Ordforklaringer:

igjiamas-til vaar helse(skaal), raki-kretisk (oppr.tyrkisk) druebrennevin, mi-ikkje, The mo- min Gud, pentakaasses duljes- femhundre arbeid (brukt som: mykje aa gjere) skasilla mo- det er meg likegyldig, aa paa paa, ti pathame- aa, kva kom vi ut for/ alt vi maa gjennom,taa kaimenaa- den brende (brukt som: han uheldige/han stakkaren) och- uff, jaja-bestemor, platia-torget, mesanichta-midnatt, xeni-framand /uvedkomande /utlending, psaro-fiskar, amerikaniki aamaarfia-amerikansk skjoennheit

CRETAN BEAUTY

Balkongen min ligg i andre etasje attmed hovudvegen. Den er vendt mot nordvest ut mot vegen og er god aa ty til paa varme kvelder. Det bles nesten stoett fra nordvest her i Palekastro. Eg set meg dit ut naar ungane er i seng, og har med meg ei bok eg lest lese i og ei iskald Mythos eg lest ikkje drikke av. Det er forresten nesten umuleg aa sjaa meg likevel, hoegt oppe og i halvmoerkret.

Men eg ser. Soeppelcontaineren, til doemes. I vegen her eg bur, bur det ogsaa mange eldre som verken kan eller vil loefte det tunge lokket. Saa set dei heller soepla fra seg i tynne plastposer nede attmed, snur ryggen til og stavrer heim igjen.

Og saa ser eg paa husa rundt meg. Dei gamle ser falleferdige ut med sine skeive, kvitkalka vegger, jordtetta tak og malplasserte, graa aluminiumsdoerer. Dei nye ser til gjengjeld altfor nye ut, umalte paa baksida og med armeringa tytande opp gjennom sement-taket.

Eg har sagt til naboane at det er ikkje slikt turistane vil sjaa naar dei kjem til ei gresk oey. Og naboane er saa enige, saa enige. Det er utriveleg med soeppelet fykande rundt beina og husa er slett ikkje noko aa skryte av. Og dei okker seg og rister paa hovudet og sler oppgitt ut med armane og seier at jammen er det til pass at det aldri gaar framover med oss.

Men der tar dei kanskje feil. Det er verkeleg ikkje meir enn eit par dager sidan eg hoeyrde ein ferierande tysker kommentere at det har gaatt framover med Palekastro. Stamhotellet hans har faatt innstallert klimaanlegg og parabol. Dernest har pizzeriaen opna "take away" slik at ein slepp aa forlate det klimatiserte rommet for aa ete midt i den tyske nyheitsendinga.

No maa det innroemmast at dette helst er aa rekne som eit unntak . Aa ja, det er mange, baade tyskarar og andre, som maa ta til takke med eit overoppheta rom med bad paa gangen. Og den som ikkje vil ete pizza, maa pent finne seg i langdryge middager med ein doven kelner og ein sveitt, spraakfattig og ikkje minst innpaasliten tavernaeiger. Som set seg ubedt ned midt i det heile og seier alles klar og prost og igjiamas igjen og igjen og plinger eit fettete rakiglas mot vinglaset ditt for kvar prost og for kvar igjiamas.

Det er berre saa altfor mykje av det gode. Og det er slett ikkje berre turister som blir utsett for denne generelle overdrivinga i alt ein skal foreta seg.

Kvinnene til doemes, lager alt for mykje mat. Du treng ikkje sjaa det for aa tru det. Du lukter det. For i Palekastro er sjoelv den mest eksklusive franske parfyme iblanda ein smule olivenoljefrityr.  Og i det blankboersta, vakre haaret skjuler det seg alltid ein liten, kokt loek.

Dernest har alle kvinner ei forkjaerlegheit for aa trippe gatelangs med digre plastfat som bugner av kokt geitekjoet eller kanskje ein ovnsteikt fisk. Naar dei saa kjem trippande tilbake har dei forkleet fullt av eit eller anna, tomater kanskje. Dette hoeyrest jo ganske greitt ut, hadde det ikkje vore for alt staaket det medfoerer og all den tida dei roter vekk paa denne byttehandelen.

-Mi ! Ikkje vaag deg inn i kjoekkenet mitt med den fisken!

-Aa ti still med deg, det er jo berre eit lite stykke av sporen.

-Eit lite stykke av sporen, du liksom. The mo for ein varme, kom inn og drikk kaffi og ikkje staa der i sola og smelt.

-Kaffi? Eg trur du maa vere gal, eg har pentakaasses duljes aa gjere foer mannen min kjem heim til middag,

-Skasilla mo, sett deg.

-Aa paa paa, ti pathame!

-Ikkje gloeym aa ta med deg tomater naar du gaar. Eg plukka dei i dag tidleg mens du laag og drog deg i senga.

-Aa jassaa, du. Eg var oppe klokka 6 og renska fisk slik at den stakkars mannen din skal ha noko aa putte i den tomme magen sin. Taa kaimenaa! Og eg som akkurat var paa veg bort til Ioanna paa hjoernet for aa kjoepe tomater.

---------------

Det er slikt eit styr. Eg har sagt det til svigermor, at der eg kjem fra lager alle mat til seg sjoelv. Og at naar ein ikkje tuller vekk halve formiddagen paa aa fylle magen til naboane sine, saa blir det baade tid og penger til overs. Som kan brukast til aa kome seg ut og kjoepe sine eigne tomater, til doemes.

No kjem Manolaki springande ned vegen i lange byks alt medan han roper Jaja! Jaja! Og hopper inn paa platten til jaja Asbasia idet ho sler paa utelampa og opner doera. Eg set forsiktig ifra meg oelflaska og boeyer meg lett framover balkongkanten.

Manolaki er kanskje 12 aar og burde etter mi meining ha vore i seng for lenge sidan. Det er som det plar vere. Mora driv ein taverna oppe i platia. Faren er fiskar naar vinden let han, og grillsjef paa tavernaen naar det bles opp. Manolaki rydder av bord og springer aerend, og no er det krise skal ein doemme etter kroppspraak og stemmeleie.

-Och, jaja! Vi har ikkje meir poteter.

- Aa paa paa! Ti pathame mesanichta! Seier Asbasia og forsvinn eit augeblink og saa er ho ute igjen med eit sjal over nattkjolen og med ein liten, groen vaskebalje halvfull med poteter. Ho dundrer paa doera til gamle Dimitra attmed og vekker ho, og saa er baljen full og Manolaki gir seg i veg opp til platia. No har han plutseleg god tid, sparker borti smaastein og plystrer liksom saa fornoegd no naar han fekk vekt Jaja og attpaatil har med seg rikeleg med poteter oppigjen til mora.

Gamle Dimitra bruker lang tid ute paa platten sin og mumler hoeglydt at der for potetene til middagen i morgon, og kva bryr det vel henne kva dei xeni har paa bordet. Asbasia bryter inn i einetalen fra sin platt og roper at det er nok fiskarane som koser seg med tunfisken psaro-Janni fekk i garnet i dag tidleg, og i morgon skal ho jammen soerge for at Dimitra faar ein kilo av den.

-Tunfisk!, aa paa paa, eg skal no slett ikkje ha noko tunfisk. Seier gamle Dimitra og helser godnatt foer ho forsvinn inn doera.

Eg tek med meg den uleste boka og den tomme oelflaska inn i stova og sler paa TV-en.

Law and Order, med sendetid etter midnatt. I dette landet er beste sendetid einsbetydande med veldig greske serier og veldig, veldig greske komedier fra 60 talet. Radio er enno meir haaplaust, med gresk musikk doegnet rundt.

Naar eg forteller kakebakegjengen hos svigermor om alle dei nye amerikanske seriane og filmane som finst der ute i verda og at gresk musikk faktisk ikkje er spesielt god, faar eg berre medhald. Okking og hovudristing og oppgitte slag med armane.

Eg kjenner eg blir irritert og seier at det er no litt opp til ein sjoelv ogsaa. Palekastro har ei flott, ny fotballbane og nyinnkjoepte PC-er borte paa ungdomskulen. Hadde ein utnytta desse godene bedre, saa hadde ungane faatt noko anna aa gjere paa i fritida enn aa rydde taverna-bord og passe geiter og reparere fiskegarn. Og slutta aa renne etter vegen og inn og ut doerene hos besteforeldre og tanter og nabokoner i tide og utide.

-Og den nye kinoen er berre 20 minutt unna, fortsetter eg.

-Eg var inne der i forrige maanad og saag American Beauty. Det var ikkje akkurat trangt om plassen. Og dei faa andre som hadde funne vegen, satt og smaaprata om oppskrifter og smatta med tyggegummien og kikka paa klokka. Og naar dei endeleg lo, var det paa heilt feil plass.

-Amerikaniki aamaarfja, lesper tannlause og halvblinde Sakarenia fra hjoernet ved utgongsdoera. Ho maa alltid sitte der medan vi hine baker. Ho er saa gamal og skiten i kleda at svigermor vil ha ho naerast muleg den opne doera og lengst muleg vekk fra bakebordet.

-Ho var vel like hoeg og lys som deg ho, da.

1