GRESKE OG ROMERSKE GUDAR

Gudar på   V

Forfatta av Aslak Nedregård

Til Framsida

 

 

 

 

 

Gresk

Romersk

 

 

 

 

 

VACUNA

VENILIA

VENUS

VERITAS

VERTUMNUS

VESTA

VICTORIA

VIDUUS

 

VIRBIUS

VIRGO

VIRILIS

VIRIPLACA

VIRTUS

VOLTURNUS

VULCANUS

 

 

 

 

 

VACUNA

Vacuna var ei romersk krigsgudinne som hadde sitt opphav i den sabinske sigersgudinna av same namn.

 

VENILIA

Venilia var ei romersk NYMFE som var vernegudinne for den gløymde natur og for gløymde natur-funksjonar. Ganske mystiske greier, altså – var ho gudinne for dinosaurar?

Det ser ut til at Venilia til tider var knytt til NEPTUN, og somme hevdar ho var gudinne for vind og sjø. Ho var dessutan den personifiserte flo (høgvatn i havet). Her jobba ho i par med hav-nymfa SALACIA, som var den personifiserte fjøre. Med JANUS fekk Venilia dattera den gåverike sangerska CANENS. Med Danaüs fekk ho sonen Turnus (Juturnus).

 

Tekstboks: LINK 2:Tekstboks: LINK 1:Tekstboks: SKULPTURVENUS

Venus var opphavleg ei italisk gudinne for hagebruk og åkerbruk. I seinare tid vart ho identifisert med den greske kjærleiksgudinna AFRODITE. I keisartida vart Venus dyrka i fleire utgåver. Under namnet Venus Genetrix vart ho dyrka som mor til heroen AENEAS - romarane sin stamfar. Aeneas var ikkje udøyeleg (ikkje guddommeleg). Under namnet Venus Felix vart ho dyrka som lykkebringar, og under namnet Venus Verticorda var ho vernar av kvinnas møydom. Venus vart også kalla ”Hagens Frue”. Det var snakk om urtehagar, særleg med medisinplantar, og Venus var altså vernegudinne for slike urtehagar.

Det var særleg som mor til Aeneas at Venus fekk sine høge guddommelege posisjon - ho vart rekna som den romerske nasjons stammor. Roma hadde eksistert som stat i 400 år før Venus fekk sitt første tempel i byen. Det vart oppført i år 295 fvt., for Venus Obsequens (Venus den bønnhøyrande). Det vart finansiert av bøter som var blitt ilagt nokre matroner, fordi dei hadde begått ekteskapsbrot. Denne heilagdommen låg tett ved Circus Maximus, men er ikkje å finne i dag. Heilagdommen vart vigsla på vinfest-dagen; 19. august.

Det andre Venus-templet i Roma vart oppført på Kapitol-høgda i år 215 fvt., på order frå Dei Sibylliske bøker. (Sjå SIBYLE). Dette var under dei puniske krigane, og Roma var i naud. Dette templet var vigsla til Venus Erycina, som var den Venus som vart dyrka i Eryx på Sicilia. Eryx er eit berg som ligg på Sicilias nordvestre pynt. Kulten som hadde sete her var av orientalsk karakter, og templet på Eryx-berget var mellom anna eit rituelt bordell.

I Venus-templet på Kapitol vart også den moderlege og vernande gudinna MENS dyrka. Ho var den personifiserte fornuft. Romarane ville prøve å bringe noko fornuft inn i kjærleiken. Men kort etter fann romarane på at Venus skulle verte ektemaken til krigsguden MARS; det var også etter ordre frå dei sibylliske bøker.

Tempel-prostitusjon var utenkeleg i Roma i 3. århundre fvt. Men i år 182 fvt. fekk Venus Erycina eit tempel til. Utanfor nordaustre byport låg kultstaden til meretrices -dei offentleg prostituerte. Her vart nå reist eit tempel for Venus, og ved dette templet gjekk det nok meir lysteleg for seg enn ved templet inne i byen. I byen var Venus ganske kysk, men utanfor bymurane opptrådte ho naken og erotisk. Venus vart brukt til mange formål.

Ei kolossal-statue av Venus’ hovud er utgravd ved Venus-templet utanfor byporten. Ekspertane seier det var ein fønikisk skikk å meisle ut slike digre gude-hovud.

I år 121 fvt. oppførte keisar Hadrian eit tempel for Venus Felix og det Evige Roma. Keisar Pompeius oppførte eit tempel for Venus Victrix (”erobrar”), knytt til hans nye amfi-teater.

Julius Cæcar bygde tempel for Venus Genetrix i år 46 fvt. Han påstod i samband med dette at hans ætt stamma frå Venus. Keisaren gjorde dette templet til eit utstillingsvindu for eksotiske utsmykking og ekstravananse. Ei forgylt Cleopatra-statue som skulle forestille ISIS vart oppstilt her

Venus var også kloakk-gudinne, eller guddinne for avlaup, for å bruke eit noko finare ord. Venus Cloacina kalla dei ho då, og denne Venus hadde sitt eige tempel på Forum Romanum, ved ein av hovudkanalane for avlaupsvatn. Romarane var stolte av kloakk-systemet sitt, og Venus’ rolle her, var å reinse byen.

 

Om Venus (eigentleg om Afrodite) er det sagt at CHRONOS (SATURNUS) let GAIA’s eggstokkar falle i havet, og der blanda dei seg med blod og sæd frå URANOS’ avhogde lem. Av dette vart Venus født. Dette skal forståast slik at alt liv frå først kom frå Himmelen, og alt alt liv som sidan vert til, har sit opphav i at det kvinnelege og det mannlege kjem saman. Dette er VENUS’ LOV.

Venus var født av hav og himmel. Ho vart æra som stammor til det romerske folk, og Julius Cæcar påstod han kunne rekne stamtreet sitt tilbake til Venus.

Venus vart ei tid rekna for å vere kona til eldguden VULCANUS, men ho var ofte utru mot han. Mellom hennar mange elskarar var krigsguden MARS, den vakre gjetaren ADONIS, og ANCHISES, som vart far til AENEAS. Venus var også mor til CUPIDO, elskovens gud, og med Mars fekk ho den vakre gudinna HARMONIA.

Ein gang Mars og Venus elska, hadde Vulcanus sett opp ei felle. Han greidde å fange dei i eit nett, og viste fram deira skam for dei andre gudane på Olympen. (Dette er ein gresk myte som er blitt tillagt Venus. Sjå under AFRODITE).

Byen Venezia er oppkalla etter Venus. Venezia gifte seg ein gong med Venus. (Rart påfunn). Kvart år vert dette giftarmålet feira i Venezia, og venezianarane meiner det er Venus som får folk til å verte kjær i kvarandre, og til å inngå ekteskap.

Venus var også gudinne for vår og fræve.

Den gamle italiske Venus ser ut til å ha sine røtter frå Orienten. Ho har drag frå den babylonske gudinna Ischtar, den fønikiske Astarte, den egyptiske ISIS og den anatolske CYBELE.

 

Den gamle Venus vart feira med ein vårfest 1. april. Det var ein erotisk fest som kunne verte ganske utagerande. Skikken med å narre aprilsnarr har sitt opphav i denne festen. Den andre store festen for Venus var 18. august, og knytt til vinhausten. Dette var dagen før den store festen for JUPITER, og bøndenes store vinfest.

 

I løpet av 2. århundre fvt. vart legenden om AENEAS utbreidd, og det var i samanheng med dette at Venus overtok Afrodites mytologi.

 

Historikaren Cassius Hemina fortel at Aeneas av Sicilia brakte eit kultbilete av mora si, Venus, til oldtidsbyen Lavinium i Latium. Der vart Venus dyrka under namnet Frutis, og hennar tempel heitte Frutinal.  Her byrja også dyrkinga av Venus som kvelds-stjerne – som planeten Venus. Kvar dag, i skyminga, når planeten Venus viste seg, vart det ofra urter på hennar altar.

 

I 4. og 3. århundre fvt. kunne ein også søke lækjedom i Venus-templa. Utallige votiv-gåver er funne, i skap av livmødre. Votiv-gåver vert gitt som betaling for å få guddommeleg hjelp. Det er gjerne små, personlige ting, som halstørkle eller små pyntegjenstandar. Her vart det altså små leir-figurar, forma som livmødre, så det var nok graviditet, fødslar og likande kvinnegreier som Venus særleg kunne hjelpe med. Men seinare vart Venus dyrka som allmennlækjings-gudinne, saman med CERES.

Vi veit ikkje av at Venus og hennar guddommelege ektemake Mars vart dyrka saman i eitt og anna tempel. Men i husaltra i heimane til folk, var små statuer av Venus og Mars vanleg standardutstyr. Venus-statuene her var ofte utforma som ”Den badande Venus”.

Venus var vernegudinne for bad, badeanlegg og bading. Ho fekk tempel på Forum Iulium, med sprutande fontener og skulpturar av badande NYMFER.  Her er det reinsings-ritualet som er hovudsaken, liksom når det gjeld Venus som kloakk-gudinne. Afrodite var også fæl til å bade.

Då den romerske general Agrippa  (63 - 12 fvt.) vigsla sitt nye Pantheon (tempel for samtlige gudar), gjekk ein prosesjon av gudar dit, under leiing av Venus og Mars. (Det er snakk om eit opptog). Den gang heitte det at Venus var datter av JUPITER og DIONE, og at ho var kona til VULCANUS og elskarinna til Mars, med fleire. Vidare at Venus var mor til CUPIDO (med MERKUR som far), og mor til HYMEN, PRIAPOS og AENEAS.

Venus kom sein med i den romerske gudefamilie, men grannefolka til romarane hadde dyrka Venus i lange tider før romarane adopterte ho. Det var nok mellom anna etter å ha lært om den greske Afrodite at dei kom på at dei også trengte ei kjærleiksgudinne. I den tidlege romarstaten var eigenskapar som pliktkjensle, disiplin og krigsmot sentrale. At det vart funne plass til Venus i gudefamilien, var nok resultat av ein livssyns-revolusjon - det var dei romerske kvinner som kravde å få eit ord med i laget.

 

 

VERITAS

Veritas tyder “sanning”. Ho var datter av SATURN, og romersk gudinne for sanning, lov og rett.

 

VERTUMNUS

Vertumnus var den romerske verne-guddom for hagebruk. Han var også gud for årstids-endringar – han var gud for modning av bær og frukter. Han beila til gudinna POMONA. Romarane byrja dyrke Vertumnus omlag år 300 fvt., og festdagen hans var 13. august.

 

Tekstboks: HESTIATekstboks: VESTAVESTA

Vesta vart truleg dyrka av romarane alt i førhistorisk tid, og ho vart då dyrka som måne-gudinne. Seinare vart ho assosiert med den greske gudinna HESTIA.

Vesta var romersk gudinne for eldstaden. Eldstaden var omnen på kjøkkenet, der maten vart tilbereidd. Eldstaden hadde ein sentral posisjon i romarane sitt familieliv. Elden som brann på eldstaden var vigsla til Vesta. Ho var ei familie-gudinna, som vart dyrka i heimane. Ho var gudinne for hushaldet.

Vesta sin viktigaste heilagdom var det runde Vesta-templet på Forum Romanum. I templets innerste rom brann Vestas evige eld, som var blitt brakt frå Troja av AENEAS; Romas legendariske grunnleggar. Denne heilage elden symboliserte Vesta, og  Vestas funksjon som Romas vernegudinne. Elden vart kontinuerleg vakta av hennar prestinner, som vart kalla vestalinnene, og kvar nyårsdag vart han tent på ny. Om elden slokna, så vart vestalinnene straffa med pisking.

Strengare var straffa om ei vestalinne hadde samkvem med ein mann – då vart ho levande begravd. Dette skjedde bare 18 gangar under den tusenårige historien til Vesta-templet i Roma.

Det stod eit lite Vesta-tempel i dei fleste romerske byar. I templa tente vestalinner. Det var seks av dei, og dei vart rekrutterte når dei var 7 år gamle. Dei hadde teneste i templet i 30 år. Dei måtte følge strenge reglar. Etter endt teneste kunne dei gifte seg om dei ville, men det var få av dei som gjorde det.

Fræve (fruktbarheit) vart dyrka i Vesta-templa, og det låg ein erotisk dåm over vestalinnene, sjølv om dei skulle vere svært så jomfruelige av seg.

Den 9. juni kvart år vart det halde ein offentleg fest for Vesta, kalla Vestalia.

I Vesta-templet i Roma stod ein statue av ATENE, med sverd og skjold; kalla PALLADIUM. Romarane hevda at denne heilage statuen var brakt til Roma frå Trojas brennande ruinar, av HEROEN AENEAS.

I år 392 evt. vart Vestas heilage eld sløkt, av keisar Theodosius, som hadde forbode alle ikkje-kristne religionar.

Vi høyrer ofte om 50 døtre i mytane; mellom andre DANAÏDENE, Pallantidene og NEREIDENE. THESPIOS’ 50 døtre vart kalla Thespiadene. Keltarane hadde tilsvarande mytar. Dette fenomenet er tolka slik, at det dreide seg om 50 måneprestinner som tente Månegudinna. Ein gang i året kunne den heilage Solkongen kome til Månegudinna. Han var kledd i løveham, og det vart arrangert erotiske leikar omkring ein stein-fallos som bar namnet EROS. Dei gamle månedyrkarane brukte ein kalender med stor-år – ein periode på 4 år (seinare kalla olympiade).  I eit storår vandra MÅNEN 50 gangar omkring jorda, og derfor skulle tallet på måneprestinner vere 50.

 

I seinare erotiske månekultar vart tallet på prestinner 12. Mennene hadde tatt makta frå kvinnene, og dei ville heidre Sola meir enn Månen. Sola passerte gjennom 12 stjerneteikn i dyrekretsen i løpet av eit år. Det var 12 månadar i året. Så det var 12 vestalinnene i Vesta-templa tidleg i den romerske konge-tida. Dei tidlege vestalinnene vakta over ein erotisk fallos-stein. Seinare vart tallet på vestalinner redusert til 6.

 

VICTORIA

Victoria var romarane si sigers-gudinne. Hennar greske motstykke var NIKE. Victoria heldt seg ihop med JUPITER  og MARS.

 

VIDUUS

Viduus var ein romersk guddom som hadde jobben med å skilje sjela frå lekamen når folk døydde. Namnet hans tyder ”skiljar”.

 

VIRBIUS

Virbius var ein mannleg fræve-gud; ein fallistisk kåting som vi kjenner frå DIANA-templet ved Nemi-sjøen. Sjå DIANA.

Saman med EGERIA vart Virbius dyrka som guddom under den store Diana, på den store kult-staden ved Nemi-sjøen.

Virbius var ein gammal, erotisk skog-guddom, men her er ein nyare symbol-myte om han:

Virbius var opphavleg den greske HEROEN HIPPOLYTOS; son av THESEVS. Som ung var Hippolytos ærbar og rein i tankar, men så fekk han lære elskovskunst av KENTAUREN CHIRON.

 

Kvar dag jakta Hippolytos villdyr i urskogane saman med den jomfruelege jaktgudinna DIANA (ARTHEMIS). Det var alltid bare dei to åleine på jakta. Hippolytos var så kry over å ha ei slik guddommelege jaktvenninne, at han avviste alle tilnærmingar frå elskovssjuke kvinner. Dette vart hans bane. For kjærleiksgudinna AFRODITE vart djupt såra over denne haldninga hans, og ho fekk lokka hans stemor Phaedra til å verte hugteken i han. Men Hippolytos avviste også Phaedra, og ho hemna dette ved å seie fram falske klagemål på han til sin ektemann, Thesevs. Ho sa at Hippolytos hadde lagt seg etter ho. Thesevs let seg lure av den falske kvinnetunge, og han bad guden han regjerte i namnet til, POSEIDON, om å straffe Hippolytos. Så ein gang Hippolytos køyrde med vogn langs strandbreidden ved ei havbukt, sendte havguden ein rasande okse opp frå bølgene. Dei skrekkslagne hestane til Hippolytos steila og kasta Hippolytos ut av vogna, og han vart drept av dei sparkande hestane. Men Diana var så glad i sin unge jakt-kamerat, at ho bad lækjar-guden ASKLEPIOS bringe han tilbake til livet med sine magiske urter. JUPITER vart så forarga ved at ein døyeleg hadde vendt tilbake frå dødens portar, at han kasta Asklepios ned i HADES. Men Diana gøymde yndlingen sin for den rasande Jupiter i ei tjukk sky. Ho endra hans utsjånad ved å gjere han mykje eldre, og så brakte ho han langt bort, til Nemis dalar. Her gav ho han i varetekt til nymfa EGERIA. Her skulle han leve, ukjent og einsam, under namnet Virbius, i dei djupe, italiske skogar. Virbius regjerte som konge her, og han gav eit landområde i gåve til Diana. (Dette var nok kult-staden for Diana ved Nemi-sjøen).

Virbius fekk ein kjekk son som bar farens namn. Sonen kjente ikkje til farens lagnad. Ein gang dreiv han ein flokk med fyrige hingstar for å delta saman med latinarane i kampen mot AENEAS og trojanarane.

Virbius vart ikkje dyrka som gud bare ved Nemi-sjøen, men også andre stadar. Frå Campania kjenner vi til prestar som ofra til han. i Aricia vart hestar bannlyste frå alle heilagdommar fordi det var hestar som hadde drept Hippolytes. Det var forbudt å røre ved Virbius' bilete. Somme meinte Virbius var Sola.

Hippolytos/Virbius var seigliva som få. I seinare tid dukka Hippolytos opp som katolsk helgen. I den romerske kalender vert St. Hippolytus feira kvar 13. august, som ein helgen som vart slept til døde av hestar. 13. august var den gamle høgtidsdagen for Diana.

 

VIRGO

Virgo var romersk gudinne for jomfrudom.

VIRILIS

Virilis var ei gudinne som romerske kvinner påkalla når mannen deira ikkje var noko tess i senga.

 

VIRIPLACA

Viriplaca var ei romersk gudinne som kunne påkallast når det var problem i ekteskapet.

 

VIRTUS

Virtus var ein militær-guddom som hadde med tapperheit å gjere. Sjå HONOS.

 

VOLTURNUS

Tekstboks: STATUE
 

 


Volturnus var romersk guddom for elva Tiber. (Sjå også TIBERINUS).

 

 

 

VULCANUS

Vulcanus  var gud for elden. Frå først var han gud for lauseld, skadeeld, brann – for vulkanutbrot og skogbrannar. Hans motstykke må vere VESTA, som verna om den gode eld på eldstadane i kvar heim.

Romarane assosierte Vulcanus med den greske eldguden HEFAISTOS. Ved dette vart Vulcanus også gud for den gode og nyttige eld. Han vart gud for elden på smedens esse. Han vart også vernegud for handverkarar og kunsthandverkarar, og ved dette knytt til MINERVA. 

Men Vulcanus vart aldri ein kunst-smed slik som Hefaistos. Han huga meir til guddommeleg politikk, og gjorde såleis meir av seg i det romerske guderåd, Pantheon, enn Hefaistos gjorde i den olympiske gudeforsamlinga.

Vulcanus vart også kalla Mulciber, og eldstaden hans var under vulkanfjellet Etna. Opphavleg var Vulcanus ein gammal italisk guddom. I Roma heldt dei fest for Vulcanus, Vulcanalia, 23. august – det var på den tida då faren for skogbrannar var størst. Særleg i Ostia (Romas hamneby) vart Vulcanus feira -  hans viktigaste kult-senter låg her. Sidan guden var så brannfarleg, vart han tilbedt utanfor byane. Små fisk vart kasta inn i flammane – dei vart ofra for å bevare dei menneskeliv dei skulle representere. Vulcanus smidde våpen, med hjelp av KYKLOPANE. Han smidde JUPITERS tordenkile, og rustningar og drikkebeger og mykje gudepynt. Han laga Robotar som hjalp til med smed-arbeidet. For å ære Vulcanus, vart våpen som var erobra frå fienden kasta på elden ved altaret hans.

Vulcanus var altså ein gammal. italisk gud ein måtte påkalle om ein ville søke vern mot skade-eld. Når vulkanar spruta eld og lava, då var det Vulcanus som var rasande og viste si kraft. Seinare, under dei puniske krigane, vart han altså assosiert med den greske smedguden HEFAISTOS, og romarane fann på at han skulle vere ektemannen til VENUS.

 

                                                       

                                                     Til framsida

 

 

 

 

 

1