Det onde auget |
|||||||||||||||||
Den som reiser ofte til Hellas, har kanskje lagt merke til at babyer er pynta med eit gullsmykke forma som eit auge. |
|||||||||||||||||
I foelge gresk tradisjon er ikkje dette unyttig pynting men eit heilt noedvendig forsvar mot " det onde auge". |
|||||||||||||||||
Sjoelv om ikkje alle grekerer innroemmer det overfor utlendinger, saa trur dei alle fullt og fast paa krafta i "det onde auget". |
|||||||||||||||||
Det er ikkje enkelt aa forklare kva som ligg i denne trua, men ei litt forenkla framstilling kan bli slik: |
|||||||||||||||||
Den som er baerer av det onde auget foerer, bevisst eller ubevisst, ulykke over til omgivelsane som eit utslag av sjalusi eller som ein seier paa norsk; det "gaar troll i ord". |
|||||||||||||||||
Eit eksempel; no leiger eg biler..ein dag kjem naboen inn paa kontoret mitt og seier; -jammen er det fine biler du leiger. Da er eg ille ute. Det beste forsvar er aa luftspytte umiddelbart etter..FTUSSO ! (spyttelyd paa gresk) Viss naboen har det onde augets kraft, og eg ikkje spytter i tide, vil sannsynlegvis eine bilen begynne aa ruste, i den andre kollapser motoren og den tredje blir totalvrak i kollisjon. Og eg gaar tomt for fine biler i ekspressfart. |
|||||||||||||||||
Neste eksempel; du har pynta deg til fest og faar komplimenten;-saa godt du ser ut i dag ! Gloeymde du FTUSSO! ? Da risikerer du hovedpine, ofte med feber, kanskje du besvimer, andre ganger kan det vere at du begynner aa miste haaret, eller kjolen revner. I ekstreme tilfeller blir du alvorleg sjuk og er du ekstra uheldig saa overlever du ikkje eingong ! |
|||||||||||||||||
Nokon har altsaa denne spesielle krafta til og spre ulykke. Paa samme maate har andre den spesielle evna til aa eliminere det onde auget. For meg minner desse mest om det vi paa godt norsk kaller kloke koner, det er iallefall (bortsett fra prestane) alltid kvinner som blir tillagt denne evna. Utdrivelsen kan gjerast ved at ein korser gjentatte ganger over kvar "inngong" i kroppen til den angrepne medan ein les ei spesiell boenn, eller ved at ein knytter knuter paa eit fks. eit toerklede medan ein les ei boenn for kvar knute. |
|||||||||||||||||
Resultatet uteblir ikkje; den angrepne foeler seg straks bedre ! (gjelder ogsaa biler ?) |
|||||||||||||||||
Eg var i eit bryllaup for eit par aar tilbake, der brudgommen sin unge, nervoese og sannsynlegvis overoppheta forlover (det var kanskje +38grader inne i kyrkja) plutseleg besvimte og datt i golvet. |
|||||||||||||||||
Det blei raskt allmenn einigheit i at han var "matjasmenaa" (angrepen av det onde auge) Heldigvis er dette ein liten landsby og naeraste kloke kone er saaleis aldri langt unna, presten var jo opptatt med vielsen. Mora og ei soester av forloveren slepte han mellom seg til ho med evnene og i loepet av faa minutter var han paa plass igjen, noko slapp men i bedre form og absolutt "ksematjasmenaa". (det er det du er naar auget er utdrive) |
|||||||||||||||||
Da var det verre i fjor da hoenene til onkel Costa slutta og legge egg. Alle visste at dei var "matjasmena" etter at onkel Costa kunne fortelle at visse personer hadde det med og kikke paa egga han hadde med seg fra hoensegarden ute i olivenlunden i Katsagreso. |
|||||||||||||||||
Svigermor, som ikkje har noko imot eit lite drama saann til kvardags, stilte gjerne opp for sin bror og hoenene hans. Ho blei frakta til hoensegarden og ritualet gjennomfoert. Da dette ikkje ga auke i egge-legginga, blei ei enno klokare kone tilkalt, med samme daarlege resultat. |
|||||||||||||||||
Da gjenstod siste utveg: tilkalle presten. Dette er noko dei fleste kvir seg for, da prestane i dette landet er kjent for og ta godt betalt for det meste..og iallefall naar dei blir dratt langt ut i Katsagreso for og oppsoeke folk sine bortgoeymde hoensegarder..ifoert prestekjole og tunge kors. Ikkje desto mindre saa stilte han opp og korsa og ba etter beste evne og tok seg betalt etter beste lyst. |
|||||||||||||||||
Men mot angrepne, ukristlege hoener maatte til og med presten gi tapt, og onkel Costa blei nokre tusen drakmer fattigare og i tillegg fekk han servert fersk hoene til middag to ganger i veka i lang tid.. |
|||||||||||||||||
Syns du dette var bra fortalt ? FTUSSO !!! |