Påskeopprør mot Natos krigføring:

Stopp den folkrettsstridige bombinga av Jugoslavia

 

Underskrivarane av dette oppropet bed den norske regleringa ta initiativ for å få stogga den folkerettsstridige krigen mot Jugoslavia. At Noreg har formannsskapet i OSSE gjev regjeringa eit spesielt ansvar i den situasjonen som har oppstått

Nato har ikkje haldbart rettsgrunnlag for bombinga: Tvert om har alliansen medvite halde saka unna tryggjingsrådet i FN for å skaffa seg eit handlingsrom utanfor folkeretten. Jugoslavia er medlem i FN, og åtaket på landet er eit brot på FN-pakta. Einsidig maktbruk frå ei gruppe stormakter er ei livsfarleg erstatning for internasjonal rett.

Bombinga kan heller ikkje 1øysa krisa i Kosovo. Nato-aksionen bidrar til å styrkja Milosevic, samstundes med at den humanitære krisa blir forsterka. Vi krev difor:

 

¥ Åtaka mot Juyoslavia må stoggast med ein gong
¥ Kosovo-krisa må takast opp tryligjingerådet, berre tryggjingsrådet kan vedta bruk av militær makt
¥ OSSE-observatorane tilbake til Kosovo.


Oppropet kan underskrivast ved å senda opplysningar om namn yrke og bustad til e-postadressa opprop@hotmail.com ved å ringa (+47) 22115315 (Sosialistisk ungdom) eller ved å lesa inn opplysningane på telefonsvarar (+47) 92558464.

 

 

1