Minnesida til KASPER.
(17.07.91 - 12.05.03)
 
Kasper.
 

Mandag 12. mai kl 13.30 måtte eg gå den tunge vegen til dyrlegen
med Kasper. Då var han so sjuk og gammal at det var best for han
å få sove godt - lenge.
 

Kasper kom til verda den 17. Juli 1991. Eg kjøpte han frå ein kennel
i Asker utanfor Oslo 3. November det same året. Grunnen til at det
vart akkurat denne kennelen var at me hadde kjøpt den tidlegare
bikkja vår, Ramsi, frå same kennel.
 
Eg sette meg på toget og for over fjella for å finna min nye fylgjesven.
Eg vart henta på stasjonen av oppdrettaren og køyrt til kennelen.
Då me kom fram kunne eg høyre alle kvelpane i bakgrunnen. Hjartet
mitt var allereie på smeltestadiet. Me vart raskt einige om at oppdrettaren
skulle hente ein kvalp til meg. Gjekk eg med ut i hundegarden ville
eg ikkje klare å velgje sjølv. Ho gjekk ut, mens eg vart gåande nokre
minutt og vente nervøst. Til slutt gjekk døra opp og ho kom inn att.
Ho sette ned ein brun, liten kvalp. Den kom stavrande bort til meg,
helste nyskjerrig, mens den logra nøgd med halen. Den skulle no ta
farvel med sin trygge verden med mor og "fostermor".
 
Eg var sjølvsagt fortapt. Eg hadde ikkje kome på noko navn til
kvalpen enno so eg spurte oppdrettaren om ho hadde noko forslag.
Ho sa det var ein annan kvalp som vart solgt tidlegare som hadde
blitt kalt Jesper. Ho føreslo Kasper for meg. Eg var einig i namne-
valet og reiste derfrå med ein ny hund - KASPER.
 
Kasper levde eit godt liv. Han var alltid blid, nøgd og logrande.
Han beit aldri nokon og eg trur aldri eg høyrde noko "vond"
knurring frå han. Han elska unger. Eg var alltid meir påpasseleg
for kva ungane ville gjere mot han enn han mot dei.
 
Kasper fekk vere med på det meste ein hund kunne vere med på.
Han har vore med på utallige turar i bil og lastebil. Han har "køyrt"
stolheis på Hanguren. Han har vore med på eit flyttesjau då
jeg og min kjære flytta til ny bolig. Han har blitt servert dei
lekraste rettar (!). Han har vore med å pakka opp presangar
på jolaftan. Eg har gått tur med han til dei mest utenkjelege
og tenkjelege tider på døgnet. Men Kasper klaga aldri.
 
  Det siste bilde av Kasper.

Ulike bilder av Kasper.
Hundens 11 bod.
Berre ein hund.

Webmaster Birger Rokne.
Skriv ei helsing i gjesteboka mi?
Send meg eit elektronisk brev.
1