Do I know you ??   (-if not, get lost !)

Har du nokon gong blitt forundra over kor ordknappe og mutte desse livlege, vennlege grekarane blir saa snart du flytter dei bak ei offentleg skranke ?

Kontrasta kan bli stor..fra blide kelnerer og overstroeymande hotellverter til sure bankansatte som ekspederer halve koeen bak deg og deretter ber deg gaa til neste kasse?  dama i turistinformasjonen som prater med veninna i telefonen og ignorerer deg? bussjaafoeren som nekter aa svare paa kor langt det er til Knossos..

Eg er ikkje fagutdanna innafor sosiologi, saa derfor kan eg trygt komme med mi eiga personlege vurdering av YPAAKREOSI .(takknemlegheitsgjeld)

YPAAKREOSI er todelt:

1. -meet my cousin ! (hels paa mitt soeskenbarn!)

2. -kjenner eg deg ?  (jfr.overskrifta )

Den greske stat er sikkert utstyrt med like mange lover, paabud og forbud som den norske. For ikkje aa nemne det innfloekte EU regelverket.

Forskjellen er at ein gjennomsnitts nordmann foeler ansvar overfor det offentlege og legg vekt paa aa oppfoere seg deretter, medan ein gjennomsnitts greker stiller seg fullstendig likegyldig .

For ein greker er det offentlege eit noedvendig onde, ikkje ei forsikring mot sjukdom, svolt eller utestenging.

Desto viktigare blir difor dei uskrevne lovene som gjeld innafor den enkelte familie og i lokalsamfunnet.

Akkurat som eg sit her og skriver kjem svigermor springande forbi kontoret med eit stort fat dolmades (fylte vinblad). Dei skal ho gje til fru Voutiraki oppe i sidegata. For eit par timer sidan saag eg fru Voutiraki smaaspringe i motsatt retning med ein boks med heimebaka kjeks.

Da faren til fru Voutiraki doede for nokre maanader sidan, var svigermor med paa vakenatta foer begravelsen, ho hjelpte ogsaa til med begravelsen og dernest "mimosia"(minnestund i kyrkja) etter 40 dager, 3 maanader og ho vil heilt sikkert stille opp til den etter 6 maanader og den siste etter 1 aar... Da det er langt mellom kvart begravelsesbyraa og i tillegg dyrt, er altsaa fru Votiraki ikkje berre glad for all hjelp, ho er avhengig av den .

Svigermor er nettopp tilbake etter ein maanad i Athen. Medan ho var vekke kom fru Votiraki med mat til svigerfar kvar dag. Det samme gjorde tante Varvara og tante Marikken. Pluss alle nabokonene som stakk innom med kaker eller fersk fisk..

Til paaske fekk tante Varvara eit geitekje av svigerfar. Tante Marikken og mann bruker pickupen til svigerfar kvar dag, for aa frakte gras til dyra sine. For dette faar svigermor fersk geitemelk og diverse oster og altsaa mat til svigerfar.

Eg kunne fyllt ei bok med slike eksempel berre fra nabolaget til svigermor. Men det klarer seg med stikkordet "YPAAKREOSI".

YPAAKREOSI overfor familie er viktig og sjoelvsagt, kven skal beskytte deg og dine om ikkje familien ?   Saa naar hotelleigeren seier "meet my cousin" kan det like gjerne  vere ein tremenning eller ein enno lenger ute i slektstreet. Poenget er aa vise at ein er del av ein familie. Det gir tryggheit og er forsvar mot omverda. Ein greker paa "ukjent grunn" uten familie rundt seg, er i dei aller fleste tilfella eit puslete syn.

YPAAKREOSI overfor andre er det som raaker deg som turist. (do I know you?-if not,get lost ! )

Bussjaafoeren kjenner deg ikkje. Han faar ikkje betalt utifraa kor god service han yter, og ikkje faar han auka respekt heller. I greske auge er du litt latterleg og ganske dum dersom du er unoedig hjelpsom og grei overfor folk som ikkje yter gjengjeld.

For at dette ikkje skal bli alfor langdrygt, vil eg oppsummere med nokre punkter som kan hjelpe deg som ferierer i Hellas.

-naar hotellverten anbefaler deg ein spesiell taverna : grekerer er overbeviste om at utlendinger ikkje har forstand paa kva som er god mat, det er derfor sjelden det kriteriet som ligg bak anbefalinga. Desto oftare er taverna- eigeren hotellvertens venn, tremenning, onkel, nabo..YPAAKREOSI !   (Det er ikkje dermed sagt at du ikkje skal gaa dit)

-naar du du reiser tilbake til samme landsbyen : viss du var rimeleg fornoegd med hotellet, yndlingstavernaen, taxisjaafoeren, bilutleigeselskapet osv. : gaa til dei neste gong ogsaa. Da foeler dei alle ..YPAAKREOSI overfor deg, og du vil faa utmerka service overalt.

Ta gjerne med ei gave fra Norge. Ikkje billege souvenirer eller norsk mat, da sovenirer er tegn paa gjerrigheit, og ang. mat saa er det langt mellom grekerer som eter anna enn den greske .

Personlege gaver som parfyme er populaert, baade til menn og kvinner. Gava skal koste litt, husk at den ofte blir gjengjeldt med middaginvitasjon eller ein runde med drinker til deg og dine..

-til slutt : husk at grekerer er overbeviste om at verda utenfor Hellas har lite aa by paa naar det gjeld familiesamhald og menneska si omsorg og omtanke for kvarandre. Vis dei at du har forstaatt di ..YPAAKREOSI .  Du vil straks bli kjent som den som er eit bra menneske trass i at du er utlending..eg lover at forskjellen er merkbar !

1