Hjem | Båten | Planlegging | Mannskap | Reiserute | Reisebrev | Skiblerier | Gjestebok | Linker | Sponsorer |
AVSKJED 03.07 2003 . TANANGER Son , du reiser i dag med dine to kvinner - Lena og S/Y Solid . Havet vart du så glad i , - og såleis din veg for heile tre år, saman med trufast fylgje. Er det eventyraren, taterblodet frå ein tippoldefar , eller sjømannsblod frå ein seilskuteskippar ,som var din oldefar, eller berre uinnfridde draumar som er i rørsle, undrast mor di ?. Du heiser flagg, på godt og vondt, som du alltid har gjort - det er din styrke,--- gjev mor di ein cd : "I did it my way", og kastar loss. Kurs og lei vert ofte til undervegs, eg veit ditt indre kompass er viktigare enn det du har i skuta, det gjev meg tryggleik. Men Bora Bora -øya veit eg er eit mål---- og det er langt ----- ! JANUAR 2005 Eg likar ikkje skrive dette reisebrevet, eg undrast over kvifor det er slik ? Pennen er til vanleg ein god ven . Oppfordringa frå mannskapet surrar i hove ---dei ventar på brevet----! Prestasjonsangsten vert underordna. KLEPPE - NEW ZEALAND NOVEMBER 2004 Tre veker var me på New Zealand, Pernille , syster til Morten , Gaute , far hans , og så eg, mor. Lena hadde gitt oss motelladresse i byen Tauranga, der Solid låg til rett dato, ved brygga. etter Stillehavskryss Honnør til mannskap for flott seilas og planlegging ! Det var ca eit og eit halvt år sidan de kasta anker i Tananger. Mangt skulle feirast! Lena hadde vorte 30 år i oktober, Morten vart 30 år. 17. november, og Gaute 60 år dagen etter, tilsaman 120 år. REISEDAG 07. november 2004. Ein sundagsmorgon kl 05.15 køyrde Randi, storesyster til Morten, oss til Sola. Me skulle så gjerne hatt ho med , men dette let seg ikkje gjer denne gongen. På Sele måtte me snu , Gaute hadde gløymt visakorta sine , og reisefylgje var samde om at desse var viktige å ha med--kanskje ikkje berre for å ivaretaka eigaren, mistenkjer eg--. Randi er ikkje noko "pinglekøyrar", ho snudde på ein tiøring, mora trødde på bremser der ingen bremser var. Me nådde både fly og taxfree. Snart var me i lufta , eg kjende meg døydstrøytt etter reisefeber i lang tid, amper stemning var til å ta, og kjenne på, men me var klåre nok til å sjå at bestilling av to netter på hotell i byen Kuala Lumpur på Maylaysia, ikkje ville nå vidare fly som planlagt . Pernille fekk skulda, ho tok det heile med stoisk ro, blanda med ein smule "overbærenhet". Etter ankomst på hotellet tok ho på seg ei bestemt" mine", og med "frekkhetens nådegave " presiserte ho at det kun var bestillt 1 natt- og "vips" hadde ho fått pengane att for den 2. natta. (Eg veit at det var bestillt 2 netter! ) Foreldra stod litt i bakevja under debatten i hotellresepsjonen Sidan fekk me beskjed om at ho aldri meir ville ordne med bestillingar for slike rotekoppar som oss to------ ! Men lat oss no koma vidare --------! Flyturen var lang og strevsam, sjølv om rotekoppane hadde investert i reisestrømper, kribla de i føtne.Reisefylgje mitt såg filmar på flysete framføre seg, - eller så plugga dei proppar i øyro og vandra inn i si eiga verd. Hadde lasta ned 30 cd før reisa, sa den eine til hin. Eg hadde ingen øyreproppar , og vil heller ikkje ha det, men eg har ei usynleg osteklokke som eg kan setja over hove mitt. I denne kan eg fantasere det eg vil , stengja ute det eg vil- og samstundes gje tankane kvile. Av ein eller annan grunn var det umogeleg å få dette til denne dagen , så eg fekk bruke tida til å lage historiar om andre reisande i flyet. "Adspredelesen" var utprøvd mange gonger før , og såleis kunne mi eiga reis verta mange sine reiser, med ulike innhald og reisemål. Eg deler her nokre historiar med lesarane: Ein franskmann hadde sidan han kom ombord, dilta i hælande på dei vevre, blomsterkledd flyvertinnene ,og banna fordi han ikkje hadde ,fått det flysete han skulle .( Eg kan ikkje fransk , men eg er viss på dette!) Besetninga himla med augo til kvarandre, medan han vifta med alt han hadde ,samstundes som dei brune augo gnistra,og høvde lite til den lyseblå v-gensaren og dei sylskarpe buksepressane. Flyvertskapet lot seg ikkje "vippa av pinnnen" , dei hadde nok møtt "slike" reisande før . Kor galen er denne mannen,tenkjer eg? Kva kan han finne på her oppe i høgaste lufta ? Eg send han eit kvasst blikk då han vifta forbi mitt sete, sjølvsagt hadde det ingen effekt, men det gav meg ei god kjensle ,og den trong eg der og då. "Sko vore sett på plass ", som mor mi sa. Ja , bokstaveleg talt, skulle han det, og omsider kom han på "plass". Augo fell på ei mor som kjærteiknar barnet sitt. Den fine frisyren hennar vert etter kvart ei einaste høysåte ,der ulike, fargeglade hårspenner vert sett i på kryss og tvers. Jentebarnet brukar både kam og hårbørste. Eg kjenner roen kjem att.----. Mora har fått fire hestehalar når jenta sovner. Eit lit bel etter sovnar også mora, og fyrste akt er over i skodespelet . Gler meg til dei vaknar att ! Framføre meg sit eit middelaldrane par som tydeleg disponerar tre flyseter. Kvinna snur seg som ein sulletopp til og frå midtsetet, pustar tungt, svetteperler i pannen, smakar ikkje på maten, flyskrekk, tenkjer eg. Mannen sit tilsynelatande heilt upåvirka , mimikklaus stirrer han ut i flyrommet .Kring halsen ligg den breiaste gullenka eg nokon gong har sett på ein hals, der tvihakene kviler i fleirtall. Han et dobbel flymatporsjon under alle måltid. Eg ser ingen kommunikasjon ,og såleis er nye spekulasjonar undervegs , nye tankerekker plopper opp Flyet flyg itakt med tankane mine, eg har full underhaldning, og har det greitt på alle måtar. Nok væske til byrjande utturka kroppar, er i dei beste hender,eg opplever det godt å verta slik teken vare på . Me lander i Kuala Lumpur etter ca 13 t i lufta. Gler oss til å strekke kroppane våre ut i ei seng, - tida er skrudd 7 t attende. Taxi til byen, slentra litt rundt i støyande handlegater, men var snart under dynene.Sov så godt, at det var nære på me fekk frukost dagen etter. Fortsette etterpå med ny bytur i påvente av komande flytur - og var vitne til at ei muslimsk kvinne, gav Gaute att den nye mobiltelefonen han hadde mista, utan å oppdage det. Veit ikkje heilt kvifor eg fortel nett dette ? Torden og regn var vanleg på ettermiddagen i denne byen, også.utan unntak då me vitja dei fargerike gatebutikkane. Eg er livredd i torever ! Nye 7 mil i taxi tilbake til flyplassen i køkøyring med blinkande varsellys på alle bilar. På fanga våre stod tunge koffertar , i bagasjerommet tok nemleg ein besintank det meste av plassen, og me hadde ikkje sagt frå om alt me drog på ,ved bestilling. Sikten var dårleg , regn og torden, farten stor. Eg vart stum. Du all verda kor glad eg var då eg skimta flyplassen gjennom skodda! Taxisjåføren bukka og takka gong på gong for nokre usle, ekstra slantar. Ei rar kjensle av skam kom over meg ,der og stod med alle koffertane mine. Nytt fly med reisetid 11t, målet var Auckland, ein storby på New Zealand. På denne reisa fekk eg nytte av osteklokka. Ingen av oss sov, me kjende oss stive i kroppane ,trøytte og fåmælte då me endeleg landa. Morten og Lena skal på campingtur på øya, og me hadde fått bestilling på å ta med telt. På New Zealand er dei svært redd for smitte av alle slag, og mat som er ombord på båtane må kastast før dei kjem til land Teltpluggane vart difor nøye inspisert, men etter ei stund hadde me det gamle teltet med oss att. Kranglinga om kven som skulle bære teltet gjennom sikkerhetskontrollen når me landa, kunne me spart oss. Pernille var bokstaveleg støtt ,eit "hakk føre" sitt opphav.----- , og så , heilt utan å være budd på det ,fekk eg sjå to syskin som klemde kvarandre . Morten og Lena hadde leigd bil, og kome den lange vegen for å møta oss på flyplassen Du all verda kor gildt ! Var mest ikkje til å tru., dei stod der , så uforandra, så glade i andleta,så fine , så nære , etter å ha sigla rundt halve jordkloden ! Det var utruleg godt og sterkt å møte augo, " halde kring" , riste litt i dei båe. Der og då gjekk det verkeleg opp for meg kor stort saknet hadde vore. Tårer som eg hadde full kontroll over ved avreisa i Tananger, vart umogeleg å styre, og kvifor i all verda skulle eg no det heller ? Eg hadde fylgt dei mest dagleg på ferda, både på globus , i tankar og ikkje minst i bøner ------- Koffertar, telt og mennesker stua seg inn i ein liten bil, mangt skulle spørjast og snakkast om, 3 timar køyring var ende på eit blunk. Eg ynskjer ikkje å utbrodera øya New Zealand for potensielle lesarar, korkje i høve til geografi, natur, historie , politikk eller som ferieland. Dei fleste veit at dette er ei øy på andre sida av jorda , liggjande i Stillehavet Er det interesse for å gå inn på ulike tema, syner eg til : "Berre gå inn på nettet" ! Bestemødre har lært seg terminologien ,og hengjer med så godt det let seg gjer. Kvifor ikkje , undrast du gjerne? Jau ,fordi det er ikkje ,og var ikkje ,det som var essensen for mi reis. "Mor , du skriv vel eit reisebrev då du kjem heim ?", spurde Morten. Ja, her er mi skildring , mi reis, og min takk ! Då eg reiste frå Klepp den tidlege morgonen var det for å møte Morten og Lena som siglar i ein liten båt jorda rundt på 2. året. Det var for å dele dagar, tid,stunder, høyre om opplevingane deira, være til stades i deira liv, deira kvardag ,sjå dei , forvisse meg om dei var like heile både i kropp og sinn, og ikkje minst kjenne tryggleik på at dei framleis har det så godt som dei hadde og har. Samstundes var Gaute 60 år- og ville" bort på dagen" som me seier på Jæren.Eg hadde gode grunnar for den lange ferda, det var 1 !/2 år sidan sist "møte", - og han er minstabadnet må vete! Dessutan er eg så glad i det kvinnelege mannskap, ved navn Lena, så grunnane var fleire .Tanken på ei ny avskjed var likevel ein vond klump , sårt låg det der ,og kom støtt attom .Eg konkluderte med at dette måtte eg berre forhalde meg til ., eg hadde ikkje val. I Tauranga låg Solid ved kai. Eg likar båten , den er lun og heimsleg å koma inn i , og dessutan er den fin å sjå på "Det er Hjemmet vårt ", seier du Morten, ja de kan berre være stolt over slik bustad ,som syner dykk heile verda ! Motellrommet venta oss like ved heimen dykkar, takk til Lena ! Svevnen var borte , eg kjende meg "oppspilt" , kunne ikkje sove, ville ikkje , ville være vaken, heilt vaken den fyrste stunda, det fyrste døgnet-----! Eg tok av meg klokka ! Dagane vart gode og sutalause i lag med desse to menneska . Dei hastar lite, "tida kjem til dei" , kan det synast som, og det meste ordnar seg alltid til sist . Ein "kjenner " den solide kjærleiken mellom dykk ,og det seier seg sjølv at den ferda dykk er på, treng desse element i seg ,for ikkje å kullsegle på ulike hav og kyster, eller rett og slett ikkje forgå av kvarandre sitt selskap på ope hav 4 veker i strekk. "Morer" ser og observerar, let seg skjeldan lure ! Eg sat att med kjensla om at ferda dykkar er på rett veg, kursen stø på "alle hav". Lange frukostar på motellrommet . Det lot dykk ikkje jaga or senger av "årre" jærbuar som venta på morgonmat, nei me kunne berre "byrja " ,-- de kom om ikkje så brått. Dei enkelte familiemedlemmane vart like sure og blide som før i verda, me fekk etter kvart av oss den unormale høflege tonen alle, og greitt var det ! Pernille og Morten byrja den vanlege kranglinga, og om mora sat mellom dei i baksete i leigebilen var nivået og klimaet slik bilturar var for ca 20 -25 år sidan ,då faren truga med å snu, eller setja dei av. Då Morten presterte å kaste sjokoladen til Pernille ut bilvindauga, enda det opp i eit klimaks for systera . Ho vart stum av sinne,og såg med iskaldt blikk ut i lufta. Til all lukke fekk Gaute auga på sjokoladen då me skulle heimatt, og dei to i trettiåra vurderte å dele godbiten , Pernille vart talefør att. Lena sukka over opptrinnet, foreldra fekk styrke til å" tia stilt" . Men skal eg være ærleg , hadde eg stor gleda over å både "sjå og høyre", dei er ganske munnrappe ,og snert i reblikkane har dei båe , desse vaksne borna våre. Oppdragarrolla er forbi , det er ein god fridom.! Eg veit så vel kor uendeleg glad de er i kvarandre, og har sett omsorga når livet ikkje har vore ein "dans på roser." Som de skjønar kjøpte seglarane seg ein brukt bil. Å kjøpe bil i dette landet var fort gjort , 15 minutt i auksjonslokalet, og vips var dei eigar av eit gildt framkomstmiddel. At ein hund hadde gått litt beserk i interiøret, var til ingen bekymringfor dei nye eigarane. Opphaldet på øya vert fleire månadar, og me var alle samde om at dette var ei god investering. Det er ganske vanleg at seglarar kjøper seg eit framkomstmiddel her, for så å selje att når dei kastar loss 18. november skulle 120 år feirast Me starta med cd av "Tønes " til frukost. Gaute hadde sikra seg bord på Spinnaker restaurant, og før me drog, smalt champangekorken faktiskt i taket på motellet . Me hadde stasa oss opp ,og hadde eit fortreffeleg måltid saman, men Lena drog på ei influensa som ho på ingen måte ville gje oppmerksamhet. Gåvedryss til jubilantar, gåver med omtanke og arbeid frå store og små Sjokoladekake med 120 lys( lys som Randi hadde sendt med) friske jordbær ,og god stemning , kvelden vart fargerik! Mennene avslutta med conjakk og høg sigarføring i seine nattimar. Det er rart å sjå far og son i slik relasjon - dei er faktisk ganske samde om både politikk og løysing av verdsproblem etter kvart. Eg fekk lyst å skrive novella: "Når far og son har vorte menn ". Dagen etter pakka me i bilen og drog på ferie i dette landet. Me overnatta på motell,sov frampå om morgonen, laga oss gode måltid ,og utforska nærmiljøet Lena er dessutan ein "klyppar" på kjøkken, men frisk var ho ikkje. Kortspel og lange diskusjonar om korleis ein heller skulle forvalta korta sine, enda med at Lena skulle" ta med mor", og snill og høfleg som ho er, vart ho "behangande" med meg på slep Det rare var at eg i dette samspelet kjende meg ok, sjølv om eg er eit naut til å spele kort . Det fortel kanskje noko om makkaren. ? Ellers dyppa me våre kvite kroppar saman med brune kroppar frå Stillehavet i mineralbad på 40 grader - det var ei god oppleving. Lena sleit framleis med hoste og feber, klaga aldri - far hennar sa at det vart ikkje bedre om ein klaga, sa ho Vil tru at Morten må nyte denne sjølvkontrollen når eg tenkjer på "syde " i vår heim , over hoveverk og snue. Me såg geysirar som enno rørte på seg, og nokon av oss bada trøytte føter i svovelbad Andre i flokken fann ein leikepark med ulike appar,at og hadde stor moro av dette, liketil kvalmen tok overhand. Dessutan hadde tilsynelatande ,passerande tilskåarar ,stor glede over opptrinnet til vaksne nordmenn. . Fjellet Mauao, hadde snø på toppen . Det vart mest ein besettelse for seglarane å kome dit, kna snøball, og kaste på kvarandre. Hugsar lesarane historien om snøballen som byrja rulle ein soldag i Pollen i Arendal ? Eg kan forvisse om at snøen framleis er kram og kan rullast, at bilen kokte opp den bratte fjellvegen, vart ein bagatell. Ein dag inviterte dei meg med på gogartbane og lokka meg oppi ein bil . Eg fekk ikkje vri rattet, - seig som sirup rundt banen 2 rundar, medan resten av familien raste forbi minst 100 gonger, og sikta inn min bil , for å gje den ein dunk, samstundes som dei høfleg helsa på meg medan dei passerte. Mora makta dette etterkvart , særleg når ho skjøna kor stor glede det gav resten av "selskapet." Eg hadde lite medkjensle over at den nye , kvite jumparen til Pernille var full av oljeflekka etterpå, ho var ikkje nett den som vinka minst til mor si. Utleigaren var høfleg, drog lite på smilet før me var ferdige, etterpå såg eg at han" la ut" til ein kollega, det synte på heile kroppspråket. Fekk seinare vite at desse bilane let seg ikkje styre så lett utan dei er i ein viss fart , og fart våga eg gje lite av ,fordi rattet var størt . Eg skal aldri prøve ut påstanden! Kajakturen var ei anna oppleving .Pernille og Lena skulle nytta dagen på hesteryggen, og dei hadde dagen før vore saman med Morten på elvetur, og meinte dette måtte "dei gamle "også få med seg. Eg var skeptisk til fleire opplevelsesturar, men Lena meinte at dette ville eg ha stor glede av . Lat no det være sagt, ho låg til sengs når dei andre lokka meg på gogartbanen. Morten køyrde oss avgarde ,og me kom fram til eit lite hus som eg opplevde stod og smilte til meg. To høner" molda "seg i urtehagen , og på trappa låg ein gamal hund og logra , blid han med. Vindaugo var som levande augo, og i karmane var det så mykje spanande å feste mine augo på ,at eg mest gløymde kvifor me var komne hit. Utleigedama var fargerik, men ho såg nok angsten til mora då ho gav meg redningsvesten, og sa :"Slapp av , seglaren vil dra deg oppatt om du kveltrar" samstundes som ho gav Morten ein gratis tur Ei songstrofe "kom for meg ", denne om: "Madammen og prammen"---- Og så ; " Dette går godt mor,du er god ,gjer slik og slik med åra , sjå, du har alt lært deg å snu !" Dette var faktiskt gildt ! Gode lukter frå sev og blomar , varme kjelder som ein kunne halde handa i, sinte fuglar som flaksa over vannkanten då me kom for nær reira deira., og ellers så stille og fredeleg. I ettertid har eg tenkt at eg var vel kanskje eit case for angsttrening for einkvann den dagen? På heimvegen møtte me resten av reisefylgje gåande, dei hadde venta i "det lange og det breie" på Morten som skulle henta dei att, --- meir trengst ikkje dette utbroderast. Eg sette pris på valet ditt, Morten ! Ellers gjekk bilen fort, venstrekøyring i tillegg, og eg dytta så lenge i skuldra til Morten at eg til slutt fekk passet "på skreve". Til og med faren som er glad i fart ,tykte det gjekk vel fort, og passet fekk også her sitt stempel. Alt var som før, det var faktiskt ei god kjensle. Pernille sov i baksete som vanleg på ferieturar. Menneskene me møtte var utruleg venlege. Dei var interessert i kor me kom frå , kvifor me var her, og kva me skulle nytta dagen til. Dette har også Morten og Lena bekrefta i ettertid, dei hadde fleire invitasjonar i julehøgtida. Seglarane førebudde julematen og kjøpte lammeribbe i stort kvanta, det kunne være dei inviterte fleire til julekvelden. Lena salta kjøtet ,og sidan fekk det hengje til tørk i ei bu på marinaen. Pinnekjøt hadde ikkje slaktaren høyrt om, men måltidet vart fortreffeleg og delt med andre, høyrde me i ettertid. På det siste motellet me overnatta ,oppdaga eg ei flugestong som hang over døra i naboleiligheta. Ein fiskehatt pynta med fiskefluer og lange, grøne vadestøvlar , låg på trammen .Eigaren var ein brunbarka, eldre mann, som tydeleg var her åleine . Tidleg , tidleg, neste morgon lista eg meg or senga og ut på trammen. Stille sat mannen på benken - eg kunne sjå han laga fluekast, hadde sett det så ofte då eg var lita jente . Pipetobakken sende ein søtleg eim mot meg, morgonen vakna ,her var godt å sitje--------. Minne om ein brunbarka pappa med fiskehatt og flugestong, tynnskårne brødskiver med meirismør og nøkkelost, pakka i matpapir, termos og flugeboks i fiskeveska, kom så nær innpå livet att. Eg" høyrde" elva nedanfor, hadde kvelden før sett kor utruleg vakkert det var der nede. .Enno kan eg "kjenne "morgonen. Eit nytt ferieminne pakka eg ned i den vektlaus kofferten. Røynsle har synt meg tidlegare , at dette er dei gildaste gåvene eg pakkar ut att .når det høver seg slik. . Mannen rusla om eit bel mot elva, eit stykke bak han gjekk motelleigaren sin katt med halen til værs.. Siste kvelden var me ute og åt saman. Det var greitt at Gaute fekk henta visakorta sine! Før me gjekk til byen vart me inviterte ombord i Solid," Hjemmet " deira, ---, og så kjem fylgjande historie med overskrift : GLASKULER Myrer på Jæren var i min barndom ein stad ein skar torv og tømde søppel , helst i dei skumle ,svarte grovene som dei vaksne skræmde borna med, og sa at dei var" bånnlause". "Sigebotn" , visste born kva" inneba", som hadde myra til granne. . Eg vart alltid dregen mot myr og søppelhaugar då eg var lita ,like mykje som Fretex og loppemarknader lokkar i dag. Mor mi var lite glad i myrturane mine ,og ho var til døyande dag ikkje særleg begeistra for etterkomarane deira heller. Ein dag i myra fann eg ei lita rund glaskule som truleg hadde vore foten av ein glasvase. I alle år har denne vesle kula fylgt meg, og særleg som lita, opplevde eg til tider, ho vart heilt magisk. Eg trur enno litt på at ho kan gje lukke og hell når eg held ho lenge i handa mi, nett som då eg var barn. Siste natta før Solid heiste segl, gav eg Morten den kula og historia. Han takka , putta ho i lomma på den slitne vindjakka etter morfaren sin, og lova å koma att med den ein dag.. Det var rart å være " kulelaus", men eg var forvissa om at kula vart med på ferda, det var ei god barnsleg kjensle, som eg ville halde fast på. Idag ligg ei anna glaskule i mi hand. Den vart funnen på Bora Bora øya av seglarane. Siste kvelden på New Zealand vart eg forvissa om at kula frå myra var ombord i Solid.framleis ,og samstundes vart eg sjølv på ein underleg måte ikkje lenger kulelaus Historia sluttar her. Lena delte i seine nattimar sine skattar med meg ,og ba meg ta nokon av desse med til dei ho veit evner setja pris på gåvene her heime I små krukker har ho sanka dei finaste skjell og små steinar eg nokon gong har sett. Raust deler ho sine skattar, eg takkar og pynter no gamal skrukkehals med juvelar frå framande kyster . Me tek kring kvarandre og seier god natt .I morgon reiser me heim , Natta vart svevnlaus, naken og underleg. AVSKJED, 25.NOVEMBER , AUCKLAND. Flyplassen neste dag var til å verta kvalm av . Seglarane venta og venta, medan me stod i lang kø for "innsjekking." Tida gjekk frå oss, det vart ikkje tid til den kaffikoppen me hadde planlagt, kanskje var det likegodt ! Me tok rundt kvarandre , augo møttest - , me gjekk, "dei to" gjekk----. På flyet strigret Pernille og mora, samstundes var me samde om me var nokon riktige sipper. Gråte for to som elskar kvarandre, gler seg til jul og pinnekjøtt, seglar jorda rundt og kjenner seg søkkrike, trøysta me kvarandre, nei, det var tid for å" bruga ved !" Eigne behov er det snakk om, og kanskje var det eit høve til å gråte for det ein kunne ynskje annleis i eigne liv også, filosoferte me, medan me turka dei siste tårene. Eg ville så lenge eg makta halde på" dykkar tid," ville ikkje skru på denne klokka som eg hadde fått på meg att. Ville vite når tida var der ,då desse menneska truleg sov i den vesle, lune båtheimen dei er så glad i,etter heile tre veker med familien tett innpå livet deira. Såleis gjekk de inn i "dykkar tid ", eg retta klokka når eg var viss på de sov ,og gjekk inn i" mi tid" att, på fleire plan. Så letta flyet, me tek to sjøsjuketablettar alle tre og sov sju timar, dette er Pernille sin reiseresept. KUALA LUMPUR " FLYPLASSEN MED STJERNEHIMMELEN " Sløve , trøytte , mørke augo møtte meg ein augneblink. Den unge kvinne gjekk langsamt med feiekost og brett og sopa opp det reisande hadde kasta frå seg. Flyplassen var imponerande flott, og taket er laga som ein einaste stor stjernehimmel, golva er skinande blanke. Ei lita hand leiter lynraskt etter attgløymde mynter i alle telefonkiosker ho passerar . Lokka på søppeldunkane åpnast raskt. På ein benk sit ein liten gut og ventar på mor si. Ho kjem etter ei stund bort og gjev han ein slikkepinne , guten stråler, så går ho att etter ho har ruska han litt i dei mørke krøllene. Det er natt på Malaysia. Fem prosent av verdas befolkning har vore i fly ---. Eg er viss på at desse to menneska ikkje tilhøyrer den flokken. Skal tru om ho ser den kunstige stjernehimmelen i natta ? ADVENT 2004 Morgonstunda på Haugabakka er attende i si vante rytme . Adventlyset brenn i mørk førejulstid. Sassja ventar dovent på eggeskalken, medan ho strekkjer den etterkvart gamle hundekroppen ,slik ho brukar etter ei lang natt. Idag er det ei veke sidan flyet landa etter tre vekers opphald på New Zealand. Støtt gjekk du Morten med den eine krageflippen " på halv åtte "som alltid før, på klærne dine, til stor ergelse for mor di ."Det er det som er sjarmerande med Morten " , sa Lena. " I dag dynka eg parfyme på sokkane mine, ingen andre var reine,", fortel ho ein morgon. Eg er viss på at det er dette, mellom mykje anna, som er sjarmerande med deg , Lena. Det må være befriande å ikkje være så hekta på slike uvesentlege bagatellar , og samstundes sjå" sjarmen ," har eg tenkt i ettertid. Norandvind, sludd og regn møtte meg ," kjent og kjært". Eg låner songstrofa, medan eg halstrar ut i taxi med ferdatyet mitt. Eg likar forresten ordet: :ferdatyet. Ein lærar som var målmann på" sin hals," retta ordet: "bagasje" til ferdaty i stilen min på folkeskulen. Pappaen min fnyste med sine sørlandske "bløde konsonantar", over den røde streken, og den gongen sa eg lite om at faktiskt lika rettinga. Ferdatyet var mangt. Klumpen i brystet som kom etter ein smertefull avskjed , rørte stundom enno på seg. Kanskje skulle eg lært av Lena sitt reisebrev :" Hjemlengsel," der ho skriv at det er lurt å vente litt til saknet vert meir gode minner, før eg sette ord på trykk. "Gå heim og kyss din kvardag," seier H. Torvund ---------eg er undervegs ! HAUGABAKKA ,23.JANUAR 2005. Kjære Morten , Kjære Lena ! Takk for eg fekk kome til dykk, og for at de tok så vel imot oss alle! Takk for omsorg og omtanke! Takk for gode stunder og samtalar med like og ulike meiningar ! Takk for gåver! Takk for de let meg få fylgje dykk på denne ferda , på fleire plan ! Takk for dei velskrevne reiseskildringane! Takk for" Bora Bora kula" , og det uvanleg vakre skjellet du gav meg , Morten ! I dag når dette reisebrevet vert sendt, sit eg att med eit knippe god minner. Eg deler ikkje kursen med dykk , men eg deler gleda, og er stolt ! God tur vidare ! Mor Magnhild
|