GRESKE OG
ROMERSKE GUDAR |
||
Gudar på R |
Forfatta av Aslak Nedregård |
|
|
Romersk |
||||
|
|
|
|
|||
|
sjå under ROMULUS. |
|||||
vart
født på Kreta, og var son av ZEVS
og EUROPA, og bror til kong MINOS. Minos let Rhadamanthys få vere konge
over ein tredel av Kreta. (Sjå under MINOS).
Rhadamanthys vart vidgjeten for å vere ein god og rettferdig lovgjevar og
dommar - nådelaus mot illgjerningsmenn. Han var dommar både for Kreta, og for
mange andre øyar. Retts-systemet hans vart adoptert av mange riker. Kvart
niande år hadde Rhadamanthys audiens hos Zevs i hola hans på Kreta, og returnerte
med eit nytt sett lover. Minos vidareførte denne skikken etter Rhadamanthys. Ein gang drepte Rhadamanthys ein
slektning, og for å unngå straff rømde han til Boøtia, der han vart gift med Alkmene, mora til HERAKLES.
Rhadamanthys hadde med seg nokre grasfrø hit, som han sådde. Dette er nokre
digre gras – stråa kan bli 6-7 m høge. Dei var veleigna til spyd og fløyter.
Alkmene og Rhadamanthys’ graver låg ved Haliartos
– nær ein plantasje med kjempe-gras. Rhadamanthys
vart ein av dei tre dommarane i Underverda
(HADES), saman med MINOS og AIAKOS. Dei tre dommarane sat ein stad i Underverda der tre vegar
møttes, og kvar dag tok dei imot avdødes sjeler. Rhadamanthys tok for seg
sjeler av asiatar, medan Aiakos hadde ansvaret for europeiske sjeler. I
tvilstilfelle let dei Minos avgjere. |
||||||
|
var ein av dei 12 TITANANE – ho var datter til URANOS
og GAIA. Ho vart gift med sin
bror, titanen CHRONOS. Chronos og
Rhea vart det andre par av himmelske
guddommar, etter Uranos/Gaia. Chronos og Rhea styrte verda saman.
Chronos, som var den mektigaste av titanane, tok seg av tida, årstidene og alt som
var i rørsle. Sol, Måne, planetar – heile Univeset stod under Chronos’
kontroll. Rhea fekk ting til å flyte
– vatnet i elvane, sevjen i plantene, blodet i kroppane. Det var denne flyt som gav vokster og grøde, og nye
generasjonar av menneske, dyr og planter. Slik heldt Rhea og Chronos orden på
verda i lange tider, og menneska dyrka Rhea som frævegudinne. Men så byrja Rhea å føde barn! Dei fem første barna til Rhea vart slukt
av Chronos – han likte ikkje arvingar. Dei fem han slukte var HESTIA HERA DEMETER HADES POSEIDON Så vart Rhea lei av dette. Då ho igjen
vart med barn, flykta ho, med hjelp frå GAIA,
til Kreta og gøymde seg i ei hole
der. Der fødte ho ZEVS, og sette
han i oppfostring hos NYMFENE og KORYBANTANE der. Korybantane var
nokre demonar som heldt seg saman med Rhea. Geita AMALTHEA gav Zevs mjelk, og berget IDA sendte bier med honning. Rhea pakka så ein stein i bleier og
lin, og tok med attende til Chronos, som straks slukte steinen – han trudde
han slukte den nyfødte. Korybantane laga slikt leven at Chronos ikkje høyrde
remjinga frå Zevs-babyen i hola, når han hadde kolikk. Då Zevs var vaksen detroniserte han
faren sin, og fekk han til å spy ut dei borna han hadde slukt. Det var Zevs’
førstekone METIS som ordna dette –
ho hadde fått eit brekkmiddel av Rhea og Gaia, som ho lurte i drinken hans. Rhea vart stundom assosiert med den
mektige, lille-asiatiske vegetasjons- og frævegudinna CYBELE, på
romersk kalla MAGNA MATER. Cybele
vart dyrka med erotiske festar. Dessutan hadde romarane gudinna OPS, som stundom vart forveksla med
Rhea. Rhea hadde sitt opphav i Frygia i Lille-Asia. Mange av dei
gamle greske mytene har truleg blitt til i desse traktene. Rhea var frævegudinne for naturens
vekster, og dessutan frævegudinne for kvinner. Namnet hennar tyder utflod – det dreier seg om kvinnenes
menstruasjon, og det dreier seg om lette fødslar; at babyen nærast kjem
flytande ut av mora. Rhea var titananes dronning. Då Zevs og søskena hans, OLYMPIARANE, tok makta frå titanane, ville Rhea ha halve himmelen og halve
jorda, men Zevs nekta henne dette. Då vart ho sint, og trekte seg tilbake til
dei frygiske fjell, saman med korybantane. Her samla ho seg eit menasjeri av
ville dyr – ho brukte løver som trekkdyr når ho var ute med vogna si. Rhea vart dyrka som Methros Theon (gudanes mor) og som Fjella si store mor, i seremoniar med
ville dansar akkompagnert av trommer, skraller og symballar. Rhea vart gjerne
avbileta mellom to løver, eller på
ei vogn som vart trekt av løver. Treet eik
er vigsla til Rhea. (Det
er meir å lese om Rhea under DIONYSOS, DODONA og DELFI.) I Den pelasgiske skapingsmyten (sjå
under EVRYNOME 2), vart Rhea,
saman med CHRONOS, sett til å
bestyre planeten Saturn. I Den orfeiske skapingsmyten (sjå under PONTOS) spelar ho på messingtromme
framfor eit orakel i ei hole. Stort spørsmål: Kva slags politiske/kulturelle/religiøse
omsyn var bakgrunnen for at Uranos/Gaia vart bytta ut med Chronos/Rhea?....og vidare at Chronos/Rhea vart bytta ut med
Olympiarane? |
|||||
|
vart også kalla ILIA, Rhea Ilia og Silvia. Ho var vestalinne,
(jomfru-prestinne i Vesta-templet i Roma). Men det gjekk dårleg med
jomfru-dommen - med krigsguden MARS fekk ho sønene ROMULUS og REMUS.
Rhea Silvia var datter av kong NUMITOR av det gamle landet Alba Longa. Numitor vart detronisert
av broren sin, AMULIUS. Denne
onkel til Rhea Silvia var det som sette ho i Vesta-templet - han ville ikkje
risikere at ho skulle få avkom som kunne truge makta hans. Eit orakel hadde
spådd at Rhea Silvias barn skulle verte eit trugsmål mot han. Då Rhea Silvia
braut sitt heilage kyskheitskøfte, vart både ho og barna kasta i elva Tiber,
men elve-guden TIBERIUS berga ho,
og gifta seg med ho. Som
mor til Romulus, kan vi seie at Rhea Silvia vart mor til Det Romerske Imperium, og til den seinare Vestlege Imperialismen. Men kva kunne ho gjere? Sjå
også ILIA, ROMULUS, VESTA og AMULIUS. |
|||||
|
RHODE (Rhodes)
|
var
ei nymfe som heldt til på øya Rhodos.
Ein gang delte ZEVS ut øyar til
dei ulike gudane, men då han var ferdig, viste det seg at han hadde gløymt solguden
HELIOS. Men Helios, som kunne sjå
alt som foregjekk på jorda, sa at han hadde observert ei ny øy som var i ferd
med å dukke fram frå havet, og at han skulle vere nøgd om han fekk den. Og
snart lyfte den nye øya Rhodos seg opp frå bølgene, og Helios tok ho i eige.
Der fekk han sju søner og ei datter med nymfa Rhode. Nå
var det slik at eigentleg var Rhodos ei gammal øy, som hadde sunke i havet
under den store flaumen som Zevs sendte. Dei opphavlege innbuarane heitte Telekinarar, og POSEIDON vart ein gang kjær i den telekinske nymfa Halia. Ho fødte han seks søner samt
nymfa Rhode. Halia tyder ”frå det salte (hav)”. Ho er truleg den samme som Månegudinna DANAË. Dei
seks sønene gjekk det ille med. Dei prøvde å forgripe seg på AFRODITE ein gang ho var på veg til Paphos, så ho kasta galskap over dei.
Dei valdtok mora si, og gjorde mange andre illgjerningar, så Poseidon tok til
slutt og senka dei under jorda. Dei vart til ”Dei austlege demonar”. Halia kasta seg i havet, og vart
guddommeleggjort under namnet LEUCOTHEA. Rhode
regjerte den nyfødte øya saman med sønene sine. Dei vart kunnige i astronomi. Søstera deira heitte Electryo. Ho døde som jomfru, og vart
sidan dyrka som halv-gudinne. Ein av Rhodes søner heitte Actis. Han vart dømd for brodermord,
og rømde til Egypt, der han grunnla byen Heliopolis
(oppkalla etter faren hans). Det er sagt at det var Actis som lærte
egyptarane astronomi. |
||||
|
var romersk gud for muggsoppen mjøldogg. Denne soppen,
som fargar kornaks svarte, er svært giftig. |
|||||
|
Dei greske bystatane hadde ein gammal vane med å dyrke sine
erobrarar som gudar. Då romarane byrja utbreie imperiet sitt, vart dei
forundra over å bli dyrka som gudar både her og der. Gudinna Roma var noko
den greske byen Smyrna fann på, og
byrja dyrke i år 195 fvt. Dei dyrka sjølve byen Roma, som gudinne. |
|||||
|
Romulus var Romas
legendariske grunnleggar. Han og tvillingbroren REMUS var søner av krigsguden MARS og RHEA SILVIA.
Dei var guddommelege tvillingar.
Rhea Silvias farbror, Amulius,
sette tvillingane ut i ein flåte på elva Tiber
under vårflaumen, men dei vart berga av Mars’ totemdyr, Hakkespetta og Ulvinna,
som ilandførte dei nedfor eit berg – berget som seinare fekk namnet Palatin-høgda. Ulvinna gav dei die,
og hakkespetta kom med åmer og anna godt. Etter nokre dagar vart dei funne av
gjetaren Faustulus, som tok dei
med heim og fostra dei opp. Ein gang vart Remus fanga
av den avsette kongen NUMITOR sine
gjetarar – det hadde vore krangel om nokre sauer. Numitor var morfaren til
tvillingane. Gjetaren førte Remus til Numitor, og Romulus kom etter for å
ordne opp. Han fortalde Numitor korleis dei hadde blitt sett på elva, og blitt
berga av ulvinna, og at Faustulus hadde fostra dei opp. Numitor let Faustulus
hente for å stadfeste dette, og snart innsåg han at dei to var dattersønene
hans, og han tok dei til seg. Saman greidde dei tre snart etter å kaste
Numitors bror AMULIUS frå trona,
og Numitor vart på ny konge i landet Alba
Longa. (Sjå RHEA SILVIA). Romulus og Remus ville
grunnlegge sin eigen by, på staden der ulvinna hadde berga dei i land frå
Tiber. Men dei vart usamde om akkurat kvar byen skulle ligge. Dei bestemte
seg for å rådspørje fuglane, for å få avgjort denne usemja. Det
er nok av denne skikken vi har uttrykket ”Fuglane veit!”. Dei to brørne sette seg på
bakken på kvar sin stad, og studerte himmelen. Remus såg seks gribbar, men
Romulus såg tolv. Men det er fortalt at Romulus laug om kor mange gribbar han
såg, og at Remus fekk greie på dette. Remus vart rasande. I sinne hoppa han
over ein bymur som dei hadde byrja oppføre. Dette var strengt forbode, og
Remus vart drept av Romulus, eller kanskje av militærvaktsjefen for
byggarbeidet, Celer. Det vart borgarkrig av
denne hendinga. Romulus kom sigrande ut, men Faustulus og bror til Faustulus
vart drept i kamphandlingane. Romulus jorda dei ved sidan av grava til Remus. Så heldt Romulus fram med å bygge den nye byen. Han søkte råd
hos Toscanarane, som hadde greie
på slikt. Romulus kalla
den nye byen opp etter seg sjølv. Så regjerte Romulus Roma i 42
år, (753 – 715 fvt). |
|||||
|
|
RØVINGA AV SABINE-KVINNENE Etter at
Romulus hadde grunnlagt Roma, var han snar med å få orden på militærvesenet
og den sivile styringa. Men snart viste det seg at det var manko på kvinner i
byen. Romas innbyggarar var for det meste soldatar. Då arrangerte Romulus ein stor offerfest.
Han påstod han hadde funne og gravd fram eit gammalt altar for guden CONSUS, og ville ofre til han.
Romulus inviterte nabofolka til leikar og spel under festen. Romarane sine
næraste grannar var sabinarane, og
dei møtte tallrike opp. På eit signal frå Romulus gjekk soldatane hans til
åtak, og røva døtrene til sabinarane. Dei sabinske mennene fekk gå fri, men
romarane gifta seg med sabine-kvinnene dei hadde røva. Det er usemje om kor
mange sabine-jenter romarane fekk tak i. Somme seier 30, andre 527 og andre
igjen 683. Men bare ei av dei skal ha vore gift frå før. Sabinarane
ville gå til krig mot romarane for dette, men no var døtrene deira blitt romerske
koner, så det var komplisert. Likevel samla kong Acron 3. ein stor hær, og marsjerte mot Roma. Men Romulus
nedkjempa denne hæren, og etterpå drepte han Acron 3. i tvekamp. Så lova han
sabinarane romersk statsborgarskap, og det vart forhandla fram fred. Men
snart var det fleire andre sabinar-kongar som tykte Roma byrja bli for
mektig, så dei gjekk til hæråtak. Men også desse motstandarane nedkjempa
Romulus, og han okkuperte land og byar og utvida riket sitt. Nå bad
sabinarane overkongen sin, Tatius,
om hjelp. Han gjekk mot Roma med ein hær. Festninga var vakta av ein Tarpeius, men han hadde ei datter, Tarpeia, og ho forrådte Roma. Ho
hadde sett at sabinarane bar så flotte gullarmband, og eit slikt ville ho ha.
Ho greidde å gjere avtale med Tatius at ho skulle få eit slikt armband om ho
opna ein festningsport om natta. Og
sabinarane kom seg inn i festninga i løynd. Tatius kasta armbandet sitt over
Tarpeia, og skjoldet også, og bad alle soldatane gjere det samme. Tarpeia
vart liggande under ein diger haug av metall, og omkom av vekta. Nå hadde
sabinarane kontroll over festninga, og romarane prøvde å ta ho tilbake. Det var fleire trefningar, men ingen vann
siger. Men nå tok romarane sine sabine-koner affære. Dei kom fram på
slagmarka, berande på sine barn. Begge hærene veik rådville til side for å gi
plass til kvinnene, og det vart slutt på kamphandlingane. Ei sabinekvinne
heldt ein tale – essensen i talen var at sabine-kvinnene ikkje ville skiljast
frå ektemennene sine. Då vart partane einige om å setje seg til
fredskonferanse, og det vart forhandla fram ein avtale som sa at både romarar
og sabinarar skulle vere borgarar av Roma, på like vilkår, og at Romulus og
Tatius skulle styre Roma saman, og ha felles kommando over hærene. Dei to
kulturane sine religiøse festar og seremoniar vart
samkøyrde/utveksla/ihopslått, og også nye festdagar og offerfestar vart
innført. Dette er nok ein av grunnane til at det var festival for ein eller
annan guddom omtrent annankvar dag i Roma. I ein annan legende om denne tilburden
heiter det at Tarpeia var vestalinne, og at sabinarane heiv ho
ut frå ein fjellknaus på Kapitol-høgda etter at ho hadde hjelpt dei med å innta
byen. Denne fjellknausen vart heitende Den
tarpeiske klippe, og vart sidan brukt som avrettingsstad for forrædarar. |
|
|||
|
ROMULUS VERT EINEKONGE Så var det
fredelege tider i fem år, men så angreip nokre slektningar av Tatius
ambassadørane frå Laurentum, som
var på veg til Roma. Dei røva og drepte dei. Romulus ville straks straffe
denne udåden, men Tatius sette seg imot. Men venner av ambassadørane tok saka
i eigne hender, og drepte Tatius medan han og Romulus utførte offer-riter i Lavinium. Etterpå hylla hemnarane
Romulus for hans gode rettferdssans. Romulus
jordfesta Tatius på ærefullt vis, men ville ikkje straffe drapsmennene hans.
Vonde tunger sa han var glad for å vere kvitt han. Ei tid etter vart Roma
råka av ein stygg farsott, og alle sa det var gudanes straffedom for at ikkje
drapsmennene til ambassadørane og drapsmennene til Tatius var blitt straffa.
Så drapsmennene på begge sider vart henta og straffa, og pesten gjekk visst
over. Sidan vann Romulus fleire krigar, men han vart
meir og meir ufolkeleg, og mindre og mindre populær. Han vart stormannsgal og
kledde seg i skarlagens-tunika med ein purpur-tunika utanpå den. Han laga seg
ei storslagen trone – den var ikkje til å sitje på, men til å ligge på. Her
låg han som ein tyrann, når han gav audiensar. Roma hadde eit byråd – Senatet. Her sat to parti – patrisiar og plebeiar; ”rikmannspartiet og arbeidarpartiet”. Romulus oversåg patrisiarane, og av dette
skaffa han seg mange uvenner. |
|
||||
|
ROMULUS VERT TIL GUDEN
QUIRINUS Romulus kom bort ein dag
medan han mønstra troppene på Marsmarkene.
Ein fæl tore-storm kom og reiv han til vers, og då stormen hadde gitt seg,
var han ikkje å finne. Sanninga er nok at nokre patrisiar snikmyrda Romulus
og gøymde liket, og etterpå påstod dei at Romus var blitt tatt opp blandt
gudane. Folk trudde visst på dette, for Romulus har blitt dyrka som gud
sidan. Romulus vart assossiert med
den gamle sabinske krigsguden QUIRINUS. For ein patrisiar som heitte Julius Proculus, kom ein dag og svor
på at han hadde møtt Romulus på vegen, og at Romulus hadde tala til han som
følgande: Det var gudanes vilje; dei eg
ættar og kjem frå, at eg atter skulle få plass i Himmelen. Fortell romarane
at dersom dei utøver sjølvdisiplin og viser mot, så skal dei verte dei
mektigaste av alle folk. Og eg skal vere deira nådige gud, Quirinus. |
|||||
|
|
KONG NUMA Då Romulus
var bort måtte ein ny konge veljast, men sabinarane forlangte at den neste
kongen skulle vere sabinsk. Romarane gjekk med på det, dersom dei fekk
bestemme vilken sabinar det skulle vere. Romarane valde Numa Pompilius. Det
var eit godt val, for Numa var ein vis mann med eit fredselskande sinnelag.
Han gjorde fredsavtalar med nabofolka, og prøvde å vende romarane bort frå
krigstankar. Han oppførte eit tempel for Janus på Forum Romanum, og dette var ein lekk i Numas fredsfremjande
politiske arbeid. (Sjå under JANUS).
Kong Numa
innførte ein tredje øvsteprest i Roma. Denne presten vart kalla Flamen, og skulle fungere som
religiøs seremonimeister. Frå før hadde Roma hatt ein prest for JUPITER, og ein for MARS. Flamen skulle vere øvstepresten
for Romulus/Quirinus. Quirinus var ein sabinsk gud, og så har vi historia om
at Romulus hadde tatt seg ein tur tilbake frå gudehimmelen, og påstått at han
var blitt til Quirinus. Det som ligg bak her, er nok at nokre sabinarar greidde
å lure romarane til å tru at dei dyrka sin gamle konge, Romulus, når dei
deltok i seremoniane for den sabinske Quirinus. Men bare alle er nøgde, så
går det bra. Numa ville
styre romarane ved hjelp av gudsfrykt.
Han gjorde stat og religion til eitt.
Å gjere opprør mot staten vart då eit opprør mot gudane, og braut ein statens lover, så var det
også eit brotsverk mot gudane. Dette verka ganske bra, og denne politiske
undertrykkings-strategien er ennå mykje nytta over heile kloden. I Noreg
heiter det at kongen er innsett av
Gud. Numa
oppretta ein presteorden som vart kalla pontifices,
og han utnemnde seg sjølv til øvsteprest i denne, med tittelen Pontifex Maximus.
Han oppretta også to andre presteordenar – salii og feciale. Numa
utarbeidde ein kalender. Han delte året i 12 månadar. Dette var måne-månadar
– ca. 28-29 dagar kvar. Denne kalenderen var ikkje så god, for året vart for kort i høve til
solåret, slik at kalenderen viste midtvinter medan sola ennå var synkande.
Meir misvising balla på seg for kvart år, men Numa fann på nokre ekstradagar
som han skaut inn i året for å rette det opp. Dette var den 13. månaden – den var gjerne på 5 dagar. Desse dagane vart
haldne for å vere ulykkesdagar –
dei var ei formasting mot Universets rytme, og tallet 13 har vore eit
ulykkestall sidan. I Numas kalender var alle datoar med partall til arbeid og business, medan
alle datoar med oddetall var til
dyrking av gudane. Sånn omtrent. |
|
|