|
|
|
Rolleliste
Siss: Line Storesund
Unn: Hilde Nyeggen Martinsen
Moster; Merete Moen
Mor: Sigrid Huun
Far: Vidar Sandem
Eldre mann: Knut Ørvig
Venninne; Urda Brattrud Larsen
Den nye jenta; Charlotte Lundestad
|
Litt om Is-slottet fra Filmstudieark
Romanen Is-slottet av Tarjei Vesaas kom ut i 1963, og filmen Is-slottet, med Per Blom som regissør, var ferdig i 1987. I begge media finn vi at det er brukt eit bilderikt, fortetta og lyrisk symbolspråk. Det er i særleg høg grad snakk om "antydningens" krevjande kunst. I knappe, pregnante glimt blir vi førde inn i sinnets irrgangar via det ytre miljøet. Vi har med andre ord å gjerne med kunstverk som primært vil formidle noko om "det indre plan", men utan å miste fotfestet i den yte røyndommen.
Konkret handler Is-slottet, både som roman og film, om to elleveårige jenter, Siss (Line Storesund) og Unn (Hilde Nyeggen-Martinsen), som blir strekt knytta til kvarandre. Unn går seg vill inne i ein isfoss (isslottet), og blir aldri funnen att. Siss tar seg svært nær av dette, og er i ferd med å bukka under sjølv i isolasjon og depresjon. Ho får hjelp av dei andre i bygdesamfunnet til å finne att seg sjølv, og blir på denne måten berga.
|
|
|