GRMYT         N

                                                                                              Til framsida:

 

 

NAJADER

NATTA

NEREIDER

NOTOS

 

 

 

 

NANENE

NEFELE

NEREIS

NUMITOR

 

 

 

 

NARKISSOS

NEMESIS

NEREOS

NUNDINA

 

 

 

 

 

NEOPTOLEMOS

NESSOS

NYMFER

 

 

 

 

 

NEPHELE

NIKE

NYSA

 

 

 

 

 

NEPTUN

NIOBE

NYX

 

 

 

 

 

 

NAJADER var NYMFER som levde i elvar og innsjøar. Nokre av Najadene vart mødre til nokre av DANAIDENE. Det er fortalt om ei Najade som heitte Creusa. Ho fekk ein son med elveguden Peneios, som vart "Høg-konge i Lapiths". (Denne høgkongen var sikkert øvsteprest i eit tempel). Han gifte seg med ei anna Najade som heitte Chlidanope, og dei fekk ei datter som heitte CYRENE. Ho må du lese om!

Tekstboks: LINK:
 

 

 


NANENE var romerske små-guddommar for hushald.

NARKISSOS  var ein vakker, ung mann frå byen Thespiai i Bøotia. Han var son av elveguden KEPHISSOS og elve-nymfa LIRIOPE.

Altfor mange kvinner vart forelska i Narkissos, men han gjengjeldte ingens kjærleik. Mellom desse ulykkelige var fjell-nymfa EKKO. Ho hadde bare halve stemma tilbake, og kunne ikkje fortelja han om sin kjærleik. Men ein dag då Narkissos gjekk i skogen, kom han vekk frå selskapet sitt. Han ropte "Er det nokon her?" Ekko svara glad: "Her, her!" Narkissos kunne ikkje sjå nokon mellom trea, og ropte "Er du der, så kom!". "Kom, kom", svara Ekko - ho steig ut av skogen med framstrekte armar. Men Narkissos ville ikkje ha noko med henne å gjere. Ho vart så audmjuka at ho gøymde seg i ei fjellhole, og lekamen hennar svann hen så bare den halve stemma var att av henne. Hi halve stemma hadde alt HERA tatt frå ho.

For å straffe Narkissos for dette, trolla hemn-gudinna NEMESIS det slik at Narkissos vart håplaust forelska i sitt eige spegelbilete, som han såg i ein dam. Han vart sitande fasinert og studere spegelbiletet sitt, og svann gradvis hen. På den staden let gudane det vekse opp ein fager blomst, som fekk namn til minne om Narkissos.

 

Tekstboks: LINK:
 

 



NATTA - sjå NYX.

 

NEFELE var førstekona til kong Athamas, og vart mor til FRIXOS og HELLE. Sjå KRYSOMALLOS.

 

NEMESIS er ei hemngudinne som står ved sidan av og over dei vanlege gudane - liknande meir ei mytisk naturkraft. Ho skal ha vore datter av NYX - Natta. Grekarane meinte at medgang og motgang måtte vere i ballanse, og overmot var det største brotsverk, for briskar ein seg i overmot, så utfordrar ein gudane. Hadde ein oppnådd for stor lukke, utjamna Nemesis dette ved å påføre ulukke. Tala ein for prangande og storkarsleg, vart dette også straffa. Nemesis er ei dunkel makt som skal utjamne. Det er tale om eit slag merkeleg form for rettferd, som kan minne om det gamle pietistiske livssynet i Skandinavia for 50-250 år sidan. I romersk mytologi kunne JUSTITIA og FORTUNA spele ei liknande rolle som Nemesis.

Også i dag fryktar mange Nemesis – ”etter den søte kløe kjem den sure svie”, vert det sagt. (Sjå MOIRERANE).

Nemesis gav mellom anna straff til NARKISSOS, for at han så brutalt avviste EKKO sine kjærleikserklæringar til han – ho dømde at han skulle verte forelska i sitt eige spegelbilete, og omkome avdi han ikkje greidde rive seg laus frå dette.

Ikkje langt frå byen Marathon, der den mektige persiske hær vart slått av atenarane i år 490 fvt., vart det reist eit tempel for Nemesis. Persarane var sikre på siger, så dei hadde med ei marmor-blokk som dei ville hogge ut ei sigers-statue av. Men grekarane overvann persarane, og let skulptøren Phidias hogge ei Nemesis-statue av marmorblokka. Så reiste dei opp statua, og anla eit Nemesis-tempel der.

LØGNAKTIG VISSVASS: Det er fortalt at ZEVS ville valdta Nemesis, men ho skapte seg om til mange slags dyr for å kome unna. Ho vart ei gås, men Zevs gjorde seg til svane, og fekk viljen sin. Så la Nemesis eit egg, som vart funne av ein gjetar og gitt til LEDA. HELENA kom ut av egget, og Leda oppdrog Helena som si eiga datter. (Dette er som sagt bare tull og tøys).

Tekstboks: LINK:
 

 

 

 


NEOPTOLEMOS vart også kalla PYRRHOS (må ikkje forvekslast med ein seinare konge som vart vidgjeten for sin Pyrrhos-siger). Neoptolemos var einaste son av ACHILLES. Achilles gøymde seg i utkledd som kvinne i hoffet til kongen av Scyros, for å sleppe å delta i Trojanar-krigane. Her hadde han eit opplegg med Deidamea, kongens datter, og resultatet vart Neoptolemos.

Tjue år seinare pågjekk ennå Trojanar-krigane. Achilles og AJAX var drept, og det såg ikkje ut til at grekarane kunne vinne nokon siger. I desperasjon tok grekarane den trojanske sjåaren Helenos til fange, og tvang han til å fortelje korleis dei kunne greie å innta Troja. Helenos kunne fortelje dei at dei ville vinne over Troja om dei kunne få tak i HERAKLES sine gift-piler, stele den heilage Atene-statuen (kalla Palladium) som stod ved inngangen til bygningen der trojanarane hadde plassert Den trojanske hest, og dei måtte overtale Achilles' son til å delta i krigen.

Atenarane var no snare å hente Neoptolemos i Scyros, og dei tok han til slagmarkene ved Troja.

Neoptolemos var den yngste grekar som var med i krigen, og han var også den råaste og mest brutale - slett ikkje lik sin far Achilles. I krigen drap han den modige kong PRIAM og hans yngste datter, Polyxena. Dessutan son til HEKTOR, Astyanax. Etter at Troja var overvunne, tok han enka etter Hektor, Andromache til konkubine, og segla saman med Phoenix og Helenos til Epirot-øyane. Han vart konge i Epiros, og det var han som forviste ODYSSEVS etter at denne hadde drept mange av hoffolka i byen.

Med Andromache fekk Neoptolemos sonen MOLOSSOS, og det er sagt at han også hadde ei datter, Olympias, som seinare vart mor til Alexander Den Store.

Neoptolemos vart myrda av ORESTES i Apollon-templet i DELFI. Han hadde røva kona til Orestes - Hermione. (Somme har hevda at det var Apollon-tilhengarar som drepte han).

 

NEPHELE - sjå NEFELE.

 

NEPTUN Opphavleg var Neptun ein mindre, romersk guddom for elvar og straumar og vatnings-anlegg. Då gresk kultur invaderte Romarriket (Hellenistisk epoke), fall det på stakkars Neptun å overta rollen som havgud etter grekarane sin POSEIDON. Neptun vart romarane sin hav-gud. Han vart også gud for hestar og jordskjelv. Han vart son av SATURN, og bror til gudanes konge, JUPITER, og Dødsrikets gud, PLUTO. Slik kan det gå!

Jupiter, Pluto og Neptun delte verda mellom seg, etter at dei hadde nedkjempa far sin, Saturn. Jupiter tok Himmelen, Pluto Underverda, og Neptun Havet.

Neptun var ganske brålyndt. Når han hadde sine raseri-anfall, vart det orkan og jordskjelv. Han vart avbileta som ein skjegga mann med ein trefork (lystre-gaffel med 3 tindar). Han hadde eit kamskjell som køyrety, som vart trekt av sjø-hestar. Ein dag kom han forbi øya Naxos, der han såg eit kvinnfolk som heitte Salacia danse innpå stranda. (Salacia er truleg eit anna namn på NEREIDA AMFITRITE). Neptun vart straks forelska, og ville gifte seg med ho, men ho nekta. Då sende han ein delfin for å godprate med ho, og delfinen greidde å overtale ho. Som takk sette Neptun delfinen på stjernehimmelen, som stjernebiletet Delphinus. Med Amfitrite fekk han mange barn - mellom dei Triton, som har gitt namn til ein av planeten Neptuns månar.

23. juli var festdag for Neptun, med stor feiring i hovudtemplet hans som låg på Circus Flamminius i Roma. 

Tekstboks: LINK:
 

 

 


NEREIDER var NYMFER som befolka hava. Dei var døtre av NEREOS og DORIS (ei OKEANIDE).

Nereidene THETIS og EVRYNOME berga HEFAISTOSHERA ville gjere det av med han. Nereiden AMFITRITE vart gift med havguden POSEIDON. Thetis vart gjerne titulert som havgudinne. Som havgudinne hadde ho titt femti Nereider med i sitt følge.

Nereidene var vakre. Den etiopiske dronninga CASSIOPEIA skraut av at ho var vakrare. Då sende POSEIDON eit sjøuhyre for å plage landet Etiopia. Folket der måtte ofre prinsesse ANDROMEDA for å verte kvitt uhyret, men PERSEOS greidde å fri ho.

Nereidene var 50 i tal, og døtre av NEREOS og DORIS, som levde på botnen av Middelhavet. Nereidene var alltid vennlege, og gav hjelp til sjøfolk når dei kjempa mot storm. Det er sagt at dei kunne spå framtida. Dei heldt seg ofte i lag med POSEIDON, og det var gjerne THETIS som var leiar for Nereidene. I vasemåleri vart dei gjerne framstilte som meir eller mindre nakne ungjenter - ridande på delfinar, havhestar eller andre sjøvesen.

Ein måtte påkalle Nereidene om ein ville ha godt fiske. I somme tempel utførte Nereide-prestinner magiske rituale som skulle sikre godt fiske. MÅNEN var truleg ein viktig faktor i rituala. Minst tre av Nereidene fekk status som hav-gudinner: THETIS, Psamathe og GALATEA.

Nereidene vart ofte ihop-rota med OKEANIDENE. Men her er namn på 94 Nereider. Dei som står med svart skrift har gjort mest av seg.

 

ACTAEA

AGAVE

AMATHIA

AMPHINOME

AMPHITHOE

AMPHITRITE

APSEUDES

ARETHUSA

ASIA

AUTONOE

BEROE

CALLIANASSA

CALLIANIRA

CALYPSO

CETO

CLIO

CLYMENE

CRANTO

CRENEIS

CYDIPPE

 

CYMATOLEGE

CYMO

CYMODECE

CYMOTHOE

DEIOPEA

DERO

DEXAMENE

DIONE

DORIS

DOTO

DYNAMENE

EIONE

EPHYRA

ERATO

EUCRANTE

EUDORE

EULIMENE

EUMOLPE

EUNICE

EURYDIKE

 

EUPOMPE

EVAGORE

EVARNE

GALATEA

GALENE

GLAUCE

CLAUCONOME

HALIE

HALIMEDE

HIPPONOE

HIPPOTHOE

IAERA

IANASSA

IANIRA

IONE

LAOMEDIA

LEIAGORE

LEUCOTHOE

LIGEA

LIMNORIA

 

LYCORIAS

LYSIANASSA

MAERA

MELITE

MENIPPE

NAUSITHOE

NEMERTES

NEOMERIS

NESAEA

NESO

OPIS

ORITHYIA

PANOPAEA

PANOPE

PASITHEA

PHERUSA

PHYLLODOCE

PLEXAURE

POLYNOME

PLOTO

 

PONTOMEDUSA

PONTOPORIA

POULUNOE

PRONOE

PROTO

PROTOMEDIA

PSAMATHE

SAO

SPIO

THALIA

THEMISTO

THETIS

THOE

XANTHO

Tekstboks: LINK:

 

 

NEREIS var lokalt namn på ei gammal Trippel-månegudinne som regjerte over hava. Namnet tyder "den våte". NEREOS kalla seg opp etter ho. Andre namn på Trippel-månegudinna var AMFITRITE og THETIS. Det var vanleg meining at havguden POSEIDON var ektemannen til Nereis.

 

NEREOS var gresk havgud. Han var son av GAIA/PONTOS. Nereos var Middelhavets kloke gud, og vart kalla havets gamle mann. Kona hans heitte DORIS – ho var datter av OKEANOS, og dei fekk m.a. 50 døtre - dei vennlege havnymfene som vart kalla NEREIDENE.

Nereos var ein snill kar, og svært vis. Men ein måtte fange han for å få han til å svare på spørsmål. For å unngå å verte fanga brukte Nereos å omskape seg. HERAKLES oppsøkte han for å få vite vegen til HESPERIDENE sin hage. Nereos omskapte seg til både det eine og det andre, men måtte til slutt gi tapt for Herakles.

Nereos og døtrene hans heldt seg særleg i den delen av Middelhavet som heiter Egearhavet. Her har Nereos berga mange skip frå forlis. For det meste heldt han seg på havets botn.

Somme forskarar trur Nereos opphavleg var ein gammal orakel-konge (øvsteprest i tempel), som vart gravlagd på ei øy i Egearhavet. Han tok namn etter NEREIS. På eit vasemåleri er han avbileta med fiskespord, og ei løve, ein hjort og ein hoggorm kjem tytande ut av kroppen hans.

NESSOS var ein KENTAUR som tilbaud seg for HERAKLES å frakte prinsesse DEÏANEIRA over  elva Evenos. Nessos prøvde å stikke av med jenta for å valdta ho, men Herakles skaut han med ei pil frå andre elvebreidden. Det var ei pil, som var dyppa i gift frå Den Lerniske HYDRA. Før Nessos døde rådde han Deïaneira til å samle noko av blodet hans, for å bruke på Herakles som kjærleiksmiddel. Om Herakles skulle byrje verte lei henne, skulle blodet hjelpe. - Og då Herakles etter ei tid byrja springe etter IOLE, sende Deïaneira han ein toga (klesdrakt) som var dyppa i Nessos' blod. Herakles overlevde ikkje Hydras gift som var i blodet.

NIKE var sigersgudinne i det gamle Hellas. Namet hennar tyder siger. Hesiodos hevda ho var datter av STYX og titanen PALLAS. Det fins ingen mytologi omkring Nike, men ho vart mykje skulpturert og malt - ofte som ei ung kvinne med venger og fotsid kledning. Ho ber gjerne sigerskransen, eller ei palmegrein.

Nike vart sett i samband med sigers-guddommar som ZEVS og ATENE. Desse kunne verte avbileta med ein Nike-statuett i eine handa. Atene kunne verte kalla Atene-Nike - "Den sigrande Atene". På Akropolis ligg det ennå godt bevarte Nike Apteros-tempelet, der Nike vart dyrka.

Eldste skulptur vi kjenner av Nike vart laga av Arkhemos. I Nasjonalmuseet i Aten står ein skulptur som vert kalla Nike frå Delos. Paionios Nike vart oppstilt i Olympia i ca. 420 evt., og framstiller Nike i flukt. Nike frå Samothrake (står no i museet i Louvre), vart til ca. 200 fvt.. Her står gudinna i motvind i framstamnen på eit skip, med høgre handa strekt fram.

Nike skal vere eldre enn Atene og dei olympiske gudane. Ho hadde tre brør: Zelos, Cratos, Bia.

Romarane sitt motstykke til Nike var VICTORIA.

Tekstboks: SKULPTURAR:
Tekstboks: LINK:
 

 

 

 


NIOBE  hadde 7 søner og 7 døtre. Ho skrytte overfor gudinna LETO, at ho kom av ei edlare familie enn henne, då ho var datter av TANTALOS og barnebarn av ATLAS, og at ho hadde 14 barn medan Leto hadde bare to. Barna til Leto, APOLLON og ARTHEMIS hemna dette. Apollon pilskaut alle hennar søner, medan Arthemis drepte hennar døtre. Niobe kasta seg over den siste dattera som ennå var i live, og bad om nåde for ho. Men Arthemis gav ingen nåde, og gjorde Niobe om til ei marmor-steinblokk. Denne marmorblokka vart brakt til Frygia, som var Niobe sine heimtrakter. Til alle tider rann det tårer frå marmor-blokka.

Tekstboks: LINK:
 

 

 


NOTOS var sønnanvindens gud - varm og fuktig. Han var son av ASTRAEOS og EOS, og bror av dei tre andre vindane, BOREAS, ZEPHYROS og EUROS.

 

NUNDINA var mindre romersk verne-gudinne som vart påkalla når nyfødte skulle døypast og få namn.

 

NUMITOR var son av Proca og konge av Italia etter sin bror AMULIUS. Han var bestefar til ROMULUS og REMUS.

Då Proca døde tok Amulius makta ved vald. Numitor hadde arveretten, men Amulius sa at om Numitor fekk kongeriket, så ville han (Amulius) ha  alle skattane og gullet etter hærtoget mot Troja. Med denne kapitalen kjøpte Amulius seg leigesoldatar, og tok makta frå Numitor.

Så sat Amulius med makta, men var redd for å misse ho. Han ville unngå at Numitors datter, Ilia, fekk barn, så han utnemde ho til vestalinne (prestinne i Vesta-tempelet). Då måtte ho leve som jomfru i alle sine dagar.

Ilia vart allikevel gravid. For ei vestalinne var det dødsstraff for slikt. Men Amulius’ datter Antho blanda seg inn i saka, og fekk megla slik at Ilia slapp straff. Så fødte ho tvillingane ROMULUS og REMUS, som vart brørne som grunnla byen Roma.

 

NYMFER var det mange slag av - til dømes:

DRYADER som levde i trekrunene.

OREADER som levde i fjella.

NEREIDER som befolka hava. OKEANIDENE var havnymfer - over 4000 stk.

NAJADER som levde i elvar og innsjøar.

     

Nymfene verna om naturen.

Nymfene på Kreta fekk i oppdrag av RHEA å oppfostre sonen hennar, ZEVS. Då Zevs hadde avsett far sin, CHRONOS, gav han nymfene i gåve eit horn av geita AMALTHEA. Dette hornet fyldes alltid med alt det ein ville ha, og vart kalla "overflødigheits-hornet".

Ei elve-nymfe heitte DAPHNE. Ho vart forfølgd av APOLLON, og omgjorde seg til eit laurbærtre for å unnsleppe. Apollon laga seg kransar av lauvverket hennar, og dette vart opphavet til antikkens laurbærkrans, som vart gitt som eit heidersteikn til den som hadde utretta storverk eller sigra i dei olympiske leikane. Den som hadde fått laurbærkransen, kunne sidan kvile på sine laurbær -han fekk pensjon av staten så lenge han levde.

Fjell-nymfa EKKO vart fråteken halve talegåva av HERA, og kroppen hennar svann bort av ulukkeleg kjærleik til NARKISSOS.

Nymfa SMILAX omvandla seg til ei busk, pga. ulukkeleg kjærleik til CROCUS.

Nymfa ACANTHA vart attrå-forfølgd av Apollon, og gjorde seg om til plante. Acanthus-ranken er blitt mykje brukt som dekor-innslag i skulpturar, dekorasjonar - i norsk treskurd og  rosemåling.

Havnymfer reid på delfinar, og gjorde teneste for POSEIDON.

HESPERIDENE (PLEIADENE) var nymfer som hamna på stjernehimmelen - likeeins HYADENE. Nymfa ELEKTRA var mor til Hesperidene.

LIRIOPE var ei nymfe som med NARKISSOS fekk sonen CEPHISSOS - elveguden.

Tekstboks: LINK: Tekstboks: LINK 2:
 

 

 


NYSA var eit fjell, og ei fjellnymfe som heldt til på dette fjellet. Det er uvisst kvar fjellet låg - i Trakia, Tyrkia eller India?  Det er mulig at var det fleire fjell med dette namnet - at Nysa var eit namn som vart brukt om heilage fjell. Det er også tale om ein by som heitte Nysa, og som skulle ligge attmed fjellet Nysa. DIONYSOS vaks opp på fjellet Nysa, og Nysa-fjell er knytt til Dionysos-kulten.

Nymfa Nysa var ei av HYADENE i ein antikk tekst, men i andre tekstar er ikkje Nysa nemnt som nymfe. Det verkar meir sannsynleg at Nysa var eit anna, kollektivt namn på Hyadene - eit namn dei vart omtala med ved særskilte høve.Hyadene budde på Nysa-fjellet, og var viktige element i Dionysos-kulten.  

Hyadene vart sett på stjernehimmelen av ZEVS, som takk for at dei tok vare på DIONYSOS-bukken då han måtte ligge i dekning for HERA's vreide.

Tekstboks: LINK: Tekstboks: LINK 2:
 

 

 


NYX  var Natta, og knytt til Opphavsmytene.  Nyx var i byrjinga, i KAOS - Tomrommet, saman med bror sin, EREBOS - Mørkret. Desse to var avgrunnen sine andlet, og levde saman i Kaos. Med tida frigjorde Nyx og Erebos seg frå Kaos. Erebos omfamna Nyx, og med det same vart EROS - Kjærleiken født. Deretter vart GAIA - Jorda og URANOS - Himmelkvelven, til. Dei vart haldne ihop av Eros i eit univers som var i ferd med å bli forma. Slik vart verda til, og ved dette oppstod gudeslekta.

Nyx og Erebos fekk saman tvillingbrørne HYPNOS - Sømnen og THANATOS - Døden. Desse levde i UNDERVERDA.

Frå Natta oppstod ETEREN (det øvre luftlag), og DAGEN. Ferjemannen KARON, som frakta dei døde sine sjeler over elva STYX til Dødsriket, var son av Natta og Erebos. Det er også sagt at ERINYENE - hemngudinnene i Underverda, er døtre av Nyx.

 

Tekstboks: LINK:



 

 

                                               Til framsida:
 


1