HOME SWEET HOME |
kafenio= landsbykaf'e, raki=kretisk(tyrkisk) druebrennevin |
|||||||||||||||||
For aa ta konklusjonen først; viss du nokon gong skulle komme i stuss om noko medan du ferierer i Hellas, saa er det berre aa gaa til neraste kafenio og spørre han som ser ut som om han har sete der ei stund.. |
||||||||||||||||||
Spør han om kva som helst : Kvinner. Menn. Barneoppdragelse. Fødsler. Sterilitet. Virilitet. Fotball. Jugoslavia. Den Europeiske Union. Skattepolitikk. Ernòring. Potetdyrking. Hygiene. Jøder. Verdenssamfunnet. Verdenshistoria. Universet. Verdens oppstandelse. Verdens undergang. |
||||||||||||||||||
Du trur kanskje at denne botnlause brønn av visdom er vel mykje for ein liten kortvokst mann med hengebarter og hengemage, men der tar du feil. |
||||||||||||||||||
Du ser det naar han svarer. Det kan ta si tid, ikkje fordi han ikkje veit svaret, men fordi ein mann som sit pe sin kafenio alltid let deg forste kva han meiner om spørsmaalet og ikkje minst kva han meiner om aa ,la oss kalle det, lette pe brùnnlokket for di skuld : |
||||||||||||||||||
-han ser ut til sida |
||||||||||||||||||
-eine munnvik gaar ned mens den andre gaar opp |
||||||||||||||||||
-augebrynene hever seg ein smule |
||||||||||||||||||
-han let blikket langsomt gli over fjella, havet, nedetter vegen, vindusutstillinga i butikken over gata, dei ved nabo-bordet |
||||||||||||||||||
-han helser høfleg pe eit par forbipasserande |
||||||||||||||||||
-han lener seg godt bakover i stolen og sler oppgitt ut med eine handa (den som held sigaretten, ikkje den med raki-glaset) |
||||||||||||||||||
-han smiler samtidig som han puster høglytt ut |
||||||||||||||||||
-han ser pe deg. Fra føttene og opp |
||||||||||||||||||
-han svarer, medan ovannevnte prosedyre blir gjentatt med jamne mellomrom |
||||||||||||||||||
Har du lest "Sofies verden" og misunt ho møta med Hippokratis, Platon og Sokrates ? |
||||||||||||||||||
Det er slik han og alle grekerer med han blir overtydde om at alle svara er akkurat her. Fjellet han studerer fra sin kafenio-stol er eit maleri, verdilaust på baksida. Nabolandsbyen har ingenting aa lòre bort. Til Athen reiser han kun på legens befaling, og utanom Hellas grenser søker berre den som er tvinga av fattigdom. |