tilbake

? korleis er klimaet paa oest Kreta

Kaldeste og mest regn i Januar med foelgande statistikk :dag 16C, natt 9C, vann 16C og 18 soldager

Varmaste i August med :    dag 29C, natt 22C, vann 25C og 30 soldager

? kva er lav/hoeg sesong

! hoegsesong er fra 15.06-15.09. Utanom denne perioden vil du faa ca. 30% avslag i pris paa rom/leil. og billeige.

? kva betyr A-class

! kategorier for hotell og apartments/rooms er ikkje dei samme. Dvs. at A-class paa eit hotell har hoegare standard enn A-class i kategorien "rent rooms/apartments" I denne kategorien er generelt sett A-class rein og pen innkvartering av rimeleg god standard, men ofte uten "luksus" som td minibar,air condition,svoemmebasseng osv..

? korhen kan ein finne dei beste strendene

! Kreta er ei stor oey, med mange fine strender. Generelt kan ein seie at strendene paa oest- og soer sida er reinere enn ellers på oeya, fordi straumane kan foere med seg soeppel til nord- og vestvendte. Strendene paa oestsida er ellers minst utsatt for vind, og er ogsaa dei minst besoekte

?  kven passer oest Kreta for

!  Palekastro og omegn er mest kjent for uberoert natur og flotte strender. Dette er ikkje den typiske party-plassen og vi har heller ikkje charterturisme med organiserte tidsfordriv. Dette er staden for deg som oensker aa legge opp ferien din sjoelv, og som liker late strand -dager,god mat og vin og er glad i naturen. Vi har mykje fint turterreng av forskjellig vanskelegheitsgrad. 

Det beste av alt er at vi har beholdt den ekte kretiske kulturen her.

? kan eg sole meg topploes

! greske kvinner soler seg ikkje topploese.  Mitt tips er aa kikke seg litt rundt; er du paa ei strand med hovedsakleg turister er det fritt fram. Er det derimot mykje greske familier rundt deg, er det uhoefleg aa ikkje vise hensyn. Rundt Palekastro har vi eit par mindre "nudist-strender" der det er ok aa hive alt ! Det er ingen som blir sjokkert av det, berre du respekterer dei typiske familiestrendene.

? finst det farlege insekt/dyr

! nei. Vi har skorpioner, men ikkje av den doedelege typen.. ellers kan mygg og kakerlakker vere plagsomme. Mot mygg anbefaler eg innkjoep av elektrisk "myggeskremmer". Faas kjoept i alle super/minimarked. Mot kakerlakker hjelper det aa stenge innfartsvegane, dvs. avloep i kjoekkenvask og bad. Steng med tallerk e.l. der det ikkje finst propp.

? toaletta paa Kreta

!  kan vere forferdeleg skitne. Ikkje la barna dine sitte paa toalettet, og ha alltid med deg vaatservietter.

? er det ok med miniskjoert

! det er heilt ok. Viss du vil besoeke kyrkje/kloster maa du unngaa den aller kortaste varianten og i tillegg dekke skuldrane.

? shopping

! her er mulegheitene uendelege. Bortsett fra typiske (souvenir/keramikk/skinn ) kan eg anbefale urter som har bedre kvalitet her og er mykje billegare enn i Norge. Honning og olivenolje. Kjoep dette privat, viss du har mulegheit til det. Vin er som regel billegare i butikkane enn i taxfree paa flyplassen.

? kan ein leige ogsaa om vinteren

! ja. Det er godt ferieklima paa oest Kreta om vinteren. Det kan vere sure dager innimellom, saa det er viktig aa forsikre seg om at leilegheita kan oppvarmast. Ellers er det billeg aa leige om vinteren.

1