GRESKE OG
ROMERSKE GUDAR |
||
Gudar på Z |
Forfatta av Aslak Nedregård |
Gresk |
|
Romersk |
||
|
|
|
|
|
ZAGREOS |
Zagreos
(Zagrevs) vart kalla SABAZIUS av
romarane. Det ser ut til at han først vart dyrka som vegetasjonsgud på Kreta og i Thrakia - det var nokre slektsband
mellom kongehusa i desse to landa. På Kreta vart han seinare dyrka som vingud. Zagreos
var svært nærknytt til DIONYSOS - Zagreos og Dionysos vart begge rivne i
filler som barn, og har fått æren for oppfinninga av vin. Zagreos er blitt
kalla ”Den første Dionysos”. (Sjå
også under SABAZIUS.) Dyrkinga
av Zagreos var somme stadar nærknytt til dyrkinga av store mor CYBELE og hennar ektemake ATTIS. Så var han knytt til CHTONIA, som var eit aspekt av
dødsgudinna HEKATE. Chtonia vart dyrka
som jord-gudinne, liknande DEMETER. I Chtonia-kulten var Zagreos´ symbol ein slange - symbolet på
naturens årlege fornying. Zagreos-dyrkinga
var mysterie-kultar. I ein sentral
rite vart ein gull-slange ført under kjolen på dei vigsla - ført inn under
hals-linningen, så over magen, og henta ut nedst nede. Dette skal vere ein
gammal adopsjons-rite. Vart barn adoptert ved eit slikt rituale? Og er det så
her snakk om at dei vigsla adopterte slangen? I
somme kultar vart Zagreos dyrka med blodige riter. Desse var så skumle at dei
vart utført på nattestid. Det heitte at menneska vart skapt av leivningane
etter Zagreos og TITANANE. Så
gjorde dei det kanskje slik at dei drepte og lemlesta ein prest eller prins,
for symbolsk å repetere denne skapinga, og hadde tru på at dette ritualet
skulle gynne fræve hjå menneska. Det ser ut til at Zagreos-dyrkinga
etter kvart fekk vid utbreiing i det gresk-romerske kulturområdet, og Zagreos
vart sett på som eit aspekt av Dionysos, og til og med som eit aspekt av ZEVS. Det er hevda at Zagreos (Sabazius) var same
guddom som den jødiske Zebaoth, og
at dette er prov på at jødane dyrka ein vingud. Var jødane sin heilagdag, sabbaten, opphavleg ein festdag for
vinguden Sabazius? Sabazius´ bilete og namn er ofte funne på "votiv-hender"
- talismanar som ein elles ikkje kjenner bakgrunnen til. Zagreos´
mysterie-kult var skipa i faste former i Roma frå 2. århundre evt., men alt i
år 139 fvt. vart jødar utviste frå Roma ved ei lov som forbaud dyrkinga av Jupiter Sabazius. Romarane mislikte
ville fyllefestar med blodige rituale. Mytologien
fortel at Zagreos var ein ung guddom som vart drept og partert av TITANANE, og sidan gjenfødt som den
olympiske guden DIONYSOS. Hans
første livslaup starta under titan-krigane. Då gøymde DEMETER si datter PERSEPHONE
i ei hole på Kreta, ute av syne for dei nyfikne augene til dei kåte gudane.
(Det var før Peresphone vart kona til HADES).
Men ZEVS fekk likevel auge på ho,
og i skap av ein slange kraup han på ho og gjorde ho med barn. Sonen som
Persephone fekk med Zevs var Zagreos. Zevs sette han på si eiga trone, og gav
han tordenkilar til våpen. Men Titanane sneik seg inn på Olympen, og med ein
fæl kniv skar dei Zagreos i bitar. Men Zevs tok vare på Zagreos´ udøyelege
hjerte, og han laga ein kjærleiksdrykk av det som han gav til si døyelege
elskarinne SEMELE. Ved dette vart
Semele gravid, og fødte DIONYSOS.
(Nedkomsten var dramatisk - sjå under SEMELE).
Men Zagreos/Dionysos kunne nå ta fatt på sitt liv nummer to - det er han som
er kalla "Den to gangar fødte". Då Zagreos (den eldre) vart drept,
vart så Zevs rasande at han sette heile jorda i brann, for sidan å sløkke
sola og drukne verda i ein "syndeflaum". Det var Zevs´plan å sette
Zagreos til å styre over verda, og han gav han si trone og sitt septer. Men GAIA, med hjelp frå titanane, fekk
altså sabotert dette, ved drapet på Zagreos. I
EIN ANNAN MYTE OM ZAGREOS HEITER DET: I løyndom sette Zevs barn på Persephone, før ho vart kona til
sin onkel Hades i Underverda. Sonen som vart født, Zagreos, førte Zevs til si
hole på Ida-fjellet på Kreta, og han let RHEAs
demonar, KORYBANTANE, vakte han
der. Korybantane hoppa og spratt omkring Zagreos-barnet og laga larm med sine
våpen, så ingen skulle høyre barnet gråte. Det var slik dei også hadde vakta
Zevs-barnet på Dicte-fjellet. Men Zevs´fiendar, titanane, malte seg i fjesa
med gips så dei ikkje var attkjennande, og la seg på lur til Korybantane
hadde somna. Ved midnatt lokka dei Zagreos-barnet ut av hola ved å tilby han
gåver som eit sneglehus, ei hurre*, eit gulleple, eit speil, ein knokkel og
ein bunt med ull. Men då titanane gjekk til angrep på Zagreos og ville drepe
han, viste han seg modig og sterk. Han skapte seg om på mange vis for å stå
seg mot dei. Han vart Zevs i geiteskinn, Chronos som regnmakar, ei løve, ein
hest, ein hornslange, ein tiger og ein okse. Men så greip titanane han i horn
og føter, og dei reiv han i stykker med tennene, og så åt dei han rå. Men
under dette måltidet kom ATENE
til, og ho fekk berga Zagreos´ hjerte. Ho pakka hjertet inn i ein gipsfigur,
og pusta så liv i denne, slik at Zagreos vart udøyeleg. Men knoklane hans
vart gravlagde ved Delfi, og Zevs drepte etterpå titanane med tordenkilane
sine. * Ei hurre er ei plate av tre eller
keramikk, knytt fast til ei snor. Når ein svingar dette instrumentet fort
rundt, frambringer det ein rautande lyd. Instrumentet vart kalla
"okse-brølar", og vart brukt for å framkalle regn på magisk vis. Denne myten
fortel om eit rituale som vart utført på Kreta i gammal tid - ein unggut vart
feira som konge for ein dag, for så
å verte ofra på kannibalistisk vis. Denne guten fungerte som surrogat for
okse-kongen MINOS, for Minos sjølv
ville ikkje late seg ofre. Det var før, det - i matriarkalsk tid, at kvar
konge bare fekk regjere i eitt år,
for så å verte ofra for å gi jord og menneske ny fræve. Under
offer-ritualet vart det dansa fem dansar, som skulle illustrere fem årstider,
før dei åt surrogat-kongen rå. Når det gjeld dei fem leikene som titanane
lokka Zagreos med, så finn vi desse att i ritane i Den orfeiske mysteriereligionen. (Sjå under ORFEOS). Men orfistane ofra ein oksekalv i staden for eit
menneske. Ein orfist som hadde teke del i eit slikt offer-måltid måtte sidan
aldri smake kjøtt. Kvar leike
hadde ein symbol-funksjon. Formålet med rituala var at deltakarane skulle
kome i einskap med guddommen. Knokkelbeinet symboliserer guddommeleg kraft,
speilet symboliserte den udøyelege sjel, gullepla var inngangsbillett til ELYSIUM, sneglehuset var eit
guddoms-symbol. Det er fortalt at Dionysos vart ofra og fortært
slik som sin forgjengar Zagreos, men i dionysisk tid vart kjøttet kokt først.
Eit utslag av dekadanse? I det
episke diktet "Dionysiaca" kan vi lese at denne andre
Zagreos/Dionysos hadde skap av ein okse. Her råkar vi nok borti den urgamle
kretiske okse-guden TAUROS, som
den inntrengjande, patriarkalske kulturen måtte dikte inn i ein Zevs-myte for
å legalisere innføringa av den patriarkatiske Zevs-dyrkinga på Kreta. Demostenes
fortel at også atenarane adopterte Zagreos, og knytte han til dyrkinga av RHEA-CYBELE. I ritane her var ein
Dionysos-marsj eitt av innslaga, og under marsjen vart det ropt "evoe
saboe" og "hyes attes - attes hyes". Desse ropa høyrde til
Zagreos-ritane. Atenarane feira tre utgåver av Dionysos - Zagreos (den eldre
Dionysos), den andre Dionysos, og Iakkhos,
den tredje Dionysos. Dei sang og dansa, først for den første, så for den
andre, og så for den tredje. Ein må
forstå somme oldtids-skribentar slik at Dionysos og Zagreos var ein og samme
person, og at denne guddom vart født to gangar, slik at vi då kan tale om ein
eldre og ein yngre Dionysos/Zagreos. Samme skribentane fortel at den eldre
Dionysos/Zagreos var den første som fann på å legge åk på oksen, slik at
oksen kunne trekke plog. Dionysos/Zagreos vart avbileta med ei horn som eit symbol
på at han introduserte denne nyvinninga. I andre
kjelder kan vi lese at den yngre Dionysos arva livsgjerninga til den eldre
Zagreos. Dionysos vart kalla Dimetor,
som tyder at han vart født av to mødre - den eldre vart født av Persephone,
og den yngre av Semele. I begge tilfella var Zevs faren. Den gamle Dionysos/Zagreos
hadde langt skjegg slik moten var i gamletida, medan den yngre barberte seg. Zagreos vert også ofte omtala i nyare egyptisk
mytologi. Han vert kalla OSIRIS,
"vandraren". Og han vert kalla "Den egyptiske
Dionysos". Han vart dyrka i mysterie-kultar om natta., og hans prestar
sang magiske hymner på eit vilt, hemmeleg språk. Ordet alleluia vart ofte nytta i sangen, og framført med høg,
skingrande stemme. Det er ordet vi kjenner som hallelujah, og som tyder "Heilag er Jahve". |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Zana var ei illyrisk gudinne som romarane adopterte fordi ho var så vakker og
tapper. Namnet hennatr tyder ”kvinne” eller ”ungjente”. Ho likna mykje på DIANA, og også på den greske ARTHEMIS. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Zephyros var vestavinden - son
av titanen ASTRAEOS og
morgonraudens gudinne EOS. Det er
sagt at Zephyros var gift med IRIS,
regnbogens gudinne og gudanes sendebod. Hans brør var dei tre andre vindane: BOREAS, NOTOS og EUROS. Zephyros tyder "han som kjem frå fjella".
Han brakte mildver og vår. Zephyros
var forelska i APOLLON, men
Apollon var fortapt i HYACINTHOS.
Zephyros drepte då Hyacinthos i svartsjuke, ved å blåse ei klinkekule (liten,
rund stein frå stranda) hardt i hovudet på han. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Zevs (Zeus, Deus, Jahve) var sjefs-guden på OLYMPEN. Han var himmel-gud, og han var verdas styrar. JUPITER
vart hans romerske motstykke. IXION
var truleg ei tidleg utgåve av Zevs, og om ZAGREOS heiter det at han var eit aspekt av Zevs. Zevs hadde ein finger med i
spelet i det meste som gjekk føre seg i gudeverda, så eg skriv bare litt om
han her. På oppslaga om dei fleste andre greske gudane finn du meir stoff om
Zevs. Men truleg har Zevs fått dominere den greske mytologien meir enn han
har fortent. Den Zevs vi mest får høyre om var "på mote" i den tida
då den greske mytologi vart nedskriven, og i dei tider var han guddommen som
vart dyrka av dei herskande klasser. På grasrotplan; i folkedjupet og ute i
landsbyane var nok Zevs mykje mindre sentral, og går vi bakover i tid, så var
det heilt andre gudar som vart dyrka som øvstegud. Det skilde seg frå stad
til stad - frå kultur til kultur - frå århundre til århundre. Også ein tidleg
Zevs finn vi mange spor etter - ein himmelgud/solgud som vart dyrka her og
der under ulike namn - mellom anna så var den indiske INDRA ei utgåve av Zevs. Men Zevs raga i den tid ikkje over gudar
som Dionysos, Helios eller Apollon, for ikkje å snakke om dei gamle gudinnene
frå matrairkatet si tid, som Atene, Afrodite, Cybele, Hecate, Demeter, osv. Zevs
var son av CHRONOS og RHEA. Fordi Chronos slukte sine barn,
lurte Rhea seg av til Kreta då ho skulle føde Zevs. Ho sette han så i
oppfostring hos NYMFENE der, i ei
hole på berget Ida, og geita AMALTHEA
gav han mjelk, og biene gav han honning. Rhea sette KORYBANTANE til å vakte over han, og dei larma og ståka, så ikkje
Chronos skulle høyre barnegråt.
Rhea kom med ein innpakka stein til
Chronos, som han slukte i den tru at det var Zevs. Då Zevs var eitt år gammal, var han
fullvaksen, og sterk nok til å angripe sin vonde far. Han jaga faren av
trona, og tvang han til å spy ut alle Zevs' søsken. Så kasta Zevs Chronos og
dei andre TITANANE ned i TARTAROS, og sette dei i lenker der. Etter
romersk tradisjon - dei kalla Chronos for SATURNUS - så for Chronos til Italia, der han fekk dele makta med
den derverande guden JANUS. Chronos endra visst nå sinnelag, for han
vart ein god og mild herskar, og hans regjeringstid vart rekna som den
fortapte gullalder. Ingen veit kvar det vart av han då gullalderen tok slutt. Zevs vart herre over himmel og jord -
over gudar og menneske. Han slo seg til på OLYMPEN, og der sat han og dømde mellom godt og vondt, og laga
lover for menneska på jorda. Zevs var herskar over bysamfunna, over lova,
moralen; og han var sjølve verdsordninga sin vaktar og oppretthaldar. Ved
hans høgre side sat rettferdsgudinna DIKE,
og når folk skulle avlegge eid, påkalla dei gjerne Zevs. (Det
vi eigentleg kan lese ut av dette, er at Zevs vart brukt politisk av
bysamfunnet sin regjerande klasse av prestar og prestekongar, til å halde
folk i age.) Zevs
vart halden for å vere vernegud for familie, vennskap og gjestfridom. Som
himmelgud var han også vérgud, og
det var han som sendte regn. Regn
var svært viktig for vokster og velferd. Ved torevér viste Zevs si makt. Då
buldra han tungt og kasta sine tordenkilar
i hytt og vér. Han kunne råke menneske som hadde forsynda seg mot gudane med
ein tordenkile. Zevs
hadde eit skjold - digert som ei uvers-sky, som heitte Aigis. Det var laga av skinnet til geita Amaltea, som Zevs flådde
før han sette ho på stjernehimmelen. Eitt av horna hennar gav han til nymfene
på Kreta. Dette hornet fyldes alltid med alt ein kunne ønske seg, og vart
kalla "overflødigheits-hornet". Så hadde Zevs som attributtar eit septer, og tordenkilar. Hans guddommelege fugl var ørna. Ein
eigenskap Zevs hadde var at han kunne omskape seg til alt mellom himmel og
jord. Han nytta seg mykje av dette når han skulle forføre vanskelege
kvinnfolk og gudinner, eller stod overfor andre problem. Ofte kom gudane saman i palasset til
Zevs på Olympen. Apollon spela på
lyre, GRATIENE dansa, og gudane åt
ambrosia (noko næring som gjorde at
ein vart udøyeleg), og dei drakk nektar
av gylte kar. I ein
myte heiter det at Zevs delte allmakta med brørne sine; POSEIDON fekk havet, og HADES
vart herskar i Underverda. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Oraklet i DODONA Zevs
hadde eit orakel i DODONA, og der
kviskra han råd til menneska ved hjelp av susinga frå lauvverket til ei
veldig eik. Prestane der hadde hengt opp mange store bronsekjelar i eika, for
å forsterke kviskringa. Dette
oraklet i Dodona skal vere det eldste
av alle orakel i Hellas. Det vaks ein stor eikelund ved Dodona. Emne til
baugen på JASON's skip vart teke
frå ei eik her. Derfor kunne skipet tale og spå om framtida. Dodona ligg i ein vakker og fredfull
fjelldal i Epirus i Nordvest-Hellas. Det ligg eit gammalt amfi-teater her,
som ennå er i bruk. Staden der oraklet låg er no truga av eit
motorveg-prosjekt - ein autostrada som vil passere nokre få hundre meter
unna. Etter massive protestar er det vedteke at vegen skal gå i tunell forbi. Zevs-statuen
i Olympia Zevs vart dyrka i mange
tempel - det viktigaste var i byen Olympia,
som låg 15 mil frå Aten. Her vart
dei olympiske leikane arrangert under
påsyn av Zevs, og vart avhaldne til Zevs´ære. Heilt frå Egypt og Cicilia kom
det utøvarar for å delta i leikane. Grekarane byrjar si tidsrekning i 776
fvt., for det året vart dei første olympiske leikane arrangert. I Olympia var
eit Zevs-tempel som var konstruert av arkitekten Libon, og det vart bygd i år 450 fvt. Temlet var i dorisk stil,
men seinare ville ein gjere det meir storslagent, og den atenske skulptøren Phidias (Pheidias) fekk då i oppgåve
å utforme ei kolossal-statue av Zevs. Phidias byrja arbeidet
med statuen i år 440 fvt. Mange år før dette hadde han utvikla ein teknikk
for å lage enorme statuer av gull og elfenbein. Teknikken bestod i å bygge
store trerammer, der plater av metall og delar av elfenbein kunne festast og
danne eit ytre dekke. Då statuen var ferdig,
var det bare så vidt den fekk plass i templet. Strabo skreiv: Sjølv om templet i seg sjølv er veldig
stort, så vert skulptøren kritisert for ikkje å ha brydd seg om proporsjonane.
Han har framstilt Zevs sitande, men med hovudet nesten opp i taket, slik at
ein får inntrykk av at dersom Zevs reiser seg, så vil han løfte taket av
templet. I åra som følgde vart
templet besøkt av turistar og pilgrimar frå heile den kjende verda. I det
andre århundre fvt. vart det utført ein del restaurasjonsarbeid på statuen. I
første århundre fvt. prøvde den romerske keisar Caligula å frakte statuen til Roma, men dette mislukkast, då stillaset
kollapsa. Etter at dei olympiske leikane vart bannlyste som heidenskap av
keisar Theodosius I, vart templet beordra stengt. Så vart Olympia råka av
jordskjelv, jordskred og flaumar, og templet vart skadd i ein brann i 5.
århundre evt. Men før dette hadde Zevs-statuen blitt flytta av rike grekarar
til eit palass i Konstantinopel. Her stod den, til den vart øydelagt i ein
storbrann i år 462 evt. Og templet i Olympia er i dag bare ein ruin. Strabo
hadde rett i at statuen var diger i høve til templet, men skulptøren bør
rosast for dette, i staden for å kritiserast. Det som gjer statuen så
imponerande er mellom anna inntrykket ein får, av at gudekongen kan løfte
taket av templet dersom han reiser seg. Poetar og historikarar har blitt
fasinert av dette. Statuens sokkel var 6,5 m breid og 1 m høg.
Sjølve statuen var 13 m høg. På tronstolen var det utskore sfinxar og
sigersgudinna NIKE med lyfte
venger. Fleire andre greske gudar hadde fått plass mellom utskjeringane -
mellom dei var APOLLON, ARTHEMIS, og NIOBEs 14 barn. Grekaren
Pausanias skreiv: På hovudet har
Zevs ein skulpturert krans av oliven-kvistar. I si høgre hand held han ein
figur av Nike, laga av elfenbein og gull. I si venstre hand held han eit
septer innlagt med alle kjende metall, med ei ørn sitande på septret.
Sandalane hans er laga av gull, og likeleis togaen. Hans kledebunad er
utsmykka med dyr og liljer. Tronen er dekorert med gull, edelsteinar,
ibenholt og elfenbein. Kongar og andre herskarar som kom på besøk gav
gåver til statuen. Den syriske kong Antiochus IV gav eit forheng i ull,
farga av fønikiske fargarar, og med assyriske mønstre. Zevs-statuen i Olympos vert halden for det
sværaste som er laga av gresk skulptur, og vart rekna som eitt av verdas sju underverk. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Etymologi Zevs´
namn er identisk med det indoeuropeiske ordet for himmel. Orda deus, theos
(jfr. teologi), dia og det norrøne dis og det norrøne gudenamnet Tyr har samme rot - på sanskrit heiter
himmel dyäus, som er nærskyld til
det semittiske gudenamnet Jahve. Vi
ser av dette at ordet for Gud og Himmel er det samme på mange språk. Dia
tyder også "dag", og det som her ligg bak, er nok at dagen var lyset, og lyset kom frå himmelen,
og lyset vart frambrakt av gud -
ein lysgud eller solgud. Lyset gav også varme som
trengtes for at markens grøde skulle vekse, og vart derfor dyrka som den guddommelege, livgivande kraft. OLYMPIARANE var den andre gudeslekta som kom til makta;
etter Titan-striden. ZEVS var
øvste gud mellom dei. Dei var etterkomarar etter CHRONOS og barna hans. Det er litt usemje om kva gudar som fekk
plass på Olympen – gudanes bustad
på toppen av fjellet OLYMPOS. Ein
har freista å få det til at dei var 12 i tal – 6 kvinnelege og 6 mannlege
gudar, for 12 var eit harmonisk tal. Men her følger ei liste med 15 olympiske
gudar:
Frå først av sat ikkje Zevs trygt på
Olympen. GAIA ville hemne at Zevs
hadde sett hennar barn, TITANANE,
fast i Tartaros. Ho sende andre av sine barn til strid mot han - GIGANTANE, HEKATONKHEIRANE og TYPHON.
Du kan lese om denne Gigant-striden
under GIGANTANE. Gaias barn sette
berg på berg, og klivra Olympen. TYPHON
spruta eld og røyk, så Zevs vart skræmd og rømde til Egypt, der han forkledde
seg i dyreham. Men snart kom han til krefter att - drog tilbake og nedkjempa
gigantane. Til sist sat han igjen trygt på gudetrona, og tenkte ut harde
straffer for opprørarane. (Det er
truleg ei historisk hending som er bakgrunn for myten om Gigant-striden, men eg har ikkje treft nokon som veit noko om
dette.) Pandoras
øskje Zevs hadde elden, men PROMETHEVS stal denne frå han, og brakte den ned til jorda til
menneska. For å hemne dette skapte Zevs fagerjenta PANDORA av leire, og bles liv i ho. Han sende ho til jorda med ei
øskje full av elende - han ville at ho skulle gifte seg med Promethevs og gi
han øskja i bruregåve. Men Promethevs ana uråd, og Pandora vart gift med
Promethevs' yngre bror EPIMETHEVS.
Han opna øskja, og slapp derved alt elende laus over jorda. Då han fekk på
loket att, var bare håpet att i
øskja. Zevs tok så Promethevs til
fange, og lenka han fast til ei klippe i Kaukasus, der ein rovfugl vart sett
til å hakke i innvolane hans og fråtse på levra hans. Kvar natt vaks
Promethevs ihop att, for at pinslene skulle vare evig. Men til slutt kom HERAKLES og drepte fuglen og sette
Promethevs fri. Zevs rasa meir då HERAKLES fria Promethevs. Han drukne
alle menneske i ein "syndeflaum", men menneske-paret DEUKALION og PYRRHA overlevde syndeflaumen i ei ark. Bare gudane veit kva denne symbol-historia
fortel om, men vi høyrer om eit steinalderfolk som lærer seg å ta i bruk
elden, og at Zevs mislikar dette sterkt.Ei utgåve av Zevs vart altså dyrka
som guddom alt i tidleg steinalder-tid, og når steinalderfolket laga seg eit
bål til varme eller koking, så følte dei at dei var på farlege vegar - at dei
røyvde ved og utfordra Zevs´ guddommelege magi. Dei ofra og blota nok fælt
for å orsake seg for dette. Atene Zevs åt si gravide
første-kone METIS
(visdomsgudinna), for han var redd barnet dei venta, ATENE, skulle verte større og mektigare enn han sjølv. Dog, til
sist sprang Atene fullt væpna ut av panna på Zevs, då HEFAISTOS kløyvde hovudet hans med ei øks. (Dette er ei symbol-historie som skildrar
ein veldig maktkamp mellom den matriarkalske Atene og den patriarkalske Zevs.
Det er lagt opp til at resultatet skal verte uavgjort - både Zevs og Atene
overlevde, og måtte så reknast som jambyrdige.) Med rettferdsgudinna THEMIS fekk Zevs døtrene HORAENE. Somme seier dei var tre;
andre seier dei var tolv. Den eine av dei, DIKE, sat ved Zevs´ høgre side når han sat på sin tronstol og
laga lover og utferdiga dommar. Zevs andre-kone var søstera HERA, men han sette barn på utallige
gudinner og kvinner. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Kjærleiks-eventyr,
eskapader og intriger For å vinne Hera skapte
Zevs seg om til ein gauk, og fekk samstundes i stand ein fæl snøstorm. Så
søkte han hutrande ly ved Heras barm, og ho tykte synd om den stakkars
fuglen. Så omskapte han seg att, og vann lett fram. Dei feira høgtidsamt
bryllup. Alle gudar, menneske og dyr var innbodne. Den einaste som ikkje
ville kome, var ei jordisk jente kalla CHELONE.
Ho vart til straff omvandla til skilpadde, og vart dessutan dømd til å teie. Med Gudinna LETO fekk Zevs gudebarna Apollon og
Arthemis. Hera var alltid svartsjuk på alle Zevs elskarinner, og ho forfølgde
Leto. Zevs omvandla Leto til ein vaktel, som flaug til øya Delos og unnkom
ved denne flukt ormen PYTHON, som
Hera hadde sendt for å plage ho. Hera vakta stadig på Zevs
for å avbryte sidespranga hans. Ein gang lokka Zevs fjell-nymfa EKKO til å opphalde Hera med prat,
slik at ho ikkje fekk spionert på han. Da Hera vart var samanhengen, vart ho
rasande, og tok halve stemma frå Ekko, slik at bare siste lyden i orda ho sa
kunne høyrast. Zevs vart forelska i den
gifte LEDA, og forkledd som svane
forførte han ho. Leda fødte snart etter to egg. I kvart var eit udøyeleg og
eit døyeleg barn. Zevs var far til dei udøyelege, POLYDEUKES og HELENA. Zevs sette nymfene HESPERIDANE (PLEIADANE) på
stjernehimmelen. Zevs lurte seg innpå den
vakre kongsdottera ALKMENE, og ho
fødte etter dette HERAKLES. Ein gang fekk Zevs auge på EUROPA medan ho plukka blomster på
stranda. Han skapte seg då om til ein vakker, kastanjebrun okse, og fekk ho
til å klive opp på ryggen sin. Så strauk han over havet med ho, til øya
Kreta. Der fødte ho han sønene MINOS og
RHADEMANTHOS. Zevs fekk sonen ARCAS med den jordiske kvinna CALLISTO. Han gjorde mor og son til
stjernebilete. Forkledd som eldtunger kom Zevs til nymfa AIGINA. Ho fekk av dette sonen AIKOS (AECUS), som vart dommar i Underverda. Utallige
historier fortel om Zevs i ulike forkledningar som set barn på kvinnelege
guddommar. Desse historiene skulle legitimere Zevs’ innpass i dei gamle
matriarkalske kultane, og dei opphøgde han endogtil til sjefen sjølv. Skulle ein sigre over kvinner, så måtte ein valdta
dei - slik var den patriarkalske oppskrifta, og dette fenomenet er velkjent
oppgjennom historien. Og patriarkatet sin gudekonge valdtok matriarkatet si
gudedronning, eller inngjekk ekteskap med ho, for å uttrykke det på ein
finare måte. Men patriarkane var ikkje nøgd med dette – dei måtte også valdta
eller ha samleie med matriarkatet sine gamle gudinner, og derfor dikta dei
opp alle desse mytane om Zevs’ kjærleiks-eventyr. Vi må også
rekne med at mange av oldtidas fyrstefamiler hadde trong til å hevde at dei
nedstamma frå Zevs, for å legimitere sine krav på styringsmakt, og at dei
derfor konstruerte opp myter som forklarte korleis deira forfar/formor stamma
frå Zevs. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
DEUKALIONS
FLAUM
Jorda har opplevd mange "syndeflaumar",
men Deukalions flaum var det Zevs som stod bak. Forlaupet til denne var at
den første mann, PELASGOS, fekk sonen LYCAON, og Lycaon igjen
fekk nokre ugudelege søner, som Zevs vart rasande på. Lycaon hadde sivilisert Arkadia og innstifta
dyrking av Zevs-Lycaeos der. Men så ofra han ein gut til Zevs, og
dette tok Zevs ille opp, for menneskeofring høyrde ikkje Zevs-kulten til.
Lycaon vart omskapt til ein ulv, og huset hans vart øydelagt av lyn-nedslag. Lycaon hadde 22 søner, og desse
brydde seg ikkje med å dyrke Zevs - dei tedde seg ugudeleg. Då Zevs fekk
greie på dette, kledde han seg ut som ein fattig reisande, og kom på vitjing.
Brørne fann moro i å servere han ei simpel suppe. Dei hadde blanda innvolar
av bror sin, Nyctimos, i suppa, saman med restar av sau og geit. Zevs
forstod samanhengen, og han velta bordet og skapte alle brørne om til ulvar,
med unntak av Nyctimos, som han gav livet tilbake. Då Zevs var tilbake på Olympen, slapp
han i raseri laus ein flaum over jorda. Han ville utrydde heile
menneske-ætta. Men DEUKALION, som var konge av Pythia, var
blitt advart av far sin, PROMETHEVS - som han hadde vore og vitja i
Kaukasus. Deukalion bygde då ei ark, tok store forsyningar ombord, og
sette til havs saman med kona si, PYRRHA, datter av EPIMETHEVS. Og sønnavinden bles, og det regna i
strie straumar. Alle elvar fossa flaumdigre i havet, som steig skræmande
snøgt, og vaska bort alle byar på kysten og på slettene. Til sist var heile
verda overfløymd, bortsett frå nokre få fjelltoppar, og alt liv drukna
bortsett frå Pyrrha og Deukalion. I ni døgn varte flaumen, før vatnet byrja
trekke seg tilbake. Deukalions skip stranda på Parnassos-fjellet. (Det
er også hevda at skipet stranda på Etna, på Athos-fjellet eller
på Othrys-fjellet i Tessalia.) Deukalion fekk ei due til å hjelpe seg
med å finne tørt land. Då dei hadde stranda trygt, takkofra
dei til Far Zevs, og gjekk ned for
å be i templet til THEMIS ved Cephissos-elva. Tempel-taket var dekt av
sjøplanter, og altaret var kaldt. Dei bad om at menneske-ætta måtte få vekse
opp på ny, og langt borte sat Zevs og høyrde bønene. Han sende HERMES
med beskjed om at alle deira ønske skulle verte oppfylde. Themis dukka
personleg opp, og sa at dei skulle svøype hovuda sine i klede, og kaste
"si mors bein" bak seg. Dei skjøna at titaninna med mor
meinte Mor Jord, og at beina måtte vere steinane som låg på
elvebreidden. Framlutte, med tildekte hovud, plukka dei stein og heiv bakover
skuldrane. Steinane vaks opp til kvinner og menn - Pyrrhas steinar vart til
kvinner, og Deukalions steinar vart til menn. Slik oppstod menneskeætta på
nytt. Etter den tid har ordet laos betydd "folk" - etter laas
som tyder "stein", på mange språk. Men Deukalion og Pyrrha var ikkje dei
einaste som overlevde flaumen. Megaros, son av Zevs, hadde blitt vekt
av traner, og dei lokka han til toppen av Gerania-fjellet. Også Kerambos
av Pelion overlevde. Nymfene skapte han om til ein skarabé (bille), og
han flaug til Parnassos. - Og i skråninga frå Parnassos-fjellet låg byen Parnassos,
som var grunnlagt av POSEIDON sin son Parnassos. Han hadde
funne opp spådomskunsten - han kunne tyde teikn i naturen og spå kva
framtida ville bringe. Innbuarane i Parnassos vart vekte av hylande ulvar, og
følgde desse til fjellets topp. Etter flaumen grunnla dei ein ny by, og kalla
denne Lycorea etter ulvane. Nokre av innbuarane i Lycorea
emigrerte til Arkadia, og heldt fram med Lycaons gudspottelege gjerningar, så
det vart snart like gale på jorda som før flaumen. Dei ofrar gutar til Zevs
Lyceos. Ein bit av tarmen til gutane vart kokt saman med andre ting til
ei fæl suppe som vart servert til ein gjetarar ved elvebreidden. Gjetaren som
åt tarmen byrja hyle som ein ulv. Så hengde han av seg kleda i ei eik, symde
over elva og vart til ein var-ulv. I åtte år måtte han gjete ein
ulveflokk, men avheldt han seg frå å ete menneskekjøtt i denne tida, kunne
han så symje over elva att, ta på seg kleda som ennå hang i eika, og verte
til folk igjen. Zevs og Zagreos Ein gang hadde nok Zevs
tenkt å pensjonere seg, for han innsette sin son med PERSEPHONE, ZAGREOS, på trona, og gav han sitt
septer og tordenkilar. Men TITANANE
mislikte dette sterkt, og dei drepte Zagreos. Då gjekk Zevs til krig mot
titanane og mora deira, GAIA. Han
sette heile verda i brann, og etter ein lang krig fekk han sperra titanane
inne i TARTAROS. Men OKEANOS vart så trist over
katastrofen at det rann elver av tårer frå augene hans - eit drikkoffer av
audmjuke bøner. Og Zevs mjukna då han skoda den maltrakterte jorda. Han tykte
synd om ho, og ville vaske bort alle hennar sår og skadar med vatn. Han
gjorde seg då til Regn-Zevs, og
dekte heile himmelen med tunge skyer, og let sitt regn fløyme over jorda.
Alle innsjøar fløymde over, og vasskjeldene spruta vatn høgt til vers. Ein myte frå Kreta som hevdar at Dionysos var far
til Zevs På Kreta overlevde matriarkatet lengre enn dei
fleste stadar. Øvste-gudinna her heitte Sumeli
(Semele?) eller Ritomartus. Så
dukka ein liten fyr opp, og vart hennar ektemann. Han heitte DIONYSOS. Dionysos vaks seg større og
større, og han og Sumeli vart eit elskande par. Så fekk dei eit barn, som
heitte ZEVS. Etter fleire århundre
vaks Dionysos og Zevs saman i mytologien, og vart til ein guddom, som
bar namnet Zevs eller Yahwe. Dette
var omlag år 1000 fvt. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Til framsida
|