nytt fra palekastro
15.januar2000 godt nyttaar til alle i gamlelandet. Forrige laurdag var eg paa foerste vintermoete i kvinneklubben uten navn. Dette er klubben for ikkje-greske kvinner som av ein eller annan grunn(som regel kun ein) har hamna i Palekastro. Vanlegvis er vi ein humoerfylt gjeng som let prat og vin flyte fritt. Slik er vi fordi "vanlegvis" betyr sommar, sol, turister og tempo her i Palekastro. No har vi hatt vinter i to maaneder og det kan taere hardt paa festhumoeret til nokon og einkvar. No tenker du at vi sat der og stura over julepunsjen fordi vi sakner turistane, og det er nesten riktig, men berre nesten. Det vi eigentleg sakner er ektemakane vaare. What you see is what you get, seiest det. Stemmer ikkje her Palekastro. Det vi saag da vi tilfeldigvis, -men akk saa skjebnesvangert, stoppa i Palekastro for eit leskande glas Amstel paa loffeturen i dei glade 80-aara, minner lite om det vi har overfor oss ved middagsbordet i desse dager. Eg saag: Turistsjef type moerk og spennande med vakre, svarte nystussa kroeller og fordomsfrie, intellektuelle haldninger. Sandra saag: Kelner med linjalpress i buksene og kritkvit skjorte. Vaja saag: Restaurantmanager ifoert dress og slips kl 0900 blank. Sabine saag: Omgjengeleg pubinnehaver med glimt i auga og dyr bil. Virginia saag: Talentfull fotograf med spennande etableringsutsikter i spennande land. Dei siste to maanadane og dei to komande ser vi : smaasure, smaastinkande olivenplukkande hjernedoede vanedyr som moeter til frukost i underbuksa, et middag i holete skjorter oversproeyta med olivenslabb og gjoerme for deretter aa avslutte dagen paa raki kafe i ein rakikafestinkande acrylgenser. BLIKK og TALE har gaatt i hi..i juli aksellererest det for fullt berre det glimtast i ei svensk topploes paa palmestranda..no kler vi oss (og kler av oss) i rein desperasjon og til absolutt inga nytte. Vi skimter kun litt liv naar maten kjem paa bordet og viss naboen stikker innom for aa diskutere olivenoljeprisen. Eg siterer avslutningsvis og haapefull ei anna klok, norsk dame: "Jeg velger meg April"