|
21.april 00 Ei prinsesse er foedt!
Veldig soet og veldig tidkrevjande, og derfor har dagboka faatt ein daarleg start i aar. Og no er det allereie paaske. Berre to dager til den gresk-ortodokse Palmesoendag, og deretter gaar vi inn i den Lange Veka. Den har kanskje blitt doeypt til Lang av eit aller anna glupt mannfolk som blei lei av aa sitte paa kafe og supe Raki og vente paa Paaskemorgen saa ein stakkar kan faa seg ein saftig kjoettmiddag igjen.
For kvinnene stiller det seg litt annaleis. Uansett kor Lang veka er, saa er den slett ikkje lang nok. Dei spring dei korte beina av seg i eit heilhjerta og som regel utruleg velukka forsoek paa aa faa alt klart til den store hoegtida. Og ingen kretisk paaske uten Kalitzuni.
Svigermor er i full gang med forberedelsane til aarets store bakedag. Surdeiga til paaskekakene (Kalitzuni) maa settast til surning dagar i forvegen og saa har svigermor i diverse ingredienser kvar dag fram til den er ferdig til utbaking. Da inneheld den 8 til 10 kg mjoel. Utbaking og fylling krev omtrent like mange kilo fersk geiteost, samt omtrent like mange nabokoner, ei svigerdatter (guess who!) og ei pastamaskin. Alle er enige om at svigerdattera er stor og sterk og veldig glad i aa arbeide, for saann er alle tyskarar(!?), saa ho faar koeyre pastamaskina. Svigerinne Varvara er fra Pelloponnes, der ingen veit noko om kakebaking, saa ho blir utstyrt med kjevle for aa flate deiga akkurat nok til at den gaar gjennom pastamaskina. Resten sit paa svigermors' skeive stoler rundt eit langt,langt bord og stikker ut kaker og fyller i ost, mens dei super av kaffikopper, spaar kvarandre i kaffigrut og sladrer om dei som hadde ei unnskyldning for ikkje aa moete opp. Svigerdattera proever febrilsk aa huske kva stille pasamaskina blei innstilt paa i fjor. Ho satser paa nr.2 foerst og deretter to ganger paa stille nr.6 Ho faar akkurat gjennom foerste leiven da svigermor spoer om ho har huska aa stille inn paa nr 1 og 5. -Jada, seier svigerdattera og smaapirker litt paa stillet. -Nei, veit du kva, seier fru Marikken, denne deiga er altfor fast, saa du maa ha maskina paa nr 3 og 6. Fru Kaliopi er heilt enig og det er ogsaa fru Paraskivi. Fru Maria syns deiga er ualminneleg passeleg i aar. Svigermor har faatt eit drag om munnen som tydeleg viser kva ho meiner om fastheita i fru Marikkens' Kalitzunideiger. Varvara og svigerdattera held klokeleg kjeft. Etter ein halv formiddag og ein heil ettermiddag paa dette viset, er kakene klare til steiking.
Da kjem onkel Costa med pick up'en sin og lesser dei usteikte kakene opp paa lasteplanet, koeyrer dei til bakeriet og bringer dei steikte tilbake. Saa skal kakene av steikebretta, ei og ei av gangen, og settast pent attmed kvarandre paa reine klede og toerke seg ei natt blant omhygggeleg handplukka lavendelblad fra fru Kaliopi sitt digre lavendeltre. Huset til svigermor er ikkje stort, faktisk tvertimot. Kakene er heller ikkje saa store, men som kjent gjer mange bekker smaa ei stor aa. Derfor star det kaker paa alle bord og alle stoler og alle senger og divaner og sofaer og paa breie trefjoeler som er rigla opp mellom alle bord og stoler og senger og sofaer. Samt paa TV'en, vaskemaskina, kjoelskapet, buffeen, soveromskommoden og det nattbordet som ikkje er fullt av svigermor sine medisiner.. Saa soev svigermor kanskje ein time eller to, eg har aldri skjoent korhen, og saa er det tid for pakking. Denne jobben gjer svigermor alltid heilt aleine. Det er nemleg kun svigermor forunt aa vite kven som skal ha kva og kor mykje. Kakene blir pakka i pappkasser. Foerst blir dei stoerste kassene fylt med dei penast steikte kakene. Dei gaar til dattera i Athen. Svigermor vil ikkje ha noko av at dattera serverer halvfulle fat med brende kaker til snobbete atenerer. Saa gaar det nokre mindre kasser med ganske vellukka kaker til sonen i Athen. For han er gift med ei pen jente med rikeleg medgift som fortener pene kaker, men ikkje for mange slik at den velhaldne svigerdattera begynner aa tru at tidene har bedra seg for kretiske boender. Og slik blir kassene fulle og huset tomt. I den aller, aller minste kassa ligg det nokre smaa kaker som har blitt for godt steikte slik at geitosten tyter ut. Denne blir paaskegave til storebror. Han og svigermor kan aldri bli enige om deling av olivenlundane i Kambos og Katzagreso.
GOD PAASKE!
|
|