GRESKE OG
ROMERSKE GUDAR |
||
Gudar på T |
Forfatta av Aslak Nedregård |
Gresk |
|
Romersk |
||
|
|
|
||
Tacita vart også
kalla LARA, LARENTA, Dea Tacita og MUTA. Tacita var
romersk gudinne for stillheit, og
i denne funksjon vart ho kalla MUTA og ”Den stille og tause muse”.
Opphavleg var Tacita ei NAJADE som prata for mykje. Lala var
hennar namn då, og det namnet tyder ”prat”. Ho sladra til HERA at ZEVS
elska med JUTURNA. Som straff reiv Zevs tunga ut av ho, og bad HERMES
bringe ho til HADES. Ho vart nymfe i Dødsriket. Ved dette vart namnet hennar
endra frå Lala til LARA. Endå seinare vart Lara omdøypt til Tacita.
Dette namnet skal tyde noko slikt som ”Den som er brakt til tausheit”. I seinare, romersk tid vart Tacita hylla med ein
fest kvar 23. desember, som heitte Larentalia.
For nå vart ho assosiert med Mor Jord-gudinna LARENTA. Som nymfe i Dødsriket vart
Tacita (Dea Larenta) dyrka som dødsgudinne.
Tacita stogga baksnakk, vond sladder, vond tale,
vonde tunger. Romarane trudde det låg magisk kraft i vonde tungers tale, og
dei ofra til Tacita for at ho skulle verne dei mot slikt. I ein romersk
versjon av myten om Zevs og Lara, heiter det at JUPITER reiv tunga ut
av Lara, og at MERKUR valdtok ho før han brakte ho til Dødsriket. Men
så fødte Lara tvillingar av denne valdtekten – dei vart LARENE – Lares
Compitales, som er vaktarar for alle krossvegar. Vi augnar ein gammal
gresk symbol-myte som er blitt romifisert. Ein patriarkalsk gudekonge prøvde
å stogge munnen på ei gudedronning tilhøyrande ein matriarkalsk kultur. Han
sigra i første omgang, men greidde allikevel ikkje å utrydde den
matriarkalske kulten. Det
var kvinner i Romarriket som dyrka Lara, Larissa, Muta, Tacita eller kva enn
dei kalla ho. Truleg sette den romerske statsmakta liten pris på desse
kultane, som altså levde i beste velgåande, sjølv om dei mannlege
himmelgudane hadde rive tunga ut av Tacita. Det ser ut til at gudinna hadde
ein heltinne-status hos kvinnene. Vi kjenner ikkje
kva kultur som først dyrka Tacita. Hennar mange namn gjer ho ekstra komplisert
å finne ut av. Truleg er Tacita resultat av samansmelta minner etter fleire
ulike kvinnekultar. Kanskje forstår du meir om du slår opp på LARA og LARENTA? |
||||||||||
|
sjå PERDIX |
|||||||||
|
Det er sagt at Tantalos var son av ZEVS. Ein kar som heitte Tmolos har også fått skulda for å
vere faren. Han var guddom/prest ved ein eike-heilagdom ved Tmolos-fjellet, i
Lydia, Lille-Asia; eit godt stykke
frå kysten. Det var så mange som likte å kalle seg ”Son av Zevs”, så eg
reknar det mest sannsynleg at Tmolos var den eigentlege faren til Tantalos. Saman med dronninga si, OMPHALE, regjerte Tmolos over Lydia.
Han var dommar i musikk-tevlinga mellom PAN
og APOLLON, som Apollon vann.
(Andre kjelder hevdar at kong MINOS
var domar i denne tevlinga). Mora til Tantalos heitte Pluto, og var datter av CHRONOS/RHEA; (OKEANOS/TETHYS seier somme). Namnet Tantalos tyder ”stakkar,
øydelagt” eller noko slikt. Han budde ved Sipylos-fjellet i Lydia, på Lille-Asia-kysten. Tantalos er blitt kalla ”Konge av Argos” og Konge av Korint”. Andre fortel at han drog
nordover Liller-Asia-kysten til Frygia
og prøvde seg som konge der, men vart fordømd av gudane fordi han hadde
forført broren til kong GANYMEDES,
og at Ganymedes landsforviste han derifrå. Tantalos vart gift med Euryanassa – ho var datter av
elveguden Paktolos. Tantalos hadde
fleire elskarinner – mellom andre PLEIADA
DIONE. Tantalos fekk barna PELOPS, NIOBE og Broteas. (Når
det gjeld Pelops er farskapet noko usikkert). Tantalos var godkompis med Zevs, og
vart inviterte til olympiske festar der det vart servert nektar og ambrosia. Ein
gang inviterte han gudane heim til seg på Sipylos-fjellet. Men like før
gjestane kom, oppdaga han at han hadde for lite mat å servere. Han slakta då
sonen sin, Pelops, og blanda han i gryteretten. (Under LYCAON kan du lese ei lik historie –
det ser ut til at prestane til ein gammal kult likte å dupere prestane i den
nye kult, ved å narre dei til å begå kannibalisme – ete menneskekjøtt). Alle gudane oppdaga at dei vart servert
menneskekjøtt, og viste maten frå seg, bortsett frå DEMETER. Ho var i djup sorg over tapet av PERSEPHONE, og vardest ikkje at ho åt Pelops venstre skulder. Snart fann også gudane ut at Tantalos
hadde knabba med seg ambrosia frå Olympen, og delt det ut til sine jordiske
venner. Nå vart han straffa for desse to misgjerningane. Hans kongeriket vart
lagt i ruinar, og Zevs tok livet av han. Så vart han dømt til evig liding i
Dødsriket, saman med IXION, SISYFOS, TITYOS, DANAIDANE og
andre. Nå heng han i tau frå ei frukt-tre-grein, som ragar over ein sumpsjø.
Sjøens bølger skvalpar han til brystet. Han er tørst som faen, men kvar gang
han prøver bøye hovdet for å drikke av sjøen, så fell vasstanden brått. Treet
er fullt av pærer, eple, fiken, oliven og granateple, og han er mektig svolten,
men kvar gang han prøver å gripe etter ei frukt, så kjem eit vindkast og bles
ho unna. Dessutan heng ei diger steinblokk frå Sipylos-fjellet over Tantalos,
og trugar med å knuse hovudet hans i kvart augeblikk. Denne straffa var for
eit tredje brotsverk Tantalos hadde gjort – han hadde vore med på å stele ein
gull-mastiff – ein diger vakthund
av gull, som RHEA hadde bedt HEFAISTOS lage til Zevs, då Zevs var
reivunge på Kreta og dia geita AMALTEA. Etter at Tantalos hadde fått straffa
si, bad Zevs HERMES samle saman
bitane av Pelops, og koke dei i gryta ein gang til. Zevs tilsatte gryta
trolldom, og lagnadsgudinna CLOTHO sette
bitane av Pelops saman. Demeter gav han ei solid elfenbein-skulder, og Rhea
pusta liv i han, medan Geite-PAN
dansa i glede (heitte det). Pelops steig ut av gryta i så fager
klednad at POSEIDON straks vart
forelska i han, og tok han til Olympen i ei vogn trekt av gylte hestar. Der
fekk han jobben med å vere munn-skjenk og sengekamerat for Poseidon. Zevs gav
GANYMEDES beskjed om at Pelops
skulle få ambrosia. Det er mat for
gudar, som gir evig liv. Pelops visste ikkje at han
hadde elfenbeins-skulder før hans søster Niobe gjorde han merksam på det.
Alle ekte etterkomarar av Pelops har slik skulder. Då Pelops døde vart denne
skuldra hans tatt vare på i byen Pisa.
Strabo fortel at Tantalos, Pelops og
Niobe var frå Frygia, og at dei
skaffa seg rikdom frå gruvedrift i Frygia og ved Sipylos-fjellet. Folket til
Tantalos hadde eit Zevs-altar ved IDA-fjellet,
som låg i same distrikt som Sipylos-fjellet. I Tantalos’ regjeringstid vart Lydia og Ionia råka av eit gruveleg jordskjelv. Mange landsbyar forsvann sporlaust. Sipylos-fjellet vart endevendt. Myrer
vart til innsjøar, og Troja vart
ståande under vatn. Byen Tantalis
på Sipylos-fjellet forsvann i ei kløft, som sidan vart til Saloë-sjøen, som også vart kalla
Tantalis. Ein kunne sjå ruinane av byen på sjøbotnen, men med tida vart dei
dekt av mudder. (Men Plinius
påstår at tre byar vart bygd oppå ruinane av byen Tantalis før den siste av
dei sakk i sjøen). Robert Graves er inne på at Tantalos kunne vere ein årleg
heilag-konge, som vart ofra ved at han vart pakka inn i alle slags frukter og
kasta i elva. Spor etter ein slik skikk er funne i Balkan. Men eg trur ikkje
at Tantalos, med alle ugreiene han fekk stelt i stand, var konge i bare eitt
år. Ein trur Tantalos var knytt til ein eike-kult, og at han også vart dyrka som ein TITAN. Eike-kult-folka, som arkadiarane,
var rituelle kannibalar. Dei tilbereidde rituelle gryterettar for Ulve-Zevs. Vi ser at gudenamnet Zevs ikkje er
eintydig. Det var mange sortar Zevs. Kvar Zevs-dyrkande by dyrka sin eigen
versjon av Zevs. Zevs-presten Tantalos vart dyrka på Pelopponnes. Pelopponnes har namn etter Pelops, men sjølv om Pelops vart partert og servert som gryterett
av Tantalos, vart Tantalos likevel dyrka på Pelopponnes. I Normandie vart ein fyr som vart
kalla ”Den grøne ulv” kasta på det rituelle midtsommar-bålet. Det er hevda at
PALLADIUM-statuen er laga av
Pelops’ elfenbeins-skulder. Nei, det vert vanskeleg nå – Tantalos er ikkje
lette å finne ut av! |
|||||||||
|
Taraxippos tyder
“heste-skremmar”. Taraxippos var ei konge-statue – eit altar, som skulle rundast under hestelaupa i Olympia.
Debutant-hestar vart skremt av dette altaret, og kunne løpe løpsk og drepe
vognmannen. Før laupa vart det difor ofra til Taraxippos. Altaret, eller
haugen altaret stod på, var grava til ein særs dyktig hestevognmann, vart det
sagt. Sjå meir under GLAUKOS. |
|||||||||
|
Tartaros var ei egn som låg under
Underverda. Det var langt nede i Jordas indre. Denne egna var personifisert
ved guddommen Tartaros - avkom av
mor-jord-gudinna GAIA. Tartaros vart til under skapings-prossessen,
og oppstod straks etter at urtilstanden CHAOS
var oppheva. Tartaros var ein region - Tartaros var "kjellaren" i Underverda. Tartaros låg
like langt under Underverda som Jorda låg under Himmelen. Ein ambolt vil
falle så lenge som ni dagar før han når ned til Tartaros. Namnet Tartaros tyder også ”Landet lengst
borte i vest”. Somme meinte at Tartaros var ei egn langt inne i Jordas indre,
medan andre såg på Tartaros som ei egn langt ute i Atlanterhavet, der sola
stod opp. URANOS forviste sine vanskelege
søner, CYKLOPANE, til Tartaros. Tartaros var stengt med sterke
jernportar. Etter striden mellom titanane, då ZEVS detroniserte CHRONOS,
dømde Zevs Chronos og dei andre titanane som hjalp han, til å vere fangar i
Tartaros. Seinare vart namnet Tartaros brukt om
Underverda som heile, som eit synonym til HADES; (sjå HADES). I
andre tradisjonar var Tartaros staden der syndarar fekk si straff etter
døden. Legendariske syndarar, som lapittane sin konge IXION, og korintarane sine kongar SISYFOS og TANTALOS,
måtte lide i Tartaros. Endå seinare vart Tartaros staden der sjelene til
vonde menneske måtte lide si straff. Tartarane, som nå har tilhald mellom
anna på Krim-halvøya, har kanskje fått namn etter Tartaros. For då dei
krigerske tartarane ein gang gjekk til åtak på grekarane, gjorde dei så
skræmeleg inntrykk at grekarane meinte dei måtte kome frå sjølvaste Tartaros.
(Men tartarane kalla seg sjølv taurarar, og kanskje er det bare dette namnet grekarane har vridd
på). Mange ulike mytologiar fortel om heroar som har tatt seg ein tur til Tartaros,
Underverda, Helheimen. Her listar eg opp nokre av desse heroane: GRESK:
THESEVS, PEIRISTHOOS, HERAKLES,
ODYSSEVS, ORFEOS BABYLONSK: Bel, Marduk ITALISK:
AENEAS IRSK:
Cuchulain BRITISK:
Arthur, Gwydion, Amathaon BRETONSK:
Holger danske NORRØNT:
Hermod KRISTENDOM:
Kristus Opphavet til nokre av mytene om heroar som
måtte ein tur innom Tartaros, kan skrive seg frå regelen som måtte
overhaldast i ein periode av gresk oldtid; at ein heilag-konge ikkje kunne regjere lenger enn i eitt år. Nokre av
heilagkongane fann opp smutthol i regelen – dei arrangerte ei symbolsk
dagsreise til Tartaros, og når dei var tilbake, kunne dei regjere eit år til.
I det døgeret då heilagkongen var fråverande, vart ein mellombels konge,”interrex”,
sett på trona. Denne stakkars vikar-kongen vart vel oftast tatt av dage når
heilagkongen vende tilbake. NOKO Å GRUBLE PÅ: Den babylonske guden Marduk var også kjent av
etruskarane. Dei kalla han JASON,
og hans dødsreise gjekk ut på at han skulle ned i havet og kjempe mot
sjøuhyre. Det ser ut til at han vart slukt av ein monster-kval, men
overlevde. Myten minner om Bibelens ”Jonas i kvalfiskens buk”. Jason og Jonas
er namn som liknar på kvarandre. |
|||||||||
Tauropolos
var son av DIONYSOS/ARIADNE, og vaks opp på Kreta. Namnet
hans tyder ”oksedrepar” – noko som kan tyde på at han kom sigrande ut av ein
rituell kamp mot ein okse. Oksen symboliserte maskulinitet – det sterkaste maskuline prinsipp. Kvinnene søkte
kontakt med oksar når dei ville verte med barn. For mennene var det ei
manndomsprøve å sigre over ein okse i tvekamp – ein slags tyrefekting, og den
spanske tyrefektinga var nok opphavleg ei slik rituell manndomsprøve. I Knossos, kong Minos’ palass på Kreta,
er freskomåleri som viser ein vågal leik, der unge menn triv tak i horna på
ein framstormande okse og let seg kaste over oksens rygg. Ariadne vart avvist av THESEVS, men Dionysos plukka opp den
forsmådde Ariadne og gifta seg med ho. Ariadne vart dyrka på Kreta som månegudinne. Ho fekk mange søner med
Dionysos, som alle var store vin-elskarar: OENOPION, THOAS, Tauropolos, EUANTES, og dessutan dattera LATROMIS.
Desse fem søskena vart høvdingar over kvar si gresk stamme, og dei innførte
vindyrkings-kulturen til Chios, Lemnos og Trakia. Tauropolos slo seg ned på Krim-halvøya på nordsida av Svartehavet, og vart stamfar til Taurarane. Det ser ut til at Taurarane
seinare dyrka ARTHEMIS, (som også
var Måne-gudinne), for mykje seinare hadde Alexander den store planar om å oppføre eit tempel for Arthemis Tauropolos i byen Amphipolis i Makedonia. (Sjå også
under TARTAROS). At Tauropolos og søskena
hans var barn av Dionysos/Ariadne, må antakeleg ikkje takast bokstavleg. Det
var vel heller slik at dei tilbad dette gudeparet, og såg på dei som sine
guddommelege foreldre. |
||||||||||
|
Den kvite oksen Tauros var ei gåve frå POSEIDON til den kretiske sagnkongen MINOS. Namn som MINOTAUROS og TAUROPOLOS
tyder på at oksen Tauros var sentral i gammal-kretisk mytologi. Far til den
kretiske sagnkongen MINOS var ZEVS, som hadde omskapt seg til okse,
heitte det. Men dette er nok eitt av dei mange eksempla på patriarkalsk
historieforfalsking. Oksen Tauros var av eldre årgang enn Zevs, men då dei
patriarkalske Zevs-dyrkarane kom til makta, ville dei altså ha det til at den
oksen som vart rekna for å vere far til kong Minos, eigentleg var Zevs. Utallige historier fortel om Zevs i ulike
forkledningar som set barn på kvinnelege guddommar. Desse historiene skulle
legitimere Zevs’ innpass i dei gamle matriarkalske kultane, og dei opphøgde
han endogtil til sjefen sjølv.
Skulle ein sigre over kvinner, så måtte ein valdta dei - slik var den
patriarkalske oppskrifta, og dette fenomenet er velkjent opp gjennom
historien. Og patriarkatet sin gudekonge valdtok matriarkatet si
gudedronning, eller inngjekk ekteskap med ho, for å uttrykke det på ein
finare måte. Men patriarkane var ikkje nøgd med dette – dei måtte også valdta
eller ha samleie med matriarkatet sine gamle gudinner, og derfor dikta dei
opp alle desse mytane om Zevs’ kjærleiks-eventyr. Tauros tyder ”okse”, og Minotauros
tyder ”oksen til Minos”. Minos heldt Minotauros i fangenskap – det var eit
problematisk tilhøve mellom dei to. Tauros/Minotauros var knytt til den gamle
matriarkalske kulten. Minos var kanskje ein heilag-konge som skulle ofrast
til Tauros når regjerings-året hans var ute. Han prøvde å unnsleppe denne
lagnaden ved å ta kontroll over Minotauros, men han sat langt frå trygt på
trona. Så då atenaren THESEVS kom
og baud seg til å kjempe mot Minotauros, var det ikkje nei i Minos’ munn –
han fatta von om å verte kvitt trugsmålet. Thesevs’ siger over Minotauros må
forståast som ei symbolhistorie, som fortel at den patriarkalske kultur sigra
over den matriarkalske. Kreta eksporterte kopar-barrar. Desse hadde ei
standard-vekt, og var prega med eit oksehovud. Tauros-oksen var ein fræve-guddom –
ingen kunne gjere kvinnene fruktbare som oksen. Når kvinner ville verte med
barn, søkte dei til oksar. Mange gamle matriarkat-kulturar dyrka oksen som
fræve-guddom. Andre dyrka hesten,
men oksedyrkinga er nok eldst. Sjå TAUROPOLOS.
Sjå APIS. Sjå MINOTAUROS. Eg skal prøve å fortelje oksens
historie, og om oksens tilknyting til religionane. Men vi må ikkje gløyme
kua. Kua hadde også ei sentral rolle
i mange gamle jordbrukskulturar. Kua var den fruktbare – ho var livgivar og
jordgudinna som fødte og gav næring til nytt liv. Men oksen var den potente.
Matriarkat-kulturane hadde observert at kua trengte okse for å få kalv, og
kvinnene trudde at oksen også kunne gjere dei
fruktbare. Kreta hade nært samband med Egypt, så eg fortel mellom anna ein del
om Apis-dyrkinga i Egypt: UR-OKSEN Farlegaste dyret ein kunne treffe på
i dei veldige europeiske skogane i steinalder-tid, var den store villoksen
som er kalla urokse (aurochs,
urus), Bos primigenius. Han levde samtidig med sabeltann-tiger og
mammut under istidene. Arten utvikla seg i India for 2 million år sidan, og
invaderte Midt-Austen i tidleg kvartær. Til Europa nådde uroksen for 250 000
år sidan. I
varme-periodane mellom istidene var det særleg store bestandar av urokse i
Europa. Også under istidene klarte oksen seg bra, i strøk der kystklima
mildna kulden. Nærare to meter høg kunne han verte, og vog innpå tonnet. Han var langbeint og lettbygd, men med
kraftige knoklar og ein fryktinngytande, muskulløs nakke. Av farge var han
glinsande svart, med ei kvit rand langsetter ryggen og eit kvitt bles fremst
på naseryggen ved mulen. Kyrne var mindre enn oksane, og meir brunlege av
farge. Arten fans også på det afrikanske kontinent - der var både okse og ku
raudbrune av farge. Horna var kraftige og lyreforma - opptil 3 fot lange -
lyst gråbleike, med svarte, framoverretta oddar. Individa oppnådde jamnleg
ein alder på 20 år. Føden var gras, knoppar, ungt lauvverk, greiner og somme
slags bark. Brunsttida kunne variere. Svangerskapet varte 284 dagar, og
oftast vart bare ein kalv født, som etter kort tid kunne følge
flokken. Dyra var
svært raske og aggressive - dei heldt saman i mindre flokkar, og gjekk til åtak
heller enn å vike unna om nokon kom dei for nær. Særleg farleg var
leiaroksen. Han vakta flokken under beiting - han sneik omkring i dei tette
skogsnar, på vakt mot rovdyr som truga. Luktesansen var god - han hadde peila
deg inn før du vardes flokken. Han sneik seg tett innpå deg - så frøste han
skræmeleg og kom som eit kanonskot brasande ut av krattet. I SKOGAR OG OGSÅ PÅ STEPPER? I si velmaktstid var uroksen vidt utbreidd i Europa, i sørlege
Asia og i Nord-Afrika. Indisier tyder på at somme stammer hadde tilhald på
stepper, medan andre hadde sitt habitat i skogen og skogkanten. Uroksen vart
også kalla steppe-okse. Så var vel ikkje Europa bare tjukk skog, men
også stepper? Kanskje var det i stor grad uroksen som sørgde for å halde
steppene intakte, ved å beite ned busker og skogstre som elles ville stå tett
som jungel? Uroksane som beita på steppene gjekk kanskje i flokkar på
tusener av individ, som den amerikanske bison, medan dei flokkane som hadde
tilhald i skogen var meir på familie-storleik, som moskusokse-flokkar. Hadde somme
flokkar tradisjon for å halde seg i skogsområde medan andre hadde steppene
som habitat? Var det sesongmessige veksling mellom tilhald i skog og på
steppe? I SKANDINAVIA På Jylland vart det for nokre tiår sidan funne ein gammal urokse-skalle
i ei myr, og det er etablert eit heilt lite oldtids-museum omkring dette
funnet. I Sverike fans uroksen truleg heilt fram til vikingtida, og kanskje
vandra streifdyr inn på norsk område? Men arten hadde nok vore så utsett for
jakt at det var eit sjeldsyn å treffe på ein urokse i Skandinavia så seint
som i viking-tid. ARTEN DØDE UT Arten
overlevde i England fram til bronsealderen, og verdas siste flokkar av urokse
levde i dei tette, prøysiske skogane til ut på 1600-talet. (Ved Kaliningrad i
Russland, og i tilgrensande polske område). Den siste lille flokk av arten Bos
primigenius døde ut i eit jaktreservat ved Warszawa i mellom 1618 og
1627. Horna til desse siste uroksane hamna i Stockholm - dei kan skodast på
museet "Livrustkammaren". STAMFAR TIL
TAMKVEG Ein trur at alle europeiske storfe-rasar stammar frå uroksen.
Rasar som særleg minner om han, er den spanske kampoksen, korsikansk
landsbykveg, skotsk høglandskveg og engelsk park-kveg. Ein tysk zoolog har
prøvd å gjenskape arten Bos primigenius ved å krysse kveg frå
Camargue, Corsica, Spania og Storbritania. ANDRE VILLE STORFEARTAR
Uroksen
må ikkje forvekslast med visent (europeisk bison). I den geologiske
tidsalderen vi kallar Pleistocen, (2,5 million år - 10.000 år sidan)
fans det tre storkveg-artar i Eurasia:
Nå fins
vassbøffel bare i varmare strøk i Asia. Visenten har så vidt overlevd i
mindre reservat i Polen og Russland, medan uroksen er utdødd som art. |
|||||||||
|
UROKSEN I PALEOLITTISK RELIGION
Medan
istidas tyngjande, kalde bre ennå klemde Nord-Europa under seg, for 35 000 år
sidan, laga steinalderfolk i noverande Frankrike og Spania holemåleri av
uroksar og andre villdyr, i djupe grotter. I Lascaux-grotta i Midt-Frankrike,
spring fire veldige oksar over taket i hovudkammeret. Den største av dei er
meir enn fem meter lang frå hovud til hale. Nokre av oksane er teikna med kun
omriss-strek, medan andre er farga og konturert. Omkring dei dansar kyr av
mykje mindre storleik. I grotta finn vi også måleri av hjort, steinbukk,
hestar og visent. I andre holer i Spania og Frankrike - det er funne omlag
hundre av dei - finn vi teikningar av mammut, villsvin, nasehorn og fisk. Men
mest halvparten av dei avbileta dyra er urokse og hest. Det er
laga mange teoriar om kvifor holemåleria vart laga. Helst vert holekunsten
rekna å vere eit element i religions-utøvinga:
Ikkje
noko daglegdags gjekk føre seg i grottene. Grottene var ikkje buplassar. Dei
førte skræmeleg djupt inne i berget - var stupandes mørke og svært vanskeleg
tilgjengelege. Noko særskilt dreide måleria seg om. Holemålarane måtte samle
stort mot for å ta seg inn i jordas innste rom, og vektige ærend måtte dei
ha. Dei kraup
gjennom trange passasjer og klatra over kløfter og juv, med primitive faklar
som hjelperåd mot det totale mørkre. Og det gjalla kaldt og holt - kvar småsteinen som
spratt mot avgrunnane. Djupt der inne i berget dreiv dei så på i timar og
dagar med målarkunstane sine - laga kunstverk for åndene, gudane; og få
modige, utvalde som våga seg inn hit - og for ettertida. UROKSE-DYRKING I CATAL
HUYUK
Vi går
nokre tusen år fram gjennom historien – til Catal Huyuk, som låg midt i
noverande Tyrkia for 8.500 år sidan. Dette er ein av dei eldste byar vi
kjenner. Her hadde folk samla seg, etter å ha omstrukturert seg frå å vere
jegarar/samlarar til å bli bønder. Byen hadde omlag 6000 innbuarar, som budde
i hus som låg tett samanpakka innanfor eit område på 120 mål. Husa var bygde
av murstein av leire, og hadde flate tak. Gater mellom husa var ikkje
oppfunne, så samferdslen gjekk frå tak til tak, ved hjelp av trapper og
stigar. Ein tredel av alle romma i byen hadde religiøs funksjon. Dette tyder
på at kvar familie hadde sitt eige sakrale rom - heilag-rom. I desse
heilag-romma var det bilete av uroksar. Oksebilete var malt på veggane, og
oksehovud som var modellerte i leire raga ut frå andre veggar. Dei
fleste heilag-rom hadde eit altar, og altaret var dekorert med oksehovud i
leire. Noke av oksehovuda var reparerte og nymåla opptil 100 gangar; truleg i
samband med utøving av religiøse rituale. I somme av heilagromma var kranier
av urokse mura inn i veggen, med horna intakte. I eitt rom var sju par svære
horn mura inn i ein leire-benk - det eine paret framom det andre. Somme av
okse-bileta var knytt ihop med kvinne-figurar, som truleg skulle symbolisere
ei mor-gudinne. Også
andre dyr var representerte i heilag-romma - gribb, rev, sobel, leopard og
vær, men uroksen var det dominerande innslag. Det er
ikkje funne noko som kan tyde på at urokse vart slakt-ofra i desse
heilagromma. Her fins ikkje spor etter blod, og ikkje kunne det ha vore lett
å få brakt ein urokse inn, så kronglete og trange som tilkomstane var.
Derimot var små offergåver gravd ned under golva - fugle-egg og verktøy av
stein. Dette er tolka slik at uroksen ikkje var noko offerdyr som kunne
ofrast til ein guddom, men at uroksen sjølv var ein guddom som det vart ofra
til. Vi veit
ikkje om innbuararne i Catal Huyuk hadde temt uroksen. Tamkveg brukar vere
mindre av storleik enn sine ville artsfrender. Urokse-krania i heilagromma i
Catal Huyuk var store, men det går mange generasjonar før dvergvekst er
framavla, så vi veit ikkje. Men 2000 år seinare - for 6.500 år sidan
- då var uroksen temt. Det må ha vore litt av ein jobb! Og frå uroksen
stammar truleg alt tamkveg vi har i Europa i dag. |
|||||||||
|
UROKSEN I EGYPTISK
RELIGION
Sjølv om
uroksen vart husdyr, vart han framleis dyrka som guddom. Mellom anna i Egypt
vart uroksen temt. Dei første jordbrukssamfunna her etablerte seg i små
landsbyar. Kvar landsby valde seg eit totem-dyr, og vanlegast var det å vigsle
landsbyen til oksen. Oksen symboliserte kraft og styrke. Det vart arrangert
kampar mellom menn og okse - dette var ein manndomsprøve. Kunne ein mann
overvinne/nedlegge ein okse, var han guddommeleg sterk. Oksekampane vart
etter kvart kongelege, kalenderfesta og sterkt ritualiserte. Kongen nedla
oksen - dei rituelle reglane favoriserte kongen framfor oksen, så dette gjekk
som oftast bra. Etter
kvart vart kongen identifisert med oksen. Han tok namn som "Sterke
Okse", og kunstnarar som portretterte kongen, skildra han som ein okse
som kasta sine fiendar høgt til vers, og stanga ned festningsverka deira. I fjerde
årtusen før vår tidsrekning vart landsbyane i Øvre- og Nedre Egypt samla til
to kongerike, og omlag år 3000 fvt. vart dei to kongerika
samla til eitt. Ein ny hovudstad vart grunnlagt - Memfis, like sør for
der Nil-deltaet byrjar. Her vart ein okse-gud dyrka - hans namn var APIS.
Apis vart ein av dei viktigaste egyptiske guddommane. Apis vart
reinkarnasjonen av guden PTAH. Ptah var ein gud med menneskeskapnad.
Ptah var all verdas skapar - han hadde skapt både gudar og menneske, og deira
livsrom. Som skapar var Ptah vernegud for alle handverkarar og kunstnarar. Og
ein utvald okse, APIS, vart dyrka i eige tempel, som Ptah's jordiske
framtoning. Når Egypts
guddommelege Apis-okse vart gammal og døde, leita prestane landet rundt etter
kalven som skulle verte hans etterfølgar. Dei såg etter spesielle teikn. Han
skulle vere svart, med ein kvit trekant ved augebryna. Over skuldrane hadde
han eit lyst felt som likna ein gribb med utstrekte venger; på sidene eit
halvmåneforma merke; og eit anna merke, som likna ein falk, på underlivet.
Halen hadde dobbelt hårsett, og under tunga var eit merke som likna ei
skarabé-bille. I vill
tilstand ville ein okse/ku med slike farge-avvik verte avvist av flokken, og
ikkje greie å formeire seg. Dei egyptiske kveg-haldarane har favorisert og
avla vidare på slike fargeavvik - (lette å kjenne att; magiske; kuriosa). Når
prestane kunne proklamere at ein ny Apis var funnen, vart det jubel over
landet. Barn som vart født på denne dagen fekk namn som "Oksen er
funnen". Den nye Apis vart ført i prosesjon til Memphis. På vegen vitja
han templet til elvegudinna HAPI, og fekk gå på beite her medan dei i
Memphis gjorde seg klare til å ta imot han. Bare kvinner kunne vitje han i
Hapi-tempelet. Når dei stod framfor han, kledde dei seg nakne og utførte
rituelle handlingar. Dette skulle gjere dei fruktbare. (I 1851 vart ein okse-figur gravd fram ved
Saqqara, og då heiv egyptiske kvinner seg på han og reid - så minnet om
dyrking av oksen som fræve-guddom eksisterte ennå så seint i Egypt). Etter
nokre dagar ferja prestane den nye Apis nedover Nilen til Memphis. Der fekk
han tilhald i Ptah-templet, i eit særskilt område på sørsida. Der levde han
resten av sitt jordiske liv. Prestane hans smurte han dagleg inn med
parfymerte salvar, og han vart servert utsøkte rettar. På spesielle dagar
vart kyr førte inn til han, slik at han kunne utføre heilagt parringsrituale.
På årsdagen for kongens tilsetjing følgde han kongen i prosesjon langs landets
grenser, for å fornye markenes fræve. På fest-dagar paraderte han framfor
folket med blomsterkrans om halsen og ei solskive av gull mellom horna. Nå
kunne tilbedarane rådspørje han. Dette gjorde dei ved å skrive råd på to
leirtavler. Eine tavla rådde slik, og andre slik. Så la dei tavlene på kvar
si side av vegen der oksen skulle gå, og såg kva tavle han gjekk nærast.
Dette rådet følgde dei. Når Apis
utanda etter 20 år eller så, vart namnet hans endra til "OSIRIS-APIS",
for å knyte han til Underverdas guddom, OSIRIS.
Under den makedonske farao Ptolemaios
I Soter vart hans nye namn SERAPIS. Han vart mumifisert så
omstendeleg som ein farao, for at sjela hans skulle kjenne att kroppen i den
neste verda. Mumifiseringa tok sju dagar, og i denne tida var prestane i
sorg. Dei klaga og jamra seg og reiv sund kleda sine - kasta støv i håret og
levde på ein diett av vatn, grønnsaker og brød. Først
vart hjerna trekt ut gjennom naseborane. Så vart innmaten tatt ut ved eit snitt
i buken. Men alle organa vart tekne vare på - alt trengtes i Etter-livet.
Organa vart nøye vaska, pakka og plasserte i fire krukker. Så vart resten av
kroppen teken til balsameringsbordet, som var 6 meter langt og halvparten så
breidt, og laga av finaste alabast, med to fint utgraverte løvefigurar på
sidene. Løva var dei dødes vaktar. I
bordplata var nedslipt ei renne som hadde fall mot eine enden av bordet, og
utlaup til eit digert alabast-kar som stod under. Kroppen
til oksen Osiris-Apis låg på bordet i 40 dagar, pakka i natron på innsida og
utsida. Natron er salter av natriumkarbonat, bikarbonat m.m., som fins utfelt
som mineral ved saltsjøar i Nedre Egypt. Natron steriliserer kjøtet, og
trekker væte ut av kroppen. Kroppen tørkar inn. Etter 35 dagar vart
oksekroppen bada i balsameringsvæske. Dette er blanding av mjelk og vin som
er tilsett eine-olje, bivoks og krydder. Væska rann ned i alabastkrukka under
bordet, og hadde fått magisk kraft etter å ha vore i kontakt med okse-guddommens
kropp. Prestane tok vare på denne veska, og selde ho for dyre pengar. Vidare
vart heile kroppen dekt med smelta kvae, og så kunne bandasjeringa byrje.
Dette tok omlag 30 dagar. Magiske ord og rituale vart framsagt og utført til
kvar operasjon. På den 67. dag vart okse-mumien, kransa og pynta, plassert på
ein slede og trekt i prosesjon til ein seremoni-båt som låg og venta, følgd
av prestar, militæreskorte og representantar frå farao. Båten skulle føre okse-mumien
over sjøen som låg mellom Memphis - dei levande sin by, og Saqqara - dei døde
sin by. Komne
til Saqqara, gjekk prosesjonen langs ei seremoni-gate med 134 stein-sfinxar
på rekke, som førte til templet som var vigd Osiris-Apis. Denne bygningen er nå
totalt borte, men hogd i stein under den var katakombane der alle Osiris-Apis-oksar
var stett til kvile. Denne vart funnen i 1851, og er eitt av dei mest
sensasjonelle arkeologiske funn i Egypt. Gravkammeret
for Osiris-Apis hadde i lang tid vore nøye førebudd. Ein kvelving var
utgravd, og ein svær sarkofag stilt på plass der. I tidlege tider var
sarkofagen laga av tre, men frå 7. århundre fvt. beordra farao at sarkofagen
skulle hoggast i granitt ved steinbrot 75 mil lenger oppe i Nilen - ved
første katarakt, og ferjast ned til Saqqara. Så måtte murarar trekke sarkofagen
gjennom ørkenen og få den på plass i gravkammeret. Den vog opptil 65 tonn! Golvet i
gravromma låg 3 meter lavare enn golvet i korridorane. For å få sarkofagen på
plass måtte først gravrommet fyllast med fin ørkensand. Så vart sarkofagen
trekt inn på sanden, som etterpå vart fjerna spann for spann, til sarkofagen
stod på plass. Så ankom
oksemumien, og vart lagt i sarkofagen. Alabastkrukkene som inneheldt
innvollane vart plasserte omkring. Det vart også mange krukker som inneheldt
offergåver til Osiris-Apis, og som han skulle ha nytte av i Etter-livet. Så
vart eit digert granitt-lokk lagt på toppen av sarkofagen. Her skulle så
okseguden ligge og vente på Etter-livet. Men då
Serapium vart oppdaga og utgravd i 1851, viste det seg at det hadde vore
innbrot og røveri i alle sarkofagane bortsett frå ein. Hjørna på lokka var
blitt knust slik at eit barn kunne krype inn og fjerne alt av verdi. Bare ein
sarkofag var intakt. Her fann utgravarane - ved sidan av mumien, ein utsøkt
statue av ein Apis-okse - 120 cm høg og av kompakt gull. UROKSEN I
NEOLITTISK RELIGION I ENGLAND I februar 1999 vart det gjort arkeologiske utgravingar ved
Fengate, Petersborough i England, og her vart funne delar av ein
urokse-skalle. Skallen vart datert til 2500 år fvt. - den var frå neolittisk
tid - frå yngre steinalder. Skallen var gravlagd i ei stor og djup
grop. Deler av skallen var fjerna, men horna sat på. Arkeologane trur uroksen
har blitt utsett for eit religiøst rituale. Det er velkjent at ein i
jegara/samlar-kulturane høgakta, og endåtil tilbad dyra dei felte. Fleire
slike oksekranier med horn er funne gravlagde rundt om i Europa, med
framparten av kraniet fjerna, men med horna intakt. Ved eit utgravingsfelt i Uxbridge vart
eit nærast komplett sjelett av ein urokse avdekt. I kraniet var det plassert
pilspissar av flint. Stadnamnet Uxbridge har truleg med urokse å gjere. Uroksen
var truleg alt sjeldsynt på tida då gravlegginga i Fengate fann stad, så
nedlegginga av eit så stort og sjeldant bytte måtte ha vore eit storhende for
dei neolittiske bebuarane på staden. OKSEN I SKANDINAVISK RELIGION I svensk og
dansk jernalder vart også oksen dyrka som fræve-guddom. I Danmark trekte ein
heilag tamokse ei vogn med ei prestinne frå landsby til landsby, kvart fjerde
år. Ein annan seremoni gjekk ut på at ein tamokse fekk rusle fritt om i
landet, og kvar landsby og bondegard han kom innom, vart velsigna med lukke. |
|||||||||
|
Taygete var ei av dei sju
nymfene PLEIADENE - døtre av ATLAS og PLEIONE. Namnet hennar kan tyde ”langhalsa” (tanygennetos). ZEVS la seg etter
Taygete, men ho ville ikkje vite av han, og prøvde å sleppe unna. ARTHEMIS kom ho til hjelp, og skapte
ho om til ei hjorte-kolle. Men Zevs fann ho allikevel, og sette barn på ho –
ho fødte sonen LACEDAEMON. Taygete
hengte seg etter fødselen. (Endå ei symbolhistorie som viser til patriarkatet
sin siger over matriarkatet). Taygete
hadde ei niese som var nymfe, og som også heitte Taygete. Denne Taygete vart
gift med Lacedaemon. Denne Taygete var kanskje den same som dronning Sparta av byen Sparta, og truleg vart denne Taygete dyrka som vernegudinne av
spartanarane. |
|||||||||
var
ein blind sjåar,
som mellom anna avslørte at ZEVS
hadde lagt med ALKMENE og det var
Teiresias som fortalde OEDIPOS at
han hadde drept faren sin og gifta seg med mora si. Teiresias var frå byen Thebe, heiter det i mytene. Faren var
gjetaren Everes, og mora var nymfa
Chariclo. Teiresias påstod han
stamma frå folka som vaks fram av drake-tenner som KADMOS sådde. Somme har påstått at Teiresias vart
blinda fordi han avslørte gudanes løyndommar for menneska. (Var han slangen i
Paradis?). Andre har hevda at Teiresias vart blind fordi ATENE heldt handa for augene hans, ein gang han kom over ho
naken. Teiresias’ mor høyrde til Atenes følge. Ho bad Atene gi han synet tilbake,
men dette var umogleg, for det stod i gamle CHRONOS’ lov at ingen døyelege måtte sjå ein guddom utan løyve. I
staden fekk Atene slangen Erichtonis til
å reinse øyrene til Teiresias med
tunga si, slik at han kunne forstå fuglespråket. Så gav ho han ein stokk av kornell, som var så framifrå ein
blindestokk at han kunne vandre omkring som folk flest. Med si evne
til å forstå fuglane sin tale kunne Teiresias etablere eit orakel. Han oppretta eit
fugle-observatorium, og her gav han orakelsvar til folk som oppsøkte oraklet
hans og betalte bra for seg. Teiresias orakel var i funksjon fleire
generasjonar etter hans død. Det fins ei
tredje forklaring på kvifor Teiresias vart blind, som har ei noko underleg
forhistorie. Ein dag han var på Cyllene-fjellet,
fekk han auge på to slangar som parra seg. Begge slangane gjekk til
angrep på han. Han skada ho-slangen, og av dette vart Teiresias forvandla til
ei kvinne, og snart var han blitt ei
vidgjeten skjøge (hore). Han var kvinne i sju år, men så fekk han sjå dei
samme to slangane parre seg igjen, og denne gangen såra Teiresias
han-slangen, og vart omskapt til mann att. Så ein gang krangla ZEVS og HERA om kven som hadde mest glede av elskov av menn eller
kvinner, og dei bad Tiresias dømme, sidan han hadde vore begge deler.
Teiresias uttalte då: Om kjærleiks-gleda kan delast i ti partar, så fell tre ganger tre
partar på kvinna, og ein part på mannen. Zevs gliste, og Hera vart rasande og blinda
Teiresias. Men Zevs løna han ved å gi han eit indre syn, og ei
livslengde på sju generasjonar. Teiresias fekk
eit svært langt liv. Somme påstod at han levde i sju generasjonar – andre i
ni. I alle høve levde han frå den tida då KADMOS grunnla Thebe,
til EPIGONANE la Thebe i grus. Thebe
vart råka av to øydeleggande krigar. Den første er kalla ”Dei sju mot Thebe”.
Thebe overlevde det angrepet. Så angreip etterkomarane av ”Dei sju” Thebe –
dei vart kalla Epigonane. Thebe fall, men Teiresias og nokre utvalde familier
fekk rømme, mot at Teiresias overgav si datter DAPHNE til angripararne. Daphne hatte fått ry for å ha mykje
større spådoms-evner enn faren sin, og Epigonane (Argivane) brakte Daphne til oraklet i DELFI for at ho skulle vere orakel-medium der. Teiresias døde
første kvelden etter flukten, etter at han hadde drukke av kjelda Tilphussa. I sitt avskjedsbrev til
Daphne skreiv han at spådommane han vart så berømt for bare var oppdikta
eventyr, men at Daphne hadde ekte og store spådomsevner.
Før Epigonane gjekk til krig mot Thebe,
hadde dei vore ved oraklet i Delfi, og lova oraklet Daphne som offer-gåve om
dei vann krigen. Nå var det ei anna Daphne – ei NYMFE, som hadde tenestegjort som medium i Delfi, og trueg heitte
ikkje Teiresias’ datter Daphne, men Manto.
Daphne var då ein tittel ho fekk då ho byrja si teneste som medium i Delfi. Også etter sin død opptrådte Teiresias som sjåar, i
Dødsriket HADES. Her oppsøkte
mellom andre ODYSSEVS han, for å
få hjelp med framtida. Det er sagt at Teiresias var den einaste i Dødsriket
som fekk behalde sin normale forstand - det var PERSEPHONE som ordna det slik for han. Teiresias
vart brukt som eit felles namn på greske sjåarar som opptrådte i
ulike myter på ulike stadar til ulike tider. I India vert det framleis sett
på som eit ulukkes-varsel å sjå slangar som parrar seg - ein kan verte homosexuell av
dette. Så det er mulig at Teiresias har sitt opphav i India. Kornell er CHRONOS’ heilage busk, og symboliserer den
fjerde månad og våren. (Meir om Teiresias under OEDIPOS). |
||||||||||
Telefos var
sonen som HERAKLES fekk med
prinsesse AUGE frå Mysia. Han vart sett ut i skogen for
å døy - vart funnen av ei geit - oppfostra hos ein gjetar - kom til Mysia som
vaksen - hjalp sin morfar å drive bort ei overlegen fiendehær, og skulle få
dattera hans (mora si) som belønning. Men Herakles sende ein veldig orm til
bryllupet, som skilde dei, og Herakles fortalde så at dei var mor og son.
Telefos vart så gift med datter til kong PRIAMOS
av Troja, og kjempa i krigen mot Aten. Men hans uvenn, vinguden DIONYSOS, let vekse brått opp ein vinranke,
som han snåva i, og ACHILLES stakk
sverdet gjennom han. Men sidan lækte Achilles såret med spydspissen sin, og i
takksemd over dette deltok Telefos sidan i krigen på grekarane si side. |
||||||||||
Telesto var ei OKEANIDE,
og ho var gudinne for suksess. |
||||||||||
Tellus var romersk
(eigentleg før-romersk) jord-gudinne. Ho vart kalla Tellus Mater og TERRA MATER – ”Mor Jord”. Tellus og Terra var samme
guddom. Tellus hadde dattera FAMA. Så var ho fræve-gudinne, og kunne liknast med den greske GAIA. Særleg var ho vernegudinne for drektige husdyr. Tellus var som oftast å
sjå saman med CERES. Det skumle med Tellus
var at ho også var Mor for dei døde. Alle som døydde vart gravlagde i
hennar liv (livmor). Tellus var ei svært
tidleg gudinne, frå langt tilbake i steinaldertid. Ho vart nok dyrka under
mange namn og på mange vis. Dei mange små steinfigurane av feite kvinner som
arkeologane har gravd fram rundt om i Europa, forestiller Tellus. Tellus hadde eit tempel
på Forum Pacis i Roma. Det vart bygd
i år 268 fvt. Det vart feira religiøs fest for Tellus 15. april; denne festen
vart kalla Fordicidia. Då
vart 31 drektige kyr ofra, og dei ufødte kalvefostra vart brent. Meininga med
denne seremonien var at dei drektige kyrne skulle overføre fræve til jorda.
Aska etter kalvane vart teken vare på av vestalinnene (prestinnene til
gudinna VESTA),
og vart nytta under ein festival for forfedrene seinare i månaden; Paralia. I dagane 24. – 26. januar var ein festival for
Tellus og Ceres som heitte Sementivae. Då
vart gudinnene påkalla for å velsigne det nye årets utsæd, og såmennene. |
||||||||||
TEMPESTAS |
Tempestas var romersk gudinne for vind og storm. |
|||||||||
Terminus
var romersk vernegud for eigedoms-grenser. Hans statue var ein grensestein eller ein grensepåle. Han rapporterte til JUPITER
om noko var gale. Det
vart sett opp bytesteinar som grensemerke mellom dei ulike jordeigedommane.
Folketrua var at desse grensesteinane var heilage, og hadde guddommeleg
kraft. Ei forbanning råka alle som prøvde å flytte ein grensestein. Dette var
elles dødsstraff for eit slikt brotsverk. Kvar
23. februar vart det arrangert ein festival som heitte Terminalia. Då
vart heilagt blod helt på grense-steinane, og dei vart pynta med
blomsterkransar. Med tida byrja folk å rekne bytesteinane som guddommar. Namnet
JUPITER, tyder eigentleg ”Guden i steinen”, (Deus Pieter). Jupiter vart dyrka som vernar av grenser under
namnet Jupiter Terminus. Som vi forstår vart Jupiter og Terminus mykje
samanblanda, men forståinga av tilhøvet mellom dei to guddommane varierte nok
frå tid til tid og stad til stad. Ein trur Jupiter var eldre som grensevernar
enn Terminus. Jupiter hadde mange oppgåver – ei av dei var å verne grensene.
I dette aspekt vart han kalla ”grense-Jupiter” - Jupiter Terminus, og med
tida vart første lekk i dette namnet gløymt, og grenseguden vart heitandes
bare Terminus. Slik var det sikkert! I
ein legende heiter det at Terminus var den einaste guden som ikkje ville vike
unna då Jupiter flytta inn i templet sitt på Capitol i Roma. I dette
templet vart dyrka ein grensestein kalla ”Terminus’ stein”. Det var romarane sin legendariske kong Numa
som introduserte Terminalia-festen. Ein enkel grensestein var sentrum for
festen. Seinare vart steinen tilhogd som eit menneskehovud. Han hadde ikkje
bein og armar, og det skulle symbolisere at han stod fast, og ingen planar
hadde om å flytte på seg. Under festen vart det ofra vin, blomster, olje og
mjelk til Terminus. |
||||||||||
Terra betyr ”Jord”. Terra var den romerske Jord-gudinna. TELLUS
heitte ho også. Ho likna på grekarane si GAIA. Og
romarane kalla ho mellom anna BONA DEA
– ”Gode Gudinne”. Så kalla dei ho Terra
Mater, som betyr ”Mor Jord”. Sjå TELLUS. |
||||||||||
Tethys må ikkje forvekslast
med titaninna THETIS. Tethys var
også titaninne – eitt av dei tolv barna til URANOS/GAIA. Namnet
hennar tyder ”ordnar, tilretteleggar”. Tethys vart også kalla Thalassa (som tyder "Sjø"), eller Pelagos (som også tyder "Sjø"). Dessutan vart ho kalla Mare
(Hav), og under dette namnet vart ho mor til all fisk, og det var havguden PONTOS
som var faren. Men Tethys’ ektemann var havguden OKEANOS. Tethys var sjølvaste havgudinna – Mor Hav. Ho var havets motstykke til landjordas GAIA. (Legg merke til at Gaia var mor
til Tethys). Mange lokale havgudinner, som EURYBIA, vart ofte titulert ”Tethys”. Tethys var datter av HEMERA (DAGEN) og ETHER (den klare luft i det øvre
luftlag). I følge ein myte var Tethys mor til nymfene
ELEKTRA og STYX, som ho fekk med OKEANOS.
Ho var personifiseringa av det fruktbare havet, og ho fekk over 3000 barn med
Okeanos - desse var alle verdas bekkar, elvar og innsjøar, m.a. elveguden CEPHISSOS. Tethys var pleiemor for RHEA, som ho oppdrog under
borgarkrigen mellom TITANANE og
gudane på Olympen. Tethys vart dyrka som gudinne for
navigasjon og sjøfart - sjøfolk ofra til henne før dei drog ut på havet. I Den pelasgiske skapingsmyten (sjå under EVRYNOME 2), vart Tethys, saman med OKEANOS, sett til å bestyre planeten Venus. I det 14. århundre fvt. var
Egypt i strid med ei gresk stamme av ”sjø-folk”. Bibelens Abraham hadde kontakt med dette
sjøfolket. Somme trur dette sjøfolket dyrka Tethys, og at Tethys er kalla Het i Første Mosebok. Ein
av planeten Saturn sine månar har fått namn etter Tethys. |
||||||||||
- sjå TETHYS |
||||||||||
Thalia
1 var ei av dei ni MUSENE. Ei av dei tre GRATIENE Sjå MUSENE. |
||||||||||
Thalia
2 var ei av dei tre CHARITENE. Sjå
CHARITENE. |
||||||||||
|
Thanatos var grekarane si
personifisering av Dauden. Thanatos var son av NYX (natta) og EREBOS
(mørkret). Han var den eldre tvillingbror av HYPNOS (søvnen). Romarane kalla han MORS. Thanatos og Hypnos
hadde nokre vonde søstre, KERES,
som stod for død forårsaka av vald, ulukke og sjukdom. Thanatos’ død var av
det slaget då ein bare sovnar inn, og aldri vaknar meir. Somme har kalla søvnen ”Den Lille Død”. Den vart altså
representert ved Hypnos. Thanatos representerte ”Den Store Død”. Thanatos kom
stilt og fredeleg. Thanatos er
skildra som ein streng prest i Dødsriket, HADES. Han hadde svart kappe, og bar eit heilagt sverd som han
brukte til å klippe ein lokk av dei døyande sitt hår. Denne hårlokken ofra
han til Hades og PERSEPHONE. Han
vart avbileta som ein mann med venger. Det er sagt at
Hypnos prøvde å etterlikne storebroren sin, men han hadde ikkje same krafta,
så dei han brakte i søvn vakna att etter kort tid. Annleis var det med
Thanatos – av hans søvn vakna ingen. Dei udøyelege
gudane trong ikkje frykte Thanatos, men dei ville allikevel ha minst mulig
med han å gjere. Dei tre
lagnadsgudinnene, MOIRENE, er
knytt til Thanatos. Moira ATROPOS
bestemmer lengda på kvar mann og kvinnes liv, og ho hentar Thanatos når
dødstimen er inne. Dei døyelege menneska hatar dauden.
Dei kallar han svart, vond og grusom. For dei trur at mørkret vil falde seg
om dei når dauden legg si tunge hand på dei. Sjølv om Thanatos først kjem når
folk er utgamle, så seier folk at dauden kjem brått, uanmeldt og
overraskande. Men ingen bør tvile på at dauden kjem, og ingen veit om han vil
oppleve morgondagen. |
|||||||||
Thaumas var ein av dei
greske havgudane. Han var mektig, og son av PONTOS og GAIA. Namnet
hans tyder "Under". Det er mange underlege vesen i havet, og
Thaumas fekk namnet sitt fordi han hadde frambrakt alle desse. Med si kone ELEKTRA, som var rav-farga skyer,
fekk Thaumas døtrene HARPIENE, som
var kvervelvindar, og regnboge-nymfa IRIS.
Harpiene var lyshåra, og flaug gjennom lufta på raske venger. Dei snappa opp
brotsmenn, og avleverte dei til ERINYEN
for avstraffing. Harpiene budde i ei hole på Kreta. Thaumas
var bror til NEREOS, PHORCYS, EURYBIA og KETO. Det
betyr at PHORCIDENE og NEREIDENE var kusiner til harpiene. |
||||||||||
Theia
var ei av dei
12 eldste TITANANE. Ho vart også
kalla Thia og Euryphaessa. Ho var lysets
gudinne. Ho har fått skulda for at gull-pengar vart oppfunne. Ho vart gift
med titanen HYPERION, og dei fekk
barna HELIOS (Sola) SELENE (Månen) EOS (Morgonrauden) I Den pelasgiske skapingsmyten (sjå
under EVRYNOME 2), vart Theia,
saman med Hyperion, sett til å bestyre Sola. |
||||||||||
|
Themis var ei av dei 12 eldste TITANANE. Ho vart ZEVS’ andre elskarinne, etter METIS. Themis er av Homer skildra som
ei olympisk hovmeisterinne. Themis
gav den nyfødde APOLLON nektar og
ambrosia (eleksir for evig liv). Themis innstifta lovene og reglane som
gudane måtte rette seg etter. Ho var gudinne for rettferd, lova og den evige
jamvekta. Ho er biletgjort med sverd i eine handa og ei vekt i den andre.
Vekta symboliserer rettferd, og sverdet symboliserer at dei som bryt lovene
får si straff. Med Zevs
fekk Themis døtrene HORAENE, (årstidene). Namna til horaene var : EVNOMIA (orden) DIKE (rettferd) EIRENE (freden) Dei gamle grekarane hadde bare tre
årstider – vår, år og vinter (forår, etterår, vinter). Horaene hjalp Themis
med å oppretthalde den guddommelege orden ho hadde innstifta. Med Zevs
fekk Themis også dei tre døtrene MOIRENE;
gudinner for lagnad. Desse tre
heitte: KLOTHO (teinen) LAKHESIS (spinnerska) ATROPOS (den som klipper av livstråden) I Den pelasgiske skapingsmyten (sjå under EVRYNOME 2), vart Themis, saman med EVRYMEDON, sett til å bestyre planeten Jupiter. Det heiter at GAIA var den første som residerte i DELFI og gav orakelsvar der. Gaia
vart etterfølgd av Themis, men så kom APOLLON
og tok over oraklet. Det er ei underleg sak, dette. Apollons mor, LETO, kunne ikkje die den nyfødte
Apollon, men Themis kom til og fostra Apollon opp på gude-maten nektar og
ambrosia. Då Apollon var vaksen, kom han til Delfi og drepte slangen PYTHON, som vakta oraklet der. Så
sette Apollon seg på den krakken med tre bein, tripoden, som orakelprestinna PYTIA sat på når ho skulle få sine orakel-svar. Men somme påstår at Apollon
var bare reivungen då han drepte Python, og at GAIA då, for at menneska ikkje skulle verte heilt hjelpeslause,
gav menneska evne til å sjå framtida i draumane sine om natta. Men Apollon
drog til Olympen og klaga til ZEVS over dette, og Zevs tok frå
menneska evna til å vere sanndrøymde, slik at Apollon fekk tilbake sitt
monopol til å spå framtida. Andre har hevda at etter
Themis og før Apollon, så var det ei anna dame som bestyrte oraklet i Delfi –
nemleg titaninna PHOEBE (Foibe).
For når prestinna PYTIA skulle
fortelje sine spådommar, innleia ho med denne tale: Først i bøna mi, vil eg
høg-ære mellom gudane den første profet, Gaia, og etter ho Themis, for ho var
den andre profet, og ho overtok profet-setet etter mora si. Slik fortel soga.
Og som tredje kom ei anna titaninne, også datter av Gaia, Phoebe her. Ho overtok Themis’ sete;
ikkje mot Themis’ vilje, men med hennar velsigning. Phoebe gav profet-setet
vidare til Phoebus (Apollon); han
som heiter etter Phoebe. Titanen PROMETEVS kalla Themis for ”mor”, men
slik titulerte han også Gaia. Somme trur at Gaia og Themis var samme
guddommelege person. Themis rådde Prometevs frå å delta i den store titan-striden mot OLYMPIARANE, for i denne striden
ville dei gløgge vinne over dei sterke. Themis var vernegudinne for
alle avlagte eidar, og ho vart kalla ”eids-gudinna”. Ho budde på Olympen tett
ved Zevs. Det er sagt at det var frå Zevs at alle spådommar kom, og at han
kviskra dei i øyrene til Themis. Men andre har hevda at det var ved Themis’
hjelp at Zevs vart himmelgud. Themis
var av svært gammal dato, og det er sagt ho var den første gudom som det vart
bygd tempel for. Det oldtidas forfattarar lar oss få vite om Themis, Gaia,
Apollon, Phoebe og Zevs, smakar mykje av politisk propaganda. Korleis sakene
eigentleg hang ihop, kan vi bare lure på. |
|||||||||
Thermia var romersk gudinne for varme vasskjelder. Desse kjeldene vart rekna å ha lækjande kraft,
og i gresk-romersk tid var slike kjelder særs populære. Lokale gudinner vart
oppfunne som verneguddommar for dei. Til dømes var det på den greske øya Lesbos ei helsebringande kjelde, og
her vart gudinna Arthemis Thermia
dyrka. |
||||||||||
Therpsichore
var ei av musene. Sjå MUSENE. |
||||||||||
(Theseus) |
Thesevs
vart av mange rekna for den største av dei atenske HEROANE. Det er to teoriar
om foreldra: 1: AEGEOS
- konge av Aten. 2: POSEIDON,
havguden; og at mora var AETHRA -
datter av kong Pittheos av byen Troezen. TIL ATEN I ein myte heiter det at
Thesevs vart oppfostra i Troezen.
(Sjå under AEGEOS). Seksten år
gammal drog han til Aten, og sa seg vere son av Aegeos. Thesevs ankom Aten
med eit sverd, og eit par sandalar som Aegeos hadde lete bli igjen i Troezen
for sin son. MEDEA, Aegeos’ kone,
prøvde å forgifte Thesevs, men straks Aegeos kjende att sandalane og sverdet,
proklamerte han at Thesevs var hans son, og han let Medea lyse fredlaus. MONSTER OG BANDITTAR Snart etter dette drog
Thesevs ut på eit farleg oppdrag – å reinske alle landevegar for bandittar og
monster. Mellom dei bandittane som Thesevs drepte, var SKIRON, SINIS og PROCRUSTES.
Kvar av dei vart drept på same vis som dei sjølv hadde drept sine offer. MINOTAUROS OG ARIADNE Ein av Thesevs tidlege
heltedådar, var hans tvekamp med MINOTAUROS
- eit uhyre - halvt menneske og halvt okse, som heldt til i LABYRINTEN under palasset til kong MINOS på Kreta. Atenarane hadde myrda
ein av Minos’ søner, og som straff for dette forlangte Minos at atenarane
kvart år skulle sende han sju unggutar og sju ungjenter som skulle ofrast til
Minotauros. Men eitt år vart Thesevs
med som ein av dei sju unggutane. Med hjelp frå Minos’ datter ARIADNE, drepte Thesevs Minotauros,
og Ariadne hadde gitt Thesevs eit nøste med raud tråd, som han nøsta ut etter
som han vandra gjennom Labyrinten. Ved å følge tråden tilbake, fann han vegen
ut av Labyrinten etter å ha drept monstret. Ariadne ville vere med Thesevs
heim til Aten, men han etterlet ho på eit aude nes. Her fann DIONYSOS ho, og gifta seg med ho. På
heimveg til Aten ...- Thesevs hadde avtalt med faren sin at han skulle heise
eit kvitt segl, dersom han hadde overlevd kampen mot Minotauros. Kong Aegeos
såg skipet kome inn mot byen med svart segl. Thesevs hadde gløymt å heise det
kvite. Aegeos trudde då at sonen hans var død, og kasta seg i fortviling i
havet frå ei høg klippe. Dette havet har sidan blitt kalla Aegear-havet. AMAZONENE OG ANTIOPE Thesevs var tiltrekt av
farar og eventyr, og det er sagt at han var med på Herakles’ felttog mot AMAZONENE. Thesevs fekk amazona ANTIOPE (Melanippe) i krigsbytte. Rykta seier elles at ho kom til han
ganske godvillig og nyforelska. Med Antiope fekk Thesevs sonen HIPPOLYTOS, som vart konge i Troezen.
Hippolytos var oppkalla etter mostra si, amazona HIPPOLYTA. I ein annan myte heiter det
at Thesevs, saman med PEIRITHOOS
segla til Amazonenes land nokre år etter at krigføringa var over, og at dei
vart vel mottekne. Antiope steig ombord i Thesevs skip med eit lass gåver,
men då letta Thesevs straks anker og bortførte ho. Amazonene reiste ein veldig
hær, og drog mot Aten for å hente Antiope tilbake. Antiopes søster Oreithyia leia hæren. Ho inngjekk
allianse med skytarane, og hæren
gjekk på isen over stredet mellom Svartehavet og Asovhavet (Det Kimeriske
Bosporos). Så drog amazon-hæren vidare
langs nord- og vest-kysten av Svartehavet, og kryssa elva Danube (Donau). Dei
drog gjennom Trakia, Thessalia og Boötia. Oreithyeia slo leir med hæren
utanfor Aten, og ofra til ARES. Ei
avdeling av hæren invaderte Lakonia, slik at folket på Pelopponnes (spartanarane
m.m.) ikkje kunne kome Thesevs til unnsetjing. Thesevs hadde samla ein
stor hær, og dei to hærene stod og truga kvarandre i fleire dagar. Så ofra
Thesevs til PHOBOS, og kampane
byrja. Ei kjelde hevdar at amazonene tilbaud fredsavtale etter fire månadar
med harde kampar. Andre kjelder fortel at kampane pågjekk til Antiope, som
kjempa på Thesevs side, vart drept av spydet til amazona Molpadia, og at Thesevs etterpå drepte Molpadia. Så byrja
amazon-hæren vike, og rømde til slutt. Oreithyia kom seg med ein liten flokk
til Megara, der ho døde av
forbitring. Andre amazoner slo seg ned i Skytia.
Dette var første gang atenarane slo tilbake ein invasjonshær. I ein myte heiter det at
Antiope vart drept av Thesevs. Sjå ANTIOPE.
ANDRE DRAMATISKE
HENDINGAR Thesevs var med i Den kaledonske villsvin-jakta (sjå MELEAGER), og han var med ARGONAUTANE då dei jakta på Det gylte skinn. Thesevs var ein av dei
greske hærførarane under Trojanarkrigane.
Han hadde sonen Akamas, som også
var med i kampane mot Troja. Akamas har fått skulda for at mandeltreet
blomstrar før lauvsprett, for den trakiske prinsessa Phyllis var kjær i han, og etter at grekarane hadde vunne over
Troja, gjekk ho ni dagar på rad ned på stranda for å skode etter Akamas’
skip. Så trudde ho Akamas hadde omkome på heimvegen, og døde av sorg . ATENE
skapte ho då om til eit mandeltre. Akamas nådde heim neste dag, og han
omfamna mandeltreet så hardt at det kom i blomstring. Sidan har alltid
mandeltreet sett blomster før det får blad. |
|||||||||
|
I UNDERVERDA Thesevs var godvenn med PEIRITHOOS, lapittane sin konge - han
vart med han til Underverda for å berge gudinna PERSEPHONE. Dei vart begge fengsla av HADES, men HERAKLES
fridde Thesevs. THESEVS DØD Tilbake i Aten fann Thesevs
sitt rike i uorden, herja av opprør og korrupsjon. Han makta ikkje å skape ny
orden, så han sendte
borna sine bort, og sigla sjølv til øya Skyros.
Her vart han myrda av kong LYCOMEDES,
som heiv Thesevs utfor ei klippe og til havs. Seinare befalte oraklet i
Delfi atenarane å samle Thesevs bein ihop og føre dei tilbake til Aten. Og
atenarane bygde eit gravmæle for Thesevs, dedikert til dei fattige og
hjelpelause, som Thesevs hadde hatt omsut for. - - - Mangt
tyder på at den historiske person
Thesevs var ein gammal heilag-konge, som bar løvemaske – eit
solkonge-symbol, og at han også hadde noko med bier å gjere. Truleg
var Thesevs prestekonge for helladane,
og dette var så tidleg i historien at byen Aten ennå ikkje var etablert.
Thesevs var prestekonge for guden himmelguden ZEVS,
og/eller APOLLON som var solgud. Seinare, i Aten si tidlege
historie, vart mytene om Thesevs knytt til guddommane Poseidon og Atene. THESEIA Theseia var ein fest
som grekarane arrangerte til minne om og til ære for Thesevs. Det var store
prosesjonar, og ofringar og idrettskonkurranser. Eit heilagt måltid av kjøtt
og graut vart udelt til folket, for Thesevs var folkets velgjerar. |
|||||||||
|
Les om
Thesevs og Peirithoos i Tartaros under PEIRITHOOS. Thesevs overvann den visse død to gangar – då han var i
labyrinten på Kreta, og då han saman med Peirithoos var i Tartaros. Sjølv om
mytene fortel at Thesevs og Peirithoos var svorne venner, så var det nok i
realiteten sterk rivalisering mellom dei. Thesevs var helladisk høvding,
medan Peirithoos tilhøyrde steinalderfolka (ionarane?) som befolka
Pelopponnes før helladane kom og byrja sin erobringspolitikk. Helladane ville
gjerne at kongane deira skulle verte guddommeleggjorte og udøyelege slik som gudane
til steinalderfolket, men steinalderfolket gjekk ikkje med på dette, så lenge
dei hadde noko dei skulle ha sagt. Parallelt med den militære striden
foregjekk ein religiøs strid - dei to
partane slo kvarandre i hovudet med mytar; om det var Thesevs eller Peirithoos
som slapp unna Tartaros – det var eit stort stridstema. |
|||||||||
(Thestios) |
Thespios vart
også kalla Thestios. Han
var konge i Aitolia, og gift med Megamede. Han grunnla byen Thespiae ved foten av Helikon-fjellet. Her ved fjellet
feira thespianarane ein årleg fest til ære for MUSENE, med mykje leik og moro. Som øvste guddom hadde dei
kjærleiksguden EROS, og på den
heilage seremoniplassen ved fjellet stod ei statue av han. Her arrangerte
thespianarane elskovs-leikar til ære for han. Thespios hadde femti lystige døtre med
Megamede. Han ottest at dei skulle inngå uhøvelege ekteskap – dei var så kåte
at dei kunne finne på å hoppe til sengs med kven det skulle vere. Nå var
Thespios og hans nabokonge AMFITRYON,
plaga av ei løve som herja kvegflokkande; Den Kitærske løve. Thespios hadde bodsendt HERAKLES for å hjelpe seg med løva, og han bodde hos Thespios, og
var kvar dag ute på jakt. Thespios bestemte seg for at alle døtrene hans
skulle få barn med Herakles. Thespios tilbaud Herakles si eldste
datter Procris, og ho kom til han
første natta. Men kvar natt seinare kom ei ny av Thespios’ døtre til
Herakles, til han hadde lagt med dei alle saman. I ein annan
myte heiter det at Herakles låg med alle døtrene i løpet av ei natt, bortsett
frå ei. Denne stritta imot, og forblei jomfru alle sine dagar, og tente ved
templet i Thespiae. Prestinnene ved dette templet har vore jomfruelege sidan. Herakles
fekk 51 søner med Thespios’ døtre. Til sist fekk han has på løva også. Vi
høyrer ofte om 50 døtre i mytane; mellom andre DANAÏDENE, Pallantidene
og NEREIDENE. Thespios’ døtre vart
kalla Thespiadene. Keltarane hadde
tilsvarande mytar. Dette fenomenet er tolka slik, at det dreide seg om 50 måneprestinner som tente Månegudinna. Ein gang i året kunne
den heilage Solkongen kome til
Månegudinna. Han var kledd i løveham, og det vart arrangert erotiske leikar
omkring ein stein-fallos som bar namnet EROS. Dei gamle månedyrkarane brukte
ein kalender med stor-år – ein
periode på 4 år (seinare kalla olympiade). I eit storår vandra MÅNEN 50 gangar omkring jorda, og derfor skulle tallet på
måneprestinner vere 50. I
seinare erotiske månekultar vart tallet på prestinner 12. Slik var det med vestalinnene i VESTA-templa tidleg i den romerske konge-tida, der vestalinnene
vakta over ein erotisk fallos-stein. Namnet Thespios tyder ”guddommeleg lydande”, og kan ha samanheng
med at eit orakel var knytt til templet i Thespiae. Når mediet mumla, messa,
sang eller brølte fram sine orakelsvar, meinte folk det var ei gudommeleg
røyst dei høyrde. |
|||||||||
Thetis må ikkje forvekslast med TETHYS. Thetis vart av grekarane
rekna som ein av TITANANE - dvs.
ein av dei eldste gudane. Men Thetis var eigentleg eldre enn gresk mytologi,
og hadde sitt opphav i ein gammal matriarkalsk kultur. Ho var havgudinne, som
hadde skapt Universet. Frå havet kom alt liv! Thetis var født av GAIA/URANUS (påstod grekarane). Ho vart også rekna som ei av NEREIDENE. Nereidene var havnymfer
- det var i alt 50 nereider, og dei 49 andre pla ledsage Thetis. (Meir om
dette under THESPIOS). Nereidne var vennlege og gåvmilde.
Thetis skal ha fostra opp smedguden HEFAISTOS.
Denne myten har nok si rot i at bruken av metall kom til Hellas frå øyane i
havet. Herfrå importerte grekarane fine metallarbeid i bronse og gull. I
myten heiter det at grekarane sin smedgud, Hefaistos, vart oppfostra i
Thetis’ grotte (med undersjøisk inngang) på øya Lemnos, av Thetis og EVRYNOME 2.
I ni år var Hefaistos i grotta, og vart undervist i smedkunst. (Sjå HEFAISTOS). Det er
sagt at HERA henta Hefaistos til
Aten då ho skjøna kor dugeleg han var i smedkunst. Somme trur at Hafaistos
eigentleg var ein heilag-konge på
Lemnos, som skulle rituelt ofrast etter å ha vore konge i eitt år. Han vart
berga ved at aeolane okkuperte Lemnos, og dei brakte han til fastlandet, for
hans store smedkunsters skuld? Havguden POSEIDON hadde sett seg ut Thetis som ektemake, men ein spådom sa
at Thetis skulle føde ein son som skulle verte mektigare enn faren sin. Av
denne spådommen fekk Poseidon kalde føtter, og prøvde i staden å få Thetis
gift med ein av dei døyelege si ætt. Han (og ZEVS) oppmoda den myrmidonske kong PELEOS til å prøve seg, og han hadde lukka med seg. Peleos feira bryllup med Thetis ved
fullmåne, utanfor CHIRON’s grotte
på Pelion-fjellet (i
Thessalia på det greske fastland). Alle OLYMPIARANE var der – dei sat på tolv troner. HERA sjølv løfta brure-fakkelen, og
Zevs var det som gav bort bruda. MOIRENE
og MUSENE sang; GANYMEDES skjenka nektar, og dei 50 nereidene framførte
ein spiraldans i den kvite sanden. Ein stor flokk med KENTAURAR deltok i bryllups-festen. Dei bar kapper av gras,
svinga eldpiler og spådde god lykke. Chiron gav Peleos eit spyd – Atene hadde
laga skaftet av asketre frå Pelion, og Hefaistos hadde smidd bladet. Gudanes
fellesgåve til Peleos var ei gedigen gull-rustning, og av Poseidon fekk han i
tillegg dei to udøyelege hestane Balios
og Xanthos. Men
stridsgudinna ERIS var ikkje
invitert til bryllupet, og ho hemna seg ved å skape ein vond strid. Medan
Hera, Atene og AFRODITE sat arm i
arm og tøyseprata, kasta ho inn eit gulleple. Peleos tok opp eplet, og det
var skrive på eplet: ”Til den vakraste”. Stakkars Peleos visste ikkje kven av
kvinnene han skulle gi eplet til, og dette fantestykket til Eris var det som
eigentleg forårsaka trojanarkrigane.
Kort etter bryllupet nedkom Thetis med
ein son som seinare vart til heroen ACHILLES.
Ho dukka Achiles i elva STYX for
at han skulle verte usårleg, men gløymde å dukke den hælen ho heldt han i. I ein annan myte heiter det at Thetis
prøvde å gjere Achilles usårleg ved å svi kroppen hans over eit bål og gni
han inn med ambrosia, men Peleos
fekk stoppa ho då bare eine ankelen gjenstod. Då fekk Thetis eit føre, og
ville ikkje ha meir å gjere med korkje Peleos eller Achilles. Ho drog heim
til havet. Men likevel hjalp og verna ho Achilles seinare i livet. Under
Troja-krigane vart Achilles såra nettopp i denne Achilles-hælen som ikkje var usårleg, og dette vart hans bane. Thetis tok
affære då dei andre OLYMPIARANE,
under leiing av HERA (alle
bortsett frå HESTIA), surra fast ZEVS medan han låg og sov. Dei var
lei av at han skulle vere sjefen i alle ting. Thetis ante uråd – ho såg for
seg ein øydeleggande gudekrig. Ho henta den hundre-hendte BRIAREOS, og han knytte opp alle
knutane så snøgt han greidde, med alle sine hender. Då Zevs kom fri, hengte
han Hera etter anklane på himmelen som eit slakt, men tok ho til nåde
seinare, etter at alle olympiarane hadde lova at dei aldri skulle gjere
oppreist mot Zevs meir. Thetis vart
dyrka som Måne-gudinne frå gammalt av, i ein matriarkalsk kultur. (Sjå også under IXION
og KENTAURANE). Thetis vart dyrka som havgudinne
og månegudinne. Ho var månegudinne
for kulturar som var knytt til havet, særleg på mange av øyane aust i
Middelhavet. Thetis vart dyrka som trippel-gudinne
– det vil seie at ho var tre guddommelege personlegdommar i ein. Dei tre
personlegdommane tilsvarte veksande, full og minkande måne. På somme øyar
kunne trippel-gudinna verte kalla AMFITRITE
eller NEREIS, men same kva namn
dei bar – dei lokale trippel-gudinnene var alle NEREIDER. Den greske folkestamma aeolane
byrja å erobre øyane i havet. Dei undertvang dei gamle matriarkalske
månedyrkar-kulturane der, og bryska seg med å påstå at havguden deira, POSEIDON, var ektemann til alle
nereidene. Men då aeolane sin siger endeleg skulle stadfestast, miste aeolane
mot. Dei vart redde for kva eit ekteskap mellom Poseidon og Thetis kunne føre
til. Ville Poseidon verte den svake part i ekteskapet? Spådommen om sonen som
skulle verte sterkare enn faren sin skremde. Ville aeolane snart verte kua av
månedyrkarane? Aeolane våga ikkje gjere større av det enn at dei let Thetis
gifte seg med ein døyeleg – deira høvding PELEOS. Slik var det på ei øy. På andre øyar var det kanskje
andre aeolske høvdingar som inngjekk ekteskap med gudinna; eller kanskje la
Peleos seg til fleirkoneri, og gifta seg med alle sammen. I bryllups-seremoniane
måtte den lokale øvste-prestinne for månegudinna opptre som brud. Grekarane hadde så stor respekt for den gamle, matriarkalske
månegudinna Thetis, at dei kalla ho ein av TITANANE, og let ho få plass mellom Dei Olympiske Gudane. |
||||||||||
Thyone var namnet som SEMELE tok etter at sonen DIONYSOS hadde fridd henne frå TARTAROS. |
||||||||||
Tiberinus
var romersk elvegud for elva Tiber, som renn gjennom Roma. Han var
til stades og tok gjestmildt imot kong AENEAS
av Troja, då han kom rømande
til Roma etter grekarane sin siger i Trojanar-krigane. Offer-festen for
Tiberinus heitte Volturnia. Han
vart avbileta som ein gammal, skjeggete mann. Ein nyare,
gresk myte vil ha det til at JANUS
var far til Tiberinus. Tiberinus vart dyrka i Roma i dei eldste tider av byens
historie, men dersom Tiberinus vart irritert kunne han finne på å lage
skadeflaum, så romarane prøvde å unngå å uroe han. Tiberinus-kulten gjekk
”under jorda” – vart hemmeleg og obskur, og fekk låkt ry. Den moderne romar
frykta den mystiske kulten og dei skumle rituala, og ville forby denne
religionsutøvinga. (Sjå også ILIA). |
||||||||||
Tibertus var ein romersk elvegus for elva Anio, som var ei sideelv til Tiber.
Tibertus var grunnleggar av byen Tibur
(Tivoli). |
||||||||||
Namnet Tisiphone tyder "Mord-hemnerska". Ho var
ei av dei tre ERINYENE -
hemn-gudinnene frå Underverda.
Deira oppgåve var å avverge eller straffe brotsverk og vondskap. Saman med MOIRENE er Erinyene styringskvinner
for den store abstrakte gudinna ANANKE.
Erinyene var strenge, men rettferdige. Tisiphone straffa syndarar, og særleg
drapsmenn. Ho opptrådte som vitne for mordofferet. Tisiphone sit med blodstenka kjole og
vaktar inngangen til TARTAROS –
staden i Dødsriket der syndarar får utmålt si straff. Tisiphone
slo mellom andre INO og Athamas med galskap, ved å forfølge
dei for syndene deira. |
||||||||||
Titanane var barna til URANOS og GAIA - Himmel og Jord - dessutan mange av barnebarna. Det er
snakk om første og andre generasjon av titanar. Det er skilde meiningar om
kor mange titanar det var – i første generasjon har ein prøvd å sette tallet
til 12, som er eit rundt tall, og høver med tallet på månadar i året. Men
opplysningane frå dei ulike kjeldene varierer. Grekarane
kalla gjerne første generasjon titanar for "Dei eldre gudane" I lange tider styrte desse einerådig i
Universet. Dei var enormt store og uhyggeleg sterke. Titanen CHRONOS var høvding mellom titanane
til han vart detronisert av sonen sin, ZEVS.
Her legg eg først fram ein oversikt over titanane: |
||||||||||
|
TITANAR |
Første generasjon |
||||||||
|
1 |
CHRONOS |
Titananes
høvding. Gud for tida. Universets styrar. Ektemann til Rhea. |
|||||||
|
2 |
OKEANOS |
Verdselva
som flaut rundt alle land. Ektemann til Tethys. |
|||||||
|
3 |
HYPERION |
”Han
som går høgt oppe”. Far til sol, måne og dagrenning. Han vart gift med THEIA. Ingen myter er knytt til han, men med THEIA fekk han barna EOS, HELIOS, SELENE og TITAN. |
|||||||
|
4 |
KOIOS (COEUOS) |
Med titaninna FOIBE (Phoebe) fekk
han døtrene ASTERIA og LETO. |
|||||||
|
5 |
IAPETOS |
Stam-far
til menneska. Var med CLYMENE
(eller ASIA) far til PROMETEVS, MENOITIOS, ATLAS og EPIMETHEVS. |
|||||||
|
6 |
KRIOS |
Med havgudinna THETIS fekk han barna ASTRAEOS,
PALLAS og PERSES. |
|||||||
|
7 |
RHEA |
Gudanes mor.
Kona til Chronos. |
|||||||
|
8 |
THETIS (EURYBIA) |
Havgudinna,
budde langt vest. |
|||||||
|
9 |
THEMIS |
Styrar
av guddommeleg lov og rett. Gudinne for verdsordninga. |
|||||||
|
10 |
TETHYS |
Havnymfe
og kona til OKEANOS. |
|||||||
|
11 |
MNEMOSYNE |
Gudinne
for minnet (hugs), og mor til MUSENE. |
|||||||
|
12 |
THEIA (THIA) |
Lysets gudinne. Vart gift
med HYPERION. Fekk barna EOS, HELIOS, SELENE og TITAN. |
|||||||
|
13 |
FOIBE (PHOEBE) |
”Den
skinande”. Med titanen KOIOS fekk ho døtrene ASTREIA
og LETO. |
|||||||
|
|
|||||||||
|
TITANAR |
Andre generasjon |
||||||||
|
1 |
PROMETEVS |
Son av
titanen IAPETOS, og
CLYMENE, som skal ha vore datter av titanen OKEANOS.
Bror til EPIMETHEVS og ATLAS. Skapte dei dødelege
(menneska). |
|||||||
|
2 |
ZEVS |
Son
av CHRONOS/RHEA. Detroniserte faren og overtok rolla som gudanes høvding. |
|||||||
|
3 |
ASTRAEOS |
Astraeos vart
kalla “Stjernenes far”. Med morgonrauden, EOS, vart han far til dei
fire vindane, titanen EOSPHOROS, og somme hevdar også DIKE. |
|||||||
|
4 |
ATLAS |
Son av
titanen IAPETOS, og
CLYMENE, som skal ha vore datter av titanen OKEANOS.
Bar
Himmelen på sine skuldrar. |
|||||||
|
5 |
EOSPHOROS (PHOSPHOROS,
LUCIFER) |
Son av titanane ASTRAEOS/EOS.
Den personifiserte morgon- og kvelds-stjerna Venus. |
|||||||
|
6 |
TITAN |
Son av HYPERION/THEIA. Somme
påstår at han var far til ASTERIA.
Byen Titane ved Korint er
oppkalla etter Titan. |
|||||||
|
7 |
EPIMETHEVS |
Deltok i
skapingsakta. Med PANDORA fekk han dattera PYRRHA. |
|||||||
|
8 |
HELIOS |
Den
personifiserte Sola. Son av titanane HYPERION/THEIA. |
|||||||
|
9 |
MENOETIOS |
Son av
titanen IAPETOS, og
CLYMENE, som skal ha vore datter av titanen OKEANOS. |
|||||||
|
10 |
PALLAS 3 |
Son av
titanen KRIOS og havgudinna THETIS. Med STYX vart han
far til sigersgudinna NIKE. |
|||||||
|
11 |
PERSES(1) |
Son av
titanen KRIOS og havgudinna THETIS. Med titaninna ASTERIA
fekk han dattera HECATE. |
|||||||
|
12 |
EOS |
Den personifiserte morgonrauden. Med titanen ASTRAEOS vart ho mor
til dei fire vindane, titanen EOSPHOROS, og somme hevdar også DIKE. |
|||||||
|
13 |
HESPEROS |
Datter av
titanen IAPETOS, og
CLYMENE, som skal ha vore datter av titanen OKEANOS.
Vart far til HESPERIS – ei av HORAENE. |
|||||||
|
14 |
LETO |
Asiatisk
gudinne; datter av titanane KOIOS/FOIBE. |
|||||||
|
15 |
DIKE (ASTRAEA) |
Datter av
titanane ZEVS/THEMIS. Gudinne for rettferd og justis. |
|||||||
|
16 |
SELENE |
Månegudinna. Datter
av titanane HYPERION/THEIA. |
|||||||
|
17 |
ASTERIA |
Det er to teoriar om kven foreldra
var: KOIOS/FOIBE, eller TITAN/ukjendt mor. Med Zevs fekk
ho sonen Herakles, som ikkje er den berømte Herakles, men ein
namnebror.Med titanen PERSES fekk ho dattera HECATE. |
|||||||
|
(1)
PERSES vart til tider kalla titan. Han var son av heroen PERSEOS og dronning ANDROMEDA, og han var første konge
over persarane, som har namn etter han. Han hadde kona ASTERIA, og dattera HECATE.
Asteria vart ved same høve rekna å vere ein kvinneleg titan. TITAN-TRUA
KOM MED EIN INNVANDRANDE KULTUR, OG DETTE SKAPTE PROBLEM I GUDEVERDA ”Titan” og ”Titaninne” kan omsetjast med lord og lady – herre og frue. Vi finn deira motstykke i tidleg
babylonsk og palestinsk astrologi. Her styrte sju guddommar over dei sju
dagane i den heilage, planetariske
veka. Var det kananittiske eller hittittiske kolonisatorar som brakte denne
tradisjonen til Middelhavet ca. 2000 år fvt, eller kanskje var det Helladane, som innvandra frå Lille-Asia
så tidleg som 3500 år fvt? Med innvandringa av titan-dyrkarar vart også
sju-dagars-veka innført. Kulten omkring titanane var ein religion som
kom utanfrå, og den vart motarbeidd av dei gamle innbuarane. Innvandrarane
sin titan-kult vart snart fordømt og avskaffa i Hellas. Sju-dagars-veka vart
også avskaffa i offisielle kalendrar. Men titanane dukka etter kvart fram
att. Nå hadde dei auka til 12 i tall – kanskje for å fylle opp tallet på
stjerneteikn i zodiaken. Seinare igjen, tok grekarane sju-dagars-veka i bruk
på ny – nå hadde dei parra ein titan og ei titaninne til kvar av dei sju
dagane, for å prøve å ordne opp i det kaos som invasjonen av titan-dyrkarar
hadde medført. Neste storhende var at ZEVS slukte alle titanane og titaninnene – seg sjølv inkludert.
Ein ny Zevs stod fram – han bestyrte heile veka. Som brystpynt bar han merka
til alle han hadde slukt. Skulpturar av Zevs pynta på dette vis er funne både
i Fønikia (Libanon), Egypt og Spania. Jødane sin sjuarma lysestake
symboliserer dei sju gudar som er blitt til ein. Den
nordeuropeiske, germanske sju-dagars-veka er arva frå keltarane, og dei igjen
har adoptert ho frå det austlege Middelhav. Søndag, tirsdag og fredag var
styrt av titaninner – dei andre dagane av titanar. Far
til titanane, Uranos, var ein hard og vond far. Han sperra inne barna sine, (CYKLOPANE, dei hundre-hendte HEKATONKHEIRANE, GIGANTANE, THETIS, MNEMOSYNE, IAPETOS, CHRONOS), i dødsriket TARTAROS, der korkje sol eller måne
lyste. GAIA likte dette ille, og egga sonen CHRONOS til opprør og hemn. Ho gav han ein skarp sigd til våpen.
Med sigden hogg Chronos mannslemmet av faren sin. Dette fall i havet. Havets
skum samla seg omkring, og i dette skummet vart AFRODITE, kjærleiksgudinna, født. Ho vassa i land på
strand-engene på øya Cythere. Straks etter at Uranos var fråtatt makta sette
Chronos fri søskena sine, titanane og titaninnene, frå det mørke Tartaros. Og
dei ville då alle at Chronos skulle bli ny øvstegud og verdsherre, og site på
gudetrona etter Uranos. Med hjelp frå søskena greidde Chronos å få sendt
Cyklopane og Hekatonkheirane tilbake til Tartaros, sjølv om mora hans, Gaia,
var svært imot dette. Ho ville ha alle barna sine omkring seg. Chronos gifta seg med si søster Rhea. Desse to
vart det andre guddommelege ektepar, etter Uranos/Gaia. Chronos styrte tida, årstidene og alle tings rørsler. Han heldt orden på
heile universet. Rhea fekk ting til å flyte. Ho regulerte rørsler og
generasjonanes gang. Ho vart
fræve-gudinne, og mor til dei
eldste olympiske gudane. Dei andre titanane og titaninnene sat på
praktfulle troner ved sidan av Chronos og Rhea, og dei hjalp Chronos med
styringa av verda, og hadde kvar sine ansvarsområde. Mange av dei vart gift
med kvarandre, og vart foreldre til mange mindre guddommar. Okeanos, som var
eldst, rådde over dei våte element. Han var ei svær elv som rann omkring
jorda – han var det personifiserte vatn. Han gifta seg med Tethys, som vart
vernar av det våte element, og frævegudinne for alt liv som har tilhald i
vatn. Ho var svært vakker, med blå auge og bølga hår. Ho fekk mange barn med
Okeanos – dei vart mellom anna foreldre til alle verdas elvar. Koios
var Uranos’ andre son. Han hadde enorme dimensjonar. Etter at Uranos hade
sett Koios, byrja han kaste alle sine barn i Tartaros. Koios var strålande
fager, livskraftig og mandig. Etter at han slapp laus frå Tartaros slo han
seg ihop med den vakre titaninna Foibe. Dei fekk døtrene Leto og Asteria, og
vart såleis besteforeldra til APOLLON,
som var son av Leto. |
|||||||||
|
Då Hyperion slapp laus frå Tartaros, fekk
alle for første gang sjå kor strålande mektig og skinande han var. Det
fløymde lys frå han i alle retningar. Namnet hans tyder ”han som går over”,
og han var sjølvaste lysguden, som gjekk over himmelen kvar dag. Han var det
himmelske lys. Hyperion vart gift med titaninna Theia
(namnet tyder ”guddommeleg”), og dei fekk tre ekstraordinære barn – HELIOS (Sola), SELENE (Månen) og EOS
(Morgonrauden). Titanen Iapetos gifte seg med ei datter av
Okeanos – CLYMENE. Ho vart ikkje
rekna som ei av titaninnene. Ho fødte ATLAS
– den veldige giganten som ber himmelen på sine skuldrar, og hans tre brør – MENOITIOS, PROMETHEVS (føretanke) og EPIMETHEVS
(ettertanke). Somme har fundert på om Iapetos var den
samme som Bibelens Jafet – ein av
Noas tre søner. Hans son Promethevs var far til DEUKALION, som grunnla menneskeætta
etter at Zevs hadde øydelagt heile jorda med ei stor flaum. Det er sett fram
påstandar om at Iapetos var gift med ASIA;
og med LIBYA. Titanen Krios veit vi ikkje så mykje om. Han
slo seg saman med nymfa EURYBIA,
og dei fekk tre søner – ASTRAEOS, PALLAS 3 og PERSES. Astraeos vart gud for stjernene. Han gifta seg med Eos,
og deira barn vart dei fire vindane, EUROS,
NOTOS, ZEPHYROS og BOREAS. Themis og Mnemosyne var to titaninner som
skilde seg frå søskena sine. Dei deltok ikkje ved hoffet at guddommelege
titanar, og dei deltok heller ikkje i den ti år lange striden mellom Titanane
og Olympiarane. Themis var vernar av dei
evige lover. Ho var mild og alvorsam. Både Iapetos og Krios vart hugtekne
i ho, men ho brydde seg ikkje om dei. Ho vart hugteken i Zevs, og med han
fekk ho fleire barn – HORAENE, MOIRENE¸ jomfrua Astarte og elvenymfa Eridanus.
Ho hjalp Zevs i krigen mot GIGANTANE. Themis var den einaste av den gamle
titan-generasjonen som vart ønskt velkommen til Olympen. Ho vart ære av alle;
for hennar forhold til Zevs, og fordi ho hadde funne opp orakla, seremoniane og
lovene. Hennar favorittsøster var
Mnemosyne. Ho var det personifiserte minne.
Ho var klokast av alle titaninnene. Også Mnemosyne stod på god fot med dei
olympiske gudane, og også ho vart kjær i Zevs. Han låg med ho i
Pieria-skogane ni netter på rad, og eit år etter fødte ho ni døtre – MUSENE, som hadde sine troner på Helikon-fjellet. Dei eldste titanane representerte naturkrefter
og naturfenomen. Dei regjerte verda under den tidlege skapingsakta. Bare
Themis og Mnemosyne representerte meir intellektuelle krefter – lov og minne. Derfor vart dei to akseptert av dei olympiske gudane. Titanane
styrte verda etter at Uranos var detronisert. Dei valde seg Chronos til
høvding. Men Chronos hadde ikkje site lenge på gudetrona før han vart like ill
og maktsjuk som faren. Han ville uskadeleggjere alle som var mektige nok til
å truge makta hans, så både Hekatonkheirane og Cyklopane hamna i Tartaros
att. Og Uranos og Gaia hadde fortalt Chronos at han ville bli detronisert av
sin eigen son, så han bestemte seg for å svelge alle sine barn straks dei var
født. Men hans kone, Rhea, greidde å lure unna den yngste, Zevs, og han gjekk
til kamp mot Chronos og Titanane, saman med søskena sine. Zevs og hans søsken
vart kalla OLYMPIARANE. Zevs
fridde Cyklopane og Hekatonkheirane frå Tartaros, og dei kjempa på
Olympiarane si side i krigen. Chronos vart då detronisert, og sett fast i
Tartaros saman med dei andre titanane av første generasjon. Dei fekk seinare
sleppe fri. |
|||||||||
|
TITANKRIGEN Så var det Zevs som sat på gudetrona, og han
styrte verda saman med søskena sine. Dei kalla seg Olympiarane. Men etter som tida gjekk, byrja Titanane å forbitre
seg over at slike ung-jyplingar skulle regjere over dei. Så erklærte Titanane
krig mot Olympiarane. Titanane, under leiing av Chronos, bygde seg festning
på Othre-fjellet. Olympiarane
hadde festninga si på Olympos-fjellet.
Gamle og unge gudar og gudinner deltok i denne store krigen. Ikkje alle
Titanane stødde Chronos. Den nifse OKEANIDA
Styga og hennar fira barn; Kratos,
Bia, Zelos og NIKE, var
dei første som kom Zevs til hjelp. Okeanos, som var eldsteson av Uranos,
prøvde å halde seg nøytral. Promethevs, son av titanen Iapetos, tenestegjorde
som Zevs’ fremste hærførar og strategisk rådgjevar under krigen. Men mest
hjelp fekk Olympiarane frå Mor Jord – Gaia. Ho ville ikkje stø sine barn i
denne krigen, men stødde barnebarna – Olympiarane. Gaia gav verdfulle råd
kvar gang Olympiarane var hardt pressa. Vidare så valde titaninnene Themis og
Mnemosyne å halde seg utanfor krigen. Dei var begge hugtekne i Zevs, og etter
krigen gav Zevs dei plass på Olympen. Det vart veldige kampar, som varte i ti år.
Krigslukka tippa att og fram. Heile universet skalv, men kamphandlingane såg
ut til å verte utan ende. Ein gang det såg ille ut for Zevs, sprang han til
Gaia i fortviling. Han kyssa respektfullt hennar hender, og bad om råd. Gaia
tykte Zevs var ein triveleg kar, så ho avslørte ein lagnads-løyndom for Zevs:
Det låg nedfelt i Zevs’ lagnad at han
bare kunne sigre over Titanane dersom han fekk fridd gudane som sat fanga i
Tartaros, og fekk dei over på si side. Zevs takka si guddommelege bestemor, og drog
straks til Tartaros. I ni dagar reiste han innover i jordas mektige djup. På
vegen måtte han forsvare seg mot kjempe-flaggermus og giftige edderkoppar.
Men Gaia hadde sendt med han magiske urter, og han fekk berga seg ved hjelp
av desse. Då han kom til cellene der Cyklopane sat fanga, måtte han først
drepe den uhyggelege fangevakterska Campi. Ho hadde øglehale og huda var dekt
med grønt fiskereist. Ho hadde utallige bein, og på alle føtene vaks det
hoggormar. Zevs sloss med Campi i fleire timar, før han kom på dei magiske
urtene som Gaia hadde sendt med han. Han fekk stappa noko av desse i gapet på
monstret, og Campi fall i koma. Så fridde Zevs dei tre cyklopane BRONTES, Asteropes og ARGES, og
bad dei hjelpe han i krigen. Han lova at dei skulle få nyte guddommeleg ære
når krigen var vunnen, slik som hans andre allierte – Styga og hennar barn,
Gaia, og hans søsken. Cyklopane var takksame for endeleg å vere fri Tartaros’
pinsler, og gjekk med Zevs. Dei hadde også god grunn til å hemne seg på
Titanane, som hadde bura dei inne i Tartaros. Då dei kom opp til jordoverflata, var kampane
stadig i full gang. Cyklopane gav Zevs og hans brør verdfulle våpen å krige
med. Zevs fekk lyneld og tordenkilar, og Poseidon fekk lystre-gaffelen som
han alltid sidan bar med seg. Hades fekk ei lue av hundeskinn, kalla cynea, som gjorde han usynleg. Og
cyklopane fekk henta nokre smedar som smidde ei gardin av jern, slik at
Titanane ikkje kunne sjå lysglimta frå Zevs’ lyneld og tordenkile. Så bygde
dei eit flott altar for mora si, Gaia. Så gjekk alle hardt inn i kampane. Men Titanane
hadde nytta den korte pausen til å ruste seg med fleire og betre våpen, og
kamphandlingane var hardare enn nokon gang, og heile universet skalv. Den gamle historikaren Hesiod kan fortelje at krigarane på begge sider reiv laus veldige
klippeblokker frå fjella Othre og Olympos, og kasta mot motstandarane. Det
vart store sår i jordas veldige lekam. Det hendte at to klipper råka
kvarandre i lufta, og smella høyrdest over heile himmelen. Somme klipper råka
feil, og fall i havet, PONTOS, som
stønna i smerte. Så sank dei ned i havet og enda i palassa til NEREOS. Othre og Olympos svaia og
skalv kvar gang gudane råka sitt mål. Bråket nådde heilt ned til Tartaros.
Det vart skikkeleg kaos då krigarar på begge sider storma ut frå festningane
sine og gjorde utfall mot fiendens posisjonar. Dei trødde djupe merke i
landskapet. Zevs hadde til nå halde seg i kommandosentret,
planlagt strategien og sendt instruksar til sine allierte. Men nå vart
Olympiarane hardt pressa, og han skjøna at det fekk briste eller bere, og
kasta seg inn i kampen. Han nytta sine nye våpen, og jord og himmel skalv av
tordenkilane. Rasande heiv han tordenkilar i alle
retningar. Det lyna over alt, og ein veldig eldstorm fortærte dei veldige
skogane. Heile jordoverflata var dekt av flammar, og dei blå hava til Okeanos
og Pontos byrja koke, og det steig opp veldige dampskyer som blanda seg med den
svarte røyken frå dei brennande skogane. Eldstormen nådde CHAOS, det uendelege, som hadde lagt i dvale i uminnelege tider.
Chaos vart sleikt av flammetunger, og byrja sprake og gløde. Det var slikt
skrål og skrik og svartrøyk og tjukkskodde at det minte om skapingsakta, den
gang då Uranos låg med Gaia, og universet vart til. Ei stund såg det ut som
Uranos sjølv skulle falle ned frå sine høgder og at jorda skulle løsne frå
sine mektige fundament. Alt vart endevendt. Den svarte røyken og den heite
dampen omsirkla Titanane, så dei var nærast blinda og knapt kunne puste. Dei
vart blenda av flammar og lyneld og tordenkilar. Dei var alt ganske utslitt,
og nå var dei hardt pressa. I dette avgjerande augeblikk, etter ti
år med kampar der det aldri såg ut til at nokon av sidene kunne vinne, kom
Zevs igjen til å tenke på
lagnads-løyndommen som Gaia hadde fortalt han. Han kom på at
det var tre andre troll-gigantar som Chronos og søskena hans hadde sett fast
i Tartaros – dei fryktelege Hekatonkheirane; dei hundre-hendte. Zevs tok
starks av stad til deira mørke fengsel. Campi hadde vakna og prøvde å stoppe
han, men han nytta sine nye våpen, og knuste ho med ein tordenkile. Ho byrja
å brenne og skrike, og snart var alt som var att av ho var eit svidd kadaver.
Med dei magiske urtene fekk Zevs frigjort KOTTOS, Aegaeon og GYES. Dei tre hundrehendte lova
entusiastisk Zevs si støtte, og så storma dei alle til overflata, der kampane
rasa. Blinda av rasande hat greip dei hundrehendte tre hundre veldige
steinblokker, og begrov Titanane under desse. Etter denne utrulege utgangen på
tiårs-krigen, slengte Hekatonkheirane Titanane ned i Tartaros. Det var der
faren deira, Uranos, hadde fengsla dei straks dei var fødde. Og der hadde
Titanane seinare halde Cyklopane og Hekatonkheirane i fangenskap, mot Gaias
råd. Nå bygde Cyklopane kopar-gitter omkring Titananes celler, og dessutan
ein tredobbel jernvegg. Poseidon låste dørene, og Zevs sette Hekatonkheirane
til å vere fangevaktarar. Slik enda
Titanstriden, ei av dei viktigaste og lengstvarande prøver som Zevs måtte
gjennom før han sat trygt på trona som universets herskar. Etter noko tid
byrja universet å kjølne ned, og verdsbrannen døde hen. Gudane på Olympen
feira sigeren, og takka Gaia for hennar uvurderlige hjelp. Av
titanane var det bare Promethevs og Okeanos som stod på Zevs si side i
striden mot Chronos. Zevs løna dei for dette, medan han sendte dei andre
titanane til TARTAROS. Dei fanga
titanane gjorde sidan eit nytt, mislukka opprør mot ZEVS. GIGANTANE kom
dei til hjelp, men Zevs sigra også denne gangen. (Sjå under GIGANTANE). Sidan slutta Zevs fred
med dei forviste titanane. |
|||||||||
Tithonos var son av Troja-kongen LAMEDON, og bror av PRIAMOS,
som vart konge etter Lamedon. Tithonos elska morgonraudens gudinne EOS, og ho fødte han ein son, heroen MEMNON, som vart konge i Etiopia. Eos bad gudane gjere
Tithonos udøyeleg, men ho gløymde å be dei gjere han evig ung. Så Tithonos
skrumpa på sine gamle dagar inn til ein krøklete og skjelven gammal gubbe.
Somme seier at han til slutt vart til ei grashoppe. AFRODITE var forbanna
på Eos fordi ho fann ARES i senga
hennar, og straffa Eos ved å gjere ho nymfoman, og gal etter unge, døyelege
menn. Eos forførte mange heroar, men Tithonos var visst den ho sette mest
pris på, og med han fekk ho altså sonen Memnon. Tithonos emigrerte frå Troja til Assyria, og grunnla byen Susa der. Byen fekk seinare namnet Memnon, etter sonen hans. Memnon vart
nok ein mektig konge. Han drog til Etiopia og residerte der, frå eit svært
palass han fekk bygd for seg. Han vart kalla ”Memnon etioparen”. Frå Etiopia
drog han med ein hærstyrke for å hjelpe trojanar-kongen PRIAM under trojanarkrigane. Priam var halvbror til Tithonos. Tithonos styrte den persiske provins for assyrarkongen Teutamus. Teutamus var overkonge både
for Priam og Tithonos. Teutamus sette Memnon til å leie ein hærstyrke på
tusen etioparar og tusen soldatar frå Susa, samt to hundre stridsvogner. Det
er sagt at Memnon fall i tvekamp med ACHILLES,
og at hans etiopiske soldatar la han på likbål, og brakte aska til Tithonos i
Susa. Det skjedde noko underleg
under likbrenninga av Memnon. Nokre fantom-hønsefuglar vaks ut av røyken, og
flaug tre gangar omkring bålet. Under fjerde runden delte dei seg i to
flokkar, som gjekk til åtak på kvarandre med nebb og klør. Dei fall døde ned
i bålet, som ei offergåve. Desse fuglane vart kalla Memnoidene, og somme har påstått at dei var Memnons mange
elskarinner, som kasta seg på bålet i kjærleikssorg. Kvart år sidan kom det
ungkvinner og gret og reiv seg til blods ved Memnons grav i Susa, og somme av
dei sørgde seg til døde. Eos
hadde eit anna namn; Titonë, som
tyder ”Dagens Dronning”. Tithonos er ei maskulin form av Titonë, så i ein
myte-tradisjon må Tithonos og Titonë ha opptrådt som eit guddommeleg par. Den
grashoppa som Tithonos med åra vart forvandla til, er andre stader fortalt å
vere ein sikade. Sikaden syng
tidleg om morgonen, med det same sola byrjar verme. (Det gjer vel grashoppa
også?). Den gylte sikade var symbol
for APOLLON som solgud, hos dei
greske kolonialistane i Lille-Asia. Tithonos var truleg heilag-konge
(øvsteprest) i ein Apollon-kult, og han gjorde så mykje av seg at han vart
heroisert etter sin død. Kven den nymfomane Titonë eigentleg var, skulle vore
interessant å visst! |
||||||||||
Tityos var ein GIGANT
– son av URANOS/GAIA. Han ville ein gang valdta LETO, i DELFI. Då Leto høyrde at APOLLON hadde teke makta i Delfi, kom ho med ARTHEMIS dit. Leto gjekk for seg sjølv for å utføre eit privat
rituale i ein heilag lund. Der vart ho angripen av TITYOS. Apollon og Arthemis høyrde hennar skrik, og kom og drepte
Tityos med mange piler. ZEVS
meinte denne hemnen var bra. Han let Tityos’ lekam boltast til bakken i TARTAROS for evig pinsle. Lekamen
trong eir areal på ni mål. To gribbar åt på levra hans. Tityos
hadde ei datter som heitte Europa,
som POSEIDON var hugteken i. Somme
trur myten om Tityos er ei symbolforteljing om eit mislukka opprør som eit
fjellfolk gjorde, for å fordrive inntrengarane som hadde tatt makta i Delfi. |
||||||||||
|
Trevia
var romersk gudinne for spesielle vegkryss – vegkryss der tre vegar møtes. Somme meinte ho var DIANA, og andre meinte ho var den
greske HECATE. Ho hadde tre
andlet, og ville ha offergåver av kake,
frukt og pengar. Ho var
vernegudinne for kjelder og fontener, og småbutikkar. I Roma ligg ”Fontana di Trevi” – ein turist-magnet,
og kjem du til Roma er du forplikta å kaste pengar i denne fontena. |
|||||||||
Triptolemos var eitt av namna på
den årlege heilagkongen. Triptolmaios
tyder ”han som tre gonger vågar”. Kongen køyrde ei vogn som vart trekt av to
slangar, og lasta med sekkar med såkorn. Med denne vogna pløgde han tre
ganger ein rituell åker, for å sikre markas grøde det året. Jorda var det
kvinnelege aspekt, og Triptolemos det mannlege. Etter pløginga (og såinga) hadde
Triptolemos samleie i åkeren med fræve-prestinner – det var gjerne prestinner
frå det lokale DEMETER-templet.
Etter at kongen hadde utført denne oppgåva si, vart han drept på rituelt vis
– det er sagt at han vart forvandla til ein slange. Så vart ein ny
Triptolemos (heilagkonge) utvald for det komande året. Slik gjekk det for seg
i somme byar i den matriakalske epoken – andre byar hadde liknande ordningar. Det er sagt at Triptolemos var det
første mennesket som vart invigd i Dei
Eleusiske mysteria (sjå ELEUSIS).
Demeter lærte Triptolemos korleis han skulle pløge, så og hauste kveite og
bygg. Så gav Demeter han ei vogn trekt av drakar med venger, og Triptolemos
drog så omkring til fleire land og underviste folk om korndyrking. For dette
vart han dyrka som guddom etter sin død, og heilagkongar vart utvalde til å
vere hans jordiske representant. Slangen var totemdyr for Mor Jord (Demeter),
for han held seg så nær jorda. Slangen var også mannleg fræve-symbol fordi
han liknar på ein lang penis. Når slangen vart retteleg oppøst og kåt, vart
han til ein rasande drake. KADMOS skapte
menneska ved
å så drake-tenner i jorda. |
||||||||||
Triton var POSEIDON
sin trompetist. Han var son av Poseidon og havdronninga AMFITRITE. Triton budde med foreldra i eit gylt palass på havbotnen.
Han reid på bølgene på hestar og sjøuhyre, og han spela på ein konkylie for å
annonsere at Poseidon var på veg med storm - eller for, på befaling frå
Poseidon, å stille bølgene. Den gang Poseidon ville få ende på Syndefloda, gav han Triton ordre om å
blåse i konkylien, og då drog vatnet seg tilbake til havet, og det tørre land
dukka fram att. Det er sagt om Triton at han var eit sjø-vesen med hovud og overkropp som ein mann - med delfin-spord og to hestebein. Men Triton var opphavleg eit feminint vesen. Poseidon og Amfitrite fekk tre døtre – Triton var den glade nymåne, Rhode var fullmåne og Benthesicyme var den skumle, minkande måne. Desse tre døtrene representerte Amfitrite som triade-måne-gudinne. Vi må tolke dette slik at havgudinna Amfitrite også vart dyrka som månegudinne. På eitt
eller anna vis vart altså måne-nymfa Triton til ein maskulin trompetblåsar. |
||||||||||
|
Tros var tredje konge av byen Troja. Farfaren heitte Dardanos, og var byens grunnleggar. Faren heitte Erichthonios og var Trojas andre konge. Under Tros vart byen mektig, og både byen og omlandet Troad vart oppkalla etter han. Tros vart gift med CALLIRHOË. Han vart far til Cleopatra den yngre, Ilos, Assaracos og GANYMEDES, som var ein svært vakker gut. EOS stakk av med Ganymedes, men så kom ZEVS og ville overta han. Han ville ha han til munnskjenk på Olympen, sa han. (Vonde tunger vil også ha det til at Zevs ville ha Ganymedes som sengekamerat). Zevs sendte HERMES for å betale Tros for sonen. Hermes skjenka Tros gyllen vin som HEFAISTOS hadde produsert, og gav han også to vakre hestar. Då var Ganymedes kjøpt og betalt. "Han er blitt udøyeleg nå", sa Hermes, "og vil ikkje verte plaga med å eldast. Nå går han smilande omkring og skjenkar dei Himmelske Fedre klar nektar frå ein gullbolle”. Det er mulig at myten om Ganymedes som
munnskjenk på Olympen bygg på ei mistyding av eit veggrelieff, som eigentleg
skildrar Ganymedes’ heilage bryllup med ei prestinne-prinsesse. |
|||||||||
|
Tyche var gresk gudinne for hell og lukke. Ho skal ha vore ei av OKEANIDENE. Hennar romerske motstykke var FORTUNA. Tyche var datter av ZEVS, heiter det i ein myte. Zevs gav ho makt til å bestemme livs-lagnaden til alle menneske. Til somme heller ho ut rike gåver frå eit overflødigheitshorn, medan ho ribbar andre for all deira eigedom. Tyche tar ikkje ansvar for sine avgjerder. Ho renn omkring og sjonglerer med ein ball, og ballen sprett heilt tilfeldig opp og ned. Men dersom ein mann som har hatt lukka med seg skryt for mykje av sin rikdom, og ikkje gir offer til gudane, og ikkje gir allmisse til dei fattige, då blandar gudinna NEMESIS seg inn, og set han på plass. Tyche er ei gudinne som vart
oppkonstruert av tidlege filosofar. Filosofane gjorde den gamle hemn-gudinna
Nemesis til Tyches moralske kontrollør. |
|||||||||
(Typhon) (Pyton) |
Tyfon
var siste barnet GAIA fekk. Namnet
hans tyder røyk eller storm. Det er sagt at faren var TARTAROS. Tyfon har nå tilhald under
vulkanfjellet Etna, seier somme. Dei
olympiske gudane vann krigen mot GIGANTANE,
men GAIA var så fortærande arg
fordi hennar barn hadde lidd nederlag, at ho oppsøkte TARTAROS og hadde samleie med han. Etterpå fødte ho Tyfon. Han
likna på ein mellomting mellom menneske og monster. Men han var mykje digrare
og sterkare enn alle andre av Gaias barn; hovudet raga like opp i stjernene.
Somme påstår han hadde hundre hovud. Med
armane famna Tyfon frå aust til vest. Frå midja og opp likna han eit
menneske, men var digrare enn alle fjell, og hadde femti fingrar på kvar
hand, og fingrane var drake-hovud. Frå midja og ned bestod Tyfon av kveilande
hoggormar. Dei rakk han til hovudet når dei strekte seg ut. Ei skræmeleg
kvæsing frå alle desse ormane kunne høyrast der Tyfon for; høglytt som brølet
frå hundre løver. På overkroppen var Tyfon kledd med venger, og hans ville
skjegg flagra i vindane. Det flamma drepande eldtunger frå hans munn og
auger. Tyfon var enorm, og han han
tok strake vegen mot himmelen, medan han kasta klippeblokker og heile fjell
mot gudane, og kvæste og brølte, og spruta eld frå munnen. Gudane vart vitskræmde då dei såg han kome, og
dei skapte seg om til mange slags dyr og rømde mot Egypt. Men Zevs råka Tyfon
med tordenkilar i langdistanse-kast, og kom sidan nær innpå han og såra han
alvorleg med ein diamant-hard sigd. Tyfon måtte rømme, og Zevs forfølgde han
til Kasios-fjellet som løfter seg
over Syria. Der utkjempa Zevs og Tyfon brytekamp. Tyfon kveila seg omkring
Zevs og fekk vridd sigden frå nevane hans. Tyfon skar av senene på Zevs’ hender og føter, og løfta han så på skuldrane og for
gjennom havet med han til Cilicia.
Der sperra Tyfon Zevs inne i Den
Korykiske hola. Zevs sener gøymde han også der, innpakka i bjørneskinn.
Han sette Delfyne til å vakte over
senene; ho var halvt monster, halvt kvinne. Etter noko tid kom HERMES og Aegipan Zevs
til hjelp. Dei stal senene, og brakte dei usett til Zevs. Så braut Zevs seg
fri, og køyrde over himmelen i ei vogn trekt av venge-hestar. Han kryna Tyfon
med tordenkilar, og jaga han til Nysa-fjellet.
Der vart han servert flyktige frukter av HYADENE,
og trudde desse skulle gi han ny styrke. Men Zevs forfølgde han vidare til Trakia, og det vart kamp på Haemos-fjella. Tyfon løfta heile
fjellkjeda i veret, men Zevs kasta tordenkilar slik at fjella rasa samaqn
over Tyfon. Blodstraumar vella ut frå fjella, og det er denne hendinga som
har gitt fjellkjeden namn; ”Blodfjella”. Tyfon rømde så til Sicila-havet, og her kasta
Zevs fjellet Etna på han. Etna er
eit digert fjell, og det sprutar ennå eld etter kampen mellom Tyfon og Zevs.
Tvekampen enda med at Zevs begrov Tyfon ved å kaste heile Sicilia over han. Tyfon rakk å gifte seg med havuhyret ECHIDNA. Dei to fekk mange skumle
barn, som monsterhunden KERBEROS, uhyret CHIMAERA, HYDRA, Den Nemeiske Løve,
SFIX, Den kaukasiske Ørn, Den
Krommyonske sugge, og mange gribbar. Tyfon vart til tider assosiert med den
destruktive nordavinden BOREAS,
oftast avbileta med slangehale. Tyfon var dessutan knytt til DELFINOS. Tyfon var
kanskje ei gresk utgåve av den egyptiske guden Seth, som var knytt til storm, uver og mørkemakt. |
|||||||||
Tyndareos
var konge av Sparta. Han
etterfølgde sin far, Oebalos. Hans
bror, Ikarios, var hans samregent.
Mora var Gorgofone – ho var
”første enka som gifta seg på ny”. Tidlegare måtte koner kaste seg på
ektemannens bål, dersom dei vart enke. Gorgofone var datter av PERSEOS, og hennar første ektemann
var Perieres. Eg trur det er tale om ein kultur som har sine
røtter i Persia eller India, det her. Enkebrenning høyrde ikkje det greske matriarkatet
til – heller ikkje patriarkat-kulturen som invaderte matriarkat-kulturen i
gresk område. Tyndareos
og Ikarios vart kasta av Spartas trone av Hippokoön og hans tolv søner. (Her er det ein heste-kult som er
ute og regjerer). Somme seier at Ikarios støtta Hippokoön. Tyndareos måtte
rømme frå Sparta, og søkte tilflukt hos kong THESPIOS av Aitolia.
Han vart gift med Thespios’ datter, LEDA.
Dei fekk barna CASTOR og KLYTAIMNESTRA Seinare vann Tyndareos tilbake
Spartas trone. ZEVS forførte Leda, heiter det.
Ho prøvde å sleppe frå han ved å omskape seg til ei gås, men Zevs omskapte
seg til ei svane, og fekk viljen sin. Leda nedkom med to egg. I kvart egg var
eit dødeleg og eit udødeleg barn. Tyndareos var far til dei dødelege - CASTOR og KLYTAIMNESTRA., og Zevs var far til dei udøyelege (guddommelege),
POLYDEUKES og HELENA. Castor hang heile livet ihop med sin udøyelege
tvillingbror Polydeukes. Klytaimnestra
vart gift med kong AGAMEMNON. Det er ulike utgreiingar om kven som
var i dei to egga. Somme hevdar også at det var ikkje Leda som Zevs for
etter, men månegudinna NEMESIS. Etter
at Zevs hadde valdtatt Nemesis, drog Nemesis til Sparta, og la eit egg som
vart funne av Leda i myrene. Egget var hyasint-farga. Leda gøymde egget
innfor brystet og tok det med heim, og ut av egget kom den skjønne HELENA, som vart prinsesse av Troja. Andre
har hevda at egget kom ramlande ned frå Månen, slik som det egget som i
gammal tid fall frå Månen og ned i elva Eufrat,
og vart brakt til lands av fisk og ruga ut av duer. Den syriske
kjærleiksgudinna vart så klekt av dette egget. Atter andre
seier at Zevs for etter Nemesis; han lot som han var ei svane som var
forfølgd av ei ørn, og gøymde seg i Nemesis’ fang. Så valdtok han ho. Etterpå
la Nemesis eit egg, som HERMES
plasserte mellom låra på Leda; ho sat der på ein stol og skreva. Så fødte
Leda Helena, og Zevs plasserte ørna og svana på stjernehimmelen til mine om
denne hendinga. Og somme
påstår at Zevs låg med Leda ved elva Eufrat, og Leda la eit egg som Helena,
Castor og Polydeukes vart klekt av. Så hadde også Tyndareos lagt med Leda
same natt, og Klytaimnestra vart født av eit anna egg som Leda la. Eg vel å tru at det er bare bløff
at Zevs var far til nokon av dei fire barna. Meir truleg er det at Tyndareos
var far til dei alle, men også andre fedre kan ha vore inne i biletet. Men
påstandane om Zevs-farskap
er typisk; lure-politikk og polemikk
frå den innvandrande partriarkalske kulturen si side, for å vinne makt over
den gamle matriarkalske kulturen. Nemesis var Månegudinne, og ho forfølgde årets heilagkonge, som gjennom
årstidene skapte seg om til hare, fisk, bie, korn. Til slutt fortærte Nemesis
heilagkongen. Då patriarkane kom til makta måtte dette gjerast omvendt; Zevs
skulle forfølge ei prestinne, som skapte seg om til mangt. Ho skapte seg om
til ein bever – beveren heiter CASTOR. Og POLYDEUKES, som tyder ”masse søt vin”, var beteikning på festen
då denne jakta foregjekk. Helena hadde mange friarar.
Tyndareos ville ikkje godta eller avvise nokon av dei, for han frykta at det
kunne føre til blodige konflikter. ODYSSEVS
rådde han til å forlange at alle friarane skulle sverge ein eid – at dei alle
skulle ære og støtte opp om han som vart vald til Helenas brudgom. Denne
eiden, som fekk namnet ”Tyndareos eid”, vart avlagt av alle friarane. MENELAOS vart Helenas ektemann, og
då PARIS bortførte Helena til
Troja, var grekarane bundne av denne eiden til å hemne Minelaos konetap, og hente
Helena tilbake. ASKLEPIOS vekte Tyndareos opp frå
døden, heiter det. Tyndareos var alvorleg sjuk og døyande, men Asklepios gav
han eit lækjemiddel som gjorde han frisk og før att. Slik var det nok! |
||||||||||
TYPHON |
- sjå TYFON (PYTON) |
|||||||||
|
||||||||||