GRMYT   O                      

                                                                           Til framsida

 

 

OCEANUS

OKEANIDENE

OPHION

ORFEOS

ODYSSEVS

 

 

 

OEDIPOS

OKEANOS

OPS

ORION

 

 

 

 

OENONE

OKYPETE

ORAKEL

ORPHEUS

 

 

 

 

OENOPION

OLYMPIARANE

OREADER

ORTHROS

 

 

 

 

OFION

OLYMPOS

OREITHYIA

OSIRIS

 

 

 

 

OINOPION

OMPHALE

ORESTES

 

 

 

 

 


 

 

 

 

 

 

 

OCEANUS - romersk for OKEANOS

 

ODYSSEVS  (også kalla Ulyssus) var son av Laertes og Anticlea. Han gifte seg med PENELOPE, og dei to fekk sonen Telemakos.

Odyssevs hadde avlagt eid på at han skulle gå saman med grekarane i krigen mot Troja, for å hente tilbake den skjønne HELENA, som var bortført. Odyssevs greidde å finne ACHILLES, som vart halden skjult på øya Skyros, og Odyssevs og Achilles vart to av dei største greske krigsheltane.

Odyssevs var også ein dyktig folketalar. På vegen heim frå trojanarkrigane tok han ein veldig omveg, slik at han brukte ti år på heimturen. På denne sjøreisa hadde han mange store opplevingar. Då han endeleg kom heim fekk han erfare at nokre døgeniktar av rikmanns-søner hadde tatt seg til rette i huset hans, og dreiv på og fridde til kona hans. Dei trudde Odyssevs var død. Han var ikkje sein om å drepe desse, og så var familien lukkeleg gjenforeina.

Den greske diktaren Homer har skrive om Odyssevs reise. Denne forteljinga har fått namnet Odysseen.

                                  

                                                           HOMER

 

Homer var forfattar av dei berømte historiske verka Illiaden og Odyssdeen. Dette er dei to litterære hovudverka frå gresk oldtid. Vi veit ingenting om Homer som person, og somme lurer på om det kan vere rett at Illiaden og Odysseen er forfatta av same person. Men eg meiner Homer var forfattar av begge desse verka, og at han budde i ein gresk koloni på vestkysten av Lille-Asia (Tyrkia) i det 8. århundre før vår tidsrekning. (ca. 750 før Kristus).

Begge verka handlar om sagnstoff - hendingar som skulle ha funne stad mange århundre før Homer skreiv dei ned. ILLIADEN fortel om siste året av trojanar-krigane - ein krig mellom grekarane og innbuarane i byen Troja. Sentralt i legenden er raseriet til den greske helten Achilles.

ODYSSEEN fortel om tilbaketuren til den greske helten Odysseos frå Trojanar-krigane. Medan han har vore borte, hadde ein bande stormanns-søner - drittsekkar, teke seg til rette i heimenn hans - dei åt og drakk på husets rekning, og dreiv og fridde til kona hans, for dei trudde at Odyssevs var død. Odyssevs måtte reise omkring i 10 år, og kom ut for mange farer. Men til sist kom Odyssevs heim til Utacha, og straffa niddingane, og vart på ny foreina med familien - med sine søner, kone og aldrande far.

Homer skreiv forteljingane sine (Illiaden og Odysseen) på vers. Språket var høgtidleg og på ei verseform som er kalla daktylisk heksameter. Det var mange hundre vers.

Ein trur også at det er Homer som har forfatta dei såkalla Homeriske hymner, som er kortare dikt som fortel om dei greske gudane.

Dei originale tekstane til Homer er tapt (borte). Dei tekstane vi har å halde oss til er omsetjingar som vart gjort i Middelalderen. Det har vore mykje diskusjon om historiene til Homer er oppdikta, og om det er fleire ulike forfattarar som står bak. Men etter mykje forskning trur ein no at alle tekstane er skrivne av same forfattar - Homer - og at tekstane fortel om verkelege historiske hendingar, og ikkje om oppdikta greier.

 

 

Tekstboks: Odysseen på dansk Tekstboks: Teikningar
 

 

 


OEDIPOS   (ØDIPUS) var konge i Thebes - ein viktig by i nærleiken av Aten - i ein periode hovudstad for hellenarane.

Oedipos var son av kong LAIOS og dronning JOCASTA av Thebes. Laios var barnlaus, og gjekk til oraklet i DELFI for å høyre om det var noko å gjere med det. Oraklet sa han kunne vere glad til, for fekk han ein son, kom denne til å verte hans banemann. Uroa av dette sendte Laios kona si Jocasta bort, men på ein fest var ho til stades, og fekk skjenka han full, og han tok ho i sine armar. Ni månadar etter nedkom Jocasta med ein son. Laios gjennombora føtene på det vesle barnet, og batt dei ihop. Så la han guten ut på eit aude fjell for å omkome. Men barnet vart funne av ein gjetar, og overlatt til kong POLYBOS og dronning Periboea av Korint. Polybos døypte barnet til Oedipos, som tyder "svollen fot", og oppdrog han som sin eigen son.

Oedipos visste ikkje at han var adoptert, og då ei orakel spådde han at han skulle verte sin fars drapsmann, forlet han Korint, så han ikkje skulle kome til å drepe Polybos. På si vandring traff han på kong Laios, og drepte han fordi kongen ville han skulle vike av vegen så han fekk sleppe fram med vogna si. Oedipos var for stor på det til å vike, og Laios køyrde over ein av hans ulykksalige føter. Oedipos vart rasande, og let Laios bli slept etter hestar til det var bare fillene att av han.

Tekstboks: Kart:THEBES – E4
 

 

 


Einsam og heimlaus kom Oedipos til Thebes, som på den tida var plaga av eit fælt uhyre, kalla SFIX.

(Den thesbanske Sfix har titt og ofte blitt forveksla med den egyptiske SFINX, men truleg har dei to vesena lite med kvarandre å gjere).

Det skræmelege monstret Sfixen, for rundt på vegane omkring byen Thebes, og drap og åt alle vegfarande som ikkje kunne løyse ei gåte:

 

Kva skapnad er det, med bare ei stemme, som  går på fire bein om morgonen, på to bein ved middag og på tre bein om kvelden?

 

Svaret var: Mennesket, som kravlar på fire som småbarn, går på to bein som vaksen, og med stokk på sine gamle dagar. Då Oedipos løyste gåta, tok Sfix livet av seg sjølv ved å styrte seg utfor ei  klippe. (Kan synast som ein kraftig overreaksjon, men monster er noko for seg sjølv).

Thesbanarane trudde kong Laios var drept av røvarar. I takksemd for at Oedipos hadde fridd dei frå Sfixen, gjorde dei han til ny konge. Han fekk dronning Jocasta til kone. Paret levde lukkelege i mange år, utan å vite at dei var mor og son. Dei fekk sønene ETEOCLES og POLYNICES, og dattera ANTIGONE.

Så råka ein fæl pest landet, og oraklet slo fast at Laios' drapsmann måtte straffast om pesten skulle gå over. Den blinde sjåaren, TEIRESIAS, kom til Oedipos og la fram gudanes vilje. Han sa at ein sådd mann måtte ofrast for byens sak. Han sikta til mennene som hadde vakse fram av draketenner som gamle kong KADMOS hadde sådd i jorda. Menoecceos, far til dronning Jocasta, var ein slik sådd mann. Han kasta seg straks ut frå murane og omkom, og heile byen prisa han for hans gode samfunnsånd.

Teiresias, sa dette var bra, og at pesten nå ville gå over, men at det var ein annan sådd mann gudane hadde hatt i tankane - ein av tredje generasjon - ein som har drept far sin og gifta seg med mor si; nemleg Oedipos.

Teiresias hadde med eit brev frå dronning Periboea av Korint. Kong Polybos var død, så no var ho fri til å fortelje om adopsjonen av Oedipos. Då dei harde fakta var lagt fram, hengte Jocasta seg i skam, og Oedipos blinda seg med ei spile han trekte ut av kjolen hennar.

Oedipos regjerte Thebes ennå ei stund. Han landsforviste Eteocles og Polynices fordi dei hadde sendt han eit lår av eit offerdyr i staden for ei skulder. Men motstanden vaks mot Oedipos, og han måtte gi frå seg trona. I nokre fleire år levde han i Thebes, men vart til sist landsforvist. Med dattera si, Antigone, vandra han så om i mange år - kom til sist til Kolonos - ein heilag lund i nærleiken av Aten, tilleigna gudinnene EUMENIDENE. Her forsvann plutseleg Oedipos i tynne lufta - kong THESEVS av Aten var hos han då det skjedde.

Gudane lova Thesevs at Oedipos sin døds-stad skulle vere heilag og bringe lukke til byen Aten - byen som hadde gitt ly og vern til trengande vandringsmenn. Thesbanarane kom og ville bringe Oedipos' lekam tilbake til Thebes då dei fekk greie på dette, men Thesevs jaga dei.

 

Ved feiringa av nyåret i byen Eleusis, kom eit fakkeltog inn i byen - beståande av kveghaldarar og gjetarar. Dei bar med seg eit guddommeleg barn, og ropte at det var son til gudinna Brimo ("den rasande"- eit namn på DEMETER). Dette fakkel-inntoget var eit viktig innslag i Dei Eleusiske Mysteria. Dette var seremonielle riter som vart utført i byen Eleusis i Boötia.  Omkringliggande byar hadde liknande mysterie-seremoniar.

Det fins mange soger om prinsar som har blitt oppfostra av fattige gjetarar - Hippotous, PELIAS, AMPHION, AEGISTHOS, ROMULUS. Moses, Cyrus. Desse vart sett ut i øydemarka, eller lagt i ei korg og sett på elva/sjøen.

Forskarar har spurt seg om Oedipos var ein konge som invaderte Thebes i det 13. århundre fvt., og fortrengte ein eldre, minoisk kultur, og også innførte ein ny kalender. SFIX representerte den gamle kultur - ho var utsending frå dei tre MUSENE - ein Triade-guddom. I Det gamle system vart kroninga av ein ny konge sybolsk sett slik at den nye kongen drepte sin far, den gamle kongen, og gifta seg med enka etter han. Dei patriarkalske innvandrarane stygdes ved slikt fadermord og slik incest.

Oedipos var ein framand som vart konge i Thebes, men thesbanarane foretrakk å dikte opp ei historie som gav han arverett til byen. Dei gamle thesbanarane hevda å vere eit folk som var vakse opp frå draketenner. Du kan lese meir om dette under oppslagsorda BOREAS og KADMOS.

At Jocasta hengte seg, kan kanskje knytast til ein skikk omkring dyrkinga av MÅNEGUDINNA - det vart hengt små statuettar av månegudinner i frukt-trea. Desse gav magisk fræve-kraft. I endå eldre tider vart truleg levande måneprestinner hengt i frukt-trea.

I Aten fekk THESEVS ein liknande lagnad som Oedipos fekk i Thebes  - fekk kongemakt, men vart sidan detronisert. Var det i begge byane konservative krefter som nytta seg av hoff-intriger og renkespel og tok tilbake makta? Den gamle matriarkalske kulturen let seg ikkje så lett underkue? Hamna det gamle og det nye presteskapet på kvar si side i ein politisk maktkamp?

 

Oedipos har gitt namn til eit psykologisk fenomen: Oedipus-komplekset. Sofokles har skrive eit stort skodespel om Oedipus.

 

Tekstboks: SFINX-GÅTA Tekstboks: OEDIPUS
 

 

 

 


OENONE var ei frygisk NYMFE – ei elvenymfe som heldt til på IDA-fjellet. Ho var datter av elva Oeneos (eller var det elve-guden Kebren?). Oenone hadde lært spådomskunst av RHEA og medisin av APOLLON. Ein gong kom prins PARIS av Troja og bortførte ho, og ho vart hans første kone. Dei fekk sonen Corythos.

Men seinare sveik prins Paris Oenone – han vart hugteken i den skjønne HELENA (sjå under PARIS). Dette vart opptakten til Trojanar-krigane. For å hemne sviket vende Oenone seg til Corythos, og bad han vise grekarane beste vegen til Troja.

Då Paris vart dødeleg såra i striden, oppsøkte han Oenone, som hadde magiske lækjemiddel. Men ho nekta å heile han, og sendte han bort. Sidan angra ho seg, og skunda seg til Troja. Men der fann ho at han alt var død. Då tok Oenone sitt eige liv - ved å kaste seg frå ei klippe eller kaste seg på bålet - ingen hugsar lenger korleis det gjekk for seg.

Tekstboks: SKULPTUROenone er blitt kalla "Vinens Dronning".

 

 

OENOPION - sjå OINOPION

 

OFION - OPHION - sjå BOREAS

 

OINOPION var konge på øya Khios i Egearhavet. Han vart født på Kreta, som son av DIONYSOS/ARIADNE. Han blinda ORION, fordi Orion hadde tukla med dattera hans. Oinopion vart stamfar til ei gresk folkestamme. Namnet hans tyder "Vin i mengder" eller ”Vin-fjes”. (Les meir om Oinopion under ORION).

 

OKEANIDENE  var NYMFER og gudinner som heldt til på det store hav. Dei var døtre av OKEANOS og TETHYS, og det var meir enn 3000 av dei. Oftast var dei sky, men somme tider svært kjærlege og elskovssjuke. Dei var snille mot menneske, men straffa stundom folk som hadde tedd seg uhøvisk mot dei. Av og til leika dei om kjølen på skip som var i havfart. Dei brukte gjerne delfinar som ridedyr. Dei kunne verte svært gamle, men var ikkje udøyelege.

Tekstboks: Okeanidene
 

 

 

 


Okeanider og NEREIDER har blitt blanda og forveksla frå tid til tid, og frå stad til stad.

 

 

Den eldste av okeanidene heitte STYX. Ho var elvegudinne – ho var den einaste kvinnelege elveguddom.

Okeanidene DORIS og AMFITRITE var havgudinner.

Okeanida METIS var også ei gudinne - ho var gudinne for visdom og kunnskap.

Når det gjeld DIONE er det noko forvirring: Var ho okeanide eller TITAN? Dei fleste skribentar nemner henne som okeanide. Av og til vart ho kalla THALASSA. Thalassa var ei hav-gudinne. Det er også sagt at Dione var kona til TANTALOS, og at ho fekk barna Pelops og NIOBE med han.

Ein myte-tradisjon hevdar at Dione var mor til kjærleiksgudinna AFRODITE.

Dei resterande okeanidene var NYMFER – ikkje gudinner. Mellom desse var PLEIONE – mor til PLEIADENE, og CLYMENE (ASIA) – mor til PROMETHEVS. Nokre av okeanidene vart beila til av gudane – andre vart gift med ”dødelege”, og fødte søner som vart HEROAR eller prinsar.

 

Okeanidene bestyrte skyer og regn. Dei henta vatn frå ei verdselv av ferskvatn som  gjekk i straum omkring landjorda. Dette vatnet brakte dei til skyene, og let det så regne ned over Jorda. Dette gjorde dei for å skaffe vatn til sine brør – elvane.

Ein må prøve å ikkje forveksle okeanidene med NAJADENE. Desse var ferskvass-nymfer som var døtre av elvegudane. Med fare for å gjere masse mistak, finn eg av dette at okeanidene var tantene til najadene.

Okeanidene var luftige – eteriske. Dei var dei kvite, lyse og lette skyene – dei vart rekna for å vere ”gode demonar”. Dette i motsetnad til døtrene til NYX – dei var svarte, tunge nattskyer, og vart rekna for å vere ”vonde demonar”.

 

           

HER ER Hesiods LISTE OVER OKEANIDER       døtre av OKEANOS og TETHYS

ADMETE

CHRYSEIS

EUROPA

MELOBOSIS

PETRAEA

TELESTO

ACASTE

CLYMENE

EVRYNOME

MENESTHO

PEXAURA

THOE

AMPHIRHO

CLYTIE

GALAXAURA

METIS

PLUTOS

TYCHE

ASIA

DIONE

HIPPO

OCYRRHOE

POLYDORA

URANIA

CALLIRRHOE

DORIS

IANEIRA

PASITHOE

PRYMNO

XANTHE

CALYPSO

ELECTRA

IANTHE

PEITHO

RHODEA

ZEUXO

CERCEIS

EUDORA

IDYIA

PERSEIS

STYX

 

 

Dette skal vere dei eldste av okeanidene, men alt i alt  skal dei vere omlag 3000 i tal – og dei er spreidde over heile verda. Dei har tilhald i vatna.

 

 

 

Her er fleire opplysningar om nokre okeanider:

DIONE

Rekna mellom Titanane

Kanskje ”sjefs-okeanide”. Kvinneleg motstykke til Zevs (Dios). Ho samla skyene – noko som Zevs seinare styrte med.

STYX

Stundom rekna mellom Titanane.

 

NEDA

Stundom rekna mellom Titanane.

 

METIS

Rekna mellom Titanane

Vart ZEVS’ førstekone. Han svelgde ho (i form av ei sky) for at ho ikkje skulle føde barn som kunne kaste han frå trona. Metis var gudinne for visdom.

CLYMENE

Stundom rekna mellom Titanane.

Gift med titanen IAPETOS. Clymene var gudinne for berømmelse.

DORIS

Stundom rekna mellom Titanane.

Vart gift med havguden NEREOS, og fekk 50 døtre – NEREIDENE.

EVRYNOME

Stundom rekna mellom Titanane.

Gudinne for eigerskap av vide beitemarkar.

ELECTRA

Stundom rekna mellom Titanane.

Vart gift med havguden THAUMAS, og vart mor til regnbogen, IRIS, og virvelvindane, HARPIENE.

PLEIONE

Stundom rekna mellom Titanane.

Er sagt vere kona til titanen ATLAS. Gudinne for kveg-flokkar og barne-flokkar.

TELESTO

 

Gudinne for suksess.

PLUTOS

 

Gudinne for rikdom.

TYCHE

 

Gudinne for hell og lukke.

NEMESIS

Stundom rekna som okeanide.

Gudinne for ballanse mellom lukke og ulukke.

 

 

OKEANOS  - (rom. OCEANUS) = Havet, eller snarare: Verdselva som ligg omkring alt land.

Okeanos var ein av dei 12 TITANANE; avkom av GAIA – Jorda, og URANOS – Himmelen. Men i motsetnad til sine søsken, så var han også ein opphavs-guddom – ein gud som deltok i skapings-akta.  

Okeanos kunne styre bølgene, og likte ikkje at folk kom for langt utpå Havet. Jorda var flat, og på alle sider omgitt av havstraumen Okeanos. Innsjøar vart gjerne sett på som døtre av Okeanos – som avleggarar av den store havstraumen, som hadde slitt seg laus frå han.

Okeanos likna på havguden NEREOS, men han hadde to små horn i skallen – det hadde ikkje Nereos. Okeanos heldt også eit septer, som symboliserte kongeleg makt.

Okeanos vart ofte avbileta ridande på eit sjø-uhyre, eller han sat ved sidan av kona si – titaninna TETHYS, i ei vogn som vart trekt av sjøvesen.  

Okeanos var den mest fredsame av titanane. Han deltok ikkje i krigen mot URANOS. Derfor fekk Okeanos behalde sin guddommelege posisjon, medan hans brør hamna i Underverda -TARTAROS.

 

Okeanos og Tethys oppdrog HERA – frå jente til kvinne. Under krigen mot Uranos søkte Hera tilflukt hos dette vennlege gudeparet.

Med titaninna THEIA skal Okeanos ha fått tvillingane KERKOPANE. Dette var to ape-aktige tjuvar. HERAKLES tok dei til fange ein gang, men let dei få gå, fordi han hadde moro av deira apestrekar. Men ZEVS mislikte dei, og skapte dei om til aper.

Okeanos hadde massevis av barn. Hans søner var så mange som 3000 – dei var Potamoi  - elve-gudar og dei hadde fiskespord. Fiske-spord hadde også Okeanos. Men det var døtrene sine hans var mest stolt over – vassnymfene og elvenymfene OKEANIDENE.

Med TETHYS fekk Okeanos sonen CEPHISSOS. Ein annan av hans søner var PROTEOS. Proteos budde på havsens djup, og drog kun derifrå når han skulle føre POSEIDONS sjø-kalvar på beite. Proteos hadde profetiske evner, men gjorde kva som helst for å sleppe å ta sine evner i bruk.

I Den pelasgiske skapingsmyten (sjå under EVRYNOME 2), vart Okeanos, saman med TETHYS, sett til å bestyre planeten Venus.

 

OKYPETE var ei av dei tre HARPIENE.

 

OLYMPIARANE  var den andre gudeslekta som kom til makta; etter Titan-striden. ZEVS var øvste gud mellom dei. Dei var etterkomarar etter CHRONOS og borna hans. Det er litt usemje om kva gudar som fekk plass på Olympen – gudanes bustad på toppen av fjellet OLYMPOS. Ein har freista å få det til at dei var 12 i tal – 6 kvinnelege og 6 mannlege gudar, for 12 var eit harmonisk tal. Men her følger ei liste med 15 olympiske gudar:

 

           

ZEVS

AFRODITE

ARES

HERA

ATENE

POSEIDON

HERMES

APOLLON

ARTHEMIS

HADES

DEMETER

PERSEPHONE

DIONYSOS

HEPHAISTOS

HESTIA

 

 

 

OLYMPOS var gudane sitt fjell i Thessalia, og høgste fjellet i Hellas - 2918 m. Toppen på Olympos rakk heilt opp i ETHER. Zevs var husbonden på gudebustaden på Olympos-fjellet, og nokre andre av dei viktigaste gudane hadde også tilhald her. Gudane budde i eit praktfullt palass på Olympos – Olympen. Dei ernærte seg på nektar og ambrosia, som gav  evig liv og evig ungdom. Nektar, som vi kjenner det, er søt blomstersaft som planter produserer for å lokke til seg insekt. Gudane på Olympen hadde nok nektar av eit overjordisk slag. Dei blanda det forresten med honning før dei drakk. Kva ambrosia var for noko, er uvisst. I indisk (hindi-religion) hadde dei noko liknande mat dei kalla amrita. Ambrosia skal tyde "udøyeleg".

Tekstboks: Bilete
 

 

 

 

 


OMPHALE var dronning i Lydia. HERAKLES måtte vere slave for ho ei tid, fordi han hadde drept son til kong EVRYTOS av Oikhalia. Denne historia er seinare blitt utbrodert - Herakles måtte gjere kvinnfolkarbeid, medan Omphale overtok hans våpen.

 

OPHION - OFION - sjå BOREAS

 

OPS var ei italisk mor-gudinne, og ho var gudinne for rikdom og velferd og gode avlingar. Ho var gift med SATURNUS, og vart identifisert med RHEA.

 

ORAKEL var heilage stader - lundar, kjelder, tempel og liknande, der prestinner og/eller prestar spådde framtida og gav råd om mangt, ved hjelp av ulike teknikkar. Sjå DELFI, DODONA og APOLLON.

 

OREADER var NYMFER som  levde i fjell og berg og i grotter. Det greske ordet oros tyder ”berg, fjell”. Oreadene var udøyelege, og dei var knytt til AFRODITE. Deira heilage tre var furu og eik. Ei mykje omtala Oreade var EKKO. Alle oreadene hadde ein ekko-klang i stemma.

Oreadene kunne likne på grasiøse, høge og sterke kvinner. Dei var hardføre i frost og kulde – hadde knoklar av stein, og kunne klatre som fjellgeiter. Oreadene kunne skape seg om til steinblokker når dei ville ha fred.

Dei norske troll hadde det med å verte til stein om sola skein på dei, så dei var kanskje av liknande natur som oreadene. Trolla var kanskje opphavleg oreader?

Oreadene var verneånder for naturen i fjellheimane. Dei hjalp vandrarar på rett veg i fjella.

Oreadene hadde ei spesiell tilknyting til Helikon-fjellet, og har nok blitt dyrka på særleg vis ved dette fjellet. SATYRANE var brørne til oreadene. Dei eldste oreadene fekk døtre med satyrar – og desse døtrene vart yngre generasjonar av oreader.

 

OREITHYIA - sjå EVRYNOME

 

ORESTES  var son av kong AGAMEMNON, konge av Mykene og dronning KLYTAIMNESTRA. Medan Orestes ennå var barn, vart Agamemnon drept av Klytamneistra og elskaren hennar, Aegisthos. Storesøstra til Orestes, ELEKTRA, frykta for Orestes’ liv, og sendte han til farbroren Strofios, som var konge i Phocis. Her vaks Orestes opp, saman med fetteren sin Pylades, og dei to vart venner for livet.

 

Då Orestes vart vaksen, innsåg han at han burde hemne far sin, men han likte dårleg tanken på å drepe mor si. Han rådspurde oraklet i DELFI, og vart rådd til å ta livet av dei to som hadde drept far hans. Då drog han til Mykene saman med Pylades, og drepte Klytaimnestra og Aegisthos. For dette vart Orestes forfølgd av hemngudinnene ERINYANE, og han streifa om i mange land, før han, på ordre frå APOLLON, drog til Aten og la fram saka si for ATENE.

Retten vart sett på fjellet Areophagos, og saman med Atene sat fleire av byens fremste menn.

Erinyane var påklagarar, og Orestes forsvarte seg sjølv. Det kom til avstemming, og juryen var delt akkurat på midten. Atene avgjorde då, at når rettsavstemminga vart uavgjort, så skulle den som var klaga frifinnast. Denne avgjerda vart til fast prinsipp i Atensk rettspraksis.

 

ORFEOS var født i Trakia. Han var resultat av eit kjærleikseventyr mellom APOLLON og musa CALLIOPE. Det er også hevda at faren var den trakiske kongen Oeagros, som vart dyrka som elvegud.

Orfeos var HERO, og han var ein av ARGONAUTANE som var med JASON på jakt etter Det gylte skinn. Sjå JASON.

Orfeos var oldtidas største musikar og poet - faren (Apollon) var musikkens gud, og mora var  ei MUSE – muse for episk poesi. Av Apollon fekk Orfeos lyren, og vart meister-spelemann framfor nokon døyeleg. Når Orfeos spela og sang, rørte han både dyr og planter, stein og berg og bekkar og innsjøar. Villdyr vart tamme når dei høyrde hans musikk, og elvane vende sin straum for å følge han.

Orfeos fekk eit ulukkeleg ekteskap med nymfa EVRYDIKE. HYMENAIOS var invitert til bryllupet for å gjere ære på paret, men han brakte dårlege varsel med seg; det rauk stygt av fakkelen hans, så alle gjestene fekk tårande auger. Like etter bryllupet måtte Evrydike rømme for gjetaren Aristaios, som ville valdta ho. Under flukten vart Evrydike stukken av ein hoggorm, og døde.

Orfeos sang klagesangar for både menneske og gudar. Så bestemte han seg for å fare til Underverda for å prøve å få Evrydike tilbake. Noko slikt hadde aldri nokon døyeleg greidd. Han for ned gjennom ei hole, og kom til dei stygiske traktene. Han passerte store forsamlingar av avdøde sjeler, og kunne omsider presentere seg framfor trona til HADES og PERSEPHONE. Han spela på lyren sin, og sang denne hymnen:

Tekstboks: 	O, de Underverdas guddommar
	Som alle vi levande ein gong må kome til
	Høyr mine ord, for dei er sanne
	Eg kjem ikkje for å utspionere Tartaros’ løyndommar
	Ei heller for å prøve mine krefter mot Cerberos
	Den tre-hovuda hunden med slangehår som vaktar inngangen
	Eg kjem for å søke etter hustrua mi
	Som i sin ungdom av hoggormens tann er brakt til ein altfor tidleg død 
	Kjærleik har brakt meg hit
	Kjærleik – ein allmektig guddom for oss som lever på Jorda
	Og…er det sant som sagt, så er ikkje kjærleikens makt mindre her
	Eg tryglar deg ved desse egner, fylde med terror
	Desse strøk av stille og uskapte ting
	Knyt i hop att Evrydikes livstråd
	Vi er alle bestemte for deg
	Og før eller seinare må vi kome til deg
	Også ho, når ho har fullført livet sitt…så er ho din rett
	Men før det … gi ho til meg – eg tryglar deg
	Om du nektar dette - då kan eg ikkje fare heim 
	Då må du ta oss begge i døden
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Under Orfeos’ sang måtte alle sjelene felle tårer. Og den evig tørste TANTALOS gløymde å drikke. IXION’s hjul stogga, gribben slutta å rive i gigantens lever, og DANAÜsDØTRE stogga med å fylle vatn i dei lekke krukkene. SISYFOS sette seg på kampesteinen sin for å lytte, og det er fortalt at for første gang vart FURIENE sine kinn vætte av tårer. Og Persephone og Hades kunne ikkje motstå klagesangen. Evrydike vart sendt for – ho held til mellom dei nyleg ankomne sjelene, og ho kom haltande på den skadde foten sin. Orfeos fekk lov å ta ho med seg, på det vilkår at han ikkje måtte snu seg og sjå tilbake før dei hadde nådd Jordas overflate. Så tok dei av stad – han føre og ho bak, gjennom bratte og mørke passasjer, i total stille. Omsider såg dei jordoverflata tett framfor seg, men då gløymde Orfeos seg ein augneblink, og snudde seg for å sjå om Evrydike følgde. Då straks forsvann Evrydike tilbake til Dødsriket.

Orfeos var fortvila, og bad om løyve til å få kome til Dødsriket han også, men den strenge ferjemannen KARON nekta han.

I desperasjon avstod Orfeos frå alt samvær med andre, og vandra omkring i villmarkane, der han spela for berg og tre og elvar. Trakiske ungjenter gjorde sitt beste for å forføre han, men han var urokkeleg i si sorg. Til sist kom ein rølpete bande av trakiske kvinnfolk som var i vill, baccanalsk rus over Orfeos. Dei orka ikkje høyre den klagande musikken hans, så dei drepte han, og reiv han i småbitar Dei heiv hovudet hans og lyren i elva Hebros, men hovudet fortsette med sin klagesang for Evrydike. Til sist dreiv hovudet inn på stranda ved øya Lesbos. Her vart det bygd eit tempel og oppretta eit Orestes-orakel, og Orestes hovud heldt fram med å synge her, og gi spådommar og orakel-svar.

Orfeos hovud vart gjort forsteina av APOLLON og sidan oppvara i ei heilag hole, der det utførte si orakel-gjerning. Oraklet vart så populært at dei andre orakla til Apollon, i DELFI, Gryneium og Claros heldt på å ”gå konken”, så Apollon måtte be Orfeos hovud om å halde opp, og hovudet gjorde så det. (Her har vi eit typisk eksempel på korleis eit korrupt presteskap utnytta folks overtru til å skaffe seg rikdom. Folk flest bit på kva som helst!)

Øya Lesbos har etter Orfeos død fostra dei største poetane i Hellas.

MUSENE samla samen restane etter Orfeos’ lekam, og gravla desse ved Libethra, ved foten av Olympos-fjellet. Over grava hans syng nattergalene vakrare enn nokon annan stad i Hellas. Orfeos’ skugge drog til Tartaros for andre gang, og vart her foreina med Evrydike til evig tid. Dei to vandrar lukkelege omkring på Dei Elyseiske Markar. (Sjå ELYSIUM).

MUSENE (eller var det ZEVS?) plasserte seinare Orfeos' lyre på stjernehimmelen, som stjernebiletet Lyra.

 

 

 


DEI ORPHEISKE MYSTERIA - ORFISMEN

 

Det oppstod ein eigen mysterie-religion omkring Orfeos – Orfismen. Orfeos vart rekna å vere grunnleggaren av Orfismen. Denne religionen hadde sterke filosofiske drag. Den bygde mykje på ein eldre Dionysos-tradisjon, men utmerka seg ved å vere fredselskande og ved å verne om kunstane - særleg musikk.

Orfismen lærte at menneskas eksistens og liv vart styrt av lukke og lagnad – av FORTUNA og TYCHE. I tillegg til rituale som var overtatt frå den dionysiske kulten, hadde Orfismen også heilage skrifter som vart opplest, lært og drøfta. Orfistane søkte reinsing av sjela ved å studere skriftene og ved å utføre asketiske handlingar.

 

Orfismen hevda at mennesket hadde ei udøyeleg sjel, men i ein døyeleg kropp, som også kunne vere vond. Men greidde ein å halde sjela si rein trass kroppens krav, kunne ein verte eitt med Gud. Når ein døydde vart sjela transportert til eit Etterliv, der ho fekk løn eller straff. Etter fleire reinsings-stadier kunne sjela verte eitt med guddommen.

 

Bare dei som hadde gjenomført Dei Orfeiske Rituala kune verte frelste når dei stod framfor guddommen med sjela si etter døden. (Dette minner mykje om Kristendommens frelse-krav).

 

Somme reknar  Orfismen  for å vere den høgast utvikla religionsforma i antikken.

 

 

OM ORFISMENS HISTORIE

 

Orfeos-trua var opphavleg ikkje gresk – ho utvikla seg i Trakia og Skytia. Her praktiserte lokale shamanar ein ekstase-religion der sjelereiser var inkludert. Deira lære vart knytt til namnet Orfeos, men også til andre mytologiske figurar. Då kulten invaderte Ionia i 7. og 6. århundre fvt., var Orfeos kultens frontfigur. Orfeos’ reise til Dødsriket var eit sentralt tema. Samstundes fekk grekarane mytologisk-filosofiske impulsar frå aust, om at Kosmos var født frå eit egg, og at tida  (KRONOS) var guddommen som heldt verda i gang. Desse nye tankane vart også knytt til Orfeos.

 

Somme har undra seg på om orfismen hadde band til den tidlege religionen på Kreta, og herav også med gammal egyptisk religion – at den enn før dette hadde opprunne i Etiopia. (Historikaren Herodotos skreiv at Dionysos var født i Etiopia). Den egyptiske guden GEB hadde kallenamnet rp’t. Det tyder arveprins, og grekarane kan ha omsett rp’t til Orpais, som seinare vart til Orfeos..

 

Geb var jord-guddom, og hadde ansvar for fauna og flora, samt at han førte tilsyn med Underverda. Geb la verdsegget – han hadde skap av ei gås då han utførte denne viktige gjerninga. Gebs verdsegg var kanskje det same verdsegget som Orfismen lærte om?

 

Det er sagt at Orfeos gjorde ei reise til Egypt og gjekk i lære hos prestane der, og at han vart den mest kunnige av alle grekarar i mytologi og religionsfilosofi. Han avdekka mysterier, og fann ut korleis ein kunne verte reinsa for sine synder, verte lækt frå sjukdommar, og korleis ein kunne berge seg frå gudanes vreide. Det er sagt at rituala som orfistane brukte for dette, likna mykje på rituala i den dionysiske mysterie-religionen, men at dei også kunne minne om dei egyptiske rituala som vart brukt under dyrkinga av Isis/Osiris.

 

Somme har hevda at dei trakiske kvinnfolka som drepte Orfeos var hyra av Dionysos. I så fall augnar vi her ein maktkamp.

 

ORFISTISK-RELIGIØS PRAKSIS

 

Legender fortel at det var Orfeos som grunnla den orfeiske mysterie-religionen, og at det var han som hadde skrive kultens heilage tekstar. Orfeos utvikla i så fall ein opphøgd kosmogoni, som sentrerte seg om at Dionysos, son av Zevs, hadde blitt drept og fortært av TITANANE, og at Zevs etterpå massakrerte Titanane, og let menneske-slekta vekse opp frå aska deira. Desse menneska var delvis dionysiske (guddommeløege og gode), og delvis titanske (jordbundne og vonde).

 

Ved å utføre dei orfeiske rituala, og ved askese – halde seg unna kjøtt og vin og sex, prøvde folk å undertrykke sin jordiske og vonde  natur. Full guddommeleg fridom kunne ein oppnå ved fleirfaldige gjenfødingar, og ved å tileigne seg transcendental innsikt gjennom desse gjenfødingane. (Her må Orfismen ha mottatt påverknadar frå India og deromkring).

 

Orfistane var vegetarianarar, og dei ville ikkje ete bønner heller, fordi bønner likna på testiklar. (Vi skjønar at Orfistane stod i eit motsetnads-tilhøve til andre samtidige – folk som slakta dyr og åt bønner).

 

Fram til vår tid er det 87 av dei orfeiske hymnene som er bevara. I åtte av dei vert Dionysos omtala, og det ser ut til at Dionysos har spela ei viktig rolle i Orfismen. Hymnene varierer frå 6 til 30 verselinjer. Dei fleste fortel om Guds mange namn og Guds attributtar. Some av hymnene avslører kunnskap om mysteria. Hymnene fortel også om magiske kunstar, som astrologi, alkymi og edelsteins-mystisisme. (Ja, du veit: Tigerauge, blodstein, etc.).

 

Orfistane vart gravlagde som egyptarar og tibetanarar – med skrivne instruksjonar om korleis dei skulle finne fram i Underverda. Her er eit vers frå ei gulltavle i ei orfist-grav frå 3. århundre fvt:

 

 

Tekstboks: Du skal finne til venstre for Hades’ hus ei vass-kjelde,
Og ved sidan av den står ein kvit sypress.
Gå ikkje nær denne vass-kjelda.
Men du skal finne ei anna, ved Minne-sjøen,
Kaldvatn spring fram, og vaktpostar er plasserte framfor.
Sei: ”Eg er eit barn av Jorda, og av Stjernehimmelen;
Men min art høyrer einast Himmelen til. Sjølv veit de dette.
Og Io: Eg er svidd av tørke, og eg omkjem. Gi meg snøgt
Det kalde vatn som flyt fram frå Minne-sjøen.”
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


DRØFTING

 

Orfismen har likskap med fleire andre liv-død-lærer. Evrydike si reise til Dødsriket liknar på PEREPHONE si tilsvarande reise. Å sjå seg tilbake var eit vanleg tabu i antikken – i Bibelen vart Lot si hustru til ei saltstøtte då ho såg seg tilbake. Mange forskarar meiner at Orfismen var ei åndeleg-gjering av dei dionysiske rituala, og at den greske filosofien mykje bygde på Orfismen. Melom anna Platon ser ut til å ha mykje Orfisme i sin filosofi.

Mange har hevda at Orfeos var ein historisk person – ein lokal HERO, som vart dyrka i live og etter sin død. Kanskje var han ein Apollon-profet (Apollon-prest) – kanskje var han knytt til Dionysos. Det er hevda at det er funne skrift-tavler av gull etter Orfeos i Trakia, med bøner og trolldoms-maningar. I 4. århundre fvt. siterer Platon vers av Orfeos, og fortel om Orfeos-prestar som vandra omkring og preika ei frelsings-doktrine.

 

I Platons ”Myte om ER” finn vi mykje Orfisme.

Tekstboks: Myth of ER
 

 

 


Å drikke vatn styrkjer og rehabiliterer minnet. Vass-drikking er individets middel for å oppnå guddommeleg æve. Det er snakk om livs-vatn – aqua vitae.

Det er snakk om to vass-kjelder. Til venstre er vass-kjelda til LETHE – gløymsle-vatnet. Til høgre er vass-kjelda til MNEMOSYNE – vatnet som gynnar minnet. Dionysos-kulten handla om å drikke seg full og gløyme – Orfeos-kulten, som drakk kjeldevatn, lærte at menneska var guddommelege vesen som høyrde til i Himmelen, mellom gudane.

Somt tyder på at Dionysos var ein konge som vart dyrka som guddom i Trakia, og at Orfeos var hans etterfølgar, som også vart dyrka som guddom. Men Orfeos var ikkje så vill og galen som forgjengaren sin – meir sivilisert; lik Apollon. Orfismen var også nærknytt til Dei Eleusiske mysteria, ser det ut til.

 

 

 


ORION var ein av GIGANTANE, son av POSEIDON/GAIA.

Orion vart (i ein versjon) unnfanga ved at Poseidon, saman med nokre andre gudar urinerte på eit skinn. Skinnet vart så nedgravd i 9 månadar (av dette kjem ordet urin = Orion).

I ein annan tradisjon var mora til Orion GORGONEN EURYALE.

I ein tredje versjon heiter det at ZEVS og HERMES ein gang var på besøk hos ein fattig og barnlaus bi-røktar. Dei vart så vel motekne at dei sa han skulle få eit ønske oppfylt. Han ønskte seg då ein son. Dei to gudane bad han då ofre ein okse, flå han, pisse på skinnet, og gravlegge skinnet i grava til kona si. Bi-røktaren gjorde dette, og ni månadar etter vart eit gutebarn født, som fekk namnet Urion – ”Han som gjer vatn”. (Det plar kome regn i Middelhavslanda når Orion kjem fram på stjernehimmelen, og når han går bort).

Som dei fleste av Poseidons barn, var Orion ein diger fyr. Orion vart stor jeger, og stjernebiletet Orion viser ein jeger i forsvarsstilling mot den store oksen TAUROS.

Orion for til byen Hyria på øya Khios, og fridde til OINOPION (Vin-fjes) si datter MEROPE. Oinopion sa Orion skulle få ho om han greidde å fri øya for nokre fæle villdyr som herja der. Orion gav seg i kast med dette – kvar kveld kom han med nye villdyrpelsar til Merope. Men då han omsider var ferdig med å utrydde beista og ville ha bryllup, byrja Oinopion å prate om nokre løver, ulvar og bjørnar som skulle luske omkring oppi fjella. Oinopion var sjølv forelska i Merope, og fann på stadig nye utflukter for å sleppe å gifte ho bort. Orion vart hugtung over dette. Ein dag drakk han ein heil skinnsekk av Oinopions vin, og så braut han seg inn i Meropes sengekammer og tok henne med makt.

Ved daggry, då Oinopion fekk greie på kva som hadde hendt, bad han far sin, DIONYSOS, om hjelp. Dionysos sendte då SATYRAR som skjenka Orion med endå meir vin, og då han somna, stakk Oinopion ut begge augene hans, og kasta han frå seg på stranda.

Orion vandra så omkring i blinde. Eit orakel spådde han at han skulle få att synet, om han drog mot aust til soloppgangen, og der retta augehola mot Sola, idet ho stod opp. Orion sette ut i ein robåt, og tok peilinga etter lyden av hammerslaga til ein KYKLOP. Etter ei tid kom han til øya Lemnos. Der traff han på HEFAISTOS, som tykte synd om han, og sendte med han ein av smedsveinane sine, Kedalion (dvergen på kjempens skuldrar), som geleida han til soloppgangen, EOS, der solguden HELIOS gav han synet tilbake.

Soloppgangen, Eos, var søster til Helios. Ho vart forelska i Orion, og tok han til øya Delos, der dei elska og hadde det svært ei rid. Eos var noko blyg eller skamfull – i alle høve hadde ho det med å raudne når Orion kom til henne, og derfor er soloppgangen raud.

Orion drog no tilbake for å hemne seg på Oinopion, men denne gøymde seg i eit underjordisk bronsekammer som Hefaistos hadde laga til han. Orion trudde han kanskje hadde rømt til bestefar sin, kong MINOSKreta, og drog dit. Her traff han på ARTHEMIS. Dei to hadde felles jaktinteresser. Ho bad han gløyme hemntankane sine, og vere med henne på jakt. Dei to drog så ut i villmarkane.

APOLLON, bror til Arthemis, var redd Orion skulle sjekke opp Arthemis - han  meinte vel fyren var ein sjarlatan. Han drog til Mor Jord, GAIA, og fortalde at Orion hadde skrytt av at han skulle utrydde alle villdyr og monster på jord. Dette likte Gaia dårleg, så ho sendte ein monster-skorpion- for å ta han. Orion forsvarte seg mot skorpionen med piler og sverd, men ingen døyelege våpen beit på den. Han hoppa då på sjøen, og symde mot Delos, der han håpte Eos kunne hjelpe han. Apollon stod tett attmd, og han ropte på søstera si: ”Ser du den svarte prikken langt ute på sjøen? Det er hovudet til ein kjeltring som heiter Candaon. Han har nettopp fornærma Opos, ei av dei hyperboreiske prestinnene dine! Greier du treffe han med ei pil?”

- Orion vart kalla Candaon i Boøtia, men Arthemis visste ikkje dette. Ho skaut, og symde ut for å berge byttet. Då ho såg kven ho hadde drept, bad ho i stor fortviling ASKLEPIOS om å gjere Orion levande att. Asklepios prøvde, men vart drept av ZEVS’ tordenkile før han var ferdig. Då sette Arthemis Orion på stjernehimmelen. Scorpios fer etter han til evig tid. Men Orions sjel hadde alt vandra til Dei Asfodeliske marker. Der hamna sjeler som ikkje hadde gjort seg fortent til å kome til ELYSIUM, men heller ikkje var dårlege nok til å hamne i TARTAROS.

I ein anna myte heiter det at Orion hadde valdteke Artemis' følge-venninner, PLEIADENE, og at Arthemis drepte han som straff for dette. Ho sendte ein skorpion på han, som gav han eit dødeleg bitt. Då Orion og Scorpios vart sett på stjernehimmelen, vart det gjort god avstand mellom dei, så Orion skulle vere trygg. Når Scorpios kjem opp i aust, skundar Orion seg ned i vest.

Tekstboks: LINK 1:
 

 

 


ORPHEUS - sjå ORFEOS

 

ORTHROS  var eit uhyre - ein hund med to hovud, som ledsaga uhyret GERYON. Orthros var avkom av ECHIDNA og TYPHON. Han låg med si eiga mor, og vart ved dette far til to andre uhyre - DEN THEBANSKE SFIX og DEN NEMEISKE LØVE. Orthros og Eurythion hjalp kjempen GERYON med å passe kveget hans. Orthros vart drept av HERAKLES då Herakles utførte si tiande storbragd, or rana Geryons kveg.

 

Ved å ha to hovud likna Orthros på romarane sin gud JANUS. På stjernehimmelen var han Hundestjerna Sirius, som innleia nyåret i Aten. Med eine andletet såg han tilbake i det gamle året - med andre andletet skoda han inn i det nye.

 

OSIRIS var importert frå Egypt. Mange framande gudar vart adoptert av romarane i Romarrikets velmaktstid. Forvirringa var stor. Kona til Osiris - ISIS, hadde sin kult, og Osiris fekk sin eigen kult, som oftast samansmelta med ein APIS-kult. Rundt om i Romarrikets mange krinkelkrokar vart namna til Osiris og Apis slått saman til SERAPIS, og vips...så var ein ny guddom brakt fram på marknaden. Om Osiris knan du lese i Egypt-sidene. Sjå også SERAPIS.

 

Tekstboks: OSIRIS (Egypt)

 

 

 

                                                           Til framsida

1