste. Han grov ei hole i marka, og kviskra ned i hola: "Kong Midas har esel-øyrer!" Så grov han att holet. Men over hola vaks det opp høge grasstrå, og når vinden bles gjennom graset, kunne alle høyre, i susinga i graset, dei nedgravde orda. Grasa kviskra: "Kong Midas har esel-øyrer!"

Ein gang fekk kong Midas ei gåve av DIONYSOS, fordi han hadde hadde skaffa tilbake Dionysos' lærar, SILENOS. Gåva var den magi at alt Midas tok i skulle verte til gull. Magien verka, men Midas vart ganske fortvila då både sild og poteter vart til gull så han ikkje fekk i seg mat. Kona hans vart visst også til gull.

 

Tekstboks: LINK 1: Tekstboks: LINK 2:
 

 




 

MINERVA var romersk motstykke til ATENE. Ho var gudinne for handverk, og oså skulebarna si verne-gudinne. Dessutan var ho gudinne for kunst og torghandel. Ei ugle var hennar heilage fugl, og ein ugle-art har namn etter ho - Minervas ugle. Saman med JUPITER og JUNO vart Minerva dyrka i det store templet på toppen av Capitol-høgda i Gamle Roma.

Tekstboks: LINK 1:
 

 

 

 

 


MINOS  var son av ZEVS og EUROPA.  Zevs bortførte Europa til Kreta, og der fødte ho dei to sønene Minos og RHADAMANTHOS.

Mange av kongane på Kreta er blitt identifisert med Minos - fleire av dei bar namnet Minos. Frå sin hovudstad Knossos, erobra Minos mange av øyane i Egearhavet, og mange hellenske byar vart provinsar under Kreta. Minos vart sett på som ein rettferdig konge.

Ein gong nekta Minos å ofre yndlings-oksen sin til havguden POSEIDON. Som straff ordna Poseidon det slik at Minos' kone, PASIPHAË, vart forelska i oksen, og etter ei tid fødte ho monsteret MINOTAUROS.

Kong Minos hadde ein son som heitte ANDROGEOS. Han deltok ein gang i dei olympiske uidretts-leikane i Aten, og vann alle øvingane. Nokre vart svært sjalu på han der, og drepte han. 

Minos ville straffe atenarane for dette. Han drog ut med flåten og gjekk til krig. Atenarane vart slått, og Minos herja byen. Atenarane måtte gå med på ein ferdsavtale: Kvart år måtte Aten sende sju unggutar og sju ungjenter til Minos - dei skulle ofrast til Minotauros, som hadde fått tilhald i den berømte Labyrinten i Knossos. Det var grekaren DAIDALOS som var arkitekt for labyrinten, og også for andre byggverk som Minos let føre opp. På grunn av noko usemje sette Minos Daidalos i fangenskap i labyrinten, men Daidalos greidde å rømme ved hjelp av ein hang-glider han hadde funne opp. Minos forfølgde han til Sicilia. Der vart han drept i badekaret, av døtrene til kong Kokalus av Kamikus.

Tekstboks: LINK:Så fekk Minos i oppdrag å vere ein av dommarane i Underverda, saman med broren sin, Rhadamanthos.

 

 

 

MINOTAUROS var okse-uhyret i labyrinten på Knossos - Kreta. Han var son av den kretiske okse, som POSEIDON hadde sendt på bølgene, og som HERAKLES temde. I ein annan myte heiter det at oksen var avkom til ein av kong MINOS' sine oksar og Minos si kone, PASIPHAË. Minotauros vart til sist drept av heroen THESEVS.

Tekstboks: LINK:
 

 

 

 


MITRA var korkje gresk eller romersk, men persisk. Likevel hadde denne guden til tider mange tilhengarar i Romarriket. Mitra var krigsgud og vernegud for soldatane. Han vart også kalla Lysets Herre.

Tekstboks: LINK: Tekstboks: LINK 2:
 

 

 


MNEMOSYNE  var gresk minne-gudinne - født av GAIA/URANOS, og ho var ein av TITANANE (dei eldste gudane). Om du skal hugse mangt og mykje, så må du vende deg til Mnemosyne. Mnemosyne sov med ZEVS i ni netter, og vart mor til dei ni MUSENE.

Tekstboks: LINK:
 

 

 




MOIRENE , som også vart  kalla PARCERENE, var greske lagnadsgudinner (norner). Dei heitte CLOTHO, LACHESIS og ATROPOS. Dei hadde som oppgåve å spinne, tvinne og klippe av menneskas livstråd. Clotho rådde over fødselstimen, Lachesis styrde livslaupet og hendingar i livet, og Atropos fastsette dødstimen - ho klipte av livstråden med saksa si.

Moirene gav kvar si fødselsgåve til prins MELEAGER: Clotho bestemte at han skulle bli tapper og modig, Lachesis gav han overmenneskeleg styrke, og Atropos la eit vedtre på elden, og bestemte at han skulle leve til dette var brent opp.

           

DET GRESKE ALFABETET

Det var moirene som byrja nybrotsarbeidet med å lage det greske alfabetet. Dei fann opp dei fem vokalane og konsonantane B og T. Palamedes, son av Nauplius, fann opp 11 fleire konsonantar, og HERMES forenkla desse - han såg på traner som flaug i plog, og gav bokstavane v-former. Traner var HERMES sine heilag-fuglar. Som alfabet-konstruktør var Hermes poetane sin vernegud

Den egyptiske gud Thoth nytta ibis i staden for traner - han var Hermes' egyptiske motstykke.. Hermes introduserte dette systemet i Egypt, og KADMOS brakte det tilbake til Hellas (Boötia). Snart kom det til Italia, og vart opphavet til det latinske alfabet.

Andre konsonantar har sidan blitt lagt til av Simonides av Samos og Epicharmus av Sicilia. Dei fann opp xi og psi, og fjerna H og F. Apollon-prestar har lagt til to vokalar: lang O og kort E. Slik fekk Apollons lyre ein vokal for kvar av sine sju strenger. Prestane sang hymner til Apollon ved å nynne dei sju vokalane i rekkefølge.

Først var alfabetet på 18 bokstavar. Alpha var den første, fordi alphe tyder ære.

Det greske alfabet var ei forenkling av dei kretiske hieroglyfane. Måne-prestinnene til IO og MOIRENE  heldt alfabetet i løynd i lang tid - det var graderte opplysingar som ikkje måtte kome ut mellom folk. Alfabetet var tett knytt til kalenderen, og vart ikkje skrive, men utforma av kvister frå ulike tre - kvar månad i året hadde sitt spesielle tre.

Det gamle keltiske alfabetet (som galliske druidar nytta når dei skreiv brev til Cæcar), hadde alle bokstavar med namn etter tre. Det var kalla Beth-luis-nion (bjørk-rogn-ask) etter dei tre første konsonantane, og ser ut til å ha same rot som det frygiske, pelaskiske og latinske alfabetet - 13 konsonantar og 5 vokalar.

 

Slik såg det først ut:

                A B L N O F S H U D T C E M G Ng R I

Dette alfabetet var det Hermes brukte. Keltarane laga eit hemmeleg fingerspråk utav det. Kvar konsonant representerte ein 28-dagars månad (det var 13 slike). Det heile byrja 2 dagar etter vinter-solsnu. Slik var det:

1.               B             bjørk (vill-oliven)                 24. desember

2.               L             rogn                                       21. januar

3.               N             ask                                         18. februar

4.               F             or (kornell)                            18. mars

5.               S             pil (slåpetorn)                      15. april

6.               H             hagtorn (vill-pære)              13. mai

7.               D             eik (pistasj)                           10. juni

8.               T             kristtorn                                8. juli

9.               C             valnøtt (hassel, eple, rogn)5. august

10.            M            vindrue                                 2. september

11.            G             bergflette (eføy)                  30. september

12.            Ng (Gn) sivrør                                     28. oktober

13.            R             hyll (myrt)                             25. november

 

Omlag 400 år fvt. var ein religiøs revolusjon, og bokstav-rekkefølga vart endra i samband med denne, for å tilpassast eit nytt kalender-system.: B L F S N H D T C Q M G Ng Z R.  Kvar vokal representerte nå eit kvart-år.

                                                              

O

gulltorn

vår

U

røsslyng               

sommar

E

poppel  

haust

A

furu (palme)

fødsels-tre (vinter)

I

barlind  

døds-tre (vinter)

 

Denne tre-orden går igjen i greske og latinske myter, og i religiøs tradisjon over heile Europa, samt i Syria og Lille-Asia.

Vårt alfabet, som byrjar med ABC, skriv seg frå fønikiske handelsmenn sitt forretningsspråk -dei hadde laga seg eit hemmeleg alfabet, med bokstavar som symboliserte gudar. Men dei var redde for å røpe rekkefølga dei hadde på gudane, (den var diskutabel), og derfor snudde dei om på bokstav-rekkefølga.

 

 

MOLOSSOS  var son av NEOPTOLEMOS og Andromache, og han var morbror til Alexander den store. Farfaren var ACHILLES. (Det er usikkert om desse opplysningane er rette).

Molossos skal ha vore stamfar til Molossarane. Det var eit folk som levde i fjellstrøka lengst nordvest i Hellas, og i sørlege Albania. Molossarane var den leiande folkestamma ved opprettinga av Epirot-sambandet.

Tekstboks: Epirot-sambandet
 

 

 

 


Det er uvisst om molossarane var av gresk eller illyrisk avstamming. Kanskje var dei eit blandingsfolk. Kanskje albanarane stammar frå molossarane. Grekarane i meir sentrale strok såg på dei som tilbakeståande og halv-barbariske. I 4. århundre fvt. hadde det molossiske kongehus tileigna seg gresk språk og kultur, og påstod seg å nedstamme frå Achilles. Molossarane administrerte ORAKLET I DODONA.

Molossarane avla tidleg store krigar-kongar. Aka Alexander – Molossaren førte krig i Italia, og døde i 330 fvt. Ein annan var PYRRHOS, som gav opphav til uttrykket Pyrrhos-siger. Han prøvde å erobre Makedonia, Roma, Italia, Sicilia og Hellas, og fall i år 272 fvt.

Molossarane skal ha avla fram den skumle hunderasen moloss-mastif, som vart nytta som krigshund – særleg av assyrarane. Det vart oppretta eigne hunde-kompani – strids-hundane hadde halsband med utstikkande knivblad, og var ikkje gode å kome ut for når dei slapp laus. Stundom hadde også motstandarane hundekompani, og det gjekk blodig for seg på slagmarka.

Tekstboks: MOLOSSAR-HUND Tekstboks: MASTIF
 

 


MUSENE  var MNEMOSYNE sine døtre med ZEVS. Dei var greske vernegudinner for kunst og vitskap. Opphavleg kom musene frå eit berg-strok som heitte Pieria. Så busette dei seg på berget Helikon eller berget Pindus, men møtte Apollon på Parnassos.

 

 Musene var søstre, og heitte:

 

CLIO 

historieforteljar

EUTERPE     

fløytespel og blåsemusikk

THALIA 

komedie

MELPOMENE

tragedie

THERPSICORE

dans

ERATO         

kjærleikslyrikk

POLYHYMNIA

religiøs korsang

CALLIOPE   

helte-dikting

URANIA

astronomi

 

Kvar muse styrte med sin kunstart. Dei inspirerte filosofar, musikarar, poetar og andre som dreiv med skapande arbeid.

På Olympen sat musene tett attved ZEVS, og dei sang sangar om hans stordom og om opphavet til verdas og verdas bebuarar. Og om stordådane til HEROANE. 

Ord som musikk, museum og mosaikk er kalla etter musene.

Stundom trona APOLLON på Parnassos - omgjeven av dei ni musene. Dei var hans nære venner, og hjalp han å verne om skaldekunst og musikk.

Nordanom DELFI reiser fjellet Parnassos seg 2 500 meter høgt. Ved fjellfoten renn ei kjelde, med vatn som er svalt og nyttig å drikke for poetar.

På berget Helikon var også ei kjelde. Denne heitte Hippokrene, og sprang ut der vengehesten PEGASOS ein gang rørte ved marka med ein fot. Pegasos var musene sin yndling, og diktarane sin spesielle ridehest. BELLEROFON fekk låne Pegasos av musene, og på denne hesten sigra han over uhyret CHIMAERA.

 

            OM MUSENE SI HISTORIE:

Opphavleg var det bare ei muse, men sidan vart det tre av dei, kalla Melete, Mneme of Aoede. Dei var NYMFER (truleg  tempel-prestinner som representerte ein Trippel-guddom), og det bygde seg opp ein religiøs kult omkring dei. Denne kulten fekk ein avleggar på fjellet Pindus (Helicon). Dei tidlege greske kultane var ofte knytt til fjell og fjelltoppar. Etter kvart vart musene ni i tall, og dei vart dyrka over heile Hellas - men mest i strøk det det var mange vasskjelder og brønnar, som i landskapet Boøtia. Helicon-fjellet låg her, og ved fjellet var to brønnar som vart vigde til musene. Brønnane heitte Aganippe og Hippocrene. Også DELFI med fjellet Parnassos var favorittstad for musene, og her vart APOLLON leiar for dei - han vart i den eigenskap kalla Musagetes.

 

 

Tekstboks: KART:                            PINDUS - C3 på kart:

                            PIERIA -  B4 på kart:

 

 

 

 

MYRMIDONANE var innbuarane på øya Aegina, som låg i Korint-bukta. Ein gong regjerte dronning Aegina på øya, og øya er oppkalla etter henne. Dessverre var ZEVS igjen på farten. Han forelska seg i dronning Aegina, og ho fødte han sonen AIAKOS.  HERA vart som vanleg forbanna, og sendte ein pest til øya, som utrydda dei fleste av øybuarane. Prins Aiakos arva trona etter mora si, men han sat no med eit kongerike utan folk. Ein dag sat han og stura over dette, og studerte eit tog av hærmaur som passerte. Då bad han til far sin, Zevs - at han skulle skape maurane om til menneske - mange nok til å fylle øya med nye invånarar. Og han bad om at  det måtte vere mange gode stridsmenn mellom dei.

Så gjekk Aiakos heim til palasset sitt, men snart ropte sonen hans, TELAMON: "Far, far...det står ein bråte med folk utanfor porten og spør etter deg!

Zevs hadde høyrt bøna, og ordna ut. Maurane vart til menneske, og fordi innbuarane av Aegina kjem frå ei maurtue, vert dei kalla Myrmidonane. Det greske ordet for maur er myrmêkes.

 

ACHILLES  var soneson av Aiakos. I trojanarkrigen stilte Achilles med ein flåte på 50 skip - kvart av dei bemanna med 50 myrmidonar.

 

 

Tekstboks: KART:                                   AEGINA: E5 på kart:

 

 

 

 

MÅNEN   -   MÅNEGUDINNA 

 

Gudinner som har vore aktive som MÅNE-GUDINNE:

ALKYONE (2)

DIANA

IO

NEREIS

ANNA PERENNA

EVRYNOME

LETO

SELENE

ARTHEMIS

HECATE

LIBYA

THETIS

ATENE

HERA

LUNA

 

 

(Sjå også SELENE, LUNA og ALKYONE 2)  I tidlege tider- før den olympiske gudefamilien si tid, var SOLA og Månen himmelske symbol for Den guddommelege allmektige all-mor (sjå HESTIA). Månen var viktigare enn sola - lyste like klart året igjennom. Månen høyrde natta til - mystikk og mykje overtru og mørkeredsle var knytt til Månen. Månen var feminin, og Sola var maskulin. Dette kjenner vi att frå m.a. fransk, der det heiter la lune og le soleil. I germansk (og nordisk) mytologi var dette omvendt - det er rimeleg at sola vart opplevd som den mest feminine, moderlege, fruktsommelege i det kalde nord, der det var solvarmen som gav von om vokster og grøde. Ved Middelhavet vart gjerne grøden øydelagt, svidd, uttørka av solvarmen, men ei gammal tru var at Månen sørgde for vatn til åkrane.

Månens tre fasar - ny, full og gammal - samsvarte med tre fasar i kvinnas liv: jente, nymfe (gifteferdig) og kjerring. Når det gjaldt sola sine fasar, så samsvarte våren med jenta, sommaren med nymfa og vinteren med kjerringa. Om våren gav plantene blad og knoppar, om sommaren blomster og frukt, og om vinteren ingenting. (Det ser ut til at dei gamle folka ved Middelhavet greidde seg med tre årstider).

Sola vart tre-einig, men vart overstråla av Månen som vart tre ganger tre-einig. Men tilbedarane av Månen gløymde aldri at Månen var ein guddom - så seint som i klassisk tid fans det heilagdomar (tempel) for Måne-gudinna, m.a. eitt i Stymphalos, der alle dei ni utgåvene av Måne-gudinna bar namnet HERA.

 

Tekstboks: LINK:
 



 
                                Til framsida:

 

 



 


 

 


 

 
 

 

 



1