GRESKE OG ROMERSKE GUDAR

Gudar    P

Forfatta av Aslak Nedregård

Til Framsida

 

 

 

 

  

 

Gresk

 

Romersk

 

 

PALLADIUM

PALLAS 1

PALLAS 2

PALLAS 3

PALLAS_ATENE

PAN

PANDORA

PARCENE

PARIS

PARTHENOPAEOS

PASIPHAË

PATROKLOS

PEGASOS

PEIRITHOOS

PELASGOS

PELEOS

PELIAS

PELOPS

PEMPHREDO

PENELOPE

PENTHEOS

PERDIX

 

 

PERSE

PERSEOS

PERSEPHONE

PERSES

PHAEO

PHAESYLE

PHAËTON 1

PHAËTON 2

PHANES

PHEMONOE

PHLEGYAS

PHOBOS

PHOEBE

PHOENIX

PHOLOS

PHORCIDENE

PHORCIS

PHORCYS

PHRIXOS

PLEIADENE

PLEIONE

 

 

PLUTOS 1

PLUTOS 2

POENE

POLYDEUKES

POLYHYMNIA

POLYNIKES

POLYPHEMOS

PONTOS

POSEIDON

PRIAMOS

PRIAPOS

PROKRUSTES

PROMETHEVS

PROTESILAOS

PROTEOS

PSYKE

PYGMALION

PYGMEAE

PYRRHA

PYRRHOS

PYTHON

PYTIA

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

PALES

PANTHEON

PARCE

PARCENE

PAX

PENATENE

PHOEBUS

PICUS

PIETAS

PLUTO

PLUVIUS

POLLUX

POMONA

PORTUNUS

POSTVORTA

PRIAPUS

PROSEPINE

 

 

 

 

PALES

var romersk vernegudinne for beitemarker, husdyrbølingar og gjetarar. Ho hadde ansvaret for deira helse og for husdyras fræve. Opphavleg var det to Pales – ein av kvart kjønn. Dei to vart slått saman til ein Pales – om han/ho var mann eller kvinne var visst uinteressant. Det var ein årleg festival for Pales, kalla Palilia eller Parilia 21.april, på årsdagen for Romas grunnlegging. På denne dagen vart det tent rituelle bål, og romarane jaga buskapen gjennom flammane. Det vart meint å vere ein reinsings-prosess. Dette var ein svært gammal skikk.

 

 

Det kan verke dramatisk å jage sau, ku, gris og geit gjennom eld, men kanskje ligg det ein logikk bak. Vi veit at dyr som har blitt berga ut frå brennande fjøs ofte finn på å storme inn i brannen att. Dette er ei instinkt-handling. Gjennom tidene har dyr lært seg at beste måten å unnsleppe ein skogbrann på, er å springe gjennom brann-fronten, slik at dei kjem seg bak brannen. Kanskje romarane ville minne husdyra om denne overlevelsesteknikken?

 

PALLADIUM

sjå PALLAS 1

 

Tekstboks: STATUENPALLAS 1

var datter av TRITON, (POSEIDON sin trompetist), og ho var ei leikevenninne som gudinna ATENE hadde som småjente. Dei to venninnene leika ein dag med spyd, og det gjekk så gale til at Atene ved eit uhell drepte Pallas under leiken. Atene tok dette svært tungt, for dei to venninnene hadde vore sterkt knytt til kvarandre.

Då Atene vart vaksen og kom til makt, let ho oppføre ein tre-statue av Pallas, og dessutan byrja ho kalle seg PALLAS-ATENE, for å heidre minnet etter Pallas. Atene ville at venninna skulle leve vidare gjennom ho. Grekarane kalla Pallas-statuen Palladium, og dyrka statuen som ungdoms-gudinne. Etter kvart vart statuen også assossiert med Atene, men under namnet Pallas-Atene. Palladium vart til ei verne-statue – ei verne-gudinne. Den byen som hadde Palladium i sitt eige, var trygg for alle farar. Gjennom århundra vart Palladium flytta frå by til by – statuen var eit attraktivt krigsbytte, og var innom både Troja, Sparta, Aten og Roma. Ingen veit kor statuen til sist enda.

 

 

Under oppslagsordet ATENE kan du lese om ei eldre og ei yngre Atene. Den eldre var prestinne i ein matriarkalsk eike-kult – (truleg også måne-kult). Pallas 1 var truleg knytt til den eldre Atene.

 

Det er ei merkeleg tilknyting til Poseidon i myten om Pallas 1. I ein periode var det usemje om kva gud som skulle vere Atens verneguddom – Poseidon eller Atene. To kultar stod mot einannan. Pallas 1 var knytt til Poseidon. Atene drepte ho, men angra dette, og heldt minnet om Pallas høgt i ære. Det verkar som om nokre smarte hovud fann fram til ei god diplomatisk løysing, for å sikre byfreden.  

 

Tekstboks: GIGANT-KRIGENPALLAS 2

var ein GIGANT. Han likna ein diger geitebukk med venger. Gigantane prøvde ein gang å detronisere ZEVS, og det vart ein veldig krig. Atene kjempa på Zevs’ side, og ho overmanna Pallas 2 etter å ha kjempa mot han i fleire timar. Pallas 2 var umåteleg sterk, og Atene måtte bruke krigslist og dyktig strategi for å overvinne han. Etterpå flådde ho han, og laga seg eit skjold av huda hans. Når ho bar dette skjoldet var Atene fryktlaus.

 

PALLAS 3

var ein TITAN; son av Creos og EURYBIA. Han var gift med STYX, og var far til sigersgudinna NIKE.

 

PALLAS ATENE

sjå ATENE og PALLAS 1

PAN

var i gresk mytologi ein gud som særleg verna om geitene. Dessutan vart han sett på som vernegud for gjetarar og naturen. Han hadde bukkebein og bukkehorn - omtrent slik som SATYRANE. Pan var (er det sagt) son av HERMES. (Men i andre myter vert det fortalt at Pan var eldre enn Hermes, så farskapet er noko usikkert).

Pan tok over jobben med å ha ansvar for kveget etter Hermes, då denne hadde så mykje anna å gjere. Pan verna også om bikuber, og han hjalp jegarar å finne jakt-bytte. Jegarane ofra og bad til Pan før jakta, men fekk dei dårleg med bytte, kunne dei rope ut fornærmingar mot han etter jakta.

Kven som var mor til Pan er ganske tvilsamt. Somme nemner DRYOPE, datter av DRYOPS; andre nemner nymfa OENIS, eller ODYSSEVS’ kone PENELOPE, som Hermes vitja i skap av ein bukk. Somme meinte at Pan var son av ZEVS - at Zevs fekk han med HYBRIS.

Frå andre hald vart det hevda at Pan’s mor var geita AMALTHEA. Pan var så stygg ved fødselen - med horn, klauver, hale og skjegg, at mora rømde sin veg i redsle straks ho såg han. Hermes brakte han då til gudanes bustad, Olympen - Pan vart oppfostra der, og gudane hadde mykje moro av denne merkelege framtoningen. Men Pan vart fosterbror til ZEVS, og det viser at han ikkje akkurat vart ringeakta på Olympen.

Pan var ein av dei mektige gudane, men fekk likevel ikkje plass mellom Dei 12 store på Olympen. Han likte seg også best i skogane på jorda. Han var forresten ikkje udøyeleg, og han døde for noko tid sidan. Han er den einaste av gudane som har avgått ved døden i historisk tid. Det var sjømannen Thamos som først fekk høyre at Pan var død. Han segla med skipet sitt frå øya Paxi mot Italia, då ei guddommeleg stemme lydde over havet: ”Thamos, er du der? Når du når Palodes, så fortell at den store gud Pan er død.” Då Thamos kunngjorde dødsbodskapet vart det stor sorg og mykje klagesang.

Pan heldt til i skog- og fjell-traktene i grisgrendte strøk av Arkadia. Han pla delta i dei ville festane til fjellnymfene OREADENE, og var stadig på kvinnfolk-jakt; men elles var han ganske lat, og best av alt likte han å sove lange middagslurar i skuggefulle gjøl eller grotter. Defor er det viktig å fare stilt i skogen om ettermiddagane. Om nokon uroar Pan med rop og leven, set han i eit høgt hyl, så håret reiser seg - ein får panikk og spring for livet.

Når dyr eller menneske som går i skogen brått vert tekne av panikk, så er det Pan som har skremt dei. Det hender at kveg i panikk kan springe seg i hjel utfor stup.

Sjølv om Pan skal vere død no, så er panikk eit velkjent fenomen endå i dag. Når ein får panikk i skogen, ser ein troll og udyr bak kvart buskas og kvar trestamme, og ein vil bare springe heim så fort ein greier. Det som kan hjelpe mot panikk, er å puste djupt og langsamt, og gå i roleg tempo utan å sjå seg bak.

Mellom nymfene som Pan prøvde å forføre, var EKKO. Med henne fekk han sonen IYNX.

Med MUSENE si pleierske EUPHEME fekk han sonen Krotos, som var bogeskytar, og fekk plass i Dyrekretsen på stjernehimmelen (stjernebiletet Sagittarius (Skytten)).

Ein gang prøvde Pan å valdta den ærbare nymfa PITYS. Ho slapp unna ved å skape seg om til eit furu-tre. Sidan bar Pan alltid ein furukvist som hovudpynt. Ein annan gang sprang han etter SYRINX frå fjellet Lykaeum til elva Ladon. Der skapte ho seg om til eit siv. Sidan Pan ikkje greidde finne henne mellom alle dei andre sivrøyra, plukka han med seg ein bunt med siv på slump, og av desse laga han rør-fløyta si - Panfløyta. Med denne streifa han om i skog og mark. Det greske ordet for pan-fløyte er syrinx

Mest lukke hadde Pan med å forføre månegudinna SELENE. Han kledde seg i kvite skinn, for å løyne geiteragget sitt. Selene skjøna ikkje kven han var, og ho tok imot tilbodet om å ri på ryggen hans. Etterpå gjekk det varmt for seg.

Gudane på Olympen tykte Pan var i meste laget vill og gal og ustyrleg, men dei gjorde seg nytte av talenta hans. Hermes kopierte rørfløyta, og påstod at det var han som hadde funne ho opp. Sidan selde Hermes fløyta til Apollon. APOLLON lærte spådoms-kunstane sine av Pan.

Når dei kristne ville teikne Djevelen, brukte dei gjerne Pan sin framtoning som førebilete. Slik fekk Djevelen klauvar og horn. Det som ligg bak her, er at Pan var elskovsguddom i arkadiske, rituelle sexorgier. Kvart år var det ein stakkars ungdom som fekk rollen som Pan, og MAENADENE, og kanskje alle kvinnfolka i byen dertil, rusa seg ville og galne på mange slags vis (men vin var ennå ikkje oppfunne)… og dei hadde sex med Pan. Den store avslutningsfesten gjekk føre seg oppe i fjella. Meanadene var tatovert i ansiktet og på armar og leggar med edderkoppnett-mønster. Dei dansa omkring ein fallos-stein som dei påstod HERMES hadde tilhald i. Pan var vår-guddom – markane skulle fruktast. Pan hadde samleie med Mai-dronninga. Mai-dronninga var SELENE – Månegudinna. Av dette samleiet vart IYNX til – det er fuglen vendehals – eit sikkert vårteikn. (Også nymfa EKKO er sagt å vere mor til Iynx).

Som avslutning på orgien vart visst Pan-prinsekongen drept. (Etter at hellenarane hadde erobra Arkadia var det kvinnfolk i fjell-landsbyar som helst dreiv med desse orgiene. Dei meir siviliserte hellenarane fældes og tok avstand frå dei. Meldinga om Pans død var nok politisk motivert).

Desse orgiene likna på seinare orgier til somme hekse-kultar i Nord-Europa, som kyrkja ville til livs. Så teikna kyrkja Djevelen slik det var fortalt at Pan såg ut. Kulturpåverknaden kan forresten ha gått begge vegar, for i Nord-Europa hadde dei også ein fertilitets-guddom som såg ut som ein fæl geitebukk. Og hekseorgier med gale kvinnfolk som utførte magi og skumle rituale var visstnok vidt utbreidt i Europa til langt inn i Mellomalderen. Det er best å passe seg! (Som de må forstå så varierte mytene og rituala frå stad til stad og frå tid til tid, og dei hadde ei utbreiing som rakk langt utanom gresk kulturområde).

Romarane hadde i eldre tid ein gud dei kalla FAUNUS (Faunen) eller SILVANUS (skog) , og denne hadde ein del likskapar med Pan.

 

 

 

 

Det heiter i ein myte at APOLLON oppsøkte den lurvete, gamle, geiteføtte, arkadiske guden Pan, og greidde å lokke han til å lære seg spådomskunsten. Med denne nye kunnskap innanbords, erobra Apollon oraklet i DELFI, og tvang PYTHIA og presteskapet der til å arbeide for seg. Ifølge denne myten var altså Pan guddom i Arkadia, og eldre enn Apollon.

 

Ein annan myte fortel at det ein gang vart arrangert kappleik mellom Pan og Apollon. Pan spela fløyte, og Apollon på lyre. Kong   MIDAS var dommar, og han kåra Apollon som sigerherre.  Apollon var sidan gudanes spelemester. Dette kan vere ei symbol- forteljing om den gang Helladane erobra Frygia og Arkadia. Strenginstrument var symbol for Helladane, og fløyte var symbol for dei erobra folka. Etter erobringa var det Apollons sjustrenga lyre som vart klimpra på hos dei danna klasser – bare gjetarane i utmarkene spela framleis på fløyte.

 

 

 

Pan forærte nokre jakthundar til ARTHEMIS – ho traff på han ein gang i Arkadia, medan han var i ferd med å partere ei felt gaupe for å fore hundane sine.

PANDORA

vart skapt på befaling frå  ZEVS. HEFAISTOS måtte lage ein kvinnekropp av leire, dei fire vindane måtte blåse liv i kroppen, og alle gudinnene på Olympen måtte pynte ho. Pandora vart den vakraste kvinne nokon gang skapt. Zevs sendte Pandora som gåve til PROMETHEVS, med HERMES som eskorte. Pandora hadde fått med ei øskje av Zevs, med befaling om å skjenke øskja til sin blivande ektemann. Zevs ville hemne seg på Promethevs, som hadde stole elden frå han, og gitt den til menneska.

Men då Pandora kom til Promethevs ana han uråd, for broren hans, EPIMETHEVS, hadde åtvara han mot å ta imot noko gåve frå Zevs. Då Promethevs høfleg avslo gåva, vart Zevs så forbanna at han liksågodt lenka Promethevs naken til ein påle i Kaukasus-fjella, og kvar dag kjem ein grådig gribb og riv ut levra hans. Kvar natt, medan Promethevs står der skjelvande i kulden, kjem levra på plass att.

Epimethevs vart skræmd av brorens lagnad, så han var snar å gifte seg med Pandora. Men no var ho ikkje pen lenger, men vanskapt, dum og lat. EPIMETHEVS fekk Pandoras øskje av Pandora i brudgomsgåve (eller kanskje det rettare var ei krukke). Han opna ho, og ut flaug allslags sjukdommar, plager og elende. Veltande ut av krukka kom alderdom, trelling, sjukdom, galskap, last og lidenskap. Desse plagene har sidan vore menneskas lodd. Epimethevs var snar å ha på lokket, men det einaste som då var att i øskja, var håpet, som grekarane kalla Elpis. Det er håpet som gjer at menneska greier å uthalde jordelivet.

Med Epimethevs fekk Pandora dattera PYRRHA, som vart kona til Promethevs’ son DEUKALION. Dette paret overlevde syndefloden. Oraklet i DELFI bad dei kaste beina til mora si bak seg. Sidan Pandora var gjort av leire, skjøna dei at bein tydde stein, og då dei heiv stein bak seg vart nye menneske født av desse.

 

 

 

Namnet Pandora tyder ”alt-givande”. Pandora var eit namn på Jord-gudinna RHEA, som vart nytta i Aten og andre stadar. Historien om Pandoras øskje er ein fabel som skal forklare menneskas lidingsfulle liv.

 

Men konflikten mellom Zevs og Promethevs ligg det noko meir bak. Namnet Promethevs tyder omtanke, framsyntheit, planlegging – var han Adam i Paradis som hadde ete av kunnskapens tre? Gud likte ikkje at menneska fekk vett. Det var vel ikkje bra dei fekk eld heller? Det er mange parallellar å finne mellom Bibelens gud Jahve og Zevs. Mykje tyder på at dei to guddommane har sams opphav.

 

 I ei fjern fortid levde gudar og menneske saman på Jorda. Gudane hadde skapt menneska, men det var mange forbetringar å gjere, så gudane måtte gjere ein del etterarbeid. Heilt bra vart det aldri. Nokre gudar forelska seg i menneske-kvinner, og dei fekk barn med dei, som vart kjemper – gigantar. Desse vart det også mykje tull med.

 

Dei første menneska vart himlandes gamle – det var eit problem. Gudane planta ei genetisk klokke i mitokondria i menneska sine kropps-celler, og slik vart eit menneskeliv regulert til å vare i 120 år. Sidan kom ikkje gudane vidare med utviklings-prosjektet mennesket, så dei la  prosjektet på is.  (Sjå også under PROMETHEVS).

 

 

PANTHEON

Tekstboks: BAKGRUNNTekstboks: TEMPLET

Romarane laga seg ei gudeforsamling for å herme etter grekarane si forsamling av Olympiske gudar. Men medan dei olympiske gudane sat på toppen av fjellet Olympen, så vart det bygd eit tempel for dei romerske gudane midt i byens sentrum. Byggverket fekk namnet Pantheon (For alle gudane), og det står der ennå! Det er eit særeigent og fantastisk byggverk – eit tempel utanom det vanlege.

Det var nye, gresk-arva gudar (di novensides) som fekk plass i Pantheon – eller rettare: gamle italiske gudar som vart assosierte med dei gamle greske, og fekk arve mykje av deira biografi og funksjon.

 

 

Tekstboks: PANTHEON

 

ROMERSK GUD

Gresk førebilete

JUPITER

Zevs

MARS

Ares

MERCURIUS

Hermes

NEPTUN

Poseidon

APOLLO

Apollon

VULCANUS

Hefaistos

BACCHUS

Dionysos

JUNO

Hera

MINERVA

Atene

VENUS

Afrodite

CERES

Demeter

DIANA

Arthemis

 

 

 

PARCE

Namnet Parce skal kome av ordet partus som tyder fødsel. Romarane dyrka Parce som gudinne for barnefødslar. Med tida vart ho gudinne for menneskas lagnad – ho var lagnadsgudinne. Så vart ho samanblanda med dei tre greske MOIRENE – ho vart dyrka som ei tre-einig trippel-gudinne – satt saman av dei tre PARCENE:  NONA, DECUMA og MORTA. Alle ihop vart dei også kalla Tria Fata – romarane forestilte seg at dei likna tre gamle kjerringar. Fata tyder som kjent ”lagnad”.

NONA hadde ansvaret for fosterutviklinga. Somme har hevda at namnet hennar har rot i tallet 9. Det skulle vere bra at svangerskapet varte i 9 månadar. Det heiter også at Nona spann livstråden.

DECUMA målte opp lengda på livstråden. Somme har hevda at namnet hennar har rot i tallet 10. Eit svangerskap på 10 månadar skulle også vere bra. (Romarane hadde problem med barn som var født for tidleg. Hippokrates skreiv at barn som var født i åttande månad både eksisterte og ikkje eksisterte).

MORTA var dødsgudinna- ho bestemte dødstimen; ho klipte av livstråden.

I norrøn mytologi har vi ein parallell i dei tre Nornene, som spann livsveven til folk.

 

 

PARCENE

sjå PARCE.

 

Tekstboks: Heile ILIADEN på danskTekstboks: ILIADENTekstboks: UTGRAVINGARTekstboks: TROJA-KRIGENTekstboks: MISSE-SHOWPARIS

(også kalla Alexander), var prins av Troja - son av kong PRIAMOS og dronning HEKUBA. Eit orakel spådde at Paris ein gang skulle forårsake Trojas undergang, og derfor la faren babyen ut på fjellet IDA. Der vart Paris funnen av gjetarar, og dei tok seg av han.

Medan Paris gjette sauer, krangla ein gang gudinnene HERA, ATENE og  AFRODITE om kven av dei som var penast. Dei ville at Paris skulle dømme om dette. Alle prøvde å bestikke han. Hera lova å gjere han til konge over Europa og Asia, Atene ville hjelpe han med å leie Troja i kampen mot hellenarane, og Afrodite ville gi han den vakraste kvinna i verda, HELENA, kona til den spartanske kongen MENELAOS.

Paris dømde at Afrodite var vakrast, sjølv om han på den tid var forelska i nymfa OENONE. Hans avgjerd gjorde Hera og Atene til bitre fiendar av Troja. Og då Helena vart botført frå Sparta, vart det full krig.

I det tiande år av Troja-krigane møttes Paris og kong Menelaos i kamp mann mot mann. Menelaos ville lett ha vunne, hadde det ikkje vore for Afrodite, som pakka Paris inn i ei sky og frakta han tilbake til Troja. Før byen fall, vart Paris dødeleg såra av bogeskytaren FILOKTETES. Paris gjekk til Oenone, som hadde magisk medisin som kunne kurere han, men ho var arg på han og nekta han medisinen, så han døde. Etterpå tok Oenone sjølvmord av anger og sorg.

Krigane mot Troja er eit storhende i gresk historie, som det er skrive mykje om.

I Homers store diktverk Iliaden, vert det fortalt om dei 51 siste dagane av Trojanarkrigane, som i alt varte i 10 år.

 

 

PARTHENOPAEOS

var son av ATALANTA og HIPPOMENES. Det er forresten mange forslag til kven som var faren – MELEAGER og ARES er nemnt. Parthenopaeos vart sett ut i villmarka, men vart funnen av gjetarar og overlevde. Gjetarane døypte han. Namnet tyder ”jomfrudoms-brytar” – (Atalanta påstod nemlig hardnakka at ho var jomfru). Parthenopaeos vart høvding i Arkadia. Han var ein av Dei sju mot Thebes.

 

 

PASIPHAË

var datter av HELIOS og  PERSE,  og kona til kong MINOSKreta. Ho vart mor til Glaukos, Androgeos, Phaedra og ARIADNE. Så vart ho også mor til ukse-monstret MINOTAUROS, fordi POSEIDON og AFRODITE trolla ho forelska i ein ukse som Poseidon hadde sendt som offergåve til Minos.  Pasiphaë fekk DAIDALOS til å konstruere eit elskovs-møbel slik at ho kunne ha samleie med uksen, og av dette vart uhyret MINOTAUROS født.

 

 

PATROKLOS

var venn av heroen ACHILLES. Han vart drept av den trojanske prins HEKTOR på slutten av trojanarkrigane. Dette ført til at Achilles gjekk inn att i kampane.

 

 

Tekstboks: MYNTARPAX

var romersk fredsgudinne – motstykke til grekarane si EIRENE. Hennar attributtar var olivengrein, overflødigheitshorn og septer. Stundom vart ho avbileta med ein ”Hermes-stav” - cadaceus. Ei utgåve av Pax var CONCORDIA.

Pax vart særleg dyrka i keisar Augustus si regjeringstid. Det var keisar Augustus som bestemte at Pax skulle vere ei ekte gudinne. Det vart reist to små tempel for ho i Roma – eitt på Marsmarkene, kalla Ara Pacis, og i byen fekk ho sitt eige torg, kalla Forum Pacis, der det også vart oppført eit Pax-tempel. I fredstider stod templa opne, men dei vart stengt når det var krig. Kvar 3. januar vart det halde fest til Pax’ ære. Dette var under Den store RomarfredenPax Romana. Pax-templa stod då opne samanhengande i 200 år. Så vart dei stengt og rivne av dei kristne, og sidan har ikkje jorda opplevd eit einaste år utan krig.

Pax var ein av dei romerske guddommane som skulle ha overoppsyn under rettssaker.

 

 

 

Gudinna Pax var altså rett og slett eit keisar-påfunn. Keisar Augustus ønskte fred i Romarriket, og trengte ei gudinne til å hjelpe seg med dette. Augustus heldt fram eit ideal for folket - Pax - fred. Og Augustus og Pax lukkast med å skape fred – den store Romarfreden. Men snart var det ufred att, og det vart uhøvleg for staten å dyrke Pax. Men ho levde vidare i hovuda til filosofar og litteratar, og er ennå eit ideal for mange.

 

 

PEGASOS

Tekstboks: PEGASOSTekstboks: PEGASOS 2

var den vidgjetne hesten med venger - MUSENE sin yndling. Pegasos var skaldane (poetane) sin spesielle ridehest. Pegasos var også Måne-hesten – hesten til Månegudinna.

Pegasos var son av havguden POSEIDON og GORGONEN MEDUSA. Då Medusa vart drept av PERSEOS, skapte Poseidon Pegasos av kvit hav-sand, regnbogefarga bølgeskum og blod frå Medusa’s hovud.  Kort etter fødselen rørte Pegasos marka med ein fot, på berget Helikon der MUSENE heldt til, og der sprang fram ei diktar-kjelde - musene si heilage kjelde som all poetisk inspirasjon spring ut ifrå.

I ein annan myte heiter det at då Perseos hogg hovudet av Medusa, så sprang Pegasos og krigaren CHRYSAOR fullvaksne ut av den døde kroppen hennar. Det var Poseidon som hadde gjort Medusa gravid med desse to – han hadde hatt samleie med ho i eitt av Atene sine tempel.

Mange var oppsett på å fange og temje Pegasos - for BELLEROFON, prins av Korint, vart det ein tvangstanke. På råd frå ein sjåar, overnatta Bellerofon i templet til gudinna ATENE. Medan han sov viste gudinna seg for han med eit gyllent bigsel, og fortalde at med dette kunne han fange Pegasos. Då Bellerofon vakna fann han bigslet ved sidan av seg, og han greidde å fanger og temje venge-hesten med dette. Pegasos var sidan til stor hjelp for heroen Bellerofon, og hjalp han i kampane mot AMAZONENE og uhyret CHIMAERA. Bellerofon vart mektig konge i Lykia, men fall til slutt for si eiga stoltheit. Han prøvde å flyge på Pegasos til Olympens topp for å kome ihop med dei udøyelege gudane. Men ZEVS sendte ein brems som beit Pegasos under halen. Pegasos steila og kasta Bellerofon av. Han styrta i bakken, og landa i eit tornekratt – vart blinda og einsidig lam, og han vandra sidan utrøsteleg omkring på jorda til sin dødsdag, og gøymde seg for folk – og av gudane var han forhatt.

Pegasos fann kvile i stallen på Olympen, og fekk i oppdrag av ZEVS å vere pakkdyr - bere lyn-eldar og torden-kilar for Zevs, når Zevs var ute og på raid. Som takk sette Zevs Pegasos på stjernehimmelen.

 

 

 

I Arkadia var der ein heste-kult, før Helladane invaderte. (Slik som i bygdene på Søre Sunnmøre i jernalderen, og også kjent frå Danmark og Irland). Det er funne bilete av DEMETER med hestehovud. Det vart halde ville orgier sentrert om merrer. Det inngjekk i orgie-rituala at ein vill hingst måtte fangast (og etast?). (Atene hjalp til med å fange Pegasos). 

Heste-orgie-festane skulle frambringe regn – det trenges til våren, for markens grøde.

Den helladiske erobrar-kongen tvang seg til ekteskap med den arkadiske prinsesse, og hevda så å vere konge i landet i kraft av dette giftemål. Men Helladane ville ikkje ha noko av den gamle merre-kulten. Derfor erklærte Helladane at den arkadiske heilag-hingsten ARION var avkom av Poseidon – resultat av samleie med  merra Despoena (som var eitt av namna på Demeter). Hingsten kom i kult-høgsetet i staden for merra – det blei som Helladane ville ha det – det maskuline prinsipp hadde sigra. Å sette bigsel på ein vill-hingst ser ut til å ha inngått i kronings-ritualet i mange greske byar i gammal tid – (etter at Helladane hadde tatt makta).

 

Hestar var tileigna Månen, sidan dei laga fotavtrykk som likna ein halvmåne. Månen var opphavet til alt vatn. Det var av dette at Pegasos kunne frambringe ei vasskjelde med hoven. I det gamle Arkadia hadde dei små hestar – på storleik med ein Shetlands-ponny, og ubrukande til å trekke vogner. Dei helladiske innvandrarane hadde med ein større hesterase.

At Poseidon avla Pegasos av Medusas blod, er ein annan variant av same symbol-historie – den helladiske kongen som erobra Arkadia representerte havguden Poseidon – kanskje titulerte han seg også som Poseidon.

Demeter-prinsesser/dronningar/prestinner hadde kanskje merre-maske i ein by og gorgon-maske i ein annan by. Dei vart nedlagt av helladiske kongar (iført hingste-maske?), som slik demonstrerte Helladane si overmakt. Hellade-kongen overtok regien av regn-seremonien, og utførte den på sin måte. Men ei gorgon-maske vart tatt vare på og henta fram for å jage bort vonde, underjordiske makter når det trengtes.

 

 

 

Tekstboks: LARISA Kart D8PEIRITHOOS

var ein lapittisk konge, opphavleg frå byen Larisa. Han var son av ZEVS (eller IXION) og Dia. Kanskje var han Zevs i gammal tid, då guden og kongen var eitt, og gudetittelen gjekk i arv frå den gamle til den nye kongen. Namnet tyder ”Han som snur seg rundt”. I myten var det Zevs som snudde seg rundt – då han hadde forkledd seg som ein hingst, og prøvde å forføre THETIS–prestinna Dia ved å tumle rundt ho.

Peirithoos’ liv var eventyrleg. Saman med HEROANE CASTOR, POLYDEUKES, THESEVS, JASON og fleire, deltok han i jakta på Den kalydonske rånen, som ARTHEMIS hadde sendt for å øydelegge landet til kong Oeneos av Kalydon. (Les meir om denne jakta under MELEAGER).

Peirithoos vart konge over Magnetane i landet Magnesia. (Etter det eg forstår var Magnetane ei gruppe lapittar). Thesevs var alt ein vidgjeten HERO, og Peirithoos ville gjere seg kjent med han. Dette gjorde han på den måten at han drog på raid med nokre av krigarane sine til Thesevs’ heimland Attika, og stal nokre kyr som gjekk på beite ved Maraton. Thesevs sette straks etter han med eit hærfølge, men då dei nådde att tjuvane stod Peirithoos modig fram og var klar til kamp. Dei to høvdingane vann slik respekt for kvarandre at dei svor evig vennskap der og da, og Peirithoos inviterte Thesevs til bryllaupet sitt.

Peirithoos skulle gifte seg med Deidameia (Hippodameia), og han inviterte også alle OLYMPIARANE til bryllaupet, bortsett frå ARES og ERIS, då desse to var nokre fest-knusarar. Då det kom fleire gjester enn palasset kunne romme, vart søskenbarna til Peirithoos, KENTAURANE, saman med NESTOR, Kaeneos og nokre andre thessaliske prinsar bordsett ved ei diger hole omgitt av ein fager trelund, nær ved.

Kentaurane var ikkje vane med vin, så dei fekk servert surmjelk. Men då dei kjende lukta av vinen skauv dei unna mjelka, og storma fram for å fylle sine sølv-drikkehorn frå vinsekkane. Dei supa vin i store mengder utan å blande med vatn, og vart så drukne at då bruda vart ført til hola for å helse på dei, så hoppa Eurytos (eller Eurythion) opp frå setet sitt, velta bordet, og drog bruda bort etter håret. Dei andre Kentaurane følgde straks hans eksempel, og gjekk laus på ungjenter og gutar i bruda sitt følge.

Peirithoos og Thesevs sprang fram for å berge bruda. Dei skar nasen og øyrene av Eurythion, og med hjelp frå Lapittane dreiv dei Kentaurane ut av hola. På utsida heldt kampen fram til natta fall på, og var opptakten til den langvarige feiden mellom Kentaurane og Lapittane, og Ares og Eris fyra heile tida oppunder, som hemn for at dei ikkje fekk kome i bryllaupet.

 

 

Det ser ut til at Kentaurane eigentleg var ei folkestamme. Dei var naboar til Lapittane, og gjorde krav på Peirithoos’ kongerike. Thesevs var hellade-konge, og Helladane var for tida i forbund med Lapittane. Thesevs jaga Kentaurane bort, men dei slo tilbake, og invaderte Peirithoos’ territorium. Lapittane måtte røme heilt til Malea, der dei så slo seg til.

At Kentaurane er blitt knytt til fabelvesenet hestemann, må skrive seg frå religions-utøvinga deira. Lapittane og Kentaurane dyrka same heste-kult.

Namnet til Peirithoos’ brud: Hippodameia = hestetemjar...Deidameia = gudetemjar.

 

At Lapittane og Kentaurane kom i konflikt med kvarandre, var til stor fordel for Helladane. Var det så enkelt at dei bare skjenka Kentaurane fulle og fyrte dei opp så dei valdtok lapittiske kvinner? Det har blitt krig av mindre! Tilburden i Peirithoos’ bryllup var kanskje bare ein av fleire intriger som Helladane arrangerte for å sette Lapittane og Kentaurane opp mot kvarandre.

 

 

 

Ordet Lapitt kan vere av italisk opphav, og då tyde steinhoggar. Les meir om Lapittane under KENTAURANE og IXION.

Etter villsvinjakta vart Peirithoos med ARGONAUTANE til landet Kolchis, for det høvde seg slik.

 

 

 

Thesevs og Peirithoos i Tartaros

Kona til Peirithoos tok sjølvmord. Peirithoos overtalte Thesevs (kona hans, Phaedra, hadde nyleg hengt seg), til å bli med til Sparta og bortføre den skjønne HELENA – datter av Zevs og søster til CASTOR og POLYDEUKES. For dei begge ville gjerne kome i mågskap med Castor og Polydeukes. I Aten svor dei eid til kvarandre; at dei skulle stå saman, side ved side, under dette prosjektet, og etterpå trekke lodd om kven av dei som skulle ha Helena. Etterpå skulle dei bortføre ei anna av Zevs’ døtre, uansett kor farleg det vart, slik at dei fekk seg kone begge to. Dei rusta så ut ein hær, og gjekk inn i landskapet Lakonia (Lakedaimon). Dei fanga Helena ved Sparta, medan ho utførte ofring i templet til den oppståande ARTHEMIS, og dei gallopperte bort med ho. Då dei kom til Tegea hadde dei rista av seg forfølgarane, og her trekte dei lodd om Helena. Thesevs vart vinnaren. Men så kom han til å tenke på at atenarane aldri ville gå med på dette giftemålet, for det ville føre til farleg konflikt med dei mektige DIOSKURANE (Castor og Polydeukes). Derfor sendte han Helena, som knapt var 12 år gammal ennå, til den attiske landsbyen Aphidnae, der han fekk vennen sin Aphidnos til å halde ho i dekning. Dette måtte gå føre seg i full løyndom. Thesevs’ mor, AETRA, kom og stelte for Helena. (Det verserte ein del ulike rykte om korleis denne bortføringa av Helena eigentleg gjekk føre seg).

Etter nokre år var Helena gammal nok til å gifte seg. Peirithoos minte då Thesevs om avtalen deira. Dei gjekk til eit Zevs-orakel for å få råd, men oraklet var ikkje særleg godlynt mot dei. Det rådde dei til å fare til Dødsriket, TARTAROS, og be om å få PERSEPHONE, kona til HADES, til kone for Peirithoos. ”Ho er den edlaste av mine døtre”, sa Zevs.

Thesevs vart rasande då Peirithoos tok rådet på alvor, men han kunne ikkje bryte eiden, og så gjekk dei to saman, med sverd i hand, ned i Tartaros. Dei ville unngå ferjeturen over elva LETHE, så dei tok ein bakveg, gjennom ei hole som ligg ved Taenarum, på sørspissen av Lakonia. Omsider banka dei på portane til Hades’ palass. Hades lydde roleg til deira uforskamma krav. Han lest vere gjestfri, og bad dei til setes. Utan å ane uråd sessa dei seg på benken han baud dei, men det viste seg at dette var Gløymsle-stolen, som straks vart ein del av deira lekamar, så dei kunne ikkje reise seg frå den utan å kastrere seg sjølv. Slangar slynga seg kvesande omkring dei, og dei vart piska av FURIENE og maltraktert av helvetes-hunden KERBEROS’ tanngard, medan Hades studerte dei med eit vondt smil.

Dei to sat på tortur-setet i fire år, til HERAKLES kom, på oppdrag frå EURYSTHEVS, for å hente Kerberos. Han kjende att dei to, då dei skjelvande lyfte armane mot han og trygla om hjelp.

Persephone mottok Herakles som ein bror, og ho gav han løyve til å frigjere dei to brotsmennene og ta dei med seg opp, om han bare makta det. Herakles greip Thesevs med begge armane, og drog i han av all makt, til han løsna med ein revnande lyd. Ein stor bit av han sat att på setet, og derfor har Thesevs’ etterkomarar i Aten så absurd små rumper. Så greip Herakles tak i Peirithoos’ hender, men Jorda rista åtvarande, og Peirithoos gav avkall på hjelpa.

(Somme har påstått at historien om Thesevs og Peirithoos i Tartaros er usann. Nokon har fortalt at dei to ikkje var i Tartaros, men i staden prøvde å røve kona til ein molossar-konge, som let Peirithoos bli riven i stykker av hundar, og grov Thesevs ned i ein mødding. Andre seier at dei to sit i Tartaros ennå. Ikkje veit eg! ).

Det stod eit minnesmerke over Peirithoos i Aten.

 

 

 

PELASGOS

var Det første mennesket, ifølge Den pelasgiske skapingsmyten.  Sjå EVRYNOME 2.

Det første mennesket var Pelasgos. Han var stamfar til Pelasgarane. Han sprang ut av Arkadias jord, og fleire andre menneske grodde fram etter han. Pelasgos lærte dei å bygge hytter og ernære seg på eikeneter. Og han lærte dei å sy seg tunika av svinelær – slike som fattigfolk ennå brukar i Euboea og i Phocis. (Nedskrive for nokre årtusen sidan).

Namnet Pelasgos (Palasgos)  tyder ”gammal”. Pelasgos hadde sønene Temenos og LYCAON. Lycaon siviliserte Arkadia og innførte ZEVS-dyrking der.

 

 

 

PELASGARANE var eit førhistorisk folk som vi ikkje kjenner så mykje til. Oldtidas store historikar og geograf Herodotos, som levde omlag 500 år fvt., har skrive ein del om dei. Han fortel at dei første Atenarane tilhøyrde ei ionisk folkestamme, og at ionarane stamma frå Pelasgarane. Eit anna folk, Lakedemonarane, levde samtidig med Atenarane. Dei høyrde til ei dorisk folkestamme, og dorarane         tilhøyrde den hellenske folkegruppe.

 

Pelasgarane tala eit “barbarisk” språk som hellenarane ikkje forstod. Det ser ut til at dei levde i Sør-Balkan og på mange av dei greske øyane før hellenarane kom – det var eit før-gresk folkeslag. På Herodotos si tid fans det ennå mindre pelasgiske samfunn i nokre avkrokar og på nokre øyar, og dei tala sitt gamle språk. Sidan vart dei fullstendig assimilert av det hellenske samfunnet,

og bare minner er att av kulturen deira.

 

 

 

PELEOS

var ein HERO - son av kong AEAKOS av Aegina -  ein av argonautane som var med JASON. Peleos deltok i Den kalydonske villsvin-jakta, og i Jakta på det gylte skinn. Særs berømt vart han for sitt giftemål med havnymfa THETIS - ei av NEREIDENE. Ho var spådd å skulle føde ein son som skulle verte mektigare enn sin far. POSEIDON, som hadde gått på friarføter til Thetis, vart engsteleg då han fekk høyre om denne spådommen. No såg han helst at Thetis fann seg ein ektemann av dei døyelege si ætt.

Peleos låg på lur ved stranda, og med hjelp frå gudane fekk han grabba tak i Thetis då ho kom slentrande forbi. Ho skapte seg om til eld, vatn og ville dyr, men han heldt henne fast til ho kom tilbake til si normal-form. Og sidan kvinner har det med å falle for sterke menn, så vart ho hugteken i han.

Alle gudane kom til bryllupet, bortsett frå ERIS, gudinna for usemje og strid. Ho var ikkje beden, og dugeleg fornærma var ho for dette. Ho heiv eit gull-eple inn i forsamlinga. På eplet stod følgande inskripsjon: ”Til den vakraste”.  Under tvil gav den trojanske prins PARIS eplet til AFRODITE, kjærleiksgudinna. Denne handlinga forårsaka trojanarkrigane, og frå denne hendinga har vi uttrykket Stridens eple”.

 

 

 

Myten om Peleos’ bryllup skildrar eit ”symbol-bryllup. Vi finn mange slike bryllups-myter i gresk mytologi. Ein kan bilegge ufred mellom folkestammer ved kongeleg bryllup. Strid mellom mann og kvinne likeså. I den gamle matriarkalske kulturen var det kvinna som valdtok mannen. I den seinare partriarkalske kulturen var det omvendt. Og under brytingstida mellom mannssamfunn og kvinnesamfunn skjedde mangt merkeleg. Og det slo sjeldan feil – ein eller annan stympar var til stades for å prøve å øydelegge festen med intriger av ulikt slag. Det låg mykje politikk i bryllupa, og i ettertid skapte dei ulike partane kvar sine myter om kva som eigentleg hadde gått for seg. Artig forresten å tenke på at aper som har komt i slåsskamp sluttar fred ved at den tapande part let seg valdta av sigerherren. Apehjerna har vi med oss!

Peleos kan vere glad han ikkje var konge då matriarkatet regjerte. Då vart kongen feira som konge i eitt år bare, og på årets siste dag vart han valdteken og drept av gale kvinner. Kvinnene øste seg opp på afroditika (urter), på vagina-utflod frå kåte merrer og forhuda til eit hingsteføll. Så reiv dei skjørta sine i filler og rauk på kongen. Dei beit av han lemmet og drakk blodet som spruta ut, og...ja....

 

 

 

Peleos vart konge over MYRMIDONANE, og fekk den vidgjetne sonen ACHILLES (ein hero og krigar) med Thetis. Peleos var hærførar for ein stor hær av myrmedonarar under Troja-krigane.

På sine eldre dagar busette Peleos og Thetis seg hjå Nereidane, og Peleos overlevde både Achilles og soneson sin NEOPTOLEMOS.

 

 

PELIAS

var son av POSEIDON, og vart konge i byen Iolkos etter Aeson. JASON var (ifølge ein myte) son av Aeson, som var halvbror til Pelias. Pelias skulle regjere til Jason var gammal nok til å overta trona. Men då tida for dette kom, sendte Pelias Jason, den fryktlause hero, til landet Kolchis, med oppdrag å hente Det gylte skinn (geitebukk-skinn). Pelias lova Jason trona når han kom att med skinnet, men han tenkte nok at Jason ikkje ville overleve ekspedisjonen.

Men med hjelp frå trollkvinna MEDEA, greidde Jason oppgåva, og kom heim med skinnet og Medea. Jason fekk då vite at Pelias hadde tvunge Aeson til å ta sjølvmord. Som hemn lurte Medea Pelias’ døtre til å skjere opp faren sin og koke han - ho laug at dette ville gi han evig ungdom. (Sjå under JASON).

Pelias hadde dattera ALKESTIS, som vart gift med kong ADMETUS av Perea.

 

 

Tekstboks: KARTPELOPS

var son av TANTALOS. Namnet hans tyder ”mørkhuda andlet”. Han kom til Hellas for å be Oenomaüs, kongen av Pisa i Elis, om å få gifte seg med dattera hans, Hippodamia. (Namnet hennar viser at vi her har med ein hestekult å gjere).

For å vinne Hippodamia måtte Pelops vinne eit hestelaup mot Oenomaüs, frå Pisa til Isthmos i Korint. Somme har hevda at POSEIDON hjalp Pelops å vinne laupet, men sanninga er at han muta Oenomaüs’ vognmann Myrtilos til å gjere sabotasje på vogna til Oenomaüs. Som lønn skulle Myrtilos få halve kongeriket og ei natt med Hippodamia.

Hjula fall av Oenomaüs’ vogn, og han vart drept. Så Pelops vart sigerherre, men han ville ikkje halde lovnaden sin til Myrtilos. Då prøvde Myrtilos å valdta Hippodamia. Pelops heiv Myrtilos utfor ei klippe, men i svevet kasta han forbanning over Pelops og alle hans etterkomarar, og denne forbanninga førte sidan til mykje vondt.

Det distriktet der Pelops slo seg ned kalla han Pelopponnes etter seg sjølv. Han fekk sønene ATREOS og Thyestes.

 

 

PEMPHREDO

sjå GRAIARENE.

 

 

Tekstboks: RITUALEPENATENE

(Penates)- var romarane sine verne-ånder for heim, lagerrom og andre innandørs-sfærer. Dei verna familien mot vonde ånder. Forrådsrommet i det romerske hus heitte penus, og penatene har fått namn etter dette. I alle heimar vart penatene dyrka, saman med LARENE, som huslege verneguddommar. Eldstaden var altaret deira, og dei vart servert mat under alle familiens måltid. Husfaren sette ei fruktskål på omnen eller kasta noko mat på flammane, og familien venta med å ete til det såg ut til at penatene hadde forsynt seg og var nøgde med serveringa. Før alle viktige gjeremål og hendingar vart penatene påkalla. Penatene vart ofte avbileta dansande med eit drikkehorn, som var symbol på eigedom. Kulten deira var elles nært knytt til VESTA-dyrkinga.

Penatene vart også dyrka offentleg, som særskilte vernarar av landsbyen og staten. Den romerske stat hadde eigne penater, kalla Penates Publici. Ein myte fortel at dei vart berga ut av det brennande Troja, og smugla til Roma, der dei fekk losji i Vesta-templet på Forum Romanum. Truleg dreide det seg om nokre gudefigurar.

POLLUX og CASTOR vart dyrka som penater.

 

 

PENELOPE

Tekstboks: PENELOPE

var datter av kong Ikarios av Sparta. Han var samkonge med den meir namngjetne bror sin, TYNDAREOS. Penelopes døypenamn var  Arnakia. Faren gav ordre om at ho skulle hivast på havet. Men ein flokk raudstripa ender berga ho, gav ho mat og bukserte ho til lands. Overvelda av dette under tok foreldra ho til nåde, og ho vart sidan heitande Penelope, som var namnet spartanarane hadde på ande-arten som hadde berga ho.

Penelope vart kona til den greske HEROEN ODYSSEVS. Det var fleire friarar, så Tyndareos arrangerte eit kapplaup mellom friarane gjennom den gata i Sparta som heitte Apheta. Det nygifte paret tok så på reise til Odyssevs’ heimstad i Itacha, men Ikarios kom etter og trygla Penelope om ikkje å reise frå han. Odyssevs vart irritert til slutt, og bad Penelope velge. Ho svara bare med å dra sløret over andletet. Ikarios gav så opp, og drog heim og reiste eit minnesmerke over Penelope.

 

 

 

Penelope må ha hatt status som gudinne i Sparta – minnesmerket vart vigd til eigenskapen saktmodigheit. Anda som Penelope heitte etter var kanskje Raudhalsgås, og var truleg eit totem-dyr for spartanarane. Penelope betyr eigentleg ”andletet dekt med nett”. Det var ein gammal rituell skikk at dei gamle mor-gudinnene tatoverte eit mønster som likna på edderkoppnett på armar, bein og andlet. Raudhalsgåsa har eit fargemønster på hovudet som kan likne på noko slikt.

I den gamle, matriarkalske kulturen var det skikk at ektemannen flytte heim til bruda – i den nye, patriarkalske kulturen var det omvendt. Vi ser ei bryting mellom kulturane her, og patriarkatet sigra.

 

 

 

 

 

Penelope og Odyssevs fekk sonen Telemakos. Odyssevs var ute på si store sjøreise i mange år, og etter kvart meinte folk at han måtte vere død. Mange friarar kom då til Penelope – så mange som 112 prinsar var det, og dei slo seg til i Odyssevs’ heim og tedde seg tarveleg – slakta husdyra hans og tok seg til rette med mat og vin. Penelope sa at eit påliteleg orakel hadde fortalt at Odyssevs ville kome heim, men dei pressa ho hardt til å velge ein av dei, så ho sa ho måtte veve liksvøp til sin aldrande svigerfar, Laertes, før ho bestemte seg. Ho dreiv på i tre år med dette - vov om dagen og rekte opp att om natta. Til slutt oppdaga friarane lureriet hennar, og forlangte å få ei avgjerd. Penelope sa då at ho ville velge den som var jamgod med Odyssevs i bogeskyting. Dei skulle skyte ei pil gjennom åtte økseringar(?). Øksene vart stukne med skafta i bakken på rekke etter kvarandre. Odyssevs’ gamle boge vart henta, men ingen greidde å spenne den. Men no var Odyssevs heimkomen forkledd som tiggar, og han kom fram, spente bogen og sendte pila gjennom alle åtte øksene. Så drepte Odyssevs, med hjelp frå Telemakos og nokre trufaste tenarar, alle friarane bortsett frå to i ein veldig kamp. ATENE flaug omkring i hallen i form av ei svale, og hjalp Odyssevs.

Då det var rydda etter kampen, sette Odyssevs seg med Penelope, Laertes og Telemakos. og fortalde frå sjøreisa si. Men snart kom ein hær leia av mange kongar for å hemne drapet på prinsane. Odyssevs og folka hans greidde seg bra i kampen, men etter ei tid bad Atene om at partane godtok ein forliksdom. Slik vart det. Odyssevs vart dømd til utlægd i ti år. I mellomtida skulle familiene til dei døde prinsane betale erstatning for alt prinsane hadde øyda av Odyssevs’ gods. Dei skulle betale til Telemakos, som no vart konge medan faren var i utlægd.

Mykje underleg hendte ennå. Kort fortalt: Odyssevs hadde ein son med trollkvinna KIRKE, som heitte Telegonos. Telegonos drepte far sin med ei pil som var laga av ei giftig piggskate. Telegonos gifta seg med Penelope, og Telemakos gifta seg med Kirke.

Dette var visst fornufts-ekteskap som hadde som formål å sameine to mektige folkestammer. (Det var også ein skikk at ein son arva alle farens konkubiner bortsett frå si eiga mor).

Det gjekk rykte om at HERMES ein gang kledde seg ut som ein sauebukk og forførte Penelope, og at resultatet vart den mektige guden PAN. Andre vonde tunger hevda at Penelope låg med alle friarane, med Pan som resultat. Men dette trur eg ikkje om Penelope!

 

 

PENTHEOS

var son av spartanarkongen Echion, og vart sjølv konge i Thebes. Mora hans heitte Agave. Ho byrja å dyrke DIONYSOS – ho vart tilhengar av den nye, framstormande vinkulten. Men Pentheos var motstandar av Dionysos og rituala hans.

Men Dionysos var sleip! Han kom i forkledning til Pentheos, og lurte han til å kle seg ut som MAENADE (Dionysos-prestinne), og infiltrere ein Dionysos-orgie. Så Pentheos drog inn i fjella utkledd som ei slik ”BACCHE”, men Dionysos’ Maenader avslørte han. Dei reiv han i bitar og åt han opp. Mora hans, Agave, var anførar i dette.

 

 

PERDIX

var søster av DAIDALOS. Ho fekk sonen TALOS. (Somme har hevda at det var Perdix’ søster Polycaste som var mor til Talos. Kanskje var Polycaste eit anna namn på Perdix).

Talos arbeidde som kunsthandverkar under Daidalos då Daidalos var arkitekt i Aten. Han laga dei finaste smedarbeid, og alt då han var tolv år gammal overgjekk han onkelen i dugleik. Talos var også oppfinnar - det var han som fann opp saga – han fann ut at det gjekk an å kappe ein trepinne med ryggraden til ein fisk. Så smidde han ein ryggrad av metall, og så var saga oppfunna. Talos skal også ha funne opp kompasset og pottemakar-dreieskiva. Vonde tunger ville ha det til at Daidalos vart avundsjuk på han, og styrta han ned frå Akropolis’ murar. Så gjekk Daidalos ned og stappa den døde kroppen i ein sekk, for å gravlegge den i løynd. Nokre kom og lurte på kva han heldt på med. Daidalos sa han hadde plukka opp ein daud havslange – dette kunne delvis forsvarast med at Talos stamme frå slangefolket, Erechteidane - etterkomarar av EREKTHEVS. Men mordet vart oppdaga, og Daidalos måtte rømme til Kreta for dette.

Lekamen til Talos vart brent på staden, men sjela hans flaug bort i skap av ei rapphøne.

Perdix vart også etter sin død omskapt til ei rapphøne. ATENE skal ha fått æren for denne omskapinga. Rapphøner var elles vigsla til kjærleiksgudinna AFRODITE. Etter mytene verkar det som Perdix var ei utgåve av HERA. Mange kompliserte samanhengar her!

 

 

PERSE

var ei av OKEANIDENE. Namnet hennar tyder ”øydelegging”. Med HELIOS fekk ho sonen AEËTES og dattera KIRKE, som både er blitt kalla gudinne og trollkvinne.

 

 

Tekstboks: STJERNEBILETEPERSEOS

Tekstboks: PERSEOS-BIOGRAFI

var uekte son av ZEVS. Mora var DANAË, datter av ACRISIOS,  konge av Argos. Acrisios var spådd at han skulle bli drept av sitt barnebarn, så han låste Danaë og dattersonen sin Perseos inne i ei kiste og kasta dei på havet. Dei dreiv til øya Seriphos. Der vart dei berga, og Perseos vart vaksen der. Kong Polydectes av Seriphos vart kjær i Danaë. Han var redd Perseos ville mislike dette, så han sendte han ut på eit halsbrekkande oppdrag - å skaffe han MEDUSA sitt hovud. Medusa var eit uhyre som kunne omgjere menneske til stein med blikket.

Med hjelp frå HERMES, ”gudanes sendebod”, fann Perseos vegen til GRAIARENE (Grå-konene) - tre gamle hekser som hadde eitt auge på deling. Perseos tok auget deira, og nekta å returnere det før dei forklarte han vegen til Nymfene i nord. (!!  Same handlingsgang finn vi i eit norsk folke-eventyr. Var Askeladden eigentleg ein Herkules, Perseos, Thesevs??)

Persos fann  Nymfene i nord, og dei gav han sandalar med venger, ein magisk pung som kunne romme alt som vart lagt i han og ei usynlegheits-lue. Utstyrt med eit sverd frå Hermes som aldri kunne verte bøygd eller brote, og eit skjold frå ATENE, (med spegel-effekt) som ville verne han frå å verte omskapt til stein, fann Perseus Medusa, og han fekk drept ho. Med usynlegheits-lua greidde han å unsleppe hennar rasande søstre, og med Medusas hovud i pungen flaug han med venge-sandalane heimover.

Då han var over Etiopia, berga han prinsesse ANDROMEDA - ho stod lenka til ei klippe, og skulle ofrast til eit sjø-monster. Han tok henne med seg, og tok henne til kone. Då han kom tilbake til Seriphos, fridde han mor si frå Polydectes ved å forsteine han og livvakta med Medusas hovud...(alle som såg Medusas hovud vart til stein). Vel heime i Hellas drepte han, som spådd var, bestefar sin med ein diskos ved eit uhell.

Perseos og Andromeda vart gift og levde i godt ekteskap i lang tid. Dei fekk mange barn, og etterkomarar som vart store kongar. Den mest vidgjetne er HERAKLES – den sterkaste av alle døyelege.

Det er sagt at Perseos sidan reiste til Asia, der son hans, PERSES, vart høvding over persarane, og at persarane fekk namn etter han. Til sist vart Perseos drept av DIONYSOS. Perseos og Andromeda hamna på himmelen som stjernebilete.

 

 

PERSEOS heitte eigentleg Ptersevs. som tyder ”Øydeleggar”. Han var stammehøvding for ei av dei patriarkalske folkestammene som tala indo-europeiske språk, og som invaderte Lille-Asia og Hellas i førhistorisk tid. (Det var mange invasjonar frå aust frå år 3000 fvt. og fram mot år 0).

Når Ptersevs invaderte Europa, stod han overfor ei trippel-dronning. Denne trippel-dronninga måtte han ”overmanne”.  Var stam-mødrene til trippel-dronninga dei tre GORGONENE?

MEDUSA var ei av desse tre Gorgon-søstrene. Medusas hovud måtte ingen sjå - så ho bar ei fæl maske der håret var hoggande slangar. Ptersevs krevde makta frå trippel-dronninga. Ho bar gorgon-maska, så ingen verdslege skulle sjå hennar andlet og våge avsløre mysteria og magien ho bar med seg. Ptersevs tok hovudet av Medusa. Det betyr: Han invaderte landets største

heilagdom, og reiv gorgon-maska av dronninga.

Ptersevs røva dertil dronningas heilage hestar.

 

 

 

Tekstboks: BILETETekstboks: ELEUSEUMPERSEPHONE

(rom. PROSEPINE) var uekte datter av ZEVS. Mora var DEMETER. I ein annan myte heiter det at mora var OKEANIDA STYX. Namnet Persephone tyder ”Den som bringer øydelegging”. Det ser ut til at Persephone ofte vart halden for å vere same guddommelege person som KORE - ho vart kalla Kore når ho var på Jorda og Persephone når ho var i Dødsriket. (Sjå også under DEMETER og KORE).

HADES ville gifte seg med Persephone. Zevs gjekk med på dette, men Demeter var imot. Då kidnappa Hades Persephone medan ho plukka blomster, og tok ho ned til Underverda. (Somme har hevda at SIRENENE var til stades då Persephone vart bortført, og fordi dei ikkje greip inn, straffa Demeter dei med å omskape dei til fuglar med kvinne-andlet).

Så lenge Demeter gjekk rundt og leita etter dattera si, var jorda aud og grødelaus. All vegetasjon visna, og det kom hungersnaud over landet. Zevs sende då HERMES, ”gudanes sendebod” til Underverda, for å prøve å få Persephone tilbake. Hades gjekk med på å sleppe Persephone fri, men før ho drog måtte ho ete ein granateple-kjerne - dei dødes diett. Av dennes magiske kraft vart ho tvungen til å vende tilbake til Underverda fire månadar kvart år. Det vart kvar vinter. Persephone vart Underverdas Dronning.

Persephone oppfostra vakkerguten ADONIS i palasset sitt i TARTAROS (Dødsriket). (Sjå under ADONIS). 

Som gudinne både for dei døde og for jordas fræve (fruktbarheit), vart Peresphone personifisert som både vinter og vår. Og ho vart altså kalla Kore når ho ikkje var i Dødsriket. Stundom vart Persephone symbolisert med ein slange. Ho vart dyrka i mange kulturområde i oldtida. I Syria vart ho avbileta som ei grisepurke med slangeforma hoggtenner.

 

 

PERSES

var son av heroen PERSEOS. Perses var ein av TITANANE. Han var første kongen til persarane, og deira stamfar.

 

 

PHAEO

var ei av HYADENE.

 

 

PHAESYLE

var ei av HYADENE.

 

 

PHAËTON 1

var ein son som APOLLON fekk med CLYMENE. Namnet hans tyder ”lysande, skinande” – orda foton og foto har same opphav. Sidan Apollon var solguden, fekk Phaëton ein gang lov å køyre solvogna over himmelen. Men han greidde ikkje styre, og heldt på å køyre istykker både himmel og jord. Han forårsaka ørkenen Sahara, og svidde etioparane svarte. Til sist måtte Zevs skyte han. Han datt ned i elva Po, og dei to søstrene hans sørgde over han ved elvebreidden. Dei vart forvandla til poppel-tre som lutte over elva og gret tårer av rav. (Somme påstod at dei vart til ore-tre).

 

 

 

Den eine søstera vart til svart-poppel – den andre til kvit-poppel. Svartpoppel var vigd til dødsgudinna HECATE, medan kvitpoppel gav von om attføding. ”Dei dødes øy” låg ved Po’s munning (der byen Venezia no ligg). Her forretta tre prestinner ved eit Poppel-orakel som var vigsla til ein gammal stamme-konge.

Phaëton var son til solguden HELIOS heitte det andre stader. Dessverre ser det ut til at han var ein inter-rex – det vil seie ein konge som bare fekk vere konge ein dag, medan den regjerande kongen var på ein symbolsk snartur til Dødsriket før han vart innsett i ein ny regjeringsperiode. Inter-rex vart drept av gale og rusa kvinnfolk utkledd som merrer etter sin eine dag som konge.

Slik var det i Trakia. I Korint vart han slept etter gale hestar til han omkom. Kongen som hadde vore i Underverda og no vart innsett att, vart dyrka som Helios.

 

 

PHAËTON 2

var ein av hestane til EOS; Morgonrauden.

 

 

Tekstboks: DIKTPHANES

var ein tvekjønna ur-guddom – han var visstnok ein variant av EROS.  Han var guddom for kjærleik  og lys. Han vart klekt av Verds-egget, som ETHER varp etter å ha hatt samkvem med CHRONOS. Det er sagt at Phanes var den første DIONYSOS. Den andre Dionysos var Zagreos, og den tredje Lyseos. (Sjå under NYX).

Phanes var eit høglydt summande himmelsk bie – son av den store gudinne.

Phanes vart sett på som Sol-guddom. Hans fire hovud representerte totem-dyra til dei fire årstidene. Der var eit orakel i Colophon, (ein ionisk bystat i Lille-Asia – i nærleiken av Efesos); her vart Phanes kalla Iao.

Oraklet i Colophon tilbad desse fire dyra – (ulike framtoningar av Iao):

 

 

 

Vær

Zevs

Vår

 Løve

Helios

Sommar

Slange

Hades

Vinter

Okse

Dionysos

Nyår

 

 

 

Phanes var verdas førstefødte. Han var det første lys – han var opphavet til alt lys, og det var han som sette verda i rørsle. I lange tider var Phanes gløymd, men så dukka han ein dag opp og sa fram spådommar om ein gullalder som skulle kome.

 

 

PHEMONOE

var datter av APOLLON. Det er sagt at ho var den første PYTHIA ved oraklet i DELFI. Ho har også fått skulda for å ha funne opp hexametret - den verseforma som orakel-spådommane vart framførte med.

 

 

PHLEGYAS

var son av ARES og Chryse. Han var ein mytisk røvarkonge, og forfar til Phlegianane - eit folk som hadde tilhald i Thessalia. Phlegyas vart også konge over Lapittane, og far til IXION og CORONIS. Då Coronis med APOLLON vart mor til ASKLEPIOS, vart Phlegyas så sint på Apollon at han sette fyr på templet hans i DELFI. Apollon drepte han, og sendte han til Underverda.

 

 

PHOBOS

var son av kjærleiksgudinna AFRODITE og krigsguden ARES. Han hadde broren Deimos og søstera HARMONIA. Phobos tyder ”panikk”. Deimos tyder ”angst”. Phobos og Deimos var som regel i følge med Ares, på hans ferder for å skape krig og ufred på jorda. Ei fæl tante var også med – Ares’ søster ERISstridsgudinna. Krigarar måla gjerne nifse bilete av Phobos eller Deimos på skjolda sine, for å vitskremme fienden. HERAKLES hadde bilete av Phobos på skjoldet sitt.

Ares hadde ein son, Kyknos, som levde i Thessalia, og pla hogge hovuda av vegfarande som kom forbi, for å bruke hovudskallane som byggmateriale til eit tempel for Phobos.

Phobos og Deimos kjempa saman med Ares og HERA mot DIONYSOS, då han kom i hærtog frå India, erobra land og ville lære folk å drikke vin.

Det er sagt at ZEVS gjorde Phobos og Deimos kjempesterke, og brukte dei som Himmelens vaktarar.

Då atenarane ein gang skulle utkjempe eit stort slag mot AMAZONENE, ofra THESEVS til Phobos for å få mot til å byrje slaget.

Dei to månane til planeten Mars heiter Phobos og Deimos. (MARS var romarane sitt namn på krigsguden).

 

 

PHOEBE

(FOIBE) var datter av URANOS/GAIA. Ho var Månegudinne – namnet hennar tyder ”klar måne”. Ho gifta seg med bror sin, COEOS, og med han fekk ho døtrene LETO og ASTERIA. Det er sagt at Phoebe vart dyrka ved oraklet i DELFI før APOLLON tok over. Ho var ei TITANINNE. Det heiter også ein stad at ho var ei prestinne av ATENE. I Sparta var det eit tempel for Phoebe, og ved dette vart det dansa rituelle krigsdansar, til minne om DIOSKURANE.

I Den pelasgiske skapingsmyten (sjå under EVRYNOME 2), vart Phoebe, saman med ATLAS, sett til å bestyre Månen.

 

 

PHOEBUS

var eit romersk namn  APOLLON  - når han køyrde vogn over himmelen som SOLGUD.

 

PHOENIX

sjå FØNIX

 

PHOLOS

var ein KENTAUR som delte mat med HERAKLES. Dette skjedde medan Herakles var ute på jakt etter Den Erymantiske Galten. Pholos skjenka ei vinkrukke til Herakles, som Kentaurane åtte i fellesskap. Då Kentaur-flokken fekk greie på dette, gjekk dei til angrep på Herakles. Under kampen var Herakles uheldig og råka Kentauren CHIRON  med ei giftpil. (Sjå under CHIRON). Under kampen drepte Herakles ein bråte kentaurar – også Pholos.

 

 

PHORCIDENE

var søskenbarn av NEREIDENE. Deira foreldre var PHORCYS og KETO. Her følger liste over Phorcidene:

 

 

 

LADON

Havslange

ECHIDNA

Havuhyre

STHENO

Gorgon

EURYALE

Gorgon

MEDUSA

Gorgon

ENYO

Graiare

PEMPHREDO

Det fins ulike påstandar om kva Hesperidene heitte, kor mange dei var,og kven som var foreldra deira

 
Graiare

DEINO

Graiare

HESPERE

Hesperide

AEGLE

Hesperide

ERYTHEIS

Hesperide

 

 

PHORCIS

(FORCIS) var Grisepurke-gudinne. Ho hadde det med å ete lik, og tempel med purke-orakel var vigde til ho. På latin vart ho kalla Orcis, og romarane titulerte stundom Underverdas fyrste, HADES, med dette namn. Då prestane tok makta frå prestinnene i templa, fekk Phorcis eit maskulint motstykke: PHORCYS.

 

 

 

Du må prøve å lage eit purkeorakel. Få tak i nokre grisepurker og plasser dei i ei romsleg innhengning. For dei med bergflette og andre magiske urter. Når purkene har falle til ro, bles du opp ein brødpose og smell han. Legg merke til korleis purkene ter seg og korleis dei gryntar, og prøv å lage spådommar.

 

 

PHORCYS

(FORCYS) var ein havgud - ”klok, gammal, havmann”. Hans foreldre var PONTOS og GAIA. Han vart gift med søster si, KETO, og fekk monster-døtrene GORGONENE med ho. Phorcys er også hevda å vere far til SIRENENE.

 

 

Eigentleg vart Phorcys oppdikta for å utmanøvrere PHORCIS, som vart dyrka som gudinne i tempel som sentrerte dei religiøse rituala sine omkring grisepurke-orakel. Når Phorcys først var oppfunnen, så måtte det diktast opp ein mytologi omkring han; slik han vart havgud, etc.

 

 

PHRIXOS

sjå FRIXOS

 

Tekstboks: GRÅSPETTPICUS

var ein romersk halvgud som heldt til på Aventinar-høgda. Han kunne minne om ein SATYR. Han var verneguddom for jordbruk og for skogar, og var ekspert på magiske urter. Han  dreiv også med spådomskunst og trolldom. Trollkvinna KIRKE var forelska i Picus, men han avviste ho. Då vart ho forbanna og skapte han om til ei hakkespett.

Det ser ut til at Picus var ein gammal latisk guddom som romarane adopterte. Kona hans var Canens – ei datter av JANUS. Det gjekk elles rykter om at han hadde eit kjærleikstilhøve til POMONA.

 

 

PIETAS

var romersk verneguddom for plikt og rett (justis).

 

 

PLEIADENE

vart også kalla HESPERIDENE. Dei var døtre av ATLAS, (det var også HYADENE og Hesperidene.)

OKEANIDA PLEIONE var mor til Pleiadene. Det var sju stykke av dei. Namnet tyder ”duene” (peleiades = dueflokk) eller ”dei seglande” (plei = segl), fordi dei viste seg på natthimmelen i mai - då byrja årstida då det var best å segle. Når Pleiadene kom under horisonten var det best å legge skipa i opplag, for då kom det fæl nordavind.

 

 

Dei sju Pleiadene:

 

ALKYONE

ELEKTRA

TAYETE

MAIA

KELAENO

ASTEROPE

(Sterope)

MEROPE

 

 

 

Tekstboks: STJERNEBILETE

Pleiadene flaug over Boøtias marker til gudane forvandla dei til duer, og sett dei på stjernehimmelen. Det var tidlegare sju klare stjerner i stjernebiletet Pleiades, men for nesten 4000 år sidan slokna den eine, ELEKTRA - ho slokna av sorg fordi huset til Dardanos vart øydelagt, er det sagt. (Sjå MEROPE nedunder.)

ALKYONE var den leiande av Pleiadene. Namnet skal tyde ”seglande dronning”. Ho må ikkje forvekslast med ei anna Alkyone (sjå ALKYONE 2).

Elles heiter det at Pleiadene heldt seg ihop med ARTHEMIS og var svært kyske, og somme hevdar at Arthemis ein gong vart arg på ORION fordi han for hanebeinande etter dei (Orion dukkar alltid opp på himmelen like etter Pleiadane), så ho fekk SCORPIOS til å gi han eit dødeleg stikk.

Men Pleiadene var kanskje ikkje så jomfruelege allikevel?? Det er sagt at tre av dei hadde hatt samleie med ZEVS; to av dei med POSEIDON, ASTEROPE (”Stjernefjes”) med ARES....og den sjuande gifta seg med Sysifos av Korint. Av dette fekk ikkje den sjuande vere med i stjernebiletet, fordi ho hadde gifta seg med ein døyeleg.

MAIA vart (ved Zevs) mor til HERMES. Maia vart halden høgt i ære både i Hellas og Romarriket, og månaden Mai er oppkalla etter henne.

Elektra vart valdteken av Zevs, og fekk sønene Dardanos, som vart Trojas grunnleggar, og IASION. Zevs valdtok også TAYETES, og ho fekk sonen Lakedaimon, som vart konge i Sparta. Han kalla opp eit fjell ved Sparta etter mora si.

Det var MEROPE som vart gift med SISYFOS. Med han fekk ho sønene GLAUKOS, Ornytion og  Sinon. Men Siysifos hamna i Underverda, og Merope skjemdes over dette, slik at ho stakk av frå sine seks søstre på stjernehimmelen, og har ikkje blitt sett sidan. (I ein annan myte er det Elektra som blir borte slik).

 

 

PLEIONE

var ei OKEANIDE. Det er sagt at ho var kona til titanen ATLAS, og at ho var mor til PLEIADENE. Namnet hennar tyder ”Seglande Dronning”. Ho vart til tider dyrka som gudinne for kveg-flokkar og barne-flokkar.

 

 

PLUTO

Tekstboks: ROMARGUDAR

var den romerske døds-guden som svarer til den greske HADES. Pluto hjalp brørne sine, JUPITER og NEPTUN med å kaste far deira, SATURN, frå trona. Dei tre brørne delte så verda mellom seg. Jupiter valde jord og himmel, Neptun valde havet og Pluto valde Underverda, der han regjerte over skuggane til dei døde. (Sjå HADES).

Pluto vart opphaveleg sett på som ein grusom og urokkeleg gud - høyrde ingen bøner og ville ikkje ta imot offergåver. Seinare gav folketrua han mildare drag - han vart bestyrar av jordas avling, og metall og edle mineral som var gøymt i jorda. Pluto vart også kalla Dis, TARTAROS og Orcus - under desse namna kunne han hjelpe folk til makt og rikdom. Romarane kalla også Pluto Dis Pater, som tyder ”velmektige (rike) far”.

Ordet ploutos (gresk) tyder ”rikdom”. Ein meinte Pluto rådde over alle edle metall og skattar i Jordas indre, og at også all markas grøde kom frå det indre av Jorda – frå Plutos domene.

 

 

 

Pluto er ein oppkonstruert guddom – men han er ikkje åleine om det. Grekarane hadde Dødsrikets herskar, Hades – så hadde dei ein gud for rikdom og velmakt, som heitte PLUTOS (sjå under PLUTOS 2). Desse to greske gudane vart til ein romersk gud – Pluto.

 

All Hades’ mytologi vart overført på Pluto. Sidan Hades hadde tilhald under jorda, var det også logisk at han bestyrte edle metall og edle mineral som kunne hentast ut av jorda. Og sidan markas grøde også kjem ut av jorda, kunne Pluto få ansvaret også for den.

 

Romarane hadde ein panteistisk steinalder-religion før dei kom i kontakt med gresk kultur. Dei dyrka natur-ånder i stein og gamle trestammer – i elvar, trelundar og bergholer. JUPITER var ein stein som var plassert på eit altar i eit steintempel i ein skummel skog.  Slik panteistisk religion hadde grekarane også, men dei hadde gjort det kunststykket å dikte menneskeliknande kroppar og livshistorie til dei guddommelege åndene sine, og dette imponerte romarane såpass at dei byrja dikte biografiar om sine gudar og åndevesen.

Det kom mykje nytt og banka på historiens dører så snart Roma var blitt ei stormakt. Kristendommen kom, og mysteriereligionar frå alle kantar. Filosofien kom. Dei nye, gresk-kopierte romerske gudane vart snart for gamle gudar å rekne, som somme keisarar prøvde å halde i hevd, medan andre ga meir eller mindre blaffen.

Eg har prøvd å røkje etter kven som var romarane sin herskar i Dødsriket før Pluto vart brakt på banen, men eg har så langt ikkje lukkast. Før-romarane trudde truleg at dei døde sine ånder sveiv omkring i naturen ein stad, men dei hadde kanskje ikkje noko Dødsrike og nokon Dødsrikets Herskar. Det ligg mykje mat her for den som likar å forske!

 

Stats-forma plutokrati har namnet sitt av same rot som Pluto (eller PLUTOS). Plutokrati tyder rikmanns-velde   at dei rikaste i landet skal styre og bestemme. Middelalderens europeiske føydalsystem var ei form for plutokrati. Også dei kapitalistiske stats-systema i Storbritannia og USA er former for plutokrati, men nemner seg konsekvent under dekknamnet demokrati for å verke humanistiske. (Veljarane får stemme over kva rikingar som skal besette dei viktigaste maktposisjonane).

 

Den ytste planet i vårt solsystem (så vidt vi veit til no) har fått namn etter Pluto. Pluto sviv omkring i eit kaldt døds-mørke, langt frå Sola.

Omlag samstunde med at planeten Pluto vart oppdaga, vart også det radioaktive grunnstoffet Plutonium oppdaga. Å sove på ei seng av Plutonium er den visse død!

Det var vel ved påverknad av Kristendommen at Pluto fekk ei ekstra rolle: Ikkje bare skulle han vere Dødsrikets herskar, men han vart også dommar i Dødsriket (Underverda). Hans dommar var harde, men rettvise. Frå gammalt var tankegangen at kvart menneske vart styrt av lagnaden. No kom det til at mennesket hadde ein sjølvstendig vilje, og kunne gjere gode og vonde gjerningar i livslaupet sitt. Pluto vart dommaren som vog gode gjerningar opp mot vonde gjerningar, og ved dette avgjorde korleis etterlivet skulle verte.

 

Men teoriane var mange – det var Himmel, Helvete. Dødsrikets Dal, Paradis, Dei Daudes Øyar, ELYSIUM, med meir. Det var så mange som skulle ha eit ord med i laget, og det gjekk så fort! Snart vart det slik at einkvar var salig i si tru.

 

 

 

Folk våga ikkje å nemne Pluto’s namn – det kunne påkalle Dauden. Det vart ofra svarte sauer til han. Han vart rekna for å vere nådelaus – kom nokon til Dødsriket, så slapp dei aldri derifrå.

Sidan Pluto ikkje måtte nemnast med namn – at han måtte ”usynleggjerast”, vart det også til at han vart gud for dei usynlege, kven no det må vere. Det engelske ordet hide (gøyme) har rot frå Hades   også ordet hide (hud, skinn) – noko ein kan gøyme seg under. Pluto hadde ein hjelm som gjorde han usynleg.

 

 

Her er ei liste over nokre attributtar (symbol) som er knytt til Dødsrikets Herskar:

 

LYSTREGAFFEL

Når Kristendommen skulle skildre Satan (Djevelen), teikna dei han som ein heidensk gud med lystregaffel. Men opphavleg var det POSEIDON som åtte denne gaffelen.

 

URNE

Kjeramikarane si urne symboliserte Dødsriket i mange gamle kulturar. I moderne Europa er det vanleg å sette urne på ei grav, og etter kremasjon vart den avdødes aske lagt i ei urne.

 

CORNUCOPIA

”Overflødighetshorn” (kverna som mel salt på havsens botn”). Dette er

 

 

 

eit symbol på rikdom, som mellom anna er knytt til Pluto, gud for rikdom. Rikdom var Pluto sitt domene. Rikdom har noko med døden å gjere. Det er vel slik at den som brukar livet til å samle seg rikdom, han går hovudstups inn i dauden.

 

SEPTER

Hades hadde eit septer.

 

HJELM

KYKLOPANE gav Hades ein hjelm som gjorde han usynleg. Korkje levande eller døde kunne sjå han. Namnet ”Hades” tyder usjåeleg.

 

GRANATEPLE

Dersom du finn på å ete eit granateple medan du er i Underverda, så kjem du aldri derifrå. PERSEPHONE hadde problem med dette.

 

JUVELAR

Smaragd og topas, og edle metall, er rikdommar som kan hentast frå Dødsriket.

 

VOGN

Hades henta dei døde med vogna si; trekt av fyrige hingstar. Skumle greier.

 

KVADRAT, KUBUS

Symbol på Underverda

 

SYPRESS-TRE

Symbol på Underverda.

 

SVART SAU

Blodet av ein svart sau vart helt på bakken, og alle slo med flathanda for å bringe blodet ned i Underverda. Dette kunne gi ein avdød løyve til å kome tilbake til livet for ei kort stund.

 

IBENHOLT-TRONE

Det er sagt at Hades sat på ei trone av ibenholt. (Svart tre).

 

GEIT

I mange gamle religionar vart geita assosiert med Dødsguden. Kristendommen adopterte dette i sine skildringar av Djevelen.

 

 

HUND

Hunden KERBEROS var Hades si vaktbikkje i Dødsriket. I egyptisk religion har vi sjakal-guden Anubis, som høyrde Døden til.

 

PLUTOS 1

var ei mystisk gudinne – ho er blitt rekna å vere gudinne for rikdom. Ho var OKEANIDE – datter av OKEANOS/TETHYS. (Andre hevda ho var datter av KRONOS/RHEA). Det er sagt at Plutos assisterte den greske gudinna for hell og lukke, TYCHE, i Underverda.

Etter si tiande storgjerning kom HERAKLES med ei gåve til Plutos – det var Overflødigheitshornet (Cornucopia), og det var fylt med gylte frukter frå HESPERIDENE sin hage. Truleg var Plutos 1 ei kvinneleg utgåve av Plutos 2.

 

 

PLUTOS 2

var resultatet av eit kjærleikseventyr mellom DEMETER og IASION. Han vart gud for rikdom og makt. Attributtane hans var eit overflødigheits-horn og ei korg med kornaks.

Det var i bryllupet til kong KADMOS og HARMONIA at Demeter fekk attrå til Iasion. Dette bryllupet var også eit frævings-rituale. Då alle bryllups-gjestane var godt fulle, sprang dei ut på ein åker og utførte sex-orgier. Denne åkeren var ikkje ein vanleg åker. Den var opp-pløgd tre gonger av årets heilage konge. Kongen køyrde i ei vogn som vart trekt av slangar og lasta med sekkar med såkorn. Plutos vart altså unnfanga i denne åkeren – kanskje var det Kadmos som pløgde åkeren før han hadde samleie i åkeren med korn-prestinna Harmonia? Truleg gjekk då dette for seg i byen Thebes, som Kadmos grunnla i Boötia – i nærleiken av den seinare byen Aten.

Denne hendinga tildrog seg i den matriarkalske epoken. Det er sagt at ZEVS drepte Kadmos då han såg at han og Harmonia hadde molda seg til under bryllupet. Zevs høyrde til i den seinare patriarkalske epoken, då sex-orgier og rituelle drap på heilagkongar vart sett på som ugjerningar.

Plutos var truleg opphavleg ein tittel som vart brukt på heilag-kongar. Tittelen tyder rikdom, makt, eigendom, overflod. Truleg prøvde ein å få det til slik at alle framtidige heilag-kongar vart unnfanga på den rituelle åkeren under det årlege fræve-ritualet, med årets heilag-konge som far og ei fræve-prestinner som mor. Utvalde gutebarn som kom til ved dette ritualet, vart truleg oppfostra ved Demeter-templet. Med tida vart tittelen Plutos til guden Plutos, som ein måtte dyrke og ofre til, om ein ville oppnå gode avlingar og rikdom generelt. I Thebes er funne ein skulptur av Plutos – som ein reivunge i armane til hell-og-lukke-gudinna TYCHE. På liknande vis vart Plutos skulpturert i Aten, i armane til fredsgudinna EIRENE. Ofte er  han blitt skulpturert som eit lite gutebarn med eit overflødigheitshorn.

 

 

 

Aristophanes skreiv i år 380 fvt. ein komedie,”Plutos”, om rikdommens gud. I komedien blinda Zevs Plutos for at han skulle gi si årlege avlings-gåve i blinde - utan å kunne sjå om folk hadde gjort seg fortent til denne gåva eller ikkje.

 

 

 

PLUVIUS

var eit kallenamn romarane hadde på JUPITER, når dei i tørketider bad til han om å få regn. Det vart også bedt til HYADENE om regn, og då vart Hyadene også påkalla med nemnet Pluvius.

 

 

POENE

var ei slags HARPIE. Ho representerte den personifiserte hemn, eller straff; (Punish). Ho vart sendt av APOLLON til byen Argos - (Argos kan også tyde heile det greske samfunn). Apollon ville hemne at kong Crotopos hadde drept sonen hans, linguden LINOS – (sjå LINOS 2). Linos var son av Apollon og Psamathe. Psamathe var datter av Crotopos, og ho var livredd for at faren skulle oppdage at ho hadde født eit barn, så ho sette Linos ut i villmarka. Nokre gjetarar fann den nyfødte og tok seg av han, men seinare vart han riven i filler av Crotopos sine mastiffar (kamphundar). Psamathe sørgde så ille at Crotopos skjøna at ho var mor til barnet, og dømde ho til døden. Det var desse drapa, på mor og son, Apollon ville hemne.

Poene for omkring i Argos og snappa barn frå foreldra, men ein helt som heitte Coroebos greidde omsider å få ho drept. Då vart Argos råka av ein farsott som ikkje såg ut til å ville gå over. Argivane (folket i Argos) rådspurde oraklet i DELFI, og det rådde dei til å blidgjere Psamathe og Linos, og freiste å bringe lekamane deira saman att. Då ofra dei til sjelene til Psamathe og Linos. Kvinnene og ungjentene sang klagesangar (slike sangar går framleis under namnet linoi). Sidan Linos var blitt oppfostra saman med sauer, vart den årlege minnehøgtida for denne hendinga kalla arnis, og månaden for feiringa av denne minnehøgtida vart heitande Arneios.

Men farsotten ville ingen ende ta, og til slutt gjekk Coroebos til Delfi og tilstod drapet på Poene. PYTHIA bestemte at han ikkje fekk dra tilbake til Argos. Han fekk ein tripod av henne (ein krakk med tre bein), og Pythia sa han skulle bere med seg tripoden og bygge eit tempel for Apollon første stad han miste tripoden. Coroebos miste tripoden på Geraniea-fjellet, og her grunla Coroebos først eit tempel, og så byen Tripodisci. Coroebos vart konge her. Så seint som i år 400 fvt. var grava hans å finne på marknadsplassen i byen Megara, omkransa av statuer som illustrerte mordet på Poene.

 

 

(Myten minner om den tyske legenden: ”Rotefangaren i Hameln”, som vidare er knytt til ”Barne-korstoga”).

Bak myten om Poene ligg kan hende ei beretning om ein konge som sette forbod mot barneofring ved templa. Les meir under LINOS.

 

 

Tekstboks: KARTPOLLUX

Tekstboks: SKULPTURTekstboks: GEMINITekstboks: MESSENE-KRIGANE

(sjå også POLYDEUKES, DIOSKURANE og CASTOR). ”Tvillingane” Pollux og CASTOR var svært populære i tidleg romar-tid. På Forum Romanum står eit tempel for dei, som vart bygd år 484 fvt. Pollux og Castor vart saman kalla DIOSKURANE, og romarane overtok mytologien om dei frå grekarane. Pollux skulle vere son av ZEVS/LEDA, medan Castor var son av TYNDAREOS/LEDA. Dei var født av same egg, men Pollux var udøyeleg medan Castor var døyeleg.

Tyndareos vart konge i Sparta, og han adopterte Pollux. Pollux vart bokse-meister, medan Castor vart ryttar-meister. Tvillingane såg ganske like ut – men Pollux hadde arr i andletet etter all boksinga. Begge bar sitt halve eggeskall som hjelm, med ei stjerne på toppen. Elles var dei likt kledde, hadde spyd, og reid på ein kvit hest. Begge vann sigerskrans i dei olympiske leikane. Dei to hang saman i tjukt og tynt, og styrte som sam-kongar i Sparta etter Tyndareos.

I Roma vart Pollux vernegud for hestar, hestelaup og ryttar-tropper.

I ein myte heiter det at Castor vart drept av LYNCEOS. Lynceos og hans bror Idas, var sam-kongar i Messina. Nå skulle Atene-prestinna PHOEBE gifte seg med Idas, og søstera hennar, Arthemis-prestinna Hilaeira skulle gifte seg med Lynceos. Men Castor og Pollux rømde med brudene, og sette barn på dei. Sidan var det jamt strid mellom Castor/Pollux og søskenbarna deira, Idas/Lynceos.

 

 

Truleg var dei to prestinnene månegudinner i byen Arene i Messene, der ein matriarkalsk kult vart dyrka før den vart undertvungen av tvillingkonge-kulturen.

 

 

Dioskurane var med på Den Kalydonske Villsvinjakta, og dei var med ARGONAUTANE på jakta etter Det Gylte Skinn. Ein gang greidde dei å bilegge feiden med Idas og Lynceos så pass at dei saman drog på kvegtjuveri til Arkadia. Dei fire fekk med seg mykje kveg, og ved loddtrekning vart Idas sett til å fordele tjuvgodset mellom dei. Idas delte ei ku i fire delar, og sa dei skulle kappete. Den som først vart ferdig skulle ha halvparten, og han som vart nummer to skulle få resten. Så byrja Idas å stappe i seg før dei andre fekk summa seg, og han hjalp også Lynceos, så han greidde bli nummer to. Og Idas og Lynceos tok med alt kveget heim. Dioskurane kom etter dei, og påstod dei hadde fuska. Idas og Lynceos var opptatt med å ofre til POSEIDONTaygetos-fjellet, så Dioskurane tok tilbake alt kveget, pluss litt til. Så gøymde dei seg i ei innhol eik for å vente på at rivalane kom ned frå fjellet. Men Lynceos såg dei med sitt skarpe blikk, og Idas kasta spydet sitt tvers gjennom eika, og gjennombora Castor. Pollux storma fram for å hemne broren, men Idas heiv ein diger gravstein på han, så han vart nærast knust. Likevel greidde Pollux å drepe Lynceos med spydet. ZEVS kom så til, og drepte Idas med tordenkilen.

Men messenarane påstod det var Castor som drepte Lynceos, og at Idas braut av kampen for å gravlegge bror sin. Så kom Castor og knuste gravsteinen og håna den døde. Då drepte Idas Castor med sverdet, og Pollux drepte straks etter Idas.

Og det er fleire teoriar om kven som drepte kven, og kven som overlevde, men Pollux overlevde i alle fall. Han sette opp eit minnesmerke over sin siger over Lyceos ved gallopp-bana i Sparta. Så bad han til Zevs og sa han ville ikkje leve dersom Castor måtte vere død. Men Pollux var udøyeleg og kom til gudane i Himmelen. Zevs fann på den råda at dei to brørne skulle vere halve året saman i Dødsriket, og halve året i Himmelen. Dessutan sette Zevs biletet av dei på stjernehimmelen, som stjernebiletet Gemini.

Huset som Diouskurane budde i, vart vist fram i Sparta heilt fram mot år 0.

 

 

 

Sidan vi møter Pollux og Castor i mange ulike tidsepokar, må vi tru at det opphavleg var to mektige og legendariske sagnkongar som bar desse namna. Dei var truleg knytt til spartanarane sine forfedre. Så tok seinare samkongar i Sparta same namna. Romarane adopterte dei to, og påstod dei hadde deltatt i romersk krigshistorie – i slaget ved Regillus-sjøen i 496 fvt. leia dei den romerske hær til siger.

 

 

POLYDEUKES

(Mest er skrive om han under POLLUX. Sjå også DIOSKURANE og CASTOR).

Polydeukes var son av ZEVS og dronning LEDA av Sparta, og halv-tvillingbror av CASTOR.

Desse to ”tvillingane”vart kalla DIOSKURANE (Zevs’ søner). Dei heldt saman heile livet. Mora deira, LEDA (LETO), var datter av kong THESTIOS og kona til spartanarkongen TYNDAREOS. (I annan versjon var ho datter av titanane KOIOS og FOIBE).

Polydeukes og Castor vart født av same egg, som mora varp? etter å ha vore ihop med Zevs. Leda la to egg – ut av det andre kom HELENA og KLYTAIMNESTRA. Zevs var utkledd som svane då han forførte Leda – det var vel derfor ho fødte egg?

POSEIDON gjorde Polydeukes og Castor til vernegudar for sjøfolk. Var eit skipsmannskap ille ute, kunne dei ofre eit kvitt lam på framstamnen. Då ville Castor og Polydeukes kome hastande gjennom lufta, følgd av ein sverm spurvar, og skape gode vindar. Dioskurane har også fått skulda for ver-fenomenet St. Elms Eld.

Polydukes var udøyeleg - Castor var døyeleg. Polydukes var HERO - ein av Argonautane som var med JASON på jakt etter Det gylte skinn. Sjå JASON.

 

 

POLYHYMNIA

var ei MUSE. Sjå MUSENE.

 

POLYNICES

sjå ANTIGONE

 

POLYPHEMOS

var son av POSEIDON og Thoosa. Han var ein CYKLOP (”rund-auge”), eit mytisk halv-menneske-monster av enorm storleik, med eitt auge midt i panna. Cyklopane vart ofte kalla ”ein-øygde gigantar”. Cyklopane heldt til på aude område av øya Sicilia, der dei budde i holer og åt rått kjøtt av alle sortar - også menneske-kjøtt. Dei heldt geiter og sauer, og levde eit ganske einsamt liv.

Polyphemos er mest kjent for tilburden då han tok ODYSSEVS til fange (Homer). Odyssevs og tolv av mannskapet hans, på veg heim frå Trojanar-krigane, gjekk i land på øya til Cyklopane for å proviantere. Dei kom over hola til Polyphemos, og gjekk inn. Dei ville stele mat frå cyklopen medan han var ute og gjette krøttera. Odyssevs var nyskjerrig, og ville sjå korleis cyklopen såg ut. Derfor gøymde dei seg i hola til Polyphemos kom tilbake.

Til kvelden kom cyklopen. Han førte sauene og geitene inn i hola, og stengde utgangen med ein diger kampestein. Då Odyssevs og mennene hans såg den ein-øygde kjempa, gispa dei i vantru, og Polyphemos høyrde dei. Han sprang fram og drepte to av mennene, og slukte dei til middags. Så fall han i sømn. Odyssevs ville gjerne hemne dette, men han visste at han og mennene hans aldri ville greie å velte kampesteinen frå utgangen, så han tenkte ut ein plan.

Då Polyphemos vakna neste morgon fanga han to menn til, og hadde dei til frokost. Så rulla han kampesteinen til side, akkurat nok til at buskapen kunne sleppe ut. Så rulla han steinen på plass. Grekarane var framleis fanga i hola - til neste måltid.

Odyssevs sette mennene sine til å kvesse ein svær tømmerstokk i enden, og dei gøymde denne til kvelden. I kveldinga kom Polyphemos tilbake, og slapp inn buskapen. Så fanga han to grekarar til, og åt dei rå. Så spurde han Odyssevs kva han heitte. Odyssevs svara at han heitte ”Ingen”. (Samanlikn norsk folkeeventyr). Odyssevs gav cyklopen eit geiteskinn med vin - giganten drakk opp alt, og vart døsig og somna.

No storma Odyssevs og fire av mennene hans fram med tømmerstokken - stakk den i auget på cyklopen, og blinda han. Polyphemos skreik slik i smerte at nabo-cyklopane kom stormande til for å høyre kva som var gale. ”Kven har skada deg?” spurte dei. ”Ingen har skada meg”, brølte Polyphemos. Då drog dei andre cyklopane sin veg.

Ved daggry rulla Polyphemos kampesteinen frå opninga og slapp ut buskapen, men sidan han var blinda, kjende han godt etter kva som for ut av hola. Odyssevs og mennene hans heldt seg fast under buken på kvar sin vær, og slik slapp dei ut av hola.

Så sprang dei fort til skipet - tok med nokre av krøttera. Vel ombord ropte Odyssevs til Polyphemos og fortalte kven han var, og cyklopen kasta klippeblokker etter skipet. Polyphemos bad far sin, Poseidon, om å straffe Odyssevs, og på resten av reisa gjorde Poseidon det vanskeleg for dei.

OBS: Også ein av argonautane  heitte Polyphemos, men dette var ein annan.

 

 

POMONA

var ei mindre romersk gudinne – gudinne for frukt og fruktavling. Hennar domene var frukter som kunne haustast frå tre. Ho heldt til i ein hage, og ho jaga alle påtrengande beilarar. Både PICUS og SILVANUS beila til ho, men fekk avslag på grått papir. Det var også ein etruskisk gud som heitte Vertumnus som gjerne ville gifte seg med ho. Han var sleip, og kledde seg ut som ei gammal, klok kone, som kom til Pomona og rådde ho til å gifte seg med Vertumnus. Og giftarmål vart det!

Frukter som heiter etter Pomona er pommes (eple), pomegranade (granateple), pomme de terre (potet), plomme, pomerans. (Sjå også FLORA).

                Vi aner ein konflikt mellom etruskarar og før-romarar, som vart løyst ved ekteskap.

 

 

PONTOS

var sjølvaste Havet – havånda som vart til  i opphavstida, då verda vart skapt. Slik heiter det i Den Orfeiske Skapingsmyten (også kalla Den Homeriske skapingsmyten).

 

Den Orfeiske Skapingsmyten

                   (Les om Den Pelasgiske Skapingsmyten under EVRYNOME 2).

Natta NYX har svarte venger. Sjølvaste ZEVS fryktar ho. VINDANE kurtiserte ho, og ho la eit sølvegg i MØRKET sin mage. Av dette egget vart EROS født. Somme kallar han PHANES. Eros sette Universet i rørsle. Han er tvekjønna og har venger av gull. Han har fire hovud, og stundom brøler han som ein okse eller ei løve – andre tider kveser han som ein slange eller brekar som ein vær. Nyx budde saman med han i ei berghole. Ho kalla han Ericepaios og Phaëthon Protogenus. Sjølv var ho ei trippel-gudinne, og kalla seg Nyx, Lov og Orden. Framfor holeopninga sat den store mor RHEA og spela på ei messing-tromme, for å minne menneska om at dei måtte rådspørje oraklet.

Eros skapte Jord, Himmel, Sol og Måne, men trippel-gudinna styrte Universet til ho overleverte septeret sitt til URANOS.

 

 

DRØFTING: Det er Homer som har skrive ned Den Orfeiske Skapingsmyten. Den er yngre enn Den Pelasgiske – influert av nye tankar om kjærleiken, Eros, og tilhøvet mellom kjønna. I den gamle tida visste dei ikkje at det måtte ein mann til for at ei kvinne skulle verte med barn.

Sølvegget er Månen. Månens metall er sølv.  Under namnet Ericephaios var Eros ei himmelsk bie som sanka honning.  Kulturen som utforma Den Orfeiske Skapingsmyten såg på bi-kuba som det ideelle samfunn. I Gullalder-myten får vi høyre at i Gullalderen draup det med honning frå alle tre. Honning var eit viktig basis-næringsmiddel i steinalderens jeger/sankar-kulturar, før jordbruket vart oppfunne. Rheas tromming skulle hindre at biene flytta (sverma) dit dei ikkje burde. Okse- og løve-brøl skulle skremme bort vonde makter.

Eros var ein trippel-gud liksom Nyx – Eros, Ericepaios og Phaëthon Protogenus. Det siste namnet hans tyder ”Førstefødte Skinar”., og ved dette namnet er han Sola. Eros’ fire hovud symboliserer Solas fire årstider. Kvar årstid hadde sitt ”totem-dyr”.

Oraklet i Colophon (Lydia i Lille-Asia) kalla Eros for Iao. Og dyra for dei fire årstidene var:

 

VÅR

SOMMAR

VINTER

NYÅR

VÆR (Zevs)

LØVE (Helios)

SLANGE (Hades)

OKSE (Dionysos)

 

 

At Nyx’ septer vart overlevert til Uranos, viser til at den patriarkalske kultur sigra over den gamle, matriarkalske.

 

I andre myter heiter det at GAIA var mor til Pontos, og at han ingen far hadde. Gaia (Mor Jord) tilhøyrde den patriarkalske mytologien. Men ein stad vert ETHER (den klare luft) nemnt som far til Pontos.

Pontos var ein Protogenoi – det var fellesnamnet på dei aller første gudane som dukka fram frå KAOS. Dei er blitt kalla ”Den heilage rase av eviglevande gudar”.

Pontos var far til dei fleste andre hav-gudar. Med nymfa MAIA fekk Pontos dattera KETO, som vart eit hav-uhyre, og mor til fleire andre uhyre. Med GAIA fekk han havguddommane THAUMAS, NEREOS, PHORCYS og EURYBIA. Ein del fleire avkom fekk han også.

Ein skremmande eigenskap ved Pontos var at han var så djup – djupare enn nokon turde ane. Nereos var hans førstefødte. Han er blitt kalla ”Havets Gamle Mann”, og ingen kan ein lite på som han. Han er trufast og snill, og gløymer aldri lov og rett. Thaumas var mektig og Phorcys var stolt, og Eurybia hadde eit hjerte av flint.

Med TETHYS vart Pontos far til alle fiskane.

 

 

PORTUNUS

var romarane sin verne-guddom for sjøhamner og hamneområde. Frå først var han vernegud for nøklar og dører og buskap, og hadde ansvar for kornlager. Det var av dette siste ansvarsområdet han fekk med hamneområde å gjere, for her var store kornlager.

 

 

Tekstboks: SKULPTUR

POSEIDON

(romersk NEPTUN)  (på etruskisk  Nethuris) var son av TITANANE CHRONOS/RHEA. Han var bror til ZEVS, HESTIA, HERA, DEMETER, HADES. Chronos slukte barna sine straks dei var født, men Zevs unnslapp dette, og drepte Chronos så søskena hans slapp fri – Poseidon mellom dei.

Poseidon vart havets gud. Han bygde seg eit svært palass på havsens botn. Her hadde han ein svær stall med kvite køyrehestar, med messing-hovar og gullman. Poseidon køyrde i høg fart over bølgene – han stod i gullvogna si, med trefork i handa; med delfinar, kvalar og små halvgudar symjande omkring. Stormar stilna der han drog fram, men sjømonster spratt og leika omkring han.

Det var vanskeleg for Poseidon å finne seg kone som ville bu saman med han på havbotnen. Han kurtiserte NEREIDA THETIS, men då han fekk høyre om ein THEMIS-spådom – at Thetis skulle føde ein son som vart mektigare enn far sin, så gav han Thetis opp. Han gav ho løyve til å gifte seg med PELEOS, som var av dei døyelege si ætt.

Så ville Poseidon gifte seg med nereida AMFITRITE – datter av NEREOS, men ho skremdes fælt då ho såg han kome, og rømde til Atlas-fjella. Poseidon sendte delfinen DELPHINUS for å godsnakke med ho, og han tala Poseidons sak så vel at Amfitrite let seg overtale, og Poseidon sette Delphinos på stjernehimmelen som takk for dette.

Amfitrite fekk tre barn med Poseidon – TRITON, Rhode og Benthesicyme. Men Poseidon var ein stor flørt, og bedrog kona si med både gudinner, nymfer og menneskekvinner. Særleg var Poseidon forgapt i SKYLLA; dattera til havguden PHORCYS. Amfitrite skapte Skylla om til eit bjeffande havuhyre men seks hovud og tolv føter, ved å kaste magiske urter i badedammen hennar.

Poseidon ville ha seg eit kongerike på landjorda, og gjorde krav på Attica ved å bore treforken sin inn i Akropolis ved Aten. Her kom det straks fram ein brønn som inneheldt sjøvatn. Når sønnavind blæs, kan ein ennå høyre vatnet surkle djupt nede i denne brønnen. Seinare, under Atens første konge, KEKROPS, kom ATENE, på mildare vis, og gjorde krav på Attika ved å plante det første oliventre på kanten av brønnen. Poseidon vart rasande og utfordra Atene til tvekamp, og det ville gått hardt for seg om ikkje ZEVS la seg imellom, og fekk overtala dei til å legge saka fram for ein guddommeleg valdgiftsdomstol. Ein domstol av gudar og gudinner vart sett. Zevs heldt seg nøytral. Kekrops vart kalla inn for å uttale seg.

Alle gudane støtta Poseidon, men alle gudinnene støtta Atene. Med ei stemmes overvekt vart det avgjort at Atene hadde mest rett til Attika. Begrunninga som vart framsett, var at ho hadde gitt den beste gåva.

Poseidon var såra og vonbroten. Han sende svære flodbølger innover det Thriasiske slettelandet der Atene hadde bygd byen sin, som hadde fått namnet Athenae. Atene måtte flytte dronningsetet sitt til byen som låg ved Akroplis, høgare over havet. Atene gav byen nytt namn etter seg – Aten. Men for å blidgjere Poseidon vart kvinnene i Aten fråtatt stemmeretten sin, og mennene fekk ikkje lenger bere namn etter mora si, som dei før hadde gjort.

Poseidon og Atene kiva også om ein annan by som låg noko lenger sør – Troëzen i landskapet Argolis. Zevs fekk istand ein avtale om at dei delte byen mellom seg. Begge partane var misnøgde med denne avtalen.

Så ville Poseidon ha Aegina av Zevs og Naxos av DIONYSOS. Og han ville ha Korint av HELIOS. Poseidon hadde liten framgang i desse sakene, og vart rasande og kravde Argos av HERA. Han ville ta byen med makt – nekta å bøye seg for den olympiske domstol, som han meinte ikkje gav han rettferdig handsaming. Då henta Zevs elvegudane INACHOS, KEPHISSOS og Asterion og bad dei dømme. Dei gav Hera retten på byen. Poseidon hadde fått forbod mot å sende flodbølger, så han hemna seg ved å sende tørke i staden. Elvane til dei tre elvegudane som dømde har sidan tørka inn kvar sommar. Men Poseidon hadde godhug for ei DANAIDE som heitte Amymone, og for hennar skuld let han elva LERNA i Argivia alltid føre vatn.

Poseidon påstod han hadde skapt hesten, men det stemmer ikkje med myten som fortel at gamle RHEA ein gang gav CHRONOS ein hest å ete. Poseidon sa også at han hadde funne opp bigselet, men Atene påstod at ho hadde funne opp dette før han. Men at det er Poseidon som har funne opp hestelaup, er det ingen tvil om. Hestar er vigsla til Poseidon.

Det står eit komisk skjær over feidene mellom Poseidon og Atene. Poseidon var den brautande og pralande, men Atene var den smarte. Poseidon var havet med storm og straumar, men Atene fann opp skipet og seglet. Poseidon skapte hesten, men Atene fann opp bigslet og hestevogna. Alltid kom Poseidon til kort. Det verkar som Atene representerer det kløktige og smarte mennesket, medan Poseidon representerer dei ville og rå naturkreftene.

DEMETER var på fortvila leit etter dattera si, PEREPHONE, skapte ho seg om til ei merr for å sleppe å få nokon av gudane etter seg. Ho var ikkje i lune for kjærleikseventyr. Ein kveld gjekk ho og beita saman med bølingen til Oncos – ein son av APOLLON, i ein fjelldal vestom Argos. Men her var Poseidon på farta – han hadde skapt seg om til ein fyrig hingst, og bedekte ho. Avkommet vart nymfa Despoena og villhesten ARION. Demeter var etterpå så rasande, at ho der i landskapet sidan vart dyrka som ”Den Rasande Demeter”.

PLATON: Den gang gudane delte jorda mellom seg, valde Poseidon seg det rettskafne og gåvmilde kontinentet ATLANTIS, med tilliggande øyar. Atlantis var større enn Nord-Afrika og Lille-Asia til saman, og låg i havet utanfor Herakles søyler (Gibraltar). Med ei kvinne som heitte KLEITO fekk Poseidon 5 tvillingpar med søner. Den førstefødte var ATLAS, og han gav kontinentet namn, og også det omliggande havet (Atlanter-havet).

Dei ti sønene styrte Atlantis i fleire generasjonar, etter lover som Poseidon hadde gitt. I hovudstaden vart bygt eit mektig Poseidon-tempel,   høgda der Atlas vart unnfanga. Templet vart omgitt av sirkel-forma kanalar/vollgraver med jordvollar imellom. Det var pryda med elfenbein, bronse, gull, sølv og eit metall som vart kalla orichalcum, og såg ut som brennande kopar. (Var dette platina eller titan eller....??) Midt i templet var stod ei stor gull-statue av Poseidon, køyrande i ei vogn trekt av sju venge-hestar. I ring omkring reid 100 NEREIDER (havnymfer) på delfinar. (Sjå også ATLANTIS).

Då Zevs’ elskarinne, LETO, vart forfølgd av ormen PYTHON, hjalp Poseidon henne ved å løfte øya Delos or havet med treforken sin. Leto vart av Zevs omgjort til ein vaktel, som flaug til Delos, og Leto fødte tvillingane APOLLON og ARTHEMIS der.

Poseidon sendte eit sjø-uhyre for å plage landet Etiopia, då dronninga der, CASSIOPIEA, skraut av at ho var vakrare enn NEREIDENE. Nereidene var Poseidon sine yndlings-nymfer. PERSEOS fridde Cassiopeia’s datter, ANDROMEDA, frå sjø-uhyret, og gifta seg med ho.Kong PELIAS av byen Iolkos i Tessalia skal ha vore son av Poseidon.Poseidon var gud for jordskjelv, hav og alt vatn, og han var heste-temjar. Han og ATENE konkurrerte om kven som skulle verte herre over Attika, men hans offergåve, ei salt-kjelde, vart avvist til fordel for Atene’s offergåve - eit oliventre.Med MEDUSA vart Poseidon far til venge-hesten PEGASOS, og med DEMETER vart han far til hesten ARION.Poseidon hadde kraftig skjegg, og såg vill og brutal ut. I handa heldt han treforken (ein lystre-gaffel med tre tindar). Han var oftast i følge med sjøvesen og sjøhestar. Sjølv om han var ein av dei øvste gudane på Olympen, så heldt han seg for det meste i havet. Han var bror til ZEVS og HADES, og desse tre gudane delte Universet mellom seg. Zevs vart herre i Himmelen, Hades i Underverda og Poseidon i saltvatn og ferskvatn.

Tekstboks: BILETENår det gjaldt Jorda, så vart dei olympiske gudane einige om å styre denne i fellesskap, med Zevs som overkonge. Dette førte til mange territorie-stridar mellom gudane.

Tekstboks: POSEIDON-SIDEPoseidon konkurrerte med ATENE om å vere øvste gud i Aten. Han demonstrerte si makt og sin velvilje ved å stikke treforken sin i Akropolis. Då sprang der fram ei saltvass-kjelde. Men Atene planta eit oliven-tre, og atenarane meinte dei hadde meir nytte av dette. Kor viktig Atene var for atenarane, viser det strålande templet dei bygde for ho Parthenon; det fagraste og sværaste templet på Akroplis. (Men atenarane passa seg vel for ikkje å fornærme Poseidon.).

Sjølv om mange av elvane hadde sin eigen guddom, så låg dei teknisk sett under Poseidon’s over-herredøme. NEREOS - havets gamle mann - vart ikkje rekna å vere på høgd med Poseidon. Poseidon køyrde i vogna si over bølgene som havets øvste herskar.

Poseidon var far til HEROEN THESEVS, (men den døyelege AEGEOS hevda også å vere far til han). Thesevs var glad for å ha to fedre - han støtta seg til eine eller andre slektslina ettersom det høvde seg best. Han vart konge over Aten fordi han var son av Aegeos, men han tok nytte i å vere son av Poseidon då han vart utfordra av kong MINOS av Kreta.

Minos kasta segel-ringen (signet-ringen) sin i havsens djup og forlangte at Thesevs skulle hente den. Thesevs dukka og fann ringen - under dykket traff han også Amfitrite, som gav han ei gullkrune.

Ein annan vidgjeten HERO - ODYSSEVS, var ikkje så godt likt av Poseidon. Fordi Odyssevs drap KYKLOPEN POLYPHEMOS, som var Poseidon’s son, så forseinka Poseidon Odyssevs’ heimreise frå trojanar-krigane alvorleg, og utsette han for mange store farar.

Poseidon plaga også kona til kong Minos. Då Minos opphøgde seg til konge over Kreta, ropte han på Poseidon, og bad han sende han ein ukse som han skulle ofre til han. Poseidon sendte uksen, men Minos likte denne så bra at han ville ikkje ofre han. Då gjorde Poseidon avtale med AFRODITE, kjærleiksgudinna, at ho skulle gjere det slik at Minos’ kone, dronning PASIPHAE vart forelska i uksen. Resultatet vart monstret MINOTAUROS - halvt menneske, halvt ukse.

Som heste-gud tok ofte Poseidon skap av ein hingst. Kanskje hadde han heste-skapnad då han forførte MEDUSA? I alle høve - då PERSEOS seinare drap GORGONEN Medusa, så flaug ein hest ut frå hennar avhogde hals - vengehesten PEGASOS.

Poseidon hjalp av og til andre med å verte omskapte. Han bønhøyrde ungjenta CAENIS, og omskapte ho til den usårlege krigaren Caeneos.

Når sjøfolk skulle ofre til Poseidon, så drukna dei hestar i havet.

 

 

POSTVORTA

 

 

 

var romersk kalendergudinne, som hadde ansvar for overgangen til nytt år. Ho hadde ei medgudinne som heitte ANTEVORTA. Postvorte representerte Det Gamle Året, og Antevorta Det Nye Året. Desse to hadde sitt greske motstykke i CARDEA. Postvorta var fortidas gudinne.

 

 

POTAMOIANE

var elvar – søner av den store elva OKEANOS, som renn omkring heile verda. Søstrene deira var OKEANIDENE, skyenes gudinner. Potamoiane var gudar med uksehorn, og halar som likna på slange- eller fiske-halar. ACHELOOS var den mest vidgjetne av dei. Han var udøyeleg, og hadde tre utsjånadar. Han kunne vere ukse, ein spragla slange, eller ein mann med ukse-hovud. Ein vass-straum rann heile tida frå hans ruskete skjegg. Ein gang beila han om prinsesse DEIANEIRA mot HERAKLES. Herakles skraut av sitt opphav og sine bragder, men Acheloos sa han var kjent som far til alle greske elvar, og var ikkje ein heimlaus fremling som Herakles. Om Zevs var far til Herakles, så måtte mora hans vere ekteskapsbrytar, sa han. Herakles svara at han var betre til å slåss enn til å krangle, og så bar det ihop med dei to – Acheloos i skap av ein ukse-mann. Herakles la han i bakken, men Ascheloos skapte seg om til slange og snodde seg unna. ”Eg kvelte slangar alt medan eg låg i krubba”, ropte Herakles og greip Acheloos om halsen. No vart Acheloos til uksemann igjen, men Herakles vreid han i bakken så eine hornet braut tvert av. Acheloos måtte gi seg, og skamma seg fælt. Han gøymde seg under piletre. Mange rykte gjekk om kva Herakles gjorde med Acheloos’ avbrotne horn, men somme seier at han gav Acheloos hornet tilbake.

Mange har hevda at NAJADENE var døtre av Potamoiane.

 

 

 

TETHYS fødte OKEANOS dei virvlande elvane Neilos, Alpheios og djupt-strøymande Eridanos, Strymon og Maiandros­ – Istros med si fagre vassføring, Phasis og Rhesos og sølv-glitrande Akheloios, Nessos og Rhodios, Heptaporos og Haliakmon, Grenikos og Aisepos, og Simoeis, som er guddomeleg fager, og Hermos og Peneios, og Kaikos med sin sterke straum, og store Sangarios, og Ladon og  Parthenios, Euenos og Ardeskos, og Skamandros, som er heilag.

Ho fødte også ein rase utan døtre, som saman med APOLLON og Potamoiane har makt over ungdommen, over heile verda. Zevs har gitt dei denne retten – det er 3000 av dei – dei er Okeanider. Og likså mange er resten av Potamoiane – knurrande renn dei – søner av Okeanos, og dronning Tethys var mora deira, og ikkje er det lett for ein døyeleg mann å nemne dei alle, men kvar av dei er kjent for dei som bur attved”.

 

 

Ingen måtte krysse ei elv utan å be til elva, og vaske hendene i elvevatnet. Der ei elv rann ut i havet måtte ein ikkje drikke.

Hyginus nemner nokre fjerne elvar: Strymon, Nilen, Eufrat, Tanais, Indus. Cephisus, Ismenus, Axenus, Achelous, Simoeis, Inachus, Alpheus, Thermodon, Scamandrus, Tigris, Meandrus, Orontes.

OVID: Zevs (Jahve) ville utrydde menneskeætta med si store syndeflod, og han var ikkje nøgd bare med regnet som strøymde frå ovan. Hans hav-blå broder, Poseidon kjem han til hjelp. Han ber alle sine elvar møte ved sitt palass. ”Vi har ikkje tid til mange ord”, seier han, ”utgyt dykkar styrke – trongen er stor! Opne dørene dykkar! Bort med dammar og diker, og gi dykkar flaumar fritt laup”. Elvane for heim og løyste sine kjelder, og fossa uhemma mot havet.Og Neptun slo i jorda med forken sin, og jorda skalv, og gav unna for å gi vatna fritt laup. Dei spreidde seg veldig over dei opne slettene, og feide bort avlingar, frukthagar, vingardar, kveg, hus, menneske, tempel og heilagdommar med alle sine heilag-grip. Og stod ennå noko att, så vart det no overfløymd då elvane møtte havet. Høge tårn vart overfløymde, og ein kunne ikkje lenger skilje land frå hav. Over heile jorda såg ein bare hav – eit hav utan ei strand.

 

 

PRIAMOS

vart konge i Troja etter far sin, LAOMEDES, som vart drept av HERAKLES. Priamos var konge under  Trojanarkrigane. Kona heitte HEKUBA, og barna deira var HEKTOR, PARIS, CASSANDRA, Helenos, Deïphobos, Troilos og Creusa. Prins Paris vart som nyfødt sett ut i villmarka, for Priamos hadde fått ein orakel-spådom om at Paris skulle føre ulykke over Troja. (Sjå PARIS).

NEOPTOLOMOS drepte Priam på Zevs-altaret i hans eige hus.

 

 

PRIAPOS

var ein frævegud frå Lilleasia som vart introdusert i Hellas ca. år 400 fvt. Her vart han son til AFRODITE. Det er uvisst kven som så skulle vere faren – både HERMES, DIONYSOS, PAN, ADONIS, og ZEVS er foreslått. Han var ein skikkeleg ekstrem frævegud, og vart avbileta som ein vanskaping, med ein diger, erigert penis. Somme har hevda at det var HERA som gav Priapos hans fæle utsjånad. Ho var fortørna over Afrodites skamlause livsførsel, og ville straffe ho. (Her aner vi ein kulturkonflikt).

Priapos var vernegud for hagebrukarar og  gartnarar. Han brukte å halde seg nær inngangsdørene til hus.

 

 

PRIAPUS

var romersk fræve-guddom, arva frå grekarane sin PRIAPOS. Han vart vernegud for hagebruk og vinmarker – ei rolle han overtok etter VENUS, etter at Venus hadde blitt ”forfremja” til himmelsk guddom. Priapus vart også dyrka som vernegud for sjøfolk og fiskarar. Det er litt merkeleg.

Ein gang prøvde Priapus å valdta NAJADEN Lotis, men vart forstyrra av rautinga til SILENOS’ esel. Etter dette vart eselet vigsla til Priapus.

I Roma var ein skulptur av Priapus - han var raudmalt og hadde erigert penis.

 

PROKRUSTES

var ein kjeltring som vart drept av heroen THESEVS. Namnet tyder ”ut-strekkjar”. Han vart også kalla Damastes og Polypemon. Han verkar vere ein ”eventyr-figur”, men historia om ham kjenner vi frå mange ulike kulturar, så kanskje ligg det ein kjerne av røyndom bak. Historia har sterk smak av å vere ei ”symboli-historie”, men eg veit ikkje kva den i så fall skal symbolisere.

Prokrustes budde ved landevegen mellom Eleusis og Aten. Der hadde han eit versthus, med bare ei seng. Om ein gjest var for lang til senga, så kappa han beina av han, til senga passa. Var gjesten for kort, så hamra eller strekte han gjesten så han vart lang nok. Somme sa at Prokrustes hadde ei lang og ei kort seng, og at han la korte gjester i den lange senga og vise versa. Då Thesevs ein gang kom til vertshuset, la han verten til sengs.

 

 

PROMETHEVS

er av mange nemnt å vere Menneskas Skapar. Han var son av IAPETOS/CLYMENE, og bror til ATLAS. Han stal elden frå ZEVS, og brakte den ned til jorda. Zevs vart rasande, og ville hemne seg på Promethevs og menneskeslekta han hadde skapt. Zevs forma ei jente av leire, bles liv i ho, og kalla ho PANDORA. Han gav ho ei fin øskje, og sendte ho til jorda med ordre om å skjenke øskja til sin blivande mann. Pandora drog først til Promethevs, men han hadde sine mistankar, og avviste ho. Ho passa då opp hans yngre bror EPIMETHEVS, og han gifta seg med ho, og tok imot øskja.

Zevs tok Promethevs til fange, og lenka han til eit berg i Kaukasus. Her kom kvar dag ein rovfugl og hakka i innvolane hans, og fråtsa på levra. Kvar natt vaks Promethevs til att, slik att pinslene skulle vare evig. Men til sist kom HERKULES, drepte fuglen og fridde Promethevs.

Promethevs hadde mellom andre sonen DEUKALION, som saman med kona si, PYRRHA, overlevde syndefloden, som Zevs laga for å utrydde alt folk. Det var Promethevs som rådde dei to til å bygge arken.

 

 

 

Hadde Promethevs eit indo-europeisk opphav? Han lurte seg til å knabbe ein bit av Sola – av Zevs’ solvogn, og laga ein fakkel av denne eldbiten. Fakkelen er blitt avbileta som eit hakekors – ein swastika – eit solkors. Det var dette merket dei tyske nazistane gjorde til sitt våpenmerke.

 

Promethevs tyder ”framtenkt”. I Den store titan-striden kjempa han på Zevs’ side. Sidan utfordra han Zevs til kappestrid om å skape mennesket. Mange har hevda at det var Promethevs som skapte dei første menneska, og at dei alle var menn. For å blidgjere Zevs etter sin siger, laga han til to takkoffer til Zevs. Det eine offeret var dei finaste kjøttstykka av ein okse, pakka i tarmskinn, medan det det andre var bare knoklar og bein innpakka i talg. Han bad Zevs velge, og Zevs valde den dårlegaste offergåva. Dette har sidan blitt menneskas skikk – det dårlegaste kjøtet vert ofra til Zevs.

Zevs ville ikkje gi menneska elden, men Promethevs smugla den ut av Himmelen og brakte den til jorda. Zevs hemna seg på menneska ved å skape kvinna. Den første kvinne var PANDORA, og alle seinare kvinner likna på ho.

Zevs hemna seg på Promethevs ved å lenke han fast til ei klippe i Kaukasus-fjella

 

 

 

PROSEPINE

(Proserphina) var romersk vårgudinne, og ho var også gudinne i Underverda. Ho var gift med Underverdas fyrste, PLUTO (Dis Pater). Han var romersk motstykke til grekarane sin HADES, og ved dette giftarmålet var det at Prosepine vart gudinne i Underverda. Hennar greske motstykke var PERSEPHONE.

 

 

PROTESILAOS

var konge i Phylace i Thessalia. Han vart drept i Trojanar-krigane. Eir orakel hadde spådd at den første grekar som trødde på trojansk grunn skulle vere den første som døde. Men Protesilaos var tapper og sprang i land som første mann. Og han var den første som fall i striden. Kona hans, LAODAMIA, sørgde så ille at gudane gav han tre timars permisjon frå Underverda for å vitje ho ein siste gang.

 

PROTEOS

var ein profetisk sjø-guddom - son av POSEIDON eller OKEANOS. Han budde på havsens djup - hadde til vanleg tilhald ved øya Faros nær Egypt, der han gjette selane til Poseidon. Om nokon greidde å fange han, kunne han spå framtida deira, men han omskapte seg til mykje rart for å sleppe dette. Men kom han seg ikkje fri, så vart han seg sjølv - ein gammal mann, og spådde framtida.

Proteos tyder ”første mann”. Somt tyder på at han er same person som havguden NEREOS – ”Havets gamle mann”, som truleg ein gang var ein historisk person – ein heilag-konge med orakel-evner.

 

 

Tekstboks: MANGE FAKTAPSYKE

var i gresk mytologi den personifiserte menneskesjela. Ho vart avbileta som ein liten kvinneskapnad med fugle- eller sommarfugl-venger – ofte saman med AMORINANE. Stundom hadde ho skjegg! I seinare tider kunne ho verte avbileta som ein hane, ein sommarfugl eller ein liten menneske-figur. Som Eros’ elskarinne er ho avbileta som ei ungjente - ofte med sommarfuglvenger. Vitskapen psykologi har namn etter Psyke.

I det andre århundre fvt. skreiv Apuleius ei historie om AMOR og Psyke, som er blitt omdikta til folkeeventyr i mange land. I Noreg til ”Kvitbjørn kong Valemon” og ”Austanfor sol og vestanfor måne”.

 

 

 

Apuleius:

Det var ein konge og ei dronning som hadde tre døtre. Den yngste heitte Psyke. Apollons’ orakel befalte at ho skulle kledast i likskrud og leggast på toppen av eit fjell. Her skulle ho bli gift med ein fæl monster-slange.

På fjelltoppen fall Psyke i sømn, og ho vart transportert til eit slott der EROS kom til ho kvar natt etter mørkets frambrot. Og sidan han alltid forlet ho før daggry, hadde ho ingen aning om kven elskaren hennar var. Ho vart gravid, og Eros sa at barnet skulle verte guddommeleg dersom ho ikkje prøvde å finne ut kven han var. Men søstrene hennar kom til ho, og ovetalte ho til å prøve å finne ut kven elskaren var.

Då Psyke avslørte Eros, rømde han frå ho. Nå påla AFRODITE Psyke å utføre ei rekke umogelege oppgåver.  Men Psyke greidde likevel  oppgåvene, og då gav Afrodite ho løyve til å gifte seg med Eros, og han tok ho med til Olympen. Her fekk ho ambrosia å ete, og dette gjorde ho udøyeleg.

 

Romersk versjon:

Psyke var ei  vakker prinsesse som vart elska av AMOR - elskovsguden. Amor kom til ho bare når det var som mørkast om natta, og han forbaud ho å sjå hans andlet. Nå hadde Psyke nokre vonde søstre, og dei forleia ho til å tru at elskaren hennar var eit fælt uhyre. Så ei natt medan Amor sov, stod ho opp og studerte han i lyset frå ein lampe, som ho heldt over andletet hans. Då såg ho at han var den fagraste av alle gudar, og ho vart så hugteken at ho vart uforsiktig, og det draup ein varm oljedråpe ned på Amors skulder frå lampen. Han vakna, og klandra ho for at ho ikkje hadde retta seg etter forbodet hans. Så flaug han bort frå ho.

Etter dette måtte Psyke utstå allslags møye, for å blidgjere Amors mor, VENUS, som var rasande på ho fordi det var sagt at ho var vakrare enn Venus. Men Psyke overvann alle vanskane; Amor kom tilbake til ho og gifta seg med ho, og til sist vart ho tatt opp blant gudane.

Psyke har stått modell for ”Den Gode Fe” – ein liten mini-figur med venger som sit på skuldra di, kviskrar deg gode råd og fungerer som ”ditt gode samvet”.

 

 

PYGMALION

var ein treskjerar på Kypros. Han er berømt for å ha laga si eiga kone. Alle kvinnene der var prostituerte, så Pygmalion skar seg ut ei i elfenbein, og brukte denne som kone. AFRODITE kom han til hjelp, og gjorde skulpturen levande. Han kalla kona GALATEA (som tyder mjelke-kvit), og ho fødte han sonen Paphos. Paphos fekk sonen CINYRAS, som grunnla byen Paphos på Kypros – oppkalla etter far sin.

I ein annan myte heiter det at Pygmalion var forelska i Afrodite, men at ho ikkje brydde seg om han. Då skar han ut ein elfenbein-skulptur av Afrodite og la denne i senga si. Afrodite vart sjarmert av dette, så ho kraup inn i skulpturen og vart til Galatea. Mad Galatea fekk Pygmalion sonen Paphos og dattera Metharme. (Namnet hennar tyder ”forandring”).

 

 

FREISTNAD PÅ TOLKING: Afrodite var dronning/prestinne i ein matriarkalsk  kultur som regjerte Kypros. Så vart Kypros invadert av ein patriarkalsk kultur, med Pygmalion som konge. Med list og maktbruk søkte han ekteskap med Afrodite. Han ville ikkje direkte provosere dei matriarkalske gudinnene, men ved å følge skikk og bruk på Kypros – ved å inngå ekteskap med Afrodite, kunne han få kongsmakt på øya. Dette fekk han etter kvart til. Men etter skikken på Kypros skulle kongen site i ein periode på åtte år før han måtte døy. Pygmalion kom seg  unna dette trugsmålet ved å gifte på nytt  med dattera si, Metharme (forandring) – det var ho som  var tronarving etter Afrodite.  Og forandring blei det – patriarkatet tilkjempa seg makta frå matriarkatet.

 

 

 

PYGMEAE

Pygmeane var eit samfunn av dvergar. Dei fekk namn etter eit gresk ord for eit lengdemål på omtrent 13 tommar - (40 cm). Høgare var ikkje desse menneska. Dei skulle ha tilhald nær Nilens kjelder, men somme har sagt at dei var heimehøyrande i India. Homer fortel at tranane kvar vinter flaug til pygmeane sitt land, og at trananes ankomst var signal til pygmeane om å starte blodig krigføring. Dei måtte ta til våpen for å verje kornåkrane sine mot griske naboar. Deira fiendar var tranane, og mange kunstverk illustrerer kampane mellom pygmear og tranar.

Seinare historieskrivarar har fortalt om ein gang Pygmeane kom over HERAKLES medan han sov. Dei gjorde seg klare til å angripe han, som om dei førebudde seg på å angripe ein by. Men Herakles vakna og lo. Han  pakka somme av pygme-krigarane inn i løveskinnet sitt, og brakte dei til Eurysthevs.

 

 

PYRRHA

var datter til EPIMETHEVS og PANDORA, og kona til DEUKALION. Ho var med Deukalion i arka under syndefloden. Ho heiv sidan stein til jorda, som det grodde fram nye menneske-kvinner av. Dette etter råd frå oraklet i DELFI, som sa at Deukalion og Pyrrha ”skulle kaste sin moders bein bakom seg”. (Sjå DEUKALION).

 

 

PYRRHOS

sjå NEOPTOLEMOS

 

PYTHON

var ein fæl slange - avkom av GAIA - jordgudinna. Python var skapt av mudder og gjørme som låg att etter DEUKALION’s store flaum.  Python budde i ei hole ved Parnassos-fjellet, og var ”vakthund” for oraklet i DELFI.

Ingen turde å kome nær uhyret Python, og folk bad APOLLON om hjelp. Han kom ned frå Olympen med sin sølvboge og sine  gullpiler. Han trong bare ei pil for å drepe Python, og tok så over oraklet. Sidan vart han kalla Pythi Apollo.

Til minne om sin siger, innstifta Apollon dei Pythiske leikane, som vart arrangert kvart fjerde år. Desse var forgjengar til ”dei olympiske leikane”.

I andre myter heiter Python TYPHON. (Sjå denne).

I eldre tid vart oraklet i Delfi kalla Pytho, etter slange-uhyret, og orakelprestinna vart kalla PYTIA.

Ein ekstra versjon: HERA sendte Python for å plage gudinna LETO, som hadde lagt med ZEVS og blitt gravid med tvillingane APOLLON og ARTEMIS. Då Apollon vart fødd, var det første han gjorde å drepe Python med ei pil.

 

 

PYTIA

var APOLLON si prestinne ved oraklet i Delfi. Sjå Apollon. Sjå også under DELFI.

 

 

                                                         Til framsida


      

             

             

 

 

 

 

 

 

 

                                                                                    

1