GRESKE OG ROMERSKE GUDAR

Gudar på   S

Forfatta av Aslak Nedregård

Til Framsida

 

 

 

 

Gresk

 

Romersk

SALMAKIS

SATYRAR

SCHYLLA

SELENE

SEMELE

SERAPIS

SFINXEN

SFIX

SIBYLE

SILENOS 1

SILENOS 2

SINIS

SINON

SIRENER

SISYFOS

SKIRON

SKYLLA 1

SKYLLA 2

SMILAX

SOLA

STAPHYLOS

STEROPE

STEROPES

STYX

SYMPLEGADENE

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

SABAZIUS

SALAKIA

SALUS

SATURNUS

SCABIES

SILVANUS

SILVIA

SOFIA

SOL INVICTUS

SOMNUS

STIMULA

SYLFIDER

 

 

SABAZIUS

 

 

Sabazius var det romerske namn på ein gammal frygisk og/eller trakisk vegetasjons-gud som i seinare tid vart utbreidt over eit større område - han vart også noko dyrka i Romarriket. Han vart assosiert med DIONYSOS, og stundom med ZEVS. Er sabas og zevs same ordet? Kan Sabazius skrivast Sabazevs? Zevs er same ordet som Deus som tyder ”gud”. Sabazius heitte opphavleg ZAGREOS – kunne dette bety Zevs-deos? Les meir under ZAGREOS.

 

SALAKIA

Salakia var romersk namn på den greske NEREIDEN AMFITRITE - også romersk namn på TETHYS. Salakia var hav-nymfe – namnet hennar kan ha med salt å gjere, eller det kan kome av Salum cieo (”eg beveger”). For ho var den personifiserte fjøre. Om havets tidevatn arbeidde ho i par med VENILIA, som var den personifiserte flo. Venilia bestyrte rørslene i naturen – så gjorde vel Salicia også det.

Ei planteslekt med tre og busker (Salacia) er oppkalla etter Salakia. Det er planter som veks på elvedelta/elvemunningar i tropiske strøk.

NEPTUN ville gifte seg med ho, men ho stakk av og gøymde seg i Atlanterhavet. Neptun sendte ein Delfin for å leite etter ho, og til sist fann delfinen Salakia, og han fekk overtalt ho til giftarmål. Neptun sette delfinen på stjernehimmelen som takk. (Sjå under AMFITRITE). Neptun og Salakia fekk tre barn – mellom dei var TRITON.

Mineral-vass-kjelder var vigsla til Salakia. 23. juli var hennar festdag.

 

SALMAKIS

Salmakis var ei NAJADE – ei vass-nymfe som hadde tilhald i ein dam i Karia i Lille-Asia. Ho pla sitje ved vatnet og kjembe håret, medan ho kika på spegelbiletet sitt. Då HERMAFRODITOS kom forbi, vart ho forelska i han, og omfamna han så hardt under bading, at dei to vart eitt. Sjå under HERMAFRODITOS.

 

Tekstboks: ROMERSK
KALENDER
Tekstboks: PENTAGRAMSALUS

Salus var ein romersk vernegudinne for helse og eigedom – både privat og statleg. Ho hadde ein slange og ein bolle, og vart feira 30. mars.

Ho vart kalla Salus Publica Populi Romani, og var då vernegudinne for offentleg velferd i Roma-staten. I år 325 fvt. vart det bygd eit tempel for ho på Quirinal-høgda. Seinare gjekk rolla hennar meir over til å vere vernegudinne for personleg helse.

Det ser ut til at romarane adopterte den greske helsegudinna HYGIEIA, og kalla ho Salus. Namnet tyder ”frelse”. Eit pentagram (ei fem-takka stjerne) var hennar merke. Salus-ringar med pentagram vart gitt som gåve til embetsmenn, venner og familie, med ønske om velferd og god helse. Det vart prega myntar med Salus-pentagram, som skulle symbolisere nasjonens gode helse. Salus sjølv vart også ofte avbileta på myntar, medan ho forar ein slange. Dette med slangar er arva frå gresk – Hygieia var datter av ASKLEPIOS – lækje-kunstens gud, og ho hadde ansvaret med å vakte dei heilage slangane som vart nytta under rituala i Asklepios-templa. (Sjå også ASKLEPIOS).

 

SATURNUS

 

 

 

Tekstboks: Kart over ROMARRIKET

SATURN var ein av dei viktigaste romerske gudane. I førhistorisk tid vart han assosiert med den greske CHRONOS. I den litterære mytologien heiter det at Saturnus måtte rømme for sonen sin, ZEVS (JUPITER), til Italia, der han saman med guden JANUS regjerte i ein fortapt gullalder. Det var i ei tid med fred og lykke - ingen måtte slave – ingen trengte å stele.

Chronos sørgde for at tida byrja gå, etter at verda vart skapt. Han hadde ansvaret for årstidene og generasjons-skifta. Romerske litteratar let Saturnus overta også dette ansvaret.

Men Saturnus var i gammal romersk mytologi vernegud for jordbruk; særleg for utsæden. Romarane hadde tre større jordbruksgudar – Saturnus, MARS og CERES. Saturnus vart somme stadar dyrka under namnet CONSUS, men dette var eigentleg ein annan gud.

Det har vore komplisert å finne ut kva guden Saturnus stod for før han overtok Chronos’ mytologi. Han var gud for stats-skattane, heitte det – han var ein vaktar av statens interesser. Dessutan vart han dyrka som  fredsgud. Saturnus var av dei eldste gudane i romarane si gude-stamtavle, liksom grekarane sin Chronos. Nyare forskning tyder på at Saturnus har eit indo-europeisk opphav – ein har funne at til namnet Saturnus var kopla eit tilleggs-namn – Lua. Dette namnet kan tyder ”Løysaren” eller ”oppløysinga”.

Saturnus hadde ei kone, OPS - gudinne for velferd og rikdom. Ved sidan av JUPITER var han den største av dei romerske gudane. Mellom barna hans var JUNO - ekteskapets gudinne, NEPTUN - havguden, PLUTO - Dødsrikets gud og CERES - gudinne for kornavlinga.

I den romerske, litterære mytologien vart Saturnus tillagt ein biografi som samsvarte med Chronos’ biografi. Saturnus vart detronisert av sonen sin –  for Saturnus sin del, altså av JUPITER. Og Saturnus måtte rømme, og kom til sist til Latium; Italia.

At Jupiter detroniserte Saturnus, er ei symbol-historie som fortel at far må vike for son – den gamle generasjon må vike for den nye generasjon - det gamle må vike for det nye.

Detronisert, men i rolla som “Den gamle, vise mann”, segla Chronos/Saturnus til Italia. Her var det JANUS som var konge, og han tok hjarteleg imot Saturnus, og gjorde han til konge og øvstegud jamsides seg sjølv. Saturnus takka for denne ære ved å lære innbuarane i Latium fedrift, åkerbruk og vindyrking. Han lærte dei om gjødsling og birøkt. Han brakte sivilisasjon-vinningar til eit primitivt samfunn.

Og nå vart det gode tider i landet – det kom ein gullalder – som i ettertid vart kalla Saturnia Regia. Det var paradisisk velstand, men religionsutøvinga var visst svært barbarisk – grusom og uhyggeleg. Eg reknar med at det dreide seg om menneskeofringar, massedrap og andre blodige greier.

Nokre yngre gudar kom til, og fekk avsett Saturnus. Kva yngre gudar det dreier seg om, har eg ikkje funne ut av. Saturnus vart lagt i kjetting og jern, og når ein ropte spesielle, magiske ord til han, kunne ein høyre kjettingane klirre.

 

Både Chronos og Saturnus rømte altså til Italia, men det er aldri fortalt at dei var i Italia som to ulike gudar. Straks Chronos kom til Italia vart han til Saturnus, og den gamle Saturnus fekk seg tillagt Chronos’ mytologi. Men kva skjedde med Den gamle Chronos? Grekarane fortalde at han rømde til Italia og skifta sinn; med det meinte dei at han ikkje lenger regjerte med brutalitet, men med mildskap. Den gamle Saturnus hadde også vore ein brutal type.

Vart Chronos heilt gløymt av grekarane etter at han hadde rømt? Ja, for ei tid. Men i hellenistisk tid byrja til dømes byen Aten å feire Chronos-fest slik romarane feira Saturnalia-fest – atenarane kalla festen Chronia.

Vi får også vite at Saturnus styrte Italia saman med Janus. Eg kan ikkje forstå dette på annan måte enn at desse gudane ein gang var jordiske fyrstar, som hadde gudestatus hos sine undersåttar. Det heiter at Chronos hadde seg ei lang rundreise før han til sist hamna i Italia. Var Chronos ein jordisk fyrste, som måtte rømme, som seinare regjerte ein stad i Donau-området eller noko sånt, og vart dyrka der som den gamle, indoeuropeiske Saturn, før han kom til Italia og inngjekk ein allianse med den jordiske gudefyrsten der, Janus?

Så får vi høyre at Saturnus igjen vert avsett – han vert lagt i kjetting og jern. Men romarane dyrka altså Saturnus som ein av sine høgste gudar.

 

Mi usikre oppsummering er at Saturnus var ein guddoms-dyrka høvding i ei gullaldertid. Han vart avsett på grunn av sin brutalitet, men vart aldri gløymt. Då romarane kom i kontakt med gresk kultur, vart Saturnus henta fram att, og fekk rolla til Chronos med å ha ansvar for tida og naturens orden. Og samstundes vart Saturnus gamle jordbruks-roller gjenoppliva.

 

 
Saturnus vart avbileta naken og med skjegg på gamle romerske myntar. I seinare tempel-kunst vart Saturnus gjerne avbileta som ein kraftkar med skjegg og kappe - berande på ein sigd og eit kornaks. Kappa var trekt over hovudet - noko som skulle vise til at Saturnus var full av løyndommar. (Når ville den tapte gullalder kome tilbake?). Saturnus’ symbol var også ei harpe, og ein sigd med tanna egg. Av og til var han utstyrt med SILVANUS’ greinkniv – falx silvanica. Alle slags krøkte knivar og sigdar heitte falx – det er etter nebbet på fuglen falk.

Det fins ei mytologisk forklaring på kvifor Saturnus bar på ein sigd – vi må tilbake til gresk: Det var Mor Jord (og mor til Chronos) – GAIA som hadde framskaffa sigden. Ho var så rik på metall. I løynd gav ho sigden til Chronos, for at han skulle kastrere faren sin, URANOS. Med same reiskap kappa seinare PERSEOS hovudet av MEDUSA – sigden har ei blodig forhistorie.

Elles er det sagt om sigden at den symboliserte Saturnus’ gullalder – då trengte ein ikkje så – ein bare hausta.

 

Kapitol-høgda heitte før Mons Saturnius – her var ein liten før-romersk busetnad. Ved foten av høgda stod dei to høg-altara Ara Maxima. Ved det eine vart det ofra til HERCULES – ved det andre vart den fønikiske tordenguden Melkart dyrka. Dette var i før-romersk tid. Seinare tok romarane dei to altara i bruk i sine gudsdyrkings-seremoniar.

Alt i den tidlege romerske republikk si tid, ca. 500 fvt., vart det reist eit tempel på Forum Romanum for Saturnus. Templet vart vigsla 17. desember, og sidan vart festen Saturnalia feira kvart år på denne dato. (I ein myte heiter det at det var Janus som innstifta Saturnalia, etter at Saturnus hadde gått bort). I keisartida vart Saturnalia utvida til ein stor midtvinters-fest som varte frå 17. til 23. desember. Då vart Saturnus’ gullalder reetablert for 7 dagar, og ein kunne ete og drikke alt ein orka, slik som vi strevar med i jula.

Saturnus-statuen i templet var innbunden i ull. Dette symboliserte plante-stenglane som var fastbundne i jorda. I djupare meining symboliserte det at alle ting er bundne til tida og årstidene. Under Saturnalia vart statuen løyst, for å vise at i desember vert alle frø og røtter frigjort frå sine himmelske band. Det var eit skikkeleg ”laus-slepp” - Saturnalia-feiringa.

Festen var som eit stort karneval. I desse sju dagane var det forbode å drive handel. Ingen skulle avrettast, og det vart teke pause i alle militær-operasjonar. Alle skulle vere gode mot kvarandre - det var halde mange store selskap - folk gjekk på vitjing til kvarandre og utveksla gåver. Frå Saturnalia og liknande festar stammar skikken med julegåver.

Under Saturnalia fekk slavane løyst sine fotlekkjer, dei fekk beste plass ved familiens bord, og vart serverte av sine eigarar. Og ein spesiell skikk under Saturnalia var å sette slavar fri. Dessutan var det talefriheit, og alle måtte tåle å ta imot kritikk.

Vinen flaut i straumar under Saturnalia. Sjølv den strenge Cato let sine slavar få ein ekstra rasjon vin. Det vart spela terningspel, og ein morskap var å site i krets og praktisere høgtflygande konversasjon, under leiing av ein ”Saturnalia-konge”.

 

Denne Saturnalia-kongen hadde ei skummel fortid. I gamle kulturar vart ein ”narre-konge” utnemnd til å vere konge i nokre få dagar. Han fekk styre på med enkene etter den eigentlege kongen, som hadde blitt rituelt drept. Så vart narre-kongen også rituelt drept.

 

Heimane vart pynta med grøne vekster, og det var utveksling av gåver – gjerne leirfigurar og små oljelampar. Ungane fekk styre på og gjere rampestrekar utan at dei vart tilsnakka. Foreldre og barn bytte rolle – under Saturnalia fekk barna lov å rise foreldra. Skikken med fastelavens-ris skriv seg frå Saturnalia.

Babylonarane hadde ein liknande midtvintersfest, som vart overtatt av persarane, og fekk namnet Sacaea. Under denne festen vart alt snudd på hovudet. Slave og herre bytte plass, og ein narre-konge vart krona. Det var maskerade-paradar i gatene. Vanleg skikk og bruk og lov og orden opphøyrde medan det gamle året ebba ut.

Saturnalia vart feira til inn i kristen tid.

Saturnalia vart etterfølgd av festen Opalia. Det var ein fest for Saturnus kone, OPS. Etterpå var det fest for TELLUS (Mor Jord), og så for CONSUS, gud for matlagra – kornbingar, grønnsak-kjellarar, o.l. Alle desse fire festane var opphavleg takkefestar for den innhausta grøde.

Det første Saturnus-templet i Roma inneheldt stats-skattane. Her var mellom anna tusenvis av gull- og sølv-barrar, som seinare vart brukt til å lage romerske myntar av. Saturnus skulle vakte alt dette. Templet likna meir på eit skattkammer enn eit tempel; det likna på heilagdommane ved Olympia og DELFI, som vart kalla Thesauroi, og også fungerte som skattkammer. Sat Saturnus ennå i lenker, som ein vakthund i templet?

Ein underjordisk gang førte frå Saturnus-templet til Jupiter-templet – templet til Iuppiter Optimus Maximus - den høgste gud.

Diktaren Vergil skildra Saturnus som himmelgud. Han vart til den ytste av planetane (så vidt ein den gang visste). Planeten som låg lengst frå sola og symboliserte vinter og kulde, vart kalla etter han. Kappa han bar over hovudet vart likna med ein glorie, for glorien var eit symbol på himmel-gudar.

I keisartida fekk Saturnus nytt tempel, og frå keisar Augustus si tid vart det kalla Aerarium Saturni (Saturnus skattkammer). Men nå vart det meste av statens rikdommar oppvara andre stadar, og Saturnus var ikkje lenger vaktbikkje – nå var han forvaltar av statens rikdommar. Og under keisartida vart Saturnus meir og meir dyrka som Gullalderens konge. Hans sigd vart erstatta med eit septer – eit merke på kongeleg vyrd. Han fekk seg også ei ørn slik som Jupiter. Han vart skulpturert med eit tilbake-skodande blikk – han skoda tilbake til gullalderen, då alt var så mykje betre. Han vart ein fredsfyrste med melankolsk blikk. Saturnus-templet vart øydelagt av brann i kristen tid, men gjenreist.

Ein kan sjå Saturnus’ omskiftingar som eit spegelbilete på det vinglete romerske sinnelag. Den skumle opphavsguddommen som slukte sine barn, han vart til skattkammervakt, så til himmelgud, og så til fredsfyrste i ein fordums gullalder. Dei rike romarane i keisartida levde eit liv i avsindig luksus, men meir og meir drøymde dei om noko anna og betre.

I Mellomalderen vart Saturnus rekna for å vere den fremste av planet-gudane. Men Saturn vart rekna for å vere”ulykkes-planeten”. Dei som var født under Saturns teikn vart kalla ”Saturns barn”, og dei var utstøytte frå det gode selskap. Seinare, under Renessansen, fekk ein eit meir positivt syn på Saturn. Nå vart Saturns barn rekna for å vere særskilt gåverike. Det var dei som var kreative, nytenkande, geniale – dei som brakte nye tankar og idear, og var utvalde til å øve storverk.

Det er sagt at namet Saturnus kjem av ordet satus, som tyder ”Såing eller planting”. Namnet til kona hans, Ops, kjem truleg av ordet opus, som tyder ”strev”. Her skimtar vi eit typisk mannssamfunn, der mannen tar på seg det ærefulle arbeidet med å så, medan kvinna må ta på seg alt vidare strev med avlinga. I dagens Afrika og Asia er det visst mykje slik det foregår.

Romarane eksporterte Saturnus-kulten vidt omkring, mellom anna til Nord-Afrika, der Saturnus  vart assosiert med BAAL; (Baal HammonBaal Amon).

 

Dersom du er forvirra etter å ha lese om Saturnus, så har du heilt rett!

 

SATYRAR

Satyrar er  fabelvesen frå svært gammal tid. Det er sagt at satyrane hadde overkropp som ein mann; svært lodden, og underkropp som ein geitebukk - dessutan hadde dei bukke-øyre, bukkehorn og bukkehale. I dei eldste satyr-skildringar vi kjenner likna satyrane meir ein hestemann enn ein bukkemann. Har dei noko samband med KENTAURAR?

I gresk mytologi vart satyrane rekna å vere guddommelege vesen som heldt til i skog- og fjell-landskap. Dei heldt seg ofte i lag med vinguden DIONYSOS (PAN), og for det meste heldt dei på med drikking, dansing og jakt på NYMFER. Deira søstre var fjellnymfene OREADENE. Satyrane var glade i festing og løyer, og Dionysos sette stor pris på dei. At dei stal kveg og valdtok nymfer, det kan vere, men dei var ikkje åleine om slik framferd.

MAENADENE var nokre matriarkalske prestinner som utøvde blodige, erotiske rituale, knytt til Dionysos. Satyrane skal også ha hatt omgang med desse. Stakkars satyrar! Men dei dansa og sang.

I romersk mytologi vart satyrane kalla FAUNAR.

Somme har fortalt at satyrane ikkje hadde noko med Dionysos å gjere, men at dei var raudhåra villmenneske som hadde tilhald på somme øyar i Middelhavet, og sjøfolk har skildra dei som menneske med hestehalar. Dersom eit skip la til land, storma satyrane ombord med høge skrik, og prøvde å valdta alle kvinner på skipet. Satyrane skal elles ha vore dyktige til å flørte med kvinnfolk, og trass sin vanskapte utsjånad, fekk dei ofte napp. Når dei spela på sine pan-fløyter let dei fleste kvinner seg forføre. I gresk drama vert satyrane framastilte som komiske og vulgære typar.

Somme meiner at satyrane var eit primitivt fjellfolk som heldt til i Nord-Hellas, og som også befolka somme av dei greske øyane. Andre har hevda at satyrane budde i Etiopia, og hadde hårete bein. Når egyptarane var på hærtog i Etiopia prøvde dei å ta satyrar til fange, for dei var så dyktige i sang og dans, og kunne lage løyer som ingen andre. Det var elles eit evig bråk med satyrane. Ofte fall dei i sømn på grunn av all festinga, men det klirra av symballar allikevel, der dei låg.

Det er sagt at gallarane likna satyrar, for dei vaska håret i sitron-vatn, så det vart stridt som hesteman, og så greidde dei det bakover.

 

Satyrane var døyelege. Innst i Middelhavet er det funne satyr-graver. Vi kjenner til eitt satyr-dødsfall – satyren MARSYAS vart flådd levande av APOLLON, og døde av dette.

OLYMPIARANE kriga mot GIGANTANE deltok satyrane på Olympiarane si side. Dei kom ridande på esel, og då esela såg gigantane rauta dei så fælt at gigantane fekk skrekken og rømde. Olympiarane vann siger ved dette.

Satyrane var med Dionysos på hans ferd til India.

Ingen har fortalt kven som var foreldra til satyrane.

 

KATALOG OVER NOKRE BERØMTE SATYRAR

ASTRAEOS

Son av SILENOS. Han var satyrane sin hærførar under Dionysos’ krig i India.

CISSOS

Vart til bergflette ein gang han klatra i eit tre. Han var dyktig til å løpe.

GEMON

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

LAMIS

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

LENOBIOS

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

LYCON

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

LYCUS

Var med Dionysos til India. Han var son av HERMES og dorarane sin konge, DOROS. Doros var son av DEUKALION – han som overlevde syndefloda.

MARON

Var son av SILENOS. Han var vognmann for DIONYSOS.

NAPAEOS

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

OESTROS

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

ONTHYRIOS

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

ORESTES

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

PETRAEOS

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

PHERESPONDOS

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India. Var herald.

PHEREOS

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

PHLEGRAEOS

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

PITHOS

Vart drept i India.

PHOEMENIOS

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

PRONOMOS

Son av HERMES og Iphthime.

PYLAIEOS

Vart drept i India.

SCIRTOS

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

SILENOS

Sjå SILENOS.

THIASOS

Ein av satyrane sine leiarar under Dionysos’ hærtog mot India.

Som vi ser var det ein hær av satyrar Dionysos hadde med på sitt hærtog til India.

 

SCABIES

Scabies var romersk lækje-gudinne for hudsjukdommar. Dersom du får skabb, kan du påkalle Scabies.

 

SCHYLLA

sjå SKYLLA

 

 
SELENE

Tekstboks: LYRISKTekstboks: NEMEATekstboks: SELENE

Selene (Silene) var sjølvaste  Månegudinna. Sjå også MÅNEN. Namnet hennar tyder lys, og det er måneskinnet det er snakk om. Selene var datter av TITANANE HYPERION og THEIA. Selene var søster til HELIOS og EOS – Sola og Morgonrauden. Når hennar bror, Helios, var ferdig med si ferd over himmelen, byrja Selene ferda si.

Solguden Helios hadde ansvaret for å overvake verda – hans søstre Eos og Selene hjalp han med dette. Somme meinte på at Selene tilhøyrde Titanane, slik som mora, Theia.

Selene vart også kalla HELLE eller HELEN eller Helena. Ho hadde mange lokale namn. Romarane kalla månegudinna LUNA – dei hadde også namnet Cynthia for ho; det er kanskje direkte avleia av ”Selene”. (Sjå under MÅNEN).

ENDYMION var forelska i Selene. For å få sjå meir til ho, fekk han hjelp av sømnguden HYPNOS, slik at han kunne sove med opne auge, for Selene var bare å sjå om natta. Selene fekk femti døtre med ENDYMION. Sjå ENDYMION. Selene fekk også døtre med ZEVS – den svært vakre Pandeia; Ersa og Nemea. Byen Nemea må ha blitt oppkalla etter sistnemnde. Ersa tyder ”morgondogg”, og Pandeia....

 

                Pan tyder ”alt, alle, over alt, det heile”.

                Ordet for gud/gudinne, deus, deia tyder ”strålande”.

Alle guddommar var strålande – det var det dei blei kalla. Såleis kan namnet Pandeia tyde ”alle gudinner”. Då trur eg det er snakk om tre gudinner – ein gudinne-triade. Pandeia var namnet på tre prestinner, som saman representerte dei tre månefasane veksande, full og minkande.

 

PAN sin største suksess som elskar, var at han greidde å forføre Selene. Han løynde sitt svarte geiteragg under kvit sauepels, og Selene reid på ryggen hans, og han fekk det som han ville. Det skjedde i Arkadia. Her vart Måne-dronninga Selene dyrka som Mai-dronning. Ein gammal geite-kult måtte gi tapt for ein innvandrande bukke-kult. Det er sagt at Pan gav Selene ein bøling kvite oksar i gåve.

Det var mykje snakk om kvite oksar omkring Selene-kulten, så oksen var nok eit viktig totem-dyr. Oksen har hatt frævings-makt heilt sidan steinalder. Frå borti India veit vi at prestinnene hengte på seg eit lass av oksetestiklar under rituala for å gjere landet fruktbart.

 

Det gjekk ei skummel historie om Selene. Det var sagt at ho var mor til Den nemeiske løva, som vart drept av HERAKLES  i hans første storverk. Zevs skulle vere faren. Selene fødte løva i himmelen med eit grøss, og løva fall til jorda på Tretos-fjellet nær Nemea.

Nemea er ennå å finne, nær den greske byen Korint. Selene må ha vore øvste-prestinne ved ein heilagdom her, i steinaldertid. Som øvsteprestinne vart også Selene dyrka som Måne-gudinne. Dattera hennar, Nemea, etterfølgde antakeleg mora som øvsteprestinne. Nå hadde det primitive samfunnet vakse til ein liten bystat, som tok namn etter ho. Men dei arkeologiske utgravingane har ikkje funne mykje spor etter denne gamle kulturen. Tempelruinar og utgravingar viser bare spora etter den seinare Zevs-kulten.

Den nemeiske løva var eit enormt beist, med pels som korkje stein, bronse eller jern beit på. På Tretos-fjellet budde løva i ei hole med to inngangar. Selene brukte løva til å straffe dei som ikkje gav ho gode nok offergåver. Det var særleg ei folkestamme som budde omkring Nemea som vart terrorisert av løva. Somme strøk vart heilt avfolka. Det er sagt at HERA hadde noko med den nemeiske løve å gjere - at det var ho som hadde bedt Selene framskaffe løva.

Selene henta løva i båt – i myten heiter det at ho skapte løva av havskum. Det er mulig at det dreier seg om bergarten merskum – eit kvitt, kalkhaldig mineral som er lett å skulpturere i. Regnboge-gudinna IRIS hjalp Selene å frakte løva til hola. Ho reima løva fast med beltet sitt, og flaug til Tretos-fjellet, der ho slapp løva ned.

Då Herakles kom for å drepe løva, så tok han inn hos ein gjetar i berga der. Om morgonen skulle gjetaren ofre ein bukk til Hera, men Herakles bad han vente 30 dagar. ”Dersom eg kjem tilbake, så kan du ofre bukken til ZEVS”, sa han.

 

Var Herakles’ arbeid med å nedlegge løva ein lekk i kampen som tilhengarane av den patriarkalske religion førte mot den gamle matriarkalske? Prestinnene i matriarkatet heldt seg med monstervesen som dei truga sine undersåttar med. Dei som arbeidde for å innføre den patriarkalske religionen måtte utrydde desse uhyra før folk turde gå over til deira side. Truleg var den nemeiske løva bare ei vanleg løve, som Selene-prestinnene tildikta skræmelege eigenskaper. Ei vanleg løve er elles ille nok – skikken med å hive folk i løvehole var ikkje uvanleg rundt om på dei tider.

Er dette rett, så må påstanden om at Zevs var far til løva vere ei seinare oppdikting – patriarkalsk propaganda.

 

Det var fleire heroar enn Herakles som dreiv på med å utrydde uhyre. Mellom andre var det ein Phylios. Han var venn av kong Cycnos. Cycnos var son av APOLLON og Hyria. Cycnos handsama alle sine venner så dårleg at dei vende seg frå han. Bare Phylios var ennå hans venn. Cycnos forlangte at Phylios skulle prove sitt vennskap ved å fange uhyre – gribbar, okse og løve. Etter å ha fanga desse hadde Cycnos meir arbeid til han, men då gjekk Phylios lei, og vende seg bort frå Cycnos. Cycnos kasta seg i Den Cycneiske sjø i fortviling, og Hyria kasta seg etter. Apollon gjorde dei begge  til svaner.

Var Hyria ei Hera-prestinne? Namna liknar. Den himmelske strid stod mellom Zevs og Hera. Kva rolle spela så Apollon? Han vart dyrka som øvstegud mange stadar, men det er sagt han er son av Zevs. Dette siste er truleg meir patriarkalsk propaganda. Eg trur Apollon var eit tredje alternativ, men at han heldt seg på sida av striden. Apollon dreiv med orakel, og han hadde kanskje funne fram til ein slu måte å samarbeide med matriarkatet på, slik at han fekk del i matriarkat-prestinnenes makt utan å måtte krige for det.

 

Den nemeiske løva vart sett på stjernehimmelen som stjernebiletet Leo. Dette er sola sitt teikn. På verdas første dag stod sola opp i Leo – det var i Løvas tidsalder. Løva er eit gammalt sol-symbol – representerande eld, varme, eldhug, kraft. Som Sol og Måne kunne løva og Selene vere eit ektepar. Helios og Selene var søsken. Det var svært vanleg med søsken-ekteskap hos dei gamle gudane. Var den nemeiske løva ein solgud som levde i guddommeleg ekteskap med Selene? Dersom løva var son av Selene, så kunne løva leve i ekteskap med ei av Selenes’ døtre.

Somme stadar vart Selene kalla ARTHEMIS eller ATENE. I desse høva vart Arthemis og Atene dyrka som månegudinner.

Det var vanleg at Selene hadde ni prestinner ved templa sine. I somme greske distrikt vart Selene dyrka som triade-guddom, saman med Arthemis og HECATE. Då var Selene fullmånen, medan Arthemis var den veksande og Hecate den minkande månen.

I Anatolia hadde dei namnet Mene for månegudinna...(minner fælt på ”måne”). Andre namn på månegudinner her var PHOEBE, LETO og HECATE. Alle desse vart seinare kalla Selene. Andre månegudinner var døtre av Selene.

Dei eldste AMAZONENE var Selene-dyrkarar. Dei opptrådte i flokkar på 50, og kalla seg Selenes døtre. Dei kalla seg også  ”Forsamlinga av dumme”. Dei som var dumme var velsigna av Selene. Eg trur at her er det ikkje snakk om dumskap, men om galskap. Amazonene gjorde seg gale under Månen før dei drog ut på hærtog for å røve seg menn. Månen har alltid vore nærknytt til galskap, og dei gale får sine verste rier når det er fullmåne.

Selene vart avbileta som ei vakker ungkvinne med ekstremt kvitt andlet. Ho sit gjerne i ei sølv-vogn som vert trekt av to hestar. Somme tider rir ho på ein kvit hest eller ein kvit okse. Ho har sølvfarga kjole, og ein månesigd til hårpynt. Gjerne ber ho på ein fakkel. Ho gløder med eit svakt, sølvfagra lys. Eit vagt rykte seier at Selene hadde venger, som ein bibelsk engel.

 

SEMELE

 

 

Tekstboks: LERNA
KART E4
Tekstboks: SEMELE

Semele var opphavleg frå Trakia. Ho vart dyrka som måne-gudinne. Semele var datter av KADMOS og HARMONIA. Med himmelguden ZEVS fekk månegudinna Semele sonen DIONYSOS.

Zevs’ hustru, HERA, vart rasande då ho fekk greie på at Zevs hadde gjort Semele gravid. For å få hemn, kledde Hera seg ut så ho likna Semeles gamle barnepleierske, Beroe, og gjekk til Semele. Ho fekk overtalt ho til å be Zevs kome til ho slik han brukte vere oppdressa når han vitja Hera.

Då Semele traff att Zevs, bad ho han oppfylle eit ønske for ho, utan først å seie kva ønsket gjaldt. Og ho overtalte Zevs til å sverje ved elva STYX at han skulle oppfylle ønsket. Når så Zevs fekk høyre hennar ønske - ho ville at han skulle kome i sin fulle mundur til hennar sengekammer; då bleikna han, men kunne ikkje bryte eiden. Så om natta kom han til ho kledd i torden og lyn, og Semele omkom ved dette.

Men Zevs fekk berga barnet Dionysos ut av Semeles aske, og sydde Dionysos inn i sin eigen kropp. Der vart han fostra fram til fødselen. Av dette vert Dionysos stundom kalla "Den to gangar fødte".

Dionysos vart først oppfostra hos Semeles søster INO, og ektemannen hennar, Athamos. Seinare tok NYMFENENysa-fjellet seg av han. Dei heitte MACRIS, NYSA, ERATO, BROMIE og BACCHE. (Dei kunne også ha andre namn).

Dionysos fekk plass mellom de tolv OLYMPIARANE. Han fekk plassen til HESTIA, for ho vantreivs med alle intrigene som foregjekk på Olympen, og var glad for å kome derifrå. Dionysos fekk sete ved Zevs’ høgre hand(liksom Jesus sat ved Guds høgre hand i kristen-himmelen). Dionysos steig ned til Dødsriket, og henta mora si tilbake frå HADES. Han muta PERSEPHONE med myrte, slik at ho gav slepp på Semele. Han tok Semele med til Arthemis-templet i Trözen, og gjorde ho til gudinne. For at dette ikkje skulle skape presedens, slik at andre også ville forlange å få henta avdøde sjeler opp frå Hades, så gav Dionysos Semele nytt namn – THYONE, slik at ingen skulle forstå kva som hadde gått for seg. Namnet Thyone kan omsetjast med ”Rasande dronning”.

Dionysos tok Thyone med opp til Olympen, og presenterte ho for dei andre gudane. Zevs gav ho straks eit palass der, og Hera var rasande, men tok ikkje affære.

 

I nokre kulturar hadde Semele rolla som KORE eller PERSEPHONE. Men Semele hadde sin himmelfart, medan Kore/Persephone vekselvis vandra omkring på jorda og i Underverda. På vasemåleri fekk Semele hjelp under himmelfarten av SATYRAR, og dette indikerer at ho opphavleg var ei pelasgisk gudinne.

Sjølv om Semele var Måne-prestinne, så var ho av dei døyelege (menneska) si ætt. Hennar son, Dionysos, ville også ha vore døyeleg, om han ikkje vart født to gangar – andre gang av Zevs. Ved dette vart Dionysos guddommeleg. At Semele vart brent til aske av Zevs’ lyneld, kan vere ein symbol-myte, som fortel om patriarkatets endelege siger over matriarkatet – i Boötia. Matriarkatets plan med Dionysos var at han skulle ofrast under eit heilagt rituale, men Zevs fekk nå sett stopp for skikken med å ofre heilag-kongar.

Vi må hugse på at Hera er mykje eldre enn Zevs, og at ho opphavleg var knytt til den gamle matriarkalske kulten. Det er nok propaganda-tilsniking frå patriarkatet si side at Hera blei med i myten, og forårsaka Semeles død.

 

Semele vart dyrka i Aten under festen Lenaea – ein fest for ”ville kvinner”. Her var dans og sang og fløytemusikk, og vårblomster frå fulle korger vart kasta omkring. Midt på dansegolvet var bygd ein stor jordhaug som vart kalla omphalos (navle), og det vart lokka på Semele – at ho skulle stige ut av haugen og vere med på vårfesten saman med Dionysos. På  festen slakta dei ein kvit okse, som skulle symbolisere Dionysos. Dei skar oksen i ni delar, og brennofra eine delen til Semele. Dei åtte andre delane vart serverte rå til fest-deltakarane.

Tallet ni var heilagt for Semele-dyrkarane. Det var ni Semele-prestinner. Dei dansa rundt heilag-kongen før han vart drept. Også frå Mellom-alderen kjenner vi til menn som vart drept av ni prestinner.

 

Kvart år vart det ved byen Lerna arrangert løynlege messer om natta, til minne om då Dionysos henta Semele frå TARTAROS (Hades). Ved Lerna var det ein nedgang til Dødsriket.

I Dei Eleusiske Mysteria (sjå ELEUSIS) dukkar Semele opp som den egyptiske gudinna ISIS. Pelasgarane feira to eleusiske mysterier (høgtider med magiske seremoniar) – Dei Mindre, og Dei Større. Dei Mindre var om våren, og sentrerte om vona om attføding. Dionysos var her blitt til den egyptiske OSIRIS. Men no var rollene ombytta – det var Isis som henta Osiris opp frå Dødsriket.

Fest-deltakarane kunne ruse seg ved å smørje seg inn med salve av plantene Venusvogn Aconitum napellus, og Belladonnaurt Atropa bella-donna.  Då vart dei kjenslelause i armar og bein, og det kjentes som å sveve i lufta. Dette var også ein mykje brukt heksesalve i Mellom-alderen.

Nokon har påstått at Semele vart gravid ved at Zevs gav ho ein drykk som inneheldt ein bit av ZAGREOS hjerte.

 

 

SERAPIS

 

 

 

Tekstboks: SERAPIONTekstboks: SINOPE

Serapis eller Sarapis er ein guddom frå nyare tid i gresk-egyptisk felles-mytologi. I 3. århundre fvt. vart Serapis innført som offentleg guddom både i Hellas og Egypt. Egyptarane meinte han var den heilage oksen APIS i menneske-skap. Apis var eitt av symbola for dødsrikets fyrste - OSIRIS. Grekarane meinte Serapis var HADES.

Det makedonske Ptolemai-dynastiet regjerte Egypt då guddommen Serapis vart oppkonstruert. Det var farao Ptolemaios I Soter som stod bak oppfinninga av denne nye guden, ca. år 300 fvt. På den tida hadde mengder av grekarar innvandra Egypt. Dei dreiv mest med handel. I storbyen Alexandria var det mest like mange grekarar som egyptarar. Dei to folka dyrka kvar sine religionar, og det var ikkje lett for ein makedonsk farao å halde orden med dette. For å få kontroll over religionen ville han ha ein samlande guddom for dei to folka.

På denne tida var Egypts viktigaste gud Osiris-Apis – gud for Underverda. Hans veldige tempel kunne ikkje oversjåast. Men Soter fann på han ville bygge eit nytt tempel i Alexandria, med eit kolossal-statue som kunne dyrkast som både den egyptiske gud for Underverda, og som den greske dødsrikets fyrste, HADES. Medan Soter grubla på prosjektet, fekk han ein draum – om ei kolossal-statue, og at han måtte bringe denne til Alexandria. Det var ei statue som Soter aldri hadde sett maken til, og han skildra statua i draumen sin for Sosibus. Sosibus sa då at han hadde sett ei slik statue i Sinope, i distriktet Pontus, på sørsida av Svartehavet.

Så ville Soter ha statua, men folket i Sinope ville nødig gi ho frå seg. Men etter tre år gjekk statua sjølv ombord i eit skip, og kom trygt fram til Alexandria etter ei sjøreise på bare tre dagar. Då grekarane kom for å sjå, vart statua presentert for dei som guden HADES, men dei egyptiske prestane kalla statua Asar-Hapi eller Serapis. Grekarane hadde ikkje noko imot dette namnet. Slik fekk grekarane og egyptarane i Alexandria ein felles guddom for Underverda. Dette var eit kløktig politisk trekk av Ptolemaios I Soter.

Soter oppførte eit mektig tempel omkring Serapis-statua, og kalla templet Serapion. Det inneheldt mellom anna eitt av dei to vidgjetne biblioteka i Alexandria, med over 300 000 bøker. Eit anna Serapion vart oppført i Memfis.

PLUTARC FORTEL: I byen på grensa til Egypt, som skryt av å vere grunnlagt av Alexander den store, vert Serapis og Isis dyrka med fanatisk ærefrykt. Det er Sola, under namnet Serapis som vert dyka. Det kan vi sjå av monster-statua som står ved sidan av Serapis. Den består av tre dyr, som er omkveila av ein slange - til høgre ein hund, i midten ei løve, og til venstre ein ulv. Ei korg er plassert på hovudet til løva. (Løva er symbol for sola, veit vi).

I Soter sitt Serapion-tempel i Memfis vart mengdevis av heilage oksar rituelt gravlagde i underjordiske kammer, i digre stein-sarkofagar.

Serapis vart assosiert med lækje-guden ASKLEPIOS, og med DIONYSOS og PLUTO. Ved hans føtter sat den tre-hovuda hunden KERBEROS, som vakta Underverda. Serapis kunne dukke opp i folk sine draumar.

Grekarane såg på Serapis som fræve-guddom og som gud for lækjedom. Han styrte over dei døde i TARTAROS - Underverda.

Frå år 300 fvt. og framover spreidde Serapis-kulten seg over heile Romarriket. Men snart vaks ein ny kult fram - ISIS-dyrking; (sjå under SEMELE). Etter kvart som Isis-kulten vart meir og meir populær, gjekk det attende med Serapis-kulten - den vart altså ganske kortliva. Isis var den egyptiske mor-gudinne – gudinne for morskjensle og fræve. Det var eit tilbakefall til matriarkatet dette her – eit ganske vanleg forekomande fenomen. 

I ca. år 480 evt. vart Serapis-templet i Alexandria øydelagt, og den kristne kyrkja hevda at denne hendinga markerte slutten på "heidensk tid" i Romarriket.

Vi må legge merke til at med Serapis-dyrkinga så byrja grekarar å dyrke døden. Dette var eit brot med gammal gresk tradisjon. Egyptisk religion sentrerte alltid om døden. Ein kan seie at dei grekarane som dyrka Serapis var blitt egyptifiserte.

 

Det var altså den egyptiske guden Asar-Hapi som Soter bytte ut med Serapis.

 Eitt av Osiris’mange namn var  Asar-Hapi. For egyptarane var Hapi ”Nilens elve-gudinne”. Men i den egyptiske hovudstaden Memfis vart det dyrka ein okse-gud som heitte APIS. Eg vel å gløyme elvegudinna, og tru at Asar-hapi tyder Osiris-Apis. På gresk vart dette gudenamnet til Zaparros, som så vart til Serapis, trur eg.

Asar minner forresten om gudenamnet Assur av Assyria. Nokon bør spekulere vidare på dette!

Somme lærde folk hevdar at for grekarane var Serapis okseguden Apis etter at han var død. For egyptarane hadde ein heilag okse som sov på silkeputer og åt gras av gullfat. Når denne vart gammal og døde, vart han balsamert og mumifisert og feira på storslagent vis. Det var ikkje måtte på styr når ein avdød heilagokse skulle til Dødsriket! (Sjå under APIS og TAUROS).

 

SFINXEN

 

sjå SFIX

SFIX

 

 

 

Einsam og heimlaus kom OEDIPOS til byen Thebe, som då var plaga av eit fælt uhyre, kalla SFIX. Uhyret for etter vegane rundt Thebe, tok på reisande, og drepte og slukte alle som ikkje greidde svare på ei gåte: Kva skapnad er det, med bare ei stemme, som går på fire bein om morgonen, på to bein ved middag og på tre bein om kvelden?

Svaret var mennesket, som kravlar på fire som småbarn, går oppreist på to som vaksen og går med stokk som gammal. Oedipos greidde løyse gåta, og då drepte Sfix seg sjølv, ved å styrte seg utfor eit stup".

Seinare vart Sfix i litteraturen omdøypt til Sfinxen, men uhyret har ikkje noko å gjere med den egyptiske Sfinx.

Sfix var datter av  TYPHON/ECHIDNA (somme hevdar ORTHROS/ CHIMAERA). Ho hadde kvinnehovud, løvekropp, slangehale og ørnevenger. Ho hadde komt flygande frå Etiopias fjernaste egner, og hadde slått seg ned ved Pichium-fjellet utanfor Thebes. Det er sagt at det var HERA som hadde henta Sfix, for å straffe byen, men det er så mykje som vert sagt. Gåta si hadde Sfix lært av MUSENE. (Les meir under OEDIPOS).

 

Forskarar har ein teori om at Oedipos var ein konge som invaderte Thebes i det 13. århundre fvt., og fortrengte ein eldre, aegisk kultur, og også innførte ein ny kalender. SFIX representerte så den gamle kulturen - uhyret var  utsendt frå eit tempel som var bestyrt av tre prestinner, som representerte ein triade-guddom beståande av tre MUSER. Oppgåva til Sfix var å skremme folk til å halde seg unna religionen til den nye, innvandra kulturen. Då Sfix møtte Oedipos gjekk det altså gale, og Sfix gjorde sjølvmord i fortviling.

 

 

SIBYLE

 

 

 

Sibyle vart også kalla HEROPHILE. Ho var ei mystisk kvinne som var eldste medium ved oraklet i DELFI. Det er fortalt at ho var ei ungjente frå Troja, og at APOLLON  lærte ho spådomskunst. I Delfi fortrengte Sibyle orakel-prestinna PYTIA.

Den gang var oraklet vigsla til Jord-gudinna MAIA, og Sibyle tolka bølgje-skvulp og susing frå trekroner. Både i gresk og romersk mytologi finn vi slike spåkoner. Profet-evnene deira kom frå guden APOLLON, og dei budde i bergholer eller ved elveleier. Dei brakte seg i trance-tilstand, og så sa dei fram spådommane sine - gjerne i greske hexameter-vers, som straks vart nedskrivne på palmeblad.

Hos dei gamle, greske skribentane møter vi bare ei sibyle - den erytreiske Herophile, som spådde Trojanar-krigane. I seinare myte-litteratur hadde talet på sibyler auka til ti:

            Den erytreiske sibyle

            Den samianske sibyle

            Hellespontine, den trojanske sibyle

            Den frygiske sibyle

            Den cimmerianske sibyle

            Den delfiske sibyle

            Den libyiske sibyle

            Deiphoebe, den kumenske sibyle

            Den tiburtinske sibyle

            Den babylonske (persiske sibyle)

 

Hos romarane var Deiphoebe mest kjent. Ho var knytt til eldste greske bosetjing i Italia – i Sør-Italia. Ho brølte eksatisk ut sine spådommar frå ein grotte-port – ho skalv, og håret flagra vilt, og mange av orda ho ropte ut var det bare gudane som skjøna.

Apollon hadde lova å gi Deiphoebe alt ho ønskte seg, og ho ønskte å få leve så mange år som det var sandkorn i handa hennar. Men ho gløymde å be om evig ungdom, og ho vart så utgammal at ho til sist vart hengt opp-ned i ei flaske. Nå ønskte ho bare å få døy, men det var det ikkje råd med.

I ei seinare legende fører Deiphoebe den trojanske Prins AENEAS gjennom Underverda - han ville besøke faren sin - ANCHISES.

Ein gang traff den siste romerske konge, Lucius Tarquinius Superbus, på Deiphoebe i skap av ei aldrande kvinne. Ho tilbaud han å kjøpe ni spådomsbøker til ein høg pris. Då han avslo, øydela ho tre av bøkene, og ville selje han dei seks resterande til same pris som dei ni. Dette gjentok seg med tre bøker til. Så omsider kjøpte kongen dei siste tre orakel-bøkene til same pris som dei ni. Desse bøkene fekk plass i Jupiter-templet på Palatin-høgda. Femten prestar vakta dei – ingen av romarane sine skattar vart vakta så vel som ”Dei sibylliske bøker”.

Det ser ut til at dei tre sibylliske bøker som romarane hadde fått tak i, var sentrale i utforminga av ein romersk stats-religion. Dei vart brukt som motvekt – som reaksjon – mot etruskisk religiøs påverknad, som romarane ikkje kjende seg heilt vel med.

Bøkene vart rådspurde av senatet når store kriser truga Romarriket. Det var dei sibylliske bøker som gav romarane råd om å byrje dyrke CYBELE og ASKLEPIOS.

Dei Sibylliske Bøker vart øydelagt i brann, men nye eksemplar vart straks skaffa (skrivne etter minne?). Men då den romerske republikk nærma seg slutten, gjekk dei sibylliske bøkene av mote.

 

SILENOS 1

Silenos 1 var eit medlem av banden av Sileni. (Ein silenos – to sileni). Sileni var greske, mytologiske figurar som likna mykje på SATYRAR. Dei var halvt mann og halvt geit, og var knytt til DIONYSOS. Silenane var eldre enn satyrane, er det sagt. Som satyrane var dei svært glade i fyll og orgastisk festing. Dei kunne drikke vin i dagesvis før dei stupte i bakken. Skal tru om silenane var forfedrene til finnar eller nordmenn?

Ein av silenane skilde seg ut frå den jamne hop. Det var SILENOS 2. Han var også ein notorisk fyllefant, men var gjennomtenkt og svært klok, og hadde gode manerar. Det er sagt at Silenos 2 var satyr, men det er også sagt at han var ein av silenane. Det er godt mulig at satyr og silen var to ulike namn på dei same skabelonane.

 

SILENOS 2

Tekstboks: SILENOS

Silenos 2 er kjent som den trufaste læraren til DIONYSOS. Han kan truleg tilskrivast mykje av æren for at Dionysos fekk guddommeleg status.

Silenos 2 tilhøyrde bandane av Sileni (sjå SILENOS 1). Andre kjelder fortel at Silenos 2 var ein av SATYRANE. Både silenane og satyrane var ville og gale fyllefantar, horegubbar og festdjevlar. Dionysos var jo vinguden, og der det var vin, der strøymde silenane til. Silenos 2 var som oftast drita full, men han var gjennomtenkt og svært vis, og hadde fin framferd. Men utpå morgonsida var gjerne Silenos så animert at satyrane måtte bere han; eller dei surra han fast på tvers over ryggen på hans trufaste esel.

Silenos høyrer heime i den gamle pelasgiske mytologien. Eselet var eit totem-dyr for pelasgarane.

Silenos og ein stor hær av satyrar var med Dionysos på hans store misjonerings-reise rundt om i verda.

Også i Gigant-krigen skal Silenos ha deltatt, som Dionysos’ følgesvenn. Rautinga frå eselet hans skal ha skapt panikk blant GIGANTANE. Dette påstod han sjølv, men han var fæl til å skryte i fylla.

Ein dag då Dionysos’ hær var på marsj frå Trakia til Boøtia, kom Silenos bort frå hæren, og sovna i rosehagen til kong Midas av Makedonia Bromium. (Far til kong Midas var forresten satyr. Mora var øvsteprestinne av IDA-fjellet). Nokre gartnarar som fann Silenos, pynta han med blomsterkransar og førte han fram for kong Midas. Silenos fortalde då Midas om eit stort øy-rike som låg i Atlanterhavet, med veldige byar befolka med lukkelege, langliva kjemper. Riket vart styrt etter eit svært særeige lovsystem. Ein gang utvandra ein folkeflokk på ti million mann herifrå, for å oppsøke HYPERBOREANE. Men dei likte hyperboreane sitt land dårleg. Dei vende heim i avsky, og i visse om at deira eige land var det beste på jord.

Silenos fortalde også kong Midas om ein veldig og farleg kvervelstraum, så langt ute i havet som ingen sjøfarar hadde segla. To veldige elvar flyt forbi her. På breidden av den eine veks tre med frukter som får folk til å gråte og stønne og visne bort i elde. Men dei som et frukter frå trea som veks ved breidden av den andre elva, dei yngjest, sjølv om dei er eldgamle. Dei vert yngre og yngre – middelaldrande, ungdommar, barn, babyar, og til slutt forsvinn dei heilt.

Midas let seg underhalde av Silenos i fem døgn. Så beordra han ein vaktstyrke å føre Silenos tilbake til Dionysos’ hovudkvarter. Dionysos ville lønne Midas for dette, og sendte ein utsending for å spørje Midas kva han ønskte seg. Midas bad då om at alt han rørte ved skulle bli til gull. Midas fekk ønsket oppfylt, men fekk store problem då både mat og drykk vart til gull, så han heldt på å svelte og tørste ihjel. Han trygla Dionysos om å fri han frå dei alkymistiske evnene, og Dionysos, som hadde mora seg storleg, viste nåde. Han bad Midas fare til elva Paktolos og vaske seg der. Her forsvann Midas’ evner til å gjere alt han rørte ved til gull, men elvesanden i Paktolos har sidan vore rik på gull.

Silenos vart oftast avbileta som ein klumpete, jovial gamling med potetnase og langt skjegg – skalla på hovudet, men med hestehale. Dette var ikkje gresk hårmote – var silenane sitt heimland dei sentral-asiatiske steppene?

Silenos hadde ein son med ei aske-tre-nymfe; det var KENTAUREN PHOLOS.

Dersom Silenos vart teken til fange av menneske, kunne han avsløre store løyndommar, er det sagt. Det heiter at ei tid var Silenos fange hos KYKLOPEN POLYPHEMOS.

Somt tyder på at Silenos og satyrane tilhøyrde eit primitivt fjellfolk som budde ein stad i Nord-Hellas, og som også befolka somme av dei greske øyane.

 

SILVANUS

Silvanus var før-romersk verne-gud for skog og den ville natur. Også jegarar dyrka han. Han hadde tilhald i dei ville skogar, og var knytt til den før-romerske MARS. Marti Silvano vart han gjerne kalla . I hans skogar tumla det romerske FAUNER og greske SATYRAR omkring. Då hellenismen utbreidde seg, meinte romarane at Silvanus kunne minne om PAN; mellom anna hadde han moro av å skremme reisande i skogen, men Silvanus var nok av eldre dato enn Pan, og noko for seg sjølv.

Silvanus hadde som symbol ein lauvkniv/greinkniv – ”falx silvanica”, og ein boge av furutre. Kronhjorten var totem-dyret hans. Silvanus var også vernegud for grenser (mellom villmark og dyrkamark, etc.), slik som den gamle Mars. Han vart påkalla når nytt åkerland skulle ryddast i ville skogen, og når ny åkerjord skulle pløgast opp. Han vart også dyrka som frævegud for husdyra - hadde same rolla som FAUNUS med dette.

Markenes første grøde vart ofra til Silvanus, saman med kjøtt og vin. (Før ein kjente til vin, var det kanskje rusdrikk av bergflette som inngjekk i offermåltidet). Kvinnfolk fekk ikkje delta i denne ofrings-seremonien – det var ei mannfolksak! I Romarrikets tid var det helst langt ute på bondelandet i Nord-Italia at Silvanus vart dyrke. Han fekk ingen rolle i stats-religionen.

Keltarane dyrka ein gud som minte mykje om Silvanus – det var truleg same guden med andre namn. Ore-treet var hans heilage tre, og han vart rekna å vere ein av keltarane sine viktigaste gudar.

 

SILVIA

 

sjå ILIA.

 

SINIS

 

 

Tekstboks: KART E4

Sinis var ein vanskeleg type som heldt til i traktene utanfor Korint. Han hadde kjempekrefter, men eit vondt sinnelag. Han vart kalla Pityocamptes, som tyder ”furu-bendar”, for ein av hobbyane hans var å bende furu-troppar ned til bakken. Han bad vegfarande hjelpe seg med dette, og så slapp han treet, og den vegfarande vart kasta himmelhøgt, og omkom helst når han landa. Andre tider likte Sinis å binde den vegfarande mellom to tre han hadde bøygd ned, og den vegfarande vart riven i to når Sinis slapp laus trea.

THESEVS hadde tatt på seg jobben med å rydde vegen mellom Aten og Trøzen for bandittar. Han gjekk i brytekamp mot Sinis, og overmanna han. Så batt han Sinis mellom to veldige furutre han hadde bøyd til bakken, og Sinis fekk smake sin eigen medisin.

Då såg Thesevs ei ungjente som smatt vekk og gøymde seg i buskene. Han leite etter ho, og då han fann ho, sat ho og bad til planter og blomster, at dei måtte gøyme ho så ho ikkje vart funnen. Thesevs svor på at han ikkje skulle skade ho, og ho kom fram og presenterte seg som Sinis’ datter Perigone. Så vart ho forelska i Thesevs. Ni månadar etter fekk ho sonen Melanippos. Han igjen fekk sonen Ioxos, som emigrerte til Caria og vart høvding for Ioxidane. Dette folket merka seg ut ved at dei heldt siv og vill asparges for heilage plantar, som aldri måtte brennast.

Eigentleg var Sinis den personifiserte nord-vest-vinden, som kunne blåse seg opp til storm og bøye trea i skogen. Sinis var ein av vindgudane til dei gamle Pelasgarane. Dei dyrka nordavinden BOREAS som sin stamfar og øvstegud. Atenarane hadde underkua denne kulten før, men den hadde nå blomstra opp att, etter Persarkrigane. Thesevs’ raid handla altså ikkje om å utrydde landevegsrøvarar, men å knuse den ny-oppblomstra Boreas-kulten. Truleg var Sinis den same som PROKRUSTES, som har rolle i ein annan Thesevs-myte.

Då Thesevs kom heim til Aten etter oppryddings-raidet sitt, måtte han gjennomgå eit rensings-rituale fordi han var tilsøla av Sinis’ blod, for Sinis var i slekt med Thesevs på morssida.

 

SINON

 

Sinon var son av kong SISYFOS av Korint og PLEIADA MEROPE. Han var ein notorisk løgnar. Lygar-evna hans nytta grekarane seg av då dei skulle innta Troja. Dei hadde bygd Den trojanske hest, og fylt han med krigarar. Så brente dei leiren sin og trekte seg tilbake, og lot trehesten stå att utanfor Trojas bymurar. Då trojanarane om morgonen såg at grekarane var borte og at ein diger trehest stod att på stranda, dedikert til ATENE, vart dei einige om å bringe hesten inn i byen. Dei slepte han på rullestokkar, men byporten var for trang, så dei måtte rive ein del av muren for å få hesten inn. Dei hadde eit svare strev.

Så reparerte dei muren, og byrja krangle om kva dei skulle gjere med trehesten. Somme meinte at hesten var ei felle, og ville brenne han. Då dukka Sinon opp – to trojanske vaktsoldatar hadde fanga han og kom dragande med han. Han fortalde trojanarane at han hadde desertert frå den greske hæren. Han sa grekarane hadde krangla seg imellom, og ville ha vendt heim for lenge sidan, men at veret ikkje hadde vore brukandes til segling. Han sa at grekarane hadde sett si lit til Atene for å vinne siger, men då ODYSSEVS og DIOMEDES stal Atenes gudestatue PALLADIUM frå Atene-templet vart Atene rasande. Då Paladium var brakt til leiren tok ho fyr tre gangar, og sveitta på armar og bein. Grekarane sin leiar, AGAMEMNON, valde då å vende heim og vente til lukka snudde.

Hesten sette grekarane att på stranda som eit sonoffer til Atene, laug Sinon. Då trojanarane sin leiar, PRIAM, ville vite kvifor hesten var bygd så diger, svara Sinon at det var for at trojanarane ikkje skulle greie å transportere han inn i byen. Vidare påstod han at Atene ville øydelegge Troja dersom dei ikkje tok vel vare på hesten, men dersom dei dyrka hesten med ære, så ville dei verte leiarar for alle asiatiske folk, innta Hellas og erobre Mykene. Mange trojanarar nekta å tru på Sinon, og det var sterk splid, men då eit par sjøormar blanda seg inn, med meir, vart det til at fleirtallet stødde Priam. Trehesten fekk stå, og om natta kraup dei greske krigarane ut av hesten, drepte vaktene, åpna byporten; og ved dette greidde grekarane å hærta Troja.

 

SIRENER

Tekstboks: AVALONTekstboks: SIRENENE

Sirenene var skapnadar med kvinnehovud og fuglekropp. Ofte vart dei avbileta som rovfuglar, slik som HARPIENE. I post-klassisk tid vart dei avbileta som kvinner med fiskehale, lik havfruer, men dette er altså eit meir ”moderne” påfunn.

Det er sagt dei var døtre av havguden PHORCYS eller stormguden ACHELOOS, og ei av MUSENETHERPSICORE eller STEROPE Sirenene heldt til på tre små klippe-øyar som på latin heitte Sirenum scopuli. (Andre har hevda dei budde på øya Anthemusa). Med sin uimotståelege sang, og spel på lyre og dobbel-fløyte, sjarmerte og lokka dei til seg sjøfolk, som då segla skipa sine til vrak på undervass-skjæra omkring klippeøyane. Farlegast var dei ved middagstid, i stille ver. To plager som sjøfolk hadde på den tida, var solstikk og siesta-mareritt. Sirenene fekk skulda for desse plagene.

Det hendte at sjømenn stupte i sjøen og symde til Sirenene, men dei vart då straks drept og oppetne. Andre visna inn og forsvann til slutt totalt, av å lytte til Sirenenes sang. Ordet brann-sirene kjem av desse troll-vesena.

Den som høyrde Sirenenes sang var i stor fare. ARGONAUTANE kom ut for dei, men ORFEOS berga skip og mannskap ved å ta fram lyren sin og synge og spele så høgt at sirenene vart overdøyvde. Men ein mann miste argonautane – Butes kasta seg i sjøen, og symde i døden.

Ein gang passerte ODYSSEVS sirenene i skipet sitt. Han stappa voks i øyrene til alle sjøfolka sine, og sjølv let han seg binde til masta. For han ville gjerne høyre sirenenes vakre sang. Teksten var endå vakrare enn musikken. Sirenene ville gi visdom til alle menn som kom til dei, sang dei: både moden klokskap og glupe åndsevner. Odyssevs sleit i taua så masta rista, men omsider kom dei til tryggare farvatn. Odyssevs fortalde sidan at Sirenene låg i ei vakker blomstereng og spela og sang, men omkring dei låg haugar av lik – tidlegare offer for Sirenenes sjarm.

Det er usemje om det var 2, 3 eller 4 sirener. Ovid meinte på at dei måtte vere NYMFER som heldt seg ihop med PERSEPHONE. Dei var til stades då Persephone vart bortført av HADES, og fordi dei ikkje greip inn, gjorde DEMETER dei om til fuglar med kvinne-andlet som straff.

 

Det fins fleire andre forklaringar på korleis Sirenene fekk sin utsjånad. AFRODITE skal ha straffa dei fordi dei fornekta kjærleiken, og ZEVS skal ha gitt dei vengar for at dei skulle forfølge Hades. Tilhøvet mellom Sirenene og dei to gudinnene, Demeter og Afrodite, var altså konfliktfullt, medan Zevs hadde eit positivt forhold til dei.

Bilete av sirener er funne ved oldtidsgraver som syngande og spelande dødsenglar – noko som kan tyde på at Sirenene hadde med døden å gjere – at dei tok seg av dei dødes sjeler. Var Sirenene prestinner på  ”Dei Dødes Øy”? Vi veit om at det var ei slik øy utanfor nåverande Venezia. Somme har hevda at Sirenenes øy låg utanfor Sicilia. Somt tyder på at slike øyar var vigsla til døde heilag-kongar, og altså ikkje var for folk flest. Vi kan då tenke oss, at i matriarkatet si tid, var det eigne prestinner som heldt til på desse øyane, og bestyrte dei døde kroppane til heilagkongane. Inne i ”byen” regjerte andre prestinner (trippel-gudinner). Kvart år vart ein heilagkonge drept, og hans lekam vart under høgtidssame seremoniar ført ut til prestinnene på Dei Dødes Øy. Her vart dei vel møtt av eit sangkor?

Walisarane hadde nokre liknande mytiske figurar som Sirenene – The Birds of Rhiannon. Dei sørgde over avdøde heroar. Rhiannon, som var mora til desse fuglekvinnene, var ei utgåve av DEMETER med merre-hovud – altså tilhøyrande ein matriarkalsk heste-kult. I den keltiske Arthur-myten vert Dei Dødes Øy kalla Avalon. Det skal vekse eple der.

 

I før-gresk tid var ikkje Sirenene farlege monster på ei øy i havet. Ovanfor har eg nemnt at det er usemje om kven som var far til Sirenene – Phorcys eller Acheloos. Acheloos var elvegud før han vart stormgud.  I gammal tid var Sirenene elvenymfer. Dei var 2, 3, 4 eller 7 i tal, og dei hadde namn som Aglaophone (briljant-tonande), Thelxepeia (trollbindande talande), Peisinoë (overtalande), Molpe (sang), Aglaope (vakkert andlet), Leucosia (den kvite), Ligeia (kvinande), Parthenope (jentefjes), Raidne (forbetring), Teles (perfekt), Thelxiope (bedårande andlet).

Sirenene var svært stolte av sangen sin, og ein gang utfordra dei MUSENE til sang-tevling. Men Musene kom sigrande ut av tevlinga, og trekte vengefjørene ut av Sirenene som straff for at dei hadde våga utfordre dei. Etter dette forlet Sirenene sine elvedalar, og slo seg ned på forrevne klippeøyar langs kysten av Sør-Italia. Det er sagt at dei hadde tilhald på Capo Pelorus, Capri, Anthemusa og Sirene-øyane. Og på desse utpostane fordreiv dei tida med å lokke på sjøfolk.

Sirenene drepte ein gang ein flokk KENTAURAR som hadde rømt frå HERAKLES til Sicilia.

I ein legende heiter det at Sirenene miste all kraft etter at Orfeos hadde overdøyvd dei med lyren sin, og at dei så vart forgjort til klipper. Ei av dei, Parthenope, kasta seg i havet i raseri. Der bølgene førte ho til lands vart det reist eit gravmonument, og på denne staden vart byen Napoli grunnlagt. Sirenene hadde eit tempel i Sorrento ved Napoli.

 

SISYFOS

Tekstboks: SISYFOS
av Camus
Tekstboks: FILOSOFI

Sisyfos var son av vindguden AIOLOS. Sisofys var konge og grunnleggar av byen Korint, som den gang vart kalla Efyra. I legenden heiter det av folket i Efyra vaks fram av sopp. Ein annan legende påstår at Sisyfos fekk landskapet omkring Efyra i gåve av MEDEA.

Sisyfos var listig og lur som få. Namnet hans tyder ”svært vis”. Hans samtidige meinte han var den verste slyngel på jord – han var ein stortjuv og ein landevegsrøvar, men han gjorde mykje for å utvikle Korint som hamne- og sjøfarts-by. Sisyfos vart gift med ei av PLEIADENE – MEROPE. Sidan ho gifta seg med ein døyeleg, fekk ho ikkje plass på stjernehimmelen saman med søstrene sine. Merope gav Sisyfos sønene GLAUKOS, Ornytion og SINON.

Sisyfos hadde ein stor kvegflokk. Så hadde han ein nabo, Autolykos, som var svært tjuvaktig av seg. Han stal av Sisyfos’ kveg. HERMES hadde gitt Autolykos trolldomsevner, slik at han kunne omskape kveg han hadde stole. Hornete kyr vart til koller, og svarte vart kvite. Sisyfos såg at kvegflokken hans vart mindre og mindre medan Autolykos’ flokk vaks, men han fann ikkje ut av det før han fekk idéen å gravere SS under klauvane på dyra. Neste natt var Autolykos på raid att, men no kunne Sisyfos følge spora med SS-gravering. Så samle Sisyfos ein gjeng naboar til vitne, og dei gjekk til Autolykos’ fjøs. Sjølv om dyra var omskapte, så bar dei ennå graveringar under klauvane. Medan vitna tok for seg Autolykos, lurte Sisyfos seg inn i huset hans og stal hans datter, Antikleias, møydom. Det er sagt at dette resulterte i at Antikleia fødte sonen ODYSSEVS. (Men før fødselen vart Antileia gift med Laertes, og det er uvisst kven som eigentleg var far til Odyssevs).

Då Aiolos døde, arva sonen hans, Salmoneos, den thessaliske trona, endå Sisofys var førstearving. Han rådspurde oraklet i DELFI om kva han skulle gjere med dette. Oraklet rådde han til å setje barn på Salmoneos’ datter, så ville desse barna hemne forbigåinga. Så forførte han niesa si, Tyro, men ho fann etterpå ut at det var ikkje kjærleik som dreiv han, og ho drepte dei to tvilling-gutane som ho fekk. Men då stod Sisyfos fram på marknadsplassen og anklaga Salmoneos for å ha sett barn på dattera si, og etterpå drept barna. Salmoneos vart då jaga frå Thessalia.

ZEVS hadde bortført AIGINA – datter av elveguden ASOPOS. Asopos tok ut på leit etter ho, og han kom til Korint og ville vite om Sisyfos visste noko. Sisyfos visste kva som hadde skjedd, med han ville ikkje fortelje noko før Asopos hadde lova å forsyne festninga i Korint med ei evig-rennande kjelde. Då kom kjelda Peirene ut av bakken bak Afrodite-templet, og Sisyfos fortalde om Aigina og Zevs.

Det var med eit naudskrik at Zevs unnslapp Asopos’ hemn, og han bad etterpå broren sin, HADES, om å hente Sisyfos ned i Dødsriket og straffe han til evig tid fordi han hadde avslørt hans guddommelege løyndom. Men då Hades kom for å hente Sisyfos, lurte Sisyfos han til å teste eit par handjern han hadde, og Sisyfos var snart å låse jerna, så Hades vart fanga.

Hades var fange i huset til Sisofys i fleire dagar. Det var ein umulig situasjon, for nå kunne ingen døy – ikkje ein gang folk som var blitt halshogd døydde. Det enda med at krigsguden ARES tok affære. Han sette Hades fri, og gav Sisyfos i hans vald.

Men Sisyfos hadde meir list på lur. Han instruerte kona si, MEROPE, at ho ikkje skulle gravlegge han, men plassere liket hans midt på torget. Og då sjela hans var komt til Dødsriket, gjekk sjela rett til PERSEPHONE, og sa at han hadde ikkje rett til å vere der, for han var ikkje gravlagd. Dei som ikkje var jordfesta på høvisk vis skulle halde seg på andre sida av elva STYX – slik var reglementet! Han bad Persephone om å få dra tilbake til Oververda og gravlegge seg sjølv på skikkeleg vis. ”Eg skal vere tilbake om tre dagar”, sa han.

Persephone let seg overtale, og Sisyfos drog til Oververda. Men straks han var ute i sollyset gav han blaffen i lovnaden til Persephone. Han heldt fram med å leve i fleire år. Men til sist kom HERMES og førte han med makt tilbake til Underverda. To gangar døde Sisyfos, men korintarane vil ikkje avsløre kvar grava hans er.

Dommarane i Underverda straffa han. Dei viste han ei enorm steinblokk. Den skulle han rulle oppetter ei fjellside, til toppen av fjellkammen, til evig tid. Kvar gang han var nesten oppe med steiblokka, så glapp ho og trilla ned heile lia, så Sisyfos måtte byrje på nytt. Slikt arbeid, som du ikkje kan sjå enden på, kallast sisyfos-arbeid.

 

Her følger ei forsiktig drøfting av Sisyfos-myten - mangt er uklart; mykje er gissing; mykje er eg usikker på.         

Mykje tyder på at myten om Sisyfos er ei symbolhistorie, slik som mange andre av dei eldre mytene. Ein trur Sisyfos eigentleg var ein solgud, som vart dyrka i Efyra/Korint. Liknande solgud-kultar fans i Kanaan, på Rhodos og andre stadar. Folkestamma hittittane var med på å utbreie denne kulten. Oksen var solgudens totemdyr. Idéen om å stele solgudens kveg finn vi mange eksempel på.

I den korintiske solkulten var det slik at solguden HELIOS og månegudinna AFRODITE bytte på å vere sjefen på tempelhøgda. Dei hadde eit felles tempel her, og sat på trona kvart sitt år.

Dei soppane som folket i Efyra skal ha vakse ut av, var ein slags kjuke – sopp som veks på trestammer, og vart tørka og nytta til opptenning, under namnet knusk. Ein slo gneistar med flintstein eller liknande, og knusken tok fyr. Knusken vart brukt i riter der ein sette fyr på eit ”solhjul”. Ved starten på kvart nytt ”solgud-år” vart eit menneske ofra på det brennande hjulet. Var det den gamle kongen, eller ein stadfortredar for han? Den nye solguden inngjekk heilagt ekteskap med månegudinna.

Konflikten med Hades er ei symbolhistorie om ein konge som nekta å la seg ofre når hans tid som konge var ute. Kongen skulle til Dødsriket slik at heile nasjonen kunne bli reinsa og byrje på eit godt, nytt år. Sisyfos var altså så glad i livet at han ikkje ville ofre seg slik tradisjonen krevde. Han greidde å trasse tradisjonen nokre år, men måtte gi tapt til slutt. At Hermes og Ares blanda seg inn må skrive seg frå seinare nydiktingar av myten, for dei olympiske gudane var knapt etablert, i denne tida då Sol og Måne vart dyrka. Hades og Persephone var på plass, trur eg, men sikkert under andre namn.

Ein trur korintarane gravla Sisyfos på ein strategisk stad, og at dei meinte at grava gav magisk vern mot angriparar.

Ein trur dei to SS som Sisyfos graverte inn i klauvane på kveget eigentleg var CC. C stod for S i det eldste greske alfabet. Dersom ein snur på desse bokstavane, kan dei likne på avtrykk av eit par klauvar. C symboliserte også den minkande måne, medan ein bakvendt C symboliserte den veksande måne. Ein normal og ein bakvendt C ved sidan av kvarandre symboliserte fullmånen. Ein O symboliserte sola.

Steinblokka som Sisyfus måtte rulle, var eigentleg solskiva. Han rulla sola høgt opp på himmelen, men så trilla ho ned (på hi sida). Kvar dag måtte Sisyfos byrje på att å streve med å få sola opp på himmelen.

 

SKIRON

Tekstboks: ELEUSISTekstboks: TEIKNING
 

Skiron var prins eller heilag-konge sør i Attika. Somme kalla han ”son av POSEIDON”, så han tilhøyrde nok den pelasgiske folkestamma, men kven foreldra hans eigentleg var, er uvisst. Han hadde dattera Endeis. Ho vart gift med kong AIAKOS, og fekk to søner med han – heroane PELEOS og Telamon.

Skiron levde i ei uroleg tid, med mykje maktkamp mellom mange kongesøner, om makta rundt om i Attika. Skiron var i strid med Nisos om kven som skulle vere konge i Megara. Aiakos vart henta for å dømme mellom dei, og han avgjorde at Nisos og etterkomarane hans skulle vere Megaras kongar, og at Skiron skulle få kommando over hæren. (Faktisk var det ingen by som heitte Megara den gang. Nisos grunnla byen Nisa, som seinare blei omdøypt til Megara).

Heroen THESEVS, som var konge av Aten, bestemte seg ein gang for at han ville rydde vegen mellom Aten og Trøzen for bandittar og landevegsrøvarar. Han drepte bandehøvdingane Perifetes og SINIS, og så ei morderisk villsvin-purke. Så drog han vidare langs kystvegen, og kom til nokre stupbratte klipper som reis rett opp frå sjøen. Her hadde Skiron festninga si. Han brukte å site på kanten av eit stup, og be vegfarande om å vaske føtene hans. Når dei bøyde seg ned for å vaske, så sparka han dei utfor stupet og ned i sjøen. Her vart dei oppetne av ei diger havskilpadde. Thesevs nekta å vaske føtene til Skiron – i staden heiv han Skiron utfor klippa.

Folket i Megara hevda at denne myten om Thesevs og Skiron var oppspinn. Skiron var ein høvisk og gjestmild prins av Megara, sa dei, og ingen landevegsrøvar. Dei sa at det var mange år seinare at Thesevs drepte Skiron, då Thesevs erobra Eleusis. Det var ein vanleg skikk den tida, at når to kongar stod mot kvarandre, så avgjorde dei striden ved tvekamp, i staden for at hærene kriga mot kvarandre. Dette er kanskje ein skikk som bør takast opp att? Thesevs sigra altså over Skiron i tvekamp, og etter  sigeren arrangerte han Dei Istmiske Leikane til ære for Skiron og Poseidon.

Då Skiron hadde kommando over hæren, fekk han bygd ein fotsti opp den bratte klippa. Der stien når toppen av klippeveggen, i eit pass, blæs ein skarp nord-vest-vind, som vert kalla ”Skiron”.

Ordet skiron tyder ”parasoll”. Skiroforion var namn på ein månad. Det var årets siste månad; ved midtsommar. På den 12. dag av Skiroforion var det fest for DEMETER og KORE. Det var ein fræve-fest. Prestane til EREKTEVS deltok – dei gjekk i prosesjon under ein kvit parasoll. ATENE-prstinna Atene Sciras kom vandrande frå Akroplolis under ein annan kvit parasoll. Sciras var ein form for gips. Heitte parasollane skiron fordi dei var malt med kvit gips? Prosesjonen var til minne om den gang då Thesevs drepte MINOTAUROS, og malte Atene-statua med kvit gips då han etterpå kom heim til Aten.

Den havskilpadda er merkeleg, for vi kjenner ingen gresk havskilpadde-kult. Myten om Skiron baserer seg på ein serie veggmåleri. Måleria viser ein gammal heilag-konge som vert kasta utfor ei klippe av den nye heilagkongen –  ei rituell avretting. Kanskje for at den gamle konge skal ha sjans å overleve, så er levande fuglar bundne til han med reip – eg trur fuglane var rapphøns. Dessutan er kongen påmontert kunstige fuglevenger, og har ein parasoll i handa. Det som på siste måleriet kan sjå ut som ei havskilpadde i sjøen, er antakeleg parasollen som flyt på sjøflata etter at kongen har gått til botn.

 

SKYLLA 1

Tekstboks: JAKTHUNDTekstboks: SKYLLATekstboks: FAMILIETekstboks: IBIZA-HUND

Skylla 1 var datter av havguden PHORCYS. Det er påstått at mora var HEKATE frå Kreta. POSEIDON la sin elsk på Skylla, så kona hans – AMFITRITE, skapte Skylla om til eit bjeffande, seks-hovuda uhyre med tolv bein, ved å blande magiske urter i badestampen hennar. Den deformerte Skylla vart nå ståande fastgrodd til ei klippe ved havet, og ho snappa til seg sjøfolk som kom seglande forbi. (Det er også sagt at det var KIRKE som omskapte Skylla, fordi hennar partnar, sjøguden GLAUKOS la seg etter ho).

Som havklippe-uhyre gjekk Skylla til åtak på JASON og ARGONAUTANE då dei var på heimveg frå Colchis med Det gylte skinn.

Namnet Skylla tyder ”ho som riv i filler”. Ein trur at Skylla 1 eigentleg var Amfitrites ”svarte side”. Amfitrite var ei livgivande gudinne-dronning, men til tider måtte ho opptre som dødsgudinne – som HEKATE. Hekate var dødsgudinne og månegudinne. Ho hadde eit hundehovud som hylte mot månen om natta. Det er mulig at det er snakk om ein gudinne-triade, der Amfitrite representerte to av gudinnene, og Skylla 1 var den tredje.

Skylla 1 truga også ODYSSEVS i Messina-stredet. Odyssevs’ skip måtte passere mellom to klipper. På eine klippa heldt Skylla til, og på hi sida av stredet hadde ho ei ”monster-venninne” som heitte CHARYBDIS, og materialiserte seg som ein fæl kvervelstraum. Charybdis var datter av Mor Jord og POSEIDON. Ho var grådig og glupsk. Tre gangar dagleg supte ho inn enorme mengder vatn, for så å spy det ut att.

Skylla fanga sjøfolk, knuste beina deira og slukte dei. Ho bjeffa på ein underleg måte – det høyrdest ut som ein nyfødt hundekvalp.

 

Den rare bjeffinga kan ha si forklaring. Egyptarane hadde nokre kvite jakthundar med raude øyre. Dei bjeffa som småkvalpar når dei forfølgde eit bytte. Desse hundane var vigsla til den egyptiske dødsguden Anubis, og det heitte at dei også jakta på sjelene til dei fordømde. Vi veit at desse hundane var i bruk i Egypt så langt tilbake som 3400 år fvt. Etterkomarar av desse hundane vert ennå oppdretta på øya Ibiza.

For å kome klar Charybdis, segla Odyssevs for nær Skylla, og ho snappa seks av hans beste sjømenn. Ho tok ein i kvar kjeft, og slengde dei mot klippene. Så tygde ho dei nøgd i seg, medan dei jamra og ropte på hjelp. Men Odyssevs stakk av – han våga ikkje ha meir med Skylla å gjere.

I ein myte vert det fortalt om ei Skylla som var datter av dronning Lamia av Libya. Lamia var svært fager, og ZEVS gav ho i gåve evna til å ta ut augene sine og sette dei på plass att ettersom ho lysta. Lamia fekk masse barn med Zevs, men HERA drepte alle, bortsett frå Skylla. Lamia vart svært vondhuga av dette, så ho byrja drepe alle barn ho kom over. Ho vart så vond at andletet hennar likna ei grueleg maske. Seinare vart ho vampyrisk, og saug blod av unge menn.

Lamia var libysk kjærleiks- og krigs-gudinne. Ho vart også kalla Neith, Anata og ATENE. Somt tyder på at Atene kom frå Libya. Lamias vampyrisme og gorgonmaske knyter også trådar til Atene.

 

SKYLLA 2

Tekstboks: MANGE
BILETE
Tekstboks: DRUKNING

Skylla 2 var datter av kong Nisos av Megara. (Megara heitte den gang Nisa). Nisos fekk tre døtre – den eine var Skylla. Dette var på den tida då byane i Attika, med Aten i spissen, kom i krig med Kreta. Kong Minos av Kreta gjekk til åtak på Megara, og kringsette byen.

I Megara stod eit høgt tårn, som var bygd av APOLLON. Ved foten av tårnet låg ein ”musikalsk stein”. Dersom ein kasta småstein på denne steinen, så klang den som ein lyre, for Apollon hadde lagt frå seg lyren sin her medan han mura på tårnet. Skylla klatra ofte opp i tårnet, med fangenet fullt av småstein. Nå, under beleiringa, var ho her kvar dag, for å sjå på kampane.

Beleiringa vart langvarig, og etter kvart kjente Skylla namna på alle dei kretiske krigarane. Ho tykte at kong Minos var særleg fager og fin, og snart var ho hugteken i han. Somme påstod at dette var etter AFRODITEs vilje – andre la skulda på HERA.

Kong Nisos hadde eit pupurfarga hårlokk midt oppe på hovudet, og eit orakel hadde spådd at om nokon klipte bort denne, då ville han misse kongsmakta og døy. Skylla lurte seg til å klippe av hårlokken ei natt. Faren døde ikkje, men vart forvandla til ei fiskeørn. Så knabba Skylla nøklane til byporten, og låste seg ut. Ho for straks til Minos’ telt, og tilbaud han hårlokken og portnøkkelen i byte mot hans kjærleik. Minos slo til, og same natt sneik han og krigarane hans seg inn i byen og erobra den.

Etterpå gjekk Minos til sengs med Skylla, men han ville ikkje ta ho med til Kreta, for han såg på fadermord som eit stort brotsverk. Men Skylla kom symjande etter Minos’ skip, og fekk klamra seg fast i bakstamnen. Men no kom Nisos flygande, i skap av fiskeørn, og hogg etter ho med nebb og klør, så ho slepte taket og drukna. Nokon sa ho vart til ein ciris-fugl med purpurfarga bryst og raude bein. Eg har ikkje funne ut kva fugl dette kan vere. Andre sa at Skylla 2 vart til ein ciris-fisk, og kva fisk dette er kan du prøve å finne ut sjølv!

Dette med at styrken til ein mann/konge/hero ligg i håret, finn vi att i myter frå mange kantar. Sjå til dømes SOGA OM SAMSON. Det er mykje mulig at det er eit slags samband mellom Skylla 1 og Skylla 2. Skylla tyder ”sønder-rivar”, og somme meiner dette var ein ofte brukt ”tittel” på dronningar som reiv i stykker årets heilag-konge. Reiv Skylla i stykker faren sin etter å ha klipt hårlokken av han?

Somme som meiner å ha greie på det trur at Skylla eigentleg vart forvandla til ei ugle. Det er då vidare nærliggande å tru at Skylla 2 var ei utgåve av ei tidleg ATENE som dødsgudinne.

Når det gjeld kampen om Megara, kan vi tenke oss at Nisos, som var leiar for hæren, ville kjempe til siste mann, medan Skylla ville prøve å få til ein fredsavtale ved å tilby Minos ekteskap. Det vart gjennomført eit samleie, som var ei høgtidssam symbol-handling, men så viste Minos Skylla frå seg. (Kanskje ho var stygg som nøkken). Dette var eit veldig nederlag for Skylla, som ho ikkje greidde takle.

 

SMILAX

Tekstboks: PLANTEN

Smilax var ei NYMFE som vart omgjort til plante etter ulykkeleg forelsking i CROCUS.

 

 

 

 

SOFIA

 

sjå under FEBRURA.

SOLA

 

I tidlege tider- før gudefamilien si tid, var Sola og MÅNEN himmelske symbol for Den guddommelege allmektige all-mor (sjå HESTIA). Månen var viktigare enn Sola - lyste like klart året gjennom. Månen høyrde natta til - mystikk og mykje overtru og mørkeredsle var knytt til Månen. Månen var feminin, og Sola var maskulin. Dette kjenner vi att frå m.a. fransk, der det heiter la lune og le soleil. I germansk (og nordisk) mytologi var dette omvendt - det er rimeleg at Sola vart opplevd som den mest feminine, moderlege, fruktsommelege  i det kalde nord, der det var solvarmen som gav von om vokster og grøde. Ved Middelhavet vart gjerne grøden øydelagt, svidd, uttørka av solvarmen, men ei gammal tru var at Månen sørgde for vatn til åkrane.

Månens tre fasar - ny, full og gammal - samsvarte med tre fasar i kvinnas liv: jente, nymfe (gifteferdig) og kjerring. Når det gjaldt Sola sine fasar, så samsvarte våren med jenta, sommaren med nymfa og vinteren med kjerringa. Om våren fekk plantene blad og knoppar, om sommaren blomster og frukt, og vinteren var ei reinsingstid, då det gamle måtte visne bort for at eit nytt år kunne byrje. (Dei gamle folka ved Middelhavet greidde seg med tre årstider).

 

Sola kunne også verte assosiert med ein gudinne-triade:

            jenta                øvre luftlag                   SELENE

            nymfa               jord og hav                  AFRODITE

            kjerringa          UNDERVERDA       HECATE

 

Sjå også HELIOS, APOLLON, PHAËTON 1, PHANES og SOL INVICTUS.

 

I steinaldertid var soldyrkinga sentral i mange eurasiske kulturar. Det var mange teoriar om korleis Sola stod opp om morgonen, vandra over himmelen, og gjekk til kvile om kvelden. Kva Sola dreiv på med om natta, var eit mysterium som det også vart laga mange teoriar (mytar) om. Oldtidas geografar, som Ptolemaios, Pytheas og Platon, prøvde å finne beliggenheita til det sagnomsuste distriktet Thule, som skulle befinne seg ved verdas ytste grense, lengst mot nord.  Somme av dei kom til at Thule låg ved nåverande Kristiansund.

Grekarane hadde ordet thyle, som kan sporast tilbake til det germanske ordet dhul, som tyder ”kvilestad, rast eller rasteplass”. På gammal-høgtysk betyr ordet gi-twelan ”å falle i søvn”. Pytheas meinte at Thule eigentleg var namnet på staden der Sola gjekk til kvile om kvelden. Kristiansundarane kunne peike på den nøyaktige staden der Sola gjekk ned, for Pytheas.

 

Også romarane prøvde seg med sol-dyrking. Den eldste solguden deira vi kjenner heitte Sol Indiges. Dei ofra til han 9. august og 11. desember. Somme hevda at han var den same som Helios. Mykje seinare vart solguden SOL INVICTUS importert frå Syria. Det var keisar Elagabalus (218-222) som stod bak dette – truleg prøvde han å demme opp for den aggressive Kristendommen som pressa  på. Denne kulten døde ut med Elagabalus. Keisar Aurelian (270-275) gjeninnførte soldyrking som stats-religion, og den var keisarrikets offisielle kult til Kristendommen kom til makta under Konstantin den store.

 

SOL INVICTUS

Sol Invictus, ”Den uovervinnelege Sol” – kom på mote som guddom i Romarrikets nedgangstid. Dette hadde noko samband med at dei seinare keisarar meir eller mindre vart dyrka som guddommar, og så vart antakeleg det egyptiske tilhøve mellom farao og Sola forsøkt tilpassa Romarriket. Soldyrkinga vart statsreligion – det var ei form for monoteisme. Keisar Augustus anerkjente Sola som guddom. Frå Egypt hadde han med seg heim to obeliskar, som han let oppreise i Roma som ”gåver til Sola”. Begge desse obeliskane står framleis i Roma.

Soldyrkinga som statsreligion i Romarriket vart eit kortvarig eksperiment, men la tilhøva til rette for Kristendommen, som snart tok over. Sjå også SOLA.

 

SOMNUS

Somnus var romersk gud for søvn og draumar. Grekarane hadde HYPNOS - sjå HYPNOS.

 

STAPHYLOS

Staphylos var son av DIONYSOS/ARIADNE. Namnet tyder ”drueklase”. Han var bror til OENOPION, THOAS, Tauropolus, Latromis og EUANTHES. Alle brørne var glade i vin, og dei vart stamfedre til kvar si gresk stamme. Dei slo seg ned på Chios, Lemnos og i Trakia, og brakte med seg Dionysos’ vinkult. Staphylos slo seg ned på øya Peparethos.

Staphylos  hadde ei datter, Rhoeo, med Chrysothemis. APOLLON sette barn på stakkars Rhoeo. Då faren oppdaga at ho var gravid, låste han ho inn i ei kiste og sette ho på sjøen. Ho vart skylt i land på Euboea-kysten, og her fødte ho sonen Anios. Apollon gjorde guten til profetisk preste-konge på Delos.

 

Det var dramatisk at Apollon sette barn på Dionysos’ sonedatter. Apollon var son av ZEVS – Dionysos var uekte son av Zevs. Det var nok ein maktkamp mellom desse to. Apollon baserte si guddomsmakt på orakel – Odyssevs på vinorgier. At Apollon nå tok hand om Dionysos’ barnebarn, Anios, og gjorde han til prestekonge under seg, var nok ein viktig siger for Apollon. Dei olympiske gudane, Zevs, Apollon m. fl., meinte vindrikking var noko styggedom, men Dionysos gav nok ikkje opp så lett.

 

STEROPE

Sterope var ei av dei sju nymfene PLEIADENE - døtre av ATLAS og PLEIONE. Namnet tyder ”stirrig fjes”. Ho vart også kalla Asterope (”Stjerne-fjes”). Med Oenomaüs fekk ho dattera Hippodamia. Hippodamia vart gift med kong PELOPS, som har fått den store halvøya Pelopponnes oppkalla etter seg. Både Sterope og Hippodamia tilhøyrde ein hestekult – under rituala bar dei merre-hovud, og fanga ein villhingst som vart valdteken og drept. Denne hingsten var kanskje årets heilag-konge. Kulten var matriarkalsk.

 

STEROPES

Steropes var ein av dei tre einauga vesena CYKLOPANE, avkom av URANOS/GAIA.

 

STIMULA

 

Stimula var ei gammal italisk gudinne. Ho var knytt til kvinners eldhug (lidenskap). Orda stimulere og stimuli skriv seg frå hennar namn. Ho nytta opphissande rusmiddel og andre verkemiddel for å frambringe ekstase. Stimula hadde ein heilagdom – ein heilag lund, der det vart arrangert vinfestar – Bacchanalia. Den greske fjellnymfa BACCHE har gitt namn til festane – det var ho som tok seg av den greske vinguden DIONYSOS då han måtte gå i dekning for HERA.

Men eg har gått litt for fort fram – i dei eldste tider då Stimula vart dyrka, var fenomenet Bacchanalia var ennå ikkje oppfunne. Vin var kanskje heller ikkje oppfunne. Andre rusmiddel vart truleg nytta, i tillegg til vill dansing, skriking og sang. Eg reknar med at trommemusikk høyrde til. Ein dansa til trommemusikk i time etter time, natta igjennom, til ein kom i transetilstand. Vi kjenner dette mellom anna frå afrikanske stammer som ennå lever på steinalderstadiet. Eg skal ikkje prøve å gisse meir om innhaldet i dei gamle Stimula-rituala, men det dreide seg altså om kvinner, og har nok røter i ein gammal matriarkalsk kultur.

Det ser ut til at Stimula-kulten kom til Roma frå Sør-Italia. Folk sa nå at Stimula kunne minne om den gresk-trakiske månegudinna SEMELE, som var mor til vinguden DIONYSOS. Og Stimula kunne bli ihopblanda med dei gamle mor-gudinnene CERES, TELLUS og OPS.

Namnet Stimula kan omsetjast med ”tirrar”. Eit veggmaleri frå Pompei viser ei Stimula utstyrt med venger som piskar ein tilbedar med eit røyr. Av dette biletet kan ein få mistanke om at Stimula-kulten hadde sado-masochistiske trekk.

På eitt eller anna tidspunkt vart altså rusmidlet vin sentralt i Stimula-kulten i Roma. Under Stimula-seremonien gjekk tilhengarane syngande i prosesjon langs Tiber-elva, til ein heilag skog ved foten av Aventin-høgda. Fleire andre gudinne-kultar nytta omtrent same løypa. Somme høgtidsdagar kom kvinnetog syngande frå høgre og venstre – dei sang og hylla Stimula, Ceres, JUNO og MATURA. Ved kvart vegkryss stemte Ceres-dyrkarane opp med klagesang.

Det gjekk ikkje likare enn at dei andre kvinne-kultane gjerne ville vere med på vin-festane som Stimula-kulten nå hadde lagt seg til. Når kvinnene deltok i prosesjonane var dei ikkje lenger under kontroll av sine menn, så dei slo seg skikkeleg laus. Det utarta i ville vin-orgie-festar, og det var desse fellesfestane for alle innvidde kvinner som fekk namnet Bacchanalia. Deltakarane på festane vart kalla baccher.

Opphavleg var menn tabu på Bacchanalia, men etter kvart kunne somme mannfolk lure seg til å delta. Livius seier at det var i år 188 fvt. at menn fekk løyve til å delta, men somt tyder på at menn også hadde deltatt tidlegare. Etter at mennene kom med, vart det arrangert Bacchanalia både titt og ofte.

Men det var kvinnene som bestyrte. Ei prestinne vart utvald til å leie seremoniane. Det var mysterie-seremoniar som bare innvidde måtte kjenne. Det som foregjekk på festane vart altså halde skjult for ålmenta, og sikkert våga ingen seg til å spionere.

I det offentlege Roma fekk bacchanalia-festane dårleg rykte – det vart fortalt om forskrekkelege perversitetar. Partiet av rikmenn – patrisarane, ville stoppe kulten, som dei meinte var til fare for rikets tryggleik. Ei kvinne som heitte Hispala vart truga og torturet til å avsløre mysteria. Vi kjenner referata frå forhøyra av Hispala. Desse må lesast med mange klyper salt til, for forhøyrarane hadde som mål å sette kulten i så dårleg lys som råd, og Hispala måtte fortelje det forhøyrarane ville høyre.

Hispala sa mellom anna at kvinnene spådde framtida på fordreid vis – ei uhyrleg framtid spådde dei. Dei sprang ned til Tiber og kasta faklane sine i elva, og når dei plukka dei opp att, så brann dei framleis. (Dette trikset kan utførast ved å tilsette visse kjemikalier i tjøren i faklane). Leiaren for Stimula-kulten var Paculla Annia – ei prestinne frå sør i Campania.

Hispala vart så sett i husarrest, og Senatet gav ordre til full gransking av Bacchanalia-festane. Det vart utlova dusør for å angi kult-deltakarar. Det vart gitt generelt løyve til å nytte tortur, og personleg rettsvern vart sett til sides. Embetsmenn fekk i oppdrag å arrestere kultprestane – om det var kvinner eller menn, i Roma og i provinsane. Dei som var innvidde i mysteria fekk fobod mot å halde møte og å delta i religiøse seremoniar. Alle Bacchanalia-deltakarar skulle arresterast, og ein skulle vakte nøye på at ikkje møte og seremoniar vart avhaldne i løynd.

Så vart det halde eit stort folkemøte i Roma. Konsul Postumius minte Romas menn om at dei einaste sanne gudar var dei dei hadde arva etter forfedrene. ”Perverse, framanlandske seremoniar, som til dømes denne som vert oppeldna av denne FURIE – den transeframkallande gudinna Stimula, gir folk eit kriminelt sinnelag, og gjer dei sexuelt depraverte.” Han la til at det han kunne berette, bare var forbokstavane for alle grusomheitene som bacchene hadde begått. Dei fleste var kvinner, og kvinnene var denne vondskaps kjelde. Så kom menn til – menn som ville vere kvinner – valdsmenn og valdtektsmenn, gale av søvnløyse, tumult og gauling i natta.

Postumius tala vidare, og sa at denne hemmelege kulten ennå var liten nok til at den let seg knuse, men den vaks for kvar dag. Han sa at gruppe-sexen som vart drive var skammeleg, og at det var ille at unge romerske gutar vart innvidde i dette. ”Korleis kan ungdom som vert rekruttert under ei slik fane verte gode soldatar”, spurde han. ”Skal forderva menn frå ein obskøn heilagdom vere dei som skal kjempe for kvinner og barns ærbarheit? Om det bare var slik at desse perversitetane gjorde menn til kvinnfolk, så var det ikkje så alvorleg, men det er langt verre! All kriminalitet som er utført desse siste åra skriv seg frå denne heilagdommen, og bare derifrå.”

Postumius proklamerte at einaste rådebota var nådelaus jakt på dei vonde tilhengarane av mysteria, følgd av masseavrettingar. ”Alle gode romerske menn må utstøyte familiemedlemmar som har gitt seg hen til denne svir og galskap. Våre gamle forfedre gav dommarane ordre om å halde alle framande kultar og guddommar borte frå Roma. Desse depraverte, framande religionane er årsak til alle former for kriminalitet og vanlevnad. Så vi skal ikkje ha religiøse skruplar når vi går til angrep på bacchene. Deira forsamlingar er lovlause. Denne kampen er velsigna av gudane, og alle borgarar må gjere si plikt.”

Det braut ut panikk i Roma, og snart over heile Italia. Natta etter Postumius’ tale prøvde mange å rømme frå Roma, men dei vart arrestert av portvaktene. Baccher vart innbrakt i tusentall – mange tok sjølvmord. Embetsmenn arrangerte manngardar i forstadane på jakt etter namngitte baccher. Somme unnslapp allikevel.

Det skal ha vore over 7000 baccher i Roma. Mange tusen av dei vart avretta. Det vart vist nåde for noviser (nyvigsla). Dei hamna i fengsel. Etter gammal tradisjon fekk menn ta seg av avretting av kvinnelege slektningar heime.

Somme har kalla denne tilburden ”Europas første hekseprosess” og hekseprosessane som Kyrkja gjennomførte i Middelalderen brukte faktisk progromane mot bacchene som modell.

 

STYX

Styx var ei OKEANIDE datter av TITANEN OKEANOS og TITANINNA TETHYS. Okeanos hadde 3000 barn, men Styx var den førstefødte av dei. Namnet tyder ”hat”. Okeanidene var NYMFER som heldt til på dei store hav, men Styx var elvenymfe – ho var faktisk einaste kvinnelege elvegudinne. Styx var elva ein måtte over for å kome til Underverda - Styx låg som ei diger vollgrav omkring heile Underverda. Ferjemannen KARON ferja dei døde sine sjeler over elva Styx.

Styx byrja sitt laup i fjella ved oldtidsbyen Nônacris (Sjå under LYCAON). Elva Styx heiter no Mavronéri, og ligg nordaust i Arcadia. Den stuper utfor ei 183 m høg klippe, og renn så gjennom ei vilt gjøl. Dei gamle grekarane meinte at vatnet i elva var giftig.

Styx skal ha vore mor til sigers-gudinna NIKE, som ho fekk med titanen PALLAS. ACHILLES vart dukka i Styx for at han skulle verte usårleg, men mora, nymfa THETIS gløymde å dukke eine hælen - den ho heldt barnet i.

Sjå også HADES.

 

Styx var også vernegudinne for dei heilage eidane som gudane var bundne av. Det var ZEVS som bestemte dette, som takk for at Styx og hennar barn kjempa på Zevs’ side i den store Titan-striden.  Når gudane skulle avlegge eid, så avla dei eid til elva Styx.

Dei udøyelege gudane avskydde elles Styx. Men når det var usemje mellom gudane på  Olympen, sendte Zevs den kjappe IRIS til Underverda for å hente ein mugge vatn frå Styx. Når ein gud tømte vatn frå Styx ut av muggen, var han tvungen til å seie sanninga. Straffa for å bryte denne eiden var eitt år utan ambrosia, nektar og air. Dessutan fekk han ikkje vere med på fest. (Antikke forfattarar dikta opp mykje slikt banalt tull om gudane – det er ingen grunn til å ta det særleg seriøst).

 

SYLFIDER

 

Sylfidene er luft-ånder og ånder for store, åpne plassar. Dei har mykje felles med regn-nymfene HYADENE. Men dei kan ikkje knytast korkje til gresk eller romersk mytologi – vi kjenner mest til dei frå europeisk Middelalder. Dei liknar på dei før-romerske GENII og JUNI, men tilhøyrer helst keltisk mytologi. Dei germanske Alvane minner også om sylfidene.

Sylfidene er av hokjønn. Dei har eit mannleg motstykke – sylfar.

Ei sylfide kan ha skap av ei sky eller ein virvel-vind. Somme av dei er menneskeliknande NYMFER – ofte gjennomsiktige og med venger. Vengene kan vere av type fugl, insekt eller flaggermus. Dei kan ha fjør eller insekt-antenner. Sylfidene kan vere små som humler, eller digre som tordenskyer. Alle sylfider flyg.

Sylfidene lever i stamme-flokkar. Mange av stammene har den magiske evna å kunne endre sin storleik. Du kan studere ei lita sky som dukkar opp på himmelen – på ei kort stund kan ho vekse seg diger.

Sylfidene spår og kontrollerer veret og vindane.

Sylfane og sylfidene har mange likskapar med Bibelens englar, og i europeisk middelalder-folketru vart sylfider og englar lett blanda saman.

 

Sylfidene var ustadige og intense. Dei var verneånder for dei villaste villmarkene og dei høgaste fjelltoppane. Det er først og fremst her dei høyrer heime. Sylfidene og sylfane svevar høgt under himmelen saman med ørnene. Dei trivs best i einsemd, og bryr seg minst mulig om jordisk politikk og intriger. Men deira æresord er ubryteleg – det forsvarar dei til langt etter døden.

Sylfidene og sylfane kan styre draumane til folk.

Sylfar og sylfider ter seg på kongeleg vis, etter ein stolt, gammal arv, som nå er i ferd med å dø ut. I vår moderne tid er det stadig færre sylfider som er ute og flyg. Sylfidene er ein utdøyande rase – dei er dei første av menneske-slekt som vil omkome i Fimbulvinteren som nærmar seg.

Sylfane og sylfiden ser ut som høge, lyse menneske, med eit par venger på ryggen som er dobbelt så lange som kroppen. Dei har store, skarpe auge som falken, og deira andlet er skarpt trekanta. Sylfe-barn tar sjeldan kontakt med menneske, men dersom dei gjer det, så knyter dei band som varer livet ut. Sylfe-barn vert kalla kjerubar.

Sylfane og sylfidene var seinare namn for dei rural-romerske verneåndene GENII og JUNI. Somme av dei var sterkt knytt til ein geografisk posisjon. Små rituelle handlingar burde forrettast for å blidgjere desse:

 

Du må jamt ofre til omns-ånda for å halde huset fritt for skadedyr og spindelvev. Til låve-ånda må du ofre for at den skal ta vare på avlinga. Dei må få mat og drykk, og ein lærbit slik at dei kan reparere støvlane sine.

Skal du ut på ei lang reise, må du ofre noko til skogånda ”Treskjegg”, slik at du ikkje går deg bort. Du bør også ofre til ”Vegslange”, slik at han ikkje set snarer for deg. Desse offergåvene bør gravast ned slik at dei varer.

For at vatnet i brønnen din skal halde seg godt, må du halde deg inne med jordvatn-åndene. Når du har brygga ferdig vin eller øl, så må dei få første smaken, så brukar dei verte nøgde.

For å halde sjukdomsånder og uvelkomne gjestar borte, må du sjå til at statuen av gardsvakta ser solid ut. Legg eit stykke jern på tunga hans, slik at han kan tale med makta til det kalde jern.

Du må gi eit verdfullt offer til dei bleike elve-nymfene, som ein nyfødt hest, kalv eller sau, slik at dei ikkje druknar dine barn. Dei bleike elve-nymfene kan ikkje føde barn sjølve, så dei er sjalu på alle foreldre, og vil gjerne stele eller drukne døyelege sine barn.

Heng nokre bjeller i eit tre, slik at Vindheksa har noko å styre med. Når ho får spele på bjellene, gløymer ho å ta pusten frå dine barn, kyr, sauar eller hestar.

Betal alltid avgift til trollet under brua, slik at du trygt kan passere. (Eigentleg dreide dette seg om å hive eit kjøtstykke ut i elva, slik at ”Brumannen” gjekk etter dette i staden for å ta deg).

 

Eg kan utbrodere denne lista i det uendlege, men dette får greie seg. Men hugs – åndene kan vise seg for deg. Det kan skje spontant og plutseleg. men ofte på spesielle dagar i året, slik som Åndenatta (Ty Kora Tek), då grensa mellom den jordiske verda og åndeverda er veikare enn til vanleg.

Kvar kjem dei stadbundne åndene (Genii Loci) frå? Somme kan vere ånder som har valgt å knyte seg til ein spesiell stad, og andre kan ha blitt slik ved folk si tru på dei. Somme kraft-ånder kan vere resultat av ein ekte heltedåd, slik som ånda til obsidian-steinen til Svartstein-klanen til Vantaros-stamma nær Alda Chur. Somme er ein guddoms forlenga arm, eller barn av ein guddom. Somme av åndene er så sterke at det dannar seg ein eigen kult omkring dei, slik som kulten til Den blå hjort.

Somme sylfar og sylfider er kjent ved namn. Her er nokre av dei:

Pust-stelar. Han stel pusten din, og gjer deg veik og hjelpelaus. Skal du stoppe ein gallopperande hest, så send ein pust-stelar på han. Men ein pust-stelar vert sterkare dess meir pust han stel, så du kan lett miste kontroll over han. Pust-stelarane er i slekt med Vind-åndene.

Kniv-vindane stikk deg med iskalde vind-knivar, så du vert beinfrosen og demoralisert. Dei har sine heimar der det er vinter og kaldt, og er vanskelege å påkalle.

Skrikerskene hyler så forferdeleg at du må bare halde deg for øyrene. Dei kan gjere deg døv. Dei kjem med stormane.

Dukketeater-dukke-styrar grip deg i armar og bein og hovud, og filleristar deg. Det er umulig å frigjere seg frå han. Men han kan påkallast om du treng å få rista eple ned frå eit tre.

Vindblomster er sylfer som angar som finaste parfyme. Kan du binde dei til ditt hus, så vert kona di velnøgd.

Stinkarar er illeluktande sylfer. Du kan sende dei til din fiendes hus – eit sleipt råd. Har du ein stinkar omkring deg, så er det eit   vondt varsel. Men somme likar stinkarar, og andre likar vindblomster....smak og behag!

Kvervlar er nyttig for å skape øydelegging over eit stort område. Heile landskap kan bli rasert, så Vind-herrar og Storm-stemmer må vare seg når dei prøver å kommandere Kvervlarane.

 

SYMPLEGADENE

Symplegadene var to troll-klipper som vakta inngangen til Svartehavet. Med jamne mellomrom klappa dei saman, og knuste alt som var imellom dei. Sjøfararar som måtte passere klippene, heldt pusten i angst – det var eit lotteri med livet. Men JASON og ARGONAUTANE hadde fått eit råd av Phineos. Dei overlista Symplegadene ved å sende ei due i førevegen. Klippene klappa saman om dua, of Argonautane segla igjennom medan klippene trekte seg tilbake att.

 

 

 

                                 Til framsida

 

 

 

1