Ordforklaringer: xeni= framand/utlending, Monastiri=kloster, vosko(s)=gjeter, ach=akk, (re) ghamotto= stygt banneord, Theo(s)=Gud, mo=mi/min/mitt,kje=og (kretisk dialekt), stu=til, Christos=Kristus, Bannagjia=Heilage Jomfru, Diavlos=Djevlane |
|||||
12.mai2000 |
|||||
No skal eg fortelle litt fra nabolaget her paa kontoret mitt. Kontoret ligg ved Vegen. Her i Palekastro har ikkje gatene skikkelege namn med skilt og slikt. Saa dette er altsaa Vegen, medan alle hine vegane blir kalla den eller hin sidevegen og vegen bortanfor den og hin sidevegen. |
|||||
Lengst ut paa hjoernet til venstre ligg svigermor sitt laage og skeive kvitkalka hus. Saa kusine Isabel med turistsjappa. Deretter bakeriutsal og vegg-i-vegg med meg eit hittil tomt kontor. |
|||||
Paa andre sida av Vegen rett overfor meg har ingenioer Janni kontor og butikk. Og saa Sotiri og Manoli med sigarettkiosken. Til hoegre for dei igjen ligg turistkontoret og enda lenger ut til hoegre, tavernaen til Herr og Fru Patri. |
|||||
Dagen i Vegen starter med gatevask. Herr Patri er foerst ute. Han har tre driftige doetre og ei albansk kvinne til aa gjere grovarbeidet for seg.Vegen heller svakt nedover fra Herr Patri sin taverna og bort forbi kontoret mitt. |
|||||
Eg tenker alltid at eg skal rekke aa kome meg opp og opne kontoret og finne fram sopekosten og sope saman soeppel og rusk og rask som har samla seg utanfor kontoerdoera i loepet av natta, foer ei av dei driftige doetrene har faatt fart paa vasslangen og forvandler alt om til ei umedgjerleg gjoermeaktig masse. |
|||||
Istadenfor blir det aa spade vekk. Saa tar eg fram min slange og spyler godt. Etterpaa mopper eg plattinga med ei blanding av vatn og eddik og ajax lemon fresh til eg kan spegle meg i flisene. Saa kjem 9-bussen susande inn fra Sitia og spruter alt vatnet fra spylinga tilbake over plattinga og glasdoera. |
|||||
Da gir eg meg som regel og lager meg heller ein iskald iskaffi. Og saa set eg meg. Helst paa platten til ingenioer Janni for den har morgensol. Slik kan eg nyte synet av alle naboane som styrer paa og tenker sitt om ho xeni som drikk kaffi med flekkete kontordoer. |
|||||
Naar eg har tort aa sette meg, faar eg selskap av Isabel. Ho er halvt fransk og altsaa nesten like xeni og doven som eg. |
|||||
I dag er vi opptatt av det tome kontoret ved sidan av mitt. LOYALWARD LTD staar det paa eit stort skilt hoegt oppe paa veggen. Det er eit engelsk selskap som har kjoept eit enormt landomraade mellom Palekastro og Vai. Stein og busker og geiteraaser skal vike plassen for tusenvis av sengeplasser fordelt paa seks nye landsbyer. Innimellom skal dei legge badeland og golfbaner og plante til palmeskoger og olivenlunder for aa gje det heile ein naturleg look. Og; (som om ikkje dette skulle vere nok) vi er lovt at heile sulamitten skal ligge bak fjellet og vil ikkje vere synleg fra vegen slik at alt her skal fortsette aa sjaa ut som foer. |
|||||
Isabel og eg proever aa forestille oss bortimot 10 000 turister bak det fjellet. Medan Palekastro som knapt kan skryte av aa huse tiandedelen saa mange skal ha alt hitt for seg sjoelv som det alltid har hatt.Framsida av fjellet er full av Monastiri Toplou sine mange geiter. Det blir artig for vosko-Manoli, tenker vi hoegt; han kan sitte paa fjellryggen og gjete geiter paa hoegre hand og ti tusen turister paa venstre. |
|||||
Ellers er det mykje meir naerliggande for oss aa spekulere i kva slags engelskmenn vi faar her paa nabokontoret. Blir det a'la prins Charles (troeste og baere) eller meir som Hugh Grant (gjev det var saa vel)Manoli og Sotiri blander seg i diskusjonen og mumler noko om engelske kontordamer. |
|||||
Som eit passeleg avbrekk, ringer det i telefonen min. Eg springer over gata og inn paa kontoret i to byks. Vanlegvis er det ein mann som spoer om eg leiger ut biler. Ja, svarer eg haapefullt paa nesten flytande gresk. Og legg i veg om Bilmerker og Aircondition og Fri kilometer og Full forsikring. Til svar faar eg alltid ein stoeyande sprutlatter i stereo. Ein sprutlatter fra telefonroeret og ein gjennom doera fra kontoret overfor. Ingenioer Janni ler saa taarene triller og brillene held paa aa dette av nasen. Telefonroeret held han hoegt over hovudet med eine handa medan han peiker forklarande paa det med den andre alt medan han roper vekselvis opp i roeret og ut gjennom doera at no lurte han meg jammen godt no igjen. |
|||||
Vi moetest paa platten der Sotiri og Manoli ikkje kan kome over kor lettlurt eg er. -Ach re,gha motto, banner eg igjen og igjen og ser saann passeleg flau ut og lover at dette var absolutt siste gang. |
|||||
Oppe i Vegen kjem ei av Patri sine doetre springande ned mot lageret. Eg laerer aldri akkurat kven som er kven av dei tre. Dei springer saa likt og roper saa likt alle tre: klikk-klakk i eit voldsomt tempo paa hoege Armani-haeler og bang opp med lagerdoera med ein innoevd sving med eine hofta og bang igjen med hi hofta og klikk-klakk oppatt Vegen med armane fulle av poteter, fetaost og olivenoljemugger og munnen som gaar i ett; "Theo mo!!, naar skal det bli slutt paa slitet..Ach, hadde eg berre vore doe..Christos kje Bannagjia!!, hjelp dette stakkars menneske..Stu Diavlos med alt i hop...Ach Bannagjia mo!!, kva gale har eg gjort sidan Du straffer meg slik." |
|||||
Av og til staar det turister utanfor turistkontoret og da seier dei alt dette berre som ei slags djup mumling langt nede i halsen medan dei smiler hjerteleg og seier dette veldig hoegt: ju vant inglisj brrekkfest verri verri gudd jess! |