GRESKE
OG ROMERSKE GUDAR |
||
Gudar
på Q |
Forfatta av Aslak Nedregård |
sjå KER. |
||||||||||||||||||||||||||||||
|
var ein gammal
romersk krigsgud. Hans opphav er usikkert – truleg var han ein sentral guddom i
før-romersk tid. Han vart dyrka av den folkestamma som vi kallar Sabinarane; eit gammalt italisk folk
som hadde tilhald i nærleiken av den noverande byen Firenze. Sabinarane hadde
ein befesta by ikkje langt frå Roma, som dei kalla Quirinal – oppkalla etter Quirinus. Då byen Roma oppstod, og
etter kvart vaks i areal, vart Quirinal liggande innanfor Romas grenser.
Quirinal låg på ei av Romas sju høgder,
og romarane kalla høgda Quirinalis.
Her vart i år 293 fvt. bygd eit tempel for Quirinus.
Det var fleire folkestammer som i
før-romersk tid dyrka Quirinus – mellom andre Samnittane. Romarane adopterte den
gamle sabinar-guden, og gjorde han til verneguddom for staten – han var
nummer tre i rang, etter JUPITER
og MARS. Dei tre var ein triade av krigsgudar. Quirinus vart stundom
samanblanda med Mars – han kunne verte påkalla under namnet Mars Quirinus. Ein trur det var ca.
år 340 fvt. at Quirinus vart adoptert av Roma.
Det
ser ut til at før-romarane og sabinarane var to jambyrdige og nærslekta
folkegrupper. Før-romarane (latinarane) hadde Romulus som konge, og kongen til sabinarane heitte Titus Tatius. Dei to
folka var naboar, og dei greidde å forhandle seg fram til semje slik at
dei kunne leve fredeleg saman. Latinarane dyrka Mars som krigsgud, og
sabinarane dyrka Quirinus. Etter fredsavtalen vart begge folkestammene
sine krigsgudar haldne høgt i ære av begge folkegruppene. Bra jobba! Frå seintida til den romerske republikk kjenner vi to
interessante nemningar: Den romerske soldat vart kalla milite, og Roma-borgarar som var
opptekne med fredelege syslar vart kalla quirite. Dei gamle Quirinus-dyrkarane (sabinarane) vart altså
i Romas sjølv-forståing
sett på som Roma-samfunnets fredselskande Alter Ego. Ein gang Julius Cecar var forbanna på soldatane sin dårlege
innsats, skjelte han dei ut ved å kalle dei quiritar. Ein soldat på perm vart kalla
quirit. Quirinus kunne også opptre
i ein annan triade: Jupiter-Juno-Quirinus.
I denne triaden måtte han seinare vike plass for MINERVA. Qurinus vart ansett å vere
meir fredsam av seg enn Mars. Han foretrakk å forhandle fram ein god
fredsavtale framfor å utgyte manneblod på slagmarkene. Mars var så krigersk
av seg at templet hans for sikkerheits skuld vart bygd utanfor bymurane – det
høvde ikkje inn i det siviliserte bylivet. Men Quirinus-templet låg innanfor
murane. Keisar Augustus gav Quirinus-templet ei stasleg oppussing. Då Roma byrja sine mange
erobringskrigar, kom Quirinus i skuggen av Mars som krigsgud. HORA heitte
Quirinus’ kvinnelege guddoms-partnar. Ovid fortel at då ROMULUS, Romas legendariske
grunnleggar, og kona hans, Hersilie,
døde, vart dei to guddommeleggjorde, og som udøyelege fekk dei nye namn –
Quirinus og Hora. På festdagar vart Romulus påkalla som ”Romulus-Quirinus”,
av mellom andre Julius Cecar. Quirinus vart gjerne
avbileta som ein skjeggete bestefartype – han kunne vere kledd delvis som ein
byråkrat; delvis som ein krigar. Planten som var vigsla til han var myrt, ein buskforma, aromatisk medisinplante
med sterk krydderlukt. Framfor templet hans stod to myrte-busker – dei vart
kalla ”den plebeiiske” og ”den patrisiske”; altså ei for dei fattige, og ei
for dei rike. (Mars’ heilage plante var laurbær). I tillegg til å vere
krigsgud, var Quirinus gud for bønder
og brød. Festen for Quirinus heitte
Quirinalia – den var 17. februar.
På same dag vart også romarane si gudinne for brødbaking feira; ho heitte FORNAX.
Mars var også bønders gud, men med tida vart hovudrollen hans å vere
krigsgud, medan Quirinus meir og meir fekk ansvaret for bønders avling.
Februar var for romarane årets siste månad. Mars var det nye årets første
månad. Quirinus rydda opp etter det gamle året- Mars tok fatt på det nye.
Jordbrukets ulike onner var det sentrale i årets gang. Quirinalia vart skjemtsamt
kalla ”festen for toskar”, for dei tullingane som om sommaren hadde gløymt å
ofre til JUNO, fekk no ein sjans
til å gjere det godt att ved å ofre til Quirinus. I krigsår, då lov og rett
ofte har dårlege kår, vart Quirinus dyrka som ein vernegud for rettferd. Vi veit elles ikkje mykje
om rituala som inngjekk i Quirinalia, men øvstepresten framførte visst ein
dans; så var der kanskje også andre dansarar, og sikkert musikk og sang. Quirinus’ øvsteprest i Roma vart kalla Flamen Quirinalis. Når han utførte tempelteneste for
felles-krigsguden Mars-Quirinus, vart han kalla Flamen Dialis. (Di
betyr ”to”). Vi kjenner namnet til ein av Quirinus’ tidlege øvsteprestar – Flamen Quirinalis Fabius Pictor.
(Pictor tyder ”skrivar”). Han vart avbileta på ein mynt, med hjelm, rustning,
spyd og skjold, og dessutan med prestestav.
Ved
byen Robigo låg ei heilag grotte. Her vart 25. april kvart år utført ein
religiøs seremoni, kalla Robigalia.
Flamen Quirinalis leiar ein prosesjon av kvitkledde til den heilage
grotta. Dei går langs vegen Via
Claudia. Ved grotten ofrar Flamen Quirinalis
innvolane til ein hund og ein sau. Desse dyra var først blitt ofra inne i
Roma tidleg om morgonen, og så brakt til grotten. Flamen ber også ei boks
med røykelse, og eit reinsa offer-kar med drikk-offer. Han har ein
lin-serviett i høgre handa. Så seier han fram bøner til Robigo – at han
ikkje skal skade CERES’ grøde. På 21. august var ein annan seremoniell
fest, kalla Consualia, der
Flamen Quirinalis deltok saman med prestinnene til VESTA – vestalinnene.
Denne festen var instituert av Romulus. Det vart sagt fram bøner om at
soldatane måtte rekke heim frå krigen tidsnok til å kunne delta i
innhaustinga av avlingane. Då Julius Cecar æra seg sjølv med ein sigers-skulptur, plasserte
han denne i Quirinus-templet. Hadde Mars-templet stått inne i byen hadde
kanskje Cecar plassert statuen der, men Quirinus var altså krigsgud bra nok
for Cecar. Poetar og diktarar fekk
dikta det til slik at Romulus-Quirinus
var son av Mars, og soneson av Jupiter. Dette ny-påfunnet vart absorbert
i folketrua til breide lag av folket. Med Romarrikets ekspansjon vart Quirinus vide kjent. Mykje av
hans ånd lever ennå – det handlar om å vere den tapre soldat som skal verne
sitt land og sitt lands lover – det handlar om ”fair play” – det handlar om å
opptre som ”gentleman”. |