GRESKE OG
ROMERSKE GUDAR |
||
Gudar på U |
Forfatta av Aslak Nedregård |
Gresk |
|
Romersk |
||
|
|
|
||
Umbria var romersk gudinne for skuggar og løyndommer. Hennar namn tyder skugge,
og hennar søster var Natta – NOX. Umbria bestyrte nattemørket; ho var det personifiserte nattemørket.
Umbria regjerte også i Underverda, saman med DIS PATER. Umbria kunne inngå som ei av dei tre gudinnene i
ein gudinne-triade. Då representerte ho den skumle, minkande Måne – reisa mot alderdom og død. Umbria
var vernegudinne for alle gøymde gjenstandar, og alle hemmelege løyndommar. |
|
Du
kan lese om den greske Underverda under HADES. |
|
Uni er ei av dei eldste sør-europeiske gudinnene
for heksekunst vi kjenner. Ho var himmel-dronning, og kasta tordenkilar når
ho vart sint. Var ho i godlage, så hjalp ho til med å lette og trygge
fødslar; ho sørgde for at barna fekk god passasje ut av mora. Den viktigaste
kultstaden for Uni var hennar tempel i den etruskiske havnebyen Pyrgi.
Dyrkarane hennar bar til ho gåver av sølv og gull. Uni fungerte
også som vernegudinne for toscanske landsbyar - særleg for dei kvinnelege
innbuarane. |
|
Urania var ei av MUSENE. Sjå MUSENE.
Hennar namn tyder “himmel”, og ho var muse for astronomi og astrologi. Filosofar og diktarar dyrka
gjerne Urania. Ho vart avbileta som ei jomfru, med ei himmelkule og ei stang
i hendene. |
|
Uranos var den personifiserte Himmelen; han var født av GAIA, og hadde ingen far. (Sjå også GAIA og URTIDSMYTENE). Uranos vart knytt til med Gaia av kjærleiken, EROS. Slik kunne Universet bli forma. Uranos var ein hard og vond far. Han
sperra inne barna sine, (CYKLOPANE, HEKATONKHEIRANE,
GIGANTANE, THETIS, MNEMOSYNE, IAPETOS,
CHRONOS) i dødsriket TARTAROS,
der korkje sol eller måne lyste. GAIA likte
dette ille, og egga sonen CHRONOS til
opprør og hemn. Ho gav han ein skarp sigd til våpen. Med sigden hogg Chronos
mannslemmet av faren sin. Dette fall i havet. Havets skum samla seg omkring,
og i dette skummet vart AFRODITE,
kjærleiksgudinna - (romerske VENUS),
født. Ho vassa i land på strand-engene på øya Cythere. Chronos detroniserte altså sin far Uranos, og tok
posisjonen som gudanes høvding, og verdas styrar. Så lenge det varte. (Sjå
under TITANANANE). Det heiter i mange myter at ERINYENE (FURIENE), dei tre
hemngudinnene i Underverda, var døtre av Uranos og Gaia. Gigantane var kjemper med 50 hovud;
fødde av GAIA/URANUS. Dei var
enorme, fryktinngytande vesen med 100 armar og veldige kroppskrefter.
Hekatonkheirane var endå digrare. Thetis, Mnemosyne, Iapetos og Chronos
var av den søskenflokken som vart kalla TITANANE.
Dei var 12 eller 14 til saman. Uranos
vart truleg dyrka i eldre tider - i historisk tid kjenner vi ikkje til
Uranos-dyrking i Hellas. Det ser ut til at Uranos vart identifisert
med eine aspektet av den ariske, maskuline trippel-guddommen – Varuna. Varuna var himmelgud, og
derfor vart Uranos også himmelgud, og ”Uranos” vart av dette grekarane sitt
namn for Himmelen. Men før dette var Uranos feminin, og heitte Ur-ana. Ur-ana var ”verdas dronning”. |
|
Den pelasgiske skapingsmyten I byrjinga
steig EVRYNOME, gudinna for alle
ting, naken fram av KAOS. Men ho
fann ingenting fast å kvile føttene på, og derfor skilde ho Havet ut frå
Himmelen, og dansa eisam på havets bølger. Ho dansa mot sør, og det danna seg
ein vind bak henne. Denne vinden var ny og merkeleg, og med den ville
Evrynome byrje å skape. Ho virvla omkring, fekk fanga Nordavinden, og gneid
han mellom hendene. Då sprang den store slangen OPHION fram! Og Evrynome dansa for å halde varmen – villare og
villare. Av dette vart Ophion kåt, og kveila seg om hennar guddommelege
lekam, og kopulerte med ho. Ophion er
også kalla BOREAS, og det namnet
tyder fræve-givar. Ein kan sjå at
når merrer er utan hingst, så snur dei bakenden mot Nordavinden, og då vert
dei med føll utan hjelp av hingst. Nå var Evrynome fræva. Så skapte
Evrynome seg om til ei due, og la seg til å verpe på bølgene. Då tida var inne,
fødte ho Verdsegget. Ho baud
Ophion at han skulle kveile seg sju gangar omkring egget, og etter noko tid
vart det klekt - det delte seg i to. Ut kom alle ting som eksisterer -
Evrynomes barn: sol, måne, planetar, stjerner, jorda med sine fjell og elver,
tre, urter og levande dyr. Evrynome og
Ophion bygde seg heim på Olympos-fjellet,
men der ergra Ophion Evrynome ved å hevde at det var han som hadde skapt
Universet. Ho knuste hovudet hans med hælen (som Eva i Paradis), sparka ut
tennene hans, og fordømde han til å søke tilhald i dei mørke, underjordiske
grottene. Så skapte
gudinna dei sju planet-kreftene,
og sette ein TITAN og ei TITANINNE til å bestyre kvar av dei. THEIA og HYPERION styrte Sola. FOIBE
og ATLAS styrte Månen. DIONE og KRIOS styrte planeten Mars. METIS
og KOIOS styrte planeten Merkur. THEMIS og Evrymedon? styrte planeten Jupiter. TETHYS og OKEANOS
styrte planeten Venus. RHEA og CHRONOS styrte planeten Saturn. Det første
mennesket var PELASGOS, og han er
stamfar til Pelasgarane. Han
sprang ut av Arkadias jord, og
fleire menneske sprang ut av jorda etter han. Og han lærte dei å bygge hytter
og ernære seg på eikeneter. Og han lærte dei å sy seg kapper av svineskinn;
slike som fattigfolk ennå brukar i Euboea og Phocis. Det er
historikaren Hesiod som har
nedteikna dei gamle, greske skapingsmytene for oss. Ordet Kaos var eit
hokjønns-substantiv i gresk språk. Ein trur det fans eit eldre ord for omtrent
same omgrep på Kreta. Kaos var
utan lys, masse, rørsle og form, men Kaos inneheldt alle muligheiter. Alt
kunne skapast ut av Kaos, for Kaos bar i seg energiar som bare venta på å bli
tatt i bruk. Kvinna
dominerte i den urgamle, pelasgiske skapingsmyten. Det fans ingen gudar eller
prestar – bare ei universiell gudinne og prestinnene hennar. Menn var ringeakta,
og farskap var ei ukjendt omgrep. Når kvinnene vart med barn, så meinte ein
det skuldast vinden, eller eting av bønner; eller kanskje vart kvinna gravid
fordi ho slumpa til å få eit insekt i halsen. Arvelina var matri-linær;
(dattera var moras arving). Folk som døde vart attfødde som slangar, trudde
ein. Evrynome
tyder ”den vidt vandrande”. Dette var ein tittel på den guddommelege MÅNEN.
I Sumer-riket kalla dei Månen Iahu, som tyder ”opphøgde due”. I
hebraisk mytologi vart Iahu til Jehova,
og han rekna hebrearane som verdas skapar. I Bibelen er Jehova utlagt som
maskulin, men truleg vart den eldste Jehova betrakta som feminin. I
Sumer-riket dukka ein maskulin guddom, Marduk,
med tida opp, og hans prestar skar ei due i to under ein årleg, rituell vårfest.
Marduk representerte lov og orden – eit motstykke til den gamle
matriarkalske kulturen, som var dominert av kjensler – romantikk, ekstase,
etc. Ophion
(Boreas) er slangen som var verdas skapar i tidleg hebraisk og egyptisk
mytologi. I Middelhavs-kunst frå denne tida finn vi stadig den universielle
gudinne i hans selskap. Pelasgarane hevda dei vart født av Jorda – at dei
sprang ut av Ophions tenner som vart sådde i Jorda. Slangen Ophion vart like
gjerne kalla drake som slange.
Pelasgarane hevda dei var født av draketenner. Ein trur
pelasgarane var eit folk frå yngre steinalder som arkeologane kallar
”krukkemålarfolket”, og at dei utvandra frå Palestina til det greske fastland
ca. år 3 500 fvt. Då dei første Helladane
ankom Pelopponnes 700 år seinare, fann dei pelasgarane vel etablerte der. Pelasgarane
dreiv med erotiske orgie-festar som Helladane stygdes ved. Dei vart også
kalla storke-folket, så storken
(Pelargi) var kanskje totemdyret deira. Kanskje stammar legenden om at det er
storken som kjem med småbarn frå den pelasgiske kulturen? Titanane og
Titaninnene ser ut til å vere arva frå tidleg babylonsk og palestinsk
astrologi, der dei var guddommar som bestyrte dei sju dagane i den heilage,
planetariske veka. Men seinare vart Titan-kulten avskaffa i hellensk område,
og sju-dagars-veka vart også oppheva. Somme myte-forteljarar påstod nå at
tallet på titanar var tolv, kanskje for at det skulle høve med tallet på
månadar i året og stjernebilete i dyrekretsen. Dei sju babylonske titanane
var alle menn, bortsett frå Beltis,
som var kjærleiks-gudinne. I keltisk (og germansk) mytologi var søndag, tirsdag
og fredag bestyrt av gudinner. |
|
Den orfeiske
skapingsmyten I
opphavet var den svart-venga Natta.
Til og med Zevs viser stor age for ho. Natta vart kurtisert av Vinden, og ho vart fræva og la eit
sølv-egg i Mørkets livmor. Egget
vart klekt, og ut kom EROS (somme
kalla han PHANES). Eros sette Universet i rørsle. Eros var
tve-kjønna og hadde gylte venger og fire hovud. Stundom brølte han som ein
okse eller ei løve, og han kunne kvese som ein slange og bræke som ein bukk.
Natta døypte han Ericepaius og Phaëthon Protogenus, og ho budde med
han i ei grotte. Nå framstod Natta som ei triade-gudinne.
Hennar tre aspekt var Natt, Orden og
Justis. Framfor
grotta sat den uforgjengelege mor RHEA
og spela på ei messingtromme, for å påkalle folk for å kome og lye til trippel-gudinnas
ORAKEL. Phanes
skapte Jord, Himmel, Sol og Måne, men trippel-gudinna styrte Universet, til
hennar majestets-septer vart overtatt av URANOS.
Mysteriereligionen
ORFISMEN utvikla seg i Trakia og Skytia i 7. og 6. århundre fvt. (Sjå under ORFEOS). Den
orfeiske skapingsmyten er av seinare dato enn den pelasgiske, og er påverka
av ein mystisistisk doktrine om kjærleiken
(Eros). Med Natta meines ”det tomme inkje”. Nattas sølvegg er Månen; (sølv er Månens metall).
Namnet Ericepaius tyder ”den som ernærer seg på røsslyng”, og meininga med
dette er at Eros var ei himmelsk bie,
som sanka røsslyng-honning. Den
orfeiske skapingsmyten verkar vere ganske lokal – knytt til eit lokalt orakel
som var oppretta i tilknyting til ein bi-kultus. Oppfinninga av birøkt var
eit storhende for folka i oldtida, liksom oppdaginga av eikeneter som
ernæringskilde, korndyrking, vinproduksjon, med meir. Religiøse kultstadar
oppstod omkring birøkt-kunsten, og tempel-prestinner prøvde å halde kunsten
dølgd for folk flest. Ved dette fekk templa makt, og kunne håve inn kapital.
Å drive med orakel-spådommar var ei ekstra inntekstkjelde. Vidare
hadde nokre tidlege filosofar studert bi-samfunnet, og komt til at dette
måtte vere det ideelle samfunn, som menneska burde prøve å etterlikne. Vi er
langt på veg komne dit i dag – ei regjering (samt nokre meir eller mindre
dølgde makt-grupper) lagar lover og reglar, og gir ordrer om kva oppgåver som
skal utførast. Denne maktkjerna er bidronninga. Resten av samfunnet utfører
oppdraga dei får seg tildelt, og prøver etter beste evne å leve etter lovene
og reglane. Dei er arbeidarane, i eit samfunn med ganske totalitære trekk. Det
ideelle, bikube-liknande samfunn som ein higa etter, vart kalla Gullalderen. Då draup det med honning
frå alle tre. Rheas
tromming på messingtrommer var opphavleg eit reiskap som for å styre biene,
så dei ikkje skuille sverme på feil stadar. Dagens birøktarar kjenner visst
ikkje denne metoden. Tromminga jaga også bort vonde ånder som kunne truge
biene. Okse-brøl vart også framkalla med spesielle instrument, for å jage
bort vonde ånder. Eros
vart også kalla Phanes tyder ”åpenbarar, fakkel, lys”. Han var son av den store gudinne; som var Natta, ifølge mytologien til kulten
som gav oss den orfeiske skapingsmyten. Phanes vart
også kalla Phaëthon Protogenus,
som tyder ”førstefødte skinar”. Det er Sola
som er meint med dette. I Orfeos-kulten var sola symbol for opplysing. Phanes’ fire hovud
representerte dei fire årstidene. Kvar årstid hadde sitt totem-dyr. Ved
oraklet i byen Colofon i Lydia på Lille-Asia-kysten, såg dei
det slik: Phanes var den transendentale gud IAO. Han hadde fire aspekt: ZEVS
var ein bukk (vær) og representerte våren.
HELIOS var ei løve, og
representerte sommaren. HADES var ein slange, og
representerte vinteren. Dionysos var ein okse, og
representerte nyåret. Det
var då patriarkatet overvann matriarkatet at URANOS overtok Nattas majestets-septer. |
|
Den olympiske
skapingsmyten I opphavet
var KAOS. Så oppstod Mor Jord av Kaos. Medan ho ennå sov,
fødte ho sin son URANOS. Frå dei
høgaste fjella skoda Uranos lukkeleg ned på si mor, og han let falle
fræve-givande regn over alle hennar dulgde kløfter, og ho fødte gras, blomar
og tre, med villdyr og fuglar som kunne ernære seg på dei ulike plantene. Og
det same regn gjorde elvane flaumdigre, og dei fylte senkningar i jordas
landskap med vatn, og slik vart innsjøane og hava til. Jordas første
menneskeliknande avkom var dei hundre-hendte GIGANTANE - BRIAREOS, Gyges og Kottos. Så dukka dei ville, einaugde CYKLOPANE fram. Dei bygde enorme murar og var meister-smedar;
først i Trakia; seinare på Kreta og i Lykia. Deira namn var BRONTES, STEROPES og ARGES, og
deira sjeler har kvilt i vulkanen Etna
sidan APOLLON drepte dei, for å
hemne ASKLEPIOS. Denne skapingsmyten skriv seg frå den
olympiske, patriarkalske kulten, og er yngre enn dei to føregåande omtalte.
Vi kjenner til fleire andre skapingsmyter, eller brotstykke av dei, knytt til
kulturane omkring Middelhavet. Somme filosof-skular komponerte sine eigne
skapingsmyter. Skapingsmytene prøvde å forklare menneskas plass i Universet,
og tilhøva mellom menneske og natur, og mellom mann og kvinne. Ein del politisk
propaganda var også lagt inn i dei ulike mytene. (Sjå også under URANOS). |
|
|