Symra
er kanskje den største og mest aktive leikarringen i Oslo. Ringen har øving kvar onsdag kl 20.00
- 22.15 i Storsalen i BLS-huset i Nordahl
Bruns gt 22. (tett ved det gamle rikshospitalet, og straks ovanfor Blitzhuset, sjå kart).
Symra har kurs
for nybyrjarar i gamaldans, to kurs kvart semester. Det første startar i byrjinga av
januar eller ca første september, og det andre i byrjinga av mars eller i byrjinga av
oktober. Påmelding: e-post til Symra
I Symra arbeider vi med alle typer folkedans: gamaldans, turdans, songdans og bygdedans.
I tillegg til danseaktivitetane, har vi andre populære tiltak: utanlandsturar,
fjellturar, teaterbesøk, hytteturar, ...
Vil du bli med i leikarringen? Berre møt opp til øving i Storsalen i BLS-huset. Du vil
bli godt motteken!
Er du åleine? Eller er de eit par? Spelar inga rolle! Både einslege og
par er like velkomne på kurs og øvingar.
Vi kan love: eit godt miljø, ein fin hobby, trim for kropp og sjel og mange gode vener.
Du har ikkje dansa folkedans/gamaldans før? Då er det best å byrje på eit av nybyrjarkursa
våre.
Vite meir om Symra? Bruk menyen. Eller ring til leiaren vår Marianne
Dahl: tlf 22462281/97153857 (p) eller send e-post til
Symra.
Symra driv med oppvisningar i folkedans (for turistar/kongressar
etc). Treng du folkloreframsyning? Vi har svært god kvalitet. 4-8 par. Vi syter for topp
musikk (hardingfele). Ring Inger Varhaugvik tlf 22155884 (p), eller
e-post til Symra.