Back

Storm

Nordavind

  1. Mellom bakkar og berger
  2. HÅVARD HEDDE
  3. NAGELLSTEV

Mellom bakkar og berger


(Text: Ivar Aasen)

Mellom bakkar og berg ut med havet
heve nordmannen fenget sin heim,
der han sjølv heve tufterna gravet
og sett sjølv sine hus uppaa dem.

Han saag ut paa dei steinutte strender
det var ingen, som der hadde bygd.
"Lat oss rydja og bygja oss grender,
og so eiga me rundingen trygt".

Han saag ut paa det baarutte havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leika det fisk ned i kavet,
og den leiken den vilde han sjaa.

Fram paa vetteren stundom han tenkte,
giv eg var i eit varmare land!
Men naar vaarsol i bakkarne blen
kte, fekk han hug til si heimlege strand.

Og naar liderna grønka som hagar,
naar det laver av blomar paa straa,
og naar næter er ljosa som dagar,
kann han ingenstad vænare sjå.

HÅVARD HEDDE


(Norsk folketone)

Eg heiter Håvard Hedde og eg er så ven ein kar
no vil eg bort å gifta meg og rydja meg en gard.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.

Eg heiter Håvard Hedde og eg bur oppunder nut.
No vil eg bort å gifta meg, eg vil'kje ganga gut.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.

Garden den er liten, men skogen den er god.
Der heve eg to furer, og dei skal stå i ro.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.

Når borni dei vert mange, og skuldi aukar på
så høgg eg ned den eine, den andre ho lyt stå.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.

Men når me verte gamle, og kvar skal hava sitt
så høgg eg ned den andre, og då er skogen kvitt.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.

Det var no ikkje undrats att Håvard totte vondt
han reiste ifrå lanjei den mørke hauste natt.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.

Han reiste ifrå lanjei, og då var jenta fest,
men det var med ein annan, det hev han trega mest.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.

NAGELLSTEV


(Text: H.Nagell)

Eig steve so
Sole går bak aase ned
skuggan blir so lange
natta kjem snart att
tekje meg i fange
røttre ut i kven står
i godt setre stulegård

Mørke er i kvar bygd
i dei djupe dale
her på fjell har sole dregd
med å gå te garde
te seg kvil under tak
morgo er ho tile vak
snart eg gjer ho klar i kveld
så går eg til kvile

Back

1