GRESKE (og romerske) GUDAR.
|
INDEX: |
|
Matriarkatet
var seigliva |
||
DET ER SPENNANDE Å STUDERE
Det eg har skrive ned om greske og romerske gudar må for det meste lesast som laus-notatar. Kjelde-tilfanget er enormt. Eg har skjøna at eg kan studere og studere i årtier, utan å verte ferdig. Mykje som er fortalt om dei gamle gudane er nok lettvint oppdikting, men det er klart det må ligge ein god del med historiske realitetar bak dei mange mytiske forteljingane.
Eg prøver å
attgi mytene som dei gamle klassikarane har fortalt dei. Ofte er det ikkje
samsvar mellom dei ulike forteljarane - eg held meg då gjerne til den myten som
verkar vere mest opphavleg, om eg ikkje legg fram alle variantane. Mytisk
biografi har det med å "smitte over" frå eine til andre guden - då
satsar eg oftast på den eldste guden - at biografien opphavleg tilhøyrde
han.
Vidare fortel eg innimellom kva forskarar trur dei kan skimte av historiske realitetar bakom myte-stoffet. Dette synes eg er mest interessant - å prøve sjå inn i historie-mørket.
Våre kunnskapar om europeisk oldtidshistorie er resultat av et stort puslespel-arbeid, som på langt nær er gjort ferdig. Det skjer titt at nyoppdagingar fører til at vi må revidere vår viten.
Ein trur det har vore menneske på vår klode i omlag 4 – 5 million år. Det er ikkje lange tida, i jord-historisk samanheng. Dinosaurane kom til for fleire hundre million år sidan. Når det gjeld historien til menneska, så veit vi svært lite om vi går 3000 år tilbake i tida - vi veit noko om Egypt og Babylonia for 6000 år sidan. Vi veit at menneske måla oksar på grotteveggar i Frankrike og Spania for 40 000 år sidan, men kva dreiv menneska på med i Russland for 100 000 år sidan? Kva skjedde i India for 300 000 år sidan? Fans det menneske i Noreg for 1 million år sidan?
Kva er meininga med Universet? Var det ikkje mykje enklare om ingenting fans? Kvifor skyt ei eik brautande i veret – syg næring, produserer biomasse og spreier sine frø? Kvifor flagrar ein sommarfugl omkring mellom bladverket med så sterk ein vilje? Kva har framkalla menneske-sivilisasjonane på vår klode, med sine mangfalds kultur-element? Kvifor strevar menneska heile tida mot eit betre liv, på gode og ringe måtar? Kvifor held menneska seg med guddommar og religionar? Kan religionane gi oss svar på nokre av desse spørsmåla?
Eg undrar meg på om dei teoriane har noko for seg, som hevdar at ”vesen”
frå Verdsrommet ein eller fleire ganger kom til Jorda og "skapte"
menneska, ved hjelp av høgteknologi - genspleising, etc.- at desse ”vesena” kanskje
hadde tilhald på jorda i lengre periodar, langt bak i historie-mørket. Kanskje
baserer mange tidlege religiøse myter seg på opplevingar tidlege menneske hadde i møte med desse
utanom-jordiske? Er har desse tankane i bakhovudet medan eg studerer.
Romarane
hadde opphavleg ikkje folkelege forteljingar om gudane sine slik som
grekarane. Frå byrjinga var dei romerske
gudane kroppslause vesen, som ikkje opplevde mykje med eventyr. Då den
hellenistiske kultur breidde om seg, vart romarane sine dunkle guddoms-makter
identifiserte med dei greske gudane, og overtok deira eigenskapar og merittar.
Til sist vart dei romerske gudane omlag heilgreske - bare med nye, romerske
namn.
IMPORT AV GUDAR
Antikkens
folk var i prinsippet religiøst tolerante, og gudar vart stadig vekk importerte
- til Europa kom dei frå sør og aust. Grekkarane, til dømes, henta gudar frå
aust, og innlemma dei i Olympens gudesamfunn. Men gamle og nye myter måtte då
foreinast på noko vis, og mykje forvirrande kom til i mytene av dette. Den
gamle poeten HESIOD sette seg mål å prøve få orden i myldret av segner om
overnaturlege vesen. Han kom til at det måtte vere tretti tusen gudar i Kosmos.
Ni ti-deler av desse var NYMFER av
ulikt slag.
DØYELEGE OG UDØYELEGE
Dei greske gudane levde ikkje "frå
æva til æva". Bare CHAOS gjorde det, men Chaos var meir ein
tilstand enn ein guddom. Mytane fortel om mange gude-fødslar. Meir uvanleg vart
det at gudane døydde. Etter å ha gjennomlevd eit jordisk liv, kunne dei hamne
på Olympen, i Underverda, på stjernehimmelen, eller i Himmelen.
Mange "guddommelege vesen" levde etter sin død vidare som planter
eller dyr. Grekarane skilde mellom døyelege og udøyelege. Dei
døyelege var særleg menneska. Dei mektigaste gudane hadde makt til å
gjere døyelege til udøyelege.
Etter seinare gresk tradisjon hadde
gudane bustad på fjellet Olympos, men mykje hadde hendt og gått for seg
før dette vart påfunne.
MAGNA MATER - STORE MOR
I ELDRE TIDER - frå langt bak i
middelhavsk steinalder - då vart ein Mor-guddom
dyrka. Det meste veit vi ikkje frå denne tida, men somt tyder på at religionen
var monoteistisk (ein-guds). Den store,
allmektige allmoder vart i alle høve mykje dyrka - mange mini-skulpturar er
funne av henne - kvinnefigurar med digre bryst, mage, rumpe og lår. At samleie
med ein mann trengtes for at ei kvinne skulle verte med barn - det visste dei
ikkje om, den tida. Det var kvinna som bar frukt - det var også ho som måtte
gyte sin fræve over Terra Mater -Moder
Jord, for at jorda skulle gi grøde. Kvinna var høgakta, og mange kulturar
var matriarkalske på ulike vis - jord og eigedom gjekk i arv frå mor til
datter - ei kvinne var stammehøvding, og prestinner hadde den regjerande og
religiøse makta. Kvinna var familiens overhovud - kvinna vart dyrka som Allmoders representant på jord.
MÅNE OG SOL - KVINNE OG MANN
Månen og Sola vart dyrka som Allmoders himmelske symbol. Månen var
den sværaste av dei, og Månen var av hunkjønn. Sola var hankjønn. (Sjå MÅNEN og SOLA). Etter kvart vart Sola tre-einig, og Månen vart tre gonger
tre-einig. Tallet 3 vart eit heilagt tal.
Alt dreide seg om kvinna - ho var jentebarn, fruktbar kvinne, gammal
kjerring. Årstidene var tre - det var vår, sommar, vinter. Sola sveid avlinga,
men Månen sørgde for vatn til åkrane.
Då Gudefamilien kom på banen i før-klassisk
tid, vart dei i byrjinga knytt til Allmora/Månen,
og kvinnelege guddommar var rangert fremst - det var CYRENE, det var HESTIA;
seinare HERA, AFRODITE, SELENE, HECATE.
Av folka omkring Middelhavet var det Hetittane (eit folkeslag som hadde
tilhald i Anatolia i Lille-Asia frå ca. år 2000 fvt.) som
først fann ut at det måtte ein mann til for at ei kvinne skulle verte med barn.
Av dette vann mannens religiøse status seg då etter kvart. Før trudde ein at
vindar og elvar gjorde kvinner gravide. Hetittane valde seg kvart år ei ny
jomfru til landsby-dronning. Denne jomfrua valde seg så ein mann for eitt år,
blant stammens unge menn. Denne mannen vart konge for eit år, men skulle så
ofrast når året var omme - han vart då symbol for fræve (fruktbarheit), og var
ikkje lenger objekt for dronningas erotiske lyster. Hans blod skulle fræve
fikentre, oliventre, kornåkrar og buskap. Hans kjøt vart ete rått av dronninga
og hennar kvinnelege hoff - desse hadde då status som prestinner, og kledde seg
ut med masker, som tisper, merrer og grisepurker.
Det var i juli at kongen vart ofra - han
symboliserte SOLA si kraft, som no
byrja bleikna bort.
Ein ny, ung mann vart så vald av
dronninga. Denne vart halden for å vere den tidlegare kongen sin tvillingbror.
Denne nye mannen vart ofra ved midt-vinter. Som løn vart han attfødd som ein
slange med orakel-evner. (Somme stadar ofra dei ein konge/prins/mann
i året - andre stadar to).
Denne
haust-og-tidleg-vinter-ektemannen kunne få utøvande makt dersom han fekk løyve
til å vikariere for dronninga ikledd hennar magiske
kjole. Med dette byrja det patriarkalske
kongedømmet så smått å vinne fram. Kongen vart identifisert med Sola, og Sola skulle snu og kome tilbake - kongen skulle få leve.
Med
tida vart ein hest ofra i staden for kongen. Hesten var eit heilagt dyr - hestehovane
hadde skap som Månen. PEGASUS var
ein heste-guddom. Han hadde venger - desse symboliserte at han høyrde Himmelen til. KENTAURANE var
også heste-guddommar.
Men kongen/mannen var ennå
underlagt Månen si makt, og kvinna si overstyring. Etter kvart kom mannen og Sola til makta, men teologisk vart ennå i
lange tider Kvinna og Månen rekna som "Dei Øvste",
sjølv om patriarkatet hadde tatt over det meste av den verdslege statsmakta.
Thessalia var ein konservativ region.
Heksene der ville ein gong, med Månens hjelp, innhylle Sola i evig natt, for å
ta rotta på han.
I dei gamle matriarkalske systema hadde
også menn viktige funksjonar, og dei bestyrte mange viktige oppgåver - måtte
bare ikkje bryte lovene som kvinnene hadde sett. Mennene jakta, fiska, hausta
inn forskjellig mat, gjette fe-bølingar, og forsvarte stammen mot angrep frå
nabostammer. Mennene var delte i klanar, etter kva oppgåver dei skulle utføre,
og det vart utpeika leiarar for klanane. Når stammen var på flyttefot, eller
under krigs-tilstandar, kunne somme klan-leiarane ha mykje makt.
Heilag-prinsane måtte døy, men dei vart
reinkarnert som bier. Biene sverma om våren, men på seinsommaren ville
biene stikke prinsen, og sterilisere han. (Dette symboliserer at
faren ikkje utan kamp vil gi frå seg makta til sonen).
Som
klan-leiarar vart oftast valt dronningas morbrør, dronningas brør, eller søner
av dronningas mostre. Desse kunne også dømme i tvistar mellom menn, så lenge
dette ikkje kom i konflikt med dronningas autoritet.
I oldtida var det Månen som styrte
kalenderen. Alle viktige seremoniar vart utførte under bestemte månefasar -
særleg nymåne og fullmåne. Tallet 7 var heilagt - fordi kongen måtte døy ved
den sjuande fullmåne etter midtvinter. Ein
månad vart halden å vere på 28 døgn. 28 vart eit heilagt tall. 28 døgn var
kvinnas menstruasjons-syklus. Veka fekk 7 dagar -
kvar dag representerte ein månad av kongens attverande liv.
Året vart rekna å vere på 364 dagar. Då vart året på 13 månadar à 28 dagar. Mellom- europeiske bønder rekna året i
13 månadar til langt inn i Middelalderen.
DEN TRETTANDE MÅNADEN var månaden då Sola døde.
Difor er tallet 13 eit ulykkestall.
Merk:
Egyptarane målte året i 12 månadar à 30 dagar. Dette vert 360 dagar. Så hadde
dei ein trettande månad på 5 dagar kun. Desse fem dagane var store festdagar.
Dei
før-greske folka sine 13 månadar på 28 dagar kvar, vert 364 dagar til saman. Så
hadde dei ein ekstra-dag, som dei
skaut inn mellom den trettande og den første månad, for at året skulle verte på
365 dagar. Dette var årets viktigaste dag - DEN INNSKOTNE DAGEN. På denne dag valde stamme-dronninga (nymfa)
sin nye ektemann - den heilage kongen.
Til vanleg vart det arrangert ei tevling - det kunne vere kappspringing,
bryting eller boge-skyting, og vinnaren vart kåra til ny konge.
Men i ulike regionar og til ulike tider har ekstra-dagen vorte
ulikt plassert - ved vårjamdøgn, ved midtsommar, ved haustjamndøgn, og også på
dagen då Hunde-stjerna (Sirius)
viste seg første gang over horisonten, (egyptisk påverknad).
VEKEDAGANE vart oppkalla etter Sol, Måne og dei fem
planetane som var kjent i oldtida:
DAG
|
Norsk
|
Engelsk
|
Tysk
|
Latin
|
Fransk
|
Spansk
|
SOLA |
Søndag |
Sunday |
Sonntag |
dies Solis |
|
|
MÅNEN |
Mandag |
Monday |
Montag |
dies Lunae |
lundi |
|
MARS |
|
|
|
dies Martis |
mardi |
martes |
MERKUR |
|
|
|
dies Mercurii |
mercredi |
miércolis |
JUPITER |
|
|
|
dies Jovis |
jeudi |
el jueves |
VENUS |
|
|
|
dies Veneris |
vendredi |
viernes |
SATURN |
|
Saturday |
|
dies
Saturni |
|
|
Laurdag
heiter sabbato på gresk. Systemet med
å kalle opp sju vekedagar etter himmellekamar har sine røter i det gamle Sumer-riket.
PERSEOS heitte eigentleg Ptersevs. som tyder
"Øydeleggar". Han var stammehøvding for ei av dei patriarkalske
folkestammene som tala indo-europeiske språk, og som invaderte Lille-Asia og
Hellas i førhistorisk tid. (Det var mange invasjonar frå aust frå år 3000 fvt.
og fram mot år 0.
Når Ptersevs invaderte Europa, stod han
overfor ei trippel-dronning. Denne trippel-dronninga måtte han
"overmanne". Var
stam-mødrene til trippel-dronninga dei
tre GORGONENE?
MEDUSA var ei av desse tre Gorgon-søstrene.
Medusas hovud måtte ingen sjå - så ho bar ei fæl maske der håra var hoggande
slangar. Ptersevs krevde makta frå trippel-dronninga. Ho bar gorgon-maska, så
ingen verdslege skulle sjå hennar andlet og våge avsløre mysteria og magien ho
bar med seg. Ptersevs tok hovudet av Medusa. Det betyr: Han invaderte landets
største heilagdomar, og reiv gorgon-maska av dronninga.
Ptersevs
røva dertil dronningas heilage hestar.
I Boøtia
vart dronninga avbileta som merr med gorgon-hovud. Merrer var heilage
symbol for kvinneleg fræve.
BELLEROFON's drap på den lykiske CHIAMERA, og APOLLON's drap på PYTHON
ved Delfi, er andre illustrasjonar på korleis dei patriarkalske
innvandrarane overvann den matriarkalske kulturen.
Og Apollon prøvde å valdta DAPHNE. Daphne var inga fryktsam nymfe
- tvertimot; hennar namn var eigentleg Daphoene
- "den blodige". Denne gudinna hhadde evig orgasme. Hennar prestinner
- MMAENADENE, tygde konstant
laurbær-blad. Desse blada inneheld kalium-cyanid. Rusa på blada storma dei ut i
landskapet ved fullmåne, og gjekk til angrep på uheldige vandrarar. Dei reiv i
stykker barn av dyr og menneske, og valdtok vaksne.
Dei
innvandrande patriarkatane utrydda Maenadene - bare nokre laurbær-lundar stod
att som minne etter dei. Og det var forbode å tygge laurbær sidan. Bare
prestinna PYTHIA ved oraklet i DELFI
fekk ruse seg på planten.
FIRE
STORE INVASJONAR
Det
var fire store invasjonar av patriarkalske, indo-europeiske stammer som råka
Europa:
Dei
to første patriarkalske invasjonane er kalla den akænske (omlag
1300 fvt.), og den
doriske (omlag 1100 fvt.). Seinare kom den æoliske og den ioniske invasjon. Desse var
mindre brutale enn dei to første. Dei var mindre grupper av væpna kvegfolk som
tilbad den treeinige ariske guddom - Indra,
Mitra,Varuna. Dei slo seg ned i Thessalia og i
Sentral-Hellas. Dei vart aksepterte som barn av dei lokale gudinnene, og unge
menn frå desse stammene vart kåra til heilag-kongar i mange byar. Det var eit
maskulint militær-aristokrati som blanda seg med eit kvinneleg teokrati.
Sexuell attraksjon til framande ser ut til å vere nedfelt i
menneskas psyke. Soldatar vil ha sex med den overvunne fiendens kvinner, og
kvinner kjenner sterk sexuell dragning mot fiendens soldatar.
Krigs-uniformer verkar vere sterkt erotisk pirrande. (Jamfør rastløysa som
kjem over kvinner under utanlandsk flåtebesøk). Å finne seg sexualpartnar
hos framande er eit godt boteråd mot innavl, og for tusener av år sidan var
det god skikk og bruk at menn røva seg kvinner frå nabostammar/fienden.
Det
greske språk
kom med desse invasjonane. Tidlegare hadde andre språk vore tala i området. På
Herodot si tid var det kun eitt orakel att som tala eit før-gresk språk. Oppgåve: Kva
orakel var det? Kva språk tala dette oraklet?
Heilag-kongane
valde seg gudar. Heilag-kongane skulle vere representantar for desse gudane på
Jorda. Mellom anna valde dei seg ZEVS, POSEIDON og APOLLON. Kongane kalla seg
opp etter gudane. Men i fleire århundre var sjølv Zevs mest å sjå på som ein
halv-gud - han var ikkje ein udøyeleg på Olympen. Dei eldste mytane, som
omhandlar kjærleikstilhøve mellom gudar og nymfer, skildrar eigentleg ekteskap
mellom innvandra høvdingar/kongar og lokale Måne-prestinner. Dei konservative i det matriarkalske presteskapet
mislikte desse ekteskapa - hevda dei var mot HERA sin vilje.
Når heilagkongane no etter kvart hadde
fått mykje makt, fann dei det uhøveleg at kongens regjeringstid bare skulle
vare ein kort sesong. Det vart bestemt å innføre eit Stor-År, som skulle vare 100 måne-syklusar.
Men sidan åkrane og avlingane trong
fræving kvart år, gjekk kongane med på å lide ein årleg "narre-død".
Dette gjekk føre seg på Den Innskotne Dagen - då overlet kongen makta si
til ein ungdom - ein narre-prins (inter-rex). Denne vart drept då dagen var
slutt, og blodet hans vart spreidd på åkrane.
Dette rituelle drapet vart utført ulikt
frå by til by. Prinsen kunne rivast i bitar av ville kvinner, druknast i ein
dam, kastast utfor stup, stikkast i hælen med giftpil, halshoggast, brennast på
bål, eller døy i ein arrangert kollisjon mellom hestevogner. Med tida vart det
til at ein let dyr tre inn i staden for prinsen ved avlivinga.
KONGEN NEKTA Å LA SEG AVLIVE
No fekk heilag-kongen regjere eit Stor-år.
I somme byar måtte han dele på makta med ungdommen som var kåra til å vere
slaktoffer på den innskotne dagen. Ofte vikarierte kongen for dronninga
i forskjellige religiøse seremoniar. Han var då gjerne kledd i kvinneklede, bar
falske bryst, og fekk låne dronningas måne-øks, som var eit makt-symbol.
Kongen kunne m.a. ta på seg utføringa av dronningas regn-makar-magi.
Det
vart med tida til at kongen nekta å la seg avlive ved enden av eit stor-år. Då
vart det etablert ei ordning med at kongen delte landområdet sitt med
etterfølgarane, så den gamle og den/dei nye regjerte kvar sin landlut. Kongen
fekk hjelp av astronomar med sakleg belegg for denne ordninga. Etter 325
måne-syklusar var soltid og månetid lik, sa dei. Så innførte dei eit
Stor-stor-år.
Kongen
fekk si makt ved å verte gift med dronninga. Dronninga vart kåra verd kapplaup
mellom ungjenter tilhøyrande dronning-familien, eller den yngste av desse vart
utvald - den yngste som hadde nådd puberteten. Så det var gjennom kvinnesida at
makta gjekk i arv. (Slik var det også lang tid i Egypt).
Den
akænske invasjon svekka matriarkatet. Det gjekk ikkje lang tid før kongen
krevde å få regjere livet ut. Etter den doriske invasjon vart det etter kvart
til regel at makta vart arva patriarkalsk.
Før kom prinsen til dronninga - no kom prinsessa til kongen. Men menn kunne
ikkje ofre eller sende bøner til mor-guddommen
- dette måtte kvinnene framleis stå for.
Systemet
med dei udøyelege gudane som residerte på fjellet Olympos, kom til som
eit kompromiss mellom gresk og før-gresk religion. Seks gudar og seks gudinner
fekk plass på Olympos, og det var Zevs og Hera som skulle bestyre der. Men så
gjorde dei før-greske folka opprør (skildra i Illiaden). Dette opprøret vart
slått ned. Som straff måtte Hera sidan vere Zevs underdanig. ATENE erklærte at ho ville vere lydig
mot Zevs. DIONYSOS fekk plass på
Olympen i staden for HESTIA, og slik
vart det mannleg fleirtall der. (Men gudinnene hadde mange ansvarsområder som
bare dei kunne bestyre).
Jødanes'
kong David samla alle kvinner av kongeleg byrd i
eit harem, så han kunne ha full kontroll over dei - så dei ikkje skulle truge
makta hans. Noko liknande fann romarane på; systemet med Vestalinner. Hjå grekarane var menn og kvinner meir jambyrdige.
Sjølv om det normale no etter kvart vart at trona vart arva i fars-line, så
hadde dei kvinnelege gudane mykje makt - det same med deira kvinnelege
stadfortredarar på jord.
Då
patriarkatet vart norm-sett, minka det med inspirasjonen til å lage nye myter
om gudane. No byrja utviklinga av historiske
legender - om HERAKLES, DAIDALOS,
TEIRESIAS, THESEVS, PHINEOS, etc. Desse heltane fekk gudommelege
trekk. Dei levde gjerne i mange
generasjonar, men ofte prøver likevel helte-legendene å gi historisk tidfesting
for dei ulike hendingane som vert skildra. Innhaldet i legendene kan ofte
tolkast symbolsk.
Aeakos (Aiakos) drøymde at maur fall frå
ei orakel-eik, og desse vart til menn, som koloniserte øya Aegina etter at Hera
hadde fjerna folket som før budde der. Denne eika hadde spirt fram av ei
dodonisk eikenøtt (sjå DODONA).
Maurane var frå Thessalia, og Aeakos var soneson av elva Asopos. Legenden er ei symbol-skildring av ein
historisk invasjon.
Prins
PARIS fekk i oppdrag å avgjere kven var vakrast av Atene, Afrodite og
Hera. Han valde Afrodite - (ved å gi ho eit eple). TOLKING: Desse tre gudinnene
er ein guddommeleg triade - Atene representerer jentungen - Afrodite ungkvinna,
og Hera gamlemor. Og legenden er vrengd: Paris mottok eit eple frå Afrodite –
ikkje omvendt. Dette eplet gav han "billett" til Dei Elysiske Markar, der heroar kunne leve evig i eplelundar.
Om Romarrikets forhistorie
Yngre steinalder Ca år 5000 fvt. |
Ei
folkestamme som har fått namnet ligurar
trengte inn i området der Genova nå ligg. Dei kom frå Nord-Afrika, via
Spania. Landskapet der dei slo seg ned er blitt heitande Liguria. Ligurane var eit hardbarka folkeferd som overlevde som
kultur like inn i keisartida. |
TERRAMARE-FOLKET Ca. 3000 fvt. |
I det 3. årtusen fvt. trengte eit folkeslag inn frå nord. Det har fått namnet Terramare-folket etter
landsby-leirane dei oppførte – terramara.
Landsbyane var trapes-forma og omgjerda med pallisade av tømmer. Bygningane
stod på høge tømmerpelar.Dette var forløparen for
den romerske leiren. Terramare-folket
var krigerske, og hadde ei militær samfunnsorganisering. Terramare kjente
bruken av bronse, og hadde bronse-våpen. Dei var organisert i strengt skilde
stammer, og tala truleg ei form for ur-latin.
Skriftspråk hadde dei ikkje. |
VILLANOVA-FOLKET 1100 fvt. |
I
det 11. århundre fvt. trengte eit nytt folk inn frå nord.
Desse hadde våpen av jern. Dei har fått namn etter byen Villanova ved
Bologna, der det vart gjort eit stort arkeologisk funn i 1853. Villanova hadde
nådd ganske langt i sivilisasjons-danning, men hadde ikkje skriftspråk. |
ETRUSKARANE 900 fvt |
Etruskarane
trur ein kom frå Lille-Asia ein stad. Dei slo seg ned i eit område som sidan
er blitt heitande Etruria.
Etruskarane hadde ein høgt utvikla kultur. Dei var dyktige i målekunst,
metallarbeid og skulptur. Dei dreiv skipsfart og handel, og hadde sansen for
det gode liv. Religionen deira veit vi ikkje så mykje om, men det ser ut til
at den var innvikla,
samansatt og dyster. Dei la stor vekt på varsel, og på å dyrke
sine avdøde med sorg-seremoniar. Dyre offergåver vart lagt i gravene. |
GRESKE KOLONIAR 800 fvt. |
Hellenarane
oppretta koloniar på øyane og langs kystane i Sør-Italia. Det vart etter
kvart så mange av dei at området fekk kallenamnet Magna Graecia – Stor-Hellas. Desse koloniane hadde stor kulturell
influens på Appenninar-halvøya. |
ROMARANE 753 fvt. |
Ei
lita, noko primitiv folkegruppe av latinarar,
som hadde tilhald i Latium sør og
vest for Tiber-dalen, busette seg på Paletinarhøgda, og grunnla byen Roma som
eit festningsverk. Byen skal etter sagnet ha fått namn etter grunnleggaren, Romulus. |
Dei
første romarane var primitive folk som var gruppert i små stamme-grupper. Kvar
gruppe vart rekna som ein familie, og det vart rekna for blodskam å hente seg
ektemake innanfor gruppa. Romarane skaffa seg koner frå andre grupper, ved
røvartokter eller på fredeleg vis.
Dei
tidlege romarane trudde på eit tilvære etter døden – det kunne vere av fysisk
art eller som ånd. Romarane hadde mange gudar, men dei var ikkje så
handgripelege som dei greske gudane. Eldguden VULCANUS veit vi ikkje anna om enn at det vart ofra til han ved å
kaste småfisk inn i eit bål, og at tilbedinga helst gjekk føre seg utanfor
bymurane, då tilbedarane meinte Vulcanus var brannfarleg. Seinare vart Vulcanus
assosiert med den greske HEFAISTOS,
og vart pådytta mytologien som er spunne omkring denne.
Dei
tidlege romarane tilbad mange slags smågudar, åndevesen, vetter og anna skrømt.
Av høgare gudar hadde dei tre – ein triade.
Men vi kjenner til 2 triadar:
I: JUPITER, MARS, QURINIUS
II: JUPITER, JUNO,
MINERVA
I
Romas tidlege velmaktsdagar var det triade nr. II som vart dyrka på Kapitol. Triade nr. I høyrde nok heime
i ei eldre og meir stridsam tid.
Menneskets fem tidsaldrar
(FIVE Ages of Man) Dette
er stadiene menneskeheita har gjennomlevd på Jorda. Dei er følgande: Gull-alderen: Dette var i tida då CHRONOS
regjerte - det herska fred og harmoni. Menneska eldes ikkje, men døde
fredfullt. Denne menneske-rasen døde ut. Sølv-alderen: Desse menneska levde i 100 år som barn
utan å verte vaksne. Så vart dei brått gamle, og døde. ZEVS utrydda
desse menneska, på grunn av deira gudløyse. Bronse-alderen: Desse menneska var harde og
krigerske. Deira verktøy og reiskapar var laga av bronse. Dei drepte
kvarandre i krigar. Helte-alderen: I denne bolken levde edle halvgudar
og heltar (heroar). Denne rasen døde ut, og drog til ELYSIUM. Jern-alderen: Dette er tid-bolken vi lever i nå.
Menneska kivar og slåss. Dei må streve for å overleve. Ein dag vil ZEVS
utrydde denne rasen.